onsdag, februar 29, 2012

Vermelding 29.februar - 2012

Klokka er snart 18.00. Temperaturen er + 6 grader, det eroverskya men opphaldsver.
Vi er nyss heimkomne etter ein tur til Straumshamn, der vi besøkte Margrete i nyehuset for første gong. Vi såg oss om både ute og inne, og vi likte det vi såg. Vi var ikkje sikre på vegen, men køyrde til Søvika og snudde, då fann vi fram så lett som berre det. Tomta er ganske skrå og grensar til utmark med skog og greier. Vegen , E 39, er rett nedanfor huset, men ikkje så nært at det er ei plage. Frå stova ser vi ned på Kilsfjorden og rett bort  i ei ikkje all for spennande fjell/ås-side.
Eg hadde ikkje med nokon presang til den nye heimen, ville først sjå kva som kunne vere aktuelt, men ein blomst hadde eg kjøpt med.
Likar å handle blomster hos Kine i Volda og det gjorde eg i dag, ho er veldig hjelpsom og har dessutan eit veldig godt utval i den vesle butikken. Ho har ikkje fylt opp med så mykje anna dill og dall, men held seg stort sett til blomster og potter.Blomsten står på bordet.
Erlend hadde besøk av ein kamerat frå Folkestad i dag, og Margrete steikte pannekaker i søkk og kav, noko som gjekk ned på høgkant både hos små og store.
Heim køyrde vi om Austefjorden og sjekka det nye vegprosjektet som er under arbeid, den såkalla Kvivsvegen.


tirsdag, februar 28, 2012

Vermelding 28.februar - 2012

Klokka er 16.30, det er overskya og opplett ute. No er temperaturen +8 grader, men i 12-tida var den oppe i +12 grader.
Nils mol opp ca 7,5 kg fisk i går, han brukar ei gammal handkvern og mel fisken ein gong. I dag starta vi rett etter frokost med å lage fiskemat. Først laga eg tre fiskepuddingar etter Gunda si oppskrift, men minus løk og pluss egg og fløyte.Eg brukar foodprosessoren til det. Resten av den melne fisken vart til fiskekaker, dei rører eg på "storemiksaren". Nils hjelper med steikinga, så då klokka var 12, var heile jobben ferdig og vi gjorde oss klar til å gå på kino. Den begynte klokka 13.
Heller ikkje i dag var der altfor mange frammøtte på Seniorkino, og det var synd. Det var veldig artig å sjå kor flott dei hadde fått til den gamle filmen. Bilda var mykje betre enn då filmen var ny, og lyden var også heilt perfekt. Filmen var teksta på dansk, men det var nesten ikkje nødvendig for meg ein gong å lese undertekstane, så tydelig tale var det. Bilda var like "store" som på vanlig film, men ikkje fullt så breie.
Det var det tekniske. Innhaldet var lett og morsomt, mange artige scener og replikkar. Og Audrey Hepburn var enda vakrare enn for 50-60 år sidan. Eg håper at vi får sjå fleire retrofilmar i tida framover og at fleire får augene opp for dette gode tilbodet som vi har.
No har vi ete oss stappmette på fiskekaker og skal ha oss ei velfortent pause.

mandag, februar 27, 2012

Vermelding 27.februar - 2012

Klokka har passert 14.30. Temperaturen er + 7-8 grader ute, det er overskya, men opplett. Ei stund såg det ut som om sola skulle kome fram, men det vart liksom ikkje noko av. Eg har drive med diverse husarbeid i dag, Har baka brød og grove rundstykke, vaska klede etc.etc.
Til "middag" blir det noko lettvint, for når Nils er ferdig å filetere fisken, blir det å lage fiskemat, reknar eg med.
Som de ser er det litt snø att i hagen vår, men det er jo ingen ting imot det som var i fjor på denne tid.

søndag, februar 26, 2012

Vermelding 26.februar - 2012

Klokka er 13.30, temperaturen er+ 5 grader og det er lettskya, fint ver.
Vi er nettopp attkomne frå ein tur . Vi køyrde ut til Lystad skule og gjekk derifrå og ut på Lianeset, på gangvegen ved sidan av hovudvegen. Akkurat det vegstykket vi gikk, fekk byggeskikkprisen då det vart laga for nokre år sidan.
Bilda de ser over er frå Skorgura, der nokre gamle kvernhus er blitt sette i stand slik at dei faktisk virkar. Men orkanen Dagmar har herje i nærmiljøet så der var mange tre som låg nede.
Vi gjekk opp her ved ura ein gong, og når ein kjem opp den første bratte bakken er der ei nydelig lang flat dal innover. Det er Skorgedalen. Skulle ønske eg kunne komme dit igjen, men der går ingen bilveg dit.
Merke etter orkanen såg vi alle stader, men sant å seie var det behov for ei lita renovering. Når dei får rydda ferdig, blir det finare enn før. Der ute var det ikkje snø, og snøklokkene var komne fram, men der var ein iskald vind, som vi ikkje har her på Vallabøen.Nåv vi er på Lianeset, ser vi rett over til opninga til den undersjøiske tunnelen.
Kan de finne att Melshornet på dette bildet?

lørdag, februar 25, 2012

Vermelding 25.februar - 2012

Klokka er 12.00, temperaturen er + 2-3 grader C, og no snøar det igjen. Ikkje fin vintersnø, men noko som smeltar meir og mindre etter kvart.
I dag for Nils på sjøen lenge før eg var innstilt på å stå opp.(Eg sa ikkje at det var tidlig!) Dei skulle drage opp garna dei sette i går. Det blei bra fangst, og akkurat som eg ønska meg, kom han heim med hyse og lyr, noko som er fint å lage fiskebollar av. Eg har ikkkje gjort stort anna fornuftig i dag enn å sitte på FB og å skrive mailar. Middagen i dag blir nok ein fin liten torsk, nr.2 frå venstre på bildet. Elles har vi ingen planar for dagen hittil.Freistar ikkje å gå ut. Skulle sikkert hatt ein hund slik at eg var nøydd !(Men eg ville heller hatt ein katt).

fredag, februar 24, 2012

Vermelding 24.februar- 2012

 Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 5 grader, og det regnar og blæs. Nils for ut på Rjåneset og skulle sette garn i lag med ein ny fiskekamerat som bur der ute. Det var visst meldt fint ver i morgon når dei skal drage.
I dag har eg vore relativt flittig. Eg støvsuga og vaska til helga før middag. Klokka 14.00 kom Solveig og Olaug, dei var på shoppingtur til Ørsta. Måtte ha litt ferie, dei også, sidan "karane" hadde vore i Barcelona.
Vi serverte rømmegraut og spekemat, så det var lettvint.
Gjestane for i fem- halv sekstida, dei skulle innom den store Coopbutikken i Furene også, før dei reiste heim. Så akkurat no er eg heime åleine.
Kan ikkje seie at dei som har hatt vinterferie denne veka har vore så heldige med veret.
No vil eg i alle fall ønske alle som les bloggen ei god helg, uansett ver- og førforhold.
Den nydelige kvite hortensiaen fekk eg av Solveig i forseinka morsdagsgåve.

torsdag, februar 23, 2012

Vermelding 23.februar- 2012

Klokka er snart 16.00 og det minkar på denne dagen også. Ute er det same veret som før, mildt og regn. Temperaturen er + 5 grader. Og eg ønsker meg framleis litt fint vinterver med snø og sol.
I dag starta eg dagen med å skrive referat frå møtet i går og sende manus til avisa.
Hadde time hos legen klokka 13.00, og eg kom inn nokså presis sidan eg var første pasient etter pausen. Det var berre rutinekontroll, så det var ikkje så dramatisk.
Etterpå var vi ein tur på posten(i butikk) og ein tur på Amfi sidan Nils skulle ha nokre tablettar.
I dag fekk Nils pakken sin frå Netthandelen. Han hadde kjøpt seg sko på nettauksjon. Han trengde nyr sko til å bruke i skogen når han vedar. Han tilslaget på 281 kr på nettauksjonen, men med alle tillegga kom dei på 499 inkl.frakt. Ikkje dyrt viss skoa er slik som han håper på. Og litt moro skal ein no ha også. No skal vi snart steike oss litt sei til middag, i går vart det ikkje til at vi laga oss noko skikkelig sidan vi skulle på møte, og der fekk vi karbonadesmørbrød..

onsdag, februar 22, 2012

Vermelding 22.februar- 2012

Klokka er ca 20.30, temperaturen ute er +3 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag.
For meg har det vore ein nokså travel dag, alt er jo relativt. Vi skulle møte på Bakk-Ola klokka 12.00 og ordne til for pensjonistmøtet som skulle begynne klokka 16.00. Før den tid hadde eg ordna opp i huset, vaska håret etc. 
På Bakk-Ola var styret samla, vi dekka borda m.m. og så hadde vi eit lite styremøte etterpå. Så var eg heime eit par timar før det var på an igjen, og i denne pausen skreiv eg eit avisinnlegg om seniorkinoen. Komande tysdag skal vi sjå ein film frå 1963 som heiter "Hvem svindler hvem" med Audrey Hepburn og Cary Grant. Det er ein gammal klassikar som er blitt digitalisert. 
Sjølve møta er heller ikkje avslapping. Vi i styret hjelper til med servering og opprydding. I tillegg skal eg skrive referat, så eg må notere undervegs, og i dag skulle eg også legge fram årsmelding. Alt gikk fint, og det er ingen problem, men eg kjenner at eg ikkje orkar å skrive referat i kveld. Elles plar eg skrive referatet same kveld, mens eg hugsar kva som har gått føre seg.
På bildet ser vi nestleiaren takke leiaren som no går av og overlet klubba til den nye leiaren så snart ho kjem heim frå ein lengre ferietur.
I dag er det ein merkedag. Audun fyller 22 år den 22.02.2012. Det skjer berre denne eine gongen, og vi vil gratulere han så mykje med dagen. Håper han kosar seg inni Oslo. 

tirsdag, februar 21, 2012

Merkedagar.

Det er rart med gamle merkedagar, dei blir på ein eller annan måte hugsa, men bakgrunnen for feiringa forsvinn. Ikkje alle markerer dagane likt, skikkane varierar. Å servere krembollar på fastelavnsøndag er ganske vanlig, og rømmegraut på feitetysdag er heller ikkje uvanlig. Her i Ørsta heiter dagen "Grautatysdag". Då eg første gong presenterte Nils for "feitetysdag" hadde han aldri høyrt om dagen før.
I dag har eg koka rømmegraut, men det er ikkje kvart år eg gjer det no når vi er berre to. Sidan det er vinterferie, kan det hende at det kjem gjestar som vil smake. Men onsdag tek fasta til. Då kjem det an på............
(Forstår ikkje kva som skjer med teksten når den blir lagt inn på bloggen, den er heilt fin etter at eg har scanna den ).

Vermelding 11.mars - 2012


 Klokka er 14.15, temperaturen er + 6 grader og veret er lettskya og fint. I dag var vi tidlig på farten for Nils skulle vere hos optikaren klokka 9.45. Eg var med han inn og tok ut nye brilleinfatningar, og så gjekk eg ned til Amfi mens han tok synsprøve etc.Han såg forbausande godt, og trengde i grunnen ikkje sterkare briller, men dei gamle var rett og slett utslitne. Eg var ferdig å shoppe då han kom og henta meg, det var ikkje så mykje eg skulle ha i dag.
Ikkje før var vi heimkomne, så ringde han til Hassan og avtalte fisketur, og no er han heime med meir småsei enn vi og ev. naboar treng.
Mens han var vekke, har eg stått over grytne heile tida, og koka ein STOR porsjon rømmegraut. Reknar ikkje med at alt blir ete i dag, men så frys eg den til ein annan dag. Viss eg frys den i skåler, går det fint å tine i mikroen. Eg veit om eit par stykke som gjerne skulle ha vore heime hos MOR i dag.
I dag er det tre viktige personar som fyller år. Det er niese Hilde Helen, Henning på Eid og Kongen. Vi gratulerer med dagen, som i år fell på Feitetysdag, eller som det heiter på fint -Mardi Gras, den store karvalsdagen i Rio.
NB: vi har ikkje fått oss ny adoptivkatt, men det er mange som vil vere venner med Nils når han har vore på fisketur.

mandag, februar 20, 2012

Vermelding 20.februar - 2012

Klokka er 13.45, temperaturen +3 grader C, og det regnar ute. Det hadde kome mykje nysnø i natt og Nils hadde bra trim med å moke for hand. Dessverre kjem ikkje snøen til å bli liggande, den har alt smelta mykje.
Mens Nils moka ute, vaska eg litt inne. Og etterpå hadde vi diverse ærend til Vik. Måtte ut att på butikken til Målar-Olav i dag, for sist eg var der, prata eg meg vekk med gardindama og gløymde kva eg eigentlig skulle kjøpe.(Såg litt på gardiner i dag også). Skulle ha noko lite på Europris også, så vi var innom der. På Amfi handla vi berre mat, men trefte litt folk å prate med, som vanlig. Såg at mange av pensjonistane hadde barnebarn med seg i dag. Dernest var eg innom biblio og leverte inn bøkene eg lånte før helga, har ikkje lese dei, men lagt dei inn på MP3. Og til slutt var eg innom Bakk-Ola og henta Årsmeldinga som dei har kopiert til meg. Litt rart å ikkje ha tilgang til kopi-maskin, slik eg hadde før.Dvs. eg har ei kombinert kopimaskin/printer, men fargepatronene er så dyre at det ville bli dyrare enn å leige til kopiering.
Årsmøtet i pensjonistlaget er komande onsdag.
I dag handla eg inn rømme til rømmegraut, men om den blir laga i morgon på feitetysdag eller ein annan dag vil tida vise.Vi avstod frå krembollar i går, så vi har litt å gå på. Trur eg.
No skal vi snart ete middag. I dag blir det fiskekaker frå frysaren med diverse tilbehør.Nils ventar på fiskever, for vi er nesten lens for fisk, noko som sjeldan hender.

søndag, februar 19, 2012

Bok nr.7 - 2012: Forfølgeren

Denne boka fekk eg av Einar til jul, men det blei ikkje til at eg las den før eg fekk lagt den inn på MP3-spelaren.
Det er ein ganske spennande, lettlesen og grei krimroman, som handlar om unge menneske. Kanskje er eg litt eldre enn målgruppa, men har ingen ting imot å lese om unge menneske. Bra underhaldning.

Vermelding 19.februar - 2012

Klokka erca 12.30, temperaturen er + 2grader C og sola skin innimellom. I løpet av natta har det kome ein god del snø, så Nils har jobba med å moke heile tunet med hand. Snøfresaren vår har ikkje vore mykje i bruk denne vinteren. Det er mykje folk ute i Starevegen i dag, både små og store. Somme har besøk av barn og barnebarn som har vinterferie.Ser ikkje Nils, så han må ha gått ein tur.Det er dessverre liten sjanse for at dette veret varer, i følge yr.no skal det kome å regne. Synd.
Eg finn alltid på noko å gjere inne, så eg ikkje kjem meg ut.Trur eigentlig ikkje at eg likar vinteren så godt. I dag fekk eg endelig tatt ned julegardinene på kjøkkenet og hengt opp sommargardiner. Somme meiner kanskje at det var på tide, men julegardinene er tettare og skjuler meir kva som går for seg inne for folk som går forbi på vegen. Så derfor har dei fått henge. No må eg vel snart til å tenke på middag. Hadde eit lite dykk i frysaren i går, og bestemte meg prompte for at her skal ingen ting kjøpast før den er tømt. Det er ingen grunn for å hamstre, butikkane er opne frå tidlig morgon til seine kveld. Håper alle som har fri denne veka får nokre fine dagar.

lørdag, februar 18, 2012

Vermelding 18.februar - 2012

Klokka har passert 14.30. Temperaturen ute er + 4 grader C, det er overskya og opplett. I løpet av føremiddagen har det kome både regn og snø ned frå himmelen. Det var ikkje så fristande å gå ut, så vi har halde oss inne. Eg har styrt med diverse husarbeid, men Nils har sett TV for det meste. Kvar si lyst.
I dag laga eg ein ny rett av sei, nemlig bacalao. Nils salta seien natta over, så bacalaoen blei meir enn salt nok. Nils likte retten kjempegodt, eg er litt meir forbeholden, det var liksom ikkje heilt rette smaken; det kan sjølvsagt ha mange grunnar. Idéen fekk eg frå Bodil som hadde prøvd det med godt resultat.
I dag var pensjonistlaget spesielt invitert til Vidar Lønn Arnesen sitt show "Da Capo". Nils har sagt heile tida at han ikkje ville, men eg hadde tenkt å fare åleine. Men når eg eigentlig ikkje har lyst, så let eg det like godt vere. Det er IKKJE ei plikt for meg heller. No skal eg slappe av med ei bok eg fekk av Einar til jul. Den er på MP3 format, så den må lesast på dagtid.
Seinare i dag har eg diverse meir som skal gjerast, merkelig kor mykje husarbeid det kan bli for to menneske? Men eg likar å pusle med noko. Håper alle får tid og høve til halde på med noko dei likar i helga, det er vel det som er vitsen med å ha fri?

fredag, februar 17, 2012

Vermelding 17.februar - 2011

Klokka er no snart 14.00, temperaturen er + 5 grader C og sola er akkurat framme, så vidt det er.
Vi har vore nedover ein tur, først på Bakk-Ola der eg leverte papir til kopiering.

Så var vi innom biblio, der eg fann to heilt nye bøker som eg skal rippe i løpet av dagen, så kan andre få overta dei, ev. kopiere dei over på MP 3-spelarar.

Handleturen vart avslutta på Amfi, der dei driv og bygger på. Arbeidet har pågått for fullt i heile vinter.No skal vi snart ete Taco, før vi tek oss ei lese/kvile-pause.
I dag vil eg gratulere barndomsveninna mi, Ambjørg, med dagen. Vi gjekk i samme klasse frå vi begynte på barneskulen, til vi var ferdige med realskulen. På gymnas gikk vi i parallelle klassar sidan vi valde ulike linjer.
Så ønsker eg alle ei god helg. Og god vinterferie til alle som DET har !

torsdag, februar 16, 2012

Vermelding 16.februar - 2012

Klokka er 16.15. Ute er det om lag samme veret som i går, men ikkje så mykje nedbør. Det er i alle fall ikkje særlig fristande å vere ute.Temperaturen er + 4 grader.
Føremiddagen i dag brukte eg stort sett til to ting: Støvsuging og kontorarbeid. Kontorarbeidet tog altfor mykje tid av den grunn at der faktisk er ting på datamaskina som eg ikkje kan. Tru det eller ei. Men oppgåva vart i alle fall fullført. Det vart smørbrød til lunsj i dag, og så får vi sjå om andre lekre rettar dukkar opp i løpet av dagen eller kvelden.
...............
No tok eg like godt fredagsvasken så er eg fri i morgon.
Og så må eg finne ei bok å legge inn på MP3-spelaren.

onsdag, februar 15, 2012

Bok nr.6 - 2012: Sankta Psyko

"Dit kommer Jan Hauger for å søke jobb som førskolelærer. Men Glenna er ikke som andre barnehager. Den ligger vegg i vegg med Sankta Patricia – med kallenavnet Sankta Psyko – et sikkerhetsgradert sykehus der mentalt forstyrrede voldsforbrytere mottar behandling. Glenna er Sankta Patricias egen barnehage, der pasientenes barn får treffe sine foreldre under nøye overvåkning. En av Jans oppgaver blir å eskortere barna gjennom de underjordiske gangene som forbinder barnehagen med klinikkens besøksrom.
Jan er en dyktig pedagog, men han bærer også på hemmeligheter. Han har ikke avslørt for noen hva som egentlig skjedde ni år tidligere da lille William forsvant fra barnehagen Jan jobbet ved. Han har heller ikke fortalt noen hvorfor han er så oppsatt på å få jobb nettopp ved Sankta Patricia, at det har å gjøre med at Alice Rami, den egosentriske sangerinnen som han har vært besatt av siden tenårene, er pasient ved sykehuset. Er noen av barnehagebarna hennes? Jan får ikke spørre, men fristelsen til å finne en vei inn i den lukkede avdelingen for å møte Alice igjen, vokser.En natt da barna sover dypt, henter Jan nøkkelen til kjellerdøren, låser opp og begynner å gå ned trappen som leder til Sankta Patricia." (Dette har eg henta frå nettet.)
Denne boka har eg lese delvis parallelt med Knausgård og i seine nattetimar når eg ikkje har fått sove. Det er ikkje det beste utgangspunktet. Eg har lese alle Theorin sine krimbøker frå Øland; dei har eg ikkje likt så veldig godt. Denne boka er heilt annleis, og ei stund likte eg den, men så blei det litt langdrygt på ein måte (Det blir det gjerne når ein somnar og må lese mykje om att). Det er ein slags psykologisk thriller, og med slike bøker får eg alltid eit problem, for eg veit aldri om psykologien held vatn. Dersom eg hadde lese boka meir samanhengande, hadde eg sikkert likt den betre, og boka har fått god kritikk ! Om språket kan eg seie at her ryggar dei bakover meir enn ein gong. Boka er på 10 CD-ar og lettlesen
PS: Eg syntest boka slutta på ein litt undelig måte, og i dag oppdaga eg at der var ei plate att. No har eg lese den, og litt meir kom på plass.

Vermelding 15.februar - 2012

Klokka er 12.30. Temperaturen er+ 2 grader C og det snør ute. Våt og klbbete snø. Nils moka litt på føremiddagen, men brukte gamlemetoden, som de ser. Mi von er at det no skal komme passelig mykje snø, og så bli kaldare og klårt. Då får vi sparkføre -og sol heile dagen. Men uansett er dagane lengre og lysare.
I dag har eg drive og vaska og rydda dei romma vi sjeldan brukar, så er det gjort. Middag har vi også på gang; i dag blir det fiskekaker som eg laga førre veka. Lettvint i dag altså.
Hadde litt kontorarbeid i går kveld, og meir blir det i kveld. Litt ekstra arbeid i samband med årsmøtet i pensjonistlaget neste veke.Dagane går som ein røyk anten ein gjer noko fornuftig eller ikkje. Vi kjem liksom aldri heilt i mål, og godt er det.
Så vidt eg veit er det ingen merkedag i dag, men søndag er det fastelavn, og tysdagen er det feitetysdag, eller grautatysdag som dei seier her i Ørsta. Så det blir gode unnskyldningar for å ete god mat nokre dagar framover; eg trur ikkje fasta slår like godt an.

tirsdag, februar 14, 2012

Klokka har passert 15.00, temperaturen er+ 3 grader og det er eit skikkelig grisever ute. Det regnar, blæs og haglar såpass at det ikkje er noko kjekt å vere ute.Sjeldan det er så mykje vind her oppi bakkane hos oss.
I dag brukte vi litt av føremiddagen til å rydde og omplassere diverse ting, men sidan eg skulle på møte klokka 13.00 fekk vi ikkje halde på så lenge. Eg har altså vore på styremøte i pensjonistklaget. Vi held til på Bakk-Ola som er eit bufellesskap for eldre og uføre, der det også er kafé og møterom. Det er mange aktivitetar på huset, mellom anna held Seniordans-gruppa til der.
Tenkte eg skulle få tatt nokre bildet av huset, eller rettare husa, men det er uråd å få heile inn på eitt bilde, og det var ikkje rette veret til å gå på fotosafari heller, så det blir berre ein liten del av komplekset eg fekk med.
No har vi ein kjøpepizza i omnen som vi skal ete om ei lita stund, og så er denne degen også snart over i historia.
At det er Valentindagen bryr vi oss lite og ingen ting om her i huset. Vi prøver heller å sette litt pris på kvarandre kvar dag. No blæs det opp til jule-og nyttårsstorm ute ser det ut til. Ha ein fin dag, med eller utan Valentin!

mandag, februar 13, 2012

Vermelding 13.februar - 2012

Klokka er vel halv åtte. I dag har det snøa og slapsa nesten heile dagen. Temperaturen ligg no på   ca 3   grader C.
I dag var vi ein tur på butikken, og etterpå laga eg glasur til kakene eg bakte i går.
Vi fikk melding om at Bodil og Svein ville ta seg ein tur opp til oss i dag, sidan dei skulle hente folk på flyplassen her.
Før dei kom åt vi middagsrestar frå i går, og så blei det "nonsmat" då gjestane kom. Det er ikkje sikkert alle veit kva nons eller non er? Før i tida åt dei fleste folk på landsbygda middag klokka 12.00. Då var det vanlig med eit brødmåltid med kaffi til rett etter arbeidstid. No går det vel mest i lunsj eller formiddagsmat midt på dagen, og middag i 16-17 tida?
Som pensjonistar gjer vi akkurat som vi vil med måltida.
Det var i alle fall veldig hyggelig med besøk, og vi hadde som vanlig tusen ting å snakke om.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget. Og Nils skal på gruppemøte i SV om kvelden.

søndag, februar 12, 2012

Vermelding 12.februar - 2012

Klokka er 12.30. Ute er det skya og grått. Tidlegare i dag var det snøslaps-byger, og det dryp litt enno; temperaturen er + 3 grader C. Eg skulle gjerne ha hatt litt fint vinterver før våren kjem.
I dag hadde eg bestemt meg for å lage to gulrotkaker til fryselageret mitt, og eg hadde sørga for å ha alle ingredirnsar i hus. Trudde eg. Då eg skulle begynne på kake nr.to oppdaga eg at eg ikkje hadde nok olje, men ein snill nabo kunne hjelpe meg over oljekrisa. No har eg to kaker som er ferdig steikte, men utan glasur; plar fryse dei før eg har på glasuren, då er det mykje enklare. Å bake ei eller to  gulrotkaker går for samme sølet, treng ikkje ein gong vaske bakebollen i mellomtida.
No skal eg snart steike sei til middag, det blir vel retten "søndagssei" i dag.
Som de ser av bildet er det "morsdag" i dag. Forstår ikkje at folk gidd å sjå all den sporten som er på TV, men det er fullt lovlig for den som vil.
For øvrig meiner eg at morsdag stiller i same katagori som andre amerikanske merkedagar. No skal vi visst til å feire Valentinsdag også. Berre forretningstriks alt i hop. Likevel vil eg gratulere alle mødrer i bloggverda med dagen! Kjekt å ha eit påskudd for å kose seg litt ekstra.

lørdag, februar 11, 2012

Vermelding 11.februar 2012

Klokka er snart 15.00. Ute er det grått, skodde i fjella og nedbør. Somme tider regn og sommer tider sludd eller hagl. Temperaturen er + 3-4grader C. Det er på ein måte godt med milde vintrar, men eg ville heller hatt snø, kulde og sol heile dagen. Ikkje minst for at dette veret gjer at eg verker både her og der, etter at eg har vore bra veldig lenge.
Nils måtte eit lite ærend til Vik, men eg ville vere heime. Har stroke litt klede, baka brød og koka risgraut til middag, og tida fyk  av garde. No skal eg snart lese siste resten av boka mi, og så skal eg skrive litt om den.
Nils skal på ei lita SV-samling klokka 18, så eg skal kose meg heime åleine nokre timar.(Utan TV, kanskje).Elles har vi ikkje så mykje planar for helga, men blir det fint ver i morgon, skal vi prøve å komme oss ut litt.

Bok nr.5 - 2012: Min kamp 6

Bildet av omslaget er dårlig og diffust, men det var slik det såg ut i virkligheita.
Eg har ikkje googla denne boka, og kjem neppe til å gjere det, for då kan eg få øydelagt den opplevinga som eg hadde då eg las den. De andre kan sjølvsagt gjere som de vil, for det eg skiv er inga bokmelding, berre mi subjektive oppleving av tekstane.
Trur dette er den lengste boka eg nokon gong har lese. 86 spor -kvart på over 30 min.-det blir ei god stund med Knausgård på øyret. Men til alle dei er har lese dei fem første bøkene: Les denne også ! Å kutte ut siste boka vil vere å samanlikne med å gå før ein får sjå slutten av filmen.
Denne boka er både lik og ulik dei andre bøkene han har skrive om livet sitt, og den er minst like gripande som dei andre. Dessutan gir den svar på ein del spørsmål som ein kan ha stilt seg undervegs.
Det som er ulikt dei andre bøkene er at han legg inn tekstar, essey etc., som har med heilt andre ting å gjere. Her er eit langt kapittel om NAMN, kva det namnet betyr for eit menneske. Her er ein grundig analyse av eit dikt, ein Hitler-biografi der han også skriv om jødeutryddinga. Han tek også med forteljingar frå Bibelen, sidan har har vore med og arbeidd fram den nye Bibelomsetjinga osb. Her er mykje filosofi, litteraturkunnskap og historie. No har eg ikkje studert verken filosofi eller litteraturkunnskap, så eg kan ikkje bedømme kor gode desse tekstane er. Dei kan virke litt tunge innimellom, men ikkje vanskelige å forstå.
Og så spør ein seg sjølvsagt kva desse tekstane har med resten av bøkene å gjere.Det blir det opp til lesaren og finne ut av.EG har ikkje svaret, og eg trur der vil vere like mange svar som der er lesarar. Berre tenk på kor annleis boktittelen blir om ein legg eit anna trykk på den og seier "MIN kamp". Eg verken kan eller vil prøve å tolke boka for andre, men eg rår alle Knausgård-fans til å lese den.
Til dei som synest boka er litt voldsom å gå løs på, vil eg anbefale å bruke tid på den, den kan godt lesast i porsjonar, og så kan ein ha noko lettare innimellom. Eg har hatt ei anna bok å lese i på senga t.d.

fredag, februar 10, 2012

Vermelding 10.februar - 2012

Klokka er snart 15.00. Ute er det lettskya, fint ver, og temperaturen er +3 - 4 grader C.Det ser nesten ut til at vi kan få litt sol også.
I dag starta eg dagen med å vaske til helga. Etterpå var vi nedover til Vik ein tur, hadde diverse ærend som vi fekk utretta. Trefte litt folk også, og det er kjekt.
Vi steikte oss litt fiskepudding og hadde på brødskiva då vi kom heim, så blir det kanskje noko middagsliknande seinare. I går laga vi fiskekaker på ettermiddagen. Laga av vel 3kilo fisk. Likar ikkje å lage for mykje om gongen, dei er best nylaga.
No er det lese/kvile-pause og eg skal ha meg ei stund med Knausgård. Det går mot slutten av boka no. Den var dryg. Veit ikkje kva det tilsvarar i sidetal, men lydboka inneheld 85 spor, kvart av spora er på minst 30 minutt. Det blir nokre timar!
Då ønsker eg alle ei god helg!
Og i dag gratulerer vi Margunn på Eid med dagen.

torsdag, februar 09, 2012

Vermelding 9.februar - 2012

Klokka er 15.15, temperaturen er +3 grader, det er overskya og grått, medskodde i fjella. Snøen smeltar på vegane og er ikkje lenger kvit og fin. For ei stund sidan kom det noko som likna snø ned frå himmelen, men det er borte no.
Nils møtte som vara i Eldrerådet i dag og var borte i to timar. Eg sette meg til å legge kabal på datamaskina mens eg las Knausgård. Visste ikkje ordet av det før Nils var heime att. At eg legg kabal mens eg les, hjelper meg å konsentrere meg. Eg nærmar meg no slutten på boka, og er tilbake i privatlivet til Karl Ove. Og skildringa grip meg på samme måten som dei andre bøkene har gjort.
Før middag dreiv eg og støvsuga -gjer det ekstra grundig somme gonger. t.d. i dag.
Eg er glad for at eg fikk vere ute såpass mykje i går, for i dag fristar det ikkje å gå tur. Eg skulle visst hatt ein hund.

onsdag, februar 08, 2012

Vermelding 8.februar - 2012

Klokka er 14.30, temperaturen er + 5 grader  og veret er strålande! Sola skin inn glaset ,så her er nesten for varmt inne. Trur den varmar for mange kilowatt.
I dag før middag var Nils til frisøren og klipte seg, mens eg vaska mitt hår. Så skulle vi ut i Rjåneshamna, for Nils skulle flytte båten til ei anna brygge. Den brygga han har lagt ved før, skal skiftast ut. Mens Nils styrte med dette, gikk eg ein tur på den asfalterte stigen som eg har skrive om før. Der ute er det heilt bert, og temperaturen var +5 grader. Men der var iskald, gjennomtrengande vind, så det var som om det var mangfoldige kuldegrader.
Etterpå var vi på Amfi og handla. Då vi kom heim gikk eg tur i lag med ei av naboane, mens Nils laga middag. Han koka småsei og brukte opp att sausen som eg laga sundag. Her kastar vi ikkje mat i utrengsmål.No har vi ete og skal ha ei lita pause med aviser og lydbok.
Her er den gamle bade-og soleplassen vår. Vi brukte å ligge på svaberget og sole oss på fine sommardagar, og bade kvar gong det vart for varmt.Ikkje særlig fristande i dag.

Her har Dagmar vore og øydelagt ei av "fiskebryggene". Det var Helsesportlaget som starta med å lage til dette området, slik at det også kan nyttast av rullestolbrukarar t.d. Lions overtok og fekk anlegget ferdig.
Der stigen sluttar står denne sittegruppa Her kan ein kose seg på fine dagar med å fiske og grille eller nyte medbrakt.
Vegen tilbake.

tirsdag, februar 07, 2012

Vermelding 7.februar - 2012


Klokka er 13.45. Temperaturen ute er +3 grader. Det er lettskya, fint ver, men ikkje så mykje sol som det var meldt på yr.no.
Nils og kjell for ut for å fiske i 9-10-tida, og kom nettopp att. Vi har nok sei nok til oss ei tid framover, men i dag skal vi ete suppe frå i går. Det varte og rakk før Nils kom heim med fisken og eg vart svolten og frostig. Eg har brukt mykje av føremiddagen til såkalla "kontorarbeid". Har skrive årsmelding for pensjonistlaget, blant anna. Ikkje akkurat noko å bli varm av.

mandag, februar 06, 2012

Vermelding 6.februar - 2012

Klokka er snart halv tre. Ute er det overskya, slapseføre og temperaturen er + 2-3grader C.
I dag ventar vi Margrete og ungane til middag, og det er kjekt. Elles har det ikkje skjedd all verda, så langt. Menyen i dag er ertersuppe + pannekaker.
Strikka ferdig skjerfet mitt, så no skal eg begynne på lester igjen, må bruke opp garnet som eg har kjøpt inn.

søndag, februar 05, 2012

Vermelding 5.februar - 2012

Klokka er ca 12.45, men eg føler det er langt på dag, for vi var tidlig oppe. Ute er det overskya, men opplett og + 2 grader. Sola var framme såpass at vi fekk sjå at no "klive ho honnje", som tyder at vi har sol frå morgon til kveld om det skulle klårne opp. Det har vore ein lett vinter, så langt, med lite snø og kulde. Men erfaringa seier at februar er snømånaden her, så vi kan få mykje vinter enno.
Nils var ute og gjekk tur på føremiddagen, men eg hadde fått den idéen at eg skulle plante nokre avleggarar som eg hadde ståande, og dele opp nokre gamle plantar. At moldposen som låg i garasjen var stivfrosen, stoppa meg ikkje. Eg skar opp posen og helte på kokande vatn, og etter ei stund fekk eg fullført prosjektet. Kasta ein del plantar også, men orkidéane får stå i tilfelle nokre av dei finn ut at dei skal blomstre ein gong til. Etterpå måtte eg vaske kjøkengolvet........ Slikt arbeid skulle ein i grunnen halde til med ute, og i ei anna årstid. Men det var NO er fekk ånden over meg.
Til middag i dag skal eg lage sei i paprika- og løksaus. Det er lenge sidan vi har hatt fisk no. Lenge sidan det har vore fiskever også.
Nils ser sport på TV-men eg skal lese Knausgård. Det går ikkje fort, men kan ikkje lese mange timar pr dag.

lørdag, februar 04, 2012

Klokka er snart halv tre. Temperaturen er ca+1 grad C, og det er delvis skya, med litt sol av og til. Vi har vore ein liten tur til Volda i dag, og elles har vi handla mat på to butikkar i Vik. Til tross for at det ikkje var kaldt i dag, fraus eg ute, det var ein gjennomtrengande iskald vind, særlig i Volda.
Då vi kom heim laga eg Taco, som vi åt til middag, og enda eg hadde "hot" både krydder og saus, så er eg framleis frostig. No skal eg ligge på sofaen med pledd og Knausgård, så kanskje eg tinar opp. Det går ikkje fort med boka, men eg kan opplyse at den består av 84 spor, kvart på ca 30 minutt, så det tek si tid.
Elles har det ikkje skjedd mykje i dag-og det er like greitt. Nils ser sport på TV-så eg kan lese med godt samvit.

fredag, februar 03, 2012

Vermelding 3.februar - 2012

Klokka er 13.30, temperaturen er +2 grader C. Det er overskya, og det har kome litt meir snø. Såpass at Nils måtte moke litt, med hand, i dag tidlig.
No har vi vore ned til Vik. Eg måtte på biblioteket og låne meg ei "attåtbok" til å ha som sengelektyre. I går kveld la eg meg til med Knausgård på øyret, utan å tenke på at MP3 platene ikkje tek pausar. Vakna midt på natta av at det var einkvan som masa noko heilt forferdelig. "Min kamp 6" er nokså mykje annleis enn dei første 5. Trur han har skrive dei fem første for å kunne skrive nummer 6. Eg er komen til spor 40, men heile boka er på 84 spor, så den kjem til å vare ei stund til. Men det er veldig interessant det han skriv.
Kjøpte ikkje så mykje i Vik i dag, men eg investerte i ei ny handveske, den gamle var velbrukt !
Var ein tur opp i gågata, der det kom ein heil flokk med småbarnsmødrer som var ute og trilla. Dei møtest og trillar/trimmar i lag. Det ser koselig ut.
No skal vi snart ete middag. I dag blir det steikt fiskepudding. Vi er enige om at ball (i store mengder) er tung kost for gamle magar, så det blir ei stund til neste gong.
Så vil eg ønske alle ei god helg, same kva de har tenkt dykk til med.
PS: Synest at Svendsengarden/Mellegarden liknar eit peparkakehus.

torsdag, februar 02, 2012

Vermelding 2.februar - 2012

Klokka er ca 12.45,og temperaturen + 1 grad C. Og så kom det meir snø! Heldigvis! Eg set pris på det, viss den berre blir liggande og vi får sparkføre igjen. Det er det beste med vinteren, sparkføre altså. Då kan vi som er lettare rørslehemma komme oss ut på litt lengre turar. Men viss det endar opp i slaps, er eg mindre begeistra.
I dag har eg støvsuga i heimen. Det tok litt lenger tid enn vanlig, sidan eg prøvde ut ei ny møblering, men gikk tilbake til ein tidlegare variant. Skulle ønske eg hadde fleire muligheiter - forandring frydar, som kjent.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag. No varmar vi på ballrestar frå tysdag, og eg kjenner at eg er veldig svolten. Skal få gjort litt meir utpå dagen, men må nok ha ei pause etter ball-måltidet.

onsdag, februar 01, 2012

Vermelding 1.februar - 2012


Klokka er 13.45. Sola skin her hos oss, det er berre ei lita stund rundt klokka 12.00 ho er attom Melshornet no. Temperaturen er minus 2 grader. Stort finare kan ein ikkje ha det midt på vinteren. Ikkje fullt så fint nede i Vik, der ikkje sola når til.
På AMFI driv dei og bygger på, dei har hatt bra arbeidsver i vinter med lite snø, men det er no ikkje nokon jobb som eg misunner, dei kor som er. Må vere travelt med dei bråkete maskinene.
Nils har vore og styrt med ved i dag også. I dette fine vere blir morgonane lysare og ein kan komme tidlegare i gang.
Mens han var på vedaskogen, vaska og rydda eg heile dekketøyskapet på stova, det er eit lite tiltak, men jobben tok mindre enn ein time. Litt kjekt å sjå kva ein har i skuffer og skap, det er ikkje i bruk så ofte.
Så stelte eg litt med bromstrane, vaska potter etc. Trengst litt fornying , men eg håper at nokre av orkidéane som står på vent, vil kome med blomster snart.
Tok ein tur ut på butikken til Målar-Olav og kika på gardiner. Det var med tanke på Margrete sitt prosjekt. I ferdigsydde gardiner var der lite utval, og fargane var grått, beige, lilla, rosa ....ikkje direkte spennande. Men der var mange fine stoff. Dessutan kjem dei til å få inn mykje mytt framover, så kanskje ein bør ha is i magen. Eg tok mange bilde. Måtte liksom ha eit ærend, for eg likar å gå og sjå kva nytt som kjem på markedet, sjølv om eg ikkje skal ha noko sjølv.
I dag blir det ikkje middag, ialle fall ikkje med det første, treng ein kviledag etter ball-orgien i går.
Eg har no begynt på MP3-plate nr.2 av 3 av "Min kamp 6". Etter ein litt treg start er det no blitt skikkelig interessant, og det er vanskelig å legge boka frå seg. Denne siste boka er nokså mykje annleis enn der 5 første.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...