mandag, desember 31, 2007

Godt nytt år -2008 !





Med dette vil eg ønske alle som les bloggen min alt godt i det nye året.Vil takke for all kontakt vi har hatt sidan eg begynte med bloggen i sommar ein gong.Det har vore kjekt!!!

Jula har vore litt laber her i huset i år i og med at vi har vore sjuke begge to, men det er no slikt som kjem seg, får vi tru. I dag har vi eit nydelig ver her, men kunne kanskje ønske oss litt meir snø.Nyttårsafta feirer vi to-eine, men skal no kose oss etter beste evne. Appetitten misser vi ikkje same kor sløve vi elles er. I kveld skal vi ha svineribbe, det er blitt tradisjon her. Julafta har vi pinnekjøtt.

Begge bilda er tekne frå altanen presis klokka 12.00. At Melshornet er så mørkt kjem av at eg har "sikta" på himmelen.

torsdag, desember 27, 2007

Juleløper


Romjulshelsing.

Ute er det ikkje den heilt store julestemninga, regnet ausar ned og det vert nok ikkje lyst i dag. Jula i år er eit døme på at det ikkje alltid går som planlagt. Eigentleg skulle vi ha samla heile familien i går, men Nils har hatt influensa heile jula, og eg ventar framleis på at ein dag skal vakne opp med same symptomane.Så no vil Solveig "samle" oss på sundag, så får dei kome dei som er friske.Vi bur så nær kvarandre at det er ikkje den store tragedien om vi måtte avlyse.Vi har no kosa oss på vår måte med TV, bøker etc.
Fotoapparatet som vi kjøpte i fjor til jul er ikkje godt, så vi lyt nok sjå oss om etter eit anna.

Det er slik med jula at då tek ein fram mange ting som vekkjer minne.Den raude juleløparen broderte EG til mamma jula 1960.Då gikk eg første året på lærarskulen . Vi budde 4 jenter på kvar sin hybel i eit gammalt hus i Volda. Om kveldane sat vi og skravla og broderte; det resulterte i denne løparen som eg fekk att etter at mamma var død.Når eg tek den fram og pyntar til jul,tenkjer eg tilbake på desse kveldane og dei tre veninnene som eg ikkje lenger har kontakt med.Og eg har ikkje brodert noko sidan!!!!
Den grå linløparen fekk eg ein gong med tante Eldbjørg som var systra til pappa -årstalet hugsar eg ikkje.Den er så nydelig brodert og eg er så glad i denne løparen, som ligg på spisebordet heile jula.
Håper det står bra til med blogglesarane mine. Enno er det mange dagar att av juleferien!Så de får ha fortsatt GOD JUL!



søndag, desember 23, 2007

Vesle-julafta på Bjørnaset.

På Bjørnaset brukar dei å ete risgraut på vesle-julafta, slik også i år. Ungane er glade i graut og spenninga er stor: Kven finn mandelen i år.
Skal eg røpe det? Det var mamma Margrete! Ho påstår sjølv at ho ikkje har juksa! Så då får vi tru henne.









Jul utan stress.


I år har vi kava oss veldig lite opp med juleførebuingar, derfor er det mykje som er ugjort. Det gjer ingen ting. Vi har det bra likevel.
På bildet ser de førebuingane som Nissefar har gjort til jul! Det vesle plasttreet blei kjøpt for to år sidan, og vart også brukt i fjor. Det tek ingen plass i stova, noko som kjem vel med når alle samlast. Korleis det går med samlinga er heller uvisst, for Nissefar har influensa og eg kjenner ein mystisk svie i halsen. Godt vi ikkje hadde lagt store planar. Det er ikkje farlig å vere småsjuk når ein berre har seg sjølv å ta omsyn til.Vi kosar oss med god varme i omnen, god mat og gode program på TV, får vi håpe. Solveig og Margrete m/fam. feirer jul heime med seg sjølve, men Rasmus og hans fam.feirer hos svigerforeldra som også bur i Kongsberg. Alle har det bra!
Og det er det viktigaste.No vil eg ønske alle blogglesarane mine ei god jul!
Peace and love !!!

onsdag, desember 19, 2007

...og vi tenner våre lykter.......


Har gått og sett på nokre store, fine smijernslykter til å ha ståande på trappa. Men i dag då vi skulle kjøpe, var dei utselde på alle butikkar! Det vart til at vi kjøpte denne vesle til å henge opp. Det som er dumt er at det er raudt glas i den, så det er så vidt vi ser lyset. Vi får sjå om vi kan gjere ein vri? Kan i alle fall prøve med eit større lys!
Moralen er: Er det noko ein vil ha, bør ein kjøpe det STRAKS i staden for å vente.

tirsdag, desember 18, 2007

Adventstid

I går kveld var vi på førjulsfest på Folkestad skule,der tre av barnebarna går. Det er nemleg ein kombinert barne-og ungdomsskule. Passelig stor/ liten så alle borna og foreldra kjenner kvarandre. Vi var i lag med dei andre besteforeldra som kom frå Volda.Der var ein god del program. Alle fekk vere med, meir eller mindre. "Våre" hevda seg bra. Ingeborg var programleiar i lag med ein gut, Eirik song solo, og dansa hip-hop i lag med nokre andre nissegutar. Og så hadde Ingeborg koreografert ein dans som ho og Amanda dansa! Dei skulle forestille å vere englar; Ingeborg var kledd i sølv frå topp til tå og Amanda var i kvitt. Vi tykte dei var VELDIG flinke, men vi er vel ikkje heilt å stole på? Elles brukar eg å hevde at det er lov for besteforeldre å skryte heilt UHEMMA !
Men den som fekk tårene fram i augnekroken var helst ei lita jente som kom frå Filippinane for ikkje lenge sidan. Ho sang ein julesong på engelsk med mange vers heilt åleine, utan musikk til.Ho song fint! Og var så nydelig i lang raud kjole.
Etter programmet var det "mat på far" og kaffi.
Dessutan samla dei inn pengar til ein skule/ barneheim i Afrika som dei har kontakt med.
Ei av lærarane har besøkt prosjektet fleire gonger og går god for at kvar krone kjem fram dit ho skal. Men det er eit nesten håplaust arbeid, for det kjem stadig nye barn som har mist foreldra ----dei er oftast døde av AIDS.
På ein stor skjerm viste dei bilde frå denne barneheimen mens vi drakk kaffi og prata. Vi hadde sikkert godt a å bli minte om at ikkje alle har det så bra som vi.Håper dei fekk inn ein slump pengar slik at også desse barna kan få det bra i jula.
Synest det er bra med slike småprosjekt, der ein har ei viss oversikt over kva som skjer.
Det er synd eg ikkje kan legge inn bilde frå festen.Sat for langt frå scena, så bilda eg tok vart heilt ubrukelige.Kanskje andre har nokre som er betre?

lørdag, desember 15, 2007

Bra krim !

Lydbøker og strikketøy er ein fin kombinasjon!

Ørsta bibliotek

I dag skal eg ein tur på biblioteket. Sende dei ein mail for eit par vekes tid sidan, der eg bad dei om å kjøpe inn Drageløperen og Tusen strålende soler på CD. For eit par dagar sidan ringde biblioteksjefen til meg, og sa at no var den første av desse komne, og ho hadde lagt den til side til meg. Den andre kjem nok seinare. Dei er veldig hjelpsomme når det gjeld å skaffe det eg spør etter, så i dag skal eg innom med ei konfekteske, hente Drageløperen og ønske dei God jul.
Sist eg var der fann eg to nye lydbøker .Det var krim! Av ein norsk forfattar som heiter Jan Mehlum. Eg har ikkje lese noko av han før, men han er BRA!!!!!!

torsdag, desember 13, 2007

Ny maskin i arbeid


I går fekk vi att bilen og for på El-kjøpfor å kjøpe ny oppvaskmaskin. Trefte på ein ekspeditør vi kjende, og han anbefalte varmt ei AEG-maskin i høvelig prisklasse, ca 4000kroner. Vi bestemte oss for den, men så hadde dei den ikkje på lager, og utstillingsmaskina var også seld.
Då dei ikkje kunne skaffe ei ny før om ei veke, sa eg berre at då fekk vi fare til Volda og sjå om dei hadde der."Er det inga anna maskin de kan tenkje dykk?", spude dei. Eg var i passelig krigshumør og peika ut ei som såg bra ut. "Ja, viss vi får denne til samme pris...........", sa eg litt nølande. Den tykte dei var vel dryg, men etter å ha konferert seg imellom og med sjefen, sa dei OK! Prisdifferansen var 1500 kroner.
Men no er eg litt i tvil! Har eg spart 1500 kroner, eller har eg ikkje ?
Pytt! Det viktigaste er at maskina funkar!

tirsdag, desember 11, 2007

Melshornet i dag klokka 16.00


Kvar gong Solveig er inne med bilde av Hareids-Melshornet, må eg komme med vårt. For dei med særs godt syn, vil eg gjere merksam på den lysande skrifta nokså langt nede i fjellsida. Vi med meir normalt syn, kan no forstørre bildet.

mandag, desember 10, 2007

Krumkaker

I dag har eg steikt to porsjonar med krumkaker, ein til Margrete og ein til oss. Har brukt same oppskrifta i alle år(Den med "eggenes vekt")-og alltid vart dei vellykka. Inntil for to år sidan. Det er dei verste krumkaker eg nokon gong har sett eller smakt. Seige som bukkeskinn! Eg lova meg sjølv at eg aldri meir skulle lage slike kaker. Men så gikk det eit år og eg begynte å tenkje på at mamma alltid laga krumkaker med potetmjøl i, då vart dei liksom "sterkare". Eg fann ei oppskrift og det gjekk fint. Brukte den oppskrifta i år også.
Men kva gjer ein med julekaker som er mislykka eller av ein eller annan grunn ikkje vert etne????
Jau, det lærte eg av ei gammal kollega-veninne: Ein har dei i brøddeigen!!! Kjempelurt! For der er mykje godt i kakene!

søndag, desember 09, 2007

Den gamle skal ut.


Gler meg til å få ny maskin. Godt den gikk no, og ikkje midt i juleoppvasken.

2.søndag i advent. Frustrasjonar.

I går hadde eg planlagt å bake 2 stk. Tosca-kaker.Enkelt, tenkte eg. Har gjort det før.Rett etter frokost, mens Nils gjekk tur med kameratane, sette eg med attmed kjøkkenbordet og skolda og strimla rikelig med mandlar. På øyret hadde eg Nicolai Cleve Broch som las Det annet kinn av Jan Mehlum, ei ganske morsom krimbok, så eg kjeda meg ikkje. Tvert imot gikk tida fort og eg merka ikkje at eg sat i ro altfor lenge, noko som er forferdelig gale for hofta mi. Då Nils kom heim, vaska og av-isa vi fryseskapet i kjellaren. Det vart litt for mykje bøy og tøy for meg, så etterpå var eg heilt konk både i rygg og hofte, så eg måtte ta smertestillande og legge meg på sofaen. Kreka meg opp att etter ei stund og laga dei to kakene, som såg heilt begredelige ut! Håpar dei smakar betre enn dei ser ut! Så laga eg middag, vi åt, sette på oppvaskmaskina, og freden senka seg framfor TV-en. Heilt til vi oppdaga at oppvaskmaskina hadde stoppa midt i vaskinga og absolutt ikkje VILLE meir. No har ho vore dårlig sidan august, men vi hadde bestemt at ho skulle få stå så lenge ho gjorde jobben.........I morgon må vi vel sjå til å få kjøpt ny.Det er berre det at bilen skal settast inn på verkstad i kveld og stå der i to dagar. Og El-kjøp har flytta frå butikken attmed bilverkstaden og bort til flyplassen.Så vi må nok fri til naboane.No har Nils tømt maskina med slage og fått den ut. Eg har vaska opp og fått på plass det som var inni.Så det ordnar seg litt etter kvart.

onsdag, desember 05, 2007

Smile-bilde.

I dag har vi hatt besøk av Margrete og tre av borna
(Eirik var på skulen). Ingeborg fekk endelig ta strengen av tennene sine, og var så fornøgd med det!
Det vart nesten konkurranse om kven som kunne smile vakrast!



tirsdag, desember 04, 2007

Brasiliansk fruktkake


No er den første kaka ferdig. Det blir ei til litt seinare.

Julebakst

La det vere sagt med ein gong: Eg likar ikkje å bake! Særleg ikkje småkaker! Lykka er at eg likar ikkje så godt å ete dei heller, og Nils BØR ikkje ete søtt. Men i dag har eg teke fram favorittoppskrifta mi og lagar to Brasiliansk fruktkake. Lettvintare oppskrift finst ikkje, og den er god! Har fått den med ei veninne og lagar minst to til kvar jul.Fin å gi bort i presang også ! Til folk som har alt, med unntak av god tid ?
Her kjem oppskrifta:

1. Bland i ein bolle:

2 dl kveitemjøl
1,5 dl sukker
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

1/2 kg dadlar (utan stein)
1/2 liter nøttekjernar, mest heile paranøtter
(nydelige
ferdigreinska
paranøtter i posar på Kiwi i år, sikkert andre stader også)

2. Pisk 3 store egg lett og slå over det tørre, bland med f.eks ein slikkepott.

3. Steik i rund form 24-26 cm i vel ein time. Teperatur 150 grader

-----------------------------------------------------------------------------------------
Kommentarar:
Du skal ikkje dele opp verken frukt eller nøtter, men ha dei heile i deigen.
Når kaka er ferdig bør den pakkast inn i folie eller leggast i tett boks til modning før ein et den, eller ev. frys den.
Kaka skal skjerast i tynne stykke med kvass kniv.

Eg brukar å bytte ut litt av dadlane med tørka aprikos, det blir friskare. Elles kan ein variere både tørka frukt og nøtter i det uendelige berre ein passar på at mål og vekt stemmer.
Eg har brukt ferdige blandingar frå diverse posar t.d. "Man tager hva man haver".
NB: Paranøttene er eit must.

mandag, desember 03, 2007

Julenissane er komne på Kongsberg.

Fekk koselige julenissebilde av gutane på Kongsberg i går.Som de ser har dei fått på seg nissehuene alt. Eg strikka i si tid fleire av denne typen, i Babyull eller Sisu- hugsar ikkje heilt. Dei fleste av barnebarna har vel vokse frå sine no. V har arva farfar si, og den er vel i største laget enno.
Elles har eg baka Ingers brød i dag, så det held til over jul.Det er julebaksten så langt. Ikkje sikkert eg kjem stort lenger heller. Har fått småkaker med dei på Bjørnaset, Ingeborg var med og selde til inntekt for Polen-tur som klassa hennar skal vere med på - til våren trur eg.

søndag, desember 02, 2007

1. sundag i advent


No er Bjørnaset-ungane på veg heim. Nils køyrer dei over med ferja. Det var kjekt å ha dei her. I går hadde vi ein artig dag. Var på kjøpesenteret og på basar på Kulturhuset.Det var revmatikarane som hadde utlodning, og så var det underhaldning ved Halkjelsvika spelemannslag. Det siste var grunnen til at vi møtte opp, så fekk ungane sjå farfaren i aksjon på scena med gitaren sin.Dessverre hadde vi lite kontantar med oss, så vi kjøpte berre tombolalodd. Pengar til kaffi,saft og kaker fekk vi låne med Ingeborg. Det var mykje folk ute, men ingen nissar så vidt vi kunne sjå. Ungane fekk velje middag, og det vart Taco. Er ikje sikker på om det fall i smak hos dei yngste? Det vart mykje TV- titting sidan den nye barnekanalen opna i går. I dag er det julegrantenning på Straumshamn. Vi har brukt å vere der somme år, men i år høver det ikkje slik.Det er 1000 ting som skjer på denne tida av året, konsertar, basarar, juleavslutningar etc.etc. Så det er nok å gå på for dei som vil og kan.

Har så vidt begynt å pynte litt til advent, men ungane sov så godt og lenge at føremiddagen forsvann!!Erlend har ikkje overnatta her ofte, så han tykte det var stas å ligge i barnesenga som ein gong var tante S si.Bildet er frå første legging.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...