lørdag, september 30, 2023

Dagbok 2023: 30.september



 

                                                      Opning ved Svendsengarden




Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 grader og det regnar heile tida.I dag var det stor "fest" i Ørsta for no var Fontena med ugla på toppen ferdigstilt på ny plass. Fontena var først på plass utanfor Ose hotell i 1939, men fleire år seinare måtte den takast ned då vegen skulle bli breiare . Noko av byggverket vart sett  opp borte på Nekken  førebels. Mange har jobba for å få byggverket på fote igjen, særleg har Sogelaget jobba for det. No er byggverket på plass igjen, mykje er nytt, men UGLA er i alle fall den samme. Og i dag skulle det feirast med tog i gata og hornmusikk og talar.

Så kom dagen og regnet ausa ned. Eg hadde ikkje tenkt å fare nedover men eg måtte i alle fall på butikk, så kanskje...........Eg vog att og fram for eg var ikkje sikker på om eg hadde gode nok klede, men så kom eg på at eg hadde ei sid raud regnkåpe hengande  og dermed for eg av garde. Vi skulle møtast ved Svendsengarden og gå derifrå klokka 12. Då eg kom var det få som hadde møtt opp, men hornmusikken var på plass og etter som tid gjekk kom der meir folk. Eg som har gått og sagt at eg kjenner så få i Ørsta etter kvart, måtte innrømme at det ikkje var heilt sant. Eg kjende veldig mange!

Klokka 12 gjekk toget ut gjennom gågata med hornmusikken i teten. Det regna så det skvatt av trompetar og  andre instrument men musikk var det. Det var nesten betre enn 17. mai.

Ordføraren , som snart går av, var veldig førnøgd med det dei hadde fått til, og mange vart takka. Fontena står no på den gamle haldeplassen nedanfor der som Samvirkelaget hadde butikk då vi kom til Ørsta. Denne delen av "byen" er ikkje så livleg lenger, men kansje mange vil komme til Ugla for ein prat og ein slurk vatn?

Anne Mari og ordføraren klipper snora.

                        Her står eg oppe ved fortauet i den side regnkåpa-

                        og vart våt til skinnet

 Etter at seremonien var over, køyrde eg opp til KIWI og handla inn mat til helga.

Eg laga meg litt mat og ei stund etterpå kom Marit ned og drakk kaffi med meg. Eg strevar med å forstå at det er laurdag, for eg synest det er sundag. Det blir ikkje tur på Vernet i dag, eg har gått og stått mykje i dag uansett.

PS: Det blir sikkert eit stort oppslag i Møre Nytt på tysdag.

fredag, september 29, 2023

Dagbok 2023: 29.september


 Klokka er no 16.12, temperaturen ute  er + 16 grader. Det regna på føremiddagen , men no har det vore opplett ei stund såpass eg fekk gått ei liten tur. Eg fekk omsider til å legge inn bilda,har ikkje fått bearbeida dei, men eg må vel finne ut av dette også.

Fredag er vaskedagen min, og i dag fekk eg vaska soverommet også, sidan eg kunne ha ut teppa. Ryggen min er ikkje god så eg må ta den tida eg treng same kva eg skal gjere. Eg fann meg litt mat då eg var ferdig , og så ein kaffikopp. Men ikkje skikkeleg middag enno. Ragnhild ringde så vi fekk avtalt litt om gravferda til Oddrun-den skal vere tysdag.

Eg gjekk ein tur på Vernet, men i dag trefte eg ingen kjende eller ukjende-dvs. der var no nokre som gjekk der forbi.

Eg veit ikkje enno kva eg skal bruke resten av dagen til, men eg har no ein klesvask som eg har tørka i trommelen, den må eg i alle fall legge i hop og kanskje stryke noko. Så blir det vel TV og strikketøy resten av dagen og kvelden-men eg har ein sudoku som eg ikkje er ferdig med, er litt skeptisk -er ikkje sikkert at eg får den til-det har til denne til hendt berre ein gong.

I morgon skal det vere stor ståhei i Vik. Den gamle fontena som stod lenger oppe mot hovudvegen før, har dei no flytta og gjenreist på den gamle haldeplassen. Det skal vere samling ved Svendsengarden og tog ut gå-gata osb. Eg kunne hatt lyst å vere der, men eg vil ikkje gå åleine-trur eg. 

Eg føler på at eg ikkje er med på så mykje lenger, eg berre les om det i avisa - og det synest eg er litt dumt. Eg må i alle fall handle mat i morgon, eg veit ikkje kvar den blir av all maten eg dreg i hus. Eg trudde at Eldredagen skulle vere på onsdag i neste veke, men det blir ikkje før torsdag. Då er det gratis "fest" for alle gamle på Kulturhuset. Ein treng ikkje vere medlem i Pensjonistlaget ein gong.

Eg vil ønske alle ei god helg-eg tenkjer særleg på alle som går på jobb i veka. Slike som eg har no "helg" heile veka. Det er bra å vere pensjonist, berre synd at ein må må bli gamle først.

No er det kome sauer på Åsmund-marka. Men dei blir vel ikkje verande så lenge.


torsdag, september 28, 2023

Dagbok 2023: 28.september

Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 17 grader C, men det regnar. I dag morgon var det nydeleg ver og sol. Men mens vi var på trening skifta veret og det regna kraftig då vi kom ut att. Det var Marit som køyrde i dag, og då har vi ein tendens til å bli sittande i bilen og prate ei god stund når vi er komne heim. Men det er vel ikkje verre det, enn om vi sat inne og prata. Eg hadde ikkje så mange planar i dag, og det eg hadde så smått tenkt å gjere- var det ikkje ver til.



Eg kokte risgraut til middag i dag, for eg måtte bruke opp noko melk eg hadde kjøpt. Eg fyrte litt i omnen, sidan eg ikkje hadde på el-omnen, men i grunnen var det ikkje så kaldt. Etter at eg hadde ete måtte eg no lese litt i Klassekampen før eg tok fram strikketøyet. Eg strikkar lestar av tynt garn, slik at ein kan ha dei på seg når ein går i vanlege sko- Eg held på med det tredje paret.

Eg hadde tenkt å tømme blomsterkassene ned på muren, der det trengst mold, men så begynner prestekragane og blomstre på nytt, så no er dei for fine til å kaste. 

Eg hadde tenkt å gå tur på Vernet i dag også, men har ikkje lyst å gå så lenge det regnar. Eg likar ikkje slike dagar då eg ikkje får gjort noko. Eg likar best å jobbe med eit kvart anten inne eller ute. Og eg skulle ha klipt plen ein gong til om ikkje meir

Eg hadde så smått tenkt meg på VØR i dag, eg har snart sekker nok med hageavfall, men  eg vil ha med ein del andre ting også, slikt som ein ikkje kan kaste i bossdunkane, til dømes ting av metall m.m. Eg har noko som eg har samla i hop i garasjen, men eg må undersøke litt kva eg kan levere. 

Eg er no bra kjent der borte, i fjor var eg der ofte med slikt som kom frå taket etc. Eg skal høyre med dei nede om dei har noko også. Det er ikkje tømming  av restavfall før den 18.oktober og dunken er full no. Alle synest dei tømmer restavfalls-dunkane for sjelden. Mat-avfall tømmer dei ofte og det er no sikkert bra, men matavfall har vi ikkje mykje av.

mens eg strikkar høyrer eg nyheiter og det er ikkje så oppløftande, det er ikkje berre krig, men mykje anna trist og trasigt. Eg hugsar den tida då det ein sjelden gong var eitt mord i Norge, og alle snakka om det.

Eg har ikkje heilt slått frå meg å gå tur. I morgon er det frdag igjen og då blir det å vaske og rydde til helga. Kan ikkje forstå at fredagane kjem så ofte no- Det var ikkje slik før.  

onsdag, september 27, 2023

Dagbok 2023: 27.september




Klokka er no17.24, temperatuen ute er + 15 grader C, og sidan ca kl.15 har vi hatt opplett og litt sol av og til, på føremiddagen regna det.
Eg var litt sein å kome meg i gang i dag, men eg kom no ut i garasjen då det leid på og vaska og rydda den andre langveggen Eg har rydda og kasta mange gonger før, men no trur eg det blir innspurten-for min del. Enno finn eg ting som skal kastast - eller bli tatt vare på. Det kan vere litt vanskeleg å avgjere, men eg trur aldri ein kastar for mykje. Det regna ute mens eg jobba under tak, men vart kanskje like våt for det. I dag var det skorne som fekk det; eg har nokre gode sko som er som hanskar på føtene. Det er gode å ha når ei styrer med saker og ting-men dei er på ingen måte vasstette, så no får dei stå å badgolvet nokre dagar, så dei blir tørre igjen.
Etter vasken laga eg meg middag, eg har nokre menyar som er fort å få ferdig. O dag vart det grilla kyllinglår med ris og grønsaker, det er ein meny eg har relativt ofte.
Etter middagen sette eg meg til å sjå TV-nyheiter mens eg strikka på ein lest. 

Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet, og no sit eg her.Eg skal ut og sjå litt på hagen min, snart -om det er råd å få gjort noko. Eg må prøve om eg kan få laus den eldste av dei to kompostbingane slik at eg få flytte molda bort der den skal vere. Eg reknar ikkje med å få planta der noko før til våren.

Idag fortalde Ingrid , som bur i kjellaren, at dei hadde hatt ein frosk inne i leilegheita. Det var pussig. Eg har budd her i snart 50 år og eg har ikkje sett ein einaste frosk verken ute eller inne.

I dag har det vore fri-onsdag, neste veke blir det spansk, datakurs og pensjonistmøte på onsdag, så då får eg litt å styre med. I morgon skal eg på trening, og når vi sluttar der for dagen ønsker vi kvarandre GOD HELG, det synest vi er litt artig.
I dag har eg fått til litt meir med det nye bilde bildeprogrammet, men enno er det ikkje heilt som det skal vere.


På toppen av Storebakken er der "parkeringsplass" ved Fonnvernet, ikkje langt frå trappa. Der er det god utsikt mot Mosmarka og mot fjella innover dalen.  


Eg har ikkje høyrt meir om varmepumpa, men det kunne visst gå fleire veker før dei kunne komme med den.Men eg har el-omn og eg har vedomn og ved , så ingen ting står på.


tirsdag, september 26, 2023

Dagbok 2023: 26.september

Klokka er16, og det er eventyrlege + 19 grader C ute, sola er også framme , sånn delvis. Eg har lebge her på dagsenga mi og slappa av ei stund, var ikkje heilt god i ryggen etter strabasane i går. Eg har ikkje vore på Vernet i dag, i alle fall ikkje enno, men mykje kan skje før søla går ned.

I dag var vi altså på trening og etterpå handla vi på KIWI. Då vi kom heim gjorde eg meg klar for å fare på gravplassen. Eg tok med 2 av lyngplantane og mold i ein pose pluss reiskapar som saks og spade. Det hadde ikkje vore naudsynt å skifte blomster, for den som stod der var like fin, men så kunne eg ta den med heim og sette att lyngplantane- og det gjorde eg. Og så klipte eg rundt kantane med saks. Det er ikkje råd å få der skikkeleg fint, for mosen veks opp og plata fer nedover i  molda. Men det blei no litt fint til slutt.

Då eg kom heim laga eg meg litt mat, og etterpå la eg meg inn på dagsenga og kvilte ryggen min, så no er eg bra. Det kan hende eg må klippe litt plen her og der for graset veks enno.

Eg har litt problem med bilda på maskina, for heile bildebehandlings-systemet vart brått heilt ugjenkjenneleg. Eg har drive og sletta mange bilde for å få til noko som helst, men no trur eg at eg har kontrollen.

Eg har ikkje fått gjort noko i hagen på ei stund, for di det har vore mykje regn, men det er enno litt for tidleg å slutte hagearbeidet,  mykje skal klippast i år, for allt har vakse veldig.

Og eg er på ingen måte ferdig i garasjen, mykje står att, og mykje må fjernast.


mandag, september 25, 2023

Dagbok 2023; 25.september


 Klokka er no18.00, temperaturen ute er + 16 grader. Det regna mykje på føremiddagen, men så kom sola fram så vidt, og vi har hatt opplett i mange timar. Men no kjem det visst ei byge. Eg er glad for at det ikkje er kaldt i alle fall. 

Eg måtte ta bilde av "Einar-rosa" i dag. Eg trudde ikkje ho kom til å blomstre i år, i fjor stod ho med mange knuppar då snøen og kulden kom.

I dag hadde eg tenkt meg på grava og stelle til, men i det veret vi hadde då, gjekk det ikkje. Eg studerte ei stund på kva eg kunne gjere her heime, hagearbeid kom ikkje på tale. Det var då eg kom på garasjen. Der trongst det verkeleg ei oppdatering. Då Rasmus var heime i sommar saga han i garasjen, og sagmasken legg seg over alt, i fjor haust hadde eg eit liknande arbeid, men med mykje meir sagmask. No fekk eg ikkje gjort så frykteleg mykje i dag, enda eg heldt på i over tre timar. Og eg er på ingen måte ferdig i garasjen. Der er mykje meir som må bort, men eg må ha hjelp til å ta ned frå hyller og knaggar. 

Nobodama kom mens eg heldt på:" Å; eg som trudde vi hadde mykje i garasjen!"  sa ho. Garasjen var liksom hobbyrommet til Nils, der hadde han til dømes alt fiskeutstyret sitt. Gutane har tatt bort ein del av de utstyret, men her er mykje att- Eg likar i grunnen godt å rydde, for då ser ein kva ein har-og kva ein ikkje VIL ha. Eg fekk i alle fall spylt golvet og ymse anna. Eg hadde tatt på meg regnjakke, men ikkje regnbukse , så det vart rett i dusjen og på med tørre klede. Det er kanskje litt dumt å seie det, men eg likar sånt skikkeleg grisearbeid.

Eg laga meg mat og åt, såg litt i avisene etc. Men så måtte eg berre gå ein tur på Vernet og no er det gjort. Eg har kveikt i omnen og laga meg kaffi, så skal eg sette på TV-en og få dagens krig og ulykker å tenkje på. 

I morgon er det trening , men denne veka er det fri-onsdag. Neste veke er det både spansk og Pensjonistmøte+ datakurs-alt på onsdag.

         Dette er berre halve garasjerommet.Det er like mykje på hi sida.

No fekk eg ein telefon frå en VELDIG hyggelig mann som kunne meddele meg at eg var komen langt opp på lista der eg kan vinne daglegvare på butikk. Men i mellomtida skal eg prøve ut nokre tablettar, der må eg betale porto osv. Eg brukar ikkje å melde meg på slikt, men det var no ikkje så veldig farleg denne gongen.
Men eg må vere streng med meg sjølv og ikkje hive meg på alt.

søndag, september 24, 2023

Dagbok 2023: 24. september


 Klokka er no 16.14, temperaturen ute er +14 grader. Det har vore opplett og nokså mykje sol i dag, sjølv om asfalten var våt då eg stod opp. Eg trudde først det var mandag- men så var det altså helg.

Eg hadde ingen planar for dagen, men eg sette meg til etter frokost og strikka ferdig ein lest. Så tokeg på meg Hoka-skorne og gjekk ein tur på Vernet . Traff ikkje mange kjende i dag, men då eg kom ned møtte eg ei mor som eg kjenner , ho gjekk tur med yngste sonen sin, han gjekk i klasse med Margrete på barneskulen. Eg snakka no litt med dei før dei gjekk vidare. Eg har møtt diverse eldre mødrer som går tur med sønene sine. Eg har ingen søner i nabolaget, eg skulle ønske eg hadde hatt det, men eg klarer meg åleine-så langt.

Då eg kom heim sette eg i ang med middagen min, i dag var det ein av yndlingsrettane mine som kom på bordet: Spekesild (krydra)med godt tilbehør-det er lite som overgår den. 

Mens eg et  tenkjer eg på Jo Nesbø som syng om "Børs kafé " i Bergen , eller "Børsen" som dei kalla den i Solund. Der var NIls og eg ein gong og åt middag- og det var SPEKESILD . Dei selde sikkert mykje øl til gjestane sine der, men ikkje til oss, for vi hadde bil.

Eg hadde trøbbel med bilda på maskina, og no har eg sete og sletta nesten alle , ikkje alle bilde har så stor verdi, og mange ligg på Bloggen. Helge styrte med noko ein gong, han la bilda mine opp i "skya" men eg veit ikkje kor mange som ligg att og korleis ein får tak på dei

På bilde øvst på sida her ser de den eine av dei to rosebuskene i garasjebeddet, den heiter Leonardo da Vinci  , eg har to slike, og det var dei første rosene som kom i sommar og det ser ut til at dei blir dei siste som blømer i år.

No skal eg snart finne fram strikketøy igjen, og sjå om det er noko på TV. Eg skulle ha vore fram på grava og stelt til litt, men eg vil heller gjere det ein yrkedag, så kanskje i morgon om veret blir bra. 

lørdag, september 23, 2023

Dagbok 2023: 23. september

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar, tidlegare i dag var det opplett og nokså fint, det var i alle fall opplett og ikkje kaldt.

I dag hadde eg bestemt meg for å vere litt effektiv. Etter at eg var ferdig med morgonstellet etc. køyrde eg til Volda og fekk kjøpt det garnet eg mangla så no kan eg strikke igjen. På heimvegen stoppa eg i Furene, der eg kjøpte litt blomster på Plantasjen og diverse mat på Coop. Det var så tomt i vinduskarmane mine ; om sommaren bryr eg meg ikkje så mykje om potteplantar, for då har eg blomster ute, det har eg no også, men eg er ikkje så mykje ute no som på sommarstid.


Eg kjøpte denne potterosa og to små rosa ildtoppar til vinduskarmen. Før kjøpte eg som regel ein orkide når eg var der borte, men no er dei blitt så dyre.

På COOP kjøpte eg berre litt matvarer.

Då eg kom heim skifta eg til Hoka-sko og gjekk på Vernet. Eg sat på ein benk då ei dame kom forbi og begynte å prate. Det er heilt vanleg å prate med folk ein ikkje kjenner der oppe. Men så kom det fram at ho kjende meg, for dottera hennar hadde budd i kjellar-leilegheita her i mange år. Då ho sa kven ho var, så hugsa eg dottera, ho budde her i lag med mannen mens ho utdanna seg til sjukepleiar i Molde. Eg har no snakka med denne mora før, men eg er veldig dårleg til å kjenne att folk. Det har eg alltid vore, men så lenge eg hadde Nils med meg så gjorde det ingen ting for han kjende att alle.


Til middag i dag laga eg ein av livrettane mine, grønnsaksalat med Apetina ost.
På Coop sel dei osten som Salatost, og då blir den litt billegare enn andre stader.

Eg mødest litt med PC-en i dag, eg får ikkje til å redigere bilda, så alt ser litt rart ut.
No har eg sete lenge og sett TV og strikka, har sett og høyrt frå Rockheim mellom anna.


fredag, september 22, 2023

Dagbok 2023: 22.september


 Klokka er no 17.40, temperaturen ute er +15 grader C, det er skya, men sola har også vore framme i dag.

Fredag er hus-vaskedagen min, og i dag har eg både vaska og støvsuga og litt av kvart anna. Det er godt å ha dagar då eg ikkje skal ut på noko, slik at eg kan ha god tid til andre føremål. Eg kan ikkje skunde meg slik som før, men jobbar i pensjo-fart.

Middag har eg ikkje laga i dag, men eg tok meg litt mat før eg dusja, vaska håret og gjekk tur. Trefte ingen eg kjende i dag, men kosa meg åleine med å sitte litt på kvar benk. Det er godt så lenge vi slepp snø og kulde, eg må innrømme at eg kvider litt på vinteren.

Eg har tenkt kvar dag at eg skulle køyre til Volda og kjøpe garn, og på Plantasjen for å kjøpe blomster. Eg skulle kanskje kjøpt litt bensin også, for det kan hende eg må slå ein gong eller to til. Eg kan ta ein tur i morgon før middag viss eg vaknar tidleg nok. Det er mindre trafikk tidleg på dag.

Eg takka ja til å få KLASSEKAMPEN gratis nokre dagar, og i dag fekk eg både torsdagsavisa og fredagsavisa. Mykje interessant stoff, og mykje god nynorsk, men eg greier no ikkje å lese ei heil avis kvar dag. I dag har eg lese om Erna og Sindre og deira problem. Eg kan berre ikkje forstå at det er så frykteleg gale det han gjorde, han tente no ikkje så veldig mykje på det heller. Eg sat  og høyrde intervjuet med Erna på TV også. At ho er blitt lurt av sin eigen mann er no det verste i den saka. Synest eg. No er det snart tid for å sette på TV-en, eg får sjå om eg finn litt garn som eg kan strikke lester av.

Elles vil eg ønske alle ei veldig god helg!  

Eg får nok ikkje varmepumpa mi enno, men no er alt klart til å ta imot. Helge har vore her og ordna ut . Men eg frys ikkje for eg har både vedomn og el-omn.


torsdag, september 21, 2023

Dagbok 2023: 21.september



Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 16  grader og sola skin innimellom. Det har i alle fall slutta å regne, det regna voldsomt i går kveld og det regna i dag tidleg då vi for på treninga. Vi handla litt på KIWI i dag også, og så vart vi sittande og prate i bilen då vi var heime att. Det var Marit som køyrde i dag.Eg bytta til litt andre klede og sko og så tok eg ein tur på Vernet først best. Eg hadde regnjakke på meg, men plutseleg regna det ikkje lenger og det vart finare etter kvart.

I dag gjekk eg rangsøles på Vernet(mot sola)for å få litt variasjon. Der er mange små bekker som fossar ned i djupet mellom vegane, og så er det Vikelva, som tek alt med seg ned i fjorden. Men regn var det ikkje lenger, så det vart ein fin tur. 

I dag hadde eg kjøpt litt bacon så eg steikte pannekaker til middag då eg kom heim att. Eg prøver å bruke av det eg har i hus for det er overfylt alle stader. I dag fekk eg tømt ein plastboks med blåbærsylte. Eg jobbar med å få rydda kjøleskapet.

Eg var mett og trøtt då eg sette meg ned framfor TV-en og skulle høyre nyheiter. Og der sovna eg ei lita stund. Eg gjer det somme tider når eg er litt trøtt og ikkje har strikketøy.

Eg vakna og sette meg inn til datamaskina ei lita stund, då ringde det på døra; det var Helge som kom. Han hadde ikkje fått gjort seg heilt ferdig med støpselet   på utsida i går, fordi det kom så mykje regn. No har han fiksa det, og så spørs det berre kva tid dei kjem med pumpa.

Eg lurte på å køyre til Volda i dag og kjøpe meir garn, men eg utsette det enda ein gong. Eg har garn som eg kan strikke av, men eg har ikkje nok til eit heilt lestepar i samme farge.

No er det stålande sol ute, men sikkert for vått til å gjere noko arbeid i hagen. Snart blir det haust for alvor og då er det mykje som skal klippast og fraktast til VØR. Marit U og eg brukar å klippe grensehekken i lag, men ofte blir den ikkje klipt før neste vår.

No skin sola så fint ute at eg fekk lyst å  jobbe litt i hagen-men det er for vått enno.






Akkurat no.


 



onsdag, september 20, 2023

Dagbok 2023: 20.september


Klokka er no19.10, temperaturen ute er + 11 grader C og regnet fossar ned. 

I dag morgon var det opplett og ganske bra, så eg vurderte å gå tur før vi skulle på kurs klokka 13. Men så var det litt eg skulle styre med her heime før eg for, og så gjekk tida frå meg. Marit og eg var på plass i lag med ein bra stor flokk på Biblioteket kl.13.

Der hadde dei lagt utover nokre nettbrett e.l.  og så skulle vi lære å lage ein e-mail profil. Marit og eg hadde fått eit brett som kom til Biblioteket same kva vi gjorde og vi fekk hjelp- og det samme skjedde. Men vi har begge " profil" frå før , så vi tok det ikkje så tungt. Men litt irriterande å kaste vekk nesten to timar til inga nytte-Kurshaldaren er lærar av yrke, eg tenkte på at dette hadde Rasmus gjort betre.

Vi handla litt på KIWI på heimvegen, og eg gjekk i gang med middagen med det samme eg kom heim, men då eg tok dei første munnfullane kom Helge og skulle sette inn ein ny kontakt til den nye varmepumpa skal komme, men eg måtte berre ete fordi om han var der ,sa han, så måtte han eit ærend og akkurat då kom Øystein innom ein snartur og skulle hente noko og bringe noko anna. Så reiste Øystein og Helge kom att og gjorde seg ferdig på stova. Eg kunne ikkje la vere å fortelje om kjellardøra og han vart intressert med ein gong, men ville komme att ein dag det var opplett, for akkurat då hadde det sett i gang med eit voldsomt regnver-og det regnar enno-mykje. Det er vel vi som skal få "flaum" no då?

Eg var opp til Marit med avisa hennar og vi vart sjølvsagt sittane å prate ei stund.

Denne dagen har eg ikkje lært noko nytt-og onsdag om 14dagar begynner nytt spanskkurs på samme dag som vi skal ha datakurs, men det er berre Eli og eg som skal vere begge stader.

I dag har eg vaska ei maskin med klede som eg tørka i trommelen, så no blir det nokre dagar med mjuke handklær. I morgon er det trening igjen , og  eg har brukt opp garnet mitt, så eg må gjere ein vri- for strikketøy må eg ha.

No må eg sette på TV-en og høyre om alt  vondt og gale som skjer i verda. Då blir mine problem små-veldig små.




tirsdag, september 19, 2023

Dagbok 2023: 19.september


Klokka er no 17.20,temperaturen ute er + 10 grader og det regnar jamnt og trutt, og det har det gjort i heile dag. I dag måtte eg fare åleine på trening, for Marit kom ikkje heim frå Polen før langt på natt. Då eg kom heim visste eg ikkje kva eg skulle gjere i dag, det var i alle fall ikkje ver til hagearbeid så eg var glad for at eg hadde gjort så mykje i går. 

Eg gjekk no her og surra rundt litt for eg var ikkje sikker på kva tid Marit kunne komme ned. Det vart til at eg laga meg ein tidleg lettvint middag av diverse restar+. 
Eg tenkte at det kunne vere koselig med litt ovnsvarme så eg gjekk ned i tilbygget og henta eit stort nett med ruskeved. Eg gjekk vegen om vaskekjellaren opp trappa, men der hadde eg gløymt å låse opp døra i vindfanget, og kjellardøra går berre ein veg og det er utanfrå og inn. Ikkje hadde eg telefonen med meg så eg kunne ikkje ringe etter hjelp. Løysinga vart at eg måtte klatre ut vinduet på"gjesterommet". Det gjekk forbausande bra, men eg håper ikkje  at det var nokon som såg "oldemor" klatre ut av vinduet med føtene først. Det er ikkje et dagleg syn her.
Så kom Marit og eg fekk referat frå Polen-turen der dei hadde vore i bryllaup til Kjartan sin son. Eg fekk vite både om hotell, mat og skikkar i Polen som vi ikkje har her. Det er meir annleis der enn det eg trudde. Marit og eg drakk kaffi i lag heilt til ho fekk melding om at middagen var ferdig; då måtte ho opp att.
Så kledde eg på meg regnjakke og då vart det tur på Vernet i dag også- 
I morgon skal eg på kurs i data/telefon-bruk. Det er på biblioteket klokka 13.Eg veit ikkje kva tema dei startar opp med. Datamaskina fiksar eg bra, men telefonen likar eg ikkje. 
Eg skreiv ei melding til "Kjære Terje Kjøde" i dag og han har gjort det eg sa han skulle gjere, nemleg lære folk å bøye verb rett. Han har svart på FB.
Eg såg bilda frå bruktbutikken i Volda i dag. Der var mykje fint, men eg har dessverre nok frå før. Der var m.a. ein fin Tiffani-lampe. Og så var der ein globus-noko som eg har ønska meg heile livet men aldri kjøpt.


          Ein god dag kjem aldri for seint, står det på "plakaten" her. Eg tenkjer litt over kva det vil seie-eigentleg

mandag, september 18, 2023

Dagbok 2023: 18.september

      Klokka er no18.50, temperaturen ute er +19 grader C, det blæs litt og regnar litt av og til.

På føremiddagen var det fin sol ei stund , så eg tok turen på Vernet tidleg. Men eg hadde kontakt med Rasmus på data først. Han hadde kjøp og betalt den nye varmepumpa som eg skal få. Eg har sjølvsagt betalt Rasmus tilbake. Her går det for seg på nettet. Grunnen til at han kjøpte den i sitt namn var at han fekk den billegare då, så eg tente eit par-tre tusen på transaksjonane.

I dag hadde eg tenkt å klippe plen viss det vart vêr til det og viss eg hadde bensin. Eg såg at ein av naboane klipte, men eg måtte først ladde opp batteriet og det tok ei tid. Eg fann ein slant bensin på kanna og etter litt kluss fekk eg klipt nedafor huset, men så vart det stopp.

Dermed måtte eg finne anna å gjere og det var ikkje vanskeleg Har ein hage, så har ein alltid noko å gjere. Etterkvar gjekk eg inn og åt middag, som var restar frå i går, Eg tok ein lang pause og felte av ein lest etc. Eg hadde sett batteriet på ladding og då det leid litt på gjekk eg ut og starta opp klipparen igjen og no var det ikkje problem. Eg begynte å klippe på skråninga og tenkte eg kunne halde på så lenge eg hadde bensin- og bensin hadde eg så eg fekk gjort ferdig klippinga. Nede på skråninga samlar eg ikkje opp. Og då eg kom inn att såg eg at Gudmund klipte ovafor garasjen min, det gjer han ofte og eg set pris på det, for han klipper mykje finare enn eg, og det er kjekt å ha det fint oppe ved vegen.

No har eg 4 store fulle sekker som skal på VØR, men eg plar vente til eg har 6.

I kveld/natt kjem Marit heim frå Polen. Katten Lollo har vore her med meg, ho vil aldri inn, men ligg på dørmatta og får maten sin på trappa.

I morgon er det trening, onsdag skal eg begynne på datakurs for eldre og torsdag er det trening igjen. Det er alltid noko å gjere, og kjem eg i beit for arbeid, kan eg berre begynne å rydde i garasjen. Kva tid er det haustferie for skule-elevar og lærarar, forresten?
 


Nede på murkanten her er det to store plantar, ein med gule liljer og ein Hosta. Det vart ein heil sekk full når eg klipte ned desse to, men det er så mykje betre å ta dei no enn til våren.


søndag, september 17, 2023

Dagbok 2023: 17.september


 Klokka er no17.22, temperaturen ute er +15 grader C  og det er strålande sol-så lenge det varer. Det er visst dårlege vermeldingar framover. Eg skulle så gjerne ha hatt eit par fineversdagar så eg hadde fått rydda opp i hagen, eg er litt på etterskot no-

I dag har eg hatt besøk av Einar, det var avtalt, så eg hadde laga kjøttkake -middag til oss i dag. Då han reiste rydda eg opp og sette på oppvaskmaskina før eg tok ein runde på VERNET. Når det er så fint ver brukar eg å sitte ganske lenge på kvar benk for å få vere ute. 

Når Marit er heime brukar vi å sitte på hennar altan for der er lunt og "usjenert" å vere på samme tid som vi kan fylgje med på det som går føre seg på vegen og tunet. Marit er ikkje komen att frå bryllaupet i Polen, men dei er vel snart på heimveg no, eg fekk nettopp melding frå henne og dei har hatt det fint og ho har mykje å fortelje meg. Ho melder no om at ho kjem att i morgon kveld.

Denne veke kjem dei kanskje med ny varmepumpe til meg. Montering er medrekna i prisen som er ca 25.000 kr. Men eg slepp å betale for at dei tek ned den gamle, for det har Helge alt gjort. Det er Rasmus som skal bestille pumpa i Volda. Den gamle pumpa hadde vi i over 20 år.

Eg veit ikkje om eg kjem meg ut meir i dag, sola takkar relativt tidleg for seg her eg bur . Hausten er komen, og det er ingenting å gjere med det. Men vi kan i alle fall ønske oss fleire fineversdagar- det KAN vere fint om hausten også viss det ikkje regnar.

                                                  Akkurat no

lørdag, september 16, 2023

Dagbok 2023: 16..september


 Klokka er no 17.23, temperaturen ute er ca 10 grader C og det har regna mykje i dag, no ser det ut til at det lettar litt. Bildet over tok eg akkurat no. Alt dette regnet som vi har fått, mest om natta, gjer at plenane er veldig grøne og fine. Men eg har ikkje fått klipt på ei stund på grunn av regnet.

Sist natt sov eg veldig godt og stod ikkje opp før klokka var nesten 9. Etter frokosten sette eg meg til å strikke mens eg venta på at Helge skulle komme og ta vekk batteriladaren.  Etter at bilen var frigjort tok eg ein runde på Vernet.Eg var ikkje klar over kor mykje det regna. så eg tok ikkje på meg regnjakke. Så då eg kom heim att, måtte eg skifte om til ein tørr genser før eg tok ut bilen og køyrde ned til KIWI og handla. I dag kunne eg handle så mykje eg ville utan å tenke på at det skulle berast heim. Eg er veldig glad for at eg har bilen og at eg framleis har lov å køyre den. Eg har "venninner" som er 90 år og framleis har sertifikat, så eg må berre håpe på at eg får ha helsa ei stund til. Ingrid tok laust om lag på same tid. Det er kjekt å ha kjentfolk i kjellaren.

Då eg kom heim laga eg meg god middag, eg har ikkje laga skikkeleg middag heile veka , så det var på tide. I dag vart det grilla kyllinglår med ris og Mango Chutney+ grønnsaker. Kyllinglåra kjøper er ferdig grilla, eg tiner dei og varmar dei på steikepanna, så det er veldig lettvint. Det er fort gjort å lage slike middagar, det  tek den tida som trengst for å koke risen.Det er ikkje det at eg har dårleg tid, men å bruke mange timar på å lage mat berre til meg sjølv det gjer eg berre ikkje.

Etter middagen sette eg meg inn i godstolen og såg program om svenskekongen, men då sovna eg ei lita stund. Det er typisk for meg å sovne når eg blir mett. No har eg rydda kjøkkenet etc. Eg fyrer med sjølvlaga ved frå hus og hage og har det varmt og godt, men vi må vel snart få sett inn ny varmepumpe.

No skal eg koke meg litt meir kaffi og så blir det strikketøy og TV resten av kvelden.

Epletreet mitt er altfor stort, trur det må sagast kraftig ned. Før brukte eg av og til å lage jus av epla, og det var godt, men så vart jus-pressa øydelagd og eg gav meg på det.Siste åra  har epla gått i  komposten, for når dei blir liggande på marka blir dei fort mat for sniglar og andre kryp. I dag er det vel bryllaup i Polen, eg gler meg til Marit kjem heim så eg får høyre koleis DET var.

I dag fyller kusina mi, Ellen Marie, 85 år. Ho feirer dagen i Kristiansand hos sonen, (Einar) Petter. Gratulerer med dagen Ellen Marie !

Det var mykje vatn i Vikelva i dag. Vi er heldige i Norge som har så mykje godt drikkevatn, det tenkjer eg ofte på.

fredag, september 15, 2023

Dagbok 2023:15.september

 



Eg gjekk ut på altanen for å ta bilde av den nye plenen min, og då såg eg at vinden hadde rive ned pallen og stauren som eg hadde brukt til å støtte opp klematisen med. Det var provisorisk no mens huset var under arbeid. Sjølv om rota er riven opp så kjem planten seg, for den er hardfør og eg plar klippe den heilt ned kvar haust.


Klokka er no 16.10, temperaturen ute er + 16 grader. det er overskya og det kjem nokre regndropar, men vinden som vi hadde tidlegare i dag har roa seg ned.

Sist natt sov eg godt og lenge sidan eg ikkje hadde så store planar for denne dagen, anna enn å ta fredagsvasken-og den er ikkje alltid så stor.Eg var tidleg ferdig med å vaske, men så ringde Bodil og vi hadde ein lang og koseleg samtale. 

Eg mangla diverse i matlageret mitt, mellom anna melk til ein halvkokt graut. Eg heiv på meg litt betre klede enn dei eg gjekk med og sette meg i bilen, vreid på nøkkelen og.....ingenting, Det kom på nokre lys på dashbordet-og det var alt. Eg kan ingenting om bil, så eg kunne ikkje "reparere". 

Eg hadde veldig lite lyst til å ned på KIWI, men så sa eg til meg sjølv at viss eg gjekk på butikken kunne eg rekne det som ein tur på Vernet, så kunne eg sleppe å gå der i dag. Då eg gjekk nedover mintest eg siste hausten Nils var heime, då hadde eg mange slike butikkturar, med ein pose i kvar hand i full fart fordi eg måtte skunde meg heim att. I dag fekk eg vondt i ein fot, det gjekk fort over, men eg likar ikkje at bilen ikkje er i orden. Eg har ikkje så godt som ein sparkesykkel.

Det var varmt og godt i huset for eg hadde fyrt opp med litt skrotved før eg gjekk. Eg fekk gjort ferdig grauten og åt. Så sette eg meg inn til datamaskina, men då ringde det på døra-det var Helge, han som hjelper meg med nesten alt- i alle fall det som er elektrisk. Han tenkte at han skulle lage til ny kontakt til den nye varmepumpa som skal kome. Men då eg fortalde om bilen, ville han sjå på den. Han trudde det var batteriet som ikkje hadde straum nok, så han rota på benken til han fann ein laddar og sette den på ladding. Ikkje veit eg, men eg håper det går i orden. Han ville no komme att og sjå korleis det gjekk. Bilen fungerte no heil fint då eg brukte den i går,

Eg hadde tenkt å få gjort noko i hagen i dag, men det er ikkje så fristande å jobbe ute no som det var då det var sol og varme. Men berre det er opplett, så går det no an å kle på seg.Berre synd at eg er så mett.

Solveig og Øystein kjem vel heim i løpet av helga, ei ekstra ferieveke går fort, i går var dei på Capri.Marit er i Polen og LOLLO ,katten, er her på trappa mi for det meste. Eg vil ønske alle ei god helg anten de er her eller der.

Kl-19.25: No var Helge her og sjekka og bilen er i orden, men den skal stå og ladde til i morgon, då kjem Helge igjen. Han skulle ha vore gullforgylt.

torsdag, september 14, 2023

Dagbok 2023: 14. september


 Klokka er no 16.35, temperaturen ute er ca. 12 grader C -og det regnar. Litt synd for eg hadde endeleg kome meg ut for å arbeide i hagen. Det har vore opplett heilt til no. Sjølvsagt hadde det regna i natt- men ikkje etterpå.

Eg var på trening åleine i dag, ja ikkje åleine der nede , men Marit var her ikkje . Ho var i Bergen og skulle reise derifrå til Polen i dag. Eg vakna og stod opp grytidleg, men då eg såg at klokka var berre 5, la eg meg inn i senga og sov to timar til. Vi var ikkje så mange på treninga i dag, folk har ulike planar. Ei som eg snakka med i dag skulle til syden i lag med venninner. Eg kunne ikkje tenke meg å reise utan Nils og då blir det ikkje aktuelt. 

Etter treninga var eg ein tur på ALTI, eg gjekk no eit par runder der og såg eitt menneske eg kjende, og det var det eldre dama eg plar prate med på Vernet. Eg skulle ha flytande såpe til klesvasken så eg gjekk inn på Eurospar og kjøpte det. Og så visste eg at dei hadde 4 lyngplantar for 100kr på Bunnpris , så då gjekk eg inn og handla der, mat også. Lyngplantane , i alle fall to av dei, skal eg ha fram på grava, men enn så lenge får dei stå på trappa her.

Då eg kom heim att laga eg grønsaksalat til "middag" og så gjekk eg ein tur på Vernet. Trefte ingen kjende i dag og ikkje så mange ukjende heller. Slappa av litt og tok ein kaffikopp, før eg skulle ut og jobbe i hagen. Eg skulle frakte singel frå nede til oppe- Det er slik med singelen på tunet at folk og bilar dreg den med seg nedoverbakke, så eg plar bere opp att nokre bytter kvar sommar, og i år har det ikkje blitt før no. Eg fekk ikkje tatt så mange bytter før regnet kom og eg måtte gå inn. No er eg inne og ventar på at det skal slutte å regne.

Eg passar katten til Marit; Lollo, mens Marit er vekke. I dag tidleg gjekk eg ut på trappa og ropte på LOLLO! og ho kom springande. Eg føler meg litt dum når eg står og ropar, men det må til. Eg trur Solveig og Øystein kjem heim frå Napoli i løpet av helga. Dei har no hatt ein fin ferie vil eg tru.

Denne dyrka marka ligg ovafor Vernet og sidan der er Åsmund som ein den, heiter den Åsmundmarka. Om ettersommaren og hausten brukar der å vere sauer, men enno er der ikkje komne nokon. Fjelltoppen heiterVallahornet. Bak Vallhornet ligg det høge fjellet Saudehornet, det er1303 o.h.meter høgt og kvar sommar er det konkurrase om kven som greier å ta seg opp på kortast tid. I går var det nysnø i Saudehornet, det var ei som hadde lagt ut bilde på FB. Det vart ei brå nedkjøling etter varmen som vi hadde.No skal eg sjå o,m eg får gjort litt meir i dag.

onsdag, september 13, 2023

Dagbok 2023:13. september


Klokka er no16.58 , og temperaturen er + 11 grader. Det regna i dagmorgon, men så kom sola og det vart skikkeleg fint. Eg tok ein tur på Vernet der eg trefte ein mann eg kjenner og vart sittande på ein benk og prate litt. Han hadde kokt plommesylte i går fortalde han- og det hadde no eg også.

Eg var ikkje heilt i form i dag, litt låk i ryggen og så fekk eg ei av desse irriterande meldingane om at eg ikkje har betalt for straumen i kjellaren. Inkasso-melding ! Eg har fått av dei før, men gjekk inn i Banken og snakka med ein mann der og han lova at alt skulle bli ordna -og eg skulle ikkje tenkje meir på det osb.

Eg sende mail til Wattn som har kontor i Ålesund, og der fekk eg til svar at rekninga låg i Avtalegiro- og ville bli betalt viss der var pengar på kontoen.(Og det er der)Men kvifor får eg melding om inkasso då. No skal eg sjå om eg får melding frå banken om at rekninga er betalt. Fekk kvittering for mi leilegheit i dag- så det går kanskje i orden. Dette er slikt styr som øydelegg dagen for meg. Men no ser eg tida an før eg går i banken.

Eg gjekk ut og prøvde å få gjort noko, tok opp løvetannrøter under altanen t.d. og rydda litt her og der. Men så begynyte det å regne og eg gjekk inn. Åt litt ball i dag også, tredje dag på rad. Men no er det slutt. Eg lurer på om Lollo likar ball? Eg skal passe henne mange dagar no, mens Marit er i Polen i bryllaup.

No skal eg ha meg litt kaffi og så blir det strikketøy og TV- men viss det blir sol og fint kan eg gå ut. Høyrde at ein av naboane  klipte plen , men det var vel før regnbyga kom.Skulle ha klipt eg også for der eg mykje gras mange stader, men eg kan ikkje klippe når det regnar.

Eg synest at Volda fekk betre valresultat enn Ørsta, men vi får no sjå korleis det går. Margrete heldt plassen sin som nr..2 på AP-lista, og Amanda vart første vara, enda ho stod lengre nede på lista.





tirsdag, september 12, 2023

Dagbok 2023: 12.september


 Klokka er no16.50, temperaturen er + 14 grader C og vi har kraftige regnbyger heile tida, nesten.

Marit og eg køyrde kvar sin bil på treninga i dag fordi ho skulle til frisør etterpå. Så eg køyrde rett heim i dag utan å handle. Sidan eg fann den grøne Jam-en i går tenkte eg at eg like godt kunne koke sylte av resten av plommene så vart eg ferdig med det. Og det gjorde eg. Eg fekk ikkje med heilt alle, men tenkte eg kunne lage plommegrøt til dessert av dei. 

Eg har fått ei FEME som dei seier her - eg skal ete opp  og nytte det eg har i hus og opp til fleire frysarar. Så får vi sjå kor lenge DET varer. Eg har så mykje halv-ete, men no går eg gjennom og ser kva eg har og kva eg kan bruke. No er frysaren i garasjen nesten tom, det vil seie at der er berre bær og ikkje noko anna. 

Eg har diverse halvetne kaker etc. Men eg skal no sjå om dei kan brukast. I går laga eg ball(klubb) i full fart og eg åt av den i dag også, så får eg sjå om det blir steikt ball i morgon. Eg er ikkje kresen og har god appetitt så eg treng ikkje å lage så mykje godt til meg sjølv. Eg trudde at når eg vart gammal skulle eg ikkje vere svolten støtt-men det er eg. Det tek visst aldri slutt.



 Eg felte av ein lest mens dei oppsummerte valet på TV i går kveld, og lesten vart ikkje heilt som den skulle fordi tankane mine ikkje var heilt med i det eg gjorde, så i dag rekte eg opp og felte av på nytt.

 I dagstrikka eg lesten ferdig  før eg tok på meg regnklede og gjekk min (nesten) daglege runde på Vernet. Eg vart ganske våt på buksa, for eg hadde berre ei regnjakke som ikkje var så sid. Men eg har tørka mykje mens eg har sete her. No skal eg ha meg ein kaffikopp og så blir det vel TV og strikketøy for det meste. Eg får ikkje gjort noko ute å lenge det regnar.

Alt regnet vi har hatt(mest om natta) gjer at plenane er grøne og frodige.


mandag, september 11, 2023


 Klokka er no 19.02, temperaturen ute er + 14 grader og det regnar. Eg kom nettopp inn att frå ein tur på Vernet. Eg hadde vore inne heile dagen, så eg trong litt frisk luft. Det er lenge sidan sist det var så mykje vatn i Vikelva-

Men det har regna stort sett i heile dag, ein regnskur var så voldsom at er trudde det var "Hans" som kom.

I dag hadde eg planlagt å vere inne og styre på i huset, så eg sette i gang med å koke sylte av årets plommer, det vil seie 4 kilo av dei, meir hadde eg ikkje grøn Jam til. Og sist eg såg etter hadde dei ikkje på KIWI. Å fare til Vik ville eg ikkje, men eg hadde no fått laga 7 store glas med sylte. Litt seinare fann er 2 posar til med Jam, eg hadde berre lagt dei på ein lur plass.

Eg tenkte eg kunne lage ei gulrotkake sidan det blir haustferie om ikkje så lenge, og den er grei å ha i frysaren. Så gjorde eg det.

Eg leita i frysaren på kjøleskapet og fann litt kjøt som kunne passe attåt ball, og eg hadde ein halv pose med ball-mjøl, så laga eg ball. Tenkte eg kunne ha den til middag i morgon, men eg smakte litt på den i dag også.

Eg sette meg inn til TV-en og slappa av litt, men så kom der ein mann og banka på vinduet i dag også, vinduet er altså TV-skjermen, og då vakna eg.

PÅ føremiddagen i dag var eg inn på PC-en og melde frå til Wattn at Erlend skal betale straum for leilegheita frå 1. okt. Det var avtalen.

Då leid det mot kveld, men eg fekk pressa inn ein tur på Vernet , det var fint å gå der no, ikkje mykje regn .Trefte ei dame med hund, og hunden vart rasande sint på meg, men slikt bryr eg meg ikkje om. No ser eg fram til å sitte med strikketøyet framfor TV-en resten av kvelden. Håper alle har det bra. I slutten av veka skal Marit til Polen i bryllaup til Daniel, sonen til Kjartan. Då får eg kanskje passe Lollo nokre dagar.



søndag, september 10, 2023

Dagbok 2023:10.september

  

Klokka er no 20.50, temperaturen ute er + 14 grader, og det er mørkt . Eg plar ikkje vere ute om kvelden, så eg har knapt registrert  at det ikkje er  sommar og lyse kveldar lenger. Dei to ungdommane i kjellaren og eg var bedne til fårikålmiddag hos Margrete i dag, Det var Ingrid som køyrde, og innover køyrde vi rundt i staden for å ta ferja. Det vart ein relativt lang køyretur på dårlege vegar, men Ingrid er ein flink sjåfør, så alt gjekk fint. Det er mange år sidan eg reiste den vegen,men eg kjende meg godt att. Og det var mange minne som strøymde på. 

Margrete hadde laga rikeleg med god fårikål, og vi kosa oss med maten og samveret. Forutan oss tre "ørstingane" var Svein der, og Amanda og Martin, pluss de tre hundane :gamle Charlie og dei to "smågutane" Dennis og Albert
 Heimover tok vi ferja , så den turen vart ikkje så lang. Takk til Margrete som laga til "selskap" og til dei som frakta meg. 

I morgon er det val, og eg reknar med at Margrete blir vald på nytt i Volda,og så er eg litt spent å kven som blir valde her i Ørsta. Særleg spennande er valet av ordførar. Godt val! ønsker eg i alle fall, både i Ørsta og Volda.



lørdag, september 09, 2023

Dagbok 2023: 9.september



 

Denne samplantinga står like fin enno, den blir no vatna med regn kvar natt-og det hjelper vel på


Klokka er no17.40, temperaturen har gått ned til +26 graderC, det blæs litt , men er enno godt og varmt. Det har vore nokre skyer på himmelen , så eg venta meg både torden og regn etter denne varmen.

Eg hadde ingen plan for dagen, visste berre at eg måtte handle litt. Med det samme eg gjekk ut såg eg diverse som måtte klippast i rosebeddet og der om kring- Så vart det tur på butikken etter kvart, og då eg kom heim gjekk eg tur på Vernet. Det var heitt og eg hadde litt for mykje klede på meg, så eg sat og kvilte på alle benkane. Det var litt vind der oppe, men den kom frå aust og var ikkje så kjølande. Då eg kom heim silte sveitten- eg brukar nesten aldri å sveitt, men i år har eg sveitta mykje , mest i ansiktet. Der silar sveitten. Det blæs ute no, det har det gjort i heile dag, men dette er vel den siste varme dagen, for no er det meldt regn i morgon

Då eg kom heim frå turen min sat eg ei stund oppe med Marit; ho og barnebarnet er heime åleine denne helga. Eg sat ikkje lenge men gjekk ned og fekk av meg litt klede . Eg skulle i grunnen lage middag, men hadde ikkje lyst på varm mat, så det vart ei brødskive. Sat og slappa av litt før eg gjekk inn på datamaskina og sjekka Reels -det er mykje om det engelske språket for tida, så eg får litt repetisjon. Det kan hende at plenen skulle ha vore klipt, men eg trur ikkje det blir i dag.

Erlend og Ingrid har drive og flytta inn meir av sitte eige gods denne veka. Dei har laga der veldig fint til i kjellarleilegheita. I morgon skal eg vere med dei to inn til Margrete, ho har invitert oss på middag no midt i valet. Ja, eg er nokså sikker på at ho kjem inn att i kommunestyret, ho står på andre plass på AP-lista. Det er no godt at nokon vil ta seg av politikken, for dei får ofte meir kritikk enn skryt, ingen er gode nok og dei fleste får kritikk. Dette gjeld vel enda meir i storpolitikken. Eg er glad for at folk tek på seg slike oppgåver, og eg synest at mange får for mykje kritikk og ufine omtalar t.d. på FB, i aviser og på TV.

Eg trur eg gløymde å skrive GOD HELG i går, , så no gjer eg det i dag.



fredag, september 08, 2023

Dagbok 2023: 8. september


                                                                   Frå kvilebenk nr. 3

Klokka er no18.40, temperaturen ute er no + 25 grader, så då har den gått ned frå 27grader

I dag har eg vore husmor og gjort meir husarbeid enn vanleg- Eg har vaska og støvsuga heile leilegheita mi, vaska klede etc. Eg jobba så sveitten sila, trudde eg, men det var før eg hadde sett på gradestokken. Eg laga meg ikkje skikkeleg middag i dag, det hadde eg eigentleg ikkje lyst på. Etter å ha sett på vaskemaskin nr. 2 og starta oppvaskmaskina, tok eg ein tur på Vernet. Det var då eg oppdaga kor varmt det var ute.

No har eg lagt i hop klesvasken og tømt oppvaskmaskina etc. etc. så no skal eg snart sette på TV-en og høyre om alt grusomt som skjer i verda. Eg har strikketøy, men veit ikkje om eg orkar å strikke ull-lestar i varmen. Eg har ikkje så mykje godt i hus no, så eg må på butikken i morgon.



Her går eg nesten kvar dag, og ofte møter eg folk som eg snakkar med. I dag snakka eg berre litt med eit par eg ikkje kjende-

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...