fredag, juni 09, 2017

Dagbok 2017: 9.juni


Klokka er 19.20, temperaturen er + 17 grader og det har vore ein fin lettskya dag med sommar-
temperatur og ein god del sol.
Nils er litt "slått ut" etter at han har fått medisinen sin om morgonen, dei fleste dagar, og i dag sovna han etter frokost. Mens han slappa av og kom seg til hektene vaska eg bad og kjøkken. Skulle sikkert ha støvsuga teppegolva også, men eg hadde meir lyst å klippe plen, så støvsuginga får vente til i morgon. I dag klipte eg plenen rundt huset, så no kom eg i mål denne veka også. Elles er det vanlegvis både oppvask, klesvask og anna som må gjerast. Men eg er i bra form og har mykje energi.
Til middag i dag hadde vi salta lange, det er nesten eitt år sidan vi sist hadde denne delikatessen, for Nils har ikkje orka å ete fisk-med unntak av laks. Men i dag smakte langa heilt fortreffelig med mandelpotet, gulrot og meierismør til. Flatbrødet vårt har ikkje vore framme på lenge, så det var forelda. Eg kneip det sundt og kasta det ned på plenen, håper fuglane et det opp. Eg likar dårleg å kaste mat-men å fóre fuglane er heilt OK.
Etter at vi hadde ete middag og drukke kaffi etc. var eg ute i hagen og spadde opp to digre blomsterrøter-det var litt av ein jobb. Men dei var så infiltrert med ugras at dei måtte berre vekk. Skal ta opp fleire røter seinare. Når eg er åleine om hagestellet må eg forenkle litt -og gjerne lage litt meir "plen".
I morgon kjem Solveig innover og så skal vi handle; eg har alt laga ei lang liste, og lenger skal den bli. Ringde legesenteret i dag og bestilte reseptar til meg sjølv, oppdaga at eg var nesten lens for fleire sortar, både reseptbelagde og andre tablettar, så det blir ein tur på apoteket også.
Nils har ikkje fått insulinsprøyte i dag, men vi har enda eitt HBO-besøk til gode. Det er berre så fantastisk at han kan få vere heime no, i staden for å vere "innesperra" på ein institusjon i sommarvêret. Godt både for han og godt for meg. No har han vore heime i snart 6 veker. Vi er glade for kvar dag vi får ha det slik.
Sidan det er fredag vil eg nytte høvet til å ønske alle ei god helg.     



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...