fredag, desember 31, 2010

Klokka er 11.30, temperaturen er 0 grader C og det snøar.Nils har vore ute og moka med handemakt, så han har fått dagens trim, eigentlig, men han må ein liten tur ned på nærbutikken også, før han kan flate ut.
Han får låne snøfresar med naboen om han vil, dei har ikkje kjøpt ny enno.
Eg har ikkje gjort stort anna enn site her ved laptoppen og klora; alle veit vel kor tida flyg når ein mødest med noko?
I fjor var vi på Kongsberg nyttårsafta, men i år blir vi heime, heilt frivillig. Vi har ei ferdigkrydra svineribbe som eg snart skal sette i omnen.Det er mange år sidan vi begynte med den skikken at vi hadde pinnekjøt julafta og svineribbe nyttårsafta. Men det har no vore litt ymse. Kalkun er eg ikkje overbegeistra for, så det har vi ikkje. Nytt av året er byggrynskrem som vi skal ha til dessert, grauten står og kokar no.Eg la gryna i vatn i går kveld, men hadde eg visst det eg no veit, sulle eg vatna dei lenger.
Så vil eg ønske alle som er innom bloggen eit GODT  NYTT  ÅR og takke for all kontakt vi har hatt i gamleåret.Håper alle får ein fin kveld.
(Bildet er tatt gjennom vinduet, det regnar for mykje til å ta med kamera ut).

Årets beste bok 2010

I dag, på årets siste dag, skulle det vere tid for å kåre årets beste bok, og no har eg sett gjennom lista mi for å finne DEN  BESTE. Ikkje enkelt, for bøkene er ulike og kan ikkje alltid samanliknast.
Derfor vil eg heller kåre: "Bøkene som har gjort sterkast inntrykk på meg". Då kjem eg ikkje utanom bøkene av Karl Ove Knausgård Min kamp 1-5, særlig dei tre første. Det kan vere mykje å utsette på desse bøkene, men gripande er dei.

Så vil eg halde fram ei bok som kom ut for mange år sidan, men som eg ikkje har lese før no: Salme ved reisens slutt av Erik Fosnes Hansen. Ei fantastisk bok.







Ei bok som eg avgjort skal lese om att, er Isabel Allendes Øya under havet. Fekk ikkje fordøya alt ved første gongs lesing, for den er minst like mangfoldig som Åndenes hus. 






torsdag, desember 30, 2010

Vermelding 30.desember 2010


Klokka slo nettopp 11.00. Ute er det +0,5 grader C, akkurat så mildt at snøen har tendensar til å smelte.Nils har vore ute og moka, eg seier at han er heldig som greier det, for så får han god mosjon heilt gratis. Trur nesten han likar det. Eg har ikkje gjort så mykje nytte for meg hittil i dag, men no skal vi ha ein tur på butikken.Det er ikkje så mykje vi treng, men det er kjekt å treffe litt folk. I dag skal vi ha fisk til middag, den har Nils funne i frysaren.I dag kunne han ha vore ute og fiska om det ikkje var så mykje is i hamna. Seier han.Det blir no ei stund enno før han kjem seg utpå, for det er meldt sterk vind.Vi skal også ut og sjå etter huset han passar.
Kl.14.40. No har vi ete middag. I dag vart det seibiff etter sjølvkomponert oppskrift, det er begge sin favoritt når det gjeld steikt fisk. Vi var ein tur på Amfi, det var ikkje mykje vi skulle ha, men eg tok meg ei runde og kika. Det er jo salg over alt, men ikkje alt fristar.
På bokhandelen kom eg frampå denne boka , nedsett frå 369 kr til 189 kr, og kjøpte den  i gåve til meg sjølv. Tenkte eg kunne fornye meg litt i matvegen, det blir gjerne til at ein lagar dei same rettane om att.Har sjekka oppskriftene på fiskesuppe og fiskekaker, og dei var til forveksling like dei eg brukar. 
Og så fann eg etter ein del leiting "Hele byggryn" på Coop, så no skal eg lage byggrynskrem a la Solveig. Har att litt fløyte etter jul. Meiner Margrete brukar byggryn i betasuppe (brennsnut)-kanskje eg prøver det også. Best å bruke bygg mens det enno er sunt.

onsdag, desember 29, 2010

Vermelding 29.desember 2010

Klokka er 14.00. Ute er det overskya og nesten varmt, berre 3,5 minusgrader. Enno er det opplett, men snøbygene er nok ikkje langt unna.
Nils var ute og gikk ein tur f.m., men eg har problem med å komme meg ut, så eg vaska golv m.m. Kan ikkje heilt gløyme dei huslige pliktene for det om det er jul. No skal vi ha oss eit måltid med brød, sursild etc. Kjøleskapet er framleis fullt av mat. Vi et ikkje så mykje meir og annleis når vi er her åleine, sjølv om det er aldri så mykje jul. Vi er friske og har det bra, håper det same for blogglesarane.

Bok nr.63 2010 : Prosten og hans forunderlige tjener.


Solveig har skrive om denne boka før. Ho har lagt den inn på MP 3-spelaren min, og no er eg komen gjennom den, etter mange avbrot og mykje oppattlesing.Ikkje alltid like lett å halde fokus. Eg har lese nesten alle bøkene til Arto Paasilinna, og dei er fornøyelige. Svart, finsk humor med mykje ironi, men skrivne på ein tilforlatelig, nesten barnlig måte.Men bøkene er nok ikkje så enkle som ein først trur. Her er rom for mykje tolking. Har du ikkje lese bøkene hans, så prøv ei av dei. Og les kva Solveig har skrive.

tirsdag, desember 28, 2010

Vermelding 28.desember 2010

Klokka er no 13.30. Temperaturen er oppe i minus 5 grader C, men det er like fint som før.Vi har vore ei lita runde med bilen. Først opp i Sjagerlia-Grepalia der Nils passar eit hus. Eg hadde med kamera, så eg skulle få ta verbilde frå ein litt annan vinkel. Kanskje kjenner de att fjella? Huset som Nils passar er ikkje med på nokon av bilda.
Eg veit at fleire utflytta og bortreiste ørstingar er innom bloggen, derfor legg eg inn litt fleire bilde enn vanlig frå bygda i dag.
Som eg har sagt så mange gonger, er Ørsta vakrast om vinteren. Men i år har vi hatt ein førjulsvinter og ei jul som slår alle tidligare rekordar når det gjeld vakkert ver. Same om det har vore kaldare enn eg set pris på. Det som gjer det ekstra spesielt er at det ligg så mykje snø på trea, og den har lagt lenge! Grunnen til det er mellom anna at snøen kom så tidlig at det var fullt lauv på mange av trea, og det lauvet er der enno. Det er veldig spesielt å sjå lindetrea i Vik fulle av brunt lauv, der snøen har lagt seg til ro.
Vi måtte også ta oss ein tur på Øvre Mo og ta bilde fram mot Nupadalen.Elles kan det no vere ei oppgåve for dei som er kjende i bygda å finne ut kvar bilda er tekne.
Vi skal koke graut til middag i dag av resten av risen og så skal vi ha spekemat og mandelpoteter også. Ikkje verst julemat det heller?


Sukkertoppfjellet midt på dette bildet er Vallahornet, fjellet som vi ser frå trappa vår.

mandag, desember 27, 2010

Klokka er no ca 12.30. Temperaturen ute har stige til minus 10 grader C., veret er framleis nydelig og sola kjem LITT nærmare for kvar dag. Eg skal innrømme at eg er ein frostpinn, og går ikkje ut i kulden utan at eg blir tvinga til det. I dag måtte eg støvsuge heile huset for å få opp dampen, men eg skal ikkje stikke under ein stol at behovet var der også.
Lars var her med tørrhøy, Nils har laga ei god varm seng til Advokatten no, det er ikkje greitt å vere villkatt i slike tider.Elles er Nils vaktmester for to hus i tillegg til vårt eige, men naboane i det eine kjem heim i dag. Bildet ovanfor har eg tatt frå trappa, det under frå altanen. Det er så langt eg kjem utan sko. Latskapen er stor i dag! Godt vi har restar frå i går til middag, og så får vi håpe på bra TV-program. Viss ikkje har eg ein film. Håper blogglesarane har det bra også.
Advokatten i den nye dagsenga si. Sjå kor han kosar seg!
Det ser ut som han ligg i ei minikasse, men KASSA er av normal storleik, slik som dei får fisk eller anna i på butikkane.Kassa er ikkje lita, men katten er stor.

søndag, desember 26, 2010

Vermelding 26.desember 2010

Klokka er ca 19.30, ute er det samme fine, kalde veret som før. Akkurat no er det minus 12 grader C.
Har ikkje bilde i dag, men det er berre å sjå på eit av dei som finst frå før.
I dag har vi hatt besøk av Solveig og Margrete med fam. Til middag serverte vi Stroganoffgryte med ris og grønsaker. Til kaffimåltidet vart det både søtt og salt.
No har vi fått rydda opp og sett på oppvaskmaskina, som eg velsigna litt ekstra i dag! No skal eg få med meg litt av julenøttene - på TV.

lørdag, desember 25, 2010

Vermelding 25.desember 2010

Vi har framleis vakkert, men kaldt ,ver. Akkurat no klokka 13.00 er temperaturen minus 12 grader C.
Sola skin i fjella og nærmar seg litt for kvar dag.
Har ikkje kome i sving med å gjere noko enno, men Nils har kokt makrell og mata katten. Rasmus ringde, og vi prata ei stund med han.
Må ta ei lita rydderunde i huset, men eg vil i grunnen helst sitte inne i den varme stova. Skal kose oss og sjå diverse program på TV i løpet av dagen og kvelden.
Håper alle som les bloggen har hatt det bra så langt i jula, og så vil eg ønske fortsatt God jul!

Julafta 2010


                                                                     
                                                God jul !
No har det begynt å bli trøbbel med bloggen min. Eg får ikkje lagt inn bilde, så det kan hende eg må lage meg ny blogg, slik Solveig gjorde. Hadde planar om å gjere det ved årskiftet, men no må det kanskje bli før.
Det vart seint før vi kom heim i går kveld, så då vart det ikkje skrive noko.Men no skal eg fortelje litt om julekvelden vår.
Vi reiste heimanfrå ca 13.30, for vi skulle vere i kyrkja til 14.30 -gudstenesta. Det var gnallkaldt her i Ørsta, men enda kaldare på Hareid. Ikkje var det vidare varmt i bilen heller, og slett ikkje i kyrkja. Så eg var om lag botnfrosen før vi kom heim til Solveig og fam. Der fekk vi fort varmen i oss. Og då maten kom på bordet, vart det enda betre. Det var Øystein som var kokk og han hadde skikkelig dreis på både kjøt, pølser og rabbestappe.
Etter middagen gikk vi laus på pakkehaugen som slett ikkje var MINDRE enn i fjor. Alle fekk ting dei ønska seg og ting dei trengde. Seinare vart det både dessert, kaker, frukt -ja, og kaffi hadde vi langsmed heile tida. Så fann karane ut at dei skulle spele eit spel som ein av dei hadde fått i julegåve. Olaug hadde ein heil seremoni med å prøve klede etc. som ho hadde fått i gåve. Solveig og eg sette oss til med ei spørjebok ho hadde fått. Den handla om språk, rettskriving og gramatikk. det var midt i blinken både for oss to og - for Øystein. Seinare var det enda eit spel som måtte prøvast, og det tok si tid, for det var vanskelig. Dermed var det ganske seint før vi tok på heimveg, vi var vel heime litt før klokka 2.Heimturen var fin; Nils hadde fått til klima-anlegget, så det var varmt og godt i bilen. Det var minus 18 då vi reiste frå Hareid, i Ulsteinvik var det minus 10, og her på Vallabøen  minus 12. Men det var ein nydelig tur i måneskinnet. Kan ikkje hugse ei så fin og kald jul før. Så måtte vi fyre opp og få her skikkelig varmt, rydde på plass gåver m.m., så det vart nokså seint før vi kom oss i seng. Men vi hadde ein fin julekveld.

(Og no fekk eg til å legge inn bilde-endelig).

fredag, desember 24, 2010

Vermelding 24.desember 2010 Julafta

Klokka er snart 12.30. Om vel ein time reiser vi til Hareid for å feire julekvelden der. Der er no minus 6 grader, men i følge vermeldinga skal det bli mykje kaldare i løpet av dei komande dagane. Så skal det bli mildver til nyttårshelga. Ja, vi får sjå korleis det blir! No er det nydelig ute, akkurat slikt ver som det er på julekorta.
Eg vil takke for alle julehelsingar i form av julekort, mailar, FB-meldingar etc. Så vil eg håpe at det blir ei god jul for oss alle.
Jula er ikkje det samme utan barn i huset, så vi er heldige som kan feire i lag med ein stor familie, sjølv om barna etter kvart ikkje er så små lenger. Det er også stemningsfullt å møtast i Hareidskyrkja og synge jula inn. Heilt frå gammalt av er hareidsdølane kjende for å vere flinke songerar. Det var ikkje uvanlig før at det var firstemt song i kyrkja, sidan dei fleste song i kor.
På julaftan er det lett for at tankane går tilbake til juler som har vore, men mimre skal eg gjere ein annan gong, no må eg snart til å kle på meg skikkelig. Det er ein kunst å kle seg varmt og godt og på samme tid sjå "festlig" ut. Godt at vi damene kan gå i bukse til best også.
Ha ein fin julekveld alle saman !

torsdag, desember 23, 2010

Bok nr.62 2010 : Innsirkling 2

Vi har i familien diskutert litt om trilogiar, og er samde om at ein bør lese alle tre bøkene fortløpande, ikkje la det gå så lang tid mellom kvar bok at ein misser tråden. Då eg las Innsikling for ei tid tilbake, visste eg ikkje at det kom ei bok til, og no når eg slo opp på nettet for å sjå kva dei skreiv om nummer to, som eg nettopp har lese ut, fekk eg vite at det kjem enda ei bok. Så deå er altså Innsirkling ein trilogi - skulle ønske eg hadde visst det litt før!
Men eg var ikkje fornøgd med slutten på nummer to, den slutta litt for brått, så eg er glad for at det kjem ei bok til!
Som de veit, les eg stort sett berre lydbøker, og det har sine grunnar. Viss andre har tenkt å lese denne trilogien på øyret, vil eg gi nokre gode råd: Etter kvart som personane presenterer seg sjølv, er det lurt å notere ned namnet og kven dei er osv. For meg gikk det litt i surr her og der, det skal eg innrømme.
Bøkene har ei veldig spesiell oppbygging, dei er skrivne på nynorsk og der er ulike personar som les dei ulike rollane. Og dei les godt. Kva boka handlar om, kan de lese på omslaget og på nettet. Personane fortel om livet til David, men også om sitt eige liv.Og spør kanskje seg sjølve:Kven er eg? Kvifor er eg som eg er ? Eit produkt av arv og miljø? Eit gammalt tema, men i ny innpakning. Språket er også spesielt, med mange oppattakingar (Bevisst sjølvsagt)-og med trøndersk koloritt. Hendinga er lagt til Namsos og omegn.
Eg har ikkje brukt lang tid på boka, det er i seg sjølv eit godt teikn.

Vermelding 23.desember 2010

Klokka er snart halv eitt, ute er det nydelig ver med sol i fjella. Temperaturen er minus 8 grader, men det skal visst bli kaldare. Det som er kjekt å tenkje på, er at no kjem sola nærmare for kvar dag, og den 18.januar kjem ho inn i stova til oss igjen. Det går liksom rette vegen. Eg likar ikkje sprengkulde, men jammen er det fint når snøen får ligge i ro.
Vi har vore nedover og handla litt i dag også, men no må eg ta meg på tak og få rydda opp litt i huset. Har vore litt sløv med pyntinga sidan vi ikkje skal ha besøk før 2.dag.

onsdag, desember 22, 2010

Julehelsing jula 2010


Kjære slekt og venner !

Nesten kvar dag i året skriv eg blogg. I tillegg skriv eg på Face Book, og så sender eg mailar rundt omkring, så eg føler at dei fleste eg kjenner er rimelig oppdaterte på det vi styrer med her i Starevegen 7. Dermed blir det ikkje noko julebrev med årsrapport til jul i år. Og sidan venstre skuldra svikta etter ein intens strikkeraptus, sit eg her og klorar med ein finger, for det meste, elles brukar eg to, minst.

I år slepp vi i alle fall å drøyme om "A White Christmas"- her hos oss har vi hatt snø sidan 20 oktober, og no har vi godt over meteren. Det er veldig fint ute, men det er i grunnen nok no. Kan aldri hugse at vi har hatt så mykje snø og kulde før jul. Held det fram slik etter jul også, blir det ein lang vinter. Eg er lite ute og går, det blir ikkje stort meir enn frå den eine butikken til den andre.men om veret held seg, skal eg ha ut sparken.
Dette året har, som dei fleste år , bode på både gleder og sorger, mest gleder for oss, heldigvis. Vi har stort sett vore friske, om ikkje direkte raske. Vi har vore på turar og vi har hatt mange besøk, noko vi set veldig pris på. Vi har feira 70-årsdagen min i lag med nærmaste familie og naboar, men er ikkje heilt ferdig med feiringa enno. Vi får sjå kva det blir til.
Det aller gledeligaste som har hendt dette året, er likevel at vi har fått enda eit barnebarn. Vesle Ingar, sonen til Wenche og Rasmus, vart fødd 4.mars og er no blitt ein stor og trivelig gut. Vi har i alt 11 barnebarn, 8 gutar og 3 jenter, i alderen 0-23 år.
Julafta skal vi i år feire på Hareid i lag med Solveig sin familie. Andre juledag håper vi å kunne samle alle, eller dei fleste, her hos oss. Det hadde vore kjekt å hatt eit STORT hus i høgtida, men til vanlig har vi plass nok.
Så vil vi berre ønske alle ei GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR.
Det er hyggelig om de kikar innom bloggen av og til, Margrete (Ariel) og Solveig er også ivrige bloggskribentar, Rasmus er meir sporadisk innom sin blogg (Kongsbergtigrane)
Beste helsing frå Nils og meg
Olaug

Vermelding 22.desember 2010

Klokka er12.30, temperaturen er minus 1,5 grader, så i dag er det reine mildveret.Den kvite jula er i alle fall sikra. I dag ventar vi Solveig og Margrete på besøk. Dei skal bytte julegåver her, det er som ein tradisjon det også. Nils har vore på posten og henta pakken frå Rasmus, så no er vi snart klar for å feire jul. Seinare kjem eg til å skrive eit lite julebrev her på bloggen,det får duge i år. Skuldra er bra, så lenge eg ikkje brukar venstrehanda, så eg reknar med det blir ein kort epistel.

tirsdag, desember 21, 2010

Vermelding 21.desember 2010

Klokka  er no vel halv tre. Det er overskya og opplett ute, men eg trur det kjem ei snøbyge snart. Det har kome 20-30 cm meir snø sidan i går, men det er veldig fint ute.Temperaturen er minus 5 grader. Vi har vore ein tur til Vik f.m. og handla hovudsaklig mat. Nils har moka litt snø i dag også, og når det er så moderate mengder, likar han å mosjonere litt. Sjølv tek eg det veldig med ro, for å prøve å få skuldra til å slutte å verke, hittil har det gått relativt bra.Middagen i dag blir kjøpepizza, så skal vi lage skikkelig mat i morgon, for då kjem "jentene" innom til julegåvebyting.
Eine islykta som Nils har laga.
(Men eg forstår ikkje heilt kvifor han plasserte den oppå kattematskåla. Kanskje fordi alt som står på trappa har frose fast? Også den.)

mandag, desember 20, 2010

Vermelding 20.desember 2010

Klokka er 13.00. Temperaturen har stige til minus 6 grader og det er nokre lette snøfjom i lufta.
Eg har brukt føremiddagen til å vaske og støvsuge det meste av huset. Gjorde det litt grundig, så får eg fare over med ein harelabb nærare jul.
Nils har vaska dusjkabinettet, det er hans jobb, og den er ikkje heilt lett sidan dei kalkar vatnet nokså mykje her.Han brukar "bilvask"- middel, det er betre enn spesialmiddela som er berekna på dusjar. Elles har han "støypt" ei lyslykt i is, som vi skal tenne når det mørknar.
Skuldra mi blir ikkje betre, snarare tvert imot, så det blir ikkje skrive julekort i år, anna enn på  PC. Dei aller fleste slekningar og venner har tilgang til data. Så då får det duge.

søndag, desember 19, 2010

Fjerde søndag i advent.

Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned.
For lengsel, glede, håp og fred,
men mest allikevel for fred,
på denne lille jord, hvor menneskene bor.

Vermelding 1.desember 2010

Klokka er no 13.15. Temperaturen er minus 10 grader C og det er nydelig lettskya ver. Det kan nok vere at det kjem meir snø på sikt.
Føremiddagen har eg brukt til smårydding, stell av blomster og pussing av vindu. Får ikkje pussa anna enn innsida av grunnar som er lette å forstå. Så har eg så vidt begynt å "pynte" litt til jul, men er litt treig der, for adventsfargane passar så mykje betre til både gardiner og møblar her hos oss. Men er det jul, så er det jul, og då kjem ein ikkje unna fargen raudt. Eg er ikkje så interiørbevisst at eg kastar alt det gamle og satsar på kvitt og gull, sjølv om det fristar litt.
Nils har stemnemøte med Hassan som var lens for makrell. Nils hadde i frysaren. Sjølv om vi har tre frysarar+ tre fryseskuffer i kjøleskapet, er det alltid vanskelig å få plass til alt, særlig før jul,så det gjeld å tære på lageret.I dag skal vi ha steikt kveite til middag, så då får vi frigjort LITT plass.
I går hadde eg eit lite uhell, datt midt på harde kjøkkengolvet, og landa på v.kneet, som eigentlig er vondt nok frå før. Kneet er ikkje verre enn det har vore, men eg har fått ei blå tå. Kvifor eg datt? Jau, av ein eller annan mystisk grunn, var delar av golvet glatt som is når eg gikk på sokkelesten. Det er eit LITE problem, men det er når ein dett at ein merkar alderen best.

lørdag, desember 18, 2010

Vermelding 18.desember 2010

Klokka er no ca 14.30, temperaturen minus 5 grader C, snødjupna ca 1 meter, og det er overskya.
Veret er ikkje så strålande som det var i går, men heller ikkje så kaldt. Nils har brukt f.m. til å moke snø frå altanen og til å finpusse tunet. Han får både frisk luft og mosjon. Eg har stort sett stått ved komfyren og laga mat som skal fortærast i løpet av jula. Godt alt som er gjort på førehand. Middagen i dag vart særdeles lettvint, kyllingrestar frå i går- no som "gryte".
Har verken vaska eller støvsuga til helga, men over helga må det skje ei forvandling i huset, då skal her både ryddast og pyntast. Trur eg. Vi fekk handla resten av julegåvene i går. Ja, ja, det dukkar vel kanskje opp sånn litt forskjellig undervegs.
Les på FB om folk som lagar både syltaflesk, rull og det som verre er. Men vi bryr oss ikkje om verken det eller småkaker, så då er det ikkje så farlig om eg ikkje meistrar slike kunstar. Mat blir det nok av ! Her går det mest i middagsmat.Håper alle får vere friske i jula og at dei som har kava på i førejulstida får nokre gode fridagar å "hente seg inn" på.

Bok nr.61 2010: Det siste barnet.

No har eg lese tre krim-romanar på rad. Dei to føste svenske, mens handlinga i denne boka er lagt til North Carolina, USA. Dei svenske romanane var eg berre så passelig begeistra for, men denne vil eg rett og slett karakterisere som ei god bok. Det er ingen vanlig kriminalroman, men ei forteljing om menneskelige tragediar, om skuld og anger, vennskap og familierelasjonar og mykje meir. Ingen blir direkte framstilt som verken skurkar eller heltar. Eg vil gå så langt som å seie at dette er ein "moralsk" kriminalroman som stiller mange spørsmål. Ikkje minst er spørsmålet om å gjere "det rette" sentralt. At 13-åringar drikk alkohol, køyrer bil ute om natta og handterer skytevåpen m.m. er vel ikkje så heilt urealistisk i sørstatane? Miljøskildringane i boka er forresten veldig gode.Språket er godt og til tider reint poetisk.Ser ingen grunn til å referere handlinga i boka.
Opplesaren Haakon Strøm var ny for meg, men han les godt, sjølv om eg til å begynne med syntest han var vel intens. Eg vil anbefale boka til alle som likar krim med noko attåt. Først då eg hadde lese ut boka, såg eg at den hadde fått terningkast 6.

fredag, desember 17, 2010

Vermelding 1.desember 2010

Klokka er 14.00, temperaturen er minus 6,5 grader C, og veret er som på det finaste julekort. Håper berre at det blir relativt stabilt, for no er det passelig mykje snø, vi treng ikkje meir. I går moka Nils tunet to gonger, og så kom naboen og fresa over om kvelden. Så det er somme som får mosjon.
I dag har Nils moka litt, og så har han vore på besøk til ei dame som skal feire jula på Kanariøyane, så ho treng ein til å passe huset.
Eg vakna grytidlig i dag og verkte i heile kroppen, låg og las til det var på tide å stå opp, men DÅ somna eg. Så det blei ingen flying start på MIN dag. Brukte f.m. til å rydde og pakke inn julegåver etc. No har vi tatt oss ein kopp kaffi, og så må vi berre nedover å supplere litt - det er alltid noko som manglar. Likar ikkje å handle laurdagane, då er der for mykje folk!
I dag kan vi gratulere Hans Petter på Eid med 20-årsdagen !

torsdag, desember 16, 2010

Vermelding 16.desember 2010

Klokka er no15.15, temperaturen er kome ned i minus 5 grader og det snøar. Det har snødd i heile natt og i heile dag, så no begynner det å bli nok. Det som ligg på altanrekkverket er ein liten peikepinn om kor mykje som har kome, men ikkje alt blir liggande der. Nils var ute rett etter frokost og moka tunet reint.
Så var vi på handlerunde i Volda og Ørsta i timesvis, og då vi kom heim, måtte han moke på nytt.
No har vi ete middag, hadde gjort det meste klart før vi for, så då var det for gjort å lage til kjøttkaker i brun saus. No skal vi slappe av, før Nils skal på møte klokka fem. Viss han blir ferdig i tide, skal vi til Folkestad på førjulsfest på skulen der. Men det er uvisst om vi kjem oss av gårde.

onsdag, desember 15, 2010

Vermelding 15.desember 2010

Klokka er snart 3, temperaturen er +3,5 grader C. Det er overskya, men opplett, i alle fall akkurat no.
Det er ikkje så mykje å ta bildet av ute i dag, så eg tek med eit bilde av Advokatten i staden. Han ser godt ut no, et og veks gjer han. Nesten kvar dag får ein ein porsjon graut som Nils har kokt av tørrfisk og semulegryn. Han varmar den i mikroen, så heile kjøkkenet er forpesta. Det er mat for mons.
Eg har altså laga ein porsjon kveitebollar og så tok eg like godt å laga grove rundstykke med det same eg var i siget. No er dei snart ferdigsteikte, og då skal eg lage fiskesuppe til middag. Dei ringde frå Nett-strikk og sa at garnet mitt var kome, så no blir det kanskje skjerf til jul om skuldra folkar seg.

Søt gjærdeig.

No har eg ein bolledeig ståande til heving. Skal bake bollar med og utan rosiner i dag. Eg har funne ei oppskrift på nettet som eg er veldig fornøgd med. Brukar den til bollar, skillingsbollar, skulebrød, prinsessekake m.m. Som de ser er den ganske søt, så der kan ein regulere etter eigen smak. Eg lagar sjeldan søt gjærbakst, men til jul gjer eg eit unntak.

1 liter melk
250 gram smelta smør
3 dl sukker
2 egg
100 gram gjær for søte deigar
3 ts kardemomme
2,1 kg kveitmjøl (Ha ikkje alt i på ein gong, men gøym noko til utbaking.)

Skriv ikkje noko om framgangsmåten, då eg reknar med at dei fleste kan lage ein gjærdeig.

tirsdag, desember 14, 2010

Vermelding 14.desember 2010

Klokka er no ca 17.00. Ute er det overskya,skodde og litt regn i lufta.Temperaturen er+ 1 grad C. Vi kom nettopp heim, etter å ha vore på rek det meste av dagen.
Dagen starta med at Bodil og Svein kom innom på veg til Ålesund,der dei skulle hente barnebarnet heim til jul.Eg hadde lyst på ein tur sjølv, så eg foreslo at vi skulle ta ein tur til Fosnavågen, for der er det ein butikk utanfor "byen" som sel fiskeutstyr.Vi har vore der før, og eg kan ikkje hjelpe det, men eg får følelsen av å vere i Sibir, ikkje på grunn av kulde, men på grunn av arkitekturen.
Inne i byen ser det betre ut, men der var lite folk og lite spennande å sjå i butikkane, så noko særlig handel vart det ikkje. Utsikta mot havet var derimot eminent; og å komme ut mot kysten, var som å møte våren etter all vinteren vi har hatt her. De kan sjå den høge, bratte øya Runde midt i bildet.

I Tjørvågen tok Nils desse to fine bilda.Det var så stilt og fint på sjøen over alt at eg mistenker at det var ein som gjerne skulle ha vore ute og fiska.


Det begynte å romle i magen, men så fann vi ut at vi like godt kunne fare til Ulsteinvik og ete middag på "Sunt og nam" på Blåhuset, og det gjorde vi. Eg stakk sjølvsagt innom An Chri for å sjå etter klede, når eg først var der. Vart oppvarta så det heldt av tre ekspeditriser, og gikk ut att med ei ny bestebukse, ei svart lang jakke+ ein topp i brunt og svart. Hadde eigentlig tenkt meg ein raud genser..........
Då vi kom ut att frå Blåhuset, hadde det mørkna og trafikken hadde auka, så vi for beine vegen heim. Å reise til Hareid rekna eg ikkje for aktuelt i dag. Dei har vel nok å styre med utan oss, vil eg tru.

mandag, desember 13, 2010

Vermelding 13.desember 2010

Klokka har passert halv tre.Ute er det lettskya og opphaldsver,og som de ser,skin sola på fjelltoppane. Temperaturen er ca 0 grader C.
Nils har styrt med mange ting f.m., men eg har berre styrt med krumkaker. Har steikt to relativt store porsjonar, til saman ca 100 kaker. Ikkje rart, kanskje, at ryggen er av og fngertuppane såre. I fleire år har eg brukt ei oppskrift med potetmjøl. Då blir kakene sterkare og lettare å frakte med seg. I år gikk eg tilbake til den gamle oppskrifta med lik vekt av alt.Så får vi sjå om det var lurt. Eg hadde nesten ingen kakeboksar som høvde, eller rettare sagt berre ein. Kvar er alle dei firkanta boksane mine? Ja, ja, Nils skulle nedover og sende pakken til Kongsberg, så han fekk eit oppdrag. Han kom heim med to digre, firkanta boksar, så no er alt i boks ,for å seie det slik.
Til slutt vaska eg kjøkengolvet,det var det kjekkaste.

søndag, desember 12, 2010

Vermelding 12.desember 2010

 
Klokka er 13.30, temperaturen minus 2 grader. Det er overskya opphaldsver, men det kjem nok snø i løpet av dagen. Oppgåva i dag er å finne julenissen på bildet.
I dag har vi brukt føremiddagen til å pakke ein del julegåver, og så har eg pussa kopar og messing mens Nils såg skiskyting. Pussinga var i grunnen fort gjort, det er ikkje så lenge sidan sist. Eigentlig skulle eg ha steikt krumkaker, men dagen er  ikkje slutt enno. Var no litt trasig at eg måtte slutte å strikke, men skuldra kjem seg litt etter litt når eg held fred.
I dag skal vi ha steikt fisk til middag, den vi eigentlig skulle hatt i går. MÅ ha ein dag med steikt fisk som ikkje har vore i frysaren.De kan seie kva de vil, men maten er best før han har vore frosen.Amanda og Eirik skal spele i korps i Voldakyrkja i dag, men eg trur ikkje vi kjem til å gå. Eg har trakka rundt nede i Vik i to dagar og har såleis problem med både rygg og hofte når eg skal sitte.

lørdag, desember 11, 2010

Vermelding 11.desember 2010

 
Klokka er no litt over tre(15), ute er det åt og mørknar, om det i har vore heilt lyst i dag,då. Eg tvilar.
Temperaturen er+ 1 grad og det regnar. Dermed er det slapsete og ekkelt på vegane. Vi som er pensjonistar treng ikkje å gå i butikkar om laurdagane midt i juletrafikken, men eg var lite lysta på å vere inne heile dagen , så det vart ei lita shoppingrunde i dag også. På Amfi trefte vi mellom anna advokaten som eigde Advokatten vår før, han likte namnet vi hadde gitt han.
Elles kan eg fortelje at veslejenta rett over vegen kom heim i dag, dei som ser veldig godt etter, kan sjå flagget bak treet under altanen. Ho blei fødd den 6.desember.
Vi skulle eigentlig ha steikt fisk i dag, men så fann vi ein fristande pizza på Coop, så no står den i omnen og er snart klar til å fortærast. Ha ei god helg alle saman.

Bok nr.60 2010: Postcard killers

Denne boka har eg lese på eit par dagar. Den er på berre 7 CD-ar, noko som eg synest er veldig greitt for slike bøker. Dette er ein kriminalroman utan særlig mykje attåt. Den er på ein måte veldig "amerikansk"- så det er tydelig at Liza Marklund har fått hjelp. Unge par blir drepne  av eit anna ungt par, det skjer både i USA og i Europa. Ein går ut frå at det er seriemorderar som er på ferde.Boka er spennande, ein skikkelig pageturner, men oppklaringa er litt søkt etter mi meining. Boka gav meg ingen ting anna enn nokre timar med underhaldning og spenning, men av og til er det greitt nok.

fredag, desember 10, 2010

Vermelding 10.desember 2010

Klokka er no ca 15.00. temperaturen ute er+ 1 grad, litt mildare nede i Vik.Og det regnar,skikkelig ufyselig ver, men ikkje kaldt i alle fall.
I dag har vi vore på shopping. Måtte til Volda og bestille meir garn, og då vart det til at vi stakk innom Lystad og kjøpte nytt kamera.Det heiter Pentax Optio E 90. Har berre så vidt prøvd det, så eg har ikke funne ut korleis eg skal få bort dato og klokkeslett frå bilda, eller i alle fall få det rett.
I Ørsta var eg innom biblioteket,Ørsta Torg og Amfi. Fekk kjøpt nokre få julegåver.Det går fort og gale for seg uansett kor god tid ein har. Og sjølv om butikkane er fulle av alt slag, så finn ein ikkje alltid det ein ser etter.
No driv Nils og kokar fisk og poteter, så skal vi ha oss eit HERRE-måltid.

Sjekk dette stilige bildet. Ikkje berre er bilen i same farge som huset, men også spadar, snøskufle etc. Det som gøymer seg under snøen, er båtvogna.

torsdag, desember 09, 2010

Vermelding 9.desember 2010

 
Klokka er 12.45, temperaturen minus 1 grad, og det snør og snør. Det har kome minst 30 cm nysnø sidan i går kveld, og Nils måtte starte dagen med snømoking. No er han ute og ser til båten. Det er meldt kraftig regn, før det skal bli gnallkaldt igjen, så det er best å vere føre var. Kan ikkje hugse at vi har hatt så mykje vinter før jul før, men ein gløymer lett. No er det ikkje verst for oss som ikkje må opp i gryotta for å komme oss på jobb, såpass forstår vi. Det er mange fordelar med å vere pensjonist.
Eg har støvsuga og rydda i huset mens Nils har vore vekke, for i dag MÅ vi ned og handle.Kanskje må vi til Volda også, for eg manglar garn. Middag har vi att frå i går, så det slepp vi å tenkje på.
Seinare: NIls kom att med fersk sei, men sidan eg hadde varma opp att maten frå i går, blei det ikkje kokt småsei i dag. Den smakar sikkert bra i morgon også. Handlerunda er utsett til i morgon, blir berre ein tur på nærbutikken etter det viktigaste i dag. Nils har ein del sei å filetere.Godt å få mat i hus !
Beskjed til Erlend: Eg vann ikkje på Samlagets adventskalender i dag heller, men sende inn på nytt , så blir det kanskje ein bokpremie i morgon?

Bok nr.59 2010: Blodleie

 
Dette er den tredje boka eg har lese av denne forfattaren, og eg er ikkje særlig meir begeistra for denne enn for dei to andre. Men eg las den på ein litt annan måte enn dei to andre, fordi eg visste kva som venta. Hendinga i boka er også denne gongen lagt til Øland der vi ein sommar køyrde rundt ein heil dag og såg oss omkring. Det at eg hugsar naturen der så godt, gjer sitt til at eg har ei viss glede av bøkene.Elles er også denne boka ei blanding av kriminelle handlingar i vår tid og  hendingar frå fortida som kjem fram. Det manglar heller ikkje på folketru (overtru) som heng att frå gammal tid. Tru på alvar, troll og byttingar i denne boka.
Boka kan minne litt om bøkene til Arnaldur Indridason, som skriv krim frå Island, men held ikkje samme kvaliteten.Elles kan boka virke litt "gammalmodig", kanskje fordi ho vert lesen av ein eldre mann? Som for øvrig les godt. Trur eg vil sette denne boka i båsen for "Krim for eldre". Eg synest den var lettlesen og til ein viss grad underhaldande.Men eg veit at mange er meir begeistra for denne forfattaren enn det eg er.

onsdag, desember 08, 2010

Vermelding 8.desember 2010

 
Klokka er snart halv fire. Forstår ikkje kvar dagane blir av. Ikkje før er ein vel komen i kleda, så er det kveld. I dag har vi hatt snøbyger, så Nils har fått mosjon, det er verre med meg. Temperaturen er 3-4 minusgrader, og akkurat no er det opplett.
Margrete kom og leverte frå seg Erlend i dag tidlig, ho skulle til Moa og handle julegåver. Erlend er er veldig fredelig kar, han har for det meste site ved datamaskina i heile dag, men no har han funne fram småbilane for å leike litt med dei. Lars skal hente han i 16-tida, når han er i Ørsta med Amanda, som skal på ballett -trening.
Til middag i dag har vi hatt ertersuppe og pannekaker.Så fikk vi brukt opp diverse kjøt-og pølserestar frå frysaren.
Nils sjekkar veret kvar dag, han må snart ut og sjå etter båten om ikkje anna.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...