lørdag, juni 30, 2012

Vêrmelding 30.juni - 2012

 Klokka er 22.00. Ute er det overskya, men opplett - akkurat no. Det har vore regnbyger i løper av dagen.Temperaturen er +14 grader C.
I dag har eg gjort lite og ingen ting anna enn å høyre lydbok og strikke litt, rippe ei bok etc.
Hadde sånn halvvegs tenkt meg på festspelfrokost, men eg vakna så tidlig at eg ikkje kunne stå opp, og etter å ha vakt ei stund somna eg og vakna klokka 10.Og då var det for seint å møte Gunda i dag.
Nils koka lange til middag og etter at vi hadde ete og slappa av litt, dusja vi og kledde oss om for å gå på besøk til naboane som begge fyller 70 år i år, og derfor inviterte oss alle til kaffi. Det vart ei lang pratestund, for er det noko vi kan her i Starevegen så er det å prate med kvarandre. Vi hadde det veldig hyggelig- og fekk masse god mat.
Det ser ut til at veret kan bli betre i morgon, for eg ser ein flik av blå himmel over Melshornet. Og så har vi lagt bak oss ein junimånad som har vore fin for oss på meir enn ein måte.  Men vi tek gjerne imot meir sol og varme i månaden som kjem.
                                       Dei to første i år.

fredag, juni 29, 2012

Bok nr. 28 - 2012: Den som dreper dragen.

Eg har lese fleire bøker av denne forfattaren, og synest han skriv veldig bra. Nils Nordberg er ein framifrå opplesar. Kva det då er som gjer at eg ikkje er så begeistra for denne boka er vanskelig å seie. Det må vere noko gale, anten med meg eller boka.
Eg har liksom ikkje greidd å konsentrere meg skikkelig om handlinga, som eg finn rotete og lite fokusert. Her vrimlar med politi og skurkar i eit salig rot, i hyppige sceneskifte. Eg vil tru at det vil vere lettare å følgje tråden i papirutgåva. Slutten er overraskande, men er den logisk?
Mange digresjonar gjer at sjølve fortellinga blir veldig oppstykka, noko som virkar veldig uheldig i ein krimroman.
Boka får gode kritikkar, så det er kanskje eg som feilar? Kanskje har eg lagt boka i frå meg og lese for lite om gongen-eller rett og slett "falle av lasset".
Eg mistenker forfattaren for å vere meir oppteken av å skildre miljø, samfunnstilhøve og politikk i heimlandet, Sverige, enn å skrive ei spennande fortelling.
De må gjerne lese om boka på nettet, eller lese den sjølve-for eg kan ta heilt feil.

Vêrmelding 29.juni - 2012

KLokka slår akkurat sju slag, og kvelden er enno ung. Ute duskregnar det litt, men temperaturen er på +18 grader så det er sommar i alle fall. På føremiddagen kom det nokre voldsomme regnbyger, men det gjorde sikkert godt, for det hadde begynt å bli tørt. Vi skulle nedover ein tur, så eg tok på meg regnkåpe. Og så skein det opp og sola kom fram. Ikkje at eg beklaga det ! Hadde fleire ærend, det første var biblioteket, der det var veldig lite å finne i dag. Så var vi til Volda der eg kjøpte lestegarn, kan ikkje få stort meir ut av restane mine no, så måtte ha påfyll. Ingen spesielt spennande kjøp i dag.
Til middag i dag hadde vi restar av kjøttkaker frå onsdag, så det var lettvint.
Elles har det ikkje skjedd så mykje. Margrete er framleis på Lillehammer, Solveig i Sverige og Rasmus  og fam. er heime i Kongsberg. Nils måtte ein tur ut i båten.Og eg les og strikkar.
Rosa på bildet heiter Rosa Moyesi og liknar på vanlig klunger. Buska har vore flytta mange gonger og står no nede i hagen der nesten ingen ser den.Det er litt synd.
Ønsker alle ei GOD HELG.

torsdag, juni 28, 2012

Vêrmelding 28.juni - 2012

Klokka er 20.00, temperaturen + 18 grader, og vi har hatt enda ein nydelig dag.Denne junimånaden er den finaste og mest innhaldsrike eg har opplevd på svært lenge, og det er enno eit par dagar att. 
I dag har vi stort sett chilla og sola oss, eg har gjort litt husarbeid, rett nok, og Nils har klipt plen.
Og for ein gongs skuld har vi fått med oss opninga av Dei nynorske festspela i Aasentunet.Skal eg vere heilt ærlig så hadde vi vel ikkje kome oss av stad i år heller om det ikkje var for at Ingeborg skulle vere med å danse.Sola skein varmt og fint i tunet i kveld, men ikkje akkurat der vi skulle sitte, det skygde skogen for sola.
Festspela vart opna av årets festspeldiktar Arne Moslåtten. Det er han som skriv tekstane til Hellbillies. Han las eit par songtekstar som enno ikkje har fått melodi.
Jon Tvinnereim hadde eit historisk tilbakeblikk på viktige hendingar i regionen. Han peika på at lokalt engasjement var viktig. Utan eldsjeler hadde vi kanskje ikkje hatt høgskule i Volda, opera på Eid, Eiksundsambandet eller Aasentunet og Dei nynorske festspela.
Dei tre elitedansarane frå ballettskulen dansa så ein dans som heitte "Eg er ikkje redd for å fly"- om eg oppfatta tittelen rett.
Egil Olsen, som er her frå Vallabøen, har gitt ut fleire plater med eigne låtar.I dag hadde han fått med seg Stig Ulv på gitar(han har eg hatt som elev)-han har også gitt ut plater, og Morten Bollerud, som mellom anna er organist i Kilsfjord kyrkje. Dei spela tre Egil Olsen-låtar, men i staden for å synge songane sine på engelsk, hadde Egil omsett tekstane til nynorsk, og las dei til musikken. Veldig fint var det.
 Prisen for beste nynorskbrukarar gikk i år til Ingvild Bryn frå NRK og Arill Riise frå TV 2. At Arill er morsom og humoristisk, det veit vi som har hatt han til nabo, men Ingvild Bryn overraska. Ikkje berre var ho morsom i praten, men til slutt sette ho seg ved "pianoet" og spela og var forsongar i "Den fyrste song eg høyra fekk".

Heilt til slutt var dansegruppa i elden igjen og viste ein dans som heitte "Steng døra". Både Ingeborg og dei andre dansarane var nokså slitne etter å ha dansa sju timar for dag siste veka. Men no har dei ferie frå dansen også. Til hausten er dei invitert til Aberdeen i Skottland for å danse der.
Det var meir program inne i Aasensenteret etterpå, men vi reiste heim. Seinare i kveld er det Hillbillieskonsert i parken ved Amfi-då kan vi gå ut på altanen og få med oss det meste.
Margrete og ungane er vel framme i Lillehammer.
Bilda mine er ikkje gode, men ein vil no ikkje reise seg opp og gå fram som ein annan pressefotograf. Det kjem sikkert mykje både i aviser og TV. 
Då eg kom heim las eg forresten i programmet at det ikkje var lov å fotografere for dei som ikkje hadde avtale. Så det de ser her er "ulovlige" bilde.

onsdag, juni 27, 2012

Vêrmelding 27.juni - 2012


Klokka er no 22.00, og sola skin framleis på Melssida.Dagen i dag vart mykje finare enn forventa etter kvart, først på dagen var det kald vind, men temperaturen kom seg etter kvart. Temperaturen er no +11 grader.
I dag har det vore ein opp og ned,  fram-og tilbakedag. Amanda overnatta med oss, og ho skulle på ballettøving klokka 13.30, så kom ho heimom ein tur før ho skulle ned att klokka 17.00.Ballettframsyninga begynte klokka 18.00, då køyrde Nils meg ned og tok gutane til Margrete med seg heim her. Vi parkerte om lag på samme tid så det var bra tima.
Elles så hadde eg laga ferdig middagen før eg gikk på ballett, og dekka bordet, så Nils hadde berre å koke poteter.
Margrete og ungane skal reise på ferietur i morgon, og sidan ho ikkje har fått den nye bilen sin enno, vart det til at ho fekk låne vår bil, og så får vi klare oss med den gamle, grå nokre dagar.

Margrete og eg var altså på ballettframsyninga, og det var veldig fint, som vanlig. I ein av dansane, som heiter "Tida går" spelar Ingeborg ei mor som føder Amanda. Det gikk veldig fint i fjor- i år var babyen nesten like stor som mora.Ingeborg og to andre elitedanserar skal danse i Aasentunet i morgon, og ho ville gjerne at vi skulle komme dit.
Det vart sein middag i dag, men no har eg fått rydda og vaska opp.
Fekk melding frå Solveig, dei er vel framme i Hamar. Rasmus er  i Danmark enno. Han skal i Ålborg Zoo i morgon, og så reiser dei med båten heim om kvelden.
Elles så feirer Hilde og Oddvar sølvbryllup i dag. Dei er på besøk i Sydney i Australia der broren til Oddvar bur.
Bodil og Svein har også bryllupsdag, men dei er ikkje komne til gull enno.
Vi gratulerer begge brudepara med dagen.

tirsdag, juni 26, 2012

Vêrmelding 26.juni - 2012

 Klokka er 20.30, temperaturen er +13 grader C, og i dag har det vore skodde og overskya  heile dagen. No i kveld er temperaturen + 13 grader. I dag før middag gjorde eg litt husarbeid mens Nils var hos frisøren. Etterpå var vi ein snartur nedover og handla.
Begge jentene til Margrete var på ballettøving, så Margrete var på denne sida av fjorden med dei tre heimeverande barna.Ho nytta høvet til å få shina opp minstemann på håret. Amanda vart ferdig på balletten før Ingeborg, så mens dei venta på storesysta kom dei hit. Sidan dei hadde lite tid, hadde eg berre steikt nokre pannekaker til dei. Erlend er glad når han får ei datamaskin heilt for seg sjølv.Og då dei reiste heim, fekk Amanda overta; ho skal vere hos oss til i morgon sidan ho skal tidlig på ballettøving. Reknar med at ho kjem til å sove godt, for sist natt låg ho i telt. I morgon er det berre Margrete og eg som stiller som publikum, gutane blir heime med morfaren.

mandag, juni 25, 2012

Vêrmelding 25.juni - 2012

 Klokka er no ca 20.30, og enda ein fin sommardag er snart til ende. Skodda kjem sigande innover, og det spørs om det blir så fint i morgon. I dag tidlig var det også skodde, men den forsvann utover føremiddagen. Akkurat no er temperaturen + 17 grader C.
Sidan det var litt grått på morgonen fekk eg endelig vaska ned soverommet. Det var ingen stor jobb, for der var ikkje særlig skite og eg fór berre lett over. Det er i alle fall gjort.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, berre pusla rundt, og så har eg lege på altanen og lese lydbok-alt i alt ein nokså sløv dag. Strauk ein haug med klede no i kveld, for å bøte på samvitet.

søndag, juni 24, 2012

Vêrmelding 24.juni - 2012

Klokka har passert 21.30, men det er lyse dagen ute. Sola skin ikkje akkurat her vi bur, men mange andre stader. Det er lettskya og + 19 grader C.
Mesteparten av dagen har vi vore på Hareid, fór herifrå i 12-tida og er nyss heimkomne.
Kor mange fødselsdagar vi feira i dag er eg litt usikker på, men på sjølve dagen i dag fyller Einar 25 år. Han måtte imidlertid på jobb i Ålesund. Når ein jobbar som sportsjournalist for det meste er det smått med helgefri. Øystein har no feira 50-årsdagen sin i fleire dagar, og det var vel han som var hovudpersonen i dag også. Eit artig samantreff er at Einar er 25, Øystein 50 og Nils 75 år -i alle fall ei stund.
Vi fekk sjølvsagt mykje god mat, og ingen hadde problem med appetitten det eg kunne sjå. Vi damene og dei minste barna heldt oss heime, mens mannfolka var på fotballkamp i Ulsteinvik eit par timar.
Bilda eg tok er nokså tilfeldige, men reknar med at dei andre bloggerane har vore litt meir målretta.
Vi takkar vertskapet for ein koselig dag.
                            Søskenbarna Eirik og Håkon.
     Amanda hadde på seg den nye sommarhatten sin.

lørdag, juni 23, 2012

Vêrmelding 23.juni - 2012

Klokka er snart 20.00, det er lettskya, fint ver og +23 grader C. Ikkje ofte vi har hatt så fint ver på jonsokafta ! Det ryk frå eitt og anna bål, men mange held seg heime og grillar på altanen. 
Nils og eg har ikkje nokon tradisjon for jonsokfeiring , så vi held oss i ro. Det blir nok med "feiringa " i morgon, dessutan er vi stappmette av fersk sei som vi hadde til sein middag.
I dag har eg også vore ganske lat. Vi var nedover og handla litt før middag, og så reiste Nils og Hassan på sjøen, mens eg la meg på altanen med lydbok. Det var ikkje berre for moro skuld, for eg verkte i hofta og foten. Gikk ein liten tur i går kveld, men det skulle eg no tole. Ikkje noko å bry seg om, for det kjem seg att. Elles så har eg gjort litt husarbeid.
Karane fekk ikkje makrell i dag heller, men kom heim med mykje deilig sei, som skal fileterast og frysast. Den minste åt vi i dag. Blei fryktelig tørst, så no går eg i rute mellom to datamaskiner og drikkestasjonen på kjøkkenet.
Håper alle får ein fin kveld.

Bok nr.27 - 2012: I en og samme person.


John Irving er ein kjend forfattar som har hatt stor suksess med romanane sine. Eg har ikkje lese så mange av dei, men hadde store forventningar til denne boka. Eg kan ikkje seie at forventningane vart innfridde. 
Delar av boka har eg likt, men mykje har vore kjedelig, og heile problemstillinga virkar litt passé.
Hovudpersonen, jeg-fortellaren, er ikkje berre homofil, han er bi-fil, faren er homofil og bestefaren er trasvestitt. Ei kvinne som han forelskar seg i er transseksuell osb. Det blir litt for mykje av det gode, rett og slett. Det blir mange personar å halde orden på, og svært få av dei blir vi verkelig kjende med.( At forfattaren høyrer med i ei av desse gruppene er eg ikkje i tvil om. )
Hovudintensjonen med boka er å overtyde lesaren om at alt er "normalt" og at ingen skal diskriminerast på grunn av seksuell legning. Eg veit ikkje korleis det er i USA, men dette begynner å bli litt gammalt nytt her til lands-i alle fall i teorien.
Boka er for så vidt godt skriven, og her er ein god del svart humor. Eg forstår humoren, men synest ikkje det er så hysterisk morsomt.
Mykje kunne vore redda om boka hadde blitt betre formidla, men opplesaren les for fort og for slurvete, så ein misser sikkert eitt og anna poeng undervegs.Eg hadde lyst å legge boka frå meg etter kort tid, og ærlig talt hadde eg ikkje tapt så mykje på det.
Likevel ser eg ikkje bort frå at folk som kjenner seg igjen i desse miljøa kan ha glede av å lese om andre likesinna. For nokre år sidan ville boka sikkert vekt meir oppsikt enn ho gjer i dag.

fredag, juni 22, 2012

Sprek 50-åring.

I dag fyller Øystein, svigersonen vår, 50 år. 
Når vi snakkar om barn og svigerbarn, kallar vi dei ofte "dei unge", og det kjem vi vel til å halde fram med. Sjølv om det etter kvart har vakse opp ein generasjon som er enda yngre.
Femti år er ungt i vår tid, det er opplese og vedteke.
Å fortelle om alt Øystein har styrt med i sitt unge liv, vil falle for langt. Sjølv har eg hatt meg ei mimrestund med gamle album, det er både kjekt og vemodig. Tida går så altfor fort, særlig når ein kjem opp i åra.
Øystein er utrulig sprek for alderen. Han har mange interesser i tillegg til idrett og turgåing. Han er sjølvsagt interessert i arbeidet sitt som lektor på Ulstein vidaregåande skule, og i litteratur, musikk og fotball. Berre for å nemne noko.
Han har skrive fleire bøker, både dikt, romanar, dokumentar og novellesamling. Det er berre å google, så finn de mykje stoff.
For oss er han først og fremst eit kjært medlem i storfamilien vår, og far til fire av barnebarna våre.
Sundag skal vi til Hareid og feire han i lag med Margrete og familie.
I dag gratulerer vi berre her på data, for vi reknar med at han får telefonar nok!
                     Gratulerer med dagen Øystein.

Vêrmelding 22. juni - 2012

Klokka er 11.30, temperaturen på trappa er +25 grader, og utan eit vindpust kjennest det veldig varmt ut.Det er ikkje heilt klår sol, så eg har ein mistanke om at det kan kome regn seinare på dagen. 
Eg har ikkje gjort det skapte grann, så langt;  hadde tenkt å vaske ned soverommet, men kan no ikkje bruke ein slik dag til det ! 
Nils driv og klipper plenar. Hadde meg ein liten fotorunde ut gjennom gata, for å forevige at ein nabofamilie som har budd her like lenge som vi flyttar. Dei er begge opprinnelig frå Nord- Norge og no flytttar dei nordover igjen, sidan begge døtrene har busett seg der.Huset er selt til ein som har vakse opp her på Vallabøen. Ein ny generasjon etablerer seg rundt omkring.
I hagen har bestemor Hildas valmuar sprrunge ut for fullt, vi har mengdevis av dei, og no må vi snart gjere alvor av at nokre av dei får flytte heim til Eid.Iris har vi fleire stader i hagen.

torsdag, juni 21, 2012

Vërmelding 21.juni - 2012

Klokka er no19.45. Temperaturen i skuggen er +21 grader C, og veret er strålande.
Dette blei ein heilt uventa "bonusdag" for meg, og eg har vore ute om lag heile dagen.
Det første eg gjorde etter frokost, var at eg laga ei rabarbrakake, hadde renska og delt opp rabarbraen på førehand, så det var ikkje så mykje arbeid.
Nils og naboen hadde planlagt eit felles prosjekt,og det var at dei skulle hente singel til tuna våre. Nils ordna med tilhengar m.m. og dei for av garde. Det var 2 lass, 1 1/2 til naboen og 1/2 til oss. Det minkar oppe ved vegen, så vi trong litt påfyll. Så vart vi bedne på formiddagsmat hos naboane, og der sat vi ute og kosa oss ved hagebordet. Dei har ein koselig uteplass. Eg går frå det eine gjestebodet til det andre og snyltar.
Fekk renska ferdig blomsterbeddet mitt etterpå-måtte gi opp på grunn av knott ein kveld før.
Mesteparten av ettermiddagen har eg lege på altanen og "lese" lydbok. Det var ein fin bris og ikkje for varmt.
No har vi nettopp ete middag, det vart steikt sei i dag. Ute skin sola framleis, og hadde eg ikkje vore så mett skulle eg ha gått ein tur.
Då vi kom heim i går fann vi ei lita søt potterose på trappa, men ikkje kort e.l. så vi veit ikkje kven som er givaren.Viss nokon har sett den som var her med rosa, må dei vere snille og seie ifrå.
Turen til Torheim i går, var ein typisk impulstur og ikkje planlagt. Eg hadde ikkje sett så mykje på klokka heller, så vi var litt seine. No skulle dei ha tre veker ferie der ute. I eit av programma "Grønn glede" er der ein frekvens frå dette gartneriet.

onsdag, juni 20, 2012

Margrete

I dag gratulerer vi Margrete med at ho er blitt eitt år eldre enn i fjor då dette bildet vart tatt.
Då var ho og eldstejenta på ferie i Tyrkia.
No er det ferie igjen, og er det nokon som treng det så er det blant andre Margrete, som har hatt eit travelt år på mange måtar. Vi har besøkt henne i dag, men komande sundag skal vi feire mange i familien som fyller år i desse dagar.
Gratulerer Margrete -du er enno ung!
  Dette bildet er heilt ferskt.

Vêrmelding 20.juni - 2012

Klokka er snart 21.00, det er overskya og regnbyger slik det har vore i heile dag, i alle fall der vi har vore. Temperaturen ute er no +12 grader C.
Vi har vore på rek heile dagen. Tok 11-ferja frå Volda og reiste til Eid, der vi besøkte Bodil og Svein. Fikk deilig lunsj og prata i det vide og det breie om alt mellom himmel og jord. Greidde til slutt å rive oss lause, for å fare på oppdagingsferd. Eg fekk så lyst å sjå gartneriet på Torheim. For dei som ikkje er kjende kan eg fortelle at ein køyrer utover på sørsida av Eidsfjorden og rundt neset. Det var litt lenger enn eg var budd på, og vegen var smal og kronglete. 
Eg har vore der ein gong før, men det er over 30 år sidan. Då vi  kom fram var dei i ferd med å stenge for dagen, så vi kunne ikkje gå der og gløse så altfor lenge. Men hadde vi vore der for 14 dagar sidan, må det ha vore eit enda meir eventyrlig syn enn det var i dag. Dei er vel mest kjende for rhododendronane sine, men mange var avblomstra no.Eg let bilda tale for seg. Dei har elles frukttre, buskar etc, men ikkje staudar og sommarblomster. Eg anbefaler ein tur dit!
På heimvegen var vi innom Margrete, som har fødselsdag i dag.Familien var samlaog vi fekk pizza og marsipankake, så det er ikkje fritt for at vi har fått i oss nok kaloriar -  i dag også.
Det har blitt lite mosjon, elles har dagen vore perfekt. Takk til vertskapet på Eid og på Straumshamn.




 På det siste bildet ser vi inn att til Nordfjordeid.

tirsdag, juni 19, 2012

Vërmelding 19. juni - 2012


Klokka er 15.00. Det er delvis skya, og bitte små regnbyger innimellom.Sola er også framme av og til.Men yr.no melde om full sol frå klokka 10.00 i dag, trur sola er litt forsinka, men ho kjem nok.Temperaturen er + 16 grader C.
Før middag var eg "flink". Støvsuga og rydda i huset+ at eg laga ein kakebotn. Så fekk eg Nils med meg å gå tur rundt Storebakken. Eg gikk der i går kveld også, og då stod enno litt av huset i svingen att. I dag var berre kjellarmuren som var der. Det blir jobba intenst med å gjere klar tomtene til dei to firemannsbustadane som skal byggast her. Det er ei stor tomt, over tre mål. Det gamle huset var totalskada av vatn, så det var ikkje mykje å satse på.
No må vi sjå om vi kan finne oss noko å ha til middag. Nils er ute i hagen og forskar på skadedyr. Eg oppdaga at irisen stod i full blomst, så eg må ned og sikre med bilde før dei blomstrar av.Dei fleste stauder har kort levetid. Skulle vore ute og luka litt, men får vente til det er litt tørrare.Likar i grunnen ikkje så godt å luke.....
I dag er det Elin sin fødselsdag. Vi gratulerer og ønsker henne alt godt.

mandag, juni 18, 2012

Vêrmelding 18.juni - 2012

 Klokka er snart halv sju. Ute er det grått og vått, og det har det vore i heile dag; skodda ligg nesten heilt ned på jorda. Temperaturen er + 11  grader C.
Veit ikkje om det er veret si skuld, meneg har vore fryktelig trøtt i dag. Det kan ha litt med det å gjere at Nils har fyrt godt i omnen også.
Før middag var eg relativt effektiv, eg laga to porsjonar fiskekaker, kvar av 1,5 kg sei. Deretter vaska eg kjøkken og bad ganske grundig m.a.
Etter middag vart eg nokså sløv, men no sit eg med ein god kopp kaffi og ei bok på øyret og held på å vakne til live ifjen. Har jo liksom den idéen at eg alltid skal gjere noko nyttig, i alle litt kvar dag.Og det er alltid noko å gjere for den som vil. Denne veka er det tre fødselsdagar i familien, deretter reiser den yngre garde på diverse feriar, og så får vi sjå kva det blir til etter kvart. På yr.no ser eg at det skal bli sol i morgon.

søndag, juni 17, 2012

Bok nr.26 - 2012: Mississippi

Denne boka har eg knapt greidd å legge frå meg. Eg hadde mine tvil då eg såg at den er ein såkalla "bestseller", venta meg ei overromantisk "klissete" historie. Det var det absolutt ikkje. Dette er ei boka med "nerve"- ein ventar berre på at noko fryktelig skal skje. Men kva?
Eg brukar alltid å scanne omslaga, men eg får ikkje til å legge bilda inn på bloggen lenger, så eg tek bilda frå nettet.
Alle hovudpersonane i boka har forteljestemma kvar sin gong, og det er genialt. Vi får belyst historia frå mange ståstader. Historia blir fortalt, og delvis kommentert, frå kvar enkelt person, menn og kvinner, svarte og kvite. Eg kan legge til at historia er lagt til Mississippideltaet rett etter  2.verdenskrig.
Det er ei kvinne som les alle forteljestemmene, først blei eg litt irritert fordi dei ikkje hadde fleire opplesarar, men eg endra meining, for opplesaren er veldig flink.
Denne boka vil eg anbefale på det varmaste.Den er på 7 CD-ar.

Vêrmelding 17.juni - 2012

Klokka er ca 17.00.Temperaturen ute er + 15 grader, det er overskya og grått, regna har det også gjort, men før middag var det opplett og litt sol.
Vi har nettopp ete middag, så her er det i sannheit fleksitid.
Før middag var vi på ein nokså lang biltur, ein tur vi tek av og til, men ikkje kvart år.
Vi køyrde opp Follestaddalen til Kolås, over Standalseidet, ned til Store-Standal, langs Hjørundfjorden til Festøy. Og så var det strake råsa heim.
Mange kjenner vel til Standalhytta som er eigd av Ålesund skiklubb. Eg var der på tredagars skikurs då eg gikk på lærarskulen, utan at det hjelpte stort,og så har eg vore der på turar med medstudentar og kollegaer etter den tid. Det har vakse opp ein heil hytteby i området, men hyttene er ikkje særlig prangande, så det ser bra ut. Men før vi kjem fram til Standalhytta kjem vi til ei gammal seter, som eg trur er freda. Det er Myklebustsetra, som de ser bilde av øvst på sida.Høge fjell med mykje snø er det på alle kantar.
Vegen nedover til Standal er bratt og svingete. Men det som var verst for meg var at der var så tilvokse med skog at utsikta vart borte. Fjorden vi ser er Hjørundfjorden, og dei ville fjella på andre sida er området der dronning Sonja har hatt mange fjellturar. Sjølv er eg ikkje så glad i fjell, men på avstand ser jo eg også at dei er flotte.

Her er vi komne heilt ned til fjorden, og ser både innover og utover langs strendene. Vi køyrde utover og kom til Festøy, ein stad som vel er kjent for dei fleste.
Så kom vi heim og eg fann ingrediensar til spaghetti og kjøttsaus. Smakte godt  det, etter ei heil veke med fisk.

lørdag, juni 16, 2012

Vërmelding 16.juni - 2012

Klokka er ca halv sju, temperaturen er + 18 grader, så det minner litt meir om sommar.
Det er nokså skya, men opphaldsver.
I dag tidlig for Nils på sjøen før eg hadde vakna - igjen. Men denne gongen låg han i ro til klokka 5.
Han kom heim med ein god del sei, så no blir det matauk og fulle frysarar. Til middag hadde vi kokt småsei, så denne veka har vi hatt mange fiskemiddagar.
Vi tok ein tur til Volda i dag for å finne ampelplantar som kan trivast ved trappa. Eg fann ein stor, fin Surfina som eg ville ha, men den måtte ha både sol og lys, sa gartnaren, han anbefalte ein fuksia som skal få kjempestore blomster etter kvart. (Får vi håpe). No har vi kome så langt at vi har fått den opp. Kjøpte nokre stemorsblomster med store kronblad til å ha i dei tre pottene eg fekk av Solveig i fjor, dei plar tole det meste. Elles er det vel like før alle staudene sprett ut. Har ikkje ånden til å styre i hagen, har ikkje energi til noko for tida. Håper det rettar seg etter kvart.Eller kanskje eg er blitt permanent lat? Nils har styrt med fisk heile ettermiddagen, men no skal han vel snart sjå fotball. Eg trur eg tek meg ein tur med lydbok.
Klokka 20.00. No har eg vore på ein liten tur i skogen, og rusla litt i nabolaget.
Ein koselig kvileplass. Eit eldre par eg kjenner brukar å vede her, og det er dei som har laga i stand.Det er ein fin stig oppover her, men eg kom meg ikkje så langt i dag.
Den nye rhododenronen var på plass i holet etter treet som var drege opp med rot.
Somme har det litt finare på og rundt trappa enn andre.

fredag, juni 15, 2012

Vêrmelding 15.juni - 2012


Klokka er 13.30. Det er lettskya, fint vêr ute, men framleis ingen sommartemperatur; på trappa vår er det + 15 grader, men vinden gjer at det virkar kaldare.
Vi har vore ein tur til Vik og bort på Rystelandet, der vi etter råd frå gartnaren vi snakka med i går, kjøpte noko som skal halde maur borte frå jordbæråkeren. Vi har vore uheldige med jordbæra i mange år no, og vi trur det skuldast maur. Var også innnom biblioteket i dag og fekk meg tre nye bøker-berre den eine var krim! Mat og medisin handla vi på Amfi.
Snoka innom fleire gartnarar og blomsterbutikkar for å finne noko å ha på trappa, men fann ikkje noko som høvde. Der er verken sol eller lunt, så det er litt vanskelig å finne noko som likar seg der.
I går hadde eg ein lat dag, men mot kveld fekk eg eit lite oppsving og baka brød og stelte litt i hagen.
I dag gratulerer vi Hilde på Eid med dagen.Det er så rart når barn og tantebarn, for ikkje å seie barnebarn begynner å bli skikkelig vaksne. Det er mange fødselsdagar i juni i storfamilien vår.
Nils held på og skal koke salta lange og då må eg  berre halde meg langt vekke. Greitt nok !
Bildet har eg tatt frå Rystelandet og de finn sikkert "Sukkertoppen" som vi ser frå trappa vår. Fjellet heiter eigentlig Vallahornet. Bak Vallahornet ligg eit mykje høgare fjell som heiter Saudehornet. Det var der det skjedde ei tragisk dødsulykke tidlegare i veka. Ein mann rende nedover på ski og for utfor ein skrent. 
                             Dagens fanst på biblioteket.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...