mandag, oktober 31, 2011

Vermelding 31.oktober - 2011

Klokka nærmar seg 20.00 og dagen er snart historie. Ute er det overskya og litt regn, slik det har vore i heile dag.Temperaturen er + 13 grader C, så vi slepp å fryse. Det slepp sikkert Rasmus også, som har fått montert varmepumpe i dag.Av merket Mitsubishi.
Starta dagen med telefonsamtalar og mailskriving. Scanna litt frå Fjordabladet også,likar å ha saker og ting liggande trygt på maskina, om avisa skulle forsvinne.Alt tek si tid. 
Det har ikkje skjedd all verda i dag, men vi har no hatt besøk av Margrete og alle fire ungane, noko som har blitt ein tradisjon-annankvar mandag. I dag fekk dei kylling og ris+kakerestar og is. Amanda var ikkje frisk i dag, no har ho fått den stygge forkjølinga. Ho ville møte opp på balletten , men ikkje danse. Ho skulle berre vere der for å sjå og lære.
Nils og eg var ein tur på butikken før middag, elles har vi ikkje gjort så mykje fornuftig. Men no skal eg ta meg ein liten tørn og rydde på kjøkkenet, mens Nils ser fotball. Is that a good deal?
Har gløymt å ta bilde av veret i dag, men de veit vel snart korleis gråveret ser ut frå altanen vår?

søndag, oktober 30, 2011

Vermelding 30.oktober - 2011

 
Klokka er no snart halv ni. Temperaturen ute er ca +9 grader og det har regna det meste av dagen.Vi tok 11.45 -ferja frå Volda og var innom Hildegard før vi møtte resten av familien på hotellet til lunsjbuffet klokka 13.
Der var mykje god mat. Fordelen med slike oppdekkingar er at alle finn noko dei likar- ikkje alltid enkelt å finne noko som fell i smak hos alle frå 9-90 (rundt rekna). Ingrid var den einaste som heldt tale-og det med humor og stil. Ho framheva fordelen med å ha ein morfar som stilte opp-til dømes som hestetransportør. "Har du problem med hesten, ring til besten!"
Etter lunsjen køyrde Nils og eg ein liten tur bort på eksersisplassen-Norges eldste.
På Hildegard vart det kaker og kaffi, og mykje god prat. Sidan det berre var nærmaste familie som var samla, kjenner vi kvarandre godt og var ikkje i beit om samtaleemne.
Vi heldt nesten på å gløyme å takke skikkelig for oss, då vi endelig hadde vit å ta på heimvegen. Så no takkar eg på vegner av Nils og meg for ein særdeles kjekk og trivelig dag!

lørdag, oktober 29, 2011

Vermelding 29.oktober - 2011

Klokka er 15.00. Temperaturen er +14 grader C, det er opplett,vind og litt sol. Deilig ver i grunnen, og vinteren kjennest langt borte.(Eg likar så godt vind!)
No har vi nettopp ete ein lettvint middag, pasta carbonara, og vi skal ha ein pause. I dag har eg ikkje vore ute for ei dør, hadde litt problem med rygg og hofte, så eg tenkte dette kunne vere ein kviledag. Har berre vaska klede, stroke etc.Men tida går like fort for det. Heldigvis får vi ein ekstra time til natta.Gler oss til vi skal til Eid i morgon.

fredag, oktober 28, 2011

Bok nr. 62 - 2011: Huset du elsket.

Tatiana de Rosnay er mest kjend for bestseljaren Saras nøkkel, den boka er også filma. Filmen var betre enn boka.
Huset du elsket har også bakgrunn i ei hending i fransk historie, nemlig byfornyinga i 1860- åra. Ei eldre dame gøymer seg i kjellaren av huset der ho flytta inn då ho gifta seg. Huset der mannen hennas var fødd og hadde vakse opp, og der dei hadde budd saman. Ho elskar huset, slik som mannen hennar hadde gjort, og vil på ingen måte at huset skal rivast. Ho brukar denne siste tida til å skrive brev til den døde mannen sin, og fortel om livet sitt, også det som han ikkje har visst om før. Vi får også høyre andre brev.
Korleis ei fransk kvinne frå Paris overklasse tenkte på 1860-talet er eg ute av stand til å vurdere, men det høyrest ganske autentisk ut.
Men er eg spesielt nostalgisk? Nei. Er eg sentimental? Nei. Er eg overdrive romantisk? Nei. Hadde eg kunna svart ja på desse spørsmåla, hadde eg nok likt boka betre. No tykte eg dei 5 CD-ane var langdryge og ganske kjedelige.
Honnør til opplesaren.

Klokka er 15.00, temperaturen er + 10 grader C, og akkurat no er sola framme - så vidt det er. Elles har det vore både regn og vind i dag, særlig då vi var i Volda ein snartur, før vi var på diverse butikkar her i Ørsta.Bildet er frå småbåthamna i Volda.
Denne veka har vi vore mykje på farten, og i dag måtte eg berre på biblio igjen.Fekk med meg tre nye bøker så då har eg ei stund. Var innom El-kjøp for å sjå om dei hadde noko som likna på MP3 spelaren min, men det var fåfengt. Derimot hadde dei fått ny forsyning av gammaldagse Walkmen; det viser seg at mange som les lydbøker foretrekker dei. Ikkje var dei dyre heller.
Mat kjøpte vi på Rema 1000 i dag, folk seier at der er billegare enn på Coop - eg er analfabet når det gjeld prisar. Men kaffi kjøper vi på El-kjøp. Løfbergs Lila er både billig og god.
I dag kjøpte vi også Sunnmørsposten, for å lese om "Bokbadet" som skal vere på biblioteket på Spjelkavik filial av Ålesunds-biblioteket 12.november. Første gjest er Øystein Orten. Biblioteksjef Mariann, min gamle studiekamerat, vil slå eit slag for forfattarskapen til Øystein, og særlig boka Sjabervik.Det hadde vore artig å vere der.
I dag fekk eg støvsuga "heile huset" før vi for nedover, så no kan vi ta helg.
Ønsker alle som les dette, ei skikkelig god helg.

torsdag, oktober 27, 2011

Vermelding 27.oktober - 2011

Klokka er 13.00. Temperaturen er +10 grader C og det regnar. Ja,ja, alt har ein ende-og særlig fineveret. No får vi vere glade så lenge snøen held seg på avstand.
Vi var relativt tidlig på farten i dag, hadde time hos tannlegen 9.45-10.15. Vi blir alltid kalla inn i lag, etter eige ønske.I dag var det "null hull" for oss begge. Etterpå var vi ein liten tur på Amfi og handla mat etc.
Då vi kom heim sette eg i gang å vaske golv, mens det enno var opplett. Hadde ikkje fått ut alle teppa før regnet kom. Men fekk no vaska i alle fall. No ventar eg på at kjøkengolvet skal bli tørt, så skal eg steike fisk til middag.Lenge sidan vi har hatt steikt sei, faktisk. Nils driv og fileterer ute i garasjen.
Det vart så forunderlig mørkt i dag når ikkje sola er her. Eg merkar så tydelig at energinivået stig når sola skin.
I dag gratulerer vi Bjørnar på Eid med dagen!
Klokka 20.00:
Dette har vore ei særs kulturell veke. No kom vi nettopp heim etter å ha vore på Kulturskule-konsert i Volda kyrkje, i lag med Margrete og fam. Både Amanda og Eirik spela på konserten. Amanda spela kornett-solo; "Cheerio" av Fossheim/Rølles, ikkje akkurat det enklaste stykket å spele, men ho greidde det med glans! Eirik spela "Eg veit i himmerik ei borg" på gitar i lag med ein annan gut.Dei var flinke. Ingeborg kunne ikkje vere til stades, sidan ho var på jobb, men Erlend med foreldre og besteforeldre fylte nesten ein heil kyrkjebenk.Veldig kjekt å sjå og høyre så mange flinke born og unge. ( Sjølv om Erlend tykte det vart vel mykje fele.)

onsdag, oktober 26, 2011

Vermelding 26.oktober - 2011

Klokka er ca 13.30. Temperaturen ute er +18 grader i skuggen, og skikkelig varmt i sola. Vi er heldige som bur på "solsida" særlig haust og vår. Har budd i fem år ved foten av Melshornet, så eg veit kva eg snakkar om.
No kjem det rett nok små lette skyer inn frå sør, så det spørs kor lenge fineveret varer. Nils og Hassan har vore ute og fiska i dag. Nils kom heim med mykje sei, nokre store og mange små. Så i dag blir det kokt småsei til middag. Lenge sidan sist vi hadde det.Vi veit berre om ein nabo som er interessert, og han er her og får forsyne seg. Sist vi hadde småsei laga eg blandaball, men veit ikkje om det blir denne gongen.
Mens Nils var vekke fekk eg gjort ein god del husarbeid, men til slutt gikk eg ein tur ut vegen og ei lita runde.Utan fotoapparat. Trefte eit par naboar som eg prata med. (Var sterkt frista til å pusse vindu, men greidde å stå imot, drog gardinene attføre glasa i staden.)
Torde ikkje røre noko i hagen i dag, for no har eg site og klora meg til blods i to kveldar, det klør og det klør, kva som enn gjer det. Hendene klør mest, det er derfor eg trur det er eit kvart eg reagerer på. Fekk planta tulipanløkane i går, og elles er stort sett alt på stell ute no. Nils for over med grasklipparen til slutt og samla opp lauv og rusk.
Og DER kom det ei sky for sola! 
I morgon skal vi til tannlegen begge to. Vi har avtale med tannlegen om å bli innkalla i lag.Nils fekk påminning på mobilen! Så no slepp ein visst å halde greie på noko sjølv.

Gratulerer med dagen, Rasmus !

I dag er det Rasmus sin fødselsdag. Det er 47 år sidan han kom til verda på sjukehuset på Eid. Ein klår og kald haustdag men rim på markane. På den tida budde vi på Raudeberg, men eg hadde flytta heim til mamma ei god stund før fødselen, så hadde eg kort veg til sjukehuset. Mykje vatn har rent i havet sidan den gongen, og mykje har endra seg. No bur Rasmus på Kongsberg og har sjølv både kone og tre små gutar.
Kan ikkje seie akkurat kor gammal Rasmus er på bildet, men han er i alle fall tenåring. Har ein mistanke om at det er Solveig som har tatt bildet og framkalla det sjølv, den tida ho hadde mørkerom i kjellaren her. De får rette på meg om eg tek feil.
No er Rasmus såpass langt vekke at det er ikkje ofte vi har fått vore i lag og feira fødselsdagane hans i seinare år.Før han flytta til Kongsberg budde han i Honningsvåg i mange år, og då var vegen enda lenger. Heldigvis har han svigerfamilie i Kongsberg, så det blir kanskje litt feiring med dei.
Vi ønsker i alle fall til lykke med dagen!
Vi gratulerer også Rasmus Torvik med dagen! Han fylte 21 år den dagen VÅR Rasmus vart fødd.
 Dette bildet er frå haustferien i år. Minstemann er ikkje heilt i form.

tirsdag, oktober 25, 2011

Vermelding 25.oktober - 2011

Klokka slår fire (16.00) akkurat no. Ute er det strålande ver og +16 grader her oppe i bakkane med oss; ikkje fullt så varmt nede i Vik.
I dag har vi berre "surra"- så langt. Som vanlig når det er Seniorkino-dag, noko som skjer ein gong i månaden, var veret strålande, så eg kan godt forstå at folk valde bort dag-kino i dag. Likevel var det bra frammøte, for mange hadde lyst å sjå akkurat denne filmen. Og eg trur ikkje nokon angra på det. Filmen var veldig fin på mange måtar, og handlinga var lagt tett opp til teksten i boka.
Før vi for nedover rusla vi ut Starevegen og inn att, for å få nyte fineveret litt før vi sette oss inn i kinosalen.(Filmen varte i over to timar).
No tok vi oss litt mat, og Nils er alt i gang ute med å sage opp greiner frå i går. Etterpå skal han klippe resten av plenen for å få opp alt lauvet og anna rusk som ligg att. Det er lenge sidan vi slutta å RAKE lauvet med rive.Eg skal ut og hjelpe til. Og viss eg finn att tulipanløkane, skal eg plante dei.

Svein Arne fyller 70 år.

I dag er det 70-årsdagen til bror min. Vi er berre to søsken, og eg er halvtanna år eldre enn Svein. Vi var liksom jamnaldra heile barndommen, sjølv om eg hugsar litt lenger tilbake enn han. Eg kan faktisk hugse at han låg i barnevogna, og at eg køyrde han i dukkevogna mi rundt bordet i stova. Kan også hugse at eg prøvde i knyte sløyfe i dei lange, lyse krøllane hans.
Han vart altså fødd i 1941, ei tung og vanskelig tid for dei fleste i landet, tillegg vart det ein lang og kald vinter det året. På den tida budde vi i paktarhuset på prestegarden.
Mykje er forandra sidan den gongen, det skjer faktisk mykje på 70 år. Ikkje berre i eit menneskeliv, men utviklinga i verda har vel aldri gått fortare enn dei siste 60-70 åra.
I staden for å bu i eit lutfattig og krigsherja land, bur vi no i verdas rikaste.Slik har det gått framover. Men når det gjeld oss sjølve, er det ei anna sak. Vi skulle vel gjerne vore både yngre og sprekare, men det kan vi ikkje ha særlig håp om å bli.
I staden får vi vere glade for alt det positive som har skjedd i alle desse åra. For barn og barnebarn, som vi begge er blitt rikelig velsigna med. Ikkje minst.
Svein har alltid hatt mange interesser. Bilar, og særlig veteranbilar, er ei av dei. Han hadde ikkje fylt 14 år eingong då han begynte å jobbe på bilverkstad. Han har alltid vore glad i å teikne og måle, og særlig etter han vart eldre har han dyrka denne interessa. I alle heimane til eigne barn og til mine, heng der bilde som han har måla. Og eitt år då han skada seg så han måtte legge bort penslane for ei stund, slo han seg på slektsgransking. Der har han vist ein utrulig trott, for det er litt av eit detektivarbeid han har lagt ned i å finne fram til forferdrar-og mødrer.
Elles stiller han opp for barn og barnebarn, anten dei treng hjelp til hestetransport eller bilreparasjonar. Med elleve barnebarn i nærleiken, har han aldri for lite å ta seg til.
Dessverre har eg få bilde frå vi var små, men eg har plukka ut eitt frå den tid tanta vår med familie budde på apoteket, som den gongen låg i Hola.Svein sit heilt til venstre på bildet.  I bakgrunnen ser vi Almenningen som den gongen såg litt annleis ut enn i dag.
Vi vil gratulere Svein med dagen i dag, og ser fram til feiringa komande sundag.

mandag, oktober 24, 2011

Bok nr.61 -2011: Med katten på fanget.

Då har vi vore på "Bokslepp" på Kunsthuset i Ørsta. Eg må med skam bekjenne at det er første gongen eg har vore der. Der er jo heile tida utstilling av maleri og grafikk t.d.
Det var ein vi kjenner godt, som i ein alder av 70 år debuterte med ei eiga diktsamling. Det kom nesten som ei bombe på meg. Eg visste at han las veldig mykje lyrikk, men ikkje at han skreiv sjølv. Det vesle lokalet var nesten stappfullt av venner og kjende, og det var kjekt.
Ottar fortalde om sin eigen barndom og ungdom på ei ganske stor gard i Eidsdalen, ikkje så langt frå Geiranger, og så las han dikt. Sjølvsagt. Per Ragnvald spela piano innimellom, så det vart eit variert program. Mange av dikta var humoristiske, han hadde vel valt ut dei til høgtlesing, mens dei meir alvorlige passar betre å lese sjølv. Dikta hadde rim og rytme, var lett tilgjengelige, men ikkje banale.
Etterpå vart det sal av bøker i underetasjen, og vi fekk kaffi og kringle. Kringla var Ragnhilds heimebakte, som er verdens beste.
Trefte mange "gamle kjende"- folk som eg har jobba i lag med, og som framleis er i arbeid. Det er derfor eg møter dei så sjelden. Ein trivelig kveld.
Klokka er snart 14.00. Temperaturen er + 18 grader og det er aldeles nydelig ver ute. No kan dokke sjå alle dokke som ikkje ville tru på sommaren-eg gav aldri opp håpet. Men fann no ut at det var på tide å legge altanmadrassa mi på loftet, så det blir litt problem med solsenga. 
I dag har vi vore ute og jobba i hagen heile føremiddagen. Har klipt frukttre og reinska staudebed m.a. Viss de ser godt etter på bildet vil de sjå at Nils mel kvistar på kompostkverna, mens nabodama reinskar ugras.Eg gikk inn for å lage litt mat, men mest for at ryggen min svikta.
I kveld skal eg på bokslepp. Mannen til ei god veninne har gitt ut ei diktsamling.
Elles kan eg sjå og lese på nettet at det har gått eit stort steinras i Austefjorden, der som vi køyrde tur i går.
Mens vi heldt på å jobbe ute, kom naboen og tok bilde av oss.

søndag, oktober 23, 2011

HJELP

Denne sida kom opp på MP-3 spelaren min utan vidare.Og eg får den ikkje vekk, same kva eg trykker på. Ikkje får eg slå av spelaren heller, og ikkje kopla den til datamaskina. Eg rippa ei bok før i dag, og no skulle eg legge den inn på MP 3. Som de veit er eg heilt avhengig av lydbok på senga, så no er gode råd dyre.

Bok nr.60: Evas øye av Karin Fossum

Denne boka har eg sett på biblio fleire gonger, utan å ta den med heim, fordi eg meinte eg hadde lese den. Men så begynte eg å tvile på det, og sidan eg ikkje fann noko anna den dagen, vart det til at eg lånte den. Då eg hadde høyrt ca halve boka oppdaga eg endelig at dette var noko eg kjende att, og seinare dukka det opp enda ei episode som låg på min "indre film". Resten var gløymt. Boka held god, gammal Eva Fossum -standard,der ho på ein måte viser oss at kven som helst kan bli drapsmann /-kvinne under sæskilde omstende.
Skriv ikkje så mykje om boka, sidan eg reknar med at dei fleste har lese den. Den er lettlesen og høver godt for lydbok sidan handlinga er enkel og her er få personar.Språket er greitt, men lite originalt.
No har eg lånt ei bok av Tatiana de Rosnay  (Saras nøkkel) som heiter "Huset du elsket". Veit om lag kva eg har i vente. Mo Hayder si siste har dei berre fått inn i papirutgåve, men eg har sett meg på venteliste for lydbokversjonen.
Og 1.november kjem Knausgård 6.

Vermelding 23.oktober - 2011

Klokka er 14.00. Temperaturen er+ 13 grader C, det er overskya og vind.
Vi er nettopp heimkomne frå biltur. Vi tok oss ein tur inn til Kalvatn for å sjå kor langt dei er komne med Kvivsvegen.Arbeidet skrid fram, og det blir ein flott veg med mange ,lange tunnelar som kjem til å korte mykje inn på veglengda. Men alle dei nydelige idyllane på strekninga blir mykje godt borte. Ja, borte blir dei sjølvsagt ikkje, men vi får ikkje lenger sjå dei frå bilvinduet. 
Då vi var komne inn til Kalvatn, gikk eg ut på brua mellom dei to tunnelane for å ta bilde.Dessverre hadde eg gjort den tabben å sette minnekortet att i laptoppen. Veldig festlig!
For å ha eit lite "skrytebilde" på bloggen tok eg bilde av laurbærheggen som står i full blomst for andre gong i år. Viss nokon er på jakt etter ei vintergrøn buske som toler alt, så er laurbærhegg saken. Nabokatten Nusse kjem ned på trappa til oss, og rikkar seg ikkje før ho har fått ein melkeskvett.Ho vil ikkje inn. I dag skal vi ha fisk til middag,  då får ho fiskeskinn og restar også, så då blir det berre velstand.(Vi hadde kotelettar til sein middag i går, så i dag var vi fiskesvoltne!)

lørdag, oktober 22, 2011

Vermelding 22.oktober - 2011

Klokka er nærmar seg 15.00, temperaturen er +13 grader C og det er overskya. Vi trudde vi skulle få opphaldsver i dag,så vi fekk gjort litt ute i hagen, men dessverre kom det litt regn i dag også. 
Eg måtte ein liten tur innom biblio, så vi hadde eit påskot for å fare på rek i dag også. Etterpå var vi på Amfi, der det som vanlig var både folk og musikk. I dag var det ei toradergruppe som var i elden, forsterka med ein bassgitarist frå Volda som vi kjenner. Ikkje akkurat den musikken eg diggar mest, men høyrde no på eit par nummer.
Etterpå var vi opp i den nesten tomme gågata fordi eg ville sjå inn på Staurset etter ein tynn ullgenser med hals til Nils. Og der var det jammen litt av eit utval i alle slags genserar og cardigans for einkvar smak. Synd at ikkje denne butikken ligg inni kjøpesenteret, trur dei taper på det.Men der er det Dressmann som råder grunnen. Det var på Staurset Nils jobba dei første åra vi budde i Ørsta. Då dreiv Staurset konfeksjonsfabrikk i lokala over butikken.Eg gjer merksam på at genseren vi kjøpte er mørkegrøn, ikkje slik den ser ut på bildet.
Siste stopp i dag var Rema 1000. Der trefte vi fleire kjende som vi ikkje har sett på aldri så lenge, så det vart mykje oppdatering.
Vart litt irritert i dag. Innlegget som eg hadde skrive om seniorkino var kome med i avisa; det som mangla var sjølve kinoannonsen. Eg hadde klarert alt på førehand. Men det blir altså filmframsyning av Barnepiken tysdag 25.okt. kl.12.30. Det er lov for alle. Billetter får ein kjøpe i kiosken rett før framsyninga. Håper mange kjem og ser denne fine filmen.
I dag skulle eg eigentlig ha vore på Bokkafe på Fru Svendsen kl.15.00, men det passa så dårlig med tidspunktet. Mandag er vi invitert på Boklansering på Kunsthuset.Så her er nok å ta seg til for den som vil.

fredag, oktober 21, 2011

Vermelding 21.oktober - 2011

Klokka er 13.15, temperaturen + 8 grader, det er overskya, men stort sett opphaldsver. I dag har vi jobba godt heile føremiddagen, både Nils og eg. Eg har vaska og støvsuga til helga, lagt i hop klede osv.Nils har lagt att fibergrøfta. Sidan der var ein del stein som kom fram då han grov, måtte han hente mold å fylle på med. 
No er middagen på gang. I dag blir det seikarbonadar som eg laga på onsdag. Eg varmar dei i steikomnen i staden for på panna, synest dei blir betre då.

Elles så har vi ikkje så mykje planar verken for dagen eller helga, men vi er no fri til å gjere det vi vil.
Ønsker i alle fall alle ei god helg; og neste veke blir det finever. Trur eg.
Denne serveringsskeia i rustfritt stål, kosta eigentlig ca 400 kr. I går hadde dei slike på tilbod på Glasmagasinet til 58 kr stk. og då måtte vi sjølvsagt kjøpe ei. Kva den eigentlig egnar seg til, står att å finne ut. Det vart nemnt "ballskei"-men ein serverer vel ikkje ballen i krafta? Nokon som har eit betre tips?

torsdag, oktober 20, 2011

Vermelding 20.oktober - 2011

Klokka er snart 14.00, temperaturen er + 2 grader og det snøar ute.Ja, det ligg faktisk kvitt på alle marker her oppe hos oss. Ikkje SÅ gale nede i Vik.
Kan ikkje seie at eg likar dette veret, og eg hugsar så altfor godt at snøen kom på akkurat 20.oktober i fjor også, og låg heilt til våren kom! 
Har sjekka yr.no og det skal bli mildare. Vi går liksom og tel på knappane om vi skal skifte til vinterdekk.
I dag tok vi oss ein slyngardag, for å kome oss litt ut for dørene. Var innom nokre butikkar og trefte litt folk å prate med. Kjøpte litt småtteri også- og litt mat.
No driv Nils og skal varme opp mat frå i går, så då blir det middag til rett tid i dag også.

onsdag, oktober 19, 2011

Vermelding 19.oktober - 2011

Klokka  har passert 13.30. Ute er det skodde, regn og grått. Temperaturen er + 5 grader C.Snøen ligg langt nedetter fjellsidene.
Det er til å bli deppa av, men på langtidsvarselet for neste veke er det berre sol,sol, sol......Så har vi noko å sjå fram til, anten det slår til eller ikkje.
I dag har eg brukt det meste av førmiddagen til matlaging. Nils heiv uti snøret så vidt i går kveld, og fekk nokre småseiar. Slike plar vi ete "levande" til middag, men sidan vi alt hadde ete fårikål, frista det ikkje med enda eit middagsmåltid, så vi vart samde om at eg skulle lage "blandaballj" i dag. Då eg hadde laga ball av halvparten, fann eg ut at det eigentlig var nok, så eg laga seikarbonadar av resten. Dei blei noko grå, slik som dei blir når fisken er liten, men sikkert fullt etande. Dermed har vi middag til to dagar-eller meir.Eg har erfaring med at det blir mykje matlaging i styggever.Mykje lesing og strikking blir det også, glad eg ikkje har skritteljar, for DÅ hadde eg blitt frustrert.

tirsdag, oktober 18, 2011

Bok nr .59 - 2011: Fasandreperne av Jussi Adler-Olsen

Jussi Adler- Olsen har skrive tre kriminalromanar om "Afdeling Q"- ei oppdikta avdeling innafor Københavnpolitiet. Avdelinga består av tre personar. Carl Mørch, sjefen, Assad, syraren, som er assistent, og Rose, ein litt overivrig sekretær som går sine eigne vegar. Denne trioen skal prøve å løyse gamle saker som av ein eller annan grunn har blitt lagt bort.Det er skrive tre bøker om denne gjengen, dette er nr.2. Nr. 3 las eg for kort tid sidan.
Sidan eg les lydbøker er eg sjølvsagt ute for at opplesaren "tolkar" teksten for meg; og når det gjeld desse bøkene er det rikelig høve til det. Er dette ein parodi? Eller er det ein grotesk kriminalroman? Det kan vere eit spørsmål. For meg (med hjelp av opplesaren) var det ingen tvil. Dette er humor! Eg greier ikkje å ta det alvorlig, same kor mykje der er både av mord, alkohol-og dopmisbruk, ulykkelige barndommar etc. Det er rett og slett morsomt. Fordi det er så overdrive at det ein ikkje ein augneblink trur på det.
Forfattaren er oppteken av språket, det er vel derfor han har teke med syraren men litt språkproblem, og med tendens til å overdrive bruken av "altså". Han har også litt vanskar med samansette ord , slik at det blir "toppbakke" og "venneperler" og ikkje omvendt. Og så må Mørch stadig vekk forklare "vanskelige" ord.Elles er her rikelig med ironi, noko som eg er svak for.
Det er i det heile tatt språket som løftar desse romanane og gjer dei til noko meir, eller noko anna, enn vanlige kriminalromanar.
Dette er slik eg les boka, andre vil sikkert lese den på ein annan måte.
Første boka i serien heiter "Kvinnen i buret", eg er ikkje sikker på om eg har lese den, den tredje heiter "Flaskepost fra P"- eg likte best nr.2.

Vermelding 18.oktober - 2011


Klokka er snart 14.00, og Nils driv og varmar opp att fårikålrestar frå i går. På yr.no står det at det skal vere litt sol og opplett i dag, men det veret har vi ikkje sett til denne tid. Derimot har det vore voldsomme regnbyger og til dels vind. Temperaturen ligg på + 7 grader C.
Men neste veke skal det bli sol og sommar. Det trur eg meir på, for tysdag er det Seniorkino, og då plar det alltid skine opp.
Vi har så mykje som skulle ha vore gjort ute, så vi treng opphaldsver. Eg har m.a. kjøpt tulipanløkar som skal i jorda utan å rotne opp i væte.
I dag hadde vi ikkje noko spesielt på programmet, men det er alltid noko å ta fatt i for dei som vil, så eg nytta litt av dagen til vasking av diverse skap på kjøkkenet. Så fann eg ut, etter inspirasjon frå Solveig, at eg skulle prøve å ta i bruk brødmaskina igjen, etter at den har fått kvilt seg i lange periodar. Vi tok den opp frå kjellaren, og gav den ein skikkelig "make-over", og så laga vi til ingrediensar til eit brød. Nils har brukt maskina somme tidar, men eg har nesten aldri tatt i den, så no spørs det om eg blir hekta? To be continued........
Klokka 19.00: Det vart til at det skein opp etter kvart, og Nils tok ein tur ut for å sjå til båten.Eg nytta høvet til å strikke på ein lest mens eg las i boka mi. Trudde eg skulle bli ferdig med den mens eg var heime åleine, men då eg hadde lese ut plata, oppdaga eg at der var to til ..
Brødet som vi laga på maskina vart ganske mislykka, enda  vi hadde følgt oppskrifta til punkt og prikke. Det er vel ein grunn til at vi ikkje har brukt den så mykje?

mandag, oktober 17, 2011

Vermelding 17.oktober - 2011

Klokka er snart halv åtte og enda ein dag går over i historia. Ute er det mørkt, det regnar og temperaturen er+8-9 grader C. Hausten er her for fullt, men eg er glad vi slepp snø, så langt.
I dag har eg ikkje gjort så mykje. Rettnok hadde vi middagsgjestar, men maten var enkel og passa seg sjølv. Det vart fårikål for første gong i år. Margrete og dei to minste kom i 16-tida. Ingeborg måtte vere på jobb i dag, og Eirik skulle på fotballtrening.
Vi er for så vidt friske, men hostar enno litt innimellom.
Vi ventar på at dei skal kome frå Tussa og grave grøft og legge fiberkabel- dei må ikkje vente til snøen kjem.
Eg driv framleis og strikkar lestar til "julelageret"-det er sytalaust arbeid.

søndag, oktober 16, 2011

Vermelding 16.oktober - 2011


Klokka er 14.30, temperaturen +13 grader C, det er overskya og stort sett opplet. Såpass sterk vind at Nils ikkje blir frista til å fare på sjøen. 
For å komme oss litt ut før middag, tok vi ein biltur bort på andre sida av bygda. Lenge sidan vi har sett oss om i det bustadområdet som heiter Rystefeltet. Vi køyrde først så langt vi kom oppover på vegen mot Osskaret, og så sirkla vi oss nedover. Det er så lenge sidan vi har GÅTT der borte at vi kjende oss nesten ikkje att. Men vi registrerte at meir bygging er på gang. Det er veldig fint der borte, men det er vi som har fordelen av å bu på solsida.
Etterpå var vi ein tur til gravplassen på Askjelhaugen.Nesten nifst å sjå kor mange kjende som er gravlagde der på få år. Fleire berre her frå Starevegen.
No har Nils koka ertersuppe og det luktar fortreffelig. Vi er enno ikkje ferdige med forkjølinga, så varm suppe gjer sikkert godt.

lørdag, oktober 15, 2011

Vermelding 15.oktober - 2011

Klokka har passert 13.30, temperaturen er + 13 grader C. Det er overskya, opplett og litt vind. Eigentlig ganske behagelig ver.
Vi har nettopp vore nedover og handla. Var bortom Felleskjøpet og handla vaskepulver m.m. i store pakkar.Innbiller oss at det lønner seg, og så er det greitt å ha i hus. 
På Amfi er der alltid mykje frammande folk om laurdagane, men vi møtte litt kjentfolk også. Og så hadde eg eit par småærend opp i gågata.
Nils fekk lagt kabelen i grøfta i går, og grov att mesteparten. Eg hjelpte til litt og så klipte eg ned nokre visne stauder. Det er mykje som skulle fore gjort ute, før vinteren, men dagane med godver og energi strekk ikkje til. Bildet i dag viser utsikta mot Hovdebygda, frå parkeringsplassen i sentrum. Det blæs for mykje til at Nils vil ut og fiske.
Dette er bilen som Rasmus kjøpte på nettet då han var her i haustferien. Han er veldig nøgd med den, så langt. Bildet er teke med Eivind sin iPod. Sjølv var eg imponert over bilnummeret (skiltet).For dei som ikkje er så trygge på logoar kan eg opplyse om at dette er ein Subaru Forester.

fredag, oktober 14, 2011

Vermelding 14.oktober - 2011


Klokka er snart 14.00, temperaturen + 13 grader, og det er nydelig ver og sol ute. 
I dag vakna eg med noko så ukjent som arbeidslyst, og det var herlig! På føremiddagen har eg vaska, støvsuga og rydda heile leilegheita, noko som det faktisk var eit akutt behov for. Så seint som i går kveld var eg nokså elendig, men ut på kvelden fekk eg laga nokre fiskekaker, slik at vi fekk middagsmat. Sov godt og lenge sist natt, og vakna nesten frisk.
Nils begynte på fibergrøfta i går, og heldt fram i dag. Innimellom gravinga er det mykje diskusjonar med naboane om korleis det skal gjerast. Alle fekk kvar sin spade med Tussa, men sidan grevet vårt hadde eit øydelagt skaft, måtte han kjøpe nytt - ikkje grev, men skaft.Han spekulerer på korleis han skal få kabelen opp og inn i huset.Han har tenkt å ha kabelen gjennom eit rør, og så har han fått bora hol i plata. Eg engasjerer meg ikkje i dette arbeidet, men styrer med mitt.Håper alle får høve til å nyte litt av fineveret. Sjølv har eg planar om å lage til altansenga mi, berre for å vere ute.
God helg til alle!

torsdag, oktober 13, 2011

Bok nr. 58: "Fjorden" - av Lars Ove Seljestad

De synest kanskje eg les mykje for tida, men det er ikkje så mykje anna eg orkar å gjere, og dessutan er det korte bøker. Denne er på 5 CD-ar.
Margrete har lese denne boka og blogga om den før, så eg treng ikkje skrive så mykje. Eg er stort sett enig i det ho skriv, men eg må seie at siste delen av boka var veldig gripande; kanskje virka den sterkare på meg fordi eg er eldre?Det er i alle fall kjekt å lese noko anna enn krim.
Klokka er 14.15. Temperaturen er + 8 grader og det er strålande sol. Då vi stod opp i dag, var det rim på alle tak, men det ser ikkje ut til at blomster og plantar har frose. Blant anna blomstrar clematisen fint. Denne planten plar dekke heile veggen, i år er han berre ein skugge av seg sjølv.
Vi er ikkje særlig mykje betre i dag enn i går, men det er ein ting eg ikkje kan greie meg utan, og det er lydbøker, så det vart ein tur på biblio. Fann berre eit par krimbøker, og det er eg stort sett lei av.
Nils insisterte på at eg skulle legge bildet av ekkoloddet inn på bloggen. Det står til tørk på kjøkkenbordet og viser at det også der er god tilgang på fisk. Det skal der også bli litt seinare, for i dag skal eg ta meg på tak å lage middag. Trur eg.

onsdag, oktober 12, 2011

Vermelding 12.oktober - 2011

Klokka er 14.00, temperaturen + 7 grader, og akkurat no er sola framme, så vidt. Før i dag har det vore både regn og hagl.
Eg kan ikkje skryte av at eg er så mykje betre i dag enn det eg har vore før. Laga ei tomatsuppe med egg til middag. Brukte ein suppepakke+ein boks tomar, to sjalottløkar og ein kvitløk+ ein hermetisk chili av det sterke slaget. Tenkte det skulle opne luftvegane. Det blir mykje suppe for tida, har ikkje så veldig lyst på mat.
Nils har vore ute i lag med Peder, dei har bora hol i altanplata, der som fiberkabelen skal opp. Peder hadde ei boremaskin som han hadde lånt.
Ei av damene i styret for pensjonistlaget ringde og fortalde meg om turen dei hadde til Eid i går. Det hadde vore veldig vellykka, både operaen og det som gjekk føre seg før framsyninga. Middag på Kyrkjetun, omvising i kyrkja og kunstutstilling i Gamlebanken. Fjordabladet hadde fotografert dei på banktrappa.
Leiaren for pensjonistlaget på Eid hadde vore med dei under middagen og fortalt om arbeidet i laget deira. Hilde, kasseraren vår, har hatt mykje arbeid med å arrangere det heile, så eg er så glad for at det vart så bra. Eg kontakta Bodil i si tid, og fekk tips om kven vi kunne snakke med, men elles hadde eg ikkje noko med arrangementet å gjere. Sjølvsagt ville eg gjerne ha vore med, men er ein sjuk, så er ein sjuk, og eg hadde ikkje hatt ein sjanse på eit slikt opplegg. Men så sjeldan som eg er sjuk, trefte det veldig "ubeleilig". Ser at dei skal sette opp Madame Butterfly neste år.Får prøve igjen då!

tirsdag, oktober 11, 2011

Bok nr.57- 2011: Kongens hjerte. Av Gaute Heivoll.

Eg har lese berre ei bok av denne forfattaren før. Den heitte Før jeg brenner ned  , og eg vart heilt betatt av den boka. Då eg begynte å google forfattaren, forstod eg at eg ikkje var den einaste som var begeistra, for han har fått mange prisar for forfattarskapen sin. Rart eg ikkje hadde høyrt om han før, men det er på ingen måte dei beste forfattarane som får mest merksemd.
Denne boka er heilt annleis enn den første eg las, som var litt av ein page-turner.
Men også denne gongen har forfattaren teke utgagnspunkt i ei verkelig hending. På slutten av 1700-talet herja det nemleg ein mystisk epidemi på Sørvestlandet.Sjukdomen vart kalla "radesyken"-og dei som fekk den fekk stygge væskande sår, blant anna.  
Hendinga i boka er lagt til 1775, då ein far reiser frå Sørlandet til Kong Fredriks hospital i København med den sjuke døtra si. Kona og den eldste døtra er døde av den same sykja. Faren er frisk, men han er heile tida på leit etter teikn på sin eigen kropp. Teikn på at også han "har det i seg". Heile boka handlar om denne reisa og om opphaldet på sjukehuset i Kongens by. Noko av det som skjer er verkelig, andre ting går føre seg i draumane og fantasiane til faren. Og midt opp i all sjukdommen og elendigheita er det så POETISK og VAKKERT. Dessutan er dette ei bok som ikkje legg grenser for eigne tolkingar. Det er ei nokså stilleståande og lågmælt fortelling, men den grip lesaren. I alle fall vart eg gripen.

Vermelding 11.oktober - 2011

Klokka er snart halv to, og middagen er nesten klar. I dag har vi laga ei kjøtt+grønnsak-suppe, det einaste vi hadde lyst på. Ute styrtregnar det akkurat no, men innimellom bygene kjem sola fram, så vidt det er. Temperaturen er + 6 grader C.
I dag er det den store operadagen for pensjonistgruppa frå Ørsta. Eg hadde gledd meg til å vise dei heimbygda mi, men her sit eg altså, forkjøla og redusert.Glad for at eg slo ifrå meg turen i tide. Håper berre at turen blir vellykka for dei som er med.
I dag har vi fått også straumrekninga på efaktura, noko som fungerte heilt fint. Vi prøver å få mest mulig over på data, slik at vi slepp "misbruk" av papir og porto. Pensjonane frå NAV har vi også ordna slik at vi får dei på data. Det blir vel mindre inntekt for posten, men her har vi berre post i butikk kor som er.
I kveld skal Nils manne seg opp og møte opp på Vikemarka skule og få orientering om fiberkabel. Dei skal visst til å grave no-synest dei er litt seint ute. Då får vi både telefon, data og TV -signala frå den lokale leverandøren Tussa.
Eg føler meg litt betre i dag enn i går, fekk vaska håret, og berre det gjer at ein føler seg LITT betre.

mandag, oktober 10, 2011

Vermelding 10.oktober - 2011

Klokka er 12.40. Ute er det overskya, men opplett akkurat no; regnet kjem i byger i dag.Temperaturen er + 8 grader C. Ikkje mykje å skryte av altså. Bilda mine blir veldig einsidige når eg ikkje kjem meg lenger enn ut på trappa eller altanen.
Men i dag tenkjer eg meir på at eg må avstå frå Opera-turen i morgon.Hadde gledd meg til at Margrete og eg skulle vere med pensjonistlaget på ein heildagstur til Eid, men middag på Kyrkjetun og diverse omvisningar etc. før sjølve operaframsyninga.
Og så sit eg altså her, ikkje berre forkjøla og elendig, men med ein kropp som er heilt ute av funksjon på grunn av slappheit. Armar og bein er som bly, og hovudet enda tyngre. Sist eg var like elendig var for ti år sidan då vi skulle til Kypros, då fekk eg penicillinkur såpass eg kom meg av garde.
Alle som kjenner meg godt, veit at eg har aversjon mot å planlegge fram i tid. Det har sine grunnar. Denne turen begynte vi å planlegge i vår.
Å vere forkjøla er ikkje nokon tragedie når ein stort sett har berre seg sjølv å ta omsyn til, og som regel går det over utan store problem. Likevel er det sjeldan det høver. Forresten er Nils like elendig, så då er vi to.

søndag, oktober 09, 2011

Vermelding 9.oktober - 2011

Klokka er snart 18.00.Ute er det nesten mørkt og regnet bøttar ned; det har det gjort i heile dag. Temperaturen er +7 grader C, og det er i alle fall eit lite pluss, så snøar det i alle fall ikkje.
Eg var så framsynt i går at eg vaska og hengde ut sengetøy, og fekk berga det inn i dag før regnet kom i dag.
Heilt knusktørt var det ikkje, men stryketørt i alle fall. Så på føremiddagen stod eg og strauk mens eg høyrde ferdig boka som eg skreiv om før i dag. Resten av klesvasken blir å tørke i trommelen, for det ser ikkje ut til å lette med det første.
Elles er det berre elende med oss, no er Nils også blitt forkjøla, og eg er ikkje blitt noko betre enn eg var i går, snarare tvert imot. Eg orka så vidt å lage fiskesuppe til middag, den gikk rett nok ned på høgkant. Etterpå la eg meg på dagsenga og sov ! No veit eg at forkjøling går over og at det eigentlig ikkje er så mykje å bry seg om når ein ikkje skal på arbeid, men så er det denne operaen på tysdag, då.......Å vere tett i toppen og ha hovudverk etc. harmonerer liksom ikkje med opera. Men eg lever i håpet - i alle fall til i morgon.

lørdag, oktober 08, 2011

Bok nr .56 - 2011: Vinterstengt

No har eg endelig kome meg gjennom denne boka. Det vart lite lese mens vi hadde besøk, som rimelig kan vere, men det er andre grunnar også for at eg har brukt lang tid på dei 7 CD-platene. Eg har lese bøker av same forfattaren før, og veit eigentlig koleis han bygger opp historiene sine, og denne var som dei andre, med eitt unntak. Han plar ha interessant bakgrunnsstoff-det manglar her. Rettnok er han ein liten tur i Litauen og besøker "Tyvenes marked"- og ser fenomenet med tjuveriraida til Norge frå ei anna side. Elles er dette ein "politiroman", der vi heile tida følgjer politiet sitt nitide arbeid for å oppklare tjuveri, mord og narkotikasmugling. Og det er gjort på ein slik måte at det for meg blei dødsens kjedelig,- eg "datt ut" heile tida, og måtte spole tilbake og høyre om att ørten gonger.
Opplesaren les for såvidt greitt nok, men han legg stemma i eit svært lågt toneleie noko som gjer teksten enda meir kjedelig. Når eg slaktar denne boka, reknar eg med at lesarane reagerer ulikt. Somme vil lese den for å finne ut om det verkelig kan vere så gale som eg meiner, mens andre vil la boka ligge. Det er fritt val.

Vermelding 8.oktober - 2011

Klokka har akkurat passert 15.00. Temperaturen ute er+ 10grader C; det er lettskya og strålande sol.Rasmus med familie reiste i dag tidlig, dei skulle ta 10-ferja frå Volda. Minstemann var heldigvis litt betre, men det blir vel ein lang tur både for han og dei andre.Det var var siste gongen den gamle Mondeoen var her i Starevegen, for dei har kjøpt ny bruktbil mens dei var her - på nett. Får håpe dei er heldige med den-ein Subaru Forester.
Det er alltid vemodig når dei reiser igjen, så då er det godt å ha noko å henge fingrane i. Det vart både golvvask, klesvask og støvsuging før huset var i orden igjen. Eg følte meg rimelig pigg, men etter ei kvilestund på sofaen, kjende eg at forkjølinga heng i. No skal eg konsentrere meg om å bli frisk til tysdag -då skal Margrete og eg + andre pensjonistar til Eid og sjå/høyre "Tryllefløyten". Eg har aldri vore på opera før, og ikkje ein gong inn for døra i Operahuset på Eid. Det er jo for så vidt ei skam.No skal Nils ut og sjå etter båten, og eg skal prøve å få lese litt meir i lydboka mi, utan å somne.
Det er vakkert med blå himmel og kvite fjell, men synest eigentlig snøen kunne halde seg litt meir på avstand ei stund til. Tenkjer mest på dei som skal over Hemsedalsfjellet. Dei fekk med seg kjettingar på vona at det skulle bli gale, men midt på dagen tinar vel snøen dersom det er varmegrader.
PS: Fekk melding frå Rasmus kl.15.40-då var dei på Bromma, så då har det no gått radig så langt.
PPS: Dei var heime i K. før klokka halv sju.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...