torsdag, mars 31, 2016

Dagbok 2016: 31.mars


Klokka har passert 19.00, det er + 5 grader ute, og akkurat no er det opplett. I dag vakna vi til kvite marker, og i løpet av dagen har vi hatt både hagl-og snøbyger. (Nils måtte mòke snø av bilen, han skulle ned og ta ei blodprøve til rutinekontroll.) Men snøen smeltar mellom bygene.
Her i Ørsta snakkar dei om "ridene"- det er snø som kjem etter at vinteren eigentleg er slutt. Ridene er knytta til flyttfuglane. No er staren komen-og dermed var dette "starerida"; når linerla kjem, blir det eit nytt snøfall-"erlerida", det er visst noko som heiter "svalerida" også. Desse ridene har vore eit lite problem for meg-men no har eg fått forklaring på FB. Men som ei skreiv: "Eg har aldri høyrt om gaukerida". Og takk for det.
I dag har eg vore nedover og handla for første gong etter påske. Vi mangla både det eine og det andre etter kvart, dessutan skulle eg hente bøker på biblio.
Elles har eg ikkje gjort så mykje. Rippa dei tre bøkene då eg kom heim, mens eg strikka og høyrde lydbok.
Etter ein liten pause var eg ute og raka litt i plenen, må prøve å få gjort det før krokusen kjem for fullt, men det var vått og tungt, så eg heldt ikkje ut så lenge.
No har vi ete middag. Ein fordel med å ikkje ha så mykje fisk i frysaren er at ein kan ha litt annleis mat enn vi brukar å ha. I dag vart det omnskokt laks med pesto og spagetti Tagliatelle. Frosne grønsaker "best til fisk". Eg skal innrømme at det var veldig godt, sjølv om det var eg som var kokk. No sit eg her med kaffikoppen min-og er stappmett.

onsdag, mars 30, 2016

Dagbok 2016: 30.mars

Klokka er snart 19. Sola skin og det er + 8 grader ute. Det har vore ein fin dag, etter ei kald natt, noko som gjer at snøen ikkje smeltar så fort.
I dag reiste Nils til Åse i 11-tida, og eg vart heime åleine. Først rydda eg litt i huset og shina opp kjøkkenet. Sidan gjekk eg ut og raka singelen ut av plenen der det var bert, og så tok nabo Solveig og eg og spada snø og heiv den opp på vegen for at den skulle smelte fortare. Det var ganske kjekt. Plukka singel frå blomsterbedet også. Sidan eg gjekk i croxar vart eg ganske våt på beina, og gjekk rett inn i dusjen og vaska håret m.m. sidan eg likevel var våt.
Så laga eg pannekaker til Nils kom att i 16-tida.
No var eg ut og tok nokre bilde av snøsituasjonen. Solveig hadde starta opp på nytt med å mòke, men ryggen og hofta mi hadde fått nok, så eg avstod. Men eg såg at no blomstra snøklokkene på plenen.
Etter at vi stilte klokka blir eg like forundra  kvar dag over at det er lyse dagen- til langt på kveld.
Eg har fått tre meldingar frå biblioteket, så i morgon blir det vel ein tur nedover. Eg har ikkje vore til Vik sidan før påske. Mandag er det styremøte i pensjonistlaget, vi har hatt lenge fri no.
                                Denne vesle plenbota er raka og stelt i dag.
Nadanfor garasjen har Nils vore og rota i snøen. Dette er ein av lagringsplassane.

tirsdag, mars 29, 2016

Dagbok 2016: 29.mars

Klokka er no 20.00, noko som er vanskeleg å forstå når sola skin ute-i alle fall litt. Temperaturen er + 5 grader C, og det har regna litt i løpet av dagen, men så er det meldt fint vêr og sol i morgon.
I dag rydda eg vekk påskepynt og påskedukar etc. Så støvsuga eg og vaska-ikkje til helga men etter.
Bodil sende melding i går kveld om at ho og Svein skulle køyre  eit par barnebarn til flyplassen i dag, og då ville dei komme oppom. Dei kom i halv firetida  og vi hadde ei koseleg stund med mykje prat. Det er ei stund sidan vi har vore i lag no.
Det ringde på døra og der kom gartnaren med ei stor og flott samanplanting. Den var frå familien på Kongsberg. No har eg mange vakre blomster og glede meg over.
Neste gong det ringde på var det ein ung afrikanar som samla flasker til idrettslaget.
No har Nils  stukke av på møte i SV og blir vel vekke ei stund. Eg skal lese litt, trur eg, eller sjekke om det er noko på TV som eg vil sjå.

mandag, mars 28, 2016

Dagbok 2016: 28.mars

Klokka er 17.17, temperaturen er + 14 grader C; tidlegare i dag var den over 16 grader, og snøen smeltar- sjølvsagt.
I dag gjekk vi rundt og surra heile føremiddagen, eg var låk både her og der og visste ikkje kva eg ville. Strauk nokre dukar og las ut boka mi. Ingeborg ringde for å gratulere med dagen. Eg ville lage middag, men Nils ville vi skulle ete "ute" i anledning dagen. Eg ville ikkje på Kina-restaurant i dag, for der var vi seinast onsdag.
Men så fann han ut at vi kunne fare til Sæbø - noko eg ikkje ein gong hadde tenkt på. Han ringde bort og spurde om dei serverte middag og fekk til svar at dei hadde middagsbuffet fram til klokka 16. Vi kledde på oss i løpet av fem minutt og var der ca 15.10. Der var ikkje så mykje god mat som på 70-årsdagen, men meir enn nok til oss. Dei hadde laks men vi heldt oss til kjøttrettar i dag, kjekjøtt, okse- og svin med diverse tilbehør og god saus. Det smakte godt, men hadde nok vore enda betre om vi hadde kome tidlegare. Til dessert var det karamellpudding, jordbær i sukkerlake og sjokoladekake+ kaffi.
Det er fantastisk natur der inne, og fjella kjem til sin rett med litt snø. Men eg hadde ikkje makta å bu med så mykje fjell så nær innpå meg. Vi køyrde litt rundt og såg oss omkring, og på heimvegen var vi ein tur oppom Holen  og såg huset som naboane våre driv og pussar opp. Vi har hatt ein kjekk dag, men no kjenner eg at eg er klar for sofaen. Eg åt  visst meir enn eg burde i dag.





Bok nr.21 - 2016: Leon



Leon av Mons Kallentoft og Markus Luttemann (Lydbok-CD)


«Leon» er den andre frittstående lydboka i den kritikerroste Herkules-serien.

Et udyr er på jakt i Stockholms gater. En film viser en skrekkslagen gutt som er stengt inne i et bur på et ukjent sted. Kidnapperen beveger seg i bakgrunnen som en mørk, løveliknende skygge, under en klokke som stadig tikker tiden ned.

Når kriminalinspektør ved Stockholmspolitiet, Zack Herry, ser den direktesendte filmen, forstår han umiddelbart hva slags forferdelig skjebne denne gutten er tiltenkt om de ikke finne ham i tide. Samtidig holder Zack på å tape sin egen kamp mot narkotikamisbruket sitt, og båndet til hans venn og kjære kollega Deniz revner. I et kaldt og mørkt Stockholm følger et ubarmhjertig spill, et spill der Zack aldri har vært nærmere døden enn nå.

.................................................................................
Då eg las den første boka i serien, den som heiter  "Zack", vart er fascinert av politimannan Zack Herry, han er ein interessant person. Ein flott politimann, men med hang til kicka han får av narkotika. Men også ein mann med stor omsorg, særleg for barn. I denne boka kjem vi enda litt nærmare hans personlegdom. Og sjølv om hendinga i boka er grotesk og spennande nok, er det personen Zack som er mest interessant for meg.

søndag, mars 27, 2016

Dagbok 2016: 27.mars


Klokka har passert 18.30, temperaturen er + 8,5 og det har nyss regna. I dag før middag bles det kraftig og sola var framme rett som det var. Eg trudde det skulle bli ein fin dag. Nils var ute og spada i snøen, men eg heldt meg inne. Var litt "ute av tida" i dag, og føremiddagen var veldig kort. Såg litt TV, og vaska litt klede. Fekk dukane ut i den friske vinden, men no er dei vel våte igjen.
Dagen blei veldig kort.Saka er at eg la meg på sofaen etter at vi hadde ete middag. Hadde vondt i hofta og tenkte det skulle hjelpe å strekke ut. Det gjorde det for såvidt. Eg låg og las i lydboka, men aberet er at eg har dikta det meste sjølv, så eg må nok lese det meste om att. I boka som eg "las" mens eg låg på sofaen var mykje av handlinga lagt til "Ålfothuset" på Eid. Det blir vel mykje TV resten av kvelden. Heilt greitt for meg. Elles har vinden og mildvêret gjort at mykje snø har smelta, så no kan eg snart begynne å leite etter snøklokker og krokus.

lørdag, mars 26, 2016

Dagbok 2016: 26.mars


Klokka er 19.05, temperaturen er + 7 grader C. Det er overskya, med regn av og  til.
I dag har vi hatt besøk av heile storfamilien, dvs dei som bur her omkring. Eg hadde dekka til 12-men vi vart 13. Trivelig det.
Eg hadde invitert til smørbrød og kaker klokka 15.00, sidan somme har fleire jern i elden. Eg har ikkje bursdag i dag, men vi feira litt på førehand. Gåver fekk eg også. Solveig hadde laga solide gryteklutar, som ho visste eg ønska meg.Eg ønska meg også ei kakeform og den fekk eg-med kake i.
Med Margrete fekk eg blomster til å ha inne og ute. Dei store gutane hadde kjøpt lys, kaffi og serviettar. Ja, det er kjekt å få gåver sjølv om ein har alt ein treng.
Vi vaksne fekk ha storebordet for oss sjølve, mens dei unge fekk plass rundt salongbordet. Erlend som skal begynne på ungdomsskulen til hausten, er den yngste, men må vel reknast blant ungdommane. "Mat og prat" stod på menyen, som vanleg,og det heldt. Alltid mange tema som skal diskuterast.
No har vi rydda opp, fått på oppvaskmaskina, og det som ikkje fekk plass der, vaska eg opp for hand.
Så skal eg slappe av med lydbok og TV resten av kvelden.

fredag, mars 25, 2016

Dagbok 2016: 25.mars

Klokka er 18.00, temperaturen er + 7 grader C og akkurat no er det fint vêr ute. Sola er framme så vidt det er.
Tidlegare i dag var det ikkje så fristande å gå ut, men no fekk eg lyst å ta ein tur. Nils har vore ute og spada litt i snøen i dag også.
Før middag sat eg og såg TV, noko eg aldri plar gjere på dagtid, og så strikka eg sjølvsagt.
Til middag hadde vi steikt laks.
Etter at vi hadde kvilt litt og drukke kaffi, laga eg til eit par kaker som vi skal ha i morgon. Då skal vi ha eit lite familietreff. Huset er ikkje så fint i orden som det var før i veka, men trur ikkje nokon bryr seg så mykje om det. det viktigaste er at vi får treffe alle som er heime ferie og frå ferie.
Det skjer ikkje så mykje slike innedagar, og det er kanskje det beste.
Fortsatt god påske til alle!

torsdag, mars 24, 2016

Dagbok 2016: 24.mars

Klokka har passert halv seks, temperaturen er + 6,6 grader C. I dag er det overskya igjen, og no regnar det litt.
I går hadde påskegjesten hos naboen med seg ei drone og filma nabolaget vårt. Han bad om lov. Bildet over viser koleis det såg ut her i går med omsyn til snømengde etc. Det er ikkje så mykje annleis i dag, men dei fleste av oss er ute og spadar i snøen av og til for å sette fortgang i smeltinga. Nils held på nedanfor huset no.
Det har vore ein stille og roleg dag i nr.7. Nils for ut i hamna for å sjå etter båten, han vaska og rydda litt om bord. Mens han var vekke laga eg ei kake, så festa eg trådar på eit lestepar, og rydda og sorterte garnrestane mine. Dvs. dei eg har her-nede i kjellaren har eg ei stor kasse med garnrestar, og kva dei skal bli til, veit eg ikkje. Las på FB om nokon som heiv ut små garnendar som fuglane kunne ha i reira sine..........
No var det lenge sidan siste fiskemiddag, så i dag smakte det godt med kokt lange. Elles har eg vaska ei maskin med klede, men eg har brukt ein god del av dagen på strikketøy og lydbok. Det er veldig stille i gata vår i dag-i går var det mange som var ute i sola,
I kveld skal Margrete & co gå om bord i nattbussen -og så er dei i Volda i morgon tidleg. Håper dei får ein god tur.


onsdag, mars 23, 2016

Dagbok 2016: 23.mars

Klokka er halv seks, temperaturen + 8 grader C og i dag har vi hatt nydelig sol. Eg skulle ut og ta bilde i finevêret, men då var apperatet utan straum. men så kom naboen nettopp på døra - mannen hennar hadde filma heile nabolaget med drone,  dei ville spørje før det ev. la ut huset vårt ut på nettet. Så sjekk Facebook, så får de kanskje sjå korleis vi har det akkurat no.
I dag har det vore ein litt annleis dag. Vi starta dagen med ein handlerunde på Amfi, på Coop og på Bunnpris. Heldigvis har vi eit kjøleskap i kjellaren, der vi brukar å ha poteter og grønnsaker. I dag vart det skikkelig vaska, og vi fekk plassert det meste av det vi har kjøpt der.
Etterpå fekk vi klipt ned to av clematisane, for dei var store og buskete, reine rote-reira. Etter så mykje aktivitet fekk Nils lyst på Kina.mat, og eg var ikkje sein å be, så det blei ein tur til Volda.Der borte var det full vår, i alle fall nede i sentrum. Det er vel litt snø oppe i bakkane der også, men ikkje så mykje som her.
 Etter at vi kom heim  vart eg ståande ute i gata og snakke med naboar, såpass eg fekk litt frisk luft før eg la meg på sofaen med boka mi. No har eg ei plate att å lese, så skal eg skrive litt om den på bloggen.
Resten av kvelden blir det vel stort sett strikketøy og TV, eg blir vel ferdig med enda eit reste-leste-par i kveld. Men blir eg ferdig med restane-det er eit anna spørsmål.Det var reine vitamininnsprøytinga å få sjå sola i dag etter å ha vasa rundt i skodda i dagesvis.
I dag fyller Ingeborg 23 år, og feirar dagen i lag med mor og søsken i Oslo.



Gratulerer med dagen, Ingeborg (til høgre)!

tirsdag, mars 22, 2016

Bok nr. 20- 2016: Elleve dager i Berlin

Elleve dager i Berlin
Arne Murberg vil oppfylle farens siste ønske og drar i vei til Berlin. Hans veier krysses av en gal professor, en ung kvinne, en heksejakt og et par gule sko.
Arne Murberg er ingen nobelprisvinner. Men han er et godt menneske. Når den døende faren gir ham et oppdrag, gjør han sitt beste for å oppfylle farens siste ønske. Det er bare ett lite problem; oppdraget er i Berlin. Arne er ikke reisevant, og tysken hans kunne vært mye bedre. Han forbereder seg så godt han kan og gir seg i vei.
Vel fremme i den tyske hovedstaden tar han seg frem ved hjelp av et kart og høyere makter. Men hans veier krysses av både onde og gode krefter. En gal professor og en ung kvinne i en rullestol. Et par gule sko. Og en heksejakt.

«Elleve dager i Berlin» er tredje lydboken i Håkan Nessers storbytrilogi etter «Carmine Street» og «Himmel over London».
................................................................
Eg har lese alle dei tre bøkene i trilogien, men eg er litt i tvil om kva eg synest. Eg forstår liksom ikkje heilt konseptet.
Denne fortellinga er veldig enkel, og banal på ein måte - eller så er det noko eg ikkje har forstått.
Håkan Nesser er elles ein forfattar eg set stor pris på. Særleg likte eg godt Barbarossa-serien. Bøkene og Van Veteren er også bra. Men storbytrilogien får eg liksom ikkje taket på, eller omvendt.

Dagbok 2016: 22.mars.

Klokka har bikka 17.30. Ute er det overskya og litt regn, men det virkar litt lysare no enn tidlegare i dag. Temperaturen er + 7 grader C.
Hadde i grunnen tenkt å handle i dag og vaske i morgon, men eg ombestemte meg. Derfor vart det vasking og støvsuging på føremiddagen i dag- og så skal vi handle inn mat etc. i morgon. Kan vere like greitt det. Eg var veldig effektiv frå morgonen av og fekk skikk på "huset" før lunsj, men så gjekk lufta ut av ballongen og eg somna på sofaen etter lunsj. Til mi unnskyldning kan eg halde fram at eg sov dårleg sist natt. Eg trudde eg skulle trenge mindre sømn når eg vart gammal, men slik er det ikkje.
No har eg hatt ei stund med lydboka mi, og så skal eg vaske håret og shine meg opp, slik at eg er kjempeklar til å fare på butikken i morgon og handle før det store rushet set inn.Har laga meg ei bra liste.
I kveld blir det vel meir TV- krim og anna. Eg har sett veldig lite TV i vinter, fordi eg ikkje bryr meg om å sjå sport, men så har eg i staden fått lese ganske mykje. Når ein ikkje har vore lenger enn ut på trappa, skjer det ikkje så mykje som er verd å skrive om , så dette er berre eit lite livsteikn.

mandag, mars 21, 2016

Dagbok 2016: 21.mars


 Klokka har passert 18.00. Ute er det skodde, regn og + 6 grader, ikkje akkurat det vi meiner med påskevêr. Dagen i dag har gått med huslege syslar, som vanleg. Var relativt tidleg oppe, og eg sette ein brøddeig rett etter frokost. Mens den stod til heving tok vi ein tur på Kiwi og handla. Laga ei gulrotkake også, sidan steikomnen likevel var varm. Fersk brød til lunsj i dag. Vi har ikkje kvilt middag, eg sat og strikke og høyrde bok ei stund. men først såg eg ferdig krimserien frå i går kveld.
Nils kokte boknasild til middag, ikkje min favoritt, men eg åt den no, med bein og det heile-ja tok sjølvsagt ut ryggbeina. Til dessert hadde vi rips med vaniljesaus, sidan vi hadde ein opna kartong ståande.
I dag fekk eg sjå det første vårteiknet i hagen. Har ei stor krukke der eg har sett løkar. Krukka har stått innesnøa under trappa, men no kom den fram-og løkane spirer. Det er håp om betre dagar. Margrete og ungane har det fint i Oslo på 4-mannsrom på eit hotell nær der Ingeborg bur.


søndag, mars 20, 2016

Dagbok 2016: 20.mars

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 5 grader, det er overskya og regn. Eg har ikkje tatt bilde i dag, for eg reknar med at alle no har sett korleis den skitne snøen vår ser ut. Dessutan er det ganske mørkt ute. Gler meg til vi skal stille klokka på sommartid neste helg.
Har nettopp hatt ein lang prat med Rasmus i telefonen, han og gutane var heime "åleine", Wenche var med foreldra sine på hytta.
I dag har eg vore betre i form, og heile føremiddagen gjekk med til kakebakst og middagslaging.  Må ha litt i hus til påska om det skulle kome eit menneske. Til middag i dag laga eg svinekotelettar, og dei gjekk ned på høgkant. Etter middagen slokna vi begge to-ei god stund.
Elles har eg strikka litt med lydbok på øyret. Det har ikkje hendt så mykje i dag-men det er heilt greitt; vi har det bra. Men no lengtar eg etter vår; ser på FB at våren er komen både her og der.

lørdag, mars 19, 2016

Dagbok 2016: 19.mars

Klokka er ca 20.00. Temperaturen ute er + 4,4 grader C, det har vore regn og grått i heile dag.
Det har hendt veldig lite i dag, og det er like greitt. Eg har vore betre i hofta, men har tatt det med ro. Eg har for det meste strikka og høyrt lydbok. Til middag hadde vi spekemat og risgraut. Vi et mykje spekemat, har oppskjermaskina ståande på benken og tek oss litt saltmat anten til lunsj eller kvelds nesten kvar dag.
Til jul fekk vi ei såkalla pæreskinke i gåve, og då det vart slutt på den, kjøpte vi oss ei ny. Dei kostar litt, det er så, men sidan dei er beinfrie er dei veldig dryge. I tillegg har vi enno att spekepølse frå jul, men no minkar det. Vi plar ønske oss slike gåver som vi kan bruke opp på ein eller annan måte-skap og skuffer er fulle nok.
Vi var ein liten tur på butikken i dag, stakk berre nedom Kiwi. På Amfi er der så fullt om laurdagane, og veken Nils eller eg har godt av å trakke rundt på harde golv.
Eg har ein liten "hobby"-det er å strikke "restelester". Når eg har strikka fleire lestepar sit eg ofte att med restar i mulige og umulige fargar og tjukner. Så utfordrar eg meg sjølv til å få noko ut av restane før eg ev. kjøper meir garn. Som regel plar vi bruke desse lestane sjølve, men no hopar det seg opp her hos oss. Både Nils og eg brukar ullestar dag og natt, det gjer godt for gikta.
Eg vil ikkje legge opp til noko storarbeid, for då kan eg bli så ivrig at det går ut over helsa.
Når det ein gong vert bert, er det mykje å ta att ute, det var dårleg rydda i hagen sist haust på grunn av vêret. Snøen minkar no, men det er enno langt att til berre markar.
19.mars var bestemor Hilda sin fødselsdag. Ho var fødd i 1878. Siste gongen eg var med å feira henne, var i ho 90 år, men ho levde enda eit år etter det. Eg kan hugse den dagen ho fylte 70. Då hadde ho leigt fotograf som skulle ta bilde av seg og familien. Eg fekk lapp med meg på skulen der pappa hadde skrive spørsmål om eg kunne få gå heim tidlegare " i anledning bestemors fødselsdag"-eller noko i den dur. Hugsar at eg var litt kry av det fine " brevet" pappa hadde skrive. Eg gjekk i første klasse.
At eg sjølv begynner å bli gammal gjekk opp for meg i dag. Eg begynte å snakke om diverse personar på Eid, og då kom eg på at eg kjende tippoldeforeldra til nokre som bur her i gata vår.
Og noko som følgjer med alderen er at ein mimrar, meir og meir, om det som var ein gong.
Eg vil ønske god tur til alle som skal ut og reise på påska. Take care!


Bok nr.19 - 2016: Snøhvit må dø.

Snøhvit må dø


Tobias er tilbake i småbyen han kommer fra etter 10 år i fengsel for drapet på en ung kvinne. Da nok en ung dame forsvinner, rettes alles mistanke mot ham, og en heksejakt er i gang.
En grå og regntung novemberdag finner noen bygningsarbeidere skjelettet av en ung jente på en gammel, forlatt flyplass. Ikke langt unna blir en kvinne dyttet ned fra en gangbro ved motorveien. Politietterforskerne Pia Kirchhoff og Oliver von Bodenstein oppdager snart at sporene fra begge disse hendelsene peker i samme retning, og etterforskningen leder til fortiden. Mer enn 10 år tidligere forsvant to tenåringsjenter, Laura og Stefanie, fra en pittoresk liten småby.Til tross for mangel på sikre bevis er det Stefanies kjæreste, Tobias, som blir funnet skyldig og dømt til fengsel. Nå har han sonet ferdig og er tilbake i sitt barndomshjem. Der møtes han av innbyggernes fiendtlighet og mistenksomme blikk. Og kvinnen som ble dyttet ned fra gangbroen, er Tobias' mor. Pia Kirchhoff og Oliver von Bodenstein forsøker å bringe klarhet i hva som har skjedd, men møtes av en mur av taushet. Ingen vil snakke med dem. Da nok en jente forsvinner, oppstår det en heksejakt i den lille byen.
......................................................................................
Puh ! Endeleg kom eg i mål ! Denne boka har vore litt av ei utfordring ! Og eg spør meg sjølv om eg sit att med nye tankar eller kunnskapar etter å ha lese den. Svaret er NEI. Dette var mange bortkasta timar, med mange tilbakespolingar og omattlesingar.
For det første oppdaga eg fort at her måtte eg lage "rolleliste" sidan her var mange personar å halde greie på. Det funka til ei viss grad, men på slutten dukka det opp folk som ikkje hadde vore med før. Det kan hende det er hovudet mitt som er utslite, men eg hadde litt problem.
Ein annan ting som irriterer meg er alle digresjonane. At vi får innblikk i privatlivet til hovudpersonane, men treng ein å vite namn på alle som dukkar opp? Treng vi å vite kva dei har på seg, korleis dei ser ut, at dei sveittar, dusjar og har på seg reine klede osb. Slike ting kan irritere meg ganske mykje. Sjølve oppklaringa kjem til slutt etter mykje fram og tilbake, mange mord og sjølvmord etc.
Forfattaren er visst veldig populær i Tyskland, men meg fanga ho ikkje.
Boka er på 12 CD-plater, dethadde greidd seg med mindre.

fredag, mars 18, 2016

Dagbok 2016: 18.mars


Klokka er 18.40, temperaturen er + 7 grader C og det har vore ein ganske fin dag, skya men opplett. Ikkje skodde i dag.
Heller ikkje i dag har eg vore i form, men verkt i rygg og hofte m.m. Ikkje dramatisk, men har tatt det med ro for ev. å bli betre. Det var heller ikkje noko eg måtte gjere. Har styrt litt med klesvask, oppvask etc. og så steikte eg sei til middag. Mykje av tida har eg lege på sofaen med lydbok, og ei stund sat eg og strikka. Ein treng vel ikkje ha hardt program kvar dag når ein er 76 år ? Men det eg likar best er å gruffe på ! Arbeidslysta er mykje større enn evna.
Men ein får sjå alt i perspektiv. I dag vart bestevenninna mi frå barndommen av gravlagd ved Stavern kirke- etter å ha vore sjuk i fleire år. Eg kjem til å sakne henne, for i seinare år har vi hatt mykje kontakt via nettet og telefonen.
Nils var nedover og fekk klipt håret sitt i dag, han har funne seg ei ny frisørdame, som klipper snauare enn den førre gjorde.
Vi har ingen spesielle planar for påskeferien- treng ikkje det, vi som har ferie heile året.
Håper eg får lese ut den boka eg held på med i løpet av kvelden, for eg begynner å bli lei av den. Fekk 4 flunkande nye lydbøker på biblio i går. Dei rippa eg i går kveld, så eg leverer tilbake i morgon.
Det har vore lite å sjå på TV i seinare tid, for meg, som ikkje ser sport. Det blir vel betre no når alle påskekrimmane startar opp. Synest ikkje dei krimseriane som har vore i seinare år har vore så interessante. Dei var betre før i tida! Dei også.
Så vil eg ønske alle som er innom bloggen ei god helg-og god påskeferie for dei som det har.


torsdag, mars 17, 2016

Dagbok 2016: 17.mars

 Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er +5 grader C, og det er regn og skodde.No ligg skodda heilt ned på jorda. Truleg er det giktvêr, for i dag har eg verkt både i hofta og foten. Eg har vore bra lenge no, og full av arbeidslyst, men i dag har det vore ein laber innsats frå mi side. No held vi på å lage litt middag, etter at vi var ein liten tur nedover på biblio og Kiwi.
Nils tek seg ein og annan raptusen og grev i snøen for at den skal smelte fortare, og om det enno er mykje att, så går det rette vegen.
Eg har styrt med  klesvask og stryking blant anna, og så har eg pynta litt til påske. Kjekt med litt gult ein kort periode. Elles skal eg innrømme at eg vart liggande på sofaen ei god stund med lydboka mi-i håp om å bli litt betre.


onsdag, mars 16, 2016

Dagbok 2016: 16.mars

Klokka er 21.00, temperaturen er +2,5 grader C. Vi vakna til fotsid skodde, men det letta etter kvart, og i 14-15-tida skein sola frå nesten skyfri himmel. 
Nils og Kjell for på sjøen i halv ni-tida, så eg nytta åleinetida til å bytte på sengane og vaske golva, så no er vi klar til å ta helg.
Fiskefangsten var ikkje så stor, småsei er der flust av i sjøen, men det er grenser for kor mykje vi vil ha av den sorten. Kjell har to hundar, så han tørkar fisk til dei. Vi hadde kokt småsei til middag, og somna som stein etterpå. Fisk er bra sovemedisin. den største seien skal vi steike ein av første dagane, best før frysing.

I dag var vi invitert til musikal på Folkestad skule, det var 10. klasse som stod for programmet. Vi hadde bestemt oss for å ta ferja 18.30, men då klokka var 18 sjekka eg nettet, og der var det ikkje sett opp ferje 18.30. Programmet skulle begynne klokka 19, så det var berre ein ting å gjere:  Køyre rundt fjorden!
Det var i ein viss fart vi for ut dørene, for vi trong tida. For sikkerheits skuld sende eg ei melding til Margrete, slik at ho kunne stoppe programmet til vi kom. Det såg litt svart ut ei stund, men så oppdaga vi at klokka i bilen var 8 minutt for snar. Vi nådde fram i god tid, men kva møtte vi då vi nærma oss Folkestad? Jau, ferjekøen frå 18.30-ferja ! ? Som altså gjekk likevel.
Musikalen var eit forrykande show med song og dans. Det som batt i hop programmet var ei tidsmaskin som gjekk heilt tilbake til 1950. og stoppa på alle 10-tal fram til år 2000. Vi fekk songar frå alle ti-åra. Det vi aldri kjem til å gløyme er nummeret "Ghostbusters" der  "spøkelser" i store kvite laken- vart jaga rundt i salen svevande på segways. Håper Margrete har bilde.
Dei er ikkje meir enn 13 elevar i klassen, så alle fekk vere med på mykje, og det er heilt utruleg at der er så mange gode artistar på ein såpass liten skule. Lars var lydmann og hadde Erlend som assistent i dag.
Etter programmet fekk vi kjøpe god mat og kaffi til inntekt for klasseturen til 9. klasse. Eg åt godt for å støtte ei god sak.
Heim att tok vi ferja i lag med Ruth og Harald.

tirsdag, mars 15, 2016

Dagbok 2016: 15.mars



Klokka er 16.00. Temperaturen er + 10 grader og skodda har lege sid i heile dag. Har høyrt rykte om at sola skein bortpå Eid, men her har det vore grått.
Vi var relativt tidleg oppe i dag også, godt at vi snart får sommartid! Nils skulle ikkje vere i Volda før klokka 11, så eg fekk rydda og shina kjøkkenet før han for. Mens han var vekke fekk eg støvsuga alle teppegolva, vaska opp og vaska klede. Det vart ei stund med lydboka også. Blir noko rastlaus når ein går og ventar.
Vi laga oss lunsj då han var heime att, gjorde kål på eit glas sursild som  var kjøpt inn til jul.
Eg hadde eit ærend nedover, så det vart ein snartur til Vik.
Kjøpte ein pizza som vi skal ha i kveld. Vi kan no eigentleg gjere som vi vil-om vi vil " koke" eller ikkje. Vi lid inga naud i alle fall.
I morgon skal Nils og kamerat Kjell ut for å fiske, ingen av dei skal bere tungt så dei ber mellom seg.
Om kvelden skal vi til Folkestad skule på musikal. Det er Amanda som har invitert oss. Det er siste året hennar på skulen der, neste skuleår, blir det Volda vidaregåande. Men Erlend skal gå på ungdomsskulen på Folkestad. Snart er alle barnebarna "vaksne", med unntak at dei to yngste på Kongsberg. Berre synd at vi eldest i same takt.
Eg skal ta ei lita fotorunde ute om ei lita stund.

mandag, mars 14, 2016

Dagbok 2016: 14.mars


Klokka er 17.00, det er overskya og + 10 grader C ute. Det er nesten for mykje av det gode, i alle fall når ein har kledd seg til vintertemperatur. Denne dagen har eg ikkje "gjort" så mykje, var ikkje heilt sprek i hofta mi, men ikkje så gale at eg bryr meg. Nils ville gå ein mosjonstur, og då kan ikkje eg vere med. Eg dreiv med diverse husarbeid mens han var vekke, m.a. baka eg brød. Då eg la siste deigen i forma kom naboen med nydelige påskeliljer fordi eg har passa blomstrane mens dei var vekke. Ja, eg vil no ikkje ha "betaling" for slike små tenester-men blomster er no kjekt å få uansett. Så lenge det er så mildt får dei stå ute på trappa.
Vi hadde sett i vatn 5 pakkar med grønerter i går, så i dag vart det kokt ein stor porsjon med stuing. Vi frys ned i høveleg små porsjonar, og det er kjekt å ha å "trive" til. Det er Nils som er primus motor for prosjektet, men det er  eg som er smakskonsulent. Etter at vi hadde ausa opp stuingen, åt vi nysteikt brød til lunsj.
Etter ein liten pause tok vi ein tur til Vik, var innom biblio og fann ei bok, på Amfi og handla matvarer og ein liten tur inn på Europris.
Då vi kom heim oppdaga eg at boka eg hadde funne på biblio, den hadde eg lese før, så det blei ein ny tur nedover.

Vi er utolmodige når det gjeld snøsmeltinga, så eg grov fram eit lite tre, og Nils driv og kastar snøen utover både her og der. Det hjelper på!

Eg hadde ikkje kamera med til Vik, men tok eit par bilde med mobilen. Dei driv og bygger eit stort hus som skal hyse over 30 leilegheiter, mellom Kiwi og Mosmarkvegen. Huset er så langt at eg måtte ta to bilde for å få med heile lengda.Litt trasig for dei som blir buande bak det store bygget, men eg synest det er meir skummelt at huset ligg der mange barn skal gå til skulen. Eg tenkjer på trafikken som det kan bli når alle som bur i huset skal fram og tilbake.




Bok nr.18 - 2016: Kvikksand

Kvikksand
Henning Mankell:


Tankebok av Henning Mankell om et menneske og hele menneskehetens livsvilkår.                
                                                         
I januar 2014 fikk jeg beskjed om at jeg hadde en alvorlig type kreft som hadde spredd seg.
Kvikksand er ikke en bok som handler om død og undergang, men om hva det innebærer å være et menneske.
Jeg har gjort en vandring, fra barndommen min og til den jeg er i dag. Jeg vil fortelle om hendelser som har hatt avgjørende betydning for meg og om mennesker som har gitt meg nye perspektiver. Og om menn og kvinner som jeg aldri har truffet, men som jeg ønsker jeg kunne ha møtt.
Jeg forteller om kjærlighet og sjalusi, om mot og redsler. Om hvordan det er å leve med en dødstruende sykdom.
Det er en bok om hvordan menneskeheten lever og har levd, om hvordan jeg selv har levd. Og ikke minst, den store livsgleden.
....................................................................
 Henning Makell seier sjølv best kva boka handlar om. Boka er lettare å lese enn det ein skulle tru, ikkje dyster og tung. Eg har likt boka godt, til tross for at eg vegra meg for å lese den i utgangspunktet.(Eg veit jo at han døde, så happy end kunne eg ikkje forvente) Finn Schau les godt, utan å bli teatralsk. Slik eg likar det. Boka er anbefalt på det varmaste.







søndag, mars 13, 2016

Dagbok 2016: 13.mars

Klokka er ca. 18.00, temperaturen er + 5 grader C og det regnar. Det er trist og grått etter alt det lyse fine vêret vi har hatt. Men det må vel regn til for å få has på all snøen? Nils er ute og spader i bardane for at det skal tine fortare, han brukar også hageslangen i tiningsprosjektet.
Eg merkar at det nærmar seg sommartid, for eg vaknar relativt tidleg om morgonen. 
I dag ville NIls at vi skulle prøve å gå ein tur i lag, og jammen greidde vi å halte ei runde rundt Storebakken, tidleg på føremiddagen. Og jammen var det bra lurt, for seinare kom regnet.
Eg hadde noko oksekjøtt att frå jul, og forrige sundag laga eg Toro jegergryte av halvparten. I dag vart det ein ny vri. Vi går ganske ofte på Kina-restaurant og då plar vi som regel kjøpe Biff chop suey. Den kunne eg vel lage sjølv? Eg fann ei oppskrift på nettet og kjøpte inn ingrediensane. Kjøttet skulle marinerast så eg la det like godt i marinade før vi gjekk tur. Men sidan det slett ikkje skulle ligge så lenge, blei det tidleg middag. 
Maten blei god, men smaka ikkje akkurat som den vi får på restauranten. Eg trur det hadde blitt betre med mindre oystersauce og meir soya. Mindre olje hadde også gjort seg. Eg håper eg hugsar det viss eg skal lage det oftare. Nils likte det godt-men han er ikkje særleg kresen. Ja, eg likte no maten eg også. Eg er veldig glad i sterk mat, men dessverre toler eg det ikkje så godt lenger, så det blir ikkje indisk med det første. Trur eg.
Etter at vi hadde kvilt litt og drukke kaffi, blei det sport på Nils, strikketøy og lydbok på meg. Men eg såg innspurten til Johannes Bø.
Naboane har kome att frå GC, men vi har ikkje snakka med dei enno.

lørdag, mars 12, 2016

Dagbok 2016: 12.mars

Klokka er 18.00, temperaturen er +7,4 grader C, og det er overskya opphaldsvêr. Då vi stod opp i dag var det strålande sol og vi lurte på kva vi skulle bruke den fine dagen til.Men det vart ikkje slik vi hadde tenkt.
Etter at eg hadde vaska håret og shina meg opp litt, blei det ein tur på Amfi, der vi trefte mange kjende som vi prata med. Då vi kom ut att hadde det skya over, så det vart til at vi for rett heim. Særleg fordi vi hadde kjøpt laks på tilbod, fordi det var "siste forbruksdag" i morgon.Kunne ikkje fare å reke med den i bagasjen. Eg sette på steikomnen og gjekk ein liten tur, og denne gongen gjekk det utan smerter.
Margrete og ungane brukar å lage "laks med pesto" -og i dag prøvde eg oppskrifta, som rett og slett er laks med pesto over, steikt/ kokt i steikomnen. Vi har ikkje hatt det før, men det blir ikkje siste gongen, for det var veldig godt! Sidan pestoen inneheld mykje olje vart fisken veldig saftig.
Så vart det kaffi og pause på sofaen med lydbok, for min del, og TV for Nils.
Eg fekk melding frå Trygve Ystad om at mor hans, Karen Marie, døde i dag tidleg. Det kom ikkje uventa for eg visste ho låg på det siste, og eg hadde sett ein status som barnebarnet hennar hadde lagt ut på FB i dag. Det er sjølvsagt trist; ho er den av barndomsvenninnene eg har hatt mest kontakt med, men ho hadde ikkje noko godt liv lenger, sjuk som ho var.
Så blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden. Kjøpte litt garn på -nille i dag, så eg får gjort ferdig restelestene. Har alt begynt på eit nytt lestepar, så akkurat no har eg tre strikketøy som skal reduserast til eitt.

Karen Marie - 14.06 1941 - 12.03 2016


Vi er tre barndomsveninner som har halde kontakten i alle år. Særleg har vi skrive og ringt til kvarandre ofte  etter at vi vart pensjonistar. Og vi har delt gamle minne, gleder og sorger med kvarandre.
Den yngste av oss har i seinare tid vore mykje sjuk, og i dag kom meldinga at ho var død. Det var ikkje uventa, for vi visste at det gjekk mot slutten. Like fullt er det trist- men på same tid godt at ho slepp å ha det vondt lenger. Kvil i fred, kjære Karen Marie.

(Bildet viser Karen Marie og dei tre barna hennar. Bildet er frå 2008).

fredag, mars 11, 2016

Dagbok 2016: 11.mars


Klokka er 17.15, temperaturen er + 6,6 grader C, det er litt skya og disig men opplett og fint. Det har vore ein fin dag sjølv om ikkje sola har vore så mykje framme. Nils driv på og spadar i snøen ute for at den skal smelte fortare-tunet er så å seie  bert no.
I dag har eg vaska igjen! Det var badet som fekk ein omgang i dag. Eg hatar å vaske dusjkabinettet, det er vanskeleg å få det så fint som eg vil. Eg må innrømme at eg ikkje lenger kan fare høgt og lågt med skulekost og tvoge, slik som i gamle dagar, det blir mest moppevask. Det får vere greitt nok! Eg er no glad så lenge eg greier å vaske sjølv. Det er ei tid for alt.
Vaska kjøkengolvet sidan eg hadde vaskebytta klar, men så var det slutt. Vi åt lunsj og tok oss ei kvilestund.
Om ei stund skal vi ete middag, i dag blir det pølser med poteter og rabbe, vi tek det lettvint.
Eg har eit strikkeprosjekt på gang, eit par restelestar, men no står prosjektet på vent mens eg lurer på om eg må kjøpe litt garn i tillegg til det eg har, eller om eg skal pruke av lageret sjølv om eg ikkje har rette fargen. Lestane blir sikkert veldig sterke sidan dei er strikka med dobbelt garn.
Det skjer ikkje all verda når vi går her heime og ruslar, så eg får avslutte med å ønske alle ei fin helg. I kveld blir det kanskje litt å sjå på TV-om det blir pause i sporten.



torsdag, mars 10, 2016

Dagbok 2016: 10.mars.


Klokka er ca 17.30. Temperaturen er + 7 grader C. Det har vore sol og fint vêr i heile dag, så eg har prøvd å vere ute, eg også. Det første eg gjorde i dag var å vatne blomstrane til naboen. Så sette vi i gang med å skylle golvteppa som har lagt i sterkt såpevatn i to døgn. Dei dar altfor tunge å drive og løfte på, men med hjelp av store plastbaljar og hageslange fekk vi ved felles strev både skylt og hent dei opp. Dei såg fine og reine ut. Mens vi likevel var ute vart det til at vi spada litt snø og heiv utover så den skal smelte fortare.
Vi har samla oss mange skattar på jorda, ikkje minst plastemballasje som kan vere grei å fryse ting i. I dag plukka vi ein full sekk av spann og boksar for å levere når bossbilen kjem i morgon. Vi har rikeleg att. Det er så greitt med det at vi no kan levere det meste på VØR. 

Torsdag er det ballj-dag på Bakk-Ola og Nils hadde lyst at vi skulle fare dit og ete middag. Eg var ikkje så begeistra sist vi var der, men sa ikkje nei. Då vi kom ned der ca 12.30 var der ikkje meir att. Men vi kunne få karbonadar i staden. Vi takka ja til det. Karbonadane var heilt OK, men den rabbestappa vi fekk attåt-say no more. Nils er ikkje kresen, han et stort sett alt han får, men eg måtte ha kaffi attpå. Vi prata med ein mann som Nils har jobba i lag med. Han er fleire og 90 år, men køyrer sin eigen bil inn til Bakk-Ola og heim att. Heilt klår i toppen. Der kom også ei dame vi kjenner, ho er over 100 år. Ikkje alle gamle er ute på dato.(Der var sjølvsagt mange fleire, både kjende og ikkje kjende.)
Så var vi på Coop og handla på lappane våre, så no har vi stort lager av ymse ting. 
I går kvilte vi ikkje middag, og vart sittande å geispe heile kvelden. Så i dag sette Nils seg i reclineren og såg sport til han somna. Eg reidde opp senga mi på altanen. Kleda som har lege i ein plastkasse på altanen sidan i fjor haust, var tørre og fine og klar til bruk. Eg somna som ein stein med Henning Makells siste(?) bok på øyret. "Kvikksand" heiter den. Då eg vakna verkte eg noko infernalsk i hofta, men eg veit kva det kjem frå- nemleg ryggen som ikkje toler tunge løft. Det går vel over.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...