onsdag, mars 31, 2010

Vermelding 31.mars 2010.

Klokka er 12.20.Temperaturen +5-6 grader C. Det er overskya, men opphaldsver.
Audun har overnatta hos oss for at han skulle hjelpe Nils med felling av ei gran. Dei to har arbeidd i lag i skogen før, så det går sikkert bra.Nils hadde lova dama som eig endeleilegheita i rekkehuset å ta ned denne grana - for lenge sidan, men likar å ha hjelp til slikt arbeid.No er dama godt fornøgd over å få vekk treet som skygde for sola.
Seinare i dag skal vi frakte Audun heim att. I mellomtida har eg støvsuga, og no skal eg ta meg av diverse klesvask og matlaging.

I dag fyller eine "tanteungen"min på Eid 45 år. Hugsar godt den dagen ho vart fødd; den tida budde vi på Raudeberg Vi gratulerer så mykje med dagen!

tirsdag, mars 30, 2010

Vermelding 30.mars 2010.

Klokka er 13.20, temperaturen + 4 grader C. Det er lettskya med litt sol innimellom. Nydelig ver, men ikkje direkte vårlig.

Vi har vore nedover ein tur og handla. For pengane eg fekk til fødselsdagen kjøpte eg stålbestikk, så no har eg fullt opp av det. Har "samla" i nokre år.
Elles har eg vore på biblio, der eg fann berre ei bok av interesse, og så lånte eg filmen Brick Lane. Då skulle eg ha underhaldning til over påske. Vi ventar Solveig og Audun innover når det lid på. Audun skal overnatte og hjelpe Nils med trefelling.
Dette bildet er frå 30.mars i fjor, som de ser blomstra krokusen i hagen på den tida.

mandag, mars 29, 2010

Vermelding 29.mars 2010.

Klokka er 12.00, det er + 5grader C og det snøar. Heldigvis kjem denne siste snøen til å forsvinne relativt fort.Viss de ser godt på bildet, vil de sjå støttene til bringebærplantane nede i hagen. Dei er i utgangspunktet ca 1,50 meter høge. Då vi hadde på det meste med snø, var dei heilt borte, no ser vi i alle fall litt av dei.
Elles er det litt "dagen derpå" i dag. Vi har ordna med frysing av kaker, og no skal eg ordne huset til påskehelga. Nils for og skulle hente dei nye sommardekka, han leverte inn felgane sist haust. Han ville ha Continental-dekk, men det kunne dei ikkje skaffe i den rette dimensjonen, så no blir det Dunlop.Dei gamle dekka var skikkelig utslitne.

søndag, mars 28, 2010

Feiring av 70-årsdag.


I dag har vi feira fødselsdagen min i lag med jentene med familiar og gode naboar.
Gjestene vart invitert til lunsj på Sagafjord hotell på Sæbø, der vi fekk servert ein rikhaldig bufé med varme og kalde rettar + dessert og kaffi. Så fekk vi trekke oss tilbake til eit rom i andre etasje, der vi etter kvart fekk servert kaffi til dei medbrakte kakene våre. Som alltid vart det meir enn nok kaker, så no er det berre å varskue litt på førehand, så stiller eg med kaker frå frysaren.
Nabo Torbjørn heldt ei koselig tale om godt naboskap, noko som passa bra etter som dei fleste gjestane var eller har vore naboar. Ingeborg song ein sjølvlaga song til ære for mormora si og Eirik spela gitar til.Gløymde å be om å få eit "avtrykk " av teksten sidan eg høyrer litt dårlig og sikkert ikkje fekk med meg alt. Amanda spela klokkereint på kornett og saman med Erlend heldt ho også ei lita tale. Olaug var ikkje frisk, hadde vodt i halsen og sat godt påkledd. Elles hadde vel ho tatt eit nummer på klarinetten sin.
Eg vil takke alle som gjorde dette til ein minnerik dag; både gjestane og dei som elles sende blomster,gåver og helsingar. Smykket som de ser på bildet, fekk eg av dei tre barna våre.Det passar til alle slags fargar klede.




Vermelding 28.mars 2010.



Klokka er 12.00,temperaturen + 4grader. Det er overskya, skodde og regn. Med andre ord ein perfekt dag til å vere inne. Vi står på farten og skal feire dagen på Søbø.

lørdag, mars 27, 2010

Vermelding 27.mars 2010.

Dette bildet er tatt klokka 12.00. Då vi stod opp i dag var det tjukk skodde heilt ned, men no er den nesten vekke. Det er berre lette skyer på himmelen, og sola er framme for det meste. Temperaturen er + 9 grader.
Nils er ein tur nedover og handlar, eg har gjort nokre førebuingar til morgondagen og vaska klede. Ja, det siste gjer no maskina, men eg tørkar dei ute så sant eg kan. Eg ELSKAR steinharde haddukar!! Det er SANT.
Så vil eg nytte høvet til å ønske alle blogglesarane mine: God påske.
SSå vil eg nytte høvet til å ønske alle blogglesarane mine:å vil eg nytte høvet til å ønske alle blogglesarane mine:GOD PÅSKE

fredag, mars 26, 2010

Vermelding 26.mars 2010.

Klokka er13.15. Temperaturen er + 7 grader,og det er overskya, skodde  og regn.
Ja, alt er ein overgang, men vi var bra bortskjemt med sol. Ein einaste dag har eg lagt ute på solsenga til denne tid, men som de ser står den klar til neste solskinnsdag.Verandamøblane står ute heile vinteren og ser ut deretter.
Vi kom nettopp att frå Volda, der eg har vore og fått sprøyter som skal gjere meg sprek til helga, men så langt er eg berre verre, og det var med nød og neppe eg halta ein runde på Amfi.
På heimvegen såg vi att ein av hjortane vi såg tidlegare i veka på same staden.

torsdag, mars 25, 2010

Bok nr.18 - 2010: Vidunderbarn

Det er Finn som er forteljaren i boka. Han er ein intelligent og moden gut som bur i lag med mor si i harmonisk tosamheit i ein drabantby til Oslo. Det heile startar som ein klisjé, og eg er frista til å legge boka frå meg, for dette livet i drabantbyen er eg altfor godt kjend med frå litteraturen.Men så tek det av, og gjennom heile boka har vi ei stigande kurve. Det er rett og slett ei god bok, vel verdt å lese.
De kan lese meir om boka på linken eg har lagt inn, og for all del: Les boka.Den er ikkje nokon murstein, berre 6 CD-plater.
Du kan lese om boka her

Vermelding 25.mars 2010.

Klokka er13.10, temperaturen +12 grader C. Det er overskya, opplett og små streif av sol.
Her i Starevegen gjer folk det dei kan for å bli kvitt snøen.Dei fleste er ute og spadar i dungane og kastar snøen fram i vegen, så han skal tine litt fortare. Eit nokså nyttelaust arbeid, spør du meg.
I dag hadde eg ingen spesielle planar, noko som resulterer i at lite og ingen ting blir gjort.

onsdag, mars 24, 2010

Vermelding 24.mars 2010.

Klokka er 12.30.Temperaturen er + 11grader og sola skin og fuglane syng. Stort finare kan det vel ikkje bli på denne årstida?
Nils har vore og klipt seg, og no driv han og spadar fram diverse buskar og tre, og jobbar med å få snøen til å smelte fortare.
Eg har støvsuga det meste av huset, og så har eg laga ein liten porsjon fiskekaker.
Når eg lagar små porsjonar, brukar eg foodprosessoren, og det går fort og greitt.
Eg synest det er best å lage fiskekaker etter kvart, så slepp ein å fryse dei. Men det er klart at har ein mykje fisk, må ein ta ein liten dugnad.Eg brukar ei heilt vanlig skulekjøkkenoppskrift på fiskekaker, men kunne gått tenkt meg ein variasjon. Så viss nokon har ei fabelaktig oppskrift, så tek eg imot den med takk. Siste par gongane har eg brukt CEMO fiskekrydder i fiskekakene utan at det har skada dei.

tirsdag, mars 23, 2010



Som eit lite apropos til det eg skreiv på Vermeldinga, og for å vise at eg no har fått taket på den nye skanneren ,legg eg dette klippet frå Møre-Nytt inn på bloggen.

Vermelding 23.mars 2010.

Klokka er 14.15 og temperaturen + 6 grader. Det er overskya, skodde og regn. Ikkje yndlingsveret mitt akkurat, men det må vel til. Som de ser av bilda, er det mykje snø som skal tinast.
Sidan Ingeborg fyller 17 år i dag, har eg sjekka dagboka frå 1993. Då fann eg ut at den dagen jenta vart fødd var kveldstemperaturen 0 grader, og det var snø, så det er ikkje noko unormalt med veret for årstida.
I dag har eg vore til frisør, og etterpå var vi på Amfi og kjøpte oss ball(klubb) til middag. Den var ikkje så verst, men den "rabbestappa" ein får ved sidan av, likar eg ikkje. Eg ville heller hatt vanleg (hardkokt) rabbe.For folk som ikkje stø i sunnmørsk er rabbe det samme som kålrabi eller kålrot.
Vi tok ein liten avstikkar på heimvegen, forbi gamle Fonna stadion, og der gikk det fleire hjortar og beitte.Der låg nokre greiner att etter at dei har felt litt skog i samband med lyslinja.Desse dyra har nok hatt ein vanskelig vinter, det har ikkje hendt før at vi har sett hjort heilt ned i byggefeltet.
Nils skal vede i samme området, men der er altfor mykje snø enno.

Gratulerer med dagen, Ingeborg!

I dag fyller den eldste barne-barn-jenta vår 17 år. Då ho kom til verda hadde ho to fetterar på Hareid, og den eine av dei var så utrulig kry av den vesle babyen som arva barnevogna hans. Når vi var ute og trilla, og møtte folk eg kjende, sa han stolt:
" Det er MITT søskenbarn!"
Og vi besteforeldra er også stolte av henne og glad i henne, som vi er i alle barnebarna våre.
Eg har valt eit to år gammalt bilde (frå Solund)  fordi eg ser ein viss symbolikk i det. Ser det ikkje ut som om ho skal flyge av stad? Ho står snart på startstreken til det vaksne livet, men vi er glade så lenge ho ikkje flyg for langt av stad.
Gratulerer så mykje med dagen, og god tur inn i framtida, Ingeborg !

mandag, mars 22, 2010

Popmusikken i 1957

Sidan eitt av barnebarna fyller 17 år i morgon, tenkte eg det kunne vere artig å finne fram melodiane som låg på verdenstoppen i 1957, det året EG fylte 17.
Testa Nils, og han hugsa alle songane godt, og eg trur faktisk at folk som er langt yngre har høyrt desse melodiane.Eg har valt "rette" innspelingane.
Populærmusikken den tida, var typisk dansemusikk.

På topp i 1957

Nr. 2 i 1957

På 3.plass i 1957

Vermelding 22.mars 2010.

Klokka er 12.15, temperaturen er + 8 grader C. Vi har oppdaga at termometeret på kjøkkenveggen er heilt feil, så no les eg av på trappa.Det kan såleis hende at temperaturane eg har referert til før, har vore litt for låge. Det er overskya og meir råkaldt i dag enn i går.
Då låg eg faktisk og sola meg på altanen ei god stund. Ja, det var no ikkje stort meir enn ansiktet som stakk opp frå alle teppa.
Nils held på å gjere seg klar til å fare på sjøen og sette ut snikar. Han vil ikkje fare for langt frå land denne gongen, i tilfelle han må ro inn att.Eg skulle ønske han kom heim med ein fin torsk med lever og rogn, det har vi ikkje hatt på fleire år.
Klokka 17.00:Den heilt store fangsten blei det ikkje, og ikkje torsk, men vi har då middag nokre dagar. I dag skal vi koke oss fersk småsei, det er også god mat!
Han tok ikkje båten med heim i dag, men la den i hamna. Han måtte knuse noko is for å få den på plass.
No er det lettare skydekke enn før i dag, og sola er framme innimellom.

Bok nr.17- 2010: Elskede Sputnik

Denne forfattaren, den japanske Haruki Murakami, er ein av favorittane mine, og opplesaren er eminent.
Dette er ei kort bok, berre 6 CD-ar.
Til tross for at forfattaren er fødd i 1949, skriv han eit ungdommelig språk; det er lett å lese og lett å forstå.
Dette gjeld den ytre handlinga, men når ein etter kvar skjønar at "her ligg det noko meir under", får ein noko å fundere på.Tekstane og forteljingane er ein slags allegoriar, metaforar eller kva ein skal kalle dei, og då blir ikkje alt så enkelt lenger.Men det er sjølvsagt det som gjer desse bøkene hans så interessante.Eg forstår ikkje alt, men det gjer ikkje noko, for så får eg noko å spekulere på før eg ev.les boka ein gong til.
No er det lett å tenkje seg at japansk litteratur er framand og vanskelig, men bøkene til HM kunne like godt vore skrivne av ein europear eller amerikanar.Når han nemner andre forfatterar, komponistar etc. er det slike vi kjenner frå den europeiske kulturen.Viss de stussar over tittelen kan eg opplyse om at ordet Sputnik tyder reisekamerat.Stilen i boka er det ein kallar "magisk realisme"- kanskje favorittsjangeren min?
Har du ikkje lese noko av denne forfattaren før, vil eg råde deg til å prøve. Kafka på stranden er den av bøkene hans eg har likt aller best.
Du kan lese om denne boka mange stader på nettet, mellom anna her

søndag, mars 21, 2010

Vermelding 21.mars 2010.

Klokka er litt over 12. Sola skin frå nesten skyfri himmel. Vi har to termometer som måler utetemperatur, eitt på kjøkkenet og eitt på veggen ved trappa. Det inne viser
+ 4,6 grader og det på trappa + 7 grader, så då kan ein berre velje. Snøen smeltar i alle fall,og det er nydelig å vere ute når ein kan gå ein tur eller styre med noko. Litt for kaldt å sitte rolig i sola. Nils fer no og kakkar på is både her og der, men eg har som vanlig noko å styre med inne.

lørdag, mars 20, 2010

Bok nr.16: Små kriger


Litt historikk: Etter 2.verdskrigen annekterte Storbritannia Kypros som kronkoloni.Frigjeringsrørsla EOKA utførte  aksjonar mot britane i mange år, og det enda med at Kypros vart fritt i 1960.
Bakgrunnen for forteljinga i denne boka er kampane mellom frigjeringsgruppene og britane på 1950-talet.

Hovudpersonane i boka er Hal og Clara. Han gjer teneste i dei britiske styrkane på øya, og etter kvar kjem Clara også til Kypros, med dei små tvillingdøtrene deira, for å bu der, slik som andre britiske soldatfamiliar.
At krig er grufullt veit vi frå før, men det kan også dei små krigane vere. Ordet gerilja betyr eigentleg "liten krig", men om det som skjer mellom britar og kypriotar er gerilja, terror eller sabotasjehandlingar, er ikkje godt å seie. Det minner mykje om det vi ser mange stader i verda i vår tid.
Forfattaren av denne boka har eit godt utgangspunkt i denne historia, der ho mellom anna vil syne kva krigen gjer med menneska utfrå ein psykologisk ståstad. Korleis den utrygge og brutale kvardagen påverkar både soldatar og familie. Det kunne blitt skikkelig bra.
Men det er noko som ikkje stemmer. Boka er på 9 CD-ar, og først ut i plate nr. 6 begynner forteljinga å fenge meg. Det er liksom litt for seint. Der er gode sekvensar innimellom, men så kokar det liksom bort i kålen.Boka er langdryg og kjedelig i periodar og det verste av alt :sentimeltal.
På mange måtar minner boka litt om Øya, der hendingane var interessante nok, men framstillinga for dårlig.
Må enno ein gong påpeike at dette er mi heilt personlige meining, så det kan vere at andre vil like boka betre.For meg er ho det som eg plar kalle "nummeret før ukeblad".

Vermelding 20.mars 2010.

Klokka er 12.00. Temperaturen +5-6 grader C og det regnar. Veret er ikkje spesielt festlig, men snøen tinar i alle fall, og det er det viktigaste akkurat no.

Nils har vore nede og sjekka naboeigedommen, og der var alt i orden.
Elles så driv eg og balar litt med den nye skanneren.Ikkje problem å skanne, men får ikkje til å lagre og bearbeide bilda slik eg gjorde med gamlemaskina. Så no er det like før eg tek fram instruksjonsboka. Det er liksom siste utveg. Hatar bruksanvisningar.Elles trur eg vi held oss stort sett heime i dag. Det er ikkje fiskever ein gong. Men vi har fiskekaker, så vi svelt ikkje!

fredag, mars 19, 2010

Ingar 2 veker gammal.

Bildet har eg kopiert frå Kongsbergbloggen i tilfelle ikkje alle er inne på den.Litt spesielt å ha eit barnebarn som ein ikkje har sett.Dei fleste av barnebarna har vi fått sjå første dag-men det går ikkje med dei som bur såpass langt borte. Ein fin gut er det i alle fall. Heilt objektivt sett også! Gler meg til eg får halde han!

Vermelding 19.mars 2010.

Klokka er ca 14.00. Temperaturen er + 9 grader C og det regnar litt innimellom.
I dag føler eg at våren er på veg, for snøen smeltar om det ikkje går så fort.

Vi har vore ein tur på Amfi og handla. Eg hadde ikkje vore ute for ei dør sidan sist laurdag, så eg følte trang til å treffe litt folk.Dessutan er det artig å sjå kva nytt som kjem i butikkane til vår og påske,sjølv om ein ikkje skal ha noko.På Glassmagasinet hadde dei for eksempel ein ny Ekelund påskeserie i lysegrønt. Den var fin, men eg har meir enn nok av påskeløperar etc.Påska er tross alt ikkje så lang.

I dag er det bestemor på Hildegard sin fødselsdag. Ho vart fødd i Sarpsborg i det herrens år 1878, men familien flytta til Oslo eit par år seinare, så det var der ho vaks opp.Ho levde til ho var 91 år gammal.

torsdag, mars 18, 2010

Vermelding 18.mars 2010.

Klokka 12.30 var temperaturen +5 grader C og det var opplett. Før i dag har det regna ganske mykje.Snøen tinar litt etter litt. Nils har grave fram ei kjeglegran som står på muren oppe ved garasjen,så den fungerer som ein indikator på snødjupna. Som de ser er vegen berr, men kor lenge brøytekantane blir liggande er det ingen som veit.
Nils skal på kommunestyremøte klokka 14.00, og dei møta plar VARE.
Eg har støvsuga i dag, ganske grundig, og det går bra. Verre er det med strikkinga, for no har skuldra slått seg vrang igjen. Men sist gikk det fort over, så det håper eg det skal gjere denne gongen også.Det gjeld berre å halde fingrane vekke frå pinnane.

onsdag, mars 17, 2010

Vermelding 17.mars 2010.

Klokka er 12.25. Temperaturen er + 5 grader C og det regnar. Altså smeltar snøen-i alle fall litt. I dag gikk vi ned under altanen for å ta verbilde, slik at de skal få sjå kor stor snøhaugen er, den som Nils har moka i hop mellom huset og garasjen. Eg lurer vekelig på kva tid den kjem til å smelte ? Dei har vore flinke å pløye vekk sørpa på vegen, så der er det nesten bert. Og Nils held tunet fint. No driv vi og tel på knappane om vi skal ta ein tur på butikken for å komme oss ut gjennom dørene ein tur. I morgon skal Nils på kommunestyremøte.



tirsdag, mars 16, 2010

Vermelding 16.mars 2010.

Klokka er ca 12, og ute snør det. Temperaturen er + 4 grader C.
Nils er ute og mokar, som vanlig, men dette er siste dagen, seier han, for i morgon skal det regne.
Ja, vi får no sjå.
Som de ser på bildet er snøhaugen snart på høgde med altanrekkverket,dvs.ca 3meter eller meir.Og under denne snøen står det tulipanar!

Eg har funne fram dampvaskaren og prøver meg på litt ekstra reingjering innomhus, sidan eg ikkje er særlig kapabel til å spa snø ute.Litt til nytte må ein no vere.

mandag, mars 15, 2010

Bok nr.15 - 2010: Himmelstormeren

Denne dokumentar-romanen er vel verd å lese.Dessverre er eg ikkje heilt fortruleg med den nye skannaren enno, så det blir eit foto av omslaget.
I denne boka blir vi kjende med ein del av Norgeshistoria som var nokså ukjend for meg. Handlinga går føre seg i Kirkenes frå ca 1880 og inn på 1900-talet, der legefrua Ellisif Wessel spelar ei viktig rolle.
Ellisif gifter seg i 1886 med søskenbarnet sitt som er lege, og dei reiser samme året til Kirkenes.Ellisif følgjer med mannen rundt om i heimane og har alltid ei hjelpande hand til dei som treng det. Og det er mange, for folk er fattigare og sjukare i denne delen av landet enn andre stader.
Då det vert sett i gang gruvedrift, står Ellisif på dei underbetalte arbeiderane si side,og jobbar for at dei skal organisere seg og kreve sin rett. Ho skriv i aviser, både lokale og riksdekkande, og etter kvart blir ho erklært kommunist,republikanar og motstandar av kyrkja. Ho får mange mot seg og må tole mykje motgang heile sitt liv.
Men ho har også dei som støttar henne, mellom anna diktaren Johan Falkberget.
Ein kan sjå at ho ikkje alltid var like taktisk, men eg kan ikkje seie anna enn at eg må beundre folk som har visjonar og arbeider hardt  for å nå måla sine.
Les om henne på Wikipedia, eg kan ikkje skrive alt her.
Boka vert lesen av forfattaren, noko som eg var skeptisk til i begynnelsen, men det gikk heilt fint. Boka er "lettlesen" , og det er inga sak å henge med.
Kan tenkje meg at særleg den yngste av døtrene mine ville like denne boka.
Sjølv likar eg godt å lese "lærerike" bøker innimellom.


Les om Ellisif Wessel her:






Klokka er 12.30. Temperaturen ca 0 grader C og akkurat no held sola på å bryte seg fram gjennom skylaget. Og mannfolka mokar og mokar- og pratar litt innimellom. 
Vi har hatt ein nydelig vinter, men no er det nok. Meir enn nok. Eg tenkjer på snøklokker og andre vårteikn som er metervis under snøen.
Sjølv hadde eg planar om å bake brød i dag, men manglar både det eine og det andre, så eg må vente til vegen er open.

søndag, mars 14, 2010

Vermelding 14.mars 2010.

Klokka er 13.40.Temperaturen er + 2grader C og det snøar som aldri før.
Nils har vore ute og moka heile føremiddagen, så han får både mosjon og frisk luft,
i motsetning til meg som går inne på kjøkkenet og rotar.
I går kveld laga eg fiskekaker, og det blir vel eitt eller anna av sei i dag også, når vi kjem så langt. Vi hadde litt fiske-abstinens, så vi et gjerne sei-rettar tre dagar på rad. Utan problem.

lørdag, mars 13, 2010

Vermelding 13.mars 2010.

Klokka er 11.00, temperaturen er + 2 grader, det snøar, men sola held på å kome fram over Melshornet.
Som de ser av bildet er Nils i ferd med å tømme båten for snø.

Viss de ser veldig godt etter, vil de kjenne att vottane som eg strikka til han i fjor. Det er dei beste vottane som finst, seier han.Hua har eg også strikka og tova. Den er strikka i Rauma Finullgarn.For mange år sidan strikka eg fleire slike huer, men veit ikkje kvar eg har gjort av oppskrifta.
Eg er ikkje så sprek å gå etc. for tida, men må nok ein tur nedover i dag, blant anna må eg innom biblioteket for meir lesestoff. MÅ ha lydbok på øyret når eg skal sove.
Vil ønske alle lesarane ei god helg!

fredag, mars 12, 2010

Vermelding 12.mars 2010.

Klokka er ca 12.00. Ute er det lette snøbyger;vinteren vil ikkje sleppe taket , ser det ut til.
Temperaturen er +2-3 grader.
Nils har brukt mykje av føremiddagen til å reparere båtmotoren. Som tidlegare maskinist stiller han ikkje heilt blankt.Han har litt vondt i ein fot etter ro-turen i går, men elles har han ikkje noko mein.

Eg har brukt tid på å legge inn eit gratis antivirus-program frå Sparebank 1.Cecilie la det inn på den stasjonære, men eg ville ha det på laptoppen også. La meg seie det slik: Det hadde lønt seg tidsmessig å lese instruksjonane i staden for berre å trykke vilt.Det var eigentlig veldig enkelt.

Guten har fått namn.


Dette bildet er tatt i dag. Han ser kanskje litt gul ut, men det er ikkje noko som feilar.(Det er vel heller noko som har med fotoapparatet å gjere).Han er ein snill og fredelig gut, så langt, og no har han fått namnet Ingar.Han er ikkje oppkalla etter nokon, og han får eit namn som ikkje heng på alle. Namnet skal bety noko slikt som "Han som vernar guden Ing"- eller noko i den dur. Det er i alle fall eit norsk namn, og vi likar det.

torsdag, mars 11, 2010

Vermelding 11.mars 2010.

Klokka er 12.30, temperaturen 3-4 varmegrader og det regnar. Til tross for det nokså trasige veret, var det ikkje mulig for fiskaren å halde seg heime lenger. No er han på veg til Rjåneshamna for å sette ut båten, og kanskje komme heim med fersk fisk.
Vi har tom frysar og bra er det, så slepp vi å ete på gammal fisk, men eg må innrømme at å finne på noko til middag sju dagar i veka er ikkje lett utan ein har fisken å ta til.
Sjølv har eg ikkje vore så heilt i form sidan fallet, så eg får ikkje gjort så mykje som eg gjerne ville, og i dette veret vert eg berre verre.Reknar med at eg skal greie å støvsuge om ikkje anna.
Snø har vi enno i store mengder, og i går begynte Nils å grave fram nokre tre i hagen-det er ikkje nokn lett jobb.

Klokka 15: Nils ringde frå båten. Han hadde fått motorstopp og var i ferd med å ro til lands. Det var stilt og fint ver,men båten er tung å ro.................
Han hadde fått fleire fine seiar, så no blir det i alle fall mat å få, om det tek litt tid.

Klokka 16.45: Fiskaren er heime i god behold, berre litt sveitt.Ikkje rart for det var litt av ein rotur frå Yksnøya til Rjåneset, ein time med effektiv roing av relativ tung båt. Han har båten med heim.

Klokka 21.00: No har vi ete oss godt mette på fersk, kokt sei, poteter og guløter.
Verdens nest beste mat.

onsdag, mars 10, 2010

Vermelding 10.mars 2010.

Klokka er ca 12.00.Temperaturen er + 3 grader og det er opplett. Snøen tinar, men fort går det ikkje. Vi treng sol og varme vindar!
Båten står framleis på tunet, klar til utfart så snart hamna på Rjåneset vert isfri.
I mellomtida skal Nils få vere med ein kamerat ut og fiske, kanskje alt i morgon?
Derfor må eg ha meg ein tur på butikken i dag, sjølv om ikkje forma er på topp.

tirsdag, mars 09, 2010

Bok nr.14- 2010:Saman er ein mindre åleine.

Ei fransk bok. Omsett til nynorsk, og lesen på ei slags Hordalandsdialekt. Funkar det?
Faktisk funkar det veldig bra slik eg ser det.Dei mjuke, rullande skarre-r-ane er som om dei kjem direkte frå Paris, og det er ikkje lenge før ein opplever det som om språket er fransk det også.
Franske bøker er ikkje som andre bøker, det har eg sagt før, og det står eg ved.Franskmenn må vere meir opptekne av kunst og kultur enn andre folkeslag. Og av mat.Dessutan er dei klassemedvitne, det er viktig kva klasse du kjem frå, om du kjem frå overklassen, borgarskapet eller arbeiderklassen.Pengar betyr ikkje alt, det viktigaste er om du har "dannelse" og utdanning.Kanskje er dei det vi ville kalt åndssnobbar?
Men det er ikkje det denne boka handlar om. Den handlar mest om menneskelige relasjonar. Menneska treng kvarandre og det er viktig med ei hjelpande hand, så ein ikkje går under.Her møter vi ei handfull menneske som livet ikkje har fare så pent med.Den eine rekkjer ut ei hjelpande hand og set i gang ein kjedereaksjon.Det er på mange måtar ei aldeles nydelig bok, som det var ei kvild og ei glede å lese til avveksling frå alle krimbøkene.
Og så gjer forfattaren det meisterstykke det er å ikkje hamne ut i sentimentaliteten.
Må innrømme at eg kom til å tenkje på både Les Miserables og Frendelaus undervegs.
Og slutten er veldig "fransk" slik eg ser det.
Eg har lese ei bok før av denne forfattaren, den var heilt eminent. Eg elska ho, heitte den. 
Eg veit ikkje om det går an å seie det så kategorisk,men dette er vel ei bok som fengjer kvinner meir enn menn?

Vermelding 9.mars 2010.

Klokka er 13.30. Temperaturen er ca + 3 grader C og det snøar, eller rettare sagt sluddar.
No har vi slikt ver som vi plar ha om vinteren, det er berre det at no vil vi helst ha vår. Snøklokkene som plar blomstre på denne tida, ligg under 3 meter tung snø, minst.
Nils har gått på eit møte, trudde han skulle sleppe å vere på desse møta no når han var komen på plass som 3.vara, men nei.
Eg styrer litt i huset, som vanlig, men har ein lei tendens til å hamne attmed datamaskina.Måtte dessutan gi bloggen eit litt optimistisk løft i fargar og motiv. Det går mot påske !
Reknar med at lesarane mine har begynt å gå lei av bilda mine frå altanen for lenge sidan - det har faktisk eg også! Men akkurat i dag kjem eg meg ikkje lenger.......

mandag, mars 08, 2010

Vermelding 8.mars 2010.

Klokka er 13.20, temperaturen er + 5 grader C og det regnar.Det er vel dette som må til for å få bort snøen, men trivelig er det ikkje.Og uansett blir det lenge før våre snøklokker kjem fram.

I dag på kvinnedagen har besten av-isa ein frysar, mens eg har laga eit par kaker -som skal frysast.Noko feiring av kvinnedagen blir det ikkje her i huset, men eg let tankane gå til kvinner rundt om i verda som ikkje er så priviligerte som eg.
Elles har no Nils hatt tid å skumme VG og fått vite kva Yssen meiner om kvinnerolla.
Les her

søndag, mars 07, 2010

Vermelding 7.mars 2010.

Klokka er 12.15, temperaturen er 3-4 varmegrader.Det er overskya, men opplett.
Det er ikkje noko særlig fart i snøsmeltinga.Nedanfor huset har Nils hatt litt mold på snøen i håp om at den skal tine til leigebuaren kjem att frå Brasil.
Elles har han gått tur med "gamlingane" fram i Nupen, mens eg har laga hjortegryte, strikka og høyrt radio.

lørdag, mars 06, 2010

Vermelding 6.mars 2010.

Klokka er 13.00. temperaturen er + 4 grader og snøen smeltar på altanen.
Det er overskya, men opplett, og sola er ikkje langt borte.
Etter verdens nydeligaste vinter, lengtar vi tross alt mot vår. Som de ser står "solstolen" klar til å takast i bruk, så snart ver og temperatur tillet det.
Nils er i Vik og sender pakke til Kongsberg, mens eg har vaska og rydda i kjøleskapet.Kan ikkje fare og reke støtt, heller.

fredag, mars 05, 2010

Klokka er 12.15. Temperaturen er minus 2,5 grader C. Det har snøa ein god del i natt, men no held sola på og skal bryte gjennom.
Viss nokon lurer på KOR mykje snø vi har, kan eg opplyse at her på Vallabøen hos oss er det ca 1,60 m på flat mark.

Vi har besøk av kusina til Nils idag, men ho skal reise vidare om ei stund.
I dag kan vi gratulere Tone på Hardbakke med dagen.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...