søndag, oktober 14, 2018

Dagbok 2018: 14.oktober, første vinterdag.

Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag.
Sundagane har eg sjeldan avtale med nokon, og ikkje kan eg gruffe på ute. Derfor blir det ofte til at eg gjer litt husarbeid den dagen.
I dag var det ein ypparleg dag for innearbeid, men no er eg rett og slett litt sliten-kjenner at eg ikkje er så sprek som før.
Det første eg gjorde var å bytte på senga og sette på vaskemaskina. Så støvsuga eg og tørka støv på stova, ommøblerte litt også, dvs. bytta om på dei to sofaene. Alt tek si tid. Støvsuga resten av teppegolva også og innimellom var eg inn på datamaskina for å gjere eitt eller anna. Så kom eg så langt at eg kunne ete middag og varma opp suppe frå i går. Restane hadde eg i beger og fraus i porsjonar. Vaska opp litt diverse etc. 
Så skulle eg ned i kjellaren og hente opp kleda frå tørketrommelen. I forgårs merka eg at leidningen til kjøleskapet i kjellaren var ute. Eg sette den i att og sjekka at der ikkje var noko i kjøleskapet som kunne vere øydelagt. Det var nesten tomt - og ingen ting som hadde tatt skade. Men så slo tanken ned i meg som eit lyn i dag: Der er ein frysedel nedst i kjøleskapet, og der er det diverse mat lagra !
Mugglukta slo imot meg då eg opna nedste døra, og så var det berre å fylle opp ein stor bosspose, vaske skuffene etc. No sørger eg ikkje så fælt over det eg måtte kaste det skulle sikkert ha vore kasta for lenge sidan, men eg innser at eg har for mange frysarar, kjøleskap og liknande å halde greie på. Skapet i kjellaren har eg stort sett brukt til hamstring, særleg då eg fekk handle sjeldan ville eg gjerne ha ein buffer. Men når ein er åleine treng ein ikkje store matlager, butikken er nær, og skal eg ha middagsgjestar veit eg om det på førehand. Når ein har to kjøleskap med frysedel, ein fryseboks på 400 liter+ eit fryseskap-då er det NOK ! Og i tillegg har vi ein fryseboks til fisk og agn i garasjen. Etter at eg var ferdig å rydde i kjellaren, og hadde lagt opp klesvasken, sa eg til meg sjølv:" No fortener du ein klatt is attåt kaffien din!"-og det fekk eg.
No skal eg sette meg inn i godstolen og strikke lestar -og  om ei stund blir det TV-dagane går som ein røyk! Ser at lauvet på epletreet er blitt gult dei to siste dagane. Når alt lauvet har falle av, skal eg beskjere treet.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...