Klokka er snart 19.00, og enda ein dag har gått over i historia. Ute er det+ 15 grader C, opplett og milde vindar. Sol har vi ikkje hatt i dag, men det fall nokre regndropar på føremiddagen.
Vi var til Vik f.m.-på Amfi-for å handle og treffe litt folk.Trefte blant anna Harald som skulle vere med å spele i 2.etasje, men dei kom ikkje i gand mens vi var der. Til middag i dag hadde vi fiskekaker, så det var lettvint. Etter middag skulle eg rippe nokre bøker som eg hadde lånt på biblioteket, men det gikk timesvis før eg fekk maskina i gang. I ventetida strikka eg eit lestebrot mens eg høyrde lydbok. Eg heldt fram med både strikking og lytting på same tid som eg rippa tre bøker, så det vart ein del multitasking i dag også. No har eg rikelig lesestoff framover, men dei tre bøkene eg rippa i dag var på berre 5-5-og 8 CD-plater, så dei varer ikkje så altfor lenge. Får nok ikkje så veldig mykje tid å lese i tida framover, heller.Håper vi får ein fin dag i morgon! No skal vi snart sjå "Skal vi danse" !
lørdag, september 24, 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar