fredag, september 30, 2011

Vermelding 30.september 2011

Klokka er no vel halv to. Temperaturen på trappa er + 20 grader C, det er skya, men opplett.I går var tempen oppe i + 24 ei stund på dagen.
Vakna og stod opp relativt tidlig i dag, då var det både skodde, grått og litt regn. Men veret har kome seg etter kvart, og no ser vi så vidt i sola. Nils held på å lage til middag; varmar opp kjøtkaker frå onsdag.
Eg plagast med ryggen.Får ofte eit lite "anfall" etter at eg har vaska golv, og det har eg gjort i dag. Og så har vi vore på ei gedigen handlerunde, først i Volda, der eg kjøpte lestegarn, og så på REMA 1000 her i Ørsta. MÅTTE berre inn og sjå om dei hadde kyllinglår, og det hadde dei. Dermed handla vi alle kolonialvarene der i dag, men måtte så vidt innom Amfi sidan eg skulle ha noko på apoteket. Viss veret betrar seg og blir like fint som i går, skal eg legge meg ut på altanen etter middag og kvile ryggen min.
No er det vel mange som snart har haustferie, og eg håper, mest for deira skuld, at vi får det fint nokre dagar til.Nils skal legge ut krabbe/ hummerteiner i morgon. Det er lov frå klokka 8.00 å fiske hummar!
God helg til alle! Og god ferie!

torsdag, september 29, 2011

Vermelding 29.september 2011

Klokka nærmar seg halv fire. Ute er det lettskya, litt sol og + 24 grader C. Ja, no er sommaren endelig komen! Eller? 
Før middag gjorde eg litt husarbeid, som vanlig, før vi gjorde oss klar til "Hodejegerne" på Seniorkino. Kanskje var ikkje veret så fristande  når det galdt akkurat DEN aktiviteten, og det var heller dårlig frammøte. Filmen var vel heller ikkje så høvelig for den eldre garde, men eg mora meg fordi eg såg heile filmen, med alle sine blodige drap, meir som ein parodi på heile krimsjangeren. Og Aksel Hennie er berre fantastisk.Neste Seniorkino blir "Barnepiken", som vi skal sjå 25.oktober. Kanskje ein ide å lese boka før den tid? Eg har nyss lese den for andre gong.
Middagen i dag var lettvint og grei, restar av ertersuppe frå mandag.
No skal Nils slå litt plen, og etterpå blir det litt fellesarbeid i hagen-skal i alle fall vere ute når vi endelig har fått finever. Håper dette veret varer og varer  -i alle fall over haustferien. Då tenkjer eg mest på dei som er i arbeidsaktiv alder.
No gler vi oss til at Rasmus m/fam. kjem på sundag. Dei overnattar på Vesterland mellom Kaupanger og Sogndal frå laurdag til sundag.

onsdag, september 28, 2011

Bok nr. 54: 2011: Flaskepost fra P av Jussi Adler-Olsen

Denne lydboka er på 13 CD-ar, og eg har brukt litt for lang tid på den. Har lese lite om gongen, og lagt den vekk og teke den att litt for ofte. Derfor er det kanskje litt urettferdig både mot boka og forfattaren å påstå at boka er langdryg. Men det synest eg altså, viss eg skal vere heilt ærlig. Det er vel ikkje heilt rett å seie at her er mange parallelle fortellingar heller, men den allvitande forteljaren flyttar omkring i hendingane og let oss sjå alt som hender både hos forbrytaren og politiet og fleire andre involverte. Det kan bli litt mykje av det gode. Når vi kjem til sjangeren "krim" vil eg ha ei fokusert fortelling, utan tusen forklaringar og digresjonar som tek bort spenninga i sjølve handlinga.Eg føler det som eg blir mata med teskei.
Språket er ganske artig somme tider, med mange bilde og metaforar, og ein innvandrar som opererer som assistent for politiet, seier mykje rart- og klokt. Han blir heldigvis ikkje framstilt som uintelligent, snarare tvert imot, han har berre litt problem med språket.
Opplesaren les godt. Han fell ikkje for freistinga å "spele" for mykje. Eg har ikkje lese om boka på nettet, men eg har høyrt om forfattaren, og hadde store forventningar. Det er ikkkje alltid lurt.

Vermelding 28.september 2011

Klokka er 17.30. Temperaturen er + 16 grader; det er overskya og  hyppige regnbyger. 
Før middag heldt vi oss heime og jobba litt i huset. Blant anna så støvsuga eg grundig på stova. Så var vi ein tur nedover. Eg trengde m.a. litt garn for å få ferdig eit lesteprosjekt, og så mangla vi plutselig ein høvelig stor kasserolle. Trur ikkje det er så mange som har så mange panner som vi, i alle mulige storleikar. Dessutan hatar eg gamle stygge panner, så dei går i bosset. Hårføhnaren svikta her ein dag, så det blei å kjøpe ny. Kjøpte den på Jernia sidan vi var der likevel. Ikkje det at eg driv og føhnar så mykje på håret mitt, men det er greitt å få blåse det litt halvtørt. Synest eigentlig det er kjekt at vi framleis  treng eitt og anna, slik at vi får noko nytt inn i huset.
I dag venta vi Einar til middag klokka 16-han hadde ei pause før han skulle på fotballkamp i Hovdebygda. Han kom, presis som alltid. I dag serverte eg mors heimelaga kjøttkaker i brun saus etc.-slik gammaldags "bestemor-mat" som eg veit at Einar også likar. I morgon blir det restemat- dag for oss gemlisane, og det passar bra etter som vi skal på kino midt på dagen.
Nils begynte å beskjere eine plommetreet i går. I fjor kom vinteren så brått på at ingen ting blei gjort, så i år prøver vi å komme i mål før den første snøen legg seg. Plommetrea har vokse veldig i år, det kjem vel av alt regnet, men plommer var det lite av.
Nils har tenkt seg på fotballkamp om veret ikkje vert for ille, eg skal prøve å få lese ut boka eg har halde på med så alt for lenge.

tirsdag, september 27, 2011

Vermelding 27.september 2011

Klokka er ca 15.00, temperaturen er + 13grader C, det er skya og opplett pluss litt vind. Ikkje reint gale ver altså.. Vi har nettopp ete middag. I dag vart det steikt makrell av den som Nils fiska frå land sundags kvelden. Det var godt denne gongen også, men no trur eg vi har ete nok makrell for i år.
Føremiddagen har Nils brukt til å frakte utrangerte elektriske kvitevarer m.m. bort på VØR. Det var vaskemaskin og tørketrommel frå kjellarleilegheita mellom anna. Han hadde diverse styr i garasjen som gikk same vegen. Godt å få det vekk.
Eg har laga diverse mat i dag også. Lagar ofte fleire porsjonar i gongen, så har ein lettvinte dagar då ein berre fiskar opp frå frysaren. 
Dessutan fekk eg farga håret mitt , kan ikkje springe til frisøren støtt heller.
Annonsen til Seniorkino stod ikkje i avisa i dag, så eg måtte kontakte kinosjefen for å høyre om det var endringar i programmet. Skal innrømme at eg vart litt stressa.Men det var ein glipp frå hans side. Det blir kino på dagtid komande torsdag kl.12.30, og annonsen kjem i avisa same dag. Eg driv stadig og reklamerer for dette tilbodet.Det har de kanskje oppdaga?
No er det like før sola kjem fram. Eg har ei kjensle av at vi får ein fantastisk haustferie i år.
Om våren er vi ivrige å sjå etter teikn på at den varme årstida er i kjømda.Haustteikna er vi ikkje så glade for. Som de ser på bildet, har skogen og fjellet skifta farge, men blomkarsane har enno ikkje frose. 
Enda eit haustteikn dukka opp i posten i dag: Innkalling til tannlege!

mandag, september 26, 2011

Vermelding 26.september 2011

Klokka er halv ni om kvelden, og eg lurer på kvar dagane blir av. Ute har det regna mest heile dagen,og når eg ser ut no, relativt tidlig på kveld, er det heilt mørkt. Temperaturen er ca +10 grader C. Det er tydelig at hausten er komen, men eg har enno ikkje gitt opp vona om sommarvarme. Det er meldt nokså høge temperaturar rundt neste helg.Måtte det berre slå til !I dag har eg styrt med diverse husarbeid, og så kom Margrete og tre av ungane til middag, så det vart ein koselig dag trass i ufyselig ver.
Til middag i dag serverte vi ertersuppe + pannekaker med bacon og blåbærsylte med kaffi attåt, slik vi likar det her i familien.
Heller ikkje i dag vart det bilde på bloggen. Veret er ikkje mykje å ta bilde av, og elles vart det gløymt.
Nils fekk ikkje lyr i går då han fiska frå land, men kom heim med nokre makrellar som vi skal ha i morgon ,trur eg. Dei var nokså feite, så eg trur eg vil steike dei, kokte kan dei bli litt kvalmande.

søndag, september 25, 2011

Vermelding 25.september 2011

Klokka er snart halv sju. Det er overskya, opplett og +15 grader C. Veldig behagelig ver!
Har nettopp gått ein tur rundt omkring på Vallabøen, med lydbok på øyret. Det er ikkje noko som eg plar gjere. Nils for bort på kaia og skulle sjå om han fekk eil lyr. 
Det har vore ein litt tam dag. Før middag tok eg ein tørn med å feste trådar på ørten par lestar, mens eg rippa bok og la inn på MP3-spelaren.

lørdag, september 24, 2011

 Klokka er snart 19.00, og enda ein dag har gått over i historia. Ute er det+ 15 grader C, opplett og milde vindar. Sol har vi ikkje hatt i dag, men det fall nokre regndropar på føremiddagen.
Vi var til Vik f.m.-på Amfi-for å handle og treffe litt folk.Trefte blant anna Harald som skulle vere med å spele i 2.etasje, men dei kom ikkje i gand mens vi var der. Til middag i dag hadde vi fiskekaker, så det var lettvint. Etter middag skulle eg rippe nokre bøker som eg hadde lånt på biblioteket, men det gikk timesvis før eg fekk maskina i gang. I ventetida strikka eg eit lestebrot mens eg høyrde lydbok. Eg heldt fram med både strikking og lytting på same tid som eg rippa tre bøker, så det vart ein del multitasking i dag også. No har eg rikelig lesestoff framover, men dei tre bøkene eg rippa i dag var på berre 5-5-og 8 CD-plater, så dei varer ikkje så altfor lenge. Får nok ikkje så veldig mykje tid å lese i tida framover, heller.Håper vi får ein fin dag i morgon! No skal vi snart sjå "Skal vi danse" !

fredag, september 23, 2011

Vermelding 23.september 2011

Klokka er 17.30, temperaturen er +10 grader C, og det ser ut som om det kan lette opp. I går kveld regna det så voldsom at eg trudde aldri det kunne slutte . Nils for akkurat av garde på møte i  "Småbåthamna ......"eitt eller anna. Saka er i alle fall at det skal byggast ei ny brygge der båten vår ligg.
Dette  har vore ein sløv dag. Eg sov dårlig sist natt p.g.av at eg fekk ein grusom tinnitus fordi der var slik gjenklang i rommet der vi hadde møte i går.
I dag har eg stort sett berre vaska litt til helga, og så har eg tatt eit par telefonar og skrive nokre mailar. Fekk mail frå Kinosjefen seint i går kveld om at vi ikkje kunne ha Seniorkino på tysdag, som planlagt, for kinolerretet skulle skiftast. Eg hadde alt sendt omtale til avisa, så eg vart litt febrilsk. Men ein mail til redaktøren ordna det slik at han endra datoen. Så kunne eg slappe av, og krysse fingrane for at alt går bra til slutt.
Nils koka lange til middag i dag, og det smakte fortreffelig etter så mange fiskelause dagar. Hadde meg ei lita stund på dagsenga også-med lydbok. Og så har eg begynt på enda eit lestepar.
Fekk nettopp melding frå Solveig om at dei er vel framme i Oslo. Øystein skal springe Oslo maraton på sundag.
Så vil eg ønske alle ei god helg!  Om ei veke er det haustferie, og då ønsker vi oss DET kjempeveret !
Endelig blomstrar clematisen. Men han er om lag 1/4 -part så stor som han plar vere. Vi har to andre som enno ikkje har klart å kome med blomster - men det kan bli fint i oktober. Gir aldri opp håper om at sommaren ein gong skal kome.

torsdag, september 22, 2011

Vermelding 22.september 2011

Klokka er 18.10, og vi er nettopp komne heim. Ute regnar det trollkjerringar og det som verre er, og temperaturen er ca+ 9 grader C.I dag var vi tidlig oppe, for vi skulle vere i Ulsteinvik på møte klokka 10.00, og vi likar å ha god tid. Hadde med oss ei dame til, så vi var tre frå Ørsta.
Møtet handla for det aller meste om Samhandlingsreforma, og eg må innrømme at eg syntest det var lite engasjerande. Det var sjølvsagt noko som var interessant, men det blei vel mykje. Dessutan synest eg ikkje det er pensjonistlaga, der dei fleste er gamle, som skal stå på barrikadane og krevje. Det er meir ei oppgåve for Eldrerådet og politikarane.Og når det blir for mange personlige innspel frå tilhøyrarane, blir det berre dumt. Som eit døme kan eg nemne at det var snakk om at vi skulle oppmode pensjonistar til å bruke refleks, og då vart det ein diskusjon om korleis ein kunne få tak i refleksvestar GRATIS. Hallo! Pensjonistar har vel råd å kjøpe ein refleksvest viss dei treng det, like så vel som mange andre. Nok om det.
Vi fekk god og rikelig mat. Frukt stod framme på gangen heile tida. Til lunsj fekk vi steik med fullt tilbehør. Det vart litt diskusjon om kva slags kjøt det var, men eg og ein av mennene ved bordet, var overtydde om at det var lam. Det var fylt med pesto! det var godt! Og så fekk vi steikt sopp, broccoli,blomkål, gulrøter og tyttebær til. Karamellpudding til dessert.+ kaffi. I neste pause var det kaffi og gulrotkake.
Else, som sat på med oss, hadde ikkje vore til Hareid på mange år, så vi svinga ein tur utom dit, og heilt opp til Solveig sitt hus-utan å gå inn. Rekna med dei var midt i middagen/middagskvila. Var innom Blåhuset i Ulsteinvik og fekk tak i tulipanløkar også.
Det var ikkje berre eg som var lettare frustrert over møtet i dag, det var mange andre som meinte det samme. Men vi tre frå Ørsta, var i alle fall enige om at dette greier vi ikkje å referere mykje ifrå. Eg har no eit spesielt ansvar sidan begge dei andre to stilte som vara.Vi tok med oss rikelig med brosjyrar-det får halde. No trur eg at eg skal ha ei pause, ser ikkje bort frå at augene kan dette igjen.

onsdag, september 21, 2011

Vermelding 21.september 2011

Klokka ersnart 16.00. Temperaturen er+ 16 grader C, og det er opplett og litt vind. Eigentlig nokså behagelig ver.
I dag støvsuga eg alle teppegolva før vi tok oss ei redige slyngarrunde. På biblioteket hadde dei ikkje klargjort bøkene eg skulle ha, men eg skulle kome att fredag eller laurdag, så skulle eg få dei.Neste stopp var møbelbutikken, der eg går med ujamne mellomrom og prøver stolar, for å finne ein som er god for ryggen min. I dag fann eg endelig ein som kjendest bra ut-og kjøpte den. Så får det ikkje hjelpe at den ikkje passar heilt inn i lag med dei andre møblane. Vi fekk den flatpakka, så det blir vel ein seremoni utpå ettermiddagen. 
Neste stopp var Målar-Olav i Strandgata. Der fann eg to nye sofaputer som er litt røffare enn dei vi har hatt siste året.Kjøpte berre trekka, sjølvsagt, og putta dei gamle putene inni.
 Så var vi ein tur på Amfi, der vi kjøpte medisin og mat, før eg gikk på Femina for å finne meg ei bolerojakke til å ha utanpå tunikaen eg kjøpte for noko sidan. Heilt billig vart det ikkje, men eg bestemte meg for å spare både den og tunikaen til vi skal på opera-besøk 11.oktober.
Det vart restar til middag i dag også, og i morgon skal vi til Ulsteinvik på pensjonistmøte, så då får vi vel mat der. Stakkars Nusse nabokatt som er så glad i fisk, ho forstår visst ikkje kva vi tenkjer på. Ein liten melkeskvett fekk ho i skåla si til trøst.Ho er så fin-tenk at ho er 14 år!

tirsdag, september 20, 2011

Vermelding 20.september 2011

Klokka er16.15. Temperaturen ute er +14 grader C, inne er det ein god del varmare, for Nils har fyrt godt i omnen.Det er overskya og så kjem det ei og anna regnbyge. Akkurat no er sola nesten framme.
I dag vakna eg veldig tidlig til meg å vere, og stod opp etter ei lita stund. Nils fann ut at han skulle gå seg ein tur i lag med "gamlingane" fram i Nupen, slik han gjorde ofte før. Eg sette i gang med å bake brød til meg sjølv og rundstykke til Nils. Innimellom gjorde eg litt "kontorarbeid" +diverse husarbeid.
I staden for å ete tidlig middag, vart det til at vi smaka på dei ferske rundstykka, og utsette middagen til seinare. Eg la meg inn på dagsenga mi og "las".
Enno er ikkje dagen over, så det kan no hende at eg blir aktiv utover ettermiddagen. Eg har mykje som skulle ha vore gjort! (Kven har ikkje det ?) Men det er det med å prioritere som er litt problematisk.NO skal eg i alle fall prioritere å henge ut ein klesvask.
Har prøvd å endre ansikt på bloggen min.Men eg får ikkje lagt til nytt bilde øvst. Har prøvd fleire gonger før også, men får melding om at eg ikkje kan laste inn fleire bilde. Men eg får no lagt inn bilde i blogginnlegga mine!

mandag, september 19, 2011

Vermelding 19.september 2011

Klokka slo nettopp sju,(19.00). Ute har det vore overskya i dag, med litt regn av og til.Temperaturen er+ 11 grader C. Margrete og tre av ungane har vore her, men er reiste no, og Nils for bort på kaia for å fiske, så eg er her åleine.Har sett på oppvaskmaskina, så den jobbar for meg. Skal sette i gang vaskemaskina også.
I dag skulle eg lage Bacalao, og tok fram den store jerngryta mi. Det var lenge sidan den hadde vore i bruk, så eg fann ut at den trengde ein skikkelig vask. Det resulterte i at den blei så rein at bacalaoen brende seg litt fast i botnen, til tross for all oljen. Neste gong eg skal laga bacalao, skal eg heller bruke ein kasserolle med slipp-belegg.
NB: Eg kokte opp retten på plata, og vidare i steikomnen på 150 grader, så den burde ikkje blitt brent. "Men gjort er gjort, og spist er spist"! Hadde fiskebollar i kvit saus til dei som ikkje har så voksen smak. Og så hadde vi dessert: gelé, bringebær, vaniljesaus og is.
Det er berre når vi har besøk at vi har dessert-stort sett.
Gjorde det meste av maten klar før vi for nedover, først på biblio, der eg fekk med meg to nye krimbøker, og sette meg på venteliste til to bøker til. Så på Bakk-Ola til eit lite pensjo-møte i samband med turen til Ulsteinvik torsdag. Då skal vi vere på møte heile dagen, på det som før var Ulstein hotell, no er det Folkehøgskule.

søndag, september 18, 2011

Vermelding 18.september 2011

Klokka har alt passert halv åtte. Sola skin framleis på fjelltoppane, og vi har hatt ein nydelig dag.No er temperaturen+14 grader.
Starta dagen med matlaging, det vart to porsjonar med fiskebollar, som eg laga på foodprsessoren, og så laga eg klart det vi skulle ha attåt kveitemiddagen i dag - og diverse anna.
Deretter køyrde vi ut til Per Mek på Setre og gikk tur på det vi kallar Gamlevegen, men som eigentlig heiter Hagevegen. Eg kjende at eg ikkje var heilt god i hofte og rygg så vi gjekk ikkje så langt før vi snudde. Det vart til at Nils jogga i førevegen og henta bilen.Etter ein kvil i bilen, ver eg nesten heilt bra, men trur kanskje eg må til Volda og få ei sprøyte snart. Det er nesten eit halvår sidan sist !
På ei lita avkøyrsle attmed vegen stod ein benk, der vi sat både lenge og vel og såg utover sjøen. Ingen stad tek sola så godt som her ute på stranda. Der gjekk ei merr med eit stor føl i innhengninga, og så kom dei to som skulle sleppe ein ponny inn til dei. Det vart tilløp til dramatikk. Men dama var tydeligvis ikkje skvetten.
Etter kveitemiddagen la vi oss ut på altanen, eg låg med lydbok på øyret, men somna innimellom.
Så fekk vi ei stor spann med tyttebær av nokre naboar, som eg finrensa, og fekk dermed høyrt ganske mykje av boka mi. I morgon ventar vi Margrete og ungane til middag. Dessutan skal vi på eit lite møte klokka 13.00.Eg synest dagane og vekene går som ein røyk.
Melshornet frå ein litt annan vinkel.

lørdag, september 17, 2011

Vermelding 17.september 2011

Klokka er snart 19.00. temperaturen er + 13 grader C, og det har vore ein strålande dag; heilt klårt frå morgonen av, men litt skya no. Marit og eg har nettopp gått oss ein liten tur. Sidan vi begge er gamle, og plaga med gikt etc. går vi verken langt eller fort. Og brukar slett ikkje skritt-teljar! Men vi fekk i alle fall frisk luft.Eg har vore inne det meste av dagen, og går påpakka med masse klede og er i grunnen alt for varm.
Solveig, Håkon og Olaug kom litt før 13.30, og vi venta ikkje med å ete. I dag var det Lasagne med salat til. Øystein hadde ærend til Hareid, så han kom seinare og måtte ete åleine.
Nils har forsyne meg funne seg ein fotballkamp i dag også, men så blir det no litt andre program utover kvelden."Skal vi danse" for eksempel. Det synest eg er kjekt.
Elles har det ikkje skjedd så mykje. Skulle ønske vi kunne fått litt meir godver før hausten og vinteren kjem for alvor.
God helg til alle!
Lengst ute i gata vår bur ein pensjonert rørleggar. Han har laga denne "kvernkallen" og sett den opp i elva ovafor Storebakken.Han har også kjøpt ein benk på Ørsta Stål, som er fin å sitte på når ein treng ein kvil.
Var ute i garasjebeddet og klipte vekk visne roser etc. i dag. Håper ikkje at frosten kjem enno, for det er no litt blomster att.Men i dag tidlig var det frose på garasjetaket.

fredag, september 16, 2011

Vermelding 16.september 2011

Klokka er 14.00,temperaturen er +13 grader C og det er opplett. Etter det eg  har sett på yr.no hadde eg venta meg ein strålande dag, men det er ikkje så mykje vi har sett av sola - enno i alle fall.
Nils var oppe i gryotta og for på sjøen, han kom heim med to stampar sei. Han ringde til ein mann frampå Åmdalen, som han visste var interessert, og han kom og fekk så mykje som han ville ha. Vi har fått ved med han før, og får nok meir når vi treng det. Bytehandelen florerer.
Eg brukte mykje av føremiddagen til å bake bollar, somme med kanel i svingane, andre utan. Og så driv eg og prøver å få folk til å stille som val-kandidat til Eldrerådet. Det er kommunestyret som vel Eldrerådet, men vi i pensjonistlaget har rett til å kome med forslag.Eg synest i grunnen det er litt kjekt å ha noko anna å engasjere seg i enn det evinnelige husarbeidet. Eg begynte i si tid i Mållaget, det var også kjekt, men då var eg så elendig at eg orka ikkje. No er eg glad for at eg enno kan vere litt "til nytte".
Kjem i hug ein gammal mann som leverte egg til sjukehuset, han dreiv med høner på si etter at han vart pensjonist. Rasmus ville vite kor gammal han var, og mamma svarte at han var over 90 år.
"Og enno er han til nytte," sa Rasmus, som kunne vere ein tre-fire år på den tida.Eg synest det var ein god replikk.
I dag fyller kusina mi  år. Eg har prøvd å ringe henne, men fekk melding om at abonnenten var utan tilkopling....eller noko slikt.
Så viss du er på nett, Ellen-Marie, så vil eg ønske deg hjertelig til lykke med dagen! 
Skal prøve å ringe litt seinare.

torsdag, september 15, 2011

Klokka er snart halv sju, også denne dagen har gått altfor fort. Synest dagane var drygare før i tida.
Det har vore kraftige regnbyger i dag, med solgløtt innimellom.No er temperaturen ca +11grader.
Har ikkje fått gjort all verda i dag heller, men har i alle fall støvsuga til helga. Og så skal eg ikkje stikke under ein stol at det går litt tid her ved laptoppen. Nils koka lange til middag, og det smakte godt etter mange fiskelause dagar. Vi drakk kaffi og slappa av litt, før vi tok oss ein tur til Volda. Ingeborg jobbar ein del på Kiwi-butikken ved Høgskulen, og vi ville bort og handle med henne.For å gjere turen litt meir spennande reiste vi over Krøvelseidet. Ganske lenge sidan sist vi var der. 
Då vi kom fram til butikken, heldt vi nesten på å kollidere med Harald, så Ingeborg fekk besøk av nesten alle besteforeldra på jobb i dag. Eg handla ofte på den butikken dei to åra eg studerte ved DH som det heitte den gongen.Men då heitte den ikkje Kiwi.
Var så vidt innom Møre Konfeksjon (More Woman)-og såg etter ei bolerojakke. Trefte ei veninne i går som hadde kjøpt ei slik der, men no var dei ikkje å sjå.Var innom Amfi då vi kom heim, men der fann eg heller ikkje noko som passa.
I morgon er det meldt fint ver, så då lurer eg på om det blir nokon som fer på sjøen?

onsdag, september 14, 2011

Klokka har passert 19.30, og vi er akkurat komne heim frå møte i pensjonistlaget. Det vart eit langt møte i kveld, og etterpå hadde styret møte med Eldrerådet.Ute er det regn og grått og temperaturen er ca +12 grader C.
Vi hadde mykje på programmet i kveld både av orientering og underhaldning.
Først i elden var den nye rådmannen i Ørsta, Wenche Solheim, som bad meg helse til Solveig. Dei gjekk i lag på skulen nokre år.Eg hadde systra hennar i klassen min ei tid. Ein av "naboane " til Solveig og Øystein som jobbar på Tussa, var der og snakka om el-tryggleik, pluss at han song og spela gamle slagerar. Det var eit artig innslag. 
No står det att det som eg ikkje likar så godt, nemlig å skrive møtereferat. Eg synest det er vanskelig å velje ut kva eg skal skrive om og kor mykje. Får litt prestasjonsangst når eg skal ha det inn i avisa.
Føremiddagen i dag gjekk for det meste med til å ordne til lokalet på Bakk-Ola. Dekke bord etc. er det styret som gjer, personalet ordnar med maten.
I dag var vi 105 frammøtte og det vart veldig trangt. Heretter meiner eg vi må halde oss på Kulturhuset med dei fleste møta.
No er det best å sette i gang med skrivinga, før eg gløymer kva eg skal skrive om. Har sjølvsagt notatar.

tirsdag, september 13, 2011

Vermelding 13.september 2011

Klokka har passert halv sju, og snart går denne dagen også over i historia. Ute er det grått, nesten mørkt, og regnet silar ned. Ikkje kjekt!
Dessutan er eg ikkje glad for valresultatet i Ørsta; eg ønska meg raud-grønt fleirtal, ikkje blått. Høgre vart den store vinnaren og fekk ordføraren. At det kom til å gå skeis med SV var eg budd på, at Ap ikkje gjorde det betre, var skuffande. Men det blir spennande å sjå korleis det går når dei begynner å leite etter pengar i ei botnskrapa kasse.
Nils var ein tur ut og såg etter båten i dag f.m. så eg fekk unna litt husarbeid imens. Strauk klede t.d. Så var vi ein tur nedover og handla litt, og innom kasseraren i pensjonistlaget eit ærend. I morgon er det møte, og då skal alt vere klart.
Til middag vart det fiskekaker frå frysaren. Lettvint! Og no har eg nettopp sett gulrotkake nr.2 inn i steikomnen. Det er samme sølet anten ein lagar ei eller to. Så skal dei i frysaren. Glasuren lagar eg seinare ein dag.
Elles så strikkar eg innimellom, eller jobbar på data med diverse "sekretærarbeid", som eg likar å kalle det. 
Å ta bilde frå altanen i dag er ingen vits, Melshornet i regn og skodde er eit kjent motiv. Skal tru om det likevel blir fint i morgon, sidan det er onsdag meiner eg?

mandag, september 12, 2011

Vermelding 12.september - 2011

Klokka er snart 14.00. Akkurat no er det skya, men opplett, ute. Temperaturen er + 17 grader, så det er i grunnen fint. Eg har likevel måtta kle godt på meg, sidan eg er plaga med gikt i dette fuktige veret.
Vi var tidleg nedover i dag, for å stemme ved valet, for Nils skulle vere vakt frå klokka 12.30. Eg trur ikkje vårt parti kjem til å gjere det så godt i år. Ørsta kommune er i ROBEK og kjem seg nok ikkje ut av uføret med det første. Underskotet aukar i kommunen kvart år. Det har mange grunnar, og ein har berre EIN utveg til å få meir pengar i kommune-kassa ,og det er å innføre eigedomsskatt. I første omgang på "Bruk og verk". Det er mest med tanke på TUSSA, det store kraftverket på Bjørke i Ørsta kommune. Det er eit aksjeselskap, der Ø. komm. har mange aksjar.Og i år har dei sikkert tent godt på alt vatnet.
Men så har Frp. vore ute med skremselspropaganda og rekna ut kor mykje skatt ein må betale på private eigedommar-og det på heilt feil grunnlag. Ikkje alle er klar over at det er skattetaksten som skal ligge til grunn, og ikkje markedsverdien. Eg har rekna ut at om privat eigedomsskatt skulle bli innført, ville vi fått ca 700 kr ekstra skatt pr. år ev. aukande til max 2450. Det skulle eg gladelig betalt for å få løyse diverse problem i kommunen. Fleirbrukshall har vore eit ønske i mange år, det kunne kanskje blitt ein realitet.
Personlig meiner eg at det å auke skatteprosenten ville vere meir rettferdig, men det har ein ikkje høve til.
Nils står relativt langt nede på lista i år. Eg står der også, som såkalla "listefyll". Hadde eg vore yngre, kunne eg tenkt å engasjert meg meir i politikken, for den tid eg var ung hadde eg så mykje anna å engasjere meg i.
Mens Nils er vekke har eg blant anna vaska golv. Mange synest kanskje eg vaskar ofte, men det er ikkje same golva heile tida. Den tid eg var yrkesaktiv, for eg over heile huset på eit par-tre timar. Den tida er definitivt forbi.
I kveld skal vi kose oss med heimelaga fiskesuppe. Uansett valresultat! Vi synest vi har det godt, og det er faktisk dei aller fleste pensjonistar samde i. Har ein nokonlunde bra helse, er det ingen ting å klage over i vårt raud-grøne land! Eg håper på at vi få behalde fargane i alle fall. Godt Val!

søndag, september 11, 2011

Bok nr .53 -2011: Barnepiken.

Denne boka har eg lese før. Men sidan filmen kjem i oktober, vil eg gjenoppfriske historia. Dessutan likar eg å lese bøker om att. Denne boka handlar i kortheit om kvite fruer og svarte hushjelper i Jackson på 1960-talet.Det tre fortellestemmer i boka, og tre som les. Det er to "negertenestejenter" og ei ung kvit jente. Boka er lettlesen, og dei som les lydboka, les veldig godt. Veldig mange har lese, og likt, denne boka.Passar både for unge og gamle, ein skikkelig "pageturner".

Vermelding 11.september - 2011

Klokka er snart halv seks. Akkurat no er det nesten opplett ute, og heile 18 plussgrader. Ganske deilig ver, om enn ikkje så fint som i går. I går kveld gikk eg ut på altanen og skulle ta inn kleda før regnet kom, men då var det allereide for seint.
Før middag i dag baka eg ei kake som skal i frysaren. Vi sit ikkje her og et kake i utrengsmål, men eg likar å ha eit lite lager. Nils var ein tur bort på terminalen for å fiske. Eg fekk i gang "truskeverket" (den stasjonære datamaskina) og fekk rippa ei bok mens eg strikka på ein lest. Har problem med sittinga for tida, så eg får ikkje strikka så mykje som eg gjerne ville.
Til middag hadde vi restar frå i går, så det var lettvint, og etterpå las eg ut boka eg heldt på med. Nils ser på fotball, noko som absolutt ikkje interesserer meg.
Vi er ikkje så flinke å finne på noko kjekt om søndagane, likar betre å farte på om kvardagane når butikkane er opne og det skjer litt meir.
I dag er det 9-11 ein dato som for alltid har rissa seg inn i minnet. For ti år sidan hadde vi bestilt billett og skulle reise til Kypros veka etter. Eg var lite lysta på turen etter det som hadde hendt, men alt gikk fint. Sidan har ikkje vi vore på sydentur. Det er kanskje på tide med ein ny tur?
Gikk ein tur rundt huset for å finne eit fint ildemotiv, men det var ikkje så mykje vakkert å finne. Desse små raude rosene er no søte, då, og har greidd omplantinga fint.

Bok nr.52 2011: Anger

Eg likte godt dei første krimbøkene av Arnaldur Indridason. Eg likte den aldrande politimannen Erlendur og filosoferingane hans om den gamle og den nye tid, forteljingar og folketru frå Island i gamle dagar osb.
I dei to siste bøkene  har Erlendur vore bortreist til ein stad på austkysten av Island, og ingen høyrer noko frå han. Eg saknar han ! Mens Erlendur er borte, er det dei yngre politimennene i Reykjavik som må ordne opp, denne gongen er det Sigurdur Oli som er hovudpersonen.
Det er eit moderne Reykjavik vi møter i denne boka, der handlinga er lagt til tida rett før den islandske økonomien braut saman. Her er det mykje som skjer; her er folk som driv med partnarbyte, og andre som pressar dei for pengar. Har er ein uteliggar som har vore utsett for incest i barndommen av ein stefar som dreiv med barneporno osb. Men framfor alt handlar det om økonomisk kriminalitet. Og når det gjeld meg og økonomi, så er eg ikkje på rette sporet. Forstår meg lite på det, og har lita interesse av det.(Det forhindrar ikkje at andre synest det er interessant). Her er mange trådar, og alle blir på ein måte nøsta opp til slutt, men for meg vart det for mange personar og namn å halde styr på. Dessutan irriterer det meg litt at forfattaren heile tida må kommentere og forklare det som skjer. Men innimellom glimtar Indridason til med sine gammelmodige og poetiske skildringar.
No ser eg ikkje bort frå at eg hadde likt boka betre om eg hadde lese den meir i samanheng. Har sagt det mange gonger før, men bøkene blir best når ein les dei mest mulig i samanheng.

lørdag, september 10, 2011

Vermelding 10. september 2011

 Klokka går mot 19.00, og helgefreden held på å senke seg. Det har vore ein fin dag med ganske mykje sol, men no er det overskya. Temperaturen er + 16 grader C.
I dag skulle Margrete og ungane på tur i Ørsta, og Nils vart med dei fram på Vallasetra, mens eg skulle slappe av på altanen.Det vart altså inga tindebestigning i dag. Middagen gjorde eg klar først. Lettvint mat, pølser og heimelaga stappe + dessert.
Men så er ein slik laga at når ein ser sola, så strøymer enrgien ut i armar og bein, så eg sette i gang med å skifte på sengane, vaske klede, henge opp klede osv. Ja, eg skal ikkje overdrive, eg fekk tid til lydboka mi også.
Etter at gjestane for, rydda eg opp litt, og Nils klipte plenen, så no er vi snart klar for "Skal vi danse" og anna lett underhaldning på laurdagskvelden. Håper vi får like fint ver i morgon.
Bildet: Eg har høyrt namnet "Nøken jomfru" på desse krokusliknande blomstrane. Eg har forvist dei ned til denne steinen, fordi dei kjem med store blad tidlig på året- men blomstrar ikkje før om hausten. Derfor er dei ikkje så kjekke å ha i bed. Blada har eg fjerna,  blomstrane kjem uansett, men er sterkt prega av regnet. Og så har dei fått godt selskap av skvalderkål.Ja, ingen ting er som det skal vere ettter denne våte sommaren.
I dag kan vi gratulere Leon Roald med dagen!

fredag, september 09, 2011

Vermelding 9.september- 2011

Klokka har passert 17.00, det er + 17 grader C ute, lettskya og ganske fint ver.Lurte på å legge meg ut på altanen med ei lydbok, for å få vere ute i frisk luft, men best det er, kjem det nokre regndropar, så heilt trgt er det ikkje.
Før middag var eg ut i hagen og rydda litt. Klipte ned visne stauder og fekk vekk noko ugras i same slengen. Men det er ikkje så kjekt med hagearbeid om hausten som der er om våren.
Mens Nils var vekke i går, koka eg ein stor porsjon grønnsaksuppe og baka foccacia. Det er det ikkje ofte eg gjer, så eg brukte ei oppskrift eg fann på nettet. Ikkje Solveig si, men ei anna, som eg heller ikkje skulle kna. Det gikk for så vidt greitt, men heilt fornøgd var eg ikkje. Eg veit kva eg skulle gjort annleis, så neste gong blir det perfekt. Hadde nok både suppe og brød til i dag også, så det vart reprise.
Eg las på FB at ein av "vennane" mine hadde fått så mykje sei. Då fekk Nils uro i sjela, så no er han borte vekk for å fiske.
På bildet i dag ser de Vallahornet, som er det næraste fjellet vårt. Margrete og ungane har tenkt seg på fjelltur i Ørsta i morgon, og då blir kanskje dette fjellet målet? Det er vegar og stigar på begge sider, stigen på austsida (høgre) er brattast og kortast. Eg har vore på toppen eit par gonger, men det er lenge sidan. Kanskje vel dei ein heilt annan tur. Nei, no blir det så fint ute at eg MÅ ut. God helg til alle! Med ønske om skikkelig fint ver.

torsdag, september 08, 2011

Vermelding 8. september 2011

Klokka er no ca 15.00, og eg sneik meg ut mellom bygene for å ta bilde av dei rosene som har greidd seg sånn nokonlunde under regnveret. Dei gule rosene vart heilt øydelagde av regnet. Temperaturen ute er + 13 grader. Og no skin sola! Det er bra for Nils, som er på kommunestyremøte, for dei skulle ta skiheisen opp og halde møte på "fjellet".
Det første eg gjorde i dag var å pusse stovevindua innvendig. Så var vi ein tur nedover og handla. Og som vanlig trefte vi folk å prate med. No har eg hatt meg ei lita kvilepause før eg skal støvsuge. Har ikkje så veldig mykje på programmet i dag.(Eg set opp programmet sjølv, så kanskje det blir ein del lesing og strikking?)
No er vi i full gang i pensjonistlaget, har hatt to møter denne veka, og i dag fekk eg mail frå kinosjefen, som spør om det er på tide å starte opp att Seniorkinoen. Klart det!  Han foreslo "Hodejegerne" i september og "Barnepiken" i oktober. Eg skal innrømme at eg hadde lyst å sjå "Hodejegerne" då den gjekk her, men tenkte eg ville vente og sjå.......Når det gjeld "Barnepiken", så trur eg det er ein godbit. Mange har sikkert lese boka, og likt den. Det har eg i alle fall.  Agiterer litt for Seniorkinoen her på bloggen, for det ville vere kjekt om fleire tok imot det tilbodet. Det er inga aldersgrense verken oppover eller nedover. Kjekt om vi fyller salen.

onsdag, september 07, 2011

Vermelding 7.september- 2011

Klokka er snart halv sju, temperaturen er +11 grader C, og det regnar som aldri før. Ja, nesten to dagar med fint ver var no betre enn ingen ting. Fordelen med å bu høgt oppi bakkane er jo at vatnet renn nedover og ut i sjøen, så der er vi heldigare enn dei som bur i flate austlandsbygder.
I dag vaska eg og styrte litt i huset før det var møte på Bakk-Ola klokka 13.30. Møtet var kort og greitt, så no står det berre att å skrive eit lite referat.
Middagen hadde eg gjort klar før eg for, så det var berre å koke mandelpoteter etter at vi kom heim. 
Nils var ein tur fram på " fabrikken sin" mens eg var på møte. I morgon skal han møte som vara i kommunestyret. Slik det ser ut for SV på landsbasis er det ikkje stort håp om å få inn så mange denne gongen.Men dei står på.
Nils har drive i to dagar, minst, og rydda i garasjen, bygd hems, saga opp div.fjøler til ved etc.etc. Og så har han rydda i fiskesakene sine som ligg på benken. Her ein dag var vi innom Gjenbruk og då fann han to måleinstrument som truleg har vore i ein båt. No kan han måle både lufttrykk, luftfuktigheit, temperatur og "you name it". Barometeret viser også kva ver vi kan vente oss, så no blir yr.no heilt overflødige.No vart det nesten lyst ute, så det er håp.

tirsdag, september 06, 2011

Bok nr. 51 - 2011: Bake kake søte.

Jan Mehlum sine krimromanar er ikkje stor litteratur. Ikkje spesielt god krim heller, for så vidt. Men eg likar bøkene hans. Likar den lett ironisk, elegante stilen i språket. Likar skildringa av personane osb.
Bøkene er veldig enkle og lettfattelige og høver godt som lydbøker når ein vil ha noko å slappe av med. Hovudpersonen er den litt snobbete, arrogante advokaten Sven Foyn frå Tønsberg. Han som har ein St. Bernhardshund som heiter Hulda. Det er slike attributtar som gjer at ein hugsar han i den store mengda av etterforskarar som ein etter kvart har fått å halde greie på.
Denne boka handlar om barn som blir kidnappa og jobben med å løyse "mysteriet". Alt kjem for ein dag, slik vi likar det i ein enkel krimroman.
Opplesaren løfter denne boka minst eitt nivå.God underhaldning!

Ålesund 6.09.2011






Vermelding 6.september 2011

Klokka er snart 16.00, og det er ei lita stund sidan vi kom heim. Ute er det overskya, opplett og + 19 grader C.
I dag vakna vi tidlig til sol og fint ver. Det passa bra sidan vi endelig skulle på bytur og hente Misubishien heim. Vi rakk 9.50-ferja frå Festøya, og reiste beine vegen til Spjelkavika og henta bilen. Så gikk turen til Moa, der vi trakka litt rundt i kjøpesenteret. Vi kjøpte berre ein ting og det var ei par låge støvlettar til meg, som har ein hovudmisjon, nemlig å legge ein alen til min vekst; tjukke sålar og høg hæl, med andre ord.
Sidan det var nærmare eit år sidan vi hadde vore der, måtte vi ein tur ut i bya også, men å gå inne på kjøpesentra var ikkje fristande i det fine veret, det var strålande sol, frisk vind og mild luft. Vi trakka litt rundt så lenge eg orka, men så vart vi svoltne og reiste inn att på Moa og åt pizza på Dolly Dimple og drakk kaffi på Valakers konditori.
Det var i grunnen litt for fint ver å fare på bytur, men så er det kjekt også å få sjå ut over øyane og havet når sola skin.Ålesund er ein utrulig vakker by, med eit stort omland og fin natur.

mandag, september 05, 2011

Vermelding 5.september 2011

                                                            Morgon
                                               ....og kveld

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er+ 17 grader C, men før i dag var det godt over 20 grader. Frå morgonen av var det sol og fint ver, men etter middag kom det voldsomme regnbyger, no held det på å skine opp att.
I dag venta vi Margrete og ungane til middag, og eg skulle på styremøte i pensjonistlaget klokka 13. Det vart til at vi laga ein stor porsjon med brennsnut som stod klar før eg for på møtet.
Å starte opp att møteverksemda var som å begynne på jobb igjen etter ein lang ferie, for vi har mange jern i elden framover. Komande onsdag er det møte med eldrerådet, den 14.sept. er det møte på Bakk-Ola og den 21.sept. skal eg, mellom andre, vere utsending til eit møte i Ulsteinvik. I oktober skal vi visitere operaen på Nordfjordeid osb.
I morgon blir det tur til bya. Dei ringde i dag og fortalde at bilen vår var ferdig reparert og gikk "som ei kule"- så no må vi seie farvel til Suzukien. Torsdag skal Nils møte som vara i kommunestyret, det er vel lite von om å komme inn etter valet..........
Nils er veldig oppteken med snikkering, han driv som sagt og lagar hems på garasjen, så no blir det orden på sakene.
Det var kjekt å ha besøk av Margrete og ungane i dag, det er ei stund sidan vi såg dei no, men annankvar mandag har vi fast avtale.
No skal eg skrive referat frå møtet i dag, før eg gløymer kva som vart bestemt og mens eg enno forstår den kryptiske kladden.
Elles angrar eg på at eg la inn den nye bloggvarianten. Har litt problem med å finne ut av systemet.

søndag, september 04, 2011

Vermelding 4.september 2011

 Klokka er halv sju. Og sidan det er "kom deg ut"-dagen, kom eg meg ut på altanen og tok eit verbilde av Melshornet innhylla i skodde og regn, eit motiv som er heller kjent her på bloggen. Det har altså vore regn i dag også, litt lettare no enn tidlegare på dag. Temperaturen er + 16 grader.
Sidan det meste av veka har gått opp i venting og surr, fann eg ut at eg måtte gjere noko "nyttig" i dag, derfor sette eg i gang med kakebakst, noko som er omtrent det siste eg grip til. To kaker hamna i frysaren i dag -"much ado about nothing", som Shakespeare ville ha sagt. Haugen av rot og oppvask var monaleg større i volum enn dei stakkars kakene. Men er det tomt i frysaren, så er det tomt, og noko må vi ha på lur til haustferien.
Etterpå steikte eg sei til søndagsmiddag, sidan vi skal ha kjøttsuppe i morgon.Og vi vik sjeldan unna regelen om 5 fiskemiddagar i veka.
Nils jobba i garasjen i dag. Surprise, surprise! Men i dag var det ikkje fiskesaker som skulle ettersjåast, i dag bar han opp materialen frå det gamle rekkverket og laga "hems" i garasjen, såpass vi får enda meir plass til å samle diverse rot.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget, og besøk av Margrete og ungane. Sommaren er definitivt over

lørdag, september 03, 2011

Vermelding 3.september -2011.

Klokka er blitt snart halv to utan at det har hendt så mykje. Ute er det overskya, litt regn og + 15 grader C.
Vi var ein tur nedover, for eg måtte ha ei reservebok til helga. Fann ei heilt ny bok av Arnaldur Indridason som heiter Anger. Den Jan Mehlum -boka eg held på med, er lettlesen og går fort unna; fekk lese mykje i går under fotballkampen. No tenkte eg å rippe boka mens Nils var ute for å fikse noko på båten, men så får eg ikkje i gang maskina. Må som regel slå den av og på ørten gonger før den virkar. Somme tider virkar den med ein gong. Trudde den var i orden etter at den blei blåst rein for støv, men nei!
Skulle lage Taco til middag, tenkte eg, og tok fram den ferdigkrydra tacodeigen som eg kjøpte på tilbod. Så viser det seg at det er svin! Eg plar bruke karbonade e.l. til taco, så dette lovar ikkje bra. Kjøttbollane som eg kjøpte på tilbod var heller ikkje noko å skryte av. Heretter skal eg ikkje vere så snar å bite på tilboda. Det er i alle fall lurt å sjekke litt meir nøye  kva som er i pakkane. Hallo! Vi er to menneske her i huset, og vi har råd til å kjøpe noko vi likar. Dessutan et vi "gratis" fisk ca 5 dagar i veka.
Har ingen særskilde planar for helga, men mandag startar arbeidsåret opp att, med styremøte i pensjonistlaget.
I dag kan vi gratulere Kristine på Eid med 11-årsdagen!

fredag, september 02, 2011

Vermelding 2.september - 2011

Klokka er ca 15.30. Temperaturen +17-18 grader C, det er ganske overskya, men opplett. Nokre få regndropar tidlegare i dag, men det ser ut til å bli finare etter kvart.
Sidan det ikkje vart bya-tur i dag heller, tok vi ein tur på Amfi, der vi alltid treffer kjentfolk. Eg hadde ikkje vondt i beina i dag, men ryggen var ikkje god, så eg bestilte ein tur til Volda med oppvarma bilsete. Det gjorde godt. Var innom Møre Konfeksjon eller kva det no heiter (More Woman?) og prøvde i søkk og kav.Enda opp med å kjøpe ein tunika fordi ekspeditrisa syntest den var fin til meg. Eg likar ikkje meg sjølv så godt, så eg blir aldri fornøgd.
Vi hadde tatt opp fiskekaker frå frysaren, så det var fort gjort å få middagen på bordet då vi kom heim.
No skal eg ligge strak ut og lese lydbok og kvile ryggen min. God helg til alle, enten de skal på tur eller vere heime. Eg likar så godt leigebilen at eg lengtar ikkje etter Mitsubishien. Suzukien er ein dyrare bil, med 4-hjulstrekk etc.Og så sit vi høgare og har betre oversyn, så eg trur vi beheld den!

torsdag, september 01, 2011

Vermelding 1.september - 2011

Klokka har passert 12 på føremiddagen. Det er lettskya og sol. Temperaturen er + 16 grader C.
Så langt i dag har det ikkje skjedd så mykje. Eg har rydda og støvsuga litt, det er sort sett alt. Var ein tur ut i hagen og åt plomer. Der er ein del på det eine Opal-treet. Elles nyt eg å sjå rosene som no står på sitt finaste, kjekt å få dei oppom huset; då dei stod nede på plenen var det ikkje så mykje vi (og naboane) såg til dei.
Så er det tydelig at hausten er komen. I dag måtte eg finne fram "vinterklede" og pakke skikkelig på meg, så håper eg å halde gikta i sjakk, sånn nokonlunde.Vi har gått litt på vent heile veka, venta på å få hente heim bilen.No ringde Nils utover for å spørje, men dei hadde akkurat matpause, så han må ringe igjen litt seinare. Kan liksom ikkje ta oss til noko spesielt før vi veit litt meir.
PS ( kl.17.30): Vi får ikkje att bilen på denne sida av helga, så det er berre å slappe av.I dag laga eg tomatsuppe m/ egg til middag etter inspirasjon frå Solveig sin blogg. Mi oppskrift er enkel: Ein tek det ein har, og godt blir det.
Etter middag har eg lagt i sola på altanen og slya meg, ikledd ull og fleece så det held, i håp om å få bukt med gikta.Er ikkje vant til å vere så rørslehemma no!  Det blir vel betre etter kvart.Kanskje.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...