søndag, april 30, 2017

Dagbok 2017: 30.april

Kokka er 23.10, temperaturen er + 4 grader C og det har vore ein fin, lettskya dag, med sol innimellom.Det er ca. 1/2 time sidan eg kom att frå Ørstaheimen, der eg har vore heile ettermiddagen og kvelden.
Og når eg kjem heim er det eitt og anna som må gjerast. Det blir litt seint før eg kjem meg i seng om kveldane; i går kveld vart klokka 2, men så kan eg sove til eg vaknar neste morgon. Det er eigentleg ein døgnrytme som passar meg bra- eg er fødd B-menneske som dei fleste andre i slekta mi.
Nils ringde meg på føremiddagen i dag, og var veldig oppesen. Han var i storform, og skulle ut og gå med rullatoren sin. Det vart ikkje noko av, for han har ikkje balansen i orden. Når han er betre har det med medisinen å gjere, sjukdommen går sin gang, men fint at han kan ha det litt bra. Eg gjekk heimanfrå litt etter klokka 15-og var der til klokka var ca. 22.15. Vi pratar, ser TV og så hjelper eg han med kveldsstellet før eg går heim. I dag hadde dei fått middag klokka 13 sidan det var sundag, og middagen var lammesteik. Til kvelds fekk han velje mellom brødskiver og graut, og då vart det graut-trur det var byggrynsgraut. Eg hadde med nybakt brød, det ville han ikkje ha, men så kunne eg ete kvelds i lag med han. Ja, dei baud meg kveldsmat på heimen, men det brødet deira har eg ikkje sansen for.
No får han så mykje prednisolon at han ikkje blir så søvnig som før. Dessutan får prednisolonen sukkeret til å stige så han har fått nokre insulinsprøyter, men i kveld slapp han det.
Han er ikkje ute i fellesromma, så det er godt han har TV- og meg!.
Før middag i dag sette eg i gang å bake brød. Trudde H-melka eg hadde på lager var ute på dato, men det var den ikkje, så eg brukte surmelk i staden. I morgon kjem truleg Solveig innover, så då kan ho få melka. Eg sa det til henne då vi handla i førre veka at eg er redd å handle for mykje, for då blir eg vel sittande åleine med all maten, som vanleg, og slik gjekk det.
Elles har eg strikka litt og høyrt lydbok, det er godt å ha nokre timar som eg disponerer sjølv -om det ikkje er så mykje eg MÅ gjere.
No skal eg slappe av med strikketøy og TV eller bok før eg tek kveld.
I morgon er det 1.mai. Dei siste to åa har vi vore på tilstellingar i Volda, og det har vore kjekt. Veit ikkje korleis det blir her i morgon, det blir i alle fall ikkje gudsteneste i kyrkja, sidan den vart påtent i går kveld. Heldigvis vart brannen fort sløkt, men heile kyrkja må vaskast innvendig. Det var ein sjuk person som sette fyr -så det er berre trist.

lørdag, april 29, 2017

Dagbok 2017: 29.april

På vandringa mi i dag møtte eg ein mann med bil.

Klokka er 22.30, temperaturen er +4 grader C, det har vore lettskya og fint i dag.
Eg kom heim for ca. eit kvarter sidan, då hadde eg hjelpt Nils til sengs før eg gjekk. Dagvaktene skal sørge for at alle er i seng før nattevakta tek over kl.21.30, det kan bli litt tidleg for oss, så vi gjer det på vår måte.
Før middag gjekk eg berre rundt og surra, litt ute og litt inne. Det er ikkje så mykje som MÅ gjerast når eg er her åleine. Å begynne på noko storarbeid er heller ikkje aktuelt når ein er vekke heile ettermiddagen og kvelden. Eg dusja og vaska håret og planla å stikke innom Kiwi på veg ut til Nils. Så ringde Margrete som var i Volda og delte ut roser og ville besøke faren sidan ho likevel var på rette sida av fjorden. Ho veit at eg gjerne vil gå og vere ute så vi bestemte oss for å møtast på Kiwi.
Då eg kom opp på vegen og stod og snakka med naboane, ringde Einar. Han hadde vore i Volda og sprunge rundt Rotevatnet, og så hadde han besøkt Nils. Eg var spent på korleis det var, og han kunne fortelje at han var litt slapp først , men så livna han til. Han lurte på om han skulle komme og køyre meg, men eg hadde avtale med Margrete så eg takka nei.
Eg hadde bedt Margrete om å kjøpe garn til meg i Volda, for no veit ho kvar og kva ho skal kjøpe, vi kom til Kiwi begge to i same sekund så å seie.
Etter at vi hadde handla var vi ut til Nils. Og i dag møtte eg ein heilt annan person enn i går. Rett nok var han sveitt og ustelt, for han hadde ikkje fått høve til å dusje, men han var i alle fall vaken, og han sov ikkje ein einaste gong mens eg var der- og det var mange timar. Margrete var der ikkje lenge -ho hadde andre avtalar også. Nils sat lenge i ein stol og etter kvart tok han til seg bra med mat også, dei spør han kva han vil ha, og i dag ville han ha oppvarma lapskaus frå i går. Han åt ein bra porsjon.
Grunnen til at han var i betre form i dag var truleg at dei har tatt bort antibiotikaen som ikkje virka, og auka dosen med prednisolon. Det er ein illusjon å tru at han skal bli bra, men vi får håpe på fleire gode dagar. Vi set pris på kvar einaste god dag no.
Det er langhelg no, kjærkome for alle yrkesaktive, mens eg som er pensjo likar kvardagane best. Reknar med at barn og barnebarn vil besøke Nils no i helga.
Ønsker alle ei god helg. (Det skulle eg sjølvsagt ha skrive i går.)

fredag, april 28, 2017

Dagbok 2017: 28.april

Klokka er 22.55, temperaturen ute er ca. + 4 grader- og det er meir enn det var i dag tidleg. Elles har det vore ein fin dag med mykje sol. 
Eg gjekk frå Ørstaheimen klokka 22.10, så det er ikkje så lenge sidan eg kom heim.
I dag før middag kom eg meg ikkje til med noko, hadde ei uro i meg -mest med tanke på Nils. Då klokka nærma seg 13.00 sat eg og strikka og høyrde lydbok. Då ringde dei frå sjukeheimen. Nils var i dårleg form i dag, sa dei, og han fekk ikkje i seg mat osb. Slik er han kvar morgon, men han plar kome seg etter kvart - i alle fall litt. Men saka var at legen skulle sjå til han i dag, og ho ville gjerne snakke med meg også. Eg heiv på meg klede osv. og kl.13.15 var eg på plass. Måtte rett nok vente på legen ei stund. Nils har ikkje respondert på dei nye antibiotikatablettane enno, men skal ta dei eit par dagar til. Viss dei ikkje virkar då, vil ho ta dei bort og heller gi meir Prednisolon. Så får vi håpe at han kan få kome seg fram or senga enda ein gong. Ein må aldri gi opp håpet.
Eg hadde ein avtale med Eirik. Han skulle komme innom etter arbeidstid, så skulle han vere med meg heim og reparere eit bord. Han kom, og vi var ein tur innom Starevegen, før han sette meg av ved Ørstaheimen på veg heim. Han fekk reparert både bordet og laptopen på den korte stunda.
Eg har ein god stol på heimen, og i dag hadde eg med meg lydbok for Nils søv mykje av tida eg er der. Men om kvelden var han i så bra form at vi kunne sjå TV i lag. Eg hjelpte han med kveldsstellet slik at han fekk legge seg før eg gjekk. Elles er der nattevakt som han kan ringe på om det trengst
Har ete litt ut på heimen, men må nok finne meg litt mat her også. Eg kjem til å vere hos Nils heile ettermiddagane og kveldane framover.
Duftranken på bildet fekk Nils til 80-årsdagen og no blomstrar den på nytt.

torsdag, april 27, 2017

Dagbok 2017: 27.april


Klokka er 22.00, temperaturen ute + 1 grad. Det har vore for det meste lettskya og sol i dag, men også ei regnbyge eller to.
Eg kom nettopp heim frå ein lang vandringsdag. Gjekk heimanfrå ca. kl.14.00 og ned på Amfi, der eg handla diverse småtteri. Hovudoppgåva var å betale urmakaren, og å ta ut litt cash frå minibanken.
Då eg kom opp på heimen hadde Nils besøk av to nabodamer, men dei gjekk rett etterpå for då kom legen. Greitt at eg også får snakke med henne, for Nils får ikkje med seg alt. Ja, det er ikkje noko som feilar han i hovudet, han er vel så KLAR som eg, men det med medisinar etc.overlet han til meg. Afripanen som eg hadde med meg ned i går, hadde ikkje virka betre enn den andre medisinen, han hadde vore like kvalm i dag. Den antibiotikaen han har fått til no virka ikkje, så no er det ein ny sort. 
Han hadde ikkje fått i seg særleg mat før eg kom. Til middag i dag var det BALL-noko han ikkje ville ha, så han fekk havresuppe og liknande. Han vil helst ha flytande føde når han er dårleg. Hadde eg fått lov av han, skulle eg tatt med mat. Etter at han hadde ete middag sovna han og sov i halvannan time, minst.  Eg såg TV utan lyd, og hadde god stol å sitte i, så det gjekk bra.
Elles hadde eg med meg druer og banan, som han åt, og diverse som han ikkje smakte i dag. Han sovna fleire gonger, men eg vart verande slik at han fekk barbert seg, pussa tenner, kledd av seg og lagt seg. Han brukar å seie at eg må gå, men i dag ville han at eg skulle vere der. Han er veldig slapp og kraftlaus, men kjem han ut av denne infeksjonen også, kan det betre seg.
På føremiddagen før eg gjekk nedover styrte eg aldri så lite i hagen, men det blir ikkje så mykje med meg slik stoda er no.
I morgon får eg kanskje besøk av Eirik, som skal fikse eit bord, men resten av familien må ikkje stresse med å besøke oss. Nils er slapp, og eg treng ikkje å handle - har eit stort lager. I dag fekk eg kveldsmat på "Heimen". Det blir ikkje så mykje ete uansett. Men no skal eg finne meg litt saltmat.

onsdag, april 26, 2017

Dagbok 2017: 26. april


Dette var synet som møtte meg då eg stod opp i dag og såg ut. Det vil visst ingen ende ta med snøbyger denne våren, og snart er det mai. Akkurat no er det nesten bert ute og opplett, temperaturen er+ 4 grader.
Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå sjukeheimen. Trur det var i 15-tida eg gjekk nedover. Det eg likar best med at Nils er der, er dei friske turane til og frå, og så føler eg at han blir godt passa på. Men når har er relativt frisk vil eg sjølvsagt helst ha han heime.
I dag ringde eg til han før middag og spurde korleis det stod til. Då var han skikkelig dårleg, og hadde kasta opp att heile frokosten. Han får antibiotika i tablettform, ikkje intravenøst.
I dag hadde legen vore der og han hadde prata lenge med henne. Han hadde sagt at eg var SINT- og då ho høyrde kva som hadde skjedd, meinte ho det var med god grunn. For det var ikkje slik avtalen var. Eg kjem vel til å bli bra berykta etter kvart slik som eg sjefar på, men det får stå si prøve, det er ikkje for meg sjølv eg krigar.
No har eg begynt å blande meg bort i medisineringa også, så i kveld skreiv eg ein lapp om korleis dei skulle gjere det i morgon tidleg.(Det er ikkje berre utdanna sjukepleiarar som jobbar der.) Nils fekk først nokre tablettar mot kvalme som ikkje virka så bra-det var i sommar. Siste gongen han var på sjukehuset fekk han Afipran, og dei hjelpte godt. Dei har han også brukt mens han var heime. På sjukeheimen fekk han nokre som skulle "erstatte" Afipran. "Dei skal han ikkje ha", sa eg "han skal ha Afipran." Men dei tablettane hadde dei ikkje, og dei var visst heller ikkje å få. "DET er dei," sa eg "for eg kjøpte for eit par veker sidan. Og eg har heime. Eg tek dei med i morgon."
I dag fekk han Afipran både før middag og før kveldsmaten, han åt godt og vart ikkje kvalm. Så fekk dei også beskjed om at han skulle ha medisinen ein halv time FØR frokost. Så får vi sjå om det hjelper. Det er nemleg om morgonane han er dårlegast, slik var det også då han var heime. Eg bygger på erfaring-ikkje kunnskap.
Slik eg skriv høyrest eg heilt fæl ut, men eg er relativt høfleg og vennleg mot dei som jobbar på heimen. Dessutan får eg både kaffi og mat om eg vil ha, det fekk eg ikkje sist. Og så er der ein kjempegod stol med "fjernstyring" så eg kviler meg godt når eg er på besøk.
Eg likar ganske godt å ha føremiddagane heime åleine nokre dagar, slik at eg får "gjort" litt i huset. I dag rydda eg litt i kjellaren, bar glas og flasker ut i dunken, blant anna, og då kom eg fram på DAMPVASKAREN som eg ikkje har brukt på mange år. Den måtte sjølvsagt testast, eg hugsa ikkje heilt korleis eg skulle behandle den, men eg fann det ut og den virka. Det vart til at eg vaska golva på badet og kjøkkenet enda der ikkje var særleg skite. 

tirsdag, april 25, 2017

Dagbok 2017: 25.april.

Klokka er 20.30, temperaturen er + 5grader, og i dag har vi hatt både sol og regn, akkurat no er det bitte litt sol.
Ikkje alle dagar er like gode og vellykka. Denne dagen har det vore litt av kvart, men ikkje noko veldig alvorleg. Eg kom nyss heim frå Ørstaheimen der eg hadde vore frå klokka var ca. 15.00. Det var eigentleg ikkje meininga at eg skulle komme så tidleg, men det rota seg litt til for meg i dag.
Eg skulle ned på Amfi og handle diverse som eg skulle ha med meg til Nils, men først skulle er inn til urmakaren og få fiksa klokkereima og få nytt batteri til armbandsuret til hans. Mens urmakaren fiksa klokka grov eg i veska etter lommeboka, utan å finne den. Då kom eg på at eg hadde hatt ei anna veske i går og flytta lommeboka dit. Irriterande!
At eg ikkje fekk betalt urmakaren gjorde ingen ting, eg kjenner han godt frå før, og det var berre å stikke innom når det passa, sa han.
Eg lurte på om der fanst andre måtar å få tak i pengar på, når eg ikkje hadde Visakort. Eg gjekk forbi banken, der såg eg ei dame bak skranken, men eg gjekk ikkje inn, for eg har høyrt at dei har ikkje kontantar i banken lenger, så eg gav meg på det og gjekk opp til sjukeheimen. Ergo må eg til Vik i morgon også -MED lommebok.
I går ettermiddag var Nils ganske bra, men i dag tidleg hadde han vore dårleg, sveitt, kvalm og appetittlaus. Slik var det siste tida han var heime også-det var langt på dag før han kom i form.
Han får ikkje medisin intravenøst, berre i tablettform. I morgon kjem legen tilbake frå kurs, så får vi sjå om ho har eit anna opplegg. Ho står i samband med Volda og diskuterer med kreft-teamet der.
I dag gjorde eg noko som eg ikkje torde å fortelje Nils; eg gjødsla. To sekker med kalksalpeter har eg dryssa utover graset på tomta, eller rettare sagt MOSEN. Meininga er at gjødselen skal brenne bort mosen, men då må det helst ikkje regne. I dag var det fint vêr til å begynne med, men ikkje før hadde eg fått utover gjødselen så begynte det å regne. Eg torde ikkje å tilstå overfor Nils kva eg hadde gjort.
Ei venninne stakk innom på føremiddagen også, og vi fekk prata oss tomme. Elles så sette eg på eit par maskiner med klesvask som står på tørking no. Torer ikkje ha på tørketrommelen mens eg er vekke.
 I dag har Wenche, kona til Rasmus, fødselsdag - og vi gratulerer.




mandag, april 24, 2017

Dagbok 2017: 24.april




Klokka er 21.17, og eg kom nyss heim frå vandringa mi, som no omfattar tur til og frå Ørstaheimen.
Vêret er fint no, men snøen ligg framleis i grantoppane langt nedetter fjellsida. Gradestokken står på +3 grader.
I dag ringde dei frå heimesjukepleien med resultat av blodprøva. Blodprosenten var OK , sa dei. Men korleis var infeksjonsverdiane, ville eg vite. Nei, dei var ikkje granska. Halloooo-det var jo dei som var det viktigaste. Ho eg snakka med meinte også at det var rart dei ikkje hadde målt dei, så Nils måtte komme ned på legesenteret og ta ei ny prøve. Det kan han ikkje, sa eg, det må komme ein sjukepleiar hit og ta prøva, for Nils går ikkje på føtene sine. (Ho syntest sikker eg var rimeleg sur!)
Men sjukepleiar kom, tok blodprøve og ringde heim att til oss og sa at verdiane var høge. Eg sa berre greitt og bestemt at vi hadde open retur til sjukeheimen og dit skulle han. Etter kvart fekk vi tilbod om sjukeheimsplass og alt i orden, det var berre det at i dag var legen deira på kurs, så ein av legane på legesenteret måtte legge han inn.
Legen kom, den samme som sist han vart innlagd, og mens han var her kom dei med bil frå sjukeheimen og henta Nils og rullatoren.(Slik eg hadde forlangt).
Eg måtte berre dusje og vaske håret etc. så gjekk eg ut til "Heimen" på besøk. Nils har det fint no, eige rom med TV og fine møblar. Han er ikkje så sjuk som han har vore dei andre gongane han har vore innlagd, og bra er det. Vi håper han snart skal få kome heim att.
Kari og Kåre kom med fine roser, dei skulle eigentleg heim til oss, men her var låste dører.
Nils låg i senga og såg fotball då eg gjekk, og eg føler meg trygg når han er der han no er. Det blir kanskje til at eg masser litt når han er heime, så han kan ha godt av ein ferie.
Eg tok mange bilde frå rommet hans med mobilen min, men så finn eg ikkje att ledningen så eg får ikkje lagt bilda inn på PC-en. Vi har to like ledningar fordi vi har like telefonar, og den eine ledningen er no på heimen. Viss eg finn att den andre skal eg legge inn bilda.
Nils tek gjerne imot besøk mellom 14-16. Etter klokka 16 er eg der truleg. Rommet er på Rehab aust med bilde av ei skilpadde på døra.

søndag, april 23, 2017

Dagbok 2017: 23.april

Klokka er 19.45, temperaturen er + 3 grader og det som kjem ned frå himmelen no er vel nærmast sludd. I dag vakna vi igjen til kvite marker og snø på altanrekkverket. Ja, vinteren var snøfattig, men jammen har det kome ein del nedbør som snø i seinare tid. Trøsta er at den kan ikkje bli liggande no.
Elles er stoda i heimen om lag som før, Nils er ikkje betre i alle fall, han er sløv og trøtt, særleg tidleg på dag. Om kvelden er han meir oppegåande. Vi fekk no gjennomført seremonien med vasking og byting i dag også. Eg føler at tredje kvar dag er ofte, men godt å ha rutiner. I morgon håper eg vi får kontakt med Ørstaheimen, i helgane er det ganske vanskeleg, og helga varer frå fredag til mandag. Ja, det har no ikkje vore noko dramatikk, men vi vil no gjerne vite resultatet av blodprøvene som dei tok tysdag i førre veka i alle fall.
Nils har ikkje så god appetitt, men han et no bra, og er ikkje kvalm, så det er no eit lyspunkt.
Vi averterte leilegheita i kjellaren til leige i Møre-Nytt; det var lite respons, men då vi la inn bilde og tekst på sida "Til leige i Volda og Ørsta" var det mange som melde seg. Ei av dei, Silje, kom i dag ilag med ei venninne, og dei var begeistra for leilegheita. Eg nølte litt, for ho kan ikkje flytte inn før 15.juni, men ein kan vel ikkje vente at folk er klar på dagen. Eg vil helst av alt ha inn unge jenter, så vi bestemte oss for å sette strek der. Berre mens dei to jentene var her, var det to MENN som ringde. Eg gjekk inn på sida og skreiv at leilegheita var utleigd, så slapp vi fleire telefonar. Men det er kjekt å sjå at det ikkje er så håplaust å få leigd ut gamle leilegheiter. Den leigesida var forresten interessant å studere, der får ein litt peiling på prisar etc.
No ser Nils fotball, men om ei stund skal vi ha litt middag; det har gått i brødmat etc. før i dag.
I dag kan vi gratulere Bodil med dagen. Håper du har ein fin dag, Bodil! Alle dei tre svigerinnene mine, pluss svigerdottera, har fødselsdag i april.

lørdag, april 22, 2017

Dagbok 2017: 22.april


Klokka er 19.00, temperaturen er + 2 grader C og vi har hatt allslags nedbør i dag føler eg.
Eg har ikkje vore utfor døra. Nils vakna temmeleg shabby i dag også, så det gjekk ei god stund før han kom på beina. Eg stod opp i relativt normal tid, og ikkje før var eg oppe så ringde telefonen. Det var ein mann som spurde på leilegheita, pris etc.
Margrete rådde meg til å avertere leilegheita på Facebook på sida "Til leige i Volda og Ørsta", så eg var ned og tok bilde og la ut, og då vart det fart i sakene. Eg oppdaga brått at eg hadde mange meldingar på Messenger, mest unge jenter.(Det er vel dei som er mest på FB)  Så i morgon blir her visning om alt går etter planen.
Etter at medisinen begynte å virke kom Nils seg fram or senga, etter kvart ringde han Ørstaheimen, men dei kan visst ikkje gjere noko før mandag eventuelt. Alternativet er legevakta, men det lova dei vi skulle få sleppe då han vart sendt heim. Han kom seg til etter kvart, har fått i seg mat osb.
Margrete og dei to yngste var på handletur til Ørsta, så dei stakk oppom ein tur. Det var eit kjærkome avbrekk i sjukeheimen.
Eg har ikkje gjort mykje i dag anna enn å vere "pasientvenn" og  hus-utleigar. Har strikka litt , men støvsugaren har fått kvile. Ein lyt ta dagane som dei kjem i vår situasjon.
Referatet mitt kom i avisa i dag. Eg hadde sendt med eit bilde av Louise Engeseth og Elisabeth Stave, men dei hadde funne fram eit bilde av Einar Øyehaug i staden. Ja, heilt greitt for meg.
Same korleis det er så går dagane fort. Og kveldane er best.

fredag, april 21, 2017

Dagbok 2017: 21.april

Klokka er 22.20, temperaturen + 2 grader. Vêret i dag har vore litt spesielt; den eine haglbyga har avløyst den andre, og innimellom har det regna. Ikkje rart ein held seg inne.
Eg brukte det meste av føremiddagen til å vaske og rydde. Det vart ikkje støvsuga i dag, så det får eg ta ein annan gong.
Etter at vi hadde ete lunsj vart eg så trøtt at eg sovna i stolen, men då eg livna til att, strikka eg ferdig ein lest.
Solveig kom før klokka var 17.30 og vi gjorde unna helgehandelen på Spar her i Ørsta. Eg passa på å hamstre tunge ting, for treng eg berre noko lite kan eg gå på beina ned på Kiwi.
Nils har vore tolleg bra i dag, men ikkje i storform. Den eine plaga avløyser den andre, men han går no på føtene, og er stort sett "oppegåande", eller sit i godstolen sin. Han har vore heime i tre veker samanhengande no, berre det er ein vinn-vinn situasjon.
Det blir mykje TV både på han og meg slik stoda er, og heldigvis er det mykje som interesserer. Det er sjølvsagt stussleg for han å ikkje kome seg nokon stad, men han er ikkje i form til bilturar. Slik går dagane våre, og dei går fort.
I dag er det igjen på tide å ønske alle ei GOD HELG

torsdag, april 20, 2017

Dagbok 2017: 20.april.

Klokka er 19.00, temperaturen er + 7 grader, det har regna i heile dag, trur eg, men verst var det før middag.
I dag vakna Nils heilt våt av sveitte, men heldigvis hadde han ingen feber og ikkje var han så veldig dårleg heller. Etter ei dose medisin kom han seg på beina og fekk i seg frokosten før det vart dusjing og plaster - og klebyte. Det gjekk rimeleg bra. og var det nokon gong det passa med dusj, så måtte dagen i dag vere perfekt. Eg tok like godt og bytte på sengene med det samme. Golvvask får vente til i morgon.
Nils er bra i form, men han verker i den skadde hofta og har planar om å kontakte lege for meir stråling, eller anna smertelindring. 

Eg skreiv referat frå møtet i går og sende til Møre-Nytt, trur ikkje det vart for langt denne gongen.
Eg har elles konsentrert meg om klesvask, - bretting og matlaging
Til lunsj laga eg aspargessuppe frå pose og til middag henta eg opp ball frå frysaren og steikte med bacon til. Det var litt godt, men best var det å få tømt kasserollen pluss ei anna panne med restemat, så no begynner det å minke i frysaren. Dessverre er der to kasser med makrell som er tenkt til agn, pluss fleire kasser i garasjefrysaren. Det var ein nokså hektisk føremiddag, så då eg sette meg i godstolen for å strikke etter middagen, sovna eg tvert. Men det unnte eg meg sjølv.

Vi hadde annonse i avisa i dag om utleige av kjellarleilegheita vår, men ingen har ringt. Leilegheita har stått tom sidan november, og det er litt synd for vi har kosta på den ganske mykje i seinare år, og vi tek låg leige. Der er relativt ny vaskemaskin, kjøleskap, komfyr, seng og vedomn. Elles er der varmepumpe og Tussa fiber tilgjengeleg. Vi har tatt 3000 kr.mnd. i leige og det er ikkje stort meir enn det den kostar oss, sidan vi betaler dobbelt opp for alle kommunale avgifter. No har vi betalt målar- og linjeleige også, sidan der er eigen straummålar. Viss vi ikkje får leigt ut, må vi få straumen over på vår målar. Eg likar best at der er folk nede som varmar opp leilegheita, då blir det mindre golvkaldt hos oss. Aberet er at der er berre eitt soverom, dei fleste vil ha to.
Det er blitt slik at dei fleste vel å kjøpe i staden for å leige no når renta er så låg. Dei to siste som har budd her har vore utlendingar. Dei har meir problem med å få lån.
Ja, viss nokon veit om ein som treng hybel, så er det berre å opplyse oss. Vi treng ikkje plassen sjølve og eg vil ikkje fylle opp plassen med rot.

onsdag, april 19, 2017

Dagbok 2017: 19.april

Klokka er 19.30, temperaturen er + 7 grader C og det er overskya .Det har regna litt, men det har stort sett vore opplett.
I dag var ikkje Nils i form då han vakna. Kva som gjer det er heilt umuleg å vite. Somme dagar er det berre slik-i går var han i fin form. I dag har han sove ganske mykje og slappa av på dagsenga.
Eg var nedover på føremiddagen og hjelpte til med å dekke bord etc. til pensjonistmøtet. Eg gjekk nedover, men Eli køyrde meg heim, så eg var ikkje vekke så lenge.
Eg hadde tenkt at einkvan av naboane kunne stikke innom Nils mens eg var på møtet seinare på dag, men han ville vere åleine og slappe av. Han fekk alt han trong så nær at han ikkje måtte reise seg frå senga mens eg var vekke. Fasttelefon, mobil, osb. Eg la inn nummeret til Ørstaheimen for sikkerheits skuld. Eg gjekk nedover, men kom ikkje langt før ein av naboane stoppa og plukka meg opp; heim frå møtet fekk eg skyss av ein tidlegare kollega og venninne. Vanlegvis vil eg gjerne gå, men eg atteleta litt på han som var heime.
Han var bra i form, greidde å stå opp og ete middag, suppe frå i går, og dessert. No sit han i godstolen og ser TV . Sidan vi ikkje har høyrt noko, kan dei ikkje ha funne noko på blodprøven dei tok i går-viss den er analysert då. Veit ikkje kor lang tid det tek.
Eg har ikkje gjort stort her heime i dag, berre det mest naudsynte, og så sat eg og strikka litt mens Nils sov i stolen. Er begynt på andre lesteparet av garnet som Margrete kjøpte.
Det var eit kjekt møte i dag. Terje Kjøde hadde eit interessant kåseri om A.O.Vinje, ei diktar eg visste lite om, sjølv om songane hans er kjende.
Vi hadde Louise Engeseth til å synge "Våren" og " Ved Rondane" (No ser eg atter slike fjell og dalar), andre Vinje-songar vart allsong.
På bildet ser de Louise som går i same klassen som Amanda, og som somme kanskje kjenner att frå "Norske talenter". For dette høvet var det Elisabeth Stave som akkompagnerte. Det gjorde ho veldig fint, utan å overdøve songaren.
Det er berre så håplaust å få gode bilde under lysrøra. Det er sikkert ikkje umulig for dei som kan å stille inn fotoapparatet.
No har eg sett på kaffien, Nils ville også ha. Og så har han funne fram "Fjorden Cowboys" på TV. Det er lys i tunnelen.

tirsdag, april 18, 2017

Dagbok 2017: 18.april

Klokka er19.45, temperaturen er + 7 grader og det har vore ein strålande dag. Ja, det var så fint då eg vakna i dag at eg stod opp ein time før eg plar. Og ei stund etterpå måtte eg ut å forevige vêret frå altanen. Fullt så klårt er det ikkje no, men vi har stort sett hatt sol heile dagen. Men det er så kaldt! Særleg om morgonen! Også i dag var det rim på hus og garasjetak før sola kom og smelta den vekk.
Eg hadde bestemt meg for å gjødsle i dag, men Nils ville utsette det, så eg måtte gi meg. Gjorde litt hagearbeid, fekk fylt på litt mold og hønsegjødsel i garasje-bedet, blant anna.
Har i grunnen ikkje utretta så mykje. Felte av ein lest, stoppa ein annan, la opp ein ny etc.
Brått kom det luskande ein ung mann ute i gangen. Det var ein sjukepleiar som har vore her før, han kom for å ta blodprøver av Nils. Nils er eigentleg pasient ved Ørstaheimen, men heime på permisjon, så dei har vel eit ansvar for å sjå til han. Håper dei ikkje fann noko gale med blodet, har i alle fall ikkje høyrt noko enno. Sverre Snipsøyr kom nedom ein tur etterpå. Og då han var vekk varte det ikkje lenge før Håkon kom innom. Han har vore"utaføre" heile påska, på Hareid og Herøy så han har ikkje vore her før no i dag. Det høvde slik at vi skulle ete lunsj akkurat då, så då åt han i lag med oss.
Seinare laga eg suppe/lapskaus som vi åt i 17-tida.Sidan eg åt den suppa har eg drukke tett. Eg har vore ein del på data, betalt rekningar etc. og hatt eit par telefonsamtalar, og slik gjekk den dagen.
I morgon får eg ein travel dag, då er det pensjonistmøte, så eg må ned på Kulturhuset både før og etter middag. Men det er no godt å komme seg ut blant folk av og til.
Det hadde begynt å hope seg opp med tomme brusflasker i kjellaren, og akkurat i dag var det nokon som kom og samla. Greitt nok det, men eg sat og prata med ei venninne i telefonen då dei kom, og Nils gjekk ned kjellartrappa. Det gjekk bra.





mandag, april 17, 2017

Bok nr.15 - 2017: Hvite spor

Hvite spor av Emelie Schepp (Lydbok-CD)
«Hvite spor» er bok 2 om statsadvokat Jana Berzelius.

Et hurtigtog står stille på Norrköpings sentralstasjon i den kalde vinternatten. En ung kvinne er nettopp blitt funnet død om bord på toget. Fingrene hennes er blodige, og hun har hvitt skum rundt munnen. Kvinnen reiste ikke alene, men nå er venninnen sporløst forsvunnet.

Hvem er disse kvinnene, og hva har hendt dem? Statsadvokat Jana Berzelius blir satt på saken sammen med politiet. Det går ikke lang tid før etterforskningen blir mye mer personlig enn hun hadde tenkt seg. Atter en gang blir hun konfrontert med sin fortid. Da kriminalbetjent Henrik Levin og hans kollega Mia Bolander kommer over et spor, skjønner Jana at mistanken peker mot en person som hun kjenner til. En mann hun helst vil glemme, en som vet altfor mye om henne. For å beskytte sin fortid må hun finne den mistenkte mannen før politiet gjør det.

........................................................................................
Eg brukar lang tid på alle bøker for tida, men i dag fekk eg fullført denne. Som krimroman er den ikkje av dei verste, men det som kan vere forvirrande når ein les på øyret er dei mange  "sceneskifta" -utan ein liten pause i lesinga. Opplesaren er heilt OK.
Eg trudde lenge at eg hadde lese boka før, for der var ein liten detalj eg kjende att. No ser eg at boka er nr.2 i ein serie, og eg har truleg lese nr. 1. Kven veit.

Dagbok 2017: 17.april

Klokka er snar 19.00, temperaturen ute er ca+6 grader C og sola skin. Det har ho gjort det meste av dagen, men det kom også ei lita regnbyge på ettermiddagen. Særleg varmt er det ikkje ute, men vi har stort sett halde oss inn. Eg var ein liten tur rundt huset for å sjå korleis det står til med plantar og gras. Konklusjonen er at dersom det blir høveleg ver i morgon, må eg ut og gjødsle med kalksalpeter, for mose er det meir enn nok av
Elles er det fint å sjå på dei tidlege løkplantane. Den blå plenen med sibirblåstjerner er berre så nydeleg, men på bilde blir den ikkje så fantastisk.
Nils var nokså skral i går, men i dag var han heldigvis mykje betre. Kvar tredje dag skal han skifte smerteplaster, så då blir det dusjing og skifting av klede på samme tid. Før dusja han alltid kvar dag, men no blir det berre tredje kvar dag. Ja, det er i alle fall meir enn på sjukeheimen.
Etter strabasane fekk han legge seg ned på dag-senga og prate i telefonen, mens eg sette på vaskemaskina og vaska bad og kjøkken. Det vart ikkje gjort så grundig førre veka, for då hadde vi mykje besøk. I går var her ingen, og heller ikkje i dag. Med unntak av ei mann lenger ute i gata som kom for å rapportere om båten. Ja,dagen er no ikkje heilt slutt enno.
Nils har sett ein del fotball i dag, og då nyttar eg høvet til å stikke meg vekk med strikketøy og lydbok. Har som ei von om å bli ferdig med den boka eg held på med.
Middagen vart lettvint, for vi hadde meir enn nok mat att frå i går. Vi venta med middagen til klokka 17, sidan Nils er best i form til å ete utpå dagen. Vi åt lunsj i 13-tida, så her går det på skinner. Vi legg måltida til medisintidene. Og snart er denne dagen også gått over i historia.


søndag, april 16, 2017

Dagbok 2017: 16.april

Klokka er 20.00, temperaturen er+ 4 grader C, det har vore ein nydelig dag med mykje sol, men kald vind. For oss som feirer påske inne er det meir enn greitt nok vêr. Eg var på altanen og knipsa bilda før middag, mot aust og mot vest. Fin utsikt til fjorden før det kjem lauv på trea.
Nils har ikkje vore i form i dag-i går var han veldig bra, spesielt på ettermiddagstid. Det er alltid føremiddagane som er verst, slik var det i dag også. Han har vore heime i over to veker no, og ein veit aldri kva tid infeksjonen slår til igjen. I morgon er det vaske- og bytedag igjen, så då tek det mykje av føremiddagen før han er oppegåande igjen. Alt er slitsomt !
Eg gjer ikkje så mykje om dagane når han er heime, det blir mykje strikking og TV. Elles har eg trykt opp nokre songar til pensjonistmøtet som skal vere komande onsdag. Ja, og så laga eg middag. I dag vart det kotelettar i saus, men det vart ikkje ete så mykje. Slik er det berre. Men når eg tenkjer tilbake på dei middagsmåltida vi to kunne sette til livs før i tida.........
Vi har hatt besøk av barn og barnebarn kvar dag heile veka, i dag  har vi vore åleine-men vi er ikkje åleine når vi er to.(Eg melde ifrå om at Nils ikkje var i form). No skal vi sjå om vi finn noko på TV. Eg har strikka ferdig eit lestepar i dag og starta på eit nytt. Det går heilt automatisk. Skulle vel strikka noko anna, men lester går på autopilot.


lørdag, april 15, 2017

Dagbok 2017: 15.april

Klokka er 20.45, temperaturen ute er + 3 grader og det har regna litt igjen. Hadde det ikkje vore påskeaftan så skulle eg gått ut og gjødsla plenane. Eller kanskje ikkje.
Dagane forsvinn som ein røyk, ikkje før er vi oppe så er det kvelden igjen.
I dag tilbaud Margrete seg å komme og vere shoppingassistent. Vi var først på Amfi, fordi eg hadde ærend på apoteket og på Nille.
Eg trudde at når Coop forsvann, blei der ganske folketomt på senteret-men ikkje i dag i alle fall. Der var tusen bilar på parkeringsplassen og fullt med folk inne. Mest "utlendingar" frå Nordfjord og uta øyane går eg ut frå. Såg i alle fall ikkje mange kjende fjes.
Eg foreslo/bestemte at vi skulle handle mat på Spar, og det gjorde vi. Så no har eg fylt opp lageret mitt igjen. Håper berre at Nils ikkje blir sjuk igjen, slik at eg blir sittande åleine med all maten. Ja, det er no ikkje det største problemet.
Nils er veldig bra for tida, beste han har vore på lenge. Om føremiddagane er han ikkje heilt i form, men når det lid på dag er han nesten som i "gamle dagar". Men eg veit at det er medisinen å takke at han kan ha det såpass bra.
Margrete åt middag i lag med oss. Nils kom på at vi hadde Brudevollmór att frå jul, så det hadde vi til middag i dag, med kokt rabbe og mandelpoteter. Til kaffien var det gulrotkake. Eg har hatt litt av kvart i frysarane, men no får vi endeleg brukt noko av det. Eg hadde fått Margrete til å kjøpe garn til meg, så no vert eg ikkje arbeidslaus i påska.
I dag fyller eldste guten til Margrete 20 år, og er altså ikkje tenåring lenger. Han studerer engelsk i Volda i år attåt at han jobbar på møbelringen. Kjekk kar!
Det er vanskeleg å finne dei bilda eg vil ha, for begge datamaskinene har kollapsa på mindre enn eit år. Nokre av dei gamle bilda dukkar opp både her og der, men eg hadde eit skikkelig system på den gamle laptoppen-det systemet er vekk. Men det er mange bilde på Facebook.


Gratulerer med dagen, Eirik.

fredag, april 14, 2017

Dagbok 2017: 14.april.

Klokka er 18.45, temperaturen ute er + 8 grader, og det har vore ein nydelig dag med tanke på vêret. Sol frå nesten klår himmel, men nokså kaldt først på dagen.
Her heime har vi hatt ein dag utan så mykje action-heldigvis.
Før middag hadde vi vaske og byte- dag, og det gjekk bra, sjølv om Nils blir sliten. Han kom seg litt etter kvart.
Vi åt tidleg middag, så vi var ferdige med den då Ingeborg kom på besøk. Det blei enda ein vakker bukett å pynte opp med i stova. Gult eg ein vakker varm og oppkvikkande farge-særleg i påsketider. Vi gler oss over alle blomster som vi får, men synest det blir veldig  mykje.
Mest av alt set vi pris på omtanken. Ingeborg drakk kaffi i lag med oss og vi hadde mykje å prate om. Etter at ho var reist gjekk eg opp til Marit ein tur, for ho sat ute, og eg følte at eg trong kome ut litt, eg også. Har ikke gjort så mykje nyttig i dag, men vaskemaskina har vaska ein haug med klede.
No får vi sjå om det er noko på TV i kveld.


torsdag, april 13, 2017

Dagbok 2017: 13.april

Klokka er 18.30. temperaturen ute er +  grader C.Vêret har vor så ymse; litt sol litt skodde etc. m men ikkje nedbør., og ikkje særleg varmt.
Dei siste gule rosene var visna i dag, men vart erstatta av tulipanar. Vi har ikkje mangla blomster i vasane siste halvåret, det er mange som har kome med  fine bukettar-vi synest nesten det er for mykje av det gode. Med meg sjølv veit eg at eg ikkje har vore så oppmerksam mot andre i liknande situasjonar.
I dag venta vi Matias innom ein snartur, og så skulle Audun kome. Så viste det seg at dei km om lag på samme tid og at også Øystein var med. Det vart reie "herrelaget". Eg hadde ikkje laga til så spennande mat, men litt hadde eg, og rikeleg kaffi. Det vart ei koseleg stund, for karane hadde mykje å snakke om. Det var Matias som hadde tulipanar med seg.
Ei stund etter at gjestane hadde fare åt Nils og eg resten av middagen frå i går, og så sovna vi i kvar vår stol-eg sov ikkje lenge, men det gjorde Nils.
Og brått var vi langt ut på ettermiddagen. Og det var tid for kaffi igjen. No har Nils fått på TV-en. Når han sit i ein stol det meste av dagen, er TV-en ein god venn. Olaug reiste tilbake til Bergen med fly i dag tidleg, Audun skal reise tilbake til Oslo i kveld, med nattbussen, men så skulle Ingeborg kome heim i dag. Ja, ho kan vere komen for det eg veit. Så vi får vel fleire besøk i løpet av påskehelga. Kjekt at folk kjem til oss, når vi sjølve ikkje kan farte på.
I morgon er det "vaske-og bytedag".

onsdag, april 12, 2017

Dagbok 2017: 12.april

Krokus og scilla i mengdevis på plenen, men dei let seg att i regnet.


Klokka er 19.00, temperaturen ute er +7  grader C, det er overskya og har regna litt i dag også. Den 12.april i fjor var eg ute og spraya skvallerkålen, og Nils hadde sådd sukkererter, så vi ligg litt etter skjema i år.
I dag har eg vore svært lite effektiv, rett ut lat, vil eg påstå.
Laga middagen nesten ferdig før eg gjekk på butikken i 12-tida. Eg skulle berre handle litt, ikkje meir enn eg kunne bere med meg. Og det gjorde eg, Men eg hadde ikkje gått mange stega på heimvegen før ein av naboane stoppa bilen og spurde om eg ville sitte på. Det ville eg. Men så spurde han om eg ikkje ville handle meir-dei skulle også handle, så då tok eg ein runde til på butikken og raska med meg litt tyngre ting, så no har eg t.d. rikeleg med melk i huset.
Vi åt tidleg middag, i dag vart det gryterett med poteter til. Nils har ikkje lenger aversjon mot poteter, så no går dei gode mandelpotetene unna.
Seinare åt vi "Nons" - sidan vi kutta ut middagen. Nils et godt, og det verste er at eg også et -meir enn eg burde.
Så sovna vi i kvar vår stol etterpå, eg hadde sove uroleg sist natt, og så var eg relativt tidleg oppe. Eg står opp først, fyrer i omnen om det trengst, lagar frokost etc.- før eg gir Nils tablettar klokka 9.00. Så må han ligge ei stund etter at han har fått tablettane. Slik er rutinen no. Og det går framleis bra. Nils greier å gå utan rullator no, men eg vil helst at han brukar den.
I dag har vi ikkje hatt besøk av familien men ein av naboane stakk innom for å hente ei bok vi hadde på lån.
Elles går det mykje i TV. Vi har sett krimserien på NRK 1, men ikkje fått med oss den på TV 2-den kjem vel i reprise.
Elles har eg gjort litt "kontorarbeid" i samband med pensjonistmøtet neste onsdag. No trur eg at eg skal sette på ei maskin med klesvask-før det blir helg. Men aller først skal eg feste trådane på lestane eg strikka ferdig i går.
I morgon kjem Audun ein tur innover om det går etter planen.
I dag kan vi gratulere Anne Marie, systera til Nils, med 82-årsdagen!

tirsdag, april 11, 2017

Dagbok 2017: 11.april

Klokka er 20.00, temperaturen er + 5 grader C.I dag tidleg låg det snø på markene, no er det bert. Og dei "små blå" gjer enda eit forsøk på å få blomstre. Heilt maksimalt er det enno ikkje.
Eigentleg hadde eg tenkt å ta bilde av gjestane i dag også, men det kom eg ikkje på før dei hadde reist. I dag var det Solveig og Olaug som var her ein tur. Olaug skal reise att allereie på torsdag, så det var ikkje så mange dagar å velje mellom. Det nærmar seg eksamen og ho er ein flittig og samvitsfull student.
Elles har eg hatt ein relativt aktiv dag i dag. Fekk endeleg støvsuga teppegolva, og så var det dusje og byttedag. Til lunsj laga eg blomkålsuppe og til Solveig skulle komme hadde eg steikt sveler. Det kunne eg like godt spart meg, for ho hadde med seg kaffimat, sjølv om eg hadde sagt at eg hadde det eg trong. Reknar med at resten av barnebarna dukkar opp i løpet av påskehelga.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, heldigvis får ein nesten seie. Vi har hatt nok av dramatikk siste året. Nils har begynt å gå litt utan rullator, sjølv om eg ikkje likar at han gjer det, elles er det ikkje så store endringar frå dag til dag. Komande fredag er det 2 veker sidan han kom heim, så lenge har han ikkje vore heime på lang tid. Håper han får ei god tid framover, og at vi får vår med mildare vêr, slik at det går an å vere ute.
Eg vil oppmode ein kvan til å ta eit bilde av Solveig og Olaug, slik at eg kan få dei på bloggen min!

mandag, april 10, 2017

Dagbok 2017: 10.april

Klokka er19.10, og Eirik og morfaren ser fotballkamp. Temperaturen ute er +3-4 grader C, og vi har hatt både regn, sludd og hagl i løpet av dagen. Sjølv om det er fint innevêr følte eg sterk trang til ein tur ut i dag. Mesteparten av hausten, vinteren og våren har eg vore mykje ute og gått, og det kan eg ikkje slutte heilt med.
I dag skulle eg på styremøte klokka 12.00 og hadde avtalt med Einar og Audun at dei skulle vere her hos Nils mens eg var vekke. Eg kokte kaffi og sette fram kaffimat før eg gjekk nedover litt før halv 12. Eg gjekk ikkje beinaste vegen, for eg tok det som ein tur. Vi har hatt ein person for lite i styret lenge, men no er det holet fylt-av ei dame frå Eid, så no er vi to eidajenter. Veldig kjekt.Eg kjenner henne godt frå før.
Etter møtet handla eg litt på Spar før eg ringde heim etter skyss, slik avtalen var. Men før Einar kom, var naboen på pletten, han la vel merke til den stakkars kjerringa i knallraud regnkåpe som stod og venta i Holmegata. Men eg venta sjølvsagt på Einar, som eg visste var på veg. Eg hadde kjøpt brød og pålegg -så i dag var DET lunsj. Det er Einar som har tatt bildet over, det er derfor han ikkje er med sjølv. Det bildet har for øvrig betre kvalitet enn det eg sjølv tok av Eirik og Nils(under).Eirik har vore på jobb på Møbelringen i dag, og kom hit etter arbeidstid-dvs. etter kl.18.


Reknar med at vi får besøk av fleire barnebarn etter kvart som dei kjem heim. I morgon er det dusje-bytte klede og plaster-dag, så då reknar eg med at mykje av føremiddagen går med.Eg skulle absolutt ha støvsuga på stova, så eg får jage Nils inn på datarommet ei stund. Likar ikkje å ha det uryddig og ruskete.
Middagen i dag vart restar frå i går. Nils er i grunnen mest interessert i dessert.I dag fekk han diabetiker-is med jordbærsmoothie. Dobbel porsjon. Han har vore i bra form i dag også, vi takkar for alle gode dagar.
Eg har begynt på ei ny bok, men ikkje veit eg om eg har lese den før, for no får eg ikkje fram det eg søker etter på bloggen.

søndag, april 09, 2017

Dagbok 2017: 9.april


Klokka er 19.40, temperaturen + 8 grader C og det regnar. Skulle gjerne hatt ein dag med opplett og sol, slik at blomstrane fekk utfalde seg - dvs. falde seg ut. Plenane er fulle av krokus og diverse Scilla,  det er ikkje så stor stas når dei let seg att i regnet. Men på trappa blomstrar både påskeliljer og perleblomster(?).
I går , særleg tidleg på dag, var Nils så elendig at eg var mest frista til å ringe sjukeheimen, men så kom han seg til etter kvart, og i dag vakna han ganske frisk og kjekk.
Eg var så trøtt i dag at eg hadde problem med å komme meg opp klokka 9 og gi han medisin, men når eg først kom i siget så gjekk det bra.(Vi legg oss ikkje tidleg på kvelden, akkurat). Men for første gong sidan Nils kom heim att, sovna eg i godstolen etter middag. Han søv kvar dag, men eg har som regel eitt og anna som må gjerast. Det hadde eg sjølvsagt i dag også, og noko vart gjort- andre ting står på vent.
I dag såg vi gudstenesta frå Tromsdalen kirke, Ishavskatedralen, på TV. På bilturen vår til Nordkapp for mange år sidan, var vi inn i den kyrkja, og eg vart forundra over kor lita ho var. Men FIN, sjølvsagt.
I alle år har det vore vanleg at Nils har bestemt kva vi skal ha til middag, og ofte var det han som kokte også. Og veldig ofte var det fisk. No må eg finne på mat sjølv, og det kan ikkje vere kva som helst. Maten må vere lett å tygge, og helst må det vere mykje saus.
I dag laga eg potetstappe av mandelpoteter og så vart det pølser til. Retten var godkjend. Og Nils får gedigne porsjonar med div.puddingar og sausar som eg kjøper ferdig-eller annan dessert. Det fristar ikkje meg.
Etter middagskvila vart eg sittande å høyre ferdig lydboka mi, mens eg strikka. Først gjorde eg ferdig lesten eg begynte på i går, og så begynte eg på lest nr to.
Elles går i vanleg husarbeid sjølv om det er sundag, klesvask, oppvask etc.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget, men då kjem Einar og Audun og held Nils med selskap mens eg er vekke. Det blir møte i pensjonistlaget første onsdagen etter påske.

Bok nr.14 -2017: Wienerbrorskapet

Wienerbrorskapet
Ingar Johnsruds kritikerroste debutbok «Wienerbrorskapet» handler om den aller farligste form for ondskap. Den ondskapen vi gjør av godhet.  
Annette Wetre, den vakre og intelligente datteren til en ledende Krf-politiker, er forsvunnet. Sammen med sønnen på tre år er hun en del av den lukkede menigheten Guds Lys, som har isolert seg på gården Solro utenfor Oslo. Saken har knapt landet på skrivebordet til politietterforsker Fredrik Beier før Solro blir åsted for en bestialsk massakre. Da politiet finner et avansert underjordisk laboratorium, innser de at gården skjuler mørke hemmeligheter. Men hvilke? Annette er borte. Sekten er borte. Tilbake ligger bare lik.
Det viser seg at laboratoriet har forgreininger tilbake til andre verdenskrig og et internasjonalt brorskap av naziforskere, ledet av en norsk rasebiolog. Sammen med den unge PST-etterforskeren Kafa Iqbal står Fredrik Beier overfor en krimgåte som vokser til en storpolitisk thriller med endetidssekter og ondsinnede konspirasjoner, hvor vår tids terror får næring fra nazitidens levninger.
.....................................................................................................
Endeleg blei er ferdig med denne boka. Det er den andre boka eg har lese av denne forfattaren, og eg hadde samme problemet som med den første.
Bøkene har fått gode kritikkar, men som lydbøker vart dei nesten håplause når det galdt å halde greie på alle trådane: Wien 1930-åra, Lista 1943 og Oslo i vår tid. Ein tråd fører også til Afghanistan. Mange personar, mange hendingar etc. Eg garanterer ikkje at eg fekk med meg alt.
Konklusjon: Denne boka bør ev. lesast på papir.

lørdag, april 08, 2017

Dagbok 2017: 8.april

Klokka er snart 20.00, temperaturen ute er 8,4 grader C og det er overskya og opplett-i alle fall akkurat no.
Nils ser fotball på Tv og eg har sete her ved datamaskina og rippa tre lydbøker, med strikketøy i hendene og bok på øyret. Alt tek si tid.
Dagen starta ikkje særleg bra; Nils var ikkje i form, men klarte å kreke seg fram ein times tid etter at han hadde fått tablettdosen sin. Han greidde å ete frokost, men så måtte han legge seg nedpå att. Etter enda ein time eller vel så det, fekk vi utført dagens store jobb: dusjing, barbering etc. Ja, han gjer det meste sjølv, men eg må jo legge alt til rette og passe på at det går bra. Det gjorde det i dag også. Men då måtte han kvile ei heil stund etterpå..
Margrete og dei to yngste var på 12-konserten i Volda, og ville komme hit etterpå. Eg steikte flesk og laga pannekakerøre, som eg steikte opp rett før dei kom og etter kvart som dei åt. Dei sette pris på maten, Amanda hadde visst hatt lyst på pannekaker i fleire dagar. Grei mat, og så slepp ein anna kaffimat, for her i huset høyrer det kaffi med til pannekakene, den siste i alle fall.
I dag kom naboen med gjødsel til oss, han skulle kjøpe sjølv og baud til å handle til oss også, så no skal det gjødslast så mosen forsvinn-har eg tenkt.
Nils vart litt betre etter kvart, og når fotballkampen er ferdig skal vi ete restemiddag frå i går og i dag.
Det øvste bildet er av Amanda-ho blir 17 år i mai. Erlend, yngstemann, blir 14 år i november men ser ut til å bli den høgaste i familien-i alle fall er han større enn mor. No er ikkje familien vår den som ragar høgast i vêret.
I dag fyller Mimi 73 år, om eg ikkje tek feil. Ho er gift med bror til Nils, og eg har kjent henne sidan ho var 15år. Gratulerer med dagen, Mimi!

fredag, april 07, 2017

Dagbok 2017: 7.april

Klokka er 21.50, temperaturen ute er + 7 grader C. Det har vore opplett og mildt i dag, men ikkje sol.
Nils var ikkje i form i dag tidleg, og det gjekk langt utover dagen før han kom seg til hektene. Kva som var grunnen til at han ikkje var bra, veit eg ikkje. Sjølv meiner han at grunnen var at han åt taco i går, og det toler han ikkje så godt- men han hadde veldig lyst på.
Dagen har gått som ein røyk.
Det første eg gjorde i dag var at eg laga ei prinsessekake, så rydda og vaska eg kjøkkenet og badet. Så får vi sjå om eg får støvsuga snart også.
I dag vart det ikkje lunsj-berre middag. Kjøttkaker i brun saus med poteter, gulrot og grønerterstuing. Veldig tradisjonelt altså. Nils tok seg ein lur mens eg strikka ferdig ein lest. Og så drakk vi kaffi.
Solveig kom på sin sedvanlege fredagstur, og ho og eg var på matmandel på Spar. Vi var først innom Amfi, sidan eg hadde ærend på apoteket. Etterpå drakk vi kaffi og åt kake. Solveig hadde med seg lydbøker som eg skal rippe, så har eg lesestoff heile påska og vel så det. Blir ikkje så mykje høve ti å lese.
Vi reknar med ein god del besøk av barn og barnebarn komande veke. Dei vaksne barnebarna som bur både her og der leitar seg heim att i høgtidene. Eg har ikkje førebudd meg på selskapelegheit, men skal no sørge for at dei får kaffi med litt attåt om ikkje anna. Kapasiteten min rekk ikkje til stort meir enn det "daglege". Men det får vere nok.
Det viktigaste for oss er at Nils får vere nokonlunde bra, så vi slepp dramatikken. I dag ringde legen frå Ørstaheimen og spurde korleis det gjekk, så dei har ikkje gløymt han. I morgon er det "dusje, barbere, byte klede og smerteplaster-dagen"-det er ein heil jobb- særleg for han. Han blir heilt utsliten av så mykje styr. Sjølv om han er bra oppegåande er han svært svak. Men vi er no glade og takknemlege for kvar dag han får vere heime.
Då får eg ønske alle ei god helg og GOD  PÅSKE.


torsdag, april 06, 2017

Dagbok 2017: 6.april

Klokka er 18.20, temperaturen er +7,5 grader C, det er så vått og grått som vel mulig. Men det er ute. Inne har vi gule roser og påskepynt.
I dag før  middag tørka eg støv og rydda, strauk eit par løparar og bytte til gule lys rundt omkring. Eg sa til Nils at eg hadde pynte til påske, men han såg ikkje noko pynt! Når ein sit i same stolen heile tida har ein berre ei utsikt. I dag har vi ikkje hatt besøk, men det har likevel vore ein bra dag. Eg passar på at Nils får medisin til rett tid og då går det bra. Så langt i alle fall. I morgon er det ei veke sidan han kom heim.
Lunsjen i dag vart risgraut.. Har eit lite lager av frosen graut frå ein gong eg hadde kjøpt inn for mykje melk og kokte ein stor porsjon. No prøver eg å bruke mest mulig av det er har i frysarane rundt omkring. Men til middag vart det Taco, sjølv om vi mangla eit par ingrediensar.
Eg begynner å bli redd for at eg skal legge på meg- så mykje mat, og så lite mosjon! Eg gler meg til plenklippingsesongen -då får eg køyrt meg litt meir. Nils fekk dessert i dag også, det står eg over-som vanleg.
Det var fleire som sende melding i dag og baud meg skyss nedover, dei tenkte vel på medisinen eg ikkje fekk i går, men eg brukte av det smerteplasteret vi hadde og så skal han ikkje ha nytt før laurdag.
Skreiv omså eit lite avisinnlegg i dag, det tok ikkje så mange minutt. Vi skal ha møte i pensjonistlaget rett over påske, så omtalen må inn i avisa komande tysdag, siste avisa før påske.
Elles blir det mykje til at eg held Nils med selskap framfor TV-en. Eg strikkar lestar; viss eg blir ferdig med den eg begynte på i dag i løpet av morgondagen, har eg strikka tre par siste veka, i "herrestørrelse". I dag sovna vi forresten begge to-eg med lydboka på øyret. Og då må eg høyre om att opp til fleire spor.
Håper det er fotball i kveld også-så eg får høyre lydbok.

onsdag, april 05, 2017

Dagbok 2017: 5.april

Klokka er 19.10, temperaturen er + 7 grader C og no mot kveld skin det opp. Tidlegare i dag har det vore vått og regnfullt, ja, det var til og med snø på markane i dag tidleg. April er april-ein kan vente seg det meste. No har Nils funne seg ein kamp på TV, så eg stakk av inn til datamaskina ei stund.
I dag hadde eg eit lite problem; eg måtte på apoteket og hente smerteplasteret som Nils hadde bestilt på legesenteret i går, og så skulle eg ha handla litt mat også.
Var berre så vidt ferdige med frokosten, så fekk eg melding frå Marit G: "Eg skal på Amfi og handle, vil du vere med?" Så var det problemet løyst- for ei stund.
Då eg kom på apoteket var der ingen resept på smerteplaster. Men der er ei ung dame frå Aust-Europa som berre er heilt fantastisk. Ho slo nummeret til legesenteret og gav meg telefonen. Men DÅ måtte eg vente. Snakka med ei dame i resepsjonen, men ho meinte at eg fekk vente så kom nok resepten. Eg forklarte henne at eg ikkje hadde høve til å springe opp og ned på apoteket og heller ikkje kunne eg vere vekke så lenge heimanfrå. Då måtte eg vente i telefonen til ho hadde fått snakka med legen, og han hadde gløymt å kontakte apoteket...........
Eg venta i 10-15 minutt, men då resepten enno ikkje var komen, måtte eg berre fare heim att. No skal eg innrømme at eg var litt sur, men det er snart gjort å rette bakar for smed. Eg veit eigentleg ikkje kven som er ansvarleg, sidan Nils er heime på permisjon-men pasient ved Ørstaheimen. Så må eg vel ned att i morgon.
Då eg kom heim hadde Nils besøk av ei av nabodamene, så han var i trygge hender. Eg forbyr han å reise seg opp og gå når eg ikkje er i nærleiken, men ein kan aldri vite.
Smerteplasteret skulle eigentleg vore skifta i går, så vi var ein dag for seint ute. Men så blei det dusjing, hårvask, klesbyte og nytt plaster. Han skal eigentleg ha 25 mg plaster- men eg tok to 12mg som sist, for det hadde eg på lager. Vi har valt å greie opp sjølve både med medisin og dusjing, det er berre stress å ha folk inn og ut for å gjere slikt som vi fint greier sjølve. Det går i grunnen bra, Nils tek medisinar og han et godt.
I dag åt vi restar frå i går til lunsj, til middag hadde eg kjøpt frosen fisk-"Kapteinens fylte rødspette". Tja-paneringa var sprø og god. Vi som alltid har laga mesteparten av middagane våre frå grunnen av, har no testa ut diverse frosne alternativ og halvfabrikata. Eg er ikkje imponert.
Dagane går opp i diverse huslege syslar, klesvask, litt strikking etc. Og dagane fyk av garde.
Fekk helsing frå Rasmus i dag, han er i Budapest.
Bildet over tok eg ca kl.19-viss de ser godt etter kan de sjå regnbogen fram i Mosmarka.



tirsdag, april 04, 2017

Dagbok 2017: 4.april



Klokka nærmar seg 19.00. Temperaturen ute er + 5 grader C; det regnar og blæs! Ja, det fine vêret vi hadde i går varde ikkje lenge, nei. I dag let dei seg att både krokusane og dei andre blomstrane. Dett var dett!
I dag hadde vi ein strategi: Eg skulle stå opp først, så skulle eg gi Nils morgon-rasjonen med tablettar og han skulle ligge ein halvtime til, før han stod opp. Det funka heilt fint, og vi har hatt ein god dag. Eg som har vasa rundt stort sett heile vinteren, er no husmor og sjukepleiar på heiltid-men det er heilt OK. Einaste aberet er at eg kjem til å legge på meg, no når eg får mindre mosjon og meir mat. Når Nils skal legge på seg, blir det ikkje akkurat slankekost.
I dag venta vi besøk av heimesjukepleien, og dei troppa opp, ein nyutdanna gut og ei jente som enno var elev. Det var ikkje så mykje dei kunne gjere for oss, og heller ikkje så mykje hjelp vi hadde behov for. Det var noko styr med smerteplaster-vi hadde ikkje rette styrken på det vi hadde, så Nils måtte ringe både apoteket og legesenteret for å få orden på det. Så no må eg på apoteket ein av dagane og få tak i det vi skal ha. Elles så har vi det vi treng av medisin. Eg har tatt på meg ansvaret for medisinering, det klarer eg fint. Har medisinliste.
Til lunsj i dag hadde vi ferdigkjøpt fiskegrateng med heimeraspa gulrøter til. Ikkje det heilt store den gratengen.
Ei stund seinare kom Margrete på besøk. Eg hadde steikt sveler, noko eg ofte gjer, for då kan eg sende med restane heim til gutane.
Til middag i 18-tida laga eg vår spesielle variasjon av "Pasta Carbonara"-saus frå pose + ein skinkeboks. Spagetti til ! Det er noko Nils likar.
Eg skulle skrive blogg før nyheitene, men så var eg inn på FB først, så då gjekk tida litt fort.
Solveig kom med garnpresang til meg sist fredag. Då hadde eg akkurat starta på eit par kjedelige lestar som eg måtte gjere ferdige før eg kunne begynne på det nye garnet. Begynte så vidt søndag og no er dei snart ferdige. Eg strikkar når eg ser TV og somme tider elles også.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...