lørdag, juni 16, 2012

Vërmelding 16.juni - 2012

Klokka er ca halv sju, temperaturen er + 18 grader, så det minner litt meir om sommar.
Det er nokså skya, men opphaldsver.
I dag tidlig for Nils på sjøen før eg hadde vakna - igjen. Men denne gongen låg han i ro til klokka 5.
Han kom heim med ein god del sei, så no blir det matauk og fulle frysarar. Til middag hadde vi kokt småsei, så denne veka har vi hatt mange fiskemiddagar.
Vi tok ein tur til Volda i dag for å finne ampelplantar som kan trivast ved trappa. Eg fann ein stor, fin Surfina som eg ville ha, men den måtte ha både sol og lys, sa gartnaren, han anbefalte ein fuksia som skal få kjempestore blomster etter kvart. (Får vi håpe). No har vi kome så langt at vi har fått den opp. Kjøpte nokre stemorsblomster med store kronblad til å ha i dei tre pottene eg fekk av Solveig i fjor, dei plar tole det meste. Elles er det vel like før alle staudene sprett ut. Har ikkje ånden til å styre i hagen, har ikkje energi til noko for tida. Håper det rettar seg etter kvart.Eller kanskje eg er blitt permanent lat? Nils har styrt med fisk heile ettermiddagen, men no skal han vel snart sjå fotball. Eg trur eg tek meg ein tur med lydbok.
Klokka 20.00. No har eg vore på ein liten tur i skogen, og rusla litt i nabolaget.
Ein koselig kvileplass. Eit eldre par eg kjenner brukar å vede her, og det er dei som har laga i stand.Det er ein fin stig oppover her, men eg kom meg ikkje så langt i dag.
Den nye rhododenronen var på plass i holet etter treet som var drege opp med rot.
Somme har det litt finare på og rundt trappa enn andre.

2 kommentarer:

solveig sa...

Fine blomstrar! Eg hadde tenkt å foreslå fuchsia i går.

Besta sa...

Eg har hatt fuchsia her før, men kan ikkje hugse korleis det gikk. Det er mykje fint å få kjøpt, men eg hadde trengt ein rådgivar. Far din er ikkje interessert.