fredag, februar 28, 2014

Dagbok 2014: 28.februar.



Klokka har bikka 17.30. Ute er det overskya og opplett, slik det har vore det meste av vinteren. Temperaturen er + 9 grader C, ikkje uvanlig det heller.Skulle vel ikkje seie det, men eg hadde ønska meg ein aldri så liten vinter før våren kom.No spirer løkane overalt i hagen og snøklokkene blomstrar, så det er litt seint å kome med vinter no.
Vi kom akkurat att frå ein liten tur til Vik, og eg tok bilde i gata her; som de ser er her nokså fredelig i Starevegen ein tidlig fredagskveld.
Før i dag har eg støvsuga og gjort diverse husarbeid, Nils har styrt på ute. Vi har ikkje ete middag enno, men no driv eg og steiker kotelettar. Vi var ein tur ut til fiskekameraten Kjell og fekk lange og lyr i byte mot ein sekk tørka småsei som Nils har laga til åt hundane til Kjell.
Det har vore relativt hektisk før i veka, så i dag vart eg litt sløv og la meg på sofaen med lydbok midt på dagen, men så ser eg aldri TV på dagtid. Saknar strikkepinnane, men har ikkje tort meg til enno, sjølv om ryggen er bra no.
Har ikkje så mykje å fortelje i dag,så eg får berre ønske alle ei god helg. Fekk bilde frå Rasmus, på mobil, dei er på hytta. Dei har hatt vinterferie denne veka.

Det er berre nokre få dagar sidan eg såg de første teikna til blomster på Hoyaen, men no er den full av klasar. Dette er ein avleggar frå den store planten eg hadde før.


torsdag, februar 27, 2014

Dagbok 2014: 27.februar




Klokka har passert 16.30, temperaturen er mellom+9-10 grader C, det er overskya, men opplett.Slike dagar skulle ein vel vore ute, men så langt kom eg ikkje i dag. Sette meg til å skrive referat litt etter frokost. Det tok litt lenger tid enn vanlig for det var mykje eg måtte sjekke, så då eg var ferdig var klokka alt 13.00. Det var tid for lunsj, brødskive og kaffi. Middag blir det seinare. Etter lunsj vaska eg badet og kjøkkenet til helga før eg tok ei siste gjennomlesing av manus og sende det til avisa.
Mens eg var i mi eiga verd heile føremiddagen, hadde Nils vore på trelastlageret og kjøpt trykkimpregnert material og laga ein ny, stor kompostkasse i staden for dei to mindre vi hadde før. Dimensjonane er: 1,25m X 1,25m X 1m (høgda). Om den ser litt skakk og skeiv ut der den står, kjem det av at der er noko rot rundt omkring. Dessutan er den ikkje ferdig "watra" enno. Men det skal den bli.
Rusket som ligg rundt omkring på plenen er innhaldet av den eine av dei gamle kassane, det skal rakast vekk med tid og stunder.
No er her varmt og godt i stova, så eg skal ha meg ein pause med lydboka mi før eg lagar middag.

onsdag, februar 26, 2014

Dagbok 2014: 26.februar.

Klokka er no19.45. Temperaturen ute er ca + 8 grader, det har vore ein fin dag med lett skydekke og delvis sol.
No har vi ikkje fått nyte så mykje av finevêret, for i dag har vi vore opptekne med pensjonistmøtet. Først var vi på Bakk-Ola-marka og henta songbøker før vi møtte på Kulturhuset litt før klokka 12. Der hjelpte Nils til med å sette opp borda og ha på plass stolar, det brukar vanligvis å vere gjort når vi kjem. Elles dekka vi bord og laga i stand til møtet.
Vi var heimom og åt litt og slappa av før vi for ned att i 15-tida, sidan Nils hjelper til med billettsalet.Eg hadde også diverse å ordne sidan det var årsmøte.Vi begynte klokka 16.00 og det vart eit kjekt møte. Gunnar Ellingsen fortalde om turen langs Silkevegen og viste bilde. Vikarprest Sindre Jan Løvik song og spela gitar. Eg har ikkje mykje greie på det, men etter mi meining var han flink til begge delar.
Til mat i dag hadde vi pizza, og nøttekake med frukt og krem. Vi brukar å ha litt eksta god mat på årsmøta.
Etter maten tok vi årsmøtesakene, det gikk fort og greitt, sidan arbeidet var gjort på førehand.(Hm!)For dei som ikkje var i styret, var det berre å klappe i hendene.
Eg er visst begynt å bli litt gammal, for no er eg sliten. Utset skrivinga av referat til i morgon.

tirsdag, februar 25, 2014

Dagbok 2014: 25.februar





Klokka er 15.15. Temperaturen er + 12,6 grader C, og akkurat no kom sola fram. Før i dag har det vore overskya, med eit lite tilløp til regndropar.
Vi er nettopp komne heim frå Volda der vi hadde eit par småærend, og nytta høvet til å ete middag på kafe, som vanlig.
Men først var eg til frisør  her i Ørsta og fekk håret klipt og farga, det er alltid uvant med det korte håret til å begynne med, men det kjem seg.
For ei tid sidan kjøpte eg ei fleecejakke på ein sportsbutikk i Volda, den lukta heilt pyton også etter vask og lufting. Eg klaga på den og fekk bytte med ei anna. Måtte rett nok betale 50 kr i mellom, men det stod eg i. For å spare enda meir var eg på sal på Møre Konfeksjon (More Woman) og kjøpte ein stor varm genser til 199 kr. Førprisen var 699 kr. Eg er ikkje så veldig økonomisk, men eg plar kjøpe sommargensarar om hausten og vintergenserar om våren, og det tener eg grovt på.
Det er eit stort byggeprosjekt på gang på Ose, rett attmed Prix. Det er Rema 1000 som bygger ny butikk, av den typen eg kallar "bølgeblikkskur". Rema i Ulsteinvik overtok lokala etter Lidl, og det er ein ryddig og fin matbutikk. Eg meiner vi har for mange matbutikkar i Ørsta sentrum, for svinnet blir større til fleire butikkar ein har. Eg tenker då spesielt på frukt og grønt.
Det andre byggeprosjetet eg har tatt bilde av, er eit hus som skal romme mange leilegheiter. Huset skal byggast mellom Engesetvegen og Mosmarkvegen.Det er eit relativt farlig kryss mellom dei to vegane no, og kor det skal bli med x antal bilar i tillegg står att å sjå.
No må visst gemlisane ha ein pause, det har vore ein aktiv dag så langt.

mandag, februar 24, 2014

Dagbok 2014: 24.februar.

Klokka er 19.30. Ute er det mørkt, det regnar og temperaturen er + 8 grader C. Tidlegare i dag var den oppe i +12 grader.No har vi nettopp ete middag, litt seint på dag, men Nils måtte av stad og fiske maten først. Det har vore lite fisk å få i seinare tid, berre småsei. Men han fiskar såpass at vi har ein dag kokt og ein dag steikt. Litt snippe å ikkje ha noko å gi bort.
I dag hadde eg mange ærend i Vik, så føremiddagen gikk stort sett  med til eit besøk på Amfi.Vi skulle ha medisinar og tran, pluss litt matvarer - og papir til printaren på Clas.
For å få tak i silikonbrødformer måtte vi ut på Jernia. Der fekk eg tak i akkurat same sorten som eg fekk  med Solveig til jul. (Då kjøpte ho den siste dei hadde på butikken der ute). Eg er veldig begeistra for desse formene. Ein treng ikkkje å smørje dei, og brøda sklir ut av formene utan problem. Dei kan vaskast i oppvaskmaskin, men eg ser ingen grunn til å vaske dei kvar gong eg brukar dei. Dei er jo like reine.
Eg var også ein tur på biblioteket der eg lånte 4.boka i krim-serien til Øystein Wiik, har lese berre ei av dei før. Så sette eg meg på ventelista til to heilt nye bøker, som ikkje var klargjorde enno.
Då vi kom heim tok vi ei brødskive og ein kopp kaffi, så sette eg i gang å bake brød og rippe bok m.m. mens Nils for på fisketur.
No har eg berre to CD-plater att av boka mi, men det må vere noko som er gale når ein synest boka er altfor lang?
I morgon f.m. skal eg til frisør, onsdag er det pensjonistmøte og torsdag skal eg skrive referat. Men så har eg "fri" heile mars månad. Ryggen min er ikkje heilt god, så eg føler eg går litt vel mykje på stas for tida. Og det likar eg ikkje.Men så lenge eg ikkje er sengeliggande går det ganske bra.

Bok nr.11 - 2014: Alfabethuset.

En sterk spenningsroman fra Jussi Adler-Olsen, forfatteren bak bestselgerserien om Københavnpolitiets Avdeling Q!
Andre verdenskrig: 
To engelske jagerpiloter blir skutt ned under et oppdrag over Tyskland. Pilotene, James og Bryan, vet at de blir henrettet hvis de blir tatt til fange. De kommer seg om bord på et lasarettog fullt av høyt rangerte SS-folk med granatsjokk. James og Bryan kaster to pasienter av toget og tar deres plass.
De to pilotene havner på Alfabethuset, et militært psykiatrisk sykehus hvor de må simulere sinnssyke for å overleve. Men kan de det? Uten selv å bli sinnssyke? Fluktplanene blir vanskelige å gjennomføre fordi de er sløvet av medikamenter og elektrosjokk og i tillegg deler sykesal med fiender som har lignende planer ...
Mange år senere setter Bryan føttene på tysk jord igjen. Han har ett mål: Å finne ut hva som egentlig skjedde med James.
......................................................................
No har eg lese/høyrt ferdig denne boka på 15 CD-plater. Det er i lengste laget for ei lydbok. DEssutan er her mange personar og namn å halde orden på, når ein ikkje har eit visuelt ordbilde å støtte seg til. Eg angra at eg ikkje laga meg ei "rolleliste" etter kvart som personane dukka opp.
Alfabethuset skreiv Jussi Adler Olsen før han skreiv serien om "Afdeling Q " som er ein av favorittane mine. Denne boka er heilt annleis, men det er ei god historie. Han gjer imidlertid den feilen, etter mi meining, at han dreg historia ut i langdrag, brukar for mange ord, derfor går eg lei undervegs. Hadde han korta ned teksten, kunne boka blitt betre, trur eg. Eg likte godt etterordet, som no har blitt så vanlig i mange bøker.

søndag, februar 23, 2014

Dagbok 2014: 23.februar

Klokka er 19.15, temperaturen ute er+ 8 grader C, og det regnar. Skikkelig mørkt og trist er vêret i dag. Og eg har vore utrulig sløv og giddalaus. Har lege på sofaen og lese bok mykje av tida, og om ikkje Nils hadde tatt initiativ hadde det vel ikkje blitt middag ein gong. Ikkje at han har vore meir aktiv enn meg, sånn jamt over.
Eg la i alle fall siste hand på årsmeldinga og trykte opp så mange eksemplar som eg hadde papir til, og det er kanskje nok. Papir får eg tak i imorgon, så det er innga krise.
Nils fekk retta opp Skype´en og vi snakka med Rasmus og Ingar. Ingar hosta og hadde litt feber, det er vel ikkje uvanlig for årstida. Elles er han blitt enda meir lik Eivind enn før. Lenge sidan vi har sett dei live.Dessverre.
Så hadde eg meg ein lang telefonprat med ei veninne. Frisørtime på tysdag bestilte eg pr. Facebook. Det er snart ikkje den ting ein ikkje får ordna via digitale media.
Såg ikkje avslutningsseremonien i OL, gløymde det rett og slett, men det kjem vel i reprise.Når det gjeld vêret kan det vere like godt at det ikkje er altfor fint, med tanke på dei som er ferdige med vinterferien.I kveld begynner det i alle fall ein ny TV-serie-håper den blir bra. Og så er eg glad OL er slutt og at det ikkje vart verken terrorhandlingar eller anna dramatikk. Det er nok med det som skjer i Ukraina.

lørdag, februar 22, 2014

Dagbok 2014: 22.februar.





Klokka er 20.45, temperaturen ute er +4 grader og det regnar.
Regna gjorde det også den dagen Audun var fødd for 24 år sidan. Då bøtta det ned. Tidlig vår var det då også med blomstrande snøklokker i hagane, slik det er somme stader no . På Hareid var det heilt bert, her hos oss ligg det framleis litt snø.
I dag var vi invitert til middag og kaffi på Hareid, sidan Audun er heime frå Oslo ein snartur og har fødselsdag i dag. Vi fekk nydelig mat, som vanlig, svinesteik med all slags tilbehør til middag, seinare fekk vi bløtkake, is og bær. 
Vi brukar å gi barnebarna pengar i bursdagsgåve, for det dei ønsker seg er helst dyre ting som dei må spare til. I dag fekk Audun ei remse med Flax-lodd i tillegg til den tradisjonelle pengesummen, i håp om at det kunne bli gevinst. DET blei det. Han vann akkurat så mykje som remsa kosta, men så hadde han litt spenning mens han skrapa.
Vi vart litt forseinka på heimvegen, for på Eidet hadde det vore ei ulykke, så der var full stans. Det blei til at vi svinga ut til venste, og køyrde parallelt med hovudvegen eit stykke, før vi kom oss inn på att. Dessutan var vi innom REMA 1000 i Ulsteinvik og handla litt småtteri. Då vi kom inn i tunnelen kom sjukebilen bak oss (køyrde forbi) med blålys på. Eg synest alltid det er ekkelt å "dumpe borti" ulykker, og ikkje vite kor alvorlig det er, så no må eg sjekke Sumpen.
I dag såg eg faktisk litt av skiskyttarstafetten, og fekk med meg kven som vann og kven som vart nr.4, blant anna.
Eg hadde eg med meg kamera i dag, men det vart ikkje teke så mange bilde.

fredag, februar 21, 2014

Dagbok 2014: 21.februar

Klokka er 17.30. Temperaturen ute er + 6 grader C og det er overskya.
Nils for nettopp av garde, han skulle på styremøte i Rjåneshamna, der vi har båten vår. Så får eg ei fredelig stund med lydboka mi, "Alfabethuset" av Jussi Adler Olsen. Har litt problem med å konsentrere meg om den, så lesinga går seint.
Før middag gikk Nills ein tur i skogen, mens eg støvsuga. Sidan vi hadde litt for mykje melk på lager, kokte eg risengrynsgraut til middag, og så hadde vi litt spekemat til. Ikkje det mest spennande eg kan tenke meg.
Elles har vi slappa av, Nils med TV og eg med bok. Har forresten gjort litt kontorarbeid også. Eg går litt på tomgang for tida, passar meg for tungarbeid og anna som kan skade ryggen, som til dømes strikking. Så langt går det heilt fint, og eg har ikkje vondt.
No har eg dusja og vaska håret, så eg føler det er helg. Og snart slutt på vinterferien her; i Kongsberg er det vinterferie komande veke, men det blir ikkje skitur på Rasmus i år, ikkje badeland heller.
I dag kan vi gratulere tanteungen vår, Hilde Helen, med 44-årsdagen,
Henning på Eid med 10 årsdagen , og kong Harald med 77- årsdagen !
Ønsker alle blogglesarane mine ei god helg!

torsdag, februar 20, 2014

Dagbok 2014: 20.februar


Klokka er ca 16.00, og temperaturen ute +3 grader. Det er overskya og det er ikkje mykje vi har sett av sola i dag.No har vi nettopp ete steikt småsei til middag, og det smakte fortreffelig, som vanlig.
Før middag i dag fekk eg vaska bad og kjøkken og så sende eg av garde eit innlegg til avisa. Godt alt som eg gjort til helga.
I dag hadde vi mange ærend i Vik, eg har jo ikkje vore på Amfi på over ei veke. Trefte forresten ei god veninne som eg ikkje har sett på lenge, så vi vart no ståande å prate ei stund.  Eg hadde eit oppdrag frå barnebarnet, Olaug, det var ei Mummiskål eg skulle skaffe henne, håper det er den rette.
Nokre kontorsaker trong eg også, og eg hadde i bakhovudet at om eg fann ei viss bok på sal, så skulle eg kjøpe den. Og det gjorde eg. Har høyrt mykje skryt av denne boka, men vart litt betenkt då eg såg ordet bestseller....
Den gamle steikepanna vår song på siste verset, og på Jernia hadde dei svære steikepanner - minus 500 kr om ein leverte inn den gamle. Den gamle hadde vi ikkje med oss, men rekna med at det gikk greitt likevel, og det gjorde det. Vi kan vel like godt kaste den gamle sjølve? Fisken vart steikt på den nye panna i dag, og det gikk bra.
No gler vi oss til laurdag, då skal vi til Hareid og feire Audun sin 24-årsdag. Fødselsdagane kjem tett no framover.

onsdag, februar 19, 2014

Dagbok 2014: 19.februar

 Storebakken


 Utsikt frå Storebakken, mot aust.

Klokka er no 17.15, og sola forsvann akkurat frå stova. I dag skein ho inn i 9.30 tida, og har helde det varmt og godt heile dagen. Temperaturen på baksida av huset er 0 grader C. Vi har hatt ein nydelig dag, og skulle sjølvsagt ha vore ute heile tida, men slik laga det seg ikkje. Nils hadde time til kontroll på sjukehuset klokka 11.00 , og dermed var føremiddagen oppteken. Mens han var vekke fekk eg gjort litt lettare husarbeid og skrive eit lite avisinnlegg.
Då han kom heim laga vi til middag av oppattvarma ball frå frysaren, med diverse tilbehør. Vi vart i alle fall skikkelig mette. Eg hadde tatt min daglige tablett rett før middag, så augo datt att med det same eg la meg på sofaen. Rasmus ringde, og prata første lenge med faren, før eg fekk sleppe til. Det går sakte men sikkert framover med foten hans. Han trenar sjølv og får behandling hos fysioterapeut.
Etter at eg hadde fått meg ein kaffikopp, fann eg ut at eg ville prøve å gå ein tur, og det gikk bra, men måtte halde meg til hovudvegane der det var bert og ikkje glatt. Eg har ikkje vondt i ryggen lenger, berre litt i skulderblada, noko som eg kjenner best når eg skriv på PC-en. Så eg er ved godt mot.

 Fonnavegen. 
Olavsgata
 
      Starevegen

tirsdag, februar 18, 2014

Dagbok 2014: 18.februar

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er minus 1 grad C. Som de ser på bilda har vi hatt ein nydelig dag, med sol og snø.
Nils og Matias har vore ute og fiska småsei, så i dag har vi hatt skikkelig middag. Mens dei var ute og fiska, fekk eg skrive årsmeldinga til pensjonistlaget. Det var litt arbeid med det. Elles har eg vore bra i ryggen i dag, og det er ei stor lette. Og det er berre dag 2 av Brexidolkuren. Rett nok verker eg i hofta, men det er eg meir vant til, og det finst det råd for. Har lege mykje på sofaen i dag også, men er eg like bra i morgon, så skal eg friskmelde meg sjølv.

Bok nr 10 - 2014: Den klønete skytsengelen.

Det tok noen år før et norsk forlag fikk øynene opp for den finske melankolske humoristen Arto Paasilinna. Etter at «Harens år»  fra 1975 ble oversatt i 2004, har bøkene hans fått en stadig voksende leserskare i Norge. Forfatteren ble rammet av slag i 2009, og skriver ikke lenger, men minst én av bøkene hans oversettes årlig, om enn ikke i kronologisk rekkefølge.
I årets bok er de klassiske Paasilinna-elementene med: varm og empatisk menneskeskildring, svart og burlesk humor, slapstick, himmel og helvete.
Fem hundre engler samles i den kjempemessige trekirken i Kerimäki til årlig grunnkurs for skytsengler. Deriblant den avdøde religionslæreren Sulo Auvinen, en skytsengel-aspirant med et vingespenn på ti meter. Men, Sulo var en kløne på jord, og så også i himmelen. Han blander seg for mye inn i livet til mennesket han har fått tildelt. Aaro Korhonen har overtatt en kafé i Helsingfors, der en søt servitrise fulgte med på kjøpet. Han klarer seg godt, helt til skytsengelen griper inn.
Romanen er godt skrudd sammen med en spenningskurve like bratt som skytsengelens læretid. Det harseleres over ulike sider ved et finske samfunnet, fra byråkrater til kirkesamfunn og geskjeftige fruentimmer. Å lese Paasilinna er å gå med på et burlesk og himmelsk verdensbilde innenfor et strukturert romanunivers. Til tider blir det mye påfunn og slapstick, men så bærer de litterære bildene romanen videre.
.........................................................................................
Boka er typisk Paasilinna, men eg veit ikkje kva som gjer det, den fenger meg ikkje.
Det kan vere at eg ikkje er i rette humøret for den, eller at eg har lese så mange liknande bøker. Boka er på berre 4 plater, og det er nok.
Språket er godt, omsetjaren må ha gjort ein god jobb. Og opplesaren er flink. Les elles det som eg har henta frå nettet.

mandag, februar 17, 2014

Dagbok 2014: 17.februar




Klokka er18.45. Temperaturen ute er + 2 grader C. Eg har lenge ønska meg kvite marker og vegar, men det var ikkje akkurat slik snø eg tenkte på. Slaps kallar vi dette, og det er berre ekkelt. Då kan det vere like greitt at eg må halde meg inne.Slepp i alle fall å lengte ut. Nils har vore nedover eit par gonger i dag, blant anna for å kjøpe medisin til meg. Hadde tenkt å vere med, men det gikk ikkje. No har eg fått reseptbelagt medisin av ein type som har hjelpt meg før.Så får vi sjå. Mirakelmedisin er det i alle fall ikkje.
Før han var nedover såg vi curling, men danskane var utrulig flinke, så i dag vart det tap for Norge.Dette spelet handlar om strategi, og ingen spring og slevar, derfor likar eg det betre enn skirenn t.d.
Nils henta to bøker på biblioteket til meg, så eg hadde litt arbeid med å rippe dei inn på datamaskina. Bestemte meg for å lese den kortaste først, så no går det i Paasilinna her. Det er litt for tidlig å seie om eg likar den. Det kan hende at eg har fått nok av den typen humor.Det irriterer meg litt at opplesaren les litt fort, eg føler at eg ikkje får fordøye teksten.
Elles skjer det ikkje all verda når eg ikkje kan vere meir aktiv, men no skal eg i alle fall tømme tørketrommelen og legge i hop ein klesvask.Håper at dei som har vinterferie får nokre gode dagar.

søndag, februar 16, 2014

Dagbok 2014: 16.februar



Klokka er ca 16.30, og i dag har vi vêr, og det er svært så variert. Før middag hadde vi snø i fjella, regn, skodde og enda til litt sol. No har vi ikkje sol. Temperaturen ute er + 4,5 grader C.
For ei veke sidan hadde vi ein nydelig dag, då vi var ute og gikk tur. I dag har eg stort sett lege på sofaen og lese lydbok. Forma er ikkje på topp.
Om ein times tid skal vi ein snartur bort på flyplassen og sjå Ingeborg vel av gårde. Ho hadde gløymt att eit par småting her som vi skal ta med.
Litt trist for dei som skal ha vinterferie at styggevêret kom akkurat no. For oss som har heilårsferie betyr det ikkje så mykje.
Nils ser litt på OL innimellom, det er ikkje eg så interessert i, men ser litt curling.

Bok nr.9 -2014: I natt er du død.

Viveca Sten er utdannet jurist og siviløkonom, men etter stor suksess i Sverige arbeider hun nå som forfatter på heltid. Hun debuterte i 2008 og dette er bok nummer fire med politietterforskerne Thomas Andreasson og Margit Grankvist, samt Thomas barndomskamerat, juristen Nora Linde. Handlingen i bøkene er lagt til Stockholm og Stockholms skjærgård, nærmere bestemt Sandhamn, som er et sted Viveca Sten kjenner godt fra sin egen oppvekst.
Boka starter med den unge psykologistudenten Marcus Nielsens selvmord. Det kommer totalt overraskende på alle og Marcus mor nekter å tro at han har tatt livet av seg. Det får Thomas og Margit til å snu alle steiner i jakten på spor, og endelig løsner det. Det viser seg at Marcus arbeidet på en oppgave om tidligere soldater og kom i den sammenheng over meget sensitivt materiale.
Det er et spennende miljø Viveca Sten bringer oss inn i. Det svenske kystforsvarets elitesoldater, kystjegerne, er stikkordet her. Sten beskriver den knallharde og brutale behandlingen soldatene utsettes for. Det synes som om personer med sadistiske tilbøyeligheter søker seg til miljøer der de kan få utløp for disse tilbøyelighetene. Det er liksom ingen grenser for den mobbingen enkelte må utholde.
Boka er lettlest og spennende. Handlingen drives framover og boka er vanskelig å legge fra seg. Boka er dels oppbygd med partier fra en kystjegers dagbok og den «vanlige» handlingen. Vi skjønner fort at begge deler fører fram mot en katastrofe. Løsningen er uventet, men logisk. Persongalleriet føles ekte og overbevisende. Jeg undres likevel litt over personen Nora Linde som er en viktig person i boka, men som egentlig betyr lite for den politimessige handlingen.
............................................................................
Denne boka er på 10 CD-plater, det hadde greidd seg med mindre!
Dei som likar bøkene til Camilla Læckberg, vil kanskje like denne også. Sjølve historia er for så vidt ikkje så dårlig, men det er alt småpratet eg blir så lei av. Så mange unødvendige ord.Så mange kaffikoppar og kaker. 
Og så er det Nora, som eigentlig berre har ei lita birolle i oppklaringa, men som opptek stor plass i boka.Vi får høyre om det fallerte ekteskapet hennar, den utru mannen, den håplause svigermora etc.etc. Til og med fødselsdagen til eine sonen må vi oververe.Dei ryggar bakover-og gir folk ein øyrefik i ansiktet-pleonasmar er ikkje godt språk!
Og så irriterer det meg at eg ser løysinga før politiet.
Det mest interessante er, som vanlig, bakgrunnstoffet. Eg begynte på boka laurdag, og på grunn av den dårlige ryggen min, las eg den ut i løpet av helga.
Eg vil anbefale Viveca Sten om å gå tilbake til jobben sin som jurist og siviløkonom.

lørdag, februar 15, 2014

Dagbok 2014: 15.februar

Klokka har passert 18.00. Ute er det overskya og for det meste opphaldsvêr, temperaturen er +7 grader C. Nils har vore ute og gått tur, mens eg har lagt på sofaen og prøvd å lese lydbok, men med lite hell; har somna igjen og igjen. Skuldar på at eg har tatt diverse smertestillande tablettar.Kaffien kolna i koppen.
Før middag var eg litt meir oppegåande, fekk både støvsuga og moppevaska litt til helga.
Vi måtte ein tur nedover på biblio, såpass eg fekk meg lesestoff. Boka eg hadde tenkt å låne på papir var ikkje inne, men eg fann meg ei svensk krim-lydbok.Så viste det seg at Birgit hadde litt på lur, nemlig siste Adler Olsen og siste Paasilinna på CD. Dei var ikkje klargjort, men eg hadde fått dei med meg om eg ville, men så fann eg ut at eg heller kunne hente dei over helga, etter at ho hadde gjort dei klar for utlån.
Måtte nesten flire når eg såg kva Margrete les no, nemlig ei bok som eg gav opp i si tid, mens ho rakkar ned på ei som eg nyss las og likte. Skulle tru at jorda hadde begynt å gå feil veg rundt. Vi plar alltid like samme bøkene.
Vi trong berre ein einaste ting i dag, og det var kaffi, så vi køyrde bort på El-kjøp for å hamstre "Løfbergs lila" - men der var det tomt! Vi kjøpte imidlertid eit heilt kilo heile bønner av eit italiensk merke som er veldig bra. VI drikk ikkje mykje kaffi, men den vi drikk må vere god.
Då vi kom heim varma vi opp middagsrestar  frå i går, såpass vi fekk orden i systemet.Og etterpå somna eg altså. No skal eg tømme oppvaskmaskina.

fredag, februar 14, 2014

Bok nr.8 - 2014: Profetene i Evighetsfjorden.



Den kongelige danske koloni Sukkertoppen, Grønland, 1793:
En grønlandsk kvinne sparkes i døden fra en høy klippe. Den danske presten er i ferd med å gå av hengslene av hjemlengsel og skjørbuk og allmenn fortvilelse. Kolonibestyreren forfølger ham, han har et uoppgjort regnskap med ham.  Kolonibestyrerens kone er på randen av sammenbrudd og ser presten som sin eneste venn og fortrolige. Pastorens grønlandske kateket fortæres av sinne og sorg. Kolonimannskapets lille gruppe menn går hverandre på nervene. Om vinteren ruger mørket og kulden over kolonien, om sommeren skyller lyset inn som en flodbølge, det er ikke lett å si hva som er verst.

Hovedpersonene i denne bredt anlagte romanen fra kolonitidens Grønland, er pastor Morten Falck, hans kateket Bertel Jensen og kvinnen Arnarulunnguaq som faller fra klippen – et fall som strekker seg over tiden det tar å lese boken.
Vi følger dem hver for seg. I København i 1780-årene og under den store bybrannen i 1795. På vandringer i Norge og på lange båtreiser. På hvalfangst med skonnerten Henrietta of Aberdeen og på besøk hos hedninger og kristne i den kongelige danske koloni.

På den lille boplassen i Evighedsfjorden, noen dagsreiser fra Sukkertoppen, oppstår det et religiøst svermeri blant grønlenderne, anført av den rettskafne og sterke Maria Magdalene og hennes mann Habakuk. Det er Grønlands første løsrivelsesbevegelse, en moderne drøm om frihet, likhet og brorskap, 4000 kilometer nordvest for Bastillen. En drøm som det danske formynderskap hverken kan eller vil akseptere. Disse svermerier får avgjørende betydning for Morten Falcks og Bertel Jensens skjebner.
Og fra den høye klippen faller kvinnen Arnarulunnguaq. Oppe på kanten står morderen og ser henne falle.



Prisvinnere er alltid interessant å ta en nærmere titt på. Årets vinner av Nordisk Råds Litteraturpris gikk til Danmark, men Kim Leine er født og oppvokst i Norge, og flyttet til Danmark først som 17 åring, så han er no litt norsk også. Han er utdannet sykepleier, og har bodd 15 år på Grønland.
..................................................................
Var  litt skeptisk då eg begynte på ei bok med 17 CD-plater,orka eg å gi meg i kast med den?
No er det gjort, og det på kortare tid enn planlagt. Eg vart nemlig liggande strak ut i fleire dagar, og då var det greitt å ha lesestoff.Og ei så lang bok- utan eit einaste dødpunkt! Det skjer noko heile tida. Boka er utrulig godt skriven, flott språk som virkar nokså autentisk i forhold til tidsepoken. Veldig dramatiske hendingar, fantastisk i alle tydingar av ordet. Og motbydelig på mange måtar, her er mykje griseri! Om eg likar boka, er enno eit ope spørsmål som eg må tenke litt meir på. Der er mykje å lese om boka på nettet, eg ser meg ikkje syn med å prøve å analysere den her.
PS: Opplesaren les godt og det hjelper på når ein skal gjennom så mange plater.

Dagbok 2014: 14.februar

Klokka har passert 19.00, og det er snart tid for å benke seg framfor TV-en for fredagsunderhaldning. Temperaturen ute er litt i underkant av +8 grader C. Så vidt eg veit har det vore opplett i dag også.
Ingeborg sov godt og lenge i "apeburet" sist natt. Klokka 14.30 kom Margrete frå jobb og vi åt middag i lag, vi fire. Seinare kom også Solveig og Olaug innom, så i dag har vi møtt mange i familien. Ingeborg skulle på musikal i dag også, i lag med Lars, småsøskena og besteforeldra i Volda.Ho reiser tilbake til Kristiansand på sundag. Ho har ikkje vinterferie, slik dei har her.
Og vi pensjonistane merkar ingen skilnad på om det er ferie eller ikkje.
Eg har berre ei plate att av boka mi, og den må eg spare til i kveld, og i morgon må eg på biblio og leite etter nytt lesestoff.

torsdag, februar 13, 2014

Dagbok 2014: 13.februar


Klokka er 22.15. Temperaturen ute er + 7,5 grader C. Det har vore overskya men opplett i dag.
Skal innrømme at eg har lege mykje på sofaen i dag også, og eg var sterkt i tvil om eg greidde å komme meg på musikalen. Men det gikk bra. 
Vi møtte Margrete og Ingeborg på Kulturhuset og var i lag med dei. Ingeborg vart med oss heim, og skal vere her til i morgon. Resten av helga skal ho vere inne hos Lars.
Musikalen var veldig flott. Eirik var ein av gjennomgangsfigurane og hadde mange replikkar, men berre ein solosong.Vi synest han var veldig flink. Der var svært mange flinke songarar, dansarar og musikarar. Det var ei flott oppleving, men skal eg sette fingeren på noko, må det vere at musikken var for høg. Men det er slik dei brukar det no for tida.
Då vi kom heim att, steikte eg ein kjøpepizza, det vart middagen i dag.

onsdag, februar 12, 2014

Dagbok 2014: 12.februar



Klokka  slo nettopp 5(17), ute er det framleis vårlig og fint, lettskya og litt sol av og til før i dag.Temperaturen er + 5 grader C. Men eg har sett på FB at det har kome snø lenger sør, så eg føler meg ikkje heilt trygg-trur vinteren kjem før eller seinare.Var ikkje lenger enn ut på altanen og tok bilde i dag.
Denne dagen kjem ikkje til å gå over i historia som særlig innhaldsrik for mitt vedkomande. Eg har lege mykje på sofaen og lese og dorma. To netter med smerter og lite søvn gjer ein ikkje særlig pigg. Men det ser ut som om det går over, og då er det snart gløymt. Verker i dag også, men er likevel mykje betre, greier å ligge i alle fall.
Håper eg blir så bra i morgon at eg får sjå musikalen der Eirik er med. Margrete skal vere på premieren i dag -også. I morgon kjem Ingeborg heim, så her stiller vi opp etter beste evne.No har Nils kokt poteter og funne fram noko mat,for ein gongs skuld er eg ikkje svolten, og har ikkje lyst på mat. Det hender ikkje ofte.


tirsdag, februar 11, 2014

Dagbok 2014: 11.februar.

Klokka har passert 17.30. I dag har vi hatt fint lettskya vêr meg streif av sol. No er temperaturen + 6 grader C.
I dag er det berre Nils som har styrt med ved, han var inn på hogstplassen og rydda opp etter seg, og kom heim med litt ved i dag også.Men eg fekk ikkje kløyve i dag. Eg plar få litt vondt i ryggen når eg styrer med slikt, men denne gongen vart det ikkje berre litt, så no må eg begynne å ta på alvor at ryggen min ikkje toler dette arbeidet.(Same kor godt eg likar det). Sov lite sist natt, men somna utpå morgonen og var relativt bra før middag. Seinare har eg ete tablettar og lagt rett ut, utan at det har hjelpt. Ja, det er ikkje for å beklage meg eg skriv om dette, vil berre forklare kvifor eg er heilt avkopla for tida.
Eg les mykje i boka mi (lydbok) og av og til eit kapittel i "Hel ved"- fantastisk bok.
 Dette rotstykket av ein ore-runne er reine kunstverket.

Nils jobbar og sveittar. Men i dag fekk han i alle fall ei god og kraftig middag. Eg koka nemlig ball. Det er lettvint når ein brukar ferdig ball-mjøl. Men eg trur det er første gong i mitt liv at eg har laga ball til to.

mandag, februar 10, 2014

Dagbok 2014: 10.februar



KLokka er snart 17.00, temperaturen ute er + 8 grader, det er overskya med tendens til regn.
I dag hadde eg planen klar, eg skulle skifte på sengane, lufte sengetøy etc. mens vi framleis hadde godvêr, så det var full fart ut på altanen med dyner og teppe. Det gikk ikkje mange minutta før dynene måtte i hus igjen, for då kom regnet. Teppa fekk henge litt lenger. Det vart vasking og rydding både her og der. Ja, det er somme som trur at eg vaskar støtt, det gjer eg ikkje, men jammen greier vi å ruske bra til, vi to gemlisane, for vi styrer med ganske mykje.
I dag var Nils på vedaskogen igjen, og akkurat då eg var ferdig med husarbeidet kom han heim med eit lass kubbar i bilen.
Etter at vi hadde ete litt, reiste han tilbake til hogstplassen for å hente meir ved, mens eg kløyvde ferdig første lasset. Var akkurat ferdig då han kom att. Han plukka i sekker, mens eg kløyvde lass nummer to. Kløyvinga er eg ferdig med, men der er meir ved som skal i sekker.
Elles må eg vel lage litt middag i løpet av kvelden.Dagane går som ein røyk når ein har noko å styre med, og det har vi som regel.



Ikkje all veden blir kløyvd, noko blir pakka i sekker runde. Bra patent for sagkrakk?

søndag, februar 09, 2014

Dagbok 2014: 9.februar Morsdag

Klokka er15.15, temperaturen ute er +10,5 grader, det var nokså skya , men no skin sola inn glaset her. Det er eit utrulig vêr.
På føremiddagen i dag såg Nils TV og eg las litt, så  tok vi oss ein lett lunsj, køyrde ut på VInjevoll og gikk heile Kanalvegen opp og ned att. Eg hadde ikkje med meg fotoapparat, har berre det store som virkar skikkelig, så det blei ikkje tatt bilde før vi var heime att. Og det var då sola kom!
Nils sjekka at fuglane har mat i plastdunkane i treet.
Opp under altanen, framfor utedelen til varmepumpa, tørkar Nils småsei som Kjell skal få til hundane sine. I beddet nedanfor tilbygget spirer løkblomstrane.
Middag skal vi ikkje ha enno, og kake blir det ikkje i dag, sidan vi åt morsdagskake i går. 
Elles kan eg no gratulere alle mødrer med dagen.

lørdag, februar 08, 2014

Dagbok 2014: 8.februar

                                               Storebakken.
Klokka er 16.30, temperaturen ute er + 7 grader, det er overskya og opphaldsvêr. Begynner snart å bli kjedelig, dette vêret: Ikkje sol, ikkje regn, ikkje snø, ikkje vind, ikkje kulde.......kva slags vinter er dette? Faktisk er det ganske behagelig; lite å klage over.
Vi var litt seine før vi kom oss nedover i dag, eg skulle vaske håret og Nils skulle sjå OL (noko seg eg gir fullstendig blaffen i). Vi var ein tur på Amfi, og der trefte vi nokre naboar som kvar laurdag kjøper seg kake og kaffi på kafeen der. I dag slo vi oss i lag, og hadde det kjekt. Fordelen med å "feire" morsdag på kafe framfor å ha kake heime, er at då blir det med det eine kakestykket ! Og ingen restar.Trefte mange kjende som vanlig og så handla vi på Coop. Det var ikkje så mykje vi trong i dag.
Då vi kom heim gikk eg ein tur rundt Storebakken og hadde med meg fotoapparatet. Trefte litt folk også, og fekk vite at Starevegen har fått ein ny innvånar, ei lita jente. Det stod forresten i Møre-Nytt i dag.
Middagsmaten i dag var lettvint, nemlig kjøpepizza.
No slo Nils av TV-en, så eg får kanskje lese i den nye boka eg har begynt på. Det er eit lite ork, for den er på 17 CD-plater, men viss eg ikkje likar den får eg berre parkere den. Innimellom les eg ei anna bok, på papir, den heiter "Heil ved" og handlar om -ja, altså VED, saging, hogging, stabling etc. Den har for øvrig fått terningkast 6.Veldig interessant.
Hus nummer to i Millionærsvingen. Dei har teke opp att arbeidet der etter ein lang ferie.
Her ser vi så vidt det raude huset vår frå Olavsgata.
Begge desse husa har fått nye eigarar, med små barn. Det gjer seg her i pensjoniststrøket.

fredag, februar 07, 2014

Dagbok 2014: 7.februar

Klokka er snart 18.30. Temperaturen ute er +3,5 grader, og det er overskya opphaldsvêr.
Nils fann ut at han skulle ut og fiske i dag, så eg vart åleine heime før middag. Sidan det kom så pass brått på hadde eg ikkje så mange planar, men eg kunne i alle fall støvsuge. Etterpå las eg ut boka mi, og så var Nils heime att. Berre småsei i dag også, blir litt kjedelig i lengda, men no har vi i alle fall ete middag, og sit no med kaffikoppen. Hadde litt dessert att frå i går, så det friska opp litt. Det er sjeldan eg lagar dessert, men fruktsalat heilt utan tilsett sukker kan no ikkje vere så usunt?
Vi åt ein lett lunsj og så var det pause. Eg fann ut at eg skulle få unna litt kontorarbeid (pensjonistlaget)- og så var det brått mørkt. Såg litt av opningsseremonien i Sotsji, men når dei presterer å komme med reklame midt i sendinga, då står eg over. Det blir vel NRK 1 å lite på. Det er no den kanalen vi held oss til.Ikkje mykje å skrive om i dag, men vil i alle fall ønske alle: GOD HELG !

torsdag, februar 06, 2014

Bok nr.7 - 2014: Og fjellene ga gjenlyd.

Endelig en ny roman fra forfatteren av verdenssuksessene Drageløperen og Tusen strålende soler.
Afghanistan, 1952. Abdullah og søsteren Pari bor sammen med faren, Saboor, og stemoren i den lille landsbyen Shadbagh. Saboor er arbeidsledig, og familien lever i fattigdom. Søsknene legger en dag ut på en reise til Kabul sammen med faren, lykkelig uvitende om skjebnen som venter dem.

Og fjellene ga gjenlyd spenner over generasjoner og kontinenter, fra Kabul til Paris, fra San Francisco til den greske øya Tinos. Med sin umiskjennelige sans for visdom, dybde og innsikt skriver Khaled Hosseini om mellommenneskelige forhold, det som definerer våre liv, hvordan valgene vi tar gir gjenklang i fremtidige generasjoner og hvordan vi ofte blir overrasket av dem som står oss nærmest.

-----------------------------------------------------------------------------------
Denne boka er heilt ulik dei to andre eg har lese av forfattaren, og eg vil påstå at dette er den beste av dei tre. Eller rettare sagt den eg likar best.Her er lite om krig og politikk sjølv om ein veit at den politiske situasjonen i landet er ein av grunnane til at vi etter kvart møter att medlemmene i familien på heilt andre kantar av verda.
Denne boka vil eg gjerne lese om att, og då på papir. For dette er ikkje ei fortelling, men fleire, og fortellestemma er heller ikkje den same heile tida.Derfor kan det av og til vere vanskelig å henge med.
Det er ei gripande bok om forholdet mellom barn og foreldre, og om det å høyre til. Og om mykje anna. At den på slutten kan bli litt  sentimental reknar eg med at det har litt med skrive-tradisjonen i landet å gjere.
Eg vil sterkt anbefale andre å lese denne romanen.
(Takketale i etterordet er blitt meir vanlig enn før, og eg likar det ikkje så godt. Det bryt litt av illusjonen og får meg til å tenke på Oscarutdeling etc.)

Dagbok 2014: 6.februar -Samefolkets dag.

Klokka er 18.30. Temperaturen ute er + 8 grader, det er overskya, men nydelig vêr, verken regn eller snø har kome frå himmelen i dag;  sola var framme så vidt det var. Men vinteren kjem nok i løpet av februar-mars, og då blir det nok litt av ein nedtur.
I dag fikk eg eit anfall av energi, så eg tok like godt og vaska ned badet. Eg er nok ikkje så grundig og nøye som eg var før, det går med moppar på langt skaft. Tek ikkje sjansen på å klatre verken på stolar eller i trapper på glatt golv.Det får vere greitt nok med kattavask, SÅ skite er her heller ikkje.
Eg er ikkje heilt sikker på kva Nils styrte med.
Vi åt i alle fall lunsj i lag, og etterpå vart det pause med lydbok på sofaen.
Nils fann ut at han ville gå ein trimtur i skogen, og då kunne ikkje eg vere med, så eg gikk heller ein tur ned på den nyoppussa Kiwi-butikken i nærmiljøet. La att ein lapp til Nils om at han måtte hente meg med bil. Gikk og såg meg om i butikken til han kom, for handlinga måtte avgrensast om eg skulle bere varene heim.Butikken er blitt både større og ryddigare. Nils kom, så eg fekk handle det eg ville.
Vi grov  fram nokre pølser frå frysaren, og det vart middagen i dag. Eg laga fruktsalat og serverte den med mager Kesam. Det var forfriskande og godt.
No sit eg og kosar meg med ein god kopp kaffi.
Nils hadde planar om å fare ut og fiske i lag med Matias i morgon, men Matias hadde ikkje høve til å vere med, så då spørs det. I det siste har det vore berre småsei å få, og det er grenser for kor mykje ein vil ha av den sorten.Og så er det snart helg igjen. Kan ikkje hugse at vekene var så korte før i tida.

onsdag, februar 05, 2014

Dagbok 2014: 5.februar.

Klokka er 17.15, temperaturen ute er+ 2 grader C, men for eit par timar sidan var den +7 grader. Det har vore ein strålande dag, med nesten skyfri himmel. Sola kom inn i stova til oss klokka 9.50 og vart her til ca klokka 16.00. Det merkast godt på varmen inne. Når eg ser bort på Melle ved foten av Melshornet, kjem eg i hug dei fem sollause vintrane der, i eit gammalt hus. Då såg vi hit vi no bur og misunte dei som hadde sol. No har vi budd i 40 år på solsida. Bilda eg tok i dag vart tatt frå trappa og altanen , som vanlig. Synest det er tungvint å dra rundt på eit stort kamera når vi går tur.
 I dag har eg gjort lite og ingen ting. Berre rydda litt i huset som vanlig, og vaska håret. Laga tidlig middag. I dag vart det brun lapskaus av restar. Hadde att både steik og saus frå mandag, og med grønsaker og poteter vart det godt. Ikkje ofte vi har hatt den retten i seinare år.
Etter at vi hadde ete og slappa av litt, gikk vi ein tur rundt Storebakken. Eg var ikkje i storform i dag, så det vart ein heller kort tur. Nils skulle eigentlig ut og fiske i lag med Matias i dag, men var ikkje nøgd med vêrmeldinga. Her hos oss merkar vi lite til vind, men når yr.no seier at det blæs der ute, så gjer det vel det.Nils jobba litt med å rydde vekk noko ved som han drog heim i går. I dag var vi inn att i skogen og såg oss ut eit par bjørker. Det er fint vêr til vedsaging.

tirsdag, februar 04, 2014

Dagbok 2014: 4.februar



Klokka er snart 16.00. Ute er det overskya og opplett, men det har regna før i dag. Temperaturen ute er +4,5 grader C.
I dag ville Nils inn på hogstfeltet sitt og rydde opp litt, så eg vart åleine heime. Då blir det alltid gjort mest! Eg sette ein brøddeig og så vaska g tak og vegger i gangen. Vaska og vaska fru Blom, det var meir som ein kattavask med mopp, men eg tok ned alle bilda og pussa glasa og tørka støv. "Barnebarnveggen" er eit kapittel for seg, her er det stort sett amatørfoto som er ramma inn. For at det ikkje skal bli vanskelig å få bilda opp att på rett plass, brukar eg å ta eit bilde før eg tek dei ned. Barnebarna som etter kvart er blitt nokså vaksne, synest framleis det er artig med desse bilda.
Til jul fekk eg ei silikon (?) -brødform av Audun, og den prøvde eg i dag. Har ikkje baka brød sidan før jul, men no var det tomt i frysaren. ( Baka Ingers førre veka, men dei hadde eg i dei gamle fomene.) Kort fortalt fungerte den raude forma heilt perfekt, det var berre å tømme det ferdige brødet ut på rista. Laga ein brøddeig til, så i alt vart det 6 brød i dag. Då Nils kom heim, smaka vi på nokre rundstykke som eg laga av brøddeigen. Derfor har vi ikkje ete middag enno. Men middag skal det bli. Carlo spekesild (Gul boks) er den beste spekesilda som finst; med kålstuing og mandelpoteter blir det eit herremåltid. Gler meg.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...