tirsdag, mai 31, 2016

Dagbok 2016: 31.mai


Klokka er 19.00, temperaturen er +15 grader C. Det er sid skodde og litt regn.
No har vi site i timesvis og venta på telefon frå Lefdal. Dei lova at datamaskina vår skulle vere ferdig før stengetid, klokka 19, men dei skulle ringe når den var klar. Vi har ikkje høyrt eit pip.
Så vart det enda ein ventedag. Først stod vi relativt tidleg opp og venta på reparatøren. Vi slapp å vente så lenge på han. Han tok ut den gamle boksen og ruteren, og sette inn ein ny boks.Ny kode fekk vi også. Og alt funkar no, telefonen også.
Vi såg på nye stasjonære maskiner på El-kjøp i går, men der var det bestilling og ventetid. Derfor reiste vi bort på Lefdal i dag, og der hadde dei maskiner på lager. Ein ung mann var veldig hjelpsom, og vi bestemte oss for ei som ikkje var altfor dyr. I tillegg kjøpte vi ei "teneste", dvs. renser dei maskina før vi får den. Renser den for reklame og program vi ikkje vil ha. Eit påliteleg antivirusprogram ligg også i pakken. Så har vi fri hjelp i to år, vi kan ringe butikken og dei løyser problema våre etc. No kan det hende dei lurte oss trill rundt, men vi kjem heilt sikkert til å få bruk for hjelp.
No er eg spent på om vi kan bruke skjermen, men den ser bra ut, og så lurer eg på om eg kan bruke samme printeren. Sist eg bytta maskin, måtte eg kjøpe ny printer. Det blir vel eit styr før alt er på plass, men leigebuaren vår har god peiling, seier han, så han kan hjelpe til.
Det har ikkje blitt gjort mykje i dag, eg har oppdatert blogg og facebook, laga litt middag, og så vidt vore ute i hagen og rydda litt. Innimellom har eg strikka litt og lese litt osb.
Eg måtte skrive til Møre-Nytt og etterlyse referatet mitt, men der har det vore redaktørskifte på gang, så innlegget mitt hadde falle ut. No kjem det på torsdag. Der var ein del info om ein dagstur vi skal ha i juni, derfor hasta det med å få det i avisa. Eg sende det torsdag tidleg på ettermiddagen- no fekk eg hyggelig tilbakemelding frå vise-redaktøren.
Blir litt tung i hovudet av all denne skodda, håper det er ein overgang, men har dårleg erfaring med Ørsta og skoddesommarar.
Så blir det vel ein ny ventedag i morgon.
Kjenner du att blomsten, Solveig? No blomstrar den for andre gong, denne gongen ute i beddet. Sjekk alle knoppane.

Dagbok 2016: 30.mai

Klokka er 23.15 og temperaturen er +15 grader.
Før middag var det opplett og varmt, men ikkje sol. Utpå ettermiddagen/ kvelden vart det voldsomt med regn igjen-og graset gror.
Det første Nils gjorde var å ringe til Tussa og så vart vi sittande å vente på at dei skulle ringe opp att - ventetida strikka eg ferdig ein lest. dei ringde omsider og vi fekk beskjed om at reparatøren skulle kome i morgon tidleg, han skulle ringe på førehand.
Så kom eg i gang med hagearbeid, eg klipte litt her og der med saks og så klipte eg plenen på nedsida og begge endane av huset. Bakken torde eg meg ikkje på i same rennet, nok er nok for gamle damer. Det var varmt og sveitten rann.
Så tok vi ein tur nedom biblio og henta ei bok dei hadde lagt av til meg. Så var vi bortom El-kjøp og såg på datamaskinar, og fann ut at den stasjonære maskina vår er 8 år gammal-tida går fort når ein er gammal. Der var bestilling og ventetid på nye maskiner.Vi kjøpte ikkje noko der og då.
Då vi kom heim att laga eg middag. Det vart fiskekaker med grønnsaker+ Pimpernellpoteter frå Starheimsvik.
Så skulle eg slappe av med den nye boka på Walkman-men det var så dårleg lyd at eg tok heller ei Knausgård bok eg hadde liggande-også den på MP 3.
Solveig sende melding frå Gardermoen, der ho er på kurs.

Dagbok 2016: 29.mai


Gratulerer med 16-årsdagen, Amanda!

Klokka er 21.20 og temperaturen er +19 grader C.
Vi er framleis utan nett og telefon, men eg var opp til Marit og lånte hennar maskin for å sende melding til Tussa. Dei har heildøgnsteneste, men det var umulig for meg å få til å sende meldinga. Vi må vente til telefontenesta opnar i morgon klokka 8.00.
Elles har eg brukt dagen til å lage middag-svinekotelettar og rabarbra/sviske-dessert, lese ut boka Doppler på Walkman -liggande på solseng og farge håret.
Ingeborg ringde og ville ha meg med på kino fredag kveld. Vi skal sjå "Et helt halvt år"-Margrete og Amanda skal også vere med.
Amanda fyller 16 år i dag, men det einaste eg har fått sendt henne er ei mobilmelding. Det skal eg gjere godt att så snart eg får tilgang til Nettbanken min.

Dagbok 2016: 28.mai.

Klokka er 23.00 og temperaturen + 12 grader.
Før middag var det fint vêr og vi var nedover og handla mat og medisin på Amfi.
Då vi kom heim køyrde Arill Riise forbi, dvs. han stoppa og prata. Han ville sjå tilbake til gamle kjende trakter.

Utpå ettermiddagen skya det over og det vart eit voldsomt tordenvêr, noko som resulterte i at vi mista både telefonen og nettet. Den stasjonære maskina ser heilt død ut, og det var der eg hadde lasta inn rikeleg med bøker. Dessverre hadde eg ikkje lagt nokon av dei over på Mp-3-spelaren, så no har eg ikkje lesestoff.
Eg har nore MP 3 -plater er kan spele på Walkman, men dei kan eg ikkje høyre på senga, for dei sluttar jo aldri.
Til all lykke har vi TV og lys.

Bok nr. 35 - 2016: Doppler.

Doppler av Erlend Loe (Lydbok-CD)
Sidan eg ikkje hadde tilgang til nettet, og alle bøkene eg hadde hamstra låg på datamaskina, måtte eg gjere ein vri. Eg sjekka at det var liv i Walkmannen og fann fram ei bok eg fekk av Einar for nokre år sidan. Eg hadde lese boka før, men ville gjerne lese den om att, og sidan den var i MP 3 format passa det ikkje å legge den inn på maskina og over på i-pod. Eg låg på solsenga mykje av sundagen og las boka om att, noko som var ei fin oppleving. Den er både morsom og tankevekkande.
Eg har også lese Volvo Lastvagnar, den var også bra, men eg likte Doppler best.
..................................................................
Doppler er en roman skrevet av Erlend Loe, utgitt av Cappelen forlag i 2004. Den handler om Andreas Doppler og hans kamp mot det han kaller «flinkheten». Erlend Loe har skrevet to oppfølgere til Doppler, Volvo Lastvagnar (2005) og Slutten på verden slik vi kjenner den (2015).

Handling[rediger | rediger kilde]

Boka handler om Andreas Doppler, en mann som ikke liker andre mennesker og som føler at samfunnet har tatt gal retning. Han har kone og to barn, men etter å ha falt av sykkelen og slått seg et sted i skogen, fant han ut at han heller ville tilbringe tiden alene i skogen. Han flytter derfor ut i et telt i skogen, bare noen hundre meter inn i skogen utenfor Oslo. Han begynner etter hvert å «jobbe mot flinkheten».
Tidlig i boka dreper Doppler ei elgku, men elgkuas kalv blir igjen. Etter hvert tar Doppler elgkalven til seg, gjør den til sin bestevenn og gir den navnet Bongo.
Etter hvert bestemmer Doppler seg for å bygge en totempæl til ære for sin avdøde far. Denne skal være minst elleve meter høy, og han får Bongo og sønnen til å hjelpe seg.
Det er ingen klar relasjon mellom karakteren Doppler og selve dopplereffekten. Det kan hende at det er Doppler som står stille utenfor samfunnet og derfor opplever det i en annen frekvens enn samfunnet selv.

fredag, mai 27, 2016

Bok nr.34 - 2016: Alex

Alex
Hvem kjenner egentlig Alex? Hun er vakker. Sexy. Tøff. Er det derfor hun er blitt kidnappet, innesperret og utsatt for det utenkelige?
Overbetjent Camille Verhoeven og hans menn famler i blinde: ingen mistenkte, ingen ledetråd, og håpet svinner fra time til time. Det eneste de vet, er at en kvinne er blitt revet vekk fra fortauet på en gate i Paris og kastet inn i en hvit varebil. Men når politiet finner ut av hvor hun har vært innestengt, er situasjonen langt ifra den de trodde.
'Alex' er thrilleren som får det til å gå iskaldt nedover ryggen din. Det handler om morderisk galskap og er drevet av en djevelsk logikk. Du legger den ikke fra deg.
.......................................................................
Denne boka egna seg veldig bra til å lese som lydbok. Her er relativt få personar, som er lette å hugse. Setningane/periodane er korte og opplesaren les med små pausar mellom kvar. Veldig bra lese.
Når det gjeld innhaldet er det ikkje så sannsynleg, og svært grotesk på mange måtar. Boka er likevel spennande og ingen ting er slik ein først trur.
Elles plar eg seie at franske bøker ikkje er som andre bøker. Dei må alltid ha med noko om "kultur"-folk må lese dei "rette" bøkene t.d. og ha greie på malarkunst osb.

Dagbok 2016: 27.mai

Klokka har passert 19.00, temperaturen er + 19 grader C og vi har hatt enda ein strålande dag. Ja, sola skin enno - sjølvsagt.
Vi har nettopp ete middag. I dag var det kokt småsei, sidan Nils og Gudmund var ute og fiska frå morgonen av. Det er lenge sidan sist han var på sjøen, men fangsten var ikkje så stor, eit par lyrar og rikeleg småsei. Nils var i storform heilt til vi var midt i måltidet-då vart han brått mett. Det kan no hende han finn litt å ete seinare i kveld. Det er uvant både for han og meg at ikkje appetitten er på topp.
Dei reiste på sjøen i 8-tida, og eg var glad for å få nokre timar for meg sjølv. Eg har knapt gjort noko husarbeid heile veka, så no var det behov for både vask og støvsuging m.m. Eg vart ikkje heilt ferdig før dei kom heim.
Elles har eg prøvd å sole meg litt på altanen, men no har eg fått eit nytt problem, eg får vondt både her og der når eg ligg på solsenga. Den er sikkert ikkje mjuk nok. Elles så har eg styrt litt i hagen , strikka litt, og gjort litt "kontorarbeid".
No slappar Nils av på sofaen, trur det vart litt travelt for han i dag, men hantek seg nok inn att.
Det skjer ikkje all verda når eg går her og surrar åleine, men i morgon håper eg vi kan ta ein tur og handle. Har ikkje vore på butikken på ei veke, så no minkar det på matlageret vårt.
Men først av alt skal eg ha ein kopp kaffi.
Ønsker alle ei GOD HELG.

torsdag, mai 26, 2016

Dagbok 2016: 26.mai.

Novemberkaktus i mai.

Klokka er ca 19.30, temperaturen er +17 grader C og det har vore ein nydeleg dag. 
Eg hadde planar om å stå tidleg opp i dag, og få skrive referatet før det vart varmt og fint. Eg vakna klokka halv ti! Skulda på at eg tok mykje smertestillande i går kveld, så eg har vel vore i lettare koma. Gevinsten var at eg var mykje betre i foten i dag-om den ikkje er heilt god enno.
Nils hadde legetime klokka 11.00 -rutinekontroll hos fastlegen. Eg merka knapt at han var vekk før han var tilbake, så oppslukt var eg av skriveria mine. Eigentleg likar eg godt å skrive, problemet er å begrense seg. Har gitt meg sjølv ei øvre grense på 700 ord, men det blir alltid lengre. Dessverre. men eg skuldar på at det er mykje som MÅ med. Klokka var nærmare 13.00 før eg var ferdig, og då var det nesten tid for lunsj. Men vi hadde først ei pratestund med naboar-og ei lita økt med hagearbeid. 
Etter lunsj la eg meg på solsenga, men det var ingen god plass i dag. Det var vondt å ligge. Litt småjobbing både ute og inne funka betre, men i morgon må eg ta meg saman å få skikk på huset. Det trengst både vask og støvsuging. 
Nils har tenkt seg ut i båten i lag med ein nabo, veit ikkje kor godt eg likar det. Men det er no godt at han er så frisk at han har lyst.I dag slo han bio ovafor garasjen-det er ikkje tungt, så det gjekk bra.
Margrete skal ha eksamen i morgon-og det er ikkje fritt for at eg føler med henne, eg var alltid veldig nervøs alle dei gongane eg var oppe til eksamen-og det var ikkje få.Ønsker henne lykke til.
No har vi ete pizza til middag, det er Nils som bestemmer menyen.

onsdag, mai 25, 2016

Dagbok 2016: 25.mai

Klokka er 19.15, og eg er nettopp komen heim frå pensjonistmøte. Det er strålande vêr ute, og temperaturen er + 16  grader C.
Ein av naboane ymta frampå om at vi burde ha pensjonistmøte kvar dag, for det er alltid fint vêr på møtedagane våre.
Føremiddagen vart kort i dag, for før vi var på Kulturhuset og laga i stand til møtet, var vi på torget og kjøpte poteter og henta songbøkene på Bakk-Ola.
Det blei tid til lunsj og ein liten middagslur på altanen før møtet- som tok til klokka 16.00. Nils valde å halde seg heime i dag;  han synest det er vondt å sitte på stolane der nede når det blir lenge. Men han køyrde meg ned og henta meg opp att.Elles kunne eg ha site på med Marit.
Det vart eit kjekt møte. Hovudprogrammet var det Per Jansen og dottera Ragnhild som stod for. Per fortalde om Hartvig Kiran, og han og dottera, Ragnhild, song nokre av songane hans. Meir vil eg ikkje skrive om den saka, for i morgon blir det å skrive referat før eg tek ferie for godt.
Det gjekk så fint med grasklippinga i går, heilt til eg hadde lagt meg. Då begynte det å verke skikkelig både i hofta og kneet, mest det sist. I dag har eg teke ein del smertestillande, men eg håper det går over om ikkje altfor lenge. Eg kjende ingen ting mens eg heldt på i går.
Nils har funne seg ein fotballkamp på TV, så eg får vel finne fram lydboka mi.

tirsdag, mai 24, 2016

Dagbok 2016: 24.mai

Klokka er no 19.00. Temperaturen ute er + 13  grader C, det er lettskya og fint, men vi har ikkje hatt så mykje sol i dag. Vi har nettopp ete middag, så no er det rett før eg set på kaffien. Til middag i dag hadde vi steikt laks og ørret, begge delar små, og begge frå frysaren.
I dag har det stort sett dreia seg om ein ting, plenklipping. Eg begynte med plenane ovafor huset sist laurdag, men graset har vakse mykje etter den tid. Og det var vått i jorda og ganske tungt å klippe. Eg brukte den elektriske klipparen, men Nils var med og passa ledningen, så då går det bra.Ikkje særleg kjekt å klippe den tvert av. Det var til tider tungt, men eg greidde det, og det er ein siger for meg, enda om eg skulle få litt mein av arbeidet eit par dagar. Heilt perfekt er det ikkje i hagen enno, skal ha meg nokre runder med kantklippar også.
Etterpå dusja eg og vaska håret-ikkje ofte eg arbeider så sveitten silar-men eg likar det. Fleire i familien har bode til å hjelpe, men om eg greier det, vil eg ha denne mosjonen. Etter lunsj kvilte vi middag, vi er oppe lenge om kveldane !
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, men i morgon blir det pensjonistdag-og så er det ferie!Ja, eg må no skrive referat før eg er heilt ferdig med pliktene i laget.
Det er eksamenstid for mange i slekta og eg vil ønske studentane lykke til. Glad det ikkje er eg som skal til pers. Eg tok min siste eksamen i 1987, same året som Einar vart fødd og eg vart bestemor.


mandag, mai 23, 2016

Dagbok 2016: 23.mai

Klokka har passet 18.00, temperaturen ute er + 12 grader og skodda lettar.
Eg vart rimeleg skuffa då eg stod opp i dag og såg vêret: Fotsid skodde og yr. Og eg som hadde gjort unna diverse husarbeid i går for å kunne gå rett på plenklipping i dag ! Og gledd meg til det! Sjekka vêrmeldinga hadde eg også- men å klippe SÅ vått gras, det gjekk eg ikkje.
Det hadde hopa seg opp med H-melk i kjøleskapet, så eg bestemte meg for å koke graut. (No viste det seg at to av pakkane var knapt halve.) Eg  fekk grauten på kok, slo ned plata og gjekk ut med boss. Og der møtte eg ei dame med hund. Ho går forbi her nesten kvar dag, og Nils brukar å prate med henne. Men i dag ar det altså eg-veldig hyggelig dame, forresten. Praten vart litt lengre enn eg hadde tenkt, og grauten hadde eg gløymt for lenge sidan.
Då eg kom inn att, hadde grauten kokt utover det meste av komfyren, og det lukta pyton på kjøkkenet. Panna, som eg kokte i, hadde fått eit ca 2 cm tjukt svart belegg i botnen ! Resten av grauten var fin og kvit- men smakte pyton. Nils låg på "day-beden" på datarommet og snakka med systera si i telefonen-elles hadde han vel kjent lukta.
Men når ein er passelig irritert, blir ein ofte veldig effektiv, og faktisk fekk eg etter kvart både rein omn og rein panne. Ny graut vart kokt i ei anna panne. Katastrofegrauten vart sett ut til kattane, og no fekk eg brukt opp nesten heile H-melk-lageret. Den nye grauten var god og vart middag i dag i lag med spekemat.
Og innimellom fekk eg klipt litt med den batteridrivne kantklipparen min, som forresten er berre noko herk.
Etter middag kvilte vi litt- eg med ny lydbok, og no lurer eg på om det kanskje kan bli såpass vêr i løpet av kvelden at eg kan klippe plen. Viss ikkje kan eg strikke på lesteparet som eg begynte på i dag. Det er meldt kjempevêr utover i veka, så no kjem sommaren. Trur eg.

søndag, mai 22, 2016

Bok nr.33 - 2016: Et hardt slag

Et hardt slag
Den 15. lydboken i Jan Mehlums serie om Svend Foyn byr på en forrykende fortelling om et livsfarlig spill. 
På selveste 17. mai rystes den fredelige småbyen Tønsberg av et brutalt attentat midt i byen. Svend Foyns datter trekkes inn i anslaget gjennom kjæresten hun har truffet i Berlin, og mye tyder på at noen er ute etter henne. Samtidig forsvinner hennes kjæreste sporløst, og politiets hovedmistenkte ber Foyn om hjelp. Et farlig spill pågår, et spill der sannhet og rettferdighet er ofrene.
Sven Foyns jakt på sannheten blir ingen vanlig etterforskning, men en utfordrende reise i tid og rom. Saken bringer ham i kontakt med en politimann med uforståelig agenda, en sannhetssøkende maler i en spansk landsby, en avdanket overrettssakfører og en vakker advokat i Buenos Aires – alle er de brikker i et livsfarlig spill.
«Et hardt slag» er lydbok nr. 15 i Jan Mehlums serie om Svend Foyn.
..........................................................................
Dette er ikkje verken eit litterært eller "kriminelt" meisterverk. Men det er god og lett underhaldning. Eg har lese dei fleste bøkene om Sven Foyn og hunden Hulda, så dei er gamle kjende. Eg likar stilen, humoren og sleivesparka i bøkene.

Dagbok 2016: 22.mai

Klokka er snart 19.30, temperaturen er ca +15 grader C, det er overskya med litt regn av og til.
I dag har vi hatt kviledag i heimen. Eg bytta på sengane før middag og vaska soverommet. Så sette eg på vaskemaskina. No heng kleda på snora, så tørkar dei vel i morgon, for då er det meldt opplett.
Eg laga middag av restar av lammesteik og saus som vi hadde i frysaren. Til dessrt hadde vi jordbær og fløte.Trur vi har ete meir jordbær hittil i år enn vi gjorde i heile fjor. Men dei norske kjem no ikkje før seinare.
Elles har vi sove middag både ein og to gonger. No ser Nils fotballkamp og eg har lydbøker. Har ikkje begynt på nytt strikketøy enno. No ventar eg berre på at det skal bli kvardag og opphaldsvêr såpass eg får klippe ferdig plenane. Nesten alle plenar i nabolaget er rosete og stygge i år, så eg snauklipper like godt, og håper at det kjem grønt og fint gras opp att. Det er lov å håpe.
Nils har planta i kjøkkenkassane, så no er vi i rute.
Det er meldt fint vêr heile veka, finast på onsdag, sjølvsagt, då vi skal ha pensjonistmøte. Det siste møtet før sommarferien.

lørdag, mai 21, 2016

Dagbok 2016: 21.mai

Innhaldet i garasjen vår vitnar om eit aktivt pensjonistliv.

Klokka har passert 20.30, temperaturen er + 18 grader C så no begynner det å likne på skikkeleg vår.
I dag har vi hatt ein relativt aktiv dag.
Først reiste vi til Volda og kjøpte oss trillebår. Den skal vi bruke når vi slår plen, slik at vi slepp å gå heilt ned i komposten kvar gong tanken er full, men køyre heile lass.
Sidan vi var i Volda nytta eg høvet til å kjøpe garn, føler meg litt tomhendt når eg ikkje har "spøt".
Det var ikkje så mykje mat vi trong, så eg stakk berre ein snartur inn på Bunnpris etter at eg hadde vore på apoteket.
Vi åt litt då vi kom heim, og så sette eg i gang å slå plenar. Brukte den elektriske klipparen og rakk å slå det eg nådde med ledningen på. Den andre plenklipparen har eg litt problem med -når eg må stoppe får eg ikkje til å dra den i gang med snora, i alle fall ikkje kvar gong. Eg vart nokså overoppheta til slutt, men då eg så på termometeret forstod eg at det ikkje berre var arbeidssveitte.
Mens eg klipte fekk Nils montert den nye trillebåra, med hjelp frå ein nabo. Vi naboane her omkring er ganske flinke å hjelpe kvarandre-og å ha omsut for kvarandre.Det synest  eg er veldig fint.
Solveig ringde og spurde om ho skulle komme innover og hjelpe oss med hagestellet, for ho skulle innover og handle likevel. Det takka eg nei til, vi vil gjerne klare oss sjølve så lenge som råd er. Og eg likar fysisk arbeid når eg greier det.
Men då ho spurde om ho fekk kome på besøk, vart det sjølvsagt ja. Ho kom og drakk kaffi med oss, og hadde med seg både blomster , syltetøy etc. Med seg ut att fekk ho jordbærplantar som Nils har dyrka fram av utskudd frå åkeren.
No blir det vel litt TV utover kvelden.
I morgon skal vi plante rosa geranium og blå lobelia i kjøkkenkassene-som så ofte før.

Dei kvit/ rosa tulipanane er nye av året


fredag, mai 20, 2016

Dagbok 2016: 20.mai

Klokka er 18.00, temperaturen er + 11,9 grader C. Det er overskya og regnbyger.
Eg hadde tenkt å klippe plenar i dag, men såg at det hadde regna, så graset var for vått. Men  kantane kunne eg klippe. Men så vart batteriet tomt før eg var ferdig. Eg skulle vere på biblio på møte klokka 12- men først skulle eg dusje og vaske håret. Ei veninne ringde, men eg kom i mål med god margin. Ei av naboane køyrde meg nedover, ho skuløle ned og handle uansett.
Etter møtet gjekk eg i lag med Eli borti Støylevegen, og fortsette opp til Kiwi. Då ringde eg etter Nils fordi eg skulle kjøpemelk, blant anna.
I dag fekk han plutselig lyst på fiskebollar, så eg kjøpte ein boks. Trur det må ha vore nærmare 20 år sidan eg hadde noko slikt i hus. Vi landa på fiskesuppe med bollar. og det smakte godt. Eg åt meg mett, men Nils må ta det pø om pø-han et nesten heile tida i dag, men berre litt om gongen. Men det er framgong.
Elles har vi slappa av både vel og lenge-og så blir det vel TV utover kvelden. Vi lid inga naud verken på den eine eller andre måten.
Eg er særs glad for at det vart NEI til samanslåing av Ørsta og Volda kommunar i denne omgangen. Eg har hatt mange innlegg om saka på FB, så no får eg roe ned litt.
Ønsker alle ei god helg, same kva de finn på. Somme må vel lese til eksamen t.d. Eg håper på vêr for plenslått.

torsdag, mai 19, 2016

Dagbok 2016: 19.mai

Ikkje ein løvetann å sjå !

Klokka er 19.00. Temperaturen er 12,9 grader C, det er sol og nydelig vêr, men kald vind.
No har vi vore og stemt NEI til samanslåing av Volda og Ørsta kommunar. Det har vore stort frammøte i heile dag, og det er bra, berre slik får vi eit demokratisk resultat. Nils klarte til slutt å kome seg opp frå senga, dusje og kle på seg, så no er han over det verste, for denne gongen, får vi tru.
Eg brukte føremiddagen til å ta "fredagsvasken", sidan eg skal på styremøte i pensjonistlaget i morgon.
Så tok eg kantklipparen ned på grensa til naboen og klipte mellom staudene våre. La merke til at der var ganske mykje løvetann i plenen, så eg sette i gang å ta dei opp med rot. Eg gav meg ikkje før eg hadde fått vekk alle, det vart nesten to bytter med løvetannrøter- og eg hadde ein vond rygg + hofte. Satsar på at eg blir bra igjen.
Tok meg ein pause på sofaen med lydbok. I dag leverte eg tilbake bøkene eg lånte i går, og lånte to til. Fekk melding på mobilen i dag. Greitt å ha ein liten buffer liggande på maskina.
I går var ein trasig dag, sidan Nils låg heile dagen, men i dag letna det. Og vêret er berre fantastisk. I morgon trur eg at eg skal klippe plen, om eg ikkje greier alt på ein dag.
No må eg visst ut og ta eit bilde frå altanen. Ein ting er litt dumt og det er at når det kjem lauv på trea i Olavsgata misser vi fjordutsikta.

Og plommetrea blomstrar.

onsdag, mai 18, 2016

Dagbok 2016: 18.mai

Klokka er 19.30, temperaturen er + 8 grader C, det er overskya, men opplett. Det er ikkje eigentleg sommarleg.
Dette har vore ein underleg og nokså trasig dag. Nils har lege heile dagen, er kvalm og svimmel, har ikkje lyst på verken mat eller drikke. Håper det er ein overgang, han var dårleg etter den førre behandlinga også, men kom seg til att.
Når han ligg strak ut, blir det ikkje gjort mykje av meg heller. Fekk no skrive eit lite avisinnlegg, hengt ut klede, bretta klede etc. Så var Marit og eg ein tur nedover, såpass eg fekk tak i bøker på biblioteket. Bøkene har eg rippa etc.etc. Handla litt matvarer også.
Var ut og hausta rabarbra før middag og kokte suppe. Nils plar like rabarbrasuppe, men i dag har verken han eller eg smakt på den. Det er ikkje så inspirerande å lage mat til meg sjølv når ikkje Nils vil ha noko, men det kan hende det er positivt for meg å ete mindre. Eg har altfor god appetitt.
Nils er litt betre no enn før i dag, men har det best i senga. Dagane er ikkje like- og best det er har vi ein god dag. Håper på det.

tirsdag, mai 17, 2016

Dagbok 2016: 17.mai


Klokka er snart 18.00.Temperaturen er + 10 grader C og det er overskya. Det har vore ein kald 17.mai, noko som vi er vel vande med på desse kantar av landet.
No gjer det ikkje så mykje for oss som kan halde oss inne heile dagen om vi vil- og det har vi gjort. Av eigen fri vilje. Hadde det vore varmt og fint kan det hende vi hadde valt annleis. Men 17.mai er ikkje den ultimate dagen for folk som har fotproblem.
Vi valde å vere heime og sjå på TV; pølser, is og brus har vi heime også.
Etter at vi hadde sett TV frå heile landet åt vi, og så la eg meg på sofaen og las ut boka mi. Nils somna også, for vi hadde sove dårleg sist natt begge to. Eg fekk ikkje sove i det heile, så då klokka var tre stod eg opp og åt to knekkebrød-eg hadde rett og slett lagt meg svolten. Ikkje farleg med ei våkenatt når ein ikkje skal på jobb eingong.
Trur Nils fann ein fotballkamp på TV i dag også- det er så greitt: han ser fotball, eg les bøker.
Var så syndig at eg vaska ei maskin klede i dag, men tørkar i trommelen i staden for å henge ut.
No skal eg snart sjå TV og strikke ferdig ein lest. Her er programmet det same anten det er helg eller yrke. Men jammen er eg glad for at det blir kvardag igjen, då kan vi no fare på butikken om ikkje anna. Vi må få kjøpt plantar til kjøkkenkassene våre - blant anna.
Håper alle har hatt ei fin feiring av grunnlovsdagen. Såg at det var nydeleg vêr mange stader. No er det så mange som har bunad. I min barndom og ungdom var det vanleg å få ny sommarkjole til 17.mai-og den tida var det jo alltid fint og varmt vêr. Såg ei på TV som hadde raud kjole med kvite prikkar-då vart eg litt nostalgisk.

Bok nr.32 - 2016: De som fortjener det.

 Ted og Lily møtes tilfeldig i en flyplassbar på Heathrow. De skal begge ta nattflyet til Boston. Samtalen mellom dem utvikler seg raskt fra uskyldig flørt til dødelig alvor. Ted forteller om ekteskapet sitt som skranter – han har akkurat funnet ut at kona er utro. Det begynner som en halvhjertet spøk da han sier at han kunne tenke seg å drepe henne. Uventet svarer Lily at hun kan hjelpe ham.
................................................................................
I dag har eg lese ferdig denne boka på 8 CD-plater. Eg har spart litt på den for ikkje å bli lens for lesestoff før biblio opnar igjen.
Det er mange fortellestemmer i boka, noko som gjer at vi ser saka frå ulike sider.  Det er samme opplesaren heile tida, noko som kan forvirre litt viss ein ikkje passar på.Elles er boka heilt suveren for lydbokformatet, sidan det er få personar med i handlinga.
Til å begynne med minte boka litt om "Flink pike" av ein eller annan grunn, men eg synest ikkje den hadde heilt same snerten, så eg vart litt forundra då eg såg at den hadde fått terningkast 6 på nettet.
Boka er rett nok svært godt skriven, men vi veit heile tida kva som skjer, så spenninga dreier seg mest om at politiet skal sjå samanhengen. Eg har lese boka på senga stort sett og det har vore mange tilbakespolingar-noko som kan virke nokså øydeleggande på leseopplevinga. Eg har den liggande på maskina, men har levert sjølve boka på biblio. 

mandag, mai 16, 2016

Dagbok 2016: 16.mai.





Ser de godt etter, så ser de meg i svart studenthue. Ingen brukar desse no lenger.


Her er Rasmus og klassen hans.
Desse bilda er frå då Solveig og Rasmus gjekk i småskulen, truleg 1. og 2. klasse. Solveig har blå boblejakke og raud strikkahue(Ho hadde tendens til øyreverk den tida)

Klokka er ca 19.00, temperaturen er +13 grader C så no er det leveleg ute. Tidleg i dag var det iskaldt. No kom eg nettopp inn att etter å ha rydda og pynta litt i garasjebeddet. Vi fekk ikkje planta noko til 17.mai i år, det har vore så kaldt om nettene at vi fann det ikkje tilrådelig. Ikkje så mange som går fobi huset vårt likevel. Vi skal nok pynte opp når den tid kjem.
Nils ville bort på terminalen og fiske litt i dag. Han seier at han fiskar til katten, men i dag vart det ingen fangst.
Men eg fekk huset for meg sjølv ei stund, så då nytta eg høvet til å støvsuge stova blant anna. Har vore litt låk både i hofta og kneet i dag, så eg har ikkje vore så aktiv.
Men eg laga i alle fall skikkelig middag. I dag blei det svinekotelettar med wok-grønsaker etc. Jordbær med fløte til dessert. Kjøpte to korger med bær på Coop til under 15 kr korga. Angrar på at eg ikkje kjøpte meir, for bæra var både fine og gode. Vi har snart ete dei opp.
Elles har eg lege på sofaen med ei lydbok som ikkje er så altfor bra, men det er den eg har.
For morgondagen har vi ingen planar, vi får sjå dagsforma an. Når ein har problem med føtene er ikkje 17.mai den beste dagen. 17. mai for meg var først og fremst å stille opp og gå i barnetoget, uansett vër og føreforhold. Aldri såg eg så mange kjende som den dagen- det var å helse til alle kantar, rope hurra og passe på at ungane gjekk der dei skulle. Litt av ein jobb, men kjekt!
I dag har Eivind på Kongsberg fødselsdag og fyller 14 år. Hugsar vi var der  ein gong han hadde bursdag og fekk ein frosk som "song". Hugsar ikkje no kva den heitte. Eivind er no ferdig med eitt år på ungdomsskulen- tida går så altfor for for oss som blir gamle.
Ønsker alle ein fin 17.mai !
Gratulerer med dagen, Eivind !



søndag, mai 15, 2016

Dagbok 2016: 15.mai



Klokka er 18.45. Temperaturen er + 13 grader og sola skin. Det har vore ganske fint i dag, men kaldt.Etter at vi fekk regn for eit par dagar sidan blei det vokster i hagen. Her hos oss oss resulterte det i at tulipanane får svært lange stilkar. Naboen si skråning er vakker som alltid.
Vi hadde lyst å ta oss ein liten tur vekk frå husa om ikkje anna, så vi tok ein biltur rundt Follestaddalen, og ein avstikkar fram til Standalhytta. Der gjekk eg ut av bilen og tok bilde rundt meg. Det låg litt skodde på fjelltoppane- elles var fjella eit flott syn; kvite toppar mot blå himmel.
Eg har mange minne frå Standalhytta. Første gongen eg var der var i lærarskuletida, då var vi der i tre dagar og hadde skikurs. Det hjelpte ikkje særleg på mine ferdigheiter i sporten, men vi hadde det kjekt. Der var ekstremt mykje snø den vinteren. Hytta som Ålesund skiklubb sette opp i si tid har vore ombygd og påbygd mange gonger







Blomstrane som eg fekk til bursdagen min sist i mars står like fine enno. I tillegg pyntar er opp med hagestøvlane og hagecroxar. 
Vi kjøpte ikkje blomster til å ha i kjøkkenkassane til 17.mai, vi synest det var for kaldt, men no angrar eg litt. Men det er kanskje ope på Plantasjen i morgon? No er eg sterkt imot sundagshandel, men 2.pinsedag er no eigentleg måndag.
Då vi kom heim frå tur laga vi oss ein lettvint middag, og så vart det sofapause.Eg har ei lettlesen lydbok på øyret i stille stunder.
I dag vil eg gratulere nabo Torbjørn med fødselsdagen! Han feirar dagen i Sveits.

lørdag, mai 14, 2016

Dagbok 2016: 14.mai

Klokka er ca 18.30, temperaturen er+ 8 grader C og det har vore ein dag med mykje regn og litt sol. Eg var nettopp ut på altanen og tok bilde av utsikta, særleg med tanke på naboar som er ute og reiser. Ingen grunn til å lengte heim-i alle fall ikkje til vêret.
Vi har no hatt ein triveleg dag; Nils kviknar til etter kvart, og i dag vart det ein tur på Amfi. Der gjer vi det slik at han sit i kafeen mens eg handlar, og så kører vi varene ut til bilen i handlekorga. I dag gjekk eg heilt bananas og handla inn mat til mange dagar, best å vere på den sikre sida. Etter at vi hadde køyrt ut varene gjekk vi inn att i kafeen og kjøpte oss kake og kaffi, sat og prata med eit anna eldre par som vi kjenner. Vi møttte forresten mange kjende i dag, men etter  kvart som det leid ut på føremiddagen kom det meir og meir "utlendingar". 
Eg fekk litt problem med å orientere meg-kvar var det Heggum-huset stod, eigentleg? No er tomta parkeringsplass og den går i eitt med den som var der før. Men Mørebil-bygget som skulle vere rive før 17.mai står enno, om det no berre er eit tomt skal.
Etter at vi kom heim att har vi ikkje gjort stort anna enn å ete litt og kvile.
Nils tok ein liten tur bort på omsorgsenteret og besøkte Harald ei lita stund. Trur dei begge sette pris på det. Dei har hatt mange fellesprosjekt, dei to, gjennom mange år.
Eg møtte ei "gammal" kollegaveninne på Coop i dag og vi hadde ein lang prat.(Eg veit at Nils alltid finn nokon å snakke med ute i kafeen, så eg treng ikkje skunde meg for hans del.)
Vi kjem truleg til å halde oss heime både i pinsa og 17.mai. Å trakke rundt er ikkje det vi er best på, men finn vi det ut så kan vi ta oss ein liten tur.
Ønsker alle ei god pinse og ein fin 17.mai. Skulle ønske det vart litt varmare og tørrare, men no når eg verken skal gå i barnetog eller har andre plikter betyr det ikkje all verda for meg.

fredag, mai 13, 2016

Dagbok 2016: 13.mai

Klokka er snart 17.00.Temperaturen er + 8 grader, det er grått og regnfullt, heilt annleis enn vi har hatt det i det siste. 
Skulle så gjerne vore ute i hagen og ordna litt meir før alle helgedagane kjem, men det er for kaldt og vått. Då vi stod opp i dag låg det snø langt nedetter fjellsidene, men den snøen er borte no.
Det var greitt med ein innedag slik at eg fekk gjort litt husarbeid og vaska til helga. Vi skulle vel ha vore og handla også, men det utsette vi til i morgon, Nils er ikkje heilt i form etter gårsdagen, det er heller ikkje å vente.
I dag fekk han lyst på vår private vri på Pasta Carbonara  til middag, så då vart det det. Eg et kva som helst, så for meg er det det samme. Vår private vri er rett og slett ein skinkeboks i staden for bacon.
Etterpå var det pause og eg somna med lydboka mi, som vanleg. 
I dag skulle det vere Aktivitetsdag på Bakk-Ola, men der stod i avisa at det var klokka 1.00-og kva tid er det? Kanskje dei meinte klokka 13? Men det plar vere tidlegare på dag. Sidan Nils var ute av form, og sidan det var surt og kaldt, slo vi det heile i frå oss.
Det vart litt sløvt her i pensjo-heimen etter mange aktive dagar. No blir det ei veldig lang helg, med tre helgedagar på rad-tenk om det hadde blitt fint vêr ! 
Vil i alle fall ønske alle nokre gode dagar.
Plommetrea våre blomstrar trass kulden og regnet


torsdag, mai 12, 2016

Dagbok 2016: 12.mai

Klokka er 19.30, temperaturen ute berre + 7 grader, men med eit ørlite streif av sol.
Vi var tidleg oppe i dag og skodda låg fotsid utan at det regna. Regnet kom seinare.
Nils skulle til Åse på behandling, og vi skulle ta bussen som går frå Volda klokka 9.00. Men den var 10-15 min. forseinka så det vart hardkøyr for å nå ferja. Sidan ferja venta ei stund på oss kom vi med, men på Moa var det somme som fekk problem fordi bussen dei skulle vere med vidare hadde gått. Vi måtte også bytte buss på Moa i dag, det er ikkje vanleg, men vi kom i alle fram dit vi skulle til rett tid.
Det høyrest litt rart ut å seie det, men det er koseleg og triveleg på Kreftklinikken på Åse, særleg for dei som er friske. Dei som jobbar der er så avslappa, hyggelige og blide. Vi som er "pårørande" får følge pasienten både til lege og behandling; mat , kaffi og anna drikke står framme så vi kan forsyne oss. Ute i resepsjonen er det frivillige som steiker vaflar og serverer kaffi til alle som vil ha. Heldigvis har det gått bra med Nils hittil, han har no hatt to behandlingar av 6.
Vi reiste beine vegen heim att etter behandlinga, og sidan vi hadde parkert ved frikyrkja handla eg på Kiwi der. Måtte ha litt mat med heim. Måtte også bortom biblio etter ei bok, men utvalet var lite, så det vart enda ei krimbok-eller "krim-noir" som det står bakpå.
Til hurtig middag laga eg "spikersuppe"= 1 boks Trondhjem Sodd+ frosne lapskausgrønnsaker, pølsebitar og ein bulliongterning. Det smakte godt. Og til dessert hadde eg kjøpt jordbær med fløyte.
Det blei ein strekk på sofaen og reclineren etterpå - må ladde opp til MGP seinare i kveld. Får i alle fall håpe at Norge blir med!

onsdag, mai 11, 2016

Bok nr.31 - 2016: Kronprinsen

Kronprinsen - Alexandra Beverfjord
 I en stille og iskald februarmåned rystes Norges hovedstad av et bestialsk dobbeltdrap. Ofrene er et par som har funnet hverandre på tvers av etniske skillelinjer. Det viser seg at dette bare er starten på noe langt verre, og ting tyder på at sterke nynazistiske nettverk har gjenoppstått.
Vi følger reporterteamet Joakim Lund Jarner og Agnes Lea gjennom tre intense døgn i deres jakt på gåtens løsning. Med seg har de fotografen og hackeren Isa Eng, som viser de to veien inn til en mørk underverden hvor nazister og antinazister gjennom flere tiår har ført en brutal krig uten at myndigheter eller politiet har grepet inn.
Samtidig plages Joakim Lund Jarner av drømmer om sin avdøde søster, Iben, som ble funnet hengt i skogen da hun var 16 år. Men begikk hun virkelig selvmord den gangen?
.....................................................................
Eg hadde lite lyst på fleire krimbøker akkurat no, og då boka opna med å presentere eit heilt arsenal av folk gav eg nesten opp før eg hadde begynt.
Men så laga eg meg skjema med rubrikkar og namn, og etter kvart vart boka interessant og til dels spennande. No brukte eg litt for lang tid på dei 6 CD - platene, krim før ein helst lese mest muleg samanhengande. Eigentleg. Reknar ikkje med at Margrete vil ha denne akkurat no, så eg får levere den på biblio i morgon.

Dagbok 2016: 11.mai

Klokka er 19.15, temperaturen er + 18 grader. Det har vore eit nydelig vêr i dag, har knapt sett ei sky på himmelen.
Hadde litt eg måtte gjere inne i dag, før eg kunne gå ut i hagen. Eg hadde ikkje noko "mein" etter jobben i går, så eg var ved friskt mot, m.a.o. litt overmodig. Men eg kjem meg vel til igjen.
Mens vi sat og tok oss ei brødskive til såkalla lunsj ringde Ingeborg - ho ville kome oppom ein tur. Og der dukka ho opp med den nydelige 17.mai-buketten.Det var nesten for nykje av det gode, men ho hadde kjøpt til farmora også, så vi skulle ikkje ha dårleg samvit. Ho skal reise tilbake til Oslo i morgon tidleg for eksamen og jobb. Tungt å reise frå farfaren akkurat no. Mens ho var her såg vi i gamle album og mimra litt i lag. Det var koseleg.
Etter at Ingeborg hadde reist, prata eg litt med naboen før eg la meg ut på altanen og las ut boka mi. No er eg tom for lesestoff, så i morgon må eg få fiksa noko.
Middagen i dag vart veldig enkel, det vart steikte pølser med pommes frites frå ein pakke eg fann i frysaren. Når det skyar over får eg lage skikkelig mat.
I morgon skal vi til Åse igjen.
Ingeborg og Connie. Trovågen 1995.

tirsdag, mai 10, 2016

Dagbok 2016: 10.mai

Klokka er 18.00, temperaturen er + 17 grader C. Vi har hatt enda ein fin dag med lette skyer og sol, men ikkje så varmt som vi har hatt det siste dagane. 
Eg fekk det føre meg at eg skulle vaske blomsterpotter, dvs. pyntepotter før middag. Då eg var ferdig med det, vart det plenklipping. No er her ikkje all verda med gras, særleg ikkje på plenen rett nedanfor huset, men ugraset har lett for å vekse, så det var best å klippe før det vart for gale. Eg brukte den bensindrivne klipparen, og det gjekk heilt fint, sjølv om eg måtte ha hjelp til å starte opp att etter stoppa. Så åt vi lunsj, og etterpå la vi oss ut på altanen. Eg somna som ein stein. 
Dei små plenflekkane ovafor huset klipte eg med den elektriske klipparen, mens Nils passa ledningen. Eg må nok fare over med kantklippar både her og der, men no er eg litt spent på korleis forma er i morgon, for dette er nokså uvant arbeid for meg. (Det er ei stund sidan sist vi klipte). Om eg ikkje får mein av det, så er det fin og nyttig mosjon.Og så er det kjekt å jobbe ute, for då kjem naboane og slår av ein prat.
No kokar Nils middag, i dag skal vi ha salta lange med gulrot og poteter. Ein rett vi aldri blir lei av.
I dag er det "Verdens aktivitetsdag"-men arrangementet på Bakk-Ola er lagt til fredag13.


mandag, mai 09, 2016

Dagbok 2016: 9. mai.


Klokka er 10.00, temperaturen er + 23 grader C, max temp i dag + 26 grader. Det har vore sol og nydeleg vêr i dag også. Måtte ta av meg strikkalestane ei lita stund for å nyte varmen.
Det første eg gjorde i dag var å "ommøblere stova slik at det ikkje såg heilt ko-ko ut. No står dei blå stolane på sin gamle plass og den nye reclineren på plassen til stresslessen osb. Dermed kan Nils sjå TV i tre ulike stolar og vi kan sjå TV på samme tid og stad.
Elles så laga eg røre og steikte pannekaker til Ingeborg kom bortom, i Lars sin bil i dag. Vi åt og prata ei lang stund, kjekt når folk har tid å stoppe litt. Ho reiser tilbake til Oslo på torsdag.
Etter at Ingeborg var reist, hadde eg ein liten jobb med å plante litt i potter og bed. Har ikkje kjøpt noko spennande enno, men hadde nokre potteplantar som skulle ut, og nokre som skulle plantast om inne.
Så vart det ei stund på solsenga med lydbok og ein tur over gata for å prate med Marit.
Det varer ikkje så lenge før vi må til å klippe plenar, men den flate plenen nedanfor huset ser heil forferdeleg ut-håper den livnar til etter kvart. Elles legg vi lista lågt når det gjeld hage- vi har ikkje anna val. Såg at dei raude rhododendronen til Solveig blomstra, og det er like før vår sprett ut også. Men torsdag blir det regn og kaldt..... Den tid - den sorg.

søndag, mai 08, 2016

Dagbok 2016: 8.mai


Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 20 grader C. Det har vore sol og fint vêr i heile dag, med unntak av ei litt meir skya periode i 14-15-tida. Det er ganske vanleg her. Temperaturen var max + 26 grader.
Vi har hatt ein veldig roleg dag, gått her og stulla litt både ute og inne, vatna blomster, rydda litt osb. Vi har også hatt eit par økter på solsenga.
Eg har sjølvsagt ei lydbok med meg då. Men no har eg kome borti enda ei bok av den typen eg ikkje likar. Det er krim, men med så mange personar og scenario at eg går heilt bananas. Eg HAR laga meg rolleliste med fire rubrikkar: Politi, Avis, Politikarar og Andre-så eg greier å halde ein viss oversikt. Handlinga skiftar heile tida frå den eine gruppa til den andre-noko som er ei utfordring når ein les lydbøker. Og så dukka det opp ei gruppe som eg ikkje hadde rekna med, nemleg "Klarsynte". Ja, no skal eg ikkje uttale meg om boka før eg er ferdig med den, men når ein les mykje krim er det vel ikkje til å unngå at ein føler at den eine boka er til forveksling lik den andre.
Til middag i dag hadde vi kjøttkaker i brun saus, dvs.restar frå onsdag.
No etter at eg kom inn att frå altanen har eg stroke ein haug med klede. Det vart så mykje klesvask denne veka og så god kletørk- og så er det alltid noko eg må stryke. Men eg likar å stryke, så det er heilt greitt.
Vi er ikkje gode til beins verken Nils eller eg, for tida, så vi held oss mykje i ro.
I morgon får vi besøk av Ingeborg, og det er kjekt. Reknar med at ho snart reiser tilbake til Oslo. Torsdag skal vi til Åse sjukehus igjen, Nils skal ha behandling nr.2 av 6. Og så har han time med legen. Vi tek bussen.
Har enno ikkje fått ommøblert på stova, så der er litt overfylt for tida. Skal sjå kva eg greier i morgon. Forresten har eg sett mange humler i dag, 5-6 på ein gong i eine ripstreet t.d.

lørdag, mai 07, 2016

Bok nr.30 - 2016: Den statiske mannen.




















Til tross for fornavnet; Victor Abel har ikke seiret på mange områder. Ikke ennå - idet historien om «Den statiske mannen» starter, og Victor nærmer seg de runde 60. Visst har han sikret seg en trygg jobb som konsulent i Fredrikstad kommune, men han faller godt innenfor rammene av det vi kaller et ensomt menneske - selv om han selv ikke gjør noe nummer av det. Det har ikke kommet noen kvinner, og dermed har heller ingen kunnet forlate ham. Og så har han jo katten.(De kan lese meir på nettet.Og dessutan det som Margrete har skrive om boka. Eg er stort sett enig med henne.)
............................................................
Dette er ei fin, lita perle av ei bok. Eg følte det av og til som om forfattaren heldt opp eit speil framfor meg og sa: "No, kan du sjå korleis du er"- og eg vart flau! Med andre ord tek han oss på kornet- i skildringa av Victor Abel.

Dagbok 2016: 7.mai


Klokka er 19.00, temperaturen er ca +13 grader, max temp i dag var minst 19 varmegrader. Før middag var det opplett, men skya, så kom ei regnbyge, men no ser det ut til å lette opp att. Eirik var litt bekymra då regnet kom, for dei skulle ha russefeiring i kveld.
I dag har vi vore på farten og brukt tusenvis av kroner. Først innom biblio, men det var gratis, så på Felleskjøpet der vi blant anna handla hagegjødsel.Måtte innom Plantasjen også, men plantar kjøper vi ikkje enno. 
Så skulle vi innom Eirik på Møbelringen med vesten til Erlend som hang att her. Nils ønska seg ein ny recliner-og det fekk han. Vi har hatt to i mange år, men eg kan ikkje sitte i dei, derfor kjøpte vi berre ein no. Vi har litt for mange stolar akkurat no, men har planer !
Så var eg på apoteket og fylte opp medisinlageret mitt og på parfymeri og kjøpte schampoo blant anna. Til  slutt vart det handla litt mat.
Blant  anna kjøpte vi ein stor Grandis, som Eirik også fekk ein bit av då han køyrde heim den nye stolen vår. Den kom i to delar men Eirik fiksa monteringa. Etterpå hadde vi kaffi og is.
Då vi vart åleine skulle Nils sjå TV-eg sette meg inn på datarommet og rippa og strikka. Og det var dagens program, så langt. Nils har vore bra i form i dag.
Han vatna sukkerertene sine før regnet kom, eg vatna dei og jprdbæra i går.
Før vi for nedover i dag hadde eg ein diger haug med tørre klede som eg bretta, og så fekk eg henge ut eit par maskiner i dag også.( No er det ikkje like mykje i kvar maskin.)
No blir det vel strikketøy og TV det meste av kvelden.


DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...