fredag, juli 31, 2020

Dagbok- 2020: 31.juli

Middag i dag (og i går)


Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 22 grader C. Det var litt skodde i dag morgon, men den forsvann etter kvart og sola kom fram.
Det er ein jobb eg alltid gruar meg litt til, og det er å køyre på VØR med hageavfall. Eg forstår ikkje kvifor eg kvider mot det, for det er no verdens enklaste jobb.
Eg fekk inn i bagasjerommet nokre sekker med gammalt gras, og eit par sekkar med reinslegare planterestar i baksetet. Nokre av dei eldste grassekkane  tømte eg i komposten min, så no er alt graset plassert.
Eg måtte sette bilen på lufting då eg kom heim, og hendene mine måtte både vaskast og spritast fleire gonger før lukta vart borte - og det enda eg hadde brukt hanskar.
Eg var i tvil om eg skulle klippe plen i dag og tilfelle kor mykje. Eg diskuterte med meg sjølv og vart einig om å klippe rundt huset; Skråninga skal få vente til etter helga, det er både kort og langt gras der.
Eg klipte rundt huset og hadde graset i komposten i dag, i staden for å fylle i sekkar. Klipte kantar her og der så lenge det var straum på batteriet.
Eføyen er eg bort og ruskar i rett som det er, men eg er litt skeptisk-eg trur der kan vere eit kvepsebol i nærleiken-det summar i alle fall inni der. Det er ikkje så farleg om slikt boss blir ståande for det luktar ikkje, så eg kan klippe langs med.
Då det leid litt på dag, laga eg meg "middag"- det vart salat i dag også. Det er gjerne slik at når eg lagar noko eller kjøper inn , så må eg ete det samme i 2 dagar. Så no har det vore vegetarkost både  i går og i dag. Det er ikkje meg imot.
Men i morgon blir det andre bollar, for då skall Margrete og Amanda hente meg og så skal vi til Volda og ete sushi! Det kan hende Eirik også blir med viss vi ventar til han er ferdig på jobb. Eg får nesten ikkje tid å sakne Marit når der er andre som dukkar opp og held meg med selskap.
Etter at eg hadde ete la eg meg ut på solsenga med ei ny bok av det lette slaget. Men det varte ikkje lenge før einkvan drog eit ullteppe over himmelen -og sola forsvann. Det er ikkje så gale no, men det er ikkje sol akkurat.
Etter at eg hadde kokt meg  kaffi gjekk eg ut og reinska litt ugras. I dag fann eg ikkje nok gode bringebær til dessert, i staden åt eg litt rips og stikkelsbær rett frå trea.No skulle Vebjørn ha vore her!


Utsikt frå solsenga.



Bok nr.40 - 2020: Veien fra Italia


For ei stund sidan las eg mange bøker av Anna Grue, det var krimromanar med ein viss underhaldningsverdi. Men forfattaren har skrive andre bøker også, og då eg fann denne på Storytel begynte eg å lese. Boka er så lettlesen og enkel at den passa meg bra å lese på senga -og solsenga. Elles vil eg plassere den i kategorien "Damebøker"- slike som eg vanlegvis prøver å unngå. Her er det mykje "prat" om vasking, matlaging, barnestell etc.
Kort fortalt handlar det om ei kvinne som reiser frå Italia til Danmark med eit lite barn. Det er tydeleg at ho rømmer frå noko i heimlandet-men kva? Det får vi vite på slutten av boka. Grei underhaldning, men ikkje noko meir. Det er mi meining.

torsdag, juli 30, 2020

Dagbok 2020: 30. juli


Klokka er no 18.40, temperaturen er + 21 grader C og sola skin. Det var litt uventa for meg at det skulle bli så fint vêr i dag, så eg hadde ikkje fått planlagt noko, verken arbeid eller anna. Men eg skulle i alle fall på trening, og etter treninga hadde eg eit ærend på Alti. Då eg kom heim laga eg meg middag. Det vart salat til forrett og bringebær til dessert.
Men så fekk eg eit problem, eg hadde ikkje lyst å gjere nokon ting, verken ute eller inne. Eg kunne ha køyrt på VØR med hageavfall, eg kunne ha rive ned meir eføy etc. Men ingen ting frista, så eg la meg på solsenga med Storytel i staden.
Naboen sin plen er mykje finare enn min, han har klipt i dag, men han klipper ikkje så kort. Han kjøpte ny klippar førre veke, så no er vi tre på rad med nye klipparar i år.
Eg veit ikkje kvifor eg vart så trøtt og giddalaus i dag, men eg håper det skal gå over. No har eg i alle fall laga meg kaffi -så kanskje den kvikkar meg opp litt.
Marit reiste i dag tidleg, men kjem att mandags kvelden. No er det snart nyheiter og der må eg følgje med. Det var ikkje så mykje å skrive om i dag.

onsdag, juli 29, 2020

Dagbok 2020: 29.juli - Olsok


Klokka er 18.00, temperaturen er + 16 grader C ,og i dag har vi hatt meir og mindre regn heile dagen. Derfor får de berre eit bilde som eg har tatt på trappa, fordi eg ikkje gadd å gå ut i regnet.
Eg var litt optimistisk  då eg stod opp i dag og såg at det var vått ute, eg tenkte at det kom til å lette opp. Så eg heiv ut teppa på soverommet og planla å bytte på senga og vaske golvet. Ja, det blei no gjort, men eg måtte redde golvteppa og få dei under tak då regnet kom. Så sette eg på vaskemaskina.

I dag tenkte eg å halde fram med å få vekk noko av eføyen , eg begynte ute og klipte vekk det som var for mykje, men då det vart meir og meir regn gjekk eg inn i tilbygget og klipte det som hadde vakse inn der, og det var ikkje lite. Eg måtte ta gardintrappa i bruk for å nå opp. Eg er på langt nær ferdig med eføyen, men eg fekk no fylt eit par sekker i dag også, og litt ryddingare vart der i tilbygget. Men skikkeleg ryddig blir det ikkje utan at eg blir kvitt noko av det som er der. Eg har til dømes ei lengd med hønsenetting, som var brukt til sukkererter før, har også noko som er grønt og fint som vi hadde på garasjeveggen til støtte for blomkarsen som ville klatre. Og så har eg den førre plenklipparen som eg ikkje brukar meir. Viss ingen i slekta vil ha noko av dette, må eg annonsere på FB. I og med at eg forenklar hagebruket mitt , blir det ein del overflødige ting.
Elles prøvde eg å installere ein annan høgtalar på PC-en, utan at eg fekk lyd i den heller. Eg er redd for at PC-en snart syng på siste verset; eg har no ein nesten ubrukt laptop, men eg likar storemaskina best.
Eg plukka meg ei skål med bringebær i dag også, men eg er ikkje imponert over kvaliteten. Solbæra held på å bli modne, dei ser fine ut, men er ikkje så store. Eg kjøpte buska på Hildenes for to år sidan-det var tilbud om hausten, så det er første året eg få litt avling på den. Ripsen raudnar dag for dag, men om den blir plukka er ei anna sak- men om veret blir bra, kan det hende.
I dag fekk eg brev frå HELFO om at eg no får frikort på fysioterapi. Men eg får bruke det berre i to timar førebels, den eg hadde i går og den timen eg skal ha i morgon. For i morgon er siste dagen før fysioterapeuten gå av med pensjon. Så spørs det om nokon kjem til å overta. Marit reiser i morgon så då skal eg fare åleine på trening 11-12.
I dag er det Olsok. Dagen er til minne om Heilag Olav og slaget på Stiklestad. Før i tida vart dagen feira om lag som Jonsok, med bålbrenning. Eg har vore med på det ein gong.

tirsdag, juli 28, 2020

Dagbok 2020: 28.juli









Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 23,5 grader C. Det er nydelig vêr, lettskya og sol av og til. Temperaturen er berre deilig.
Det vart ein litt forunderleg dag. Eg var oppe i skikkeleg tid og reiste på trening i Marit sin bil til klokka 11. Eg skal trene på torsdag også, men då reiser Marit nedover til dottera. Etter trening fylte Marit bensin, men så køyrde vi heim. Det vart ei god pratestund i bilen i dag også- heilt til Margrete kom. I går sende eg henne ei melding og inviterte henne på sushi i Volda i dag. Det passa bra for ho skulle hit og kjøpe eit badekar.
Vi vart sittande lenge å prate her hos meg, vi har ikkje vore så mykje i lag i sommar så vi hadde mykje å ta att. Ut på ettermiddagen tok vi turen til Volda og kaféen der. Der var det ein plakat der det stod: Stengt i dag.
Vi tok ein sving bort til Kinarestauranten- der hadde dei ferie. Neste stopp var Marias, og der var det liv. Vi bestilte vi kebabrullar med chips. Eg trur det er den største porsjonen eg har ete på kafé nokon gong. Det heldt hardt men eg fekk i meg det meste. Til dessert kjøpte vi cappuccino.
Det var meininga at eg skulle spandere, men Margrete var snar å betale. Så no må vi finne ein sushi-dag - såpass eg kan få gjort opp for meg. Eg kom heim så eg fekk med meg dagsnytt, men eg er framleis overmett og lurer på om eg må slakke ut beltet eit hakk. Trur vi må vente litt med den sushien i alle fall. Akkurat no frister den ikkje. Eg har ikkje vore ute i hagen i dag, men no skal eg ta meg ein tur og sjå å finne noko å ta bilde av.
Der er ein del plommer på trea.

Må snart ein tur på VØR

mandag, juli 27, 2020

Dagbok 2020: 27.juli

Klokka er 18.40, temperaturen ute er + 21 grader C, det er mildt og fint, men det kjem nokre regndropar innimellom. Sist natt hadde det også regna.
Eg hadde ikkje planane klar for dagen i dag, så alt har gått litt på halv 8.
Eg har sjølvsagt drive med ein del hagearbeid. Eg klipte heilt ned New Dawn-rosa for å gi plass til klematisane som skal blomstre no snart. Det vart ein heil sekk med kvist og kvas. Før brukte eg å male opp det meste på kompostkverna, men no når eg ikkje komposterer lenger, leverer eg greinene heile.
Så gjekk eg løs på eføyen, den er litt av eit ugras. Etter at eg reiv vekk det meste for nokre år sidan har den vokse opp enda tjukkare og frodigare enn nokon gong. Eg fekk ikkje gjort så mykje i dag, for eg fekk eit voldsomt allergiutbrot, eg fekk ikkje gjort anna enn å snyte meg. Men då hadde eg i alle fall 2 fulle sekker med eføy-der er det firdoble att. Det spørs om eg ikkje må på VØR snart, for no har eg eit lager på minst 10 sekker hageavfall. Sist eg tømte sekker var då Rasmus var her. Kan hende eg fer bort i morgon for då er der lenge ope.
Eg trur vi skal på trening i morgon, men då er det siste gongen.
Då eg hadde ete "middag" lurte eg på å ta ein tur på Vernet, men ombestemte meg. Eg tok ein tur på Alti i staden. Der kjøpte eg ei "mus" til å ha på laptopen - det var på Clas. Så kjøpte eg kalktablettar og vitaminar på Apoteket og litt mat på Bunnpris. På heimvegen svinga eg bort til gravplassen, eg tok bort dei visne rosene, men der var mange friske att.
No rekk eg akkurat Dagsnytt - men det er vel berre elendigheit i dag også.

søndag, juli 26, 2020

Dagbok 2020: 26.juli


Klokka er ca.18.30, temperaturen ute er + 19 grader C og det regnar, fint og mildt sommarregn - alt går an berre det ikkje blir kaldt. I dag var eg spent på om det regna då eg stod opp, det gjorde det ikkje, det var fint og litt sol. Eg hadde tenkt å ta att litt husarbeid i dag, og det gjorde eg; eg fekk shina og vaska bad og kjøkken og vaska klede langsmed. Etterpå var eg ute og snakka med naboar, og Marit kom med mobilen sin og ringde til min bortkomne Doro, og der låg han under nokre greiner attmed muren. Det var godt å sjå den att. Der var eit ubesvart anrop frå Lise, så eg ringde til henne. Då fekk eg mellom anna vite at dei var blitt oldeforeldre til ein liten gut som skal heite Erik.
I dag fekk eg brått lyst på risgraut, så eg kokte ein liten slank såpass eg slepp restar.
Ei stund etterpå kom Marit ned og vi drakk kaffi og åt is, som vanleg.


Eg fann ut at eg måtte gå ein tur på Vernet såpass eg fekk litt mosjon, då var det alt begynt å regne litt. På vegen opp til Vernet trefte eg ei anna dame som var på trimtur. Ho var veldig pratsom og eg måtte gå gjennom eit 3.grads forhør: Kva heitte eg, kvar budde eg, kven budde eg i lag med, kor gammal var eg, kor mange barn, barnebarn etc. etc. Ho var frå Bhutan og det er ikkje så ofte eg snakkar med folk derifrå. Det var ikkje så mykje eg fekk spurt henne om heller. Men rett skal vere rett-ho var flink å intervjue meg, når eg tenkjer på kor langt borte ho kjem frå. Men det blei litt travelt for meg, så eg skulda på at eg vart så varm at eg måtte sette meg på benken og kvile. Og heldigvis gjekk ho vidare. Skal tru om ho hugsar all informasjonen ho fekk?
Det lakkar og lir med juli månad, og snart er det skulestart igjen. Men ikkje for meg- heldigvis. Sommartida går fort men andre årstider har også ein sjarm-berre vi slepp snø.

lørdag, juli 25, 2020

Dagbok 2020: 25.juli





Klokka er 18.45, temperaturen ute er + 20 grader, og ein liten bris. Det er heilt nydeleg ute.
Eg har vore ute nesten heile dagen, men eg har ikkje gjort så mykje. Først på dagen prøvde eg å fikse litt på plenklippinga, med kantklippar og plenklippar, så det vart litt betre. Eg batt opp eit par tre etc. men greidde å kaste vekk den gamle mobilen, og har ikkje funne den att enno. Eg var ikkje så veldig arbeidsvilleg  i dag, hadde litt vondt både her og der etter sjauen i går. Så eg plukka meg ei skål bringebær som eg åt til lunsj.
Så la eg meg på solsenga og las Storytel-bok til det blei på tide å ete middag. Etterpå var eg ute i hagen ei stund før eg gjekk opp til Marit som er heime åleine i helga; det er så fint å sitte på uteplassen hennar. Eg fekk kaffi og rundstykke med henne. No er eg nettopp komen ned att, prøver å få med Dagsnytt-så eg veit kva som skjer i verda- og om vi verkeleg skal få regn i morgon. Eg har ikkje handla mat eller liknande til helga, men har no kaffi og litt anna om nokon skulle slenge innom. No må eg ut å rydde vekk madrasser etc. frå altanen.

fredag, juli 24, 2020

Dagbok 2020: 24.juli






Klokka er 18.15, og ein nydelig dag er til ende; sola skin framleis og det er +20 C grader på trappa.
I dag har eg gjort ein ting, eg har klipt plen! Dvs. eg felte av ein lest før eg gjekk ut, og då eg kom ut var det framleis mykje dogg i graset, så eg gjorde litt anna hagearbeid først.
I dag var det litt av ein jobb å klippe, for det var så mykje gras, så eg måtte tømme ofte. Det var særleg nede i Skråninga det var tungt. Men eg kom i mål! Dvs. det står att litt finpuss, som eg har utsett til i morgon, kantklipping etc.
Har no snakka litt med diverse naboar langsmed -eg er no ikkje heiltopphengd i plenklipping. Tok ein liten pause midt på dag og åt bringebær med sukker og fløte til.
Slutta av ein gong mellom 4 og 5, då fekk eg dusja og ete litt skikkeleg mat. Etterpå fekk eg telefon frå ei venninne så vi fekk oss ein prat. For morgondagen har eg ikkje så store planar, men eg kjem til å vere mest muleg ute, sidan det visstnok skal kome regn på sundag.
Då vil eg ønske alle ei god helg-uansett vêr.

torsdag, juli 23, 2020

Dagbok 2020: 23.juli 1.hundedag.


Eg har problem med  PC-en og prøver no å skrive på laptopen.

Det har vore ein nydeleg dag, no er klokka 18.40 og temperaturen er 18 grader C.
Eg har vore med Solveig og Øystein på tur til Nordfjord.
Vi køyrde Kviven, beine vegen til Olden, der vi var oppom Singertunet, før vi køyrde eit stykke opp i Oldedalen.
Så køyrde vi til Utvik der vi snudde og for tilbake til Innvik der vi såg oss om, blant anna var Solveig interessert i å sjå att Geilemyra, der vi var somme tider då ungane var små. Elles var vi på SKOGSTAD og handla, og så åt vi middag på samme kafeen som vi besøkte i fjor i påska, men då var ikkje Solveig og Øystein med.
Kaffi kjøpte vi oss i Stryn der vi fekk sitte ute på den kafeen som eg har vore på mange gonger-men då inne.Det var fint å sitte i sola. 
No truar maskina med å slå seg av fordi batteriet er tomt, men eg har no el-leidningen i. Eg skal skrive meir og legge inn bilde, viss eg får maskinene mine opp og stå.
Eg vil takke Solveig og Øystein for ein fin og minnerik dag.


Singerheimen


Oldedalen.

Geilemyra







onsdag, juli 22, 2020

Dagbok 2020: 22.juli

Klokka er 17.15, temperaturen ute er + 12 grader og det har silregna i heile dag.
No ser det litt lysare ut og det er meldt bra ver i morgon. Regnet er ikkje det verste, men det at det er så kaldt, eg har frose i heile dag enda varmepumpa er på heile tida.
Marit og eg hadde planlagt å fare i Furene og handle i dag, ho skulle køyre. Vi vart litt forsinka så eg fekk lese heile avisa før vi for, avisa kom i går men eg hadde gløymt å ta den inn.
Eg stod på spranget og skulle fare ut, då eg ombestemte meg med omsyn til klede. Eg bytte fort om til strikkagenser og regnjakke-genseren har eg på meg enno og har knapt fått varmen i meg.
Vi var først på plantasjen. Eg hadde tenkt å finne meg noko å plante ute, men alt var så vått og ekkelt at eg ikkje kunne tenke på å plante i dag, så det vart ikkje til at eg kjøpte noko.
Eg handla mat både mandag og tysdag, så det vart ikkje så mykje å handle på Coop heller, men eg hamstra no inn litt i dag også. Men det er no begrensa kva eg kan konsummere åleine. Det einaste eg manglar er fyrstikker, og det gløymer eg kvar dag. Uansett så hadde vi ein kjekk tur, og så sat vi og prata i bilen etter at vi kom heim, som vanleg.
Då nærma det seg tida då eg et middag, og sidan det var meir salat igjen, blei det salat med fetaost i dag, med litt brød til.
Eg sette meg inn til datamaskina og skulle legge kabal og høyre lydbok. Men no har eg begynt på fleire bøker utan at nokon av dei har fenga meg, i dag sat eg berre og nikka med hovudet og ville sove. Så eg la meg på senga, men sovna ikkje der heller.
Det vart å sette seg inn i stova og strikke, såpass eg skal få varmen i meg. Kan ikkje tru at eg har frose så gale i juli månad før.
I dag er det minnedagen for Utøya og det som skjedde der og i regjeringskvartalet for 9 år sidan. Det var sikkert minnemarkering i parken her også, men truleg tidleg på dag.
I morgon er det den 23. juli og første hundedag. Hundedagane varer til 23.-24.august. I gamle dagar trudde dei at varmen kunne gjere hundane galne. Namnet kjem frå grekarane si tru på at Sirius (Hundestjerna) var orsaka til varmen. Her i Norge meinte ein at om hundedagane gjekk inn med godt ver, så skulle dei slutte med dårleg vêr, og omvendt.(Såpass kunne eg også ha spådd) På kysten venta dei vindstille denne tida. Ein burde ikkje bade i hundedagane og ikkje late seg årelate. Då kunne ein bli "tungsindig."
På første hundedag skal eg få vere med Solveig og Øystein på tur til indre Nordfjord. Eg skal visst vere ein slags gaid. Eg hugsar at Nils og eg hadde turar til Innvik med mamma, så lenge ho orka det. Då kom ho i hug mykje frå fortida som ho fortalde oss. Det er ikkje meir enn vel 1 år sidan eg var innover i lag med Margrete og barna hennar+ Bodil og Svein. Då hadde vi to bilar. Det er meldt bra vêr i morgon så eg håper vi får ein fin tur. Det har begynt å lysne ute no, og eg trur det har slutta å regne. Kanskje eg kan få plukke litt bringebær i dag også? (Eg et dei opp etter kvart.)

tirsdag, juli 21, 2020

Dagbok 2020: 21.juli


Klokka er no 17.25 og temperaturen ute er 14 grader C. Akkurat no er det opplett, men det har regna mykje i dag, så no trur eg at både gras og blomster har fått nok. No skulle eg gjerne hatt ein porsjon med sol og varme igjen
I dag var eg relativt bra i hendene då eg stod opp, for eg hadde medisinert meg i går; tok tablett i dag også, så eg var bra i form då vi for på trening i dag .I dag var det min tur å køyre. No er det berre to treningar til før fysioterapeuten pensjonerer seg. Etter at vi hadde trena , handla vi på Spar. Det var ikkje så mykje eg trong i dag. Vi sit alltid og pratar i bilen når vi kjem heim, og i dag vart det ei bra stund, for vi trudde kanskje det vart slutt på regnbya, det blei det ikkje.
Sidan eg hadde ein avtale med Margrete, bytte eg om til sivilt antrekk etter at eg var komen inn. Ingeborg ringde frå Volda. Dei kom og henta meg, Ingeborg og Margrete + dei to "sambuarane" til Ingeborg. Vi køyrde til Vik og gjekk på "Fru Svendsen" som dei hadde sett på TV. Menyen for dei fleste vart Pærekake med ulik drikke til. Vi sat der og prata ei god stund; det var veldig mykje folk på kafeen i dag, kanskje på grunn av vêret.
Etterpå var vi og såg på Ivar Aasen - statuen og på minnesmerket for 22.juli i Laguneparken. Vi lest som om vi var turistar i eiga bygd. Dei køyrde meg heim att, før dei skulle på Plantasjen. Margrete kjøper rosebuskar og plantar i hagen sin kvart år den 22.juli. Eg har også lyst å plante noko-men har eg plass?
Til middag i dag blei det salat med ost og skinke, kjøpt ferdigpakka med Thousand Island- dressing til. Desserten hadde eg i grunnen ete på kafé, men eg hadde plass til litt bringebær også
Dagen i dag har gått veldig fort, slik alle kjekke dagar gjer. Kjekt å treffe Ingeborg igjen, og kjekt å treffe veninnene hennar, den eine har vore her før.
Eg må berre takke for at eg fekk vere med ungdommen til spøkelseskafeen.

mandag, juli 20, 2020

Dagbok 2020: 20.juli

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 16 grader C og no er det lettskya og nokså fint ute. Eg har nyss reist meg opp frå dagsenga mi, der eg har lege og lese ferdig ei bok.  Eigentleg las eg den ferdig i går, men oppdaga at eg hadde fått med første og siste delen av boka, men ikkje det som var i mellom. Ein kan bli litt lurt når ein les Storytel.
Eg får ikkje til å legge ut bilde av  boka og heller ikkje omtale, men eg kan seie at boka var nokså middels. Det kan sjå ut som om eg ikkje har lese noko i seinare tid,  eg les vanlegvis kvar dag, men det kan vere korte tekstar, noveller etc. og dei blir ikkje lagt ut på bloggen. Nok om det.






Det er i grunnen potetblomstrane som er finast akkurat no.




Dagen i dag starta som vanleg med hovne og vonde hender, så eg tok ein betennelsehemmande tablett og sat ei stund ved PC-en og trimma fingrane. No er eg ganske bra-men ikkje heilt topp.
Eg fann ut at eg kunne støvsuge teppegolva utan at det vart for vondt, så det vart gjort, og det er om lag det einaste eg har gjort i dag.
Eg gjekk ned og plukka bringebær då det leid litt på dag, der var mykje bær, men dei er sure og ikkje så velsmakande som dei skal vere. Dei trong med andre ord litt sukker og fløte. Og fløte hadde eg ikkje i hus. Dermed tok eg bilen og så vart det ein tur på butikken etter fløte og diverse anna. Middagen i dag vart salat med fetaost i olje + loff-  dessert: bringebær.
Etter at eg hadde ete la eg meg på dagsenga og las ferdig boka mi. Det er så godt for ryggen å legge seg heilt flat ut. Eg ser ikkje bort frå at eg kan ha falle ut av og til, men ikkje så mykje at det plagar meg. Eg føler meg litt unyttig i verda når eg er så lat. Det er for vått i graset til å klippe plen, og i morgon skal eg på trening igjen. Det er ikkje så mange gonger  att no, før fysioterapeuten går ut i pensjon. Kva som då skjer, veit vi ikkje enno.
Eg hadde så smått tenkt meg ein tur på Vernet, men så ser eg at klokka går mot 19-og då må eg få med meg nyheitene.

Bok nr.39 2020: Ut av det blå





En far og to sønner blir tatt av et leirskred og skylt på havet i en liten bygd i Nordland. Sønnene flyter døde i land, men faren blir aldri funnet. Tilbake sitter ti år gamle Elin og moren hennes. Som voksen kommer Elin tilbake til hjembygda for å selge barndomshjemmet og rydde opp i alt familien eide. Snart går det opp for henne at sider ved foreldrenes liv har vært skjult for henne. "Ut av det blå" handler om hvilke fortellinger vi lager om oss selv - det vi dekker til, og det vi velger å vise frem. Og hvor langt vi er villige til å gå for å beskytte dem vi elsker. «Et gripende og originalt foreldreportrett. En mørk og klok roman man har lyst til å være lenge i.» VG, terningkast 5.


søndag, juli 19, 2020

Dagbok 2020: 19.juli





Den første(?) som bar dåpskjolen var far til Øystein, sidan har den vore i familien, blant andre har alle fire barna til Solveig og Øystein bore den. Ein kunne ikkje tru at den var så gammal, fin og kvit som den var.  




Klokka er no 18.40, temperaturen er + 15 grader, det er overskya og litt regn.
Eg kom nettopp heim frå dåpsfest på Hareid, Karina, mor til Birte, henta meg og køyrde meg heim att.
Det vart ein kjekk dag med mykje prat, mykje folk og mykje mat.
Vi møtte opp i kyrkja til klokka 13, det var berre dåpsgjestane som var der, men det vart både song og anna, men ikkje preike. Det vart tatt mange bilde og sikker mange betre enn mine.
Håkon bar sjølv guten sin til dåpen, begge brørne var fadrar, Audun i full krigsuniform(militærpoliti), dei kvinnelege fadrane var Birte og ei av kusinene hennar.
Etter at vi hadde vore i kyrkja var vi heime hos Solveig og Øystein, der fekk vi kjøttsuppe med ein kaffikopp etterpå. Litt seinare vart det meir kaffi og mange gode kaker. Litt spesielt var det vel at 3 oldeforeldre, inklusive meg, var med på festen. Alle fire besteforeldra var der + diverse andre. Dåpsbarnet oppførte seg fint, han fekk mat og han sov innimellom.
Takk til Solveig og Øystein som stilte opp enda ein gong og laga til familieselskap. Dei har heldigvis god plass i huset sitt.





lørdag, juli 18, 2020

Dagbok 2020: 18.juli

Klokka er no 17.38, temperaturen ute er + 21 grader, det har vore nokre regnbyger i dag, men for det meste har det vore ganske fint vêr. Eg har vore ute og plukka litt bær, elles har eg halde meg inne. Eg har vaska bad og kjøkken til helga, elles har eg ikke gjort så mykje. Eg har verkt i hendene i dag, så eg har ikkje vore så mykje tess. Har strikka ein del i det siste, for eg trudde det var bra for fingrane å få litt bevegelse -men det var visst ikkje det. Derfor har eg gått litt på tomgang, men Marit kom ned ein tur og drakk kaffi med meg og prata. Det var sjølvsagt kjekt, same kor mykje vi er i lag så har vi mykje å snakke om. Og dersom ei av oss kjem med ei gammal historie, så er det ikkje sikkert at den andre merkar det. Til "middag" i dag vart det brødskive med egg og sild, og no skal eg snart ut og plukke meg litt dessert.

I dag pyntar eg bloggen min med roser og potteplantar. No er eg ikkje så opptatt av potteplantar om sommaren, men eg gleder meg alltid over plantar som trivst.
I morgon kjem mor til Birte og hentar meg kl.12, då skal vi i barnedåp. Ingeborg og to venninner er komne frå Oslo i dag, dei er hos Margrete, så der blir det folksomt nokre dagar.

Dette er den nyaste potteplanten min- fekk den av Solveig.

 

Eg gløymde å skrive "God helg" i går, så får eg gjere det i dag med tilbakeverkande kraft.

fredag, juli 17, 2020

Dagbok 2020: 17.juli.


Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 15 grader C, og det har regna heile føremiddagen, men det letta idet eg skulle ete middag, såpass eg fekk gå ut og plukke dessert i dag også. Den bringebæråkeren min er meir som eit moras. Eg skulle ha retta den opp meir i fjor haust, men det vart aldri vêr til det. Dei med falkeblikk kan kanskje sjå bringebæra?
I dag har det vore ein litt irriterande dag fordi eg har bala med datamaskinene mine. Eg har lagt merke til at e-posten har vore borte frå "Storemaskina", så derfor tenkte eg at eg måtte sette på laptopen og få inn posten der. Det vart gjort etter diverse prøve/feilingar. Saka var at dei ikkje ville godkjenne passordet, men eg fekk det til -til slutt. Så skulle eg inn på FB -men der kjende eg meg ikkje att, så eg måtte registrere meg på nytt, dvs. ny konto. Så no har eg vel ein konto her og ein der. Det er berre rot med meg, skulle hatt ein som kunne fikse og ordne opp i alt-eg har ein tendens til å rote det meir til.
Skulle gjerne visst om printeren er gåen, eller om den kan gjenopplivast. Ja, dette blir no berre syting, men dei fleste har vel ei aning om at datatrøbbel tek tid. Altså har eg fått lite og ingenting gjort i dag. Jau, eg har no tørka litt støv, vatna blomster etc. og så har eg fått farga håret mitt, så det er gjort til helga. Sundag er det barnedåp på Hareid, så då må oldemora stille opp-med nyfarga hår.
No ser det ut til å lette opp, så eg tek meg kanskje ein tur på vernet. Og så skulle eg stryke nokre klede, tenkte eg. Det som er positivt eg at eg løyste sudokuen til slutt.


Det vart ein liten tur på Vernet i dag også, det var mykje vatn i elva i dag. Og hesten beiter der hestane har beita før også. Der hesten går, plukka Einar, Audun og eg blåbær ein gong for lenge sidan. Såg nokre blåbær på lyngen , men dei var ørsmå.


torsdag, juli 16, 2020

Dagbok 2020: 16.juli


Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 24 grader, det har vore ein god del sol, og varmt, men no har det skya over.
I dag har eg ikkje gjort noko nyttig verken ute eller inne, så eg har vel helst hatt ein fridag. Vi var på trening 11-12, etterpå var vi på ALTI. Eg skulle mellom anna få nytt batteri i klokka mi, men eg fekk den ikkje att med det samme, så eg nåtte komme ned att seinare. Dermed for vi heim.  Etter ei høveleg kvilestund, skulle eg ta bilen min og fare ned at åleine, men handbremsa var så godt attdregen at eg trudde eg måtte hente Even, men så prøvde eg sjølv ein gong til og då løsna den. Eg handla på Spar før eg for på ALTI.
På Bjørklund var det  kome ei ung jente i tillegg til ho som var der før. Då ho høyrde namnet mitt spurde ho om eg kjende ei som heitte Olaug Orten Trovåg, og det kunne eg ikkje nekte på. Ho hadde spelt fotball i lag med Olaug i fleire år sa ho og eg måtte helse til henne. Då må eg få vite kva du heiter, sa eg, og ho sa namnet sitt. Eg veit ikkje om eg oppfatta det rett, men no er det i alle fall heilt vekke frå hukommelsen min. Viss eg kjem på det igjen skal eg varskue. Jenta var ganske stor og kraftig og ho snakka ikkje sunnmørsdialekt- trur eg.
Då eg kom heim att åt eg middag. I dag vart det spekemat og potetsalat, og desserten plukka eg sjølv, og åt den med sukker og fløte. Eg har ganske mykje bringebær, men eg synest ikkje dei er så gode som dei skulle vere. dei treng litt sukker og fløte- med andre ord. Etterpå la eg meg på solsenga med Storytel og låg der til det skya over. Eg har diverse eg skulle ha gjort i hagen, men eg trur ikkje det blir i dag - er redd det kjem og regnar.

onsdag, juli 15, 2020

Dagbok 2020: 15.juli



Klokka er 19.20, temperaturen ute er +20 grader, det har vore skya i dag også, men det er fint å vere ute og gjere noko.
Eg sette i gang med å rydde blomsterbed, klippe kantar etc. Det er litt kjedelig arbeid for det viser ikkje så mykje att - i forhold til å klippe plen. Og eg har kanskje litt for mykje å halde orden på. Eg styrte på ute til det vart tid å ete middag. Det vart ikkje slik som i går, då vart det for mykje av det gode. I dag vart det vanleg meny: brødskiver med salt pålegg. Men eg måtte legge meg strak ut på dagsenga etterpå for ryggen min er ikkje god når eg går og bøyer meg så mykje. Men etter ei stund i horisontalen var eg god som ny. Då tok eg på meg Hoka-skorne mine og gjekk ein tur på Vernet. Eg er ikkje like lett på foten kvar dag, men i dag var eg i god form.
Då eg kom heim såg eg at mobilen låg att, den skal eg liksom ha med meg når eg går nokon stad, og der var eit ubesvart anrop frå Solveig, så eg ringde til henne. Ho hadde ikkje ringt til meg i dag, men for to dagar sidan. Det vart no likevel til at vi prata ei stund. Elles så er det no sosialt her i gata i finevêret. Har snakka med mange av naboane i dag.
I morgon skal Marit og eg på trening igjen, og etterpå skal vi handle.
Det er tillaga mykje både bær og plommer i hagen, så får eg berre håpe at alt vert mode og godt på smak. Jordbær og bringebær et eg kvar dag, men eg synest ikkje dei har rette smaken.
Sundag blir det barnedåp på Hareid, eg skal sitte på utover med mora til Birte.

tirsdag, juli 14, 2020

Dagbok 2020: 14.juli.




Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 22 grader C og sola er framme av og til. På grunn av mykje roting i natt, eg vakna blant anna med vonde armar og hender, var eg seinare oppe enn vanleg. Men eg var relativt folk i gang med plenslått. I dag tok eg skråninga og der er det mykje å luke og rydde i tillegg til sjølve klippinga, men eg kom i mål og fekk klipt littoppe mot gata også.
I går kveld fekk eg velje meg ein fisk då gutane kom att frå sjøen, og valet fall på ei lita lange. Eg skar den opp og hadde den opp i eit "binne"(som Nils sa) salta den med rikeleg salt og sette den i kjøleskapet i kjellaren. Den skulle eg ha til middag i dag, eg var redd den var blitt veldig salt så eg sette den i rennande kaldevatn. Eg laga gulrotstuing og kokte poteter til. Det vart litt av ein middag ! Fisken var veldig god, men eg skulle hatt litt salt i kokevatnet for den var aldeles ikkje for salt. Eg trur knapt eg har ete slik mat etter at Nils slutta å koke. Det var alltid han som kokte fisk, eg fekk lov å steike. Men jammen vart det mykje rot og oppvask etter middag til EIN person. Det blir ikkje ofte eg gjer dette om att, så det var bra at eg åt så godt i dag. "Rusket" sette eg ut under trappa, der finn kattane det. Apropos kattar, Lollo var så kjælen då eg kom ut på trappa, ho for rundt føtene mine. Då såg eg at Marit sin bil var vekk. Eg hadde tilbod om å vere med, men eg var for mett. No køyrer vi begge, så vi treng ikkje alltid fare i lag, sjølv om det er kjekt. Eg har sett 2 episodar av "Mordene på hvite house farm" i dag, mens middagen kokte og  då eg skulle kvile etter måltidet. No må eg stramme meg opp og ta ein tøtrn i hagen, der er mykje som skulle ha vore gjort og i tillegg kan eg kose meg med jordbær og bringebær.


Dette er middagen min i dag. Rasmus skulle servere sau på porelen, skreiv han. Han og Wenche har bryllaupsdag i dag, eg meiner det er 20 år sidan dei gifta seg på Mauritius.
Vi gratulerer med dagen !
I dag er det også 116 år sidan mamma vart fødd, og eg meiner prinsesse Victoria vart fødd på denne datoen også. Eg hugsar den dagen, vi var i Sverige på ferie og der venta folket på den nye tronarvingen. Vi hadde ikkje tid å vente, for vi skulle til Eid og nå fram på mamma sin fødselsdag. Det gjorde vi- og i løpet av kvelden kom bodet frå Sverige om at dei hadde fått ei kronprinsesse.
No skal eg ta ut or oppvaskmaskina før eg tek ein tur ut.


mandag, juli 13, 2020

Dagbok 2020: 13.juli

Klokka er 16.45, temperaturen ute er + 16 grader C; det har vore opplett i dag, men no på ettermiddagen kom det nokre regndropar.
I dag har eg ikkje gjort mykje til gagns. Marit og eg skulle på trening klokka 11.00, og før den tid skulle eg blant anna vaske håret. Derfor var eg ikkje påkledd då fiskar nr. 1 kom. Men eg var no oppe i alle fall. Gutane hadde diverse å ordne før dei for på sjøen; trur dei egnde lina her. Dei for med berre ein bil, sjølvsagt, og eg kom ikkje på å seie at den andre bilen måtte flyttast viss eg skulle ut med min. Det gjorde ikkje så mykje, Marit køyrde til treninga; og dei ærenda eg hadde kunne vente til dei kom att og det vart bilfritt på tunet. Eg brukte ventetida til å ete og til å høyre Storytel. Ja, eg var no ute i hagen og smakte på både bringebær og jordbær. Det er laga til mykje bringebær, men åkeren er vanstelt og plantane deretter. Eg trur det var noko gale med hausten i fjor, for det var ikkje skikkeleg tillaga med strengar.
Då gutane kom att og for att med bilane, tok eg ein tur til Vik. Eg skulle kjøpe bensin til klipparen, og nåler til symaskina. Litt matvarer på Bunnpris i dag. Då eg skulle gå frå ALTI og opp i gata, stor der nokre unge menn og stoppa folk. Dei spurde meg om eg var frå Ørsta, blant anna. Dei hadde lov å ta bilde av alle som gjekk den vegen, viss personane var under 75 år. Og det var ikkje eg, eg var mykje over 80, sa eg, og då fekk eg gå i fred. Han som eg snakka med syntest eg såg yngre ut-eller heldt meg godt.
På strikkebutikken der eg kjøpte symaskin-nålene hadde dei fått inn noko nytt garn som likna på Regia, det var i så fine lyse fargar. Eg fall for den lysegrøne, som er veldig lik dei førre lestane eg strikka i Regia.  Det er vel fordi eg er i sommarmodus at eg vel slik. Eg held på med eit par grå lestar til meg sjølv.
På heimvegen stakk eg bortom gravplassen og såg til gravene, Nils og Robert sine. Rosa som eg hadde planta stod fin, Robert si grav var også fin, men der vil det snart vere behov for litt fornying. Når eg så til hans grav var det for å orientere Marit.
I dag har eg ikkje gjort noko fornuftig her heime, men eg håper å kunne slå plen i morgon. Naboen har slått sin.

søndag, juli 12, 2020

Dagbok 2020: 12.juli


Klokka er no 17.40, temperaturen er + 15 grader C -og no kom sola fram etter at det har regna heile dagen - til no.
I dag var eg litt lurare enn i går, i staden for å ergre meg over veret fann eg ut at det var godt arbeidsvêr -INNE. Eg shina opp kjøkken og bad- og fann ut at viss eg moppa over golva vart eg ferdig med "fredagsvasken"- så det gjorde eg.
Eg bytta på senga mi, og fann ut at somme dynetrekk trong ein reparasjon, og enten de trur det eller ei, så tok eg fram symaskina, det er mange år sidan den har vore framme. Idet eg tok den ut or skapet braut eg av nåla, og dei to reservenålene var ikkje brukande, så i morgon blir det å kjøpe nye.
Eg vart litt oppglødd i dag, for eg greidde å vri opp klutar etc. utan smerter i hendene. "Middagen" i dag vart skiver med egg og sild, og til dessert fekk eg siste stykket av gulrotkaka.
Marit og eg hadde tekt oss på gravplassen i dag, men slo det i frå oss då det vart så vått og kaldt, men vi kan kanskje ta det på heimvegen i morgon, for då skal vi på trening kl.11-12. Det blir siste treninga med Anne Elisabeth for ho skal bli pensjonist. Så spørs det om nokon tek over praksisen hennar. Dottera er fysioterapeut, ho også, og har jobba på same plassen som mora - og  faren, som slutta for nokre år sidan. Viss ho tek over kan vi kanskje halde fram på samme staden.
Etter middag vart eg sittande framfor TV og halvsove og fekk frosten i meg.
No skin sola så fint at eg vart freista til å gå på Vernet ein tur-men eg trur eg står imot.







lørdag, juli 11, 2020

Dagbok 2020: 11.juli

Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader og det regnar utan stans. Dette er ein slik dag som eg ikkje likar. Eg blir tiltakslaus og har ikkje lyst til noko. Dessutan har det vore sundag oppe i hovudet mitt, så det er ein god unnskyldning for ikkje å gjere noko. Det er ikkje ein gong fristande å gå på Vernet.
Eg stod opp i rimeleg tid, og etter frokost begynte eg å lage fiskekaker av den frosne seien eg tok opp i går. Det vart ingen success, rettnok vart kakene etande, men særleg gode var dei ikkje. Eg åt av dei til middag med poteter og råraspa gulrot til - og ned gjekk nokre av dei, resten har eg frose.- Eg kjem nok ikkje til å lage meir av denne sorten.
Ikkje berre var eg lat i dag -eg var trøtt også, så eg sette meg til å sjå ein serie på TV, trur eg sovna litt for eg vart litt kvikkare etterpå. Eg inviterte Marit på kaffi, og det var kjekt å ha litt selskap. Eigentleg hadde eg tenkt meg nedover og kjøpe bensin på kanna mi i dag, og kanskje handle litt, men dei planane vart fort lagt på hylla. Eg la opp eit strikketøy i går, så no har eg litt å henge fingrane borti, og eg trur det blir meir TV utover kvelden. Og i morgon vert det enda ein "søndag".




fredag, juli 10, 2020

Dagbok 2020: 10.juli


Klokka er no 19.50, temperaturen er + 13 grader og det kjem diverse regnbyger. Innimellom kan det vere fint, slik som på føremiddagen i dag. No høyrde eg på TV at ein som har spådd vêret rett hittil i år, seier at vi ikkje får meir fint vêr no før i august. Ja, for meg eg det heilt greitt, for eg har ferie i august også.
I dag køyrde Marit og vi var ein tur til Alti. Det var ikkje så mykje vi skulle ha, men handla litt på impuls. Eg kom heim att med litt strikkegarn , bil-sjampo og to svampar til å vaske bilen med. Har berre spyla den litt hittil, så det kan vere tid for eit vask.
Då eg kom heim fann eg ut at eg ville steike fisk til middag. Eg gjekk ned i kjellaren og skulle ta opp fisk, men så fann eg ut at eg ville sjå etter jordbær, og etter at eg hadde plukka det vesle som var, såg eg at eg burde klippe vekk dei visne blomstrane på peonen, då det var gjort såg eg at Gudmund var ute, så eg måtte spørje han om vi skulle gjødsle, så var det noko anna eg måtte gjere, og så kom Marit U og vi måtte snakkast litt- og slik gjekk eit par timar. Men eg tok opp fisk som eg tina i mikroen, kokte poteter ect. Då eg var klar til å ete min personlege seibiff-favoritt, ringde det på døra. Det var Margrete -så eg vart spesielt glad,  for det var lenge sidan eg hadde sett henne. Vi drakk kaffi og åt gulrotkake, men fisken tok eg att seinare.
Det var Margrete som kom med den fine blomsterkorga på bildet. Ho hadde ringt til meg fleire gonger, men akkurat i dag hadde eg ikkje med meg mobilen ut; den låg i lomma på jakka eg hadde på meg då vi handla.
Denne dagen har gått veldig fort, og no er det alt kveld-men kveldane er lange for dei som er oppe ei stund ut i dei små timane.
Sidan det faktisk er fredag vil eg ønske alle ei god helg !

Bok nr.38- 2020: Størst av alt






Størst av alt er et drama så godt skrevet at den blåser leseren av banen fra første side.

De rikeste rike og de aller nederst på rangstigen trenger sjelden å møtes. Bare på Djursholms almenne gymnas. Fem tenåringer og en lærer som vil det beste. Det ender med en katastrofe. Ni månder senere stilles atten år gamle Maja for retten. Det er hevet over enhver tvil at Maja skjøt og drepte kjæresten sin Sebastian og bestevenninnen Amanda. Og han som ble hardt skadd, men overlevde, Samir, hva har han å si om Majas rolle? Størst av alt er på mange måter et portrett av Sverige i dag, samtidig som det er en hjerteskjærende skildring av forholdet mellom foreldre og barn, og det å være ung.
Kåret til Årets beste svenske kriminalroman av Svenska Deckarakademin: «Et originalt fortalt psykologisk rettssalsdrama i et skarpt og engasjerende språk»
…………………………………………………………………………………………………………………………….
Dette er ei bok litt utanom det vanlege, og eg likte å lese den på Storytel. Opplesaren las godt -det tel også.

torsdag, juli 09, 2020

Dagbok 2020: 9.juli

Klokka er 18.50, temperaturen er + 13 grader og i dag har det vore rikeleg med regnbyer. Sist natt sov eg dårleg, grunnen var vel helst for mykje kaffi på kveldstid-noko eg kan takke meg sjølv for. Eg kokte meg kaffi etter at Bodil og Svein hadde vore her også.
Men eg hadde ikkje verken arbeidslyst eller lyst å fare til Vik i dag morgon. Marit var ikkje i form, så vi droppa shoppingturen i dag. Eg diskuterte med meg sjølv og fann ut at eg hadde ingen ting å gjere i dag, så eg sette meg til å sjå TV. Då kom eg på at eg hadde to pakkar med kjøttdeig i kjøleskapet som skulle bli til kjøttkaker. Så fekk eg no gjort litt til nytte i dag også. No er kjøttkakene i frysaren.
Etter at eg hadde ete kl.15.00-måltidet mitt, det som heiter "middag", la eg meg på dagsenga med Storytel. Etter ei stund fekk eg lyst ut, og då gjekk eg ein runde på Vernet og etterpå ein runde på Vallabøen. Det regna mesteparten av tida men det var friskt å komme seg ut.
Eg har problem med å halde orden på dagane, akkurat no trudde eg det var søndag, men sidan det er torsdag kan eg glede meg til ein relativt vanskeleg sudoku i Møre-Nytt i kveld. Eg kjem vel til å sjå ein del TV, men saknar å ha eit strikketøy ved sidan av-men det er det no råd med.


Bjørkevegen.


onsdag, juli 08, 2020

Dagbok 2020: 8.juli


Klokka er no 18.25, temperaturen ute er+ 14 grader C. Det held visst på å klarne opp etter ein grå dag med delvis regn.
Eg la meg ikkje tidleg i går kveld, og eg vakna ikkje tidleg i dag. Orten-bilen stod allereie på tunet då eg var oppe, så eg forstod at Audun og Håkon var ute og drog lina dei sette i går, eller rettare sagt i natt.
Marit og eg hadde ein avtale om å handle i lag på Spar i dag, vi skulle fare nedover etter at Janne-familien hadde reist. Det blei ca. kl.13. Akkurat då kom gutane igjen med fiskefangsten sin, den var ikkje dårleg. Og så ringde Bodil og sa at ho og Svein tok seg ein tur.
Vi måtte berre fare og handle så gutane fekk klare seg sjølve.
Eg hadde god tid til å lage til litt mat før Bodil og Svein kom. Det vart brødskiver og litt kake til kaffien. Det er som oftast noko liknande eg brukar å ha til "middag". Bodil kom med nydelige rosa roser i bukett. Dei er berre så fantastisk fine.
Vi prata og åt slik vi plar gjere, går aldri tom for stoff. Og Svein greidde å stenge kranen på WC enda litt, så den har stoppa å dryppe.
Dagen har gått berre så altfor fort, og eg har ikkje gått glipp av hagearbeid, sidan det ikkje var vêr å jobbe ute i dag. Eg håper på meir besøk utover i veka. No er det snart tid for Nyheiter, og så får eg sjå om det blir tur i kveld-det er lenge lyst. Eg har vore mykje betre i kroppen i dag enn i går. Det kan hende Marit og eg tek oss ein tur i morgon også-no er vi begge er heime åleine.

tirsdag, juli 07, 2020

Dagbok 2020: 7.juli



Klokka er 17.25, temperaturen er + 17 grader C, det er lettskya opphaldsvêr og litt vind. Altså mykje betre vêr enn vi hadde i går. Men skal eg dømme etter slik som eg føler meg, må det vere skikkeleg giktvêr.
Eg begynte å vaske klede på sundag, det hadde hopa seg litt opp så eg vaska stort sett heile mandag også. Det tek tid når ein må tørke i trommel og begge maskinene skal i samme "kontakt".
I dag før middag prøvde eg å få på plass litt av kvart, men eg har altfor mykje til mitt behov. Fylte eit par posar med slikt som skal på innsamling.
Så ville eg kvitte tre store posar meg brusflasker, så eg fylte bagasjerommet på bilen. Køyrde ned på Kiwi og panta. Eg trur alltid det skal bli store summar, men det vart berre ca. 100 kr for alle flaskene.
Eg kjøpte ei rosa potterose og ein pose med mold, for eg skulle fram på grava og pynte opp litt. Det gjekk no greitt. Styrte litt ute då eg kom heim før det var tid for mat.
I dag var eg veldig plaga av "gikt" så eg var ikkje så veldig effektiv. Etter at eg hadde ete måtte eg legge meg ned og kvile ryggen før eg gjekk ut i hagen. No har eg rensa ugras i alle blomsterbeda og i den nye "jordbærsenga." Det er verken kaldt eller varmt ute, så det går fint å jobbe litt. Det er ikkje varmt nok å sitte i ro, sjølv om eg tok fram att den langerma ulltrøya mi i går og har brukt den sidan.
Eg lurer på om eg skal gå ein tur på Vernet for å få litt meir mosjon.






Det vart ein liten tur på Vernet. Sjå kor fint der er pynta med blomster.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...