onsdag, juli 31, 2013

Dagbok 2013: 31.juli.

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 14 grader, så sommaren har tatt pause. I tillegg har vi hatt eit voldsomt regnvêr; det har bøtta ned i timesvis, no kjem det som ikkje kom som snø sist vinter. Håper berre det regnar tomt.
Det har vore ein laber dag i pensjoheimen.Nils vart så fryktelig låk i venstre skuldra. Denne skuldra har plaga han periodevis i mange herrens år, og i natt vart det skikkelig gale. Vi har ein mistanke om at roturen spelar inn + at han vart giktisk. Så no var det på med ulltrøya igjen. Han er alt mykje betre, men må ta det med ro.
Eg vakna sjølvsagt med ein elendig rygg, men ikkje verre enn at eg klarte å vaske og støvsuge "til helga"-er litt ute av kurs der. Eg verker framleis, men slik går det når ein ikkje klarer å styre arbeidslysta si. Det plar kome seg etter nokre dagar, så eg bekymrer meg ikkje for det.
No ser eg på TV at vi skal få enda meir kraftig regn. Ja, kva anna kan ein vente seg etter ein knusktørr vinter.
Snakka med Rasmus i telefonen i går, dei ventar Solveig på besøk i morgon, sundag reiser dei til ei gresk øy. I tillegg til at dei på Austlandet har hatt ein flott sommar i år.
 

tirsdag, juli 30, 2013

Dagbok 2013: 30.juli

Klokka er ca 19.30. Temperaturen ute er + 19 grader C, og det er opplett og litt sol. Det har vore veldig skiftande vêr i dag; ganske fint før middag, voldsomme regnbyger på ettermiddagen, og no altså bra. I alle fall er det sommar, berre det held seg mildt, er eg ganske fornøgd, dessutan likar eg variasjon.
Ut på ettermiddagen reiste Nils ut på Rjåneset og henta båten heim att, for å reparere motoren. Ikkje før var båten heime på tunet, så starta motoren og gikk som ei kule.Likevel treng den vel ei lita overhaling.
I eit hjørne av hagen laga vi for nokre år sidan til eit staudebed, vi la duk og bork, så det skulle vere lettstelt. No var eg lei av heile beddet, for det vart nesten gøymt bak eit stadig større plommetre-ikkje trivdest plantane så godt heller. Begynte på arbeidet i går, og i dag fekk eg flytta resten av staudene og planta dei nedst i hagen. Fjerna duken og alle steinane, og spadde opp jorda. Må nok hakke gjennom ein gong til før vi klappar til og sår gras. Eg kjende ikkje noko i ryggen så lenge eg heldt på, men etter lunsj måtte eg legge meg på sofaen ei stund. Men ingen anar kor glad eg er for å kunne gjere slike ting utan å bli sengeliggande. Nils hjelpte sjølvsagt til også. Og det blir vel han som må lage "plen". Berre peonen står att, for slike blomster skal ein visst ikkje flytte.

mandag, juli 29, 2013

Dagbok 2013: 29.juli

Klokka er ca 20.45, temperaturen ute er + 17 grader og det styrtregnar. Sommar er det like fullt, og LITT regn gjer berre godt. Berre det ikkje varer for lenge.
I dag før middag rydda eg litt inne i huset, før eg gikk ut og jobba i hagen, flytta nokre stauder m.a. Har enda eit bed som skal leggast ned.
Rekna med at Margrete stakk innom når ho skulle til tannlegen her i Ørsta, men visste ikkje at ho hadde dei tre eldste barna med seg.(Eirik og Margrete skulle klippe seg. DET visste eg). Minstemann var på besøk hos ein kompis. Hadde eg visst at dei hadde høve til å slå seg ned ei lita stund skulle eg hatt noko skikkelig mat til dei. ( Det kan godt hende at det er eg som ikkje har følgt heilt med i timen.....)Men vi hadde ei trivelig pratestund, der mormora fortalde om slekta blant anna.No er det ikkje eg som er sleksgranskaren i familien, men litt veit eg.
Etter at dei hadde fare, laga eg fiskemiddag til Nils og meg. Vi et maksimalt med fisk før vi må fryse resten. Nils jobba med filetering mykje av føremiddagen.
No har eg lege på sofaen med lydbok, mens Nils ser fotballkamp på TV. Denne dagen gikk enda fortare over i historia enn dagane elles plar gjere. Men det er mange timar til leggetid! Håper vi har fleire fine sommardagar i vente.

søndag, juli 28, 2013

Dagbok - 2013: 28.juli.

Klokka har passert 18.00 med god margin. Ute har det skya over og temperaturen er + 23 grader C. Tidligare i dag var den oppe i +27 grader, og då var det sol i tillegg.
Vi starta dagen tidlig, sånn ca 6.30, då var det skodde eit godt stykke ned i fjella. Men Nils ville ut og fiske. Eg la meg igjen og las i lydboka mi, og somna etter ei stund.
Ca klokka 9 vakna eg av telefonen, det var Nils. Han hadde fått motorstopp og var komen til Raudøya roande.  I  1 1/2 time rodde han før han var i land. Det som var litt irriterande var at der låg ein annan båt ganske nær, men ingen spurde om han trong hjelp. Slikt er ikkje Nils van med frå fiskar-miljøet der han vaks opp. Å ro ein vanlig robåt er greitt nok, men den plastbaljen vår er ikkje så god å hanskast med.
Men han kom i alle fall velberga heim att, og fisk hadde han fått, så no skal vi snart ete fersk småsei til sein middag.Hadde ikkje lyst på middagsmat så lenge det var så varmt.
Eg har ikkje gjort så mykje til nytte i dag. La i hop og strauk litt klede og la opp eit skjørt. Sommarskjørt med strikk i livet var ikkje å oppdrive på butikkane i går, så eg tok like godt og la opp eit gammalt eit.
Elles vart veret etter kvart så fint at eg kunne ligge på altanen og lese; aberet er berre at eg somnar. Forresten var boka ganske kjedelig også. Eg synest vi har hatt ei fin veke kva vêret angår, ei veke sommar er meir enn vi har hatt på fleire år.

De lurer kanskje på kvifor eg har bilde av ei gravemaskin øvst på bloggen. Ein av naboane har storarbeid på gang, men i dag har gravemaskina fått kvile. Noko vi alle set pris på. Eg synest det er ein uskikk å halde på med bråkete utearbeid på sundagar, det er heldigvis få som gjer det her på Vallabøen. Tok ei lita runde og fotograferte blomstrane i hagen, det er heldigvis eit kvart som blomstrar heile tida, men alt er forseinka, og blomstrane er mindre enn vanlig.
Denne planten heiter nattlys, og den lyser faktisk i mørke kveldar, det er berre det at den eigentlig skal vere dobbelt så høg.
Dei orange liljene blomstrar voldsomt, men stilkane er korte.
Og endelig kjem sukkerertene. Forseinka dei også, men no skjer det fort. Vi har kome fram til ein sort som vi er veldig nøgde med, og Nils tek vare på erter til å så, frå det eine året til det andre. "Frühe Heinrich" heiter sorten. Dei er store og sprø. Eg plar fryse ned dei vi ikkje klarer å ete etter kvart og har dei å ta til gjennom vinteren. Eg berre reinskar og frys dei -utan å forvelle. Fine i Wok t.d.
(Eg veit at det finst mange nydelige hagebloggar, så dette kan vere ei trøst for dei som ikkje har alt på stell. Slike som eg.)

lørdag, juli 27, 2013

Bok nr. 38 --2013: Post mortem.


Eg har ein mistanke om at eg har lese denne boka før ein gong, men det gjer ingen ting, for eg hugsar ikkje noko. Boka er godt skriven . Det er ingen vanlig detektivroman,. Det er ein "intelligent" roman, på den måten at her er mykje fagkunnskap både om patologi og data. Eg vil ikkje påstå at eg forstår alt like godt, men eg synest det er interessant.
Fortellestemma er dr. Scarpettas, ein kvinnelig rettspatolog. Ho finn fram til den skuldige seriemordaren ved hjelp av tankearbeid, samtalar og data. Boka er ikkje spennande i vanlig forstand. Men eg likte den godt. Opplesaren er veldig bra.
Boka er såpass gammal at der er ikkje så mykje å finne på nettet.

Dagbok 2013: 27.juli.

Klokka har passert 21.00, temperaturen har gått ned til + 20 grader C, max i dag var + 26 grader. Elles har det vore skiftande vêr i dag; nokså skya før middag, så kom sola fram, så skya det over, så vart det litt tordenvêr og litt regn og så skein det litt opp igjen. Akkurat slik likar eg at det er om sommaren. Då kan ein vere både ute og inne.
Sidan det var overskya først på dagen, tok vi ein tur til Volda. Eg likar å handle på Møre Konfeksjon og eg hadde virkelig behov for ei ny sommarjakke.  Eg fann ei som eg likte godt med ein gong, og det gjorde ingen ting om den var sett ned 70% sidan sist vår. Den er i ein blåfarge som særlig Margrete er svak for. Fann meg ei matchande T-skjorte- også den til nedsett pris. Og i ymse blåfargar.
Handla litt mat på Coop på Amfi og for heim for å nyte finevêret. Til middag laga vi oss pølser med poteter og surkål. Begynner å lengte etter fisk no, men mens Nils har hatt den stygge hosten har han ikkje vore ute og fiska.  Han har rett nok fiska makrell frå land, så heilt fiskelause har vi ikkje vore.
Eg låg på altanen og las i lydboka mi, og der somna eg og vakna opp til grå himmel.
Margrete og dei tre yngste var ein tur på Moa i dag, og kom innom oss på heimvegen. Det var litt av kvart dei trong til Tyrkiaturen. Har inntrykk av at alle reiser til Tyrkia i år. Men der er det i alle fall varmt og nydelig å bade.
Minstemann hadde slått på stortromma og kjøpt seg enda eit nytt slips, han kunne forklare at slipset var av 80-talsmodell.
Dei hadde ete på Mc Donalds, så her fekk dei berre vaflar, is, kaffi og brus.
Så kan eg nemne at den einaste vanlige rosa eg har kjøpt i år, kom med sin første blomst i dag. (Dei andre nye rosene er potteroser).
Det var vel til ære for oss to som har 51-års bryllaupsdag i dag. Takk til dei som har sendt gratulasjonar på mail og FB.
 

 Kjekt med besøk av barn og barnebarn.
 

fredag, juli 26, 2013

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + grader C, og no har det skya over.Faktisk har det kome nokre regndropar også.Tre-fire dagar med sol er kanskje i meste laget for oss her på Vestlandet, blir nesten stressa, så no kan eg slappe av litt, Vêret er framleis deilig og sommarlig.
Før middag var vi ute i hagen ei lita stund før vi tok turen til Vik, biblio opnar ikkje før klokka 11. Det var vanskelig å finne bøker som eg ikkje har lese før; eg snakkar då om lydbøker. Tok med meg fire bøker heim, men har mistanke om at eg har lese to av dei.
Så var vi ute i hagen ei stund til, Nils slo bio nede i bakken, og eg rydda litt her og der. Mellom anna grov eg rundt steinen midt i bakken. Det var så varmt at sveitten draup i store dropar.
Elles har eg lege på altanen og lese i dag også, og etter kvart som det skya over vart det skikkelig behagelig.
Då eg kom i hus steikte eg bacon og koka spaghetti, som eg serverte med tomatpure. Dette er ein gammal rett som vi fekk første gong hos naboar på Raudeberg. Matmoten har forandra seg mykje sidan den gongen.
Vi har berre to klatreroser no, men begge overlevde vinteren. Det heiter seg at ein ikkje skal klippe ned klatrerosene, men New Dawn-rosa har vore klipt heilt ned fleire gonger, og lever og blomstrar likevel. Rosene stortrivst når dei slepp regnet, det er lett å sjå.
Ønsker alle ei god helg uansett vêr.
I går kveld fekk eg ikkje til å ta bilde av månen, men eg såg han på akkurat same stad som kvelden før, ein time seinare. No skal eg ikkje skrive meir om månen. Eg lovar!

torsdag, juli 25, 2013

Dagbok 2013: 25.juli.


Klokka er 20.30, temperaturen er + 23 grader C, max temp var + 26 grader og  sola har skine i heile dag. Say no more.
Før middag klipte vi litt gras etc. i hagen, Nils med plenklippar, eg med kantklippar. Det vart også tid til å prate litt med naboar.
Eg hadde i grunnen tenkt meg ein tur på biblioteket, sidan eg las ut boka om Ove. Men så fann eg ut at eg hadde tre ulesne bøker liggande på datamaskina, så eg utsette bibliotekturen til i morgon.Seinare oppdaga eg at eg hadde lese den eine ab dei tre bøkene før, den andre mangla siste plata og på den tredje hadde maskina greidd å blande plate nr.2 og 3. Veldig festlig, men eg klarer meg sikkert til i morgon.
Låg ei stund på solsenga og las, men det er relatvt heitt på altanen, så det blir ikkje så lenge om gongen.
Har ikkje hatt middag før i dag, så no i kveld mekka eg i hop ei spikersuppe av ymse ingrediensar eg fann. Begynte med linser, vatn, bulliong og kvitløk.Så hadde eg i inntørka restar av spekepølser, morr og bacon. Gulrøter, eit par stilkar selleri, ein halv paprika, vårløk etc. hamna i suppa, og den vart god den. Vi åt så sveitten rann, for sant å seie hadde den høvd betre ein kald vinterdag. Eit godt tips viss ein vil lage ertersuppe og ikkje har lagt i vatn erter, er å bruke linser i staden, dei kokar på no time.
Det gikk ikkje så bra med hødd i Kasakhstan, dei tapte 2-0. Men så var dei så smarte der borte at dei nekta to av dei beste spelarane til Hødd visum. Slik kan det også gjerast.
Eg fekk tatt bilde av månen i går også på om lag same klokkeslett som kveldane før, no var har eit godt stykke lenger aust.

Bok nr.37 - 2013: En mann ved navn Ove.

 
"En mann ved navn Ove" av Fredrik Backman
 
Omtale fra forlaget
Ove er 59 år. Han kjører Saab. Til tross for at han ble sparket som styreleder i borettslaget for flere år siden (i det som Ove selv bare omtaler som «statskuppet»), klarer han ikke å la være å blande seg inn. Han sjekker at alt er på stell, og at ingen bryter reglene.Men når de nyinnflyttede naboene i rekkehuset midt imot er så uheldige å ødelegge Oves postkasse, blir det opptakten til en humoristisk og hjertevarm historie om rufsete katter, uventet vennskap - og kunsten å rygge med tilhenger. Det som skjer, kommer til å forandre en mann og et borettslag for alltid.En roman om kjærlighet, skikkelig verktøy og betydningen av alltid å kjøre Saab.

Stort meir er det ikkje å seie om denne boka. Den er veldig enkel og lettlesen, men ikkje banal. Eg vil karakterisere den som ei "feel good bok"- ei bok som passar for alle, og som svært mange kjem til å lese. Margrete har skrive om boka på bloggen sin, så eg treng ikkje å skrive så mykje meir. Berre: Les boka! Den kallar både på latter og tårer. Språket er variert og oppfinnsomt. Boka har fått terningkast  6 på Internett.

onsdag, juli 24, 2013

Dagbok 2013: 24.juli.


KLokka er 21.15. Sola er borte her hos oss, men skin på andre sida av fjorden. No er temperaturen +22 grader C men tidlegare i dag var den oppe i +28  grader, noko som er relativt sjelden her. Og i dag er det 5 mnd. til julafta. Eg tok bilde av månen i går kveld også, og då var den mykje lenger aust enn kvelden før, enda bildet var tatt ca 1 time seinare på kveld. No er eg spent på om det blir måneskin i kveld, slik at eg kan forske vidare.
Vi var ein liten tur nedover og handla på føremiddagen. Då vi kom heim begynte eg å gjere litt hagearbeid. Så var det ei av naboane som hadde steikt vaflar og koka kaffi. Ei anna henta koppar og fat og så hadde vi "lunsj" på plenen vår, sidan vi hadde hagemøblar ståande ute. Det vart ein koselig føremiddag. Så vart det ei stund på altanen før vi åt middag. Eg hadde kokt makrell før vi for nedover så den var passelig temperert til å ete med rømme og agurksalat.
Eg skal innrømme at det var varmt å ligge på solsenga i dag, men eg løyste problemet med ein handduk oppvridd i kaldt vatn på hovudet. Slik rekna eg med at eg berga hjernen mot overoppheting. Han ikkje merka noko gale så langt. Elles toler eg kor mykje sol det skulle vere.Tek gjerne imot fleire slike dagar. Har to plater att av boka mi om Ove, så eg må kanskje ein tur på biblio igjen.
Barnebarnet, Einar, er vel framme i Kasakhstan, der han skal referere fotballkamp. Der er det altfor varmt, skriv han på FB.

tirsdag, juli 23, 2013

Dagbok 2013: 23.juli

Klokka har passert 20.00, temperaturen er +21 grader C og sola skin frå skyfri himmel. Slike dagar må ein berre nyte, og for mitt vedkomande vil det seie å ligge strak ut på altanen og lese lydbok. Eg er ikkje særlig sprek når det gjeld å gå i varmen.
Var rimelig tidlig oppe i dag, så eg rakk å støvsuge og vaske heile leilegheita før sola kom på altanen. Dermed fekk eg litt betre samvit til å innta horisontalen.
Middag har vi ikkje laga i dag, så det blir pølser i brød til kvelds i staden. Nils var ein liten tur bort på terminalen og drog opp 8 fine makrellar, nokre av dei skal vi ha til middag i morgon, tre gav han bort til ein kamerat.
Sidan eg ikkje har vore utom tomta i dag, har eg ikkje opplevd så mykje, men det gjer ingen ting når eg har ei god bok på øyret.
Noko eg er glad for er at dei nærmaste naboane våre ikkje har høge tre i hagane sine, for så har vi sol på tomta vår heile dagen.
I går kveld prøvde eg å ta bilde av fullmånen, men det er ikkje lett å få gode bilde utan spesialutstyr. Vi får vel sjå han i kveld også. At det ikkje er høgsommar lenger, merkar vi på at det er mørkare om nettene. Men no er det i alle fall sommar.

mandag, juli 22, 2013

Dagbok 2013: 22.juli.

Klokka er snart halv ni, og skuggane er lange. Men sola skin framleis, og gradestokken syner +23 grader C.
Vart litt skeptisk i dag tidlig då eg såg at det framleis var skodde i fjella, men så klårna det opp. Endelig.
Slike dagar må ein berre nyte, så etter ein snartur nedover, bar det rett ut på solsenga, der eg har lege mykje av dagen. Så fekk eg lese ut Paasilinna-boka mi, den er rett nok berre på 5CD-plater.(Hadde problem då eg skulle skrive om den. Brukte den stasjonære maskina, og den var heilt håplaus. Fekk ikkje retta feila, men eg giddar ikkje å skrive alt om att).
No mot kveld tok eg ei økt med husarbeid. Pussa stuevindua utvendig, innvendig tok eg dei i går. Så shina eg opp kjøkkenet, berre golvvasken er att. Saka er at når ein får finevêr, så stig energinivået, og støv og skit syner betre.
Har ikkje gått tur i dag- og ikkje gjort hagearbeid. Nils var ut og klipte bort utskota frå jordbærplantane. Han er åt og kjem seg, men hostar enno. Eg har  kjøpt halsdrops til han, så får vi håpe han kjem seg til att snart. Vi har ingen planar om å reise bort så lenge vi har så fint vêr her heime.
I morgon går "Hundedagane "inn. I gammal tid sa dei at om hundedagane gikk inn med fint vêr, skulle dei gå ut med stygt, og omvendt. Men eg har også høyrt at slik vêret er den 23.juli, slik skal det vere i tre veker.Trur vi går for den!
" Man burde ikke bade denne tiden, og heller ikke la seg årelate. Da kunne man bli tungsindig."
No kom eg på filmen "Dog day afternoon"-

Bok nr.36 - 2013: Adam og Eva

søndag, juli 21, 2013

Dagbok 2013: 21.juli

Klokka har passert 18.30, ute er det overskya (skodde?), opplett og + 19 grader. I dag var eg budd på å vakne til strålande sol, det skjedde ikkje, men no kan eg kjenne på temperaturen at sommaren er på veg. Her gjeld det å vere optimist ! No er det faktisk veldig deilig ute.
Nils er enno ikkje frisk av sykja,men han hostar mindre enn før. Han var litt klein på føremiddagen, men no er han ute og ser etter båten, fyller olje eller kva det no var han skulle gjere.
Eg kom nyss att frå ein tur i skogen, der eg gikk med Paasilinna på øyret, men utan fotoapparat. Kan ikkje gå å stege med det tunge kameraet i fare for å dette.
Før middag rusla eg rundt å gjorde diverse småjobbar, rydda litt, pussa vindu, strauk, stelte med blomstrane etc. Mens eg venta på sol.
Til middag hadde vi svinekotelettar, så det var vel akseptabel søndagsmat?
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, og det er greitt nok.
Og der kom Nils heim att.
Og så kom sola. Klokka 19.30.

lørdag, juli 20, 2013

Bok nr.35 -2013: Gutten som sluttet å gråte.

"Gutten som sluttet å gråte" av Ninni Schulman
Denne boka minner mykje om bøkene til Camilla Läckberg. Den handlar om vanlige folk og deira dagligdagse problem. Ein ekstern fortellar flyttar fokus frå den eine familien til den andre, i det det skjer grusomme ting i den vesle byen. Boka er ikkje dårlig, men sidan eg ikkje likar så godt slik "small talk"-krim, så vart det ikkje den store leseopplevinga for meg.Eg likar best fokuserte krimromanar, der det ikkje er så mykje "bollar og te". Men for all del, boka er grei nok i sin sjanger.
Det er visstnok forfattaren si andre bok, så det hadde sikkert gjort seg å lese nr.1 først.

Dagbok 2013: 20.juli

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 14 grader C. Vi hadde gledd oss til sol og finevêr i dag, og ei stund såg det ut som om sola skulle kome fram for alvor. Vi tok ein rask tur til Vik og handla inn matvarer, slik at vi skulle vere klar for ute uteliv.
Men først skulle vi ha litt mat. Eg hadde kokt opp risen-grynsgraut før vi for nedover og sett i steikomnen, så den var nesten ferdig. I tillegg hadde vi spekemat og potetsalat. Framleis var det skya vêr så vi slappa av litt inne.
Så gikk Nils ut for å klippe ferdig plenane, og endelig kom eg meg ut. Då var det på ingen måte sol, derimot skodde som kom lenger og lenger ned og skoddevind. Men vi heldt hetenså lenge vi jobba.Eg fekk fjerna litt ugras etc. men følte ikkje at eg hadde fått nok mosjon, så eg gikk ein tur rundt Storebakken etterpå.
Litt surt å gå her i skodda og vite at finevêret ikkje er langt unna.Naboane var på tur til Fjærland i dag og ringde hit for å be oss heise ned dei utvendige persiennene deira.Eg kunne roe dei ned med at det på ingen måte var behov for det.
Ønsker alle ei god helg uansett kvar de er og kva vêr de har. Det er mykje prat om vêr, men det finst faktisk verre ting er skodde og regn. I dag tenkjer eg spesielt på dei som omkom i ulykka på Hareid og dei som sit att i sorg.
Eg er veldig fornøgd med at vi gjorde beddet ved garasjen litt smalare. Det er lettare å halde fint no. Og graset som vi sådde har grodd fint.

fredag, juli 19, 2013

Dagbok 2013: 19.juli

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 16 grader C, det er overskya, men så langt har det vore opplett. No kjem det noko grått smygande langs fjella, om det er regn eller berre skodde står att å sjå. Hadde håpa på litt sol i dag, men det fekk vi ikkje.
Det har vore godt arbeidsvêr. Før middag var det for vått ute, så då dreiv eg og rydda litt skuffer og skap, eit arbeid som alltid ligg på lur. Etter at vi hadde ete middag og slappa av litt, var vi ute i hagen og jobba. Nils klipte plen, mens eg reinska blomsterbed og brukte den nye kantklipparen. Ja, eg tok nokre lengder med plenklipparen også, for å prøve korleis det virka.Har ikkje klipt plen sidan vi vart motorisert, den gamle handklipparen brukte er nokså flittig.
Den himmelblå riddarsporen, som eg er så glad i, fekk ei sørgelig endeligt i år, den blei slått til jorda av ei kraftig regnbyge. Den som er litt mørkare i fargen, står på ein betre plass og greier seg betre. Fin den også ? Som eg har sagt tusen gonger før: Eg er så glad i blå blomster ! Og eg har mange av dei, men ingen ting er som det skal vere denne sommaren. Det var sein sommar i fjor også, etter å ha konsultert bloggen min, ligg vi minst 14 dagar etter i år, men neste veke har yr lova oss sommar.
Det rosa klatrerosa"New Dawn" er ein av dei eldste plantane vi har, og den sviktar aldri. Den blomstrar heile sommaren og har eit blankt og fint bladverk.
Då eg kom inn at var eg skiten og fæl, så det vart rett i dusjen. No føler eg at eg kan kan ta helg.
I dag skulle vi eigentlig ha vore på Eid og høyrt på bandet "Lommerosk", men Nils er ikkje bra av hosten enno, så vi heldt oss i ro.

torsdag, juli 18, 2013

Dagbok 2013: 18.juli

Klokka har passert 19.00 med god margin. Temperaturen på trappa er +13 grader C, det er skodde og regn, og litt vind no i kveld. Men ekstremnedbøren som var varsla, ser ut til å utebli. Og takk for det.
Altanen heng full av sengetøy, som ikkje har blitt særlig tørrare sidan eg hengde det ut, snarare tvert om. Men i MORGON skal vêret endre seg om ikkje yr tek feil igjen,
Uansett så går dagane fortare over i historia enn eg likar å tenke på, særlig sommardagane. Vi skulle no vore på ein liten tur til varmare strøk, men det får vere til Nils er bra av forkjølinga. Han hostar og er sår for brystet. Ser ikkje bort frå at eg også kan bli smitta.
Har veldig mykje som skulle ha vore gjort ute, men å jobbe i hagen i denne væta, maktar eg ikkje. Altså har vi hatt enda ein lat dag. Var ein tur nedover før middag, handla litt og henta ei bok på biblioteket, ei som dei hadde reservert til meg.
Då vi kom heim gikk vi ein tur rundt Storebakken for å få i alle fall litt mosjon. Eg hadde med lommekamera- som ikkje virka. Får håpe det hjelper å skifte batteri.
Til middag laga eg berre ei god blomkålsuppe, og så åt Nils makrellen som var att frå i går i tillegg. Vi må prøve å bruke opp det vi har kjøpt inn.Vi lid inga naud i alle fall.
Eg er ikkje vêrsjuk, men plenen og ugraset veks så altfor villig i dette vêret, så vi treng ei endring.

onsdag, juli 17, 2013

Dagbok 2013: 17.juli

Klokka er snart 20.00. Ute er det regn og skodde og temperaturmålaren syner +14 grader. Men Nils har fyrt godt i omnen, så vi har det varmt og godt.
Dagen i dag har vore sløv. Nils var ein tur til Volda før middag, men eg har gått her heime og "stulla". Vaska og hengt ut(!!!!!) klede,stroke litt etc. Til middag hadde vi kald, kokt makrell med rømme og agurksalat. Og til dessert vart det jordbær med fløte - for første gong i år. Vi lever godt.
No fekk eg nettopp melding frå Rasmus om at dei var vel heime. Litt varmare der enn her.
Den ildtoppen de ser på bildet er litt spesiell. Då eg kjøpte den var blomstrane veldig lyrosa. Då dei begynte å tape seg litt, poppa det opp nye blomster oppå dei gamle, i ein litt friskare farge. Eg har to slike  og begge oppfører seg på same måte.
I hagen ser det ikkje ut, og alt er ekstremt seint. Men no ventar vi på sol og finevêr så vi kan få slå og luke m.m.

tirsdag, juli 16, 2013

Dagbok 2013: 16.juli.

Klokka er 18.30. Temperaturen er + 13 grader C, det er skodde og regn. Nokså normalt julivêr i Ørsta. Litt surt for folk som skal feriere heime, ikkje så farlig for oss som har ferie heile året.
I dag reiste gjestane våre, og vi hadde eit par timars arbeid med å shine opp att huset. Har ikkje brydd meg med vasking og støvsuging mens vi har hatt besøk. Det vart tomt i huset etter at dei for, så då er det greitt å ha noko å henge fingrane i. Fekk melding i 18-tida, då var dei komne fram til Hunderfossen der dei skulle på show i kveld.
Rett etter at vi var ferdige med oppryddinga, ringde kusina mi frå Skedsmokorset og vi hadde ein lang, hyggelig prat. Ho sa at dei hadde "lysegrått" vêr, noko som eigentlig er ganske deilig. Lettskya, opphald og mildt. Dei har vel om lag same vêret på Hunderfossen.
Til middag i dag vart det restar frå i går.Etter avslapping og kaffi måtte Nils stad og prøve om makrellen var komen. På terminalen fekk han tre makrellar og ei sild, som eg skal koke no, og som vi skal ete kalde i morgon. Back to normal! med andre ord. Same korleis det er, så er sommaren kort og ein får nyte den som ein kan anten ute eller inne. Vona er at det blir bra til helga når det skal vere Malakoff-festival- eller kva det heiter. Barnebarnet Eirik skal spele med bandet sitt "Lommerosk" i år. Det er første gongen dei er med.
God tur heim.

mandag, juli 15, 2013

Dagbok 2013: 15.juli

Klokka er ca 19.30. Ute er det overskya og regn, temperaturen er + 11 grader C. Eg har halde meg inne heile dagen, det har dei fleste andre i familien også. Nils er ikkje frisk, han hostar og er forkjøla. Wenche er heller ikkje heilt bra. Sjølv føler eg meg bra i form.Enn så lenge.
I dag har Margrete og ungane vore her, så vi var 12 til bords då vi åt middag.  Gjorde det litt lettvint. Laga ein stor porsjon kjøttsaus og kokte spaghetti til. Det er slik mat som også ungane likar.
Minstemann somna tvert på sofaen etter at "gjestane " var reiste. Han hadde det travelt med å leike -særlig med Ingeborg.
Det har vore sosiale dagar, men i morgon er det tilbake til det normale, relativt stille livet.Vêret er ikkje så mykje å skryte av, men for oss som har ferie heile året er det ikkje så farlig, og dei som skal austover reiser vel mot betre klima.

søndag, juli 14, 2013

Bok nr.34 - 2013: Inferno


Dette er ei bok som ein bør lese på papir, elles kan ein gå litt i surr i namn etc.Eg har lese lydbokutgåva. 
Eg har lese mange bøker at Dan Brown, og dette er neppe den beste. Heller ikkje den mest spennande, men likevel vel verdt å lese. Vel å merke på grunn av innhaldet, språket er nokså middelmådig.
Dan Brown tek oss med på rundtur i Firenze, Venezia og Istanbul, skildrar byane og viser oss kunstverka. Det er interessant.
Det store problemet han tek opp i denne boka er: "Kva kan vi gjere for å hindre at jorda vert overbefolka ?" Noko som kjem til å skje om ikkje naturen eller menneska sjølve grip inn. Eg synest at problemstillinga er interessant, og eg likar mykje av informasjonen eg får om dei ulike byane, men eg ser på nettet at det er mange ulike meiningar om denne boka. Les den sjølv og gjer deg opp di eiga meining, det er mitt beste råd.

Dagbok 2013: 14.juli

Klokka er snart 21.00, og Nils og eg er attkomne frå Hareid. Rasmus med fam.blei litt lenger. Vêret er ikkje noko å skryte av, det har regna det meste av dagen. Temperaturen ute er no + 10 grader C. Men kva gjer det om vêret er dårlig når ein er mange samla inne, og alle barn og barnebarn på samme stad, for ein gongs skuld.
Vi feira først og fremst Solveig sin 50-årsdag, men også alle dei andre som har hatt fødselsdag i det siste. Dessutan er 14.juli Wenche og Rasmus sin bryllaupsdag, dei gifta seg på Mauritius i året 2000. Mamma sin bursdag er det også, eg gløymer ikkje det, sjølv om det er mange år sidan ho døde.Og til alt overmål: Margrete vart døypt på mamma sin fødselsdag i 1968. Då var mamma 64 år.
Solveig og familie hadde laga til mykje god mat, og Solveig hadde spandert av dei rosa peonane sine til pynt. Til middag fekk vi nydelig kjøttsuppe + stort dessertbord med heimelaga karamellpudding, bær i krydderlake og hermetisk frukt. Pluss is, sjølvsagt. Trur alle fann noko dei likte.
Seinare var det kakebord med mange kaker, men også ost og kjeks. Ingen trong reise svoltne heim.
For at det ikkje skulle bli for mykje knipsing la eg att kamera heime, og let dei andre ta bilde, så eg blir nok nøydd til å låne med døtrene.
I morgon kjem Margrete og ungane hit ein tur, og tysdag reiser Rasmus &Co tilbake til Hunderfossen, der dei har sett frå seg campingvogna.
Vi takkar Solveig og familien for ein fin sundag!
Her er alle barnebarna samla. Alderen spenner frå 3 år til 26.

lørdag, juli 13, 2013

Dagbok 2013: 13.juli

Klokka nærmar seg 22.00. Temperaturen ute er +10 grader, og det regnar. Ikkje så fint ferievêr, men vi kosar oss inne. Gutane er mest opptekne med duppedittane sine, vi andre styrer med så ymse, og ser litt TV innimellom. Før middag var vi alle til Vik, men ikkje i lag. Eg hadde ikkje så lyst å vere så lenge nedaføre i dag; greitt å kome heim i skikkelig tid og begynne på middagen. I dag steikte eg lysing og sei. Dei får tole litt ekstra mykje fisk når dei er her. Kjøtmat kan dei ete heime....Ja, og så skal vi no ut til Solveig i morgon, ho samlar heile storfamilien denne gongen.
Dagane går fort når ein er mange i lag.(Ja, elles også, for så vidt).
(Bildet er frå torsdag).

fredag, juli 12, 2013

Dagbok 2013: 12.juli

Klokka er 21.00. temperaturen ute er + 19 grader C. Det har vore lettskya, og fint i dag, men den strålande sola som yr lova oss, har vi ikkje sett så mykje til.
Dagen i dag har vore nokså sløv, mykje "mat og prat", men det går an det også i ferietida. Nils og eg var ein tur nedover før middag og handla litt. Ein tur innom biblioteket vart det også.
Minstemann har funne seg ein venn i kjellaretasjen og eit par til i nabolaget, så han hatt det travelt.Særlig sidan ein katt også vart innlemma i flokken. Dei to store gutane har slappa av med diverse digitale duppedittar.Dei er fredelige og greie og treng kanskje ein pause etter alle "landa" dei har vore innom hittil i ferien.(Legoland, badeland, zoo og Hunderfossen m.m.)

Det vart kylling m.m. til middag i dag. Store, tunge middagar passar liksom ikkje så godt om sommaren.Eg har ikkje vore ute og trimma i dag,det vart ei økt på sofaen med lydbok i staden.

torsdag, juli 11, 2013

Dagbok 2013: 11.juli

Klokka er snart 20.00. Det er nokså skya men fint vêr og sommarlig temperatur. No er det +17 grader, men det var varmare før i dag. Heile storfamilien stod opp i tidspunktet ca 8.00-11.30, så det vart ein lang frokost. Men då alle var komne på beina vart det tur til Rjåneset og fisketur med båt. Alle var med utover, men eg vart att på land då dei andre for ut med båten. Så veldig mykje fisk vart det ikkje, men nok til at vi kunne servere steikt småsei og torsk til middag. Noko som vi vaksne tykte var heilt fortreffelig.Steikte litt pannekaker i tillegg.
Mens dei andre var ute og fiska, rusla eg rundt på stiane og tok bilde. Ganske lenge sidan eg var der ute no. Der ute blomstra den ville vivendelen for fullt, så langt er det ikkje kome her inne.
Her er nokre bilde. Dei frå båten er det Rasmus som har tatt.
 
 
 
 
 

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...