tirsdag, august 21, 2012

Vêrmelding 21.august - 2012


Klokka har passert 19.30. Ute er det framleis overskya, men opplett. Sist natt regna det og i dag tidlig var det sid skodde, seinare vart betre.
Nils hadde avtale med ein mann fram på Åmdalen klokka 10.00 i dag. Nils hadde lova han ein fisketur på sjøen. Og i dag var dei heldige, det vart ei stor kasse med pir (spir) på Åmdalingen, pluss nokre seiar.Vi valde å ha kokt sei i dag, så kan vi ha steikt makrell i morgon. Blir aldri lei.
Eg talde litt på fingrane for å finne ut kva eg skulle bruke åleinetida til. Det blei vasking av steikomn, eit par skap og til slutt tok eg stovetaket- med mopp. Det takvasket røynde hardt på ryggen, fordi eg brukte ein skikkelig treig microfibermopp. 
Men etter at vi hadde ete middag, la eg med på sofaen med varmepute på ryggen og då kom det seg. No har eg vore ute og plukka ein liter rips som vi skal ha til "dessert"-Nils hadde lyst på det. Eg plukka av naboen sine tre, for deira rips er betre enn vår. Vi er/har gode naboar her i Starevegen.
Blir litt frustrert når eg les på FB om folk på min eigen alder som som går i skog og på fjell og er så spreke, men ein får vere glad at ein er så pass som ein er.
Bilda: Vi har fire clematis. Den på det øvste bildet kjøpte eg i fjor, og det såg ikkje ut som den hadde overlevd vinteren, men brått fór den opp i ein viss fart. Men blomster kom der ikkje. Så oppdaga eg at den hadde strekt seg inn i tilbygget mellom sprinklane- og der var blomsterknoppane.
Den på bildet under er av den seine sorten, så det hender ofte at den blomstrar når snøen kjem. Vi har delt ifrå ei rot slik at vi no har to. Vi har også ein rosa, men den blomstra verken i fjor eller i år. Men den lever.
Det ein skal passe på når ein plantar clematis er å grave djupt.
I dag gratulerer vi Helene på Eid med dagen!

1 kommentar:

Elin sa...

De har vel lese om kjempekveita her på Rygg? Ikkje spøk å vere fiskar! De har ein fin hage! Og takvask kan vel definerast som karaarbeid, eller? Hard skulestart her, lenge sidan eg har hatt 1. Kl. Og sjølv om eg skal ha berre halv jobb i starten, er eg på skulen mesteparten av tida... Det bruker å gå seg til!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...