tirsdag, november 30, 2010

Vermelding 30. november 2010

Klokka er snart 12, og veret er det same som det har vore. I dag er temperaturen  minus 12 grader.
I dag fekk eg plutselig til å legge inn bilde igjen; no hadde vi tenkt å kjøpe nytt kamera, men kanskje  vi set det på vent.Vi skal nedover og handle litt i dag, men eg går og somlar -er som katten vil helst ikkje ut i kulden. Men på Amfi er det varmt og der får vi det meste. Har vaska  golv og strikka litt i dag, men treng å komme seg ut dørene somme tider.Dessutan må eg handle inn litt remediar til diverse baking. Småkaker blir det ikkje.
Bildet er tatt frå parkeringsplassen ved Amfi ca klokka 14. Som de ser kjem det skyer inn fjorden,så no blir det spennande å sjå kva som skjer.Nede i Vik var det minus 14 og lite fristande å gå opp i gata,så det blei til at vi for heim att. Nils fekk kjøpt seg to cordfløyelbukser på Dressmann for 499kr. Eg lånte med meg ei bukse frå Miss B for å prøve heime. Den kosta 899 kr. Heldigvis/ dessverre passa den ikkje. Ikkje like lett for alle å finne noko som passar. ( Blir litt sur. Trur eg må ha meg ein tur til Jorun Erdal i Stryn.)Utanfor Amfi stod der ein stakkars pølseseljar, synest han kunne fått kome inn for døra. Vi kjøpte to store spekepølser - godt å ha.

mandag, november 29, 2010

Vermelding 29. november 2010

Klokka er snart 18, og det er mørkt ute. Temperaturen står på minus 10 og veret er som før. I går var det forresten målt minus 19 på Follestaddalen. Nils har vore ute og gått ein liten tur i dag også, men eg har vore inne og styrt med huslige syslar.
Margrete og ungane+ Einar skulle komme til middag i dag, men så tikka det inn meldingar om sjukdom og ev.sjukdom, så eg kunne ikkje legge opp til noko storveges. Det blei ferdigkjøpte medisterkaker i brun saus-is og frukt til dessert. Amanda var sjuk i går,men frisk i dag,så ho skulle på ballettøving; Ingeborg måtte stå over. Eirik blei henta heim frå skulen, så han kom ikkje her. Det er berre vanlig omgangssjuke, så det går fort over, men trasig mens det står på. Margrete, dei to minste + Einar kom, men dei vart her ikkje så lenge, for Amanda skulle danse klokka 17. Det er show på laurdag, så det var viktig at ho var med akkurat i dag. Ingeborg og Amanda skal danse i kvar sitt show, så det blir to forestillingar på oss.
Dagane er korte når ein er seint oppe og mørkret kjem tidlig, men eg har ikkje tenkt å stresse så mykje framfor jula. Når ein er pensjonist treng ein ikkje vaske og styre så mykje midt på vinteren. Baking skal det bli minimalt av i år også. Har kaker frå i fjor jul enno. Det viktigaste er at alle er friske og har det bra.

søndag, november 28, 2010

Vermelding 28. november 2010

Klokka er no litt over 3 (15) og temperaturen er minus 10 grader ute. Veret er det same som det har vore, så vi kan i alle fall ikkje klage på mørketid.Nils var ute ein tur f.m. men eg har pusla med forskjellig inne. Blant anna har eg leita etter ei strikkeoppskrift som eg har brukt mange gonger, men som no er sporlaust borte.Merkelig kor mykje tid ein kan bruke på å gjere nesten ingen ting.
Vi har nettopp ete middag, det blei omnskokt sei på grønnsakseng etter Solveig si oppskrift. Meierismør hadde vi ikkje i hus, så det blei margarin i staden. Det blei veldig godt, og vi åt opp alt, men eg veit kva eg skal gjere annleis ein annan gong.
Eg får framleis ikkje til å legge inn bilde på laptoppen, og eg hugsar ikkje om dette kameraet er innstallert på den andre maskina. Veit ikkje om eg skal bry meg om å prøve ein gong. Vi har snakka mykje om å kjøpe eit nytt kamera, og kanskje blir det julegåva vår i år: Til Olaug og Nils. Frå Nils og Olaug. Det begynner etter kvart å bli mykje å halde orden på for gammalt folk, ledningar og diverse komponentar som skal koplast til her og der. EG har i alle fall mist oversikta.
Naboen vår, som skada seg med motorsag i går, kom heim frå sjukehuset i dag. Han får truleg ikkje varig mein. Han var heldig midt i uhellet.

lørdag, november 27, 2010

Vermelding 27.november 2010

Dessverre virka det ikkje som det skulle då eg skulle legge inn bilde nummer to i går, så det blir vermelding utan bilde i dag også. Men veret er som det har vore; klårt og kaldt. Akkurat no er tempen ca minus 9 grader, i går kveld var han nede på minus 14.I dag rakk ikkje sola ned til oss. Men det er ikkje synd i oss, vi har både varmepumpe og ved, og ikkje treng vi å gå ut heller. Nils er rettnok ute og går seg ein tur; ærendet er å sjå etter skog han kan felle.
Eg har hengt opp jule-kjøkkengardiner og pussa vindua innvendig på kjøkkenet, elles driv eg å småryddar og pyntar littt til advent. Nils har fått opp div.lys ute og inne.Til middag i dag skal vi ha Carlo spekesild frå boks, det er noko av det beste som finst. Nils har hamstra Claustaler på tilbod, så det spørs korleis det går med det lageret etter spekesildmiddagen.
Det kan hende vi tek oss ei lita handlerunde seinare, men så langt har vi respektert at det er handlefri dag.

fredag, november 26, 2010

Kallen og katten.


Dette vart ikkje noko fint bilde, reint teknisk, men eg er veldig fornøgd med at eg får til å legge inn bilde igjen.
I dag fekk Nils lokka med seg Advokatten inn på kjøkkenet, men så snart han såg meg, forsvann han som eit olja lyn.

Vermelding 26. november 2010


Klokka er no 12.15. temperaturen er minus 11 grader og veret er like fint og kaldt som det har vore. I dag var sola her berre nokre få minutt før ho forsvann bak Melshornet, så no kjem ho ikkje tilbake før 18.januar.
Det er noko tull med datamaskina, ho protesterer så snart eg set inn minnebrikka, så eg får ikkje lagt inn bilde. Men akkurat når det gjeld ver-bilde har det ikkje så mykje å seie.
I dag har eg støvsuga til helga, og klokka halv to skal eg til tannlegen. Vil ikkje påstå at eg gler meg. Eg har tannlegeskrekk så det held. I gå kjøpte eg ein duk som eg klipte i to og sydde gardiner til den vesle vinduet på stova. Det er ein slags julegardiner i kvitt med gullstjerner. Har nokre liknande til kjøkkenet, berre eg finn dei att. Har pynta litt til advent med lilla løperar og kvite lys.
Ønsker alle ei god helg og ei fin adventstid!

torsdag, november 25, 2010

Vermelding 25. november 2010

Klokka er no ca 15.00. Vi har det same fine veret, og temperaturen er minus 9 grader.
Eg har litt trøbbel med datamaskina når eg skal legge inn bilde, derfor er det lånte og gamle bilde som kjem på bloggen i dag.
I dag fyller Harald 70 år, dagen etter at yngste barnebarnet fylte 7. Vi feira dei begge i går.
Det har vore ein svært kald og vinterlig november i år, så eg fann ut at at som kontrast ville eg finne fram bilde frå 60 årsdagen. Den dagen feira han saman med familie og naboar på Bjørnaset, mens dei to eldste barnebarna var her hos oss. Ingeborg og Eirik plukka bjørnebær i hagen vår og rosene stod i full blomst, men så var det er særdeles fin haust i år 2ooo !
Vi sender ei varm helsing til Harald og gratulerer med dagen!
Eg har vore på kafé i lag med eit par veninner i dag, etterpå var den eine av dei og eg på ei lita butikkrunde. Eg lånte med meg heim ein kjole som dessverre ikkje svarte til forventningane då eg fikk den på.Å kjøpe klede blir meir og meir deprimerande.

onsdag, november 24, 2010

Viva Volda! Viva Erlend!


I dag feira vi bursdagen til Erlend på restauranten VIVA  VOLDA, og på menyen stod det tre sortar pizza + spaghetti og kjøttsaus til bursdagsbarnet. Han fekk mange gåver, både av det harde og det mjuke slaget. Hos oss fekk han mellom anna ein elektrisk tannbørste, som vi visste han ønska seg.Bursdagsbarnet var den som først meinte selskapet hadde vart lenge nok. Han hadde nemlig fått ei stor eske med Star Wars-Lego av foreldra og hadde lyst heim att og bygge.
Det er skikkelig kaldt ute i kveld; her hos oss er det  no ca 11 grader  minus, ved flyplassen var det minus 12 grader og kaldare skal det visst bli.
Men her er ikkje rim på trea slik er har sett på bilda til Bodil og Hilde frå Eid.

Vermelding 24.november 2010

Klokka er no 10.30, og sola skin gjennom glaset. Det blir nok ikkje lange stunda ho er her i dag. Veret har vore stabilt lenge no, og i dag er temperaturen minus 5 grader C. Nils har fare ut for å rake i hop noko av det stygge, brune lauvet som ligg oppå snøen.Det ser ikkje ut til at vi får mildver med det første, så haustryddinga i hagen må vi visst berre gløyme.

I dag gratulerer vi Erlend så mykje med 7-årsdagen ! Kunne skrive mykje om denne kjekke guten, men får begrense meg til å seie at han er ein skikkelig godgut. Han er veldig flink å lese og å bygge lego og så har han ein levande fantasi.Vi skal feire han seinare i dag, og det gler vi oss til. Litt spesielt er det også at han fyller år akkurat ein månad før julafta.Bildet har eg stole frå mora sin blogg.

tirsdag, november 23, 2010

Bok nr.57 2010: Den glemte hagen.

Mellom hovudhuset på godset og det vesle huset er det planta ein labyrint av ein hage. Berre få kjenner vegen gjennom labyrinten, og går ein inn utan å kjenne vegen, kan det vere veldig farlig. Kanhende finn ein aldri vegen ut. 
For ein gongs skuld har eg lese ein reinspikka underhaldningsroman. Det var noko uvant å lese ei bok berre for handlinga sin del, utan å tolke teksten. I grunnen var det ganske avslappande og underhaldande, men eg gikk litt lei, for boka var altfor lang, heile 17 CD-ar. Og det blei så altfor mange ord, teksten kunne med fordel ha vore forkorta ein god del. Men dette er ein underhaldningsroman og gir seg ikkje ut for å vere noko anna heller, og i sin sjanger er ikkje boka så dum. Ein allvitande forteljar flyttar seg i tid og rom, og etter kvart blir heile historia rulla opp. Menneska som prøver å finne fram til sanninga går som i ein labyrint for å finne fram til sanninga. Dei går feil og må snu fleire gonger, men finn fram til slutt. Sånn cirka midt i boka var eg komen fram, sånn nokonlunde.
Boka er på mange måtar vakker og poetisk, sjølv om språket er i overkant romantisk for ein realist  som meg. Det er noko visst gammaldags over teksten som minner om skikkelig gamle romanar, slike som eg las i barndommen og ungdommen.
Eg trur eg ville ha elska boka då eg var veldig ung, og eg vil ikkje fråråde nokon å lese den.

Vermelding 23.november 2010

 
Klokka er snart 14.00, temperaturen er minus 5 grader og veret er like fint som det har vore. Vi hadde litt sol rundt klokka 10.30, men det varte ikkje lenge. Sola kjem nok att ei lita stund på ettermiddagen også, i alle fall så lenge at eg får sjå dei grufulle vindua, som eg likevel ikkje får pussa på grunn av kulden.
I dag har eg gjort ein del husarbeid i form av vasking og rydding etc. Men det meste blir eit tiltak når det er kaldt.
Nils er på eit kommunalt møte, men det er ikkje heile kommunestyret . Eg har tenkt å bruke åleinetida til å lese ut boka eg held på med, så eg får begynt på Min kamp 5. På biblio fortalde dei at nr.6 ikkje kjem før neste år. Det var nesten ei lette, for det er intenst å lese om vår venn Karl Ove, det veit alle som er fenga av historia hans. Håper berre ikkje han har fått skrivesperre etter all viraken.
Beklager at avisinnlegget om kunstutstillinga på Bjørdal bil vart litt uleselig, men har de spørsmål, er det berre å gi eit hint, så skal eg svare. Sidan kunstutstillinga er i ei bilforretning er det også høve til å sjå på bilar, for dei som er meir interesserte i det.
I morgon skal vi feire Erlend, torsdag skal eg på kafé med venninner og fredag er det tannlegen, så planane er klar for resten av veka.

mandag, november 22, 2010

Vermelding 22.november 2010

 
Klokka er no ca 14.15. Temperaturen er minus 3 grader C og vi har framleis nydelig ver. Akkurat no har vi nesten sol, men sidan det ligg litt skyer i Osskaret, blir det ikkje så mykje av det. Vi hadde tidlig middag i dag; pannekaker med flesk og blåbærsylte. Såg at Wenche laga pannekaker med byggmjøl i på Fookost-TV ein dag. Det skulle vere så sunt, så i dag hadde eg ca halvparten bygg og halvparten kveite i pannekakene. Brukte ikkje W. si oppskrift, der var det fleire finessar. Saken er at vi er glade i pannekaker, og ved å tilsette litt grovt mjøl, får eg betre samvit når eg et dei, om ikkje anna. Har baka brød også. Det vart litt byggmjøl i dei og.
Såg delar av eit program på NRK 1 i dag. Det handla om mjøl og brødbakst.No er det BYGG som er det store, i fjor var det vel RUG ? Programleiar var Hilde Hummelvold. De finn sikkert programmet på nettet om de er interesserte. Dei hadde m.a. ei oppskrift på eit fantastisk brød i bakemaskin,men eg beit meg ikkje merke i kvar oppskrifta låg. Den ligg i alle fall på nettet.Elles har eg ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, og Nils brukte mykje av f.m. på legesenteret der han var og tok prøver.
I dag er eg ikkje så bra i rygg og hofte som eg har vore i det siste. Det kjem nok av at eg har SITE for mykje og strikka.No skal eg ha meg ei stund med lydbok, men utan strikketøy. Dessverre. Nils sit og les seg frampå i kommunale saker, han skal møte i kommunestyret i morgon, så då går den dagen.

Gratulerer med dagen.



 
I dag fyller Rolf, broren til Nils, 69 år. Han skal liksom vere pensjonist, men har likevel mange jern i elden. Her er han på kaia utanfor butikken dei har drive i mange år. Bildet er frå sist sommar.
Sjølv om yngre krefter har teke over butikkdrifta, er Rolf ofte på pletten og hjelper til. Ikkje minst når der er turistar ute og fer.
Vi ønsker Rolf til lykke med dagen i dag, og håper på stor feiring neste år.

søndag, november 21, 2010

Vermelding 21.november 2010


Klokka er snart 15. Ute er det lettskya, opphaldsver og 0 grader C. Eigentlig ganske fint ver, men saknar sola. Har gjort lite og ingen ting så langt i dag. Har for det meste site og strikka og høyrt lydbok på datamaskina.
Nils har kokt herlig middag; ertersuppe med pinnekjøt, poteter og rabbe. Nokså nær den kjende retten Erter, kjøt og flesk, men utan flesk. No er det sport på TV og då kan eg med godt samvit fordjupe meg i ei bok.

lørdag, november 20, 2010

Vermelding 20.november 2010

Klokka er no15.14. Temperaturen er minus 5 grader C og veret  er like fint som det har vore siste tida.  Eg synest kuldegradene er kaldare i november enn elles i året, men hadde det vore mildt, hadde det vore regn og mørkt, så her er det snakk om pest eller kolera.
Føremiddagen har vi brukt til å gå i butikkar, blant anna på jakt etter bursdagspresang til ein 7-åring. Så enda vi opp på reumatiker-basar på Samfunnshuset, der det mellom anna var musikk av Halkjelsvika spelemannslag, der Harald spelar bassgitar. Vi kjøpte oss kaffi og kake og årar, så det var nesten som i gamle dagar. Eg forkynte for heile bordet at eg aldri vann noko som helst, og så var eg den einaste ved det bordet som vann.Lys og serviettar med englemotiv høver no godt for årstida. Trefte mange kjende som eg sjeldan ser, og det var også kjekt.
Fekk tips med ei veninne om ein butikk som eg ikkje hadde kome på og DER fann vi det vi skulle ha.
Til slutt var vi innom nærbutikken og kjøpte oss nokre karbonadar som vi steikte og la på skiva då vi kom heim, for då hadde vi ikkje "tid" å lage middag.
Eg er frisk att av forkjølinga, men Nils hostar framleis og har vondt i brystet og øyrene.
PS: Eg har oppdatert Messenger, så no går det an å snakke med kvarandre gjennom laptoppen, samtidig med at ein ser bilde av kvarandre. Fristar ikkje meg så mykje, det er meste Nils som brukar denne funksjonen.Tenkte kanskje at nokon av ungane ville like det.

fredag, november 19, 2010

Vermelding 19. november 2010

 
Klokka er no snart halv fire og vi har nettopp ete oss stappmette på fiskesuppe. Ute er det same fine veret som i går, og temperaturen er ca minus 4 grader C. Sidan vi har vore ein tur til Volda ,kan eg opplyse om at der var det minus 2, og ved flyplassen minus 7.
I går kveld då eg skulle legge meg, fekk eg ikkje CD-spelaren til å virke. Han har vore litt upålitelig i det siste, men at han valde å kollapse i 1-tida om natta var ikkje det eg sette mest pris på. Det var liksom for seint til å sette seg ned å studere på korleis eg skulle få lagt boka inn på MP3- spelaren via datamaskina. Heldigvis fann eg Kvinnen i plast på MP3 spelaren, det er vel Solveig som har lagt den inn. Så kvelden og natta var redda. I dag fekk eg melding frå biblio om at Knausgård 5 venta på meg, så då hadde eg TO gode grunnar for å ta laust.
Vi prøvde oss på den nye Lefdal-butikken i Furene, men dei hadde ikkje spelarar. Sidan eg trengde garn, ville eg ein tur til Volda. Der vart det å fare innom Euronics, som heller ikkje hadde Walkmen, men anbefalte Europris, som heller ikkje hadde. Ja, ja, eg fekk i alle fall garn på Nett-Strikk! På heimvegen vart det El-kjøp- som hadde ein walkman, same sorten som den eg hadde før. Dagen, og særlig natta, er redda, og eg får halde fram med underhaldningsromanen min. På dagtid spelar eg mykje på datamskina mens eg strikkar, då slepp eg å ta omsyn til ledningar etc.
Før vi reiste hadde Nils koka ein seifilet, så det gikk fort å lage fiskesuppe. Den var god og sikkert søvndyssande.Nils vart i alle fall merkelig stille.
I dag formiddag hengde Nils opp presangen (Ting og tang) i garasjen. Som de ser har han kjøpt nye gummimakkar-han bytte dei til seg i staden for svenskepilken, og i dag fekk han endelig tak i stor nok pilk på ei sportsforretning i Volda. Eg kjøpte meg same sort hals som han fekk til bursdagen. Min er lilla. Likar det betre enn skjerf.No skal eg pakke ut walkmanen og ha meg ei kosestund. God helg til alle!
Posted by Picasa

torsdag, november 18, 2010

Vermelding 18.november 2010

 
Klokka er 14.00, temperaturen er minus 3 grader og sola skin. Ho har rett nok vore borte ei god stund, men no kjem ho att i Osskaret. Nils og eg har vore på Amfi i dag. Eg kika på 1000 lekre kjolar som sikkert ikkje passa meg, og Nils er lite interessert, så eg kom heim utan noko nytt.
No skal vi ete middag. I dag blir det Taco med grove Tortillas og mykje salat, så det blir nesten sunt.
Huset på bildet er det som dei bygger rett her ute i Storebakken. Mandag var der brønnborarar og bora etter vatn til vatn-boren varme.Det er sjeldan det blir bygt murhus her, men dette er bygt av ferdigisolert Lecca.
Posted by Picasa

onsdag, november 17, 2010

Vermelding 17. november 2010

 
Bildet er teke klokka 13.00. Då kan de sjå at sola ikkje rakk ned til oss, men vi hadde sol ei stund frå klokka 10 og utover. Og så kjem ho att seinare i dag ein tur. Temperaturen ligg på 0 grader C. Det er greitt at det er kaldt og klårt, men her hadde vi trengt nokre mildversdagar så vi hadde fått rydda opp ute, raka lauv t.d.Her ligg snø enno.
Vi er framleis forkjøla, men ikkje sjuke. Nils sette ut att båten i hamna i dag, så garasjen skulle bli ledig til bilen. Han hadde vaska og stelt båten mens han stod på land. No håper han sjølvsagt at det kan bli nokre fisketurar til før jul, så vi får oss litt ferskfisk .Eg har berre styrt litt i huset, har ikkje så mykje eg MÅ gjere i dag.
Filmen Cornelis har gått fleire gonger på kinoen her, kanskje siste dagen i morgon, og eg har ikkje fått sett den enno. Kan ikkje gå på kino når eg har slike nyse-byger at taket kan løfte seg. Ja, den kjem vel att seinare. Alle nye filmar kjem hit med ein gong, sidan her er såkalla "premierekino."

tirsdag, november 16, 2010

Bok nr.56: Bernhard Hvals forsnakkelser.

Eg har brukt altfor lang tid på denne boka; den er rett nok lang, men ikkje SÅ lang.
Eg får alltid mest utbytte av bøkene når eg les dei relativt samanhengande.
Lars Saabye Christensen er ein av favorittforfatterane mine, og heller ikkje denne gongen skuffa han. Boka er fantastisk i meir enn ei tyding.
Det er den pensjonerte legen Bernhard Hval som fortel livshistoria si, og han startar med å presentere seg sjølv slik:"Jeg var ikke den galeste,bare den nest-galeste." Og "gal" er han, til tross for at han vart den beste i sitt kull på medisinstudiet.Skulle eg stille ein diagnose ville eg foreslå Tourettes syndron+ Tics+ tvangsmessig åtferd ++++ Sjølv seier han at han er "kantete", mens andre menneske er "runde"-han er i alle fall ingen A4 person.( Ingen av personane til denne forfattaren er det.) Margrete samanlikna Hval med Elling i bøkene til Ambjørnsen, og på samme måten som der er ein liten Elling i oss alle, er der også ein Bernhard Hval.Vi kjenner oss att i noko av "galskapen".Den andre hovudpersonen i boka, Notto Fipp, kjem eg aldri til å gløyme - mannen som går og går med ein bananklase om halsen. Margrete har også skrive om boka på bloggen sin, vi to er nesten alltid enige om bøker, og denne likte vi begge.Kjempegodt.

Vermelding 16. november 2010

 
Klokka er13.15, temperaturen +3 grader C og det regnar. Nokså typisk novenberver med andre ord.
Vi vakna begge to tidlig i dag, og slett ikkje friske, Nils hosta og eg naus. Eg har kome meg til litt, men Nils hostar og har framleis vondt i brystet.Eg tok meg saman og rydda kjøkkenet og støvsuga alle stader vi har teppegolv. Så sette eg meg framfor datamaskina og las siste to platene av boka mi mens eg strikka. Deretter var vi ein tur nedover på apotek og bibliotek.Eg fann ei bok som eg var sikker på at eg hadde sett på Margrete sin blogg, men så viste det seg at den berre likna litt på omslaget.Boka heiter Den glemte hagen.Eg har mistanke om at det er ei såkalla "bestselgarbok" og dei plar eg nesten aldri like. Den er på 17 CD-ar, så viss nokon har lese den og meiner det er bortkasta tid, så sei i fra. Sette meg på venteliste til Knausgård 5, og den skal etter planen vere inne i morgon! Eg er den første (og einaste) på ventelista.
Nils er i gang med middagen. I dag blir det fiskekaker. Det blir bra, for det har gått litt vilt for seg i matvegen i seinare tid.
Posted by Picasa

mandag, november 15, 2010

Vermelding 15.november 2010

 
Klokka er ca14.00. Temperaturen er + 2 graderC, det er nokså skya, men i nordvest, over Nivane, er himmelen ganske blå. Det er i alle fall opplett. Vi har nettopp vore ein liten tur nedover og handla medisin, halspastillar, te etc. Nils er litt betre i dag, men langt frå frisk.Han sat i bilen mens eg handla. Eg er litt betre, men har takka nei til fødselsdagsselskap hos ei veninne i dag. Synest ikkje det er kjekt for nokon at eg skal sitte der å hoste og nyse.Margrete og ungane kjem innom i dag mens dei ventar på at jentene skal på ballett. I dag får dei såkalla brennsnut (betasuppe) ved kjøkkenbordet.Må gjere det lettvint når ikkje forma er på topp.

søndag, november 14, 2010

Vermelding 14. november 2010

 
Klokka er 14.15 og vi skal til å ete middag. I dag blir det restar etter i går på oss to. Ute er det overskya, litt regn ,skodde og grått. Men jammen held sola på å kjempe seg gjennom skylaget. Temperaturen er + 3 grader.Legg merke til det brune lauvet på plommetrea, det har enno ikkje falle av.
Vi kan vere glade vi feira fødselsdagen til Nils i går, for han er ikkje så bra i dag. Ei skikkelig ekkel forkjøling. Eg er også forkjøla, men er på veg til å bli frisk att. Eg blir aldri så elendig som han. Bank i bordet.Elles så har eg baka brød i dag, vi var nemlig lens, og strikka litt mens eg såg Anna Karenina på data-  må vere klar til 3.episode i kveld. Skulle egentlig ha vore på kino i kveld og sett Cornelis, men det er ikkje å tenkje på.
Her i huset er det både fødselsdag og farsdag, det er slikt som skjer relativt ofte. Men eg vil nytte høvet å gratulere alle fedrar med farsdagen!
Posted by Picasa

lørdag, november 13, 2010

Vermelding 13. november 2010

 
Klokka er no snart 19.00. Ute er det opphaldsver og + 1 grad C. I dag har vi feira Nils  sin fødselsdag ein dag for tidlig. Det er blitt ein tradisjon at vi har julemat den dagen, så i dag vart det både pinnekjøt, svineribbe og pølser med diverse tilbehør. Til dessert vart det kaffi og kaker; gulrotkake og kremkake med molter (Takk til Sigrid og Arne).
Når eg viser bilde av bordet er det ikkje for å vise kor perfekt eg er, snarare tvert imot. Eg tek det eg har, og bryr meg ikkje om at duken er blitt knørva i skuffa, for eg veit at etter måltidet er den enda verre.Løparen midt på bordet (Ekelund) er mest for å skåne bordet mot varme fat. Blomster har ein ikkje plass til når ein har så mykje mat. Ikkje alle får plass rundt spisebordet, i dag var det dei tre jentene som valde å sitte ved salongbordet. Bursdagsbarnet fekk mange gåver og god hjelp med oppakkinga.

fredag, november 12, 2010

Vermelding 12. november 2010

 
Klokka er ca 13. Temperaturen ute er + 3 grader C, det er overskya og opphaldsver.Saknar sola i dag, men ho er ikkje langt borte, og det er ikkje mørkt ute slik som det blir i regn og styggever.Snøen ligg enno, men det er så lite at det er ingen problem.
Fekk meg hostesaft i går, så i dag har eg ikkje hosta mykje.Det har vore verre med Nils, så no er det han som får medisin.Det er slik hostesaft med eukalyptus og honning, klarer ikkje den med lakrissmak.Det er mange år sidan vi har hatt bruk for slikt. Og takk for det.
Nils har vore og handla f.m. og eg har styrt med div. husarbeid, som vanlig, blant anna har eg tørka støv og vaska litt etc. Til middag skal vi ha kokt sei i saus med løk og paprika. I går hadde vi spaghetti med tomatsaus. For ein gongs skuld brukte eg ferdig pastasaus frå glas, men den smaka nesten ingen ting, så vi spedde på med litt Taco saus (hot). Er det nokon som kan anbefale ein ferdig pastasaus som er god?
Utrulig at det alt er fredag igjen, dagane og vekene berre rasar av gårde. Ønsker alle ei god helg!
Posted by Picasa

torsdag, november 11, 2010

Vermelding 11.november 2010

Klokka er no 12.30. Sola skin som aldri før. Rettnok var ho borte bak Melshornet ei stund rundt klokka 12, og  den stunda blir nok litt lenger for kvar dag. Temperaturen er minus 1,5 grader.
Eg har brukt føremiddagen så langt til å bake eit par kaker, det er jo både bursdag og farsdag i helga.
Forkjølinga er verken særlig verre eller betre, men no er Nils nedover og handlar og då kjøper han hostesaft også! Den klø-hosten er irriterande, men vi står han av.
Leigebuaren vår flytta ut i går, og i morgon kjem vel den nye. Godt å ha folk i kjellaren som varmar opp.
Det er berre SÅ fint ute. Skulle ønske det var sparkføre, då er det litt tryggare for eldre folk å ferdast på vegane.
NB: Nils ber meg om å minne familien på at han ønsker seg ein svenskepilk i rustfritt stål -750 gram. Er å få kjøpt på Europris i Ørsta t.d. Det gjer ikkje noko om han får fleire.

onsdag, november 10, 2010

Vermelding 10.november 2010

Klokka er no14.15, sola skin frå nesten klår himmel og temperaturen er minus 4-5 grader C. Det er rart å sjå alle dei spesielle fargane i naturen når det kjem snø og kulde mens lauvet enno heng på trea, og lerketrea i skogen ikkje har mist nålene.Sola varmar godt inn glaset.
I dag før middag gikk Nils tur i Nupen i lag med "gamlingane", slik han gjorde ofte før, men han har no planar om å ha ut att båten så snart høvet byr seg.Så då blir det sjøen i staden for Nupen.
Mens han var vekke, tok eg ned att alle stovegardinene og strauk og sydde bretten oppe, og så hjelpte Nils til med henginga då han kom heim. Hadde tenkt at vi skulle rense golvteppet mens gardinene var nede, men det går ikkje når det er så kaldt.
Elles har det vore (relativt) mykje dramatikk i Starevegen i dag, med lause hundar og politi.
Til middag i dag steikte eg kolkjeft (lysing)- ein nydelig drivkvit fisk som ofte blir brukt til fiskemat. Vi steiker den, synest det er gale å kaste vekk så god fisk til fiskekaker.
Har ein irriterande kløhoste, men elles har eg ikkje ikkje så mykje teikn til forkjøling.


tirsdag, november 09, 2010

Vermelding 9. november 2010

Klokka er snart 12 og ute skin sola. Men om ei lita stund forsvinn ho bak Melshornet. Ho blir nok vekke berre ei lita stund i dag, men så vert denne stunda litt lengre for kvar dag som går. Temperaturen er minus tre grader og her er ikkje MYKJE snø.Sjekk hekken til naboen, den står med fullt lauv, og det er grønt.
Eg har alltid sagt at Ørsta er vakrast om vinteren, men eg har ikkje sagt at eg LIKAR vinter og kulde.I alle fall ikkje så tidlig på året. Fordelen er at det blir lysare og lengre dagar.
I dag har eg ikkje gjort mykje anna enn å vaske håret etc.+ pakke ut kofferten. Skulle til tannlegen klokka 14, men så ringde dei og spurde om eg kunne komme klokka 13 i staden. Det var ikkje meg imot. Ein time mindre å grue seg ! Veit heller ikkje korleis det blir å ligge i tannlegestolen aldri så lenge men den ryggen eg har i dag. Det å sitte i bilen ein heil dag er ikkje akkurat det BESTE eg skal gjere. Ja, no må eg slutte å syte, og heller sette på ei maskin med klesvask. Ha ein god dag!

mandag, november 08, 2010

Vermelding 8.november 2010

 
Klokka er no 18.45. Ute er det minus 6 grader C og snø.
Det var reine julestemninga då vi køyrde inn på tunet for ei lita stund sidan. Ein eller annan av naboane hadde vore så snill å moke både tunet og trappa, og det kom vel med.
Vi køyrde frå Kongsberg klokka 9 i dag tidlig, veret var nydelig; sol og ca 8 minusgrader.Vi køyrde i eitt opp til Gol, ein tur som tek ca 2,5 timar. På eitt av kjøpesentera på Gol er vi etter kvart godt kjende.I dag handla vi ikkje, men var på kafé og kjøpte oss Foccaiabrød med mozarella, bacon, tomat etc. Vi var ikkje så veldig svoltne, med det er ikkje så mange andre stadar å stoppe på denne strekninga. Kaféen heiter Mon Bien, eit namn eg synest passar godt på Gol.
Så var eg innom husfliden og kjøpte meir lestegarn.På fjellet var veret bra, om enn ikkje så fint som då vi reiste nedover.
I Lærdal stoppa vi på ein gard og kjøpte poteter, gulrot og rabbe(kålrabi). Vi handla der i fjor også.Og det er kjekt å ha slike matvarer på lager.
I Lærdal var der bert, tørt og fint. Såg ikkje snø før vi var langt oppe i Sogndalsdalen.
Vi bomma litt på ferja på Fodnes, men ferja på Anda trefte vi akkurat. Der møtte vi forresten Audny.Vi tok beine vegen heim, ferje frå Folkestad klokka 17.45. Stoppa på KiWi og handla med oss litt mat, og så blei det pølser til middag.
No skal eg pakke ut litt, men må innrømme at eg er litt susete i hovudet av all bilkøyringa.Får sjå om eg greier å halde balansen etter kvart. Kjekt å vere på tur, men også kjekt å komme heim att.
No kjenner eg meg sånn litt sår i halsen etc. Slik blir ein gjerne når ein sit i tørr bilvarme ein heil dag, men eg ser ikkje heilt bort frå at det kan vere forkjøling på veg, sidan alle tre gutane på Kongsberg var noko snufsete.

søndag, november 07, 2010

Vermelding 7.november 2010


Samme veret her på Kongsberg i dag også; sol frå klår himmel. Men det er kaldt og sola vert borte tidlig på dag. I dag har eg ikkje vore ute. Vi har sløva for det meste-eg laga fiskesuppe  til middag. Måtte ha noko lettare i dag sidan vi hadde så kraftig kost i går.Så kom foreldra til Wenche til kaffi, så vi fekk ein prat med dei også.
I morgon går vegen heimover igjen. Gler meg ikkje akkurat til turen, men det går sikkert bra. Trist å seie ha det til gutane, skulle ønske dei budde litt nærmare.

lørdag, november 06, 2010

Vermelding 6.november 2010

Her har vi hatt enda ein nydelig dag,med klårver og sol.No i kveld, klokka 22, var det minus 3 grader.
Før middag i dag var vi ein tur på Stortorget kjøpesenter, Rasmus, Nils, dei to største gutane og eg. Men vi hadde i grunnen nok med å halde flokken samla, så særlig mykje handling vart det ikkje. Eg fekk rett nok kjøpt meg ei ny vinterjakke i den festlige fargen grått, så vart det i alle fall ikkje svart denne gongen.
Noko som var morsomt var at der midt inne i kjøpesenteret var dyreutstilling i ei kassehylle.På hyllene sat nokre høner, eit par kaninar og ein liten svart gris.Framfor utstillinga låg ein kvit hund paddeflat og passa på dei andre. Der var så tettpakka med folk at eg gav opp å ta bilde.
Det vart eit lite kafébesøk også, der eg fekk stifte bekjentskap med ein ny variant av slush- denne varianten heiter Shave ice.Ja, det frista ikkje meg,men gutane syntest visst det var herlig.Men Eivind måtte ha ein softis etterpå så særlig mettande var nok ikkje Shave-ice-en.Han er stor gut no, bestiller og betalar frå eiga lommebok.
Då vi kom heim var vi så svoltne at vi heiv i oss diverse kaffimat som vi hadde kjøpt. Seinare kosa vi oss med Wenches elggryte før TV-kvelden.

fredag, november 05, 2010

Vermelding 5.november 2010



Her i Kongsberg har vi hatt ein nydelig dag, sol frå klår himmel heile dagen.Rett nok blir det tidlig kveld her også, men sola er eit "lyspunkt" i mørketida. Bokstavelig talt.
Rasmus og Nils har drive med litt arbeid på kjøkkenet. Dei har visst leika både rørleggerar og elektrikarar,  ikkje veit eg.Ein liten handlerunde vart det også. Sjølv har eg ikkje gjort så mykje nytte for meg, har styrt litt med ugane sjølvsagt og prata og ete. Var ute og lufta meg ei lita stund i lag med Vebjørn, men han stakk av inn igjen. Vi kosar oss og slappar av,  i morgon blir det kanskje ein tur til byn.

torsdag, november 04, 2010

Vermelding 4.november 2010


Hemsedalsfjellet.

No er vi på Kongsberg, og her har vi det bra. Vakna tidleg i dag, og vi kom oss av garde med 8-ferja frå Volda, som planlagt. Ville gjerne komme fram i dagslys. Det var eit fæla ver i Ørsta og heilt bra vart det ikkje før vi kom til Sogndal. På Hemsedalsfjellet skein sola, og det gjorde ho resten av turen. Trur nesten det er den finaste turen vi har hatt på denne strekninga. Vi var framme før halv fem, og sidan har vi ete, prata og kosa oss. Vermeldingane for dei tre neste dagane er full sol. Så får vi håpe yr.no ikkje tek feil.

onsdag, november 03, 2010

Bok nr.55 2010: Min kamp 4

No har eg altså lese nummer 4, og føler faktisk for ei lita Knausgårdpause. I denne boka fortel han om åra frå 16-19, med diverse tilbakeblikk. I denne perioden går han på gymnas i Kristiansand, før han 18 år gammal tek lærarjobb i ei lita bygd i Troms. (Men han er ikkje åleine på skulen slik er var dei to åra eg var det vi kalla "erstatningslærar".) Han har lite orden på livet sitt denne tida, men ein ting lukkast han med og det er elevane. Han har evna til å SJÅ dei. Ja, somme ser han kanskje litt for godt.
Dei som har likt dei tre første bøkene vil like denne også. Men det er lettare for meg å sympatisere med barnet Karl Ove enn tenåringen. Kanskje ikkje så rart.
  

Vermelding 3.november 2010

Klokka er no ca 14.00.temperaturen ute er + 7 grader, der er ikkje heilt fritt for regn heller. Det er nokre voldsomme byger innimellom.
Før middag har vi vore på ei ørlite shoppingrunde, men var ikkje lenge borte. No driv Nils og kokar lange til middag, mens eg legg i hop klede, stryk og pakkar litt.Eg har ein lei uvane med å ta med meg nesten alle kleda mine når eg skal ut og reise eit par dagar, og så er det eit kjedelig arbeid å pakke ut og få alt på plass når eg kjem heim att. Vi skal satse på å komme oss av gårde litt tidlig i morgon , for å utnytte dagslyset maksimalt.
Så ber Nils meg om at eg må skrive kva han ønsker seg til bursdagen på farsdag. Det er ein svenskepilk på 740 gram i rustfritt stål- dei er å finne på Europris i Ørsta t.d. (Spør ikkje meg om kvifor han ikkje har kjøpt ein sjølv for lenge sidan). Om han skulle få to er det inga katastrofe.

Stilleben 1

Etter å ha kosa meg med bloggen til Kåfjordolga (www.kafjordolga.blogspot.com) vart eg inspirert til å sjå meg rundt etter artige detaljar i vårt eige hus. Eg plar seie at ein må ikkje sette frå seg noko som er innhola, for på null komma svisj er det fylt med dei underlegaste ting. Som for eksempel den blå krukka på kjøkkenbenken vår. Den inneheld mellom anna blyant, viskeler, tyggis, møbelrens,merkelappar etc.etc. På toppen har eg plasert ei Sodokubok som eg brukar av og til når eg treng å STÅ attmed benken og høyre lydbok. Kva er då meir naturlig enn å plassere ein klase bananer oppå den? Oljeflaska står der midlertidig og ventar på at det skal bli plass i kjøleskapet. No er ikkje dette så ustyrtelig morsomt, men eg kan utfordre andre til å finne artige stilleben i huset sitt og skrive om dei. Eigentlig er det mest for å lokke dokke til å sjekke bloggen til Kåfjordolga og kose dokke med den, slik eg har gjort. Det er ei herlig avveksling frå alle kvite interiørbloggar.Det går faktisk an å ha det akkurat som ein vil heime. My home is my castle.

tirsdag, november 02, 2010

Vermelding 2. november 2010

 
Klokka er no 13.45. Det er +9 grader ute og akkurat no er det opplett. Ei låg novembersol var framme for ei lita stund sidan og skein ned i plommetreet som blir litt gulare for kvar dag.
Eg har brukt mykje av føremiddagen til å få huset i orden, har varska og støvsuga. Middagen i dag skal bli enkel: restar etter i går.
Nils driv og skal få Advokatten tam, i dag kom han heilt oppå trappa. Han vil gjerne ha mat, og då tek han slike sjansar. Han har fått seg god seng i tilbygget under altanen, og der ligg han innimellom. I og med at båten no står i garasjen, blir det ei stund før han får fersk fisk igjen. Det samme gjeld sjølvsagt oss.


Posted by Picasa

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...