Dette er eigentleg ei ungdomsbok, men ei god barne-/ungdomsbok skal gå an å lese for godt vaksne folk også. Og det gjer denne. Det er ei mangfaldig bok, og her er mykje som ein kan diskutere.(No tenkjer eg meg inn i lærarrolla igjen!) Men eg tippar at mange blir litt frustrerte over slutten.Eg vil ikkje gi meg til å fortelje kva boka handlar om, de kan heller lese det meir proffe folk har skrive. Eg kan berre seie at eg tykte boka var artig å lese, og at Hovland skriv god, moderne nynorsk.
Han les Fredlaus sjølv også. Eg er litt i tvil om forfattarane skal lese sjølv eller ikkje, men det er no ingen regel. Somme gonger funkar det, andre gonger ikkje.1964 har eg lese, men som du veit, gløymer eg fort.
4 kommentarer:
Eg les ei anna Hovland-bok for tida, 1964, og det er artig å høyre han lese sjølv.
Han les Fredlaus sjølv også. Eg er litt i tvil om forfattarane skal lese sjølv eller ikkje, men det er no ingen regel. Somme gonger funkar det, andre gonger ikkje.1964 har eg lese, men som du veit, gløymer eg fort.
Eg synest han er flink å lese., og at han minner litt om Are Kalvø.
Det samme tenkte eg då eg høyrde han.Han les på samme måten, liksom.
Legg inn en kommentar