fredag, august 31, 2012

Vêrmelding 31.august - 2012

Klokka er vel halv sju, sola har endelig sluppe gjennom skydekket og skin fint no; før i dag har det vore grått, men opplett. Temperaturen ute er + 15 grader. Nils stakk nettopp av garde for å fiske makrell på terminalen.Eg trur eg skal ta meg ein tur ut, eg også.
I dag føremiddag var eg gåande berre å surre, fordi eg ikkje hadde laga meg ein skikkelig dagsplan. Men vi laga ekstra tidlig middag - og så tok vi laust. Først var vi til gartnaren og kjøpte to busker for å erstatte manglande busker i hekken. 
Var innom Amfi og handla litt mat også. Dei fleste er dårlig nøgde med bytet frå Coop Mega til Coop Extra, utan ferskvareavdeling. På Bunnpris var der knapt eit menneske å sjå.
Då vi kom heim gjorde vi ferdig prosjektet vårt. Det var ikkje så mykje att; Nils klipte bort overflødig duk, "avduka" bytesteinen osb. Det som tok mest til var å fikse muren, vanskelig å finne høvelige steinar.Men vi kan no gjere den betre etter kvart som vi finn tak i rette sorten stein, det funkar slik det er no. Å plante buskene var fort gjort. Så no kan vi kvile på våre laurbær, men eg arbeider alt i tankane på eit nytt prosjekt.
Vi er vel nøgde med det vi har gjort, men det ser litt ruskete ut så lenge der ligg ein del mold att i plenen.
Den 31.august er ein litt spesiell dag for meg. Det var både pappa og besta (mormor) sin bursdag. Det var akkurat 20 år mellom dei; besta vart fødd i 1879 og pappa i 1899. 
I min barndom begynte vi alltid på skulen etter ferien 1. september.Slik eg hugsar det var det sommar på pappa sin bursdag og haust dagen etter.


torsdag, august 30, 2012

Vêrmelding 30.august - 2012

Klokka går mot 20.00, og Nils har funne ein fotballkamp på TV.
Ute er himmelen dekt av skyer, og skodda sig stadig lenger ned. Litt regn har vi også, og temperaturen er + 10 grader. Det er med andre ord slikt vêr som vi er vande med.
Prosjektet som vi jobba med i går, blei ikkje heilt ferdig i dag heller, derfor kjem det ikkje bilde.
Det vart liksom ein sånn dagen derpå i dag, ikkje minst fordi veret endra seg.
I dag laga eg klar middagen tidlig på dag, så var vi ein tur til Vik, på biblioteket blant anna. Måtte ned og klage på lydboka eg lånte i går, der plate nr.5 ikkje virka. Dei tilbaud seg å skaffe MP3-varianten frå Volda bibliotek. Dei er så kjekke og hjelpsomme på biblio her at det er ei fryd. Tenk kor heldige vi er som kan låne så mange bøker og filmar vi berre vil, og det er GRATIS.
Det vart ikkje gjort så mykje f.m.  for då vi kom heim åt vi, og så slappa vi av, sov litt og las litt.
Så kom arbeidslysta over meg og eg gikk ut for å jobbe i hagen. Men det var ikkje mykje moro så eg gikk inn igjen og støvsuga og vaska til helga i staden. Så er det gjort!
Eg blir av og til provosert når eg les på FB om alle som klatrar opp på høge fjell, går lange turar, trenar fleire gonger i veka etc. Kanskje eg provoserer andre når eg skriv om det eg gjer?  Gjer husarbeid, steller i hagen, lagar fiskemat, les bøker  etc.?  Men vi er ulike og har ulike føresetnader (?)(forutsetningar) og ulike interesser. Ikkje er vi nøydde til å GJERE så mykje heile tida , heller, vi som er pensjonistar. Det er lov å vere litt LAT.(Note to self).

onsdag, august 29, 2012

Bok nr.44 - 2012: Jenta på klippen.


Grania Ryan har forlatt samboeren i New York etter at hun mistet sitt ufødte barn. Nå søker hun trøst hos familien hjemme i Irland. En dag hun er ute og går, får hun øye på en liten jente helt ytterst ute på klippen. På det tidspunktet vet hun ikke at Aurora Lisle skal komme til å forandre livet hennes. Det viser seg at familien Ryan og familien Lisle har en lang felles historie, men dramatiske hendelser i fortiden har ført til at det er ondt blod mellom dem. Det er til slutt Aurora og hennes bemerkelsesverdige vesen som sørger for å forene de to familiene. I mellomtiden får vi være med på en spennende reise gjennom historien, der et hittebarn i London spiller en avgjørende rolle. En stor fortelling om sorg og tap, men også om kjærlighet og håp. Jenta på klippen er en handlingsmettet og gripende «good read» med handling fra England, Irland og New York, og med flere parallelle historier som spenner fra 1914 og fram til i dag.


Denne boka vart heilt tilfeldig med heim frå biblioteket ein dag eg ikkje fann så mykje. Det vart til at eg las ut heile boka- under sterk tvil. Meir enn ein gong var eg frista til å legge den bort, men så hadde eg ikkje noko anna. Dette er ein såkalla "bestseller"-og alle veit kva eg meiner om slike  bøker. Denne er nesten verre enn alle eg har lese før. Historia kunne vore bra nok, om den hadde blitt fortalt på ein annan måte. Men forfattaren fortel på eit overromantisk og klissete språk men dobbelt så mange ord som er nødvendig. Lurer stygt på om ho leikar at ho er den nye Isabell Allende-for boka minner på ein måte litt om "Åndenes hus". Det er Aurora som fortel historia om formødrene sine og resten av slekta. Litt skal eg tilgi på grunn av slutten. Men mitt råd er: Les IKKJE denne boka.Ei anna bok av samme forfattaren, "Orkidéens hemmelighet" la eg i frå meg før eg hadde lese ei plate. Og den skal vere betre enn denne boka.

Vêrmelding 29.august - 2012

Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 17 grader C og det er lettskya. Vi har hatt ein nydelig dag, opplett og fin temperatur. Vêret var som bestilt til prosjektet vårt, som er neste ferdig.
Vi starta dagen med å lage ei arbeidsteikning og ei innkjøpsliste, før vi tok turen til Furene på plantesenter og trelastlager. Kjøpte impregnerte fjøler til kantar, duk og bark til det området som ikkje skal vere plen. Prosjektet vårt er som eit framhald av naboen  sitt, og vi er godt fornøgde med dagens arbeid. Det står att å klippe/ev. skjere bort den duken som er for mykje. Vi har helde på ute i heile dag, først no har vi ete middag. Det er sjølvsagt Nils som gjer mesteparten av arbeidet, men eg hjelper til det eg kan. Naboen kom ut og tok bilde av oss midt i kampens hete, og han hadde kopiert bilda på fint, glansa papir. Det tapte seg litt då eg scanna det.

tirsdag, august 28, 2012

Vêrmelding 28. august - 2012

Klokka er 21.10.Temperaturen ute er +13 grader C, og det har vore regnbyger heile dagen.
No er himmelen relativt klår i vest, så vi håper på ein fin dag i morgon.
I dag har vi hatt ein lapredag, dvs. vi var til Vik f.m. og på Amfi trefte vi Ruth og Harald og blei ståande å prate aldri så lenge. Kjekt det. Handla på Spar i dag, sidan eg skulle sende eit par brev og dei har "Post i butikk".
Til middag hadde vi resten av brennsnuten vi kokte på sundag og den var like god i dag. Det vart ikkje vêr til å jobbe ute i molda i dag, så vi har eigentlig berre lata oss. Gikk ein liten tur rundt Storebakken no i kveld.
Ikkje alle dagar er like innhaldsrike, men alle går altfor fort.

mandag, august 27, 2012

Vêrmelding 27. august - 2012

Klokka har nyss slått sju slag, og det minkar på denne dagen også. Då eg stod opp i dag skein sola frå skyfri himmel, men det var kaldt i lufta. Vi har hatt ein nydelig dag, men no er himmelen dekt av lette skyer. Temperaturen er + 15  grader C. Og i morgon er det meldt regn. Vi får liksom berre ein fineversdag om gongen.
Nils for på sjøen i 6-tida i dag, og kom att i 9-tida med passelig mykje sei. Ikkje kjekt når det blir for mykje om gongen. Middagen i dag blei kokt småsei.
Eg jobba ute i hagen heile føremiddagen utan at det blir så stort resultat, eg må berre finne meg i at ryggen ikkje strekk til. Naboen har fullført eit stort prosjekt. Dei har spada vekk torva, lagt på duk og bork på området frå garasjen til vegen. Vis skal ikkje gå så drastisk til verks, men litt duk og bork blir det her også, med tid og stunder. Så snart ein set i gang med LITT hagearbeid, har det tendens til å balle på seg.
Midt oppi fisk og hagearbeid, ringde varmepumpemannen og ville kome og ta sørvis på varmepumpene og det gjorde han.
Endelig fekk vi ete middag, og i dag hadde vi behov for å kvile etterpå. Det blei middagslur i sola på altanen, og eg vakna heilt i ørska av varme.
Fekk mail frå kinosjefen i dag, han vil sette opp Kon-Tiki på Dagkino neste veke. Det vi før kalla Seniorkino, har no skifta namn til  DAGKINO. Alle som har høve til det er velkomne. Og no har eg nokon å gå i lag med om ikkje Nils vil vere med.

søndag, august 26, 2012

Vêrmelding 26.august - 2012

Klokka er 21.00, temperaturen er +10 grader og det er overskya, men opphaldsver. Slik har veret  vore i heile dag, men det ser ut til at skydekket lettar på seg. I dag var det skikkelig kaldt ute, så eg har valt å vere inne.Nils fyrer i omnen så vi slepp å fryse.
Før middag rydda eg litt i huset, så hjelpte eg Nils litt med å lage brennsnut (betasuppe). Dessutan gjorde eg unna litt kontorarbeid. Elles har eg lese ganske mykje i ei nokså teit bok, men eg hadde ikkje noko anna. Trudde ikkje den var så lang, men etter at eg har lese 6 plater, oppdaga eg at der er like mange att. Men eg har litt problem med å legge bort halvlesne bøker.
Viss det blir bra ver i morgon, skal eg begynne på hageprosjektet mitt, men viss det er veldig fint, kan det hende vi finn på noko anna.

lørdag, august 25, 2012

Veimelding. 25.august. - 2012.


Klokka er ca halv åtte og ute styrtregnar det, etter at det har vore opplett og ganske fint før i dag. Temperaturen er + 13 grader.
I dag hadde vi ein veldig koselig og sosial føremiddag. Vi tok ein tur på Amfi, mest for å treffe folk, og det skal eg seie vi gjorde. Mykje kjentfolk på byen i dag.Vi gikk oss på den tidlegare sjefen til Nils, og kona hans. Dei bur mykje av året i Spania, og hadde lyst å prate, så vi sat i kaféen ved rulletrappa aldri så lenge. Bjørg og Hans K. var der også, dei reiser tilbake til Larvik i morgon, så det var kjekt å treffe dei før dei fer sørover igjen. Trefte også mange gode venner frå pensjonistlaget og det er alltid hyggelig. Vi handla litt mat  før vi for heim.
Vel heime ringde ei veninne frå Bergen, så det blei ein lang prat før vi åt.
Til middag hadde vi kald, kokt makrell. Vi hadde kokt den før vi for nedover, så det var berre å sette på potetene. Vi brukar å ha lettrømme til, men ein av fiskekameratane til Nils tipsa oss om pepperrotkrem på tube, så i dag vart det litt meir avansert. Blanda rømmen med pepperrotkrem, sitron og sukker, og vi syntest det blei godt. Litt agurk hadde vi også attåt.
Åt truleg litt for mykje, men det er vel siste gong i år vi har denne retten. Blei fryktelig søvnig etterpå, heldt ut utan å slokne på sofaen- men det var nære på!
Naboen er snart ferdig med hageprosjektet sitt, og så skal vi halde fram eit stykke bortover vår tomt - vi treng litt tid til å planlegge prosjektet før vi set i gang.
No skal vi i alle fall slappe av og halde helg. Sjølv om det høljar ned ute no, så blir det kanskje sol i morgon.
Bilda: Amfi er påbygt i alle retningar, utan at det har blitt særlig mykje vakrare av det.Men mykje større har det blitt.
Dei gule potentillabuskane dannar grense mot naboen. Steinen har lagt der frå børjan av, men høver godt som bytestein. Og bytesteinar skal ein ikkje flytte på, for då risikerer ein å bli ein Deildegast etter sin død -og ikkje få fred i grava før steinen er tilbake på plass - alt i følge den norske folketrua. Ordet gast kjem av det tyske ordet Geist, som tyder ånd.

fredag, august 24, 2012

Vêrmelding 24.august - 2012

Klokka  har passert 20.00, temperaturen er + 16 grader og det har vore fint arbeidsver i dag. Overskya, men god temperatur. Akkurat no kom det litt regn.
Før middag vaska eg til helga pluss diverse anna husarbeid. Nils var på Jysk og henta heim madrasser til kjellarleilegheita. Til middag i dag vart det spekemat, kan ikkje ete fisk kvar dag heller.
På ettermiddagen hengde vi oss på naboens hageprosjekt, så no blir det å legge duken bortover til oss. Eit lite stykke til å begynne med. Det er no vi damene som planlegg prosjektet-og det er ikkje så stort for vår del.
No har Nils vore bort på terminalen og fiska meir makrell, så det blir nok både til oss og naboane. Han fekk større fisk denne gongen. Denne gongen skal den kokast og etast kald.
Eg hadde lyst å gå og sjå Kon-Tiki - filmen i kveld, men Nils ville ikkje, for han har sett ein Kon-Tiki-film før. Eg gad ikkje å gå åleine. Det kjem vel fleire sjansar.
Vil ønske alle lesarane ei god helg.

torsdag, august 23, 2012

Vêrmelding 23.august - 2012

Klokka er snart halv ni. Ute er det overskya, litt skodde, men opplett, litt lettare no enn før middag. Synest vi har hatt nesten same veret heile sommaren, men det virkar vel berre slik.Temperaturen er + 15 grader.
Ikkje så veldig mykje har skjedd i dag. Før middag rydda eg og støvsuga relativt grundig. Så var eg til frisør og fekk kvitta meg med ein del pels, tok ei runde på butikken før vi for heim att og åt oppvarma ballj (klubb), og etter det har ikkje eg vore arbeidsdyktig. Godt vi ikkje har det så ofte. Nils har vore ute og klipt litt plen etterpå, men eg har stort sett halde meg nær vannkrana-det vart vel mykje salt i den middagsretten, nemlig. No er det fotball på tV, så eg vurderer å ta meg ein liten tur ut gata og inn att om ikkje meir.Og så har eg no lydbok.
NB: Bildet er ikkje frå VÅR hage.

onsdag, august 22, 2012

Vêrmelding 22.august - 2012

Klokka er 18.45, temperaturen er + 18 grader og det er opplett. Då vi stod opp i dag låg skodda heilt ned på marka, men det letta litt etter kvar, såpass at eg fekk kvile middag på altanen- med dyne.Skodda vart aldri heilt vekk, og etter kvart kom det meir. Dette har vore ein skoddesommar utan like.
I dag har eg ikkje vore så veldig aktiv, men fekk rydda litt i hagen før middag, ikkje alt syner like mykje att.
Til middag steikte eg pir igjen, i år får vi visst ikkje nok! Sidan fiskane er små og ikkje så feite som den store makrellen går ein ikkje så fort lei. Eigentlig skulle vi ha den i morgon, men då skal eg til frisør, og vil ikkje øydelegge fornyinga med lukt av steikt fisk. No har Nils vore på terminalen og fiska frå land, og har trulig fått noko, for eg høyrer han tappar vatn ute.
På bildet over kan de sjå kva som blomstrar i "garasjebeddet" no. Blant anna lavendelen som eg fekk av Elin for to år sidan.
Har hausta rabarbra heile sommaren, frys det eg ikkje brukar med det same. Rabarbraen treng mykje vatn, men sidan blada tek av for regnvatnet, har eg konstruert eit vatningssystem. Eit plastrør som går eit stykke ned i jorda, der vi fyller på med ekstra vatn. Rabarbrarota er plassert i ein sementring for å halde graset unna, men då eg såg bildet, oppdaga eg at eg hadde luka berre på eine sida.
Naboen har eit prosjekt på gang. Han har greve ei djup hole for å nå tak i kranen som styrer vasstilkoplinga. No ventar han på rørleggar. Nils gjorde same operasjonen her for nokre år sidan.
Det skortar ikkje på prosjekt her i pensjonistgata.

Bok nr. 43 - 2012: Hendelsenes hus


Den Norske Bokdatabasens omtale:
I denne romanen ser Georgy Jachmenev tilbake på livet sitt. Vi følger ham fra usikker bondegutt, som livvakt for den russiske tronarvingen, Alexei Romanov, og frem til han som gammel mann ser tilbake på det livet han har levd. Gjennom hans fortelling får vi også historien om Romanovfamiliens siste dager - en historie som har ligget som en skygge over ekteskapet til Georgy og kona Zoya.
Forlagets omtale:
Russland 1915: Den dagen den seksten år gamle bondesønnen Georgy Jachmenev blir truffet av en kule som var ment for et medlem av den russiske tsarfamilen, forandrer livet hans retning for alltid. Belønningen for heltedåden er ansettelse som personlig livvakt for den unge tronarvingen, Alexei Romanov, eneste sønn til Tsar Nikolai II. Georgy blir vitne til de dypeste hemmelighetene til Nikolai og hans kone, Aleksandra, og er til stede mens de siste hendelsene som fører til Romanovfamiliens fall, utfolder seg. Sekstifem år senere besøker han sin hustru Zoya på sykehuset, og minnene om deres liv sammen og opplevelsene under tsarfamiliens storhetstid, strømmer på. Mens han ser tilbake på sitt liv, følger vi Georgy fra han er en usikker bondegutt, som en ung mann i Vinterpalasset, og frem til han som gammel mann tenker tilbake på det utrolige livet han har levd. Gjennom hans minner fortelles også den grusomme historien om Romanovfamiliens siste dager, historien som har ligget som en mørk skygge over ekteskapet til Georgy og Zoya.

Det er pur latskap som gjer at eg kopierer frå nettet; og i tillegg vil eg vise til Margrete sin blogg. Eg er som vanlig enig med henne.
Eg var heilt oppslukt av denne boka til å begynne med, men på slutten blir det så langdrygt at eg får trang til å hyle.Det som liksom skal vere ei overrasking til slutt i boka, gjettar eg ganske tidlig. Språket er ikkje særlig bra heller, men det kan vere oversettaren si skuld, kva veit eg? Eg hatar at ting blir utbrodert til minste detalj, og eg lurte ei stund på om forfattaren har prøvd å skrive i ein "russisk tradisjon". Kort oppsummert meiner eg at boka var interessant så lenge den handla om tsarfamilien og livet på slottet, sidan vart det stort sett langdrygt og kjedelig. Likevel er boka verd å lese dersom ein er litt interessert i historie og tida rundt den russiske revolusjonen

tirsdag, august 21, 2012

Vêrmelding 21.august - 2012


Klokka har passert 19.30. Ute er det framleis overskya, men opplett. Sist natt regna det og i dag tidlig var det sid skodde, seinare vart betre.
Nils hadde avtale med ein mann fram på Åmdalen klokka 10.00 i dag. Nils hadde lova han ein fisketur på sjøen. Og i dag var dei heldige, det vart ei stor kasse med pir (spir) på Åmdalingen, pluss nokre seiar.Vi valde å ha kokt sei i dag, så kan vi ha steikt makrell i morgon. Blir aldri lei.
Eg talde litt på fingrane for å finne ut kva eg skulle bruke åleinetida til. Det blei vasking av steikomn, eit par skap og til slutt tok eg stovetaket- med mopp. Det takvasket røynde hardt på ryggen, fordi eg brukte ein skikkelig treig microfibermopp. 
Men etter at vi hadde ete middag, la eg med på sofaen med varmepute på ryggen og då kom det seg. No har eg vore ute og plukka ein liter rips som vi skal ha til "dessert"-Nils hadde lyst på det. Eg plukka av naboen sine tre, for deira rips er betre enn vår. Vi er/har gode naboar her i Starevegen.
Blir litt frustrert når eg les på FB om folk på min eigen alder som som går i skog og på fjell og er så spreke, men ein får vere glad at ein er så pass som ein er.
Bilda: Vi har fire clematis. Den på det øvste bildet kjøpte eg i fjor, og det såg ikkje ut som den hadde overlevd vinteren, men brått fór den opp i ein viss fart. Men blomster kom der ikkje. Så oppdaga eg at den hadde strekt seg inn i tilbygget mellom sprinklane- og der var blomsterknoppane.
Den på bildet under er av den seine sorten, så det hender ofte at den blomstrar når snøen kjem. Vi har delt ifrå ei rot slik at vi no har to. Vi har også ein rosa, men den blomstra verken i fjor eller i år. Men den lever.
Det ein skal passe på når ein plantar clematis er å grave djupt.
I dag gratulerer vi Helene på Eid med dagen!

mandag, august 20, 2012

Vêrmelding 20.august - 2012

Klokka har passert 20.00. Ute har det så vidt begynt å regne litt, men heile dagen har vore mild og fin, med lette skyer. 
Før middag fekk eg eit anfall av energi, så då pusssa eg litt kopar og messing, reinska litt ugras og så plukka vi  rips som vi skal safte når det lid på hausten.
Margrete og dei tre yngste har vore her i dag og ete middag med oss. Amanda har meldt seg på tre ballettparti i år, men to av timane er på mandag, så det blir med to turar til Ørsta kvar veke.
Dagane går som ein røyk og vi nyt den siste delen av sommaren. Godt å sleppe å begynne på jobb etter ferien.
Ønsker alle barn og foreldre lykke til i det nye skuleåret!
Vebjørn begynner på skulen i år, elles held dei andre fram på same skule/ studium  som i fjor.

søndag, august 19, 2012

Vêrmelding 19.august - 2012

Klokka er 19.00, temperaturen + 19 grader C og det er lettskya og fint ute. Det var noko skodde i dag tidlig, men etter kvart vart det blå himmel innimellom.
Vi hadde ikkje så mykje på programmet denne dagen, men vi venta Solveig, Øystein og Olaug innover. Øystein skulle delta i eit løp. Trur han vann si klasse - 50+, men han var visst den einaste som stilte. Smart!
Etter han hadde sprunge, kom dei hit og fekk seg brødmat og kaffi , middag ville dei lage seg heime, så fekk Håkon mat også.
Eg er ingen "bordpyntar", slik som Solveig. Men eg har i alle fall eit fint frokostservise frå Villeroy & Boch. Det heiter Amapola, som er det spanske namnet for valmue.Der finst i handelen eit plagiat av dette serviset, men vårt er "ekte". Eg kan dekke til 12 med det vi har. Einaste "problemet" er å ha serviettar som passar til; dei eg hadde i dag var ikkje heilt topp.(Dei burde ha vore einsfarga)
Etter at Hareidsdølane var reiste la vi oss ut på solsenga  og sov middag.Himmelen i aust (bildet) ser lovande ut, så kanskje får vi ein fin dag i morgon også ?

lørdag, august 18, 2012

Vêrmelding 18.august - 2012

Klokka er snart halv elleve og fotballkampen er enno ikkje slutt. Vi tok ein pause og åt kveldsmat. Elles er det Nils som ser fotball-eg les lydbok.Trur eg har råka bort i ein "bestseller" eller i beste fall ein "pageturner." Det vil tida vise.
Brått kom eg på at eg ikkje har skrive på bloggen i dag, så her er eg med dagens "vêrmelding".
Ute er det for mørkt til å ta bilde, og regnet silar ned. Overskya har det vore heile dagen, men det har vore opplett og til dels sol også. No er temperaturen + 17 grader ute.
I dag måtte vi proviantere, for første gong etter at vi kom heim. Vi skulle på apoteket også, så det blei Amfi. Der trefte vi mange kjende som vi måtte prate med, det er alltid kjekt. Så gjekk vi inn på den nye Coop Extra butikken, som held til i dei lokala som før var Coop Mega. Kva  er skilnaden ? Ferskvareavdelinga er avvikla, der er betre orden og prisane skal visst vere litt lågare. Brukte lang tid på å finne varene i dag.
Den nye Bunnprisbutikken gikk vi rett forbi. Av prinsipp vil eg ikkje handle på søndagsopne butikkar.Så får vi sjå kor lenge eg held på det prinsippet. Eg kan jo komme i ein nødssituasjon.
Så hadde vi sjølvsagt gløymt å kjøpe brød, så vi måtte innom "nærbutikken" vår, Kiwi, på heimvegen og handle litt der også. Skulle gjerne handla alt der, om butikken hadde vore litt meir tiltalande. Finaste matbutikken er nok Spar, der vi handla før, men på Amfi får vi liksom alt vi treng.....Men kan nokon svare meg på kvifor ikkje vaniljekremen kan stå i lag med vaniljesausen? Både eg og mange med meg leitar ofte etter vaniljekremen-og det gjeld alle butikkar. Men no har eg lært at vaniljekremen står i lag med bakevarene.
NO VANN HØDD- og Einar er der for Vikebladet, om eg ikkje tek feil. 

fredag, august 17, 2012

Vêrmelding 17.august - 2012

Klokka er 21.15. Temperaturen er + 17 grader C og det er lettskya opphaldsvêr.
Etter at vi hadde vore i gravferd i dag, reiste Nils ut med båten, så no er fiskeriet i gang igjen. Han kom heim med to-tre små seiar og rikelig med pir. Stor makrell er det lite av i år. Dei små pirane steiker vi heile og dei er kjempegode. Det får bli i morgon-i dag var det sei. Sola kom fram etter at vi hadde ete, og vi kvilte middag på solsenga -både lenge og vel.
Mens Nils var ute og fiska vaska og støvsuga eg "heile huset" til helga. Deretter skreiv eg referat frå møtet i går, så eg hadde nok å gjere - eg også.
I morgon må vi vel på butikken og proviantere. Har ikkje handla mat sidan vi kom heim att.
Ønsker alle blogglesarane mine ei god helg. Ser ut til at vi får bra ver her hos oss; så lenge det er mildt og opplett er vi fornøgde.

Gravferd.

I dag har vi vore i gravferda til Trine, som fall ned frå fjellet Kjerringa fredag for ei veke sidan.
Trine har vakse opp her i Starevegen, men var yngre enn våre barn, så ho var ikkje i lag med dei.
Det var som forventa mykje folk i kyrkja, ja, så mange at det ikkje vart plass til alle. Vi som ikkje fekk plass inne i kyrkja, sat nede i kyrkjestova og følgde med på storskjerm. Det var heilt greitt, vi både høyrde og såg heile seremonien. Det var ei fin høgtidsstund, men at ei ung mor døyr frå mann og barn, kan aldri bli anna enn trist. Mange fine ord vart sagt om Trine, og eg er sikker på at ho var slik ho vart framstilt.Noko som eg ikkje har sett før, var at ein skreiv seg inn i kondolanseprotokollen i det ein gjekk inn i kyrka, det var mykje betre enn å ta det på vegen ut.
Bildet på songarket var frå turen der Trine fall ned frå fjellet-den siste dagen ho levde.

Bok nr.42 - 2012: I havet er det krokodiller.


I havet er det krokodiller


Frå nettet:
En kveld som alle andre kvelder ber Enaiatollah Akbaris mor ham love tre ting: Aldri bruke narkotika. Aldri bruke våpen. Aldri stjele. Han lover å gjøre som hun sier. Dagen etter har hun dratt sin vei. Enaiatollah må klare seg alene. Han tror han er ti år gammel.
Reisen mot friheten går via Iran, Tyrkia og Hellas, hele veien med trusselen om arrestasjon hengende over seg. Enaiatollahs reise er en dramatisk odyssé i et landskap der farene lurer bak hver sving – men også i en verden full av lojalitet og vennskap blant mennesker som deler den skjebnen det er å være på flukt.
Etter fem år kan Enaiatollah Akbari igjen leve et vanlig liv som andre tenåringer. Dette er hans historie, og samtidig et høyst aktuelt dokument om skjebnen til stadig flere mennesker som av forskjellige årsaker er tvunget til å forlate sine hjem til fordel for en usikker skjebne i ukjent land.

No har eg lese ut enda ei lita bok-denne var på 4 CD-plater.På omslaget står det at det er ei historie frå verkligheita, og det kan det godt vere. Det finst kanskje mange histrier som denne? Hovudpersonen, den unge Einaiatollah Akbaris frå Afghanistan fortel historia si til den italienke forfattaren.
Historia er dramatisk og forferdelig på mange måtar, men fortalt på ein troskyldig og tilforlatelig måte. Boka er til tider ganske morsom - og veldig sjarmerande.Den fortel om eit stort og vanskelig problem på ein enkel og barnlig måte som får lesaren til å tenke litt annleis enn før. Kanskje.For meg vart den viktigaste bodskapen denne:" Gi aldri opp same kor håplaust det ser ut!" Hovudpersonen i boka ser alltid nye utvegar og muligheiter same kor svart det kunne sjå ut. 
Eg anbefaler denne boka.Opplesaren les utrulig godt etter mi meining.
Trur denne boka kunne fungere som "ungdomsbok" også, men no har eg lite peiling på kva ungdom les i desse dagar.

torsdag, august 16, 2012

Vêrmelding 16.august - 2012

Klokka er snart halv tid og ein nydelig dag er til ende. I dag vakna vi til sol frå klår himmel, og det har sannelig ikkje hendt ofte denne sommaren. No ser at det dreg seg til med skyer frå sør, så det er ikkje sikkert morgondagen blir like fin. Temperaturen ute er no +17 grader C, før i dag var den oppe i +26 grader, minst.
Var ute og styra litt i hagen  før eg gjorde meg klar til å gå på møte klokka 12.00. Det var styremøte i pensjonistlaget.Litt surt å sitte inne i to timar midt på finaste dagen, men må ein, så må ein.
Då vi hadde ete middag, låg vi ute på altanen og sola oss-og sjølvsagt somna eg !
Eg har gjort minimalt av husarbeid desse dagane, ville helst nytt kvar ein einaste lite stråle av sol. Nils forkynner no at det er meldt styrtregn på laurdag, så då får eg vere inne og vaske og støvsuge.
Nils måtte fare over plenane i dag også, for det låg så mykje gras att.
Denne buska heiter Forest fire. Der er ikkje blomster på den, men dei nye blada er raude før dei går over til lysegrønt og ti slutt grønt. Den er ganske fin.På bildet ser eg at einkvan(eg) skulle ha rive bort graset rundt.

onsdag, august 15, 2012

Vêrmelding 15.august - 2012

Klokka har passert 21.00, og sola har gått ned i heile Ørsta, noko som er teikn på ein begynnande haust. Midt på sommaren har dei sola til langt på kveld på andre sida av fjorden..Det har vore nydelig ver i heile dag, og akkurat no er himmelen heilt klår.
På føremiddagen hadde vi eit par ærend til Vik som ikkje kunne vente, så vi måtte ein tur nedover. Det har opna to nye matbutikkar på Amfi; Bunnpris og Coop Extra, som kom i staden for Coop Mega, men vi fall ikkje for freistinga å gå inn der i dag. Vi skal ete unna litt av det vi har i frysaren først. I dag blei det forresten spekemat og mandelpoteter, det er god sommarmat.
I dag har Nils fått slått plenen, der var mykje gras. Han gjødslar godt, får ein fin plen, men må slå ofte.Dessutan fekk han "mala" siste stroket på båten, så no blir det snart sjøsetting igjen.
Eg låg lenge på altanen med lydbok, og så plukka eg litt bær som vi åt med fløte på, etter slåtten. Fløten var ute på dato, men like god for det.
No i kveldinga har eg vore litt nyttig, har teke inn, lagt i hop og stroke kleda eg vaska i går." Når sola går ned i vest, arbeider den late best." Vi har ikkje fleire solskinnsdagar enn at vi kan ta oss tid å nyte dei. I morgon før middag er det styremøte i pensjonistlaget.

tirsdag, august 14, 2012

Vêrmelding 14.august - 2012



Klokka går mot 21.00. Ute har det akkurat vore ei regnbyge, og no ser eg regnbogen i det sola så vidt er framme. Temperaturen er + 17 grader C.
Eg hadde budd meg på ein varm og fin  solskinnsdag, men vakna opp (omsider) til overskya himmel. Rekna med at det var ein overgang, så eg sette i gang med lufting av sengetøy, skifting på sengar, klesvask etc.
Det heldt seg opplett heilt til vi hadde ete middag, og la oss ut for å sole oss. Det vart ein brå slutt på middagskvilda då det begynte å drype frå himmelen og alt som hang ute måtte bergast i hus.
Kan ikkje seie at eg har GJORT så mykje i dag, det har blitt både Facebook og lesing og andre unyttige aktivitetar. Nils skulle smørje båten eit strøk til, men det regna før han kom så langt. Heller ikkje fekk han klipt plenen, den var ikkje tørr nok, før det regna igjen. Eg har ikkje fått til å stille inn iPad-en til vårt heimlege nettverk heller (engasjerte ein nabo som heller ikkje fekk det til), så det er i grunnen ikkje så mykje som har lukkast i dag. Men det kjem nye dagar og nye muligheiter.
Til middag i dag hadde vi salta lange og nye mandelpoteter som vi kjøpte i Skjåk. Dei var små, men utrulig gode. Slit litt med å kome ned på normalt nivå av matinntak. Det har vore ein kaloririk ferie.

Bok nr.41 - 2012: Bli hvis du kan.Reis hvis du må.


Bli hvis du kan. Reis hvis du må

Denne boka har vore med på ei lang reise, noko som høver bra til tittelen.Eg hadde den med til Kongsberg, men der vart det ikkje lese så mykje.Det at eg har brukt så lang tid på dei 5 CD-ane gjer at eg kanskje ikkje har fått så god samanheng i teksten som eg burde, så det kan vel hende eg tek den att. Dette er ei bok  som godt kan lesast og tolkast fleire gonger. 
Den handlar kort sagt om tre barndomsvener som veks opp i ei bygd, og som etter endt militærteneste verver seg til teneste i Afganistan der dei alle misser livet då dei køyrer over ei vegbombe. 
Det vert ofte sagt at ein i dødsstunda ser heile livet passere revy, og det er det som skjer her. Vi får vite korleis livet til den einskilde har vore og kvifor dei valde å reise.Dei har ulike grunnar til å forlate bygda og livet som er staka ut for dei. 
De kan gjerne lese det Margrete har skrive på sin blogg. Eg anbefaler gjerne denne boka, der somme kapittel er skrivne på bokmål andre på nynorsk.Eg er sjølvsagt ikkje heilt nøgd med språket i dei nynorske kapitla, men det er ei anna sak. Les gjerne denne boka.

mandag, august 13, 2012

Vêrmelding 13.august - 2012

Klokka er 19.15. Temperaturen i Starevegen er ca +20 grader, og det er sol. Vi har hatt sol heile dagen, men her i Ø. var ikkje skodda vekke før i 14 - tida. Skal ein tru dei som var her-og det skal ein vel.
Vi vakna tidlig i dag etter som vi la oss SVÆRT tidlig i går kveld, trur vi somna før midnatt! Vi overnatta som så ofte før på gamle Victoria hotell . Frokosten der er veldig god, men på grunn av all pizzaen vi hadde sett til livs i går kveld var ikkje appetitten så glupande som vanlig. Dvs. nærmare det normale for alderen.
Vi reiste frå hotellet i 9-tida, men sjølv om det har kome mykje fin, ny veg oppover dalen er der også ein del vegarbeid, slik at ein må vente litt her og der. Vi stoppa ei lita stund på Lom og eg tenkte eg skulle finne litt godt bakverk å ta med vidare, men akkurat i dag stengde bakaren på Lom dørene. Eg veit ikkje om det er for godt? Vi fekk no kjøpt oss litt drikke, og eg fekk tatt nokre bilde. (Har blitt lite fotografering i ferien, det kjem delvis av at objekta har vore lite stilleståande).
Vi stoppa ei lita stund hos Margrete og fekk avlevert presangen frå broren; gava fall i smak. Og vi fekk smake ei nydelig Pavlovakake til kaffien. Her heime vart det pizza til middag for tredje dag på rad. Kan aldri bli for mykje pizza.
Har problem med å sitte og skrive, for heile rommet siglar rundt etter all bilkøyringa. Tre dagar med sol, to av dei i bilen! Var redd eg ikkje skulle få laptoppen til å virke, at det skulle bli problem med å skifte passord etc. Vi sette i kontakten, og det var det. iPaden sparer eg til seinare......
                       Lom, der vegane møtest.

søndag, august 12, 2012

Vêrmelding 11.august - 2012

Klokka er snart 1.00 ( den12.august) og vi står i ferd med å legge oss.
I morgon reiser vi på heimveg, men har enno ikkje bestemt ruta.
I dag har det vore skikkelig godt og varmt sommarver, og vi har vore mykje ute. Ungane har leika seg og vi har prata og sola oss.
Middag bestilte vi på Peppes Pizza, så alle var fri. 
I kveld vart det mykje sport. Kjekt at Norge fekk gull, men eg er glad at OL snart er over.

lørdag, august 11, 2012

Vêrmelding 11.august - 2012

Klokka er 0.20,temperaturen er om lag som i går,og vi har hatt ein dag til med fint ver, i alle fall sett med vestlandske auge. Temperaturen har lege rundt 20 grader C, og det har vore lettskya opphaldsver og ein god del sol..
I dag kom det ein stor bil inn på tunet , og blei ståande her og dure heile dagen. Han fylte eit slags skum mellom huset og bakken (her er ikkje kjellar) som skal isolere mot radongass og kulde. Det er eit relativt nytt stoff, så det blir spennande å sjå om det svarer til hensikta.
Eivind var på sommarskule i dag også; Rasmus, Nils og Ingar var ute, mens Vebjørn og eg rydda og støvsuga inne og Wenche var i byen og handla. Seinare steikte W. ein diger haug med pannekaker og tilsvarande mengder med flesk. Etter middagen og ei lita pause, var vi i Bjørneveien og drakk kaffi og spiste kaker.Som de forstår blir vi godt fora og har det bra på alle måtar. 

fredag, august 10, 2012

Vêrmelding 10.august - 2912


Kongsberg.
Klokka har passert midnatt, så datoen er eigentlig feil. Ute er det + 15 grader no, før i dag låg den på ca 18-20 grader C. Det har vore delvis skya, litt sol og litt regn, men  deilig ferievêr på den måten at ein kan vere både ute og inne. Før middag var Nils, Rasmus, Ingar og eg inn på Storsenteret og handla gaver både til den eine og den andre. Der er mange fine butikkar, men etter at dei bygde ut sentret er eg ikkje så godt kjent som før.
Til middag i dag hadde vi steikt makrell. Det var litt av ei porsjon eg laga til, men der vart ikkje mykje att. Det var ikkje stor,feit fisk, men små pirar (eller spirar som det heiter i Nordfjord og Sula).
Mens dei andre vaksne såg handballkampen, gikk eg ein liten tur åleine og las ferdig boka " Dager i stillhetens historie" -så no har eg fått med meg alt utan at eg vart særlig klokare av det. For andre som vil lese boka anbefaler eg papirutgåva.

onsdag, august 08, 2012

Vêrmelding 8. august 2012

Kongsberg. Klokka er ca 23.30, og somme har gått til ro for natta. Temperaturen i dag har lagt på ca +15 grader C. Før middag pøsregna det ei stund, seinare var sola delvis framme, men særlig varmt var det ikkje.
Eg har vore "heime" heile dagen, det samme har W.og Vebjørn. Eivind har vore på sommarskule, og dei andre tre karane var på handlerunde. Dei kjøpte blant anna ein iPad til meg, som vi har brukt ein del av dagen til å finne ut av. Rasmus har ikkje særlig erfaring med slike, så det vart litt prøving og feiling. Det som eg vart gledelig overraska over var at den var så lett å skrive på, og at der er kart, med vegar og vegnummer etc. Kart over heile verda! Passar bra for meg, som les atlas slik andre les bøker. Ser ut til at dette kan bli ein ny tidstjuv. Tok bilde med den også, men var ikkje heilt nøgd med kvaliteten, så der ligg nok eit forbetringspotensiale.(Reknar med at det var eg som gjorde noko gale). Gutane er kjekke og greie og vi kosar oss. Åt siste resten av gullbryllupskaka i dag. 
Takk til Margrete for lydfilene, dei kom vel fram.

Bok nr.40 - 2012: Dager i stillhetens historie.

Denne boka las eg ut sist natt. Men oppdaga at eg mangla nokre spor(dei fleste) på siste plata. Kan ikkje uttale meg saklig før eg har fått med meg alt.Kanskje er det der nøkkelen og oppklaringa ligg?
Boka handlar om eit eldre ektepar som begge har ei fortid dei ikkje snakkar om. Boka har fått gode kritikkar og mange prisar, men skal eg vere heilt ærlig, så syntest eg den var dødsens kjedelig.
Forfattaren las sjølv, og det så sakte at eg heldt på tørne. Det kan godt hende eg tek boka att og les den igjen, og kjem til ein heilt annan konklusjon. Særlig sidan eg har nesten ei heil plate til gode.

tirsdag, august 07, 2012

Vêrmelding 7.august 2012

Kongsberg. Klokka er 22.30 og temperaturen er + 15 grader C. Vi har hatt ein ekstra lang køyretur i dag, for det var problem mellom Vikersund og Hokksund på grunn av flaum og vi måtte køyre over Haglebu.
Veret har stort sett vore bra. Då vi kom til Sogndal skein sola, men på austsida av fjella var det meir grått. Fekk ei skikkelig kraftig regnbyge nedanfor Hemsedal, På Gol var det fint igjen.
For dei som er interesserte kan eg seie at vegen over Haglebu er ei fin naturoppleving, men vegen er reine skire vaskebrettet-eller skal eg kalle det telehiv ? Ikkje anbefalt med hestevogn i alle fall. Hadde vegen vore bra hadde det vore ein kjempefin tur! Vi stoppa både på Gol og på Nesbyen, og måtte køyre sakte, så turen vart lengre enn vanlig.
Men kva gjer det når ein kjem til duk og dekka bord med verdens beste elggryte. Til dessert hadde vi restar av gullbryllupskaka, så slankinga måtte utsettast enda ein dag. Kjekt å vere her igjen, det er eit heilt år sidan sist.

mandag, august 06, 2012

Vêrmelding 6. august - 2012

Klokka er 20.00 - kvar vert dagane av? I dag har det vore ganske bra ver med skyer og sol, men no kryp den evinnelige skodda nedover fjellsidene igjen. Temperaturen er + 16 grader C.
I dag for vi til Vik relativt tidlig, for eg skulle kjøpe nokre småting, men butikkane eg skulle handle på var stengde. Ja, ja, vi rekk no  Smamvirkelaget på Gol, det er fast stopplass på turen til Kongsberg. Landets stillaste kjøpesenter plar eg seie.
Margrete skulle til Ørsta i dag, og derfor bad eg henne på middag. Laga ballj, for ein gongs skuld. Og eg åt meg så mett at eg tvilar på om eg nokon gong vert svolten igjen. Måtte legge meg rett ut på altanen då gjesten var reist.
Elles har eg vaska litt klede, stroke, og pakka det meste av det eg eig og har i ein koffert. Om nokre dagar blir det å pakke ut att og henge på plass dei same kleda. Ubrukte. 
Har hatt besøk av naboen som skal passe huset og blomstrane mens vi er vekke.
Nils styrer med sitt, vaskar bil, fyller bensin og pakkar. Han gikk til det store steget å kjøpe seg nye ute/inne sko i dag. Dei gamle var totalt utslitne. Men flaks for han, så fekk han same sorten igjen.
No må eg rydde litt her og der, og pakke ferdig før eg kan slappe av igjen.Det er eit år sidan sist vi var austover, så det er ikkje kvar dag vi selar på. Reknar med å vere tilgjengelig på nettet der nede også.
I dag er det 6.august, og tankane går mellom anna til bombinga av Hiroshima i 1945.Det må vel vere den verste terrorhandlinga i historia? Og ikkje nok med det-nokre få dagar etter bomba dei også Nagasaki. Heilt utan grunn. Forstå det dei som kan. Vi får berre håpe at ikkje noko liknande skjer igjen.

søndag, august 05, 2012

Vêrmelding 5.august - 2012

Klokka er snart halv åtte, og det har nettopp vore ei nokså kraftig regnbyge. Elles har det vore både skodde, sol og fint ver, og overskya i dag. Litt for ein kvar smak. Temperaturen er +17 grader no.
Sidan eg var i betre form i dag, fekk eg gjort ein del i huset før middag. Og sidan det var høvelig ver fekk Nils botnsmurd båten to strøk. No skal den ligge med botnen opp til vi kjem att frå tur. Og så skal den aldri bli skiten meir, står der i oppskrifta. 
I dag hadde vi røykt svinekam til middag, og etter måltidet sov vi middag på altanen. Og så vaskar eg klede i søkk og kav, for det er ingen grenser for kva eg treng av klesbyte når eg skal vere vekke nokre dagar. Mesteparten blir liggande i kofferten. Men om sommaren må ein vere budd på all slags ver -. Så det blir heilgardering.
Eg har også lese ut boka eg heldt på med; Levi Henriksens bok: " Dagen skal komme med blå vind". Det var ei veldig bra bok som eg gjerne anbefaler.
I morgon kjem Margrete bortom ein tur, så då blir ho til middag.



Bok nr. 39 - 2012: Dagen skal komme med blå vind.


Dagen skal komme med blå vind

«Hvor mye galt er du villig til å gjøre, for til slutt å gjøre noe godt?»
Mikael Hildonen har prøvd og ikke fått det til. Han sitter ved kjøkkenbordet med voksduk, drikker kaffe og ser på skyene over Austberget. Mikael vet bare én ting: Ine er død, og han får henne aldri tilbake. Heller ikke barnet hun bar i magen. Så settes livet i bevegelse: Mikael må ta seg av trettenåringen Daniela, datteren broren ikke vil vite noe av. Men først må han kvitte seg med noen innkrevere på tung motorsykkel. De vil ha alle pengene han ikke har ... og de vet hvor Daniela bor.
"Dagen skal komme med blå vind" er en ny Skogli-roman fra Levi Henriksen, en roman om familiehemmeligheter, brødrekonflikt og en bestemmelse om å prøve kjærligheten på ny. Levi Henriksen har selv lest inn lydboka.
"Sterkere enn noen gang skriver- Levi Henriksen om skadde mennesker og deres haltende liv, om død og sorg, kjærlighet, lengsler- og savn. Han gjør det med kjærlig innlevelse og en fortellerkraft som beveger."
Margrete har lese boka og blogga om den, og eg har ikkje så mykje å tilføye. Eg har lese fleire bøker av forfattaren, og dette er den beste han har skrive til denne tid. Den er til og med ganske spennande .Anbefalt.

lørdag, august 04, 2012

Vêrmelding 4.august - 2012.

 Klokka er 17.00 og temperaturen er +17 grader C. Det er faktisk veldig behagelig temperatur ute når det er stilt. Då vi stod opp i dag, rakk skodda heilt ned, og eg tenkte med gru på dei som skulle bestige Saudehornet i dag. Ikkje berre på grunn av skodda, der ligg også mykje snø.Det kan eg aldri hugse at det har vore før om åra.Etter kvart har det blitt lettare ver, men sola har vi ikkje sett enno.
Nils tok opp båten i dag, og no skal den vaskast og stellast. Mens han henta den, vaska eg litt i kjellaren. Seinare reiste vi til Volda og handla på Møre konf. til halv pris. Litt irriterande å sjå kleda som eg kjøpte tidlig i sommar til halv pris, men så fekk eg sikra meg både bluse og genser til ein rimelig penge.Så då går det opp i opp. Då vi kom heim fann vi Besøkspusen vår i ei plastkasse der det låg noko sildegarn, han er mykje tammare enn Advokatten var. 
Det blei sein middag i dag, men vi hadde deilig steikt pir, eller spir som både Nils og eg kallar det. Dei brukar ikkje det namnet her i Ørsta. 
Eg er ikkje heilt restituert etter sprøtebehandlinga i går, men det kjem seg vel etter kvart.Inntil vidare går eg her og haltar og har sitteproblem.
I dag er det 21 år sidan mamma døde, derfor tenkjer eg litt ekstra på henne i dag. Og eg hugsar dei dagane eg var hos henne rett før. Då var det fryktelig varmt ! Slik det ofte var i august før i tida.
Her er mamma mellom meg og besta. Eg var 21 år på dette bildet, mamma 57 år og Besta 82 år.No er det eg som har Besta sin plass i familien vår. Vemodig.

fredag, august 03, 2012

Vêrmelding 3.august - 2012

Klokka har passert 20.00. Det er + 15 grader ute, og skodda ligg heilt ned på jorda. No har det begynt å regne litt også. Nokså deprimerande.
Då vi stod opp i dag var det sol og sommar, berre nokre små skoddedottar i fjella. Eg skulle berre støvsuge litt osb. og så til Volda for å få ei sprøyte, så hadde vi det meste av dagen til uteliv. 
Ja, det gikk no ikkje akkurat som vi hadde tenkt, for det begynte ganske snart å skye over. Då kunne vi like godt lage middag- og etter at den var fortært, letta det litt så vi la oss ut på solsenga. Eg tok på meg dyne for sikkerheits skuld, og det var bra! Så i dag sov eg altså middag på altanen med dyne og lydbok og hadde det i grunnen ganske bra.
Seinare rippa eg tre bøker som eg lånte på biblio i dag, mens eg høyrde lydbok og strikka. Det er vel det som kallast multitasking.
I dag kan vi gratulere Solveig og Øystein med 27 - års bryllupsdag ! Dei feirer dagen i Trondheim. 
I kveld kolliderer alle TV programma med handballkampen som til og med eg kjem til å sjå. Såg siste halva av kampen mot Sverige og det var ganske spennande. Norge MÅ vinne i kveld, eller så blir det snart over og ut.
Ønsker alle ei god helg med eller utan sport.

torsdag, august 02, 2012

Vêrmelding 2.august - 2012

Klokka har passert 21 med god margin, og sola har forsvunne frå denne sida av bygda, men skin på Melle. Fekk så vidt nyte nokre strålar før ho vart borte.
Elles har det vore overskya og opphaldsver det meste av dagen. 
Dagen har ikkje vore så innhaldsrik, men vi har i alle fall vore til Vik og handla. I dag reiste vi bort i Furene og handla på Coop Extra, men det var ikkje så lurt, for då vi kom bort på Amfi oppdaga vi at Coop Mega selde masse varer til minus 30%. Ja,ja, det er ikkje sikkert vi tapte så mykje. 
Nils har vore ute og fiska i kveld. Han fekk ein del makrell; noko skal han gi bort her, og noko skal vi ta med til Kongsberg, er planen.
Eg har drive og ringt smerteklinikken i Volda utan å få svar, men i kveld ringde legen til meg, og eg fekk time i morgon 12.15. Det er eg glad for.
Eg har ikkje gjort noko særlig i dag, for mens Nils var vekke nytta eg tida til å lese-det er ein "uvane "eg har. Ein av naboane var innom og prata ei stund, det er alltid koselig.

onsdag, august 01, 2012

Vêrmelding 1.august - 2012

Klokka er snart 18.00, temperaturen er +17 grader C. Det er overskya og skodde og litt regn av og til. Må innrømme at det slit på humøret å gå heime heile sommaren i dette triste veret. No er ikkje sommaren slutt, og vi skal ikkje tilbake på jobb i år heller, så det lagar seg vel ein liten ferietur for oss også.
Når ikkje sola skein i dag heller, fann eg ut at eg like godt kunne gjere noko nyttig. Så då tok eg og vaska tak, vegger og golv på kjøkkenet. Skuffer og skap tek eg når behovet er der, ei skuffe no, eit skap då. Sjølvsagt blir eg dårlig etterpå, hofta mi toler ikkje at eg klivrar opp på bord og benker. Merkar alderen - er stil og støl og redd for å dette.Dei progressive brillene gjer at eg ikkje er heilt trygg når eg skal stige ned.
Noko skikkelig middag har vi ikkje hatt i dag, men dagen er ikkje slutt enno, vi et når det passar. 
Tok ein tur rundt i hagen og såg på blomster og bær, alt er seint ute i år. Først no begynner sukkererterne å komme, enda så tidlig som dei blei planta.

Bok nr.38 -- 2012: Naiv Super


Naiv. Super

Erlend Loe skriv ikkje heilt alminnelige bøker. Han er heilt unik, og når han les dei sjølv blir det ei skikkelig fin leseoppleving. Eg har lese fleire av bøkene hans, og likt dei fleste.
Denne boka blei eg heilt betatt av.Og så er den på berre 3 CD-plater,akkurat høvelig langt for denne fortellinga.
"Jeg-fortellaren" er 25 år gammal, har god utdanning, er intelligent, men har liksom ikkje taket på livet sitt. Han har to venner , ein god og ein dårlig, og etter kvart blir han kjent med Børre, ein liten gut.Og så skaffar han seg eit bankebrett, som han bankar og bankar på når tankane blir for vanskelige. 
Fortellaren grublar over mangt og mykje, mellom anna Universet, tida, Einsteins relativitetsteori og mykje anna. Han lagar seg lister over både det eine og det andre for å prøve å skape orden. Og alt dette blir framstilt i eit veldig barnslig språk.
Det kan virke litt søkt, det heile, det er berre det at ein kjenner seg sjølv att i denne personen, det han tenker på er ikkje så ulikt det vi alle grundar på innimellom.
Alle som les denne boka vil tolke den på sin måte, eg hadde stor sans for den. Mykje bra humor er her også. Anbefalt!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...