mandag, august 31, 2020

Dagbok 2020: 31.august





Klokka er no 15.30, temperaturen er + 16 grader C og sola skin frå nesten skyfri himmel. Eg ser alltid på denne dagen, 31.august, som siste dag på sommaren, for slik var det heile min barndom og ungdom så lenge eg budde på Eid og gjekk på skule der. Første september var det skulestart!!
Då eg vakna i dag hadde eg berre lyst å bli liggande i senga, men stod likevel opp og drog frå gardinene- og der var det eit syn å sjå- SÅ fint vêr! Men det var kaldt og mykje dogg i graset såg eg.
Eg hadde tenkt å plukke plommer i dag, og så ville eg klippe plenen opp mot gata, det vart ikkje gjort i den veka som var.
Det var for tidleg og for kaldt til å gå ut, så eg vart verande inne og vaska håret blant anna. Så var det dei evinnelege plommene som aldri tek slutt, eg plukka opp frå marka både det som skulle i komposten og dei som var brukande. Dette var på det største treet, men plommene var mindre og dårlegare enn på det treet som eg snaua i går. Merkeleg at eg har så mykje plommer, naboen har lite, og eg har høyrt rykte om at det er det mange andre også som har.
Eg begynte å riste ned plommer i tusental og rake dei ned med riva. I dag plukka eg og fraus 9 kilo med plommer som Solveig skal få når ho vil ha dei. Eg har 4 kilo i frysaren klar til bruk når eg har fått kjøpt Jam og har samla nok glas. Inntil så lenge har eg sylta eg fekk av Solveig å kose meg med.Klipte nokre greiner også og fekk opp i sekker. Eg har to ting eg MÅ gjere denne veka, det er å køyre hageavfall bort på VØR og så må eg kjøpe bensin på bilen og på kanna mi. Dette er to ting eg ikkje har så lyst til, men når eg har gjort det forstår eg ikkje det.
Då eg var ferdig med plommene klipte eg plenen rundt huset. Og så var det middagspause. I dag var det vegetarmat- og etter maten strekte eg meg ut ei lita stund på solsenga.
Så var det ut igjen, og no klipte eg oppe mot gata og etterpå tok eg like godt Skråninga, så no er heile tomta nyklipt.
Eg hadde tenkt å plukke resten av ripsen også, men eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein 80-åring kan ha? Det kjem vel ein dag i morgon også ?
Kvart år den 31.august tenkjer eg spesielt på far min, som vart fødd i 1899 og på mormora mi, som var på dagen 20 år eldre. Kvart tiår var det dobbelt-jubileum i familien. Pappa døde i 1961, då var han 62 år gammal. Besta levde til ho var over 80 år-eg er ikkje sikker på om det var 85, ho levde i alle fall lenger enn pappa.

søndag, august 30, 2020

Dagbok 2020: 30.august

Klokka er no 19.20, temperaturen er + 14 grader og det er fint vêr, slik det har vore det meste av dagen,
Eg hadde ingen store planar for dagen, men eg gjekk i alle fall ut for å plukke opp nedfallsplommene. Då det var gjort fann eg ut at eg ville plukke alle plommene på det minste av Opal-trea for det skal i alle fall sagast ned. Eg rista treet og eg tok riva for å få alle plommene ned. Det blei til at eg klipte greiner også, som igjen vart klipt i mindre bitar og samla i sekker. Alle plommene som var brukande vart tatt vare på. Det vart ca4 kilo som eg skal sylte - og det er meir enn nok til meg.

Då var det alt tid for middag og eg hadde den klar, restar frå i går. Etter middagen måtte eg ta ein liten leksjon med "Spanish With Paul" på You tube.
Eg hadde tenkt å vaske håret og pynte meg litt, men så valde eg å heller gå ein tur på Vernet, for det har ikkje vore så mykje trim denne siste veka. Det var nydeleg å gå ute, sola varma og vinden kjølte ned.
Ei lita stund etter at eg var komen heimringde det på døra. Det var Solveig som kom på besøk. Ho hadde køyrt Olaug til flyplassen. Ho hadde med seg plommesylte som ho hadde laga av plommene frå i fjor som eg sende med Einar i går. Ho hadde også med seg Øystein si siste bok (til denne tid) til meg og Margrete. Så no har Margrete eit ærend hit.

No er det ny arbeidsveke igjen for dei yrkesaktive, men vi pensjonistane kan halde fram med å feriere. Ønsker alle ei fin veke uansett .

lørdag, august 29, 2020

Dagbok 2020: 29.august




Klokka er no 17.10, temperaturen ute er + 13 grader C, det er overskya og det blæs. Tidlegare var det finare vêr, men også nokre regndropar.
I dag hadde Einar vore og sprunge rundt Rotevatnet før han kom hit for å måle litt på huset mitt. På nedste bildet ser de veggen han har måla, i tillegg tok han andre strøket oppå altanrekkverket og på veggen på "altanstova"-han er effektiv når har set i gang. Før han kom hadde eg skrella poteter, bruna saus og funne fram kjøttkaker frå frysaren; vi skulle ha middag i lag etter målinga. Det er liksom ein tradisjon. Mens han måla tok eg ein snartur på butikken og kjøpte det eg gløymde i går. Så festa eg trådar på ferdige lestar og la opp nytt "spøt" mens eg hadde spansk-kurs på PC-en.
Vi åt godt til middag både Einar og eg, og etterpå hadde vi kaffi og is. Eg vart litt FOR mett, eg er ikkje vant til store måltid lenger. Eigentleg skulle eg hatt ei strafferunde eller to på Vernet -men trur ikkje eg orkar i dag, får heller ta to rundar i morgon-viss vêret blir bra.
Før Einar reiste gjorde eg eit dykk i frysaren og fann diverse plommer, rips etc. som eg sende med han til Solveig-etter avtale. Det var litt godt å få oversikt over kva eg har, og no skal eg prøve å bruke det som er der og ikkje kjøpe inn så mykje. Som eg seier til meg sjølv: Butikken er fem minutt unna- eg treng ikkje lager.
Eg var ut og plukka plommer opp frå marka, dei er ofte øydelagde før den tid, det er innsekt som et på dei mens dei enno er på treet. Eg bar ned i komposten ei stor bøtte med plommer i dag også, men litt er der å ete.


fredag, august 28, 2020

Dagbok 2020: 28.august

Fin kveldsol på øvre Mo.

Klokka er no 18.30, og temperaturen ute er + 18 grader C. Det var nokså skya før middag, men vêret vart finare etter kvart. Likevel har eg ikkje vore så mykje ute i dag, men styrt på inne.
Tok ein skikkeleg fredagsvask først, ikkje kvar dag eg kan ha ut golvteppa på soverommet. Og sidan eg hadde fått lyd på PC-en igjen tok eg ein spanskleksjon-heldigvis var det litt som sat att. Det er lenge sidan vi hadde kurs no.
Og så hadde eg fredags-sudokuen; eg plar hente den frå avisa på nettet torsdags kvelden, og brukar ikkje å legge meg før den er i boks. Men i går møtte eg motstand, veit ikkje kva som gjorde den,  eg prøvde to gonger utan å løyse den. Men 3.gongen kom eg i mål. Sudoku skal vere veldig god hjernetrim for gammalt folk, det seier eg til meg sjølv når eg meiner eg har brukt for mykje tid til den.
Eg har ikkje vore så mykje i hagen i dag, men eg var i alle fall ut og plukka nedfallsplommer-som går rett i komposten; ei full bøtte i dag. Men nokre plommer er etande - og somme veldig gode. Eg et vel meir enn eg burde, men gir bort litt til Marit.
Eg hadde tenkt å klippe plen opp mot gata, men det gjer ikkje noko om det blir utsett til i morgon.
Klokka 17 tok Marit og eg ein tur fram på gravplassen. Ho skulle plante lyng, men eg ville sjå korleis det såg ut først, om rosa var i live. Det var den, men berre ei rose var intakt, dei andre visne klipte eg bort. Der var nokre andre som stelte ei grav like ved, og ho hadde så nydelege lyngplantar med seg, dei var meir raude enn lilla. Eg spurde kvar ho hadde kjøpt dei, då lo ho og sa at ho budde i Molde og hadde kjøpt dei der. Har ikkje sett den fargen her.
No er det altså fredag og helgekveld, nesten. Håper alle elevar, studentar og lærarar har hatt ei bra veke utan å bli smitta. Rasmus har vore på Hydro Husnes, Kvinnherad kommune og halde kurs der denne veka. I går fekk dei ballj/klubb til middag, dei tek etter sunnmøringane. Her i bygda er det skikk og bruk med ballj kvar torsdag, endatil på sjukeheimen.
Eg vil ønske alle ei god helg.


torsdag, august 27, 2020

Dagbok 2020: 27.august

Klokka er 17.25, temperaturen er +18 grader, og vêret er ganske fint, lettskya og litt sol innimellom.
Eg har ikkje så mykje spennande å berette for tida, det handlar mest om meg og hagen min. Eg er ikkje så mykje i lag med folk, men snakkar med naboane når eg er ute etc.
I dag hadde eg lagt ein plan, og den planen handla om "bringebæråkeren" min. For to år sidan fjerna eg hellene som låg på begge sider av åkeren, og sette poteter der i staden. Grov ned nokre poteter i fjor også. Men no var eg lei av at der vart så ruskete at eg ville gjenopprette orden. Eg var seint oppe i dag, så eg kom meg relativt fort i arbeid. Måtte berre plukke opp plommer og kvepsar og ha dei i bøtta først. Så sette eg i gang med bringebæråkeren. Først reiv eg opp så mykje skvallerkål som eg fann-og det var ikkje lite enda eg har nyleg luka der. Eg har lagt mykje plengras oppå molda for å prøve å kvele ugraset. Så såg eg over strengane etc. og forbetra det som var dårleg. Hellene skulle på plass att, så på eine sida gjorde eg det skikkeleg og spadde vekk gras og torv før eg la hellene på plass,  på andre sida la eg berre hellene utover, så skal eg ta det att seinare i haust eller til våren. Det var hardt arbeid og sveitten sila-det likar eg godt.

Innimellom,  i små pauser, leska eg meg med plommer. Eg ville ta med nokre poteter inn til middag og gjekk på den stilken som såg mest ferdig ut. Der var masse små poteter- og eg rekna med det var mandel. Første gongen eg kokte mandelpoteter var på ei campinghytte på Dønfoss. Nils sette meg til å passe potetene, og det gjekk ikkje så bra. Eg kokte dei heilt i "drav"- det gjorde eg i dag også, men eg tømde alt som var i panna opp i ein sil, såpass eg fekk smake sorten- og den var bra.
På bildet ser potetene rimeleg store ut, men dei ligg altså i ein 2-liters isboks. Eg har mykje meir poteter i åkeren, men trur dei skal få stå der ei stund til, det er no enno berre august.
Det første eg gjorde i dag var at eg plukka plommene opp frå graset. Ikkje ei av dei var etande, men fulle av kveps. Til og med på plommene som heng på trea er invadert av kveps. Eg er ikkje redd for kvepsestikk- for kvepsen likar plommene betre enn meg. Viss nokon i familien vil ha plommer så må de komme og få, sesongen er snart slutt. Linda og Erik får ete så mykje plommer dei vil, eg hamstrar ikkje. Må vel ned og plukke opp avfallseple også, trur ikkje det blir laga jus i år.
Der er masse bær på svartsurbær-buska, dei er ikkje så gode, men veldig sunne. Fulle med C-vitamin og antioksydantar. Eg las på nettet at dei blir betre etter ei frostnatt eller ein tur i frysaren. Dei skal vere gode til saft. ?

Eg har ikkje klipt plen i dag -i dag er det Torbjørn som surrar. Det kan hende at eg klipper opp mot gata-men der er meir sannsynleg at eg ventar til i morgon. Men eg finn sikkert noko å henge fingrane i fram til klokka 19, då er eg på plass framfor TV-en MED strikketøy (lestar)

onsdag, august 26, 2020

Dagbok 2020: 26.august





Klokka er no 18.40, temperaturen ute er +15 grader, men det er kald vind. Eg vakna mange gonger i natt og trudde eg skulle stå opp, men vart liggande til det vart morgon, då eg stod opp i7-tida utan å sjekke klokka først. Då eg såg ut glaset var det som og blå himmel, då er det noko heilt anna å starte dagen , enn når det er regn og grått.
Eg hadde diverse eg skulle gjere i dag, men det var dogg i graset så ingen ting hasta. Marit og eg bestemte oss for å ta ein tur på ALTI, vi skulle ikkje kjøpe mat i dag men var på apoteket, Clas og diverse andre stader. Det var eg som køyrde, for Marit er ikkje trygg på bilen sin, sjølv om dei ikkje fann noko på verkstaden.
Då eg kom heim skulle eg klippe plen, men først måtte eg berre plukke opp plommene som låg i graset. Ikkje før har dei falle av treet før snigla kveps og diversesmådur meskar seg med plommesafta, ja, kvepsane startar mens plommene heng på greina. Nedfallsfrukta er ikkje etande for folk, og i dag har eg bore tre store bøtter med plommer ned i komposten, så kan kvepsane følgje etter. Men eg plukka litt frå treet til meg sjølv -og Marit.
Då plommene var vekk kunne eg klippe plenen rundt huset, nede i Skråninga er det så lite gras at det var ingen vits i å klippe.
Til middag i dag vart det restar frå i går, så det var lettvint nok.
Eg slanga meg litt på dagsenga, men fekk så mykje krampe i beina at eg måtte stå opp og ta ein magnesium- tablett, eg tek ein kvar kveld så dette vart tillegg. Heldigvis hadde eg kjøpt magnesium på apoteket i dag. La meg ut på altanen ei lita stund, men då skya det over. Eg kokte meg ein kaffiskvett før eg gjekk ut og rydda litt i rosebedet- og prata med Marit som var ute og reinska ugras. No er neste post på programmet å sette på TV og ta fram strikketøyet. Ikkje tur på Vernet i dag, kan ikkje overdrive.
Tenkjer på alle barnebarna kvar dag - og håper dei har det bra.

tirsdag, august 25, 2020

Bok nr. 47-2020: ?

Eg har nyss lese ut ei bok, men eg hugsar ikkje tittelen og finn den ikkje att på Storytel. Handlinga var lagd til Damaskus, og forteljaren var ei ung jente. Ho gjekk og gjekk, var glad i å teikne men snakka  ikkje. Ho fortel mange historier til lesaren-også etter at hu vert bunden til å vere i eit hus, mens ho høyrer flya og bombene som fell. Brått blir det berre heilt stilt. Eg skal skrive meir når eg finn att boka.

Dagbok 2020: 25.august.


Klokka er no 18.40 og temperaturen er + 14 grader. Det har letta opp litt i ettermiddag , så det vart råd å vere  ute igjen.
Visste ikkje kva eg skulle gripe fatt i- i dag tidleg, så det vart til at eg vart sittande å strikke ferdig ein lest eg begynte på i går, etter å ha gjort litt naudsynt husarbeid. Hadde halvvegs tenkt meg nedover ein tur, men det frista ikkje så mykje. Så kom eg på at eg kunne lage litt middag av seifiletane eg har i frysaren-7 kilo sei vart litt for mykje for meg åleine, så eg slit litt med å ete den opp. Eg laga ein stor porsjon av min brilliante seibiff, og åt opp ca. halvparten, så eg blir nøydd til å ete resten i morgon. Eg vart sjølvsagt altfor mett, så eg måtte ligge rett ut ei stund før eg kom meg på beina igjen. Då gjekk eg ein strafferunde på Vernet og ein runde på Vallabøen etterpå. Trefte på Helge, han bur rett nedanfor der eg går opp på Vernet, og han lova å komme innom og sjå på maskina mi ein dag.
Då eg kom heim var eg ned i hagen, der låg mykje plommer på marka, men dei kan ein ikkje ete. Der er sniglar og all slags kryp som et på dei så snart dei treff  bakken. Men eg plukka nokre frå trea og dei var gode. Der eg også mange rotne plommer som heng fast i greinene enno Eg må nok ut og rake opp plommene og klippe plen så snart det blir tørt nok. No er det snart Dagsnytt, så då er eg i rute.















mandag, august 24, 2020

Dagbok 2020: 24.august





Klokka er no 16.35, temperaturen er +10 grader og det regnar. Kaldt og vått med andre ord.Låg lengst mogleg i senga i dag for å sleppe å sjå på vêret. Plommene heng på trea og rotnar og eg får ikkje gjort nokon ting i hagen. Inne er det ikkje så mykje som MÅ gjerast, og det som måtte gjerast gjorde eg på laurdag.
I dag vart eg sittande framfor datamaskina og legge kabal mens eg høyrde lydbok på Storytel .Det er ein slik luksus som ein kan unne seg når ein er pensjonist. Fekk ny bytta på senga, vaska håret og sett på vaskemaskina m.m. før eg fann fram ein litt vanskeleg Sudoku som eg greidde å løyse til slutt. Etter at eg hadde ete det som eg kalla middag, fann eg fram ein enda vanskelegare Sudoku, men no sa eg stopp. Eg får heller strikke vidare på lesten som eg begynte på i går -og sjå litt TV. Det er no litt nyttigare, med tanke på at alle må få seg varme lestar til jul.
Det ser ut som det kan lette opp litt, og då kan eg gå ein tur -til dømes på Vernet.
Eg har veldig mykje som eg skulle gjort ute, både i hagen og andre stader, og no er eg redd for at også denne hausten skal regne bort, slik som i fjor - og året før. Eg likar å få i orden hagen før vinteren, så det ikkje blir så mykje å ta att når våren kjem. Men vêret kan eg ikkje gjere så mykje med anna enn å gramme meg. Lettar det opp no? Eller er det ei ny bye som kjem?



søndag, august 23, 2020

Dagbok 2020: 23.august. Siste hundedag?


Klokka er no18.40. Temperaturen ca+11 grader. det har regna mykje i dag, men no er det litt lettare. Eg har nettopp gått ein tur på Vernet, som de kan sjå av bilda.
I dag før middag sette eg meg føre at eg skulle fikse litt av kvart. Etter litt miks og maks fekk eg printeren til å printe ut ein haug med sudoku-ark. I seinare tid har eg måtta teikne dei ut med hand. Så fekk eg reparert e-posten min, det hadde eg gjort ein gong før også, men den reparasjonen varde ikkje lenge. No står det att å få lyd i maskineriet, slik at eg både kan høyre musikk og tale. Viktig viss eg skal jobbe med spansken.
Så sette eg meg til å strikke og sjå TV, heilt til det blei på tide å lage middag. I dag vart det fiskebollar i kvit saus + poteter og gulrot. Men slik kan det ikkje halde fram. Når eg får middag et eg altfor mykje, fordi eg ikkje vil ha restar. Så vart eg døsig og lat og la meg bakover i godstolen med Storytel.
Tok meg saman etter ei stund og kokte kaffi- og etter kvart kom eg meg ut ein tur. Søndagane brukar å vere lange og kjedelige, men i dag har tida gått fort-om det er ein fordel veit eg ikkje.
Eg skulle ønske vi kom i gang med trening igjen, det er godt å ha noko å gå til, og knea mine treng mosjon. No er det snart tid for Dagsnytt, det er spennande korleis det går med "smitten". Høyrde ista at det hadde  vore mykje festing i Trondheim i helga, håper det går bra med barnebarna som er der.




lørdag, august 22, 2020

Dagbok 2020: 22.august

Øystein, Einar og Per Eilert deltok i Nordvest Maraton i dag.




Klokka er no 18.45, temperaturen ute er + 14 grader C og det regnar. Det har det gjort det meste av dagen.
I dag har eg vore flink husmor synest eg sjølv. Eg støvsugde alle teppegolva grundig. Det gjorde seg, men eg har eit problem; Rasmus bestilte støvsugarposar til meg frå Italia -så posar har eg, men eg får ikkje opna støvsugaren så eg får ta ut den gamle posen og sette inn ein ny. Dette har eg gjort mange gonger før, men no er eg ikkje i stand til å opne
Så vaska eg kjøkken og bad. Då eg var ferdig med "fredags/laurdags-vasken tok eg meg ein tur på butikken og hamstra inn litt mat etc. til helga.
I dag hadde eg min fjerde middag denne veka med blomkålsuppe. Det blir sikkert ei stund før eg får lyst på meir. Men det smakte godt i dag også.
Etter ein liten pause på dagsenga med Storytel gjekk eg opp til Marit, der eg fekk kaffi og is. Det er liksom det vi held oss til. Vi prata og kosa oss i lag, men eg må ned att til 19-nyheitene. Kom ikkje på at ho plar høyre nyheiter på TV 2 kl.18.30. For morgondagen har eg ingen planar, men blir det opplett blir det vel ein tur på Vernet om ikkje anna.
Ønsker alle ei god helg!


Svigerson Øystein er ute med ny bok.

fredag, august 21, 2020

Dagbok 2020: 21.august

Klokka er ca.17.00, temperaturen ute er + 19 grader, og det har vore ei voldsom regnbye-trur eg.
I dag var eg fast bestemt på å klippe Skråninga, men det var dogg i graset så eg måtte vente litt-men ikkje for lenge for yr.no sa at det skulle komme regn klokka 12. Men først måtte eg rydde vekk greiner etc. som eg klipte i går og så måtte eg plukke opp eple og plommer som hadde falle ned.
Så gjekk eg i gang med klippinga. Eg plar stille høgda på 4 men sidan den stod på 3 fann eg ut at det kunne gå bra. Trong ikkje klippe så kort. Men eg hadde forrekna meg der, for 3 var faktisk kortare enn 4. Det blei ein hard jobb å klippe så kort i så mykje mose. Det vart tungt både for meg og klipparen, fint vart det heller ikkje. Rett som det var stod klipparen i sju steinar, så eg måtte starte på nytt ofte.
Til slutt stod klipparen heilt fast, men eg såg at det var startbatteriet som var utlada. Då måtte eg inn og sette batteriet på lading. Imens det lada seg opp,reinska eg eit blomkålhovud og kokte opp. Kva eg tenkte på den dagen eg kjøpte to store blomkål, forstår eg ikkje- men dei var veldig billege. Eg har kokt blomkålsuppe to gonger denne veke og kvar porsjon held i to dagar, så då er det lett å rekne ut kor mange middagar det vert.
Omsider vart eg ferdig å klippe skråninga , og flytta opp mot gata, då sette eg lengda på 4 og alt gjekk bra. Då eg hadde spylt klipparen og kom inn var klokka ca.15- og enno var det opplett. Eg tenkte at eg skulle ta riva og rake alt graset som klipparen ikkje hadde samla opp.
Eg åt suppe og så måtte eg kvile litt på dagsenga med Storytel. Då eg stod opp att hadde det regna kraftig- og dermed slapp eg å rake. I dag i alle fall.
Dette blei mykje plenklipp, men det er ikkje så kjedelig som ein skulle tru, for naboen min var også ute, ho plukka bær og så prata vi litt innimellom.
Fredagsvasken har eg ikkje tatt i dag, men det kjem dagar etter desse, får eg håpe. Eg legg ikkje langsiktige planar om kva eg skal gjere, men eg er glad for kvar dag eg kan vere ute og styre på litt, for det likar eg. I dag slepp eg å tenke på meir mosjon.
Eg har smakt på plommene som dett ned frå trea, dei er ikkje gode. Naboen seier at det er fordi dei ikkje har fått nok gjødsel, og det trur eg på.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Og så håper eg at skulestarten ikkje fører med seg så mykje smitte. Då tenker eg på både dei som er her, og på barnebarna som er spreidde  omkring i landet. Take care!

torsdag, august 20, 2020

Dagbok 2020: 20.august

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 26 grader C. I dag kom sola tidleg og jaga skodda bort, så vi fekk ein fin og varm dag.
Eg hadde avtalt med Marit at eg skulle køyre henne ned på bilverkstaden så ho fekk hente att bilen sin. Dei hadde friskmeldt den no. Vi for nedover kl.10.30 og eg for heim att med ein gong. Bestemte meg for å fare bort på El-kjøp i Furene og be dei om å fikse mobilane mine på den måten at Doro-en skulle meldast av, for den funkar ikkje lenger. Eg trefte på ein ung, hyggelig mann som ordna ut. Eg måtte fortelle at eg var bestemora til Amanda. Ho var ei kjekk jente sa han.
Etterpå var eg inn på Plantasjen og kjøpte tre lyngplantar for vel 100 kr, dei har eg sett i den store "potta" som eg fekk til 80-årsdagen med ute-blomster i. Løkane som var med i saman-plantinga har eg greve ned i diverse bed . Kanskje litt tidleg med lyng, men det er no den ville lyngen blomstrar også. Eg var også inn på Coop sidan eg var der borte, eg fann no litt som kan vere kjekt å ha.
Då eg kom heim hadde eg ikkje arbeidslyst, så det vart til at eg la meg ut på altanen og las ferdig boka mi. Eg har lese mange bøker i det siste - men har sett lite TV.
Etter at eg hadde ete eit måltid klokka 15 gjekk eg ut og prøvde å få gjort litt. Blant anna klipte eg diverse kantar med vanleg kjøkkensaks. Problemet mitt er ryggen når eg skal gå og bøye meg. Eg må ha mange pausar. Prata litt med naboen i Larsenhuset innimellom. Klipte litt av greinene på Victoriatreet, men der må eg klippe meir når vi har hausta plommene. Eg blir ikkje arbeidslaus med det første.
Snart må eg på VØR med meir hageavfall også, men eg ventar til eg har 6 fulle sekkar. I morgon må eg klippe plen viss det er bra vêr, men det går ei stund før doggen er borte.
Leigebuaren min kom att i går kveld, men "ny" bil,- ein blå Toyota Yaris. Den var finare enn min !
I kveld klokka 9 skal Ingeborg reise tilbake til Oslo med fly. Dei to jentene som ho bur i lag med er på plass, så ho slepp å komme til tomt hus. Ho skal studere norsk ved sidan av at ho tek pedagogikk.


Bok nr. 46: Forsvinningen



Eg har lese mange av Frode Granhus sine bøker, og likt dei godt. Dei er kjekke å lese som lydbøker fordi opplesaren er Nils Johnson, som er ein av favorittane mine. Kanskje fordi han les på "nordnorsk"-noko som høver godt sidan hendingane er lagt til Lofoten. No blir det ikkje fleire bøker frå Granhus, han døydde før denne boka kom ut.
Å fortelje om kva som hender i ein krimroman, det har lite for seg. Les gjerne denne boka-som lydbok. Eg var så lat i dag at eg la meg ut på altanen og las siste delen.

onsdag, august 19, 2020

Dagbok 2020: 19.august



Klokka er no 21.25. Temperaturen ute er + 16 grader. I dag vann ikkje sola over skodda, så det vart ein litt grå dag. Eg prøvde å få gjort litt ute i hagen, og noko blei det, men eg er avhengig av mange pausar fordi ryggen ikkje likar å bøye seg for mykje. Det første eg gjorde var å rydde i rosebedet, fjerne dei visne rosene før dei drysser ned av seg sjølv t.d. Den rosa som var finast akkurat no var Queen Elizabeth, som de ser på bilda.
Til ein tidleg middag åt eg blomkålsuppa frå i går.
Ingeborg + Birte og Håkon skulle komme i 17 -tida i dag. Ingeborg kom først og dei andre litt etterpå. Eg hadde laga ei ostekake, og det var det einaste dei fekk-+ kaffi. Eg kan ikkje lage til så mykje at eg må "straffe-ete" i dagevis.  Men dei likte kaka så det gjekk heilt fint. Rett etter at Ingeborg var komen kom det ei veldig byge, det regna trollkjerringar og det som verre var. Eg trøsta meg med at eg slepp å vatne. Det var litt tørt i beda i dag.
Amund var blitt stor sidan sist eg såg han, han er blitt litt av ein rugg. Litt for tung til at oldemora greier å hive så mykje på han. Blid og kjekk var han. Eg tok ingen bilde , men det gjorde dei andre, så det blir kanskje litt å sjå på Messenger-sida hans.
Ingeborg reiser tilbake til Oslo i morgon for å begynne studiane igjen. Så snart er alle på plass. Amanda og Eirik reiste i dag. Det har vore ein rar sommar, heilt utom dett vanlege. No lengtar vi etter å ha det slik vi hadde det før- og ikkje forstod kor heldige vi var.







tirsdag, august 18, 2020

Dagbok 2020: 18.august


Klokka er no 20.00 og temperaturen er 22 varme grader. Det har vore ein nydeleg og varm dag. Eg var relativt tidleg oppe, og Margrete kom og henta meg som avtalt - klokka 10.
Det var nydeleg pynta i Voldakyrkja, med kransar og blomster i kvitt og pastell. Alle fire barnebarna til Ruth var der, tre av dei øvde på songane dei skulle synge litt seinare. Vi sat grese i kyrkja, men der var ein del folk tross coronaen. Systrene til Ruth med familiar og også mange frå Harald sin familie. Eg kjenner mange av slekta etter kvart, vi har vore i lag i diverse konfirmasjonar mellom anna.
Det vart ei fin og høgtideleg stund i kyrkja, og etterpå vart vi med fram på gravplassen.
Gravplassen på Rotset i Volda er veldig fin. Då Harald vart gravlagd var ikkje Nils og eg med på grava, for Nils var ikkje i form til det, men vi køyrde dit nokre dagar seinare og såg grava til Harald. No har Ruth fått ein plass ved sidan av.
Eg undra meg litt over at dei senka kista heilt ned med hjelp av fire tau. Slik gjer dei det ikkje her. Folk vart ståande på gravplassen og prate ei god stund sidan det ikkje var lagt opp til minnesamvær på grunn av Corona. Eg fekk tatt farvel med Amanda og Eirik som reiser tilbake til Trondheim i morgon. Ingeborg reiser ikkje til Oslo igjen før på torsdag, så ho kjem ein tur hit før ho reiser.


Margrete og eg måtte ha ein tur på kafé på heimvegen min, i dag vart det fugl Føniks i Ørsta. Eg har ikkje vore på Føniks etter at dei flytta inn i nye lokal, for det var to dagar før corona-stenginga. I dag valde vi ei litt spennande kake med pasjonsfrukt- og sjokoladefyll. Og kaffi til. Det smakte godt. Margrete køyrde meg heim.
Her heime var det varmt og godt, så eg hamna oppe på uteplassen med Marit ei stund og vi har alltid noko å snakke om.
Eg hadde ein plan, så eg tok bilen og køyrde ned på Kiwi, det er lettvint. Eg hadde tenkt å lage ei kake, men mangla nokre ingrediensar. Kaka vart laga då eg kom heim, og etterpå laga eg ei nydelig blomkålsuppe til meg sjølv. Eg kjøpte to blomkålhoder før helga, og dei kan ikkje ligge lenger utan å bli brukt. Eg steikte små strimlar med bacon og strødde på suppa, eg har sett det på oppskrifter, men har ikkje brukt det sjølv før i dag. Det smakte nydeleg. Så rydda eg kjøkkenet og sette på oppvaskmaskina. No må eg tømme den.
Dette bildet av klematisane mine har eg tatt frå altanen og ned.


mandag, august 17, 2020

Dagbok 2020: 17.august

Klokka 19.40 .


Klokka er no 20.00 og temperaturen ute er +21 grader C. I dag forsvann skodda utpå dagen, og det vart sol og fint vêr.
Eg var veldig lat først på dagen, hadde ikkje arbeidslyst, men vart sittande å lese ut boka eg begynte på i går. Etter kvart kom eg meg til å farge håret mitt, og etter at det var gjort gjekk eg ut. Eg ville klippe plenen rundt huset slik at det skal vere fint når leigebuaren kjem att på onsdag. Skråninga trong ikkje klipp enno. Stussa nokre busker også.
Marit kom ned utpå ettermiddagen og vi sat på tunet og drakk kaffi og prata. Når vi sat akkurat der var det for å ha kontakt med dei på andre sida av gata. Det er sol ute enno, men det varer vel ikkje så lenge. Eg gjekk inn klokka 19 for Dagsnytt må eg ha med meg.
Den gamle Doro-telefonen min vil ikkje laddast lenger, så eg vurderer å seie opp tvilling- avtalen med Telenor. Så får eg greie meg med ein mobil. Mange har vel erfart at eg ikkje er så god å få tak i på telefon. Sikraste møteplassen med meg er Messenger. PC-en min er utan lyd, og utan e-post blant anna. Eg er somme tider inne på laptopen og ser etter e-post, men ikkje kvar dag.
I morgon tidleg hentar Margrete meg kl. 10, vi skal i gravferda til Ruth kl.11.00 i Voldakyrkja. Vi har meldt oss på, for alle som er til stades må vere registrerte. Eg synest det er verre med koronaen no enn det var til å begynne med-for no veit vi meir.
I dag vart det resten av risgrauten og riskremen til middag, så eg trur eg må finne på noko godt og salt til kvelds.


Bok nr. 45 - 2020: Fie faller.









Dette skreiv Margrete om boka: (Eg fann ikkje noko brukbart på nettet.)
Fie er ei mor på beste vestkant i Oslo. Ho prøver å leve opp til rolla som ballettmamma og "frue", men brått slår lynet ned i livet hennar då mannen har funne seg ei anna kvinne. Boka handlar om identitet, klasse og samlivsbrot, og relasjonane mellom mødrer og døtrer står sentralt. Sentralt står òg refleksjon over kva som er dei viktigaste verdiane i livet. Det er mykje å kjenne seg att i i denne romanen, samtidig som livet der utsjånaden på nista til borna er temmeleg fjern frå det livet eg sjølv kjenner til.
…………………………………………………………………………………………………………………
Begynte på boka i går, og no har eg lese den ferdig. Denne boka var det også vanskeleg å legge frå seg. Eg skal ikkje stikke under stol at eg har sete nokså pal både i går kveld og i dag. Men skodda har lagt sid til denne tid, så eg har ikkje gått glipp av så mykje. Men no skal eg bevege meg ut og jobbe litt.

søndag, august 16, 2020

Dagbok 2020: 16.august


Hestene står i regnet


Når mitt sinn er fylt av drømmer,
mere dunkle, mere fjerne
enn min tanke kan forklare,
mere ville, mere hete
enn mitt hjerte kan forstå,
vil jeg bare stå i regnet
slik som hester står i regnet
på en bred og saftig slette
mellom tunge fjell, som her.

Stå og kjenne kroppen suge
dette svale, sterke, våte,
som i strie strømmer siler
over ansikt, hår og hender.
Likne skogen der den suger,
som et barn, av himlens bryster.
Likne sletten, full av sødme,
sitrende av fromt begjær.

Slik som hester står i regnet,
lutende, med våte flanker,
og lar duft av muld og væte
drive sterkt og søtt i sinnet,
vil jeg stå og bare være
og la himmel-yret falle,
inntil tanken fri for feber
følger drømmene til klarhet
i en steil og stille ro.



Klokka er no ca. 16.00, temperaturen ute er +23 grader og sola held på å bryte seg gjennom skodda som har lagt sid i dag også.
Eg sov til klokka var ca. 9.30 i dag, men så la eg meg ikkje før klokka var 2.30 i går kveld. Når eg legg meg så seint søv eg godt og lenge-det er liksom det som passar meg best: seint i seng og seint opp.
Brukte mykje av føremiddagen til å lese ferdig boka som eg begynte på i går kveld. Den var så medrivande at eg måtte berre lese ferdig. Elles styrte eg litt med husarbeid. I går kokte eg risgraut til middag og kokte med vilje så mykje at det vart nok til riskrem i dag.
Etter at eg hadde laga desserten ferdig gjekk eg ein runde på Vernet. Oppe i skogen gjekk det to hestar på beite-så då kom eg til å tenke på det fine "hestediktet". Eg trefte berre ei eg kjende på Vernet dag, dei fleste tek vel gjerne litt lengre turar på sundag.
Eg kom heim til middagstid, og sidan eg hadde så mykje dessert sløyfa eg hovudretten, vart meir enn mett nok av desserten. Det beste med desserten var sausen, bringebærsaus på kartong frå Piano. Den er skikkelig god.
Eg har vore åleine heime i dag, men reknar med at Marit kjem att i løpet av ettermiddagen/kvelden.Ho har vore på tur ut i øyane etc.
I går kveld kom Audun og Håkon att med fiskefangsten sin og la utover plenen. Eg meiner dei sa at der var 60 kilo med fisk. Den største langa var så stor at dei måtte vere begge om å løfte den- kvar i sin ende.

Bok nr.44 - 2020: ALDRI ALDRI ALDRI

Nominert til Bokhandlerprisen 2019

«Jeg er 35 år gammel. Jeg vil ikke ha barn.

Dette er ikke noe jeg snakker med andre om. Det er noe jeg skammer meg over, noe jeg unngår, går lange muntlige omveier rundt. Når vennene mine snakker om å få barn, bytter jeg samtaleemne. Jeg vil ikke være skråsikker eller bastant, for plutselig våkner jeg en dag og har blitt en av dem, en vanlig kvinne i 30-åra som vil bli gravid, som vil stifte familie, som vil utvide livet mitt, kroppen min, hjertet mitt, til å romme flere enn meg selv. Det er lov å ombestemme seg.»
Hovedpersonen i Linn Strømsborgs roman «Aldri, aldri, aldri» har aldri ønsket seg barn. Hun har vært samboer med Philip i åtte år, og de har vært enige om at de ikke skal ha barn – helt til nå. For kanskje vil Philip allikevel bli pappa? Og mens hennes to beste venner venter sitt første barn, og moren hennes stadig maser om barnebarn, og hverdagen renner over av småbarnsforeldre og fødsler og andres tidsklemmer, så står hun støtt i livet sitt og valget sitt om å ikke ville ha barn.
Aldri, aldri, aldri er en roman om hvorfor vi får barn, og hvorfor vi ikke får barn. Det er historien om å velge noe annet enn det som forventes av en, men samtidig bare ønske seg et vanlig liv.

………………………………………………………………………………………
I går kveld ville eg finne ei bok som var enkel å lese/høyre på Storytel og valde denne. Eg trudde det var ei sånn teit damebok, men då eg begynte å lese var det vanskeleg å legge den frå seg.  Anbefalt.

lørdag, august 15, 2020

Dagbok 2020: 15.august



Eg har tre ulike klematis-plantar, og i år har dei funne på å vekse inni kvarandre. Det er ein mørk lillablå (ser nesten raud ut på bildet), ein rosa og ein lys lavendelblå. Eg brukar å klippe  dei heilt ned kvar haust, derfor kjem dei litt seint på sommaren


Klokka er no18.45 og temperaturen ute er + 22 grader. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag, for sola kom ikkje fram før klokka var ca. 16.00
I går hadde er ein skikkeleg arbeidsdag, så i dag gav eg meg sjølv løyve til å ligge til klokka var nærmare 10. Eg sov ikkje så lenge, men låg og kvilte.
Men eg var oppe og ferdig med frokosten etc. før Håkon og Audun kom. Dei reiste ut for å sette line. Dei skulle ut og drage i 18-tida, men då må dei har køyrt ut på direkten , for her har dei ikkje vore.
Eg tok ein tur på butikken på føremiddagen. Eg kunne lett ha blitt sittande heime, for Håkon hadde dratt så godt til handbremsa på bilen min då han køyrde det ut og inn av garasjen i går, at eg visste ikkje å få løyst den. Men etter nokre forsøk gjekk det bra. Verken armane eller hendene mine er heilt 100 %.
Eg har ikkje gjort mykje til gagns i dag, men eg kokte meg risgraut til middag, det er ikkje lite berre det.
Eg har begynt på ei krimbok på Storytel, men eg trur eg må gi den opp. For hendingane utspelar seg på to arenaer-USA og Norge- og til ulik tid. Eg har lese mange slike bøker før, men då har eg hatt papirversjonen og det er enklare. Må visst leite opp enda ein "dameroman".
Eg fekk Audun til å ta batteriet av kantklipparen og sette det på ladding. Så no har eg fått klipt litt kanta-men eg trur ikkje det var stort meir enn 5 minutt så var batteriet tomt. Eg klipte no litt med saks også. No er det snart tid for Dagsnytt, det er sjeldan eg set på TV før den tid.
……………………………………………………………………………………………………


Begge gutane kom i 19-tida, så no er dei ute og dreg lina.

fredag, august 14, 2020

Bok nr.43- 2020







Etter oss er en varm roman om vennskap, kjærlighet og meningen med livet.
1967. Fire jenter drar hver til sitt etter et spennende og omveltende år på Lundavang Folkehøgskole. Førti år senere sitter Ingrid igjen alene etter at mannen Arvid brått har gått bort. En søndagsmorgen ringer uventet en av de gamle venninnene. Snart vekkes både kjærlighet og konflikter til live. Kanskje er det ikke for sent for dem likevel …
……………………………………………………………………………………………………………………………………
Boka vekslar mellom å fortelje om det som hende på folkehøgskulen på 1960 talet og det som skjer når dei møtest att på 2000 -talet, og litt om det som har hendt i mellomtida. Og brått er boka slutt. Det einaste interessante er at hendingane er langt til Molde og andre stader i fylket "vårt"

Dagbok 2020: 14.august



Klokka er no 18.25, temperaturen er ca +20 grader C. Det var skodde i dag morgon og utover føremiddagen, men så kom sola igjennom.
Det hasta ikkje med å kome i gang ute i dag, så eg avisa og vaska skuffene i frysedelen av kjøleskapet, og så shina og vaska eg kjøkken og bad
Då hadde sola tørka opp graset såpass eg kunne begynne å klippe plen. Eg klipte rundt huset før eg tok mat- og drikkepause. Etterpå tok eg Skråninga og plenstykka mot vegen. Då eg var ferdig med det var eg sveitt og gåen.
Eg gjekk rett i dusjen og fekk bort både gras og sveitte, så då var det tid å slappe av. No har eg kosa meg med is og kaffi.
Eg låg ute på altanen på solsenga ei lita stund, men så vart det slutt på Storytel-boka.
Eg har lese mange lettlesne bøker i sommar, dei fleste er gløymde før eg er ferdig-nesten. Somme begynner eg på utan å lese dei ferdig. At eg les slike bøker no har med årstida å gjere-eg må ha noko som er lett.
Marit skal på tur med Kjartan og Sølvi no i helga, så då blir eg her "åleine". Men Håkon skulle komme i morgon i lag med Audun, då skal dei ut og fiske. Det gjer meg heller ikkje noko å vere åleine, det greier eg heilt fint. Eg har alltid noko å styre med.
Sidan det no er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Eg hadde vona at det skulle vere normale tilstandar ved skulestart, slik vart det berre ikkje , dessverre. Eg vil ønske alle som startar opp med skule og studiar lykke til.

torsdag, august 13, 2020

Dagbok 2020: 13.august

Klokka er no 17.20, og det er kanskje litt tidleg å summere opp dagen, men det går an å henge på noko seinare om det skulle skje noko viktig. Eg slappa av litt etter middag og blei frostig, derfor sette er på varmepumpa og kveikte i litt rusk og rask i omnen -før eg såg på temperaturen ute - den var + 18 grader, det samme som i dag tidleg.
Marit og eg hadde avtalt å fare til Vik i dag, viss eg ikkje skulle slå plenen. Det skulle eg absolutt ikkje i dag for det silregna og alt var vått-ikkje minst graset. Men så slapp eg også å vatne beda mine.
Eg måtte dusje og vaske håret, ser meir ut som ein villmann når eg går her heime og rotar, så eg måtte shine meg opp.
Marit køyrde i dag. Vi var på strikkebutikken, der eg kjøpte meir lestegarn, denne gongen i maskuline fargar. Vi var innom ALTI  før vi handla på Spar. Som før fortalt held dei på å bygge om inne i butikken, alle hyller og reolar er flytta på, så i dag var det som ein labyrint vi måtte ta oss fram i. Det var i grunnen litt kjekt, for best det var trefte ein folk som ein kjende inne i labyrinten. Og så fann eg fyrstikker. No har eg leita etter fyrstikker på fleire butikkar utan å finne, men i dag.....
Eg veit ikkje kvar det var, men i går såg eg eit bilde av fiskebollar i kvit saus - og fekk veldig lyst på det. Det er mange år sidan eg smakte det. Så i dag kjøpte eg fiskebollar frå fabrikken i Volda og laga meg skikkeleg middag. Så åt eg sjølvsagt altfor mykje, så eg måtte legge meg nedpå senga med Storytel ei stund for å komme til hektene. Det var då eg fekk frosten i meg.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann til nytte, men viss det lettar opp aldri så lite så skal eg ta meg ein tur på Vernet-for å bruke opp nokre kaloriar. Og så skal eg legge opp til eit nytt lestepar i kveld.
Så får eg håpe at eg får klipt plenen i morgon eller laurdag.
Det vart ein runde på Fonnvernet etter at eg skreiv, og litt cruising på Vallabøen etterpå. Heime til 19-nyheitene. No er Håkon her og skal egne line.

onsdag, august 12, 2020

Dagbok 2020: 12.august


Klokka er no 17.12, og temperaturen nærmar seg + 28 grader- og det er augustvarme, den er annleis enn varmen vi hadde i juni. August har alltid vore min favoritt-i alle fall dei åra eg har sloppe å begynne på jobb midt i månaden. I min barndom starta skulane opp 1.september- det synest eg var ei god ordning.
I dag før middag kokte eg sylte av stikkelsbæra eg reinska i går kveld. Eg har ikkje smakt sylta etter at den vart kald, så eg veit ikkje om den vart god-eg tvilar på det-.
Etter syltinga var eg ute og plukka rips, så no har eg to plastbollar fulle. Der er mykje rips att på treet enno. Til lunsj vart det ei skål med rips med sukker og fløte. Då var det begynt å bli farleg varmt ute, men eg la meg på solsenga og las ei stund. Eg toler godt å ligge i sola - blir ikkje uvel, berre varm.
Eg begynte å vurdere om eg skulle klippe plen i kveld i staden for i morgon før middag. Det er dogg i graset om morgonen og langt utover føremiddagen. Men det var fredagen eg slo førre veka så det kan hende eg ventar litt. Graset veks godt no.
Eg har rett og slett lata meg mykje i dag- og det er på grunn av varmen. Det er ikkje arbeidsvêr.
















tirsdag, august 11, 2020

Dagbok 2020: 11.august.

Klokka er 20.40, temperaturen ute er + 19 grader og det er fint vêr og sol.
Det var ikkje så fint med det samme eg stod opp i dag, så eg vart verande inne ei stund og fann noko å styre med der. Til dømes strauk eg nokre klede.
Då eg gjekk ut litt seinare sette eg i gang å rive ned meir eføy, eg blir sikkert ikkje ferdig denne sesongen, men alle monner drar.
Då eg kom inn og sjekka dataen, var der melding frå Ingeborg, ho ville ta ein tur bort til meg. Sidan eg ikkje hadde noko spennande å diske opp med, vart det vaflar i dag også. Vi hadde mykje å snakke om, som vanleg.
Gravferda til Ruth blir komande tysdag i Volda. Det kan visst vere over 100 personar til stades.
Etter at Ingeborg hadde fare gjekk eg ut og plukka stikkelsbær. Eg har berre ei buske, men der er mykje bær på den. Eg plukka ikkje alt, men det eg plukka har eg reinska-to klipp pr. bær- say no more. Men eg hadde lydbok til underhaldning mens eg klipte. Trur eg skal koke sylte av bæra i morgon. I og med at eg ikkje har vore ute av tomta i dag, har eg ikkje så mykje å berette.

mandag, august 10, 2020

Dagbok 2020 - 10.august

Klokka er no 20.00, temperaturen er + 22 grader C og det har vore ein nydeleg dag. Eg stod opp til vanleg tid, men fingrane mine var så stive og vonde at eg vart sittande nokså lenge og mjuke dei opp på tastaturet, mens eg høyrde bok. Eg gløymde alt anna ei stund, men så kom Marit og sa at ho skulle fram på gravplassen og lurte på om eg ville vere med. Det ville eg. Eg hadde så smått tenkt meg fram på laurdag men då vart det utsett. Eg tok med ei saks såpass eg fekk klippe rundt steinplata- og så fjerne dei avblomstra rosene. Det er ikkje så fint akkurat no, men det er ikkje så lenge før vi kan plante lyng.
Einar hadde sendt melding om at han ville komme innover og male etter middag. Det var no veldig kjekt, men sidan han skreiv etter middag, så laga eg ikkje middagsmat til oss i dag.
Hausten for 2 år sidan kjøpte eg ei solbærbuske hos Hildenes på Eid og planta den i hagen her. I fjor var der ikkje så mange bær på den, men i år såg det bra ut. No meinte eg at bæra var godt modne, så eg plukka reint i dag. Så reinsa eg bæra og kokte sylte. Det var ca1,5 kilo bær. Det er fleire år sidan eg har kokt sylte. Sylting og ev. safting var eit samarbeid mellom Nils og meg. Han vear veldig flink med slikt arbeid. I dag var det litt rart å gjere alt sjølv, men det var no heller ikkje noko storarbeid. Solbærsylte var ikkje noko som stod så høgt i kurs (for meg) før, men no er det noko av det beste eg veit, og solbærsylte er noko av den dyraste sylta når ein kjøper på butikk. Eg vart litt oppildna til å sylte meir, så no får eg kanskje ta stikkelsbæra, sjølv om det er eit fryktelig arbeid å reinske dei. 
Einar kom klokka 15 og mala heile altanrekkverket på innsida, det var veldig kjekt å få det gjort. Eg hjelpte til litt med å pusse bort gammal maling.
Etterpå åt vi vaflar og is og drakk kaffi.

 No på kvelden fekk eg ei trist melding frå Ingeborg. Ho kom heim frå Oslo i går fordi farmora var alvorleg sjuk, og i dag døde Ruth. Sjølv om det var forventa, så er det alltid trist når nokon går bort.Barna til Margrete har mist tre av dei fire besteforeldra sine på mindre enn 5 år. Gravferda blir neste veke og eg veit ikkje enno korleis det blir i denne coronatida.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...