tirsdag, juni 30, 2015

Dagbok 2015: 30.juni

Rhododendronen fekk den "rette" fargen til slutt.

Klokka er 21.40. Temperaturen ute er + 15 grader og det duskregnar. Tidlegare i dag hadde vi deilig vêr; det var rett nokoverskya, men temperaturen var oppe i 20 grader og det var opplett. Heilt greitt vêr å vere ute i. Eg hadde litt arbeidslyst før middag, så eg stot storopprydding og grundig vask av kjøleskapet, og så sette eg ein brøddeig. Mens brøda stod til etterheving skulle eg strikke litt. Hadde knapt strikka ei maske så fekk vi uventa og hyggelig besøk av Solveig og Olaug frå Hareid, dei var i Ørsta på shopping. Dei hadde med seg kake, og eg hadde litt att av prisessekaka, så det vart "lunsjen" i dag. Etter at dei hadde reist og eg hadde rydda opp litt, gjekk eg ut og hjelpte Nils med slåtten. Han slo med klipparen og oppsamlar, og eg for rundt med kantklipparen. Vi har to kantklipparar, ein med batteri og ein med ledning. Den med ledning og sen er den absolutt beste, så sant eg ikkje får trøbbel ned sena, og i dag var han i storslag. Vi vart nesten ferdige, men sette att noko til i morgon sidan vi visstnok skal få fint vêr då også.
Det var på tide å lage middag, i dag vart det heimelaga fiskepudding i kvit saus. No har vi ikkje meir fiskepudding i frysaren.
I morgon kjem Eirik og skal vere med Nils ut og fiske om alt går etter planen.Nils har tenkt at dei skal sette ut line blant anna.
Rasmus sender meldingar kvar dag, no er dei komne til ein stad som heiter Seiser alm. Dei er på veg til Italia, så dei er vel oppe i Alpane.

Gullbusken, som vi fekk til gullbryllaupet, fekk ein liten frostskade i vår; det vart kaldt etter at vi hadde sett den ut.( Den overvintrar i vaskekjellaren.) No er den på god veg til å komme seg att.

Så har vi tatt kvelden, og hage-croxane er vaska og klar til ny dyst.

mandag, juni 29, 2015

Dagbok 2015: 29.juni

Klokka er 21.00. Temperaturen ute er + 14 grader; det er vått og grått igjen. Har ikkje hatt mange soldagar hittil i sommar.
Det har vore ein noko rotete dag i pensjoheimen. Nils for ut for å fiske då klokka var 6.15, og det er tidleg for folk som ikkje legg seg om kvelden. Eg var oppe før 7. (Det skjer ikkje ofte). Då Nils kom heim var det framleis tidleg på dag, men eg hadde rydda, vaska golv etc. Vi tok ei skive og ein kaffikopp før vi slappa av ei stund.
Det blei ein tur på nærbutikken, det er greitt-så slepp ein å byte om.
Då vi kom heim laga eg ei kake (kjekt å ha) før vi laga middag og åt påstråla kvitlange og riskegryns- melkesuppe med rosiner. Den var veldig god, både fisken og suppa.
Nils fekk seg ein god middagslur etterpå ag det trong han, eg døste litt med lydboka før eg begynte å strikke.
For ordens skuld må eg fortelle at Nils ikkje fekk fisk i dag, berre litt småsei som han skal ha til agn. Den er veldig liten.Vi slepp i alle fall å vatne, men plenen veks faretruande fort i dette vêret.
Rasmus er Illertissen Camping nær Ulm, framleis i Tyskland altså.

søndag, juni 28, 2015

Dagbok 2015: 28.juni

Klokka er ca 19.30. Det er overskya opphaldsvêr og 16,5 grader. Vêret er slett ikkje verst, men eg har ikkje kome meg ut for ei dør-enno. Nils er borte på terminalen for å fiske frå land., men kjem vel snart att. Reknar med det blir litt fotball i kveld også.(No høyrer eg bilen !)
Eg har vore litt sløv i dag. Har site mykje og strikka med lydbok på datamaskina. Eg les krim frå Tromsø, og opplesaren, Nils Johnsen, les så bra på tromsødialekt at eg har begynt å tenke på nordnorsk.
Når det gjeld strikking så går det berre i lestar her, Solveig står for den meir avanserte strikkekunsten. Eg trøstar meg med at eg har strikka mykje eg også -men det var før.
Til middag i dag vart det spaghetti og kjøttsaus. Det er så rart med det, når ein har strålande vêr eit par dagar blir ein litt slapp når det skyar over igjen. Slik er det i alle fall med meg. Så det blir litt labert både med mat og anna.
No er Rasmus og familien langt sør i TYskland, ein stad som heiter Kitzingen, det er i rett linje sørover frå Hamburg -ikkje veit eg kvar vegen går vidare, men han sender melding for kvar ny stoppestad.
Margrete og ungane var innom og henta Charlie i går kveld, saknar han litt, men vi vil ikkje ha hund sjølve no.

lørdag, juni 27, 2015

Dagbok 2015: 27.juni

Klokka er 21.30.Temperaturen er + 15 grader og sola skin på Melle.Det er fotball på TV men Charlie og eg har vore på datarommet, høyrt lydbok og strikka. Ja, strikkinga er det no eg som har stått for. Han har roa seg veldig godt, og er snill og veldig fredelig.
Vi har ikkje gjort særleg mykje i dag. Eg var litt låk både her og der etter hagearbeidet i går, men er betre no.
Mykje av dagen har eg lege på altanen med lydbok. Elles har eg gjort litt husarbeid-det mest nødvendige.
Vi sat nede på plenen ei god stund og prata med leigebuarane, dei blir stadig flinkare i norsk, så då er det meir vi kan snakke om. Særleg med henne-ho kan meir norsk enn han.
Vi tenkte vi skulle vore ein tur på butikken, men fann ut at vi kunne tære på overskotslageret vårt.Så det vart karbonade med løk etc.
Eg er ferdig med den svenske krimboka, som slutta med ein cliffhanger, så no gjeld det å få tak i bok nr.2. I mellomtida har eg ei nordnorsk krim å "kose" meg med. Håper alle har ei triveleg helg i det fine vêret.
Fekk melding frå Rasmus, dei er framleis i Tyskland.

Bok nr.49 - 2015: Kråkejenta.


Hvor mye lidelse kan man utsette andre menneseker for, før man selv opphører med å være menneske, og blir et monster? I Stockholm sitter kriminalbetjent Jeanette Kihlberg begravet i en forferdelig sak. Det dukker opp lik av ukjente gutter, ingen har sett noe, og ingen har meldt dem savnet. Det er få spor å gå etter, og i bakgrunnen spøker Jeanettes problemer på hjemmefronten. Blant klientene til psykologen Sofia Zetterlund er det en tidligere barnesoldat fra Sierra Leone og en kvinne, Victoria Bergman, som har dype arr i sjelen etter å blitt utsatt for gjentagende vold og krenkelser i sin barndom. Jeanette og Sofia får kontakt med hverandre da den tidligere barnesoldaten blir funnet drept, og politiets efterforskning fører dem til en av Sofias klienter. Men foruroligende nok er det snart klart, at ingenting er, som det ser ut til. KRÅKEJENTA er en sterk psykologisk krim om, hva svik kan gjøre med mennesker. Boken er den første i trilogien Victoria Bergmans svakhet.
..............................................................................
Denne boka er den første i ein trilogi. Eg har lese denne første boka som lydbok, men
har bestilt dei to neste på papir, fordi dei ikkje finst i lydbokformat. Margrete har lese boka før meg, og så skal vi lese papirbøkene nokonlunde parallelt. Før eg har fullført trilogien vil eg ikkje uttale meg så mykje om kva eg synest.  Det seier vel sitt at eg har brukt kort tid på denne boka. (Men så har det vore mykje fotball på TV også.)

fredag, juni 26, 2015

Dagbok 2015: 26.juni

Klokka er 21.00, temperaturen er +13  grader C og det er sol og fint. No forlet sola oss her på Vallabøen, men så kan eg sjå bort att på Melle og lengte tilbake til sommarkveldane der.Charlie har flata ut på golvet etter ei travel økt ute.
Det var ikkje så strålande før middag, så då var eg inne. Bakte tre brød, og ei prinsessekake- på vona. Om ingen kom, er den grei å ha i frysaren.
Etter lunsj var vi ute i hagen, planta rosebuska vi kjøpte i går, mellom anna. Eg flytta på eit par plantar etc.etc.
Vi hadde to rettar til middag i dag; kald, kokt makrell og steikt lyr. Sidan eg ikkje hadde spesielt lyst på makrell i dag var det Nils som åt den, mens vi delte på lyren.
Margrete og "ungane" kom innom på veg til Fosnavågen og leverte frå seg Charlie-han skal vere her til i morgon kveld eller sundag. Dei ville gjerne ha litt prinsessekake før dei reiste vidare, så det vart ikkje så mykje som hamna i frysaren.
Nils tok hunden med seg nedom huset, og der fann han ein leikekamerat. Det viste seg at leigebuaren vår var veldig glad i hundar, så det vart ein leik utan like. Eg tok nokre bilde frå altanen, men eg trur eg hadde apparatet på feil innstilling.
Etterpå gjekk Nils tur med han. Men å ta bilde i så låg sol var ikkje heilt vellykka, skyggane blei både lange og mange.




Og der har han tatt plassen min i sofaen.

torsdag, juni 25, 2015

Dagbok 2015: 25.juni

Vi hadde sett meir av fjorden om det ikkje var så mange tre i hagane til folk.Men somme likar sjø, andre likar skog. Sånn er det med den saken.


Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er + 14 grader og det har vore ein våt  og kald dag, så langt. No ser det ut til å lette opp att litt. Det er visstnok meldt om betre vêr. Det ville i såfall vere godt for alle utandørs-arrangementa i desse dagar, både her med "Dei nynorske festspela" og på Eid der dei set opp "Elskhug og eksis". I Fosnavågen er det rockefstival, der Eirik skal delta i lag med bandet Lommerosk. Ja, det er nok å vere med på, men eg er pyse, orkar ikkje å sitte ute i regn og kulde.
Nils fekk nettopp telefon frå ein kamerat som hadde fiska makrell i dag, så no måtte han bort på terminalen og prøve der.
I dag har eg stort sett gjort ingen ting. Strauk nokre klede, før vi strauk på dør. Nils hadde eit ærend til Volda, så eg tok med bibliotekboka eg hadde lånt av Margrete og leverte den der. Så blei det sjølvsagt lunsj/middag på kinarestauranten.
På heimvegen var vi innom Plantasjen, der vi kjøpte eit rosetre og to potteplantar. Har ikkje orka å plante rosetreet enno. Så måtte vi sjekke kvar bilbutikken "vår" var no. Den hadde dei flytta til nye lokale rett ovanfor flyplassen. Så no er alle bilbutikkane i Ørsta innafor eit begrensa område.
Var også innom biblio her i Ørst, kom heim med to lydbøker, men oppdaga at eg hadde lese den eine før. Bestilte dei to neste bøkene i trilogien om Kråkejenta - på papir. Skal ein lese trilogiar bør ein lese bøkene fortløpande, før ein gløymer.
Etter at vi kom heim har eg strikka, drukke kaffi, rippa bok osb. Merkeleg kor dagane kan gå utan at det skjer så mykje. Rasmus og Co er på veg sørover frå Danmark til Tyskland. Meir veit eg ikkje. Kanskje dei skal til dyrehagen i Hamburg? Den eksisterer vel enno? Ja, vi får vente og sjå.

onsdag, juni 24, 2015

Dagbok 2015: 24.juni

Klokka er 21, temperqturen er + 12  grader C. Ja, vi får vere glade så lenge det er +- grader, for jammen er det kald vind til å vere midtsommar.
Det blir korte innlegg for tida, det er fordi det ikkje skjer så mykje. Eg har t.d. ikkje vore på Amfi sidan fredag for ei veke sidan. I kveld tok vi ein liten tur nedom nærbutikken og handla mat, då slapp vi å kle oss om. På nær-Kiwi kan eg gå i joggebukse og crox akkurat som heime.
I dag reiste Nils og Hassan på sjøen for å fiske makrell, men dei fekk ikkje sorten. Mens dei fiska fekk eg støvsugd alle teppegolva, så no er "helgavasken" i boks.
Vi laga oss karbonadesmørbrød til lunsj/middag, kan ikkje ete digre middagar kvar dag.
Elles har Nils klipt litt plen og eg har rydda litt i hagen. Dessutan har eg strikka og høyrt lydbok. Og sånn går no dagane..........
Dessutan fekk eg att 2703,- kr att på skatten.

tirsdag, juni 23, 2015

Dagbok 2015: 23.juni. Jonsokaftan

Klokka er ca 21.30. Temperaturen ute er + 10 grader. Det har vore ein grå dag med skyer og skodde langt nedover fjellsidene. Kald vind har det også vore, men eg har halde meg inne.
Før middag vaska eg grundig på kjøkken og bad, før eg vaska håret og shina meg sjølv opp litt.
Elles har eg strikka mykje og høyrt lydbok. Til middag hadde vi steikt lysing( kolkjeft) med heimelaga remulade. det er jo ein variant i fiskemenyen vår.
Noko jonsokfeiring deltek vi ikkje på, her er berre lokale markeringar som eg veit om, ikkje noko storarrangement. Det blir vel å sjå TV.

Bok nr.48 - 2015: Den lille kafeen i Kabul.


På et av de farligste stedene på kloden møtes fem kvinner: Sunny, den stolte kaféeieren, Yasmine, som ble kidnappet fra en avsidesliggende landsby, Isabel, en ambisiøs journalist, Candace, en rik amerikansk kvinne som endelig har forlatt ektemannen for å hengi seg til sin afghanske elsker, og Halajan, en enke som har en hemmelig kjærlighetshistorie som bryter med alle regler i det afghanske samfunnet.
“En tankevekkende og oppløftende fortelling om vennskap og overlevelsesevne.” Grazia
“En briljant historie om styrke og toleranse som får deg til å tro på menneskeheten igjen.” Daily Telegraph
«Gir en unik innsikt i livet til kvinnene på dette urolige, fascinerende stedet.» East Anglian Daily Times
“Hvis du liker Drageløperen, vil du elske The Little Coffee Shop of Kabul. Denne overbevisende fortellingen om en kafé i hjertet av Afghanistan og menneskene som møtes her, er full av varme og intelligens.»
.....................................................................
I dag har eg site framfor datamaskina og høyrt dei siste tre platene av denne boka, mens eg strikka lestar, som vanleg. Når eg høyrer bøkene på denne måten får eg med meg mykje meir enn når eg svinsar rundt med proppar i øyra. 
Eg likar godt å lese bøker der handlinga er lagt til andre land -og der ein kan bli kjend med andre kulturar og skikkar. Eg har lese mange bøker frå Afghanistan, og dette er langt frå den beste. 
Eigentleg er det ein ganske "rosa" roman ispedd diverse grusomme hendingar, som regel forårsaka av Taliban. Boka skildrar korleis kvinnene lever i dette samfunnet og korleis både kvinner og menn er fanga i eldgamle tradisjonar. Interessant nok, men relativt godt kjent frå før. Inga stor leseoppleving, men grei nok.

mandag, juni 22, 2015

Dagbok 2015: 22.juni

Klokka har passert 19.30. Temperaturen ute er + 17 grader C og sola skin. Den gjorde ho ikkje då vi stod opp i dag, og det var litt skuffande. Men det vart finare etter kvart, og vi fann oss arbeid ute. Vi rydda under altanen; Nils grov gjennom singelen og raka vekk alt som minte om vassarv og anna ugras. Eg brukte spyleslangen og "vaska" singelen rein for mold. Dette er noko vi gjer kvart år. Så flytta vi nokre plantar etc.etc. Det var stort sett Nils som jobba og eg "gjekk til hende"-må passe ryggen min.
Mens vi sat og åt litt lunsj, fekk vi eit veldig kort besøk av Margrete og Eirik, som hadde vore og handla inn hagemøblar. Margrete kom med ei lydbok til meg- det var ærendet.
Elles hadde vi oss ei god stund på solsenga. Vi må no ta oss tid å nyte sola og finevêret.Det har vore litt vind i dag, så det vart ikkje for varmt.
Til middag grov vi fram pølser frå frysaren, så slapp vi å gå på butikken.
Elles har eg rippa ei bok etc.
I dag er det Øystein som fyller år, 53 faktisk. Vi gratulerer med dagen, og håper dei har fått tid til litt feiring.

søndag, juni 21, 2015

Dagbok 2015: 21.juni

Herfrå kan ein sjå Hovdevatnet til høgre og Voldsfjorden- og Ørstafjorden sjølvsagt.


Klokka er ca 19.30, temperaturen er + 20 grader ute. I dag har det vore strålande vêr heilt frå morgon til kveld, hugsar ikkje kva tid sist det hende.
Dessverre har ikkje eg vore like strålande. Etter fleire dagar med fin form, hadde eg vondt både her og der då eg vakna i dag, og eg har måtta ta ganske mykje smertestillande. Litt surt etter at eg trudde at NO var eg bra. Men når ein aldri lærer at ein ikkje skal bøye seg og luke ugras t.d. får ein berre ta det som kjem.
Uansett så vart det ein liten tur til Hovdevatnet før middag; eg hadde ikkje med meg kamera, så det vart berre eit mobilbilde. Eg kan aldri hugse at det har vore så mykje snø i fjella ved jonsok-tid nokon gong før.For dei som ikkje er så godt kjende kan eg opplyse at "sukkertoppen" heilt til høgre i bildet er fjellet  som er nærmast oss.
Då vi kom heim koka Nils lange til middag, mens eg prata med Marit.
Etter middag la eg meg ut på solsenga med lydbok, mens Nils gikk ein tur opp i fjellsida på skogsvegane. Bilda tok han ikkje i dag men sist fredag då han gjekk same turen. Det er mange år sidan eg var så høgt oppe.


Eg måtte berre ta eit bilde frå altanen. Det er leigebuarane som luftar potteplantane sine. Det er kanskje slik dei gjer det i Litauen?
Nils ser fotball på TV, det er ei interesse eg ikkje deler med han. Elles så kan eg fortelle at Rasmus og familien er komne til Danmark, der dei etter kvart skal ende opp i Legoland.



lørdag, juni 20, 2015

Dagbok 2015: 20.juni


I dag har Margrete fødselsdag, heile 47år har det gått sidan ho kom til verda på sjukehuset på Eid. Ho vart døypt i kyrkja på Eid, berre tre veker gammal, før vi reiste heim att til Melle. I tillegg til alle bilda eg har liggande på data, har eg mange store,tjukke albun, men veldig få bilde frå då ungane var små. Vi kjøpte oss ikkje fotoapparat før etter at Margrete var fødd, og den tida gjekk det mykje i dias.
Både Solveig og Margrete jobba hos fotograf Lystad i feriar og på laurdagar, og Solveig hadde ei tid mørkerom i kjellaren her i Starevegen. Eg trur desse bilda er frå den tida, sidan dei er i svart/kvitt.
Då Margrete vart konfirmert i 1983 var det berre ein ting ho ville kjøpe for pengane, og det var ein hund. Og Old English Sheepdog skulle det vere, slik som hunden på TV. Og hunden skulle heite Nadja. Alt var bestemt, og hunden vart bestilt og  henta på Vanse på Lista. Margrete og Nils hadde ein bra tur for å hente hunden heim. Når eg dreg fram desse minna no, er det fordi Margrete i fjor skaffa seg ein ny hund, denne gongen ein som ho både kan løfte og bere.Charlie heiter han. (Nadja vog 40 kilo på det tyngste).Kjolen som Margrete har på nedste bilde var blå, hugsar eg, og den blei kjøpt til overhøyringsdagen før konfirmasjonen. På konfirmasjonssøndagen hadde ho sognebunad.(Den gongen eg vart konfirmert fekk vi berre ein kjole, og den hadde vi under den kvite kappa på konfirmasjonsdagen. Vi var den første gruppa som hadde kappe på Eid, dei som var konfirmert året før, hadde side kvite kjolar.)
Så sant det er mulig er Margrete ute og går tur i skog og fjell og Charlie er med.
Ho er på tur i dag også, så vidt eg veit. Vi gratulerer med dagen !
------------------------------------------------------------------------
Klokka er 20.00 og temperaturen + 16 grader. Det har vore ein nydelig dag, med temperatur opp i +20, minst. Før middag skein sola, men så skya det over.
Vi har ikkje vore ute av tunet i dag. Vi har styrt litt i hagen, og eg har lese ut krimboka mi mens eg strikka. Eg har ikkje sove middag verken inne eller ute, blir ikkje så trøtt i fint vêr. Nils har ordna med linene sine, klipt litt gras etc. Kort sagt ein veldig avslappa dag i nr.7.


Bok nr. 47 - 2015: Stalker


Ett filmklipp skickas in till rikskriminalen. Filmen visar hur en person har stått i en trädgård och smygfilmat en kvinna genom fönstret till villan där hon bor. Dagen efter hittas hon död med grova skär- och sticksår.  Det kommer in ytterligare en film som liknar den första till utförandet men även denna gång står polisen maktlös inför det grymma öde som väntar kvinnan på filmen. Maken till den mördade kvinnan är djupt traumatiserad, men kan ha sett något avgörande. Psykiatrikern Erik Maria Bark kallas in för att hypnotisera maken, men det mannen berättar under sin djupa trans får Erik att börja ljuga inför polisen. Det finns en mördare där ute som filmar kvinnor innan han dödar dem. Joona Linna och hans team måste hitta någonting i filmerna eller hos offren som kan leda dem närmare en lösning. Samtidigt går tiden och varje dag väntar de för att se om det kommit en ny film på posten.
Stalker är den femte boken i serien om Joona Linna av Lars Kepler. Serien blandar element från den klassiska deckargenren med mer psykologisk skräck och högintensiv polisthriller. I de fem böckerna har vi lärt känna Joona Linna som en säker utredare som inte är rädd för att använda sig av okonventionella metoder. I Stalker hamnar han återigen under oerhörd press och tvingas använda sig av alla tricks i boken för att närma sig mördaren.
Lås dörren, dra för gardinerna - thrillermästaren Lars Kepler är tillbaka med en ny bladvändare.
.......................................................................
Eg har valt å legge inn ein omtale av boka på originalspråket.Men der finst mange andre omtaler av boka på nettet.Eg har lese den vanlege lydbokversjonen med 11 CD-plater.
Eg trur ikkje eg har lese alle krimbøkene til ekteparet som kallar seg Kepler, men dei fleste har eg fått med meg.
Det er ikkje vakkert! Eg veit eigentlig ikkje om det er særleg realistisk heller, men litt mot min vilje, må eg innrømme at det er spennande, og det er ikkje ofte eg synest når eg les krim. Dei fleste krimromanar er så klisjefylte og føreseielege at det er nesten ikkje verd å lese dei, slik er ikkje denne boka. No likar eg eigentleg ikkje verken mord eller drap (Kven gjer eigentleg det? )og her er det rikeleg av det. Det er ikkje alltid like lett å seie kvifor ein likar/ ikkje likar ei bok, men denne likte eg altså. Og eg anbefaler boka til dei som likar litt røff og "psykologisk" krim.( M.a.o. Solveig.)

fredag, juni 19, 2015

Dagbok 2015: 19.juni


Klokka er 20.15. Temperaturen ute er + 16 grader og sola skin. I dag før middag var det overskya og skodde, men så betra det seg.
Nils hadde litt fisk å styre med før middag, men då han var ferdig tok vi ein tur innom biblio og henta ei bok. Så måtte vi ha ein liten tur bort i Furene for å sjå den nye butikken til Felleskjøpet. Der trefte vi kameraten til Audun som har sommarjobb der.
Vi handla litt mat på Coop/ Amfi, og då vi kom heim sette eg i gang å lage middag. I dag vart det steikt sei, ein av favorittrettane mine.
Så la eg meg ut på solsenga og las i krimboka mi. Eg held no på med nest siste plata, det går fort unna når spenninga er på topp. Eg har dessverre ikkje vore heilt bra i ryggen i dag, noko som eg rekna med etter lukinga i går.
I dag fyller Elin 60 år. Det er rart når ungdommen etter kvart blir godt vaksne. Den gongen vi vart kjende med familien i Torvika var Elin ei lita jente på 8 år. No er ho bestemor til to. Vi gratulerer henne med dagen og ønsker henne mange gode år framover.

Og så ønsker vi alle ei god helg- og lærarane i familien : God ferie!

torsdag, juni 18, 2015

Dagbok 2015: 18.juni

Linefangsten vart skuffande for meg, men eg trur det var litt kjekt for Sondre å få to så store skater. Somme meiner at skatevingar er ein delikatesse, det meiner ikkje eg - og eg har smakt det.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 14 grader. Det er overskya, men opplett.
Dette har vore ein ekstemt lat dag-for meg.
Nils reiste ut med liner før middag, men var ikkje vekke så lenge. Eg gjekk her no berre og tutla,rydda litt, las litt, strikka litt osb.
Då Nils kom heim fann eg ut at eg hadde lyst på pannekaker til lunsj/middag. Det er lenge sidan sist vi hadde det, og Nils hadde også lyst på. Den tida då barnebarna var her litt oftare steikte eg pannekaker rett som det var, men no når det er berre oss to, blir det sjeldnare. Problemet mitt er at eg har litt vanskar med å lage SMÅ porsjonar, men i dag greidde eg det, vi løyvde berre ei.
Somme dagar blir eg så trøtt når eg ikkkje kjem meg ut, og i dag somna eg på sofaen med lydboka på øyret.
Så fekk eg telefon frå ei veninne og vi hadde ein lang prat.
Klokka 17.00 hadde Nils avtale med Sondre, ein nabogut, om at han skulle få vere med å drage linene. Så blir det spennande å sjå om der er noko som har bite på. Nils fekk eit par seiar før middag, så morgondagens middagsmat er sikra i alle fall.
Då dei for, gjekk eg ut i hagen og vaska hagemøblane med grønsåpevatn. Dei møblane vart kjøpte til Rasmus sin konfirmasjon i mai 1979. Dei har vore på veg til å bli kasta meir enn ein gong, men så har vi beisa dei og reparert på dei, så dei held i år også ! Vi er nesten like flinke til gjenbruk som dronning Sonja.
Etterpå gjorde eg noko som eg ikkje skulle ha gjort, men eg greidde ikkje å la vere, eg reinska ugras! De skulle berre vite kor fristande det er når det eigentleg er "ulovleg". Eg SKAL ikkje bøye ryggen, og eg veit eg blir dårleg av det, men altså........ Under ei helle fann eg ein stor, feit snigel-brun med mørke flekkar. Eg tok ei saks med langt skaft og klipte den i småbitar. Men så kom eg på at det er vel dei einsfarga brune sniglane som er "farlege"- er det ikkje?

onsdag, juni 17, 2015

Dagbok 2015: 17.juni

Klokka er snart halv sju, vêret er overskya og grått, det regnar litt innimellom og temperaturen er + 14 grader C.
Vi har nettopp ete middag og Nils slappar av i reclineren. I dag har han vore kokk og kokt lange + potet og gulrot.
I dag kom eg meg ikkje til med noko fornuftig på føremiddagen, men sette i alle fall ein brøddeig før eg begynte å lese lydbok- mens eg løyste Soduko.
Til lunsj vart det nysteikt brød i dag.
Så ville Nils klippe plen igjen, i dag med oppsamlar.Hen gjødsla med kalksalpeter etterpå og no får han regn på den, og akkurat det er bra. Mens han dreiv på ute , tok eg og støvsuga alle teppegolva, så no er eg ferdig med reingjeringa for denne veka.
Nils hadde eigentlig tenkt seg ut og sette liner i dag, men så vart det for mykje vind. Eg har knapt vore ut for døra.
Slik går no dagane og vekene, utan at sommaren kjem. Det er litt deprimerande å ikkje få vere ute etter ein slik vinter som vi hadde, det er visst det våtaste halvåret nokon gong, det vi har no.Og det finst dårleg vêr, ikkje berre dårlege klær, uansett kva dei seier. No skal vi snart ha oss litt kaffi. Håper den kurerer litt GRUFF.

tirsdag, juni 16, 2015

Dagbok 2015: 16.juni

Klokka er snart 20.30; temperaturen bak huset er +14 grader og det er SOL.
Det vart ein finare dag enn forventa, men det leid litt ut på dagen før sola kom skikkelig fram.
Det første eg gjorde i dag var å shine opp kjøkkenet og gjere litt anna husarbeid i tillegg. Ja, og så er det aviser og FB, då. Tok det litt for travelt i går, så i dag var det "dagen derpå"-ja, eg må ikkje jobbe for hardt, det straffar seg.. Synd det skal vere slik.
I dag måtte eg på biblio, for eg vart endeleg ferdig med sørstatsromanen som eg har kava litt med å komme gjennom, ikkje fordi den var tunglesen, heller litt for lett.
Dessutan måtte eg ha noko medisin, så det vart ein tur nedover. Fann meg ei bok på biblio -"Stalker" av Kepler, krim sjølvsagt. Så fann eg på at vi kunne ta ein tur på Gjenbruk og kike. Der trefte vi naboar. Kjøpte berre ein liten ting i dag, men det er artig å gå og sjå.
Vi åt lunsj før vi for nedover, og då vi kom heim skein sola så fint at eg kunne legge meg ut på altanen og lese. Nils gjekk ein tur i skogen- skulle ønske eg også kunne det, men kven veit-kanskje kjem eg i form igjen ein vakker dag?
Etter at eg kom i hus igjen har eg rippa boka eg lånte, og strikka ferdig ein lest imens. Dette har ikkje vore dagen for dei store hendingane-og det er like bra. Har nettopp sett hageprogram på TV, og eg får så lyst å styre på ute, eg også, særleg fordi eg veit at eg ikkje kan akkurat det.

mandag, juni 15, 2015

Bok nr. 46 - 2015: Vida og Miss Hazel


   Ny roman fra forfatteren av Helbredelsen, som hittil har solgt i 35.000 eksemplarer! 
I Delphi, Mississippi møtes de to unge mødrene Hazel og Vida - en hvit og rik, og en svart og fattig. De har bare to ting til felles: De har begge mistet et barn, og de kan ikke fordra hverandre. 
Etter den yngste sønnens død klarer ikke Hazel å holde grepet om livet sitt. Hun blir beordret i seng, tungt medisinert. Vida, som selv har mistet en sønn på tragisk vis, blir ansatt som hushjelp hos Hazel for å passe på at hun gjør som hun skal, og for å se etter huset og den eldste sønnen, Johnny, som går for lut og kaldt vann. 
Men etter hvert som de blir nødt til å tilbringe tid sammen, oppdager de to kvinnene at de kanskje har mer til felles enn de først hadde trodd. Sammen setter de i gang en bevegelse som skal snu opp ned på livet i femtitallets Delphi, i årene før borgerrettsbevegelsen vinner fram for alvor.

...................................................................
For nokre år sidan kom boka "Barnepiken"  (The help) ut Den vart snart veldig populær, og historia vart filma. Filmen var ein stor suksess.
Men så er det alltid nokon som vil prøve å "hoppe etter Wirkola", blant andre Jonathan Odell. Han tek opp om lag same problemet i denne boka på 12 CD plater. Eg har hatt problem med å komme gjennom boka, det vart for mykje pjatt for meg. Og ho som les, les som om ho les til små barn.
Eg har lese "Helbredelsen" også, den var heller ikkje noko særleg.
Det beste med "Vida og Miss Hazel" er faktisk etterordet som innheld fakta frå borgarrettskampen. Det er utruleg at dette kunne skje så seint som i 1950-åra.

Dagbok 2015: 15.juni



I dag vil vi gratulere Hilde med dagen. Eg hugsar så godt den dagen ho vart fødd. Vi budde på Melle, og mamma var på besøk. Det var sommar og sol og nydelig vêr. Men så fekk vi eit kort i postkassa, der stod det at Audny hadde fått ei syster. Audny var berre eit par månader over året. Mamma var ikkje til å stoppe, ho måtte heim til Eid og det nye barnebarnet.
Den tida hadde vi verken telefon eller data, så nyhendene var ikkje fullt så nye som dei vi får no for tida. I dag vart det jo født ein liten "prins" i Sverige-og det fekk vi vite med ein gong.
Kronprinsessa i Sverige er for øvrig fødd på mamma sin fødselsdag 14.juli. Vi var i Sverige den dagen, men tok beine vegen heim for å rekke å gratulere mamma. Så vi gjekk glipp av fødselen.
Eg følgjer tradisjonen til bestemor Hilda og gratulerer heile familien til Hilde med dagen. Håper det er ein god dag i huset ved elva- der Hilde bur med mann, fire søner og ein stor hund.

.....................................................................
Klokka er no 19.00, temperaturen er + 10 grader og vi har nettopp hatt ei lita regnbyge. Surprise, surprise !
Elles har det vore ein relativt aktiv dag i Starevegen. Nils var ein tur på Amfi før middag. Eg bytta på sengane, vaska golv, hengde opp klede etc. Golvvask er noko som røyner på ryggen, så eg er litt låk no, men håper det går over til i morgon. Elles så driv vi og vaskar golvtepper-dei som er så store at dei ikkje går i maskina. Saknar badekaret ! No må vi vaske dei i nokre store plastbaljar som Nils plar bruke til fisk.
Etter lunsj, tok vi ein tur å Rystelandet og kjøpte kalksalpeter. Plenen er ikkje like grøn som han var, men salpeter skal hjelpe.Vi var også på Plantasjen og kjøpte ein Thuja, som vi planta på grensa til naboen. Der er tre stk. før, men der var behov for ein til.
Då måtte eg berre legge meg strak ut på sofaen ei stund, og så laga vi middag. No er det kaffi og TV på programmet.

søndag, juni 14, 2015

Dagbok 2015: 14.juni

Klokka er snart 20.00. Temperaturen er + 8 grader, og det har regna godt etter middag. Før middag var det bra fint, litt sol til og med.
Nils forsvann i 9.30 -tida for å hjelpe Jørn med båten. Då han kom att fekk vi planta rosetreet og rhododendronen vi kjøpte i går.
Til middag hadde vi fiskepudding i kvit saus-etter to dagar med kjøt.
Margrete og Erlend kom på besøk frå kl.16-18, mens Amanda var på ballettshow-som publikum i dag. Eg steikte vaflar til dei kom, det er det eg tyr til når eg får besøk på kort varsel.

lørdag, juni 13, 2015

Dagbok 2015: 13.juni

Klokka er 17.45, temperaturen er + 14 grader, det er delvis skya og sol innimellom. På TV er det framleis prinse-bryllaup men eg tek det opp. I dag hadde vi lyst å finne på noko, men ingen av oss hadde idear. Det vart til at vi tok ein tur til Sæbø og kika innom Nilsbuda.
Eg let falle eit ord om at vi kanskje kunne ta ferja over og køyre Nordangsdalen, og det vart Nils med på. Vêret var grått og kjølig, så vi gjekk inn på bakeriet og kjøpte oss kaffi og skillingsbolle men vi venta på ferja.
På Urke var vêret litt lettare, vi stoppa ved gartneriet og kjøpte tomat og agurk. På Øye måtte eg berre ta bildet av hotellet. Sist vi reiste forbi var det diskusjon om påbygging-og strid om korleis tilbygget skulle sjå ut. Heldigvis vart det ikkje noko av, så hotellet er som før.
Så gikk turen opp Nordangsdalen- med ein liten stopp ved Lygnstøylvatnet.Det vatnet som vart til då eit ras demnde opp elva og ei heil seter vart lagt under vatn. Vatnet må vere heilt stiltom ein skal sjå setermurane på botnen. Det var det ikkje i dag.






Det ligg mykje snø i fjella i år, og store brear heilt ned mot vegen. Naturen kan somme gonger arte seg som reine kunstverk.

Dette bildet minner om eit bilde som bror min har måla frå Nordangsdalen, men der er fleire liknande stader.


Vi køyrde ikkje ned til Hellesylt i dag, men rake vegen til Honndalen. Vi stoppa på rasteplassen ved Honndøla bru, og tok bilde av den flotte, gamle steinbrua.

Vi stakk innom Plantasjen sidan vi var på dei kantar, kjøpte eit par plantar og to sekker med bork.
Vi kom heim så vidt vi rakk bryllaupet i Stockholm, men laga oss middag og åt langsmed. No har Nils fått i gang grasklipparen-han klipper og klipper! Men han brukar den sjølvgåande klipparen og klipper BIO så då slepp han å løfte og bere graset.
Om prinsebryllaupet kan eg seie mi meining: Brura er søt og naturleg, kjolen tradisjonell og fin. Mor hennar såg veldig avslappa og enkel ut. Den flottaste dronninga var 75-år gamle Margrethe, i sin stilige og enkle mørkraude kjole; Sonja sin gule kjole var ikkje etter min smak-den var nesten sjølvlysande. Men det var "gjenbruk", og det er jo viktig. Eg likte ikkje så godt Mette Marit sin kjole heller.Elles har eg ikkje sett alle enno. Kjem vel reprise, eg fekk ikkje tatt opp heilt frå begynnelsen.


 Vi har ei brud i hagen.

fredag, juni 12, 2015

Dagbok 2015: 12.juni

Klokka har passert 18.00, temperaturen ute er + 10 grader og det er skodde og regn.
Var nettopp ein tur inn på FB, og der kan eg lese om sol og sommar andre stader i landet.Ja,ja, sommaren kjem vel hit ein gong også. Litt merkelig med fullt oppeståande tulipanar i hagen i juni. Men det er ikkje det verste.
I dag hadde eg time på Smerteklinikken i Volda klokka10.00. Paradoksalt nok var eg friskare enn vanleg, men tenkte det var best å nytte seg av tilbodet likevel. Hadde vekkarklokka på 8.00, men vakna lenge før det.
Det var altfor tidleg til at vi var frista til å ete lunsj i Volda i dag, etter at eg hadde fått sprøytene mine, så vi reiste heim på Amfi.
Det var ikkje mykje vi skulle ha, men vi trefte litt folk. Mellom anna møtte eg ei eldre dame eg kjenner, eg hadde dotter hennar som elev for lenge sidan. I dag var ho på shopping med eit barnebarn. Dama er svært oppegåande til tross for sine 93 år.(Ikkje til å tru) Eg spurde om ho også var odemor, og det var ho."Eg er tipp-oldemor også", kviskra ho. Ho plar vere på kvart møte i pensjonistlaget. Somme er jammen heldige som får ha helsa i så høg alder.
Vi hadde kjøpt ein bra porsjon med svinekotelettar i dag, så då vi kom heim, steikte eg opp alle, først på panna og så i omnen. Det er ikkje så ofte vi har kjøt til middag, men det er no godt av og til. Der låg to kotelettar att då vi hadde ete.
I dag måtte vi kvile middag. Eg har litt vondt etter sprøytene, og så var vi trøtte. Eg somna på sofaen og sov skikkelig lenge.
Eg hadde lyst å stikke oppom plantasjen i dag, for vi må nok supplere med litt av kvart i hagen, men kven skal orke å stå ute og grave i jorda i dette vêret?
Olaug jr. køyrde opp til sertifikat i dag, så no har også ho lappen. Eirik har vore på sin første langtur i lag med kameratar . Dei var til Oslo på Foo Fighters -konsert.
Vi trefte Knut Ose på Amfi i dag. Han har vore lærar i musikkskulen i 40 år. Han skrytte av Erlend sine prestasjonar på slagverk. Ikkje det instrumentet som er lettast for oss "ikkjeforståsegpåarar" å bedømme. Det er lettare å merke om nokon slår feil på pianotangentane.Kjekt å ta imot skryt av barnebarna.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Det er godt for dei som jobbar i skulen-og for elevane  -at stresset minkar.
(Eg driv og les på ein sørstatsroman som er sånn passe festleg.Og så strikkar eg litt innimellom.)

torsdag, juni 11, 2015

Dagbok 2015 : 11.juni



Klokka er 18.45, temperaturen ute er +13,5 grader C og det er opplett. Før middag regna det, men no skal det visst vere opplett til i morgon tidleg. Nils fann ut at han måtte ut på terminalen for å fiske, han er litt hyper innimellom.
I går gjorde eg ingen ting, men i dag har eg gjort dobbelt så mykje, minst. (Matematisk problem?)
Før middag støvsuga eg teppegolva, "pussa" koppar og messing etc.etc. Mens Nils kokte middag strikka eg. Elles har eg lagt i hop eit par klesvaskar, tatt ut av oppvaskmaskina m.m. Det er viktig for meg å dokumentere at eg GJER noko, så ingen skal tru at eg er lat.
I fellesskap har vi laga erterstuing av 5 pakkar grøne erter; det vart 18 porsjonar. Nils vil ha erterstuing til nesten all slags mat, så det varer ikkje så lenge før vi må lage meir.
Eg har ikkje verkt så gale siste par dagane, det er typisk; når eg endeleg mannar meg opp til å bestille time på smerteklinikken, så blir eg betre med ein gong. Har time i morgon klokka 10. Men det største problemet er ryggen, og det kan han gjere fint lite med. Eg må nok ty til fysioterapi, men ventar til etter sommaren.
I dag åt vi salta lange til middag, og i staden for å slappe av, tok vi ein kopp kaffi før vi reiste ut i Rjåneshamna. Nils måtte sjå til båten og ause den etter alt regnet. Den skal i teorien vere sjølvlensande, men det er vel ei grense for alt. Mens han jobba gjekk eg tur og såg på naturen.
Eg gjekk forbi den gamle badeplassen vår, med eit visst vemod, og der blomstra tiriltungene.

Nils både ausa og pumpa vatn frå båten. Der ute var det iskald vind, men då vi kom inn att i sentrum var det stilt. Vi var innom Amfi og handla på alle Coop-lappane våre.


onsdag, juni 10, 2015

Bok nr.45 - 2015: Nu, Jävlar

"Nu, jävlar! - roman" av Heidi Linde
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen:

I denne romanen møter vi Terese som er høygravid og usikker på om hun tok det riktige valget, Kevin som har hatt kjærlighetssorg i tolv år, Lydia og hennes fantasivenninne Dronning Sonja og Jessica som skal feire bryllup med en mann hun ikke er sikker på om hun burde gifte seg med. En roman om forventninger, forsoning, hjemmebakst og Metallica.

Omtale fra forlaget:
Hjertevarm og gripende roman fra Heidi Linde

Obamas slagord om change we can believe in ga gjenlyd langt utover USAs grenser. I en liten småby på Østlandet tenkte Terese at en forandring måtte skje. Men når hun nå, noen måneder senere, vagger høygravid rundt, er hun ikke sikker på om hun valgte riktig change. Vi møter Kevin som har hatt kjærlighetssorg i 12 år, Lydia med fantasivenninnen Dronning Sonja og Jessica som kommer hjem for å feire bryllup ... med en mann hun ikke lenger er sikker på at hun burde gifte seg med.
Nu, jävlar! er en roman om hjemmebakst, Metallica, svangerskapskvalme og fotball-VM ? men først og fremst om mennesker det er umulig ikke å bli glad i.

.............................................................
Somme gonger les eg bøker på papir. Det tek mykje mindre tid enn å høyre same bok som lydbok, men så får ein ikkje gjort noko anna på samme tid.... Eg merkar at eg hugsar betre papirbøkene, får betre tak på dei liksom.
Denne boka lånte eg av Margrete, og den var, som ho sa, lettlesen.
Ein annan ting er at eg legg betre merke til språket når eg SER det. Denne boka er skriven på eit litt radikalt bokmål, med a-endingar, blei, veit etc. DET kan eg like. Då eg studerte norsk hende det at klassekameratane kalla meg "Klassekampa" fordi eg skreiv eit bokmål som grensa mest mulig opp mot nynorsk.
Handlinga i boka er lagt til Kongsvinger. Hovudpersonen er Jessica, og alle dei andre personane i boka har ein relasjon til henne. Viss de vil vite meir om handlinga, er der mykje stoff på nettet.Eg kan berre seie at eg likte boka godt, og på grunn av det dårlege vêret las eg den på eit par dagar. Den er på knappe 400 sider.

Dagbok 2015: 10.juni

Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 11 grader. Det regnar og det har det gjort utan stopp i heile dag.
Hadde ikkje så store planar for dagen, men enda mindre blei det. Ingen ting av nytteverdi har eg gjort i dag! Men så verker eg heller ikkje. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.
Eg hadde faktisk tenkt å støvsuge i dag, men då likar eg best å vere her åleine. I dag hadde Nils avtale med ei forsikringsdame som skulle kome klokka 13.00.Og ho kom.Så no har ho omvendt Nils til å flytte og utvide alle forsikringane sine, med unntak av forsikringa på bilen. Dette er noko eg ikkje blandar meg borti, så eg sette meg inn på "rommet mitt" og las.
Elles har eg site mykje på FB og det trur eg andre har gjort også, for eg har hatt jobb med å slette og slette. Det er fælt kor mykje reklame av ymse slag som kjem innpå. Eg finn nesten ikkje att statusane til vennane mine.
Til middag hadde vi fiskekaker som Nils fiska opp frå frysaren. Relativt enkel middag !
Etter middag la eg meg på sofaen for å høyre lydbok, men det vart berre surr, for eg somna og drøymde og dikta, så alt må høyrast om att. Men først skal eg lese ferdig papirboka mi. Då må eg stå ved kjøkkenbenken mens eg les, sidan det er problem  med å sitte. Prøvde å strikke litt.........
Det er sikkert mykje lurt å finne på når vi har slike våte dagar, men arbeidslysta manglar. Dessutan må eg vel snart forstå at eg ikkje greier så mykje som før, og leve derretter. Trøsta er at Nils ikkje har gjort noko, han heller. No kom Jørn innom. Han har tatt fagbrev i dag, med beste karakter.
For å seie noko positivt om vêret, så slepp vi i alle fall å vatne.

tirsdag, juni 09, 2015

150609 Erlend på musikkskulekonsert


Dagbok 2015: 9.juni.

Klokka er 19.10, temperaturen ute er + 14 grader C og det er opplett. Men ikkje sol og klår himmel.Og no melder yr om regn ei heil veke til!
Vi kom nettopp att frå Volda der vi var på musikkskulekonsert- i lag med Margrete, Ingeborg og Erlend. Det var Erlend som skulle spele. I dag trakterte han slagverket mens musikklærar Minkov spelte piano. Dei var flinke begge to. Men eg vart nokså irritert i løpet av konserten, det har eg skrive om på FB.
Vi kjørte Margrete &Co opp på Europris og ned att på ferja, for dei hadde ikkje med seg bilen over fjorden.
Eg plagast framleis med verk i rygg, hofte etc. så no prøver eg å få time på smerteklinikken komande fredag. Eg har snakka med telefonsvararen, og så ringer dei meg opp att-det er slik det fungerer.
I dag har eg vaska bad og kjøkken litt ekstra godt, har lært meg til å ta litt kvar dag, slik at eg kan fungere sånn nokonlunde.
Driv og les to bøker i ledige stunder, ei lydbok og ei på papir. Det fungerer bra.
Middagen i dag vart lettvint. Nils var ein tur på butikken, og kom heim med Wienerpølser og pølsebrød. Heilt i orden for meg.
Nils skal på møte i SV no klokka 20.00, då skal eg sjå hageprogram på TV.

mandag, juni 08, 2015

Dagbok 2015: 8.juni

Klokka er ca 19.30, temperaturen ute er + 13 grader, og akkurat no er det lettskya og fint. Men sommarleg varmt er det ikkje. Nils fann ut at han ville mosjonere litt, så han gjekk ein tur opp i skogen. I dag har har verken fiska eller klipt plen.
I går var eg så lettsindig at eg sat og strikka nesten ein heil lest, størrelse "vaksen mann", så i dag vakna eg med ein elendig rygg. Same kva eg gjer så blir eg straffa.
Vi gjekk og surra litt rundt huset i dag, men før vi fekk gjort noko særleg så begynte det å regne. Vi tok oss ein kaffikopp og ei skive og slappa av litt.
Då fekk eg brått ein god ide-eg ville lage fiskegrateng.
Før var det ein jobb eg vegra meg imot, men no går det som ein drøm. Eg sørger for å alltid ha ferdigkokt makaroni i kjøleskap-frysaren, og ferdig oppkutta purre. Då er det fort gjort. Nils finn ein fiskefilet som han tiner i mikroen og skjer i bitar. Einaste arbeidet er å koke saus og piske egg. Eg brukar så mykje makaroni i gratengen at vi kuttar ut potetene. Så raspar eg rikelig med gulrøter mens gratengen steiker i omnen. Den blei veldig god om eg skal seie det sjølv, og det som eigentleg skulle vere to middagar, vart nesten oppete.
Eg la meg ut på altanen med teppe og dyne og sov middag med lydbok på øyret. Men så skya det over igjen; det kom ikkje regn, men iskald nordavind. Ja, sommaren har vi ikkje sett mykje til, men slik har det vore mange gonger før også- lite sommar før jonsok.


søndag, juni 07, 2015

Bok nr. 44 - 2015: Blindgang


Sammen med sin ettårige datter Maja flytter alenemoren Sofie Lund inn i huset hun har arvet etter morfaren. Morfaren var en vanskelig og beryktet mann, og Sofie har betalt noen for å vaske og tømme huset for alt han etterlot seg. Det eneste som står igjen, er en låst safe boltet til gulvet i kjelleren.
Det ligger noe i safen, noe som skal overraske ikke bare Sofie Lund, men alle på politihuset i Larvik. Et funn som skal sette fart i en sak som har plaget førstebetjent William Wisting lenge, og som har gjort ham til gjenstand for kritikk både internt og i mediene.
Nå øyner Wisting en åpning, en mulig vei å gå. Men da må han gå på tvers av alle lojalitetsbånd og undergrave tilliten til etaten han selv er en del av.

...............................................................
Eg likar ikkje opplesaren til denne boka. Kva skal ein med tjukke l-ar i Larvik. Og når nesten alle s-ar blir uttalt sch.....då irriterer det meg noko grenselaust. Ivar Nergaard prøver å lese eit veldig "muntlig " språk-og det kan bli litt uklårt.
Elles er boka ein typisk autentisk og traust politiroman, som dei andre bøkene til Lier Horst. Eg veit at mange likar bøkene hans, men min favoritt er han ikkje. Eg noterte namn etc. undervegs, så eg slapp å gå i surr denne gongen.

Dagbok 2015: 7.juni

Klokka slår sju (19) i dette sekund. Ute er det + 10-11 grader C og det har sila ned frå himmelen i heile dag. Himmelen er ei Sarepta krukke.
Eg har ikkje vore ute for ei dør, men Nils har vore på Sæbø på politisk debatt i heile ettermiddag. Det var meininga at eg skulle vere med, men då vi såg vêret, fann vi ut at det var best eg heldt meg heime. Vi var ikkje sikre på om det skulle vere ute eller inne heller. Det var i eit telt, så det var betre at eg vart att heime og passa på helsa mi. Eg har alltid noko å styre med, strikketøy,kryssord etc. og ikkje minst lydbok, så timane gjekk fort.
Då Nils kom heim steikte eg lysing (kolkjeft) -remulade hadde eg laga før middag, og no har vi hatt eit herremåltid. Om fisken er det å seie at den var god, men dei kolkjeftane vi har hatt før har vore mindre, og dei var best. Dei store fiskane vert ofte litt "grovare" i konsistensen.
No sit vi med kaffikoppen, og Nils har funne ein fotballkamp på TV. Så får vi håpe at vêret blir betre i morgon. Som pensjonistar kan vi nyte alle  fine dagar. Skulle ønske vi kunne ta ut hagemøblane snart.
I dag kan vi gratulere Arild med 53-årsdagen.

lørdag, juni 06, 2015

Dagbok 2015: 6.juni

Perlebusk.

Klokka er 18.45, og temperaturen ute ca + 17 grader. Det har stort sett vore ein fin dag, men med voldsomme regnbyger innimellom. Akkurat no er det fint ute.
Før middag var vi ein tur til Vik, vi handla på Amfi og så for vi heim att. Nils har klipt plen i dag også, og eg prøvde meg på litt ugras, med det resultat at hofta streikar. Slik er det berre. Det er så mykje eg har lyst å gjere og som trengst å bli gjort, men så går det gale.
Til "middag" i dag åt vi speilegg, spekemat etc. -i morgon skal vi ha steikt lysing (kolkjeft), trur eg.
I dag fyller Olaug på Hareid 18 år, så no er også ho myndig. Det er så mange fødselsdagar i juni/juli at vi samlar opp til ei fellesfeiring. Og så er det ingen bursdagar før i oktober/november -her i familien.
Nils styrer på eitkvart ute, eg har rydda litt på kjøkkenet. Tek ikkje sjansen på meir hagearbeid i dag.
Det er deilig vêr, men vi har enno ikkje tatt ut hagemøblane-sein sommar i år.




Gratulerer med dagen Olaug !

fredag, juni 05, 2015

Dagbok 2015: 5.juni

Klokka er 17.30 og temperaturen er sjokkerande -  +17 grader C !
Det har vore fint lettskya vêr med sol innimellom.
Ja, slik går det når ein utstyrer seg med gode, varme klede og kler ekstra godt på seg når ein skal på "fest".
I dag var det nemlig stor fest på Velle skule. Alle pensjonistane som er i bygda var invitert til å feire 150-årsjubileum i lag med elevar, lærarar, ordførar m.m.
Det skulle begynne så tidleg som klokka 10, så eg måtte ha på vekkarklokka for at eg skulle få tid til å dusje og vaske håret m.m. før festen. Vi heldt til i den nye, store festsalen i første etasje, den hadde eg ikkje sette før. Det var talar og allsong, dramatiseringar både med lærarar og elevar, og det var heilt imponerande kva dei hadde fått til. Som gammal lærar veit eg kor mykje arbeid som ligg bak. Elevane var utruleg flinke, og oppførte seg fint til tross for mange og til dels lange talar.
Noverande rektor ønskte alle velkomne og heldt opningstalen. Alle eks-rektorane som var der fekk kome fram på scenen og seie nokre ord, og Ellen Johansen, som sjølv har gått på Velle skule som barn, og seinare jobba der i mange år, vart intervjua av ein noverande elev. Kan nemne at Ellen no er 90 år.
Ein lærar sem eg ikkje kjenner og ein elev var programleiarar. Eleven heiter Tora og er dotter til ein av mine tidlegare elevar, Heidrun.
Same Tora song også solo, med Eirik Stave ved pianoet. Somme hugsar kanskje den vesle guten (10) som dirigerte KORK ? Han er vel den einaste eleven eg kjenner på Velle, han har vore på pensjonistlagsmøta og spela der. Han spelte også til allsongen.( Han har vikariert som organist i Ørsta kyrkje også-han er heilt utruleg).
Der var også laga til ei stor utstilling på "datarommet" -mange gamle bilde, skulesaker og skulebøker etc. frå "gamle dagar" blant anna.
Ja, ein får berre takke og bukke for at ein får oppleve ein slik dag!
Der var sjølvsagt lagt inn pause, då fekk vi nydelige smørbrød og kaker. Litt rart å berre sitte der og late seg varte opp- då går tankane tilbake til alle arrangementa ein har vore med på i yrkesaktiv alder. Vi fekk også ei heil "avis" som elevane hadde laga, der dei mellom anna hadde intervjua noverande  og tidlegare lærarar blant anna.

Nils hadde vore ute og fiska mens eg var vekke, han hadde fått ein stor lysing, eller kolkjeft som dei seier her. Den er god å steike, men i dag må vi ete fiskekakene vi hadde tatt opp til i går. Vi har ikkje laga middag enno. Eg har sove middag på solsenga etter at eg kom heim.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Det er meldt fint vêr i morgon.

torsdag, juni 04, 2015

Dagbok 2015; 4.juni

Klokka er 18.30, temperaturen er ca 9 grader C. Vêret er som vanleg, vått og grått, men det skal visst bli fint når det lid ut i månaden. Eg går framleis i vinterklede og vel så det, ikkje at det hjelper så mykje mot gikta.......
I morgon skal eg altså på jubileum på Velle skule-150 år sidan den starta opp-og mykje vatn har rent i havet på den tida.
Eg fann ut at eg var nøydd til å investere i ei sid strikkajakke, sidan eg har så mange side toppar-og eg må kle meg godt.
Vi reiste til Volda og Møre konf. der eg er stamkunde, og etter kvart blitt godt kjend med butikksjefen, som er frå Honndalen. Eg fann fort ei jakke som eg likte, den var ikkje til halv pris, så denne gongen måtte eg betale det den kosta. Men det er eit plagg eg kjem til å BRUKE.
Nils har lenge vore på jakt etter ein ny "glilldress"- han hadde ein Adidasdress som han likte godt og ville ha noko liknande, men den typen finst visst ikkje lenger. Vi var innom to sportsbutikkar på Spinneriet utan å finne noko, og så stakk vi innom Skogstad. Der var ein ung ekspeditør som snakka nesten berre engelsk. Men vi greidde å kome fram til ei svart bukse og ei turkis jakke, som vi likte begge. Jakker har han mange av frå før, men han får heller gi til ei innsamling, litt nytt må til innimellom.
Og så kom det uunngåelige spørsmålet frå Nils: "Skal vi gå og ete lunsj?" Og då meiner han kinamat. Og det blei det.
Vi var innnom Amfi på heimvegen og handla litt mat, men så slapp vi å lage middag då vi kom heim.
Det vart litt trakking i dag, så det kjennest i hofta mi. Veldig irriterande, for i går var eg bra. Låg lenge på sofaen med lydbok, før eg stod opp og sette brøddeig, som no står til heving. Eg har tenkt å lage ein deig til, det går for det same når eg har rotet for meg.Vi har brød i frysaren, men brød treng vi støtt. Eg vil ikkje påstå at eg er så flink å bake, men eg ser at viss vi somme gonger må kaste brød (til fuglane) så er det kjøpebrødet som blir vraka.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...