onsdag, november 30, 2016

Dagbok 2016: 30.november

Klokka er snart 17.00, og det har vore mørkt nokså lenge. Dagane er korte på denne tida av året, og når det er overskya og regn blir det enda mørkare. Temperaturen er + 1 grad ute, og det vart litt glatt igjen. Viss det hadde vore heilt bert hadde eg kanskje gått ein tur nedover i dag.
I staden jobba eg litt ute. Sette i gang vedkløyvaren i garasjen og henta inn to sekker ved som eg finkløyvde til opptenningsved. Etterpå tok eg trillbåra og køyrde inn resten av veden. Den låg og vart våt ovafor garasjen. Men der ligg plankar, staurar etc. som vi skal ta bort når eg får litt hjelp. Kosta i garasjen , men enno er der mykje rot. No er der i alle fall plass til bilen, men Nils vil ikkje ha den inn så lenge den ikkje er fri for snø på taket. Eg likar slikt sjauararbeid
Eg ser på FB at mange er fullt i gang med juleførebuingar. Det blir laga lammerull, leverpostei og kaker. Eg har ikkje gjort noko slikt. Kvart år etter jul seier eg til meg sjølv at neste år skal eg ikkje bake ei kake, men så gjer eg det like vel. Særleg MÅ eg lage krumkaker. Og så sit eg der og tvingar meg sjølv til å ete dei, før eg knuser dei siste og bakar dei inn i brøddeigen. I år skal eg ikkje bake småkaker!
Eg er ikkje sikker på om vi har ete middag i dag, eller om det var lunsj. Retten var kryddersild frå glas, heile filetar, og kokte eg + litt potet frå i går. Viss vi finn ut at vi vil ha noko anna, er det enno lenge att til vi skal legge oss. I dag sovna begge to i reclinerane etter at vi hadde ete. I går var eg så trøtt at eg brukte all min energi på å ikkje sovne-ikkje så kjekt det heller.
Strikka ferdig eit par restelester i går, dei skal eg ha sjølv og så får eg begynne på eit nytt lestepar, det er alltid nokon som frys på føtene.
Har fyrt i omnen for andre gong i dag, må ha litt omnsvarme i tillegg til varmepumpa.
Eg har hengt opp "juletreet " på veggen ved inngangsdøra, så no er det berre stjerna i stoveglaset som ikkje er på plass-trur eg.
I morgon må eg kanskje ein tur til Vik, men det er ikkje noko problem.

tirsdag, november 29, 2016

Dagbok 2016: 29.november.

Klokka er no 16.15, men bilda er tatt på føremiddagen. No er det nesten heilt mørkt ute. Det er + 5 grader C og regn. Ja, eg skal ikkje klage så lenge det ikkje kjem snø.
I dag skulle Nils nedover og ta blodprøver i lag med naboen. Det gjekk greitt, men det vart litt travelt, han blir veldig fort sliten. Eg har ikkje hatt noko prosjekt på gang, har sett over julepynten, rydda litt osb. Berre sånt vanleg husarbeid.
Hadde ei lita høgtlesingstund frå Hjørundfjordboka før middag. Middagen var restar frå i går + litt mandelpoteter. Det er ikkje dei kjempemåltida vi sette til livs før i tida. Nils la seg ned på senga på datarommet, eg skulle skrive møtereferat frå i går. Då kom Jørn innom og ville høyre korleis det stod til. Han sat ei lita stund og snakka med Nils. Etterpå trur eg Nils sovna, så eg flytta meg inn på stova. det er derfor eg skriv blogg så tidleg på dag.
Det kom ein telefon frå Åse sjukehus, og eg meinte dei sa ØYE-poliklinikken før eg gav telefonen til Nils. Han skulle vere der i morgon 9.30, sa han etterpå. Det skal du slett ikkje, sa eg. Han hadde ikkje fått med seg kva han skulle på sjukehuset. Han har brukt å gå til kontroll for augene før, men no har han nettopp vore til augetest hos optikar her i Ørsta og det held plenty. Då eg prøvde å ringe tilbake var det ikkje telefontid lenger.( Den augetesten skal ha ta på grunn av diabetes).Vi får ringe igjen i morgon. Problemet er at når ein ringer er det ikkje eit menneske i andre enden av tråden, berre ei stemme som seier kva tast ein skal trykke på.
Eg trur at frisurf-kontoen min er ute av spel, for der kjem ikkje ein einaste e-post lenger. Så om nokon skal sende mail, må de bruke denne adressa: olaug.trovag@gmail.com


mandag, november 28, 2016

Dagbok 2016: 28.november

Klokka er21.35, temperaturen er + 2-2 grader C, og det har vore ein relativt våt og grå dag.
Etter frokost og morgonstell tok eg meg på tak og støvsuga teppegolva. Så shina eg meg opp og gjekk nedover. På grunn av glatte og isa vegar hadde eg broddar på skoa.
Jau takk, så snart eg kom inn på allfarveg var det salta, og broddane var vonde å gå på, men eg kom fram. Då var eine brodden vekk Handla litt på Spar før eg gjekk opp på biblioteket der vi hadde styremøtet vårt. Nestleiaren var snill å køyre meg heim, og det var bra, for vi venta Margrete og Amanda. Eg laga middag, i dag vart det julepølser og kombistappe. Kombi betyr at eg lagar stappe av poteter og rabbe. Det et Nils, og vi fekk den ned vi andre også.
Etterpå vart det kaffi med litt rusk attåt.
Alle som kjem innom oss blir utnytta. I dag fekk vi gjestane opp på loftet for å hente ned julepynten, så blir det kanskje litt stemning her også når eg får hengt det opp.
Nils skal ta blodprøve denne veka, og hadde bestemt seg for tysdag. Ein nabo ringde og ville høyre korleis det går, og fortalde at han skulle køyre kona si på legesenteret i morgon for å ta nokre prøver. Det passa no heilt fint for Nils. Sjølv om han no går for eiga maskin, er det godt at der er ein sterk mann som kan hjelpe om det trengst.
No held eg på å koke havregrynsgraut til han. Den får han ha i fred for meg.

søndag, november 27, 2016

Dagbok 2016: 27.november

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 1 grad C, og det er i ferd med å fryse på. Det har vore opplett og ikkje vind i dag. Det skjer ikkje så mykje kvar dag her hos oss, men dagane går meir enn fort nok. Eg hadde diverse mål for kva eg ville gjere i dag, men eg kom ikkje i mål. Men når det er søndag får det vere greitt. På føremiddagen strauk eg diverse løparar etc., og fekk laga litt advent i stova. Å tenne det første lys må vi berre gløyme; Nils toler ikkje stearinlys. Men den skikken er så "ny" at ingen av oss tende lys i barndommen. Tenk det!
Mykje av dagen går med til daglege ting: fyre i omnen, lage mat osb. Men i dag fekk eg endeleg rydda såpass i garasjen at vi kan få inn bilen om vi vil. Nils ville køyre den inn sjølv, men eg fekk han frå det då eg minte han på at han måtte gå trappa.
Til middag åt vi restar frå i går+ is og kaffi til dessert.
Eg blei brått så sigande trøtt at eg måtte legge meg på sofaen med lydboka mi, og der vart eg liggande til eg begynte å fryse. Då var det å ha ut oska, hente ved og fyre opp igjen. Nils er stort sett for varm heile dagen. Han sit stort sett og ser TV, der er mykje sport så han har bra underhaldning. Han går rundt i romma for eiga maskin, men er framleis ganske slapp. Han et alminneleg godt, men ikkje som i gamle dagar. Det kan ein ikkje vente.
Eg skulle hatt tak i jule- og adventspynt på loftet, men verken Nils eller eg kan klatre opp stigen no. Dumt eg ikkje kom på det i går då Einar var her, men i morgon kjem Margrete og Amanda bortom, så då blir det ei råd. Margrete skal på eit møte klokka 18, så då ville ho vere her i mellomtida. Amanda bur i Volda, så ho ville vere med. Sjølv skal eg på styremøte i pensjonistlaget klokka 13, men det plar ikkje vare så lenge.
Slik går dagane, kvar dag har sin agenda, men no må alt planleggast meir enn før.
Bilda knipsa eg frå altanen i 12-tida i dag. I dag har det vore lysare enn på lenge.


lørdag, november 26, 2016

Dagbok 2016: 26.november

Klokka er 16.45, temperaturen er + 4 grader, det er mørkt og regnfullt, men vinden har gitt seg.
Elles er eg litt ute av tida, greier ikkje heilt å halde styr på dagane, i dag er det sundag for meg, kanskje fordi eg ikkje har vore på butikk og heller ikkje gjort noko særleg. Så gjekk det opp for meg at det er 1.sundag i advent i morgon-eg trur Solveig nemnde det i går. Slik er det når ein meir eller mindre lever i ei boble.
Dagen min begynte veldig tidleg og relativt dramatisk. Eg har tatt ein allergitablett pr.dag i fleire år, men så la eg vekk tablettane ei stund for å sjekke om eg verkeleg trong dei. Eg merka ingen ting-ikkje før i dag. Då vakna eg i gryotta fordi eine handa mi stod i brann. Dvs. det var slik det kjendest. Venstre handa var glovarm og klødde noko heilt forferdeleg. Då eg hadde det slik første gongen, var det begge hendene+ føtene . Eg stod opp og fann ein isbit som eg heldt i handa. Men så henta eg nattbordskuffa, der eg har diverse tablettar, og såg etter om der tilfeldigvis skulle vere ein attgløymd tablett; eg fann ein som likna, før eg til min store lette fann eit halvt brett. Etter ein slik tablett kom det seg. Eg låg og høyrde lydbok ei stund før eg sovna att og sov til klokka var halv elleve. Det beste var at Nils også sov-for han treng det.
Eg stod opp først, fekk varme i omnen og koka kaffi- og der kom han gåande UTAN rullator, så no begynner det å komme seg her.
Sidan Einar skulle komme innom gjorde eg klar til tidleg middag. Laga brun lapskaus av svinesteik som var til overs og god brun saus. Einaste problemet var potetene som var av merket Asterix-dei var veldig "kokefaste" så vi måtte vente ei stund med å ete Einar kom som avtalt klokka 13.30, då hadde han vore hos Håkon først og dei to hadde sprunge rundt Rotevatnet. I dag hadde han ikkje hatt på seg strikkalestar så han var litt kald på beina. Då kan det vere greitt at mormora har eit heilt nett med ferdigstrikka lester. Eg har ikkje strikka noko siste dagane, men eg må vel snart legge opp til eit nytt "spøt".
Eg hadde tenkt at Einar og eg skulle jobbe litt ute, men vêret var så ufyseleg at vi slo det frå oss.
Men han hjelpte til med å pakke ut DAB-radioen som Nils fekk til 80-årsdagen, så no er vi budde på nye tider når dei koplar ut det nettet vi no har i februar.
Eg har ikkje pynta til advent, det plar eg alltid gjere, men eg kan no ha litt å styremed i morgon.
Verker i hofta og foten, det kan tyde på at det blir endring i vêret. Berre det ikkje blir snø!
Så håper eg på at vi kan få ei god tid fram mot jul. Noko stress blir det ikkje her i huset i alle fall.

fredag, november 25, 2016

Dagbok 2016: 25.november

Klokka er 22.10. Temperaturen ute er + 9 grader C, det regnar og blæs, men Solveig tykte vi hadde fint vêr i fohold til det ho hadde hatt på vegen innover.
Ho kom her klokka 17.30. Hadde eg visst det var så gale hadde eg sagt at ho kunne utsette turen. Men sjølvsagt atteleter ho på faren, og vil sjå med eigne auge korleis det står til. Dei store endringane er det ikkje frå dag til dag, men det går i alle fall rette vegen. Han kjem seg rundt sjølv, med hjelp av rullatoren, og det går bra.
Før middag sat vi ei stund og såg TV ei stund. Eg trur det er mange år sidan eg har sett meg til å sjå TV så tidleg på dag om det ikkje har vore noko heilt spesielt. Eg vaska bad og kjøkken, dusja og vaska håret, før eg laga middag. Etter middag var det pause, med lybok og utan.
Då Solveig kom fór ho og eg nedover; eg fekk handla inn det eg trong av mat, og det som eg ikkje fekk på apoteket i går. Ho skulle også kjøpe noko til seg sjølv. På slike dagar er det heilt OK å ha eit kjøpesenter der ein kan vere innadørs. Det eg ikkje var budd på var at det var så mykje folk der såpass seint på ein fredagskveld. Men det er jo ikkje alle fredagar som er "black".
Etter at vi hadde drukke kaffi og prata litt, reiste Solveig heim att og vi benka oss framfor TV-en.
I dag har vi minnast Harald. Han hadde vorte 76 år i dag om han hadde fått leve. Vi saknar han!
I morgon kjem Einar innover, mandag skal eg på styremøte. Elles har vi ingen planar.
Son til Leon Roald, Robert, har fått ei dotter, så no er Leon blitt bestefar og Anne Marie har fått eit nytt oldebarn, trur det er nr.9.
Ønsker alle som er innom bloggen ei god helg.

torsdag, november 24, 2016

Dagbok 2016: 24.november

Vi gratulerer minstemann, Erlend, med 13 -årsdagen i dag !

Klokka er 20.30, temperaturen er + 4 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag.
Vi hadde ei litt uroleg natt, eg sov ikkje så godt, men det er no ikkje så farleg. Heimesjukepleien skulle kome i 10-tida, noko som er eit tøyeleg omgrep. Men eg hadde vore oppe i god tid, sett varmepumpa på fullt, kveikt i omnen, og så hadde vi ete frokost. Ho kom faktisk klokka 9.30, og det var berre bra, for eg hadde avtalt med Anne Elise nabo at eg skulle få sitte på med henne ned på Amfi etter at sjukepleiaren hadde reist. Ho var her bra lenge, så klokka var meir enn halv elleve då vi kunne fare. Vi fekk diverse tips om kva hjelp vi kunne få, men det enda opp med at vi i første omgang berre trong ein rullator. Nils er litt utrygg viss han skal gå utan å halde seg i noko, og då kan eg ikkje vere langt unna. Med rullatoren blir han meir sjølvhjelpt. Det var ei hyggelig dame som kom, og så viste det seg at ho er oppvaksen i gata ovafor vår. Men ho er vel såpass mykje yngre enn våre barn at vi har aldri kjent henne. Ja, Nils kjenner faren hennar, sjølvsagt.
Eg hadde ærend på apoteket, der eg var så heldig å bli ekspedert av Olav. Ikkje eit vondt ord om dei unge utanlandske farmasøytane, dei er kjekke, flinke jenter, men somme ting er det lettare å snakke med ein vaksen mann om. Og så mykje som vi handlar på apoteket føler vi at vi kjenner han. Eg fekk nesten alt eg skulle ha, berre ein ting mangla. Det får eg i morgon. Eg hadde heldigvis mykje att på resepten min. Eg skulle inn på "Mine resepter" og sjekke hin dagen, og der brukar eg bank I D-en min. Eg var ikkje sikker på kva passord eg brukte på den nettstaden, prøvde tre av dei vanlegaste passorda mine, men då låste "nøkkelen" seg, så eg må nok i banken og ordne opp.
Etterpå handla eg mat på Coop. Det var ein ting Nils hadde lyst på då han kom heim, og det var spekesild. Han og eg har aldri blitt enige om kva som høyrer til, eg er van med kålstuing, poteter og rødbetar, i Solund brukte dei rabbestappe. Eg har som regel fått viljen min, men sidan Nils ikkje kan fordra poteter lenger, laga eg rabbestappe i dag, med poteter i + meierismør og kremfløte. Det var godt, sa han, men sanninga er at ikkje noko smakar særleg godt for tida-for han. Eg har heller ikkje samme appetitt som før, men i dag vart eg stappmett.
Mens eg handla var Anne Elise hos frisøren, vi var ferdige om lag på samme tid. Eg må berre beundre Anne Elise. Der kjem eg med fire fulle nett med varer, og så spør ho: "Kvar er handveska di?"-Ja, kvar var den?. Jau den stod att inne på Amfi, eg hadde lagt den på ein benk mens eg ringde heim til Nils.( Ville berre forsikre meg om at det gjekk bra. )Eg såg veska med det same eg kom inn - og takk for det! Og takk til Anne Elise som var så observant!
Vi åt lunsj då eg kom heim, og så måtte vi kvile litt begge to. Etter at vi hadde ete middag, vart det litt høgtlesing. Eg les til Nils frå Hjørundfjordboka som han har fått av Torbjørn Urke. Det er ei fin bok. Det er fleire som har skrive om barndomsminna sine få fjorden, folk på vår alder og der omkring.
Etter kvart vart eg opplagd på å ta ein shining på kjøkkenet, det var lenge sidan sist, men så har det heller ikkje vore så stor aktivitet i det siste. I morgon blir det kanskje litt fredagsvask......
I dag fyller Erlend 13 år, og vi gratulerer. No er han stor gut og går på ungdomsskulen, eg synest det er positivt at barnebarna veks til-berre synd at vi blir gamle på samme tid.

onsdag, november 23, 2016

Dagbok 2016: 23.november

Her ligg "julegrana" nede.

Den stolte Hamsun-eika måtte gi tapt i dag.No får naboane sol på altanen sin og i hagen. Eika skygga bra så lenge lauvet var på.

Klokka er 19.10. Temperaturen ute er + 2 grader C, og i dag tidleg låg det litt snø på markane, det meste er borte no.
Når ein ikkje veit kva tid ting skal skje, så begynner ein kanskje å vente for tidleg. Eg begynte å vente på Nils med det samme eg var oppe, men han hadde no antyda lunsjtider. Heimesjukepleien skulle komme på samme tid. Eg hadde avtalt med Einar at han kunne komme innover også. Derfor hadde eg steikt kjøt, laga bruning og skrelt poteter i går.
Eg vart litt lei av å vente så eg ringde Nils, men han visste ingen ting. Straks etter ringde han og sa at drosja skulle komme klokka 14-eg såg at det vart for seint for Einar å komme innover,  han skulle ut att til ei bestemt tid, så eg sende melding til han. Drosja kom sjølvsagt ikkje då ho skulle, så det vart enda seinare. Drosjesjåføren hjelpte Nils inn, han gjekk trappa på eigne bein. Men han var sliten av venting etc. Middag ville han ikkje ha då, men så fekk han seg ei lita pause på datarommet og etterpå åt han middag i lag med meg. Eg vil ikkje seie at han sette pris på maten, men han åt den i alle fall. Det er ingen ting som smakar-særleg ikkje poteter.
Så kom det diverse telefonar etter kvart, blant anna ringde dei frå heimesjukepleien og spurde om det var greitt at dei kom i morgon, for dei hadde så mykje anna i dag/ kveld. Nils snakka med dei sjølv, og han sa det var greitt.No har dei lova å komme i morgon klokka 10. Eg må nedover i morgon for eg er heilt lens for medisin- til meg sjølv, og så er det diverse  anna vi må ha.Eg avtaler med ein nabo som også skal nedover og handle, så det går bra.
Nils er relativt bra, og han snakkar gjerne i telefonen. Vi håper å få ein rullator slik at han kan komme seg rundt i leilegheita utan mi hjelp. Og så må han trene litt. På sjukehuset trena han i korridoren.
Ein av naboane har fått felt to store tre i dag, ei gran og ei eik. Det var profesjonelle folk som ordna opp. Etter mi meining var der fleire tre som godt kunne ha vore vekk-så hadde vi fått betre utsikt. Eg var ut og tok bilde av eika før fallet, og då eg såg ut like etterpå låg treet nede.
I morgon er det Erlend sin fødselsdag- og då er det 1mnd. til julaftan.

tirsdag, november 22, 2016

Dagbok 2016: 22.november

Klokka er ca 21.00, temperaturen er +1 grad C og det regnar.
I dag har eg ikkje vore ute. Mykje av føremiddagen gjekk med til å få kontakt med heimesjukepleien. Eg ville vite om dei kom heim til oss i dag for å sjå kva som trengst av utstyr når Nils kjem heim i morgon. Snakka med Nils i telefonen mange gonger i løpet av dagen, og han sa at no var han FRISK.
Då eg endeleg fekk snakka med heimesjukepleien fekk eg vite at dei ville kome samtidig med Nils i morgon. Då leid det så langt på dag at det var ingen vits i å fare til Volda, men Margrete stakk innnom Nils etter arbeidstid.
Vart litt skeptisk då eg vakna med sår hals og tett nase i dag, ikkje på grunn av meg sjølv, tenkte meir på Nils som har hatt nok sjukdom om ikkje eg skulle smitte han. Eg er litt sår i halsen, men trur ikkje det er så alvorleg.
Eg ropte til Marit og ho var her ei stund og heldt meg med selskap. Elles er eg mykje på nettet. Og så går eg stort sett rundt og ber på to telefonar, og eit par gonger har dei ringt på same tid. Det er mange som spør etter Nils, og vi set sjølvsagt pris på at folk tenker både på han og meg. No håper vi på nokre gode dagar framover.
Eg har vaska klede og gjort litt husarbeid innimellom, men eigentleg har eg vent meg til eit latmannsliv mens eg har vore her åleine. Men så seier eg til meg sjølv at eg har no ikkje hatt ferie i år.
I dag fyller Rolf, bror til Nils, 75 år i dag. Han er dei yngste av dei fire søskena. Vi gratulerer han med dagen!
Eg hugsar så tydeleg den 22.november 1963. Då budde vi på Raudeberg og Solveig var berre nokre månader gammal. Ho låg på eit teppe på golvet og eg "leika" med henne. Kurér-radioen stod på. Då kom meldinga om at president Kennedy var skoten. Det året Solveig vart fødd, på Rolf sin fødselsdag-derfor hugsar eg dagen så godt.
No ser eg fram til at Nils skal kome heim att, og eg håper det går bra framover sjølv om han må ha litt hjelp.

mandag, november 21, 2016

Dagbok 2016: 21.november

Naboen bygger på-og mørkret er inga hindring. Sjekk julenissen.

Klokka er ca 19.30. Temperaturen er 0 grader C og det har vore lettskya og fint i dag også. Eg er glad så lenge vi slepp snø.
I dag før middag gjekk eg rundt meg sjølv, var spent på kva legane hadde sagt til Nils. Vi fekk faktisk ikkje vite så mykje nytt i dag. Infeksjonen er under kontroll, og Nils kjem seg til att. Men kreftlegen har han ikkje hatt kontakt med enno.Han blir utskriven frå sjukehuset komande onsdag, og ein sjukepleiar ringde og spurde kva hjelp vi trong-alle sjukepleiarane har spurt om det- og eg har svart at NILS treng hjelp. Han ville også vite diverse om korleis vi har det heime, eg sa at dei får kome frå heimesjukepleien og sjå på leilegheita og så får dei finne ut kva vi treng av hjelp og hjelpemidlar. No skal eg ringe heimesjukepleien i morgon tidleg å få ein avtale med dei, slik at det er klart til å få pasienten heim.
I dag gjekk eg ned på haldeplassen og tok bussen til Volda, det gjekk heilt greitt. Her i Starevegen var vegen berr og tørr, lenger nede var det glatt, og eg er forferdelig redd for å dette. Det er nok med ein pasient i familien, eg hadde heldigvis berekna god tid.
Margrete kom etter arbeidstid, ho køyrde meg heim, med eit lite stopp på apoteket.
Nils hadde fått steikt sei til middag, men var ikkje overbegeistra. Eg er litt skuffa over maten dei får servert. Det er sjuke folk, ofte medd dårleg appetitt, som ligg på sjukehus!
Eg gjekk bortom Torbjørn før eg gjekk i hus, skulle ev.avtale skyss med han i morgon for han skal til Volda. Men dei skulle fare allereie klokka 10, og eg må ordne med heimesjukepleien først av alt, så det spørs om eg ikkje vel ei anna rute. Eg har mange hjelpsame folk rundt meg -både slekt og naboar, så det ordnar seg nok.
Klokka var 18.30 før eg var heime, og då var eg svolten, hadde ikkje ete sidan frokost. Særleg var eg hungrig etter salt, noko som gjekk hardt utover sildegraset mitt. Og no går det snart utover brusflaska.

søndag, november 20, 2016

Dagbok 2016: 20. november


Klokka er ca 16.30, temperaturen ute er +2 grader C, men det er frose på vegane. Lettskya i dag og opphaldsvêr.
Etter å ha gitt opp å studere ørten bussruter, konsentrerte eg meg om Time-ekspressen som gårkvar time frå Volda til Kristiansund. Det er den vi har brukt til Åse. Fann ut at den som gjekk frå Ørsta ca 12.53 korresponderte med buss til sjukehuset, elles måtte eg vente til langt ut på ettermiddagen. Det er eit stykke å gå frå busstasjonen i Volda til sjukehuset, og eg visste ikkje om der var nokon som kunne hente meg. Eg gjekk heimanfrå i god tid, og var ikkje komen så langt før ein nabo nådde meg att; han og kona skulle til Volda på utstillinga på Gamlegymnaset. Så var det berre å sette seg til rette i ein flunkande ny raud bil og bli køyrt til døra på sjukehuset.
Nils var akkurat ferdig å ete middag, han hadde fått noko tørrsteikt kjøt med god saus til. Han trudde det var oksesteik. Men han hadde ete opp alt + kaffi og diabeteskake etterpå. Synest sjukehusmaten ser trist ut, men Nils vil ikkje at eg skal kome med anna mat, så då får eg berre lyde.
Eg var klar over at det var cup-finale, og den såg vi sånn delvis.
Eirik ringde og baud til å køyre meg heim, men eg ville berre ha skyss til bussen, og gå opp att frå haldeplassen, og slik vart det. Eg gjekk opp langs elva, for der er det ingen biltrafikk, trudde der var grusveg, men den er asfaltert no. Det gjekk bra sjøv om eg vart litt låk i hofta, noko som gjekk fort over. Så fekk eg ein tur ute i frisk luft i alle fall.
Nils kjem seg litt etter kvart, men blir veldig fort trøtt. I dag sa han noko som eg aldri trur han har sagt før: "Eg skal gjere slik som du sa..............." Nemleg slå av mobilen og legge seg til å sove.
Leigebuarane har sagt ifrå om at dei skal flytte denne veka. Når dei er vekk og har tatt med seg tinga sine, kjem eg til å fri til Einar, slik at vi kan få rydda litt her og der. Særleg i garasjen. Båten skal på land og heim. Håkon tek litt ansvar for det og så skal eg snakke med Jørn. Nils har hjelpt han mange gonger.
I dag var det ein ny sjukepleiar, som kjende meg frå Velle skule. Eg hugsar ikkje henne, men kjende broren betre, han hadde eg på kjøkkenet. Eg beundrar dei som tek sjukepleieutdanning-dei gjer ein fin og meiningsfull jobb.
No skal eg finne meg noko mat-det blir sikkert ein enkel rett- i dag også. Eg er ikkje den typen som kokar middag berre til meg sjølv.

lørdag, november 19, 2016

Dagbok 2016: 19.november


Klokka er snart 17.00. Temperaturen ute er + 3 grader og det har regna. Tidlegare i dag var det kaldare og de thadde frose på vegane. Ikkje godt å vite kvar og når det er glatt.
Når eg er heime åleine, legg eg meg seint og står heller ikkje opp tidleg. Men i dag fekk eg eit lite sjokk.Eg vakna mellom seks og halv sju, og såg at mobilen blunka på nattbordet. Eg sjekka og såg at det var Nils som hadde ringt. Eg tykte det var litt rart, så eg ringde ikkje tilbake, men la meg til å sove med mobilen i handa. Då eg vakna att var det ny oppringing frå Nils-utan at eg hadde høyrt ein lyd. Då torde eg ikkje anna enn å ringe tilbake, noko han ikkje sette pris på for han låg og sov, og han hadde ikkje ringt til meg. Forstår liksom ikkje kva som hadde skjedd.
Eg hadde avtale med Solveig og Øystein om at dei skulle plukke meg opp på veg til Volda, så eg stod klar då dei kom i 12-tida. Først var vi og besøkte Nils, så tok dei ein tur til Håkon og Birte, mens eg vart att hos Nils. Han var litt trøtt, han får ikkje sove så godt på sjukehuset, det er noko som skjer heile tida. Så no fann vi ut at han kan slå av mobilen når han vil ha fred, og sette den på når han vil vere tilgjengeleg. Han blir litt kvikkare for kvar dag, og infeksjonen har gått kraftig tilbake, men dei har ikkje greidd å finne ut kvar infeksjonen kjem frå. Han treng framleis ganske mykje hjelp, så om dei finn på å sende han heim, må vi ha hjelp av heimesjukepleien. Eg føler meg trygg så lenge han får vere på sjukehuset. Fekk melding frå han i 16-tida, då hadde han hatt seg ein god lur.
Eg handla litt mat på Kiwi i Volda, der Ingeborg har jobba, og Solveig lokka meg til å kjøpe eit glas med julesild, sidan eg ikkje et middag. Trur det må vere "fjellsild" for der var mykje tyttebær iblanda. No har eg forsynt meg av silda og eg trur det blir ein drikkfeldig kveld.Eg har fyrt godt i omnen og har bra. Om ei stund blir det kanskje noko å sjå på TV, men eg les like gjerne i Ketil Bjørnstads bok om "Syttitallet". Og strikkar litt.

Bok nr.72-2016: To komma åtte sekunder.


To komma åtte sekunder
To komma åtte sekunder» er en ny Svend Foyn-roman, hvor vi kommer tett på virkelighetens skyggesider.
Tønsbergadvokaten Svend Foyn blir overraskende oppsøkt av en kvinne han en gang hadde et forhold til. Amanda Riley er en målbevisst gravejournalist som kompromissløst jager sannheten om virkelighetens mørke sider. Hun vil at Foyn skal følge henne til København, hun skal treffe en kilde der, men føler seg utrygg. Og det med rette. Kilden dukker ikke opp, i stedet ender Amanda Riley død på bakken fjorten etasjer nedenfor hotellrommet der møtet skulle ha funnet sted.
Politiet avskriver hendelsen som selvmord, men Svend Foyn tror ikke på den forklaringen. Da han begynner å nøste i sakene Amanda arbeidet med, blir han trukket inn i et nettverk av svarte penger, prostitusjon, menneskehandel og drap. Og han føres på sporet av en hendelse i København for mer enn tjue år siden, et mystisk dødsfall det aldri er blitt gitt noen tilfredsstillende forklaring på.
«To komma åtte sekunder» er den sekstende frittstående romanen i serien med tønsbergadvokaten Svend Foyn i hovedrollen.
.....................................................
Sidan eg er mykje heime åleine for tida, blir det ein del lesing. Eg skal innrømme at det er vanskeleg å konsentrere seg, derfor er det lett å trive til  lett og useriøs litteratur. Eg har lese nesten alle Jan Mehlum sine bøker. Det er ikkje dei mest spennande krimromane, men eg likar språket og stilen i bøkene hans. Det er i grunnen mest derfor eg les dei.

fredag, november 18, 2016

Dagbok 2016: 18.november

Klokka er19.30, temperaturen ute er minus 1 grad C, det har vore skya men opplett i dag.
Før middag vaska eg  til helga, og så strikka eg litt mens eg høyrde lydbok. Eg hadde bestemt meg for å ta bussen til Volda i dag, men hadde inga aning om kor lang tid eg ville bruke på å gå ned til haldeplassen, så eg kom 20 minutt før bussen skulle gå. Eg kjøpte billett til sjukehuset, men då vi kom til haldeplassen i Volda var det stopp. Ikkje ALLE bussar køyrer opp til sjukehuset, og eg hadde valt ein som ikkje gjorde det. ja,ja, eg får sette det på taps-og vinningskonto. Omsider kom det ein lokalbuss som tok meg til sjukehuset, då var det ca 2 timar sidan eg for heimefrå. Tida betyr no ikkje all verda for meg. Margrete kom ei lita stund etterpå, og ho køyrde meg heim att, med eit lite stopp på Lefdal i Furene. Så skulle ho hente Amanda hos farmora og ta henne med heim.
Det var ikkje så store endringar med Nils, men dei jobbar no for å få han på beina. Eg var der mens han åt middagen sin-han prøver å ete om han slett ikkje han særleg matlyst. Eg hadde kjøpt meir taletid til mobilen hans, så no kan han ringe til den han vil.
Då eg kom heim tok eg ein tur til nokre naboar fordi Nils ville ha mobilnummeret deira. Det fekk eg, men då eg gjekk inn på datamaskina mi såg eg at eg hadde der frå før.
No har eg kvikt i omnen og har det varmt og godt, og så skal eg ete litt, har ikkje ete sidan frokost, men det er mykje att før eg blir mager.
Ønsker alle ei god helg, det gjeld å ta vare på alle gode dagar.

torsdag, november 17, 2016

Dagbok 2016: 17.november

Klokka er 19.45, temperaturen ute er +2 grader og det har stort sett vore opplett i dag. Men med finare vêr blir det kaldare. I dag hadde det snødd langt ned i fjella.
Eg har litt problem med å komme meg i seng om kveldane, klokka blir både 2 og meir, og så vaknar eg 7.30. I dag stod eg opp og sette på varmepumpa og gjekk og la meg att og sov eit par timar til. Eg har vore litt stressa siste dagane og hatt vanskeleg for å finne roa, så eg trong nok dei ekstra timane.
Sette ikkje i gang med noko særleg arbeid på føremiddagen, for Einar skulle hente meg før klokka 13.30. Han hadde eit anna oppdrag etterpå, derfor måtte vi fare bra tidleg til Volda. Eg var ein tur innom apoteket først.
Eg tykte Nils var litt kvikkare i dag, og i dag tidleg hadde han vore ganske frisk, sa han. Og han hadde fått i seg to brødskiver til frokost.Til middag skulle dei få fiskegrateng. Då vi kom var han begynt å bli trøtt. Sjølv om han har einerom er der aktivitet på sjukehuset heile natta, og dei kjem og ser til han ofte. Det er no bra, men det blir ikkje lange søvnperiodar. Han har vore van med å sove mykje no han har vore sjuk, all medisinen gjer også sitt til at han blir trøtt, då han var heime låg han også og døsa litt innimellom.
Margrete kom innom ein tur også, etter arbeidstid.
Då eg kom heim åt eg meg godt mett på brødskiver med fiskepudding og rekesalat, lenge sidan eg har laga meg særleg mat her heime.
Elles har eg strikka litt, og lese i lydboka. Eg fyrte godt i omnen og sovna med bok på øyret. Det er veldig lenge sidan eg har sove "middag".
Planane for morgondagen er enno ikkje i boks. Eg må handle eit par ting å ha med meg på sjukehuset, så eg må ha ein agenda.

Bok nr.71 - 2016: Verdens beste bygd.


Verdens beste bygd
Med sin utrolige fantasi og medrivende fortellerevne bringer Paasilinna leseren inn i en framtid som kan ha mer til felles med virkeligheten enn vi liker å tro.
Asser Toropainen ligger på dødsleiet med dårlig samvittighet etter å ha satt fyr på flere kirker. Nå vil han at barnebarnet Eemeli skal gjøre opp for hans synder ved å grunnlegge en Dødskirkestiftelse og bygge en kirke i stedet for de han har brent. Den fantastiske stavkirken lokker til seg alle slags mennesker, og etter hvert utvikler et underlig lite samfunn seg.
Og mens Europa går til grunne og USA drukner i sin egen skit, bryter verdenskrigen ut. Forholdene er ikke ideelle i Finland heller, men livet i det lille kirkesoknet ved Ukkosjøen preges av langt mer fornuft, selv om Eemeli får nok av problemer på nakken.
........................................................................
Eg har lese mange av Paasilinna sine bøker og likt dei fleste. Men denne blei for tøvete, så eg gjekk lei før eg var ferdig.Margrete har skrive om boka før.

onsdag, november 16, 2016

Dagbok 2016: 16.november

Klokka er19.35, temperaturen + 4 grader og det har regna i heile dag. I dag har eg vore relativt aktiv på heimebane, fått rydda, støvsuga og vaska klede blant anna.
Solveig ville innover og besøke Nils no på sein ettermiddagstid, og plukka opp meg på vegen.
Barnebarna i Volda hadde besøkt han tidlegare i dag. Han set pris på KORTE besøk, for han er veldig redusert. No har eg ikkje fått snakka med nokon lege, men fekk litt orientering av ein sjukepleiar. Ho kunne fortelle at han har ein infeksjon i kroppen, han hadde nesten 40 i feber då han vart lagt inn mandags natta, men då ho målte mens vi var der var tempen under 38 grader, då hadde han fått to Paracet..
Verken Solveig eller eg var særleg nøgde med tilstanden hans, men vi håper dei får bukt med infeksjonen. Vi trur framleis at han fekk den i samband med influensavaksinen. Sjukepleiaren lova at dei ikkje skal skrive han ut før han er nokonlunde frisk. Eg kjenner meg relativt trygg så lenge han er på sjukehuset-men hadde håpa på litt meir framgang. Det positive var at han hadde ete litt fisk til middag i dag, men poteter orka han ikkje. Eit lite/stort lyspunkt er det at han ikkje har smerter. Det som gneg meg er at vi ikkje fekk han inn på sjukehuset før, men det er ikkje berre vår skuld.
Eg skal bort i morgon igjen, då blir det truleg i lag med Einar.
Eg fann ein ladar til mobilen som han kan bruke der borte, men så må eg hugse å kjøpe ringetid i morgon-vi har korttelefonar. Det er best at HAN ringer, for han er ikkje alltid i form til å prate. Og han søv og døser mykje.
Eg håper eg kan komme med ein meir positiv rapport i morgon.

tirsdag, november 15, 2016

Dagbok 2016: 15.november



Klokka har allereie passert 21.00 , dagane går veldig for anten det skjer noko eller ikkje. No er det + 7-8 grader ute og det har regna meir og mindre i heile dag.
Det er mange som ringer eller skriv og spør korleis det går med Nils. Han er ein populær kar her i gata og har veldig mange venner og kjende i heile bygda, og så er det slekta sjølvsagt. Eg har løyve frå pasienten til å skrive om han på bloggen, så det gjer eg.
Eg vart noko rastlaus etter at ambulansen hadde køyrt vekk i går, og det gjekk eit par timar før eg greidde å finne roa og legge meg. Sov ikkje så lenge utover morgonen heller, men låg ei stund på trass.(Etter at eg hadde vore oppe og sett på varmepumpa).Å ete frokost åleine er eg blitt vant til.
Så ringde fastlegen til Nils og beklaga det som hadde skjedd, han hadde ikkje fått brevet før i dag. Ein nabo stakk innom og det sette eg pris på. Eg hadde avtale med Einar at han skulle hente meg og så skulle vi besøke Nils. Eg sende ei melding til Nils på mobilen, men han hadde ikkje brillene med seg så han ringde tilbake. Eg ville vite kva eg skulle ta med til han, og så fekk eg vite kva etasje han heldt til m.m.
Einar kom som avtalt og så stoppa vi ved legesenteret fordi dei ville ha ei liste over kva medisinar Nils brukar, det hadde vi tenkt på sjølve, men i tillegg ringde dei frå sjukehuset.
Det var godt å ha Einar med seg, for han er kjend på sjukehuset og med rutinane der. Nils var plassert på gangen i 4.etasje, men ei lita stund etter vi var komne fekk han flytte inn på eit lite koselig einerom. Han fortalde at dei hadde halde det gåande med undersøkelsar og prøver etc. heilt til klokka 5 i dag tidleg, og så hadde han lege på gangen heile føremiddagen, så han var ganske trøtt og sliten. Likevel såg han betre ut enn han har gjort dei siste dagane han var heime. Han fekk diverse "drypp" inn i handa, men såg ut til å ha det ganske bra. Berre det å ha ei seng som kan heisast opp i hovud-delen er eit pluss når ein vil sitte i senga. Trur vi må kjøpe oss slike senger heime. Ei av veninnene mine gjorde det då mannen hennar vart sjuk. Eg er så glad for at han fekk komme på sjukehuset og få skikkelig stell, det makta eg ikkje å gi han heime, dessutan er det medisinen.Eg har tru på at dette skal gå bra.
Då vi hadde vore der ei lita stund, ringde Margrete, og så kom ho også oppom. Men det varte ikkje så lenge før Nils begynte å geispe noko forferdelig, ikkje rart etter ei slik natt og dag. Så vi forstod at det var greitt at vi gjekk. Eg spurde Margrete og Einar om dei ville vere med å ete middag på Kina-restauranten, og det ville dei. Vi hadde ei avslappande og koseleg stund der. Kina-dama spurde etter Nils og vart veldig sjokka då ho høyrde at han låg på sjukehuset.
Einar køyrde meg heim, og sidan har eg gått her og sosa;  rett som det er må eg innom FB, så har eg rippa eit par bøker og strikka litt. Eigentleg er det klesvask som står på programmet, men det tek si tid når ein må tørke i trommel, og eg ikkje kan bruke trommel og vaskemaskin på samme tid.
Ellen Marie ringde og vi hadde ein lang prat om laust og fast. Ingeborg ringde også, så eg får ikkje tid å føle meg einsam. Takk til alle som bryr seg! Eg kan berre skryte av at vi har ein god familie, gode naboar og andre venner. Det betyr mykje for oss
No har eg ei maskin med klede som skal over i trommelen, så då blir det ein tur i kjellaren igjen.
Takk til Oddrun og Kjartan med fam. for den nydelige duftranken.Synd at de ikkje kan kjenne lukta.(Men det kan eg.)



mandag, november 14, 2016

Dagbok 2016: 14. november. Nils 80 år.


Klokka er 23.00, temperaturen ute er + 9,4 grader C og det regnar litt innimellom.
Dette vart ei noko spesiell fødselsdag, både for 80-åringen og oss andre. Nils var ikkje betre i dag, så eg skreiv eit brev til fastlegen om korleis stoda var, og bad han kome på heimebesøk eller i alle fall ringe. Utanpå konvolutten skreiv eg HASTAR. Eg leverte brevet i luka på legesenteret og presiserte at legen skulle ha brevet med ein gong. Eg fekk sitte på med ein nabo nedover, men gjekk opp att.(Naboen skulle til Ålesund) Timane gjekk og vi høyrde ingen ting frå fastlegen.
Etter at eg hadde vore nedover og handla i lag med ein annan nabo, var Margrete her då eg kom heim. Ei stund etter at ho hadde reist , kom Solveig. Dei to systrene hadde bestemt seg for å gripe inn. Etter at Solveig og eg gav fastlegen litt tid å gå på, ringde Solveig legevakta, og etter enda ei stund med venting kom ein ung lege på døra. Vi fekk han på trua om at Nils måtte få komme på sjukehuset, og at han måtte fraktast på båre. Det sa han sjølv. Han har ikkje kome seg fram or senga siste par dagane. Men Ambulansen har andre oppdrag, så dei kunne ikkje kome før i 12-1 tida. Så Solveig måtte reise ut att. Det er heilt greitt, vi klarer oss åleine ei stund, men jammen er det godt når storesysta lagar veg i vellinga. Stor takk til Solveig.No er det berre å vente på ambulansen! Eg har kunngjort det på FB så ikkje naboane skulle bli skræmde.
I dag har eg ikkje "gjort" noko, men her har vore mange innom med gåver og blomster. Feiringa er utsett på ubestemt tid. Takk til alle som har hjelpt oss i dag og andre dagar. I morgon er planen at Einar skal komme innover og så skal vi besøke Nils. Håper han får hjelp til å komme seg på føtene att-bokstavleg talt.
Klokka 00.10.

søndag, november 13, 2016

Dagbok 2016: 13.november.Farsdag



Klokka er 17.15, og det er bekmørkt ute.Det går ei stund før ein blir van med desse tidlege kveldane. Temperaturen er + 4 grader, litt kaldare enn i går altså. Det har regna litt av og til, men vi har også sett sola. Eg har fått nokre pappbriller med naboen, som eg kan sjå rett på sola med, då såg den mest ut som ein måne, men det var lett å sjå kor mykje av sola som eigentleg var bak fjellet. Apropos, så har vel alle fått med seg at det skal vere supermåne i morgon?
Elles er det ikkje mykje nytt her i huset. Nils ligg i senga heile dagen, slapp og kraftlaus, det er så trist å sjå. Eg er sjølvsagt inn til han både titt og ofte, men han vil ikkje ha for mykje "mas". Dessutan vil han ha det kaldt på rommet. Men han har den store ku-bjella si innan rekkevidde, den som Svein reparerte, så han kan ringe på den når han vil at eg skal kome.
Når situasjonen er slik, så må eg gjere noko fysisk, så eg ikkje blir sittande å deppe.
I dag hadde eg ein dunge med klede som skulle strykast.Då det var gjort gjekk eg bokstavleg talt på veggane. Eg vaska veggane i gangen, hadde ned alle bilda og pussa glasa etc. Det var vel nærmast kattavask-men kor skitne kan veggane i gangen bli ?

For eit par- tre dagar sidan koka eg ein kaloririk graut til Nils, som han ikkje åt. Dei kaloriane må eg forbrenne sjølv, men eg treng dei kanskje no når det er dårleg med matstellet i heimen.

Buketten på bildet fekk vi frå Elle Marie, John Per og Kari, den liknar på den som Ingeborg sende. Levert frå samme butikk.

På bildet under kan de sjå det store eiketreet som no skal vekk.Det har si historie. Det stammar frå Knut Hamsun sin gard på Sørlandet, og heiter Hamsun-eika. Naboane våre får heile hagen sin mørklagt når det er lauv på treet, og skygge på altanen, så dei ser fram til at den skal vekk Den store fine grana skal også ned. Elles har vi bra utsikt frå altanen no når lauvet har falle av trea.
Sjå kor fin skråninga vart etter at Gudmund bioklipte lauvet vårt.





lørdag, november 12, 2016

Dagbok 2016: 12.november

Klokka er 17.15, temperaturen er + 7 grader og det regnar lite grann. Det har vore ein mild dag, og mest opplett.
Her i heimen er stoda om lag som før. Nils har lege nesten heile dagen og er like slapp som før, han får i seg akkurat såpass mykje næring at han ikkje svelt i hel. Dette er ikkje kjekt, og viss han ikkje er betre over helga, trur eg vi skal snakke med fastlegen. Han har ikkje feber. Det er veldig trasig at denne dagen skulle bli slik i staden for det som var planlagt.
Han har alt fått mange blomsterhelsingar og gåver  sjølv om dagen ikkje er før mandag. I morgon er det farsdag også. Eg har ikkje kjøpt verken gåver eller noko anna, for eg har ikkje vore på butikk sidan tysdag.
Heldigvis har vi gode naboar, ein av dei henta kaka eg hadde bestilt. Den sette eg rett i frysaren.
Eg gjekk her og styrte litt f.m. og så såg eg at naboane i vest var komne ut med plenklippar og rive for å få bort lauvet. Det kunne eg også gjere. Sist eg hadde ute klipparen var det så frose at eg berre fekk tatt lauvet oppe på plenen. Men eg hadde lyst å ta skråninga også. Då kom Gudmund og sa at det kunne han gjere. Solveig (kona til Gudmund) hjelpte meg å rake i hop lauvet og så knuste Gudmund det med bioklipparen, så no ligg det som gjødsel på marka. Det var fort gjort og sparte meg for mykje slit. 
Elles finn eg på diverse huslege aktivitetar, har laga meg til ein haug med strykeklede, men eg veit ikkje om det blir i dag eg tek den.
På vegner av Nils vil eg takke for alle blomsterhelsingar og andre gåver.
Håper alle får ei god helg! (Gløymde å skrive det i går, som vanleg) Og her ser vi fram til at dagane skal bli litt betre.

fredag, november 11, 2016

Dagbok 2016: 11. november

Klokka er 17.00, men det er mørkt ute. Temperaturen er +5-6 grader C og det regnar litt. Kan ikkje seie at eg likar regn, men eg likar mildvêret.
Nils har lege i heile dag, men han er ikkje så kvalm lenger, og han har ikkje feber. Men så lenge han er så slapp, har han det best i senga. Eg er no inne og pratar med han innimellom.
Eg har hatt ein del ute- og garsjearbeid i dag, i tillegg til klesvask etc. Men det er sjauararbeid eg likar best. No når Nils ligg til sengs overtek eg arbeidsoppgåvene hans også. 
Det er til dømes eg som fyrer i omnen. Men eg hadde litt problem med opptenningsved. Fekk ikkje til å hogge sund kubbane, dei var tørre og harde, og øksa var sløv. Så kom eg på at eg kunne rigge opp vedkløyvaren og finkløyve med den. Det gjorde eg fort og greitt, tok ein sekk oreved og splitta opp. Eg likar så godt å kløyve ved med vedkløyvar ! Mindaugas kom inn i garasjen og prata då han kom frå arbeid, og fortalde at dei truleg skal flytte i veke 47, han hadde sendt melding til Nils på data, men den meldinga kan vi ikkje finne.
Elles har eg rive vekk blomkarsen frå garasjeveggen, vi plar vente til den er tørr, men i fjor kom snøen og den hang der heile vinteren, så det ville eg ikkje risikere i år. Ofte har eg brukt blomster frå blomkarsen og pynta med til Nils sin bursdag- då har det vore milde haustar. Der er så mykje frø i beddet at blomkarsen sår seg sjølv frå eine året til det andre. Raka litt lauv også, men måtte gi meg då det begynte å hagle.
Det var så godt å komme seg ut og jobbe litt i dag, det er trasig å sitte inne når Nils ligg til sengs. Han kjem vel til å stå opp før TV-programma tek til. Han har heldigvis ikkje vondt.Men eg synest det er trist at han vart så elendig no når vi tykte det gjekk så bra.Det er nok vaksinen si skuld.
Det kom ei dame på døra med ein fin bukett frå Ingeborg, det er den de ser på bildet. Den er frå "Sissels blomster" her i Ørsta. Men Ingeborg er i Oslo, ho kjem ikkje heim før til jul.(Fargane blir litt feil når ein brukar blitz).
Eg er lens for lesestoff. Har ei bok som eg høyrer på innimellom, men den fenger ikkje. Må ha meg ein tur på biblio.
Gjorde ferdig eit lestepar i går, så no må eg sjå kva eg har av garn.....har nokre par som skal "oppattespøtast"!
No kom det to blomstersendingar til på døra, frå søskena til Nils og frå søskenbarnet Helga.

torsdag, november 10, 2016

Dagbok 2016: 10.november.

Klokka er 20.40, temperaturen ute er minus 3 grader C, og det har vore enda ein finevêrsdag. Rett nok litt skya, så eg har ikkje heilt kontroll på kva tid sola kom og fór. Men ein ting er sikkert-ho var lengre bak hornet i dag enn sist eg sjekka.
Eg hadde håpa på at Nils skulle vere betre i dag, men det var han ikkje. Han har lege det meste av dagen, og har problem med å få i seg føde. Så no er vi der igjen. Vi håper det er reaksjon på vaksinen og ikkje noko anna, det var jo den dagen han vart vaksinert han fekk tilbakefallet. Eg merka ingen ting.
Så var det kanskje dumt å ta vaksinen akkurat no. Men vi fekk streng ordre med legen på Åse då vi var der om fredagen. Nils hadde time hos fastlegen tysdagen etterpå, og han sa vi skulle komme same dagen. Så slik vart det. I dag såg eg ikkje anna råd enn å utsette feiringa av 80-årsdagen på ubestemt tid. Det var med tungt hjarte eg gjorde det.
Sidan det var så fint vêr, hengde eg ut sengkleda i dag-det blir kanskje lenge til neste gong det blir høve til det . Eg bytta på sengane og vaska soverommet, badet og kjøkkenet, slik eg plar gjere om torsdagane.Og så har eg kjørt eit par klesvaskar i maskina. Matlaging blir det veldig lite av.
Men eg har hogge litt ved og fyrt i omnen. Eg likar å ha noko å styre med.
Elles har eg lese litt, sett litt TV og strikka.Har ein lest som eg håper å gjere ferdig i løpet av kvelden.
Håper Nils greier å vere oppe ei stund i kveld også, i går kveld låg han stort sett og sov på sofaen, men han var her no.

onsdag, november 09, 2016

Solveig si blomstereng.

Ikkje alle vennane mine er på FB. Dei andre må også få sjå teppet som Solveig har hekla. Her skal vere 21 X 25 blomster+ halve på langsida. Her er ikkje to blomster som er heilt like.

Bok nr.70 - 2016: Sekstitallet.


Verden som var min. Sekstitallet


Hyllet og kritikerrost! Ketil Bjørnstads personlige erindringer om et tiår som forandret verden.
Det store sekstitallet og den lille familien. I «Verden som var min. Sekstitallet» forteller Ketil Bjørnstad sin egen historie opp mot den tiden han levde i. Det er en storstilt og varm fortelling om et tiår som forandret verden, 1960-1969, som starter med frykten for atombomben og verdens undergang, og som ender med studentopprør, frigjøring, månelanding og forfatterens eget farvel med den barndommen og oppveksten som formet ham.
Familien Bjørnstad lever sitt liv på forskjellige steder i Oslo. Begge foreldrene arbeider hardt, og den yngste sønnen formes både av storpolitikken og av morens og farens private valg, deres sorger, krangler og gleder. Ennå er det mye unge Ketil ikke skjønner. Han er full av drømmer og gryende begjær. Han er sulten på livet, samtidig som han ønsker å gjemme seg bort. Han liker tapere bedre enn vinnere, og han er skeptisk til autoriteter. Dessuten leter han etter det trygge stedet der moren og faren ikke vil skille seg, der han slipper å delta i pianokonkurranser, og der han kan fortsette å drømme om jenter.
.........................................................................
Det har tatt lang tid å lese denne boka , fordi den er på heile 22 CD-plater, og fordi eg har styrt med andre ting.
Men eg har likt boka. Eg har fått repetert av mykje av det som skjedde på 60-talet, noko som også har lokka fram minne frå mitt eige liv. Eg hugsar godt kvar eg var då Kennedy vart skoten, då Sonja og Harald gifta seg og då dei første menneska landa på månen, berre for å nemne noko. det som er litt skræmande er at situasjonen på 60-talet på mange måtar liknar den vi har i dag. 
Boka er svært lettlesen, men eg kunne tenkt meg ein annan opplesar.
Eg synest boka er vel verd å lese.

Dagbok 2016: 9.november

Klokka er 17.40, temperaturen ute er minus 5 grader C og vi har hatt enda ein dag med sol og fint vêr.
No har Nils kveikt i omnen så vi har det skikkelig varmt og godt inne. Han ligg på sofaen og er ganske sløv. Vi håper det er ein reaksjon på influensavaksinen, og ikkje ein permanent tilstand.Han har ikkje appetitt, men heller ikkje feber. Sjølv merkar eg ingen ting av vaksineringa, men eg er låk i hofta igjen og kneet. Truleg fordi eg har site for mykje i ro i dag. Eit kvart skal det no vere heile tida.
I dag har eg vore på venninnebesøk. Vertinna, som nyleg har fylt 70, er frisk og sprek, elles var det litt av kvart som feilte dei andre av oss. Ja, ein tenker vel ikkje at det skal vere slik å bli gammal? Men mange gamle er jo friske og spreke heldigvis.
Eg blei henta og bringa av mannen til Ragnhild, så det var bra sørvis.
Vi sat ikkje oppe og såg valkamp sist natt, men det gjekk slik som eg spådde-Trump vann. Ikkje fordi dei ville ha han, men dei ville heller ikkje ha Hillary. Det forstår eg godt. Mange i Amerika, særleg dei fattige, vil ha "forandring" -og då har dei trua på Trump. Hillary representerer vel det tradisjonelle. Eg ville ikkje hatt nokon av dei.
Eg var i selskap frå kl.13-16. Fekk gjort litt husarbeid først på dagen, elles har eg ikkje gjort noko.
No håper vi på at Nils skal komme seg til att om ikkje altfor lenge.Torbjørn var på besøk til han mens eg var vekke.

tirsdag, november 08, 2016

Dagbok 2016: 8. november

Klokka er 15.00 og sola skin framleis inn stoveglasa, ho kom i 9.30 -tida i dag. Og himmelen er framleis utan ei sky, marka utan snø, men litt rim får vi finne oss i. Det var kaldt sist natt, men no er det berre minus 2 grader på trappa vår.
Vi har hatt ein aktiv føremiddag, så Nils måtte legge seg nedpå litt, derfor skriv eg blogg litt tidlegare enn vanleg.
Nils hadde legetime klokka 9.00, så vi var relativt tidleg oppe. Mens han var vekke fekk eg dusja og vaska håret- blant anna. Han kom att med enda ein sjukdom som han skal ta medisin for, no var stoffskiftet litt for høgt. Det er gjerne slik at det eine dreg det andre med seg. Tek ein medisinar har det gjerne bivirkningar.
Vi hadde planlagt ein handletur i dag. Vi starta på Kiwi, men så måtte vi innom legesenteret igjen, for vi skulle begge ha influensavaksine. Det har vi aldri før tatt, men no var det etter ordre frå kreftlegen.(Eg har sagt det til Nils før, men høyrer han på meg ?) Vi måtte sitte på venterommet i 20 minutt etter at vi hadde tatt sprøytene, men vi finn alltid nokon å prate med same kvar vi er-akkurat der er vi like.
Vi var på El-kjøp og handla kaffi før vi hamna på Amfi. Nils handla medisin, eg mat, som vanleg. Eg spanderte napoleonskake og kaffi på oss. Nils plar like slike, eg likar betre andre kaker. Men i dag syntest Nils det blei vel mykje melisglasur, mens eg åt opp min.Vi fann mange kjende å prate med; folk har begynt å lure på korleis det er med oss sidan vi er så sjeldan å sjå på Amfi. I dag vart vi sett av mange.
Eg kjøpte litt pinnekjøt i ein pakke, for å få god kraft til ei suppe. Det står på kok no.
Før eg gjekk i hus såg eg mitt snitt til å få fjerna litt lauv frå plenen, så eg sette i gang grasklipparen. Med litt hjelp av riva fekk eg fjerna det meste, men det som ligg nede i skråninga får berre ligge så lenge.


mandag, november 07, 2016

Dagbok 2016: 7.november

Rasmus Martin Elias Trovåg,  faren til Nils

Klokka er 18.00. Temperaturen på trappa er minus 6 grader C. Det har vore ein nydeleg dag her hos oss, med sol frå morgonen av og til ca kl.16.00. Den vart borte bak Melshornet nokre minutt rundt klokka 12.00. Sola varmar godt inne i huset, så vi slår av pumpa nokre timar.
I dag har det vore ein laber dag. Vi har knapt vore ute for døra. Nils var sjaber før middag og måtte legge seg nedpå att etter frokost. Eg nytta høvet til å støvsuge alle teppegolva, det vart ikkje gjort førre veka.
I morgon skal Nils til kontroll hos fastlegen, til tross for at han har vore innom i andre ærend fleire gonger i det siste. Då skal eg ta ei runde på byen og ordne  med ymse innkjøp og bestillingar. Eg får legge ein plan i kveld. Onsdag er eg invitert til lunsj hos ei veninne.
Elles har eg ikkje gjort mykje i dag. Når Nils er oppe blir det til at vi sit mykje og pratar. Pratar i telefonen gjer vi på skift; i dag ringde Ellen Marie som har vore på tur til Barcelona med rullestol. Ja, dei tok fly ned altså, men heile byen var veldig godt tilrettelagd for rullestolbrukarar. Turen var bestilt lenge før ho braut foten.
Nils har prata med systra si, blant andre, ho skulle ta stæroperasjon.
Vi hadde nok fiskesuppe til i dag også, av den eg laga i går. Det går ikkje med så mykje middagsmat her i huset som det brukte å gjere før.
Eg måtte legge opp eit nytt spøt, dvs eit nytt lestepar. Eg strikka mens eg høyrde bok på data. Eg får vondt i hofta når eg sit, så det er noko av det dummaste eg kan gjere, men det er litt surt å legge seg rett ut også. Alternativet er å stå....
Eg skal innrømme at eg saknar hagearbeidet og plenslåtten, men det er ei tid for alt. Og no er det snart til for å ha kleda frå vaskemaskina over i tørketrommelen. Dagane er korte no, så ein kjem i kveldsmodus før ein får sukk for seg.
I dag er det fødselsdagen til Rasmus Trovåg d.e. Han vart fødd 7.november 1909. Nils er født den 14.nov. og broren  Rolf den 22.nov., så der var det ikkje langt mellom fødselsdagane.

søndag, november 06, 2016

Dagbok 2016: 6.november


Klokka er 20.00. Temperaturen ute er minus 3 grader C. Vi stressa ikkje med å stå opp i dag, for ikkje ante vi kor fint det ville bli. Då eg kom inn på stova skein sola inn glasa, og himmelen var utan ei sky. Og eg sluttar aldri å fryde meg over at vi bur på solsida-; første fem åra i Ørsta var vi i skuggelandet.
Vi hadde ingen planar for dagen, og det var like greitt, for Nils var ikkje i storform, og ikkje eg heller. Ja, eg har no berre den hofta, og det er no ikkje så farleg. Eg må berre passe på å ikkje sitte for mykje.
Men det er alltid litt å styre med i eit hus. I dag bestemte vi oss for tidleg middag; Nils ville ete fiskesuppe viss eg laga det, sa han, så då gjorde eg det. Har eit lite lager i frysaren av diverse matrettar, deriblant fiskebollar frå Volda fiskemat.
Etter vi hadde ete, kvilte vi litt, til Håkon ringde. Dei var på veg inn til Rjåneset, og avtalen var at vi skulle komme ut med vår bil og hente teinene, for dei går ikkje inn i Håkon sin bil. Dei hadde fått ein fin lyr, og ein heil del krabbar. Sidan dei skulle til Hareid anbefalte vi at dei tok med fangsten dit. Her går det ikkje så mykje slik mat no. Det var fint på Rjåneset i dag, og då vi kom heim att hit i 15.30- tida skein sola framleis, og ho forsvann ikkje bak Melshornet i 12-tida heller.
Etter at vi hadde drukke kaffi og slappa av litt, laga eg ei kake som no er komen i frysaren. Eg likar ikkje å bake, det blir så mykje rot og styr, men eg fekk no vaska opp og rydda etter meg. Som de ser skjer det ikkje så mykje, og vi slappar av rett som det er. Det har med alderen å gjere -blant anna.
Ønsker alle yrkesaktive lykke til med ei ny arbeidsveke. Og pensjonistane kan berre halde fram med å slappe av. Rosene som vi fekk av Kari og Kåre står minst like fine enno.


lørdag, november 05, 2016

Dagbok 2016: 5.november

Klokka er 20.00, temperaturen er + 4 grader C og det har vore overskya og opplett i heile dag.
Det vart litt "dagen derpå" i dag. Nils var trøtt og sløv på føremiddagen, og sjølv har eg vondt i hofta. No håper vi på at begge deler er ein reaksjon på all sittinga etc. i går. Eg har vore så bra i hofta i heile sommar og haust, heilt til regn og kulde overtok etter finevêret. Eg skriv ikkje dette for å syte, men som ei forklaring på kvifor eg ikkje er heilt oppe og står for tida.
Nils la seg nedpå og kvilte litt før middag, eg gjorde diverse småjobbar både ute og inne, før vi kom så langt at vi kjørte ned på Kiwi for å handle det vi gløymde i går.
Då hadde Birte og Håkon vore her og henta agn til teinene.
Då vi kom ned på butikken, ringde Amanda. Dei var i Ørsta og ville komme oppom om ei stund. Eg handla ferdig og då vi kom ut møtte vi Solveig, som også var på handel i Ørsta. Etter kvart var vi alle samla i Starevegen, og Eirik kom også oppom etter arbeidstid.
Solveig hadde laga ei skål med "Tilslørte bondepiker" som vi åt til "lunsj". Eg baud til å finne fram "skikkelig" mat, men då fortalde Margrete at dei skulle ete saudehaud til middag, så dei måtte ha appetitten i orden. Håkon stakk innom, det var dårleg med fangst i dag, men dei hadde sett ut att teinene.
Vi har altså hatt mykje besøk i dag, og etter at vi igjen var her åleine, måtte eg pøse på med smertestillande tablettar (som ikkje virka noko særleg) og legge meg på sofaen med lydbok. No må eg sjå til å lage litt skikkelig mat til oss to- og håpe at helsa blir likar` i morgon. Trur ikkje eg skreiv :God helg! i går, så då gjer eg det no.
GOD HELG !

fredag, november 04, 2016

Dagbok 2016: 4.november

Den kvite novemberkaktusen.

Klokka er 16.15, temperaturen er + 4 grader ,det er overskya og opplett.Det er ikkje heilt lyst ute lenger.
Dette var ein spennande dag for oss. Vi skulle til Åse sjukehus og få vite resultatet av prøver, CT m.m.
Vi tok bussen frå Ørsta klokka 11.10 og var på sjukehuset i god tid før vi hadde time klokka 13.00. Legen var veldig presis, så vi rakk å ta bussen heim att kl.13.23. Og vi fekk gode meldingar, og takk og pris for det. Dei hadde ikkje funne noko gale på CT, ingen spreiing til andre organ med andre ord. Ho var førnøgd med at Nils hadde lagt på seg 5 kilo sidan sist og tykte han såg betre ut. PSA-verdiane hadde gått litt ned, det er teikn på at medisinen han får no verkar. Vi er glade og letta for at det ikkje har skjedd forverringar.
Vi fekk forresten ordre om å ta influensavaksine begge to. Det har vi aldri gjort før.

Elles vil eg skryte av dei nye behagelege bussane og dei flinke bussjåførane.Eg har ikkje vore glad i å reise med buss før, men no nyt eg det. Og billeg for pensjonistar! Nils og eg kjem oss til Åse og tilbake for 300 kr-og då er ferjepengane med i prisen.
Når eg skriv så utførleg om helsa til Nils er det fordi eg veit at mange lurer på korleis det går, og derfor les bloggen min.

Då vi kom tilbake hit, var vi innom Coop og handla det meste av det vi treng til helga-litt blir det vel i morgon også. Nils har lagt seg i reclinaren for å kvile seg litt, han sov ikkje godt sist natt.
Eg har handla inn og har som plan å lage litt Taco, Nils plar like det, men appetitten er enno ikkje på topp.
Håkon er truleg ute med båten, men vi veit ikkje om Birte er med.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...