fredag, desember 31, 2021


Klokka er no ca. 15.00 , temperaturen ute er + 1 grad og snøen lavar ned. Ikkje akkurat det vêret eg ville valt på årets siste dag. Eg er heime åleine i dag og har nettopp sete og lese Møre-Nytt "frå perm til perm"- Det meste handla om nyttårsorkanen for 30 år sidan. Tretti år? Så lenge sidan-ja, tida flyg. Eg opplevde ikkje stormen; då eg vakna nyttårsdagen var det stilt-det ergra meg litt at eg ikkje fekk sjå og føle vinden.

No er 2021 også historie. For meg har det vore eit godt år, eg har fått vore frisk og eg har hatt mange gode opplevingar. Det største var vel at eg fekk kome tilbake til Solund, til naturen der og folka. Det var Margrete som ordna ut slik at eg berre kunne sette meg i bilen -eg måtte pakke min eigen koffert, elles var alt i boks. Eg hadde kjempefine dagar der ute,i lag med Margrete og barna hennar-og så dukka også Rasmus opp med heile familien.

Eg har vore veldig stadbunden heilt sidan Nils vart sjuk og åra etterpå. Dette året fekk eg også fare til Kongsberg, til Rasmus og familien, det var "mellombror" Vebjørn som var konfirmant. Det var også ein fin TUR i  bilen med Øystein og Solveig. Det var 7 år sidan eg hadde vore i Kongsberg.Eg kjem ikkje så langt for eigen maskin-eller eigen bil. Det blir toppen ein Voldatur.

Då Norge, litt for optimistisk, opna opp etter corona-tida var eg på tur med pensjonistlaget, det var berre ein dagstur, men kjekt for det.

Elles trivst eg godt heime også, når ein har hus og hage er det alltid noko å henge fingrane i, særleg om sommaren når ein skal prøve å halde hagen i orden. Då hausten kom,var det på igjen med trening, spanskkurs og pensjonistlag. Eg hadde tenkt å slutte som sekretær i Pensjonistlaget etter 10 år, men på grunn av Koronaen vart det 11 år- så langt.

Eg er heldig med at "jentene" ikkje bur så langt borte, så eg få no besøk av og til, både av dei og av barnebarna. Heldigvis er det ingen i heile storfamilien som har blitt smitta av corona. Og no er alle vaksinerte, eg og Rasmus har fått 3.sprøyta.

I dag er eg åleine heime, og det er heilt i orden, eg har mykje å fylle tida med. I dag har eg støvsuga teppegolva mine og shina opp kjøkkenet. Til middag varma eg opp suppe frå i går, og så vart det kaffi og kaker til dessert. I fjor laga eg ribbe til meg sjølv, men i år bryr eg meg ikkje om det. Eg vil heller sjå TV, lese i boka mi, og strikke - til dømes. Det er alltid nok å finne på. Eg kjeder meg aldri. men eg håper på at viss det skal vere rakettoppskyting så bør det ikkje vare heile kvelden.

Då vil eg takke dei som les dette for kontakten vi har hatt dette året. og så vil eg ønske at vi får eit

GODT NYTT ÅR 2022




torsdag, desember 30, 2021

Dagbok 2021: 30.desember


 Klokka er no.18.10, temperaturen ute er så vidt pluss 1 grad C. Bildet over har eg nettopp tatt frå altanen og nedover. Det regnar litt og snøen smeltar litt etter litt. Eg måtte sette på PC-en for eg var ikkje sikker på om vi var komne til torsdag, men det var vi.

I dag då eg vakne verkte eg i ryggen og hoftene, men det gjekk no over etter ei stund. Trur at piggskorne har litt av skulda, så i dag har eg ikkje gått tur. Eg visste at Margrete skulle komme  i dag, så eg laga ertersuppe. Når ein ikkje veit akkurat kva tid folk kjem, er det veldig lurt med suppe. Eg har alt mulig på lager-nesten, men i dag var eg tom for løk, så det vart ein snartur på nærbutikken. Etter at suppa var ferdig, vaska eg bad og kjøkken, det eg kallar "fredagsvask." Så kveikte eg i omnen og sat og las i ei av bøkene eg fekk til jul, heilt til Margrete kom.

Det var sjølvsagt kjekt å få besøk, det er det alltid, og vi hadde som vanleg mykje å snakke om. Før ho fór, fekk eg Margrete til å opne støvsugaren, så eg fekk sette inn ny pose, eg veit ikkje klvifor, men eg greier det ikkje sjølv. (Det gjorde eg før)Så no er det håp om at eg kan få støvsuge ein siste gong i år- Eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal ha til middag i morgon, i fjor laga eg ribbe med sprø svor berre til meg sjølv, men på den butikken eg var i dag hadde dei berre store ribber. Eg har i alle fall nok mat i hus, så det står ikkje på.

I morgon kveld når eg skal ta bilde frå altanen blir det vel litt "festligare" enn i dag. Eg er faktisk ikkje tilhengar av rakettoppskyting, men det er vel andre som har glede av det.

Håper alle får ei fin nyttårsfeiring! Godt nyttår!

onsdag, desember 29, 2021

Dagbok 2021: 29.desember

Klokka er no 17.38 og temperaturen ute er 0 grader. Tidlegare i dag var det varmegrader, men ikkje no. Det er litt smått med varmegrader inne også i dag, eg trudde eg skulle greie meg med varmepumpa som står på heile døgnet, men når ein er heime åleine og sit mykje i ro treng ein meir varme, så eg skal snart fyre opp. Desse to siste dagane har eg vore lat, har ikke gjort nokon ting-nesten, men i morgon skal eg begynne  med litt husarbeid igjen. 

Dessutan ventar eg Margrete på besøk- etter som eg forstod skulle ho over fjorden-kjøpe meir garn, kanskje. Ho som nesten aldri har strikka sette i gang med genserproduksjon sist februar. Til no har hostrikka 21 genserar-til seg sjølv og dei fire barna.

Eg er snart ferdig med lesteparet som eg begynte på i går. Det blir mykje til at eg sit borte ved varmepumpa og strikkar mens eg ser TV. I dag  ettermiddag slo eg av TV-en og skulle lese i ei bok eg begyte på i går kveld. Og kva skjer? Eg les litt, så dett augene att og eg diktar vidare sjølv. Når eg så skal lese vidare i boka, står der noko heilt anna.

Sjølv om eg er lat, så har eg faktisk gått tur i over ein time i dag. Vegane her på Vallabøen er fint brøyrtte og sanda, men eg går i piggsko. Det er litt tyngre å gå med enn andre sko, men så går eg trygt. I dag var eg låk i ryggen og føtene før eg gjekk ut, men vart ikkje verre etter turen.

I dag hadde eg ikkje meir gulasj igjen så i dag vart det speilegg. I morgon skal eg lage mat igjen. Eg likar best å lage mat når eg har fleire enn meg sjølv å lage til.

Eg har no fått PC-en i gang. Alt var borte, så eg måtte legge inn på nytt og med nye passord, men no er det meste i orden, og dei nye passorda er skikkeleg nedskrivne i boka eg fekk av Solveig.

Eg har sett litt på sjakk i dag og, eg synest det er spennande, sjølv om eg ikkje forstår så mykje av spelet. Eg kunne reglane eingong-men det er lenge sidan. Eg tenkjer på Rasmus når eg ser spelet, eg trur det hadde vore noko for han.  No skal eg fyre opp i omnen og ha det litt koseleg. Enn så lenge har eg varma meg på pleddet eg fekk av Margrete til jul.

                               I dag har eg tatt bilde av himmelen-eit mot vest og eit mot aust,


 

Bok nr.34 - 2021: For du stjal min lille venn

 

Hun var bare borte i et par timer. Mannen hennes, David, skulle passe på den to uker gamle datteren. Men idet Alice kommer inn på barnerommet og bøyer seg over vuggen, reagerer hun med hysteri. Hvem som helst kan da se at dette ikke er deres baby, men et fremmed lite vesen? David er ikke enig. Han tror at Alice enten lyver eller er blitt sinnsforvirret. Dagene går, spenningen i huset øker, og Davids dominerende mor begynner å ta sønnens parti. Men først da Davids oppførsel går over til å bli fiendtlig og truende, blir Alice redd for alvor. Politifolkene som kommer, Simon Waterhouse og Charlie Zailer lytter, men de er skeptiske. Hvordan kan hun få politiet til å tro henne - før det er for sent?
.................................................................................................................................................
Eg har ikkje lese mange bøker dette året. Grunnen til det er at eg har sett seriar på TV i staden for å lese.
Denne boka las eg som lydbok. Valde den fordi Margrete hadde gikk den bra kritikk. Eg syntest ikkje den var så veldig bra, men las den ferdig. Det er to fortellestemmer i boka, men det er den same som les for begge. Det kan bli litt forvirrande-i alle fall for meg. Hadde her vore to som las, ville det vere enklare å følgje med. Slutten var litt overraskande.

tirsdag, desember 28, 2021

Dagbok 2021: 28.desember


Klokka er no18.42, temperaturen ute er 0 grader C og det har vore ein fin vinterdag, med sol i fjella.

Eg var så glad då eg fekk meg ny PC og eg har hatt mykje glede av den. I går kveld begynte det å komme inn forslag  om slikt eg kunne gjere, og eg trykte på fortsett utan at det slutta. Eg tenkte det slutta av seg sjølv- men då eg sette på maskina i dag, var det samme tullet, så eg tok fram att laptopen, som eg skriv på no. Eg har ikkje gjort meir med PC-en enno, i redsel for å gjere noko gale. Men ein  god del av føremiddagen gjekk med. Eg fekk tatt oska ut av omnen- og der er omtrent det einaste fornuftige eg har gjort i dag.Ja, og så har eg strikka ein lest i tynt garn, mens eg har sett TV og lese ferdig ei lydbok.

Eg gjekk tur ein times tid og det var fint å vere ute i dag, når det ikkje var så veldig kaldt; eg går ikkje på Vernet no når det er så mykje snø  men der var folk deroppe. Det er litt og utrygt å gå på smale opptrakka stigar for den som er gammal og har litt dårleg balanse. Då eg kom heim att åt eg middag, så no er eg ferdig med gjestekosten. Etterpå sat eg i godstolen med kaffikopp og halvsov mens det var sjakk på TV. Eg vakna brått då eg tømde kaffien ned i fanget. Det er ikkje første gongen-og sikkert ikkje den siste. 

Eg har ikkje skikkeleg forstått at det er kvardagar  så eg har ikkje vore nedover for å handle- men så treng eg heller ikkje noko.



mandag, desember 27, 2021

Dagbok 2021: 27.desember

 

Bildet er tatt frå altanen klokka 9.20 i dag


Klokka er no 18.03, temperaturen ute er  minus 7 grader, det har vore fint, men kaldt i heile dag. Ja, eg synest no der er altfor kaldt, men då eg snakka med Ellen Marie i telefonen i dag, kunne ho fortelle at på Skedsmokorset var det lite snø, men minus 15 grader. Her har vi i alle fall snø nok, og viss den får ligge i ro er det ok, no når tunet mitt er fint moka av naboar og gjestar..

Sist natt fekk eg ikkje til å sove, det var nok på grunn av eit stort kaffi-inntak i går, Utpå morgonkviste sovna eg og sov eit par timar, då eg vakna var eg tett i nasen og låk i halsen. Første tanken var :Corona ! Men i panna var eg iskald, så eg slo tanken frå meg. Eg vart liggande ei stind før eg stod opp.

I dag hadde eg planlagt å late meg skikkeleg, for eg hadde rydda fint opp i går kveld. Eg vart sittande framfor TV-en med pledd rundt meg og såg på dei to gamle skodespelarane på 83 og 84 år som reiser rundt på kanalar i England og andre land . Eg har sett dei mange gonger før, men eg synest det er litt kjekt å sjå på dei. Etter kvart somla eg meg til å legge i omnen, og då det leid på litt tok eg på meg piggsko og gjekk tur, ikkje på Vernet i dag, men ein runde på Vallabøen. Det var nydeleg å gå i dag, trefte på både vegskrape og plog, så vegane vart fine etter kvart. Eg har ikkje noko imot dette veret- berre kulden


Her er eg på veg opp Storebakken


Då eg kom heim varma eg opp middag frå i går, og då kosa eg meg med gulasj, eg åt ikkje så mykje av den i går, men i dag smakte det. Dessert hadde eg også og kaffi på kanna frå i går.

Mens eg sat og åt ringde telefonen, det var Ellen Marie som ringde. Eg hadde tenkt å ringe henne før jul, men så gløymde eg det også. Eg skriv ikkje julekort og-brev sidan eg skriv blogg heile tida og i tillegg er på FB. Men John Per skriv fine brev og sender på e-post kvart år. Det vart ein pause i middagen, men eg tok det att. Så har eg sete ei stund og lese lydbok, men no ser eg at det ikkje er så lenge att til nyheitene kl.19. Dei må eg alltid ha med meg. I dag har det vore kvardag, men det har eg ikkje merka noko til, for eg har ikkje vore på butikk. Ikkje har eg strikka heller, men det skal eg gjere no, det varmar det også.Ser fram til at vi får sol igjen ca 18.januar.



søndag, desember 26, 2021

Dagbok 2021: 26.desember


 Klokka er no 20.13, og termometeret ute viser litt over 0 grader, så eg håper at snøen forsvinn.På 2.juledag har vi i mange år prøvd å samle familien her i Starevegen, i fjor vart det ei litt enklare samankome, men i år baud eg på middag. Enkel servering det også. 

Naboane stilte opp på føremiddagen og moka plass på tunet mitt og tilbaud parkeringsplassar på sine tun.Gode naboar har eg i alle fall, og det er bra no når eg er åleine om det meste. (Gjestane moka litt snø dei også).

Det vart eit nokså ungdommeleg selskap med dei to døtrene mine og 7 barnebarn + 3 kjærestar. Eg hadde laga ei stor panne med Gulasj, eg hadde rådført meg med Margrete, og ho meinte det gjekk an. Eg såg på suppa og tenkte med meg at viss dei ikkje likte den måtte eg ete gulasj resten av året. Heldigvis fall den i smak. Så hadde vi dessert og litt seinare meir kaffi og kaker. Eg er glad for at eg kunne samle dei her i år også-eg blir no snart 82 år, og ein blir ikkje sprekare med åra. Det er Solveig som har tatt dette bildet, dei ville spele brettspel, og det har eg lite av. Eg var så glad for at så mange kunne kome. Håkon og familen han var hos faren til Birte på Fosnavågen i dag, så dei var ikkje med.. Øystein fekk fridag i dag, han har hatt mykje å streve med, sidan Solveig har gått med gipsa hand lenge. No er gipsen av , men handa er ikkje heilt god enno.

I morgon er det ikkje helg! Eg likar kvardagane best.(No når eg slepp å gå på jobb) Men endå er det no litt jul-og så kjem nyttårsfeiringa. Håper alle både i min familie og andre får vere friske- og som alle andre håper eg det blir slutt på  Koronaen.

lørdag, desember 25, 2021

Dagbok 2021: 25.desember Juledag

 Klokka er no 23.43 og temperaturen har gått opp på 0, så eg har ei von om at snøen skal smelte. I dag før middag lava det ned, men eg laga meg ei lita rås bort til garasjen såpass eg fekk hente litt ved. Seinare fresa Even ein veg ned til trappa mi.  Eg har vore inne i heile dag, vêret ute freista ikkje - Eg har laga klart litt til morgondagen, for då ventar eg besøk av storfamilien. Elles har eg sett mykje på TV, strikka har eg også gjort. Kanskje ikkje så vanleg på juledag, men eg kosar meg på min måte-

Eit lyspunkt vart det då eg endeleg greidde å løyse sudokuen i Møre-Nytt frå i går- Eg kan seie med handa på hjartet at eg kjedar meg veldig sjeldan-og aldri når eg er åleine, for då kan eg gjere det eg vil. Men no saknar eg å gå tur, så eg håper vêret vert meir innbydande i tidag framover. Eg fekk fleire bøker til julegåve så eg har å ta fatt på.

Det er merkeleg med rutinar, i dag har det vore litt annleis enn vanleg og då hadde eg aldeles gløymt at eg skulle skrive blogg. Bilde av all snøen har eg ikkje, men i morgon får eg att telefonen min når Solveig kjem.  Eg ønsker alle ei framleis god jul !

fredag, desember 24, 2021

Dagbok 2021: 24.desember-Julaftan.

 


Klokka er no 22.50, temperaturen ute er minus 5 graderC. Det har kome mykje snø.

Eg har vore på Hareid heile ettermiddagen og kvelden, i lag med Solveig og Øystein og alle fire barna, Håkon  med kone og barn. Vi fekk som vanleg mykje god mat og pakkehaugen under treet var enda større enn vanleg. Så stor at vi måtte ta pause med kaffi og dessertar midt i. Det som var nytt ar året var at vi hadde ein liten gut på ca1 1/2 år med oss. Det var no ekstra kjekt.

Øystein henta meg i 13-tida og køyrde meg heim att. Det hadde kome mykje snø i mellomtida og vegane var dårleg brøytte. Men vi kom oss velberga hit. Øysten moka ein veg i full fart. Eg hadde moka litt på føremiddagen, men det viste ikkje att. Då Øystein vel var komen på heimvegen, oppdaga eg at eg ikkje hadde veska mi. Eg sende melding til Solveig, men ville ikkje at Øystein skulle snu, sidan vegane var så dårlege. Ergo er eg utan telefon og lommebok til 2. dag, då eg har invitert heile flokken hit. Eg blir også utan fotoapparat sidan det er på telefonen.

Eg har fått altfor mykje gode gåver som eg hadde tenkt å ta bilde av. No får eg nøye meg med å takke for alt det fine og nyttige eg fekk.

Ønsker alle forsatt god jul ! I morgon kan vi vere så heldige at vi får litt mosjon i form av snørydding.

torsdag, desember 23, 2021

Dagbok 2021: 23.desember


 Klokka er no 18.10, temperaturen er 0 grader C, og bildet over tok eg nettopp, så då ser de at det snør. Det ser ut til at vi får kvit jul, berre den ikkje blir så kvit at eg må moke snø tidleg og seint. Litt snø er heilt greitt, men det har lett for å bli for mykje.

I dag har eg ikkje gjort så mykje, berre det heilt nødvendige. Dvs. at eg vaska bad og kjøkken. Så var eg opp til Marit og gratulerte henne med dagen! Einar var innom ein tur på føremiddagen, han hadde vore til fysioterapeut her i Ørsta. Alle barna til Margrete kom innom ein tur, for å hente julegåver frå Solveig og Rasmus. Vi prata ei stund, og så for dei vidare til Lars. Då oppdaga eg at gåvene stod att, men eg fekk tak i Erlend på telefonen, slik at han kom tilbake og henta.. Eg sette meg til å høyre lydbok sånn i halvsøvne, men eg trur eg fekk med meg det meste. I morgon skal eg til Hareid. Håkon med familie plukkar meg opp på vegen, dei skal vere på Hareid julaftan dei også i år. Eg er glad for at eg har fått på plass kransen på grava, for viss det blir mykje snø, kan der bli uframkomeleg. Eg er frostig, så eg fyrer i omnen i tillegg til at eg har varmepumpa.

Eg har ikkje skrive brev eller kort til nokon, for eg har inntrykk av at mange er innom bloggen min, og i alle fall Face Book.. Eg vil ønske alle som er innom her ei god jul! Det ligg meir i denne helsinga no enn før. No tenkjer ein på at folk må få vere friske og unngå å bli smitta, at dei ikkje må i karantene i jula etc. Og når vi seier Godt nytt år, ligg der eit ønske om at ein må unngå pandemien. Det er andre jula med Koronaen, lat oss håpe den er over til neste jul. 

                              GOD JUL OG GODT NYTT ÅR

onsdag, desember 22, 2021

Dagbok 2021: 22.desember


Klokka er no 16,13, temperaturen ute ligg rundt 0 grader C. Bildet ovafor tok eg for nokre få minutt sidan, så då ser de kor snøen lavar ned. Det blir visst kvit jul i år også, noko eg ikkje set så veldig pris på. Det kan bli snø å moke og uframkomeleg med bil etc. I dag har eg styrt med litt husarbeid; vaska og rydda i kjøleskapet, rydda litt i stova, tørka støv og støvsuga, Det er ikkje snakk om julereingjering her i huset. Vasking tek eg meg av når dagane vert lengre og lysare. Hugsar mamma sa det også, at det var ingen vits i å vaske til jul for då såg ein ikkje skiten. Takk og pris for at sola snudde i år også. I dag kokte eg meg risgraut til middag, fordi eg hadde lyst på det, og så er det no ein rett som lagar seg stort sett sjølv. Eg måtte ein liten tur på butikken i dag også, det vart ein snartur på KIWI. Eg kjem stadig på ting som eg treng.

Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen og halvsov framfor TV-en. Elles så driv eg og vaskar klede, prøver å samle opp mest muleg så eg ikkje brukar unødig mykje straum. Eg har fått meg meir ved med Even, så i går kveld fyrte eg opp. Eg er så frostig når eg sit i ro, det blr betre viss eg strikkar, men det er då eg blir låk i ryggen. Eg har tatt Ibux eller Paracet og kvelden slik at eg får sove om natta. Så lenge eg er aktiv har eg ikkje vondt. Eg har ikkje skrive verken julebrev eller julekort, men dei fleste som kjenner meg les bloggen, så eg sender helsingar der og på FB. Eg betaler ikkje 18 kroner for å skrive "God jul og Godt nytt år."Eg fekk brev frå John Per på e-post, det får eg kvart år. Slik gjorde eg det også før-men no har eg ikkje så mange e-postadresser lenger, FB har overtatt-

Eg har ikkje tenkt å gjere så mykje meir i dag, i morgon skal eg vaske litt, trur eg. Men eg rotar fort til igjen når eg skal lage mat etc. Margrete kjem med heile sitt hus på 2.dag, så eg håper Hareidsdølane også stille opp. Der det er hjerterom finn ein plass til alle.


 

tirsdag, desember 21, 2021

Dagbok 2021: 21.desember

Klokka er no ca .16.00, temperaturen ute er + 1 grad C, det er overskya, men stort sett opplett, det er framleis is på vegane, men ikkje så hard som i går.

I går kveld bestemte eg meg for å ikkje bestemme meg for om eg skulle gå på trening i dag. Eg sov godt i natt og verkte ikkje så mykje i ryggen. Eg bestemte meg for å ikkje fare på trening, men gjere nokre ærend i Vik i staden.
Men først måtte eg sjå adventserien på NRK 1 og blogge om boka mi. Så køyrde eg ned til ALTI og der var det fullt av folk sjølv om det var tidleg på dag. Men alle hadde masker på seg. Eg fekk kjøpt det eg skulle til tross for lange køar. Etterpå var eg på Spar og handla meir mat. Eg har lister som eg skriv på etter kvart eg kjem på noko. Vanlegvis kjøper eg inn så mykje til jul at det varer til påske. Då eg kom heim tenkte eg at det var lurt å fare på Askjelhaugen med julekransen til grava sidan eg var i farten likevel.. Eg har ikkje vore på grava på ei stund, det kom så mykje snø-og seinare regn. Lyngen som eg planta i haust var like fin, men sjølvsagt fastfrosen, så eg la kransen opp og så tende eg lys.

Heime fekk eg det eg hadde kjøpt på plass, og så laga eg meg litt mat før eg tok på meg piggsko og gjekk ein tur på Vernet. Det er stort sett bert alle stader, men noko av regnet som kom har frose til is, derfor må ein passe seg. Det er litt tungt å gå med piggsko, men så brukar eg kanskje opp litt meir kaloriar. Bilda frå Vernet tok eg ca. kl .16.30, då var det begynt å mørkne. Men er det ikkje i dag sola snur?


Eg har kveikt opp i omnen så no skal eg kose meg med ein kaffikopp, TV og strikketøy.




 

Bok nr.33 - 2021: Et liv forbi.


Denne boka har eg lese i lydbokversjonen. Eg brukte ikkje så mange dagar på den, for den var ikkje lang.
Men det var ei gripande bok, med to fortejestemmer. Dei som fortel er den dødssjuke mora i 60-åra, pensjonert klærar, og dottera som er lege. Gjennom dei to får vi kjennskap om livet deira og korleis dei har opplevd kvarandre. Det er på mange måtar ei vond bok å lese, på grunn av mor og dotter aldri har forstått kvarandre skikkeleg. Men boka er god og tankevekkande. At det er to som les, den eine på nynorsk den andre på bokmål , gjer at ein aldri er i tvil om kven som har ordet. Boka er ikkje lang, noko som eg set pris på. Eg likar godt slike korte og intense bøker.

 

mandag, desember 20, 2021

Dagbok 2021: 20.desember

 



Klokka er no16.40. Temperaturen er minus 1 grad og det er livsfarleg glatt på utetrappa fordi den var våt i utgangspunktet.

 I går gjorde eg så å seie ingenting, men i dag har eg vore flittig, i alle  faf før middag. Eg hadde planlagt dagen, og då går det som regel unna. Eg starta oppmed å skjere kjøttet eg hadde kjøpt opp i terningar og steike dei. Dei skal bli til "suppe" andre juledag. Det tok si tid for det var mykje kjøtt. Så fann eg ut at eg ville lage ei kake som eg ikkje har laga på mange år, Eg steikte botnane, men mangla fløte til fyllet. Dermed måtte eg ta ein tur på butikken og handla sjølvsagt ikkje  berre fløte. 

Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet då eg kom heim, men då eg kjende kor glatt det var på vegen , la eg også planen på is. I staden laga eg ferdig kakefyllet,  fylte opp oppvaskmaskina og sette den på før eg laga meg litt mat, og så vaska opp for hand det som ikkje kom i maskina. Eg var veldig fornøgd med meg sjølv, og det merkelege er at når eg jobbar med noko er eg ikkje låk i ryggen og hoftene, det er verst når eg er i ro.

I dag syntest eg at eg hadde vore "flink for alderen" så eg sette meg inn i godstolen for å kvile litt, og i dag trur eg at eg sovna ei lita stund. Før eg fekk sett på kaffien. I staden for å sjå TV las eg i ei lydbok som eg begynte på for eit par dagar sidan. Eg har vel litt meir å gjere før dagen er slutt, men mykje må eg vente med til nærmare jul- Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal på trening i morgon-får sjå korleis forma er når eg står opp. Dagane er veldig korte no, så eg ser fram til at sola skal snu.

Då eg køyrde til butikken i dag, merka eg sjølvsagt at det var is på vegane. Og eg har ikkje piggdekk, men heilårsdekk. Det går heilt fint. Men kvar gong eg køyrer opp den vesle bakken frå Olavsgata til Starevegen på vinterføre kjem eg på problema som vi hadde den vinteren vi flytta hit. Den raude Escorten vår ville ikkje opp den bakken, og ein gong måtte eg sette meg i bagasjerommet for at bilen skulle få tak. Det var det året vi flytta frå Engeset til Vallabøen-vi flytta inn i nyehuset til jul. Det var bakhjulsdrift på bilen vi hadde då- så det var vel grunnen til at den spann i motbakkane.

søndag, desember 19, 2021

Dagbok 2021: 19. desember


 Klokka er no17.20, temperaturen ute er + 1 grad, og eg likar lite at det har blitt så mykje kaldare. I dag måtte ei kveike opp i omnen ei stund på føremiddagen, men så har eg greidd meg med varmepumpa etterpå- Det er så å seie slutt på veden min, men eg får sikkert meir ved med Even ganske snart. 

Dette har vore ein litt rar dag. Eg vakna tidleg, og fekk ikkje til å sovne igjen så eg stod like godt opp. Eg har ikkje gjort nokon ting til gagns i dag, har berre sete og sett TV og strikka. Men Marit kom ned og prata ei stund. Klokka 13, ca. gjekk eg ein tur på Vernet, der er det fint og bert no, snøen som kom sist natt gjorde ikkje så mykje av seg. Eg trefte ei dame eg kjenner og slo av ein liten prat. 

Då eg kom heim, laga eg meg litt mat, før eg sette meg til inne med TV-en igjen. Eg har begynt å sjå på ein serie om den sisteTsaren i Russland, der Rasputin spelar ei stor rolle. Dette er ikkje ein slik eventyrserie som dei har laga om eldre kongar og dronningar, for dette er nokså nært vår tid. Både mamma og pappa levde på den tida. Og så strikkar eg på enda ein lest. Tenkte eg skulle trappe ned på strikking for eg trur kanskje at det ikkje er så bra for ryggen min.

 I morgon skal eg begynne innsputen til jul-eg har ein del å gjere, slikt som eg ikkje kan gjere så lenge på førehand. Den eine amaryllisen står og blomstrar seg i hel, trur eg. Den andre har blomstra ifrå seg på eine stilken, men den andre stilken er i knupp. Rosene som eg fekk av Margrete står bra enno, så eg har litt av kvart som pyntar opp. No var der eit program på TV med julesongar, men eg kan sjå det på NRK 1-viss eg vil.



lørdag, desember 18, 2021

Dagbok 2021: 18.desember

 

Klokka er no 17.35, men ein skulle tru det var natt ute, for det har vore mørkt lenge. Temperaturen på trappa er + 7 grader C og det regnar. I dag har eg ikkje vore ute for ei dør. Det første eg gjorde i dag var å lage ein gjærdeig, og etter kvart sette eg i gang med "fredagsvasken ". Det er ei overkomeleg oppgåve, men før eg var ferdig ringde Audun og ville komme på besøk- Det var ei hyggeleg overrasking, men eg hadde ikkje så mykje å by på i dag, til tross for at det snart er jul. Det vart til at vi åt suppe frå i går, Audun og eg, og så  heiv eg i hop ei lita vaffelrøre. 

Vi hadde mykje å snakke om, og som alltd når eg har unge menn på besøk, så har eg ein jobb til dei. I dag fekk eg Audun til å sette i ei lyspære på  "Roserommet" og ta ned kuppelen i vindfanget slik at eg fekk tømme ut flugene og vaske den. Eg har ei god gardintrapp, og eg er ikkje redd for å klatre opp, men er litt skeptisk når det gjeld å stå i trappa og skrue i taket. Det viste seg at eg måtte ha ei ny pære, og den køyrde Audun ned og kjøpte før han sette det i- Det lyste fint på Roserommet, men eg skulle hatt ei like god på vindfanget, for der er det dårleg lys. Sist eg var ned på legesenteret oppdaga eg, då erg sat på venterommet, at eg hadde tatt feil jakke-hadde tatt ei gammal ei som eg elles brukar berre når eg er ute og mokar snø.

I dag hadde eg tenkt å gå tur på Vernet, men dagane er korte og eg går ikkje dit opp når det er mørkt- i alle fall ikkje når det regnar i tillegg.

Audun hadde med seg gåver til Margrete og fam. Så eg håper einkvan har høve til å hente dei her. Gåvene frå Rasmus er her også.

I morgon er det 4. sundag i advent, jula er nær, og solsnu likeså. Ser fram til lysare dagar. Eg opnar ei luke i Røde Kors kalenderen kvar dag, eg har enno ikkje vunne noko, men eg har no "spenninga"-I dag sette eg plata i spisebordet -duken er lang nok til det, så då er det duka til mange gjestar-viss det er lov?

fredag, desember 17, 2021

Dagbok 2021: 17.desember

                                                      Denne fekk eg i julegåve av Einar
 

Klokka er no17.30, temperaturen ute er + 9 grader og det regnar, nesten all snøen er borte,og takk for det.. Særdeles glad er eg for at eg slapp å moke snø frå altanen. Det er litt av ein jobb. 

I dag utsette eg fredagsvasken til i morgon fordi eg skulle på sjukehuset i dag. Eg hadde leigt Enar til å køyre meg, så eg laga ferdig ei panne med kjøttsuppe som vi skulle ha når vi kom heim att. Vi rekna oss god tid, fordi vi skulle innom Jakobsen og kjøpe kjøtt og der kunne det vere kø. Kø var der ikkje, så eg kom altfor tidleg til sjukehuset og måtte vente ei god stund. Einar tok seg ein tur til sentrum i mellomtida.

Eg var spent på kva legen hadde funne ut av prøvane ho tok sist eg var der.(Beinmargsprøve) Eg håpte ho ikkje hadde funne noko skummelt, men det hadde ho-nesten. Eg unngjekk med liten margin å få ein kreftdiagnose (lymfekreft)- eg var ikkje heilt der enno. Eg var både budd og ikkje budd på det. Men eg veit at om det er kreft så går det sakte med denne sorten. Så eg tek det med ro. Det blir å gå til kontroll ca. 3.kvar månad, og det får eg gjere her i Ørsta.. Eg tek situasjonen med ro. På spørsmål frå meg svarte legen at det eg kunne gjere sjølv var å halde meg i form og leve sundt- og det trur eg at eg gjer.

Då vi kom heim åt vi suppe-lapskaus, kokt på pinnekjøt + erter og grønsaker med litt  litt brød til . Det smakte godt.  Og så hadde vi kaffi etterpå. 

Eg ønsker alle ei god helg. Sjølv skal eg kose meg med Beat for Beat+ kaffi og strikketøy-


torsdag, desember 16, 2021

Dagbok 2021: 16.desember

 


Klokka er 17.50, temperaturen ute er + 5 grader og det  regnar meir og mindre heile tida. Nesten rart å sjå ned i hagen-der er all snøen borte og plenen er grøn. Om eg saknar snøen, så saknar eg i alle fall ikkje kulden. I dag hadde eg vekkarklokka på 8, og vakna på streket 8-utan at klokka hadde ringt. Eg har sikkert ei indre klokke. Så var det trening frå 10-11, og så handla eg litt på vegen heim-på KIWI.

Eg hadde ikkje planlagt så mykje for dagen, men det er alltid noko å finne på for den som vil. Hadde litt utfordring med den nye datamaskina, men det ordna seg stort sett av seg sjølv, men eg var no borti og hjelpte til. Tok fram laptopen igjen, for eg greier meg ikkje lenge utan kontakt med verda. Alt er i orden no.

Eg hadde sjekka mobilen før eg køyrde heim frå treninga, men der var ingen meldingar, men etter at eg hadde vore heime ei stund, fekk eg melding om pakken frå Rasmus, den var komen på Bunnpris. Den førre meldinga eg hadde fått var falsk, og slik som eg grunda på korleis eg skulle få tak i pakken då!

Eg køyrde like godt ned på ALTI og henta pakken på Bunnpris-og så måtte eg liksom handle litt der også-


                              Sjå litt på dette bildet før du les vidare. Kva kan dette vere ?

Då eg kom heim att var det tid for middag. Eg hadde ein rest av ein gryterett, og så ville eg koke ris til. Eg hadde ein riskokar i plast som eg har fått av Solveig. Eg har ris og vatn i, set på loket og så er det inn i mikrobølgeomnen i 20 minutt. Eg sette meg inn til laptopen på stova og la kabal mens eg venta. Då eg kom ut på kjøkkenet merka eg med ein gong at noko var gale for der var det skodde og lukt-
 
Det de ser på bildet var det eg fann i mikrobølgeomnen. Plasten var smelta i botnen og hadde blanda seg meg risen til ei flat kake. Eg forstår ikkje at dette kunne skje, men det må ha vore fordi det var mindre ris i bollen og dermed mindre vatn enn vanleg. Eg prøvde mikrobølgeomnen etterpå og den funka , men det blinka to raude lys, så eg er ikkje trygg. Og no kan eg ikkje rope på "Min private elektrikar" fleire gonge før jul. Han var her i går og hjelpte meg med telefonen, så no må han få fred ei stund-
Det blei ikkje gryterett på meg i dag, men eg hadde kjøpt eit glas med "julesild"på Bunnpris, og så åt eg av den til grovt brød og sylta rødbetar. Etterpå strikka eg og såg TV-det vart ikkje meir gjort i dag. 
I morgon kjem Einar, han skal køyre meg til Volda, der eg skal kjøpe kjøtt hos Jakobsen før eg møter på sjukehuset. Denne "sjukdommen " som eg har fått, blir sjeldan alvorleg, men eg må nok gå til undersøkelse av og til. Dei fleste som har den blir ikkje sjuke. Så eg håper det beste. Men eg likar ikkje å gå til dokter uansett.




onsdag, desember 15, 2021

Dagbok 2021: 15.desember


 Klokka er no 17.35, temperaturen ute er + 9 grader og det er vind. Regn har vi også hatt i dag. Eg vakna klokka halv 6 i dag og begynte å lure på korleis eg skulle få tak i pakken min, så eg sovna ikkje attpå , men låg til klokka var ca. halv 7. Etter at eg hadde ete ein tidleg frokost fann eg ut at eg skulle gjere ferdig skriveria for pensjonistlaget. Sidan eg ikkje fekk sendt manus frå laptopen til PC-en skreiv er like godt om att det som har stått i avisa. Så no er permen i orden. 
Så skulle eg ein tur til Vik, men eg ville ikkje prøve meir på å få ut pakken der som eg hadde fått melding om at den skal vere, for Rasmus hadde spora pakken til Skodje- og det hadde eg meir tru på. Men eg sende ei melding til Helge og no har han innstallert både Posten-appen og vipps- Vipps har eg ikkje villa hatt før, men no var det så mykje tull på banksida på PC-en at eg måtte gjere noko. Så no har Helge og eg hatt enda ein digital time. Han er flink til å lære meg opp.

Men eg har på ingen måte tenkt å gi meg på at vi eldre må kursast -spesielt på telefon.

Eg var ned til Vik ein tur før middag for eg hadde eit ærend og så mangla eg ingredienser til det eg hadde tenkt å lage, nemleg Focacca-brød.  Då eg kom heim gjekk eg ein liten runde før eg laga deigen. Eg trefte ein mann på toppen av Storebakken som eg vart ståande å prate med. Det er sjølvsagt ein eg kjenner, eg har hatt dottera hans på skulen og eg kjenner kona hans også. Han er opprinneleg frå Måløy, og så jobba han i posten. No er han pensjonist, og vi fann ut at han er eit år eldre enn eg. Vi pensjonistar er veldig glade i å prate med kvarandre.

Etter turen laga eg deig, og mens den heva  åt eg middag. Då eg omsider sette meg ned inne i stova, hadde eg problem med å halde meg vaken, det er det same kvar dag. Men eg vil ikkje sove om dagen. I morgon er det trening igjen, men eg er litt usikker på om vi skal trene tysdag i neste veke.-


tirsdag, desember 14, 2021

Dagbok 2021: 14.desember


Klokka er no 15.42,ute er det mørkt, regn og +5 grader C. Eg hadde nettopp skrive ferdig bloggen og så kom eg til å slette heile greia.. Ja det er ikkje så mykje å gjere med det. Men eg skriv ikkje om att historia om postpakken som ikkje blei med heim fordi eg ikkje hadde post-appen. Eg er litt sur enno, men eg får vel hjelp av einkvan. Då eg kom heim frå trening var eg så irritert at eg tok ein mosjonsrunde i full fart før eg begynte på husarbeidet. 
Eg la litt i omnen for å få opp tempen fort, så sette eg ein deig som skulle bli brytebrød, før eg laga middag til meg sjølv, Pasta Carbonara i dag. Så bakte eg ut brødet og no står det i omnen.  Kanskje ikkje så spennande dagar, men jammen er eg glad for at eg kan vere her heime åleine når eg vil, og sleppe å gå ut i Koronalandet.. I går sat eg i over to timar og høyrde på dei som snakka om pandemien.

Dette er brytebrødet, veldig lettvint.
Etter middag og baking hadde eg ein relstivt stor oppvask-for hand. Maskina styrte med sitt og ho er ikkje ferdig enno-

mandag, desember 13, 2021


 Klokka er no15.40. temperaturen ute er + 6 grader, det kjennest nesten ut som sommar etter kulden som vi hadde. I dag er utetrappa fri for i og snø. I  dag var eg heime heile føremiddagen og styrte på litt- Mellom anna fekk eg støvsuga skikkeleg i stua og gangane. Pluss at eg har hatt litt rydding, både i huset og på datamaskina. Plutseleg var maskina full av gamle brev som Google har tatt vare på. Ja, det dukkar no opp eitt og anna, men no har eg i alle fall fått meg ny blekkpatron, såpass eg kan skrive ut gamle manus - om eg finn dei att.

Eg tok meg ein tur til Vik i dag, tok ut pengar i minibanken og handla litt mat etc. Eg var innom strikkebutikken og skulle sjå om dei hadde slike strikkepinnar som eg likar så godt- i 2,5 storleik. Det hadde dei ikkje. Då eg kom heim var eg så svolten at eg berre måtte ta meg eit par brødskiver, hadde ikkje tid å vente på middag. Men kanskje eg får noko godt til kvelds?

Marit har vore til legen i dag igjen. Ho har fått beskjed om at ho ikkje skal gå på trening, men slappe heilt av. Janne var med henne i dag, for det er litt vanskeleg å forstå kva legen seier bak maska. Han er ikkje norsk,men pratar visst mest på svensk.  I morgon må eg fare åleine på treninga..

Eg gjekk litt fram og tilbake nede i Vik, så eg fann ut at eg kunne sløyfe mosjonsrunda mi i dag. Det er alt nesten mørkt ute. Har no hatt nokre turar opp og ned i kjellaren også. Mens eg sit her og skriv kjem eg på mykje som eg skulle ha kjøpt. Eg får skrive det på lista-

Sudokuen i fredagsavisa var så vanskeleg at eg har ikkje grei e dd å løyse den. I kveld får eg ein ny, men dei som er i tysdagsavisa er altfor lette. No skal eg slappe av litt, før eg finn på noko som eg MÅ gjere.



søndag, desember 12, 2021

Dagbok 2021: 12.desember-

                                                        Fonnavegen i dag-


Klokka er no18.40, temperaturen ute er + 3,5, og så vidt eg veit har det vore opplett i heile dag. Det var godt å stå opp i dag utan å kjenne på kulden. Det var rimeleg fjelgt i huset og eg slapp å veikje i omnen.I dag begynte isen på trappa og altanen å smelte. Eg var ut og "vaska" altanrekkverket der fuglane har sete og ete -og gjort frå seg. Ikkje berre småfuglar, men mest kråker og skjor.
På føremiddagen dreiv eg elles og pussa kopar og messing, tørka støv og "pynta". Før i tida pynta eg til jul på lille julaftan og på sjølve julaftan, men no driv folk og pyntar i heile desember, og eg har hengt meg på. Litt ny pynt kvar dag og så får vi nyte stasen heile desember månad. For til nyttår skal det ut -_kanskje? No har eg rydda vekk laptopen og skriv på nyemaskina som står på datarommet. Eg likar betre den arbeidsstillinga eg har no-men så er det litt tilvenning igjen.




I dag måtte eg ut å gå tur igjen, og eg tok på meg piggsko i dag også, ikkje alle vegane er like godt sanda. Det vart ein liten runde på Vallabøen, for på Vernet er det framleis mykje snø. Då eg kom heim laga eg meg middag, det vart ørret i dag også, men no blir det ei n pause, for eg må prøve å ete av matlageret mitt. Eg har ikkje høyrt nyheiter i dag, så no må eg få med meg 19-nyheitene.


lørdag, desember 11, 2021

Dagbok 2021: 11.desember


Klokka er no 18.35, temperaturen ute er minus 2-3 grader C. I dag har eg ikkje vore ute og gått. Eg sette ein bolledeig rett etter frokost , og før eg hadde baka ut og steikt alle bollane var vi komne langt på dag. Ja eg gjorde sjølvsagt andre ting langsmed, for eksempel strauk eg nokre klede og så var det vedfyring og rydding. 
Margrete og Amanda var i Ørsta på julehandel og kom opp her etterpå. Då drakk vi kaffi og åt bollar, enkelt og greitt. Dei hadde med seg ein stor bukett med raude roser, så no vart det enda meir julstemning i stova.
Som vanleg hadde vi mykje å prate om, ikkje minst snakka vi om skule, eg som er pensjonert lærar , Margrete som står i striden og Amanda som skal bli lærar.
Eg spurde om dei hadde lyst på strikkalestar og det hadde dei, men då eg tømte lageret mitt på golvet, ville dei at vi skulle vente til 2.juledagen, slik tradisjonen er. 
Det var kjekt å få besøk, det har ikkje vore så mange treff i seinare tid, men vi håper at vi får vere i lag i jula. No skal eg sjå nyheiter, har ikkje hatt på TV-en  før i dag.


Her er litt for einkvar fot og smak.

 

fredag, desember 10, 2021

Dagbok 2021: 10.desember

Dette er frå "toppen" på Storebakken kl.14.00


No er klokka 15.30, og temperaturen har gått ned til minus 3. Det er vel fordi det har klårna opp ute at det blir kaldare.I dag stod eg  først opp før klokka 8, men syntest det var litt for tidleg, så eg la meg igjen og låg til klokka var nesten10, i går morgon vakna eg klokka 5, så eg hadde vel litt å ta igjen. Dei to siste dagane har det gått greitt å stå opp, for eg har hatt varmepumpa på om natta, så her har ikkje vore utkaldt. Både Helge og Bodil sa at dei gjorde det slik, og eg hadde alltid pumpa på om natta før eg vart skræmd av straumprisane. Etter at eg hadde ete frokost vaska og shina eg kjøkken og bad og så dusja eg og vaska håret og kledde meg om. Eg var på legesenteret kl.12.00, men då hadde dei lunsjpause, så eg tok ein tur på ALTI og Spar før eg var opp att på Legesenteret. Der måtte eg vente ganske lenge før eg fekk komme inn på eit laboratorium. Ho tok masse blodprøver.

Då eg kom heim kveikte eg i omnen, men bestemte meg for å gå ein liten runde før eg sette meg ned.Det vart same runden som i går, vel ein halv time. Litt er betre enn ingen ting, tenkjer eg.Då eg kom heim sette eg den nye blekkpatrona som eg kjøpte på Clas i dag inn i printeren. Vi hadde testa at printeren virka på den nye maskina også, og eg hadde kjøpt riktig blekkpatron. Eg forstår ingen ting, men printeren skriv ikkje ut det han skal, og der kjem ingen meldingar på maskina om at noko er gale. Eg trudde eg var ferdig med alle ugreiene no, så dette var eg ikkje budd på. Eg har no skifta blekkpatron ørten gonger før ,så det trudde eg ikkje at eg trong hjelp til. Eg har ikkje bruk for printeren sånn heilt på øyeblikket, så eg finn vel ut av det.

Til middag i dag åt eg grauten som var att etter i går, og no skal eg ha meg ein kaffikopp før eg eventuelt finn på noko som eg MÅ gjere. Kvar fredag trur eg det er laurdag, men no vil eg i alle fall ønske alle ei fin og koronafri helg. I dag var det masker både på Legesenteret og på butikkane.
 



torsdag, desember 09, 2021

Dagbok 2021: 8. og 9.desember



 Klokka er no16.40, temperaturmålaren på trappa står på rett under 0, så det er ikkje gnallkaldt. Det er veldig fint ute, opplett og nesten skyfritt. No sit eg på kontoret mitt og skriv på den nye maskina. I går fekk eg den ikkje til, men i dag kom Helge innom og då vart det ordna. Det som var gale var at eg ikkje fekk inn verken e-post eller blogg. Men no er det i orden som sagt.

I går hadde eg heimedag, men fekk ikkje gjort all verda. Rydda litt her og der, tok fram litt julepynt etc. Og så baka eg brød. Eg et mykje brødmat, og då synest eg at eg kan bake brøda sjølv. Eg gjekk ein liten tur og så var det å fyre og fyre. Sist natt let eg varmepumpa stå på, og då var her ikkje så utkaldt. Det var slik eg alltid gjorde det før, men så vart eg skræmd av alt snakket om den dyre straumen- Eg spurde Helge, som jobbar i Tussa,kor mykje dyrare det blir om ein brukar like mykje straum som før. Han sa ar det vart ca.40 kr meir pr.dag, og det syntest eg ikkje var så gale. Det klarer eg å betale. Bodil ringde utpå ettermiddagen og vi hadde ein lang og koseleg prat.

I dag var vi på trening, og i dag var det fram att med maskene. Det er ikkje kjekt, men tross alt slepp vi lett unna vi pensjonistane-så lengevi får vere friske. Det var Marit som køyrde i dag, og etter treninga var vi inn på Spar og handla. Då eg kom heim, var det på med piggsko og så vart det ein runde på Vallabøen. Kveikte i omnen då eg kom hein, også sette eg på vaskemaskina, eg hadde venta med å vaske klede til maskina var heilt full. Så sette eg på risgraut på svak varme i den nye gryta mi. Det er ei fryd å koke graut når den ikkje svir i botnen.

Så kom Helge litt tidlegare enn eg hadde venta, og han  fekk litt problem før det gjekk opp for han(og meg)kva som var gale. No er begge maskinene i orden, og så må eg berre halde fingrane frå fatet og ikkje "reparere" så mykje sjølv. Eg må visst inn på Laptopen for å finne bilde å legge inn. Eg fekk forresten Helge til å legge inn 113 appen, den kan vere bra å ha for gamle damer som går tur åleine.

Klokka er 16, så det er nokså skymt ute, og så det blir vel å sette seg til med spøt og TV.


                                    Utsikta øvst i Storebakken i dag.



tirsdag, desember 07, 2021

Dagbok 2021: 7.desember



Klokka er no18.05, temperaturen ute er 0 grader og det har stort sett vore opplett i dag. I dag var vi på trening igjen og etterpå handla vi litt på KIWI. Eg syntest det var så fælt med alle julestjernene som måtte dø på grunn av straumprisane,
så eg kjøpte meg ei- og den er raud.
Då eg kom heim bytte eg om til piggsko og gjekk ein liten tur før eg bytte om t il vanlege klede. Rydda litt på datarommet m.m. før eg varma middagen som var att frå i går. Etterpå sette eg meg til med kaffikopp og avisa, og så varte det ikkje så lenge før Helge kom. Så no er den nye datamaskina på plass og Helge fiksa det meste før han for, så FB og mail funkar, men då eg ville skrive blogg der, vart det protestar. Så eg gjekk tilbake til Laptopen, og då kom eg ikkje inn der heller, før eg la til samme passordet som på storemaskina. Eg trur nok eg får til den også, men det er varmare her så eg blir sittande. Eg fyrer i omnen, men sjølv om eg let heilt att trekken, brenn veden  altfor fort opp. Helge viste meg korleis eg skulle bruke timeren på lysa mine, så no lyser dørkransen og i morgon skal eg få lys i ryggebuska mi også. Mange av naboane har mykje  lys ute og det er så fint no når vi har snø. Bildet over er frå gata ovafor Starevegen , så de ser husa til naboane på baksida. I morgon er det heimedag, for vi har avslutta spansken  p denne sida av jul. Tanken er å starte opp att i februar.

 



mandag, desember 06, 2021

Dagbok 2021: 6.desember. Nilsmesse

I dag gjekk eg i Lyngvegen, dette er Natvik sitt hus.

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er minus 4 grader og eg hatar kulden sjølv om eg synest det er vakkert ute. Eg hadde nettopp skrive ferdig bloggen, då eg kom borti eit kvart så eg sletta kvart ord, men eg får prøve å skrive om igjen om det ikkje blir heilt det samme.
Eg fyrer og fyrer med ved, men den brenn så fort opp 
 at eg nesten må sitte og mate omnen. Fann ei kasse med hageved i dag også, men trur det var den siste. Det var no ikkje noko å fyre med, men det er betre enn å kaste det på VØR. Eg har mykje meir hageved, men har problem med å sage den opp.
Eg hadde ikkje plan for dagen, men då eg fekk melding om ein pakke som var komen, køyrde eg ned på Bunnpris og henta den. Eg visste kva det var, det var ei datamaskin som Rasmus skulle sende til meg. Eg sende melding til Helge, men eg har ikkje høyrt frå han enno. Kanskje han ikkje har lese meldinga? Eg har ikkje lyst å innstallere den sjølv for eg er redd å gjere noko gale.
Etter at eg hadde pakka ut maskina, skifta eg på meg piggsko, slik at eg kunne gå ein tur. Det var veldig fint ute, men sola kom ikkje ned til oss i dag.
Eg leita fram diverse lys også, der er Timer på dei og det har eg ikkje greie på, tenkte at Helge kunne få hjelpe meg viss han kom. Folk pyntar veldig til jul både ute og inne, så eg føler meg ikkje heilt på topp.
I dag laga eg ein gryterett som heiter "jegergryte", det vart så mykje at eg har rikeleg i morgon også. Då skal vi vel på trening igjen, har ikkje høyrt noko anna.
Fekk mail frå redaktøren i Møre-Nytt i dag, han takka for innlegget. Eg har funne ut at det er tryggare å sende til han enn til redaksjonen.
No har eg skrive blogg for andre gong, så no gjeld det å ikkje slette.

Huset til Snipsøyr midt i bildet.
Lyngvegen.



søndag, desember 05, 2021

Dagbok 2021: 5.desember


Klokka er no18.10, temperaturen ute er minus 2 grader, det har vore overskya i dag, med litt snø-men berre litt. Eg har ikkje vore særleg effektiv i dag, ikkje så mykje å finne på i snø og kulde- og straumsparing. Det er vanskeleg å spare straum når ein er heime heile dagen. Må no ha det rimeleg varmt inne, og så snart ein skal gjere noko, brukar ein elektrisitet. Noko av det første eg gjorde i dag etter å ha ete frokost, var å sende manus til avisa. Eg skreiv det vel fredag, men trudde eg skulle komme på noko som kunne gjere det litt betre. Det gjorde eg ikkje, så det blei sendt som det var.

Så laga eg ei Karstens fruktkake, som eg alltid gjer til jul. Plar lage ei til meg sjølv og ei til Margrete, men i år lagar eg berre ei for eg har 1/4 att av den eg laga i fjor. Noko særleg baking har eg ikkje tenkt å bry meg  med, men eg har to gulrotkaker. I halv to tida tok eg på meg piggskorne og gjekk ein tur rundt om på Vallabøen- ikkje så langt heimefrå. Og då eg kom heim laga eg middag. I dag vart det steikt ørret, det blir ofte det om sundagane. Og så sette eg meg til med kaffikopp strikketøy og SERIE. No er serien heldigvis slutt, så kan eg kanskje få gjort noko anna.(Men eg finn vel snart ein annan serie?)

I morgon har eg ikkje noko eg "skal på "- men Marit skal på seniordans. Eg er spent på kva tid eg får pakken frå Rasmus med ein PC. Då kjem Helge og hjelper meg- eller omvendt- og så gleder eg meg til å få ei anna datamaskin. Spennande om eg få kopla den til printeren. Tysdag blir det kanskje trening igjen, og då får vi handle litt etterpå. Det er no litt kjekt å sjå kva dei har på butikkane av julepynt og anna, men eg kjem ikkje till å kjøpe så mykje.

Eg fekk mail frå straumleverandøren i dag, og der stod at det var billigare straum om natta. Så kanskje eg skal ha på litt varme då, så huset ikkje er heilt utkaldt om morgonen. Om dagen skiftar eg på med elektrisk-og vedvarme. Eg fekk tre sekker ved med Even i går, god tørr ved, men eg trur det er noko gale med omnen min, for den sluker veden, og når veden er brent opp, blir omnen fort kald. I fjor hadde vi ein lett og mild førjulsvinter, i år skal vi visst har vinter både før og etter jul. 
Denne dagen har gått fort til tross for at eg har vore her åleine heile dagen - men dagane treng ikkje gå fort for mi skuld.


Eg kjøpte to amaryllis sist eg var på Plantasjen, no står dei begge med store knuppar og sprett vel snart heilt ut. Litt for tidleg i høve til jula. Bildet er litt misvisande- det er stova som speglar seg i vidusruta-og eit golvteppe ligg på kassa på altanen.
 

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...