onsdag, oktober 31, 2018

Dagbok 2018: 31.oktober

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 5 grader og det regnar. Eg trudde ikkje det kom meir nedbør i år, men vi har visst ikkje fått kvoten enno. Eg er litt sur på denne hausten, heile greia regna vekk, ingen av planane mine vart fullført osb. Høyrde i radioen i dag at vi må belage oss på slikt vêr i tida framover; lange tider med sol og tørke, tilsvarande bolkar med  mykje regn osb. Skal tru om vi får kulde også? 
I dag har eg fyrt i omnen for sola har ikkje vore framme. No i kveld har eg sløkt utelyset , sidan eg ikkje vil ha besøk av ungar. Eg har ingen ting imot at ungane kler seg ut og leikar Halloween  - eigentleg, men sidan eg aldri har snop i hus, blir det litt flaut å stå der tomhendt. Dei får sikkert nok uansett.
Eg skal innrømme at eg blir litt tiltakslaus i haustmørke og regn. Dagane vart også så korte etter at vi miste sommartida.
I dag skreiv eg eit lite avisinnlegg før eg gjorde diverse husarbeid. Marit og eg fór på handletur klokka 13. Vi var først bort i Furene, på El-kjøp; Marit kjøpte kaffikanne, eg kjøpte kaffi. 
Så var vi på Hageland, ærendet mitt var å kjøpe blomster og fuglematar. Det var greitt, kjøpte fuglemat også, peanøtter, etter råd frå ei som anbefalte det. Eg har hengt opp "mataren",den heng ikkje der eg vil ha den, men i farten måtte eg bruke ein "gammal" spikar. Saka er at fuglematen bør henge under tak, men ikkje slik at "mataren" slår bort i vindua om det kjem ei rosse. Og så kjøpte eg ein orkidé til meg sjølv. Så langt var alt greitt. 
Men den butikken i dag! JUL!  JUL !   JUL ! Juletre, lys, nissar kuler og anna pynt-mykje av pynten i "stilig" grått og brunt! 
Og så var der ein masse figurar som likna gammaldagse soldatar med raude jakker. Forsto liksom ikkje kven dei representerte. Dei var no verken englar eller nissar. Den eine var i full menneskestorleik. Der var eit heilt rom fullt med kunstige juletre med lys. Det var for så vidt fint.
Etterpå var vi på AMFI sidan både Marit og eg hadde ærend på apoteket og på Bunnpris.
Det er kjekt å ha Marit tilbake, så kjem eg meg ut i verda utan å gå. Sjølvsagt kan eg gå til Vik viss eg vil, men kan ikkje kjøpe med meg så mykje då. Og så er det litt kjekt for begge to å ha selskap.
I morgon ventar eg Margrete og gutane, så då skal eg lage mat. Elles blir det veldig lettvint når eg er åleine-i dag vart det to grillpølser + brød. Heilt OK for meg. Etter at eg hadde ete og fyrt godt i omnen vart det ein aldri så liten høneblund.  
Har ein tendens å skrive blogg akkurat på denne tida, og då går eg glipp av nyheitene. Spennande om Hareide blir raud eller blå- eller kanskje gul? 
I dag er det 59 år sidan Nils og eg ringforlova oss på Øygarden i Solheimsdalen.Rart kor tida går.

tirsdag, oktober 30, 2018

Dagbok 2018: 30. oktober

Klokka er 19.50, temperaturen er 0 grader og det verkar mykje varmare enn minus 3. Men det har vore sol og fint vêr i dag også. I morgon skal det visst bli overskya. Eg likar at det er sol, den varmar opp heile huset på dagtid.
I dag vakna eg ikkje så tidleg, hadde ikkje noko spesielt å stå opp til. Ikkje har eg gjort det skapte grann heller, anna enn å strikke ferdig eit lestepar og lese ferdig ei bok. Har ikkje ein gong hatt på TV-en, så mykje kan ha skjedd i verda utan at eg veit det.
Marit og eg hadde avtale om å fare på gravplassen og diverse anna i dag. Klokka vart nesten 14 før vi kom oss av garde, men då hadde eg i det minste fått shina meg sjølv opp litt og vaska håret. Vi fekk ikkje gjort alt vi hadde planlagt i dag, så det blir ein tur i morgon også, då skal vi bort i furene , blant anna.
Torsdag kjem Margrete og gutane på besøk, så denne veke blir litt livlegare enn den førre.
Eg føler meg ikkje heilt bra dei dagane eg ikkje får jobba noko særleg, og i dag har det vore ein slik lopradag. Men eg fekk i alle fall sjekka opp at dei ikkje har fått opp gravsteinen enno, det er lenge sidan dei la ned den steinen alt skal kvile på. Marit hadde med mold og fylte opp holet på plata framfor steinen til Robert. Det vart fint når ho sette ned att lyngplantane. Eg håper Nils sin stein kjem opp før jul.

Bok nr 34, 35, 36. - 2018: De usynlige, Hvitt hav, Rigels øyne

Då har eg lese ferdig desse tre bøkene, dei to første har eg lese før, men las dei om att før eg tok til på nr. 3.Til saman blir det berre 15 CD-plater.
Desse bøene er vel såpass kjende at det ikkje er så mykje å skrive om den. Roy Jacobsen er dyktig når det gjeld å fortelje om vanlege folks liv uansett bakgrunn og tid. Desse bøkene fortel om livet på ei øy i Nord-Norge under krigen og etterpå. Ingrid er hovudpersonen i alle bøkene. Nils Johnson les godt-på nordnorsk,som vanleg. Bøkene er lette å lese.

mandag, oktober 29, 2018

Dagbok 2018: 29.oktober

Klokka er ca.20.00 Temperaturen ute er minus 3 grader, inne er det vesentleg heitare etter at eg fyrte i omnen. Det har vore fint, men kaldt vêr i heile dag, og her vi bur er vi så heldige at vi har sol nesten heile dagen. Den varmar litt ute, men varmar godt opp inne.
Eg vaknar nokså tidleg om morgonen, men ligg litt frampå, så det ikkje blir så lenge å vente på sola.
I dag vart eg verande inne litt lengre enn planlagt fordi eg fekk litt trøbbel med strikketøyet mitt, sat og strikka og høyrde lydbok før eg gjekk ut for å kobbe. eg er blitt så glad i å sage at eg snart har slite ut saga som Rasmus og eg kjøpte i sommar. I dag gjekk det ut over nokre tre som står ned mot grensa til naboen i "Larsenhuset". 
Ja, eg har vore der og saga før, men det er meir som må vekk før eg kan realisere planane mine. Der står to rot-ekte plommetre, men dei står på Lid sin eig, så dei sagar eg sjølvsagt ikkje ned, men ei stor grein som var på mi side vart fjerna i dag+ toppen av ei gran. Dei tjukke greinene vart saga til ved, og så måtte eg fram med kompostkverna og ta kvistane+ at eg køyrde igjennom eine klematisen. To gonger måtte eg opne og reinske kverna - det er kjempedumt å køyre gjennom "ferskvare". Som de forstår var eg ute og "jobba" - mest for å vere ute og for å få litt mosjon.
Eg tenkte først å ta ein tur til Vik, men der er det ikkje så mykje sol, og kaldare enn her oppe.  I tillegg til hagearbeidet har eg ikkje gjort så mykje anna enn å strikke og legge i hop ein klesvask. Men dagen går fort forbi uansett.
I morgon må eg kanskje handle litt, så lenge eg er her åleine har eg nok å tære på, men viss eg får besøk, treng eg litt av kvart. 
Eg blir litt lat og tiltakslaus når det er kaldt; men hos Rasmus snøar det- vi har heldigvis fått årets nedbør i flytande form. Rart vêr vi har hatt: 1. ekstrem varme 2. ekstremt med nedbør. Så blir det vel ekstrem kulde resten av året. Eg er som vanleg pessimist.

søndag, oktober 28, 2018

Dagbok 2018: 28.oktober


Tre novemberkaktus står med masse knoppar



Klokka er ca. 18.40, det vart tidleg mørkt i kveld. Temperaturen ute er minus 3 grader C og det har vore ein strålande, men kald dag.
Av ein eller annan grunn vart eg gåande inne og surre heile dagen, sola varma så godt inn glaset, så det var som ein sommardag-inne. Trong verken å fyre i omnen eller ha på varmepumpa.
Sat lenge og strikka, med lydbok på øyret, så no er enda eit lestepar ferdig. Elles har eg ikkje gjort noko særleg til nytte. Har sett i gang vaskemaskina, det er alt.
Marit kom over gata ein tur og drakk kaffi med meg, så eg fekk høyre om Spania-turen til seniordansarane.
No skal eg legge opp nytt spøt, trur det blir parallellstrikking på det neste lesteparet.
Som de forstår har det ikkje hendt så mykje i dag. Kanskje like godt.

lørdag, oktober 27, 2018

Dagbok 2018: 27.oktober

Klokka er berre 16.00, men akkurat no hadde eg liksom ånden over meg til å skrive blogg. Temperaturen er + 3 grader C 
Eg er ferdig med det eg har tenkt å gjere i dag, eg har ete og drukke kaffi, så no er det strikketøy og lydbok som står på programmet. Eg held på å lese om att dei to første bøkene i serien til Roy Jacobsen om folka på Barrøy, for no har eg endeleg fått tak i nr. 3, og eg ville friske opp att dei to første. Dei er på berre 5 CD-plater kvar så det går relativt raskt.
I dag då eg stod opp var det like kaldt og fint som i går, men etter kvart har det kome meir skyer på himmelen, og då blir det ikkje så varmt inne som når sola skin inn glasa. Ikkje råd å gjere stort ute heller. Det er for vått. Einar seier at eg berre skal la materialen ligge så kjem han og Håkon og ordnar opp-når dei får tid.
Eg vart sittande å strikke ei stund etter frokost, måtte ha dagslys for å begynne rett på lest nr. to, eg er nøye på at dei to mønstra lestane skal vere like.
Elles vurderte eg ein tur til Vik ev. til Volda, men slo det frå meg. Då eg hadde sjekka om nokon i familien kom innom i dag, og fekk vite at dei ikkje var i kjømda, tok eg og vaska og rydda skikkeleg på bad og kjøkken.
I dag var brødristaren gåen, akkurat ein dag for seint, for Gudmund leverte elektro-bosset mitt på VØR i går. Men no kan eg ønske meg ny brødristar til jul, så har eg begynt på "Ønskelista". Viss eg greier meg så lenge utan, då. Når ein bur åleine kan det vere ein fordel å riste brødet når det ikkje er så fersk lenger.
Eg skulle dusje og vaske håret når eg var ferdig med husarbeidet, men først måtte eg trimme bicepsen med litt saging i garasjen. Eg lét sånn halvvegs att døra, som vanleg, men så for den heilt att av seg sjølv. Og eg fekk den ikkje opp att same kor eg kava. Denne døra let eg opp og att fleire gonger for dag utan problem-men no var eg fanga. Innestengd i eigen garasje !! Men eg har alltid mobilen på meg, det må ein når ein bur ålene. Så eg ringde til min gode nabo, Gudmund, og han kom med ein gong og sleppte meg ut. Det er heilt flaut slik eg utnyttar naboane mine. Eg nemnde at eg ikkje hadde fått inn gullbuska mi fordi eg ikkje hadde sekkehjul, og då bar har krukka inn i kjellaren til meg.
Då gjekk eg i dusjen, fekk vaska håret og tok på meg reine klede, så no føler eg at det er helg!
I kveld skal eg heie på Ulrikke, trur eg. Eg har heile tida hatt henne som nr. to etter Ole, men han tabba seg ut med valet av song/dans førre helg. Eg går ut frå at Ella Marie kjem til å vinne, men likar Ulrikke betre. No skin sola igjen, skulle gjerne gått opp i skogen ein tur i finevêret, men er litt sliten akkurat no.

fredag, oktober 26, 2018

Dagbok 2018: 26.oktober

Gratulerer med dagen , Rasmus!

Klokka er 18.45, temperaturen er 0 grader C, det er vått på trappa og på gata, men det har ikkje regna i dag. I dag tidleg var det kvitt på alle tak og marker, men sola kom og det vart fint og varmt, særleg inne. I går fraus eg, i dag var det nesten FOR varmt enda eg slo av varmepumpa og slutta å fyre tidleg på dag. Når det endeleg blir sol og fint vêr får ein lyst å halde på ute, men det var ikkje råd å bruke t.d. plenklippar i dag, alt er så vått. Eg skal klippe bio nede i skråninga  så sant det let seg gjere, då får eg med meg både gras og lauv.
Har gjort lite og ingenting i dag, sat og strikka og høyrde lydbok etter at eg hadde ete middag. Men utpå ettermiddagen tok eg ei økt med husleg arbeid, er akkurat ferdig no. Så kom eg på at det er fredag i dag igjen, så då blir det vel litt å sjå på TV.
Så snart sola kjem fram, kjem også kamera fram, så det har blitt ein del fotografering i dag. Gullbusken stod ute sist natt, og det gjekk bra, men eg veit ikkje kor mykje han toler. Blomkarsen fraus sist natt og roseknoppane kjem nok aldri til å sprette ut. Rosene fekk ein trasig haust. Eg trur det er i morgon Marit kjem heim, eller kanskje sundag. Det ser eg fram til, eg saknar henne når ho er vekke.
Då vil eg ønskealle ei godhelg. Og denne helga blir ein time lenger enn vanleg ! 




 Bilda over er tatt tidleg på føremiddagen-dei under seinare på dag.




Denne spireabuska klipte eg heilt ned i sommar, no er den blitt passe stor og blomstrar fint, ja, litt større skal ho no få lov å bli.



torsdag, oktober 25, 2018

Dagbok 2018: 25.oktober

Klokka er 20.05, temperaturen er + 3 grader og det har regna i heile dag også. Ei stund likna regnet meir på sludd. Både i går og i dag har eg frose; same kor heitt eg har det i stova, frys eg ,eller sit og kulsar. Eg  fyrer i omnen og har på varmepumpa så her er minst 25 grader; eg har også tendens til å sovna. Begynte å lure på om eg "brygga" på noko, men i går kveld vart eg heilt bra når det leid på og vart sittande å sjå TV til langt over kl.1.00. At eg sit for mykje i ro, er det ingen tvil om, men eg strikkar no. Eg føler meg på ingen måte sjuk, men akkurat NO er eg litt sår i halsen. Kanskje eg er hypokonder?
Skal snart lage meg kveldsmat og varm te, så tenkjer eg det går bra. Neste veke er det vaksinering for influensa, det går etter alfabetet. Elles får eg meir og meir symjehud mellom fingrane.
I dag har eg saga litt ved, og så gjekk eg ned på Amfi og heim att i eit voldsomt regnvêr. Eg kjøpte regnjakke og gummistøvlar for at det skulle bli fint vêr, men sjeldan har eg brukt regnklede så mykje som no.
Eg trefte to tidlegare arbeidskameratar på ferda mi, den eine hadde tatt ut AFP-pensjon, ho heldt ikkje lenger ut "Den digitale skulen", den andre er 92 år og går frå Vinjevoll inn på Amfi på sine eigne føter, klår i hovudet er ho også ,høyrer godt og les utan briller.
Det var litt strevsomt å komme seg heim att, med eit stort nett frå Bunnpris med to syltetøyglas som nesten toucha asfalten, og ein høg orkide i andre handa, men det gjekk bra.
Eg tok meg litt mat før eg gjekk og leverte blomsten. Etterpå har eg hatt nok med å halde varmen, var nok litt sliten etter turen, men eg trur det gjer godt også. Kan ikkje gå her heime og rote heile dagane, har ikkje verken lyst eller energi til å gjere noko i dette vêret. Tre månader med regn, er meir enn eg ønska meg.
I dag fyller bror min 77 år og eg har gratulert han på face. I morgon har Rasmus fødselsdag, han blir 54. I skrivande stund er han om bord i Kielferja -på veg heim. Eine venninna mi fyller også år i morgon, men eg hugsar ikkje kor lenge det er sidan 70-årsdagen.

onsdag, oktober 24, 2018

Dagbok 2018: 24. oktober FN-dagen

Klokka er 18.50, temperaturen + 4grader og det regnar og regnar. Har aldri sett maken til denne hausten. I dag hadde eg ikkje lyst til nokon ting, og ikkje hadde g arbeidslyst heller. Tokk meg saman og sette ein brøddeig om ikkje anna. I grunnen likar eg det meste hus - og hagearbeid, men eg likar ikkje å bake. Brød går greitt, men der stoppar det. Siste åra har eg bakt lite og ingen ting til jul, så eg tenkte at i år må eg ta meg saman. Men det spørs.
Eg har no gått her i dag også og styrt med det eine og det andre, brukar mykje tid på å fyre i omnen og hente inn ved. Innimellom sagar eg litt. Så har eg eit lite maleprosjekt, og så strikkar eg-rekker opp att og strikkar på nytt. Slik går dagen.
Men då det leid til klokka 15, bestemte eg meg for ein liten tur på butikken. Det var berre å kle seg godt, og i dag hugsa eg refleks. Trefte ein tidlegare elev på butikken så vi vart ståande å prate ei stund, og heimvegen gjorde eg litt lenger enn vanleg, med tanke på mosjon og frisk luft, så eg var ikkje så snar som sist.
Då eg gjekk heim att med ein pose i kvar hand, gjekk tankane mine eit år tilbake. Då var det ofte eg stakk ned på butikken i kveldinga og handla. Då vart Nils åleine ei lita stund, men eg brukte ikkje meir tid enn eg måtte. Eg kom som regel heim med to kjempetunge posar, men då var eg lett på foten, så det var ikkje samme problemet som no.
No skal eg snart lage meg noko godt å ete, noko som liknar på middag, har ete berre brød før i dag. Og så blir det TV og strikketøy. Dei komande to dagane er det fleire fødselsdagar å hugse på.

tirsdag, oktober 23, 2018

Dagbok 2018: 23.oktober

Klokka er 17.00, temperaturen er + 4 grader C, og det har regna, hagla nærmast sludda innimellom i heile dag. Eit lite augeblikk var sola framme, og eg sprang etter kamera. Viss de dobbeltklikkar på bildet vil de sjå dropane som heng på ledningen, som perler på ei snor. Dessverre fekk eg også sjå sanninga om vindua som eg pussa både ute og inne for ikkje lenge sidan. Her må det nok ein reprise til. 
Sidan leigebuaren ikkje er komen heim att, er det ingen som fyrer nede, det gjer at her er golvkalt så eg må fyre desto meir+ ha på varmepumpa. Eg er glad i varme, og når eg bur åleine kan eg ha det så varmt eg vil.
I dag skulle eg på styremøte, eg veit ikkje om det var derfor eg vakna så tidleg, men eg tvinga meg sjølv til å ligge til klokka 8.
Før eg åt frokost tok eg oska ut or omnen og fyrte opp, eg stiller ned varmepumpa om natta. Etter frokost strikka eg ferdig ein lest og felte av før eg gjekk nedover. Eg hadde tilbod om skyss, men valde å gå. Eg merka tydeleg at det er ein fordel med regnkåpe framfor jakke, for eg var temmeleg våt frå knea og ned då eg kom fram. Møtet gjekk fort og greitt, og Eli køyrde meg heim att. Då begynte det å sludde eller hagle eller kva det var. Men eg er heilt utan gikt i dag, så no kjem det godvêr, berre vent og sjå.
Sidan eg kom heim har eg ete "middag", rippa bok, festa trådar og rydda i garasjen. Har sett på eit par maskiner med klesvask også. Med andre ord har eg ikkje gjort nokon stor innsats. Jau, forresten, eg skreiv referat frå møtet. Neste møte i pensjonistlaget kjem til å bli heilt fantastisk, så det er berre å bu seg. Møtet er den 7.november.


mandag, oktober 22, 2018

Dagbok 2018 : 22.oktober



Denne dungen skal eg rydde vekk ein annan dag, den er ikkje halvparten så stor som den eg tok i dag.

Klokka er 17.20, temperaturen er +4   grader C. I dag var det nysnø i fjella- og surprise: det regna. Det såg ei stund ut til at det kunne lett opp litt mellom bygene, men til slutt vart det samanhengande regn. Vi fekk ein ekstremt tidleg og varm sommar i år, no trur eg at denne hausten går over i historia som den våtaste ever. 
Eg vaska eit par golv før middag, rydda litt her og der, og strikka. Det verste med dette veret for min del er at eg blir sittande så mykje i ro, og det har ikkje kroppen min godt av.
Derfor tenkte eg at uansett vêr så skulle eg jobbe ute i dag.
Eg hadde to store dungar med material som skulle under tak til dømes. Eg bestemte med for å bere noko inn i garasjen, noko i tilbygget og dei lengste fjølene under altanen.
På grunn av at det er påvist på røntgenbilde at eg har dårleg rygg, har legen sagt at eg ikkje skal bøye meg for mykje og ikkje løfte tungt. Så dette var akkurat jobben for meg. Dei lengste fjølene drog eg etter meg. Og dungen forsvann. Under plankane såg eg graset som skal grønkast til våren.
Eg må alltid dokumentere det eg gjer, med bilde. Så eg sparka av meg dei groskitne støvlane, og heiv dei dyvåte hanskane og gjekk inn etter fotoapparatet. Tok ikkje på meg støvlane igjen, stakk berre føtene nedi ei par croxar, og så tok eg paraply for å beskytte kamera. Fotograferte først i garasjen, og så gjekk eg nedom garasjen for å ta bilde der materialen hadde lege. Visste ikkje ordet av det før eg datt bakover, og segla på baken i gjørma, før bakhovudet slo i bakken. Pang! Ærleg tala så slo eg meg ikkje, men vart godt skiten og gjennomvåt. Berga både paraplyen og kamera. Måtte gå inn kjellarvegen og kle av meg i vaskekjellaren før eg gjekk opp og dusja. Croxar altså !

I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00. No må eg ikkje gløyme det denne gongen.

søndag, oktober 21, 2018

Dagbok 2018: 21.oktober

Klokka er 18.40, temperaturen er + 5 grader C, og av alle regnfulle dagar trur eg dette må vere ein av dei verste; gata er meir som ei elv, der vatnet renn i strie straumar. 
Eg visste at eg skulle vere heime åleine i dag, og eg hadde tenkt ut program for dagen. Blant anna så skulle eg ommøblere litt i stova. Og så hadde eg tenkt å gå tur opp i skogen. Akkurat det siste måtte eg berre slå frå meg. Det var så vidt eg orka å gå ut i garasjen etter ved.
Fekk gjort litt inne, støvsuga  om-møblerte slik eg hadde tenkt. Sette meg til å høyre gudsteneste på DAB -radioen, og i dag handla det om den bramhjertige samaritanen, som rimeleg kan vere på ein innsamlingsdag.(DER kom eg på at det sikkert har vore noko på TV også-eg brukar ikkje å ha på TV-en før tidlegast klokka 19.00) Preika i radioen var kortfatta og god, ei oppmoding om å hjelpe dei som treng det. Det er kjekt å høyre kva ein skal gjere, til ei forandring, og ikkje berre kva ein ikkje skal gjere.
Til middag varma eg opp suppe som eg har frose ned, og innimellom sit eg og strikkar. Ja, faktisk trur eg at eg sovna litt også. 
Eg står ikkje i beit for å finne noko å gjere, men no synest eg faktisk vi har fått meir regn enn vi fortenar. Det begynte først i august og eg trur eg kan telje på ei hand dei finevêrs-dagane i vi har hatt etterpå. Eg plar til vanleg vere glad i hausten- når vêret er brukbart. Vi får håpe på ein fin vinter; men eg har ei kjensle av at den blir kald og tørr-mykje is og lite snø. Eg er den fødde pessimist, og fordelen med det er at ein sjeldan blir skuffa.


lørdag, oktober 20, 2018

Dagbok 2018: 20.oktober





Klokka er ca. 19.30, temperaturen er +  grader C. Det har visstnok regna litt i dag også, men eg har ikkje vore så mykje ute at det har skada meg, det er tørt på gata no.
For det meste har eg strikka i dag, og saga ved i garasjen, middag hadde eg ein rest frå i går osb. 
Margrete kom klokka 16.00 og så drakk vi litt kaffi før vi for på konsert. Det var veldig kjekt. Eit lite blandakor frå Hovdebygda med Øyvind Lid som dirigent heldt Beatleskonsert. Det var sikkert ikkje 100% reint, eller heilt perfekt på alle måtar,  men vi storkosa oss. Salen var stappfull. Om lag halvparten av dei som var der var sånn om lag på alder med Beatles-medlemmane, den andre halvparten var dei som vart fødde på 1960 talet eller der omkring. Det var siste aldersgruppa som prega koret også. 
Børre Lødemel var solist på nokre av songane, og Øyvind Lid tok seg heilt ut på siste songen "All you need is love". Publikum klappa og song med. Håper dirigenten ikkje brukte opp heile stemma si , for dei skulle  ha ein konsert til i kveld. Kirsten Ose var fram og takka både den eine og den andre og delte ut blomster til musikarane og til elevane frå ballettskulen, som også var med. Ho er ein "komikar" av rang! Trur alle koste seg. Det er noko spesielt å vere på konsert når du kjenner mange av dei som er med.
No skal eg sette meg i godstolen med strikketøy og sjå Stjernekamp, det er høgdepunktet i veka når det gjeld TV. Og etter midnatt skal eg spele Beatles på You Tube på full guffe. Skulle hatt betre høgtalarar!



fredag, oktober 19, 2018

Dagbok 2018: 19.oktober

Klokka er 21.45, temperaturen er + 10 grader C , og jammen har det regna i heile dag også. Kall det byger, men dei kjem tett.
På føremiddagen i dag var det ikkje gjort mykje, eg sat mykje og strikka og så var eg ute i garasjen av og til og saga litt ved. Det vart mosjonen i dag. Klokka 14.00 begynte eg å lage middag. Hadde invitert Solveig til å ete med meg, så eg måtte imponere "husstellæraren" litt. 
Eg laga Skåtøybacalao- ei oppskrift eg har funne på nettet. Det er ein såkalla kvit bacalao. Den vanlege raude bacalao er meir lettvint, for då puttar ein alt i ei gryt. Den kvite er det meir arbeid med. Dei ulike ingrediensane skal kokast eller steikast kvar for seg før ein til slutt har dei i ei fom og inn i ovnen. Det blei i alle fall ein diger oppvask.
Men Solveig likte maten godt og fekk med seg litt heim som ho kan ha i morgon, sidan ho er heime åleine. Etter ein kaffikopp og ein god del prat, var vi på handel. Eg hadde ærend på apoteket, Europris og Vito. Solveig såg på klede, men fann ikkje noko ho ville ha i dag. Mat handla vi på Spar.
Solveig køyrde meg heim , men så reiste ho ut att. Klokka var nesten 20.00.
Kvar gong nokon snakkar om havregraut, tenkjer eg på svenskepakkane vi fekk rett etter krigen. I dag fekk eg ein annan slags "svenskepakke"- diverse som Solveig hadde kjøpt til meg i Sverige. 
Eg er ikkje så gira på snop, men ein god "Blommer i madeira" til kaffien, seier eg ikkje nei takk til.
Eg tok berre ein-i dag. No har eg sett TV-og meir blir det vel. Ønsker alle ei god helg!

Bok nr. 33 - 2018: Lyset bak øynene

Helena er bare ni år gammel da hun blir sendt fra den vesle hjembyen til en blindeskole i femtitallets Helsingfors. Der vender hun seg gradvis til storbyens lukter og lyder, og lærer seg å beregne avstand ut fra antall skritt. Men savnet etter familien er stort.

Førti år senere flytter også Helenas nevø Tuomas sørover for å studere. Han ønsker å leve opp til familiens krav og forventninger, men drømmer om å stifte en egen familie, og bærer på en hemmelighet. I Helsingfors treffer han tanten og blir kjent med nye sider ved henne. Hvordan er det å leve hele livet som en som må stå utenfor? Går det an å bli akseptert som den man er.

«Lyset bak øynene» er en ny, sterk roman fra forfatteren av den kritikerroste «Der fire veier møtes». Tommi Kinnunen skriver med innsikt og innlevelser om nødvendigheten av å finne sin egen vei, om ønsket om å bli far og kunsten å være forelder.

«Den unge, og det må være lov å si, lovende Kinnunen er en av flere flinke finske forfattere på vei opp og frem i nordisk litteratur. I intervjuer røper han at det kanskje blir en bok til om denne motsigelsesfylte familien. Uten tvil en finsk gladmelding.»
………………………………………………………………………………..
Eg har brukt lang tid på denne boka -mykje fordi eg stort sett har lese den etter sengetid. Det var lett å halde tråden uansett, for her var få personar å halde orden på, men litt problem vart det sidan det var litt byks i tid. I dag las eg om att siste plata fordi eg følte at det mangla avslutning. I det heile må eg seie at eg kanskje ikkje oppfatta bodskapen i boka.Det som står i omtalen over er liksom ikkje nok-synest eg. 
Ingrid Vollan er ei fryd å ha på øyret når ein skal sove.


torsdag, oktober 18, 2018

Dagbok 2018: 18.oktober

Klokka er 19.35, temperaturen ute er + 8 grader C og det regnar. Det er visstnok byge-vêr men bygene kjem tett. På føremiddagen hadde eg tenkt å få gjort litt ute, men så snart eg var godt i gang, kom regnet. Litt fekk eg gjort, rydda litt, saga litt og rydda litt rundt dørene. 
Fekk fylt opp bossdunken i dag med det eg gløymde sist så no er den breddfull. Så fann er fram dei raude boksane og fekk fylt den eine. Det stod i avisa at det var henting laurdag- og eg trudde det var førstkomande, men så er det neste. Typisk meg -datoane bit eg meg ikkje merke i. 
Men det var bra det ikkje var førstkomande for då skal eg på konsert i lag med Margrete. Det er Ervingen blandakor som skal ha Beatleskonsert og det gler eg meg til. For det første er eg Beatles-fan, for det andre kjenner eg mange i koret. Det skal vere to konsertar etter kvarandre, vi skal på den første som tek til kl. 17.00. Margrete har kjøpt billettar.
I dag blei det ein nokså lat dag for meg - eg kunne alltids funne på noko å gjere inne, men eg ville vere ute ! Dermed sette eg meg til å strikke, og har strikka meir enn ein halv lest (stor) mens eg har høyrt lydbok. 
Fekk melding frå Solveig om at ho kjem innover i morgon såpass eg får handle litt stort. Eg sa at viss det høvde slik, kunne ho komme rett etter skulen, så skulle ho få middag med meg. Det ville ho, for Øystein er på reisefot igjen, Stockholm denne gongen.
Eg fekk ikkje særleg problem etter å ha gått til Vik og opp att i går. Kneet var ikkje verre enn vanleg, men eg hadde litt problem med venstre hofta  tidleg på dag.
Men eg ville ha meg ein tur ned på Kiwi for å få litt mosjon og frisk luft. Eg gjekk heimanfrå klokka 19.00. Hadde kledd meg godt, med svart bukse, svarte gummistøvlar og svart regnjakke. Det slo meg at eg var nærmast kamuflert, men gadd ikkje å fare heim etter refleks. Eg blir ofte så irritert over at klede ikkje kan vere utstyrt med ei eller anna form for refleks frå fabrikken si side. 
Eg har refleksbrikker i fleng og slike som ein slenger rundt armen, og sist vinter då eg var mykje ute og gjekk i mørke kveldar, hadde eg på meg både det eine og det andre. Eg veit ikkje om andre opplever det samme, men når eg kjem heim er refleksen som regel borte vekk. Særleg regnklede burde vere litt sjølvlysande. Eg løyste problemet med å gå i "grøfta"- og var trygt heime klokka 19.30. Det er fort gjort å gå på nærbutikken.

onsdag, oktober 17, 2018

Dagbok 2018: 17.oktober


Bildet er tatt med mobil ved Vikemarka skule. Ein kan sjå ein annleggsmaskin oppe på fonnvernet.

Klokka er 17.00, temperaturen er + 10 grader og i dag har det regna ganske kraftig.
Eg hadde ingen spesielle planar for dagen og då blir det vanlegvis lite og ingenting gjort. Strauk nokre klede og strikka litt, men å sitte og strikke midt på lyse dagen, det er ikkje det EG vil. Eg tenkte at eg skulle ta ein tur på butikken , anten på Kiwi eller heilt ned på Amfi. Eg vaska håret etc. og kledde med godt i regnjakke og gummistøvlar og gjekk nedover. Hadde diverse småærend på AMFI, mat kunne eg ev. kjøpe på Kiwi på heimvegen. Første stopp var Clas, der kjøpte eg tre lyspærer, men då eg skulle betale fann eg lommeboka, hadde sjekka at den var i veska, før eg for heimanfrå. Det var berre det at Visa-kortet var der ikkje. Eg plar aldri, eller nesten aldri, fjerne kortet frå lommeboka, så eg sette meg på ein benk og leita grundig. Hadde heldigvis litt kontantar, såpass eg fekk betalt lyspærene. 
Det blei ingen storhandel i dag, men eg fekk no sett meg litt om i verda, og kontantane rakk til brød og smør også, såpass eg slepp å bake. Trefte Gunn Torill og gjekk i lag med henne dit ho bur, ho har flytta ned i ei av dei kommunale leilegheitene mellom kyrkjegarden og bedehuset. Eg var sikker på at eg kunne gå beint opp i Håkonsgata, men brått stoppa vegen. Eg sneik meg gjennom ein hage og DÅ kom eg opp på gata. Gjekk Elvavegen til Vikemarka osb. Det vart ei heil Amerikareise for meg, men det gjekk bra. Oppover er det nesten ikkje problem å gå.
Då eg kom heim leita eg gjennom veska endå ein gong, før eg kom på tanken at eg kanskje hadde lagt Visakortet over i den lommeboka eg brukar å ha i "selskapsveska"- og eg hadde hatt den veska i gravferda. Då var problemet løyst. 
Det gjorde ingen ting at eg ikkje fekk handle i dag, for meg var det viktigaste å få komme ut i frisk luft og få mosjon. No skal eg snart ete middag, suppa står på tining.
Trefte Grete på heimvegen og vi vart ståande å prate, såpass eg fekk litt sosial kontakt også. Og så ser eg fram til å sjå dei to siste episodane av ein serie-såg dei to første i går. Men det er i kveld. 
Fekk melding frå Marit i går, ho er i Spania.
Voldsomt kor dei jobbar og skyt oppi skogen, vi ser meir no når lauvet fell av trea.

tirsdag, oktober 16, 2018

Dagbok 2018: 16.oktober

Klokka er 17.30, temperaturen er + 13 grader C og det er lettskya, men opplett. Det var ikkje så kaldt i dagmorgon som det var i går, det har vore ein fin dag, og sola har vore oppe ender og då, men eg har  for det meste inne vore inne. Sende ei melding til Bodil i dag f.m. og spurde om dei kom oppover i dag, og det ville dei. Dei skulle hente dei to gamle stolane mens det var opphaldsvêr og då treng ein å gripe dagen. 
Eg rekna med dei kom på sekundet sånn ca. så eg heiv i hop ei svelerøre, og steikte svelene ferdig i god tid, for dei kom ikkje så fort som eg trudde. 
Men det er no praten som er det viktigaste. Sidan vi ikkje treffer kvarandre så ofte har vi mykje å prate om, og heilt ferdigprata vart vi heller ikkje denne gongen. I tillegg til stolane tok Svein med seg ein gammal grasklippar som eg ikkje treng. Eg klarer meg med to-treng ikkje tre.
Bodil hadde med seg nydelige pærer frå hagen på Hildegard, så no blir det vel ei som et litt for mykje. Pærer som er akkurat passeleg modne er uhyre godt.
Det vart litt tomt i stova då dei to store stolane vart vekke, men det var vel overfylt før. Dersom eg treng ein ny stol, er det ikkje noko problem å få tak i det. Svein skulle ha våre gamle i utestova si. Det var han og Bodil som fekk dei ut og opp i tilhengaren. Eg kan ikkje løfte så tungt.
Sat og strikka litt mens eg venta på gjestane, elles har eg ikkje gjort noko i dag.

mandag, oktober 15, 2018

Dagbok 2018: 15.oktober.

Klokka er ca.18.30 og sola har nyss forsvunne for i dag. Då eg vakna i dag var det sol på fjelltoppane og rim på alle tak, dvs. fint, men kaldt. Med finevêr kjem det også energi. I dag skulle eg vaske og rydde, for i dag kunne eg henge ut golvtepper etc. Eg gjorde ein grundig jobb, men då eg var ferdig var ikkje klokka meir enn 12.00. 
Vart sittande inne ei stund, strikka og styrte på med diverse, før eg kom meg ut. Kosta i garasjen, rydda i tilbygget, og samla opp lauv og gras med grasklipparen så lenge eg hadde bensin. Deretter tok eg kantklipparen og klipte rundt busker og tre , heilt til det small. Dvs. det var noko som gjekk av i det huset det sena ligg. Trur knapt det kan reparerast. Godt at eg ikkje treng den på ei stund. Det er ikkje så mykje å gjere ute no akkurat, men godt å komme seg ut. No blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden. Håper på ein ny fin dag i morgon.

søndag, oktober 14, 2018

Dagbok 2018: 14.oktober, første vinterdag.

Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag.
Sundagane har eg sjeldan avtale med nokon, og ikkje kan eg gruffe på ute. Derfor blir det ofte til at eg gjer litt husarbeid den dagen.
I dag var det ein ypparleg dag for innearbeid, men no er eg rett og slett litt sliten-kjenner at eg ikkje er så sprek som før.
Det første eg gjorde var å bytte på senga og sette på vaskemaskina. Så støvsuga eg og tørka støv på stova, ommøblerte litt også, dvs. bytta om på dei to sofaene. Alt tek si tid. Støvsuga resten av teppegolva også og innimellom var eg inn på datamaskina for å gjere eitt eller anna. Så kom eg så langt at eg kunne ete middag og varma opp suppe frå i går. Restane hadde eg i beger og fraus i porsjonar. Vaska opp litt diverse etc. 
Så skulle eg ned i kjellaren og hente opp kleda frå tørketrommelen. I forgårs merka eg at leidningen til kjøleskapet i kjellaren var ute. Eg sette den i att og sjekka at der ikkje var noko i kjøleskapet som kunne vere øydelagt. Det var nesten tomt - og ingen ting som hadde tatt skade. Men så slo tanken ned i meg som eit lyn i dag: Der er ein frysedel nedst i kjøleskapet, og der er det diverse mat lagra !
Mugglukta slo imot meg då eg opna nedste døra, og så var det berre å fylle opp ein stor bosspose, vaske skuffene etc. No sørger eg ikkje så fælt over det eg måtte kaste det skulle sikkert ha vore kasta for lenge sidan, men eg innser at eg har for mange frysarar, kjøleskap og liknande å halde greie på. Skapet i kjellaren har eg stort sett brukt til hamstring, særleg då eg fekk handle sjeldan ville eg gjerne ha ein buffer. Men når ein er åleine treng ein ikkje store matlager, butikken er nær, og skal eg ha middagsgjestar veit eg om det på førehand. Når ein har to kjøleskap med frysedel, ein fryseboks på 400 liter+ eit fryseskap-då er det NOK ! Og i tillegg har vi ein fryseboks til fisk og agn i garasjen. Etter at eg var ferdig å rydde i kjellaren, og hadde lagt opp klesvasken, sa eg til meg sjølv:" No fortener du ein klatt is attåt kaffien din!"-og det fekk eg.
No skal eg sette meg inn i godstolen og strikke lestar -og  om ei stund blir det TV-dagane går som ein røyk! Ser at lauvet på epletreet er blitt gult dei to siste dagane. Når alt lauvet har falle av, skal eg beskjere treet.


lørdag, oktober 13, 2018

Dagbok 2018: 13.oktober

Klokka er ca.19.00, og eg må skrive på bloggen så eg blir ferdig til Stjernekamp. Eg heiar framleis på Ole Børud, som så mange andre.
Ute er det mørkt og regn, temperaturen er rundt +10 grader.
Dagen i dag har gått fort, som dei fleste dagar gjer. Mykje av føremiddagen gjekk med til matlaging. Eg laga kjøttsuppe frå grunnen av med lettsalta fårekjøtt og heimelaga kjøttbollar. Eg treng nokre å lage mat til innimellom, så eg ikkje kjem heilt ut av trening. Dei som skulle komme i dag var Einar og Audun, men Audun  måtte reise nordover ein dag før han hadde tenkt. 
Einar streva litt ,men fekk lagt på vinterdekka åleine. Eg sende ei melding til Margrete om at ho var velkommen til å ete i lag med oss viss ho likevel skulle over fjorden. Så vart vi i alle fall tre til bords.  Det er koseleg med gjester. Og vi hadde mykje å prate om som vanleg. Vi unnte oss litt kaffi og is etter suppemiddagen. No reknar eg med at Solveig og Øystein er på veg heim. Marit er på veg til Spania, der ho skal vere i 14 dagar i lag med dei andre seniordansarane. Eg kunne ha fått vore med om eg ville, men har for mykje å ordne opp i her heime til at eg kan forlate "åstedet" enno. Trudde eg skulle fått gjort noko i dag, men så pøsar det ned - igjen. Margrete trøystar oss med at det som kjem frå himmelen no slepp vi i alle fall å moke vekk.

fredag, oktober 12, 2018

Dagbok 2018: 12.august

Klokka er 18.10, temperaturmålaren ute står på + 20 grader C, men det var litt vind, så det var ikkje så varmt. Det var ein del sol før middag, men så skya det over, men det har vore opplett i heile dag.
Eg gjorde litt husarbeid på føremiddagen, før eg gjorde meg klar til å fare i gravferd. Vi var på plass i god tid før klokka 13.
Det var ei fin stund i kyrkja. Presten var Isene, som eg kjende frå Kilsfjord kyrkje. Børre Lødemel song to songar til eige gitar - akkompagnement: " Eg ser" av Bjørn Eidsvåg, og "God morgen min kjære" av Benny Borg. Anne heldt ei nydeleg tale til/om faren sin og sonen hennar, Nikolai, heldt også ei fin tale til bestefaren. Han heldt tale også då farfaren døde for eit par år sidan.Nikolai er 11 år no, ein fantastisk gut. Alle tre sønene til Nedreberg var der sjølvsagt, det var berre Ole eg snakka med av  dei. Det er jo han eg har kjent best sidan eg hadde han som elev i fleire år.
Vi slapp regn på gravplassen i dag. Odd fekk grava si rett nedanfor Nils si grav.
Etterpå var det minnesamver i Frikyrkjekjellaren. Det var mykje familie og slekt som møtte fram, i tillegg til oss naboane i Starevegen som fylte eit heilt bord. Vi hadde no ei koseleg stund, som alltid når vi kjem i lag. Etter kvart har det dessverre blitt mange gravferder. Det har vel med alder å gjere. Vi er komne forbi både konfirmasjonar og bryllaup, for å seie det slik.
Eg var så dum at eg slo av mobilen min, og hugsa ikkje koden-så det blei tre bom og ut med han! Så vil de ha tak i meg, bruk heimenummeret: 700 66 849.
I morgon reiser Marit til Spania og blir borte to veker, det blir eit sakn for meg, men eg skal "straffe" henne med å ta meg litt ekstra av LOLLO - katten hennar. 
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, oktober 11, 2018

Dagbok 2018: 11.oktober.

Klokka er 219.30, temperaturen ute er + 16 grader C og det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Temperatur opp i +20 grader C. Om det så berre er for ein dag er det godt å få ein smak av sommar.
Kan ikkje seie eg har gjort så mykje i dag. Eg hadde tenkt å klippe plenen opp mot gata, men så hadde eg for lite bensin på klipparen, og ikkje noko å fylle på. Men så kom eg på den gamle elektriske klipparen som eg har ståande. Den vart henta fram, og den gjekk heilt greitt. Når eg klarer meg med ein skøyteleidning er det greitt. Men det var vått i graset og mjukt i bakken så det vart ikkje direkte fint klipt. Hjelpte til med kantklipparen. Eg veit at ein ikkje skal snauklippe plenane før vinteren, så eg stilte klipparen ganske høgt opp.
Så vart det i grunnen ikkje gjort så mykje meir i dag. Vart sittande ute og prate med nabo-Solveig ei stund.Og så var eg rundt og prata med diverse naboar. Marit skulle på gravplassen, og eg hadde eit lite ærend på Amfi. Mens ho var på gravplassen, handla eg mat på Kiwi. I morgon er det gravferd, men laurdag skal eg lage litt mat til gutane som kjem for å skifte om til vinterdekk. 
Med andre ord har eg hatt ein lapre- og slyngardag. eg har ikkje fyrt i omnen og ikkje hatt på varmepumpa. Det er ei stund sidan sist.
Men eg har i alle fall vaska håret, og ikkje minst hendene/neglene. Eg gløymer alltid å ha på meg hanskar når eg skal slå, og så tek eg i graset. Eg måtte til med ufortynna Klorin , neglebørste og negleklippar før eg kunne vise meg for folk. Det er berre ein ting å gjere med slike negler-klippe dei heilt ned. Eg ser bra rein ut no.

onsdag, oktober 10, 2018

Dagbok 2018: 10.oktober

Klokka er snart 17.30, og temperaturen har stige opp til + 16 grader C, og i dag har det vore opplett. Det skal visst bli enda finare i morgon.
I dag hadde eg ein ting på programmet: Rydde i garasjen ! De trur kanskje at bildet er eit FØR bilde, men nei, dette er ETTER ryddinga. Det er tredje gongen eg ryddar i garasjen i løpet av siste månadane, og eg eg på ingen måte ferdig. I dag konsentrerte eg meg om å få bort sagmask og støv etter snikkaren. Eg kosta og kosta, og så spylte eg etterpå. Men her er mykje som skal kastast eller omplasserast enno. Til det treng eg litt hjelp. Her er fiskesaker, måling, reiskapar og mykje anna; fekk supplert spiker- og skruelageret mitt, så no har eg meir enn rikeleg. Før eg gjekk ut strikka eg ferdig ein lest.
Eg var inn og år litt og strikka litt før eg gjekk ut att og rydda litt rundt dørene. Tok ein plastpose og plukka rusk og rask oppi, små fjølebitar og diverse anna som eg skulle brenne i omnen, hadde eit halvbrent stearinlys inni også for eg trudde ikkje rusket brann så godt. Men det vart aldeles vilt inni omnen, sjølv om eg stengde trekken brann det like godt, SÅ godt at eg måtte sitte framfor omnen og vente til det gav seg. Eg blei nesten redd, men no er faren over. Elles fór eg over plenen nedanfor huset, mest for å samle opp lauv. Blir det fint vêr i morgon skal eg klippe litt meir.
Laurdag kjem Einar og Audun innover ein tur for å skifte dekk på bilen, Solveig og Øystein er på tur og Margrete skriv på masteroppgåva si. Eg veit ikkje kva som er rettast å seie: "Eg har ikkje vore på ferie på mange år" eller "Eg har ferie heile året". Eg synest i alle fall eg har det godt, eg disponerer dagane mine sjølv, men hadde tenkt meg ein tur når snikkaren var ferdig. Han kom seinare enn eg venta, og brukte lang tid - på grunn av vêret. Det blir kanskje ein tur austover, har ikkje vore på Kongsberg på 4 år.

tirsdag, oktober 09, 2018

Dagbok 2018: 9.oktober

Snikkaren er ferdig, og måling blir det først til våren.. Men blir det tørt nok, skal eg olje golvflakane, så dei ikkje rotnar.Bildet er tatt no klokka 18.40

Klokka er 18.05, temperaturen er +10  grader C, og det regnar, nesten meir enn før. Det vesle gløttet av sol i går gav initiativ og energi -i dag er alt tiltakslyst borte vekk, og eg slit med å halde meg vaken-utan å lukkast 100%.
Nabo-Solveig og eg var til Vik alt klokka 10.30, så det var ein bra start. Eg fekk brukt både støvlane og regnjakka, så det var ikkje bortkasta kjøp. Eg fekk kjøpt meg garnet eg mangla til ein lest, og sytråd til å legge opp buksa mi. Og så litt mat; det var begynt å bli litt kjedelig inne i kjøleskapet mitt. Sidan eg ikkje fekk styrt med noko ute, tenkte eg å ta den siste fårikålresten som stod i beste kasserollen min i frysaren. Eg må lære meg å fryse i anna emballasje - og å dele opp restane. Den fårikålen blei ei hard påkjenning; der var meir att enn eg trudde, men eg ville ikkje ha rest enda ein gong. Mens potetene kokte fekk eg lagt opp buksa mi. Den var klar for sying, så det var ingen stor jobb.
Eg har litt problem med å kaste mat, så eg prøvde å ete opp fårikålen-i alle fall kjøtet. Det gjekk på ein måte, men eg vil ikkje ha fårikål på ei stund no.
Eg vart så mett at eg berre seig nedi godstolen for å sjå nokre opptak eg hadde liggande på TV- men eg ville berre sovne heile tida. Og kva gjer ein så? Jau, finn seg ein "rest" av is i fryseskapet og et is for å halde seg vaken. Eg var i grunnen altfor mett i utgangspunktet. Men eg fekk sett ferdig programmet, og då var eg såpass vaken at eg kunne strikke. 
Men når eg seg ut glaset er det ikkje rart at ein blir litt groggy, skodda ligg heilt ned på jorda. Eg trudde først at det var eg som hadde fyrt litt for hardt, for det hender, Men eg er nok uskuldig i det vi ser ute no. Dei seier at det skal bli + 20 grader på torsdag- det er vanskeleg å tru-men kven veit. Eg er glad for alt eg fekk gjort i går, i dag har eg kosta litt på garasjegolvet, og dett var dett. Får vel strikke på lestane mine til det lettar opp.
Bilen inni Eidsdalen, som Svein sende meg link til, gjekk til ein annan kjøpar, fekk melding frå Finn.no i dag. Eg synest eg har det bra, sjølv om vêret er som det er, og ikkje alt går slik eg vil. Eg kan slappe av og ikkje engste meg for så mykje. Einar og Audun skulle komme innover ein dag og skifte til vinterdekk på Einar sin bil. Dekka ligg her, og her er ein god jekk. Eg veit ikkje kva dag Audun skulle komme heim, heller. 
Gravferda til naboen, Odd Nedreberg,  blir komande fredag, så då skal eg sjølvsagt i kyrkja.

mandag, oktober 08, 2018

Dagbok 2018: 8.oktober

Klokka er19.45, temperaturen er + 9 graser -og det kom regn i dag også. Det såg ei stund ut som om det skulle skine opp, men så kom regnet tilbake.
I dag har eg styrt med så mykje at eg kan komme i skade for å skryte-utan å ville det. Det er berre så mykje som står på vent her, at eg er glad for kvar vesle ting som kan kryssast ut.
Noko av det første eg gjorde i dag var å sjekke om bilen eg melde interessa mi for i går var selt -og det var han. Ikkje lett å finne ein liten bruktbil med automatgir!
Så var det ovnen som eg trudde eg hadde øydelagt i går-i dag reparerte eg skaden utan problem-i går var eg visst heilt på bærtur. 
Sidan eg ikkje vaska til helga vaska eg kjøkken og bad i dag.
Så skein det opp og eg gjekk ned og begynte å rydde under altanen. Eg saga opp greinene frå plommetreet med hand og putta dei i ein vedasekk-det blei fullt. Så tok eg fram kompostkverna og mol opp noko rusk, ein sekk med eple hamna i komposten osb. 
Då høyrde eg at snikkaren var komen, og i dag fekk han gjort seg ferdig, og pakka med seg tinga sine og for. Rekninga får eg i posten. Det blir spennande, for vi har ikkje avtalt nokon pris, og timane har han halde greie på sjølv.
Sidan den 25 meter lange ledningen låg i garasjen der snikkaren hadde bruk for straum til saga si, ville eg bruke vedkløyvaren. Vi må nemleg ha straum frå vaskekjellaren, det er berre der sikringane held. Eg køyrde kubbane frå plommetreet og røtene frå granbuska opp i garasjen i trillebår og kløyvde dei såpass det let seg gjere. Det gamle plommetreet var ikkje "beinkløyvt" for å seie det slik. Det vart to sekker ved av det- men det var vått og kanskje litt rote, så eg trur det blir dårleg brensel. Men eg fekk i alle fall rydda litt. Det er liksom det dagane mine dreiar seg mykje om-rydding.
Eg hadde ein ganske lang pause midt på dagen, då måtte eg begynne på det nye lestegarnet, for eg hadde ikkje garn nok til lest nr. to i det paret eg heldt på med. I morgon blir det kanskje ein tur nedover.
Brått kom eg på at det er haustferie her denne veka. Reknar med at Margrete og ungane kjem heim i løpet av kvelden. Solveig og Øystein skulle visst til Hamar, men veit ikkje om dei er reiste. Det skal noko til å halde orden på kvar alle er.
Så måtte eg sjå Nyheitene og der var det mykje om statsbudsjettet- økonomi er noko eg forstår meg lite på, men eg synest mykje er rart. Dei som tenar best skal få skattelette. Sukkeravgifta skal takast frå sjokoladen, men saft utan sukker skal det framleis betalast sukkeravgift for. Ja, ja, slik går no dagane! -Og i morgon må eg RYDDE i garasjen.

søndag, oktober 07, 2018

Dagbok 2018: 7.oktober

Klokka er 17.10, temperaturen er + 9 grader, det er ikkje særleg varmt, men vi har hatt fint vêr i dag og ein god del sol. Bilda som de ser var eg nettopp utpå altanen og knipsa, eitt mot vest, eitt av rekkverket og eitt mot aust. Det er same motiva som eg tek bilde av heile året, berre fargane endrar seg og no er haustfargane komne for å bli - i alle fall ei stund. Chatta litt med Rasmus på føremiddagen, han hadde leita på nettet og funne ein bil til meg -på Follestaddalen. Eg skreiv ein mail om at eg var interessert, men har ikkje høyrt noko enno. Det var på Finn.no, så eg veit ikkje korleis det funkar.


Sundagane plar det ikkje skje så mykje. Eg fyrte i omnen og sette meg til å strikke ferdig ein lest, og la opp og begynte å strikke på nummer to. Då kom eg på at dette ver rette dagen til å legge opp bukser og fann fram dei to eg hadde kjøpt fredag. Fann ei høveleg bukse å måle etter. Klipte av beina på den eine, men "spraglebuksa" var det berre å brette og sy, tenkte eg. Eg målte og klipte og sette i knappenåler og var klar til å sy, då Marit ringde på og spurde om eg ville vere med fram på gravplassen. Eg hadde ikkje ærend, men hadde lyst på ein tur, så klart eg vart med. Då vi var tilbake igjen vart vi ståande å prate med Solveig og Gudmund oppe på gata. 
Då eg kom inn att måtte eg ha meg litt mat før eg kunne sy. Eg la opp "spraglebuksa" først-men då eg tok den på meg var den enno for lang. Pytt!eg berre bretta den opp, det går bra. Den andre buksa er grå/brun så eg måtte fram med all sytråden min for å finne ein høveleg farge, men ingen ting matcha, så eg måtte berre utsette syinga. I staden tok eg og sorterte all sytråden min etter farge og hadde kvar farge for seg i små plastposar. Det har du meg! Brukar tida på slike teite prosjekt. Eg likar godt system og orden, men greier aldri å la vere å rote det til igjen. Det er ikkje noko som hastar med den buksa, men får ikkje brukt den nye kofta før eg har bukse som passar til.
Klokka er berre halv seks så det er vel for tidleg å benke seg framfor TV-en. Håper vêret held seg fint så snikkaren kan få gjort seg ferdig. Eg får ein bra ryddesjau eg også etterpå.

lørdag, oktober 06, 2018

Dagbok 2018: 6.oktober


Klokka er 19.10, temperaturen er + 5 grader og det har regna i dag også. Eg har berre så vidt vore ut for døra, likevel har dagen gått som ein røyk.
Det første eg såg då eg opna Facebook i dag var at ein av naboane var død. Det var eit lite sjokk; eg visste at han ikkje var frisk, men ikkje at det var livstruande. Slik er det; her i Starevegen var vi alle om lag på samme alder, men etter kvart tynnest det ut i rekkene, det er mange som er sakna etter kvart. Men nye og yngre kjem til. I dag går tankane mine til Anne-Lise og dei fire barna hennar med familiar. 
Elles har eg styrt med det vanlege, litt husarbeid, og ikkje så mykje anna. Marit kom ein tur over gata og drakk kaffi i lag med meg, og Einar var ein snartur inn for døra, han hadde vore på Sandane og delteke i eitt løp. Vart visst nr. 2.Han ville ikkje ha noko mat for han skulle vere snar.
Eg har vondt i "sitteputa", så i kveld må eg visst ligge på sofaen og sjå Stjernekampen.  Eg trur det blir Ole Børud som vinn, men må no heie litt på Alexander også, sidan han kjem frå Eid.
Når eg ligg får eg ikkje strikke, og det irriterer meg litt. Kjenner ein fysioterapeut som er ekspert på "sitteputer" må visst ta ein prat med henne over helga.
No er det snart lottotrekning, så det er berre å belage seg på å bli millionær. Margrete og "ungane" kosar seg i Trondheim.

fredag, oktober 05, 2018

Dagbok 2018: 5.oktober


Klokka er 17.10, temperaturen + 9 grader C og no skin det opp att. I dag har vi hatt både opplett, vind, og regn, så det har vore litt variert. 
Planen for dagen var at Solveig skulle komme innover for å få seg nytt førerkort, og så skulle ho vere med meg å shoppe klede, blant anna. Med seg hadde ho kofta som eg strikka i vår, og som ho hadde lagt siste hand på. Eg synest den blei fin til slutt. Eg hadde ymta om at eg likte det mønsteret, som eg såg på FB, og dermed fekk eg både mønster og garn til bursdagen min. Men strikke måtte eg gjere sjølv - og det gjorde eg med glede. Eg treng ikkje strikke berre lestar.
Etter at vi hadde vore på Biltilsynet, var vi ein snartur innom Hageland før vi for til Volda. Eg skulle ha meg ei ny bukse, så vi for på Møre konfeksjon-det blei to bukser. Vi var innom Janus, der eg kjøpte ei fin brun ulltrøye (ull+ silke).På garnbutikken bunkra eg opp garn; eg plar kjøpe Regia, men no hadde ho fått Opal også, så i dag vart det nytt merke. Eg har strikka Opal før, og veit at det er bra. 
Då var det tid for lunsj på kinarestauranten, der Solveig ikkje hadde vore før, så eg måtte no forklare "kinadama" at eg har to døtrer. God mat, varm og nylaga, fekk vi i dag også.
I Ørsta fekk eg bytta regnjakka i ei som var utan lyte, og så kjøpte eg meg nye, svarte gummistøvlar; dei blå eg kjøpte sist har enda som hagestøvlar, dei også, så no har eg byte. Det går hardt utover skotøyet i hagen. 
Då vi kom heim att i starevegen var snikkaren komen, og han har gjort ferdig rekkverket. Han har enno ikkje fått limt på toppstykka, for det begynte sjølvsagt å regne, men han må no likevel inn att og hente alt utstyret sitt, stillas, sag og anna verktøy. No skal eg tømme oppvask- og vaskemaskin og rydda unna litt ymse. Solveig og eg tok oss berre ein kopp kaffi då vi kom heim, vi var ikkje direkte svoltne.
For mitt vedkomande har dette vore ei sosial og aktiv veke, men eg får vel ei roleg helg. Ønsker alle ei god helg, og ein god haustferie for dei som det har.
 



torsdag, oktober 04, 2018

Dagbok 2018: 4.oktober

Klokka er 21.40, temperaturen er + 10 grader C og det regnar så det renn elvar etter gata. Det vil ingen ende ta.
Det har likevel vore ein kjekk dag. Mykje av føremiddagen gjekk til matlaging, det tek litt tid å lage lasagne frå botnen av, men eg har no slikt å gjere. Mangla nokre ingrediensar til salaten, så eg sat på med Marit ned til Kiwi då ho skulle på trening. Å gå opp att går fint, nedoverbakken er verst for kneet.
Middagsgjestane vart litt forseinka fordi Erlend skulle klippe seg. Margrete, Amanda og Erlend reiser til Trondheim med buss i morgon, dei skal besøke Eirik. Ingeborg kjem frå Oslo. Det er ein del av haustferien, men dei kjem att mandags kvelden.
I dag kom Amanda også hit, det var ei stund sidan sist eg såg henne, så det var kjekt. Vi "jentene fekk god til til å prate for gutane spela til siste slutt, dvs. kl. 21.
I morgon kjem Solveig innover, ho og eg skal shoppe- litt av kvart kan eg tenkje meg.
No skulle eg ha sett TV-eg synest det er interessant å følgje med på "Debatten".

onsdag, oktober 03, 2018

Dagbok 2018: 3.oktober


Klokka er 19.30, temperaturen er + 5 grader og også i dag har vi hatt regnbyger så det held. Eg prøver å trøste meg sjølv med at det blir lite snømoking til vinteren når vi får så mykje nedbør no.
 No er eg nyss heimkomen frå eldrefesten på kulturhuset. I dag hadde eg ikkje ansvar for noko. Ikkje var eg ned og dekka på borda ein gong, og leiar i eldrerådet sa at eg skulle sleppe å skrive, for dei var der frå Møre-Nytt. 
Så eg sette meg langt bak og slappa av. Nabo Solveig køyrde Marit og meg ned,  og så tigga eg oss skyss heim att med ei som sat ved samme bordet som oss. Det var mykje program, mellom anna eit kjempeartig kåseri. I matpausen snakka eg litt med Eli, som fortalde at der ikkje var nokon frå avisa- . Eg sa som sant var at eg er i alle fall ikkje i stand til å skrive noko referat, eg sat ikkje slik til at eg høyrde alt, og hadde ikkje notert noko. No får einkvan annan ev. ta ansvaret.Vi fekk så mykje vi ville av smørbrød, kaker og kaffi.
Føremiddagen gjekk med til diverse huslege syslar, hårfarging og fyring i omnen. Her heime har eg det varmt og godt no når eg bestemmer temperaturen sjølv, men kledde meg godt sidan det ofte er kjølig på kulturhuset - og det var det verkeleg i dag. Eg fraus som ei bikkje i ulltrøye, genser , jakke og sjal.
Det var loddsal og eg vann to gonger, først ein liten ildtopp og så ei stor korg med lyng, som eg gav bort. Eg har to lyngplantar på trappa og ein lyng på grava, så eg trong ikkje meir.
I morgon ventar eg middagsgjestar, kanskje to, kanskje fire og så kjem Solveig innover på fredag, så dette er ei sosial veke. Snikkaren dukkar vel ikkje opp att før det blir opplett og fint vêr.

Dagbok 2019: 11.desember

Klokka er no 17.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar litt. Det er ein del is på tunet, men vegane er nesten berre når ein kjem ut av...