lørdag, august 29, 2009

Storseien

I kveld har Olaug og Nils vore ute og fiska, og Olaug fekk ein praktfull sei.Som de kan sjå på kleda hennar, var det ein heller våt tur, men berre ein får fisk, så.....
Seien heng i garasjen og skal få vere med til Hareid i ufrosen stand. All fisk er best før han har vore i fryseboksen!!!!

torsdag, august 27, 2009

Bok nr.56: Hjemkomsten

Denne forfattaren har visst ein plan om å skrive "den gløymde historia", og første boka hennar om dei spedalske på Øya, var verkeleg ei heilt ukjend historie for meg.
Denne boka handlar for ein stor del om den spanske borgarkrigen. Den har eg sjølvsagt høyrt om før, men her blir historia fortalt på ein heilt annan måte enn det vi les i skulebøker. Vi får høyre om vanlege folk og særleg lagnaden til dei som stod imot Franco og diktaturet hans.
Boka er enkel og lettfattelig; ikkje ein gong dei spanske namna byr på problem i lydboka. Ein kan, om ein vil, seie at boka er litt sentimental og at her er for mange tilfeldige og lykkelige samantreff osv. Men ein kan vel unne seg ei slik bok av og til? Det enkle er ofte det beste.
Tross den enkle forma som boka har,har den i alle fall lært meg litt meir om den spanske borgarkrigen, og tida før og etter.
Konklusjon: Inga stor litterær oppleving, men ei interessant og fengslande historie.
Eg måtte undervegs tenkje tilbake på gymnastida og ein historielærar som begynte nesten alle timar med det retoriske spørsmålet: "Hva lærer vi av historien?"- Og så svarte han sjølv:" Vi lærer av historien at vi ingen ting lærer av historien!"
Les denne boka! Den er etter mi og Elin si meining betre enn Øya.

Det er lurt å lese om boka og forfattaren før du les boka.
Du kan lese om boka
her

Nytt dusjkabinett.




I dag har Nils og nabo Peder montert ferdig dusjkabinettet i kjellerleilegheita.Det gamle var ikkje særleg representativt lenger. Det er alltid noko kluss når noko skal monterast, i alle fall her i huset. Og sjølv om Peder har montert mange kabinett før, fekk også han problem, så karane måtte ein tur på butikken og sjå det ferdigmonterte som stod der. Eg treng vel knapt å fortelje at det vi kjøpte var eit dei hadde på tilbod?

mandag, august 24, 2009

Ny komfyr.

Guten som har budd hos oss i to år, har flytta til Oslo for å studere.Men før han reiste, skaffa han oss ny leigebuar, ei jente denne gongen.Leilegheita vart oppussa for to år sidan,men sidan der ikkje var komfyr, kjøpte vi det no. Som de ser er det ein med vanlege gammaldagse plater, rett og slett fordi det er billegast.Merket er Beha. Vi skal også sette inn nytt dusjkabinett, det som står der no er mykje over 30 år gammalt, så vi får seie det har gjort si plikt.
Eg kan ikkje anna enn tenkje på korleis det var å prøve å skaffe seg ein stad å bu her i Ørsta då vi kom hit i 1965, og kva vi måtte ta til takke med.
Vi får innrømme at det har gått framover med mykje her i landet vårt.
Og takk for det!

søndag, august 23, 2009

Bok nr.55: Steinhuggeren


Eg har lese alle Camilla Læckberg sine bøker, med unntak av ULYKKESFUGLEN. Det gjer at eg er blitt "kjend med" hovudpersonane, noko som gjer det mykje enklare når ein les lydbøker.
Alle bøkene er så vidt eg kan forstå skrive etter samme oppskrift; Forfattaren tek oss med inn i dei ymse heimane og let oss få innblikk i det som skjer, alt frå amming og oppvask til meir suspekte ting. I løpet av denne evige rundgangen får vi litt etter litt oppklart brotsverket, som har røter langt tilbake i tid.Bøkene er svært lettlesne og enkle å fordøye, så det er ikkje rart at denne forfattaren er blitt populær.
I den boka eg no har lese, er det ein god del (kvasi)psykologi som skal forklare det som skjer. Vi får også innføring i ADHD og særlig Ashbergers syndrom. Her er svært mykje fokus på tilhøvet mellom foreldre og barn og ein dash barneporno.Når det vert så mykje psykologi i bøkene, lurer eg alltid på om dei som skriv kan nok om dette emnet til å skrive som dei gjer.
Det eg ikkje likar med Læckberg sine bøker, er språket.Her er så altfor mange ord! Ord som ikkje treng å vere der. Eg skal ta eit døme,og siterer etter hukommelsen: "Mobilen ringte og Patrick visste at han måtte svare. Han kjørte ut til siden, fant en avkjørsel der han kunne stoppe. Da kunne han svare i telefonen uten å gjøre noe ulovlig". Hurra! Og slik er det heile vegen, kvar minste ting skal med!
Oppklaringa får vi etter kvart som fortellinga skrid fram, og for sikkerheits skuld med teskei, lenge etter at ein har forstått samanhengen. Det er i og for seg ikkje så rart i og med at vi har ein allvitande og alle stads nærverande forteljar i boka.Men politiet er ikkje så velinformert som vi.
Tross alt dette som eg ikkje likar, er det noko som driv ein ein til å lese vidare til ein er ferdig med 13 CD-ar på relativt kort tid. Og for sikkerheits skuld sluttar boka med ein "cliffhanger", slik at vi er klar for neste.
Viss ein vil lese desse bøkene, er det lurt å lese dei i rette rekkefølge,men eg veit ikkje om lista mi er den rette, så det må de finne ut av.
Konklusjon: Lett og god underhaldning.

lørdag, august 22, 2009

Apropos hybelliv.


Kjellarleilegheita i Volda har vore nytta av fleire medlemmer av Storfamilien. Eg vart litt nostalgisk då eg såg innlegget til Margrete, og fann fram dei to bilda eg har frå då ho og Lars budde der.Her feirer vi fødselsdagen til Lars litt på førehand.Året er 1990, og Solveig held baby Audun, som vi berre ser eine foten av.

Stortingsvalet 2009


Det er vel ikkje skikk og bruk å diskutere politikk på bloggen, så det skal eg ikkje legge opp til. Berre ei lita oppmoding: Bruk dei små grå og stem Raud-grønt! Så er alt i orden for meg.

torsdag, august 20, 2009

Anemoner.





På Plantasjen på Moa kjøpte eg to slike stauder. Det er dei samme som er på bildet frå Sissels hage.Har ikkje bestemt kvar eg skal plante dei enno, som de ser blir dei nokså store. Men eg trur dei er hardføre, og så er dei så fine !!!!!


Nye bøker.


Det har vore litt problem med å finne seg lesestoff i det siste, men i dag gjorde eg bra fangst på biblio.Problemet no er berre:Kva skal eg ta først? Eg kjenner alle forfatterane og har lese bøker av dei før. Det blir kanskje til at eg starter med Camilla Læckberg, for ho skriv enkelt og lettfattelig.Treng noko "lett" når det er så varmt og fint ute.

tirsdag, august 18, 2009

Oslo neste!

Guten som har budd i kjellarleilegheita vår i to år, reiser no til Oslo. Vi fekk denne boka i presang då han kom og sa farvel og takk for seg.Artig tittel!

Tur til Åse og Moa.


I dag var det mammografi på Åse sjukehus, og etterpå var vi på kjøpesenteret på Moa. Ikkje det at vi kjøpte så mykje, men det vart i alle fall pizza på Dolly Dimple og kaffi på Valaker.
Det var ein fin tur i fint ver, og sidan vi vart plassert på heve-dekket på ferja, hadde eg eit fint utgangspunt for fotografering.

No kom leigebuarane og sa fint farvel, dei reiser til Oslo for å gå på skule/studere og skal bu på Anker, same staden som Audun har fått seg hybel.

søndag, august 16, 2009

Bok nr.54: Skaperens kart.


Denne boka er ei blanding av fakta og fiksjon, der faktadelen for ein stor del dominerer.
Hendinga er lagt til Roma under den spanske borgarkrigen og andre verdskrigen.Her er fakta om historie, arkitektur, politikk og mykje meir. Ei svært interessant bok, men ikkje ei bok å slappe av med i tydinga "kople ut" ,for her må ein henge med i svingane! Eg må innrømme at det vart ein del tilbakespolingar for mitt vedkomande.
Det mest interessante med boka, etter mitt syn, var at her var ei heilt ny, og for meg ukjend, vinkling på 2. verdenskrig, sidan personane i boka,og forteljaren, er eksil-spanierar som held til i Roma.
For alle Roma/Vatikan-fans og alle historieinteresserte må denne boka vere eit blinkskudd!

Ein god omtale av denne romanen finn du her.
PS: For at de ikkje skal tru at eg berre ligg på sofaen og sløvar og les bøker, kan eg opplyse at eg har rensa og sylta mangfoldige kilo plommer med bok på øyra. Blant anna.

lørdag, august 15, 2009

Bok nr.53: Gutten som hadde svar på alt.

Eg er alltid litt skeptisk når er får bøker i hende med orda "denne skryter alle av"-eller liknande. Denne boka la eg frå meg att med det samme eg såg omslaget, men så kom altså bibliotekaren med desse orda.
Boka har eg faktisk lese på rekordtid, den er vanskelig å legge frå seg.
Mange tankar har streifa meg mens eg har lese, og eg må innrømme at noko av det første var: kiosklitteratur! Men så berre MÅ eg lese vidare.
Den 18 år gamle kelneren har vunne ein kjempesum i spørjekonkurranse, og somme meiner det må vere juks, for ikkje har han gått på skule og ikkje veit han noko særleg.Sjølv seier han at det er flaks, han har fått akkurat rette spørsmåla! Og så fortel han om livet sitt, på ein barnleg og tilforlatelig måte og kvar forteljing gir forklaring på kvifor han veit svaret på eitt av spørsmåla.
Han vart oppfostra av ein prest som fann barnet på trappa og gav han namn frå tre religionar sidan han ikkje visste kven foreldra var, og slik at han skulle ha innpass over alt.........
Ja, eg kan ikkje her gå inn på heile handlinga, men denne teksten er noko av det mest komplekse eg har vore borti.Her er sjangerblanding så det foreslår.Tusen og en natt, Bollywood, filmar i det heile,samfunnskritikk og framfor alt Dickens ! ! Her er eventyr, underlege samantreff, vonde menneske og gode.Dei vonde får si straff og dei gode si løn. Høyrest det ut som ein klisjé ? Ikkje ein, men mange. Men det er gjort bevisst.Og sjangerblandinga vert til og med kommentert i ei av historiene.
Ikkje alle historiene fenger like mykje, men tross det er dette ei herlig bok.
Ein kan godt lese den som kiosklitteratur og underhaldning,men her er så mange botnar og så mykje ein kan spinne vidare på at eg trur nesten eg må lese den ein gong til.Humor og sarkasmar som eg er svak for. Unn deg å lese denne boka. Eg trur eg vil sjå filmen også.
Les omslaget og
du kan også lese om boka
her.

fredag, august 14, 2009

Gamle kunstar.




Far i huset har vakse opp i fiskarmiljø, der dei måtte klare det meste sjølve. Såleis kan han ymse ting som etter kvar går i gløymeboka. Til dømes kan han å "bitte gan" (binde garn), dvs. at han kan både å lage fiskegarn og reparere dei.I dag driv han og demonstrerer for meg korleis han gjer det.Dimensjonane på prøvelappen er 16 omfar pr. alen. For sikkerheits skuld har han målt med eit gammalt alnemål.Til orientering er ei alen ca 63cm.
Dersom nokon skulle ha lyst å lære denne kunsten, stiller han seg villig til å lære bort. Som de ser har han ei spesialnål til dette bruk.I enden av arbeidet kan de sjå eit trestykke som han kallar vre, det bestemmer maskestorleiken.


onsdag, august 12, 2009

Bok nr.52:Fredlaus

Dette er eigentleg ei ungdomsbok, men ei god barne-/ungdomsbok skal gå an å lese for godt vaksne folk også. Og det gjer denne. Det er ei mangfaldig bok, og her er mykje som ein kan diskutere.(No tenkjer eg meg inn i lærarrolla igjen!) Men eg tippar at mange blir litt frustrerte over slutten.Eg vil ikkje gi meg til å fortelje kva boka handlar om, de kan heller lese det meir proffe folk har skrive. Eg kan berre seie at eg tykte boka var artig å lese, og at Hovland skriv god, moderne nynorsk.
Les om boka her

Skulestart.





Hausten 1958 fekk eg lærarjobb på Trovåg skule i Solund, og alle veit korleis det gjekk.
Året etterpå ville eg prøve å få jobb litt nærare Eid, og søkte m.a. på ein skulepost i nærleiken av Førde. På Karstad skule i Solheimsdalen, som på den tida høyrde til Naustdal kommune. Eg fekk mitt livs sjokk då eg kom til ein avsides dal utan elektrisk lys eller andre moderne innretningar.Men dalen var vakker, og eg fekk nyte den vakre naturen på min daglege spasertur til og frå skulen, 4 km kvar veg, langs eit nydelig lite vatn. Ned til sjøen, der både rutebåten og melkebåten la til, var det ca 7 km. Der var det også butikk med relativt begrensa utval av matvarer.
Då eg kom til Ervik, som staden ved sjøen heiter, første gongen, vart eg møtt av husverten min med hest og vogn, og så gikk ferda i bratte motbakkar opp til Øygarden.Eg fekk eit fint rom i det nybygde huset, med utsikt mot Øygardstjønna, alle var snille mot meg, og eg vart teken vel imot.Men eg hugsar enno panikken og fortvilinga når eg tenkte på at eg skulle vere på denne staden eit heilt år. Dette er 50 år sidan no, og den hausten var eg 19.
Det vart ein lang vinter, uvant som eg var med å vere så mykje åleine og utan elektrisitet. Heldigvis hadde eg den blå Kurér reiseradioen min, der eg fekk inn Radio Luxemburg, som var det store den gongen.Og så fekk eg besøk både av mamma og av Nils.
Ungane på skulen var kjekke og greie og vi hadde mange fine stunder i lag.
For 2-3 år sidan fekk eg kontakt med ei av elevane, som den gongen gikk i 4. klasse, og ho har fortalt meg litt om korleis det har gått med dei andre.Eg hugsar alle godt!
Viss du les dette, Jorunn, må du helse dei andre så mykje.

No går der veg til Solheimsdalen, som no er ein del av Førde kommune. Ein reiser mot Askvoll, men tek av til Øygarden, som er namnet på garden der eg budde. Har vore tilbake i dalen eit par gonger sidan eg jobba der. Det gamle skulehuset er borte, og eit nytt er kome i staden. Lurer på om elevane framleis går på skeiser på isen i friminutta slik dei gjorde i mi tid?

tirsdag, august 11, 2009

Bok nr.51:101 dager

Denne boka av Åsne Seierstad om krigen i Irak, har Solveig skrive om på bloggen før.
Den dagen amerikanerane rykte inn i Irak var eg fortvila, for krig fører aldri noko godt med seg. Heller ikkje denne. Forfattaren skriv mest om korleis menneska opplevde det som skjedde.Og om korleis reportane arbeidde. Verst er det å lese om alle borna som vart lemlesta og drepne.Denne boka bør alle lese, det er IKKJE nok å lese OM den. Håper Bush jr. har fått eit eksemplar.
De kan lese om boka
her.

Antony Hegarty

Veit ikkje kor mange av dokke som la merke til denne nokså spesielle songaren som song frå Oper-taket i Oslo sist helg.Songaren har ein androgyn stil både på den eine og den andre måten, og i denne songen syng han om at han ein dag skal bli ei vakker kvinne, men enno er han berre eit barn, ein gut. Så ein kan saktens lure. Han har også vyer om at Jesus skal komme tilbake som ei kvinne frå Afganistan. Men synge kan han i alle fall!
Les om AH her

mandag, august 10, 2009

Molde - RBK: 5-0




I dag har eg vore heime åleine nesten heile dagen. Nils og Øystein reiste til Molde på kamp.Tilbake hadde dei med seg dei to ungdommane som har vore på week-end i Molde. No er dei på Hareid og får sove seg skikkelig ut etter helga, får vi håpe.

Kva gjer ein åleine heime ein heil dag? Hadde eg vore i mi velmakt hadde eg vel snudd opp-ned på heile huset eller teke meg ein tur. No vart det berre det vanlege: litt husarbeid, litt lesing, kryssord, TV m.m. Sikkert ein ønskedag for dei som har det travelt i kvardagen.

Dei som er interesserte i fotball kan lese kva Einar skriv på VG-nett.

fredag, august 07, 2009

Byttehandel?

Det ringde på døra og der stod naboen med ei stor spann med båbær.Seks liter var det. Og det beste av alt:Ferdig reinska.
Det har seg slik, at når Nils fiskar, deler han med dei naboane som vil ha, og så vankar der ymse goder den andre vegen også. Ikkje meg imot sidan eg er ute av stand til å plukke bær sjølv. Føler meg i grunnen ganske unyttig.

Bok nr.50:Kuren.

Lydbøker er ikkje som andre bøker, og må vurderast på ein litt annan måte.
Først til opplesaren; han er ikkje dårleg, men han les for fort og på ein stakkato måte som irriterer meg. Som om det var altfor mange punktum i teksten.
Namna er eit kapittel for seg. Sidan boka er engelsk, skulle ikkje det vere noko problem.Men her er både polakkar og armeniar,pluss at fok somme gonger vert omtala med etternamn, andre gonger med førenamn, så eg gikk litt i surr, ja. Det vart ein del tilbakespolingar.
Språket er heilt alminnelig, så det byr verken på problem eller store gleder.Men så mykje banning som i denne boka har eg aldri vore ute for før. Visst forstår eg at ikkje kriminelle og politimenn/kvinner snakkar som søndagsskulelærarar, men der går ei grense!
Elles innheld boka mykje pedofili og andre grufulle ting, pluss at her er allslags griseri i form av ulike kroppsvæsker, blant anna. Når boka altså er skriven av ei kvinne, kan ein begynne å lure.
Til tross for alt det negative eg har nemnt her, kan boka til tider vere spennande, ein skikkelig pageturner. Så eg vil verken tilrå eller fråråde folk å lese den. EG kunne greidd meg utan.
Har prøvd å google boka, men ikkje funne nokon omtale på nettet.

onsdag, august 05, 2009

Nyttig link/lenke

Rundskue
Denne lenka fann eg på eit av blogginnlegga til Margrete. Eg reagerte ikkje før i går, men då kom eg inn på denne nyttige nettstaden. No kan eg sitte her ved PC-en og skode ned frå all verdens fjelltoppar. Prøv til dømes Ørsta sett frå Nivane. Der fann vi både huset, båten og bilen vår når vi zooma nær nok.Og så kan vi som ikkje er i stand til å klatre til fjells få eit lite innblikk i kva som finst oppe i høgda. God tur.

tirsdag, august 04, 2009

Bok nr.49:Lille Petter edderkopp.


Denne boka har Solveig blogga om før, så eg skal vere kort.
AnneB.Ragde er ein forfattar som skriv underhaldande og lettfattelig. Litt FOR lett etter min smak, det blir mykje "pjatt". Og så er eg berre passelig begeistra for "krim"-romanar der ein heile tida veit kven morderen er.
Før har eg skrive at eg meiner god krim skal vere fokusert og ikkje vandre på alle sidevegar som finst (også kalla digresjonar)-men det gjer altså denne boka.Her er sleivespark i aust og vest, og filosofering om alderdom og død +mykje anna.
Googla den så vidt, og fann ordet "kosekrim"-noko som eg synest høver godt på denne boka.Greitt nok å lese på solsenga,med andre ord.Men slett ikkje alle er samde; somme rosar boka opp i skyene.

Fisken bit.


Harald og Nils har vore ute med båten og fiska i dag. Nydelig, varmt ver har vi, så det var ikkje "ruskut å leggja utpå".God fangst vart det også, mest sei går eg utfrå, utan å ha sjekka så nøye.Ikkje akkurat beste veret å stå i garasjen å filetere,Nils må nok ta fram vifta"Utrønå", som ikkje har vore så mykje i bruk før i år.

Lars fyller 44 år i dag.


Tida går, og dei som vi ser på som unge, er ikkje fullt så unge lenger.
No er det inga krise å vere på 40-talet, så vi får berre gratulere svigersonen med dagen i dag! Eg har "liggande" eit bilde frå då eg scanna album tidlegare i sommar, som er frå 27.juni 1985.Vi ser at både folk og motar endrar seg med åra.Men inni er vi like,samme person frå vogge til grav,det er litt rart å tenkje på.
I alle fall ønsker vi Lars alt godt både i dag og alle dagar framover. Gratulerer med dagen!

mandag, august 03, 2009

Det ein ikkje kan skjera, lyt ein hogga. (Ivar Aasen).




Vi har seks plommetre i hagen, og tre av dei er av sorten Opal.Kvart år får vi mykje plommer på desse trea, men i år var det tillaga meir enn nokon gong, til tross for at dei vart kraftig skorne tilbake i fjor haust. Ja, trea var så fulle av plommekart at vi frykta det ville gå gale, og det gjorde det. I dag knakk ei av dei største greinene på det treet som stod i midten, og kilovis (20-30?) med umodne plommer gikk tapt.Nils driv og sagar og ryddar opp. Vi hadde planlagt å skjere trea maksimalt tilbake etter innhaustinga, men no ordna naturen det - delvis i alle fall.Så får vi berre håpe at dei andre trea greier å bere børa si.Plommer får vi nok av i alle fall.

søndag, august 02, 2009

Min båt er så liten........






Den båten vi har no, har vi hatt i 2 1/2 år, utan at eg har sett min fot i den. I dag var det litt tungt ver, men mildt og godt, og stilt på sjøen.Då eg las på bloggen at Solveig og fam. hadde vore på tur på Eika, foreslo eg at vi kunne ta båten RUNDT Eika. For dei som ikkje er kjende her, kan eg fortelje at Eika er den øya der tunnelen kjem opp frå havet og går over Eiksundbrua.

Sjølvsagt hadde eg fotoapparatet med og skulle ta bilde av heile turen, men før vi kom til ytste spissen, var det slutt på batteriet.Vi tok like godt og svinga rundt Yksnøya også på innoverturen, og så slengde Nils ut snøret og drog opp nokre makrellar som vi skal ha til middag i morgon.Det var ein fin tur.

Dei som vil sjå koleis det ser ut inne på øya,kan gå inn på Solveig sin blogg.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...