onsdag, juli 29, 2009

Bok nr.48:Huset ved moskeen.

Den 20.juli 1969 sat eg med Margrete på fanget, ho var akkurat 1 år og 1mnd. gammal.Vi såg på TV der det første mennesket sette foten på månen.Eg fekk ei sterk kjensle av å oververe ein historisk augneblink, og tenkte:Denne stunda vil eg alltid hugse.Sidan har det vore mange slike hendingar, som har fått meg til å oppleve at historia er noko som er her og no, men også fortid og framtid.
Denne boka er ein histiorisk roman, der fakta og fiksjon smeltar saman på ein fin og naturlig måte.Tidsperspektivet er frå ca 1969-1988, tida då sjahen blei driven ut av Iran og Khomeini overtok makta.Ei hending som er såpass nær i tid at mange av oss hugsar det godt. Eg kjenner familiar her i Ø. som flykta frå landet sitt i denne epoken, og ikkje har kunna vende tilbake. Særleg vondt var det for ei av kvinnene då mor hennar var dødssjuk, og ho ikkje kunne reise til henne.
Forutan dei historiske hendingane ,skildringane av livet i moskeen og i landet elles, inneheld boka også surar frå Koranen, persiske dikt og mytar, og anna poesi, noko som gjer boka svært mangfaldig.
Eg brukar ikkje å google bøkene før eg har lese dei ut, men her gjorde eg eit unntak, og det var ein fordel! Så viss de vil lese denne boka, så gjer nokre førebuingar:les om den på nettet, og ha gjerne papir og blyant klar om de vil lese den som lydbok. Det einaste som var problematisk for meg, var nemleg alle namna, så eg skulle ønske eg hadde hatt ei namneliste.Det er vanskeligare å hugse namn når ein ikkje har eit "ordbilde".Elles er boka lettlesen og lett å forstå; litt sentimental på slutten slik ein kan forvente av ein persisk roman.
Eg vil tilrå alle å lese denne romanen, den fortener absolutt terningkast 6.Eg ser ikkje bort frå at eg kan kome til å lese den ein gong til.
NB:Opplesaren var kjempegod!
Les gjerne om boka
her

The greatest song ever written.

mandag, juli 27, 2009

Kald, kokt makrell.

No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt.
Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt med rømme og agurksalat.Denne oppskrifta på "sylta makrell" fann eg i boka FJORDAMAT og har brukt den i mange år.

4 ferske sild/ makrell
1/2 liter kokande vatn.
1/2 kopp eddik (5-7% )
1 ss sukker
3/4 ss salt
1 ts heil pepar
2 laurbærblad

Ein kan koke fisken i filetar, men vi skjer den i vanlege stykke.Derfor må eg doble porsjonen av vatn og det andre opp til fleire gonger.Men eg tek ikkje fleire laurbærblad.Vil ikkje at DEN smaken skal dominere.
Dessverre er ein av naboane på ferie.Det er synd, for han har ei lita kasse der han kan lage varmrøykt makrell. Vi brukar å få med han, og det er heilt nydelig. Det også.

Makrellen er komen til Ørsta!

Nils har lenge jakta på makrellen, og vore ute fleire gonger utan å få noko. I dag var han vekk før eg vakna, og kom att no i 9-tida med god fangst. Det er ganske stor makrell det er snakk om, så no blir det både å steike og koke til vi har fått nok. Reknar med at somme av barnebarna dukkar opp og vil prøve fiskelykka dei også?

fredag, juli 24, 2009

Bok nr.47:Den senile landmåleren.

Dette er den 4.boka eg har lese av denne forfattaren. Dei tre andre er:Harens år, Kollektivt selvmord og Den elskelige giftblandersken.Den sistenemnde er den som er mest ulik dei andre. Bøkene har mykje samme opplegget:Ein eller fleire personar reiser rundt i Finland. Dei møter andre, og mangt og mykje skjer på turen.Det morsomme er, forutan dei utrulige hendingane, måten forfattaren fortel historiene på. Han skriv i ein nærmast naivistisk stil, og samme kva som skjer,høyrest det heilt truverdig ut.
Dette er korte og lettlesne bøker med mykje humor. Viss ein vil legge ei djupare meining i dei, kan ein det; viss ikkje, kan ein lese "just for fun".Unn deg ein god latter med finsk humor!!

Fisketur

I dag var alle, med eitt unntak, på tur med båten. Litt fisking vart det også.Innlandsgutane likte seg godt på salt sjø.

Ord for dagen..

Her står det:
Vad du møjligen kann
låta bli att gøra i dag
uppsjut tills imorgon
så kanskje du slipper.

Ein god leveregel? I alle fall i ferien.

torsdag, juli 23, 2009

Feriebesøk

Eg har vore lite på bloggen siste dagane; Rasmus med fam.er på besøk, så då har eg litt anna å styre med. I går var også Margrete her med dei tre yngste, eldstejenta er på Dana Cup. De kan no lese om det på Margrete sin blogg.På bildet er dei fire yngste barnebarna samla+ Eirik. I morgon skal heile gjengen til Hareid og besøke Solveig. Akkurat no er eg heime åleine, dei andre er ute og fiskar. Eller vi får vel heller kalle det båttur. Farfaren vil no at sønesønene skal få oppleve litt salt sjø, sjølv om dei er busette i innlandet.

lørdag, juli 18, 2009

Bok nr.46:Marsfioler

Eg har brukt lang tid på å lese/høyre denne relativt tynne boka. Eg har hatt vanskelig for å konsentrere meg; mens eg har høyrt på opplesaren, har tankane berre vandra andre vegar. Merkelig i grunnen, for boka er ikkje dårleg, det vart berre litt for mange namn, sceneskifte etc. Og språket er for å seie det mildt, litt for blomstrande. Eg forstår no kvar Staalesens Varg Veum har henta alle spåkblomstrane sine frå; her er samanlikningar og andre uttrykk så det held. Somme gode, andre berre forstyrrande. Eit av dei eg hugsar:"Hun var naken som en hattenål uten hatt".
Mot slutten vert boka meir alvorsfylt og etter mi meining betre.
Det som gjorde at eg ville lese denne boka ferdig, var tida og staden den hendingane gjekk føre seg:Berlin 1936- OL-året. Og boka skildrar korleis det var å leve i Tyskland på denne tida, med jødeforfølging, korrupsjon og alt vi veit skjedde. Mot slutten hamnar detektiven i fangeleir og då kjem der eit anna alvor inn i forteljinga som elles er halden i ein litt slentrande sarkastisk stil.
Eg føler at mysteriet ikkje vart fullt oppklara, men det kan vere eg som er treig!

God helg!




Desse hustavlene hang eit av dei gamle husa i Wadstena, Ørebro.Her har eg valt ut eit ord for dagen.

tirsdag, juli 14, 2009

Bok nr.45: Lillian Leybs utrolige reise


Denne boka vart med heim frå biblioteket ved eit mistak, for eg oppdaga fort at eg hadde lese den før.Men som de veit, les eg gjerne bøkene om att, og sidan dei andre bøkene eg hadde lånt virka litt tunge, fekk denne vere med på tur.Eg hugsa den som ei enkel og lettlesen bok.
Eg ville heller brukt ordet eventyrleg om reisa, for her finn vi alle eventyrets ingrediensar.Lillian har eit prosjekt:Ho vil finne dottera si, og ho reiser langt og lenger enn langt. På vegen møter ho menneske som vil hjelpe henne, og folk som stikk kjeppar i hjula for henne.Dette fekk meg til å tenkje på skjema for eventyrsjangeren.
Eit av kapitla heiter Frendeløs, den boka har vi vel lese nokon og kvar,og det er mykje her som minner.
Dette er ikkje ei vanskelig bok,men ein roman full av dramatikk og handling.Lillian er ikkje ei grublande kvinne, men gjer det ho MÅ i situasjonane ho hamnar i, utan å reflektere særleg over kva som er rett elle gale.
Boka er lagt til USA og Canada på 1920-talet og framover. Det som er spesielt, er at vi får vite korleis det går med hovudpersonane resten av livet, etter at dei er ute av handlinga.
Siste delen av boka las eg i eitt-det er kanskje derfor eg likte den best.
Er du på jakt etter lett underhaldning på solsenga, er denne boka ikkje å forakte.

Fødselsdag.


Den 14.juli var mamma sin fødselsdag, derfor tenkjer eg litt ekstra på henne denne dagen, og på fødselsdagane hennar som vi feira på ulikt vis.Særleg hugsar eg i år den gongen vi kom frå Sverige til Eid seint om kvelden den 14., og fekk vite at kronprinsesse Victoria var fødd.Vi hadde håpa at det skulle skje mens vi var i broderlandet.
På mamma sin 64- årsdag vart Margrete døypt i kyrkja på Eid, berre tre veker gammal.
Dagen i dag er også bryllaupsdagen til Wenche og Rasmus. Vi gratulerer dei! Og i går var det Margunn og Stein sin dag.Det året dei gifta seg, feira vi mamma sin fødselsdag med kakerestar frå bryllaupet.
Sidan det er Frankrikes nasjonaldag, kan vi også tenkje oss tilbake til 1789 og hendingane som fekk så mykje å seie ,ikkje berre for Frankrike, men for store delar av verda.

Bildet av mamma fekk Svein laga hos ein fotograf på Eid.Eg hadde eit gammalt ungdomsbilde som var ille medfere, men sjå korleis det blei!
Synest det er kjekt å sjå korleis folk såg ut mens dei var på sitt beste. Det er lett å hugse dei gamle som - GAMLE.

Ønskjer alle ein god dag!

søndag, juli 12, 2009

I Wallanders fotspor.

På veg til Simrishamn. Nils er så glad i vindmøller fordi dei lagar rein energi. Det er mange som meiner dei øydelegg naturen. Vi er samde om at der er mykje som skjemmer miljøet meir, kjøpesenter til dømes.
Hamneområde er sjeldan særleg vakre, heller ikkje hamna i Simrishamn.

Når vegen er slik som her, utan mange "lommar", kan ein ikkje springe ut og ta bilde heile tida, så derfor blir det å fotografere gjennom frontruta. Legg merke til den stilege trerekka. Slike var det mange av.


Dei fleste har vel no fått med seg at eg ville til Ystad på grunn av Makells romanperson Kurt Wallander. Det er mange som reiser dit på grunn av han, derfor kjem eg med alle desse reisetipsa.No kjem siste kapittel, som handlar om bilturen vi tok etter at vi var installerte på hotellet. Veret var vakkert, lettskya, sol og vind. Og Skåne var på sitt vakraste, trur eg, utan eit fjell å sjå, men med åkrar i alle nyansar av grønt og gult ispedd fargen av raude valmuar, blå kornblomster og lavendel. Simrishamn stod der på eit skilt, og det namnet var kjent, så dit drog vi. Det var litt lengre enn forventa, men vi angra ikkje. Hamna var no ein ting, all den vakre naturen var eit kapittel for seg.Skulle tatt fleire og betre bilde, men de får heller reise dit og sjå.Landskapet er om lag som Fyn i Danmark. Etter at vi hadde vore i Simrishamn, tok vi vegen om Tommelilla "heim" att.
Dette vart mykje skriveriar om ein liten tur,men de får unnskylde meg med at vi er heller lite ute og reiser.

Kvar skal vi bu i natt?

Dette er ei side frå ein "Vegvisar" vi fann på turistinformasjonskontoret.Vi budde i bygget heilt til høgre på bildet.
Her ser de stranda nedanfor hotellet. Det var fint å bade der, men veret var ikkje så varmt at det frista.

Terrasserestaurant med havutsikt. Den morgonen vi åt frokost på hotellet, valde dei fleste å ete inne på grunn av vinden.Alt interiør var i svart og kvitt, her med raude fargeklattar.


Utsikt frå balkongen vår-mot havet. Her kunne eg ha budd lenge.



Dette sengetøyet ville eg gjerne hatt maken til. Det var kvitt med smale svarte pyntestriper.Her har vi pakka og skal fare.
Alle hotellromma våre hadde TV, men programma var dårlege. Med unntak av alle dei norske programma dei sende, mellom anna Linda Eide og norske severdigheter.

Det vi brukar mest pengar på når vi er ute og reiser, er hotellrom. Eg MÅ ha ei god seng å ligge i viss eg skal fungere om dagen.I Sverige må ein betale over 1000 kr på dei fleste hotella, men då får ein også eit fint rom med gode senger+ ein fabelaktig frokost.Dette unner vi oss! Så kuttar vi ut unødvendig shopping og luksusmåltid( vi lever godt og lenge på frokostane). Vi bestiller aldri hotellrom,men får alltid ein plass å sove. I Ørebro budde vi altså på "svømme"-hotellet; rommet var lite og maten var enkel, men sengane var gode.Dette hotellet var også litt billegare enn dei andre.
I Jønkøping budde vi på eit gammalt hotell midt i byen-Hotell John Bauer, visstnok oppkalla etter ein kunstnar frå byen.
I Ystad vart vi viste til Hotell Continental midt i byen, eit gedigent og erverdig murbygg som eg fekk angst av! (Har både klaus og høgdeskrekk.)Så det vart til at vi køyrde eit lite stykke ut av byen til Ystad Saltsjøbad som låg ved havet. Det var eit nokså snobbete SPA-hotell, fullt av kroppsfrikar i kvite frottémorgenkåper som virra rundt, låg på solsenger eller låg slanke og brune på "lit de parade". Vi fekk eit nokså lite,men lekkert rom med balkong og utsikt over havet. Sengetøy og handdukar var av ein heilt spesiell bomullskvalitet. Hadde det ikkje skya over er det mykje mulig at vi hadde vore der lenger.
Siste natta låg vi i Uddevalla. Det å køyre på E 6 er ganske håplaust, for køyrer du ut av vegen for å leite etter hus, finn du ikkje vegen tilbake.Til sist tok vi sjansen på Uddevalla, og det første vi fann der var eit digert hotell som låg høgt og fritt over byen. Balkong var der også, i femte et. Gjett kven som ikkje gjekk ut på den?

Ystad - Wallanders og rosenes by.

Østerleden og jernbanestasjonen.
Smale brulagde gater, med roser oppetter alle husvegger er typisk for Ystad.

Mykje folk i gågata. Mange kjem til byen på grunn av Makells bøker.


Enda eit glimt frå gågata som eigentleg heiter Stora Østergatan



Det eigentlege reisemålet vårt etter at vi for frå Ørebro, var å få sjå byen Ystad og omegn; desse stadane eg har lese om i bøkene om Kurt Wallander.Og verken byen eller landskapet omkring skuffa. Der var berre nydelig.Når vi likevel ikkje gav oss til der for godt, var det fordi vi tenkte på alle heime, og dessutan på den lange heimvegen.
Vi kom til byen på ettermiddagen og gjorde for ein gongs skuld det einaste rette:Gikk inn på turistkontoret og forsynte oss med kart og brosjyrar.
Der er mykje å sjå i denne gamle byen, men på grunn av min noko mangelfulle fysikk, tok vi berre ei runde i gågata før vi skaffa oss husly.
Vi kom køyrande på E4 nordfrå, og kom då rett ned mot jernbanestasjonen; då hadde vi den kjende gata Østerleden rett framfor oss.




Tilbake til fortida?

Dei fleste husa i Wadstena inneheldt anten butikkar, utstillingar eller små museum.I dette huset likte dei tre yngste seg godt. Der var eit rom med "fjøs", der det var både ku, hest og gris, og eit anna rom der dei kunne leike "butikk".

Desse to karane fekk ride på grisen; det var ikkje slikt "berre sjå og ikkje røre"-museum. Heldigvis.

Minstemann kostar golvet med stor energi, mens dei andre to handlar med varer.

Som de ser var det ikkje noko å seie på vareutvalet, og kassa-apparatet virka!

Eg veit ikkje om vareutvalet eller kassa-apparatet var tidsriktig i mellomalderhusa. Men er det så nøye?

Ei slik hylle med gamle fine boksar kunne eg godt tenkt meg å lage til, men eg har ikkje plass å ha den.
Eg veit godt at bilda er dårlige, men motiva var relativt urolige, så det vart lita tid til å sikte.





Bok nr.44:Kongen av Sahara.

Denne boka las eg ferdig på turen.Eg vil ikkje uttale meg så mykje om den, for konsentrasjonen var så som så. Eg vil berre slå fast to ting:Boka var elegant i forma, men innhaldet fenga meg ikkje. Kanskje ei bok meir for menn enn for kvinner?

Vel heime frå Sverige-turen.

Utsikt frå hotellvinduet mot badelandet. Campingplassen ligg bak badet mot venstre på bildet.Berre ein kort spasertur dit.
No er Nils og eg heime i Starevegen, Solveig og fam.på Hareid og Rasmus på Kongsberg. Margrete &Co ligg på camping i Lillehammer. Grunnen til at Nils og eg såpass fort vende nasen heimover,var det ufyselige regnveret som ramma oss i går. Og når vi først var så hækne at vi kjøpte billeg kjøt og flesk på grensa, var det berre å ta beinvegen heim.Utan å ha avtala noko som helst,møtte vi Solveig og fam. ved Mjøsbrua; vi kom ca 1 min.før dei.
Eg skal skrive meir frå turen og sette inn bilde,her er berre reiseruta:
Måndag: Ørsta-Ørebro, via Kongsvinger,ca 12 timars køyring, så det var drygt. Vegane i Sverige er godt merkte, så vi fann fram til Gustavsvik utan problem.

Tysdag: Vi var i Ørebro i lag med dei hine, men vi budde på hotellet Ibis, som er ein hotellkjede som ligg i tilknyting til såkalla badeland.
(Det likna mest av alt på ei brakke av turkis bølgeblikkplater- utanpå. Innvendig var det heilt greitt.)
Onsdag:Vi reiste frå Ørebro ca kl.12. og køyrde på vestsida av Vætteren til Jønkøping, der vi tok inn på hotellet John Bauer midt i byen.Veret var ganske fint.
Torsdag: Vi køyrde frå Jønkøping om morgonen og kom til Ystad på ettermiddagen.Såg oss omkring, før vi fekk oss rom på Ystad saltsjøbad like utanfor byen.
Fredag: Vi reiste frå Ystad mot Malmø, vidare E 6 oppover og landa til slutt på hotell i Uddevalla.
Laurdag: Vi køyrde frå Uddevalla om morgonen, stoppa og handla litt i Svinesund.Stoppa også på Lillehammer og åt pizza på Peppes, det er tradisjon

lørdag, juli 04, 2009

Ørebro, here we come!





Vi har vore i Ørebro eit par gongar før, men overnatta berre ein gong. Då låg vi på FIRST-hotellet i gata rett ovanfor slottet.Det var i året 2001.Trur ikkje vi skal bu på dette hotellet i år, det var nemlig ganske dyrt der. No har dei pussa opp og det er blitt enda finare- og sikkert enda dyrare.Viss de googlar, kan de sjå alle dei fantastiske romma deira.Er det nokon som ser ein bil dei kjenner, forresten?
Slottet er eit landemerke i byen, og sist vi var der, såg vi mange som dreiv med fasadeklatring opp og ned etter veggene.Bilda frå slottet og byen er frå året 1997, då vi berre var innom byen så vidt på veg til Stockholm.Det året overnatta vi m.a. i Arboga.

fredag, juli 03, 2009

Bok nr.43:Skråninga


Dette er debut-boka til forfattaren, og den andre boka hans eg les i løpet av kort tid.Om de les det som står på omslaget, får de vite kva den handlar om. Eg vil berre legge til litt om mitt inntrykk av denne romanen.
Vi møter eg-personen på ein psykiatrisk klinikk, der han har fått i oppgåve å skrive ned forteljinga om sitt eige liv.Sidan han alltid har likt å skrive, gjer han det. Han fortel om barndom og ungdom, om foreldre og fosterforeldre, eit liv som slett ikkje har vore nokon dans på roser.Han fortel ikkje kronologisk,men etter assosiasjonsmetoden, etter samme u-system som tankane våre ofte går. Det blir som eit puslespel, men etter kvart kjem bitane på plass. Akkurat denne forteljemåten gir forteljinga ein ekstra energi. Han kjem tilbake til samme hendingane fleire gonger, og spenninga ligg i å få vite kva som "eigentleg" skjedde.
No er eg verken psykolog eller psykiatiker, men eg synest forteljinga verkar truverdig, og eg spør meg sjølv om kor mykje eit menneske kan tole før det "bikkar over".Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, berre seie at eg tykte boka var gripande og vel verd å lese. Dessutan har den gitt meg mykje å tenkje på. Men det er inga solskinnshistorie!
Det einaste eg har å innvende mot boka er at opplesaren ikkje burde vere austlending.Nynorsk blir best lese av vestlendingar ev. trønderar. (Sidan forfattaren er trønder). Eg tykte denne boka var betre enn den førre boka eg las av Tiller ,Innsirkling, som eg har skrive om før.

torsdag, juli 02, 2009

Solveig fyller år.

I morgon fyller Solveig 46 år, men sidan dei står på reisefot, tenkte eg det var best å vere litt tidleg ute med gratulasjonen. Sommaren 1963 då Solveig kom til verda, var det varmt og fint, om lag som no.Den dagen ho vart fødd kom s.Åse inn på fødestua til meg med ei rose og sa:Her kommer jeg med sommerens første rose.Ho hadde plukka den i sjukehushagen. Nils var langt borte, på Island og fiska, så han fekk ikkje sjå jenta før ho var 6 veker gammal.Men det vart sendt radiotelegram til han om det som hadde skjedd.
Frå Innvik kom det besøk etter få dagar, og besta Marie Eline fekk halde det første oldebarnet sitt.Solveig var vårt første barn og mamma sitt første barnebarn, og det einaste oldebarnet Marie fekk oppleve.
Her har vi flytta oss fram til sommaren 1987, då vart Solveig sjølv mor. Einar var det første barnet hennar, vårt første barnebarn og mamma sitt første oldebarn.
Slekt skal følge slekters gang- "skal tru om eg nokongong får komme på oldemorsplassen," tenkjer eg.
Vi vil i alle fall gratulere Solveig hjertelig med dagen. Sjåast i Ørebro?




onsdag, juli 01, 2009

Datatrøbbel ...........igjen!

Datamaskina har hatt eit illebefinnande igjen; ho har forresten ikkje vore heilt god på lenge.Så no spørs det kor lenge vi er tilkopla verda denne gongen;skal prøve å få nokon til å sjå over heile maskineriet.
Her er det ikkje noko særlig nytt.Nils har ikkje vore på sjøen i dag, og eg har utsett alle huslige gjeremål til etter at sola har gått ned.Kan ikkje vere inne i dette veret. Ventar veninna mi frå Fredrikstad på besøk i morgon, akkurat no er ho på Eid.
Som sagt er datamaskina utrygg for tida, så dersom de har viktige beskjedar til oss, er det best å bruke telefonen.
God sommar til alle som har tenkt seg på tur, og til dei som ferierer heime. Tippar det var herlig for besteforeldra på Hildegard å komme seg ut i havbrisen?
Rasmus ringde og gav gode råd.Han meinte feilen måtte ligge i skjermen. Han rådde oss til å kople til den gamle skjermen, så no virkar systemet igjen. Skal reklamere på flatskjermen, den er berre 1,5 år gammal.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...