fredag, juni 30, 2017

Dagbok 2017: 30.juni

Klokka er 19.10, og gradestokken han krope ned til + 24 grader C. Kor høg max-tempen har vore i dag, veit eg ikkje, men det var i alle fall +26 ein gong eg såg .Det var nokså skya, men varmt, først på dagen, så eg fann fort ut at eg hadde kledd meg for godt då Marit og eg for nedover klokka 10.30. Eg hadde ærend på apoteket, og så var vi på Spar og handla mat. Eg passa på å handle rikeleg med melk og ein del brus. Lette ting kan eg kjøpe på Kiwi.
Nils hadde tatt seg ein tur rundt huset og i hagen mens eg var vekke, noko eg likte berre sånn passeleg. Han hadde sjekka kompostkverna og trur han skal få den i gang igjen. Han har vore som vanleg i dag også, litt sløv før middag, og i bra form etter kvart. Eg sa at i dag fekk han gjere litt for fellesskapet og seie kva vi skulle ha til middag. Det enda med at eg kjøpte frosen Findus fiskegrateng. Då var det berre å sette den i steikomnen og raspe gulrøter til. La meg seie det slik: gratengen var fullt ut eteleg, men eg lagar den vesentleg betre sjølv. Nils er heldigvis ikkje kresen.
Etter middag låg eg ein times tid på altanen og sola meg. Sov mesteparten av tida. Eg blir verken solbrent eller uvel av å ligge i sola. Nils låg ute litt seinare på dag, mens eg vaska bad og kjøkken. Støvsuge får eg gjere når det skyar over, noko som etter vêrmeldinga skal skje alt i morgon. Klokka 20.00 kjem den siste HBO-en for i dag, og då blir det kveldsmat etterpå.
Rasmus og fam. reiser til Tyrkia i morgon, har ein idé om at der er veldig varmt.
Eg klipte plenar i går, og som vanleg gjer eg litt for mykje av det, særleg ovafor garasjen er det nokså snauklipt, for ikkje å seie skamklipt. Men når regnet kjem i morgon gror det vel til att. Bildet er tatt rett før eg skreiv. Må ha litt godvêrsbilde å sjå tilbake på når det blir regn og grått igjen. Sidan det er fredag igjen, nyttar eg høvet til å ønske alle ei god helg. 


torsdag, juni 29, 2017

Dagbok 2017: 29.juni

Klokka er ca.19.30. Temperaturen ute er +23 grader C og vêret har vore enda betre enn i går. Ikkje fullt så klårt, men vindstille og behageleg temperatur.
Eg synest alltid at eg får "gjort" for lite, og slik er det i dag også. Litt husarbeid blir det alltid, og i dag klipte eg plenbitane opp mot vegen og skråninga nedanfor huset, den siste fekk bioklipp. Var litt sveitt då eg var ferdig. Vi åt kjøpepizza til middag og etterpå sola vi oss/sov på altanen. Så åt vi rabarbrakake til kaffien etter at Nils hadde fått sprøyta si klokka 16.00.
No i kveld var eg ute og reinska ugras i blomsterbedet og prata med Marit. Ho og eg skal til Vik og handle i morgon.
I dag fekk eg endeleg lese ut boka mi og blogga om den. Det blir ikkje så mykje lesing, for Nils ser TV og då blir det gjerne til at eg sit i lag med han.
I dag fekk han besøk av ein mann som han kjenner frå Rjåneshamna, og han lova at Nils skulle få ny nøkkelbrikke til hamna. Han har leita og leita etter den gamle, så no slepp han å tenke meir på det.
Nils har vore i bra form i dag også, men ikkje i storform som i går.
Eg hadde lagt frå meg mobilen og der var tre ubesvarte anrop. Kan ikkje ringe opp alle i kveld, for eg må vere litt selskapeleg. No ser eg at det er like før HBO kjem, så eg må finne fram brettet.

Bok nr.20 - 2017: Forliset

Forliset av Frode Granhus (Lydbok-CD)

Solveig har skrive om denne boka før, så eg  fattar meg i kortheit.
Eg har lese fleire av Frode Granhus sine bøker, og somme av dei er veldig spennande.
Denne er ikkje så veldig spennande, og oppklaringa er noko søkt etter mi meining. 
Det eg likar er at krimromanen er "gammaldags" på den måten at sanninga kjem fram på grunn av samtalar og etterforsking, ikkje ved hjelp av datamaskinar, mobilar etc. Eg er så lei av slike "politiromanar", sjølv dei nok er nærmare røynda enn ein nordnorsk lensmann som ordnar opp.
Hendinga er lagd til Reine i Lofoten og til dels Bodø, og sidan eg har vore der ser eg naturen for meg. Største plusset er opplesaren som les på nordnorsk.
Dette er bok nr. 20 i år, dvs. at eg har lese mindre enn halvparten så mange bøker som vanleg.

onsdag, juni 28, 2017

Dagbok 2017: 28.juni



Klokka er 19.45, temperaturmålaren på trappa viser + 18 grader C og det har vore ein strålande dag med tanke på vêret.
I dag hadde eg store planar om kva eg skulle gjere, men det vart ikkje akkurat som eg trudde.
Nils var i bra form, så det var ikkje han som ar hinderet.
Eg hadde X antall svarte sekker med eføy som eg har fjerna frå muren på tilbygget og frå rommet innafor. Hadde tenkt å køyre dei bort på VØR man fann ut at eg like godt kunne male det opp på kompostkverna. Og det starta eg med; i fjor mol eg mykje på kverna, men då var Nils såpass at han hjelpte til når kverna stoppa opp. I dag måtte eg greie meg sjølv. Og eg greidde heilt fint både å skrue opp og att når det sette seg fast. Men så var det brått full stopp, fekk ikkje maskina i gang igjen kor eg bala. No skal det innrømmast at det har gått nokså mange greiner og kvistar gjennom det maskineriet, så det er ikkje så rart om den ikkje vil meir. Nils trur at kverna må vere 30 år gammal-ikkje veit eg. Han seier at viss eg har tenkt å drive "jorda" vidare lyt eg kanskje kjøpe meg ei ny- eg lurer på om eg heller skal satse på VØR- men dei er veldig kjekke å ha dei kvernene, altså.
Sidan eg ikkje fekk male meir, men hadde leidningane ute, tok eg like godt og klipte plenen rundt huset, Opp mot vegen og skråninga står att.
Vi måtte ha oss litt mat, og etterpå sola vi oss på altanen, eg hadde lydbok på øyra, men sovna frå alt. Låg og las ei stund etterpå, men Nils måtte gå inn for han toler ikkje å ligge så lenge i sola.
No skal vi ete middag, i dag blir det spekeskinke og nykokte poteter. Nils driv og skjer opp kjøtet-maskinelt.
Eg har nyss shina opp kjøkkenet, så LITT husarbeid vart det i dag også.
Solveig, Øystein og Olaug var på veg til Bergen sist vi hadde kontakt, dei er vel framkomne no. Olaug skal flytte til ein annan hybel. Rasmus og familie er i Danmark, i dag var dei i dyrepark.
Ingen besøk i dag utanom HBO-ane.

Bilda er tatt klokka 20.50, ikkje så lenge før sola forsvinn herfrå no.

tirsdag, juni 27, 2017

Dagbok 2017: 27.juni


Klokka er 20.00, temperaturen +15 grader og det er sol og nydeleg vêr ute. Eg høyrer plenklipparar overalt, men eg skal ikkje klippe meir enn ein gong i veka har eg bestemt.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann, i dag har eg avspasert.
Etter morgonstellet etc. gjorde eg meg klar og gjekk fram i Mosmarka til frisøren min. Både Solveig og Margrete ville besøke Nils mens eg var vekke, så då kunne eg slappe av. Eg fekk endeleg av meg det gamle håret og har no ein liknande frisyre som Ine Strøm Eriksen. Eg føler meg sjeldan heilt vel med det samme eg kjem frå frisøren.
Eg ringde heim då eg var ferdig, og Solveig kom og henta meg med bil. Vi treftest ved gravplassen, der er god plass å snu.
Då vi kom heim vart det kaffi, is og litt kake. Stakkars gjestane, dei fekk ingen ting før eg kom. Margrete hadde med seg dei to yngste. Solveig hadde for fjerde år på rad strikka kofte i fødselsdagsgåve til systera. og den fekk Margrete i dag. Jakka var særdeles fin og tjukk, fordi der var vrange maskar innimellom. Eg har aldri sett noko slikt før. Margrete vart sjølvsagt veldig glad.
Med Nils er det som vanleg. Han er litt sløv først på dagen, men så kviknar han til. I dag tok HBO-en blodprøver, og resultatet fekk han ved neste besøk. Alt i orden  med blodprosenten og ikkje teikn på infeksjon. Kva det blir til med hofta veit vi ikkje enno.
Etter at alle var reiste åt Nils og eg middag, oppvarma bacalao frå i går. Det var like godt som i går, så vi måtte ha oss ein middagslur etterpå. Vi er tidleg oppe om morgonen og legg oss seint om kvelden, så vi søv sikkert ikkje meir enn normalt, sjølv om det kan verke slik.
Eg skulle i grunnen ha begynt på prosjektet med å male opp eføy, men det er no fint arbeid når sola skin-så kanskje i morgon?
Arbeid på vent.

Og no veks graset.

mandag, juni 26, 2017

Dagbok 2017: 26.juni

Skåtøybacalao

Klokka er 18.50, temperaturen ca.+10 grader C og i dag har det regna nokså jamt. Berre små solgløtt mellom bygene. Men eg var bestemt på å komme meg ut. 
Nils var ikkje heilt pigg med det samme han stod opp, men det er han sjeldan. Etter at han har fått medisin og frokost og kvilt seg litt går det betre.
Eg ville GÅ ein tur på butikken og det gjorde eg. Har vore på jakt etter rosa ildtoppar til vinduet over varmepumpa, og i dag rulla dei akkurat inn blomstrane då eg kom på butikken, og eg fekk det eg ville ha.No har eg så mykje blomster i stova at Nils påstår vi bur i eit drivhus. Eg passar på å ikkje handle for mange tunge ting når eg må bere varene heim, og så fordeler eg varene på to posar-då går det heilt fint. Og eg får litt mosjon.
Eg kjøpte klippfisk før helga, og la den i vatn i går. Og i dag skulle eg lage noko eg aldri har laga før, nemleg kvit bacalao. Det er ikkje så lenge sidan eg laga vanleg "raud" bacalao, men kvit har eg aldri prøvd meg på. "Bacalao" tyder eigentleg "torsk" (eller klippfisk?) og ein kan i grunnen servere den akkurat som ein vil. Eg søkte på "Hvit bacalao" og bestemte meg for ei oppskrift som ikkje var altfor innfløkt. Retten blei kjempegod! Vi hadde problem med å slutte å ete, for eg hadde laga veldig rikeleg. At det aula med kaloriar var berre bra -  for Nils ! Eg er i grunnen ikkje så begeistra for klippfisk, men når ein kamuflerer den med andre gode smakar blir det festmåltid.
Som de veit har vi sjeldan kjøpt fisk før, men ete det som Nils har fått på kroken. No blir det å kjøpe og det går også an. Vi er glade i fisk, og til to menneske skal det ikkje all verda til.
Eg må berre innrømme at eg sovna som ein stein i godstolen etterpå. 
Etter at HBO hadde vore her klokka 16.00, gjekk eg ut og jobba litt med eføyprosjektet mitt. No skal eg snart sette stoppar for det - for denne gong. Har 5-6 sekker med lauv og greiner som skal gjennom kompostkverna så snart det blir vêr til det. I dag fekk eg kosta inne i tilbygget, der eg stadig finn ting vi kan klare oss utan.
I morgon skal eg til frisør klokka 12.00-trur eg ber om gutteklipp, for no er håret mitt så utvokse og utan fasong at eg trur aldri det har vore verre. Margrete kjem hit ein tur, og Solveig kjem også innover, så Nils slepp å vere så lenge åleine.
No skin sola ute, og eg håper på godvêr i morgon. Særleg etter frisørbesøket.

søndag, juni 25, 2017

Dagbok 2017: 25.juni


Klokka er 18.00, temperaturen er + 16 grader og i dag har vi hatt både sol, regn og vind. Akkurat no er sola framme.
Eg er oppe klokka 8.00 både helg og yrke så i dag fekk eg med meg ein vakker og solfylt morgon-måtte ut og ta bilde før HBO kom klokka 9.00.
Eg er eigentleg ingen morgonfugl, men må innrømme at ein får meir ut av dagane når ein kjem seg opp om morgonen. Sundagane brukar eg ikkje å jobbe så mykje ute, så då gjer eg heller litt husarbeid. I dag starta eg med å lage ei rabarbrakake etter samme oppskrift som eplekaka eg plar lage. Har ikkje smakt den, men den ser ok ut. Kakebaking er ikkje min favorittjobb, då likar eg betre å bake brød, og sidan kjøkkenet likevel måtte ryddast opp, laga eg like godt ein brøddeig, som etter kvart vart til 3 store brød. Nils skal jo ha mest mulig næring, og derfor er det lurt å bake brøda sjølv, så kan ein ha oppi litt anna enn mjøl og vatn.
Skrella poteter og gulrøter til middag og laga det meste klart før eg rydda og vaska litt på kjøkkenet.
Då var vi komne så langt at eg kunne sette fisken i ovnen, i dag vart det ovnsbakt ørret, den var like god som laksen, og både Nils og eg likte maten. Så vart det ei lita pause før HBO kom klokka 16.00. Det vart til at vi såg ein del sport på TV. Litt spesielt å sjå friidrett når det er ein gut frå Dimna og ei jente frå Ørsta med. Etter at sjukepleiaren hadde målt sukkeret og gitt Nils ei lita sprøyte, fekk han (og eg) krokan-is og kaffi.
Nils har vore bra i dag, men hofta er vond når han står eller går på foten. Han har stråla hofta ein gong og kreftlegen på Åse lova at han skulle få stråle ein gong til om det vart behov. Men no har vi ikkje meir med henne å gjere så vi lyt høyre kva legane her seier. Første gongen  han fekk stråling vart han heilt smertefri.
Eg er ikkje heilt god i hofta sjølv, men eg blir verst når eg er i ro. Eg har mykje eg kan styre med, men eg må no halde Nils med selskap også, og då har eg strikketøy. Akkurat no ser han fotball, så då kan eg gjere som eg vil; lurer på om eg skal ta meg ein tur ut .........
PS: Alle bilde som eg legg ut på bloggen bør dobbelklikkast for at dei skal bli bra.



lørdag, juni 24, 2017

Dagbok 2017: 24.juni

Hvis du eier tusen plommer
kan du leve hele året....

Klokka er17.30, temperaturen er + 14 grader C og det har stort sett vore opplett i dag, med unntak av ei regnbyge for ikkje lenge sidan.
Ikkje verst for oss, men eg tenkjer på ymse arrangement som går føre seg i desse tider-utandørs. På Eid har dei Elskhug og eksis, på Hareid er det "Under linda", landets minste poesifestival, i hagen til Solveig og Øystein.
Dagen i dag starta ikkje bra, Nils var elendig og i tillegg hadde han vondt i hofta. Men han fekk i seg både tablettar og mat før han sovna i stolen sin. Han sov lenge og vel og eg sette meg til å strikke for ikkje å bråke med andre ting, og for å ha eit auge med pasienten.
Heldigvis var han mykje betre då han vakna, då ville han dusje og barbere seg og ha på seg reine klede. Nytt smerteplaster fekk han også, det er visst kvar tredje dag. Legen vil at han skal klare seg med to prednisolon for dag, det har vi prøvd før, men måtte gå tilbake til tre. No har han gått nesten to veker med to, men i dag gav eg han ein ekstra. Eg trur han treng det! Eg har for så vidt fått løyve til det av fastlegen. Snakka med sjukepleiaren som var her klokka 16 og spurde henne kven vi eigentleg skal forholde oss til no. Er det fastlegen eller legen på sjukeheimen ?-vi er ikkje sikre. I helga er det uansett legevakta. Heldigvis vart det ikkje aktuelt i dag. No ser han fotballkamp og har det bra. Hofta plagar han, men han verker ikkje når han sit i ro.
Eg har gjort lite og ingen ting i dag, anna enn å vere sjukepleiar. Men eg måtte ut og ordne på prosjektet mitt ved postkassane. Der har vi liggande nokre steinar som vi skal stå på når det er vått. I går regna det så gale at eg grov ei grøft; i dag fann eg ein ekstra stein, og då eg skulle legge den på plass kom naboen og hjelpte til med utforminga. Eg var ikkje heilt nøgd med det ferdige resultatet, så no har eg vore ut og fiksa litt. Har som ei kjensle av at det ikkje er siste gongen. Vi har hatt mange liknande prosjekt gjennom åra, men då har Nils vore med og han er litt flinkare enn eg når det gjeld slikt arbeid..
Elles har eg hatt meg ein liten tur i hagen. Såg etter jordbær, men der var ingen modne. Nils spår at skjora kjem til å ete bæra etter kvart sidan vi ikkje har not over. DET klarer eg ikkje å lage til åleine, men eit fugleskremsel kan eg kanskje spikre i hop?
Korleis det går med plommene er nokså spennande, der er så mange plommer på trea, at dei kan ikkje bli verken modne eller gode. Viss dei ikkje dett ned av seg sjølv må vi vel til å tynne ut.

Og så har eg ein potetåker med ei potet! Vi kjøpte mandelpoteter frå Skjåk i fjor, og har hatt dei i heile vinter. Det har ikkje gått så mykje poteter denne tida, så dei har vart til denne tid. Dei siste var ganske mykje "ålar" på men fullt ut etande. Men eg fall for freistinga å grave ned EI potet nedst i bringebæråkeren. Hadde over ein spade med feit kompostjord, og skal seie poteta veks.(I alle fall lauvet) Angrar litt på at eg ikkje sette fleire.
Rosa Moyesi og valmuer frå Hildegard

Klokkebusk


fredag, juni 23, 2017

Dagbok 2017: 23.juni. Jonsokaftan.


Klokka er 18.30, temperaturen er + 14 grader C, det er regn og skodde. Nokså vanleg jonsokvêr på desse kantar. No er det mange år sidan vi feira jonsok, så det gjer ikkje oss så mykje .Elles har eg ei kjensle av at mange held seg heime og grillar denne kvelden.
Eg hugsar jonsokfeiringa på Eid i min barndom og ungdom. Det var stor stas, med to store bål, eitt for barna tidleg på kvelden, eit for dei vaksne seinare. Jonsokbrudepar  med hest og kjerre, boder der ein kunne kjøpe rømmegraut, brus og is m.m. Og så vart det laga danseplatting mellom bjørketrea i Malakoff. Siste gongen er var der var i 1963. Eg var i lag med Anne Marie systera til Nils.
Nils var på Island og fiska sild. Eg var høggravid, Solveig vart fødd 3.juli.Deltok ikkje i plattingdansen det året.
Her i Ørsta vart eg kjend med ein annan skikk, nemleg "pinsebrising" (bål). Lensmann Rise som budde i nabohuset nokre år lærte meg at pinse-brisingen skulle loge, men jonsok-brisingen skulle ryke. Eg skulle ønske eg kunne brenne ein rykande jonsokbrising i hagen, for eg har fem sekker med eføy ståande.
I dag vart det gjort lite og ingenting før middag, eg sat og strikka litt, og så laga eg middag. Vi vart lens for melk, så det vart til at Nils køyrde ned til Kiwi, så eg fekk gå inn og hamstre melk og mjøl.Eg skulle vere med Margrete på handel seinare, men fekk unna dei tyngste tinga.
Etter middag slappa vi av litt og så etter kvart kom Margrete og drakk kaffi i lag med oss, før ho og eg handla på Rema 1000.
Ho hadde vore på plantasjen og kom med ein fin blomst til oss også, så det står ikkje på.
Nils har vore i ganske god form i dag også, så vi har det bra. Ingen i familien har fødselsdag i dag, men i morgon fyller Einar år, og då er det berre Solveig att, så er vi ferdig med rushet. Apropos så fekk er over 2000 kr att på skatten. Plar ikkje få så store summar, for eg har nokså fast inntekt.

torsdag, juni 22, 2017

Dagbok 2017: 22.juni

Buketten fekk vi av Ingeborg til påske.

Klokka er 20.40, temperaturen ca.15grader C og det har vore opplett i dag. Men på dette som skal vere dei lysaste dagane i året, har vi elektrisk taklys på heile dagane, det er så forunderleg mørkt både ute og inne.
I dag har Nils vore i fin form heile dagen, han har til og med vore ute og gått litt i hagen, med to stavar. Eg var litt i tvil om kva eg skulle gjere i dag-om eg skulle klippe plen eller ikkje. Det var sant å seie ikkje så mykje gras å klippe, men vêrmeldinga viste at det skal regne litt kvar dag i heile denne og neste veke.
Nils hjelpte meg å fylle bensin på klipparen, det er litt trøblete når bensinkanna på 10 liter er full, og så starta eg klipparen på første forsøk. Det vart til at eg klipte heile tomta, det går fort og greitt når eg slepp leidningane, når det ikkje er mykje gras ,og det som er- er tørt. Eg skulle ønske at plenen var både finare og grønare, men då lyt eg vel gjødsle meir.
Eg hadde ikkje planlagt noko til middag i dag, så det vart til at eg steikte pannekaker og bacon. Vi hadde ei kvilestund etter maten til HBO kom klokka 16.00, som regel får Nils ei sprøyte då, mens han slepp unna morgon og kveld.
Vi drakk kaffi og slappa av ei stund, men så tok energien overhand igjen og eg fann nokre klede og stryke før eg gjekk ut i hagen og rydda litt. Driv framleis og dreg ned eføy, og fekk fylt ein sekk i dag også. Hadde tenkt å ha dei bort på VØR, men eg tek det kanskje gjennom kompostkverna i staden Kunne godt tenkt meg å vere meir ute og mosjonert, men vil no vere her med Nils også. I morgon er det fredag igjen, og eg veit knapt kva siste veka har vorte av.
I dag er det Øystein som har fødselsdag, han er blitt ein vaksen mann på 55 år- Han driv nok og førebur landets minste poesifestival "Under linda" som dei arrangerer kvart år. De kan lese meir om det på bloggen hans eller på facebook.
Rasmus og familien er i Legoland førebels. Det er ein årleg tradisjon.
Gratulerer med dagen, Øystein

onsdag, juni 21, 2017

Dagbok 2017: 21.juni



Klokka er 21.00, temperaturen er + 13 grader C og det vart endeleg opplett og lyst igjen. Kan ikkje skryte av at vi har sett sola.
Det har ikkje hendt så mykje her i dag, og det er kanskje det beste. Nils var litt sløv på føremiddagen, men kvikna til etter kvart. Eg merkar at han går på mindre Prednisolon no, men vi prøver litt til før vi ev. må auke dosen igjen. Han et i alle fall.
Eg fekk ikkje gjort stort før middag, for då var det  kaldt og vått ute, og støvlane mine var våte inni.
Då fann eg fram nokre gamle "skotørkarar" og jammen verka dei !
Føremiddagen gjekk med til det vanlege husarbeidet, og så renska vi skikkeleg opp i omnen og fekk bort all oske og sot. Etterpå måtte eg i dusjen, for då var eg svart både her og der + at eg haddest i håret.
Til middag hadde vi spekeskinke med poteter og salat etc. God sommarmat. Pause i godstolen i dag også. Nils søv mykje på dagtid, særleg før middag, og eg tok også ein liten dupp i dag sidan eg sov dårleg sist natt.
Etter at HBO hadde vore her kl.16.00 ville Nils dusje og byte klede. Han synest det er reine luksusen å få dusje så ofte han vil, etter å ha vore pasient og følt korleis det er.
Etter at han var ferdig "stelt" -tok eg meg ei økt i hagen, i tørre gummistøvlar. Eg fekk endeleg sådd i holene etter staudene eg tok opp, og så drog eg laus nokre meter med eføy i dag også. Blant anna.
No ser eg så vidt nokre striper av sol, men tenkjer med gru på at den alt har "snudd".
"Frem fra glemselen"
Rasmus med familie er på veg til Danmark. Derifrå skal dei reise til Tyrkia.

tirsdag, juni 20, 2017

Dagbok 2017: 20.juni




Klokka er 17.30, temperaturen er + 11 grader C og det regnar og det blæs. Gløymt er alle dei fine dagane med sol og varme Trillebåra sette eg opp på tunet i går ca. kl.13, og tok bilda på samme tid i dag. Det einaste positive er at den blir vaska- og at den er av aluminium og ikkje rustar. Eg har ikkje vore ute i dag heller, men har sett på plommetrea frå altanen. Aldri før har der vore så mykje plommer på dei, somme greiner har meir plommer enn lauv. Det kan umulig gå vel. Anten må vinden ruske ned nokre av dei, elles må vi tynne ut sjølve. Når plommene heng for tett, rotnar og myglar dei før dei blir modne. Men det er langt opp og fram.
I dag var eg veldig effektiv før middag. Før HBO kom i 9-tida hadde eg sett ein brøddeig -blant anna. Så støvsuga eg grundig alle teppegolva og vaska dei andre. Nils var litt trøtt i dag, så han sov seg gjennom mykje av rabalderet. Han var ikkje spesielt dårleg, berre litt slapp. Til middag kokte eg blomkålsuppe og så åt vi av det nysteikte brødet i tillegg.
Måtte ha oss ein liten dupp i stolen i dag også, for vi er tidleg oppe og seint i seng.
Det var på ein måte heilt greitt at det ikkje var utevêr i dag, såpass eg fekk rydda opp litt inne.
Så har eg bestilt time hos frisøren min i neste veke, har ikkje vore der sidan før jul! Men klipte meg på Amfi ein gong i vår då Nils var på Ørstaheimen.
I dag fyller Margrete 49 år. Det er ikkje til å tru at det er så lenge sidan den fine sommaren då ho kom til verda. Har ikkje så mange bilde frå ho var heilt lita, vi kjøpte det første fotoapparatet vårt det året, men bilda som eg hadde på den gamle laptopen er vekk, og albumet har Rasmus. Skal sjå om eg finn noko eg kan scanne. Sjølv om ho har bursdag er ho sjølvsagt på jobb; i dag skulle ho til Ulsteinvik og vere sensor. Sidan Øystein har fødselsdag den 22.juni, Einar den 24. og Solveig 3.juli plar vi slå saman og feire alle under eitt. Vi får sjå kva vi kan få til i år.

GRATULERER MED DAGEN, MARGRETE.

Eg har ikkje godt av å blade i gamle album, for der finn eg så mange minne om tida som ikkje lenger er. Og eg ser så altfor tydeleg at tida har gått altfor fort. Desse bilda av Margrete og Nadja trur eg det er Solveig som har tatt, og eg meiner det er ho som har framkalla dei også, den tid ho hadde mørkerom i kjellaren. Trur det er jula 1973, for kjolen Margrete har på seg kjøpte vi til konfirmasjonen hennar.
Margrete av i dag, men hunden Charlie.



mandag, juni 19, 2017

Dagbok 2017: 19.juni



Klokka er snart 18.30. Temperaturen er + 11 grader C og det regnar - ergo får eg ikkje vere ute og gjere det eg hadde tenkt. Men det har vore ein kjekk dag likevel. 
Nils vakna i bra form, det er det viktigaste, HBO kom litt før tida, så frokosten slapp å vente. Vi fekk melding frå Matias om at han ville komme på besøk. Då ville Nils dusje og barbere seg, og det fekk han, sjølvsagt.(Det er ikkje alle dagar han orkar det) Eg hadde tenkt meg ein tur på butikken og handle så mykje som eg orka å bere heim. Men der hadde eg flaks. Naboen var også på handletur og baud meg skyss  heim. Dermed vart det mindre mosjon og meir mat, for eg kunne eg kjøpe mykje meir, m.a. melk. Han var ein perfekt shoppingassistent, og ikkje berre køyrde han meg til døra, han bar varene inn. Gentleman frå Hareid, seier eg. 
Matias var komen og eg sette på kaffien. Det vart berre is og kjeks, men så var det heller ikkje noko "måltid". Etter at Matias hadde gått begynte eg på middagen, men stakk av ei lita stund for å fylle mold i holene mine. Tok mold frå kompostbingen, men skal ha kjøpemold oppå. Derfor tok eg trillebåra med meg opp på tunet. Lenger er eg ikkje komen, for det har bøtta ned til denne tid.
Til middag i dag vart det fiskepudding frå Volda fiskemat, litt rart for oss å kjøpe både fisk og fiskemat, vi som har vore sjølvforsynte i mange år.
Med det samme vi var ferdige med middagen, kom Kari og Kåre på besøk med ein nydeleg fuksia, har tenkt å henge den opp på altanen, men inntil vidare står den på eit bord. Dei var her ikkje så lenge, og fekk ikkje så mykje bevertning akkurat, men koseleg at dei stakk innom. 
Då vi vart åleine, blei det ein liten dupp i stolen. I kveld er det vel "Fjorden cowboys" igjen, og då må Nils få med seg det før han kan legge seg.



Eg kjenner fleire som har fødselsdag i dag, men her vil eg gratulere Elin på Rygg med dagen i dag.
(Ho er også kjend som Lappetausa).

søndag, juni 18, 2017

Dagbok 2017: 18.juni

Klokka er 18.45, temperaturen er 12 grader, det regnar og blæs innimellom Ikkje så freistande å vere ute i slikt vêr, men eg burde vel ta meg ei runde for mosjonen sin del. Har berre vore ute ei lita stund i dag, for å plukke inn rabarbra til dessert.
Elles har vi hatt opplæring i bruk av drill, det er så lenge sidan eg har drilla at eg hadde gløymt ut korleis eg skulle gjere det. Dessutan var det ein annan drill vi hadde då. Eg skal skue av nokre bord på kompostkassa og ta ut mold for å fylle alle holene mine, men i dag vart det ikkje vêr til å gjere det. Når Nils ikkje kan gjere slikt sjølv, kan han i alle fall instruere meg. Eg lærer litt nytt kvar dag.
Sundagane er det heilt stilt her i Starevegen, ikkje eit menneske å sjå, derfor likar eg kvardagane best.
Sidan eg jobbar mykje ute til vanleg, blir det eitt og anna å henge fingrane i inne når det blir helg.
Ikkje det at eg GJER så mykje, men eg går no her og småryddar.
Nils er som vanleg litt sløv først på dagen, men betre etter kvart. I dag kom HBO litt før klokka 9, og det var fint, så slapp Nils å vente på frokosten. Både i går og i dag har han fått berre to Prednisolon -   tablettar og det ser ut til at det går bra.
I dag hadde vi god middag; heimelaga kjøttkaker med godt tilbehør- vi åt godt begge to -eg litt FOR godt, det er ikkje eg som skal opp i vekt.
Vi sovna litt etterpå, og då HBO 2 hadde vore her, åt vi dessert og drakk kaffi. Desserten var rabarbragrøt med ein rest av jordbærsmoothie inkludert -  og endeleg fekk eg brukt litt av potetmjøl/melis-blandinga. Elles brukar vi så lite sukker som muleg-heldigvis likar vi godt at rabarbra smakar SURT.
No har eg sete ved datamaskina og høyrt lydbok og strikka på enda ein lest. Solveig kom med meir tynt garn til meg, og eg hadde fire ferdige brot som mangla lest.
Komande veke er det tre fødselsdagar i storfamilien, og så er det mange som får sommarferie/ avspasering.
Eg håper på litt betre vêr i dagane som kjem, slik at eg får gjort det eg skal ute.
I morgon må eg kanskje handle inn litt ymse, så eg kan i alle fall GÅ ein tur på butikken. Kjenner på at eg får for lite mosjon no når Nils er heime .I heile vinter/ vår gjekk eg mykje, både på reisene til Volda og når han var på Ørstaheimen. Då kom eg meg litt i form-og den forma har eg lyst å beholde.

Bok nr.19 -2017: Utmarker

Utmarker av Arne Dahl (Lydbok-CD)

Hon heter Ellen Savinger och har varit försvunnen i tre veckor.
Sam Berger fruktar att en seriemördare tagit henne, men få av hans kollegor inom Stockholmspolisen lyssnar på honom: utan kropp, inget brott.
Så kommer Sam i kontakt med den mystiska Nathalie Fredén som visar sig ha oanade insikter i fallet. En historia med hisnande förgreningar till Sams eget liv tonar fram: plötsligt är även jägaren jagad, och i utmarkerna väntar en sanning som alltför många vill dölja.

Tempofyllda Utmarker visar upp en helt ny sida av Arne Dahl. Det är en roman full av försåtsmineringar och hemliga rum, den första där vi följer detektiverna Sam Berger och Molly Blom.
Jag säger det med en gång: Arne Dahls nya kriminalroman ”Utmarker” är helt fantastisk och jag har, trots att vi inte har kommit så långt in i 2016, svårt att se att Svenska Deckarakademin kan utse någon annan bok till ”Årets bästa svenska kriminalroman”. SYDSVENSKAN

.......................................................................................................
Sidan boka sluttar med ein "Cliff Hanger", reknar eg med at dette er første boka i ein ny serie.
Som vanleg har eg lese sporadisk og delvis ukonsentrert, så eg føler ikkje at eg kan gi ei god vurdering av boka., men eg kan no seie at det ikkje er den dårlegaste krimromanen eg har lese i alle fall. Elles ber boka preg av at det meste er oppbrukt innafor krimsjangeren, så det gjeld å finne på noko nytt. Då kan det bli nokså "kreativt" til tider. Ein stad las eg at boka var "litterær"- kanskje det betyr at den er godt skriven? Ikkje veit eg, men så vidt eg kan vurdere språket var det ganske bra.

lørdag, juni 17, 2017

Dagbok 2017: 17.juni

Klokka er 19.00, temperaturen er + 13 grader og det regnar. Tidlegare i dag var det opplett, såpass eg fekk vere ute ei stund og slå med kantklipparen. Starta også grasklipparen og brukte den til å samle opp graset som låg att etter klippinga torsdag. Eg kjørte klipparen til den var tom for bensin.
Einar hadde sagt at han kom innom i dag etter at han hadde vore med å springe Rotevatnet rundt i Volda.Vi visste ikkje kor tid han kom, eller kor lenge han hadde tid å vere, så eg hadde ikkje laga til noko middagsmat. Nils og eg hadde planlagt å ete restar i dag. Då Einar kom delte han og morfaren ein "rest" med rømmegraut. Håkon kom også innom, han hadde faktisk vunne løpet i Volda, men han fekk berre brødskiver. Hadde eg visst at begge kom, skulle dei fått skikkeleg middag begge to. Ja, vi husmødrer/bestemødrer tenkjer alltid på mat-slik er det berre.
Håkon kjøpte bensin på kanna som vi har i garasjen, brukar samme drivstoff på båten og klipparen. Etter at gutane hadde fare år Nils og eg fleire restar, og etterpå vaska eg rundt på kjøkkenet. Elles har eg verken vaska eller støvsuga til helga.
Eg står opp før klokka 8 kvar morgon, for eg veit aldri kva tid HBO kjem. Avtalen er klokka 9-men det varierer frå 8-10, særleg i helgane. Det betyr ikkje så mykje for meg, men Nils må vente med frokosten til dei har vore her. I dag var har ikkje i form då han vakna, men kom seg etter kvart. Han begynte med 4 Prednisolon tablettar kvar dag= 20 mg, så gjekk vi ned til 3(15mg.) og det gjekk fint. Vi skulle prøve å gå ned til 2 tablettar men det funka ikkje, så v auka til 3 igjen. Det har gått veldig fint lenge, med tre tablettar, men no skal vi prøve å gå ned til to igjen, så då spørs det. Alle tablettar har biverknader - også desse, derfor vil dei at han skal klare seg med mindre.
No har eg sete på datarommet og strikka og høyrt bok mens Nils har sett fotball, men så skal eg inn og halde han med selskap.

fredag, juni 16, 2017

Dagbok 2017: 16.juni

Klokka er 22.15, temperaturen er + 12 grader, det er lettskya og opplett. Endeleg! for i dag har det regna nesten kontinuerlig og skodda har lege langt ned i fjellsidene. Ser på vêrmeldinga at det skal bli betre vêr i morgon. Det blir ikkje tatt bilde heller når vêret er slik, og i dag har eg berre så vidt vore ute for ei dør.
Det har i grunnen vore ein sløv dag, og eg som er så oppteken av å "gjere" så mykje har gjort veldig lite. Nils er relativt stabil i form -og eg begynner å venne meg av med å spørje han heile tida om han har det bra. Han har det vel så bra som han kan ha det. Og vi er glade så lenge det varer.
Føremiddagen gjekk delvis med på å ordne opp i diverse saker, som å bestille straum til den nye leigebuaren blant anna. Ho flytta formelt inn i går, men kjem ikkje hit før i august. Ho studerer i Volda, men i sommar er ho heime i Molde.
Til middag i dag laga eg stappe av dei siste mandelpotetene, då kokar eg dei med skalet på og skreller dei etter kok. Det blir god stabbe. Så hadde vi pølser og grønsaker til. Ingen dessert i dag, men eg steikte sveler til Solveig kom innom i 19-tida. Ho skulle hente Øystein som kom med flyet frå Bergen klokka 20.45.
I dag har eg vore veldig trøtt. Skuldar på det tunge vêret,  både Nils og eg sovna i godstolen i dag også. Vi legg oss seint og, særleg eg, er nokså tidleg oppe kvar dag, så det er vel naturleg at eg blir litt trøtt.
I morgon ventar vi besøk av Einar, han skal til Volda først.
Solveig og eg var ikkje på handletur i dag, eg meinte eg hadde alt eg trong, men eg tek kanskje ein liten gåtur til nærbutikken i morgon for å komme meg ut. I dag hadde eg tenkt å slå med den elektriske kantklipparen, men det var det faktisk ikkje vêr til.Eg har fleire hageprosjekt på gang, berre det vert opplett.
Her i huset er det liten skilnad på helg og yrke, men slik er det ikkje for alle. Eg vil ønske alle ei god helg!

torsdag, juni 15, 2017

Dagbok 2017: 15.juni

Klokka er 20.50, temperaturen er + 18 grader og det er opplett. Tidlegare i dag hadde vi regnbyger.
I dag hadde eg ikkje andre planar enn at eg skulle klippe plen viss det vart opplett.
Nils var i god form heilt frå morgonen av, og han ville på torget og kjøpe poteter med Starheimsvik. Han hadde kjøpt gode poteter med han i fjor. Og han ville køyre sjølv! Eg var ikkje spesielt begeistra for forslaget, men blei sjølvsagt med. Han sat i bilen mens eg kjøpte poteter og bar dei på plass i bilen. Eg fekk også stikke innom apoteket ein tur mens han venta. Det gjekk heilt fint !
Før vi reiste nedover hadde eg skore opp kjøtt og sett på kok, så då vi kom heim vart det skrelling og kutting. Vi år ein herleg brennsnut/ betasuppe til middag og jordbær og fløte til dessert.
Mens suppa stod på kok, gjekk eg ut og klipte plenen ovafor garasjen, men før eg var ferdig begynte det å regne.
Vi måtte sjølvsagt slappe av litt innimellom, og jammen sovna eg litt også. Eg såg ut, og vêret var ikkje noko særleg, men då det hadde vore opplett ei stund, gjekk eg ut og klipte heile resten av tomta. Nede i skråninga klipte eg bio, men ikkje på plenen nedanfor huset-det ser berre slik ut. For graset var vått og klissete og klipparen "spytta" det ut.
Då eg var ferdig silte sveitten, så eg måtte sette meg ned ut på tunet. Då kom HBO-en og eg fekk nesten sjokk, for då var klokka 20.00. Eg gjekk rett i dusjen etter at ho var reist.
Elles har eg hatt kontakt med den nye leigebuaren i dag, pr. mobil. Ho er heime i Molde og kjem ikkje att før i august, men ho ville ha kontonr. mitt for å sette inn husleiga. Ho har flytta inn tinga sine.
No har eg berre ein jobb att i dag og det er å sette ut bossdunkane.

I dag fyller niesa mi på Eid 51 år. Hugsar så godt dagen då ho vart fødd. Mamma var på besøk hos oss på Melle, men då ho fekk høyre om den nye jenta på Eid, ville ho heim med ein gong. No er Hilde mor til fire gutar, tre vaksne karar og ein litt yngre.
Gratulerer med dagen Hilde Bjørg!

onsdag, juni 14, 2017

Dagbok 2017: 14.juni

Klokka er 20.40, temperaturen er + 16 grader C og det er ganske fint ute no. Men det har vore mange regnbyger i løpet av dagen. God temperatur og litt regn gir god grasvekst, så no lyt eg snart klippe igjen, men veit ikkje om eg har nok bensin.
I dag hadde eg avtale med Marit G. og at vi skulle til Furene og handle på Coop der. Begge hadde vi lappar som vi skulle bruke, og så var der jordbær til tilbod. Det var i grunnen ikkje så mykje eg trong, men eg plukka no med meg diverse matvarer til ca. 1000 kr. Der har de meg. Det veks både i frysaren og kjøleskapet, så ingen må stresse med å komme og hjelpe meg å handle. Marit køyrde meg også bort til Felleskjøpet der eg kjøper vaskepulver i store pakkar. Har bonuskupong slik at eg få kvar 6. pakke gratis.
Torbjørn besøkte Nils mens eg var vekke, det er ikkje så kjekt for han å vere for mykje åleine.
Då eg kom heim laga eg middag, i dag vart det ovnsbakt laks med broccoli og rømme og mandelpoteter. Dei er det snart slutt på. Vi har hatt poteter frå Skjåk heilt til no. Etter middag sovna vi i kvar sin stol, mette og trøtte. Etterpå blei det dessert: jordbær og fløte! For første gong denne sommaren. Jordbæra frå Coop var veldig fine, men ikkje spesielt søte, så vi måtte ha LITT sukker på.
Eg hadde tatt av sengkleda og sett dei på vask før eg for og handla, etter desserten ordna eg soverommet, vaska golvet + eit par andre golv og hengde ut klesvask.
I går kveld gjekk eg ein tur rundt Storebakken for å få litt mosjon, veit ikkje kva eg kjem til å gjere i kveld. Då eg vakna i dag var eg sår i halsen og sikker på at eg var forkjøla, men det gjekk over, så eg trur nok heller det er allergi. Eg tek rett nok allergitablettar-men utan å vite kva eg reagerer på. Det er i samråd med legen så eg får dei på resept.
Når det gjeld Nils så er det ikkje store endringar, forma er litt opp og ned, og han sit for det meste i godstolen. Han blir dårleg i ryggen viss han prøver på noko anna. Heimesjukepleiarane er her tre gonger for dag og måler sukkeret. Han får som regel ei insulinsprøyte når dei er her klokka 16.00, det er greitt å ha denne daglege kontakten med helsevesenet om det er noko ein lurer på.
No lurer eg på om det er for seint å klippe plen.Eg får kanskje heller strikke litt og sjå TV. Forferdeleg å sjå den grusomme brannen i London.
I morgon er det meininga at Silje frå Molde skal flytte inn i kjellarleilegheita for godt. Ho har drive og småflytta heile veka.

tirsdag, juni 13, 2017

Dagbok 2017: 13.juni


Klokka er 18.20, temperaturen er + 15 grader C og det har vore ein del regnbyger i dag; akkurat no er det opplett.
I dag har eg ikkje gjort mykje til gagns og ikkje har eg trimma. Eg sit her med verdens dårlegaste samvit og lurer på om eg kanskje skal gå ned i hagen og grave opp ei hole eller to, eventuelt tømme kompostbingen eller stusse hekken, eller.......nei, det er for mykje å velje mellom, så eg trur heller eg slappar av litt til. Må no halde Nils med selskap innimellom også. Vi har forresten nettopp kosa oss med rabarbrakake(Solveig) og krem, noko som ikkje verka særleg godt på samvitet mitt.
I dag har eg skeia ut på meir enn ein måte. Altså ikkje berre med mat. Klokka 11.00 presis kom veninna som avtalt og vi reiste til Volda på shopping. Vi fekk jammen handla ganske mykje på den stunda vi var vekke. Eg fekk meg bukse, jakke, korterma overdel, langerma genser og ny handveske. Til Nils kjøpte eg ei fin  T-skjorte, han må no av og til få noko nytt han også. Som eg plar seie: Vi treng ikkje ha gamle klede sjølv om vi er gamle! Og sant å seie trong eg verkeleg noko nytt til kvardags, "besteklede" har eg nok av.
Eg fekk også kjøpt meg garn slik at eg får strikke fleire lestepar. Eg kjøpte Regia, som vanleg, men såg Hakkespettgarn på ein annan butikk. Det eg manglar no er tynt, sterkt garn, men det blir nok ei råd med det også. Ingenting som hastar.
Nils hadde klart seg godt åleine dei 2,5 timane vi var borte. Han har mykje selskap i TV-en. Og i dag fekk eg fiksa  Laptopen, så no funkar den igjen. Nils kan sitte ei stund med den, men har litt problem med å skrive sidan han er litt skjelven på hendene. Han er alltid interessert når nokon legg ut bilde av fiskefangsten sin. Han lengtar nok ofte ut att til båten og sjøen. Men han klagar ikkje. Vi har hatt besøk av to HBO-ar i dag, og ventar den tredje klokka 20.00. I dag var eg oppe i god tid før den første kom.
I morgon skal eg handle i lag med ei anna venninne. Då skal vi bort i Furene og handle på Coop der, så då får eg hamstre meir mat. Og kanskje andre ting også. Vi fer herifrå klokka 11.00.

mandag, juni 12, 2017

Dagbok 2017: 12.juni

Klokka er 18.05, temperaturen er + 17 grader og det ser ut til at vinden skal klare å blåse vekk skyer og skodde. Ser i alle fall streif av sol.
Siste to nettene har eg sove lite og dårleg. Sist natt låg eg og kava til klokka var 4 før eg sovna, men då HBO kom og ringde på ein halvtime før forventa-DÅ sov eg, men Nils høyrer dørklokka, så eg kom meg opp i ein viss fart. No har eg stilt mobilen på vekking ein halv time før. Det er berre bra at dei kjem tidleg så slepp Nils å faste så langt utover føremiddagen, men etter så mange år som pensjonist er det uvant å ha vekkerklokka på.
I dag hadde vi, dvs. Nils, legetime klokka 11.00, og taxien  kom og henta oss til avtalt tid. Nils vil at eg skal vere med på alle konsultasjonar, slik at eg også får høyre kva legen seier, i fall han skulle gløyme noko. Vi trefte fleire vi kjenner på legesenteret, kjekt, for Nils spesielt, å komme ut blant folk. Legen kunne berette at blodprosenten ikkje hadde gått ned, men OPP. Det var meir enn vi forventa.
Taxi heim att også, men då vi kom heim  måtte Nils legge seg nedpå litt, han hadde hatt ein travel dag.
Eg hadde lagt i vatn klippfisk i går, og begynte å lage til bacalao. Det var så lenge sidan sist at eg måtte sjekke nettet for oppskrift. Om eg ikkje hadde absolutt alle ingrediensane som skulle til, blei retten godt etande. Det er kjekt å lage mat no når Nils har fått att smaksansen og har lyst på mat. Aberet er at eg sjølv et for mykje, det var ikkje så mykje eg åt sjølv heller då Nils ikkje skulle ha noko.
Men før vi åt fekk vi besøk frå Hjelpemiddelsentralen. Nils hadde nemnt for heimesjukepleien at eg høyrde dårleg og hadde problem både med dørklokka og telefonen (Særleg når TV-en står på). No skal vi få forsterkarar både på det eine og det andre. Ja, som eg seier, no ligg vi med sugerør langt ned i statskassa. Men denne gongen går det i mitt namn, sidan Nils høyrer veldig godt. Derfor er ikkje problemet så stort når han er heime.
Margrete og Erlend kom på besøk, og dei ville gjerne ha bacalao, så vi vart kvitt litt av resten. På Spar har dei klippfisk i store flak (heile fiskar) i dyre pakkar etc. men også små pakkar som høver for ein vanleg familie. Lettvint med fisk som er delt opp i små bitar, klar til bruk, men ein må vatne dei natta over. Fisken var god!
No er Nils og eg her åleine, men får nok besøk ein gong til - i 20-tida.
Eg føler på at eg har fått for lite mosjon siste dagane, men no skal eg i alle fall ned i kjellaren og hente opp ein klesvask som skal leggast i hop. 
Eg har ein jobb som står på vent, eg skal klippe nokre busker og male opp på kompostkverna, men då må eg ha litt tid på meg, nyttar ikkje med ei kveldstund. Eg likar å jobbe ute, og det er alltid noko å gjere når ein har hus og hage.

søndag, juni 11, 2017

Dagbok 2017: 11.juni


Det blir sagt at det er eit fabelaktig rhododendron-år i år. Og slik ser det ut - hos naboane. Vi kjøpte eit par busker for 2-3 år sidan og den eine har faktisk kome med nokre få duskar i år. Vi har ein av den raude sorten også, den har alltid blomstra normalt, men er avblomstra for i år.

Klokka er 19.30, temperaturen er +15 grader og i ettermiddag har det regna ein del. Tidlegare i dag var det ganske fint, og eg sneik meg ut og gjorde litt stillferdig hagearbeid mens Nils slappa av. Elles har eg gjort lite og ingen ting. Laga ein slags Taco til middag utan for mykje sterke krydder, for nils toler ikkje det lenger, sjølv om vi begge likar det.
Elles har eg strikka litt mens eg høyrde lydbok på data, men måtte legge vekk strikketøyet etter at eg tre gonger heldt på å sovne med pinnane i handa-det kunne blitt katastrofalt. No har eg vakna til live igjen, og Nils vil ha kveldsmat. Den siste HBO-en for i dag har vore her. Det blei sprøyte midt på dagen i dag også, men ikkje morgon og kveld. I morgon blir det litt morgonstress for vi skal vere hos legen klokka 11.00. Taxi er bestilt. Legen ville ha ein ny måling av blodprosenten, på legesenteret har dei ein dings som dei stikk i fingeren og får svar med ein gong. Og så får vi ta det derifrå. Går blodprosenten ned, blir det blodoverføring, det er ikkje så mykje anna å gjere, men det er no ikkje så dramatisk. Det er berre det at då må han bort på sjukehuset for dei gjer det ikkje her. Eg har aldri vore blodgivar, og eg veit ikkje kven som har gitt blodet som Nils har fått, derfor må eg takke ALLE som har gitt blod og på den måten hjelpt folk som er sjuke.
Eg har skrive opp alle avgangstidene for hurtigruta- frå Ålesund til Kirkenes, slik at vi kan halde greie på kvar naboane er til ei kvar tid. Ser med stor glede at det er gode vêrmeldingar for Nord- Norge.

lørdag, juni 10, 2017

Dagbok 2017: 10.juni


Klokka er 19.45,temperaturen er + 15 grader C og det regnar ute no i kveld, tidlegare i dag var det opplett og sommartemperatur.
Først litt om bildet over. Vi har 11 barnebarn, 8 av dei er gutar, fleire av dei spelar fotball, men Vebjørn, den midterste guten til Rasmus og Wenche har valt ein annan idrett, nemleg taekwondo, ein kampsport. Og då stig ein i gradene, han har no fått grønt belte, eit teikn på framgang. Viss eg ikkje tek feil driv han også med basketball. Det er interessant å følgje med på det  dei unge held på med-men det er langt til Kongsberg. Har ein mistanke om at bildet vart litt langstrakt då eg kopierte det.
I dag fekk eg støvsuga teppegolva før middag, og så var eg ute og grov opp enda ei rot, før eg varma ein kjøpepizza. Nokså lettvint, men godt.
Nils er, som eg har skrive mange gonge før, ikkje særleg i form tidleg på dag, men så går det brasten av dagen. 
Ein av naboane stakk innom før dei skal på langtur, og i 16-tida kom Solveig. Ho og eg for på handletur. I dag hadde eg ein del å utrette, men eg hadde laga ei skikkeleg huskeliste, så eg kom heim med alt eg skulle ha. Vi drakk kaffi og prata ei stund før ho reiste heim att.
I tillegg til desse besøka har her vore tre HBO-ar, så vi slepp å kjede oss. No har eg ein mistanke om at det er fotball på TV i kveld, men eg kan sjå TV på datamaskina, eller lese lydbok-så det er ikkje noko problem. Viss eg finn meir brukbart restegarn kan eg strikke også. 

fredag, juni 09, 2017

Dagbok 2017: 9.juni


Klokka er 19.20, temperaturen er + 17 grader og det har vore ein fin lettskya dag med sommar-
temperatur og ein god del sol.
Nils er litt "slått ut" etter at han har fått medisinen sin om morgonen, dei fleste dagar, og i dag sovna han etter frokost. Mens han slappa av og kom seg til hektene vaska eg bad og kjøkken. Skulle sikkert ha støvsuga teppegolva også, men eg hadde meir lyst å klippe plen, så støvsuginga får vente til i morgon. I dag klipte eg plenen rundt huset, så no kom eg i mål denne veka også. Elles er det vanlegvis både oppvask, klesvask og anna som må gjerast. Men eg er i bra form og har mykje energi.
Til middag i dag hadde vi salta lange, det er nesten eitt år sidan vi sist hadde denne delikatessen, for Nils har ikkje orka å ete fisk-med unntak av laks. Men i dag smakte langa heilt fortreffelig med mandelpotet, gulrot og meierismør til. Flatbrødet vårt har ikkje vore framme på lenge, så det var forelda. Eg kneip det sundt og kasta det ned på plenen, håper fuglane et det opp. Eg likar dårleg å kaste mat-men å fóre fuglane er heilt OK.
Etter at vi hadde ete middag og drukke kaffi etc. var eg ute i hagen og spadde opp to digre blomsterrøter-det var litt av ein jobb. Men dei var så infiltrert med ugras at dei måtte berre vekk. Skal ta opp fleire røter seinare. Når eg er åleine om hagestellet må eg forenkle litt -og gjerne lage litt meir "plen".
I morgon kjem Solveig innover og så skal vi handle; eg har alt laga ei lang liste, og lenger skal den bli. Ringde legesenteret i dag og bestilte reseptar til meg sjølv, oppdaga at eg var nesten lens for fleire sortar, både reseptbelagde og andre tablettar, så det blir ein tur på apoteket også.
Nils har ikkje fått insulinsprøyte i dag, men vi har enda eitt HBO-besøk til gode. Det er berre så fantastisk at han kan få vere heime no, i staden for å vere "innesperra" på ein institusjon i sommarvêret. Godt både for han og godt for meg. No har han vore heime i snart 6 veker. Vi er glade for kvar dag vi får ha det slik.
Sidan det er fredag vil eg nytte høvet til å ønske alle ei god helg.     



torsdag, juni 08, 2017

Dagbok 2017: 8.juni

Klokka er 20.50, temperaturen er + 16 grader C og vi har hatt nokre regnbyger etter middag. Bra for gjødselen!
Før middag var det fint og varmt sommarvêr, så då var eg ute. HBO-en kom  i 9-tida, så vi kom tidleg i gang i dag. Forma til Nils er nokså stabil, best når det lid på dag.Det er ein fordel at HBO kjem i rett tid, så får han ta tablettane og ete frokost før det lid for langt på dag.
Eg bestemte meg for å klippe plenlappane opp mot vegen, for der hadde eg ikkje gjødsla så mykje. Etter at eg hadde klipt der, brukte eg kantklipparen nede i hagen til det vart tid å begynne på middagen.
Sidan vi venta Einar laga eg kjøttkaker, for det veit eg han likar. Laga like godt dobbel porsjon, det går for det samme. Hadde ikkje meir Toro-saus, så eg måtte til å brune sjølv, det er for så vidt ikkje noko problem. Eg gjorde alt klart og sette på potetene før eg gjekk og dusja. 
Då var Einar komen. Det er kjekt å ha besøk, og eg trur han sette pris på middagen-han ville ikkje ha dessert etterpå i alle fall. Ein HBO kom plutseleg, eg forstod ingenting, men klokka var faktisk blitt 15.30.
Gudmund kom att med bilen vår, og eg var inn på Nettbanken og betalte rekninga : 9222,-kr, men då hadde dei også installert DAB-radioadapter, Nils hadde bedt om det.
Etter at Einar reiste har eg ikkje gjort mykje. Må sjå litt TV i lag med Nils, han kan ikkje sitte der åleine heile tida, så har eg strikka litt og høyrt lydbok. Dagane går fortare enn eg likar, og snart snur sola.

onsdag, juni 07, 2017

Dagbok 2017: 7.juni



Bilda er tatt frå altanen klokka 23.30. Sjekk månen over Melshornet. Lys sommarnatt.


Klokka er 19.40, temperaturen + 16 grader C, det er lett overskya, men det regnet som har kome til denne tid er ikkje noko å skryte av.
Eg gjødsla i går, slik at regnet skulle løyse opp gjødselen, det har ikkje skjedd enno.
Sidan vêret vart så mykje betre enn forventa tok eg ei arbeidsøkt i hagen før middag. Nils vart litt utslått av tablettane i dag tidleg, så han fekk kvile ei stund, mens eg var ute. Sidan har han vore bra.
Han gjekk på vekta i går kveld og vart gledeleg overraska då han har kome opp i vekta han hadde før han begynte på behandlinga i fjor i april. Eg har gjort mitt og fora han med kaloririk mat, med stor fare for at det skulle verke på meg også. Derfor må eg passe på å trimme mest mulig. Det blir mindre trim no enn den tida eg reiste til Volda kvar dag, eller gjekk fram og tilbake på Ørstaheimen då han var der.
I dag har eg ikkje gått verken hit eller dit, men eg klipte heile skråninga med oppsamlar med den nye klipparen min. Ja, eg kallar den MIN for i dag har eg betalt den: 2990 kr. Eg plagast litt med å starte den, men får det til! Eg har også lært meg å fylle bensin på tanken. Om ikkje Nils kan gjere så mykje, så kan han i alle fall lære opp meg. Men vi har snakka om at eg må få meg ei 5-literskanne til bensin, no brukar vi den samme som blir brukt i båten, den er på 10 liter. Eg kjem vel til å "mase" litt på barnebarna når dei får ferie. 
I dag har Gudmund (nabo) køyrt bilen vår bort på sørvis-verkstaden, og han hentar den att i morgon.
Nils har stressa litt med sørvis og EU -kontroll. Når han ikkje kan ordne opp sjølv, blir det eit problem for han.Vi må berre innrømme at vi treng litt hjelp, sjølv om vi helst vil klare oss sjølve.
Vi fekk litt problem med TV-en då vi fekk att straumen, men Nils fekk det til, til slutt. TV-en er den  eg kan minst med her i huset, den har alltid vore Nils sitt ansvar.
No i kveld har eg vaska "rundt" på kjøkkenet, det er ein del av vekeplanen min. Eg hadde fått heimehjelp på dagen om eg ville, men klarer husarbeidet sjølv utan problem. Enn så lenge.

I dag fyller Arild i Kversøyna 55 år. Han var liten baby,  men var med til Bergen då Nils og eg gifta oss der for så lenge sidan. Gratulerer med dagen Arild!

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...