tirsdag, oktober 31, 2017

Dagbok 2017: 31.oktober

Klokka er 17.20, utetemperaturen +6 grader C, det regnar litt og det er mørkt.
Når mørkret kjem så tidleg, føler eg at det er kveld og på tide å skrive dagbok.
Dessutan reknar eg ikkje med at det skjer så mykje meir i dag.
Det er vel Halloween? Men eg har låst døra og sløkt utelampen, noko som skal signalisere at vi ikkje ønsker verken knask eller knep. Har ikkje snop i huset! Nei, eg er ikkje surmaga, og ungane må gjerne ha denne moroa med å kle seg ut og tigge godteri, men det er ikkje så kjekt å stå der utan noko å gi.
I dag vakna eg av at eg verkte noko heilt forferdeleg i ryggen, så eg greidde ikkje å bli liggande, men stod opp og fyrte i omnen og laga meg frokost. Ryggen kom seg litt etter kvart, men så begynte hofta og kneet på venstresida å murre. Nils fekk frokost og medisin på senga, men vart liggande litt etterpå. Eg sette meg med lydboka framfor ovnen og slappa av.
Men eg hadde ein plan. Så snart Nils var på beina og eg hadde kokt kaffi for andre gong, kledde eg på meg og GJEKK til Vik. Det er mange som tilbyr meg skyss, men i dag ville eg GÅ for å prøve ut om det hjelpte på hofta og kneet- og det gjorde det faktisk.
I dag hadde eg planar om diverse eg skulle kjøpe og det var ikkje mat -det kan eg kjøpe på nærmaste butikk.
Som kanskje nokre har lagt merke til har eg ein tendens til å gå i tynne, svarte joggebukser her heime. Dei er iskalde! Så i dag fekk eg kjøpt meg ei tjukk og varm bukse av merket NIKE, eg prøvde den ikkje på butikken, men  den passa akkurat, var ikkje for lang i beina eingong. Var innom apotek og parfymeri også, og så måtte eg berre ha meir garn til restelestene som er meir enn halvferdige.
Nils har lenge ønska seg eit knivstål, men det er sjeldan eg er så langt som til Jernia, i dag gjekk eg dit og fekk tak i eitt, så no kan han slipe knivane. Han ser mykje på TV og på kokkane der. Han sette pris på gåva. I tillegg fekk han boka om Lotepus, som vi kanskje kjem til å ha som høgtlesingsprosjekt - om orda er slik at eg kan ta dei i min munn. Boka har fått gode kritikkar, eg har til denne tid berre lese første sida-men den lova bra.
Eg trefte Anne Elise, nabo, på Amfi. Ho ville vente på meg så eg skulle få sitte på heim. Eg foreslo at ho heller kjørte heim og besøkte Nils, så kunne eg få gå fritt ei stund til. Det gjorde ho, og då eg kom heim var ho der framleis. Nils har vore nokså bra siste dagane, men eg likar ikkje at han er åleine så altfor lenge. Han sette pris på besøket.
No verker eg ikkje særleg mykje, så eg trur det gjer godt med litt mosjon.

mandag, oktober 30, 2017

Dagbok 2017: 30.oktober

Klokka er 18.30, temperaturen + 2 grader og det er bekmørkt ute. Eg er framleis i sommartid-modus, så eg eg trøytt allereie.
I dag vakna vi til kvite marker, og det er ikkje noko eg set pris på. Eg er enno ikkje ferdig med alt eg hadde tenkt å gjere ute, og hagearbeidet er  terapi for meg no når eg ikkje kjem meg så langt. Det er godt å komme seg ut ei stund på dagen, og godt å jobbe litt hardt fysisk. Eg saknar plenklippinga blant anna.
Men om vêret har vore trasig har vi hatt ein god dag. Eg stod opp relativt tidleg, fyrte i omnen, gav Nils mat og medisin på senga, og så fekk han ligge til eg hadde støvsuga alle teppegolva. Eg har fått eit hint frå ein blogglesar om at eg vaskar og støvsyg heile tida, men no kan eg opplyse om at det var 12 dagar sidan sist støvsugaren var framme, så det var på tide.
Sidan eg ikkje hadde laga meg noko spesielt arbeidsprogram i dag, vart det ikkje gjort så mykje, men eg shina i alle fall opp kjøkkenet. Middagsmat hadde vi att frå i går , så det vart verken baking eller koking i dag. Eg har sete og sett TV og slappa av i lag med Nils. Han har vore i god form i dag og ikkje tatt ein einaste "kvikk" tablett- enno i alle fall.
Planen var at fastlegen skulle komme heim til oss i dag, men så ringde han og sa at han hadde sommardekk på bilen, så han ville ha utsetting til torsdag. Det var heilt greitt for no har Nils det bra. Så lenge det varer.
Eg håper vi får nokre fine dagar i november før sola takkar for seg, men når vi ser på TV alle som er råka av stormar og flaumar både her i landet og elles, kan vi ikkje klage. 
No skal eg prøve å få lese ferdig boka mi, mens eg strikkar reste-lester.


søndag, oktober 29, 2017

Bok nr. 28 -2017: Ensomheten

Ensomheten av Ketil Bjørnstad (Nedlastbar lydbok)


«Ensomheten» er en roman om mennesker med en forhistorie
en fortelling om kjærlighetens irrganger, om utroskap og om å våge å se seg selv.

Fiolinisten Susanne Hvasser og bassisten Oscar Enger er musikere i Oslofilharmonien. Lenge har de levd rolige og regelmessige liv. Men sensommeren 2012 settes de begge på prøve. Susanne tvinges til å ta viktige valg når hennes skjulte kjærlighetsforhold til en kjent sosialantropolog avdekkes av mannes kone. Oscar, som bor alene etter at hans utroskap gjennom mange år er blitt avslørt, konfronteres med sin fortid og de valgene hans sønn Andreas er i ferd med å ta.

Hva styrer vårt begjær? Hva får oss til å skjønne at vi lever et annet liv enn det vi egentlig ønsker? Hvilke muligheter har vi til å forandre kurs?

................................................................

Eg har lese ein god del av det Ketil Bjørnstad skriv, og denne boka baud ikkje på store overraskingar. Den er ikkje eksepsjonell på nokon måte, men godt lesbar. Ein artig vri at det er to stemmer som les lydboka. Her er mange "henvisninger" til klasssisk musikk, så eg går sikkert glipp av ein del der. 

Dagbok 2017: 29.oktober

Klokka 13.00

Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 2 grader og det er mørkt ute. Det vart tidleg kveld i dag, det er det eg likar minst med vinterhalvåret - mørkret! I dag har vi hatt all slags vêr: regn, hagl snø, sol og litt vind. Så i dag har det vore heilt greitt å vere inne.
Eg vakna til normal tid, så Nils fekk mat og medisin klokka 9.00-slik han skal ha, og vi har fylgt timeplanen nøye i dag. Nils har hatt ein god dag, han har vore i bra form når ein ser bort frå at det er vondt i hofta så snart han skal bevege seg. Han har ete middag ein gong sidan førre sundagen, men i dag prøvde eg å lage noko han ville ete. Eg laga potetstappe frå grunnen, og varma vanlege kjøttpølser, og det smakte. Han fekk ein relativt liten porsjon, og ville ha ein halv porsjon til i tillegg. Ergo åt han akkurat like mykje som eg- og eg var stappmett. Er ikkje så vant til å ete middag eg heller for tida. Mens eg heldt på å rydde opp, kom Håkon innom-han hadde utført ei teneste til morfaren. Så drakk vi litt kaffi i lag med han. Eg hadde ikkje laga noko ekstra i dag, så det vart berre kjeks til.
Elles har eg funne såpass med restegarn at eg har fått til to brot som eg har strikka parallelt. Har også rippa ei bok og høyrt litt lydbok. Etter at HBO hadde vore her vart eg så trøytt at eg trudde eg hadde sovna, men eg berga meg ved å sjå TV.
I morgon må eg vere litt aktiv. Fastlegen skal komme på besøk, men han kjem truleg ikkje før etter at kontoret er stengt, men eg veit ikkje, så det er vel best å halde seg heime.
Vi har hatt ein god dag i dag.
Klokka 15.30

lørdag, oktober 28, 2017

Dagbok 2017: 28.oktober

Ny forsyning av lydbøker frå Volda-via Margrete

Klokka er19.00, temperaturen ute er + 4 grader og det har regna meir og mindre i heile dag. Men på høgste toppane ligg snøen og truar med å komme lenger og lenger ned. Ikkje før var det sommar, så kom hausten og no er forsyne med vinteren ikkje så langt unna. Tida går fort, altfor fort for oss som er gamle. Skulle gjerne sett på bremsene.
At dagane av og til også vert for korte, må eg skulde på meg sjølv. I dag sov eg heilt til klokka var 10.15, til tross for at vi la oss i halv eitt-tida, som vanleg. Nils skal eigentleg ha medisinen sin i 9-tida, og eg plar vere oppe i god tid før det, men pytt, pytt, vi bestemte at vi har avslutta sommartida ein dag eller to før vi skulle. I morgon er vi i rute att. Det viktigaste er at Nils har det relativt bra. I dag har han vore i bra form, sjølv om han plagast med hofta.
Einar kom som planlagt i 13-tida, då hadde han sprunge Rotevatnet. Han var ikkje blant dei tre beste denne gongen, men vel nøgd likevel.
Vi drakk kaffi og åt prinsessekake, og  då Einar skulle til å fare, kom Margrete innom. Det er kjekt med besøk, men då vi vart åleine att, kjende eg at eg hadde sete for lenge i ro, eg verkte både i kneet og hofta, ja, heilt opp i skuldra - på venstre sida, høgresida er frisk og fin. Det var berre ein ting å gjere, og det var å mosjonere. Så eg tok på meg sko og regnkåpe og tok ein tur på butikken. Det var ikkje så mykje eg trong, men då eg gjekk heim hadde eg passeleg tunge nett i begge hender.
Nils har ikkje lyst på middag for tida, så eg laga til skiver med fiskepudding og rekesalat til han, og det likte han godt.
Eg vart kvitt mykje av smertene etter turen. Det er nok vêret også som gjer at eg verker, det er ekte giktvêr.
No blir det vel TV resten av kvelden. Gleder meg til "Stjernekamp"-eg heiar framleis på Adam, det har eg gjort heile tida, men er skal ikkje gråte om Didrik går av med sigeren.

fredag, oktober 27, 2017

Dagbok 2017: 27.oktober.

Klokka er22.10, temperaturen er + 7 grader C og det regnar og regnar. Har ikkje vore ute i dag-berre opp til postkassa. 
Olaug og Solveig har vore her ein tur, og etter at dei var reiste vart det så mykje TV-det er derfor eg er så seint ute med bloggen i kveld
I går kveld vart Nils ganske elendig før han fekk lagt seg. I dag fekk han litt mat + medisin på senga, og då han kom så langt at han stod opp ville han dusje. Eg var skeptisk, men det gjekk bra; dusj og reine klede er ikkje kvardagskost for han lenger.
Før han stod opp hadde eg laga ei prinsessekake, denne gongen hugsa eg rosiner, men eg tykte ikkje den var heilt slik den skulle vere, av ein eller annan grunn.
Etter at vi var ferdige med dusjing og baking, vaska eg relativt grundig på badetog kjøkkenet, før eg dusja meg sjølv og vaska håret. Då vart det liksom helg og vi slappa av.
Eg hadde ein lengre telefonprat med ei venninne før Olaug og Solveig kom. Olaug er berre heime ein snartur, dei har ikkje haustferie der ho studerer.
Nils har hatt ein ganske bra dag. Vi har ikkje hatt middag i dag, men helde oss til brødmat. Fekk Solveig til å kjøpe med seg loff. Så mykje medisin som han tek røyner det nok litt på magen.
Mandag ventar vi fastlegen på besøk, det er ikkje noko veldig spesielt, det blir vel samtale om medisinar etc. Han kjem hit i staden for at Nils skal streve seg ned på legesenteret. Nils har snakka med kreftkoordinatoren i telefonen i dag.Solfrid er god å ha som "mellommann".
I morgon får vi kanskje besøk av Einar i 13-tida. Planen er at han skal springe rundt Rotevatnet først. Det blir kanskje siste "løpet" denne sesongen.
Då vil eg ønske alle ei god helg -og gløym ikkje å stille klokka 1 time tilbake. Vi får lysare morgonar og mørkare ettermiddagar heretter-om det er eit poeng, liksom.

torsdag, oktober 26, 2017

Dagbok 2017: 26.oktober

Gratulerer med 53-årsdagen, Rasmus.
Klokka er snart 19, temperaturen + 8 grader og det har regna litt av og til, men mest har det vore skya og opplett. Men eg skal love alle at det kjem regn nok! Det kjenner eg på hofta mi, den er ein påliteleg vêrmeldar. I går kveld låg eg og fekk ikkje sove fordi er verkte, trudde det var fordi eg hadde sete for mykje i ro, så i dag har eg vore litt meir i aktivitet.
Nils låg heile føremiddagen i dag også, men fekk medisin og mat på senga. Eg fann nokre skap og hyller  på kjøkkenet som eg fekk vaska i mellomtida. Vi driv og forskar litt på kva medisin og kor mykje han skal få for å kunne fungere nokolunde. I dag trefte vi bra, for i dag ville han ha middag. Då er det godt å ha gryteferdig fisk i frysaren. Steikt blålange vart det til middag i dag, og det var godt. Eg har lese at det er berre heilt fint å steike fisken mens den er frosen, då held den på væta. Eg steiker blålanga på panna og set den i varm steikovn etterpå. Middag på 30 minutt !
Både før og etter middag var eg ute og jobba litt. Hadde funne fram motorsaga, men den vart ikkje godkjend av Nils, kjedet var ikkje stramt nok, og mykje anna var også gale. Eg hadde tenkt å sage granrota mi, men så vart det klipping/beskjering av plommetre i staden. Samme for meg, berre eg får vere ute ei stund og jobbe litt. 
Etter at HBO hadde vore her, og vi hadde sett kakekrigen, drakk vi kaffi og åt litt kake. Nils skulle ringe til Rasmus, men så ringde Rasmus sjølv. Bildet over er tatt på 50-årsdagen hans, for tre år sidan. Eg synest det er trist at dei er så langt borte, no når vi ikkje er i stand til å reise på besøk.
Nils er i bra form når han tek "kvikkistablettane" sine, men hofta er ikkje god.  Vi er likevel glade for kvar dag han kan få vere heime.

onsdag, oktober 25, 2017

Dagbok 2017: 25.oktober

Gratulerer med dagen, Svein Arne!

Klokka er 18.10, temperaturen ca. + 9 grader og det har vore vått og "mørkt" i heile dag. Men eg minnest ein gong vi var på Eid og feira dagen til bror min. Det kom ein voldsomt snøfall, og då vi skulle heim att om kvelden kom vi oss ikkje opp Stigedalsvegen fordi ein trailer stengde vegen. Det vart til at vi køyrde heim over Heggjadalen- dette var før vi hadde Kvivsvegen. Med andre ord - eg vil heller ha regn enn snø i oktober.
Dette har vore ein veldig sløv dag i pensjo- heimen. Nils låg lenge, han fekk medisin og litt mat på senga, men ville helst ligge litt frampå. Eg visste ikkje kva eg skulle finne på. Har nok av arbeid som ventar, og i dag hadde eg planar om å vere ute og sage med motorsag. Det var det berre å gløyme. Så eg vaska kjøleskapet i staden. Eg likar betre å styre ute enn inne, men i dag var ikkje utearbeid noko alternativ. Viss eg hadde hatt behov for å handle hadde eg "sprunge" ned på butikken ein tur, men maten går ikkje så fort unna for tida.
Nils er ikkje så SJUK, men han er slapp og har dårleg matlyst, men litt får han i seg, så det er ikkje krise. Kreftlegen i Volda er mest skeptisk på hofta, at den skal bli for veik. Fastlegen har tenkt seg ein tur opp til oss komande mandag. Solfrid ringde i dag også, ho er mellomleddet mellom oss og legen. Ein fantastisk person, som ordnar opp i det meste.
Nils stod opp ut på føremiddagen, og eg hjelpte til slik at han fekk barbere seg. Vi utvikla eit konsept mens han var på Ørstaheimen, som vi brukar her heime også. Om eg ikkje gjer så mykje anna, så avlastar eg i alle fall helsevesenet så lenge Nils får vere heime og vi stort sett klarer oss sjølve. I og med at eg for det meste har sete inne og strikka og sett TV har eg ikkje så mykje å berette.
I dag fyller bror min 76 år, og vi skulle gjerne vore der, men det er ikkje til å tenke på. Han har sikkert mange av familien på besøk, sidan alle tre barna deira bur på Eid. Den yngre garde er derimot spreidd for alle vindar.

tirsdag, oktober 24, 2017

Dagbok 2017: 24.oktober, FN-dagen

Ei av dei siste rosene denne sommaren.

Klokka er 18.30, utetemperaturen er + 10 grader og det er overskya, men opplett. Slik har det vore i heile dag. Dagen i dag har vore litt laber, ikkje mykje aktivitet på meg ein gong. Som vanleg stod eg opp før Nils, åt frokost og strauk nokre klede etc.Nils låg frampå sidan han var slapp og trøtt; eg synest han like godt kan ligge i senga som i stolen, han ligg best når han får strekke seg skikkeleg ut. Han fekk både medisin og mat på senga. Han vakna og sovna mange gonger. I 11-tida kom ein sjukepleiar og tok blodprøver, og då klokka var vel 13 fekk vi resultatet. Han har verken blodmangel eller infeksjon, så han er ikkje "sjuk" i den forstand.Det gjeld å få rette medisinane, til rett tid og i rett mengde slik at han kan bli litt kvikkare og få meir matlyst. Han har hatt dårlege periodar før også, men kome seg til att. Neste veke får vi truleg besøk av fastlegen og då får vi høyre kva han seier. Det er ikkje dramatikk i heimen, men eg likar dårleg at han et for lite.
Eg var ute ei lita stund, rydda litt, saga og klipte litt og grov rundt rota mi-skulle hatt ein minigravar, men eg kjenner ingen som har. Eg får nok gå laus med motorsaga- vi har ei lita elektrisk, og eg trur ikkje den er så farleg. Elles har eg vaska og hengt opp klede og stroke det eg tok inn i går. Litt strikking , bøting og festing av trådar har det vel også blitt, men mest har eg vore selskapsdame og pasientpassar. Det går godt an å ringe til Nils, han likar å prate i telefonen. Uansett så går dagane fort.

mandag, oktober 23, 2017

Dagbok 2017: 23.oktober

Dette treet stod bugnande av store Victoriaplommer for ikkje så altfor lenge sidan, no står det ribba att, både plommer og greiner er borte.

Klokka er 19.20, temperaturen ute er + 8 grader C og i dag har det vore overskya men opplett.
Nils hadde ei god natt, han søv oftast godt, men var ikkje særleg mykje sprekare i dag enn i går. Han fekk medisinane sine til rett tid, og så fekk han sove vidare- eller i alle falle ligge, til han følte at han orka å stå opp.
I mellomtida styrte eg litt i huset, strikka etc., men så kom gartnaren. Vi har i alle år sidan vi planta Victoriatreet hatt ein gartnar til å beskjere det, Nils har betalt med fisk. I fjor vart det ikkje gjort noko, så då det vart mykje plommer på det i år, hang greinene heilt ned på marka. Eg klipte etter fattig evne såpass eg fekk klipt graset rundt treet og plukka plommene. I dag fekk eg vere med fagmannen på jobb og eg fekk lært ein heil del. Nabo Gudmund kom også og tok del i undervisninga. Treet såg nokså fattig ut etter behandlinga. Seinare på dag var eg ute og samla opp greiner og rydda opp. Det var då eg tok bildet.
Nabo-Solveig skulle på butikken og handle i dag og spurde om eg ville vere med. Det ville eg for eg hadde ei lang liste liggande på kjøkkenbenken. Eg skriv ned det eg manglar etter kvart som eg oppdagar det. I dag handla vi på Kiwi i Vik, og sidan Gudmund også var med fekk eg hjelp med å bere varene ut frå butikken ut i bilen og heilt inn i gangen heime.
Nils var oppe før eg for nedover, og han har vore oppe i heile dag. Men det skortar på krefter og matlyst. Solfrid kreftkoordinatoren ringde i dag, ho var på besøk før helga og hadde snakka med legen etter det. Legen vil komme innom ein dag og snakke om medisinar og ev. prøve nye hjelperåder. Vi får ein fantastisk sørvis av helsevesenet. Eg skriv VI fordi eg får all den hjelp eg treng for å yte det EG kan gjere. Vi vart samde om at dei skulle ta blodprøver i morgon i staden for torsdag. Då kan ein finne ut om der er infeksjon på gang. Prednisolonen kamuflerer infeksjonar, men heilt ned på 0 går ikkje verdiane likevel, viss der er infeksjon. Nils har vore dårlegare mange gonger før enn det han er no, men så var han stabil veldig lenge før han fekk denne detten.
Eg handla mykje i dag, men då eg kom heim kom eg på at eg hadde gløymt poteter. Sende ei melding til Margrete og ho hadde med seg to posar då ho stakk innom på veg til eit møte. Ho stoppa berre ei lita stund. 
I dag var det endeleg kakekrig igjen, og den fekk vi med oss. Seinare skal vi sjå "Monster"-vi lurer på om det er ein ekte krim eller om det er ein parodi.

I dag blomstra den rosa klematisen for første gong i år, den lavendelblå har blomstra heile sommaren. Den mørkeblå er sjuk og ikkje fin. Eg har tre stk. av den på tre ulike stader og alle tre er sjuke. Den rosa og den lavendelblå veks i lag med ein av dei mørkeblå- og dei er friske. Når dei er avblomstra skal eg klippe dei heilt ned, og så skal eg plante dei ein annan stad neste år.


Bok nr. 27 - 2017: Kvinnen med rødt hår

Kvinnen med rødt hår
Kvinnen med rødt hår» er en fengslende beretning om mord, mysterier og det litterære fundamentet sivilisasjonen vår er bygd på.
I en liten by utenfor Istanbul graver en brønnmester og hans læregutt etter vann. Om kvelden forteller de hverandre historier. Etter som brønnen blir dypere, kommer også brønnmesteren Mahmut og lærlingen Cem nærmere hverandre. Men en mystisk, vakker kvinne med rødt hår vekker lidenskapen i Cem, og plutselig tar historien en skjebnesvanger vending.
År senere vender Cem tilbake til brønnen han gravde med mester Mahmut. Cem har blitt en suksessrik forretningsmann, men hendelsene fra den sommeren har forfulgt ham hele livet. Snart oppdager han at virkeligheten er en ganske annen enn han hadde trodd.
Gjennom Vestens myter om Kong Ødipus og Østens fortelling om Rostam og Sohrab, utforsker Orhan Pamuk våre forestillinger om fedre og sønner, autoritære systemer og individualisme, stat og frihet, det å lese og å se.
Orhan Pamuk vant nobelprisen i Litteratur i 2006.
..............................................................................
Denne boka høver godt som lydbok. Det er to "stemmer" som fortel historia, og få personar er involvert, så det er lett å halde orden. Eg likte boka godt. Den er på 6 Cd-plater så då tek det ikkje så lang tid å lese den.

søndag, oktober 22, 2017

Dagbok 2017: 22.oktober


HUGS  REFLEKS !

Klokka er no 18.25, og dagslyset held på å forsvinne. Ja, neste helg stiller vi klokka tilbake og då blir det mørkt enda ein time tidlegare. Temperaturen er +9 grader C og det har vore opplett i heile dag, og mot kveld vart det berre finare og finare utan at eg kom meg ut for å ta bilde.
Dagen i dag har vore utfordrande, sidan det ikkje er noko som er problematisk lenger. Dagane våre er heilt avhengige av korleis Nils har det. I dag var han sløv og dårleg frå morgonen av, og det lysna ikkje til tross for ekstra tablettar. Han sovna litt av og til og heller ikkje då letna det. Han får eit trykk rundt hovudet, som ei klemme, seier han, men den plar forsvinne utpå føremiddagen. Ikkje i dag.
Eg hadde tatt opp kjøttdeig frå frysaren for å lage kjøttkaker. Men Nils ville heller ha laks. Då tok eg opp laks, men laga ferdig kjøttkakene også og bruna saus. Det vart mykje matlaging før middag -men ikkje så mykje gjekk med. Ja, eg har no lært meg å ete, sjølv om eg må sjå på han som tvingar maten i seg.
Eg sette meg på datarommet med bok og strikketøy før vi drakk kaffi og åt kake. Då fekk Nils enda fleire tablettar, og DÅ letna det. No er han i bra form og ser fotball på TV.
Eg skal innrømme at eg lengtar ut når vêret er så fint, og om kvardagane kan eg alltid finne noko å gjere ute utan å forlate tomta, men sundagane må ein liksom halde stilt. I dag har vi ikkje hatt besøk av andre enn HBO. Håkon sender meldingar til Nils om fiskeriet, han vil ikkje komme på besøk fordi han er forkjøla og ikkje vil smitte pasienten.
Bøsseberarane har vore her, men vi hadde ikkje kontantar så vi gav pr. telefon. Å gå rundt med bøsser blir vel etter kvart ikkje så aktuelt. Den vesle jenta som var med mor si, fortalde at hittil hadde dei berre fått to pengar. Etterpå tenkte eg at eg nok kunne hatt ned på bøssa hennar nokre av 20 og 10-kronene eg har i ei skål. Så kunne det i alle fall ha singla litt i bøssa.
Det blir vel innsamlingsprogram heile kvelden på NRK-eg synest det blir VEL mykje, men det er sikkert mykje bra også.

lørdag, oktober 21, 2017

Dagbok 2017: 21.oktober

Klokka er18.10.Temperaturen ute er no +12 grader C, tidlegare i dag var den oppe i +17 grader. Det hadde faktisk ikkje så stor hast med å få inn Gullbusken, men gjort er gjort.
I går kveld hadde Nils bestemt seg for å dusje, men venta for lenge så det vart for travelt og han blei dårleg. Men dusj blei det, og etter ei god natt med god søvn var han rimeleg bra i dag tidleg, vi låg lenger enn vanleg begge to. Nils har ikkje vore i storform i dag, men rimeleg oppegåande. Det er hofta som plagar han mest. Appetitten er ikkje på topp, men han får no i seg mat. I dag blei det fiskebollar i kvit saus, det som mor hans brukte å kalle "sykekost".
Det vart uventa veldig fint ver i dag, så eg heiv meg rundt og fekk ut sengkleda, bytta på reine trekk og vaska soverommet. Sidan eg først var i gang sveipte eg over bad og kjøkken også. Vaskemaskina har jobba flittig og eg har hengt ut kleda. Før i "gamle dagar" var det ikkje "lov" å ha klede hengande ute om sundagane, trur ikkje det er så strengt no.
Margrete og dei to heimeverande barna kom på besøk, dei hadde med seg fleire korger med jordbær og to kartongar med fløte. Eg hadde eplekake og krem, så her blei det "festmåltid". HBO kom og målte sukkeret til Nils, det var nokså høgt til tross for at han berre så vidt hadde smakt på godsakene.
Etter at gjestane var reiste, sette eg på oppvaskmaskina, tørketrommelen og hengde klesvask på snora. Nils skulle sjå fotball, men det kan hende han sovnar litt, og det gjer berre godt. Han hadde gode dagar først i veka, no har det vore ein liten nedtur, men slik er det berre.
Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, så det har vore smått med mosjon. Tek meg kanskje ein liten tur. Kanskje.

fredag, oktober 20, 2017

Dagbok 2017: 20.oktober.

Etter å ha fått diverse glas med plommesylte frå Solveig, med misvisande etikett, fekk vi i dag dette glaset der etiketten og innhaldet er i samsvar. Takk for gild svenske-gåve, Solveig.

Klokka er 21.40, utetemperaturen er + 11 grader. Det var kaldt i dag tidleg, og eg fekk sett Gullbusken inn i vaskekjellaren så den ikkje skulle fryse. Låner sekkehjul hos naboen to gonger i året til å frakte den planten inn eller ut. Så kom altså ikkje frosten  no, men den kjem nok !
Heldigvis var Nils mykje betre i dag då han vakna enn han var i går, så vi har hatt ein god dag.
Eg har det med å vakne tidleg, ikkje fordi er  blitt morgonfugl, men fordi eg verker i ryggen, og det einaste som hjelper er å komme seg opp og i bevegelse.
I dag fekk eg vaska "rundt" på kjøkkenet før Nils stod opp. Etter at han hadde ete frokost etc. laga eg ei eplekake, og mens den stod i omnen kom kreftkoordinator Solfrid på besøk. Det er alltid kjekt når ho kjem, då snakkar vi sjølvsagt om sjukdom og medisin, men ikkje berre det.
Etter at ho hadde fare åt vi middag, som i dag bestod av Grandis frå frysaren. Det var heilt greitt med litt "nødproviant" etter å ha ete fisk heile veka.
Nils skulle slappe av litt så eg tok meg ei økt i hagen og var ute til HBO kom klokka 16.
Eg hadde ikkje vore borti noko griseri, men lukta pyton, så eg gjekk rett i dusjen og fekk på meg reine klede etterpå. 
Kaffi og kake vart det då Solveig kom ein tur, eg hadde eigentleg ikkje venta henne før i morgon, men det passa betre for henne i dag. For oss passar det eigentleg støtt.
Og etter ho hadde fare vart det TV. Kjekt at Beat for Beat er tilbake.
Dagane og kveldane går berre så altfor fort.
No kjem eg til å sakne nabo Marit som er på veg til Kypros i lag med andre seniordansarar og skal vere der i to veker.
Ønsker alle blogglesarane mine ei god helg.

torsdag, oktober 19, 2017

Dagbok 2017: 19.oktober.

Klokka er 19.30, utetemperaturen er + 2 grader, men i dag tidleg var alle marker kvite av rim. Så kom sola og det vart eit fin dag.
Nils hadde problem med å sove i går kveld og tok ein liten sovetablett som legen har skrive ut til han, og sov gjorde han. Først låg han lenge og då han kom seg opp av senga var han framleis trøtt og sov vidare i stolen sin etter frokost. 
Klokka 14.00 skulle vi ha middag. Eg hadde steikt blålange av den vi fekk av Jørn, steikt løk og kokt poteter og gulrøter. Det var godt og vi åt ein bra porsjon begge to.
Eg slappa av litt før eg dusja og gjorde meg klar til frisering. Marit køyrde meg fram i Mosmarka; eg hadde tenkt å gå, men tok imot tilbodet hennar for at eg ikkje skulle vere for lenge vekke. Då eg var på heimveg ringde Nils og sa at Håkon ville hente meg, han og Birte hadde vore ute og drege teiner, og stakk innom Nils på heimvegen. Då sa eg at Håkon kunne hente meg på Kiwi, så fekk eg handla inn rikeleg med melk, blant anna.
Då eg kom heim var Nils våken og i tilsynelatande fin form. Noko liknande skjedde ein gong før, då han fekk ein halv sovetablett av meg. Det blir sikkert litt voldsomt med sovetablettar i tillegg til all annan medisin.
Håkon hadde fått ein hummar og nokre få krabbar i dag. Men to av teinene hadde vore opna og den eventuelle fangsten var stolen. Somme folk er skikkeleg simple. To teiner har han også mist i løpet av sesongen. Dei var av ein rimeleg sort, kosta 200 kr stk. Tenk å gjere seg til tjuv for så lite. Men Håkon er skuleelev/student og ingen Krøsus så for han betyr hundrelappane ein del.
Eg er fornøgd med at eg har fått kort hår igjen, såg ut som ei trollkjerring før eg endeleg kom meg til frisør.

onsdag, oktober 18, 2017

Dagbok 2017: 18.oktober


Klokka er ca.19.00 og dette bildet er tatt for ei lita stund sidan, frå altanen, no er det alt mykje mørkare ute, men himmelen er klår, og i dag har vi hatt sol heile ettermiddagen. Temperaturen ute er no +5 grader C. Det er vel like før eg må ha Gullbusken inn i kjellaren for overvintring. Den har overlevd mange vintrar i vaskekjellaren.
I dag var ikkje Nils så kvikk då han vakna, han fekk medisinane sine og låg frampå ei stund, mens eg fekk støvsuge teppegolva. Etter at han hadde stått opp og fått seg frokost, vaska eg bad og kjøkken, så no er helgavasken unnagjort.
Etterpå var eg ute og rydda og kosta litt i garasjen, og no rett før sola gjekk ned rydda eg i tilbygget. Eg grov fram snømokebrettet og spaden og frakta det opp i garasjen, så det skal vere klart til bruk.
Eg laga pannekaker og bacon til middag i dag, og Nils fekk seg ein god middagslur før HBO kom klokka 16. Etter at han hadde sove vart han i betre form. Slik er det ofte. Det er om føremiddagane han er "sløv". Kan vere greitt å vite for dei som vil besøke han eller ringe.
I morgon har eg time hos frisøren klokka 16.00, så då skal eg springe fram i Mosmarka. Viss nokon vil besøke Nils mens eg er vekke, er det berre å ringe på og gå rett inn. Han kjem ikkje og let opp, for å seie det slik.
No kom Håkon innom , han har vore ute og drege teiner, så får Nils ein liten fiskeprat. Håkon tek gjerne imot gode råd frå ein gammal fiskarmann.


tirsdag, oktober 17, 2017

Dagbok 2017: 17.oktober

Klokka er 19.15, temperaturen er + 4 grader C. Det har regna i dag også, men no trur eg vi går inn i eit tørrare og kaldare klima -for ei stund.
Det er ikkje så ofte tinnitus  plagar meg, men i kveld er det ille. Det gjer at eg får vondt i hovudet og er litt kvalm. Det er nok rett og slett fordi dagen har vore litt for hektisk for meg.
Starta dagen som vanleg, og Nils var i bra form, det er tross alt det viktigaste.
Eg skulle på styremøte klokka 12.00, men prøvde å komme av garde så tidleg at eg skulle få tid å stikke innom apoteket først. Eg vil no helst ikkje at Nils skal vere heime åleine så lenge heller-elles kunne eg ha gått nedover tidlegare.
Sidan eg måtte dusje og vaske håret blant anna, vart klokka 11.20 før eg la på sprang. På apoteket var det ikkje kø, men ekspedisjonen tok si tid, så eg måtte nesten springe opp til kulturhuset-kom berre eit par minutt for seint.
Men så hadde vi fått besøk av leiaren i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, og eg fekk ein noko stressande jobb med møtereferatet, og møtet varde to timar i staden for ein. Eg tenkte på han som var heime, og ringde heim, men han hadde det bra. Klokka 14.20 var møtet slutt og eg meir sprang enn gjekk opp att bakkane -ja, alt er relativt, men eg brukte 20 minutt på heimturen. Så var det berre å finne fram middagsrestane frå i går og varme i mikroen. Då vi hadde ete vart det "kakekrig" og så kom HBO-en. Eg tenkte på referatet eg måtte skrive, så eg tok det like godt mens eg hugsa det meste, og no er det gjort! Puh !
 Nils har på TV heile tida og det er slitsomt for hovudet mitt når tinnitusen er så plagsom, så eg lurer på å "springe" ned på butikken og kjøpe melk. Vi er heilt lens.

KL.20.30. No har eg vore ein tur på butikken og kjøpt melk, smør, bananar etc. Brukte 10-12 min. på heimturen med tungt nett. Det er inga amerikareise akkurat. Når eg skriv så mykje om kor eg går og spring etc. er det ikkje for å skryte, det er pur glede over at eg KAN gå. I mange år var eg så dårleg i hofta at ein tur rundt huset vart for mykje.

mandag, oktober 16, 2017

Dagbok 2017: 16.oktober.


Klokka er 18.15, temperaturen er + 7 grader C og det har stort sett regna i heile dag. No ser det ut til å bli litt lettare, men så kjem vel stormen. I går kveld kom det nokre kraftige vindrosser, så eg måtte ut og samle opp plaststolar etc.,late att garasjedøra -og på altanen måtte eg sikre lause gjenstandar så dei ikkje skulle knuse vindua. Men kva skjedde? Ingen ting !
I dag før middag var Nils ganske sløv, som vanleg, så eg fann ut at han kunne få slappe av ei stund åleine, etter at han hadde kome seg opp og ete frokost. Eg har mykje arbeid som står på vent -det meste ute, og i dag fekk eg endeleg gjort noko. Først køyrde eg ved-sekker i trillebår frå tilbygget opp i garasjen, det har eg gjort før også, så eg trur vi klarer oss til jul. Så fann eg fram nokre kubbar som eg har saga av diverse tre og kløyvde dei med vedkløyvaren. Eg likar å kløyve, det er kjekt, så eg tok like godt og små-kløyvde eit par sekker med bjørkeved. Det gjorde eg i fjor også-det er godt å ha god opptenningsved.
Den veden som ikkje var tørr måtte eg så ha ned i tilbygget, både det eg hadde kløyvd i dag, og plommetreet som låg i sekker under altanen. Det var ikkje så veldig lurt å køyre trillebår i dag, for det er ekstremt vått i graset. Stablinga i tilbygget vil eg ikkje akkurat skryte av, men eg gjer så godt eg kan, eg har ikkje uante krefter. Men eg har litt av eit ryddeprosjekt å sette i gang ,både i garasjen og tilbygget. Garasjen er i grunnen finast utanpå, for blomkarsen blomstrar for fullt.





Her har det lege  mange ved-sekker til tørk, men no er dei komne i hus. Skulle ha rydda skikkelig opp, men det pøsregna og dessutan måtte eg inn og gi Nils medisin, og lage middag.
Middagen i dag var fiskegrateng, det er noko Nils likar og har lyst på så det lagar eg relativt ofte. Eg hadde tatt fisk og makaroni opp frå frysaren før eg gjekk ut, så det gjekk fort å lage retten. Før tykte eg det var mykje arbeid og søl med fiskegrateng, men no har eg fått så god rutine på det at det er fort gjort. Eg kokar ein heil pakke makaroni på ein gong, og frys i høvelege porsjonar. Makaronien legg eg nedst i forma, så drysser eg over eit lag med purre (Som eg har ferdig kutta i frysen) Så er det berre å lage kvit saus og koke fisken i den. Mens den kokar vispar eg egg og blandar i sausen og så slår eg blandinga i forma og drysser over med strøkavring og set i omnen, som sjølvsagt er varm. Mens gratengen står i omnen, finraspar eg gulrot. Poteter brukar vi ikkje til, for der er relativt mykje makaroni i. Vi åt oss så mette at eg sovna i stolen etterpå, og vakna først då HBO ringde på døra.
Nils har vore i fin form etter middag, trur det var bra han fekk slappe så godt av på føremiddagen. På bildet under ser de dei svarte VØR-sekkene som er fulle av hageavfall. Eg produserer stadig boss. Boss-bilen tok med ein sekk som eg sette ut sist det var bosshenting; det er kvar 14.dag. Så det kan bli eit langt lerret å bleike. Eg hadde tenkt meg ein tur på butikken i kveld, men Nils ville ikkje at eg skulle gå berre for å kjøpe melk. Vi klarer oss til i morgon. No blir det vel å strikke ferdig lesten som eg begynte på å går og vente på at Mannen skal falle.

søndag, oktober 15, 2017

Bok nr. 26 - 2017: Dødvinkel

                        
Dødvinkel av Bjørn Olav Nordahl (Lydbok-CD)

I «Dødvinkel» tegner Bjørn Olav Nordahl et bilde av Norge og Europa, i året før den store flyktningestrømmen startet for alvor.

Året er 2013, i pinsemenigheten i Oslo sitter et kristent iransk par foran forsamlingen. De har fått avslag på søknad om asyl, de frykter for sin fremtid, og for hva som vil skje med den informasjonen de sitter på. Hva kan de fortelle, og hva bør de for alltid tie om?

I Drammen bor journalisten Ingeborg Nergård Kahn, gift med Imran. Hun er tilbake etter fødselspermisjon, og får snart et par tips hun må følge opp, om Drammens-mafia, om mulig menneskehandel, og om korrupsjon på steder man minst av alt venter det. Samtidig plukker kollegaen Magdalena Mellomstrand opp en gammel sak som ikke gir henne ro.

Pengestrømmer i bevegelse, skruppelløse bakmenn og enkeltmennesker på flukt uten mulighet til å 
styre sin egen skjebne.
..................................................................
Eg likar at bøker er relativt strengt komponert, utan for mange sidesprang. Særleg når eg les lydbøker. I dei fleste bøker er det ein hovudperson, i denne boka får aktørane spele solo kvar si stund, det er for så vidt greitt, men ein blir liksom ikkje så godt kjent med nokon av dei. Og så er det heile tida flytting. Vi er i Afrika, i Frankrike, i Drammen, Sverige etc. Det hadde lett for å rote seg til oppe i hovudet mitt- det blei liksom too much fram og tilbake. Eg blei aldri riven med sjølv om eg tidvis har hatt lange lesestunder. Men Helge Winther-Larsen les godt, det skal han ha.


Dagbok 2017: 15.oktober

Klokka er snart halv sju. Utetemperaturen er ca. + 14 grader C, men så regnar det heile tida; ein får ikkje både i pose og sekk. På denne tida av året vert det anten kaldt og fint, eller regn og mildt. Vi må ta det vi får.
Nils kvikna til i går kveld, såpass han fekk dusje før han la seg, sjølv om det var travelt. I dag var han mindre sløv enn i går, og kvikna veldig til etter kvart. Eit par kvikke tablettar gjorde også sitt.
I dag venta vi Audun og Einar på besøk, og for ein gongs skuld hadde eg laga bløtkake, hugsar ikkje sist eg gjorde det. Men no har eg sett så mange kakekrigar at eg fekk lyst å prøve ut litt av det eg har lært. Eg var nesten ferdig å "pynte" kaka før Nils var oppe. Botnen laga eg i går.
Nils og eg åt ein enkel middag i 13.30 - tida, så vi var klar for kaffi då gutane kom. Eg bar opp eit gammalt salongbord frå kjellaren, i tilfelle Audun ville ha det, og det ville han. Eg er glad for alt eg får kvitta av slikt som ikkje er i bruk.
Solveig hadde sendt med karane diverse som ho hadde kjøpt på turen, mellom anna lestegarn, noko eg sette pris på sidan eg har brukt opp mesteparten av garnlageret mitt.
Eg har sete og strikka og høyrt lydbok innimellom i dag, så no har eg berre ei plate att av boka eg har halde på med ei god stund. Heldigvis kom Margrete med to nye, sist ho var her, så eg har litt på lager.
Komande tysdag skal eg på styremøte på kulturhuset klokka 12.00 og torsdag har eg bestilt frisør til klokka 16.00. Solveig ville komme inn på laurdag og vere her mens eg var hos frisøren, men Åse skulle reise vekk neste helg.  Alt ordnar seg etter kvart. No berre MÅ eg klippe håret.
Bildet over er det Einar som har tatt- og bordet er no kome til Hareid. Forresten var kaka ganske god, om eg skal seie det sjølv.

lørdag, oktober 14, 2017

Dagbok 2017: 14.oktober


Klokka er 17.50, utetemperaturen er + 10 grader og det har vore nesten samanhengande regnbyger i heile dag.
Det har vore ein stille og roleg dag i pensjo-heimen. Nils var veldig sløv og trøytt heilt frå morgonen av. Det var ein relativt livleg dag i går, og då var han nesten i 100 ei stund, så det vart ein liten reaksjon i dag. Slik eg forventa. Men som vi plar seie etter slike dagar: Det var no kjekt så lenge det varte. I dag sov han mykje før middag, så eg sat lenge stille, strikka, festa trådar og høyrde lydbok.
Eg ville ha meg ein tur på nærbutikken, for mosjonen sin del og fordi eg trong diverse varer. Eg gjekk ned, men opp att fekk eg sitte på med nokre naboar frå Olavsgata, som køyrde meg heilt til døra. Det var i grunnen godt, for eg har ein tendens til å handle for mykje, slik at det blir tungt å bere.
Eg laga ein lettvint middag då eg kom heim, og etter at vi hadde ete, sovna Nils igjen og sov heilt til HBO kom og vi vart varsla :"Det ringer på...døren" frå anordninga i kroken.
Så laga eg kaffi, og Nils åt prinsessekake attåt. (Eg tok berre eit bitte lite stykke). Han kvikna litt då han fekk kaffi, men fekk også to "kvikkisar", så no held han seg nok vaken resten av kvelden. Det minner om slik han vart etter den turen vi hadde til legesenteret-då var han "sløv" i fleire dagar etterpå.
Eg har ikkje fått gjort anna enn vanleg husarbeid i dag, det er ikkje vêr til å gjere noko ute. Men alt er no betre enn at det kjem snø ! Håper på eit mildt klima denne vinteren også
Laurdagskvelden er det mykje å sjå på TV-eg for min del synest "Stjernekamp" er det mest spennande.
I morgon ventar vi besøk av Einar og Audun -og det ser vi fram til.
Vêr-bilda tok eg trå trappa vår klokka 18.10. Blitzen gjekk av, så det vart litt annleis fargar enn slik det verkeleg er.


fredag, oktober 13, 2017

Dagbok 2017: 13.oktober

Klokka er 19.30, temperaturen er + 14 grader og det regnar. Det hard et for så vidt gjort i heile dag, så eg har ikkje vore lenger enn til postkassa.
Nils var som vanleg sløv og slapp på føremiddagen, og slappa av og sov for det meste. Han kvikna til etter kvart, men ville ikkje ha middag før klokka 15.00. Og han må få det som han vil.
Eg fekk vaska "rundt" og rydda kjøkkenet før han stod opp, elles har eg ikkje gjort mykje i dag. Sat og strikka litt med lydbok på øyret mens Nils sov.
Erlend ringde og spurde og dei kunne komme på besøk. Ingeborg, Eirik og Erlend kom rett etter at HBO hadde vore her. Amanda var i Ulsteinvik så ho var ikkje med, men ho skal no ikkje reise att slik som dei to eldste. Ingeborg og Eirik reiser tilbake til Oslo og Trondheim allereie på sundag. Det er kjekt at dei tek seg tid til å besøke oss. Nils hadde tatt to "kvikkisar" før dei kom, så han var i storslag. Eg var litt redd for at han overanstrengte seg, men det gjekk visst bra.
Elles ringde HBO, så vi fekk resultatet av blodprøvene, dei var om lag som sist. Legen vil komme heim til oss i staden for at Nils skal møte opp å legesenteret. Det er fint.
Elles har eg ikkje så mykje å berette i dag. Eg håper på betre vêr sidan eg enno har mykje att å gjere ute. Reknar med at Solveig og Øystein kjem att i løpet av helga, og kanskje har dei Audun med seg.
No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden.
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, oktober 12, 2017

Dagbok 2017: 12.oktober

Klokka er snart halv ni, ute er det mørkt og + 8 grader. Eg har sete her ved maskina i det uendelege og prøvd å få eit bilde frå mobilen inn på datamaskina-det går for så vidt bra, men eg får ikkje lagra det slik eg skal. Har gjort det mange gonger før, men no funkar det ikkje. Alle veit kor frustrerande og tidkrevjande det er med datatrøbbel, så det skal eg ikkje snakke meir om.
Denne dagen har gått som ein røyk, slik ale dagar gjer. Nils var som vanleg slapp og sløv før middag, men kom seg etter å ha kvilt. HBO kom og tok blodprøver i dag, før klokka halv 12. Då hadde eg allereie laga ei skuffe- prinsessekake, og var veldig nøgd med meg sjølv. Heilt til eg kom på at eg hadde gløymt å ha i rosiner. Det ergra meg litt.
Sola skein og vêret var fint, så eg valde å gå ein tur på butikken, for å få litt mosjon. Eg har ikkje fått jobba så mykje med prosjekta mine i det siste, så eg er redd for å miste forma. EG gjekk ned på Kiwi, handla to tunge nett med mat og gjekk opp att (ikkje fort) og prøvde å finne ut om eg hadde brukt nok kaloriar . Heile turen tok mindre enn tre kvarter, så det var så vidt Nils hadde fått kvilt seg litt mens eg var vekke. Så tok eg trillebåra og flytta nokre vedsekker opp i garasjen i dag også, og saga litt på eit plommetre. DÅ laga eg middag og så sovna vi begge to.
Så kom HBO, "Kakekrigen" med kaffi til, og så kom Margrete. Ho hadde vore til frisør i Volda først.Då blei det kaffi og prinsessekake.
Dermed var dagen så å seie over. Margrete hadde med seg to lydbøker som eg gler meg til å lese, når eg får rippa dei og lagt dei inn på MP 3-spelaren min. Det er sant å seie ikkje så mykje eg får lese, så det er langt mellom kvar fullført bok.
Det går bra med Nils, han er veldig slapp, men blir litt kvikkare når han får "Kvikkis". NO trur eg han har funne seg ein fotballkamp.

onsdag, oktober 11, 2017

Dagbok 2017: 11.oktober

Klokka er 18.40, temperaturen ute er + 10 grader og det har regna stort sett i heile dag. Eg har enno mykje arbeid att ute og treng fint vêr, så vi får håpe det lettar opp att. Eg saknar utearbeidet, sjølv om eg har mykje eg skulle ha gjort inne også. Det blir liksom ikkje så mykje trim i å rydde og vaske i skuffer og skap, sjølv om det er eit nyttig arbeid.
Nils er relativt bra, men han sit no for det meste i stolen sin, med TV som selskap. Så blir eg også sittande innimellom. Men har sjølvsagt eit lite "spøt".
No skulle eg inn på Facebook, men maskina dreiv og oppdaterte seg på eige initiativ, og då den var ferdig med det, var Facebook låst med hengelås. Veit ikkje om den kjem til å låse seg opp att sjølv. Heldigvis har vi ein Laptop også, så heilt hjelpelaus er eg ikkje.
I går kveld skulle vi kose oss med krabbe. Å koke krabbe har alltid vore Nils sin jobb, men no måtte eg tre til. Han hadde kommandoen. Vi kom i mål, men det vart mykje boss og lite mat. Dei fleste krabbane var tomme. Ikkje ein gong i klørne var det særleg mykje å ete. Men vi vart no mette, og eg trur eg fekk nok. Det vart mykje rot, så eg fekk ein jobb å ordne opp. Når vi åt krabbe i Sula (Solund) var det å sitte ute og knuse krabben med steinar, og så kom måsane og rydda opp. Det var tider.
I morgon meiner eg at Ingeborg kjem heim ein tur. Solveig og Øystein er ute og fartar og tek kanskje med seg Audun heim att. I dag har vi ikkje hatt besøk av andre enn HBO -"Moxnes".

tirsdag, oktober 10, 2017

Dagbok 2017: 10.oktober



Klokka er 19.35, utetemperaturen + 8 grader og i dag har det vore overskya og litt regn av og til.
Nils hadde bestemt at han skulle dusje rett etter frokost i dag, men det greidde han ikkje. Han måtte ta to tablettar og legge seg att ei lita stund, før han greidde å komme seg inn i dusjkabinettet. Så fekk han barbert seg også , fekk reine klede frå topp til tå og var som eit nytt menneske. Eg kallar tablettane "kvikkis", og det er med legens velsigning han tek dei.
Tida då han låg og kvilte brukte eg mellom anna til å vaske skuffer og skap på kjøkkenet, og til å rydde i "matboda" i kjellaren. Det er mykje rusk og rot som berre er til å kaste, andre ting håper eg kan gå i arv til dei yngre. Sjølve treng vi ikkje all verda etter kvart. Men du store tid kva vi har samla i hop i løpet at dei 55 åra vi har budd i lag. Ja, vi er nok ikkje åleine om det
Etter at vi hadde sett "kakekrigen" og drukke kaffi, ville eg ta ein tur ut og jobbe med rota mi. Det var ikkje så lenge eg fekk halde på før Nils ringde på mobilen min. Då var Birte og Håkon komne, og i dag hadde dei fått både hummar og krabbe. Vi fekk sju krabbar som står på kok no. Vi hadde som ei aning om at dei kom, så vi hadde ikkje laga oss middag. Om ein halv times tid skal vi ete krabbe med majones, sitron og loff. Vi gler oss.

mandag, oktober 09, 2017

Dagbok 2017: 9.oktober



Klokka er21.10, utetemperaturen er no + 3 grader. I dag tidleg var det frose på alle hustak, men det har vore ein nydeleg dag med mykje sol.
Nils var ikkje så kvikk i dag som han var i går, men rimeleg bra etter eit par "kvikkisar" som eg kallar tablettane han tek innimellom. Etter avtale vart han liggande ei stund utover føremiddagen, såpass eg fekk støvsuge skikkeleg på stova og gangane.
Eg hadde tenkt å vere med Marit på ei lita handlerunde, for å kjøpe lyspærer m.a. Men så fann vi ei pære vi kunne bruke i utelampen, så eg skrudde i den, og avlyste handleturen. 
Til middag blei det fiskegrateng frå frysaren, så det var no lettvint. Elles har dagen gått som ein røyk utan at eg har "gjort" så mykje. Derfor tok eg no på kveldstid og bakte 6 brød. Eg lagar brøda særdeles næringsrike, for Nils si skuld. Han har bra appetitt, men et nok meir enn han eigentleg har lyst på. Han veit at det går fort nedover om han sluttar å ete. Vi har sett ein del TV i dag, Nils har ikkje så mange aktivitetar å velje mellom, og eg synest ikkje han skal sitte for mykje åleine. Slik går no dagane, og vi har det etter måten bra.
No har vi tenkt å sjå den nye norske serien på NRK 1.

søndag, oktober 08, 2017

Dagbok 2017: 8.oktober.

Klokka er 19.15,utetemperaturen + 8 grader og det har stort sett vore opplett i dag. Men sidan det er sundag kunne eg ikkje jobbe ute likevel. Sundag plar vere ein roleg dag, og då prøver eg å komme a jour med husarbeidet utan å overdrive. I dag vaska eg kjøkken og bad, vaska, tørka og strauk klede og laga middag. Har hatt god tid til å slappe av og sjå TV.
I dag tidleg vakna Nils meir opplagd enn på lenge, og han har enno ikkje hatt behov for ekstra tablettar enno i dag. Han åt godt til middag, det gjorde eg også, og så sovna vi i kvar vår stol. Men vi var vakne då Håkon ringde og fortalde at dei hadde fått ein hummar og to krabbar i teinene. Dei var innom her ein tur før dei for ut og drog. Nils er veldig interessert i fisking og fangst, sjølv om han ikkje lenger kan vere med sjølv. Dei kom innom og synte fram hummaren. Den var ikkje stor, men heldt minstemålet med god margin. Nils måtte få halde hummaren. Eg skulle ta bilde, men fotoapparatet var ikkje heilt i vigør, så bilda blei som dei blei.
I morgon må eg på butikk, for vi manglar lyspærer og ein utelampen er utan lys. Slikt går ikkje an. Innimellom spekulerer eg på korleis vi skal få opp den store granrota. I dag kom eg på ein lys ide som eg presenterte for Nils, og han meinte ideen var god.
I dag har vi hatt ein god dag!




lørdag, oktober 07, 2017

Dagbok 2017: 7.oktober






Klokka er 19.00, temperaturen +5-6 grader og den første verkelege haustdagen er snart over. Førre veka var det sommar, men i dag tidleg kunne vi registrere at det hadde snødd i fjella. Elles har vi hatt sol, regn, hagl, skodde -kort sagt nesten all slags vêr. Eg hadde tenkt meg til med noko utearbeid i dag, men så langt kom eg aldri. Best sola skein, så regna det igjen. Det vart lite gjort både ute og inne. 
For det første stod eg seint opp, til ei forandring, det gjorde sitt til at dagen vart kort. Elles har tida gått med til vanlege huslege syslar og HBO-jobbar. Nils blir ikkje friskare, men han har gått med på å ta Oxycodone-tablettar, og då får han det betre. Dei hjelper sjølvsagt ikkje for noko anna enn at han kan vere litt kvikkare og ha det betre. Det er ikkje lite berre det.
Då vi skulle til å ete middag, restar frå torsdag, kom Håkon og Birte innom, dei skulle ut og sette hummarteiner. Etter at dei hadde fare kom HBO-pleiaren, og då ho var vekke, kokte eg kaffi. Så ringde Eirik, som er heime på ferie og spurde om dei kunne komme oppom. Det var sjølvsagt kjekt; Margrete, Amanda og Erlend var også med. Ingeborg kjem ikkje heim før neste veke.
Resten av kvelden blir det vel å sjå TV. Vi følgjer med på Stjernekamp, der eg heiar på Adam- og dernest på Didrik. Eg er så kry av at eg har køyrt heis i lag med han - i Fosnavåg. Det var ein liten heis, så eg stod og såg han rett inn i ansiktet. Han var ikkje stort høgare enn eg. Eg vart sjølvsagt heilt starstruck. Gløymde visst å ønske lesarane god helg i går, så det får eg gjere no. Håper på fint vêr i morgon.


fredag, oktober 06, 2017

Dagbok 2017: 6.oktober

Klokka er 20.40,utetemperaturen + 8 grader, og i dag har det regna ganske mykje innimellom. Elles har ikkje dagen vore så mykje annleis enn andre dagar. Nils var trøtt og låg til langt ut på føremiddagen. Eg gjorde ein del husarbeid før han stod opp. Seinare gjekk er ut og plukka ein heil stol balje med nedfallseple som eg pressa til jus. Men først spurde eg Solveig om ho ville ha. Det ville ho.
Ho kom innover i 17.30-tida, og ho og eg var ein tur på Amfi og handla. Det var særleg medisinar som stod på lista mi, men litt matvarer vart det også. 
Vi drakk kaffi i lag då vi kom ut att, og bytte litt varer og naturalia som vanleg, ho fekk jus og eg syltetøy t.d.
Nils er slapp og trøytt men har mindre vondt i hofta enn før, seier han. Han fungerer i alle fall sånn nokolunde, og er heldigvis klar i toppen. No skal vi sette oss ned og sjå TV i lag.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...