Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskrift, men ikkje funne noko eg er fornøgd med.No vonar eg at nokon som veit kva det er snakk om kan hjelpe meg.Fekk ei påminning då Margrete skreiv at ho ville kjøpe seg nye vottar. I eit naturprogram på TV sa dei at det beste ein kunne ha på hendene i snø og kulde var tova ullvottar.
Tova ullvottar er det mange oppskrifter på, men eg er ute etter EKTE VADVOTTAR.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL
Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0, det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
11 kommentarer:
Kanskje eg skal høyre med Reidun Strand på Eid Miljø. Ho veit alt om sånne ting..... (Så har eg ein unnskylding for å gå inn på butikken hennar og....).
Det hadde no vore flott. Elles skulle eg vel fått til å lage slike vottar med litt prøving og feiling. Har strikka tova huer før,då brukte eg Rauma finullgarn, og det vart vellykka.Kan ikkje bruke altfor tjukt garn til vottar når dei skal vere til å arbeide i.
Vadvottar har jeg ikke hørt om, men vet om noe som heter skyvottar eller noe slikt. De er laget oppringelig for fiskere i nord....
Disse vottenes oppskrift lå før gratis ute på nett, men den siden hvor de lå er borte. Men hvis det er de du er på leit etter så skal jeg nok klare å tak i oppskriften til deg.
Det er sikkert det samme. Sky tyder vel sjø i denne samanhengen?
Mor fortalde at hennar far brukte vadmels-undertøy. Wikipedia forklarer det slik at vadmel er grovt kypervevd ullstoff. Det er derfor skilnad på tova og vevd ull.
Dette veit sikkert Reidun Strand mykje om. Det skal bli spanande å sjå dei ferdige skyvottane!
Eidabesta
Reidun meinte at ein kan strikke etter eit vottemønster for toving, og så berre forlenge skaftet. Skafta på vadvottane var ganske lange og vide øvst oppe. Før brukte dei jo heimespunne garn, og det hadde visse kvalitetar som ein ikkje finn på kjøpegarn. Men Reidun hadde eit garn som heiter "Norsk kunstvevgarn" som ho meinte kunne prøvast. Det er visst veldig bra til toving og vottane blir ikkje for stive. Garnet er laga av ull frå spelsau. Men Reidun var usikker på kor slitesterkt det var til tova vottar. Det kostar 40 kr for 50 gram.
Reidun sa forresten at ho lærte å strikke slike vadvottar av bestemora si då ho var fem år!! Kanskje ho blei inspirert til å lage eit mønster no. Ho strikka kile til tommelen. Det er veldig interessant å snakke med henne, så du får ta deg ein tur inn dit neste gong du er på Eid!
Takk for hjelpa, Hilde.Dette tek til å bli interessant.Eg trur at det går bra med Rauma finull, men så var det slitestyrken,då? Det ein ikkje kan bruke til toving er superwash-garn. Det seier seg nesten sjølv.
Du må oppmuntre Reidun til å legge mønster ut på blogg eller Internett.
Vakkert dikt og interessant diskusjon. Har aldri høyrt om vadvottar, kjem ordet av vadmel eller av å vade? Eg berre spør...Tru om Strikkemor(o) kom seg ut av butikken utan å kjøpe noko?? Trur garnlageret hennar er stort nok!
Du kan gjerne slette min to siste kommentarer før denne, for jeg har søkt på nettet nå og de skyvottene jeg tenkte på er fjernet fra nettet. Jeg mener at det var Skipskatta som oppringelig la de ut, og det var nok henne som har copyright på den. Hun har fått seg ny blogg ser jeg, men der fant jeg ikke oppskrifen. (hun hadde også mustøflene på sin side en gang i tiden.) Hennes nyste hobbyblogg er et hva jeg kunne finne ut http://hobbyrommet.blogs.no/. Men ved å følge linker videre så har hun en nyere blogg ser jeg. I og med at vottene ikke finnes på nettet lenger så kan jeg ikke hjelpe deg videre. Men du kan jo prøve å ta kontakt med Skipskatten mulig hun kan hjelpe deg videre.
Lykke til videre i din leting etter slike votter.
Til Trulte: Takk for all interesse du har vist for vottane. Trur nok eg skal finne fram til folk som har oppskrift-elles får eg prøve meg fram.Det har vore litt artig å sjå at dette innlegget har interessert så mange. Lovar å legge ut oppskrift viss eg får tak i den. Slike vottar er gode for alle, ikkje berre for fiskarar.
Legg inn en kommentar