lørdag, april 30, 2011

Vermelding 30.april - 2011

Klokka er 17.00, temperaturen er ca + 18 graderC og  det er strålande ver.I dag var det varmt nok til å ligge delvis avkledd på altanen då vi kom så langt. 
Først måtte vi nedover å utrette diverse ærend, var på biblioteket og lånte bok, i Hovdebygda og kjøpte solstol og så hadde vi tenkt å handle mat på Rema 1000. Heldigvis fann eg ut at eg måtte ha noko på Amfi. Der trefte vi Ruth og Harald som kunne fortelle at Ingeborg skulle vere med og danse.Litt etter kom også Margrete. Vi avtalte at Margrete og jentene skulle komme oppom ein tur etter at dei hadde henta Amanda som var på ballettøving. Det gjorde dei også, og fekk pølse m/ brød som var det einaste vi fiksa på så kort tid. Ingeborg vart att her til Nils kjørte henne på ballettøving no nettopp. Alle tre hadde vi oss ei god stund på altanen, og Ingeborg sov då vi brått hørte eit kraftig skot. Håper det ikkje var noko gale.Eg har berre litt att av boka mi, g det skal eg legge meg ut og lese NO.
Nils skal ut og gå i tog i morgon så han kjøpte seg ei ny BLÅ jakke i dag. Elles er det visstnok konfirmasjonar rundt omkring.

fredag, april 29, 2011

Vermelding 29.april - 2011

Klokka er blitt 23.00- dagane går ekstra fort når det er så fint ver.Strålande sol frå morgonen av i dag, men kjølig på morgonkvisten.No er temperaturen +7-8 grader C. 
Eg hadde eit ærend elle to til Vik i dag+ litt "kontorarbeid."
Fekk lyst å ta ein tur til Ulsteinvik for å sjå om eg fann meg nokre sommarlige klede på An Chri- det gjorde eg ikkje, men fann i alle fall ein topp som eg likte. Så hadde eg med ein MP 3-spelar med resten av boka som Solveig held på med-trudde eg. Men eg hadde heller ikkje slutten på min MP3, så det var ikkje fritt eg var litt irritert på meg sjølv. Skuldar på at eg har vore noko "tett i pappen" siste dagane. Men vi fekk no ei koselig stund med kaffi på altanen. Middag hadde Nils og ete på "Sunt og nam" i Ulsteinvik. I dag tok vi tapastallerken, vil ikkje skryte av den maten akkurat. Har ete andre rettar der før som har vore betre.
Vi kom heim såpass tidlig at vi fekk eit par timar på solsenga før sola gikk ned. Har enno litt att av boka som eg har lagt inn i dag. Skal skrive meir om den i morgon.
Er ikkje overdrive interessert i kongebryllaupet i England, men fekk no sjå litt i kveld, så eg ikkje er heilt blank. Ønsker alle ei  GOD HELG.

Bok nr.25 - 2011: Den siste gode mann

Denne boka er på mange måtar annleis enn det meste eg har lese før, og eg er litt i tvil om den i det heile tatt kan kallast "krim". Her er mange likskapar både med Dan Brown og Tom Egeland, men denne boka er snillare, mindre brutal. Haakon Strøm som les boka er ein framifrå opplesar, men står i fare for å tolke under lesinga, så eg er ikkje heilt sikker på korleis boka skal "lesast"-er der ein snev av ironi, eller?
No er eg ein elskar av all slags "unyttig" kunnskap, og det får vi mykje av her. Vi er innom religion, filosofi,psykologi, politikk,medisin,geografi,fysikk,matematikk,astronomi,språk .... og you name it.
Menneske dør på ein mystisk måte her og der rundt omkring i verda, felles for desse dødsfalla er at det er GODE menneske som blir ramma. Fellestrekket som får ein politimann i Venezia til å begynne å granske fenomenet er at alle har eit merke på ryggen som ser ut som ei tatovering... Ja, de kan gjerne lese meir om boka på nettet, men mitt råd er:Les boka. Den er veldig lettlesen, også som lydbok. Få personar å halde greie på, og enkel handling. Som eg plar seie:Boka handlar om livet og døden, kjærleiken og havet. "Havet" kan gjerne omskrivast med reiser. Eg likte boka.HAR vore inne på tanker at forfatterane har skrive ein "parodi" på Dan Brown m.fl. for mot slutten tek handlinga heilt av, men det overnaturlige er jo i skuddet som aldri før.......

torsdag, april 28, 2011

Vermelding 28.april - 2011

 Klokka er snart 18.45, temperaturen er+ 13 grader og det er litt vind. Hadde gleda meg til ein nydelig solskinnsdag etter at eg måtte vere inne heile gårsdagen, men det er først no det er skikkelig fint ute. Har lagt på solsenga og lese lydbok aldri så lenge.Les ei veldig spesiell krimbok som heiter Den siste gode mannen. Nils og Hassan reiste ut for å sette teiner; Hassan har så lyst på krabbe.
I går var vi altså på Seniorkino og såg "Kongens tale"-ein fantastisk film. Dei som ikkje har sett den, må gripe første høve.Vi var ikkje mange, dei fleste hadde vel mest lyst til å vere ute i fineveret, men eg synest det er viktig at vi støtter opp om dette tilbodet, så vi ikkje misser det. Når hausten kjem set vi sikkert pris på eit par timar i konosalen i staden for å sitte under rulletrappa på Amfi.
Etter filmen var det ekstraordenært styremøte på Bakk-Ola i samband med jubileet på tysdag. Eg tok på meg å skrive og trykke opp eit par songar. Slike songhefte har eg laga ørten av i lærartida mi, men då disponerte eg kopieringsmaskin og diverse bøker og permar der eg fann høvelige illustrasjonar. På data finn eg mange fine bilde, men dei er i fargar, og vi skal trykke opp i svart/kvitt. Er det nokon som veit om ein stad på nettet der eg kan finne meir enn på Word, så kom med det.
Vi strevar med å få "unge" medlemmer til pensjonistlaget, med unge meinest her folk rundt 70-årsalderen. Vi treng folk som kan gjere ein jobb for laget, slik eg gjer no, så blir det vel vår tur å slappe av når vi blir gamle nok. Eg er glad så lenge eg er blant dei "unge",og blir sett pris på som aldri før.
Har hatt nokre dagar med vond verk, men er bra i dag. I går verkte eg nesten over alt, og hovudet var som ei blykule. Eg trur eg er forkjøla, men har ofte slike små "forkjølingar", så eg lurer på om det kan vere allergi.
I dag har eg imidlertid vore i fullt arbeid; har laga fiskekaker og vaska golv m.m.
Nils har jobba ute i hagen. Leigebuaren vår er så glad i blomster og har så lyst å plante, så no har Nils grave ned sementringen som vi hadde rundt rabarbraen, så får ho ha den å plante sin eigen vesle hage i.Ho var veldig fornøgd med det.

onsdag, april 27, 2011

Vermelding 27.april - 2011

Klokka er 11.00, sola skin og det er berre nokre små skydottar på himmelen. Varmt er det ikkje, sist natt var temperaturen nesten nede på 0-punktet, no viser gradestokken + 10 grader, så det går framover. Vi skal på kino, og så blir det styremøte i pensjonistlaget etterpå. Heldigvis er det meldt fint ver i fleire dagar, så det blir sikkert høve for meg også å vere ute. Er litt betre i foten/hofta i dag, men BRA er eg ikkje.
I dag har eg tatt bilda av dei blomstrane eg VEIT heiter Scilla, men så har eg altså lært at "dei små blå blomstrane" også er ein type av same art. Dei vanlige scillaene kjem litt seinare og er sterkare i fargen.Som eg har sagt før: Blå blomster er mine favorittar. Ha ein fin dag!

tirsdag, april 26, 2011

Vermelding 26.april - 2011

Klokka har alt passert 13.30-tida går fort sjølv om eg berre går her og "stullar".
Hadde venta meg ein strålande dag i dag, men så langt har det vore berre sånn passe. No held sola på å streve med å komme igjennom.Temperaturen er + 13 grader C, og det er lettskya opphaldsver.
Eg har baka Ingers brød i dag og så driv eg mellom anna med å rydde bort påskepynten, legg i hop klesvask etc. etc. Nils steller med fisk og hage, som vanlig.Sukkerertene som han sådde før påske spirar, så no gjeld det at vi ikkje får meir vinter!
Eg sat og strikka i går mens eg høyrde bok. DET skulle eg ikkje gjort. Say no more! Går for halv maskin i dag. Så nærmar det seg jubileet i Pensjonistlaget, og det merkast. Mykje som skal på plass, og telefonen ringer.Revmatikarforbundet og Pensjonistlaget var dobbeltbooka på Kulturhuset, men det er ordna (ikkje av meg, altså).
I morgon er det Seniorkino og der skal eg møte opp, men så viser det seg at også eg er dobbeltbooka. Skulle eigentlig vore på kafé med veninner.
Alle er velkomne til kino på dagtid, klokka 12.30. Seniorkino kjører med redusert lyd.Billettprisen denne gongen er 70 kr.Det stod ikkje i annonsen så vidt eg kunne sjå.
I dag skal vi ha steikt fisk til middag, fiskekaker får eg lage ein annan dag.

mandag, april 25, 2011

Vermelding 25.april - 2011

Klokka har passert 12.00, eg har ikkje vore på føtene så lenge. Men Nils har alt vore ute og fiska. Fikk rikelig med halvstor sei, så det blir nok fiskemiddag i dag også. Han reiste ut åleine, for han fikk ikkje tak i Hassan på telefonen. 
Eg vakna i 6-tida, stod opp og tok smertestillande og la meg att, las og sov. Når ein er så dum at ein spring rundt berrføtt i "vårlufta" får ein ta konsekvensane. Er relativt bra no.Men det er skodde i dag og kjølig, berre+ 12 graderC.Kjende nokre små regndropar også. Har heldigbis fått tørt det meste av klesvasken, nytta det nydelige tørkeveret i går. 
Vi har ingen planar for dagen, likar betre å fare på turar på kvardagar, vi som har høve til DET. Då er butikkane opne for eksempel.
I dag fyller Wenche på Kongsberg år, vi hadde ei fellesfeiring i påska, håper at ho følte seg involvert i den, det blei vel ikkje sagt så rett ut, det er barna som får mest fokus, som rimelig er. Håper det er fint ver på Kongsberg i dag, for i morgon er det på jobb igjen for Wenche sitt vedkomande.
Gratulerer så mykje med dagen, Wenche!


søndag, april 24, 2011

Saksa frå Sunnmørsposten.

Posted by Picasa

Vermelding 24.april - 2011

Klokka er snart 15.00. Temperaturen ca +20 grader, det er lettskya og det blæs.Deilig ver eigentlig.
Rasmus og fam. reiste med 10.00-ferja frå Volda. Det blir tomt i huset når alle fer, så då er det berre å sette i gang å rydde og styre så ein ikkje begynner å deppe.No ser her nokonlunde sivilisert ut igjen, det er ingen vits å stresse med for mykje rydding når ein har ein 1-åring gåande laus. Har vaska sengklede og hengt ut også, sjølv om det er påskedag. Ikkje fordi det hasta, men fordi det er eit fantastisk tørkever med sol og vind.Skogen blir grønare dag for dag og stadig fleire blomster kjem fram. Det er ei herlig tid.
Det har blitt litt for mykje av det gode denne påskeveka, og då meiner eg mat. I dag åt Nils og eg resten av ertersuppa frå langfredag+ to kakestykke som stod att i kjøleskapet -men så er det slutt! I alle fall på alt som heiter kaker! Trur eg. No ser det ut til at veret blir så fint at eg kan legge meg ut på solsenga og kvile middag. 
Fekk melding frå Rasmus i 13-tida , då var han på Vesterland (mellom Sogndal og Kaupanger)-det var leikepause.

Bok nr. 24 - 2011: Mørketid

Eg brukar alltid å seie at bøkene blir best viss ein les dei "fort". Denne boka har eg brukt lang tid på å lese, eg har ofte falle ut (=sovna) og lese om att.Eg har lese fleire bøker av denne forfattaren før, men eg meiner dei har vore meir groteske og spennande enn denne.Det mest originale i denne boka er mordvåpenet:Blåringet blekksprut! Som er så giftig at berre eit lite bitt er dødelig, og det finst inga motgift. Eg er frista til å seie at denne boka er litt langdryg, men det kan ha med lesemåten min å gjere.Som vanlig likar eg i grunnen best bakgrunnsstoffet!
Ein ting kan eg i alle fall uttrykke meg saklig om og det er opplesaren. Når eg seier at ein nesten ikkje legg merke til korleis ho les, er det positivt. Ho les på ein måte slik at ho ikkje "overdøver" teksten. Les om boka på omslaget og på nettet om de vil vite meir.

lørdag, april 23, 2011

Vermelding 23.april - 2011

Klokka er snart 14.00. Temperaturen er +22 grader C og det er deilig lettskya ver og litt vind.Betre kan det knapt bli ein dag i slutten av april. Dei to eldste gutane +far og farfar har vore på sjøen og fiska småsei. Det var visst kjekt, men ingenting kan vel måle seg med blekksprutfangsten i fjor sommar. Etter at eg hadde rydda opp litt i huset, fekk eg meg ei stille stund på altanen med lydbok. Wenche fikk seg også ei lesepause mens minstemann sov. Det er som ein sommardag ! Rasmus og fam. reiser heim att i morgon. Då blir det tomt i huset.Men eg er glad vi fekk desse fine dagane på slutten av ferien.

Vi vil i dag gratulere Bodil på Eid så mykje med dagen! Då eg var lita sa vi at viss det var fint ver på bursdagen, hadde vi vore snille siste året. Bodil må ha vore særdeles snill, og det trur eg så gjerne.
Ha ein fin dag, Bodil!

fredag, april 22, 2011

Vermelding 22.april - 2011

Klokka  er 19.30  og ein nydelig dag er snart til ende. Temperaturen er no +16,5  grader C.I dag venta vi Margrete og ungane på besøk, så vi laga ein stor porsjon ertersuppe for at det skulle vere lettvint servering. Så fekk vi melding frå Solveig at ho og dei to yngste hadde lyst å komme, og litt etter fekk vi melding om at Lars og ville komme på besøk.Ikkje noko er så kjekt som å ha huset fullt, det minner om "gamle dagar". Så vart vi altså 16 til bords i dag. Etter suppa blei resten av påskebaksten sett fram, og huset såg etter  kvart skikkelig bomba ut. Det er berre kjekt. Ryddig kan vi ha det når vi er her åleine.Eg har ikkje vore så mykje ute, men eg hadde ei lita runde krokket med gutane før middag.Det er ikkje så farlig med oss som har heilårsferie, vi kan nytte alle fineversdagar.

torsdag, april 21, 2011

Vermelding 21.april 2011


Så har vi brukt opp enda ein dag av påskeferien.Dessverre har ikkje veret
vore noko særlig, men no held det på å klårne opp, og i morgon er det
meldt strålande sol. Dagen i dag har vore skoddefull og grå, men
relativt mild. Akkurat no, klokka 20.30 er temperaturen + 8 grader.
Wenche snakka med mor si i telefonen og på Kongsberg var det VARMT.
Dei to største gutane har leika seg fint i heile dag. Dei held mykje på med
data, men så kom Lars innom med presangar frå Margrete. Pakkane
inneheldt Duplo til minsten og Lego til dei to andre, så då hadde dei
arbeid LENGE !
Til middag hadde vi røykt svinekam, steikt i steikomn, med bernaise. Elles så blir det mykje mat og prat.
I morgon ventar vi Margrete og ungane, så då blir det meir liv i leiren.
Elles har eg laga ein ny blogg i dag, der eg vil skrive litt om kva som skjer
i pensjonistlaget. I dag har eg skrive om Seniorkino, noko som kan ha
almen interesse.Bloggadressa er: www.orstapensjo.blogspot.com

onsdag, april 20, 2011

Vermelding 20.april - 2011

Klokka har passert 21.00 og snart er denne dagen over. Det har vore både skodde og grått det meste av dagen, men det kom seg utover dagen og kvelden. No er det opplett og + 9 grader C. I dag har det vore ein kviledag utan dei store hendingar. Vi har ete og prata for det meste. I kveld fekk gutane pakke ut påskeegga frå tante Solveig, og det var no stas. Til middag hadde vi hjortegryte. Eg hadde gjort den nesten ferdig på førehand og sett den i frysaren, så det var lettvint. Elles oppdaga Nils ein lekkasje inne i kjøkkenbenken, og slikt er jo alltid festlig.Håper på betre ver i morgon, slik at vi kjem oss ut litt. 
Det største som har hendt i dag er at Ingar har gått nokre steg heilt åleine.

tirsdag, april 19, 2011

Vermelding 19.april - 2011

 Barnebarna våre oppstilt etter alder, berre minstemann manglar på bildet, han tok seg ein liten blund. Han fylte for øvrig 1 år i mars.

Klokka er 22.45 og det er snart slutt på denne dagen også. Det har vore overskya og opphaldsver i dag, med temperatur opp til + 16 grader C. Akkurat no er temperaturen ca +10 grader.
Eg starta dagen med fotografering på Møre-Nytt- hatar å bli tatt bilde av, og enda meir å få bildet i avisa, men kva gjer ein ikkje for ei god sak?
Så var det berre å gjere seg klar og fare til Hareid. Der hadde vi ein fin dag med (altfor) mykje god mat. Her må det nok drastiske tiltak til når påska er over!
Det vart ikkje til at eg tok bilde, men Solveig og Margrete har både skrive og lagt inn bilde på bloggen, så de få slå opp på sidene deira.
Eg kan nemne at kvar familie fekk eit eksemplar av Øystein si nye bok Sjabervik, ei novellesamling. Det er ikkje lydbok, men eg KAN lese på papir også.
Vi takkar vertskapet på Hareid for ein fin dag.
Kan fortelle at den botanikkinteresserte naboen vår har funne ut kva dei fine blå blomstrane våre heiter.Han har røkt etter i Floraen sin, og funne ut at det er ein type Scilla. Eg har før avviste dette namnet, for eg har andre scilla i hagen. Men naboen kan fortelle at det finst fleire typar av den blomsten.."Våre " blomster meiner han er Scilla siberica, eller Russeblåstjerne.Den er ein løkblomst.

mandag, april 18, 2011

Vermelding 18.april - 2011

Klokka er halv åtte, og dagen har gått som ei røyk.Vi vakna til fotsid skodde, men no er veret fint. Sola har vore framme og temperaturen er +11 grader C. I dag hadde vi relativt tidlig middag, og på menyen stod fisk + kake frå i går. 
Rasmus og dei to eldste gutane var på kino og såg film i 3D. Vi andre var ein liten tur på Amfi. I morgon skal vi til Hareid, men eg må møte til fotografering i Møre-Nytt klokka  10.00.
Så skal eg skrive eit innlegg i M-N om seniorkonoen 27.april. Filmen som skal visast då er "Kongens tale"-alle som vil er velkomne, pensjonistar eller ikkje.

søndag, april 17, 2011

Vermelding 17.april - 2011

Klokka er no snart halv tre.Veret er akkurat som i går, så det er ikkje mykje å skrive om, eller ta  bilde av for så vidt. Temperaturen er + 9 grader.Håper det lettar til i morgon. Fekk nettopp melding frå Rasmus, då var dei på Anda. Dei rakk sikkert 14.15-ferja.
Eg har brukt mykje av føremiddagen til å lage ein stor lasagne og rydde opp att etter sølet; den står i omnen og godgjer seg, så det står berre att å lage salat og dekke bordet. Det er ein årelang tradisjon å lage lasagne til Rasmus kjem. Det er ein tradisjon som skriv seg frå den tida det var meir og mindre uvisst kva tid han dukka opp. Det er i grunnen lur mat å ha når ein får gjestar sidan alt kan gjerast ferdig på førehand.No gler vi oss til å få besøk.

lørdag, april 16, 2011

Vermelding 16.april - 2011

Klokka er 14.45; ute er det skodde og grått og regnet har sila ned i heile dag. Vi har fått den "uvanen" at vi vaknar relativt tidlig om morgonen, og no har vi tømt ei stor panne med fiskesuppe, så her blir det å flate ut!
Hadde ærend på matbutikken i dag også, så det blei ein tur ned på Amfi.. Men først laga eg ei kake og dessert til i morgon, strauk nokre klede m.m.Trefte litt kjentfolk i dag også, og då vi skulle heim, strøymde det på med utanbygds folk, slik som det er vanlig på laurdagar.
Så vil eg ønske alle som les bloggen min ei riktig GOD PÅSKE. Håper at sola snart kjem fram.

fredag, april 15, 2011

Vermelding 15.april - 2011

Klokka er 13.00. Ute er det over skya, kald vind og temperaturen er + 10 grader.
I dag var vi tidlig oppe og tidlig på farten, sidan eg skulle vere i Volda 10.15. Var innom ein butikk der borte etter at eg hadde fått sprøytene mine.Her i Ørsta handla vi på Amfi, var innom biblioteket og så måtte eg snakke litt med kinosjefen/kulturhussjefen som er ein og samme person. Det skal vere seniorkino rett over påske, og eg har fått i oppdrag å skrive eit stykke i avisa.Til middag i dag skal vi ha salta lange. Det er godt!
I dag er det 14 år sidan Eirik kom til verda.Han er nummer fem av barnebarna våre.Ingeborg var no ei stolt storesøster, men heilt fornøgd var ho ikkje, ho ville heller hatt ei søster. Då Håkon nokre veker seinare fekk ei søster vart det krise i den heimen, for han ville hatt ein bror. Men Ingeborg og Håkon visste råd; dei kunne jo berre bytte! Hugsar enno at dei sat ved kjøkkenbordet her og diskuterte det for fullt alvor. Men no veit eg knapt om nokon annan som er så glad i broren sin som Ingeborg er. Same om han etter kvart er blitt større enn ho, tek ho han framleis på fanget som på bildet her. Men så er jo Eirik ein utrulig snill og grei gut ! Det er vi alle enige om.Og så er han så flink å synge og spele.Gitaren er vel favorittinstrumentet, men han spelar også i korps og av og til slår han på tromme.Vi gratulerer Storegut så hjertelig med dagen.Feire han skal vi gjere i påska!

torsdag, april 14, 2011

Bok nr.23 -2011: En dåre fri.


Vi møter den vesle jenta som heiter Eli, eit namn som både gutar og jenter kan heite. Ho har lange lyse krøllar og eit lite nydelig ansikt. men sjølv ville ho heller ha vore gut.Ho vil ikkje vere prinsessa i skodespelet, ho vil vere Espen Askeladd. Når ho blir litt eldre forlangar ho å få klippe håret sitt kort og gå med skyggehue. Ho er kjempeflink å spele fotball og gå på ski og har ein voldsom energi; er nesten hyperaktiv. Men sjølv om ho er er ein intelligent unge, lærer ho ikkje å lese skikkelig, dessutan er ho svaksynt. Til tross for at ho er spesiell, er ho godt likt av dei andre barna, for ho kan fortelle. Ho diktar lange spennande og morsomme historier som ho fortel til dei andre barna. Ein virkelig storyteller altså. Etter kvart får ho ei eldre søster til å skrive ned historiene på maskin.Seinare lærer ho seg sjølv å bruke datamaskin.Men det er etter at ho er blitt vaksen. I mellomtida får ho andre problem. Det begynner med "Espen" ei gutestemme som snakkar i eine øyret hennar."Espen"gret når han høyrer vatn som renn.Seinare kjem også Erik, som vil ha henne til å øydelegge ting, og fleire stemmer som er der for kortare eller lengre tid.
Tida går, og eg skal ikkje fortelje meir om det som skjer, men denne Eli er det som etter kvart blir ein kjend forfattar, på samme tid som ho vandrar inn og ut av psykiatriske klinikkar. Ho er med andre ord periodevis psykotisk, eller schizofren.
Det er forfattaren sjølv som les denne boka om sitt eige liv og sine psykiske problem, og det gjer historia enda meir autentisk.Det er ei  bok som  gjere inntrykk på alle som les den.Mange trudde forfattaren skulle få Nordisk Råd sin pris for denne boka, men den gikk til ein islending.Eg hadde høyrt mykje bra om  boka før eg las den, og eg stod lenge på venteliste på biblioteket. Det er utan tvil ei god og viktig bok som gir lesaren eit innblikk i korleis det er å vere psykisk sjuk.Boka blir samanlikna med bøkene til Knausgård, fordi forfattaren er så open om seg sjølv.Eg har brukt litt lenger tid enn vanlig på den, for det er ikkje ei bok som ein "sluker". Det er sterk kost, for å seie det slik, kanskje litt for sterk for mange? Det er skrive mykje om boka på nettet, men eg har valt å ikkje lese det.I alle fall ikkje enno.

Vermelding 14.april - 2011

Klokka er 12.00,det er overskya og + 12-13 grader C .Det var tilløp til sol tidlegare i dag, men dessverre er den borte no.
Denne dagen hadde vi sett av til vasking, støvsuging etc. Og det er det vi har drive med. Nils sin jobb er å vaske dusjkabinettet, det blir for mykje bøy og tøy for meg. No er eg nesten ferdig med MIN jobb, har berre att litt støvsuging. I morgon skal vi på rek igjen, sidan eg skal møte på Smerteklinikken i Volda 10.15.
Det vart eit innhaldsrikt møte i pensjonistlaget i går, og eit langt referat å skrive, sjølv om eg prøver å begrense meg. Synest eigentlig referat er ein kjedelig sjanger, vanskelig å gjere så mykje utav det.
Då vi var på Plantasjen sist mandag, kjøpte vi tre krukker med minipåskeliljer. I går vann Nils ei krukke til, men der var så mykje i at han delte i to.Ingen andre blomster kan måle seg med dei første vårblomstrane.No er det ikkje lenge til dei "små blå" kjem for fullt heller. Nils har for lengst forlatt badet, og har begynt å rydde enda meir ute. Takka vere han har vi den ryddigaste hagen i nabolaget.
Sundag kjem Rasmus med familie, og det gler vi oss veldig til, altfor lenge sidan sist vi var i lag.Dei kjem over Hemsedal-Sogn. For dei som ikkje er heilt oppdatert på denne vegen, kan eg opplyse at det no er slutt på bompengar i Fjærland, og vegen frå Lærdalsøyri til Borlaug er nesten ferdig utbetra. Dette er den kortaste vegen når ein skal til Kongsberg og området rundt.
Takk til Margrete for "awarden"-skal prøve å følge opp, men det blir ikkje i dag. Har ikkje så mange på blogglista mi heller,og dei fleste har alt fått award.
"Gjesteforelesaren" frå Skatteetaten hadde eit sitat som eg gjerne tek med her.Det kan vere ei trøst for andre gamle (han reiser mykje rundt i pensjo-lag) :"Betre å vere 70 år ung-enn 40 år gammal".
Vi gratulerer Kristoffer på Eid med 23- årsdagen i dag.

onsdag, april 13, 2011

Vermelding 13.april - 2011

Klokka er 14.45. Temperaturen ute er + 12 grader C, det er lettskya og fint, og sola er delvis framme.I går såg eg på himmelen i vest då eg skreiv blogg, då var den svart, og ikkje lenge etterpå kom regnet. Derfor tok eg bilde av vesthimmelen i dag,så de kan sjå at det er gode utsikter framover. Dessverre får vi ikkje vere ute og nyte fineveret. Før middag har vi vore på Kulturhuset og hjelpt til med å lage i stand til møtet,det var sant å seie ikkje så mykje vi gjorde, og etterpå var vi ei runde og "tigga"gevinstar. Det siste var det Nils som stod for, han er vant til slikt. Møtet begynner klokka 16.00, så vi får ei lita pause før vi skal av garde igjen.
Sist natt vakna eg opp og verkte noko heilt forferdelig, tolte vel ikkje så godt hagearbeidet i går. Men då eg vel var oppe, kom eg meg, så det går heilt fint no.

tirsdag, april 12, 2011

Vermelding 12.april - 2011

Klokka  er ca 13.00. Temperaturen er + 10 grader, det er lettskya, med gløtt av sol; men eg ser svarte skyer i vest, så eg ser ikkje bort frå at det kan gå som i går, at vi får ein regnfull ettermiddag og kveld.
I dag har både Nils og eg jobba ute med raking og rydding, og i dag fekk vi helse på den unge "kona" i nabohuset.Ho er frå Kjøllesdalen og har hatt tremenningen min ,Liv, til lærar.Ho har permisjon frå jobben og er heime med ei lita jente på 9 mnd. Dei har også ein gut i 3-årsalderen. Veldig hyggelig dame! 
Det gikk fortare enn eg frykta å få det fint og bert rundt dørene,så no håper vi på knallver i påska. 
I morgon er det møte i Pensjonistlaget; Nils og eg må møte opp klokka 12.00 for å gjere klart bord etc-møtet tek til klokka 16, så då går den dagen.
Til middag i dag skal vi ha fiskekaker frå frysaren, får ladde opp til mykje god mat i påska. 
I dag er det systra til Nils som fyller år, og vi gratulerer med dagen!
(Dette er orkidéen som Nils fekk av Hassan tidlegare i vår. Den blir berre finare og finare.)

mandag, april 11, 2011

Vermelding 11.april - 2011

Klokka er snart 13.00. Det er overskya og + 10 grader C. Fint arbeidsver både ute og inne.Med andre ord, Nils jobbar ute og eg inne.
Vi måtte ein tur nedover i dag også, hadde ærend på legesenteret for å bestille fornying av reseptar, vi kan ikkje gjere det på e-post her,slik som dei kan somme andre stader. Så måtte eg inn i resepsjonen på Møre-Nytt og snakke med dei. Eg sende eit innlegg pr.e-post og bad om tilbakemelding, noko eg ikkje fikk. Når ein skriv på vegner av andre, kan ein ikkje gjere noko gale, så var inn og forsikra meg om at dei tek inn innlegget i morgon.
Og sidan vi var ute og for, var vi ein tur på Plantasjen. Vi kjøpte ikkje mykje, for det er for tidlig å plante noko ute enno. Dei hadde mykje fint, men etter det eg kunne vurdere var mykje alt for langt kome for årstida. Hageasalea som var nesten avblomstra og japanske kirsebærtre i full blomst rimar liksom ikkje med vårt klima. 
I "bedet" på bildet har vi før hatt store staudar m.a., men sist haust flytta vi alle dei store staudene med mot grensa til naboen.Dei to trea vi hadde i området er også borte, så no spørs det kva som skal kome i staden. Det første som kjem er dei blå stjerneforma blomstrane som om nokre få dagar vil dekke heile området.Derfor må vi rydde og rake ferdig no. Snøen som vi heiv utover i går, er borte i dag, berre nokre små isflak ligg att. Viss de ser godt etter vil de sjå at naboane også er i full gang med våronna.
Eg har begynt å pynte litt til påske inne. Tørkar støv og legg på påskeløperar etc. Ikkje direkte hardt arbeid, men det tek si tid, det også. 
Til middag i dag skal vi ha salta lange, det gler eg meg til, for det er ein av favorittane mine.

søndag, april 10, 2011

Vermelding 10.april - 2011


Klokka er ca 12.00. Temperaturen ute er +14-15 grader, så no trur vi på vår. Sola er ikkje framme, men det er opplett.
All snø som blir moka vekk frå tunet i løpet av vinteren, blir lagt i ein kjempehaug nedanfor garasjen. Det seier seg sjølv at denne haugen blir litt seig å få vekk, så her må vi hjelpe til. I dag gikk Nils laus og heiv store snøklumpar utover, og eg hjelpte til å kakke dei sunde. No håper eg at dette blir siste snøbilda på bloggen for denne gong. Ja, eg veit at det kan kome snø både i april og mai, men då blir den som regel ikkje liggande særlig lenge. Løkplantane kjem opp over alt no, så det hastar med å få rydda opp litt i alt rotet som ikkje vart teke sist haust. Under snøen stod det faktisk ei bjørnebærbuske med GRØNT lauv.
No driv Nils og fileterer fisk, det blir nok steikt sei i dag, eg synest fisken smakar best før han har vore i frysaren.Elles må vi no kome oss ut ein tur viss veret held seg så bra som no. Eg er ikkje flink å gå ut i dårlig ver!

lørdag, april 09, 2011

Vermelding 9.april - 2011

Klokka er 13.00. Ute er det + 8 grader C og overskya. Men det er opplett, så eg har endelig fått henge ut gjestedynene til lufting og vaska soveromma. Siste dagane har det ikkje vore mulig å henge ut så godt som eit teppe. 
Grunnen til denne arbeidslysta ein laurdag føremiddag er at Nils og Hassan har vore ute og sett liner, så eg har vore heime åleine.Det var bra ver, men voldsomme straumar i sjøen. Som de ser har Nils ein god fiskedress. Han arva den frå naboen som selde huset og flytta til bya (bya = Ålesund, elles heiter det byen om andre byar). Om vinteren er han på Gran Canaria. Eg stussa litt på logoen på dressen.
Dei hadde fiska litt sei mens dei først var utpå, men lina skal dei drage seinare. Ho låg ferdig egna i frysaren, så det var godt å få den vekk og få frigjort plass. Ja, no snakkar eg om "Garasjefrysaren"-eller "Fiskefrysaren" om de vil.Det har ikkje vore så veldig mildt enno, men snøen er snart borte frå vår tomt, takka vere at Nils har rota i den og kasta den utover.
Perleblomstrane er fekk av Solveig kjem seg litt for kvar dag, elles kjem det fram litt krokus og snøklokken her og der. Dei blå blomstrane som eg ikkje veit kva heiter, men som alle beundrar kvar vår er på full fart mot blomstring. Kanskje alt neste veke?
Gratulerer med dagen, Janne! 

 Fangsten på lina vart 5 fine langer. 

fredag, april 08, 2011

Vermelding 8.april - 2011

Klokka er ikkje meir enn11.00, men vi var tidlig oppe i dag, så vi har vore i sving i fleire timar. Nils er ute og rakar etter kvart som snøen blir borte. Ingen ting vart gjort før snøen kom sist haust, så det er mykje å rydde opp i. Det regnar berre litt av og til, men det blæs ein iskald vind; temperaturen er + 7 grader, men det virkar mykje kaldare. Eg held meg inne. Så langt har eg gjort ein del "kontorarbeid" og førebudd middagen. I dag ventar vi Amanda og Erlend på besøk. Vi skal hente dei på ferja etter skuletid, for Margrete er på kurs i Ålesund og Lars er i Bergen. Vi gler oss alltid til å ha barnebarn på besøk.
I går opna Plantasjen i Furene, området på grensa mellom Volda og Ørsta, der vegen går gjennom tunnelen.Vi har ikkje vore der enno, men det blir nok ikkje lenge før eg må innom. Tilseth plantesenter ligg eit steinkast unna, og no skal Coop får lov å bygge der også, så snart blir det vel tomt i sentrum? Dei reknar vel med at desse nye butikkane skal trekke folk til området -men så minkar det vel ein annan stad?
Sidan det er fredag igjen, ønsker eg alle ei GOD HELG.
Og så vil vi gratulere svigerinne Mimi som fyller år i dag. 
Her driv Nils og skal grave ned ein plastbalje med grasløk. Han har planta ein "ferdigkjøpt" plante i midten og sådd frø rundt. Eg plar klippe opp grasløk om sommaren og fryse så eg har heile vinteren.I fjor vart det dårlig avling, så eg har ikkje meir att.

torsdag, april 07, 2011

Bok nr.22 -2011: Norsk attraksjon

Denne boka fekk eg av Einar til jul, og har hatt den som attåtlitteratur til lydbøkene.Dei fleste har vel sett programma til Linda Eide på TV og mora seg over dama som er like kvikk i kroppen som i kjeften.Faktisk har eg sett henne på svensk TV i Sverige også.
Denne boka inneheld "manuskripta" til programma, om ein kan seie det slik, og det er når ein les dei ein oppdagar at ho er ein framifrå skribent også. Folk som meiner at nynorsk er eit sidrumpa og gammalmodig språk burde lese denne boka. Då ville dei kanskje få eit anna syn på "sidemålet".  Det som eg likte ekstra godt er at folk blir sitert på rette målforma; dei som snakkar ein dialekt som ligg tett opp til bokmål, vert sitert på bokmål, og likeins med dei som snakkar nynorsknært. Viss dialekten er langt frå dei to skriftnormane, blir dei sitert på dialekt.
Dette er ikkje ei bok ein les fort frå perm til perm, men ei bok som ein kosar seg med innimellom.Ikkje berre er språket godt, men det er mange artige fortellingar.Trur eg skal ha den med på neste biltur, i tilfelle ein kjem forbi ein eller fleire av attraksjonane.
Eit lite døme frå boka. Beklager den dårlige tekniske kvaliteten på bildet, det kjem av at eg må scanne på ei maskin og legge inn på bloggen på den andre. Håper på betre tider etter påske.(Eg har merka meg at ho skriv tunellen, som faktisk er feil, i staden for tunnelen, som er rett. Men kanskje blir det rett å skrive tunellen, som er det vi seier?)
Solveig har sjekka og der er LOV å skrive tunell slik dei fleste seier.


Vermelding 7.april - 2011

Klokka er snart 14.00. Ute regnar og blæs det -temperaturen er + 6 grader C. Fint ver å vere inne i, med andre ord. Har gjort litt husarbeid i dag også, og så har vi vore og handla, både på Amfi og på REMA 1000.Vi hamstrar mat fram mot påske. I dag blir det berre eit lettvint måltid midt på dagen, smørbrød med fiskepudding, reker og majones. Trur det må vere fleire år sidan vi har kjøpt ein fiskepudding, men fekk brått lyst på det i dag.
I Ørsta går diskusjonen om utviding av Amfi. Eigarane vil utvide ned mot sjøen, men det er mange imot. Det området som de ser på bildet er steinlagt er laga til som ein slags "park" med benkar og leikeplass, så mange er imot at dei bygger ut her. Eg, mellom mange andre, meiner at viss dei absolutt skal utvide må det skje oppover mot gågata, slik at ikkje sentrum blir heilt rasert.Eg synest ikkje dei er flinke å planlegge her i Ørsta.No er her så mange tomme forretningslokale at det hadde vore betre om dei vart tekne i bruk.

onsdag, april 06, 2011

Bok nr.21 -2011: De ensomme

Det finst eit utal krim-bøker på markedet, og det blir stadig fleire forfatterar som prøver seg på denne sjangeren. Ja, eg mistenker at mange legg inn eit lite mysterium eller brotsverk i bøkene sine for å nå eit breiare publikum med bodskapen sin. Eg synest også at krimbøkene endrar seg frå å vere spenningslitteratur, til å bli meir og mindre psykologiske romanar som fortel om det tragiske i brotsverket, og prøver å forklare forbrytaren ut frå bakgrunn og meir og mindre tilfeldige hendingar. Det er langt frå Agatha Christie til moderne krimforfattarar, for å seie det slik.
Håkan Nesser er ein forfattar som først og fremst skriv om menneska bak tragediane. Her er ikkje fart og spenning, likevel er det driv i bøkene hans. Eg ser ikkje bort frå at han appellerer mest til godt vaksne lesarar.
Eg kunne godt ha skrive mykje om denne boka, men då eg søkte på nettet, fann eg ein blogg der vedkomande hadde skrive akkurat det eg meiner, og kvifor skulle eg då skrive det om att?

Andre bøker av Håkan Nesser som eg vil anbefale er: Kim Novak badet aldri i Genesaret sjø og Herr Roos

Vermelding 6.april - 2011

Klokka er snart halv to. Ute er det skodde og regn og +7 grader C. I dag har Nils rive seg ut over snøen på oppsida av huset, så no håper vi den skal tine fort.Det ser forresten ut som om sola har tenkt seg fram.
Eg har brukt føremiddagen til å bake tre kaker, så no har vi snart nok til det felles bursdagsselskapet hos Solveig i påska. Så slapp av, Solveig, det blir nok kaker! To barnebarn+ eg sjølv har bursdag i mars, eitt barnebarn + svigerdatter har i april, og tre barnebarn i mai. Vi slår oss saman og feirer alle litt. Neste oppsamlingsheat blir i juni.

tirsdag, april 05, 2011

Vermelding 5.april - 2011

Klokka er snart halv tre. Vi har nettopp ete middag, i dag vart det steikt sei. Temperaturen ute er ca +10 grader og det regnar berre nokre dropar av og til. Nils har vore ute heile føremiddagen og raka bort lauv frå plenen og beda. Løkplantane har begynt å komme opp, så det hasta med å rydde. Det vart veldig mykje finare etter at jobben var gjort. 
Eg har helde meg inne, og brukt mykje av tida på å lage ei kake; baking er ikkje mi greie liksom. Har lagt i hop eit par klesvaskar etc. også, men slik arbeid syner ikkje mykje att. No blir det ei pause, og så får vi sjå om det blir gjort noko meir seinare.

mandag, april 04, 2011

Vermelding 4.april - 2011


Klokka har passert 12.00. Ute held det på å skine opp, men før i dag har det både hagla og styrtregna.Sist natt hadde det minka bra på snøen.
Veit ikkje kor mange tre, særlig Thuja, vi har planta oppe med garasjen og som har døydd. Det siste stod ganske lenge, men sist haust skranta det fælt og vart meir og meir brunt. Så kom vinteren brått på oss, og det vart ståande heilt til i dag. Nils grov vekk snøen rundt stammen og prøvde å drage det opp med bilen. Det gjekk ikkje i første omgang, så han måtte grave litt, og då fekk han opp rota. Eg er veldig fornøgd med det, for når eg sit ved kjøkenbordet er det dette området som er "utsikta" mi.Vi kjem ikkje til å plante fleire tre på denne staden.Blir vel meir plen!
Eg har brukt føremiddagen, så langt, til å førebu middagen.I dag kjem Margrete og ungane, noko som vi alltid gler oss til. I dag lagar eg ein relativt eksperimentell gryterett av svinekjøtt. Tida får vise om den fell i smak.

søndag, april 03, 2011

Vermelding 3.april - 2011

Klokka er snart halv tre. Temperaturen er +12 grader C, det er lettskya og fint ver ute.
Nils har vore ute på føremiddagen og spada litt i snøen, men der den ligg urøyvd er den framleis ca40 cm tjukk.
Eg har rydda litt i huset og lagt opp to bukser på føremiddagen. Å sy er om lag det verste eg veit, så det er ei lette å få det gjort.No skal vi ete middag om ei lita stund. I dag blir det Taco.
Hadde i grunnen tenkt meg til kyrkje i dag sidan det er dåp i nabohuset, men fordi eg har diverse sitteproblem for tida, torde eg ikkje å sette meg inn på ein steinhard kyrkjebenk.

lørdag, april 02, 2011

Vermelding 2.april - 2011

Klokka er 14.00, og temperaturen er +12 grader C. Sist natt bles det, og no har det begynt å regne,så det er håp om at snøen smeltar.Harald kom att med ein fiskekasse og no står karane i garasjen og pratar. Tenkte det kunne vere meir interessant å sjå på alt som finst på "gutterommet" enn på veret i dag. Den gamle mikrobølgeomnen viser ikkje så godt på bildet, men den står på benken. Nils brukar den til å koke kattamat i.
Harald fortalde at han hadde vore ute og raka plen i dag-det har ikkje vi, men no trur eg det kjem til å gå fort med snøsmeltinga.
I dag gjorde eg ein del kontorarbeid, etterpå hadde vi eit ærend på El-kjøp for å kjøpe støvsugarposar m.m. Det er nytt system på slike posar no, men eg hadde med den gamle emballasjen og då fann ekspeditøren fram til den rette. Kvifor den må vere 100 ulike støvsugarposar er meir enn eg forstår. Sidan eg skulle ha frimerke i dag handla vi på Euro-Spar, der vi alltid handla før. No er det dei som har "Post i butikk".
Var også ein tur på Jysk, men altså ikkje Amfi i dag.I dag er det kylling med ris og saus på menyen.
Takk til Bodil som hjelpte med å løyse eit problem eg hadde i går.

fredag, april 01, 2011

Vermelding 1.april - 2011

Klokka er14.00. Temperaturen på trappa er nesten +14 grader C. Den målaren som vi les av på kjøkkenet visar berre 11 grader. Det er den eg vanligvis brukar. Uansett er det mildt og vårlig, og snøen smeltar.
Nils var tidlig oppe i dag og for på sjøen. Han kom att i 12-tida med nokre fine seiar, mellomstore.
Eg har vore noko plaga med verking siste dagane, men eg fekk no vaska og rydda litt i kjellaren f.m. og i tillegg fekk eg unna litt "kontorarbeid". Ikkje spøk å bli sekretær på gamle dagar, men eg har sikkert godt av å skjerpe meg litt. Måtte innom biblio ein tur i dag sidan eg fekk melding om at ei bok eg stod på venteliste til var ledig.Og så måtte eg ha diverse kontorrekvisita,pluss mat og medisin.No har vi altså vore ei lita runde og handla. Nils kokar fisk og poteter, så det blir snart middag. Sidan det er fredag, kan eg ønske alle ei god helg!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...