torsdag, april 30, 2020

Dagbok 2020: 30.april.

Vikelva ved Vernet

Klokka er o 18.15, temperaturen ute er + 13 grader C og det har vore ein nydeleg dag med blå himmel og sol. Eg får berre takke og ta imot finevêret sjølv om eg hadde planlagt litt regn på gjødsla plen. No får eg finne meg i at eg får brune moseflekkar-det ordnar seg etter kvart. 
I dag var eg ikkje spesielt tidleg oppe, men kom fort i siget. Marit og eg var klar for butikkrunden klokka 10.30. Vi handla på Spar og eg fekk fylt bensin på Shell like ved. I dag handla eg litt meir enn eg har gjort siste tida, slik at eg skal ha litt å by på om einkvan kjem innom.
Då eg kom heim og hadde frå meg varene tok eg like godt ein tur på Vernet med det samme, så var det gjort. Det var enno tidleg dag.
Kugjødselkomposten låg i bilen , eg greidde ikkje å få den ut åleine, med dei svake armane mine. Men i går kom leigebuarane mine tilbake så dei hjelpte meg å losse i dag. Det var kjekt å ha dei tilbake i huset.
Eg tok ein liten runde og prata med naboar før eg vatna litt her og der. Beddet der rosene står var så tørt at molda "sprakk". Eg lyt få reparert vatneslangen, få eit nytt munnstykke på den, for det som er -er heilt øydelagt. Ja, det er mykje som melder seg når hagesesongen kjem. Eg har utsett første plenklipp til laurdag 2.mai. Viss det blir vêr.
Eg begynte på ei interessant bok i går kveld, ei som Margrete anbefalte, den tok eg med på altanen i dag og låg på solsenga og las. I 5-tida ringde det på, og der stod Solveig, Øystein og Olaug. Dei ville ikkje komme inn, dei var her for å følge Olaug på flyet, ho skulle ein tur til Bergen og studiane sine. Ho hadde med gåve til meg - ei eske med sjokolade! (Litt av ein tannlege!) Og så hadde dei med 4 sekker mold så eg skal få fylle på og pynte opp i hagen. Eg har ikkje kjøpt plantar enno, vil vere sikker på at det ikkje kjem snø igjen, slik som i fjor.
Då dei var reiste kokte eg kaffi og kosa meg med sjokoladen min.
I går trudde eg at eg hadde blitt forkjøla, det var falsk alarm. Etter å ha tatt 1 allergitablett var eg frisk som ein fisk. Og det er eg framleis.
Eg plar vere i Volda 1.mai, det er ein lang tradisjon, men i år blir det ikkje noko feiring der heller. Likevel er det meir normale tilstandar no, ingen smitta her i Ørsta og Volda, så eg føler meg relativt trygg. No ser eg at klokka går mot 19.00 og dagsnytt-det er sol og sommar ute.  
Ønsker alle ei god langhelg. Tenkjer t.d.på alle lærarane i familien som kan sleppe å sitte med undervisning på data nokre dagar. 

Bok nr. 25- 2020: La meg være


For et år siden valgte Caroline Johnson å avslutte livet sitt - et sjokkerende selvmord som utspilte seg nøyaktig likt ektemannens selvmord bare måneder tidligere. Datteren deres, Anna, sliter med å forholde seg til foreldrenes død.

Hun er fast bestemt på å finne ut hva som virkelig skjedde. Men ved å grave i fortiden setter hun i gang noe som ikke kan stoppes. Anna kommer snart til å oppdage at det i noen tilfeller er tryggere å la ting ligge …
.........................................................................
Margrete anbefalte denne boka, som er skriven av samme forfattaren som den førre boka eg las. Eg likte denne også, sjølv om det gjekk vilt for seg mor slutten.

onsdag, april 29, 2020

Dagbok 2020: 29.april

Klokka er no 16.55, temperaruren er + 9 grader, det er nokså skya, og vêrmeldinga sa at vi skulle få regnbyger i dag ; hittil har det vore berre ein og annan drope.
Då eg vakna i dag var eg veldig "forkjøla", sår i halsen og tett i nasen- og i det heile tatt litt medtatt. Eg kjende på panna med handa , men den var heilt kald, så feber hadde eg i alle fall ikkje, og då kunne det ikkje vere Corona-sykja, trøsta eg meg sjølv med. Men eg sende fare-varsel på FB til dei som var truande til å komme på besøk . Bodil svarte at det kunne vere allergi, for ho hadde noko liknande. No er eg ikkje vant til å vere allergisk, men så gjekk det opp eit lys. Eg har tatt allergitablettar i mange år, kvar dag, men slutta i vinter fordi eg ikkje følte eg trong dei. No kom dei fram igjen, og alle symptoma på forkjøling forsvann, i alle fall nesten.
Eg vil framsnakke allergitablettar, eg meiner alle bør ha det i hus. Ein får kjøpt dei utan resept, men då er dei dyre. Eg har resept. Eg såg i fjor sommar, då var vi fleire som fekk stygge kvepsestikk, og då var allergitablettane gode å ha. Eg fekk nokre stikk som var veldig plagsomme, så eg gjekk ned på apoteket og spurde kor mange tablettar eg kunne ta for dag. Og så fekk eg noko salve i tillegg. Så no er eg godt rusta for komande sommar. Eg såg ei diger humle i dag, ho er vel klar til å innta plommetrea når dei kjem i blomst om ikkje lenge.
Eg friskna fort til på føremiddagen, og kom i gang med å "jobbe" . Bytta på senga og vaska soverom, bad og kjøkken. Sette på klesvask og har hengt 1.maskin til tørk på altanen. Til middag hadde eg ein rest frå i går.
La meg på dagsenga ein halv times tid og høyrde bok. Så stod eg opp og vaska håret m.m. og kledde meg litt om. Eg skulle i grunnen ha støvsuga, men det er ein jobb som eg kvider mot for det er vondt for armane. Kanskje eg skulle gå ein tur i staden?- Nei, det vart støvsuging i dag, det er ikkje så ofte no lenger. Eg er her mest åleine, og mykje av tida er eg på datarommet, så eg rotar ikkje så mykje på stova. Fredag er det 1.mai, så då blir det som ein helge-aftan i morgon. Då må eg kanskje handle inn litt.
Vi brukar å vere i Volda 1. mai, men i år blir det nok ikkje noka tilstelning verken her eller der.

tirsdag, april 28, 2020

Dagbok 2020: 28.april.

Charlie 6 år i dag.

Eg har vore litt opptatt med fødselsdagar i april, og no trudde eg det var slutt for denne gongen, men då var det ein att. Ein ny kom det også i år, Amund som vart fødd den 5.april.

 Klokka er no ca. 16.30, temperaturen er + 15 grader C. Då eg stod opp i dag morgon var himmelen heilt blå og sola skein, utover dagen har det kome fleire og fleire skyer og i morgon er det meldt regn.
På grunn av det regnet fekk eg utover resten av gjødselen i dag, så får eg håpe at graset veks så det kveler mosen.
Det er i grunnen alt eg har gjort i dag. Eg har vore trøytt og sløv heile dagen, men det er ikkje noko som feilar meg.
På føremiddagen sette eg meg til å sjå TV, noko eg aldri plar gjere, men det var på grunn av utviklinga av saka med Anne Elisabeth Hagen. På slutten av programmet fekk eg ein telefon, og etter det var vi langt på dag.
Etter at eg hadde gjødsla la eg meg på solsenga på altanen og høyrde Storytel ei god stund før eg stod opp og laga meg mat. Var ute og prata litt med Marit, men no fekk eg brått arbeidslyst igjen. Kanskje eg skal sette poteter?
Janne og Even har vore på VØR i dag, dei tok med seg det gamle mòkebrettet mitt for det gjekk ikkje inn i ein vanleg bil, dei køyrde med tilhengar. Eg var glad for å bli kvitt det. Gode naboar er godt å ha. No skal eg gå ut og nyte dei siste solstålane i dag. Håper at nedbøren i morgon kjem som vatn og ikkje som snø.
Det er Magrete som ha tatt bildet av Charlie.

mandag, april 27, 2020

Dagbok 2020: 27.april


Det vart ein liten tur på Vernet i dag også-så eg gjekk glipp av nyheitene.


Klokka er ca.17.50, temperaturen ute er + 12 grader og sola skin. Det gjorde ho då eg stod opp i dag også, heilt uventa for meg. Eg har stelt litt i hagen i dag, har etter kvart fått utover ein sekk med kunstgjødsel men eg har ein til. Eg har gjødsla tynt for å seie det slik, vil ikkje brenne for mange hol i plenen. Vatna jordbær-plantane etc. Køyrde Marit ned til Vik kvart på 12 og etterpå var eg ein snartur innom Alti.
Margrete og Amanda var på handlerunde og kjøpte mold og gjødsel, blant anna. Også dei var innom Alti- for å handle litt til Amanda som skal flytte til Trondheim og ta lærarutdanning. Då blir ho og broren i samme by om ikkje anna.
Mens eg venta på at dei skulle komme hit, fekk eg høyre litt Storytel. 
Dei fekk ikkje så mykje å bite i her, berre ein kaffikopp og litt attåt. Eg ser fram til at eg skal få invitere alle til eit skikkeleg måltid. Det blir spennande å sjå framover korleis det går med coronaen no når skulane tek til igjen. Ser fram til at vi kan få meir normale tider. No er vêret så fint at eg trur eg må gå ein liten tur før sola går ned.

søndag, april 26, 2020

Dagbok 2020: 26.april


Klokka er snart 20.00, temperaturen er + 9 grader, og det er sånn "ikkje -vêr"-
ikkje sol ,ikkje regn, ikkje vind osb. Det er rett og slett berre overskya og opplett.
I dag har eg ikkje kome meg til med noko som helst. Var frostig og giddalaus på føremiddagen, så eg vart sittande å strikke ei stund før eg tok og las ut boka eg heldt på med på Storytel.
Ut på ettermiddagen var eg opp til Marit og drakk kaffi og prata, første gong eg har vore der sidan coronaen kom. Det er kjekt å kunne vere litt sosial igjen. Men ein bør vel vere litt forsiktig sjølv om det ikkje er nokon som har testa positivt her i Ørsta på mange veker.
I dag har eg ikkje gjort mykje til nytte, men i morgon har eg i alle fall ei oppgåve, eg skal køyre Marit til Vik. Eg tek kanskje med meg bensinkanna mi og fyller opp, et er snart tid for plenslått.
Og så må eg få utover gjødselen, det er meldt regn på sikt.
I morgon tek skulen til att for dei minste, så får vi sjå korleis det går. Sjølv om ingen eg kjenner har blitt sjuke, så lever ein i ei viss spenning. Men håper at ein kjem seg unna smitten.

I fjor kjøpte eg tre rosa potentilla - busker og planta nedanfor garasjen, men den ytste av dei trivst ikkje, så eg å kanskje bytte den ut. Kattane i nabolaget har dette bedet til do, så det er ikkje mykje system i løkvekstane. Rabarbraen var begynt å spire i januar så no er den snart moden til bruk.

Bok nr.24 -2020: Jeg lar deg gå.

Biblioteksentralens omtale


På kun få sekunder forandrer Jenna Grays liv seg til et mareritt. En novemberkveld blir hennes fem år gamle sønn brått og brutalt truffet av en bil, etter at hun har sluppet hånden hans - han ville løpe til huset deres på den andre siden av gaten. Bilen kjører fra åstedet, og lokalsamfunnet er rystet. Jenna ønsker å flykte fra alt for å starte på nytt, og flytter til en avsidesliggende hytte på kysten av Wales. Men hun hjemsøkes av frykt, sorg og minner. Gradvis begynner hun å ane et håp om glede i fremtiden. Men fortiden innhenter henne, og følgene blir ødeleggende. Omtalen er utarbeidet av BS.
………………………………………...…………………………………………….
Denne boka fann eg tilfeldig på Storytel, og begynte å lese. Det viste seg at dette var ei bok som var vanskeleg å legge frå seg, så eg har vel vore litt hekta siste dagane. I dag var eg trøtt og frostig på føremiddagen, så det vart ikkje til at eg fann på noko - så eg sette meg til å lese.Eg likte boka godt, det einaste eg vil trekke ifrå for er at når det er fleire "Jeg-forteljarar" bør det vere fleire som les, eg var ei stund litt  usikker på kven som "snakka". Boka minte meg av og til på "Flink pike"-eg veit ikkje akkurat kvifor. Anbefalt.

lørdag, april 25, 2020

Dagbok 2020: 25.april.


Eg blir aldri lei av å sjå på denne blomsteroppsatsen, den er noko av det finaste eg har sett.

Klokka er no 18.30, temperaturen er + 11 grader C,det er nokså skya, men litt sol av om til. Det er i alle fall opplett, men litt kald vind.
Eg kom nettopp inn att frå ein liten mosjonsrunde på Vallabøen. Ikkje Vernet i dag, men innover til Fonnavegen-opp på toppen og nedatt Storebakken til Olavsgata. Det er sikkert like langt som ein runde på Vernet. Ca.40 minutt tok det.
Eg er ikkje så veldig effektiv for tida. I dag brukte eg lang tid før eg kom i sving. Men det vart ein tur på Felleskjøpet, på Plantasjen var der ikkje plass til å parkere ein liten Yaris ein gon. Men eg fekk tak i det eg skulle ha, orkidé-gjødsel og kugjødsel-kompost. Eg kjøpte to sekker. I fjor la eg sekkane inn i bilen sjølv, men i år måtte eg spørje om hjelp. Det er mange hjelpsomme unge menn-når ein blir gammal nok. Eg var også ein snartur på Clas og kjøpte meg eit lite billig strykejern. Eg skal ikkje stryke så mykje heretter, men må no ha eit jern på lur.
Då eg kom heim skulle eg liksom gjere noko i hagen, og eg fekk jordbærplantane i jorda,dei eg fekk av Marit. 
Eg har ikkje hatt ut kunstgjødsel enno-må vente til det er litt regn i kjømda. Janne har grave to store holer i steinbeddet sitt, der skal ho plante to japanske kirsebærtre. Eg skal ikkje plante så mykje, men i dag fekk eg svar på ei gåte. Eg har sett på ei lita buske som eg planta i fjor, men hadde inga aning om kva det var. Eg konkluderte med at det måtte vere noko som hadde brotna på svartsurbær- busken. Men på Felleskjøpet i dag fekk eg svaret. Der hadde dei mange slike-blåbærbusker. Eg kjøpte ei i fjor og lova meg sjølv at viss den overlevde vinteren skulle eg kjøpe ei til. Men det kom eg først på då eg kom heim. Men ein får nye sjansar. Eg veit ikkje kven som har beste plantane, men dei eg finn på Felleskjøpet er i alle fall av god kvalitet. Dei hadde så mange fine rhododendron der i dag-men før eg kjøper noko som helst, må eg ha ein stad å plante det.
Til middag i dag vart det suppe frå i går. Der er att ein bitte liten slank til i morgon også, Så får eg spe på med noko anna. Eg prøver å ete av det er har hamstra i lengre tid.Har ingen planar for morgondagen-får vel sjå vêret først.
I dag er det Wenche som fyller år, dei skulle feire dagen i hagen heime på Kongsberg. Det blir berre dei sjølve for resten av storfamilien er på hyttene i Telemark og Hurum. 
Ein av naboane klipper blodbøken i toppen. Legg merke til korleis har kjem seg opp.

fredag, april 24, 2020

Dagbok 2020: 24.april

Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 10 grader. Det er nokså skya og litt regndropar i lufta, men vi ser no sol og blå himmel innimellom.
I dag hadde eg ikkje så mykje på programmet, men Einar skulle komme 14.30 -og då kjem han 14.30. Eg hadde noko kjøtt som eg hadde skore opp og bruna, så det var berre å skrelle poteter og grønsaker, så vart det ei god og fyldig suppe. Den var ferdig i god tid, så eg hadde fått dusja og vaska håret før middag og dessutan vore på FB og lese i Storytel-boka mi. Marit kom med jordbærplantar til meg. Einar kom med nydelig flott blomsteroppsats til , og sudokubok i tillegg. Det var fødselsdagsgåver. Eg trudde no ikkje at eg skulle få enda meir, men nokre av bukettane var avlidne, så det var kjekt å få nye blomster. 
Einar og eg har alltid mykje å prate om -vi hadde is og kaffi til dessert. Det er kjekt å lage til mat når eg ikkje skal ete den åleine. Men eg er såpass glad i mat at eg et uansett. 
Før han reiste fekk eg Einar til å løfte gjødselsekkane over i trillebåra, så no kan eg gjødsle når eg får ånden over meg. Eg har letta litt på corona-reglane og er ikkje så forsiktig lenger, men eg held no hovudet kaldt og vurderer kva eg kan gjere. Det er ingen smitta i Ørsta no, men her er no framande folk innom somme tider.
Så er vi komne til fredag igjen og eg vil ønske alle ei GOD helg.



torsdag, april 23, 2020

Dagbok 2020: 23.april




Klokka er 18.30, temperaturen er + 9 grader, det er overskya og det kjennast  kaldt.

Sist natt låg eg og ikkje fekk sove. Då klokka var ca.5 stod eg opp og tok eit knekkebrød, då så eg ut glaset og oppdaga skodda, heilt fotsid skodde. Den har letta litt i løpet av dagen, men vart aldri heilt borte, og sola har vi ikkje sett. No er eg jammen glad for eg var så mykje i sola mens ho var her.
Mens eg venta på betre vêr tok eg like godt og shina og vaska kjøkken og bad. Etterpå tok eg ei runde på Fonnvernet. Vart ikkje for heit i dag-heller tvert om. Eg hadde kledd meg lett. Eg tok med litt mat, sette på oppvaskmaskina og så høyrde eg lydbok  i vel ein time.
Eg syntest eg måtte gjere litt meir til nytte, så eg tok ei økt i hagen, blant anna fekk eg klipt nokre spireabusker og rydda rundt dei. Mesteparten av hageavfallet puttar eg i sekker som eg skal køyre bort på VØR med. Men det har vore lang kø no desse dagane, for dei slepper ikkje forbi meir enn fire bilar i gongen. Naboane i vest var også ute. Brått høyrde vi eit voldsom brak, eg tenkte på torden med det samme, men vi fekk sjå snøfonna som ramla ned frampå Nossen. Den gjekk ikkje heilt ned. Det er mykje snø i fjellet og mykje snøsmelting så elvane er store. No er det snart på tide å sette på TV-en.

I dag er det svigerinna mi på Eid som fyller år. Ho er fem år yngre enn eg. Eg har ingen søstre, men eg har tre svigerinner som eg er glad i. Og alle tre har fødselsdag i april.



Gratulerer med dagen, Bodil!

onsdag, april 22, 2020

Dagbok 2020: 22.april

Klokka er 18.50, temperaturen er +15 grader og vi har hatt enda ein bonusdag utan ei einaste sky på himmelen. Det er berre å nyte det så lenge det varer. Men det blir trist den dagen vi ikkje ser sola no når vi er så godt vande. Eg har ikkje mosjonert i dag,  og hagearbeid har det heller ikkje vore så mykje av.
Marit og eg reiste ned på Spar og handla på føremiddagen, det var 6 veker sidan sist vi var der etter den tid gjekk vi i karantene, men no er vi ikkje så strenge lenger. Her har ikkje vore nye smittetilfelle på fleire veker. Men så spørs det korleis det er med dei som vart testa i dag. Vi tek ingen sjansar. 
Eg prøvde meg på litt hagearbeid då eg kom heim, men det vart ikkje mykje med meg. Eg hakka opp "potetåkeren" enda ein gang, så no kan eg plante når som helst. Eg skal få jordbærplantar med Marit U. så det kan hende det blir både jordbær og poteter i den "senga".

Kl.20.00 (Etter nyheitene.) Eg har ikkje på verken radio eller TV før klokka 19.00 viss det ikkje er noko heilt spesielt.
Til middag i dag hadde eg restar frå i går, det blir som regel to dagar med samme slags mat, men det gjer meg ingen ting. Matstellet er så som så, men i dag handla eg i alle fall grønsaker, så no har eg material til ei god kjøttsuppe som eg gjerne kan dele med nokon. Eg ser at folkelivet kjem i gang litt etter litt, alt er ikkje så stengt lenger. Eg må no handle inn litt til hagen med tid og stunder, men gartnaren heime på Eid sa alltid at ein ikkje skulle plante ut noko før 17.mai. Eg har ikkje heilt oversikta på kva eg treng.
Etter middag la eg meg med Storytel på altanen,varmt og godt i sola. Etterpå gjekk eg ut at i hagen, men hamna borte hos Marit U og såg på mens ho jobba. Torbjørn var inne og koka kaffi og serverte oss kaffi og is ved hagebordet. Dei har sånn fin og skjerma uteplass, men no har eg så fin altan at eg kan servere kaffi der, -når eg får møblert.
Ja vi har hatt fine dagar, men i morgon skal det begynne å skye over, så då må eg vere klar til å gjødsle. Eg har vore veldig lat desse fine dagane-men alt har ein ende. I kveld skal eg legge opp eit nytt spøt-eit par lestar til forandring? Eg har funne ut at det er bra for hender og armar med LITT strikking.

tirsdag, april 21, 2020

Dagbok 2020: 21.april


Ikkje alle er like late.


Klokka er no 17.15, temperaturen på trappa er + 20 grader C. Dagen har vore fantastisk fin, og eg synest det var på tide at vi fekk slikt vêr etter 7 månader då vi knapt har sett sola.
Eg hadde tenkt å jobbe litt ute i dag, og eg gjorde eit forsøk, men vart snart lei. Det enda med at eg la planane på hylla og bestemte meg for ein dag på altanen med lydbok.
Men før eg la med til for godt, køyrde eg ned på EIK-senteret og kjøpte kunstgjødsel, så har eg den klar i fall det kjem ei lita byge.
Så var det berre å kle av seg og legge seg på solsenga. Eg veit ikkje kor lenge eg har lege der, men det dreier seg vel om 2-3 timar. Eg skulle vel hatt dårleg samvit, men kor mange slike dagar har vi i året?
Eg har ikkje gått trimtur ein gong,  det kan KANSKJE bli løpet av kvelden - men eg tviler. Energien min minkar tilsvarande med at temperaturen stig. Det var vel akkurat på denne tid i fjor at vi fekk så fint vêr og tidleg vår med blomstring av frukttre. I mai fekk vi nytt snøfall.
Eigentleg skulle eg gjort ferdig potetåkeren, men eg har ikkje nok settepoteter.

Bok nr. 23- 2020

I et hus i Alvdal

eldstesønnens historie

E-bok
Bokmål

I boken I et hus i Alvdal forteller Kevin for første gang åpent og ærlig hva som gikk så fryktelig galt hjemme hos mamma, og hvilke konsekvenser det har hatt for ham å vokse opp i et hjem preget av rus og omsorgssvikt. Han er eldste sønnen til Alvdal-kvinnen som ble dømt for overgrep mot sine egne barn - Norges første kvinne dømt til forvaring for seksuelle overgrep.
Kevin deler modig sin historie. Hans forhold til sin mor gir leseren en forståelse for den sterke lojaliteten barn har til sine foreldre - og hvordan de etter beste evne forsøker å ta ansvar når en av disse mister grepet om sitt liv.
...........…………………………………………………………………….
Eg las for ei stund sidan om denne saka. Då var det eldstejenta sine opplevingar som var i fokus. No får vi høyre korleis opplevingane var for den eldste broren. Kanskje litt rart å bli så opphengt i ei historie at ein les to bøker. Ein av grunnane er at opplesaren er god -og at det er enkelt å følgje med. Og grufullt nok er det ei sann historie. 

mandag, april 20, 2020

Bok nr.22 - 2020: Dette er mine gamle dager.






Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Jarle Klepp er blitt 38 år og tenker tilbake på oppveksten sin. Faren var alkoholiker, og dette preget barndommen hans sterkt. Det er nyttårsaften og Jarle er ute sammen med sønnen Sven for å kjøpe stjerneskudd. De treffer ei dame som viser seg å være dattera til noen venner av Jarles foreldre, og med ett kommer minnene fra en tur på Hardangervidda i 1984 tilbake. Jarle var på tur sammen med faren, broren Stig og kjæresten hans, og han skjønner nå hvorfor turen endte som den gjorde. Dette er den femte romanen om Jarle Klepp.
Omtale fra forlaget
Jarle Klepp er en snart 38 år gammel lærer, lykkelig gift og med to barn i huset. Han fører en avklart og anstendig tilværelse, et langt på vei harmonisk middelklasseliv i en større norsk by. Han er en voksen mann med levende interesser; han har bøkene og musikken, filmene og tv-seriene, og han er svært knyttet til moren sin. Faren døde for mange år siden. Men et besynderlig møte nyttårsaften 2010, da Jarle er ute for å kjøpe stjerneskudd til ungene, vekker fortiden til live. Tilværelsen åpner seg for ham på en svimlende måte. Dette er mine gamle dager er en øm og oppriktig fortalt roman om å gjøre seg kjent med sitt eget liv på nytt, med seg selv og sine nærmeste. En vesentlig og varm beretning om alt det som foreldre og barn ikke kan forstå hos hverandre.
................………………………………………………………..
Her møter vi igjen Jarle Klepp som vi vart kjende med i Kompani Orheim, ei bok som ein kan ha vanskar med å gløyme. Eg veit det ikkje sikkert, men eg tru at Jarle Klepp  eigentleg er Tore Renberg. 
Eg likar veldig godt å høyre Renberg sjølv lese bøkene sine på dialekt

Dagbok 2020: 20.april

Klokka er18.40, temperaturen er + 16 grader og sola skin frå morgon til kveld-ikkje ei sky på himmelen. Det er framleis kaldt om nettene og utover føremiddagen. Eg styrte litt inne før eg skulle køyre Marit til gravplassen kl.11.30 der ho skulle plante på grav til Robert.
Etterpå køyrde eg ned på Mosflata og skulle kjøpe gjødsel på EIK. Eg såg ikkje rette sorten då eg sjekka sekkene, og ikkje var der nokon som kom for å hjelpe meg heller, så det vart til at eg berre gjekk. Då eg kom heim viste Gudmund meg dei tomme sekkene han hadde-det var den gjødselen eg skulle ha, og den hadde dei på EIK, så eg må ein tur fram dit igjen. Gjødselen er mykje billegare de enn på Felleskjøpet. Gudmund har alt gjødsla , så no er det fare for at han får finare plen enn eg.

Eg hadde tenkt å lage i stand potetåker i dag, men så bestemte eg meg for å ta ein trim-tur først, før eg kledde meg om i hageklede, så det vart ein runde på Vernet i dag også. Hagearbeid vart det heller lite av. Eg hakka opp den jordbær-senga som skal bli potetåker, og så begynte eg å bere bort plengraset frå i fjor og forfjor. Det er sikkert gode greier for der var millionar meitemakkar. Men eg forstod snart at eg ikkje hadde nok settepoteter, så det må eg skaffe før eg kan gjere meg ferdig. Eg gjekk inn att og la meg på solsenga på altanen med lydbok. 
Etter ei stund ringde Audun, men eg hadde problem med å høyre kva han sa, eg blir ikkje fortrolig med den nye mobilen, og den gamle fann eg ikkje i farten. Kanskje hadde det blitt betre om eg hadde slått av boka først? Men eg fekk no med meg at han skal kome heim den 15.mai.Eg gjekk inn att frå altanen i 18.30 -tida, men der er godt og varmt enno. No må eg berre få med meg nyheitene klokka 19.

søndag, april 19, 2020

Dagbok 2020: 19.april





Klokka er no 19.50, temperaturen på trappa er +11 grader C og vi har hatt ein strålande dag, med sol frå skyfri himmel frå morgon til kveld. Det er slike dagar eg kallar bonusdagar.
Eg gløymde nesten at det var sundag i dag, for eg hadde eit par jobbar på vent. Eg skulle henge opp klesvasken frå i går, eg har nettopp tatt den inn og bretta handdukane, stor anna var det ikke. Så skulle eg ta meg av noko kjøt som eg tok opp frå frysaren i går. Eg skar i terningar og steikte for å ha på lur om eg skal lage middag i ein fart.
Eg tok ein tur fram på gravplassen og kasta kransen i søpla, men fekk ikkje skylt steinen, for vatnet var ikkje kopla til. Fekk ikkje bytta batteri i lyset, for det "brann" framleis. Eg hadde tenkt å gå ein tur framover Dalateigane, men då eg såg kor mange bilar som stod parkerte i nærleiken, ombestemte eg meg og reiste heim og sette frå meg bilen før eg tok ein tur på Vernet i dag også. Trefte ei som eg nyss har gått i lag med der oppe, og i dag gjekk vi heile runden i lag. Ei stund sat vi på ein benk-i kvar sin ende. Det er kjekt å gå i lag og prate, så blir det litt sosialt også.
Då eg kom heim laga eg middag til meg sjølv, i dag vart det pannekaker med bacon og blåbærsylte, trur det blir ein repetisjon i kveld; det er vanskeleg å lage små nok porsjonar.
Etter middag la eg meg på solsenga og høyrde bok.
Litt seinare kom Marit ned og vi drakk kaffi. Ærendet var å planlegge morgondagen-men det gløymde vi. Men eg skal i alle fall køyre fram på gravplassen så Marit får stelle grava til Robert. Vi tek sjansen på å sitte i samme bil. Eg har ikkje sett/høyrt ei einaste nyheitssending i heile dag, så no må eg ikkje gløyme å sette på TV-en. Eg prøver å vere mest mogleg ute så lenge finevêret varer.
I går kveld var datamaskina heilt på villspor, eg fekk ikkje gjort det som eg har gjort tusen gongar før; no ser det ut til at den funkar som den skal.



lørdag, april 18, 2020

Dagbok 2020: 18.april

Klokka er no 18.00.Temperaturen er + 12 grader. Sola skin som ho har gjort i heile dag, den første skikkeleg fine dagen på veldig lenge. 
Det var litt kaldt frå morgonen av så eg vart verande inne ei god stund utover førmiddagen. Men eg fekk gjort litt av kvart på den stunda. Det som stod på planen min i dag, var å rydde jordbæråkeren. Den er ikkje mykje å skryte av, har fått dårleg stell mens eg har vore ansvarleg. Eg hadde tenkt at eg skulle avskaffe heile jordbærdyrkinga og sette poteter i staden. Det vart halvt om halvt- den eine senga til jordbær, i den andre skal eg sette poteter, så der tok eg bort både plantane og duken. Lenger kom eg ikkje i dag. Eg har ikkje samme kapasiteten som eg har hatt dei andre somrane eg har styrt åleine. Det blir 5.sommaren no, at eg skal vere gartnar. No er eg glad for alt eg har gjort før for å forenkle jordbruket. 
Etter at eg var ferdig ute, tok eg meg litt mat før eg la meg ut på solsenga med Storytel. Eg leita etter siste boka til Edvard Hoem, men fann den ikkje, så no har eg begynt på ei ny bok av Tore Renberg. Han les sjølv og han les tydeleg og godt, på Stavangerdialekt eller noko i nærleiken.
No lurer eg på om eg skal farge håret i kveld eller vente til i morgon. Det skal bli fint vêr då også. Det blir kanskje ein biltur?
Eg har tenkt at eg skal bruke pengane eg fekk til 80-årsdagen til å kjøpe møblar på altanen. Ja, eg må nok spytte litt i kassa med oppsparte midlar også. Eirik skal jobbe på Møbelringen i år også, så eg får samrå meg litt med han. 


I dag er det 2 år sidan Nils døde. Øystein og Olaug var ein tur innover og dei har planta på grava.

Bok .nr.21 - 2020: Min historie ( Michelle Obama )


Michelle Obama har levd et liv fylt med mening og store prestasjoner, og anses i dag som en av vår tids mest toneangivende kvinner. Som USAs førstedame, og den første afroamerikanske kvinnen som har hatt denne rollen, bidro hun til å gjøre Det hvite hus mer åpent og inkluderende, samtidig som hun inntok rollen som en innflytelsesrik forkjemper for jenter og kvinner i USA og i verden for øvrig, hun bidro til at familier nå søker å leve sunnere og mer aktive liv, og stod ved sin ektemanns side da han ledet USA gjennom mange av landets mest opprivende stunder. Underveis har hun vist oss noen uforglemmelige dansetrinn, triumfert i Carpool Karaoke og oppdratt to jordnære døtre under medias uforsonlige blikk.

I sine memoarer, en bok med dype refleksjoner og fascinerende historier, inviterer Michelle Obama leserne med inn i sin verden. Hun skildrer opplevelsene som har formet henne, fra barndommen på sørsiden av Chicago, via årene som utøvende yrkeskvinne hvor hun måtte balansere kravene til morsrollen mot kravene fra arbeidsplassen, til tiden hun tilbragte på verdens mest kjente adresse. Med ærlighet og vidd beskriver hun sine seiere og sine skuffelser, både de offentlige og de private, hun gir oss hele sin historie slik hun har opplevd den – med egne ord og på egne betingelser.

Min historie er en klok og åpenhjertig bok, og en uvanlig nær og intim betraktning fra en kvinne med sjel og substans, som konsekvent har overgått forventningene hun har blitt møtt med – og hvis historie har inspirert oss alle.
...........................................................................
Eg har høyrt denne boka på Storytel, og det har blitt litt mykje av og på - ikkje veit eg om eg har fått medalt heller. Men boka er interessant å lese. Elles står vel det meste i det eg har saksa frå nettet. Anbefalt.

fredag, april 17, 2020

Dagbok 2020: 17.april

Klokka er 17.45, temperaturen nærmare +10 grader, lettskya og sol.Det er berre heilt nydeleg ute no, og eg ser at naboane har begynt å jobbe i hagen. Så langt er ikkje eg komen, men det nærmar seg.
Sat ei stund her på datarommet på føremiddagen, for Bodil og eg hadde planlagt at vi skulle ta ein prat i dag. Eg tenkte at eg like godt kunne ringe ned på legesenteret og bestille time såpass eg kunne få ordna med det sertifikatet. Men der tok dei ikkje imot vanlege pasientar enno. Eg synest det var litt rart, for det har stått mykje i avisene om at legane har for lite å gjere no. Men eg har no god tid før det blir krise.
Så prata eg med Bodil både lenge og vel. 
Eg fann ut at eg like godt kunne gå ein tur på Vernet-først best, og det gjorde eg. Det var fint der oppe i dag. Då eg kom heim att tok eg ei bytte og bar vekk mold og torver som plogen hadde skore av. Eg fekk tre bytter fulle og bringebæråkeren fekk påfyll.
Der var att ein porsjon fiskesuppe til i dag også, så no blei det tredje dagen på rad med samme retten. 
Eg var liksom litt trøtt i dag så eg la meg på senga og las lydbok. Då ringde det på døra og Eirik kom på besøk. Han hadde ikkje tenkt å gå inn, men eg syntest ikkje det var SÅ farleg. Vi prata om laust og fast til han måtte fare. Det er no kjekt å kunne ta imot litt besøk igjen, men eg kan ikkje overdrive. 
Eg var ut i hagen og prøvde å klippe nokre greiner, men saksa var for dårleg. Må kanskje investere i ei ny.  Det blir kjekt å jobbe litt i hagen igjen, men det blir nok ikkje i samme skala som før, det har eg ikkje armar til. 
No er det ikkje så lenge før eg må sette på TV-en og høyre Corona-nytt. 
Eg har problem med å følgje med på dagane, men no har eg blitt samd med meg sjølv om at det er fredag i dag. Så eg får ønske alle ei god helg.


torsdag, april 16, 2020

Dagbok 2020: 16.april

Klokka er 19.50, temperaturen på trappa er + 4 grader og akkurat no er det opplett og ganske fint. Før i dag har det vore litt av kvart, men snøen er så å seie borte.
På føremiddagen i dag var eg litt planlaus, sat lenge ved datamaskinen og chatta , blant anna. Eg talde for og imot det å ta ein tur på Alti. Til slutt greidde eg å bestemme meg for å fare nedover. Det var ganske mykje folk på butikkane, men ikkje så  mykje som vanleg. Eg fekk kjøpt det eg skulle ha, og så for eg heim att. Åt oppvarma fiskesuppe frå i går, og la meg på senga for å lese. Etter ei stund ringde Solveig -ho ville komme innom ein tur. Så då begynte eg å finne fram diverse som ho skulle få med seg ut att, før eg laga ei vaffelrøre. Solveig kom på sekundet 17.15 som ho hadde sagt. Vi åt og drakk kaffi, og mens vi sat der fekk vi sjå vesle Amund på telefonen til Solveig.
Eg føler at det er litt lettare å vere i karantene no når eg har fått vore ute og køyrt litt. Spasertur blir det visst ikkje i dag, og eg må ikkje bli altfor modig-eg vil ikkje ha corona-sykja. Så eg kjem til å vere forsiktig framover også. Klokka var19.30 då Solveig reiste, så eg har ikkje sett nyheiter i dag. Får ein ny sjanse kl.21.

onsdag, april 15, 2020

Dagbok 2020: 15.april


I dag kan vi gratulere Eirik med 23 -årsdagen. På grunn av Coronaen er han heime. Men eigentleg studerer han musikk i Trondheim. Då han var veldig liten, sa farfaren at han song som ein engel. Synge kan han enno, men kanskje litt meir verdslege låtar. Det vil seie-han syng i mange sjangrar, sist eg høyde noko, song han i storband. Uansett så er Eirik ein kjernekar, og eg er glad for å vere mormora hans.
Gratulerer med dagen, Eirik!



Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 7 grader og det regnar- og blæs. Eg kom nettopp inn frå ein liten mosjonsrunde, så eg veit akkurat korleis det er. Eg vart rimeleg våt til tross for sid regnkåpe med hette og dertil gummistøvlar. Eg gjekk ikkje på Vernet i dag, men tok ein asfalt-runde: Ut Starevegen, opp Storebakken, ned til Olavsgata, ut Olavsgata og oppatt eit stykke til eg møtte Starevegen igjen. Det var friskt å komme seg ut til tross for at vêret ikkje var noko å skryte av-det er det sjeldan.
Då eg vakna i dag verkte eg i høgre armen, det er lenge sidan eg hadde det så vondt, eg skuldar sjølvsagt på støvsuginga i går. Men det blei betre etter kvart. Det beste er å røre på seg.
Det låg mykje snø på tunet i dag også, så eg hadde nesten slått i frå meg å fare på butikken. Men så tenkte at eg berre kunne rygge opp på vegen og kom eg ikkje opp, fekk eg ta ein spade. Men snøen var våt og mjuk så eg rygga over brøytekanten som ingen ting og kom meg på nærbutikken Kiwi. Der  var lite folk så tidleg på dag, så eg trur ikkje eg vart smitta. Vaska meg med Antibac både før og etter handelen. 
Eg treng litt meir forskjellige ting no når eg har begynt å lage middag. Eg var lens både for smør, melk og gulrot m.a. Då eg kom heim att gjekk eg ned i frysaren og henta ein liten seifilet og så laga eg ein bra porsjon med fiskesuppe som eg åt av i dag- og håper å ete opp i morgon. Når eg har så mykje fisk i suppa blir det nesten som ei "fiskegryte". Eg måtte slange meg på senga med Storytel etter måltidet, men eg trur ikkje eg sovna. Fiskesuppe er no eigentleg eit godt sovemiddel.
Tidleg på føremiddagen hadde eg ein prat med Ragnhild på telefon, ho er også åleine heime for tida, men ho har no hunden. Det hadde vore kjekt om vi kunne besøke kvarandre i disse tider, men det er tryggast å møtast ute.
Eg har nokre ærend på ALTI, men eg får sjå korleis alt lagar seg, før eg blir for dristig. Det har kome ein smitta meir til Ørsta no- og det han minka med ein i Volda. M.a.o. ein smitta har blitt flytta frå Volda til Ørsta.


tirsdag, april 14, 2020

Dagbok 2020: 14.april

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar. Heldigvis, vil eg seie, for no sig snøen i hop og smeltar. Eg var nettopp ute og henta avisa som kom i dag tidleg, no kunne eg gå tørrskodd i støvlar, om ikkje anna.
I dag har eg vore relativt flittig. Først vaska eg bad og kjøkken, for så å begynne å støvsuge på stova. Mens eg heldt på med det, begynte eg å lure på om det kom avis i dag. Eg måtte sjekke på nettet, og der låg Møre-Nytt for i dag, med SUDOKU. Eg måtte ta pause i støvsuginga og løyse sudokuen før eg kunne halde fram. Tysdags sudokuane er rimeleg lette så det hefta ikkje så mykje. Etter støvsuginga var gjort unna, dusja eg og vaska håret. Eg åt litt før eg flata ut på dagsenga med Storytel, men først sette eg på både oppvaskmaskin og klesvask. I dag vaskar eg ullklede med heimelaga spon.
Eg orkar ikkje å gå tur i dette vêret, det er for vått. Eg kan no seie at eg har mosjonert litt med husarbeid i dag. Det er betre å vere i karantene på kvardagar når ein har noko å sysselsette seg sjølv med, og eg har rikeleg med oppgåver som eg kan gjere når eg får ånden over meg. Eg kunne ikkje komme meg ut med bilen i dag, dei pløgde gata og då blei der ein høg brøytekant. Eg nektar å mòke tunet, for eg veit at regnet tek jobben. 

mandag, april 13, 2020

Dagbok 2020: 13.april

Klokka er no 17.30, temperaturen er + 3grader C. Snøen kom før eg la meg i går kveld, så det var inga overrasking i dag då eg såg ut. Er det noko eg ikkje likar så er det store snømengder midt i april-det er gale nok i november. No er det berre dumt å hisse seg opp over vêret  det er ingen ting eg kan gjere med det, men eg blir heilt passivisert av slikt. Eg hadde i mitt stille sinn tenkt at eg skulle ta ein biltur anten til Hovdevatnet, Rjåneset eller Volda i dag, men eg orka ikkje ein gong å tenke på å mòke tunet.Og ingen plog har pløgt oppe på vegen. Ikkje orka eg å gå tur heller i dette veret.  Då blir det stort sett å sitte inne og "sure seg".  Eg har tusen ting eg kunne ha gjort, men energien er lik null slike dagar. Eg kan no kalle det å vere vêr- sjuk.


Eg har sjølvsagt høyrt radio og strikka ferdig eit lestepar, eg har vore på data og eg har lese bok etc.etc. Alt det eg plar gjere, med unntak av å gå tur.
No når eg har vore i karantene, så har eg laga middag kvar dag, og eg har prøvd å bruke opp litt av lagera mine i diverse frysarar. Når Marit og eg handlar på Spar finn vi ofte gode tilbod, og eg kjøper for å ha noko i bakhand. Når eg då sjeldan og aldri lagar middag når eg er åleine, veks lageret. I dag tok eg opp ein pizza som eg hadde kjøpt på tilbod. Eg las oppskrifta før eg sette den inn i steikomnen, så eg hadde rett temperatur. Eg gjekk og la eit par kabalar mens den steikte-det burde eg kanskje ikkje ha gjort? Den vart nemleg meir enn nok steikt, så den var både svart og hard på undersida. Eg åt det som var oppå, og så fekk skjora botnen. Det vart ikkje noko festmåltid - det hadde det ikkje blitt uansett. Men eg fekk den no vekk frå frysaren.
Eg har eit par vaksne lestar som er nesten ferdige, men eg manglar litt garn. Eg har ei stor plastkasse med garnrestar, fint sortert og ordna, men eg kjem aldri til å bruke alt det garnet. Eg lurte på om det er nokon som kan bruke det - eg tenkjer på diverse institusjonar som kanskje driv med ymse formingsaktivitetar. Eg reknar med at det fleste som strikkar sjølve har garnrestar nok.
No ser det ut som det har tenkt å lette opp litt ute-gjev det var så vel..! I morgon er det i alle fall kvardag, men det blir vel ikkje så mykje annleis for meg, så lenge eg ikkje får styre på ute. Skal no kjøpe gjødsel til plenane mine såpass eg har noko gras å klippe på i år også.

søndag, april 12, 2020

Dagbok 2020: 12.april - Påskedag


Systera til Nils bur sør om Sognefjorden, i Gulen. Men 80-årsdagen hennar vart feira på Hardbakke i Solund, der dottera hennar bur. Vi som kom herifrå overnatta på eit hotell på Hardbakke. Bilda er frå Hardbakke.


Klokka er 19.40, temperaturen er +2 grader på trappa, og no har vi fått snødekte marker for ørtande gong denne våren. Eg er heilt oppgitt over vêret, har knapt sett sola sidan i fjor sommar. I dag tidleg var det i alle fall bert-men vått - VÅTT. På Kongsberg var dei i gang med hagearbeid.
Etter frokost + ein tur på PC-en såg eg TV og strikka ei stund. Er ringde Anne Marie, systera til Nils og gratulerte henne med 85 -årsdagen i dag. For fem år sidan var Solveig, Margrete , Nils og eg til Solund og feira 80-årsdagen hennar. Det var kjekt, men på samme tid som ein ikkje synest det er så lenge sidan, så har det skjedd mykje på desse fem åra.
Eg hadde hatt lyst å ta ein litt lengre tur i dag, men det vart med ein tur på Fonnvernet i dag også. Eg gjekk relativt fort, og det hagla heile tida. Ikkje trefte eg nokon eg kjende heller, men det er viktig for meg å mosjonere knea mine no når eg ikkje går på trening.
Til middag i dag tok eg det veldig lettvint. Det er berre å sjå ned i fryseskuffene på kjøleskapet, så finn eg eit kvart som eg gjerne skulle hatt vekk. I dag vart det kjøttpølse. Ikkje noko påskelam her i år. Vi får mykje å ta att om vi nokon gong kjem tilbake til det normale 
Etterpå la eg meg på dagsenga og høyrde bok på Storytel til det var tid til å kople seg på Zoom.
Vi hadde eit lite familiemøte i dag også, ikkje slett alle var med, men Amund fekk vere med for første gong. Hunden Charlie og katten Lucy fekk også delta i treffet.. Klokka var over 19 då vi var ferdige, så denne dagen har i alle fall gått fort nok.
Innimellom har eg fått tid å øve på spansken. Synest det går litt betre med den no.
Det er umulig å planlegge noko for morgondagen. Andre påskedag i fjor låg eg på solsenga på altanen-det ser smått ut med den slags aktivitetar i år. Men når ein tenkjer på kva mange opplever i desse dagar er det vel litt egoistisk å klage på vêret. 

lørdag, april 11, 2020

Dagbok 2020: 11.april

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar. Det var finare først på dagen, men ikkje sol. No har eg vore i karantene i fire veker, og det har gått bra så langt, men no vart det for mange helgedagar , så det vart litt kjedelig. Hadde eg fått jobba i hagen hadde det vore noko anna. No føler eg meg skikkelig lat og giddalaus. I dag sat eg framfor datamaskina lenge, blant anna jobba eg med spanskleksa, og så snakka eg i telefonen med eit par stk. Det vart ein tur på Fonnvernet før eg laga middag. I dag vart det karbonader frå Gilde med wok-grønsaker til. Eg har rikeleg mat i frysaren, så eg klarer meg lenge. 
I dag hadde eg så smått tenkt meg på butikk, men slo det frå meg då Solveig nemnde at det sikkert var mykje folk i dag. Janne ville handle til meg, men eg vil heller gnage på det eg har, slik at lageret mitt minkar litt. Eg tek heller ein tur etter helga og kjøper kunstgjødsel etc. Det må no snart bli råd å vere ute.
Etter at eg hadde ete middag la eg meg på senga og las i boka til Michelle Obama. Det var noko eg måtte lese om att i dag også. No skal eg ha meg ein kaffikopp, men TV-en set eg ikkje på før kl.19.00. Det blir nok TV denne tida. Men når påska er over skal eg ut i hagen same kva vêr som kjem. Eg skal mellom anna sette poteter-det er så morsomt å ta dei opp om hausten. 
Lars Saabye Christensen har skrive eit dikt om Coronaen, det ligg på FB. Det var så fint.
Eg fekk nettopp telefon frå ein fiskar i Ålesund som ville selje meg fisk, kveiteskiver m.a. Eg sa som sant var at eg nettopp hadde kjøpt 7 kilo fisk på Vartdal og at eg var åleine, så det var nok til meg.
Då vil eg ønske alle ei fortsatt god påske. Eg har det fint i stova med påskepynt og mykje blomster.


Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...