onsdag, mars 31, 2021

Dagbok 2021: 31.mars

Klokka er no 18.05, temperaturen er +9 grader, det er lettskya og sol no.I dag hadde eg lagt planar for dagen, så då vart det litt orden på det. Stod opp i vanleg tid og før klokka var 10 var eg komen på butukken med ferdigskriven hugselapp. For syns skyld hadde eg på meg maske. Sidan eg venta på to vaksne kakar i dag, måtte eg lage mat. Eg steikte kotelettar, bruna saus etc. kjøttkaker hadde eg ferdiglaga i frysaren. Einar og Audun kom i halv 3- tida og då åt vei med det samme, og drakk kaffi og åt kake etterpå. Audun gjekk laus på plomme- og epletre slik som eg hadde spurt han om. Han fekk ned det som var høgst og tjukkast, litt finklipp klarer eg sjølv, men no er der ein del å klippe og sage sundt først.Einar sjekka datamaskina mi og konkluderte med at det er maskina som ikkje er som ho skal, nettverket er i orden. I dag har eg vore låk i knea, særleg det høgre, eg går med stadig angst for at det skal sprekke ei cyste, så eg blir sittande pal eit halvår igjen. Har hatt det ein gong i kvart kne , og sdet er det første kneet som er vondt no. Dei hadde med seg påskeliljer i potter, eg hadde bede Solveig å ordne det. Skal ha nokre bned på grava, dei andre heime på trappa. Er det påske så er det påske. No skal eg prøve å komme meg ned på gravplasseb før sola går ned. I dag er det Audny på Eid som har fødselsdag. Hugsar enno den dagen ho vart fødd, då budde vi på Raudeberg. Vi gratulerer heile Strøm-familien med Audny som vart bestemor for første gong i Koronatida. I morgon er det helgedag, og då har eg ingen planar så langt. God påske til alle.

tirsdag, mars 30, 2021

Dagbok 2021: 30.mars

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 7 grader C og det regnar. I dag har eg hatt ein litt sløv dag, var trøtt før eg stod opp.Eg har gjort lite og ingenting i dag, men tida har gått fort likevel. Eg hadde ingen planar for dagen, og då blir det ikkje noko "gjort". Rydda litt, kveikte i omnen etc. Så var eg ut på altanen og prata med naboen som var i gang med å plante uteblomster i kasser og krukker. Eg fekk nesten dårleg samvit, men berre nesten. Då klokka var vel 13 heiv eg på meg klede og joggeskor, så vart det ein tur på Vernet. Der trefte eg naboen i det gule huset og prata med henne, fekk vite litt av kvart om barn og barnebarn.Då eg kom heim var det tid å tenke på litt middag; eg kokte tre små poteter som eg åt attåt spekepølse som eg fann i gåve-korga frå Margrete. Nokre små tomatar hadde eg også, så det vart sunt og godt.Til dessert hadde eg eit stykke av før nemnde ostekake, så no er det ikkje mykje att av den. Til desserten kokte eg kaffi og etterkvart sette eg meg inn i godstolen for å lese ferdig ei papirbok som eg har hatt til sengelektyre aldri så lenge. Det varte ikkje lenge før eg sovna frå heile boka, så der er enno nokre sider att. Eg vakna såpass eg fekk med meg nyheitene kl.17. Eg har prøvd å få storemaskina på nett igjen, men har ikkje lukkast enno.I morgon har eg tenkt at eg må på butikk igjen, så eg må skrive ei god handleliste i kveld. Likar å handle tidleg, då er der mykje varer og lite folk. Marit har vore her med mat ti LOLLO, eg skal passe katten mens Marit er med Janne på hytta.

mandag, mars 29, 2021

Dagbok 2021: 29.mars

> Klokka er no 18 30, temperaturen ute er + 8 grader C. Det har regna mykje i dag, men no kjem sola fram -ho er litt sein i dag. Eg har ikkje gjort så mykje i dag, var berre ein liten tur på butikken, elles har eg stort sett lata meg heime. Eg laga glasur på ei kake på føremiddagen før eg for på butikken.Litt før kl.16.00 kom Margrete + barn og drakk kaffi og åt kaker. No skulle eg eigentleg tatt meg ein trimrunde, men så er det Dagsnytt 19, det kan eg ikkje gå glipp av.Fekk fødselsdagsgåve med Margrete, ei eske med mykje godt: ostar, pølse, kjeks,druer m.m. Veldig kjekt å få! Kjekt å treffe nokre av barna også. Eg inviterer på den måten at dei kjem når dei vil, både frå Straumshamn og Hareid, men eg må få melding på førehand, slik at vi ikkje blir for mange her. Då eg ikkje fekk feira 80-årsdagen i fjor, tenkte eg at vi kunne feire neste år- men no kan vi kanskje utsette det til eg blir 90-eller 100. Ikkje godt å vite kvar det ber hen. No når det er lysare om kveldane kan eg kanskje gå tur etter Dagsnytt? Litt gale å sitte i ro heile dagen. I dag-morgon såg eg på feil klokke då eg stod opp-det var ikkje så tidleg som eg trudde. No skriv eg på Storemaskina, den er litt sånnav og på, men no var eg heldig.

søndag, mars 28, 2021

Dagbok 2021: 28.mars

Klokka er no 20.15, temperaturen er + 8 grader C, det er overskya men mest opplett.Etter mykje strev er eg no i stand til å skrive ein liten blogg for dagen, min 81.årsdag. Det er andre gongen eg har fødselsdag i Korona-tida, eg hadde ikkje trudd at Koronatida skulle vare så lenge. I dag vakna eg til sommartid og kunne stå opp med ein gong. Føremiddagen gjekk fort med litt "husarbeid" etc. Marit og eg hadde avtalt å ete kake og drikke kaffi klokka 13.30, sidan eg skulle på nett-møte litt seinare. Vi koste oss med ostekake, kaffi og prat, til det nærma seg nettmøtet. Eg var litt i tvil om eg fekk til å kople meg på, men det gjekk bra. PC-en har vore noko lunefull i fleire dagar, så eg tok fram laptopen for sikkerheits skuld. Eg "reparerte" PC-en rett før eg la meg i går, og den virka i dag også, og heldt nesten heile nettmøtet-men så vart det slutt. Eg fekk snakke med alle i storfamilien med unntak av Håkon ohg familien hans. Eg har ikkje kamera på storemaskina, så dei såg ikkje meg, men eg såg alle. Etter nettmøtet, tok eg meg ein rask tur på Vernet, for mosjon og frisk luft. Etter at eg kom heim bala eg med PC-en utan å få den i gang. Så no skriv eg på laptopen-men får ikkje lagt inn bilde.Enno. Eg finn no ut av det. Men eg veit ikkje om eg kan koble printeren til laptopen-tvilar på det. Alt i alt har eg hatt ein heilt fin dag. Mykje blomster har eg og påskepynt også, så her er det stemning. Håper at mange i storfamilien stikk innom ein tur i dagane som kjem.

lørdag, mars 27, 2021

Dagbok 2021: 27.mars

Klokka er 17.00, temperaturen er + 6 grader C , det har vore ei regnbyge i dag også, men elles har det vore fint, men ikkje mykje sol. Det første eg gjorde i dag var å lage ei ostekake som eg har tenkt at Marit og eg skal kose oss med i morgon om ingen andre kjem. Det blir vel helst å feire dagen digitalt i år også. Det spørs om eg må ta fram laptopen, for PC-en min er veldig ustabil for tida, eg må reparere den fleire gonger for dag. Eg hadde tenkt meg ein tur ned på Kiwi, men så fann eg att ein melkekartong som ikkje var påbegynt, så eg trur eg klarer meg med det eg har i hus til mandag. I staden tok eg og raka plenane her og der. Når ein mokar snø, er det ikkje å unngå ar det kjem litt singel med, så i dag har eg raka og plukka. Kl.14 gjekk eg opp til Marit og drakk kaffi og prata eit par timar, ho er åleine heime i dag og i morgon. Ellen Marie ringde mens eg var der, så vi gjorde praten kort. No skal eg varme opp litt middag frå i går, og så blir det vel TV utover kvelden. I kveld må vi passe på å legge oss tidleg, sidan vi skal ein time tidlegare opp i morgon. I dag stod eg opp utan å sjå på klokka, men då eg oppdaga at den var berre 7, la eg meg nedpå att ein times tid-utan å sove, sjølvsagt.Det ser ut til at eg kan bli morgonfugl på mine gamle dagar.I dag har eg tatt bilde av krokusane mine.

fredag, mars 26, 2021

Dagbok 2021: 26.mars

Klokka er no 16.55, temperaturen på trappa er + 10 grader, noko som eg aldri hadde trudd, for eg var frostig og hadde prøvd å legge i ovnen, men det hadde slokna.Då eg skulle skrive blogg, var maskina ikkje på nett, men no har eg reparert den tre gonger i dag også, så no får eg håpe ho held ut ei stund. Dagen i dag har ikkje vore så spennande hittil; eg tok fredagsvasken + at eg rydda litt og tørka støv i vaskekjellaren m.m. Eg var ferdig då klokka var12.10 og hadde ein lang dag franmfor meg. Eg har mykje eg kunne ha gjort, men det vart til at eg vart sittande med Grublenet og dei 50 amerikanske statane, som eg kunne heilt "på fingrane" siste eg heldt på. No vart det mange klikkfeil og mange repetisjonar. Så henta eg inn avisene, i dag fekk eg Fjordingen også, så no har eg tre:Møre-nytt, Møre og altså stryneavisa. Eg må vel gå gjennom alt + Pensjonisten.Etter kvart laga eg meg middag, i dag vart det spagetti og bacon + tomatpuré, ein rett som eg lærte då vi budde på Raudeberg. Etter middagen såg eg eit par episodar av "Outlander"-etter kvart har serien blitt meir interessant, etter mi meining.
Eg sette inn bilde av dei to gule ildtoppane som eg kjøpte. I går kveld oppdaga eg at den eine hadde flata heilt ut, ikkje berre er stilkane bøygde, somme stader heilt av. Planten har stått i vinduskarmen i lag med den andre, som framleis ser frisk ut. Eg veit ikkje kva som kan ha hendt med denne. Får håpe den ikkjedøyr heilt men veks opp att. No ser eg på klokka at eg rekk å ta ein tur på Vernet før klokka blir 19. Eg er nøye på å sjå dagsnyttsendinga då. Elles så ser eg at somme begynner å tenke ut familieselskap på nett komande sundag, så då får eg passe på å ha det tekniske i orden. Ønsker alle ei god helg, og så reknar eg med at barnebarna er på heimveg.

torsdag, mars 25, 2021

Dagbok 2021: 25.mars

Klokka er no 16.10, temperaturen ute er + 8 grader C, det har regna før i dag, men no skin sola.Eg hadde ikkje tenkt meg ut og gå i dag, men no spørs det. Om torsdagane trener vi frå 12.30 til 13.30, det er liksom midt på dagen, men i dag fekk eg gjort litt før vi for nedover. Eg strikka litt og talde masker, før eg støvsuga. Så var det å vaske hår etc og kle seg i "turndrakt". I dag var det 2 meters -avstand på treninga og somme hadde munnbind. Etterpå var Marit og eg ein tur på ALTI, ho skulle ha noko på apoteket og eg handla litt på BUNNPRIS. I dag var det nesten alle som hadde munnbind på kjøpesenteret så eg tok på meg det eg hadde i veska. Det er ekkelt å ha det på -eg føler at det er tungt å puste, og så doggar brillene. Det var Marit som køyrde i dag, og då vi kom heim vart vi sittande å prate i bilen, som vanleg. Derfor var det tid for middag då eg kom heim. I dag vart det berre brødmat-men det er heilt greitt. I postboksen i dag fann eg Volda-avisa MØRE, bladet PENSJONISTEN og brev frå Pensjonistlaget med krav om 410 kr for å få vere medlem. Betalte med det samme, tek aldri sjansen på å legge vekk rekningar. No har eg kokt meg kaffi og trur eg skal sløve i godstolen ei stund. Det ser ikkje ut til at sola blir verande, så då er det ikkje så fristande å gå ut.

onsdag, mars 24, 2021

Dagbok 2021: 24.mars

Klokka er no 16.20, det er + 6 grader C ute, og det regnar. I dag har eg halde til på kjøkkenet for det meste, eg har baka og rydda. I går ettermiddag laga eg ei gulrotkake og hadde tenkt å lage fleire kaker i dag. Men så ville eg heller bake nokre rundstykke/ hamburgerbrød som eg et stort sett et til alle måtid. Og etterpå fann eg ut at eg kunn bake julebrød til påske, så slik vart det. Eg likar best å bake gjærbakst, men det tek litt tid.Innimellom var eg inne og skreiv på handlelista, og då brøda var ferdigsteikte heiv eg meg rundt og køyrde til butikken. Det var mykje eg skulle ha, så eg plukka nesten full korga, og mykje var tungt. Så skal det frå vogna oppå bandet, og så nedatt i korge, og inn i bilen. Det vart mange operasjonar, og då eg kom heim skulle sjølvsagt at på plass. Eg vart sliten i ryggen til slutt, men no har eg no diverse i hus om eg skulle finne på å lage noko. Marit ville ikkje vere med i dag, ho vil handle etter treninga i morgon. Eg kan godt handle då også, for det er sikkert meir eg treng. Akkurat no treng eg ein kopp meg god kaffi og litt attåt-og kanskje blir det litt Netflix også ? Trur ikkje at eg skal gå tur i dag, men akkurat no kom sola fram,så eg får sjå kva ryggen seier etter å ha kvilt seg.

tirsdag, mars 23, 2021

Dagbok 2021: 23. mars

Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 11 grader, så no er det vår igjen. Det regna litt på føremiddagen, men no er det opplett. I dag var vi altså på trening, skulle ønske vi hadde fått begynne litt tidlegare, for no går heile føremiddagen "tapt". Eg står opp i vanleg tid, men vaknar mykje tidlegare. Eg håpte på at dette skulle bli betre når vi fekk sommartid, men i dag var det nokon som sa at det ikkje vart sommartid i år. Men det står i "almanakken" min i alle fall.Treninga går greitt unna , ikkje problem med den. Etterpå skulle Marit og eg på apoteket, og då kunne vi også få gjort andre ærend på ALTI.Eg fekk kjøpt blomster og litt anna påskepynt. Mat handla vi ikkje i dag, men no skal eg snart sette meg til å skrive ei handleliste så eg veit kva eg skal ha. Eg hadde att av kotelettane mine så det vart middag i dag også, eg lever litt forbra for tida. Til dessert desse dagane har det vore kaffi og kake. Fann eit stykke av ei rund formkake i frysaren, den heiter "Karstens fruktkake" og eg lagar den til jul kvart år. Den som eg laga sist jul har vi ikkje begynt på enno, så den eg kosar meg med er frå jula 2019. Minst like god som ny. Etter ein kraftig middag tok eg ein tur inn i eventyret på 1700-talet, dvs. Serien "Outlander". Men eg var så mett og trøtt at eg heldt på å sovne, så det var berre å komme seg opp på føtene att og sette på kaffien. I går var eg så låk i knea og hoftene då eg gjekk tur, så det var ikkje så fristande å gå på Vernet i dag. Eg er relativt bra no, men har ikkje bestemt meg for å trimme. Eg tenkte at eg skulle sette meg til å finne ut kva eg skal bake til påske, slik at eg kan få kjøpt inn ingrediensane som eg manglar. Skal ha meg ein tur på grava før påske også, og då får eg kanskje tak i litt løkplomster i ei krukke. Dei har kanskje på Kiwi. Skulle hatt løkblomster i "krukka" på trappa også, der står nokre visne lyngplantar frå sist haust, eg trudde dei kanskje livna til igjen. Ute i hagen kjem det opp løklomster overalt, særleg krokus. Men med tid og stunder blir det meir. Eg er glad for alt hagearbeidet eg gjorde sist haust, for så er det ikkje så mykje å ta att no om våren. Alt som skal klippast har eg klipt.
I dag fyller Ingeborg heile 28 år, ho må vere i Oslo i påska, sidan ho er midt i "smitteland".Dei er tre jenter som deler ei leilegheit, så ho er ikkje åleine. Ho blir ferdig utdanna no til våren og har alt fått tilsetting i ein Oslo-skule.Så får ho komme heim og vere heile sommaren om ho vil.
Ingeborg i Oslo 17.mai 2019

mandag, mars 22, 2021

Dagbok 2021: 22.mars

Klokka er no 15.55, temperaturen ute er + 8 grader, snøen som var her i går er borte no, og det er opplett. På føremiddagen i dag begynte eg å pynte litt til påske, då oppdaga eg at alle tinga av kopar og messing måtte pussast, så gjorde eg det.Elles la eg på påskedukar her og der, men det skal litt meir til, så i morgon etter trening skal Marit og eg ein tur på Alti og då skal vi også sjå etter "pynt". Elles så dreiv eg med diverse husarbeid heilt til klokka var nesten 13, då gjekk eg ein tur på Vernet. Eg hadde ganske vondt i høgre kneet i dag, og når eg har det slik hjelper det ofte å gå ein tur. Men ikkje i dag, var like plaga då eg kom heim. Då var det å lage ferdig middagen. Eg steikte fleire kotelettar i går, så eg bestemte meg for å ha god middag i dag også. Sidan eg ikkje hadde fleire frosne grønsaker, tok eg og skar sundt resten av eit kålhovud eg hadde og laga surkål. Trur ikkje eg har laga surkål sidan vi flytta på Vallabøen, men det kan hende eg hugsar feil. For å seie det på ein pen måte, så er surkål i pakke betre enn den eg laga i dag.
Frå trappa på Vernet har ein fin utsikt til byggefeltet i Mosmarka. Heile den "bydelen " har blitt til etter at vi flytta på Vallabøen.
Eg har ein porselensblomst som heng frå taket, i fjor eller var det året før, tok eg ein avleggar og planta. I staden for å henge ned, blir denne støtta opp. Den ser ut til å trivast godt, og no kom den med den første blomsterklasen. Eg skal snart komme meg på Plantasjen og kjøpe blomster, er litt modigare no når eg har fått vaksine. Etter middagsmåltidet i dag måtte eg kvile litt og sjå ein episode på Netflix -serien. No skal eg varme kaffi -og finne LITT attåt. I morgon er det altså trening, vi begynner kl.11.20 og held på ein klokketime.

søndag, mars 21, 2021

Dagbok 2021: 21.mars

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er ca +2 grader. Eg vart ikkje sjokka over at det var kvite marker i dag morgon, for det hadde alt lagt kvitt då eg la meg i går kveld. Likar det gjer eg ikkje, men det er no slikt som skjer dei fleste vårar. Vi får vere glade om det blir bert i mai. I dag bestemte eg meg for at det skulle vere ein innedag, det er ikkje så ofte eg er inne ein heil dag. Eg hadde ein heil liter med melk som gjekk ut på dato i dag, så då fann eg ut at eg kunne lage den store bolledeigen min, så fekk eg brukt opp all melka. Deigen var laga og sett til heving ei lita syund etter frokost. Eg strikka litt mens den heva, men så var arbeidet å trille ut 37 store bollar, steike dei, avkjøle og fryse. Så rydda eg kjøkkenet og då var mesteparten av føremiddagen over. Men sidan steikomnen var varm, hadde eg ein plan.Eg steikte opp nokre svinekotelettar som eg hadde på lur, så la eg dei i ei form med folie over og sette i steikomnen i to timar, til det var på tide og ete middag. Det vart skikkeleg søndagsmiddag på meg i dag, med kotelettar, poteter, grønsaker og ananas. Eg likar godt ananas til svinekjøtt, det gjorde Nils også, så det er tradisjon her i huset. Det kan godt hende her sleng ein pakke med surkål i huset, men det blir så altfor mykje å ete opp åleine.Eg åt ikkje oppp alle kotelettane, så det kan bli fleire dagar med same sort mat denne gongen også. Etter middag har eg stort sett sete og sett Netflix, der skjer det litt meir enn her. Er snart ferdig med sesong 3 av Outlander-det er ganske eventyrleg. Ja, eg veit at det er sport på NRK, men eg nyt å sleppe å sjå på det. No skal eg varme meg ein kaffikopp og så blir det kanskje meir eventyr på Netflix. For morgondagen har eg ingen planar, men det kan hende det blir litt baking då også, med tanke på påskegjester etc.Det er absolutt ikkje fristande å gå på Vernet i dag. Eg har gåttt så mange gonger ned i kjellaren og opp att, så det får vere mosjon god nok i dag.

lørdag, mars 20, 2021

Dagbok 2021: 20.mars

Klokka er no 16.25, temperaturen ute er + 6 grader C og det regnar så det renn som ei elv etter gata.-Så eg held meg inne. Men eg har vore ute før i dag. I 10-tida køyrde eg ned til Kiwi og handla mykje av det som stod på ei lang liste, og så hugsa eg å ta med flasker å pante. Då eg kom heim og hadde fått rydda på plass varene gjekk eg ein tur på Vernet mens eg likevel var påkledd til å vere ute. Trefte naboar der oppe i dag. Marit ville komme ned i 14-tida, og i mellomtida fekk eg strikka litt på jakke-erma mi. Såg litt Netflix også. Marit kom som avtalt og vi fekk atter ein gong rulla opp hendingar frå fortida - det blir mykje mimring når vi gamle kjem i lag, det som skjer elles om dagane her hos oss er ikkje så mykje å snakke om. No har eg rydda opp litt, og så skal eg strikke og sjå litt meir serie før eg går over til vanleg TV. For morgondagen har eg ingen planar-det kan eg ikkje ha i dette veret. No skulle eg så gjerne ha gjort litt hagearbeid, men det er ikkje råd å vere ute. det er vel snart på tide og sjå til grava også, kanskje pynte litt til påske. Til neste helg kjem vel studentane våre heim-ikkje alle kanskje, og så kan det bli eit lite treff neste veke. Eg er vaksinert, det er ikkje dei andre, så vi må nok vere forsiktige enno ei stund.
Dei to bilda frå Vernet er tatt frå samme "ståstad".

fredag, mars 19, 2021

Dagbok 2021: 19.mars

Klokka er 16.07, temperaturen ute er ca +10 grader C og det er overskya og opplett. I dag er det 19.mars, ein dato som eg forbider med bestemor Hilda Marie, mor til far min.Ho var fødd i 1878 og fekk leve til ho var 91 år, men det er mange år sidan ho døde no. Familien til Hilda flytta frå Sarpsborg til Oslo, der far hennar var byggmester. Hilda gifta seg med Olaus Strøm som var stasjonsmester på Skarnes. Ho fekk to barn med han,far min og ei søster. Olaus døde då far min var 11 år og Hilda vart åleine med to barn. Seinare gifta ho seg med Eivind Os frå Eid og familien flytta dit. Dei fekk to barn, ein gut og ei jente. Slik gjekk det til at far min kom til Eid, han gifta seg med Amanda, som var frå Innvik, så eg reknar meg for halvt nordfjording. Bestefar Olaus har ingen av barnebarna sett,og eg er den einaste som ar arva namnet hans. Men det var Eivind Os eg kalla bestefar. I natt vakna eg klokka 5 og verkte overalt. Ikkje så mykje der eg hadde fått vaksinen, men det var vondt å ligge på venstre armen, hofta verkte veldig og magen likeså. Det kunne eg ikkje skulde på vaksinen. Eg stod opp og la meg att og sov, så vakna eg relativt frisk og rask eit par timar seinare. Det var berre hofta som ikkje var heilt bra, det kjem seg nok av at eg sat for mykje i går. På føremiddagen i dag tok eg fredagsvasken-det var relativt fort gjort. Så gjekk eg ein tur på Vernet, der var det fint i dag, men eg hadde kledd meg for varmt, hadde ikkje sett på temperaturen ute. Då eg kom heim skulle eg prøve å rake bort litt av singelen som har hamna på plenen, men det vart ikkje så mykje med meg. Det nærma seg middag og eg hadde ein idé om at eg hadde ein pizza i frysaren. Eg prøver å ete av lageret mitt og i dag passa det med ein liten pizza. Den var rettnok 2 år for gammal, men eg steikte den og åt så mykje eg ville, resten hadde eg ut til kattane "mine"-besøkskattane- men det kan like gjerne vere skjor og kråke som forsyner seg. Det er det samme for meg. Men viss eg blir dårleg i magen i dag/kveld/natt, så kan eg skulde på ein gammal pizza. Eg må slutte å hamstre mat, det har eg sagt til meg sjølv tusen gonger, men så er det no kjekt å ha litt i huset om det skulle komme nokon. Eg held på og rekke opp mykje av jakka eg strikka, for å strikke den på nytt. Ermane skal eg ta att først, dei var både for vide og for lange. Det er moderne med veldig vide ermar, men eg vil ikkje ha det, blant anna fordi det blir håplaust å ha ytterjakke utanpå. Sjølv om eg er vaksinert, i alle fall halvvegs, må eg vere litt forsiktig, men i morgon MÅ eg handle, både mat og medisin. Eg skal prøve å komme meg nedover bra tidleg før der er mykje folk. Sjølv om eg er vaksinert, kan eg føre smitte med meg til andre, så eg har ikkje tenkt å bli altfor frittgåande. Eg fekk ikkje ta bilde på turen min i dag, for der var ikkje straum på telefonen. I dag var det heilt bert på alle vegane på Vernet. Håper våren er komen for å bli. (Det plagar meg litt at eg ikkje får lage avsnitt på det eg skriv).

torsdag, mars 18, 2021

Dagbok 2021: 18.mars

Klokka er no 16.35. Ute er det overskya og litt regn av og til, skodde langt ned i fjella og + 6,5 grader C. I dag har eg gjort lite og ingenting, ikkje ein gong gått tur. I dag var det nemleg DEN STORE VAKSINERINGSDAGEN. Eg var tidleg oppe, men vart stort sett sittande å legge kabal på data før det vart tid for å dusje, vaske håret og kle seg om. Ja, eg var no borti og ordna litt på eit strikketøy, det var alt. Eg hadde time klokka 11.52, men var ute i god tid, og det var visst fleire andre også, for det vart ei stund å vente. Munnbind fekk eg på for første gong, og så sat vi der med god avstand, somme i rullestol, andre med stavar, nokre hadde folk som følgde dei, andre kom åleine slik som eg. Der var ein kar som passa på oss og flytta oss rundt slik at vi til slutt sat etter tur. Då eg først kom inn gjekk det fort, eit lite stikk i venstre armen og så var det å sitte i ro i 20 minutt på flatsalen med god avstand. Eg har ikkkje kjent noko i armen og Marit kjenner heller ingen ting, ho var der litt før meg. Det er noko uverkeleg over heile situasjone, alt ser normalt ut, men så sit ein altså i vasinasjonskø. Då eg kom heim att hadde eg veldig lyst å feire dagen med noko godt, men jammen var det stort sett tomt i skuffer og skap sidan eg ikkje har vore innom ein einaste butikk sidan sist laurdag. Eg måtte nøye meg med ei brødskive og ein kaffikopp. Så fyrte eg i omnen og sette meg til å sjå Netflix, men det var for lyst i rommet, og TV-en står slik til at lyst frå vinduet kjem på skjermen. Eg sette over på NRK etter ei stund og der var det nyheiter. Og mykje om vaksine og Korona. Sjølv om eg er glad for å få vaksine så synest eg det er fælt å høyre at no blir både barn og unge også ikkje berre smitta, men sjuke og innlagt på sjukehus. Eg får nesten dårleg samvit for at eg har gått før dei i køen - men det er ikkje eg som har bestemt det, kan eg unnskylde meg med. Denne siste kneiken vart mykje verre enn eg hadde trudd. Eg hugsar at dei snakka om muterte virus ein gong i fjor, men ikkje visste vi då kva det innebar.Eg berre håpar at yngre folk også må få vaksine og det fort.Og akkurat her i Ørsta er det lite smitte enno. Frå det eine til det andre. M;arit og eg skal få oss nye høyreapparat og det skal vi få i Ulsteinvik; eg fekk i dag brev om at eg har time 4.maikl.12.50. Dei skriv at dei har registrert meg på telefonnummer 70066849, men det nummeret eksisterer ikkje lenger, det var nummeret til fasttelefonen vår, og den er ein saga blott.Eg trur ikkje at eg skal gå tur i dag, men i morgon har eg litt av kvart å gjere. Elles så må eg vel til å tenkje litt på bursdagen min.Det blir vel ikkje stor feiring i år heller. Solveig har sagt at vi skal feire når alle har fått vaksine, det kan ta si tid. Men kanskje vi kan få litt Sputnik? Eg fekk i alle fall Pfizer i dag. No skal eg sende litt pengar til SOS barnebyer. Eg betaler ikkje kvar månad, men litt meir enn månadsbeløpet av og til.
Her ser de ein av grunnane til at eg har lyst ut og rake.

onsdag, mars 17, 2021

Dagbok 2021: 17.mars

Klokka er no 17.00. Ute er det overskya, men opplett; temperaturen er + 6 grader. Ein rimeleg bra vårdag får vi seie. Eg har vore veldig "stressa" på ein måte heilt sidan eg fekk melding om vaksine. Eg har, til liks med mange andre, venta og venta, og i morgon er det min dag! Eg la med i 1-tida i går kveld, som vanleg, men alt klokka 4 var eg klar til å stå opp. Eg greidde å halde senga heilt til halv 8, men då var det slutt. For å ha noko å gjere, tok eg og rekte opp mesteparten av jakka eg har strikka på i vinter. Så la eg restane bort og støvsuga teppegolva, eitt golv mindre enn vanleg i dag. Så vaska og spylte eg utetrappa, men den blei ikkje heilt fin, noko av gummien som var på baksida av teppet eg heiv ut, har klistra seg fast i bitte små bitar. Eg skylte godt med vatn den dagen eg styrte med det, men hadde ikkje fått med alt. Så det er godt vi har meir maling å fylle på med. Frå ca.12.30-13.30 gjekk eg tur på Vernet, i dag gjekk eg med sola, det seier Terje at ein ikkje skal gjere, når ein går i ring, skal venstrefoten vere indst. Slik går skøyteløparane ! Då eg kom heim, laga eg meg amerikanske pannekaker som eg åt med blåbærsylte. Det får tene til middag, og det blir vel også kveldsmat. Sjølv om eg lagar berre ein liten porsjon blir det meir enn nok til meg. Det er i grunnen dumt å lage slikt når ein er åleine. Etter middag skulle eg slappe av med ein kaffikopp og litt Netflix. Men så vart eg sittande litt for lenge fordi det vart krig mellom engelskmenn og skottar og det varte og det rakk før alle dei skada var anten lækte eller døde. Denne serien er ikkje så dum som eg trudde til å begynne med. Det er faktisk historiske hendingar frå ei fjern fortid-det einaste som ikkje stemmer er vel ho som vandra 200 år tilbake i tid. Då krigen var over, gjekk eg og rygga bilen ut av garasjen. Så tok eg det store teppet som var på rommet her og klipte ut dei gode bitane; dei skal eg ha til dørmatter.Resten av teppet er i garasjen så lenge.(Ein veit aldri kva ein kan få bruk for-kanskje skal nokon for eksempel skifte hjul e.l.)Eg får vel finne på noko viktig å styre med fram til dagsnytt 19. Dessverre er det ikkje tørt nok til å rake ute.Men det er alltid noko å gjere for den som vil. Eg kan for eksempel leite i garnkista mi og sjå om eg finn garn som kan brukast til noko. Blir rastlaus når eg ikkje "har noko på hendene" som svigermor sa.

tirsdag, mars 16, 2021

Dagbok 2021: 16.mars

Klokka er no 16.26, temperaturen er + 4 grader C og det er skya, men opplett. I dag morgon låg markene kvite igjen, men det var heldigvis ikkje behov for å moke snø før eg skulle ut med bilen, så mykje snø var der ikkje. Vi begynner ikkje treninga før kl. 11.20 om tysdagane, så det er litt seint på dag for meg. Det blir ikkje gjort noko særleg før vi må fare, og så er det snart middagstid når vi kjem att. Heilt sidan eg fekk vite om vaksineringa har eg berre gått rundt meg sjølv og ikkje fått gjort noko. Hadde no planar om både det eine og det andre,men det einaste eg har fått gjort er å vaske ei maskin med klede. Så har egprata med ein og annan, på Messenger og i telefonen. Då eg fekk lyst på middag, hadde eg gløymt at eg hadde suppe frå i går, så eg steikte karbonader(Gilde) og løk og hadde på brødskiva.Eg hadde tatt inn dunken med White-sprit og skulle ta bort malingflekkar på golvet, men eg fekk ikkje opna dunken, på grunn av barnesikring. Så fekk eg eit godt råd av veninna mi, og korken gjekk av-men ikkje malingflekkane. Kva skal eg no gjere for å få dei bort. Det er slike flekkar som var skjult under heildekkingsteppet her på datarommet mitt. Flekkane kan vere gamle.No tel eg på knappane om eg skal ta meg ein tur ut, eller om eg skal gjere noko nyttig inne. Mi indre stemme seier at eg har heile morgondagen til å gjere husarbeid, så eg kan berre ta meg ein tur.Det har både snødd og sludda i dag, men no kjem sola fram, så eg kan kanskje ta ein tur på Fonnvernet?
Det vart ein liten tur på Vernet, ja.

mandag, mars 15, 2021

Dagbok 2021: 15.mars

Klokka er no 16.56, temperaturen ute er + 2,5 grader C. Då eg drog frå gardinene i dag morgon fekk eg nesten sjokk. Snøen lava ned i store flukser, det hadde ikkje vart lenge for på altanrekkverket var det berre eit tynt lag med snø. Dette var heilt uventa etter den fine dagen i går. Eg hadde så smått tenkt meg ut og rydde litt i hagen i dag, men det måtte eg slå frå meg. Eg var litt usikker på korleis det ville stå til med kne og hofter i dag etter den megaturen i går, det var ikkje fritt for at eg verkte, men det var i ryggen. Etter ei lita stund var også den bra og eg var heilt i orden. I dag har eg fått til å henge opp gardinene her på datarommet, men eg måtte demontere gardinbrettet litt, og då eg skulle ha det opp att, fekk eg det i hovudet, så eg vil utsette det til eg får litt hjelp. Eg fekk no rydda opp litt i el-skuffa mi med det samme.(Når ein leitar etter ting, finn ein gjerne noko anna) Trur der var hundrevis med batteri, eg fann tre mobilar som eg kasta + diverse anna som ikkje var brukbart. Så kom der ei melding på telefonen frå Ørsta kommune!!!! Eg skulle gå inn på Helsenorge. Eg forstod med ein gong kva det var , for Marit hadde sendt meg melding om at ho skulle få vaksine på torsdag. Og det skal eg også!!. Eg vart overraska-og veldig glad. Brita, venninna til Marit skal også vaksinerast då. Det er på torsdag, og vi har planlagt å skulke treninga, der vi går alle tre. Eg vart så oppspilt at eg kom meg ikkje til å gjere så mykje, men det vart rydda i eit par skuffer og eit skap. Så måtte eg sjå litt Nettflix! Eg har rota meg bort i ein serie og då er det lett å bli hekta har eg funne ut. Serien heiter "Outlender" eller noko slikt. Den handlar og eit ungt engelsk par som giftar seg rett etter 2.verdskrigen. Han er historikar og ho har jobba som sjukepleiar under krigen. Så reiser dei på bryllaupsreise til Skottland. Så langt er alt BRA, men så går ho bort til ein stein og så blir tida sett 200 år tilbake. Og ho er åleine, mannen er ikkje med. Det er så sprøtt at eg må sjå meir og meir for å finne ut korleis dei skal løyse gåta, korleis forfatterane skal klare å komme seg ut av dette. I mellomtida får vi ein del historie-og alt er ikkje like pent. Eg trudde eg såg siste episoden i går kveld, men det var berre 1.sesongen som var slutt. I dag begynte eg på sesong nr.2-men eg såg at no var sesong nr.5 klart. Å, hjelpe meg! Det tek aldri slutt ! Eg reiv meg no laus frå TV-en såpass eg fekk laga grønsaksuppe til middag. Eg har så ymse i frysaren, men eg likar godt suppa mi, så eg lagar den ein gong for veka sånn ca. I morgon skal vi på trening, men ikkje handle etterpå, for no får vi vaksinen så vi tek ikkje den minste sjanse på å bli smitta. Det har vore ei trasig tid no i det siste fordi det har vore smitte både her og i Volda. Eg har nesten ikkje tort å fare på butikkar ein gong. Og det er så mykje eg har lyst å kjøpe. Det første eg skal skaffe meg er eit nytt teppe på datarommet og så to gule eldtoppar. Dei eldtoppane som er på vanleg butikkar er altfor store, og så blomstrar dei berre ein gong. Eg lengtar bort til Plantasjen, trur ikkje eg har vore der etter jul. Ikkje på Coop heller. Eg lurer berre på om vaksinen virkar med ein gong. Det var visst Pfizer vi skulle få.
Slik er det ute no.

søndag, mars 14, 2021

Dagbok 2021: 14.mars

Klokka er no 16.25, det er + 9 grader og strålande sol ute. Det er like fint ute som det var sundagen for 14 dagar sidan. Den sundagen var eg i kjempeform og gjekk ein lang tur. I dag var forma berre sånn passeleg, men etter å ha strikka litt, vaska håret og kledd meg om, gjekk eg ein enda mykje lengre tur enn sist. Først gjekk eg opp til Vernet, men ikkje rundt. I staden gjekk eg bort i Skålavegen(Vikegeila) og ein lang, bratt bakke opp til der husa til Vassverket står; der folk som skal lengre opp pakerer bilane sine. Derfrå går det ein lang turveg ned til Vinjevoll, Kanalvegen, det var den vegen eg prøvde å finne for to veker sidan. Nils og eg gjekk den vegen mange gonger, men då køyrde vi ut til Vinjevoll og gjekk både opp vegen og nedatt. I dag gjekk eg vegen heilt ned for å finne ut kvar den begynte, og det gjorde eg. Og der kjende eg meg att. Ikkje berre hadde eg gått for kort sist, men heller ikkje vore heilt på rett veg. No kom eg inn på Vinjevollvegen, der har eg sjeldan vore til fots. Eg kom ikkje inn att på same vegen som sist, men det skulle eg ha gjort. Kort fortalt kom eg omsider til den gata Ørstaheimen ligg, og derfrå kan eg vegen. For sikkerheits skuld hadde eg kledd meg godt og varmt, noko som eg ikkje sette så veldig pris på. Men eg lokka meg sjølv med å tenke på ein liten klatt med riskrem og ein kartong med Piano bringebærsaus som stod i kjøleskapet. Eg var både sliten og svolten så det gjekk med eit par brødskiver også. Og så vart det litt Nettflix. Eg kjem vel til å få vondt både her og der, etter kvart, men det får eg tole. Det som var skikkelig irriterande var at då eg skulle ta bilde på turen, var mobilen utan straum, så eg kan ikkje dokumentere kvar eg har vore. Det som er lurt er å få nokon til å køyre seg ut til Vinjevoll/Mork, gå opp Kanalvegen, ned Skålavegen til Vernet. Det er ein fin tur. Eg må nesten alltid ha ein "runde" for eg likar ikkje å snu. Det er mykje folk ute og går, men i dag trefte eg ikkje nokon eg kjenner; dei aller fleste helsar likevel.Eg har hatt ein liten runde i hagen, snøklokkene har blomstra lenge, men i dag var det kome tre utsprotne krokus også, ser at eg må jamne og rydde litt i beda, der er diverse kattar som rotan og grev litt, og noko er ein vel skuld i sjølv også. Til dømes singelen som har føgt med snøen utover plenane.
I går då eg kom heim att etter å ha drukke kaffi med Marit i timesvis, fekk eg lyst på middag og steikte laks, kokte poteter og grønsaker. Trur ikkje det blir middag i dag, men ein kan aldri vite.

lørdag, mars 13, 2021

Dagbok 2021: 13.mars

Klokka er no 17.00, ute er det skya, men opplett og + 8 grader C. I dag bestemte eg meg for å ikkje gå tur. I går kvald verkte eg i både hoftene og knea, så eg bestemte meg for å ta ein skikkeleg kviledag-sidan eg vakna smertefri idag. På føremiddagen tok eg ein liten tur på butikken, så sat eg og strikka litt før eg gjekk over gata til Marit som var heime åleine.Vi greidde å fylle minst to timar med prat i dag også, vi blir aldri ferdig med alt vi skal fortelje kvarandre og alt vi skal drøfte. Men det er godt å ha nokon å vere i lag med innimellom når ein stort sett er åleine. No vart det så fint ute, eg fekk sola inn glaset no.Eg har altså veldig lyst ut, men viss eg greier å halde meg i ro i dag, kan eg kanskje gå ein lenggre tur i morgon. Det som opptek mykje av tida no er spekulasjonane kring koronasmitten. No vart det smitte på VVS der Margrete jobbar og Erlend er elev. Sidan dei ikkje kunne ha muskal i år, skulle dei lage noko liknande på nett. Erlend går på musikklinja og dei skulle både synge og spele-og legge det på nett. Blant anna hadde dei eit stort kor som fylte heile scena- med 1 meter mellom kvar? Så var der ei som var smitta i det store koret-og alle må testast og kanskje i karantene? Vi har vel før høyrt at korsong ikkje er så bra i Koronatida.Lærarane har det neimen ikkje enkelt dei heller, som skal prøve å halde skulane i gang. Men akkurat dette kunne kanskje vore unngått. Ja, eg er i alle fall så forsiktig som eg berre kan-og har ikkje omgang med andre enn Marit. Det høyrest somme tider ut som om alle over 80 har fått vaksine, men slik er det ikkje , verken Marit som er 82, eller eg som snart er 81 har fått vaksine, og heller ikkje dag for vaksinering.

fredag, mars 12, 2021

Dagbok 2021: 12.mars

Klokka er berre 15.50, men eg var så mett at eg kan ikkje gå tur enno, derfor skriv eg no. Ute er det for det meste opplett, men ikkje heile tida, temperaturen er + 7,5 grader C. - I dag tenkte eg det skulle bli ein enkel dag, for eg hadde ein klar plan. Eg stod opp litt tidlegare enn vanleg og det tok ikkje all verda med tid å shine og vaske kjøkken og bad, ta oska ut or omnen etc. Eg vart tidleg ferdig, så eg sette meg til å strikke litt mens eg såg TV. Eg vart litt irritert på meg sjølv for slik latskap midt på dag. Eg skulle eigentleg stryke og henge opp gardinene på datarommet, men eg har enno ikkje funne ut korleis eg skal få det til-og det irrterer meg, for eg har no gjort det før! Eg skulle også få vekk nokre kvite malingsflekkar frå golvet, og eg har ein stor dunk med White-sprit, men eg får ikkje av loket. Det er slik med mange ting-det skal vere barnesikkert, og då blir det like vanskeleg for bestemor/oldemor.Eg hadde ei Klorinflaske som eg heller ikkje fekk opp, men heldigvis hugsa eg det ein gong Einar var på besøk. Fingrane mine er ikkje så gode lenger, men armane har kome seg. Til middag i dag vart det risgraut, måtte bruke pp noko melk som nærma seg holdbarheitsdatoen. Eg kjøper ofte for mykje melk, for det er godt å ha melk i hus om ein skal lage noko, vaflar, bollar etc.Og det er ikkje alltid eg tenker så langt som at eg er den einaste som et her i huset for tida. Ja, no blir det vel enda lenger å vente på vaksine. Det er berre den aller eldste gruppa som er vaksinerte her, i tillegg til dei som er på sjukeheimen. Der er det forresten smitte no-av ein eller annan grunn, det var ein som var tilsett der, ikkje pasient. Elles er det bra orden på smittesporinga her. No ser det ut til at sola kan kome fram, så då får eg ta meg ein mosjonsrunde. Skal handle litt før helga, men ventar til i morgon før middag, då er der lite folk og mykje varer på KIWI. Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg !

torsdag, mars 11, 2021

Dagbok 2021: 11.mars

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er ca.+7 grader, det er overskya, opplett og litt vind.Føremiddagen i dag gjekk opp i tull, når ein skal på trening kl.12.30 kan ein ikkje begynne på storarbeid.Det vart til at eg øvde litt på spanskleksa. Viss eg ikkje held ved like det vesle eg har lært, så er det heilt bortkasta. Etter at vi kom heim att, sat Marit og eg å prata så lenge i bilen at det var tid for middag då eg kom heim. I dag vart den den andre kryddersildfileten + brød og hardkokte eg. Næringsrik og god middag det. Etter at eg hadde sløva framfor TV-en ei stund, vaska eg ferdig datarommet mitt. Eg har målt opp kor stort teppe eg treng, men enn så lenge får eg greie meg med eit stykke av det gamle. Ikkje heile teppet var utslite så restane kan bli matter både her og der. HER skal det ikkje vare lenge før eg får kjøpt eit nytt , vonar eg. Det er brått blitt meir risikabelt å vere i tettbygde strøk; det er meldt om to koronasmitta i Volda og to i Ørsta. Og på Eid er det brått meir enn 20 som har testa positivt. Marit og eg var ikkje på butikk i dag. Blomsten som eg har tatt bilde av i dag, heng frå taket i stova. Eg hugsar ikkje det rette namnet-men kjem vel på det om ei stund. I fjor tok eg ein avleggar og planta, den står i vinduskarmen og skal til å blomstre den også. Blomstrane er fine, men dei luktar stygt-om natta. Når eg kjem inn i stova om morgonen kan det lukte pest.
Slik ser det ut på "kontoret" mitt no.Det er verdens verste rom å vaske og rydde,trongt møblert, og fullt av bøker, permar etc.Men no er eg komen rundt, så her er i alle fall reint. Gardinene er i tørketrommelen for tida, håper eg kan henge dei opp i morgon, men eg har enno ikkje funne patenten på gardinopphenget. I kveld er det ny sudoku på Møre-Nytt, og i morgon er det fredag igjen, vekene berre flyg av garde. Blomsten på bildet heiter Voksblomst eller Porselensblomst, den har sjølvsagt også eit latinsk namn.

onsdag, mars 10, 2021

Dagbok 2021: 10.mars

Klokka er no 15.50. Temperaturen ute er + 5 grader og det regnar aldri så lite. Eg er glad for at eg var ute i går då det var fint. I dag hadde eg planlagt at eg skulle vaske ned "datarommet" mitt. Bokhyllene tok eg førre veka , så det var ikkje så mykje som skulle gjerast i dag, berre tak og vegger-trudde eg !Men så var det det at eg lenge har hatt lyst å bytte ut det heildekkande teppet, som var nokså slite på somme plassar, med eit laust teppe som skulle vere varmt under føtene. Først måtte eg ha fram senga som står her, det gjekk på ein måte, men å få drage teppe unda senga var verre. Eg sende ei melding ned i kjellaren om at eg trong hjelp. Men dei var så opptekne med skulearbeid at dei hadde ikkje sjekka mailane.(Dei kom etter at dei hadde lese meldinga-men då var det for seint) Men eg visste råd. Eg tømde senga for madrass, teppe og puter,så senga letna, og då greidde eg å få fram teppet. Så skulle eg gjennom det samme på andre sida av rommet, der heile maskinparken min er. Der måtte eg hente ei stor ,tung saks og klippe teppet i bitar. Men så var alt greitt, vegger og golv vart vaska, men så kom det store "problemet". Der teppet var mest slite, dvs. midt på golvet, hadde gummieringa på basida av teppet klistra seg fast til golvet. Det nytta ikkje med såpe og vatn-nei her måtte det skrapast etter at det var godt oppbløytt. Skrurekost heldt ikkje, så eg tok deigskrapa i plast. Den virka bra, men brått fann eg den ikkje att, anar ikkje kvar den er. Men eg er aldri heilt rådlaus, eg tok steikespaden i silikon, og den funka bra. Etter mykje strev var golvet reint. At ikkje heile taket og alle veggene vart vaska ser eg ikkje svart på, for det kan gjerast utan å dra fram alle "møblane". Så mykje styr på eit lite rom er nokså arbeidskrevane når ein skal gjere reint.No blir det ikkje gjort meir her i dag. Dvs. eg må ta meg av tepperestane. Noko skal kastast , men noko kan brukast til dørmatter her og der.
Eg sat og strikka litt på føremiddagen, så eg kom ikkje i gang på datarommet før i 11-tida, eg slutta av kl. 15. Då var det middag. Eg tok ein kryddersildfileten som eg kjøpte i går og åt den på grovt brød med sylta rødbetar til. Det var godt og eg syntest eg fortente det No ser eg fram til at eg kan få gå på ein butikk og kjøpe nytt teppe til kontor - arbeidsplassen min. I morgon er det trening igjen.

tirsdag, mars 09, 2021

Dagbok 2021: 9.mars.

KLokka er no 16.55, temperaturen ute er + 6 grader og sola har skine i heile dag - himmelen er blå, utan ei sky. Eg har nettopp vore ute og gått ein runde på Vernet.Eg hadde tatt på meg piggsko, men vegane var berre, det var også vegen oppe på sjølve Fonnvernet, men vegen på andre sida var full av is og snø, så det var faktisk bra å ha piggskor likevel. Elles har eg ikkje gjort mykje i dag. Føremiddagen gjekk til å gjere seg klar til trening, såg også litt TV om Koronasituasjonen, og strikka litt. Etter treninga var vi på Spar og handla, og då vi kom heim var vi sittande i bilen og prate. Så møtte vi fleire av naboane ved postkassa, så der gjekk det også ei stund. Etter å ha lese avisa, åt eg middag, det var suppe frå sundagen, og så vart det tur på Vernet. Viss eg ikkje hadde gått då, hadde eg vel sige i hop i ein stol. Det gjer så godt å komme seg ut ein tur, og i dag sat eg og sola meg litt på eit par av benkane på Vernet.No blir det vel å sjå og høyre på TV-en; det er skummelt med smitteauken av Kononaen; i Volda er det no to som er smitta, har ikkje høyrt at her er smitte no. Eg likte ikkje å gå på butikk i Vik i dag, føler meg tryggare når eg handlar på Kiwi.Eg høyrde ein stad at den vaksinen som berre yngre folk har fått no er godkjent også for eldre.Ja, berre kom med den!!!!

mandag, mars 08, 2021

Dagbok 2021:- 8.mars. Kvinnedagen

Klokka er no 17.52, temperaturen ute er + 1 grad, det er overskya, men opplett. Då eg sat med frokosten i dag morgon såg eg at sola var på veg, og snart skein den inn i stova. Eg trudde det skulle bli ein veldig fin dag. Det hadde ikkje kome snø sist natt,men den som var hadde heller ikkje smelta. Når det er opplettog bra vêr passar eg på å vaske soverommet, for der er eit stort golvteppe som skal ut. Det var ei litt betre vasking enn vanleg i dag, for no er det lyst så ein ser støvet litt betre. Det var faktisk så mykje støv at eg måtte vaske inne i skapa også. Etterpå moppa eg over golva på bad og kjøkken også sidan eg hadde så godt vatn. Etterpå sette eg på vaskemaskina og tømte oppvaskmaskina etc.etc. Der var mange småjobbar som vart gjort, i tillegg rygga eg ut bilen for å sjå om det vart naudsynt å moke når vi skal på trening i morgon. Det var det ikkje. Til middag i dag vart det ikkje suppe, men resten av spagettien frå laurdag. Etter middagen sette eg meg i kvilestilling framfor TV-en med kaffikopp. Eg hadde kveikt i omnen fordi eg var frostig. I 16-tida tok eg på meg piggskor og gjekk ein tur på Vernet. På heimvegen gjekk eg ned i Olavsgata for å gjere turen litt lengre;- om den ikkje vart så mykje forlenga i steg, så var den i det i alle fall i tid. Anne Ellingsen kom ut frå huset sitt, ho skulle stad å handle, og vi vart ståande å prate ei stund. Lengre inne i gata kom Kirstin Graff ut, så det vart ei bra pratestund der også. Ofte treffer eg folk eg kjenner på Vernet, men ikkje i dag. Turane mine er ikkje berre mosjon men like mykje sosiale møte i ei usosial tid.Men dagane går fort og blir alltid for korte for meg.
Slik var det først på dagen, men seinare vart det meir grått.

søndag, mars 07, 2021

Dagbok 2021: 7.februar

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er ca.0 grader, og det er opplett. Tidlegare i dag sludda og snødde det, så det var ikkje freistande å gå ut. Eg saknar det fine vinterveret vi hadde. Eg har vore inne i heile dag, men tok meg sammen og gav ikkje opp før eg fekk plassert plata inne i omnen; eg tenkte som så at har eg fått det til ein gong før, så må eg klare det. Så då kunne eg fyre i omnen. Heile føremiddagen sat eg og strikka, men hadde radioen på. Eg fekk høyre mange gamle slagerar som vekte diverse minne -mellom anna. Eg hadde tenkt å ha resten av Pasta Carbonaraen, som eg llaga i går, til middag i dag, men så fekk eg så lyst på grønnsaksuppe !Eg fann fram alle dei gode grønsakene mine og så blei det suppe. Og så fekk eg i tillegg rydda i grønsakskuffa i kjøleskapet. Eg hadde tenkt å gå tur etter middagen, då snødde det, men då klokka nærma seg 17, måtte eg berre gå ut viss eg skulle rekke heim att før Erna skulle tale. Eg tok på meg gummistøvlar for eg trudde det var sørpe på vegane. Det var det ikkje; det var is med snø oppå.Det gjekk bra likevel. Eg kom meg på Vernet og gjekk ein runde før eg snudde heim, og kom i god tid før Erna skulle tale. Ho sa no ikkje så mykje vi ikkje visste frå før. Det er dumt at dei iikkje har skrapa vegane i dag, for no kan det bli isete og vanskeleg å køyre. GÅ kan ein alltid-når ein har piggskor.I dag er det tre veker til Palmesøndag og påske, eg har eit inderleg ønske om å få i alle fall ei sprøyte med vaksine før barnebarna kjem heim.

Bok nr. 15 -2021: Den eneste broren

Denne boka på ca 320 sider har eg lese på senga , mellom kl.1 og 1.30, så det har tatt si tid. Har ikkje lese lydbøker i heile denne tida fordi eg har sett mykje på Nettflix i staden. Denne boka er sikkert grei nok, men meg fengde den ikkje. Den handlar om ein familie under 2. verdskrigen, og heile tida får ein ei kjensle av at noko dramatisk skal skje-og det gjer det, men vi får vite lite om det.Boka er grei å lese, forfattaren skriv lettfatteleg , som alltid, men eg har lese betre bøker av henne enn dette.

lørdag, mars 06, 2021

Dagbok 2021: 6.mars

Klokka er no 16.00, temperaturen er + 3 graderC, det er overskya, skodde og regn-ikkje akkurat slikt vêr eg llikar. Eg hadde ingen andre planar for dagen i dag enn at eg skulle ein tur på butikken. Men vegen var full av sørpe, så eg tenkte eg skulle vente til einkvan hadde ordna litt opp. I mellomtida fann eg på at eg kunne ta ned alle bilde i alle rom-alle bilde med glas på, og pusse glasa. Det vart gjort og no skin det meir og mindre i kvar ei krå. Eg brukte vinduspuss" og "vindus-skinn". Det kom ingen og rydda vegen, så eg vart nøydd til å køyre i sørpa ned til Kiwi. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, men viss eg ikkje fer på butikk om laurdagane, så trur eg det er søndag. Då eg kom heim sende eg melding til Marit, for vi hadde ein avtale om at ho skulle komme ned i dag. Så no har vi drukke kaffi og prata ei heil stund. Hadde det vore betre vêr hadde eg sjølvsagt vore ute og gått tur- men det freistar ikkje å vaspe rundt i våt snø. Planen vidare i dag er å lese ferdig ei bok som eg har halde på med lenge, så skal eg strikke litt og sjå TV. Men eg trur eg må lage noko som liknar på middag først, for eg er litt "saltsjuk". Eg ønsker meg betre vêr, for eg vil så gjerne vere ute, men det er lite eg kan gjere med saka.
Blomstrane frå morsdag er like fine enno.

fredag, mars 05, 2021

Dagbok 2021: 5.mars

Klokka er no 17.15, temperaturen ute er + 2 grader C. Det hadde snødd litt sist natt også, og i dag har det visst regna litt-eller sludda. Eg vakna tidleg i dag også, og stod opp tidlegare enn eg plar.Einar ville stikke innom ein tur i 10 -tida, sidan har skulle hit for å intervjue ei dame i embets medfør. For sikkerheits skuld moka eg ein del av tunet, så han ikkje skulle bli ståande fast med bilen. Og så laga eg røre til amerikanske pannekaker. Tenkte han skulle få litt mat og kaffi. Eg hadde ikkje ete full frokost sjølv, så det vart pannekaker til meg også. Etter at Einar hadde reist gjekk eg løs på fredagsvasken, som ikkje er så omfattande som før i tida. Då eg var ferdig gjekk eg ut og henta posten. Eg plar sjeldan få noko anna enn avisa, men i dag var der ein tjukk konvolutt frå ei dame i Førde. Det viste seg at dama hadde rydda loftet sitt og funne ei minnebok. Boka inneheldt minne til meg og hadde vore innom dei fleste husa i Solheimsdalen der eg hadde lærarpost i skuleåret 1959/-60.Det var ikkje berre elevane mine som hadde skrive, men også foreldre og ungdommar som eg kjende. Det hadde vel vore meininga at eg skulle få boka, men så har den blitt liggande att ein stad. Eg hugsar alle elevane, men der var også namn som eg ikkje kjende. Det var litt rart å stå der å lese alle gode ønske dei hadde for meg og framtida mi-så lenge etterpå. Ho som sende boka hadde skrive fullt namn og adresse bak på konvolutten, så eg fann mobilnummeret hennar og fekk takka. Eg hadde ikkje meir eg skulle gjere i dag, så eg måtte finne på noko. I dag fann eg på å lage skikkeleg middag til meg sjølv. Laks hadde eg i frysaren, og grønsaker, og så hadde eg poteter og rømme. Det vart eit herremåltid, og etterpå vart eg så trøtt og stinn at eg heldt på å sovne i stolen. Men etter ei stund vakna eg til så eg fekk sett siste resten av ein temmeleg tåpeleg mexikansk serie. Eg kunne hatt lyst å gå ein tur, men vêr og føre er ufyseleg, så eg trur det får vere. No må eg ta att avisa og lese den ferdig, før eg slappar heilt av. Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg.

torsdag, mars 04, 2021

Dagbok 2021: 4.mars

Klokka er no 16.40 og temperaturen ute er berre 1,5 grader C, tidlegare i dag var den oppe i +4 grader. Det var ikkje uventa at det hadde kome ein god del snø i natt for det låg alleriede kvitt då eg la meg i går kveld. Marit og eg hadde ein samtale før vi kutta ut treninga i dag; ho var giktisk og eg orka ikkje både å moke snø og trene. Eg synest eigentleg det er ganske kjekt å moke snø når det ikkje er altfor mykje og eg kan ta tida til hjelp. Eg fekk no moka tunet nokonlunde og tok ein tur med brettet nedom huset, såpass der vart ein veg. Leigebuarane moka fram sin eigen bil og litt rundt.
Då eg kom inn att gjekk eg løs på ein jobb som eg eigentleg kvider litt på. Ned med alt som er i hyllene på "datarommet", vaske hyllene , tørke støv av bøkene og få alt på plass igjen. Det som er mest utfordrande for meg er å klatre opp og ned i gardintrappa, det blir eg trøtt i beina av. Ikkje berre hadde eg bøker opp og ned, nokre sette eg i hylla på stova, etter at eg hadde flytta alle kokebøkene mine hit. Eg skulle i grunnen ha vaska ned heile rommet, men eg orka ikkje meir i dag. No er det verste unnagjort-kanskje. Klokka var 15, då alt var på plass igjen, og då var det tid for middag.I dag blei det berre brødskiver, men det er heilt i orden.
No har eg kvilt meg litt med strikketøy og TV, og det blir vel ikkje gjort så mykje meir i dag. Rasmus og familien har vore på hytta i Telemark siste dagane, dei kom heim til Kongsber i går.. I dag fyller minsteguten, Ingar, 11 år; han er den yngste av dei 11 barnebarna mine; Einar er eldst, han blir 34 år i juni.I morgon er det fredag igjen, vekene går utruleg fort.At det er torsdags-kveld betyr at eg kan gå inn på datamaskina og hente ut sudokuen som kjem i fredagsavisa. Møre-Nytt kjem på nettet ca. kl.22 kvelden før.
Gratulerer med 11 -årsdagen, Ingar !

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...