torsdag, desember 10, 2009

Juleførebuingar 1.


Vi bur oss til høgtida på ulike vis. Far i huset har teke båten på land, vaska den grundig og pakka den inn for vinteren.Den står ikkje på vogna, men han vonar på fint ver når det lid ut i januar slik at han får fiske meir. Det er lett å dra båten på snø når ikkje vogna er med, nemlig. Vi var inne på tanken om å bruke båten til pulk viss det kom snø, eller skal vi heller pynte den med girlander av lyspærer? Uff! Det er visst ikkje klimavennlig ein gong.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ja no er det mørke, lange netter og korte dagar. Godt å ha rydda opp og fått ting på plass før snøen kjem.
God helg!
Eidabesta

Dagbok 2026: 16.april

 Klokka er no19.20, temperaturen ute er +14 grader C. Det har vore mykje skyer i dag, men no kom sola fram, og den har har vel vore framme f...