lørdag, november 12, 2016

Dagbok 2016: 12.november

Klokka er 17.15, temperaturen er + 7 grader og det regnar lite grann. Det har vore ein mild dag, og mest opplett.
Her i heimen er stoda om lag som før. Nils har lege nesten heile dagen og er like slapp som før, han får i seg akkurat såpass mykje næring at han ikkje svelt i hel. Dette er ikkje kjekt, og viss han ikkje er betre over helga, trur eg vi skal snakke med fastlegen. Han har ikkje feber. Det er veldig trasig at denne dagen skulle bli slik i staden for det som var planlagt.
Han har alt fått mange blomsterhelsingar og gåver  sjølv om dagen ikkje er før mandag. I morgon er det farsdag også. Eg har ikkje kjøpt verken gåver eller noko anna, for eg har ikkje vore på butikk sidan tysdag.
Heldigvis har vi gode naboar, ein av dei henta kaka eg hadde bestilt. Den sette eg rett i frysaren.
Eg gjekk her og styrte litt f.m. og så såg eg at naboane i vest var komne ut med plenklippar og rive for å få bort lauvet. Det kunne eg også gjere. Sist eg hadde ute klipparen var det så frose at eg berre fekk tatt lauvet oppe på plenen. Men eg hadde lyst å ta skråninga også. Då kom Gudmund og sa at det kunne han gjere. Solveig (kona til Gudmund) hjelpte meg å rake i hop lauvet og så knuste Gudmund det med bioklipparen, så no ligg det som gjødsel på marka. Det var fort gjort og sparte meg for mykje slit. 
Elles finn eg på diverse huslege aktivitetar, har laga meg til ein haug med strykeklede, men eg veit ikkje om det blir i dag eg tek den.
På vegner av Nils vil eg takke for alle blomsterhelsingar og andre gåver.
Håper alle får ei god helg! (Gløymde å skrive det i går, som vanleg) Og her ser vi fram til at dagane skal bli litt betre.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Vi tenkjer på dykk kvar dag. Trist at Nils skulle bli dårleg av influensavaksina, men bursdagen kan de ta igjen når han blir betre - og då tek vi ein Ørsta-tur. Bra at du har fått ordna i hagen før vinteren set inn. Vi har kosa oss med finalen i "Skal vi danse" i kveld. Dei tre finalistane var utruleg flinke, men sjåarane ville at "Farmen-Eiliv" skulle vinne - og han var vår favoritt også. Ønskjer dykk begge ei god helg!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...