torsdag, august 21, 2014

Dagbok 2014: 21.august

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 13 grader C. Det har vore opplett det meste av dagen, men så kom det ei byge for ei stund sidan.
I dag var eg budd på å gjere ein skikkelig innsats for å få orden på huset. Eg starta med å tømme kjøkkenbenken under vasken, det einaste skapet som stod att uvaska. Ikkje før hadde eg fått alt rotet fram på golvet, så kom kontrolløren frå El-verket. DET hadde eg gløymt. Rotet på kjøkkenet var no ingen katastrofe, men sengane var uoppreidde, kjellaren rotete og i det heile tatt. Men ho fekk no gjort det ho skulle, og det einaste ho hadde å bemerke var at varmepumpa ikkje var skikkelig jorda.
Eg heldt fram med mitt, vaska grundig bad og kjøkken, og støvsuga resten av huset, fekk rydda litt i kjellaren også.
Då kom Nils att, han hadde vore på Rjåneset og "ausa båten". Vi tok ei kaffikopp og ei brødskive og utsette middagen til seinare. Eg kjende at eg verkte både her og der, særlig i knea, og gav blaffen i at det er august månad og fann fram ull-tightsen og tok den på under joggebuksa. Og det hjelpte. Eg har ei klokkartru på ull når det gjeld gikt og andre plager i ledd og musklar. Det går ikkje an å vere forfengelig når ein har slike plager. Men sist vinter hadde eg ikkje så mykje klede på meg ein einaste dag som det eg har i dag. Det er fuktigheit eg reagerer mest på, nemlig, og det har vi hatt rikelig av no.
Etter at vi hadde slappa av litt, gikk eg ut og ville ha meg ei plomme, og der ramla plommene av treet, sprukne var dei, men ikkje ubrukelige, Det vart til at eg plukka ein slump i dag også og reiska, det vart ca 4 kilo med ferdigrensa frukt.Det blir ein del å skjere bort, og så tek eg steinane med det same.Eit år vart plommene heilt øydelagde av regn, trur vi hadde nærmare 100 kilo i komposten.
No har vi ete middag, det vart kokt småsei i dag, så no gjeld det å ikkje somne. Nils ser friidrett på TV, så får eg sjå om det blir noko for meg seinare.
Meininga var at eg skulle på biblio i dag, men så begynte eg på ei bok eg har lese før, og utsette bibliotekbesøket til i morgon.
Eg har ei sterk kjensle av at det er fredag i dag, heldigvis er det berre torsdag. Vekene går meir enn fort nok, men eg håper vi får meir sommar og varme !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...