torsdag, desember 31, 2009

Godt nytt år.




Så har vi kome til årets siste kveld.At tida går er noko vi har fått ei sterk påminning om i dag, sidan Rasmus har teke på seg å scanne ein del dias frå "gamle dagar".Det er då ein lurer på kvar alle åra har vorte av.
Elles har vi hatt eit herremåltid av vestlandsk lammeribbe og julepølse - noko som sjeldan er mislykka. Vi har for det meste halde oss inne; Wenche og eg strikkar lester i kor, først leia eg ,men sidan eg koka middag, fór ho forbi med god margin.Gutane leikar og sysselset seg sjølve,men det blir vel ei lita rakettoppskyting når det lid på kveld.Det er om lag 15 kuldegrader ute.
Bildet er frå det første året eg gikk på lærarskulen 1960-61.Det året hadde eg hybel med kott! Huset eg budde i ligg rett nedanfor det gamle gymnaset i Volda.
Ei tid var og ei anna vart-og femti år har gått sidan bildet vart teke.Det er ikkje berre bilda som har tapt seg.
Vi ønsker alle alt godt i det nye året som vi ikkje heilt har bestemt oss for namnet på.
Eg held på 20 -10
GODT NYTT ÅR!

onsdag, desember 30, 2009

Snøhole


I dag har vi samme fine veret, men litt kaldare, akkurat no er det minus 14, men vi har det varmt og godt inne.Farfaren og faren tok gutane ut for lufting, men det var ikkje så lenge dei heldt ut. Vebjørn påstod at det var nokon som beit han i nasen.Rasmus planlegg det eine herlige måltidet føre og det andre etter, men hadde rekna ein dag for mykje,så no blir det svineribbe i dag og pinnekjøt i morgon-nyttårsafta kom litt brått på han.Ja,ja, det får bli ei mager periode når vi kjem heim att.

tirsdag, desember 29, 2009

Kongsberg i dag.


Det har vore nydelig ver i dag, men eg har ikkje kome meg ut.Vi har mykje å styre med inne.Rasmus har helde på å sjekka opp begge datamskinene våre, lagt inn nye program på laptoppen etc.etc. No kan eg ta imot e-post på vanlig måte på laptoppen også.Det har vore ca minus 12 grader i dag, sol og ganske mykje snø.Rasmus var ein liten tur på butikken og til frisør med Vebjørn.Vi har nettopp ete fiskesuppe, så eg kjenner behovet for middagskvild,derfor har eg beordra kaffi.

mandag, desember 28, 2009

Turen til Kongsberg.


Vi vakna tidlig i dag og stod opp.Dermed kom vi oss tidlig av garde.Det snødde tett  i Ørsta/Volda -området,og også på andre sida av fjorden.Det var ikkje pløgt over Stigedalen,noko som var årsaka til at vi ikkje nådde ferja på Lote, men måtte vente ein knapp halvtime på neste.Det letta etter kvart, men vegane var verken strødde eller salta, så vi måtte køyre forsiktig.På Hemsedalsfjellet var det fint ver,  sol og snøføyke. Det vart kaldare etter kvart, på Gol var det minus 16.Vegane vart betre etter kvart,så vi fekk sette opp farten.Vi var framme hos Rasmus &co litt før halv 6.Her har vi fått rikelig både av vått og tørt.Og så vart det ei ekstra julaftan med pakkar frå oss på Møre.Alle tinga fall i smak.

søndag, desember 27, 2009

Vidare planar for jula.



Dette innnelgget skriv eg på den nye laptoppen.Det er litt uvant, men sidan Rasmus var så omtenksam at han sende ei mus i julegåve , går det bra.Gamlemaskina (2 år) har hatt diverse problem i det siste, så det er godt å ha eit alternativ.I dag fekk eg m.a. ikkje lagt til ver-bilde, for eg fekk ikkje overføre frå kamera til maskin.
Det er godt at vi gamle har noko å skjerpe oss på, slik at vi ikkje sløvest for mykje.No skal vi ta den med oss til overhaling.
Planen vidare i jula er at vi reiser til Kongsberg i morgon. Vi skal prøve å stå opp tidleg, så vi får utnytte dagslyset maksimalt.Det er ein lang køyretur, og det er spennande korleis ver og føretilhøva utviklar seg. Her er det no ca 0 grader og snøbyger, meir vanleg julever enn det vi har hatt hittil.
Eg har brukt føremiddagen til pakking og rydding, og Nils har sine prosjekt,Det er mykje å hugse på når ein skal vere vekke nokre dagar.Eg håper no på at orkideane skal overleve, dei står så fint no og blomstrar for andre eller tredje gong.Eg har prøvd både å klippe heilt ned, klippe halt ned og ikkje klippe i det heile.Men det ender alltid med at dei blir litt for lange i stilken. Har de gode råd?
Laptoppen skal sjølvsagt med på turen.

fredag, desember 25, 2009

Julegåver jula 2009.


Skulle ha god underhaldning lenge her.Litt for ein kvar smak.



Bestikk som vi samlar på.Krydder. Og tekstilar frå Ekelund.


Lys og serviettar som passar til juleduken stod på ønskelista.


Lys i mørketida blir det aldri for mykje av.


Dette er den finaste kjøkkenkluten eg har sett.


Heimelaga kaker i fint pynta glas.


Julestemning i pensjo-heimen.

Før jul tenkjer eg ikkje særleg på det eg kjem til å få til jul, men er meir oppteken av det vi skal gi. Slik er det vel med dei fleste vaksne. Nils og eg plar ikkje kjøpe julegåver til kvarandre, men i år overraska han meg verkelig, for eg visste ikkje at han hadde kjøpt laptop frå Olaug og Nils til Olaug og Nils! Audun hjelpte oss med å få den i gang, og den virka fint der ute. Her heime kjem vi oss ikkje inn på Internett, men det blir vel ei råd.Her er eit utval av det vi fekk. Eg skriv ikkje kven som har gitt gåvene, i fall ikkje alle ville like det.

tirsdag, desember 22, 2009

Julekort.




Kjære alle saman!

I år har eg skrive veldig få julekort.Nesten alle eg kjenner er ofte innom bloggen min, og derfor får de julehelsing her. Eg unnskyldar meg med at eg skal spare regnskogen, men eigentleg er det latskap. Det er så lettvint å sette seg til framfor PC-en i staden for å ordne med kort, frimerke etc. etc.
Sidan eg skriv så mykje om alt vi gjer her på bloggen, er det heller ikkje så mykje nytt å skrive om. Det er ulempa ved det å legge livet sitt ut i eteren.
At åra berre går fortare og fortare er noko som alle eldre opplever. Før lo eg av gamle folk som ikkje somla seg til å rydde vekk all julepynten mellom kvar jul, no forstår eg dei.
Med oss er det om lag som før. Vi er relativt friske, men særlig eg er ikkje så rask til beins. Derfor blir vi mykje verande heime,men nokre turar hit og dit blir det.Mest i nærmiljøet, rett nok, men også til Kongsberg, og sist sommar heilt til Skåne.
Eg styrer med husarbeid, handarbeid og så les eg mykje. Mest lydbøker.Nils er glad i å vere ute og fiske, så vi har rikelig fisk både til oss sjølve, familien og naboane. Og så er vi nokre resarar til å lage fiskemat etter kvart.
Sommaren og første delen av hausten var våt og trasig, men midt i oktober skein det opp, så vi fekk ordna heile hagen før vinteren. Og sidan har det stort sett vore veldig fint ver. Eg kan ikkje hugse ein liknande førjulsvinter.Hadde ikkje fjella vore i vegen, så hadde vi hatt sol nesten heile tida.Derfor er det ikkje "Kaldt og mørkt og lite sol, ...." som det står i ein lokal julesong. At vi har hatt det så lyst og fint i førejulstida, gjer vinteren kortare.
I år skal vi vere på Hareid julafta, hos Solveig med fam. Dei store gutane er også heime i jula, så då blir vi 8 til bords.Det er så greitt no når vi har fått tunnel, for då kan vi reise heim og ligge i våre eigne senger.Gamle folk vil helst ligge heime!

Andre juledag plar vi samle storfamilien her hos oss, og det er meininga å gjere i år også. Håper berre alle held seg friske! Både Nils og eg kjenner rett som det er noko i halsen, og ingen av oss er vaksinerte verken mot svin-eller anna influensa.Det er forresten ein tradisjon her i familien at ein eller annan skal vere sjuk i jula. Men vi håper det beste.
I romjula reiser vi til Kongsberg, til Rasmus og familien hans. Vonar det blir litt mildare til då, for no har der vore veldig kaldt. Vi blir der til over nyttår. Vi gler oss særlig til å treffe dei to kjekke gutane. Ja, og så må eg fortelle at den tredje guten er på veg, han har tenkt å komme i mars ein gong. Det gler vi oss til.
Viss alt  går bra, vil vi då ha 11 barnebarn, den eldste blir 23 år i juni, så det er stor skilnad i alder.
Håper det er bra med dykk alle. Både de som er her i landet, og de som feirer jul på sørlegare breiddegrader.
Vi ønsker alle ei god og fredfylt jul og eit godt nytt år.
Beste helsing
Nils og Olaug
PS: Stor takk til alle som har sendt oss julekort!

Bok nr.82: Seierherren står alene.


Scena i denne romanen er Filmfestivalen i Cannes, vår tids Vanity Fair- i følge forteljaren/forfattaren. Hit kjem filmregissørar, og unge jenter på jakt etter ein sjanse til å gjere karriere i filmbransjen. Hit kjem også moteskaparar og modellar-alle på jakt etter suksess og pengar.Og mange er innstilt på å gå langt for å nå måla sine.Politiet er også til stades. Inn på scena kjem så ein "seriemordar" som har ein plan om å ramme eks-kona si ved å drepe andre. Han ser på seg sjølv som eit Guds sendebod, ein hemnande engel.
Dette kunne ha blitt ein fantastisk roman om forfattaren hadde lukkast. Det gjer han altså IKKJE. Han kan ikkje la vere å kommentere alt som skjer; forklare, moralisere og belære lesaren så mykje at ein får lyst å hyle. Absolutt ikkje ein einaste tanke får ein sjanse til å tenkje sjølv. Boka blir berre eit einaste stort ord-gyteri der forfattaren etter beste evne prøve å påtvinge oss sine synspunkt.Om alt mulig mellom himmel og jord! Innimellom fenger handlinga, men så stoppar han opp og begynner å legge ut om eit eller anna, til dømes korleis ein kvitvaskar pengar.....
Paolo Cohelho vart geniforklart då ei av første bøkene hans, Alkymisten, kom ut.Seinare har han sola seg i glansen av den boka, trur eg, for no har eg lese fleire av bøkene hans og har fått nok. Meir enn nok.Exit PC.

søndag, desember 20, 2009

Adventshelsing





I dag vil eg sende ei lita helsing til alle blogglesarane mine, med dette diktet av Inger Hagerup.

Vi tenner fire lys i kveld
og lar dem brenne ned.
For lengsel, glede, håp og fred-
men mest allikevel for fred
på denne lille jord,
hvor menneskene bor.

onsdag, desember 16, 2009

Bok nr.81: Zahir


Dette er ikkje første boka eg har lese av denne forfattaren, og heller ikkje denne gongen vart eg så veldig gripen av teksten hans. Eg veit at mange er svært begeistra for forfatterskapen til PC, og teksten er på mange måtar vakker,men litt for enkel på ein måte. Litt uklårt kva som er bodskapen hans.
Det er vanskelig å skrive om boka, for her er ikkje  mykje handling.Det er meir som ei filosofering over livet og kjærleiken i vid forstand.Men eg angrar ikkje at eg las den, og har enda ei bok liggande av same forfattaren, så får vi sjå om den engasjerer meir.

mandag, desember 14, 2009

Juleførebuingar 2




Kor mange fryserar har du? Vi har 4, medrekna dei tre skuffene nedst i kjøleskapet. Og vi er to personar.Kjekt å ha, med andre ord, når jula står for døra og ein lagar litt av kvart som ein puttar til sides, og handlar både det eine og det andre som kan kome vel med om det kjem eit menneske.
Men kva skjer? Frysarane er breiddfulle frå før, og det er ikkje råd å lure nedi eit einaste lite julebrød ein gong.Så i dag vart det operasjon "Gi plass i fysaren" som gikk av stabelen her i heimen. Fire kilo plommer frå sist haust vart sylta og hatt på glas. Heldigvis hadde eg gjort dei gryteklare før eg fraus dei, så den jobben var lett. Så fann vi to plastdunkar med sur saft frå i fjor haust, som vart tint, kokt søt og hatt på flasker.Ni liter vart det. No får vi plass til kasserollen med kjøtet eg steikte i går!Hurra!
I kjøleskapfrysaren fann eg mellom anna rester av brunost som eg puttar dit når vi ikkje et meir av DEN osten, og no driv eg og kokar prim.Eg puttar osten + søt melk i kasserollen, let osten smelte og kokar blandinga inn litt før eg jamnar med semulegryn(har funne ut at det funkar betre enn maisenna eller kveitemjøl).Brukar å ha i litt søtt, i dag vart det lønnesirup og brunsukker. Eg kokar "grauten" lenge og vel til eg ikkje ser att eit einaste gryn.Denne primen er det ein i storfamilien som er veldig glad i, Nils seier ikkje nei takk han heller.
Slik går no dagane -vi finn alltid meir enn nok å bruke tida vår på.
PS: Glaset til te-lys har Margrete kjøpt til oss i Praha.

fredag, desember 11, 2009

Bok nr.80:Et annet liv.


Eg har lese berre ei bok av denne forfattaren før, og det var Livlegens besøk,der han fortel om dronning Caroline Mathildes kjærleikshistorie med den tyske legen Struensee.Eg likte den boka godt,men hadde inga aning om at den samme forfattaren har skrive eit utal romanar og også mykje dramatikk for scena.
Et annet liv er ein sjølvbiografi, men han omtalar seg sjølv i 3.person. Her fortel han om oppveksten i Nord-Sverige som einaste sonen til lærarinna Maja, faren døde før han var årsgammal.Miljøet er prega av streng religiøsitet og fråhaldsrørsle. Seinare i livet kjem han til å reise mykje, og han er til stades når mange store og viktige ting skjer, eller i alle fall i nærleiken. Han flyttar til Berlin. Munchen, New York, Los Angeles, Paris osb.men ender til slutt opp i København.Han gifter seg fleire gonger og ligg lenge under for alkoholmisbruk.
Dei store interessene hans heilt frå ungdommen av er idrett og politikk, noko som speglar seg i det han skriv.Han skriv mykje om seg sjølv og menneske han møter, men lite om koner og born, og det han skriv om dei er berre positivt. Så dette er inga bok med utbretta privatliv, noko som eg synest er sympatisk.
Boka er mangfoldig, som rimelig kan vere når eit langt og innhaldsrikt liv skal ned på papiret, og eg likte boka veldig godt.Det er ingen pageturner, men heller ei bok som ein les med ettertanke.
Vil du lese meir om forfattaren kan du slå opp her.

torsdag, desember 10, 2009

Juleførebuingar 1.


Vi bur oss til høgtida på ulike vis. Far i huset har teke båten på land, vaska den grundig og pakka den inn for vinteren.Den står ikkje på vogna, men han vonar på fint ver når det lid ut i januar slik at han får fiske meir. Det er lett å dra båten på snø når ikkje vogna er med, nemlig. Vi var inne på tanken om å bruke båten til pulk viss det kom snø, eller skal vi heller pynte den med girlander av lyspærer? Uff! Det er visst ikkje klimavennlig ein gong.

mandag, desember 07, 2009

Same procedure as every year.




Kvart år etter nyttår sit eg att med mykje kakerestar. Då seier eg ifrå om at neste jul skal eg ikkje bake ei kake. Så nærmar neste jul seg, og eg føler at nokre FÅ sortar må eg no lage for sikkerheits skuld.
I år er ikkje noko unntak. I går laga eg krumkaker, og i dag sette eg i gang med MorMonsen,utan korintar,fordi dei ikkje hadde på butikken.
Så fann eg ut at sidan eg hadde krumkakejernet framme, skulle eg lage strull.Dobbel porsjon for sikkerheits skuld. Det er mange år sidan eg gav meg ut på den galeien, så eg hade gløymt kor vanskelig det var å rulle dei saman.No sit eg her med såre fingertuppar etter dei varme kakene, og tenkjer på dei meir og mindre mislykka "krullane" som ligg i boksen.
Apropos boks. Eg brukar å gi vekk kakene etter jul, og seier gjerne:"Eg treng ikkje få att boksen, eg har boksar nok". Tja...eg greidde å grave fram boksar såpass eg greidde meg denne gongen også. Men NB: Etter jul vil eg gjerne ha att firkanta boksar! Kven i all verda har kome på at boksar skal vere runde? Det er då veldig upraktisk.

søndag, desember 06, 2009

Nilsmesse


Eg har leita fram boka mi om gamle merkedagar, så no kan vi sette oss inn i korleis denne dagen vart feira før, og faktisk i somme land enno.

torsdag, desember 03, 2009

Tips til juletrepynt.


Dei åra eg jobba som lærar, laga eg mykje juletrepynt i lag med elevane. Det var kjekt.Men ein gong fann vi lærarane ut at vi ville kome saman ein kveld og lage litt pynt til oss sjølve- og kose oss i lag sjølvsagt. Då laga eg eit par slike "kuler" til å ha på juletreet.Denne i gull og grønt og ei litt mindre i blått og sølv.Viss de ikkje veit korleis ein lagar slike, så skal eg forklare det, det er enkelt.

Blås opp ein ballong til passe storleik og stryk på lim,Surr trådane rundt så dei limer seg fast til ballongen.Bruk gjennomsiktig RX-lim.Når limen er heilt tørr, punkterer ein ballongen og dreg den ut . (Det skal ikkje vere lim overalt.)Sjølv om det er nostalgisk og kjekt med gammal pynt, kan det vere kjekt å lage noko nytt i lag med barn eller barnebarn.

tirsdag, desember 01, 2009

Lysestakar og løperar.


Det har vore så mange fine adventsstakar og lys på bloggane at eg følte meg forplikta til å vise fram stasen vår også. Denne lysestaken er kjøpt for nokre år sidan, og eg er uviss på om det er ekte smijern.Løparen kjøpte eg i fjor; den er fin og glitrande.All denne stasen hamnar i ei kasse eller skuffe når jula er over.Det hender eg tek fram lysestaken elles også, forresten.Den er litt heilårs.
                                  
Solveig etterlyser den gamle adventsløparen som vi har hatt i mange, mange år. I si tid kjøpte eg den på ein butikk her i Ø. og eg hugsar enno prisen:To kroner pr.motiv.
I  mine lærarår hadde eg den på kateteret i adventstida, så den er velbrukt og rett og slett utsliten. I dag prøvde eg å reparere den med symaskin, eit maskineri eg absolutt ikkje beherskar.
Dei siste åra har løparen lagt på kommoden i gangen. Somme ting kan ein ikkje skilje seg av med.

Adventsstemning i Starevegen.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...