søndag, august 31, 2014

Dagbok 2014: 31.august

Klokka har passert 19.30, temperaturen ute er + 19 grader og vi har hatt ein nydelig sommardag. Eg var ikkje i så god form i dag, det er beina som plagar meg, men vi vart samde om at vi kunne køyre fram på Kubbestøylen og gå så langt eg orka innover i Romedalen, sidan der er nokså flatt. Det er lenge sidan vi gikk der; sist vi var der køyrde vi heilt fram. Det er ein lang flat dal, men fjella på begge sider er nokså bratte, der har gått mange steinras på begge sider, mykje av steinen han dei brukt til å utbetre og utvide vegen med. Vi betalte 35 kr i bompengar, det var vårt bidrag.
På Kubbestøylen var der mange kyr som gikk og beitte. Eg likar kyr! Dei ser så rolige og ustressa ut.


Om lag her snudde vi. I sprekare dagar gikk vi heilt fram, men det kunne eg berre gløyme i dag. På tilbaketuren trefte vi to ektepar frå Olavsgata som vi kjenner og prata litt med dei. Dei skulle gå vidare framover, men så hadde dei køyrt lenger enn vi.

Då vi kom heim tok vi oss litt lunsj, og eg la meg ut på altanen med lydbok.Eg begynte på ein ny kriminalroman, der det var så mange personar å halde greie på at eg måtte inn etter penn og papir og notere namn etc. Det var veldig heitt på altanen, så eg måtte inn og kjøle meg av.
Seinare laga vi middag. Det vart steikt makrell i dag igjen. Vi har mykje anna mat i frysaren, men vi er enno ikkje lei av makrellen.Eg krydrer den godt og steiker den på sterk varme. Og vi synest det er god mat.
31. august var ein spesiell dag i familien vår. Både mormora mi og far min var fødde på den datoen, med 20 års mellomrom. Så kvar gong det var "jubileum" var det dobbeljubileum. Siste jubileet var i 1959,då var dei 60 og 80 år. Ti år seinare var begge døde.

lørdag, august 30, 2014

Dagbok 2014: 30.august

Klokka er 22.10, temperaturen ute er + 14grader og i dag har det vore overskya.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag. Vi var ein liten tur nedover før middag, vi var på biblioteket og på Amfi. Vi var innom Gjenbruk og tok mål av ørten bilderammer, men ingen av dei passa til bilda våre. det enda med at eg kjøpte ei grøn glasskål til 30 kr for ikkje å gå ut heilt tomhendt.
Til middag i dag koka eg risengrynsgraut, og så hadde vi litt spekemat.
Etter middag måtte Nils bort på terminalen for å fiske ! Eg vart liggande på sofaen og lese bok.
No i kveld har eg lese ut boka mi, og så har eg rippa dei to krimbøkene eg lånte på biblio i dag.
Og så har vi sjølvsagt sett "Skal vi danse". Det blir mange timar framfor TV-en framover, men eg har programmet på serieopptak. Kjekt å sjå programmet utan reklamepausar.

Bok nr. 54 - 2014: Mormor hilser og sier unnskyld.

Elsa er snart åtte år og veldig veslevoksen. Mormor er Elsas beste venn. Og faktisk også hennes eneste venn. Mormor jobbet tidligere som kirurg, men nå kjører hun bil uten førerkort og står naken på balkongen og skyter på folk med paintballgevær. Folk sier at hun er gal. Men mormor har et hemmelig språk og et eget kongerike, Miamas, der alt er annerledes. Det er dit mormor tar med Elsa når Elsas foreldre blir skilt og når Elsa blir mobbet på skolen fordi hun er annerledes enn de andre. Miamas er deres fristed, helt til mormor en dag blir syk og får vite at hun skal dø.Før hun dør, gir mormor Elsa en bunke med brev, der hun ber naboene sine om unnskyldning. Brevene fører Elsa til en leiegård bebodd av militante borettslagsmedlemmer, fanatiske kaffedrikkere, kamphunder, monstre, fylliker og helt vanlige sladrekjerringer. Men brevene blir samtidig opptakten til en historie der et barn forsøker å lære seg å akseptere at alle man er glad i en dag skal dø, og der hun gradvis får vite sannheten om både kongeriket Miamas og om mormor.En normal roman om annerledes mennesker. Eller omvendt.«Backmans fremste styrke ligger i hvordan han meisler ut romanpersoner som groteske, latterlige karikaturer og deretter fyller på med detaljer helt til selv de man syns er dummest og mest irriterende blir, om ikke mangefasetterte, så i alle fall menneskelige og verdt å investere følelser i.» Svenska Dagbladet«En sjarmerende roman om fantasiens og fortellingens funksjon.» Dagens Nyheter«Fulltreffer» Expressen«Boken lar leseren sitte igjen både med tårer i øynene og et smil om munnen. En lesverdig og underholdende historie.» BTJ«Antagelig Sveriges mest treffsikre forfatter akkurat nå.» Metro«Fredrik Backman får meg til å le, føle sorg og glede, og nesten felle en tåre. Han får meg til å tenke at alle mennesker bærer på en historie som faktisk kan forklare hvorfor de er som de er.» Blekinge Läns Tidning«Fredrik Backman er en mester i uventede vendinger og er utrustet med en empati og et menneskesyn som gjør meg varm om hjertet. I tillegg har han et språk som får meg til å ville applaudere.» LitteraturMagazinet
..................................................................
Eg likte veldig godt "En mann ved navn Ove". Og eg venta meg noko liknande då eg begynte på denne. Så det gikk ei stund før eg "kom inn i" denne. Men boka er minst like god som Ove-boka. Eigentlig skulle eg ha lese den på papir, slik at eg kunne ha blada litt fram og tilbake. Har brukt nokså lang tid på boka, sidan eg har hatt diverse anna å styre med.

fredag, august 29, 2014

Dagbok 2014: 29.august

Vallahornet.
Klokka er 19.00, temperaturen + 20 grader C, og vi har hatt enda ein nydelig sommardag.No har det kome nokre lette skyer, men det er ikkje meldt regn med det første.
I dag før middag var Nils ein tur til tannlegen. Eg støvsuga og rydda huset til helga. Etter lunsj reiste Nils ut på Rjåneset for å sjøsette båten igjen, og eg la meg på altanen med lydbok, etter kvart vart det så varmt at eg måtte inn og kjøle meg ned.
Då Nils kom heim att, laga vi oss eit lettvint måltid, og så gjekk vi ut for å klippe litt plen. I kveld klipte vi dei to små plenstykka opp mot gata.Vi får ta det pø om på. Eg klipte kantar også.
Eg var ikkje i form etter gå-turen i går, men eg kom meg etter kvart, så no er eg i bra form igjen. Vi har ingen spesifikke planar for helga, anna enn å nyte godvêret.
Ønsker alle ei god helg
.

torsdag, august 28, 2014

Dagbok 2014: 28.august

Klokka har passert 19.30. Temperaturen er + 17 grader C og vi har hatt ein strålande dag, med sol frå klår himmel.
Sidan sommaren er på hell, gjeld det å nytte kvar einaste finevêrdag så godt som mulig. Ser at mange har vore på skuleturar i dag, og det er flott at ein snur seg rundt og kjem seg av garde mens det er så fint.
Eg hadde ingen andre planar for dagen enn å vere ute så mykje eg kunne. Vaska eit par golv, men utsette støvsuginga til i morgon.
Etter at vi hadde ete ein tidleg lunsj, tok vi bilen og køyrde ut på Vinjevoll og gjekk tur på Kanalvegen. Eg har ikkje gått ein skikkelig tur sidan sist i mai, så eg kan ikkje ta det for hardt, og bli handikappa igjen. Det viktigaste er å vere ute. Då vi kom heim sat eg på altanen ei stund og las før eg laga middag, og etter maten sov eg "middag" på solsenga.
Til middag i dag hadde vi kjøtkaker i brun saus. Noko vi sjeldan har her. Sjølv om eg brukar same oppskrifta som Solveig, er ikkje mine kjøtkaker så gode som hennar. (Vi fann våre i frysaren.)Kan det vere kjøtdeigen si skuld?
Elles pratar vi med naboane og er sosiale til ein viss grad.

onsdag, august 27, 2014

Dagbok 2014: 27.august.

Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er + 13 grader C, og det er fint, lettskya vêr. Vi har hatt ein fin og sommarleg dag.
Eg hadde ein del "kontorarbeid" som eg måtte gjere i dag, og no er eg ferdig med det. Har skrive eit lite avisinnlegg, og printa ut songar som eg har hefta i hop. Litt artig å gjere slikt arbeid som eg var så van med før.
Vi var ein liten tur til Vik f.m.; eg måtte sikre meg fargekassettar til printeren og rikelig papir, Nils skulle ha motorolje til båten.
Etter lunsj fekk båten botnsmørning, og eg shina opp kjøkkenet.Ikkje hagearbeid i dag.
Middag åt vi relativt seint, så eg fekk meg ei stund med lydbok på altanen, før eg sette i gang med å steike makrell.  Det var vel siste makrellmiddagen i år, men jammen smakte det godt denne gongen også. Vi et ikkje alltid like sunt, men vi et i alle fall mykje fisk!
Det er meldt fint vêr i morgon også, vi får passe på å vere mest mulig ute før hauststormane kjem.
Eg er litt fortvila over denne lærarstreiken, og over at rektorane ikkje stiller seg solidarisk med lærarane. Synest at KS snart må besinne seg.

tirsdag, august 26, 2014

Dagbok 2014: 26.oktober

Klokka er 20.15, temperaturen ute er ca +15 grader, det er lettskya og litt sol. I dag kom sommaren tilbake med full styrke og det er berre deilig!
Nils var relativt tidlig oppe og reiste ut for å fiske makrell i lag med Hassan. Dermed hadde han også hjelp då han skulle ha båten på land.
Eg var her heime og nytta høvet til å bake tre brød i dag også, og mens deigen stod til heving, fekk eg vaska kjøleskapet-blant anna. Då Nils kom heim hadde vi lunsj med varmt brød.
Etter ein ørliten pause, gikk Nils ut for å vaske båten innvendig. Eg sette meg føre å klippe gras med kantklippar og elektrisk plenklipper. Eg jobba så sveitten sila, for graset var langt, vått og seigt. Eg måtte gi meg før eg var ferdig, men så tok Nils og køyrde bio med motorklipparen ei stund, og så overtok eg. Vi har altfor mykje plen !
Innimellom har eg skrive tre Prøysen-songar på maskina som eg skal trykke opp til pensjonistmøtet komande tysdag. I morgon må eg hive meg rundt og skrive førehandsomtale; det plar vere fort gjort.
Nils hadde tinga på eit par sterke karar til å snu båten, og dei var ikkje tungbedde. Og ikkje var det lenge gjort. No står det att å vaske båten, og smørje den oppunder.Det må gjerast mens vêret er godt.
Til "middag" i dag vart det kjøpe-pizza. Vi var nokså gåen begge to og hadde ikkje lyst på mat.Og slettes ikkje lyst å LAGE den. Men pizza er aldri feil; den gikk ned på høgkant.
Og så ringde altså ei veninne frå barneskulen,  og spurde om eg kom på konfirmanttreffet. Eg har ikkje meldt meg på, sidan eg ikkje har vore heilt i vigør, hostar og snufsar gjer eg enno. Men eg fekk nokre dagar til å tenke på.


mandag, august 25, 2014

Dagbok 2014: 25.august

Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 14 grader C og det regnar. Heldigvis er det meldt betre vêr framover.
Nils har kopla på båtvogna og har tenkt å hente båten heim i morgon. Han skal ha ein mann med seg som hjelper til.
Han skal vaske og botnsmørje båten. Sjølv har eg ingen spesielle planar for morgondagen.Det blir vel litt husarbeid og litt kontorarbeid.
No har nemlig pensjonistlaget starta opp att etter ferien, vi skal ha det første møtet komande tysdag. I dag hadde vi styremøte.
Eg starta dagen med å sette ein brøddeig, og rekna med at brøda skulle bli ferdige i god tid før møtet, men så ringde ei veninne og vi vart pratande så lenge at brøddeigen heldt på å gå over "sine bredder "-fekk berga den i siste liten, og fem minutt før møtet skulle begynne tok eg brøda ut av omnen. Så det gikk bra.
Etter møtet var vi ein tur på apoteket før vi reiste heim og åt middag. Det vart enkel mat i dag. Etterpå somna eg på sofaen; eg er veldig trøtt for tida og nokså slapp. Den forkjølinga heng lenge i føler eg. Men det er ei veke sidan eg låg strak ut, altså. Verre er det ikkje.
I morgon er det pensjonisttur til Ålesund, men vi melde oss ikkje på sidan det var så uvisst med helsa. Vi hostar enno, begge to.
Nils har fjerna restane av sukkerertene i dag, det første teiknet på at det er haust. Litt tidlegare enn vanlig kanskje.

Rett skal vere rett.

Eg trudde i går at den raudmåla kyrkja var den eldste kyrkja i Olden, og at den kvite nærmare sentrum var den nyaste. Det viser seg å vere feil. Eg vart litt villeia av fargane.(Burde ha sett litt meir på byggestilen,ja) Har prøvd å rette det opp att på blogginnlegget under. Klikk på bildet, så blir det mykje betre.

søndag, august 24, 2014

Dagbok 2014: 24.august

Klokka er no 20.45, temperaturen ute er +15 grader C, og det er opplett og ganske fint. I dag har vi opplevd både sol og regn, minst av det siste. I dag hadde vi tenkt å gå ein liten tur, men så begynte Nils å snakke om sosakjøt på Raftevoll, som har blitt den store søndags-"fema" her i Ørsta. Men klokka var vel 11, så det var lenge til middag, derfor måtte vi ta ein litt lengre tur.
Eg har lenge tenkt på at eg har lyst å sjå att Oldedalen. Har vore der ein gong for lenge sidan, på skuletur, men eg hugsa lite og ingen ting att. Kva ser ein i ein buss full av ungar, som er mest av alt opptekne av snop? Den gongen gjekk vi opp til breen, det hadde vi ingen planar om i dag.
Vi stoppa på rasteplassen Kråka mellom Loen og Olden og tok oss ein kopp frå termosen, og så køyrde vi beine vegen så langt den gjekk. Tidlegare i sommar køyrde vi langs Loenvatnet, det var eit litt skummelt prosjekt, eg likte med betre på vegen langs Oldenvatnet. Først kom vi til eit lite vatn, som heiter Floen, og så kom vi til det rette Oldevatnet, som var skikkelig stort, grønt og vakkert.Eg trudde først det var to vatn, men det hang så vidt saman på midten.

Her stoppa vi så vidt det var.Det var mange turistbussar i dag, og sikkert mange som skulle opp til breen. Vi såg snurten av eit par andre brearmar.Så stoppa vi på utvalde stader på turen nedover og tok bilde. Så alle bilda er altså "tilbakeblikk".







Her har vi stoppa ved campingplassen Gryta. Eigaren kom ut på tunet og vi prata lenge med han. Nils fekk høyre om fiskeriet i vatnet,  der er både ørret og røye, fekk vi vite, mens Loenvatnet ikkje har røye.Det er mange som har drive med geiter der i dalen, no er det ikkje mange att. Vi såg to flotte bukkar som låg og slappa av, det såg ikkje ut som dei estimerte meg i det heile tatt. Sjekk dei horna! Her skulle han "Daffa" Nupen ha vore !



Her kan de sjå det smale sundet som bind dei to halvdelane av vatnet saman, det går ei bru over. Og garden i nærleiken heiter, ikkje heilt uventa, Sunde.

Sidan Olden nye kyrkje var open, stoppa vi og gjekk inn og såg oss om. Kyrkja er bygd i 1934. Lenger nede i bygda står ei kvitmåla kyrkje som er mykje eldre, og bygd på tuftene av ei enda eldre kyrkje. Eg kjøpte ein brosjyre, så eg skal studere saka litt nærmare. Såg litt på gravstøttene, og oppdaga at namnet Rasmus har vore mykje brukt på dei traktene. Fann ei grav som eg meiner måtte vere bestefaren til ein eg kjende ein gong.




Ved kaia i Olden låg turistskipet som hadde kome med turistane i dag. Det var ikkje halvparten så stort som det vi såg ved kaia i fjor. Dette heitte Voyager.

Og så var det beine vegen til Grodås og middag. Eg har høyrt så mykje skryt av desse sosakjøtmiddagane at eg såg fram til eit herremåltid. Men kva skal eg seie? Eg meiner at sosakjøt skal vere kjøt med bein i, møyrt og saftig. Og kva fekk vi? Store terningar av beinfritt kjøt, som var tørt som knusk, 2 store poteter og mykje saus. Litt erterstuing, som var altfor salt, litt gulrot og tyttebærsyltetøy. Mett vart eg i alle fall, og eg forstår at det er betre å servere kjøt utan bein, men trong det vere så tørt. Noko som går att på alle norske kafear er at dei serverer altfor lite grønsaker til maten. Karamellpudding med krem+ kaffi til dessert.
Ei lita stund etter at vi var komne heim, kom ein nabo med varmrøykt laks og kaldrøykt makrell som han hadde laga til sjølv. Akkurat då var eg litt for mett til å smake.
Eg var heilt surrete i hovudet etter all køyringa, så eg la meg strak ut på sofaen.Ikkje heilt i form-forkjølinga er ikkje heilt over.

lørdag, august 23, 2014

Dagbok 2014: 23.august

Klokka er snart 16.30,temperaturen ute er ca +18 grader C, og akkurat no kom det litt regn, elles har det vore fint i heile dag. Vi kom nyss inn att etter å ha vore ute og klipt plenar, alt er klipt  med unntak av skråninga. Eg brukte den elektriske klipparen og Nils den som går på bensin.Eg var relativt sveitt då eg kom inn att. Det koselige med å jobbe ute er at naboane kjem og pratar-og et litt plommer, men no minkar det på dei.
På føremiddagen var vi nedover og handla litt, mest mat. I dag handla vi på Bunnpris, forandring frydar.
Vi tok oss litt mat då vi kom heim, og så var det rett ut og jobbe. Jammen bra vi fekk klipt så mykje før regnet kom.
Leigebuaren vår har vore i Trondheim og kjøpt seg motorsykkel, så no har vi to BMW-ar på tunet. Eg og han hadde litt problem med språket i dag når eg skulle forklare han diverse tekniske detaljar frå el-inspeksjonen i går. Ikkje veit eg kva støpsel, ledning, jording etc heiter på engelsk. Men eg hadde jo ein utveg-eg kunne ha henta brettet og brukt Google translate, men vi greidde oss med fakter og kvasi-engelsk.
Vi har ikkje ete middag enno, men i dag skal vi altså ha den salta langa som vi eigentlig skulle hatt i går. Vi har mykje mat av mange slag på lager, så vi treng ikkje svelte.
Frå Møre-Nytt i dag. Ikkje berre Torbjørn som liknar på onkelen sin. (Tor)

Gjenbruk

I går var vi innom Gjenbruk. Og når ein kjem inn der får eit  eksakt inntrykk av at vi her i Norge er blitt veldig rike etter kvar. For folk har tydeligvis for mykje av det meste. Som eg sa til Nils:"Her skulle vi ha vore då vi var unge og fattige og mangla så å seie alt".
Mange leverer til Gjenbruk, og inntekta av salet går til misjonen, dei som jobbar der, gjer det gratis.
No var der veldig fullt, tydelig at folk har rydda og "kasta" i sommar. Nils fann seg ein heilt ny varmedress til 100 kr, den var kanskje i minste laget, men den kan vere grei å ha om har med seg ungdommane på sjøen. Olaug samlar på porselen, og eg fann 6 koppar med tefat til, 10 kr stk. (Og no lurer eg på kvar eg har sett slike koppar før. Hos naboen? )
Der var massevis av fine skåler og fat i glas, men dessverre har eg meir enn nok frå før. Eg ser alltid etter bilderammer når eg er der, brukar å ha med mål av eit par bilde eg skulle ha ramma inn, i går hadde eg sjølvsagt ikkje med meg måla, så eg må nok ned ein tur til.
Men sjekk den fine ramma eg fann! Så vidt eg kan sjå er den heilt lytefri. Bildet er berre av papir, så eg må nok finne noko anna å ha inni.(Bildet er ein reproduksjon av maleriet "OysterGatherers of Cancale", by John Singer Sargent.) Kanskje eg må bestille eit lite maleri? Bildet er berre 20 X 25 cm stort.

fredag, august 22, 2014

Dagbok 2014: 22.august

Klokka er ca 21.30, og temperaturen ca +11 grader C. I dag vakna vi til ein ny sommardag eller nesten det. Det var i alle fall sol.
Etter ein liten tur til Vik, på Amfi, på biblioteket og på Gjenbruk, fann vi ut at vi ville ta ein tur til Hareid, såpass dei fekk smake plommene våre, dei også. Vi plukka opp i ein liten balje.
Deretter laga vi oss middag, steikt sei, og kaffi før vi etter kvart tok turen utover. Eg har hatt det problemet i heile dag at eg har trudd det var laurdag, men sidan det altså er fredag, måtte vi ta litt omsyn til at somme var på arbeid. Før vi kom oss av garde kom det ei voldsom regnbyge, men i Eiksund var veret fint igjen.

Vi fekk med oss ei god pratestund på Hareid, pluss kaffi og kaker. Og så måtte vi sjølvsagt beundre rosene i hagen. Særlig Peacerosene stod fine no.

På heimvegen la vi turen om nærmaste by, Ulsteinvik. Vi ville sjå om det nye vegprosjektet var i boks, blant anna. Fordi vi køyrde ein annan veg enn den vi brukar å ta, hamna vi lenger ute enn vanlig, og der gikk vi ut på ein molo der det var fin utsikt inn mot byen. Det er ca 30 år sidan første gong vi var i Ulsteinvik, og då såg der heilt annleis ut enn i dag. Mange store bygg har kome til, og enda fleire er under oppføring.Men det første ein legg merke til anten ein kjem frå Ørsta eller Hareid, er dei mange store heisekranane på skipsverfta, Dei står der- no som før.









God helg til alle!

Bok nr. 53 - 2014: Og været skiftet og det ble sommer og så videre

No har eg lese om att ei bok som eg las på solseng no i sommar. Margrete las den etter meg, og vart begeistra for den. Då forstod eg at eg hadde gått glipp av noko, og derfor tok eg og høyrde om att dei fem platene. Eg hadde ikkje anna lesestoff tilgjengelig, og når ein reinskar plommer, må ein ha litt å høyre på. Eg angrar ikkje på at eg las boka om att, for eg må ha vore noko bortreist i tankane første gongen eg las den.Hermed er den anbefalt. Les gjerne det Margrete skreiv om boka.

torsdag, august 21, 2014

Dagbok 2014: 21.august

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 13 grader C. Det har vore opplett det meste av dagen, men så kom det ei byge for ei stund sidan.
I dag var eg budd på å gjere ein skikkelig innsats for å få orden på huset. Eg starta med å tømme kjøkkenbenken under vasken, det einaste skapet som stod att uvaska. Ikkje før hadde eg fått alt rotet fram på golvet, så kom kontrolløren frå El-verket. DET hadde eg gløymt. Rotet på kjøkkenet var no ingen katastrofe, men sengane var uoppreidde, kjellaren rotete og i det heile tatt. Men ho fekk no gjort det ho skulle, og det einaste ho hadde å bemerke var at varmepumpa ikkje var skikkelig jorda.
Eg heldt fram med mitt, vaska grundig bad og kjøkken, og støvsuga resten av huset, fekk rydda litt i kjellaren også.
Då kom Nils att, han hadde vore på Rjåneset og "ausa båten". Vi tok ei kaffikopp og ei brødskive og utsette middagen til seinare. Eg kjende at eg verkte både her og der, særlig i knea, og gav blaffen i at det er august månad og fann fram ull-tightsen og tok den på under joggebuksa. Og det hjelpte. Eg har ei klokkartru på ull når det gjeld gikt og andre plager i ledd og musklar. Det går ikkje an å vere forfengelig når ein har slike plager. Men sist vinter hadde eg ikkje så mykje klede på meg ein einaste dag som det eg har i dag. Det er fuktigheit eg reagerer mest på, nemlig, og det har vi hatt rikelig av no.
Etter at vi hadde slappa av litt, gikk eg ut og ville ha meg ei plomme, og der ramla plommene av treet, sprukne var dei, men ikkje ubrukelige, Det vart til at eg plukka ein slump i dag også og reiska, det vart ca 4 kilo med ferdigrensa frukt.Det blir ein del å skjere bort, og så tek eg steinane med det same.Eit år vart plommene heilt øydelagde av regn, trur vi hadde nærmare 100 kilo i komposten.
No har vi ete middag, det vart kokt småsei i dag, så no gjeld det å ikkje somne. Nils ser friidrett på TV, så får eg sjå om det blir noko for meg seinare.
Meininga var at eg skulle på biblio i dag, men så begynte eg på ei bok eg har lese før, og utsette bibliotekbesøket til i morgon.
Eg har ei sterk kjensle av at det er fredag i dag, heldigvis er det berre torsdag. Vekene går meir enn fort nok, men eg håper vi får meir sommar og varme !

onsdag, august 20, 2014

Dagbok 2014: 20.august

Klokka er21.00. Temperaturen ute er +12,5 grader C, det er skodde langt nedetter fjellsidene og overskya. Tilegare i dag regna det voldsomt, men etter kvart har det blitt litt lettare.
Før middag plukka vi inn plommer, og eg reinska og fraus 4 store posar, vel 10 kilo. Så no har vi nok til oss sjølve og nærmaste famile. Då eg var ferdig med plommene vaska eg bord og benker med Klorinvatn, såpass hendene også vart relativt reine.
Deretter hadde vi ein liten lunsj. Etter ein liten pause tok vi ein tur nedover, eg skulle på biblioteket blant anna. Det eg ikkkje var klar over var at dei stengde klokka 16.00 på onsdag, og då vi kom, var den nesten 16.30. Så då må eg nedover i morgon også.
Vi handla div. mat etc. på Coop/ Amfi. Det var ikkje så mykje vi trong, men det vart litt i korga uansett.
Det vart sein middag i dag, pølser med surkål og poteter. Av og til er det også heilt greitt.
Regnet har øydelagt ein del i hagen, blant anna var ei av greinene på det største rosetreet av heilt nede ved rota. Eg tok greina inn og skar den av i høvelig lengde og plasserte den i ei flaske. Eg tek vare på fine flasker, sidan dei egner seg betre enn vasar når ein har berre ei grein. No får vi ha glede av rosene inne eit par dagar.

Bok nr. 52 -2014: Vi ses i morgen

Det er mindre enn eit år sidan eg las denne boka, så eg var litt skremt over kor lite eg hugsa att no når eg las den for andre gong, men så har eg lese mange bøker i mellomtida. Eg likte boka veldig godt då eg las den første gong, og minst like godt no.Eg har brukt forholdsvis kort tid på dei 16 CD-platene, og det har to grunnar: Forkjøling og plommer. Eg har lege ein del på sofaen med lydbok siste veka, og så har eg reinska over 20 kilo plommer med bok på øyret.
Eg har skrive om boka før, men eg kan berre minne om at forfattaren sjølv les teksten på ekte stavangerdialekt,( med det resultat at eg no tenker på den dialekten), derfor agiterer eg for at folk må lese lydbokversjonen.
Grunnen til at eg las denne om att akkurat no, er at bok nr. 2 er i kjømda. Og eg har alt sett meg på venteliste på biblio, før boka har kome ut. Best å vere føre var.

tirsdag, august 19, 2014

Dagbok 2014: 19.august

Klokka er 19.30 og temperaturen ute er 13,5 grader C. Det høljregnar ute, som det har gjort i heile dag. Grått og trist etter alt finevêret vi var blitt vant til. Men eigentlig trong eg litt innetid for å få gjort ting i huset.
Sidan Nils også har vore inne, fekk eg vaska og rydda resten av skapa og skuffene på kjøkkenet. Eg har ikkje heilt godt av å klatre så mykje, så han har hjelpt meg med dei øvste skapa. Ein annan ting er at han er "flinkare" å kaste enn eg er, han er ikkje så sentimental når det gjeld skåler og fat etc.
Heldigvis hadde eg fått att litt energi då eg vakna i dag, i går orka eg knapt å løfte ein finger.
Skulle ha vore ute og plukka plommer og berga dei i hus før dei blir øydelagde av regn, vi får sjå om det blir litt opplett i morgon.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, har lagt i hop klede og gjort slike heilt vanlige ting.
Eg søkte etter hjelp på FB; spurde kva eg skulle gjere med dei skitne semska skorne mine, og så følgde rådet til ei gammal veninne, vaska dei i maskina på ullprogram i lag med dongeri. Så langt ser dei heilt bra ut, og når dei tørkar skal eg spraye dei så dei blir tette.Eg har vaska sko i vaskemaskin før, med godt resultat.
No høyrer eg at Nils er komen att, han måtte ut på ein liten fisketur.

mandag, august 18, 2014

Dagbok 2014: 18.august





Klokka er 20.15, temperaturen ute er 13,7 grader C og det regnar. Då vi stod opp i dag dar det sol og fint.
Dette har vore ein heilsløv dag fo mitt vedkomande. Sist natt hosta eg og hadde vondt nedfor brystet, og ikkje hadde eg verken hostesaft eller halsdrops.
Først på fagen var eg i alle fall oppegåande, men så vart det sofaen resten av dagen. Eg plar seie at eg aldri blir så dårlig at eg ikkje har lyst på mat, men i dag forsvann appetitten. Til frokost var eg så heldig at eg hadde eit lite glas med honning frå Litauen, honningen smurde den såre halsen.
Nils var i bra form i dag, så han ville gå seg sveitt. Han gjekk ned på apoteket og kom att med tablettar, hostesaft og drops. Bisolvan hostesaft brukte eg sist eg var forkjøla for ca 3 mnd. sidan, og den er det god hjelp i.
No er det ikkje så alvorlig å vere forkjøla, og det går relativt fort over, likevel passar det aldri å vere "sjuk".
Han som fekk plommer i går, kom i dag med smaksprøve på syltetøyet dei har laga, to kakestykker med plommekake som vi hadde til kaffien og ei lita flaske medisin.
Eg fekk plutselig lyst på mat igjen då eg såg kaka, så no trur eg det verste er over. Eg har lege med lydbok på øyret i heile dag, men i morgon trur eg at eg skal vere på føtene att.
Eirik skal ikkje ha skulda for å ha smitta oss, for eg hadde hovudverk den dagen han kom, og det brukar eg aldri å ha.

søndag, august 17, 2014

Dagbok 2014: 17.august.

Klokka har passert 18.30. Temperaturen ute er +17 grader C, og i dag har det vore både regn og sol. Eg har for det meste halde meg inne, gjort litt husarbeid og lese ut boka mi. Den kan de sjekke nedanfor dette innlegget.
Både Nils og eg er forkjøla og ikkje i form, derfor har vi ikkje hatt så mykje på programmet.
Ein av naboane har vore her og plukka plommer, eg har berre plukka til meg sjølv i dag.
Til middag i dag hadde vi lettsalta (påstråla) lange og risengrynssuppe med rpsiner. God gammaldags mat, og vi et like gjerne fisk som kjøt på ein sundag. Det einaste vi ikkje er enige i er koke-/trekketida på fisken. Nils held på sine 20 min., eg vil gjerne at den skal trekke lenger. Solveig prøvde med 50 min. og meinte den vart betre då, men eg har ingen ting eg skulle ha sagt. I alle fall ikkje når det gjeld koking av fisk.
Elles har det hendt veldig lite i dag, men håper det blir litt kjekt å sjå TV i kveld.
I morgon er det skulestart for mange elevar, men somme har ingen skule å gå til. Dårlig gjort av KS å ikkje høyre på lærarane.

Bok nr. 51- 2014: Kalak

Kim vokser opp i ei norsk vestlandsbygd i en familie som er med i Jehovas vitner. Da Kim er fem år støtes faren hans ut av menigheten og flytter til København. Som 17-åring bestemmer Kim seg for at han har fått nok av menighetens trangsyn, og følger etter faren til København. Faren er imidlertid ikke den helten Kim har sett for seg, og allerede etter noen få dager begynner han å misbruke sønnen seksuelt. Kim utdanner seg etter hvert til sjukepleier, og for å komme vekk fra skammen reiser han til Grønland. Her møter han det moderne Grønland som er preget av tilfeldig sex, vold og dop, og etter hver blir Kim en ekte grønlender, en kalak. Dette er forfatterens første roman.
..........................................................................................................
No har eg lese ferdig boka, den første i Kim Leine sitt forfattarskap. For dei som enno ikkje har lese noko av denne forfattaren, vil eg anbefale at dei les denne boka først. Hovudpersonane i seinare bøker har mykje til felles med Kim sjølv, noko han ikkje legg skjul på.
Denne boka er så inn til beinmargen ærlig og utleverande at det er vondt å lese, på samme tid som ein får ein djup sympati for denne mannen som aldri blir ferdig med dei vonde hendingane frå barne-og ungdomstida.Som ikkje greier å sette grenser for seg sjølv verken når det gjeld alkohol, tablettar eller kvinner.
Kim Leine er ein fortellar, han fortel om det som hender, utan å kommentere så mykje, han overlet til lesaren å sjå samanhengane.
Det er nesten slitsomt å lese boka, for det går fort i svingane, den eine dramatiske hendinga avløyser den andre, og teksten driv deg berre vidare utan stopp.Det er nesten slik at eg føler eg burde lese den om att, slik eg gjorde med "Profetene i Evighetsfjorden".
Andre boka til Leine heiter "Tunu", den tredje "Valdemarsdag" og den fjerde, som han har fått mange prisar for, er altså "Profetene....." No kjem han snart med ei ny bok, som eg sjølvsagt skal lese.
I intervjuet som eg såg på TV, sa han at han verken stussa eller grubla mens han skreiv, orda berre kom til han. Han er ingen A4-mann (om slike finst) verken som forfattar eller privat.

lørdag, august 16, 2014

Kim Leine



Kim Leine Rasmussen (født 28. august 1961 i Seljord i Telemark) er en dansk-norsk romanforfatter.[1]
Han ble født i Norge, og flyttet til Danmark som 17-åring, hvor han utdannet seg til sykepleier. Siden flyttet han til Grønland, der han bodde i 15 år. I 2004 vendte han tilbake til Danmark, og debuterte der med romanen Kalak i 2007.
For sin siste roman, Profeterne i Evighedsfjorden fra 2012, om den norskfødte misjonær Morten Falck i Grønland, og hans møte med den karismatiske predikant Habakuk og dennes kone Maria Magdalene, ble han tildelt De Gyldne Laurbær i 2013.[2] For samme roman fikk han Jytte Borberg-prisen, Politikens Litteraturpris og Statens Kunstfonds Produktionspræmie i 2012, samt Radioens romanpris i 2013. [3]
I 2013 ble han tildelt Nordisk råds litteraturpris for Profeterne i Evighedsfjorden.
.......................................................................
Såg eit intervju med denne forfattaren på TV etter at eg hadde lese "Profetene i Evighetsfjorden" for første gong. Det vart til at eg las den tjukke boka ein gong til, og sidan las eg Valdemarsdag.
No les eg sjølvbiografien hans "Kalak"( namnet tyder grønlender) som er den første boka han skreiv. Eg skulle ønske eg hadde lese den først, for alt han skriv etter den, har også opphav i hans eige liv. Eg vil anbefale alle som toler litt både gørr og anna uhumskheiter å lese bøkene til Kim Leine. Noko av dei råaste og mest direkte skildringar finn du her. Her er ingen ting innpakka i rosa silkepapir, eller pynta på annan måte.Og der er ein slik driv i tekstane at du har lese 100 sider før du veit ordet av det.Han kjem med ny bok no i haust. Han skriv på dansk, og overset sjølv bøkene til norsk.

Dagbok 2014: 16.august.

Klokka er 19.00, temperaturen ute er +14 grader C. No regnar det så smått, tidlegare i dag var det fint vêr og delvis sol.
Det har ikkje hendt så mykje i dag heller. Før middag var vi ein tur til Vik. Gikk ein runde i gågata fordi eg skulle kjøpe meg ny veske på Gåvebuda. Det er ikkje snakk om dyre merkevesker her i gården, men rimelige bruksting i kunstskinn. Eg fer stygt åt med veskene mine, og slit dei ut.
På Gåvebuda har dei så mykje fint, frå Ekelund m.a., at ein kan finne på å kjøpe ting ein ikkje treng. Det gjorde vi ikkje i dag. Synest det er synd med alle tilreisande som kjem til bygda og berre går på Amfi.
Då vi kom heim att laga vi oss middag; i dag vart det spekemat med poteter og ferdigkjøpt potetsalat. Dessert finn vi i hagen ! Mykje plommer på Opal-trea.
Vart veldig trøtt etter middag og somna på sofaen, Nils sov i stolen. Han er forkjøla og ikkje heilt frisk, men plutselig spratt han opp og for på terminalen for å fiske frå land.
Dermed fekk eg åleinetid til boklesing. Det går fort å lese bøker på papir, men då må ein sitte i ro. Dessutan røyner det på augene. Eg har mindre enn 100 sider att av boka no.
Ein av naboane våre har ikkje plommer sjølv, så ho fekk kome og plukke litt hos oss. Så kom ein annan nabo som heller ikkje har plommer.......han kjem att. Vi har sikra oss sylteplommer, og kan ikkje ete all verda. Sesongen er kort og hektisk. 
Mamma hadde eit "ordtak"-  "Intet kommer i en lukket hånd", sa ho. Det er så sant som det er sagt. Vi gir og vi får-slik er det berre.
No må eg ta fram Møre-Nytt og lese den før TV-programma begynner.

fredag, august 15, 2014

Dagbok 2014: 15.august

Klokka er snart 21.30, temperaturen ute er + 14 grader C; lenge sidan sist det var så kaldt. Det er overskya, og opplett, men det kom regn tidlegare.
Nils ser sport på TV, og det har han gjort i timesvis, mens eg har lese og sove, blei trøtt av alt maset.
Dette har vore ein litt uvanlig dag, mesteparten av dagen har eg stått med hendene i vasken og reinska plommer. Det betyr at eg skjer plommene i to og tek ut steinen viss den er nokonlunde laus. Rivers Early-plommene er så små at dersom ein kokar dei med steinen i, blir det veldig mykje stein. Dessutan er det somme plommer som må kasserast av ein eller annan grunn. Før middag fekk eg kokt syltetøy av 3 kg plommer, seinare reinska eg ytterligare 7-8 kg som eg fraus, gryteklare. Det var Nils som plukka dei, for eg er ikkje så spenstig når det gjeld stige-klatring. Eg vart så brun på fingrane og svart under neglene at eg nåtte vaske opp i Klorin-vatn til slutt.
Innimellom fekk vi tid til lunsj og ein liten kvilepause.Og då eg var ferdig laga eg middag, i dag vart det steikt sei med poteter og salat.
Mens eg reinska plommer las eg "Vi ses i morgen" for andre gong. Oppfølgaren kjem snart, så eg må vere budd. Elles les eg "Kalak" av Kim Leine, på papir, men eg syntest det var vanskelig å lese med fotballmas i bakgrunnen, så eg gav opp. Nils er forkjøla, elles hadde han ikkje site framfor TV-en så lenge. Han er rimelig sylta og slapp. Eg håper han kjem seg til att om ikkje så lenge. Han var såpass at han fekk slått litt plen i dag også.
Etter som det er fredag vil eg få ønske alle ei god helg. Over helga er det skulestart for dei fleste elevar, eg håper streiken blir avblåst innan den tid.

torsdag, august 14, 2014

Dagbok 2014: 14.august



Klokka er snart 20.00, temperaturen ute er + 19 grader, det er lettskya og fint. Denne sommaren berre varer og varer- eg håper den varer lenge enno.
I dag starte eg dagen med å rydde og støvsuge heile kåken. Deretter var vi ein tur innom biblioteket, før vi reiste til Volda. Eg hadde bestemt meg for å kjøpe ein ull-tights på Janus-utsalet der, for eg har innsett att ull er den beste medisin for all slags verk. Så fann eg ei kort-erma ullskjorte  til Nils. Ein skal ikkje vere redd for å gå med ullklede når det er varmt, ein svettar mindre i ull enn i mykje anna.(Eg snakkar av erfaring denne sommaren) Eg spurde dama på butikken korleis det gjekk med handelen, og ho kunne fortelle at dei hadde selt mykje i heile sommar, ikkje minst til turistar som ikkje får tak i ullklede i sitt eige land. For friluftsfolk er ull eit must. Om nokon lurer på kvar Janusbutikken er, så ligg den rett opp for småbåthamna.
Vi hadde også med oss ein stor L som vi la inn i bilen til Margrete, det var attgløymd her.
Og som alltid når vi er i Volda på rett tid, måtte vi ete på kinarestauranten der.Og kventrefte vi der? Jau, fiskekompis Kjell med frue, så i dag var vi fire til bords.Og sidan vi var i same bygget som Mega, handla vi der og køyrde rett heim.Her la vi oss på altanen og sov middag i sola.
Litt seinare fekk vi besøk at ein nabo som har vore på ferie. Han kom med skinke og pølse frå heimlandet sitt, som Nils fekk fordi han har passa båten hans. Vi har dermed fleire utanlandske delikatessar å meske oss med.
Frisøren min hadde eigentlig ikkje timar ledig før tysdag, men var snill og tok meg inn på overtid i dag, så no er eg både klipt og farga.
Slik gikk denne dagen, og no har Nils atter funne ein fotballkamp på TV- og eg har ei ny bok! Slik går no dagane.

onsdag, august 13, 2014

Dagbok 2014 - 13.august

Klokka er 21.45, temperaturen ute er + 16 grader C og det er overskya , men opplett akkurat no. Litt regn har det kome i løpet av dagen, men det er framleis behagelig temperatur ute. August har alltid vore min yndlingsmånad,  i barndommen begynte vi ikkje på skulen før 1.september, så då var somrane lenger enn no! Og lærarane hadde uforskamma lange feriar. Der er vel frå den tida misunninga sit att i folk.
I dag vakna både Nils og eg veldig tidlig, men Eirik fekk sove seg ut. Han er forkjøla og ikkje heilt i form, men vi får håpe han er frisk att til skulen tek til. Margrete har kurs og førebuing heile denne veka, så hennar ferie er slutt. Godt at Amanda er stor og flink så ho kan passe baby Charlie.
Det vart ein kort dag på sjøen for karane i dag, for fisken beit ikkje. Dei fekk nokre halvstore seiar som Harald kom hit og henta, vi ville ikkje ha fisk til middag i dag.
Medan mannfolka var vekke gjorde eg litt husarbeid, plukka litt plommer etc. og så laga eg middag sjølvsagt. Etter middag har det ikkje blitt gjort mykje. Alle tre somna vi kvar sin gong, men eg fekk no lese ut boka mi til slutt. I dag prioriterte Nils og Eirik å sjå fotball på TV framfor å fiske. Det går no an å halde fred somme tider også. Nils hadde forresten plen å klippe også. Eg koka litt syltetøy av plommene eg plukka. Det vart ikkje så mykje, for eg nådde ikkje opp å plukke alt, må nok til med stige.
Det er kjekt å ha barnebarn på besøk, vi har ikkje sett så mykje til dei i sommar.

Bok nr.50 - 2014: Fedrenes løgner.



Fedrenes løgner - Tom Egeland
Fedrenes løgner er den første av Tom Egelands bøker som ikke er en krim- eller spenningsroman. Romanen er ført i pennen av 30 år gamle Victor Scott, som på oppdrag for Føniks Forlag skal skrive et verk om sine tre ruvende forfedre:
  • Faren - Carl Christian Scott - var en meteorolog, polarforsker og eventyrer som forsvant i Vestisen i 1950.
  • Farfaren - William Scott - var en verdensberømt forfatter som ble tildelt Nobelprisen i litteratur i 1935 og som døde seks år senere som krigshelt.
  • Oldefaren - Alexander Scott - var en naturvitenskapsmann som seilte i Charles Darwins kjølvann og som tilbragte 20 år på en øde øy i Stillehavet.

I skyggen av disse tre heltene føler Victor seg som en ubetydelig døgenikt. Boken han skal skrive fører ham ut på en reise rundt om i verden - en reise som skal forandre livet hans.
.......................................................
Eg vil ikkje skrive så mykje om denne boka, men den har fått gode kritikkar. Eg er ikkje udelt begeistra for Tom Egeland sine bøker, men denne er annleis enn dei andre han har skrive. Det har blitt lite samanhengande lesing siste tida, og dei fleste bøker har godt av å bli lesne i samanheng. Kort sagt: God under-haldning, men ingen stor litteratur.Midt på treet etter min smak, eg begynner å bli ganske kresen når det gjeld litteratur.

tirsdag, august 12, 2014

Dagbok 2014: 12.august


Klokka er snart halv ti, temperaturen er + 14 graderC, det er overskya og litt regn av og til. Tidligare i dag var det mykje varmare og også litt sol.
Nils var til Volda i dag, og kom heim att med barnebarnet Eirik (17) etter avtale. Nils er veldig glad når barnebarna vil vere med han ut og fiske. I dag har dei vore utpå i to periodar; på føremiddagen kom dei heim med ca 70 makrellar, og no i kveld vart fangsten om lag den samme. På bilda spylar Eirik fiskekassen, og Nils pakkar og frys makrell i kjellaren. Mykje skal vel brukast til agn på lina, men det går no an å ete makrell som har vore frosen også, berre den ikkje har lege for lenge i frysaren.
Mens dei var vekke på føremiddagen, fekk eg bytta på sengane, vaska golv, vaska og hengt ut klede osv. Rart med det, ein kan vere veldig effektive når ein har huset for seg sjølv.
Til middag laga eg blomkålsuppe og steikt makrell. Alle tre åt så godt at dei fleste somna etterpå.
No skal eg lage kveldsmat til dei tapre fiskarane. Det er mitt bidrag. Foringa. Der er litt steikt kald makrell att frå middag, ser ikkje bort frå at einkvan vil ha den.
I morgon skal dei visst fiske sei.

mandag, august 11, 2014

Dagbok 2014: 11.august

Klokka er no ca 20.30 Temperaturen ute er + 20 grader, max i dag var ca +25 grader. 
Dagen starta med overskya og grått vêr, men medan vi kvilte middag skein det opp og vart heilt strålande.
Før middag fekk eg vaska og rydda to innhaldsrike skap på kjøkkenet, det er slikt arbeid som ofte vert utsett fordi eg treng litt hjelp i "høyden", og det hadde eg i dag. Godt alt som er gjort.
Til middag i dag blei det fiskekaker frå frysaren, men mykje godt tilbehør, salat m.m.
Etter middagskvild og kaffi vart det ein tur på Rjåneset for å ause båten, då vart det også ein tur på stigen, og  litt soling på benken.
Då vi kom heim var det fotosession i hagen, leigebuaren skal selje brudekjolen sin, mannen fotograferte og eg snikfotograferte.
Så var det tid for ny arbeidsøkt. Nils mol opp all eføyen som eg hadde rive raus frå muren, og så plukka eg litt rips. Vi held enno på med det første treet, det er som ei Sarepta krukke, blir aldri tomt.

søndag, august 10, 2014

Dagbok 2014: 10.august

Klokka er halv åtte, temperaturen ute er + 23 grader C;  kor høg max-tempen har vore, veit eg rett og slett ikkje. Varmt har det i alle fall vore. Litt vind på føremiddagen, no er det dammande stilt. Dei som ikkje sov fullt så tungt som eg i natt, påstår at det kom nokre vindrosser då.
Dette har vore den lataste dagen vi har hatt på lenge. Men no har Nils tatt ein tur på terminalen for å fiske.Han vil gjerne ha meir makrell. Det vi ikkje et opp, brukar han til agn.
Før middag gjorde vi noko vi ikkje har gjort på lenge, ikkje sidan mai månad. Vi gjekk tur. Rett nok berre rundt Storebakken, men det er lenge sidan eg har gått langt. Dersom eg ikkje får mein av det, vurderer eg å friskmelde meg.Det er kjekt å sjå på hagane til folk, og så gleder eg meg over kvart tre som blir felt, vi gror snart inne her i landet. Når ein køyrer rundt omkring i fylket vårt og i nabofylket, er det mange stader ein ikkje ser anna enn tett lauvskog på begge sider av vegen. Eg lurer på kven som har ansvar for å rydde opp?
Vi slapp til og med å lage middag i dag, hadde nok att frå i går.
Middagskvila tok vi på altanen, ei stund sidan sist det også.
Plommene held på å modnast, men kvepsen er der som regel før oss. Så snart plommene får farge,er han der og syg seg fast, så no er eg ikkje lenger så vennlig stemt mot han. Heretter blir det dø eller forsvinn, for plommene vil eg ha. Har tenkt å plukke Rivers Early-plommene og sylte dei i første omgang, dei er små, men rike på smak, og så blir det så fin farge på sylta.
No skin sola så fint, at eg må ut og finne eit motiv å ta bilde av før sola blir borte.
                         Opal-plommer. Dei som kvepsen likar.

lørdag, august 09, 2014

Dagbok 2014: 9.august

Klokka er 21.00. Temperaturen ute er + 22 grader og det er overskya. Vi har elles hatt ein strålande dag med mykje sol og temperatur opp i +28 grader C .
Vi har fått gjort ein del ute i dag. Før middag klipte Nils greiner av stikkelsbærtreet og ripstreet, og vi plukka reint. Så mol Nils opp alle greinene på kompostkverna.
Eg gjekk inn og koka graut til Solveig og Olaug skulle kome, dei kom i halv tre- tida Vi åt ,og så vart det kaffi etterpå. I dag måtte vi ha på TV-en for å sjå nyheiter. Eg kan lese om groteske mord i bøker, og sjå krim på TV, men det blir som eventyr. Verklegheita er noko heilt anna, særlig når det kjem så nær. Ei tragisk hending i ei lita bygd som Hareid.
Etter at "jentene" var reiste jobba gamlefolket vidare i hagen, ikkje sikkert kva tid vi får så bra ver igjen; vêrmeldingane er nokså dramatiske. Vi klipte plen, ja det var no Nils som klipte mesteparten, mens eg klipte kantar etc. Det var herlig å vere ute, særlig etter at det kom ein liten bris. No har eg putta alle croxane mine (tre par) i vaskemaskina, så no er det helg
I fjor kjøpte eg potteroser i staden for andre sommarblomster-alle i ein eller annan nyanse av rosa, og alle kom att i år. Solveig likte veldig godt fargen på den eg har som illustrasjon på bloggen i dag.
Elles er Rasmus og fam på plass i Kongsberg. Margrete var også invitert i dag, men der kavar dei med å få ferdig slottet til prins Charley. Eller kanskje det var slottsplassen?

fredag, august 08, 2014

Dagbok 2014: 8.august




Klokka er 19.40, temperaturen ute er + 18,5 grader og skodda held på å forsvinne. Det har vore opplett i dag, men skodde heilt ned, men så lenge temperaturen er behagelig skal eg ikkje klage.
Før middag i dag rydda og vaska eg klesskapa på soverommet, det er Nils som har kleda sine der. Han hjelpte til med å kaste, så no vart det god plass i skapa, og mange kleshengarar til overs. Det blir vel verre når mine skap står for tur. 
Så var vi nedover og handla litt,vi var bortom Feelleskjøpet og kjøpte vaskepulver m.m. Vi kjøpe også to sekker kugjødselkompost som eg hadde på blomsterbedda då vi kom heim. På Amfi vart det stort sett berre kjøpt mat.I dag hadde vi tilbodslappar, så vi gjorde ein god og billig handel.
Då vi kom heim vart eg ståande og gåande oppe på vegen og prata med ei nabodame eg ikkje har treft på ei stund. Så då var det på tide å lage middag. I dag steikte eg sei som ikkje har vore frosen, og laga såkalla søndagssei. Etter det måltidet var det berre ein ting å gjere, og det var å legge seg strak ut på sofaen.Eller i reclineren, slik som Nils. Etter ei god stund vart han i stand til å lage kaffi. 
Eg har ein tendens til å bli sittande litt for mykje framfor datamaskina når eg har fleire diskusjonar på gang der, men eg må prøve å begrense meg.
No har eg vore ute i hagen og ete sukkererter og stikkelsbær, og så har eg tatt bilde av to av clematisane. Den tredje, ein rosa, har ikkje blomsta enno.
Den mørkt blålilla har vi hatt i mange, mange år, og somme år har snøen kome før den har kome skikkelig i gang med blomstringa. I år er alt tidlig og vi får glede av det vakre som veks i hagen.Eg har tatt to avleggarar av den store clematisen, dei blomstrar også. Den lys lavendelblå har nydelige store blomster og er min favoritt. Den er ikkje så stor enno, men vi håper å få sjå den vekse til. I morgon ventar vi Solveig og Olaug på besøk, Øystein reiser til Oslo. Nils for ut for å sjå om han kunne få tak i makrell, så Solveig får smake sorten før sommaren er omme. Vi har hatt makrell mange gonger i sommar og er enno ikkje lei av den.
Ønsker alle blogglesarane ei GOD HELG !



torsdag, august 07, 2014

Dagbok 2014: 7.august.

Klokka er snart 21.30. Ute pøsregnar det og gradestokken står på + 16 grader C. Tidlegare i dag var det lettskya og fint. Vi har blitt så vant til å vere ute at det er nesten litt rart å vere under tak. Men finevêret måtte vel ta slutt ein gong.
Nils for på sjøen klokka 7.30 i dag. Han var ute etter å få meir makrell, men kom heim med sei og berre sei. Men sei er det ein vert sist lei av, trur eg, har ete eit tonn siste åra.
Mens han var vekke vaska eg golva og støvsuga, så no er helgevasken i boks.
Etter at vi hadde ete lunsj, tok vi ein pause, der eg blant anna blogga litt og strikka på leggvarmarane mine. Før vi gjekk ut og begynte å plukke rips på den vanlige måten. Nils klipte av dei eldste greinene nede ved rota og la dei på hagebordet. Så plukka vi bera der.Det er utrulig mykje rips på det eine ripstreet, litt mindre på det andre.
 Då vi var komne godt i gang, begynte det sjølvsagt å regne, så vi måtte gå i hus.
Nils koka småsei, poteter og gulrot til middag.Eg er ikkje betrudd å koke fisk, berre steike. Potetene hadde han funne i eigen åker, og dei stammar frå Kjølsdalen.Potetene var gode,dei. 
Han har hatt ein liten bytehandel med mora til naboen, ho fekk så-erter  av våre sukkererter. Vi har ein god sort som vi kjøpte for mange år sidan, og Nils tek "frø" av dei kvar haust, tørkar og sår neste vår. Sorten heiter "Frühe Heinrich"  og vi kjøpte dei første på Plantasjen på Moa. Sidan har vi ikkje kjøpt så-erter.
Eg har vore litt lat i sommar, så det blir ein overgang å begynne å "jobbe" igjen-innomhus. Det er litt av kvart som står på vent.
Men eg slepp no å begynne på skulen - eller streike. Nokre fordelar skal ein ha som pensjonist.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...