mandag, april 17, 2017

Dagbok 2017: 17.april

Klokka er snar 19.00, temperaturen ute er ca+6 grader C og sola skin. Det har ho gjort det meste av dagen, men det kom også ei lita regnbyge på ettermiddagen. Særleg varmt er det ikkje ute, men vi har stort sett halde oss inn. Eg var ein liten tur rundt huset for å sjå korleis det står til med plantar og gras. Konklusjonen er at dersom det blir høveleg ver i morgon, må eg ut og gjødsle med kalksalpeter, for mose er det meir enn nok av
Elles er det fint å sjå på dei tidlege løkplantane. Den blå plenen med sibirblåstjerner er berre så nydeleg, men på bilde blir den ikkje så fantastisk.
Nils var nokså skral i går, men i dag var han heldigvis mykje betre. Kvar tredje dag skal han skifte smerteplaster, så då blir det dusjing og skifting av klede på samme tid. Før dusja han alltid kvar dag, men no blir det berre tredje kvar dag. Ja, det er i alle fall meir enn på sjukeheimen.
Etter strabasane fekk han legge seg ned på dag-senga og prate i telefonen, mens eg sette på vaskemaskina og vaska bad og kjøkken. Det vart ikkje gjort så grundig førre veka, for då hadde vi mykje besøk. I går var her ingen, og heller ikkje i dag. Med unntak av ei mann lenger ute i gata som kom for å rapportere om båten. Ja,dagen er no ikkje heilt slutt enno.
Nils har sett ein del fotball i dag, og då nyttar eg høvet til å stikke meg vekk med strikketøy og lydbok. Har som ei von om å bli ferdig med den boka eg held på med.
Middagen vart lettvint, for vi hadde meir enn nok mat att frå i går. Vi venta med middagen til klokka 17, sidan Nils er best i form til å ete utpå dagen. Vi åt lunsj i 13-tida, så her går det på skinner. Vi legg måltida til medisintidene. Og snart er denne dagen også gått over i historia.


Ingen kommentarer: