tirsdag, februar 04, 2014

Dagbok 2014: 4.februar



Klokka er snart 16.00. Ute er det overskya og opplett, men det har regna før i dag. Temperaturen ute er +4,5 grader C.
I dag ville Nils inn på hogstfeltet sitt og rydde opp litt, så eg vart åleine heime. Då blir det alltid gjort mest! Eg sette ein brøddeig og så vaska g tak og vegger i gangen. Vaska og vaska fru Blom, det var meir som ein kattavask med mopp, men eg tok ned alle bilda og pussa glasa og tørka støv. "Barnebarnveggen" er eit kapittel for seg, her er det stort sett amatørfoto som er ramma inn. For at det ikkje skal bli vanskelig å få bilda opp att på rett plass, brukar eg å ta eit bilde før eg tek dei ned. Barnebarna som etter kvart er blitt nokså vaksne, synest framleis det er artig med desse bilda.
Til jul fekk eg ei silikon (?) -brødform av Audun, og den prøvde eg i dag. Har ikkje baka brød sidan før jul, men no var det tomt i frysaren. ( Baka Ingers førre veka, men dei hadde eg i dei gamle fomene.) Kort fortalt fungerte den raude forma heilt perfekt, det var berre å tømme det ferdige brødet ut på rista. Laga ein brøddeig til, så i alt vart det 6 brød i dag. Då Nils kom heim, smaka vi på nokre rundstykke som eg laga av brøddeigen. Derfor har vi ikkje ete middag enno. Men middag skal det bli. Carlo spekesild (Gul boks) er den beste spekesilda som finst; med kålstuing og mandelpoteter blir det eit herremåltid. Gler meg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...