lørdag, mai 31, 2014

Dagbok 2014: 31.mai

Ikkje så veldig rosa-enno.

Så har vi brukt opp heile mai månad, den kunne gjerne vore dobbelt så lang for oss som er fri.
I dag varte det og rakk til kvelden, nesten, før sola kom fram. Det meste av dagen var skoddegrå og kald. No er det + 13 grader ute, det er lettskya og fint, så vi håper på ein skoddefri morgondag.

Vi var ein tur nedover og handla litt på føremiddagen. Det var stort sett berre mat vi kjøpte. Men sidan eg no visste kva eg ville ha til hagen (i første omgang) reiste vi bort på Plantasjen og kjøpte ein rosa hortensia til å ha på trappa og ei rosa potterose til bedet.
Veit ikkje om eg får lagt inn bilde, for det er berre tull med laptoppen. Eg brukar den stasjonære når eg skriv.
Etter at vi hadde handla åt vi litt lunsj før vi tok ei kvilestund på sofaen. Eg har begynt å lese på ei bok av Kim Leine som heiter "Valdemarsdag", det er ei relativt tynn papirbok, men eg likar ikkje å lese bapirbøker i liggande stilling, så eg høyrde ei stund på "Mordene i Betlehem"- som eg har i lydbokformat.
Litt før klokka 18.00 var vi på plass på Kulturhuset for å oververe ballettshoweet. I dag var det Hip-hop og jazzballett, så det var tøff musikk og fart og fres. Amanda dansar jazzballett, men også Contemporary (samtidsdans) så det blir nytt show om 14  dagar.
Det er artig med desse framsyningane; dei minste er så sjarmerande og dei eldste , som har vore med lengst, er utrulig flinke. Sidan dei er så mange som er med, blir det ikkje så mykje kvar einskild får vere med på. Amanda var berre med på eitt nummer i dag. Men det er kjekt å sjå på dei andre også.
Etterpå var vi til Volda og åt pizza på "Marias"- så no begynner det å bli mykje reking på oss. Vi bestilte to store pizza, det såg litt voldsomt ut, men vi åt opp alt ! Vi var tross alt seks, med smått og stort.

fredag, mai 30, 2014

Dagbok 2014: 30.mai

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er+ 14 grader C, det er god arbeidstemperatur, men ikkje temperatur til altanliv.
Då vi stod opp i dag låg skodda laaaangt nedetter fjellsidene, det er så typisk Ørsta-vêr som det kan bli. Sjølvsagt letta det litt etter kvart, men klokka var minst 14.00 før sola var skikkelig framme.
Nils hadde avtale om å møte ein tidlegare arbeidskamerat på Amfi i dag, så eg fekk ei stund for meg sjølv då eg støvsuga og tørka støv til helga.
Eg hadde ærend på biblioteket i dag også, sidan den førre fangsten var heller minimal. Fann ei lydbok, som eg ikkje har lese, og så tok eg med ei papirbok også,ei av det tynne slaget.
Nils hadde raska med seg laptoppen også og ville på El-kjøp for å høyre kva som feiler den. Den slår seg nemlig av heile tida. Der fann dei sjølvsagt ikkje ut kva som var gale, men jatta med meg når eg meinte at den sikkert var full av støv. No får den stå her og vente på at Rasmus skal kome heim. Eg brukar storemaskina, for det meste, eller eg tek fram nettbrettet.
Eit anna ærend vi hadde i dag, var å kjøpe plantar til hagen, men første måtte vi til Volda og ete Kina-mat. Det er nesten obligatorisk når vi kryssar grensa til nabokommunen. Og vi skulle på plantesenteret i Furene, dvs.Tilseth. "Plantasjen" ligg jo også i Furene, men eg er ikkje alltid like fornøgd med det vi kjøper der.
Men kva skulle vi ha? DET visste ingen av oss, og ikkje fekk vi noka openberring heller der vi gjekk rundt og såg på alle dei vakre plantane. Saka er vel helst at vi ikkje treng så mykje meir enn det vi har.
I dag presterte vi altså å fare på handletur utan å kome heim att med ein einaste ting, anna enn mat i magen. Mens vi likevel var i Volda leita vi opp "parken" på Snippa der Erik spela på onsdag. Jammen var der ein liten lomme mellom to hus. Tøfft.
Vi skulle sole oss på altanen, Nils greidde å ligge avkledd, men eg måtta ha eit pledd over med. Låg der på trass til eg fekk lese ut boka mi.
Etterpå var eg ute i hagen vatna litt, klipte kantar og planta stemorsblomstrane som stod i ei korg på trappa ut i beddet. Og så grov eg ned påskeliljeløkane som var avblomstra for lengst. Så no veit eg kva eg skal kjøpe: Ein fin plante til å ha på trappa. Til så lenge har eg pynta opp med eit par lilla + rosa crox.
Nils har klipt litt plen i dag også.
I morgon kveld er det ballett !

Bok nr.34 -2014: Seks år.

Seks år har gått siden Jake Fisher så Natalie, sitt livs kjærlighet, gifte seg en annen mann. I seks år har han forsøkt å fortrenge sitt knuste hjerte ved å vie seg fullt og helt til karrieren som collegeprofessor. I seks år har han holdt sitt løfte om å holde seg unna Natalie, og samtidig vært hjemsøkt av tanken på hennes liv med sin nye ektemann, Todd.
Men etter seks år har han fremdeles følelser for henne, og da Jake kommer over Todds nekrolog klarer han ikke å holde seg unna begravelsen. Der får han et glimt av Todds kone ? det er bare det at hun ikke er Natalie. Og uansett hvem den sørgende enken er, har hun faktisk vært gift med Todd i mer enn et tiår. Alt Jake trodde han visste om den beste tiden av sitt liv, snus opp ned. Etter hvert som Jake leter etter sannheten, begynner hans perfekte bilde av Natalie å rakne, og han skal komme til å sette sitt eget liv i fare.

Harlan Coben leverer igjen en sjokkerende pageturner som behendig utforsker kraften i forgangen kjærlighet, og hemmelighetene og løgnene en slik kjærlighet kan skjule.
.....................................................................
Denne boka begynte veldig spennande, og eg tenkte mitt: Dette blir vanskelig å følge opp!
Og det blei det. Mange namn å halde orden på vart det etter kvart også. Og når eg ikkje likar så godt opplesaren heller, blei det litt nedtur. Det vat eit voldsomt samansurium av personar og hendingar. Mykje skyting og dreping vart det også. Ærlig talt: Dette var ikkje bra.
No skal eg vere ærlig og innrømme at eg ikkje har vore 100% konsentrert under heile lesinga av dei 7 CD-platene, sidan det meste har blitt komsummert på solseng.Eg skulle sikkert ha lese mykje om att-enda ein gong. Men sant å seie , det er ikkje boka verd.

torsdag, mai 29, 2014

Dagbok 2014: 29.mai


Klokka er 19.00, temperaturen er + 17 grader C, det er fint men litt disig. Ikkje så klårt som det var i dag tidlig då vi stod opp. Men det har vore ein fin dag til tross for at det har vore litt kald vind. Det er det vi kallar "altanvêr", blir det for varmt orkar vi ikkje å vere der ute.
Eg var ikkje god i hofta frå morgonen av, så eg gikk her og småhalta på føremiddagen. Vatna litt i hagen, men gjorde eigentlig ingen ting. Då det lei på fann Nils ut at han ville ha seg ein tur og fiske frå land. I mellomtida laga eg mat. Eg laga "Orientalsk gryte" av ein pakke kjøttdeig og ein pose eg hadde liggande. Tykte ikkje det smakte noko som helst til tross for at eg tilsette løk, kvitløk, paprika og frisk ingefær i tillegg til det som var i posen.Koka ris til. Så laga  eg dessert av rabarbra og svisker, men vi måtte ete den med lettmelk på, ingen fløte i kjøleskapet i dag. det meste av ettermiddagen har eg lege på altanen og lese lydbok. På FB les eg om alt som folk er med på av turar, både på fjell og i fjøre, så eg kjenner meg litt utafor i samanlikninga. Men einkvar får bruke dagane som ein helst vil. Nils brukte ei stund på å sitte i bilen og høyre på Hans Rotmo. Leigebuarane har fått fyr på grillen.

I dag fyller Amanda 14 år; som eg har skrive før er det travle dagar både for mor og barn, så feiringa får vi ta når alt roar seg. Vi plar no oftast feire Amanda og Olaug i lag sidan det berre er 8 dagar immellom fødselsdagane deira.
Gratulerer med dagen, Amanda!

onsdag, mai 28, 2014

Dagbok 2014: 28.mai


Klokka er 19.45. Temperaturen er + 20 grader C og sola skin, som ho har gjort i heile dag. for oss som er fri og kan vere ute er dette bonusdagar!
Etter å laga ferdig ei kake, var vi ein tur på Amfi før middag. men vi var snare å kome oss heim att. Eg styrte litt ute, vatna, klipte kantar etc. og Nils vatna sukkererter etc. Vi åt ein tidlig lunsj som bestod av pølse med brød, og så la eg meg til å lese/sove på altanen, men Nils fann ut han ville gå ein tur i skogen.
Margrete og Erlend kom oppom mens Amanda var på generalprøve til ballettshowet, dei fekk også pølser med brød.
Eirik og "Lommerosk" skulle spele i ein nyopna park i Volda i dag klokka 17.00, men sidan Nils skulle på fotballkamp same staden klokka 18.30, høvde det litt dårlig. Han hadde avtalt med Hareidsgjengen for lenge sidan, Håkon skulle spele. Sidan eg har null interesse for fotball vart eg att heime. La meg ut att på altanen for å sole meg, men fann ut at eg måtte moppe over eit par golv til helga. Det blir fort mykje rusk inne når ein går så mykje ut og inn. Vêrmeldingane er gode langt framover , så det ser ut til at vi får ein fin forsommar i alle fall. Heilt OK for pensjonistar, og så får vi håpe det blir bra i fellesferien også.
I morgon fyller Amanda 14 år, men vi har utsett feiringa sidan det er så mykje anna som skjer for tida. Det er fire i familien som fyller år i juni, så vi får ta eit oppsamlingsheat.
Nils har stor tru på jordbærdyrkinga i år. Plantane ser fine og friske ut.
Ballblomen blomstrar.
Og vi kan nyte synet og lukta av naboens syrin.

tirsdag, mai 27, 2014

Dagbok 2014: 27.mai

Klokka er snart 20.00. Sola skin ute, og det har ho gjort i heile dag. Temperaturen er + 19 grader C.
I dag var eg flittig før middag og lat etter middag.
Starta dagen med å lage fiskekaker, ingen stor porsjon, berre 36 kaker. Det var dei to lyrane frå i går som gjekk med. Etterpå laga eg ei kake, før eg tok ein kjempeoppvask og rydda opp etter meg.
Vi var ein liten tur nedover, eg måtte innom biblio og finne meg ei ny bok og så skulle eg ha litt på matbutikken.
Vi tok oss ei brødskive, og så la vi oss ut på altanen og sola oss.Nil stod opp først og begynte å klippe plenen. Nan klipper litt kvar dag, så blir det ikkje så travelt.
Til middag blei det fiskekaker, og etter vi hadde ete, shina eg opp kjøkkenet "til helga". Eigentlig skulle eg vore hos frisøren for lengst,det er plagsomt med så mykje sommarhår, men vil vente til eg sluttar å hoste.


Bok nr.33 - 2014: Spis, Elsk, Lev

I Spis elsk lev gir Elizabeth Gilbert deg inspirasjon til å finne lykken, kjærligheten og meningen med livet.

Elizabeth Gilberts liv er tilsynelatende perfekt. Hun er trettito år gammel, hun har en flott mann, et vakkert hjem, en spennende jobb, og nå prøver de å få barn. Men i stedet for å føle seg lykkelig og tilfreds, føler hun angst, sorg og forvirring. Hun vil ikke være gift, hun vil ikke ha noe barn. Hun vil være fri, hun vil finne meningen med livet. Men det som venter er en opprivende skilsmisse, en knusende depresjon og nok et mislykket kjærlighetsforhold før Elizabeth vet hva hun må gjøre. Hun kvitter seg med alle sine eiendeler, sier opp jobben, forlater sine kjære og legger ut på en ettårs reise - helt alene.

I denne boken forteller hun om sitt reiseeventyr. Hun starter med et opphold i Italia hvor hun lærer seg å nyte, snakke italiensk og hvor hun legger på seg de hyggeligste 11 kilo i sitt liv. I India lærer hun å finne sinnsro ved hjelp av en innfødt guru og en overraskende klok mann fra Texas. Til slutt ender hun opp i Indonesia hvor en eldgammel medisinmann lærer henne å finne balansen i livet. Og helt uventet, og når hun minst venter det, møter hun kjærligheten.

.......................................................
Denne boka er ein lettvektar eller "bestseller" om ein vil. Ingen pageturner akkurat, men litt interessant å lese miljøskildringar frå Italia, India og Bali.

mandag, mai 26, 2014

Dagbok 2014: 26.mai

Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 12 grader og skodda heng langt nedetter fjellsidene. Då eg stod opp i dag, var det skodde og vått på gata, men det letta litt utover dagen. heilt fint blei det aldri. Det var greitt å jobbe ute, men for kaldt å sitte i ro; kald vind var det også.
Nils var vekk då eg vakna, men eg visste at han hadde tenkt seg ut og fiske. Etter at eg hadde ete frokost sette eg ein brøddeig, og då kom han att. Han hadde fått ein torsk, ein liten sei og to fine lyrar. Dei to siste skal forvandlast til fiskekaker i løpet av morgondagen. Torsken og den vesle seien vart middag i dag.
Etter at eg hadde fått brøda i omnen, sette vi i gang med å skure og spyle altanen, dvs. den støypte delen på nedsida av huset. Trur den blei bra!
Då brøda var ferdigsteikte sette eg i gang med hagearbeid, mens Nils fekk seg ei kvilestund. Eg rydda alle bedda, klipte kantar osv. Det var kjekt å ha noko å gjere ute.
Etter at vi hadde ete middag blei det lydbok og strikketøy for mitt vedkomande. No er eg snart ferdig med boka eg held på med, så i morgon må eg ein tur på biblio igjen.
Eg var spent på korleis det skulle bli med hofta mi etter turen i går, men det har gått heilt fint.. Litt kjenner eg, men ikkje noko å klage over.
Elles prøver eg å følge med i lærar-forhandlingane, men er sikkert ikkje nok informert. Om det ikkje angår meg lenger, så har eg tross alt mange familiemedlemmer som jobbar i skulen.
Wenche og Rasmus har sikkert ei oppleving for livet i dag; dei er på Rolling Stones-konsert i Oslo.

søndag, mai 25, 2014

Dagbok 2014: 25.mai

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er om lag +15 grader C, det er sol, men litt skodde i lufta. Litt vind er det også. Då vi stod opp i dag var det skodde heilt ned, det er typisk her i Ørsta, morgonskodde som ligg nesten til kveld.
I dag hadde vi tenkt å gå berre ein bitte liten tur, sidan helsa ikkje er heilt på topp. Vi ville gå fram og tilbake langs Hovdevatnet, der som det er flatt. Men då vi kom dit vegen begynte å gå oppover hadde ingen av oss lyst å snu, så vi heldt fram opp til vegvisaren og skreiv oss i boka. I staden for å gå same vegen tilbake gjekk vi over heile Indre-Hovdeåsen dit som vegen går til Aasentunet-eller ned til vatnet. (Vi måtte sjølvsagt tilbake til bilen vår)
På Høgetua fekk vi skrive oss inn i enda ei bok. Eg må berre gi ros til dei som merker og steller desse turvegane. Alle stader der det er vått og gjørmete har dei lagt steinar eller fjøler, slik at ein går tørrskodde. Og kvilebekar har dei sett ut relativt tett. For meg er det utfordrande å gå på desse stigane, sidan der er så mange røter, men det gjekk forbausande bra, så no må eg ha gått inn dei nye brillene. Når ein har relativt sterke progressive briller, kan det vere vanskelig å gå i terreng.
Merkelig nok fekk eg verken hostebyger eller andre plager, så vil tida vise om hofta tålte turen. Hadde vi visst at vi skulle gå så langt hadde vi hatt stavane med oss, det hadde vi forrige sundag. Vi trefte mange folk som vi ikkje kjende, men prata med likevel. Eg måtte tenke på det Monna Tandberg fortalde om Lars Andreas Larssen. Då han fekk Altzheimer snakka han med alle folk anten han kjende dei eller ikkje. Det gjer Nils no, enda han er klår i toppen. Og så har han ei mykje betre evne enn eg til å kjenne att folk og plassere dei der dei høyrer til.
Då vi kom heim laga vi oss middag i ein fart, i dag vart det fiskekaker frå frysaren, med poteter og salat. Så fann eg frosne bær i frysaren, så det vart dessert i dag også.
Etter maten tok eg ein dose hostemedisin og la meg på sofaen for å kvile. Og DÅ kom hosten. Trur eg hosta i ein time, men det må vel til for å bli frisk. Forresten er eg ikkje sjuk lenger-det er berre den hosten.
Bildet er frå Kongsberg, der det er full sommar.

lørdag, mai 24, 2014

Dagbok 2014: 24.mai


 Klokka er ca 19.30, temperaturen ute er + 15 grader og sola skin. Det er nesten klårt, berre ein og annan tåkedott i fjella.
Då eg stod opp for første gong i dag, ca halv seks, var det regn, skodde og grått, og eg ergra meg over at eg ikkje hadde tatt inn klesvasken. Grunnen til at eg stod opp var at eg hosta og hosta og hosta. Tok eit par Paracet og då somna eg att og sov til langt ut på morgonen. Etter å ha vaska håret og prøvd å bli ei betre utgåve av meg sjølv, tok vi ein tur til Vik. Først på Amfi, der eg strena inn på apoteket og kjøpte hostesaft. Etterpå handla vi mat, og så måtte vi ein tur på El-kjøp og hamstre kaffi, både Løfbergs Lila og heile, italienske bønner. Støvsugarposar kjøpte vi også. Bilvarmen fekk meg til å hoste meir og meir, så eg tok fram flaska frå apoteket og tok ein god slurk.
Jammen trur eg medisinen virka, for då vi kom heim vart eg ståande ute og prate med naboen, minst ein halv time-utan å hoste.
Middagen i dag vart enkel, for det var tilbod på Grandiosa på Coop i dag. 30% avslag er ikkje å kimse av. Pizzaen var faktisk god, og med rikelig salat til var det litt sunt også. Dessert hadde vi att frå i går, men no er det snart slutt på rabarbragrøten.
Etter at vi hadde slappa av litt, var vi ute og klipte litt plen; Nils slo bio nede i bakken og eg klipte kantar med den batteridrivne kantklipparen. Tek ein litt og litt blir det ikkje så travelt. No misser vi snart sola her, men den skin vidare på andre sida av fjorden, kleda er tørre og komne på plass i skuffer og skap, så no kan vi ta helg.
Eg måtte ta bilde av Perlebuska, for no er den på det finaste. Det er ein villig sort, og eg trur eg klipte av nye skudd i fjor som var nesten meterlange, derfor er den ikkje så stor. Vi planta den for to år sidan-trur eg.

fredag, mai 23, 2014

Dagbok 2014: 23.mai




Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 17 grader, det er opplett og ganske fint, sjølv om det ikkje er sol.
No har eg vore forkjøla i fire dagar, og er skikkelig lei av å vere "sjuk"; tolmod er ikkje blant mine dyder.Nils for ut på Rjåneset på møte i Småbåtlaget eller kva det no heiter. Eg vurderer å ta ein tur ut i det fine, milde vêret.
Det blir ikkje gjort så mykje for tida. I dag tok eg meg på tak og vaska dusjkabinettet. Det er eigentlig Nils sin jobb, men ikkje det han gjer oftast. No hadde eg kjøpt eit nytt vaskemiddel, "Jif baderom", som eg ville prøve ut. Og sant å seie har kabinettet aldri vore finare, så no får eg vel behalde den jobben sjølv. Vaska golva på bad og kjøkken, og så jobba eg litt ute.
Nils laga middag. I dag hadde vi litt ballj igjen og koka potet og gulrot til, sidan vi hadde mykje kjøt. Mette vart vi i alle fall og måtte ha ein god pause etterpå.
Var ute på føremiddagen og snakka med to av naboane. Den eine har vore forkjøla i eit par veker, den andre i seks. Og eg er lei etter fire dagar! Har fått irriterande kløe i halsen også.
I dag har eg plukka inn rabarbra og laga rabarbragrøt, må unne oss det ein gong i året. Brukar fruktsukker, og så lite som mulig, men for diabetes-pasienten er det vel ikkje lurt å ete for mykje likevel.
Tok ein liten tur rundt Storebakken. Tok bilde av Rhododendron her og der. 
Ønsker alle ei fin helg.

torsdag, mai 22, 2014

Dagbok 2014: 22.mai

Klokka er 19.15, temperaturen ute er +14 grader , det er skodde og litt regn av og til. Eg må sjå ut glaset for å sjå vêret for i dag har eg ikkje vore ute for ei dør.
Eg er ikkje blitt betre av forkjølinga, snarare tvert imot. Naboen, Solveig, har vore forkjøla lenger enn eg , og Solveig på Hareid er også småsjuk. No er det ikkje så farlig om ein pensjonist blir litt utafor nokre dagar, men ein vert litt lei likevel.
Eg sov heldigvis godt sist natt, for det første eg måtte ta tak i etter frokost, var referatskriving. Det gikk litt treigare enn vanlig i dag, og då eg først var komen godt i gang ringde ei veninne og vi prata aldri så lenge, heilt til eg begynte å hoste......
Blei  ferdig med skriveria før lunsj, og så las eg korrektur og sende innlegget til avisa litt seinare. I mellomtida fekk eg støvsuga til helga, mens Nils var på butikken.
Til middag i dag vart det steikt småsei, og appetitten er det ikkje noko i vegen med. Dessverre.
Etter middag låg eg på sofaen og las ferdig boka mi. Så dagen i dag har vore relativt udramatisk, som de forstår.

Bok nr.32 - 2014: Fjellgraven



«Fjellgraven» er tredje bok i serien om den originale kriminalpsykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman, en serie med spennende, stilsikre og intelligente kriminalromaner!
To venninner på fottur i Jämtland gjør et makabert funn. En skjeletthånd kommer til syne ved et elveleie, og det viser seg at skrenten skjuler seks lik - to av dem barn. Rikspolitikommisjonen blir tilkalt og Sebastian Bergman og resten av teamet begir seg til Jämtland. To av likene er et nederlandsk par, de fire andre en ukjent familie som ingen har meldt savnet. Alt tyder på at alle er blitt drept og begravet samtidig. Og hva med den amerikanske kvinnen i leiebil som forsvant på samme tid?
Spørsmålene er mange, det er mye som ikke stemmer. Må etterforskerne gi opp, pakke sammen og reise hjem? Men Sebastian Bergman har ikke tenkt å dra. Han skal finne fjellgravens hemmelighet. Koste hva det koste vil.
....................................................................................................
Eg meiner å ha lese begge dei første bøkene om Sebastian Bergmann, og sett minst ei av dei som TV-produksjon med Rolf Lassgård i hovudrolla. Og sidan bok nr.3 sluttar med ein cliffhanger kjem det sikkert fleire. Denne boka som eg no har lese ferdig, etter å ha spola ein del fram og tilbake, er godt skriven og har eit bra plot. Men når ein les lybbøker er det ein fordel at det ikkje er fullt så mange personar og parallellhandlingar å halde orden på. For heller ikkje denne gongen laga eg meg namneliste, så eg fekk litt problem. No kan det også vere at eg ikkje har vore konsentrert nok.
Så irriterer eg meg alltid litt over denne opplesaren, han skal liksom lese så "naturlig" at han slurvar med uttalen, det er ikkje bra for den som høyrer dårlig. Og kvifor i all verda må han ha tjukk l når handlinga går føre seg i Stockholm ?Gjennom alle dei tre bøkene om Sebastian eg har lese til no, er det privatlivet hans som er den raude tråden i fortellingane. Eg kjem nok til å lese neste bok også.

onsdag, mai 21, 2014

Dagbok 2014: 21.mai

Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 18 grader, og det er stort sett opplett, med nokre regndropar innimellom.
Sist natt vart eg liggande vaken til det leid mot morgon, hadde lydbok på øyret utan at det hjelpte. Grunnane var vel så ymse, blant anna drakk eg kaffi litt seint  på kveld i går, og så var eg forkjøla og elendig. Men eg kom meg på beina i 8-tida og har fullført dagsprogrammet. No kjenner eg at eg er noko utbrukt.
Vi var på Kulturhuset og dekka bord etc. frå klokka 12.00, så var det pause og "pynting" (av meg sjølv) før møtet klokka 16.00. Sidan det var regnfullt og grått, og sidan eg trudde eg måtte kle meg varmt, vart ikkje sommarkleda tekne i bruk i dag. Tok nokre gamle"filler" eg fann i skapet i staden.
Vi hadde kjempeflott program i dag. Alf Vatne song og Svein Kvamsdal spela rolla som Anders Hovden. Eli stilte som fortellar og Elisabeth Stave var pianist. Dette programmet har vore vist i kyrkja før, og somme hadde sett det der, men hadde ingen ting imot å sjå det ein gong til.Svein Kvamsdal imponerte, han er ikkje berre prest, men ein framifrå skodespelar. (Det var han som døypte Eirik.) Eg skal skrive referat frå møtet i morgon, så eg må spare orda til då. Eg synest det er veldig flott at pensjonistlaget kan by på program med så høg kvalitet.
Nils har somna framfor TV-en, han har også oppgåver på møta sidan han er vara i styret. Eg noterer heile tida, så eg får ikkje berre sitte og ta imot. I dag var det litt slitsomt sidan eg var så groggy.
Elles har eg ikkje gjort noko i dag, men reknar med at eg frisknar til etter kvart.
Må vel sjå det fly-programmet i kveld også, trur det skal vere herifrå. Såg det som vart sendt i går, men vart ikkje imponert, så eg håper det blir betre i dag.

tirsdag, mai 20, 2014

Dagbok 2014: 20.mai


 Dette er ein laurbærhegg. Den blomstrar minst to gonger om året. I fjor kutta vi bort ca halve buska, men den veks fort oppatt. Ein hardfør sort- og vintergrøn.

Klokka er 18.40, temperaturen er + 19 grader ,det er lettskya og fint vêr.
I dag vakna eg sår i halsen og tett i nasen. Alle veit om lag kor kjekt det eg, men den første tanken som slo meg var: Takk og pris at eg er pensjonist. Altfor mange gonger har eg gått på jobb i ein liknande forfatning, og det er jammen ikkje mykje kjekt.
Nils skulle feste nokre ledingar til TV- inntaket i kjellarleilegheita, så han styrte med sitt. Eg heiv meg rundt og baka brød og shina opp kjøkkenet. Eg er litt systematisk av meg, så eg har eit vekeprogram når det gjeld husarbeid som eg skal igjennom. Eg er ikkje så nøyen på kva dag eg gjer det eine eller det andre, berre eg kjem rundt i løpet av veka. Det er vel dei gamle "vekeplanane" som ligg i bakhovudet.
Vi åt oss kvar si brødskive av det ferske brødet, og så var vi ein tur nedover. Eg har i lengre tid vore på jakt etter bestesko og i dag bestemte eg meg. Litt mat handla vi også før vi for heim og la oss på solsenga.
Middagen i dag var lettvint, men ikkje lett. Vi varma opp ball frå førre veka, tok den opp av frysaren i går. Den smakte like godt i dag som då den var nylaga.
Nils har klipt litt plen i dag også, men meg har det ikkje vore mykje stas med. Tung i hovudet og slapp i kroppen. Og i morgon er det møte i pensjonistlaget. Må ta meg saman og halde ut, for når eg får skrive referatet har eg "ferie" heilt til september. Litt surt å vere "sjuk" når det er så fint vêr, men det er no eigentlig berre ein bagatell. Ikkje kvart år eg er forkjøla.
Kjenner at eg er tørst etter middagen, så no blir det godt med kaffi.
Desse tulipanane er nye av året, sette løkane sist haust. Eg synest dei er fine.


mandag, mai 19, 2014

Dagbok 2014: 19.mai

Klokka er snart 23-og eg hadde nesten gløymt å skrive blogg. Ute er det no +11 grader C, lettskya og opplett. Før middag var det ganske så varmt og sol, men så kom det vind og litt regn.
I dag har eg gjort ein del husarbeid; Bytta på sengane, vaska golv, vaska klede, stroke klede osb. Ei stund var eg ute i hagen og reinska ugras, og ei stund låg eg på altanen med lydbok.Strikka litt har eg gjort også. Får aldri tid til å kjede meg
Nils var på sjøen åleine i dag. Han fekk nokre små seiar, men ikkje meir enn vi et opp sjølve. Det har ikkje vore så mykje fisk å få i seinare tid. Men vi hadde i alle fall kokt sei til middag i dag, og så får vi steike resten om eit par dagar. Nils var på eit møte i kveld, men eg har ikkje vore andre stader enn heime.

søndag, mai 18, 2014

Dagbok 2014: 18.mai.

Sola er borte her, men skin på andre sida av fjorden.

Klokka er ca 20.00, temperaturen ute er + 21 grader C og det har vore ein strålande dag. Lettskya, mykje sol, og litt vind.
I dag følte vi trang til litt mosjon etter ein stillesittande dag med mykje mat i går. Vi hadde turmålet klart, i dag skulle vi på Ytre-Hovdeåsen. Indre-Hovdeåsen er der Aasentunet ligg, altså åsen mellom E39 og Hovdevatnet. Ytre-Hovdeåsen ligg mellom Hovdevatnet og Ørstafjorden.
Sist vi var der borte såg vi at det var laga bilveg oppå åsen; vi har gått der før, men då var der berre ein stig. Bilvegen er laga på grunn av alt tømmeret som er frakta vekk. Noko tok stormen og la ned, og mykje har dei saga. Hadde aldri trudd der var så mykje granskog. Vi sette ifrå oss bilen i første sving og gikk på beina, og med stavar, så langt som vegen gikk. Tilbaketuren tok vi delvis på ein gammal stig gjennom skogen. Det var ingen lang tur, men vi fekk skrive namna våre på to trimpostar!
Eg hadde ikkje med meg kamera, for når eg skal gå med stavar, har eg nok å bere på.

Då vi kom heim, åt vi litt og så la vi oss ut på altanen til soling. Eg har lege der ganske mykje i dag, og såleis fått lese ut lydboka mi. Innimellom har eg teke inn og hengt ut klesvaskar, det har vore godt tørkevêr i dag.
Eg har problem med begge datamaskinene i dag, så det blir av og til litt dumme feil, og det er ikkje sikker eg oppdagar alle.
Nils snakkar om å prøve å komme seg på sjøen i morgon, og eg har ein del husarbeid å ta fatt på. Det vart mykje slinger i valsen i veka som gjekk. Blir det like fint vêr i morgon, skal eg i alle fall vere mest mulig ute.

Bok nr.31 - 2014: Den 13.disippel



Den 13. disippel
 
Et gravkammer. Et mysterium. En historisk hemmelighet. En ny thriller med Bjørn Beltø i hovedrollen.
KAPERNAUM, 1978: En israelsk arkeolog avdekker en grav fra oldtiden. Samme dag forsvinner han sporløst. Det militære overtar utgravningen og forsegler gravkammeret.
OSLO, 2014: På dødsleiet trygler en kollega av Bjørn Beltø om hjelp. Samtidig blir hennes mann og sønn overfalt av ukjente gjerningsmenn.
LONDON, FIRENZE, JERUSALEM:
Sammen med datteren til den forsvunne arkeologen reiser Bjørn Beltø ut i verden for å komme til bunns i mysteriet. Løsningen er forbløffende - og rystende.
"Tom Egeland er den fremste underholderen i norsk samtidskrim."
Torbjørn Ekelund, Dagbladet
"... en handlingsmettet thriller av høy klasse. (...) Det er herlig forfriskende å lese en spenningsroman som setter de små, grå i aktivitet."
Frid Feyling, VG (terningkast 5)
" 'Den 13. disippel' er trass i en spenningspreget grunnstruktur en relativt stillferdig og tenksom fortelling som gir bredt spillerom både for Egelands velformulerte fabuleringer og betydelige kunnskapsmengde."
Pål Gerhard Olsen, Aftenposten
"Boka er en salig blanding av historisk bakgrunn og frisk diktning. Leseren bør ha internettet for hånden, for å skille fakta fra fiksjon, for dette er en roman som pirrer nysgjerrigheten."
Geir Rakvaag, Dagsavisen

"Forfatteren er kunnskapsrik, og boken er grundig. Samtidig er funnet såpass spesielt at hadde det funnet sted, ville det vært enormt oppsiktsvekkende. Det er et interessant scenario å se for seg. (...) Så ta gjerne turen til Kapernaum med Bjørn Beltø. Det kan fort bli en morsom reise."
Karen Frøsland Nystøyl, Vårt Land

"... beundringsverdig hvordan Tom Egeland atter en gang lar seg drive av sin egen fortellerlyst og får lurt med seg leseren ned i enda et muggent gravkammer."
Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad .  

.....................................................................................
Dei som kjenner forfattaren Tom Egeland, veit at han presentrer ei rekke med teoriar når det gjeld på Bibelen og apokryfiske skrifter. Eg trur ikkje han sjølv heller tek det altfor alvorlig . Det meste er vel konspirasjonsteoriar. Men ganske interessant. Og godt skrive. Boka er godt lesen, og det er ingen problem med å følge med på det som skjer. Eg har brukt relativt lang tid på dei 11 CD- platene, men det kjem av at eg har hatt andre jern i elden.            

lørdag, mai 17, 2014

Dagbok 2014: 17.mai.

Klokka er 22.30, temperaturen ute er + 11 grader C. Det har vore bra vêr i dag, opplett, litt vind og sol innimellom. Eg er glad på vegner av alle barn, musikantar og andre som har feira dagen ute.
Sjølve var vi litt treige med å komme oss i siget i dag, men fann etter kvart ut at vi ville ta turen til Hareid og folkefesten som skulle begynne klokka 17.00. Øystein skulle halde tale, så det var no fristande å vere til stades.
Der var mykje fint program, musikkorps og kammerkor før talen. Øystein apa etter Frank Årebrot som beretta 200 års historie på 200 minutt.  Øystein fortalde Norgeshistoria frå år null (viss det er noko som heiter det?) til 1814 på 18 minutt og 14 sekund. Men hjelp av stoppeklokke greidde han det akkurat. Det var ein nokså hurtig repetisjon, men han fekk med både kongar og krigar og meir enn det.

Alle borna i barneskulen på Hareid var på scena på ein gong. Dei song fleire songar, og framførte delar av ein "musikal" om Ivar Aasen. At dei er flinke å synge på Hareid er det ingen tvil om. Dessverre blei ikkje bilda gode, det er ikkje så lett å ta gode bilde, når ein ikkje vil stikke seg for mykje fram.
Etter festen vart vi med heim til Solveig og Øystein. Der fekk vi god mat, som vanlig. Pølser med brød etc.+ "Grunnlovsdessert" og kaffi. Kjenner at eg må mosjonere i morgon! Takk for ein fin dag!

fredag, mai 16, 2014

Dagbok 2014: 16.mai

Klokka er kvart på sju, temperaturen ute er + 13 grader og det er opplett. Før i dag har det regna litt.
Eldste guten på Kongsberg fyller 12 år i dag, og feirar i lag med klassekameratar på bowlingen, etter som eg har forstått. Bildet over er snart eitt år gammalt, så han har vel forandra seg litt sidan det.Eivind er ein snill og grei gut, som er veldig flink å passe på og ta seg av dei to yngre brørne. Vi gratulerer med dagen!

Nils og eg har hatt ein kjekk dag i dag. Klokka 11.00 stilte vi på Bakkola klar til songstund. Det var Mathias Austrheim, pensjonert sokneprest, og kona Jorun som stilte som forsongerar. Dvs. Jorun måtte melde pass fordi ho var sår i halsen, men Mathias greidde seg godt åleine. Ikkje alle greier å spele "vilt" (utan notar) på piano på samme tid som dei syng alle versa på alle songane! No er dei ein musikalsk familie; dottera deira er utdanna organist. I dag var det "nasjonalsongar" som stod på menyen. Salen på Bakkola var fullsett av pensjonistar som song av full hals, kvar med sitt nebb. Etterpå fekk vi kjøpe rømmegraut og kaffimat, om vi ville det. Vi kjøpte oss kvar sin porsjon med graut, og fekk ein kaffikopp attpå. Pensjonistlaget har ingen ting med dette arrangementet å gjere, men eg tenkte eg ville sjå innom korleis det virka. Det har vore fleire slike samlingar med ulike artistar, og det har slått godt an.
Mathias er frå Sandane, og han held betre på Nordfjorddialekten enn det eg gjer.
Han fortalde litt mellom songane, mellom anna ei historie om morfaren sin som budde på Lotsberg. Han var ikkje i form og gjekk over fjellet til Nordfjordeid til sjukehuset der han møtte dr. Wennevold, som kunne fastslå at han hadde kreft i magen og det var kome så langt at ingen ting kunne gjerast. Så gjekk han over fjellet og heim att. Det seier noko om kommunikasjonane før i tida. Blant anna.

På heimvegen henta vi gardinene på renseriet. Det kosta litt å få dei rensa, men så er dei like fine som om dei skulle ha vore nye. Når gardenene var såpass dyre å kjøpe, kan det vere greitt å stelle pent med dei. No må eg skunde meg å få vaska fargen ut av håret, så eg ikkje blir ein skandale i morgon.
Ønsker alle ein fin 17.mai.



torsdag, mai 15, 2014

Dagbok 2014: 15.mai

Klokka er snart 19.00. Ute er det fullstendig grått og regnfullt, så dette vart ein innedag. Temperaturen er + 9 grader C. Det betyr ikkje så mykje for oss, men for barn, ungdom og alle korpsmusikantar sin del, håper eg vêret blir  betre på 17.mai.
I dag var Nils tidlig oppe, for han og Mathias skulle ut og fiske. Då er stod opp i 8-tida var han alt komen heim. Det var litt meir  "ruskut å leggja utpå " enn dei trudde, så dei vende nasen heim att. Mathias og kona, Jorunn, skal vere forsongarar på allsongstunda på Bakk-Ola i morgon, så ingen vart arbeidslause.
Eg hadde no tenkt meg ein liten slyngardag etter all vaskinga, og no vart det høve til det. Var ikkje særlig sprek då eg stod opp, men jammen kom eg meg til att etter kort tid. Det var meir enn eg forventa.
Vi handla først litt på Amfi, og så reiste vi til Volda. Eg kjøpte meg ein topp på Møre konfeksjon  som eg skal ha attåt den beige buksa mi, så har eg eit nytt antrekk i alle fall. Har mykje klede hengande, men litt nytt må til. Etterpå åt vi lunsj/middag på kinarestauranten, men i dag var eg ikkje så begeistra for retten eg valde. "Kylling Chop Suey" var ei bleik oppleving.
Då vi kom heim koka vi kaffi og så fann eg sofaen med lydbok på øyret. måtte lese om att heile plata, for det meste hadde gått inn eine øyret og ut det andre.Var innom biblioteket og lånte to nye bøker i dag som eg har rippa inn på maskina mens eg strikka på ein lest og høyrde om att sofaplata.
No vil Nils ha mat, så då vil eg ha også..

onsdag, mai 14, 2014

Dagbok 2014: 14.mai.

Klokka har passert 19.00. Det har vore ein fin dag med mykje sol, men dessverre ganske kald vind. Akkurat no er temperaturen + 10 grader C. Det er ikkje heilt klårt, men sola skin.
I dag var eg relativt effektiv før middag. Stod tidlig opp og begynte å vaske igjen. Fekk vaska resten av stovaveggene og så støvsuga eg og vaska golva i resten av leilegheita. Godt å vere ferdig med stova, for det er eit rot med det. Det kan høyrest ut som skryt når eg skriv om det, men saka er at eg er så glad for at eg greier det.Så handikappa som eg var lenge, er det godt å oppleve at ein enno kan ta eit tak. I år greidde eg det heilt åleine også.
Etter at eg hadde dusja og shina meg opp litt, la eg meg ut på altanen for å kvile og sole meg , men kunne ikkje kle av meg så mykje, så det var stort sett berre ansiktet som vart bruna. Nils klipte litt plenar i dag igjen, det veks godt, så han kunne ikkje vente til etter 17.mai.
Nils laga middag i dag, det vart fiskekaker med poteter og gulrøter. Nokså lettvint.
I morgon trur eg at vi må slynge litt, har ikkje vore ute for ei dør sidan sundag. Eg skulle ha vore til frisør, men får nok ikkje time før den 17., og ikkje har eg skaffa meg nye klede heller, så trur eg held meg heime og ser TV. Kjem litt an på vêret. 
Prøver å ta bilde av det einaste epletreet vårt, men det blir ikkje så fint som eg skulle ønske.

tirsdag, mai 13, 2014

Dagbok 2014: 13.mai


Klokka er no 19.30. Ute er det overskya og + 9 grader C. Var så vidt ut for døra og kjende ein iskald vind. Elles har eg halde meg innadørs i dag.
Førre veka leverte eg sommargardinene på renseriet, så i dag tenkte eg at eg måtte gjere klart til oppheng av reine gardiner. Derfor sette eg i gang og vaska heile vindusveggen med glaskarmar etc.+ at eg pussa vindua. For første gong på mange år tok eg sjansen på å klatre i gardintrappa og vaske høgst oppe. Det er kanskje ikkje det å vaske som er meste arbeidet, men heller det å flytte alle ting fram og tilbake. Eg vart ferdig til klokka 12.00, då kom Einar og åt lunsj med oss. Vi visste at han kom, for han var på kurs her i Ørsta og hadde varskudd oss på førehand. Kjekt å sjå dei vaksne barnebarna somme tider, det er ikkje så ofte.
Måtte ha meg ei stund på sofaen med lydbok,etterpå skreiv eg eit lite avisinnlegg. Men då Nils reiste i bursdagsselskap til ein kamerat, fann eg ut at eg kunne vaske eit par vegger til, og no er det gjort. Er vel fornøgd med meg sjølv, for no er eg ferdig med meir enn halve stova. Vi er vel av dei få som enno ikkje har mala panelveggene våre, men vi likar å ha det slik, og når eg vaskar med Faxesåpe annakvart år held veggene seg ganske lyse. Nils er dessutan allergisk mot malingslukt, så det er ikkje så godt å få malt noko heller.
Eigentlig kunne eg godt tenkt meg å vere utan gardiner i sommarhalvåret, for då skin ikkje sola inn i stova, og eg saknar ikkje gardiner når her ikkje er innsyn, delvis på grunn av altanen, og delvis på grunn av plantar. Men når ein har skaffa seg gardiner, får ein vel bruke dei.Vintergardinene er vaska og heng til tørk på altanen. Dei er 14 år gamle og like fine! Ja, dette vart litt av ein "gardinpreken".

mandag, mai 12, 2014

Dagbok 2014: 12.mai


Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 12  grader C. Det har vore ein lettskya og fin dag, som gikk så altfor fort. No blomstrar epletreet, og det er noko av det vakraste eg veit.
Nils gikk ein tur før middag, han var heilt opp i Skåla.
Eg brukte mykje av føremiddagen til å lage mat. I dag laga eg ball. Det er ikkje så mykje arbeid, men det er mange ulike ting som skal kokast og steikast, så det blir noko rot. Eg var også ute og reinska litt ugras, hengde opp klede m.m.
Margrete kom nærmare kl. 15.30, og vi åt oss stappmette. Eg har ikkje kome heilt i form enno. Då Margrete hadde fare, la vi oss ut på altanen, og eg somna tvert i sola.
No driv eg og les siste resten av boka " Når gjøken galer".

Bok nr.30 - 2014: Når gjøken galer.

Da den vakre, men nedtrykte modellen, Lula Landry, faller i døden fra en snødekt Mayfair-balkong, antas det at hun har begått selvmord. Imidlertid har broren hennes sin tvil, og han får privatetterforsker Cormoran Strike til å se nærmere på saken. Strike er krigsveteran - såret både fysisk og psykisk - og tilværelsen hans er kaotisk.Saken gir Strike en økonomisk livline, men det følger med en personlig kostnad: Jo mer han dykker ned i den unge modellen komplekse verden, dess mørkere blir ting - og jo mer nærmer han seg den største fare ...Et gripende, elegant mysterium gjennomsyret av Londons atmosfære - fra de rolige gatene i Mayfair via pubene i East End til travle Soho.«Når gjøken galer minner meg om hvorfor jeg ble forelsket i kriminallitteratur i første omgang.» Val McDermid En av de mest unike og overbevisende detektiver jeg har kommet over på år og dag.Mark Billingham« en glitrende debutroman ... Galbraith leverer gnistrende dialog og en overbevisende skildring av tomheten som kan prege rikdom og glamour.»The Times«Leserne vil ønsker å se mye mer til dette minneverdige etterforskningsteamet.»Publishers Weekly«En gripende fortelling.»
.................................................................
Forfattaren er den same som har skrive Harry Potterbøkene.
Der er mykje å lese på nettet for dei som er interesserte i å vite meir om boka. Eg synest at boka minner om Agatha Christie sine bøker, på ein måte. "Detektiven" kjem fram til løysinga gjennom samtalar og undersøkingar av tid, stad etc. Her er ingen spesielt groteske scener og eg må innrømme at eg ganske snart fann ut kven som måtte vere mordaren, men ikkje korleis det hadde gått til. Eg likte faktisk boka ganske godt og ser at den har fått gode kritikkar. Gjorde den feilen eg har gjort så ofte før, eg skulle ha laga ei "rolleliste" for eg hadde problem med å halde orden på personane.Opplesaren er veldig flink. Anbefalt.

søndag, mai 11, 2014

Dagbok 2014: 11.mai.





Klokka er no 21.00. Temperaturen ute er+ 11 grader C, det er lettskya og sol på andre sida av fjorden, men det er ikkje lenge sidan det regna. Då vi stod opp i dag tidlig, låg skodda tjukk og sid, men det varde ikkje lenge før det letta opp.
Vi følte at vi hadde fått nok mosjon i går, så i dag tok vi ein biltur. Det var altfor kaldt til å sitte i ro ute. Det blei til at vi køyrde Søre-stranda , gamlevegen, og rundt Berkneset. På tilbaketuren køyrde vi over Morkaåsen og ned til Hovdevatnet. Det var utrulig fint i dag, fjorden låg stille og blank som eit speil og særlig på stranda ved Voldsfjorden var skogen fin og grøn.Dei tre bilda over er frå Ørstafjorden.
Her er på på den gamle ferjekaia på Berkneset, vi ser ut mot Yksnøya. Lenge sidan det har gått ferjer her, men før i tida var vi her somme tider for å bade og fiske.Kan hugse vi bada i denne vika.
Tok mange bilde, men kan ikkje legge alle ut på bloggen. Då vi kom heim åt vi litt lunsj og slappa av. Eg laga ei vaffelrøre og steikte nokre vafflar som Nils skulle ha til "ungane" når dei kom. Amanda og Erlend skulle vere her mens Margrete og eg var på teater. Teaterframsyninga begynte klokka 18 og varte i nesten 1 1/2 time utan pause. Der var ikkje mykje folk, og med berre tre skodespelarar vart det veldig intimt. Det var eit godt og gripande stykke, og etterpå fekk vi samtale med skodespelarane i Flatsalen på Kulturhuset.Det blei servert lekker fingermat frå Asko, og Mozell å drikke. Så var det berre å fare heim, der Nils hadde koka kaffi og steikt opp resten av vaffelrøra. Det er første gong i sitt liv han har steikt vafflar -han fekk eit lynkurs før eg for- og det gikk bra.
Utsikt frå Alida mot Dalsfjorden.

lørdag, mai 10, 2014

Dagbok 2014: 10.mai

Klokka er snart 19.00, og vi har brukt opp enda ein mai-dag. Det har vore fint og lettskya heile dagen og lange periodar med sol. Akkurat no er temperaturen + 16 grader C, og sola skin.
I dag har vi vore relativt effektive og rydda heile tomta for gras. Men først var vi ein liten tur på butikken, med det same dei opna dørene.
Først rydda vi på oppsida, Nils med plenklippar, og eg med kantklippar og saks, det er stort sett arbeidsfordelinga.
Vi åt ein tidlig og lett middag, lapskaus frå torsdag. Og så skulle vi kvile middag på solsenga, men då skya det over og vart kjølig. Litt seinare rydda vi på nedsida av huset, det var meir arbeid, og arbeidsdeling var den same. I tillegg til å  klippe kantar, reinsa eg ugras.
Og då fekk vi løn for strevet, med herlig sol på altanen etterpå.Med lydbok på øyret for min del.
Det blir ikkje så mykje å fortelle om når ein held på med slikt arbeid heile dagen, men vi er så glade for at det er gjort, og forat vi greier oss sjølve enno. Kan ikkje underslå at vi har litt større hage enn vi eigentlig treng.
Eg gler meg til MGP i kveld, er sjølvsagt spent på kven som vinn, men det skal bli kjekt å sjå dei mange artige showa enda ein gong. Eg har heia på Finland heile tida, men etter kvart begynner eg å like den norske songen veldig godt. Ostekake frå Kviterussland er heller ikkje å forakte. Mykje fart og humor-og det er gøy!
I morgon skal eg på teater. Sidan ingen andre har meldt seg, blir det vel Margrete som blir med. Eg vann jo to billettar.

fredag, mai 09, 2014

Dagbok 2014: 9.mai



Klokka har passert19.30 med god margin. Ute er det overskya, opplett og + 9 grader. I dag før middag regna det dessverre litt, dessverre fordi vi hadde håpa på like fint vêr som vi hadde på aktivitetsdagen i fjor. Men vi gemlisane er sporty og stilte mannjamnt opp på Bakk-Ola-marka til klokka 11.
Etter at folkehelsekoordinator Ingvild, leiar i Ørsta pensjonistlag, Eli, og varaordførar Paul Kristian, hadde helsa alle velkomne, vart det oppvisning ved seniordans-laget. Somme av deltakarane nærmar seg 90 år! Og så vart det polonese der alle som ville kunne delta. Eli og eg tok oss nokre runder.
Med deltakarnummer på brystet gjekk vi maratonløypa. Dei sprekaste av oss, dvs.vi som ikkje treng rullator eller rullestol, gikk den lengste løypa frå Bakk-Ola til Rådhuset, over Simahaugen og tilbake til Bakk-Ola. På bildet over kan de sjå oss på første drikkestasjon. Det er elevar frå ein vidaregåande skule som stiller som mannskap.
Tilbake til Bakk-Ola trekte vi inn i kafeen og kjøpte oss kaffi og sveler. Dei som ville kunne kjøpe seg brennsnut også. Dei hadde forresten veldig gode sveler der nede! Mykje betre enn dei eg laga sjølv sist eg prøvde.
Vart  kjend med ei veldig hyggelig dame som nyss har flytta frå Vartdal til Ørsta. Ho var opprinnelig frå Hardanger og jobba i bank tidlegare. Det er ikkje vanskelig å bli kjend med folk om ein vil det.
Vi for rett heim etterpå, og venta ikkje så lenge før vi laga middag. I dag vart det steikt sei. Det var som vanlig utrulig godt, så godt at vi måtte ha ein middagslur etterpå.
Etterpå moppa eg over eit par golv og så var eg med Nils og kvitta nokre store steinar som var til overs i hagen. Vi prøver stadig å forenkle hagen, betre å ha det så lettvint at vi greier å halde orden.
Vi har vurdert å reise på paddesafari i Austefjorden i kveld, men eg trur ikkje det blir for eg er dårlig i hofta og må sitte minst mulig.
For dei som ikkje er orientert, kan eg fortelle at då dei bygde Kvivsvegen, laga dei undergang for paddene slik at dei skal komme seg under vegen og ikkje gå OVER. Padda er ein utrydningstruga art, og må ikkje forvekslast med froskar som det finst rikelig av. Froskane hoppar, det gjer ikkje paddene, så slik kan ein lett sjå skilnaden.
Så står det berre att å ønske alle ei fin helg anten veret blir slik eller slik. Og i morgon er det "Verdens aktivitetsdag".

torsdag, mai 08, 2014

Dagbok 2014: 8.mai

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 13 grader C, vi har nyss fått litt vårlig regn, men no er det opplett igjen.
Nils jobba ute heile føremiddagen. Vi driv og ryddar rundt dørene og pyntar opp etter vinteren. Eg rydda og støvsuga inne før eg gikk ut.
Men i dag måtte vi på butikken og handle igjen, hadde ei heller lang liste liggande på kjøkkenbenken i tillegg til rabattkupongar frå Coop. Kan ikkje forstå kvar det vert av alt som vi dreg heim-vi er no berre to for det meste.
Var innom biblio og leverte eit par bøker, og der kom sjefen med ei ny lydbok som dei nettopp hadde fått inn, Tom Egelands "Den trettende disippel".Den fekk bli med heim. Og så fekk vi endelig levert sommargardinene på renseriet, dei skulle no vore opphengde for lengst, eigentlig.
Då vi kom heim vart eg sittande å strikke og rippe før eg laga middag. Men først skrev eg referat frå styremøtet på mandag. Menyen i dag var brun lapskaus av dei siste restane av lammesteikene. Eg hadde skore kjøtet frå beina , så det var berre å ta ein pose lapskausblandin+ saus+ kjøtt+ litt ekstra potet og gulrot, så hadde vi ein stor porsjon brun lapskaus. Mi erfaring er at ein bør bruke restane først best, dei er ikkje så fristande etter eit halvt år i frysaren. Lapskausen vart god den!
Då vi fekk lagt inn fiberkabel frå Tussa for tre år sidan, hadde dei som la inn ledningane gjort eit dårlig arbeid. Vi har klaga på det fleire gonger, men i går skreiv Nils ein litt småsur mail til Tussa, og i dag kom dei. To unge menn i kvar sin bil. Dei la inn ny kabel og lova at no skulle alt bli så mykje betre. Etter målingane deira hadde vi berre halv effekt. Så no skal vi få hurtigare og betre signal. Vi har både TV, data og telefon på samme fiberkabel, så det kan bli store endringar.
I dag fekk eg ei hyggelig melding frå Kulturhussjefen, som bur rett over gata; eg hadde vunne to gratis billettar til teaterforestillinga på sundag klokka 18.00. Eg hadde berre trykt "liker" på FB.
Ute surrar det i plenklipparar, og eg kjenner at øyrene mine må ha ein liten pause før MGP i kveld.
I dag var det mange som hadde heist flagget her i Ørsta, sjølve hadde vi ikkje tenkt så langt. Kva gong eg ser flagga vaie på denne datoen hugsar eg 8.mai 1945 då vi stod ved flaggstonga i Innvik og heiste flagget. Det var første gongen eg såg det norske flagget og eg var 5 år gammal.
I morgon skal vi på "Bakk-Ola-maraton". Vi skal gå rundt husa på Bakk-Ola, eller kanskje den lange løypa til Rådhuset, over Simahaugen og tilbake til Bakk-Ola. Vi seniorane markerer nemlig "Verdens aktivitetsdag" dagen før dagen.

onsdag, mai 07, 2014

Bok nr.29 -2014: Syngja

Denne boka har eg lese på papir, på samme tid som eg har lese andre bøker "på øyret". Boka er utrulig godt skriven om eit vanskelig tema. Forfattaren skildrar korleis det er å ha eit barn med autisme, eit barn han aldri når inn til. Han vil skrive om dette barnet, som no er ei vaksen kvinne på 34 år, men det er vanskelig. Boka handlar mykje om kor vanskelig det er å finne orda når han skal fortelle om barnet og kjenslene sine for henne.
Boka er svært "litterært" skriven, eg finn heller ikkje rette ordet.Språket er flott, nynorsk sjølvsagt. Men for meg blir det noko kunstig over det. Eg trur eg hadde likt fortellinga betre i ei anna språkdrakt, meir direkte eller kva eg skal seie.
Eg er ei utolmodig sjel, og tykte boka vart litt langdryg.Kanskje kjem det av at eg er vant til å gjere andre ting mens eg les, ikkje berre sitte pal.Boka er på ca 230 sider, så den er ingen murstein.For dei som vil vite meir om boka er det mykje å finne på nettet.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...