torsdag, juni 30, 2016

Dagbok 2016: 30.juni

Klokka er ca 18.30, temperaturen er + 17 grader, det er overskya og litt vind. For ei stund sidan hadde vi ei regnbyge eller to. Men heile føremiddagen var fin og varm med mykje sol. Nils var ikkje i form, så ha la seg nedpå litt, mens eg støvsuga alle teppegolva. Han var også ned til kamerat Kjell og fekk eit par seiar-han hadde vore ute og fiska.
Så sette vi oss ut i hagen og slappa av, men pusla litt innimelleom. Etter ei stund flytta vi oss opp på tunet, det var etter at Øystein kom på besøk. Han hadde vore og sett på bruktbil til Håkon og hadde lånt med seg ein som han ville Nils skulle godkjenne.
Når eg sit og ser rundt meg, ser eg alltid noko som må gjerast. I dag reiv eg meg ut over singelen. Det er 14 år sidan vi fylte tunet med eit tjukt lag ny singel. Men singelen ligg ikkje i ro. Midt på tunet er det nesten ingen ting att, men langs husvegger etc. er det rikeleg. I dag tok eg singelen som hadde samla seg mellom garasjen og altanen, fylte i bytter og bar opp på tunet. Det er ganske tungt. Etter at eg hadde bore opp 10 bytter, sa Nils at tok eg to til vart det ein hektoliter. Trur det vart 5 ekstra. Ja, eg veit at eg ikkje skal løfte tungt, men eg kan no ikkje berre sitte og glo ut i lufta, heller.
Etter at eg hadde dusja og vaska håret, laga eg ein lettvint middag. Etter middagen har eg site og strikka og rippa bøkene eg fekk i går. I dag fekk eg melding om enda ei, så då har eg lesestoff lenge.

Dei har saga ned nokre tre lenger inne i gata, så vi har fått betre utsikt til Mosmarka og Engeset, men så lenge der er tett skog i Olavsgata, ser vi knapt sjøen, både naboen og eg skulle ønske at dei trea var borte.


onsdag, juni 29, 2016

Bok nr. 41: Beatrice og Benedict

Beatrice og Benedikt
Ny historisk roman fra Marina Fiorato. Denne gangen fra 1500-tallets Italia, hvor vi får høre forhistorien til William Shakespears stykke «Stor ståhei for ingenting» (Much ado about nothing).

Forfatteren tar oss med til 1500 tallets Sicilia hvor Beatrice og Benedikt møtes for første gang. Begge er like kjappe i replikken, og det er nettopp dette som gjør at de forelsker seg i hverandre. Men deres veier skilles, og det skal ta dem ti år å finne tilbake til hverandre.

Marina Fiorato er en mester innen sjangeren historisk roman og hennes lideskap for Italia og grundige research skinner gjennom. Hun har solgt over 100 000 bøker i Norge og millioner på verdensbasis. «Beatrice og Benedikt» blir lovprist verden over.

.........................................................................................
No har eg ikkje lese "Much Ado About Nothing"-og heller ikkje noko anna av Shakespear, så eg er vel ikkje den som skal kritisere denne boka.
Eg hadde ikkje sansen verken for innhaldet eller skrivestilen. Å skrive historiske romanar er ikkje enkelt, mykje kan ein lese seg til, men å vite korleis folk tenkte og snakka for lenge sidan, er om lag umulig. Det er så lett å ta med seg verdiar frå vår tid inn i handlinga. Mange vil kanskje like denne boka, men for meg vart den langdryg og kjedelig.

Dagbok 2016: 29.junu



Dagens bokfangst. Eg garanterer ikkje at eg kjem til å lese alle.


Klokka er 20.35, temperaturen er + 17,5 grader og vi har hatt ein fin , varm dag, med delvis skya vêr og dels sol.
Nils reiste til Volda før middag for å besøke Harald.
Eg dreiv med litt hagearbeid, nokså halvhjarta, men eg ville vere ute.
Vi åt lunsj då Nils kom heim, og etter ein pause gjekk vi ut og rydda litt i hagen, blant anna tok vi fram kompostkverna og mol opp nokre greiner eg hadde klipt av epletreet blant anna.
Nils henta fire nye bøker til meg på biblioteket. Eg har rippa ei av dei-det tek si tid.
Og så blei det middag til slutt, men kjøttkaker frå Gilde, saus frå Toro og poteter frå Starheimsvik. Erterstuingen var heimelaga og kom frå fryselageret vårt.
I dag hadde Nils skikkelig gammaldags appetitt til middag. Får håpe han får nokre gode dagar no fram mot 14.juli.
No har eg lese ut den boka som eg har lide meg gjennom og skal skrive litt om den.

tirsdag, juni 28, 2016

Dagbok 2016: 28.juni

Klokka er 20.45, temperaturen er + 15 grader. I dag har det for det meste vore opplett, men det kom ei regnbyge ut på ettermiddagen.
Vi var ikkje altfor tidleg oppe i dag, så det var langt på dag før eg var i gang med slåtten. Intensjonen var å klippe det som stod att og så gjødsle med kalksalpeter for å få vekk mosen. Eg var nest ferdig å slå då eg kipte meg kraftig. Eit menneske hadde snike seg innpå meg bakfrå- heldigvis var det Solveig, så det var ingen grunn til panikk. Ho og Øystein hadde eit ærend til Volda-Ørsta , og så stakk dei oppom. Eg kokte kaffi og serverte resten av rabarbrakaka som eg laga i går.
Etter at dei var reiste, klipte eg litt til og Nils gjødsla.Elles klipte eg ned visne blomster og fekk fylt opp kompostkassa med gras og anna rusk.  Ikkje før var vi komne i hus, så kom regnet. No skal plenane få fred eit par dagar-trur eg.
Vi fann nokre restar som blei middag i dag, om vi ikkje ombestemmer oss og lagar sein middag. Eg plar seie at vi et middag mellom kl.12 og 24 eingong.
Så har eg greidd å komme gjennom ei plate eller to av boka mi, så no er det berre tre plater att. Eg trudde det skulle vere fotballkampar i dag også, men det er visst fridag.

mandag, juni 27, 2016

Dagbok - 2016: 27.juni

Vi abonnerer ikkje på Sunnørsposten, men disponerer naboen sin mens dei er på tur. I dag var der ei heilside om Sissel (Lefdal) Ytre-Eide som flytta frå Starevegen til Markane og laga seg ny hage der. 

Klokka er 19.30, temperaturen er + 16 grader, og akkurat no begynte det å regne litt , elles har det vore stort sett opplett i dag.
Og så lurer ein på kva som har vorte av denne dagen.
Nils var nedover og tok nokre blodprøver før middag. Eg fann ut at eg skulle plukke inn og reinske alle rabarbrastilkane som var store nok, og det gjorde eg. Noko hamna i frysaren, og noko i ei kake. Vi fekk telefon frå Ingeborg om at ho ville komme ein tur, så det passa bra med litt kaffimat. Det er ikkje ofte eg bakar no for tida, og så fann eg sjølvsagt ikkje att rabarbrakakeoppskrifta, så det vart å gå inn på nettet. Eg likar å leite etter oppskrifter der, for då blir det kanskje noko nytt. Tykte sjølv at kaka vart god, og det gjorde dei andre to også. Nils var i så bra form at han både åt kake og drakk kaffi.
Men før Ingeborg kom i halv- fire tida hadde vi ete middag; i dag vart det spagetti med bacon og tomatpuré. I staden for tomatpuré kan ein bruke pesto om ein likar det betre. Når eg skriv om kva vi har til middag kvar dag, er det for å synleggjere at vi ikkje lenger et fisk/fiskemat fem dagar i veka og lever bra med det. Men Nils ventar veldig på makrellen no.
Etter at Ingeborg hadde reist klipte Nils bio på dei to små plenbøtene opp mot vegen; eg var ikkje nøgd med klippinga, eg ville ha klipt med den elektriske for å kome lenger ned på jorda. Men eg veit ikkje kor lurt det er å bruke elektrisk klippar når det regnar? Eg klipte litt med kantklipparen, men vart angripen av tusen uidentifiserte flygande objekt (UFO)som kraup opp i nasen og inn i augene, så eg heiv ifrå meg og rømde inn.
I kveld er det berre ein fotballkamp, eg les lydbok imens. Held på med ei bok som er gørr, men eg les den fordi historia skal vere den som Shakespeare la til grunn for "Much  Ado About Nothing"- "Beatrice og Benedict" heiter boka. Eg held på med plate nr.7 og då må eg nesten ta med resten også. Eller? Når ei bok er kjedelig, les eg oftast vidare fordi eg trur det skal bli betre etter kvart-det skjer ikkje alltid.I morgon er det visst tre kampar, så då kjem eg meg eit bra stykke vidare vil eg tru.
I dag er det to par som har bryllaupsdag. Bodil og Svein har no vore gifte i 52 år. Bryllaupet deira var på garden til Bodil sine foreldre i Torvika/Stårheim
Den yngste at døtrene deira, Hilde, gifta seg med Oddvar for 29 år sidan. Dei vart vigde på Eid, men festen vart halden på Raftevold hotell. Eg synest ikkje det er så lenge sidan.
Eg vil gratulere alle fire med dagen!

søndag, juni 26, 2016

Dagbok 2016: 26.juni

Sist torsdag var der eit heilsides intervju med Eirik i Volda-avisa MØRE. Vi fekk avisa av naboen, som abbonerer. Sidan eg ikkje har scanner tilkopla enno, har eg berre tatt bilde med fotoapparat, men det går fint å lese om ein forstørrar bildet. Ikkje lett å kjenne att Eirik no når han har klipt av seg håret.

Klokka nærmar seg halv åtte;  Nils ser fotball og eg les lydbok. Ute regnar det og temperaturen er ca +16 grader C. Vi har venta på at det skulle bli litt lettare, for vi skulle eigentleg ut og sjå etter båten-kanskje ause. Men eg trur vi må slå den turen ifrå oss.
Kvar denne dagen har blitt av, veit ikkje eg. Det er stor skilnad på finevêrsdagar o regndagar.
Eg hadde ein "jobb" eg skulle gjere i dag- og den gjorde eg. Eg la opp buksa eg kjøpte i Volda sist tysdag. Likar å ha litt "pene" klede hengande om noko skulle dukke opp og skjørt og kjolar er lite aktuelt. Både Nils og eg har vore rimeleg bra i form i dag.
Til middag laga eg ei Torogryte med svinekjøtt, Nils har så dårleg "smak" at han helst vil ha godt krydra rettar. Han et ikkje så mykje om gongen, men et middag to gonger.
Eg prøver å komme meg vidare i ei lydbok som eigentleg er ganske kjedelig, men når eg har brukt så mykje tid på den, er det litt dumt å gi opp.......eller kanskje ikkje.
Har blitt ein del lesing no mens det har vore fotball EM.
Dette har såleis vore ein dag med lite aktivitet-vi var så godt vande med finevêr at det vart litt traurig å vere inne heile dagane. Men det er no mi eiga skuld at eg ikkje finn på noko.

lørdag, juni 25, 2016

Dagbok 2016: 25.juni

Klokka er 20.00, temperaturen er + 15 grader C. Det er skodde langt nedetter fjellsidene, men det har ikkje regna noko særleg.
Nils var ikkje så sprek i dag som i går, noko som var forventa frå mi side. Derfor venta vi ei stund utetter føremiddagen før vi for nedover og handla. Var innom biblio og leverte eit par bøker og sette meg på venteliste for fire flunkande nye bøker.
Nils handla litt på apoteket, mens eg tok ein runde i 2.etasje utan å finne noko interessant. Så handla eg mat på Coop, og så ereiste vi heim att.
Nils fekk seg ein liten blund og kvikna til såpass vi fekk ete middag. I dag var det omnsbakt laks med rømme, poteter og grønsaker. Til dessert hadde vi jordbær med fløte. I dag hadde dei hollandske jordbær til 14,90 kr korga. Dei var ikkje like fine på botnen som oppå, men fullt brukbare.
Nils har sett fotball heile ettermiddagen, og skal visst sjå enda ein kamp i kveld. Det gjer ingen ting for eg har lydbok!
Håper det går bra med det årlege kulturarrangementet hos Solveig og Øystein i kveld. "Under linda"- kalllar dei det, sidan dei held til ute på plenen, under lindetreet. Det er mange kulturtilstellingar rundt omkring, her i Ørsta har vi "Dei nynorske festspel" for tida, men vi har ikkje vore i Åsentunet i år. Fristar i alle fall ikkje å sitte ute slike kveldar.(Då tenkjer eg på mygg og ev. regn)
Vi kan ikkje planlegge dagane på førehand-men tek det som det kjem.
Rasmus & Co var på Liseberg sist eg høyrde frå dei.

fredag, juni 24, 2016

Bok nr.40 - 2016: Boka om Baltimorefamilien

Boka om Baltimorefamilien
Helt siden den skjebnesvangre dagen i 2004 har Marcus vært hjemsøkt av spørsmålet: Hva var det egentlig som skjedde med Baltimore-familien?
Februar 2012: Åtte år etter de dramatiske begivenhetene i Aurora, drar Marcus Goldman fra vinterkalde New York til tropevarme Florida for å skrive sin neste roman. Denne gangen har han bestemt seg for å fortelle sin egen families historie.
Da Marcus vokste opp, var det to Goldman-familier: Marcus' middelklassefamilie i New Jersey, og den vellykkede, rike og glamorøse Baltimore-familien, som Marcus var dypt fascinert av. Han besøkte dem så ofte han kunne, for å være sammen med fetteren Hillel og Woody, den jevnaldrende gutten onkelen og tanten hadde reddet fra et liv på gata og tatt til seg. Sammen var de 'Goldman-trioen', like nære som brødre. Og så var det nabojenta Alexandra, som drømte om en framtid som popstjerne, og virket uendelig fengslende på alle i trioen. De fire holdt kontakten i alle år, inntil fasadene etter hvert begynte å krakelere, og alt en dag gikk skrekkelig galt.
I sin nye roman går Joël Dicker i dybden på noen av personene vi ble kjent med i «Sannheten om Harry Quebert-saken», og gir oss et nært og underholdende portrett av en amerikansk familie med alle dens hemmeligheter, konflikter og feiltrinn.
......................................................................................................
Dette er noko så enkelt og innvikla som ei familiehistorie.Den handlar om kjærlei, misunning og sjalusi. For kva var det eigentleg som skjedde? Og kva for ein tragedie er det eigentleg som skal skje? Fortellinga tek stadig nye vendingar. Det er spennande. Les elles kva Margrete har skrive om boka.



Dagbok 2016: 24.juni


Klokka er 19.30, temperaturen ute er+ 17 grader og det har vore ein fin dag. Ikkje så mykje sol, men veldig behagelig temperatur. Og opplett.
Det beste av alt er at Nils har vore i bra form i dag, han har til og med vore ute og slått plen.
Eg plagast med hofta mi, så eg har ikkje fått gjort så mykje som eg har lyst til. Før middag vaska eg bad og kjøkken til helga, og så var eg ute i hagen og klipte med kantklipparen. Det er den slimposebetennelsen som melder seg når eg er i litt aktivitet. Må vel kontakte ei av fysioterapeutane som har spesialisert seg på behandling av slike plager.
Etter lunsj måtte eg legge meg på sofaen ei god stund, men så var eg ute og klipte plen etterpå. I dag delte Nils og eg skråninga mellom oss og klipte bio. For første gong i år var der faktisk gras. Det gjorde seg med regn og gjødsel! Middagen blei lettvint; pølser og brød
No i kveldinga var vi ute og prata med naboar, dei saknar Nils i gata, for det er han som plar vere ute - til vanleg.
No vil eg ønske alle ei god helg. I dag er det Einar som har fødselsdag. Det er 29 år sidan eg vart bestemor for første gong.

torsdag, juni 23, 2016

Dagbok 2016: 23.juni Jonsokafta.

Klokka er 21.00, temperaturen er + 16 grader C og det har regna heile ettermiddagen.
Før middag var det + 22 grader og opphaldsvêr. Då var eg ute ei lita stund med kantklipparen. Då hadde eg først støvsuga alle teppegolva. Så får eg ta vasken i morgon.
Nils har ikkje vore i så god form i dag, og eg har hatt vondt i ryggen og hofta, så det har vore ein roleg dag. Nils var så vidt ein tur bort på kaia for å fiske makrell, det var fleire som hadde fått napp, men han var akkurat litt for seint ute.
Men vi hadde tatt opp fiskekaker frå frysaren, så vi hadde middag. Åt relativt seint i dag.
Eg har strikka ferdig eit lestepar og elles har eg lege ei god stund på sofaen med lydbok, i håp om å komme i form igjen.
Jonsok er det mange år sidan vi har feira, så det er ikkje noko sakn om vi sit inne i kveld.
Rasmus og familien er vel framme i Daftø i Sverige, det er vel gutane som bestemmer reiseruta.

onsdag, juni 22, 2016

Dagbok 2016: 22.juni


Klokka er 18.30, temperaturen ute er+ 18 grader; det er lettskya og fint. Om lag slik har det vore i heile dag, men eg meiner vi fekk litt regn sist natt også.
I dag har eg gjort litt til nytte. Først sette eg ein brøddeig, for no er eg lei av kjøpebrød for ei stund. Mens deigen heva var eg i vaskekjellaren og rydda og vaska. Vaska også nokre plastteppe som er for store og tunge til vaskemaskina. Men det er ikkje noko problem for Nils har mange store firkanta plastbaljar som høver til slikt bruk.( Ja, han brukar dei når han fiskar.)
Deigen heva så sakte i dag, kva det no kan kome av, at eg vart ferdig med alt før eg baka ut brøda.
Nils hadde timeavtale med frisørdama si, så han var nedover og fekk sommarsveis. Eg fekk ei stille stund med boka mi.
Til såkalla middag i dag vart det karbonadesmørbrød med ferdigkjøpte karbonadar frå Gilde og heimebakt brød. Så vart det pause, før eg følte at eg måtte klippe plen. Hadde abstinens! Gjorde det lettvint i dag, klipte bio på plenen rundt huset. Det var fort gjort, men det blir ikkje så kort som med den elektriske klipparen. Vi plar elles ikkje klippe bio så nær huset, for det er fare for å drage med seg graset inn, men no er leigebuarane vekke, så då tok vi sjansen.
Det gler meg å sjå at det er mange humler i hagen, men i dag var lufta full av små flagrande insekt som eg ikkje veit kva det var. Det var verken mygg eller knott i alle fall.
Eg har tatt bilde i hagen i dag også, og trenar på å lage kollasjar, men har ikkje vore heilt heldig til denne tid. Må nok øve litt til.
I dag har svigersonen, Øystein, fødselsdag, han fyller 54 år. Vi gratulerer. Vi gratulerer også med at han har ei ny bok i handelen!

Det er ei veldig opphoping av "dagar" her i familien i mai, juni og juli, men så blir det ein lang pause.
Vi plar feire alle under eitt ein dag det høver. Einar og Solveig står att før vi er i mål.

tirsdag, juni 21, 2016

Dagbok 2016: 21. juni

Klokka er snart halv 9. Temperaturen ute er + 17 grader og det er opplett. Sist natt hadde det regna godt,  det var fuktig utover føremiddagen, men no er asfalten tørr for lenge sidan. Praktisk at regnet kjem om natta. Og denne gongen trong vi det verkeleg.
I dag har vi ikkje gjort nokon ting-i alle fall ikkje noko som er særleg fornuftig og nyttig. Somla litt før vi kom oss av garde for å handle. Vi MÅTTE nemlig kjøpe kaffi, for vi var heilt lens. Og sidan vi må ha kaffi frå El-kjøp, reiste vi i retning Volda- og då var det ikkje så langt til Kina-restauranten. Lenge sidan sist vi var der no. Men vi fekk rette sorten mat, og Nils fekk ekstra mykje ris, som vanleg.
Men før vi kom så langt, hadde vi handla på Amfi, og eg hadde vore på Møre konfeksjon og kjøpt meg ei lys bukse, kan ikkje gå med svarte bukser heile sommaren, heller. Så no er neste prosjekt å legge opp buksa-det tek vel nokre dagar før eg kjem så langt.
Då vi kom heim att måtte vi kvile litt før eg kokte kaffi og serverte jordbær med fløte. Ikkje av eige avl, enno, men det var billege og relativt gode jordbær på Coop i dag.
Så sette eg meg beint ned og las ut boka som Margrete hadde lånt i Volda, og tatt med hit- mens eg strikka på ein lest.
Eg plar rippe alle lydbøker inn på datamaskina, og så får Solveig dei på minnepenn, men eitt spor på plate nr.7 let seg ikkje rippe. Då gjorde eg noko lærerikt. Eg sette meg til med "boka" på øyret og skreiv teksten. Det vart mange pausar, for eg skriv ikkje fort på maskin. Men du verda! Eg oppdaga at det er ein brøkdel av teksten som går inn når ein lyttar vanleg, og så mykje meir som kjem fram når ein skriv. Eg fekk ein liten aha-opplevelse der.
Tidlegare i dag var eg låk i hofta og foten, men no er eg bra. Kan hende det er litt sunt å late seg ? Nils er nokså bra,  blir fort trøtt, men ein kan no ikkje vente anna.

Bok nr.39 - 2016: Havboka

Havboka
To menn i en liten båt. Et monster i havdypet under dem. Det er utgangspunktet for «Havboka». Fra den lille øya Skrova i Lofoten undersøkes havet gjennom historie, fortellinger, vitenskap, poesi og mytologi. Hav er opphav, og rommer de utroligste livsformer. For forfatteren blir havet en rik kilde til forundring, nye innsikter og salte eventyr.
...............................................................................................
Denne boka har fått Brageprisen, og elles svært gode kritikkar. Eg må innrømme at eg har hatt vanskar med å legge boka frå meg.
Fortellinga om to vener som vil fiske ei håkjerring fører oss inn i ei verd av kunnskap; først og fremst om havet og alt som lever der. Men vi er innom mange fleire vitskapar, først og fremst biologi og zoologi, men også geografi, geologi, historie, kjemi, økologi og mytologi for å nemne noko.
Her er eit oppkome av kunnskap servert på ein heilt fantastisk måte. Eg vil kalle det POESI.
Opplesaren les med nordnorsk aksent, noko som slett ikkje er feil her.
Alle som er interesserte i naturen og historia vår vil bli like fascinert som eg. Eg anbefaler boka på det varmaste. Men for all del: LES  LYDBOKA.

mandag, juni 20, 2016

Dagbok 2016: 20.juni

I dag er det 48 år sidan Margrete kom til verda på sjukehuset på Eid. Men er det noko ein aldri gløymer så er det dagane då barna vart fødde. Nokre dagar før hadde vi site på med Kjell i den svarte Mercedesen hans og køyrt gjennom Lotetunnelen for første gong.Det var også ein milepel. Det var ein fin og varm sommar i -68;  alt det som skjedde i verda nådde ikkje fram til oss, men kanskje har Margrete blitt ein ekte 68-ar likevel? Ein fighter med andre ord.
Vi har ikkje kjøpt blomster til deg i dag, Margrete, men det blir vel eit oppsamlingsheat i løpet av sommaren. Til så lenge kan du beundre den gamle orkideen min som blomstrar på nytt.
Gratulerer med dagen!

Klokka har passert 18.30 og vi har nyss ete middag, trur Nils har sovna på sofaen, ikkje så rart etter ein god porsjon heimelaga fiskesuppe. Ute er det + 15 grader og vi har hatt ei god regnbyge. Ja, det kom vel med regn no, vart nesten sjokka over kor tørt det var ute i dag.
I dag har vi vore i bra form begge to. Før middag klipte Nils plenen ovafor garasjen, og så kom det kjekke folk forbi så vi fekk høyre litt nytt. Eg klipte den andre vesle plenbiten, og brukte så kantklipparen rundt jordbæråkeren m.m. Vi bar ned staurane og nota og fekk gjerda inne bæra våre så ikkje fuglane skal ta dei. Jordbærplantane er friskare enn på mange år, men så har vi vore flinke å vatne. Vi tok det heilt med ro og bevilga oss pausar-ofte. Vi hadde noko kalksalpeter i ein sekk som eg heiv utover for å få bort mosen, så når det lid utpå hausten har vi kanskje ein brukbar plen.
Venta ei stund før eg laga middag, og i dag var det fiskesuppe på menyen, det likar vi begge to. Og det var ikkje "lett"-varianten eg laga i dag.
Dagane går fort, og ein rekk sjeldan over alt ein har lyst å gjere, men i dag har vi i alle fall hatt ein god dag.

Sukkerertene kjem til å vekse fort no viss vi får litt regn av og til. Har no vatna dei med slangen også. Kan ikkje huse sist vi hadde det så tørt som i år.
I går kveld prøvde eg å ta bilde av månen før 
han forsvann bak Melshornet. Merkeleg kor liten han blir på bilde.

søndag, juni 19, 2016

Hagekollasj


Dagbok 2016: 19.juni


Klokka er 18.15, temperaturen ute er + 16 grader, sola skin og det er ein liten bris. Tidlegare i dag var det både regn og grått-dvs. eg kallar det "vatning"-for dei siste par dagane har eg ikkje vore ute med slangen. Ja, i dag har eg ikkje vore ute i det heile tatt på grunn av at eg har vondt både i hofta og kneet. Viss eg ikkje er betre i morgon, må eg kontakte ein fysioterapeut som er ekspert på slimposebetennelse. Eg har ei open avtale med henne, men no har eg vore relativt bra heilt sidan jul, så eg har ikkje brydd meg. Det er ikkje plenklipping som har skada meg, men det at eg dreiv og klatra opp og ned på ein stol då eg hengde opp gardiner. Til vanleg brukar eg ein krakk som trappetrinn. Ja, for sin dårskap skal ein lide.
I dag shina eg fint opp på kjøkkenet etter frokost, og så la eg meg på sofaen og las ut krimboka mi, før eg laga middag. Det blei ein gryterett i dag også, med ris til. Eg likar så godt den "ris-kokaren" eg fekk av Solveig. Då veit eg at den treng akkurat 20 min. i mikroen, når eg set den på med kaldt vatn. I dag vart det "Orientalsk gryte" med kjøttdeig. Den var nokså smaklaus etter mine begrep, så eg måtte både krydre og salte ekstra. Eg driv og testar ut alle Toro-grytene no, sidan det er noko som Nils likar og har lyst på. Han har no friskna til litt etter kvart. Eigentleg ville han ha vore på Kina-restaurant i dag, men eg makta ikkje å sitte så mykje.
Etter middag la eg meg på sofaen med ei ny bok, på nord-norsk, og sovna og vakna i timesvis. Veit ikkje kvifor eg var så trøtt i dag, for eg sov godt i natt, men eg hadde tatt eit par smertestillande, så det var vel derfor.
Ja, når vi går her heime og surrar heile dagen og ikkje ein gong er ute i hagen, så blir livet litt snevert. Då er det godt å ha datamaskina å ty til, så har ein kontakt med folk uansett. Og vi er no ikkje så ringe at vi ikkje kan ta ein tur med bilen-om vi vil.

                       I dag kan vi gratulere Elin med dagen! 

Bok nr 38. - 2016: Irene

Ny thriller fra Pierre Lemaitre om overbetjent Camille Verhoeven.

Overbetjent Camille Verhoeven befinner seg i en uvanlig periode i livet. Han er lykkelig gift med den vakre Irène og skal snart bli far. Men når en ny drapssak lander på pulten hans, et dobbeltdrap som er så ekstremt at selv de mest hardbarkede blant kollegene blir forferdet, får han bange anelser. Det virker ikke som det ligger noe motiv bak skrekkscenariet, men da det dukker opp en forbindelse til minst ett tidligere uløst drap, blir det klart at de har med en seriemorder å gjøre. Pressen er raskt og skadefro på banen og setter særlig Verhoeven i et dårlig lys.
Men det er Verhoeven som står bak det store gjennombruddet: Dobbeltdrapet er en nøyaktig kopi av en scene i Bret Easton Ellis' bok "American Psycho", og det skal vise seg at morderen lar seg inspirere av flere kriminalforfattere.

«Irène» er kronologisk sett bok 1 om Verhoeven, «Alex» er bok 2(utgitt 2015).
..........................................................................................
For ikkje lenge sidan las eg boka "Alex"-ein særs velskriven og fokusert krimroman. Men så viser det seg at den er nr.2 i ein serie, og eg hadde ikkje lese nr.1.
Det har eg gjort no. Også denne i lydbokversjon, med same opplesar. Det er lett å forstå at forfattaren hadde det store gjennombrotet med "Alex", for "Irene" kjem ikkje opp mot den, sjølv om også den er svært velskriven. "Irene" har også sterkt fokus på brotsverka utan for mykje digresjonar til privatliv etc. Men den er mindre ryddig enn Alex, og det er fleire namn å halde orden på. Særleg var slutten litt kaotisk og rotete. Boka er svært litterær på meir enn ein måte, og forfattaren briljerer med kunnskapen sin om bøker, særleg dei kriminelle. Han karakteriserer sjølv boka som ein metaroman.
Boka er ikkje så spennande som Alex, mykje fordi den er mindre strengt komponert, men sidan den er første bok i ein serie som kan bli LANG er det viktig å ha lese bok nr.1.

lørdag, juni 18, 2016

Dagbok 2016: 18.juni

Klokka er snart 21.00. Temperaturen ute er + 11 grader C og i dag har vi hatt skodde og kald nordavind. Einaste fordelen eg kan sjå med dette vêret, for min del, er at graset veks veldig seint. Eg har ikkje klipt ein einaste plen i dag heller, og det er sikkert bra, for eg plagast med hofta for tida.
Før middag vaska eg og rydda  før vi var ein tur på Amfi og handla litt. Nils var på apoteket og eg på Coop. Same kor lite eg treng dett der litt av kvart opp i korga.
Etter lunsj la eg meg på sofaen med lydbok, og sovna, som vanleg. Men då må eg få legge til at eg sov lite sist natt.
Margrete og tre av barna var ein tur til Moa i dag og skulle komme innom på heimvegen. Derfor steikte eg ein porsjon med sveler og kokte kaffi til dei kom. Vi hadde oss ei koseleg stund før dei måtte fare igjen.
Margrete hadde med ei lydbok til meg, og ho fekk med seg dei fleste som eg hadde liggande. Håper sola kjem fram att og at det går an å lese på solseng igjen.
Nils har vore litt betre i dag, men han er framleis slapp, særleg på føremiddagane.

fredag, juni 17, 2016

Dagbok 2016: 17.juni

Klokka er 19.15, temperaturen er + 17 grader C og det er skodde langt nedetter fjellsidene.
Det var litt rart å stå opp i dag- til grått vêr utan sol, no når vi var så godt vande. At det hadde regna litt var no berre bra, så slapp eg å vatne. Men det var jammen bra at eg hadde fått beisa rekkverket i går ! Det eg ikkje hadde gjort var å ta inn madrassa på solsenga, første gongen eg har gløymt det i sommar.
Eigentleg passa det meg å få ein "fridag" frå hagestell etc. for eg har litt trøbbel med hofta, og så hadde eg eit par innejobbar. Eg laga fiskekaker av fisken vi fekk i går, det vart tre store middagsporsjonar. Eg er ikkje interessert i å lage mykje fiskekaker i ein gong, for då blir dei gamle i frysaren og då er dei ikkje så gode lenger. Vi hadde første porsjonen i dag.
Så støvsuga eg alle teppegolva, og det er nesten som å klippe plen -og nesten like tungt når eg set den nye støvsugaren på fullt.
Elles har eg ikkje gjort så mykje, berre lese og vore på data, gjort forefallande husarbeid og strikka litt. Men no mot kveld skulle eg ønske det var utevêr. Kosar meg når eg får vere mykje ute.
Nils har sett ein del fotball, men no har han somna i stolen. Han tek seg ein og annan liten blund. Han er med andre ord ikkje heilt i form.
Ser at naboane har fått stillas  opp etter husveggen, men er ikkje sikker på kva dei har tenkt seg til med.
Då står det berre att å ønske alle ei fin helg same kva de finn på !

Amanda er no ferdig med grunnskulen, og skal begynne på vidaregåande til hausten. Det blir nok ein overgang å kome til ein stor skule etter å ha gått på Folkestad skule i 10 år. Men sikkert kjekt og spennande å kome i eit større miljø.Amanda står i første rad som nr. to frå venstre.

torsdag, juni 16, 2016

Dagbok 2016: 16.juni

Klokka er snart 19.00 , temperaturen er + 19 grader og enda ein nydelig sommardag går mot slutten. Det er fantastiske dagar vi opplever no - med tanke på vêret. Det har vore mykje sol i dag også, men det skyar over av og til. Håper eg berre at det ikkje kjem regn med det første, for no har eg endeleg fått beisa rekkverket. Det var ingen stor jobb etter at Nils hadde funne fram beisen. Nils hatar malinglukt, så han er berre glad til at eg tek den jobben.
Nils var nokså skral på føremiddagen, men han kom seg etter kvart. Kamerat Kjell ringde, han var ute og fiska og hadde fått så mykje at vi skulle få også. Vi fekk ein lyr og ein sei, så no blir det fiskekaker. Nils har ikkje så lyst på fisk for tida, men fiskekaker går ned på høgkant.
Eg gjorde litt hagearbeid: rydding, vatning etc. til Nils vart i form til å fare og handle. Vi var først på biblio og etterpå handla vi på Kiwi-butikken på Vallabøen. Vi hadde med oss massevis av tomme flasker og boksar som vi panta. Det går mykje drikkevarer i varmen. Elles trong vi litt av kvart.
I dag laga eg ein gryterett frå pose igjen, med svin i staden for kylling. "Tikka Masala" blei det i dag. Nils likar mat med smak, for tida.
Etter at vi hadde ete la eg meg på solsenga og sovna (sov dårleg sist natt)- var nesten steikt då eg vakna. Eg begynte på boka "Irene"-som er første boka i ein serie, eg har lese nr.2 før. Og så får vi sjå kor mange det blir til slutt. Det er fransk krim, ganske røft, men godt skrive.
No skal eg rippe dei to andre bøkene eg fekk med heim i dag, det tek si tid. Eg bestiller ikkje bøkene, det er bibliotekarane som legg til sides til meg når dei får noko nytt, som dei trur eg vil ha.
Eg festa trådar på fire par lestar i går kveld, så no har eg lagt opp nytt "spøt"-brukar å strikke mens eg rippar bøker-ja, og så har eg gjerne ei lydbok på øyret også.

onsdag, juni 15, 2016

Dagbok 2016: 15.juni

Det var alltid eit styr når vi skulle prøve å ta bilde av dei tre barna til bror min og mine tre. Men her har vi greidd å få alle på plass, sjølv om ikkje alle ser like fornøgde ut. 
Den eldste vart fødd i 1963, den yngste i 1969, det kom eit nytt barnebarn til mamma alle åra, så nær som i 1967. No er det berre dei to i midten som ikkje har runda 50 år.Nr. 2 frå høgre feirar dagen sin i dag. Og vi gratulerer.

Klokka er snart 20.00. Temperaturen er ca + 20 grader C og vi har hatt enda ein fin sommardag. Håper vi ikkje har brukt opp alle soldagane før juli kjem. Hugsar sommaren for to år sidan, då var det fint vêr nesten heile tida. Ja, vi veit kva vi han, men ikkje kva vi får.
Det var litt kaldt i dag tidleg, så då fekk eg stroke ein haug med klede, og fekk dei på plass i skapa. Eg likar å stryke, når det ikkje er altfor mykje.
Etterpå gjekk eg ut og pussa altanrekkverket med sandpapir- rekkverket er ca 19 meter langt, berre for å ha sagt det. Men Nils har enno ikkje funne fram beisen. Han er framleis slapp og i dårleg form, noko anna er vel ikkje å vente. Han er dårlegast på føremiddagane; utover ettermiddagen og kvelden kjem han seg. Det er heldigvis (for han)  mykje fotball på TV.
I dag blei det plenklipping igjen. Brukte den elektriske klipparen rundt huset. Den er litt tyngre enn den andre, men til gjengjeld får eg klipt graset kortare. Ikkje at her er så mykje gras, men lyt prøve å halde alt ugraset nede. Var låk i foten/hofta før eg begynte og blei ikkje betre etterpå.
Elles har eg vaska klede, hengt ut, tatt inn osb.
Til middag i dag hadde vi heimelaga fiskekaker frå frysaren, det var siste porsjonen- og gode var dei!
Eg varmar dei i eldfast form i steikomnen i lag med purre og paprika eller ev. andre grønsaker. Då synest eg dei blir best.
Eg låg på solsenga med lydbok ei lita stund, men så kom det og skya over.
I morgon har eg ærend på biblioteket for å hente eit par bøker, og så må vi proviantere litt. Har ikkje vore på butikk sidan laurdag.
I dag er det dottera til bror min som har fødselsdag, og akkurat no gjekk det opp for meg at det er "rundt tal". Slik er det når ein er sjølvopptatt. Men eg skal no prøve å bøte på det seinare.


Gratulerer med dagen, Hilde! 

tirsdag, juni 14, 2016

Dagbok 2016: 14.juni

Klokka slår akkurat 8 (20). Det er ikkje så lett å forstå at det er kveld når sola enno er høgt på himmelen og temperaturen ute er + 17 grader.
Vi har nyss ete middag. I dag laga eg nydelig fiskesuppe, og Nils fekk i seg fleire tallerkar. Trur eg åt litt for mykje sjølv, sidan det romlar slik i magen.
I dag har eg ikkje klipt eit einaste grasstrå eller gjort noko særleg anna hagearbeid- ja, eg planta ei buske, men det er no ikkje så mykje. Ikkje fekk eg beisa rekkverket heller, blant anna fordi Nils låg det meste av føremiddagen, og det er han som må finne fram beisen.
I staden bytte eg på sengane og hengde ut sengkleda, vaska golvet på soverommet- og dei andre golva fordi eg hadde så godt vatn. Elles fekk eg vaska mykje klede som eg hengde ut og tok inn att i kveld.
Litt dramatikk vart det også. Vinduet på soverommet stod ope, ei vindrosse snudde vinduet rundt, så det kom bort i gardinbrettet som datt rett i golvet. Heldigvis var vi ikkje så nær at vi fekk det i hovudet. Men sidan brettet først var nede, måtte det støvtørkast og så tok eg like godt og vaska gardinene. Nils måtte fram med skruar og drill og feste brettet. Eg må skryte litt av soveromsgardinene, trur dei må vere minst 30 år gamle. Dei er av mørkeblå chenille som ikkje har blakna synleg på alle desse åra. Eg vaskar gardinene i maskina, sentrifugerer litt ekstra og henger dei opp att med det samme. Meir lettvint kan det knapt bli.
Elles har eg no hatt meg ei lita stund på altanen i dag også-må nyte godværet så lenge vi har det.
Shaina meg opp og vaska håret, tenkte kanskje det blei ein tur på butikken, har fylt bagasjerommet med flasker og boksar som skal pantast, men no blir det visst ikkje før i morgon.
I dag har eg tenkt mykje på veninna mi som døde i vår. Ho ville ha fylt 75 år i dag.

Bok nr.37 - 2016: Eplehagen

Eplehagen er en dramatisk fortelling om kjærlighet, svik og forfengelighet – og om sorg som på forunderlig vis etterfølges av nye muligheter. I dette intervjuet forteller  Marianne Storberg om å skrive seg tett inn på fortiden, og om det å være forfatter og historiker.

Marianne Storbergs nye roman, Eplehagen, er en dramatisk fortelling om kjærlighet og svik – med skjebneåret 1814 som bakgrunnsteppe. Mennesket i historien– Som historikere er vi ute etter det tidsspesifikke, men slik jeg ser det, er det like interessant å undersøke forholdet mellom det tidstypiske og det tidløse, forteller Marianne Storberg. Hun er historiker av yrke og aktuell med sin andre historiske roman, Eplehagen.
– Sanseopplevelser, sorger, lengsler, kjærlighet og andre grunnleggende følelser er bestandige sider ved det å være menneske. Og samtidig farges livet vårt av tiden vi lever i. Dette var noe som opptok forfatteren også i arbeidet med hennes første roman, Brevet fra Betsy.– Det er et tema jeg ikke så lett blir ferdig med, innrømmer hun.
..............................................................................
Solveig og eg har funne opp eit nytt uttrykk : Solsengbøker.Dette er ei slik.
Eg hadde ein mistanke om at dette er ei såkalla ROSA bok, og det er den vel, for så vidt som at den er veldig enkel og lettfatteleg, men eg vil absolutt ikkje slakte boka av den grunn. Den egnar seg veldig godt som "avslappingslitteratur", det er så, men har også andre kvalitetar. Det er mykje å lese om boka på nettet for dei som vil vite meir.


mandag, juni 13, 2016

Dagbok 2016: 13.juni

Klokka 21.00, mot aust (over) og vest.



Klokka er 20.45. Temperaturen er + 18 grader C, det er lettskya og fint. Vi har hatt enda ein fin sommardag - og heldige vi som har fri til å vere ute i finevêret.
Nils har ikkje vore i form i dag heller, men det er som forventa. Det er særleg  på føremiddagen han er sløv. Eg prøver å vere mest muleg ute, og gjere fornuftige ting, så får han fred også.
I dag måtte han finne fram slipemaskina til meg, så eg fekk slipt altanrekkverket oppå, men vi kom ikkje så langt at eg fekk beisa det.
Eg fann litt gras å klippe i dag også, m.a. klipte eg bio på plenlappane opp mot vegen, og på vestsida av huset. Prata litt med naboar og så vatna eg alle beda, jordbæråkeren og sukkerertene etc.
Det er ikkje så mykje å skryte av,  hovudsaka for meg er at eg får vere ute.
Men i dag la eg meg på sofaen med lydbok i staden for på solsenga, vart så låk både her og der av den harde senga i går, dessutan hadde det skya over.
Nils var ein liten tur nedover f.m. og kjøpte bensin til klipparen, og så var han bort på hamna og fekk ein torsk av ein kamerat. Så i dag skulle han koke middag. Akkurat då vi skulle ete kom Solveig og Håkon på besøk. Solveig skulle køyre Håkon til Volda-han skal reise til syden i morgon og ta flyet herifrå.
Solveig hadde med seg nybakt brød og heimelaga syltetøy, men eg smakte ikkje på godsakene før vi hadde ete fisk.
Ja, ein kan ikkje klandre folk for at dei kjem midt i måltida her i huset, for her et vi til alle døgnets tider-alt etter som det passar med dagsform og program.
Nils måtte legge seg nedpå att etter middagen, men han kjem seg nok til att etter kvart.
Gammal orkide blomstrar på nytt.

søndag, juni 12, 2016

Dagbok 2016: 12.juni

Klokka har passert 20.00. Temperaturen ute er + 17 grader C og sola skin framleis. Det var litt kald vind ei stund, men elles har det vore ein fin dag.
Sidan Nils ikkje er i form held vi oss heime. Før middag var eg ute i hagen og pusla litt, vatna blant anna.
Seinare låg eg på solsenga og las, men då må eg ha lege i feil stilling, for etterpå vart eg låk i hofta.
Sidan eg ikkje var i form til noko særleg tok eg like godt og vaska og rydda kjøleskapet. Behovet var der verkeleg! Og etterpå vaska eg rundt på bord, benkar, komfyr og flisar. Alt var betre enn å sitte i ro.
Det blir nokre dagar til med opplett, så då gjeld det at alle plenar er snauklipte før regnet kjem. Eg har fått litt plen på hjernen, som de sikkert har oppdaga. Før om åra har eg "mobba" Nils fordi han har plendilla- no er det eg som er verst. Skal kjøpe gjødsel, så eg har den klar når regnet kjem.
Nils vil gjerne gjere både det eine og det andre, men så toler han det ikkje. Klart han blir frustrert, men det kjem seg litt etter kvart, vil eg tru.
I dag har eg ikkje laga middag, vi delte resten frå i går. Eg får i alle fall i meg nok mat!
Boka eg les no- Eplehagen- er SVÆRT lettlesen, og ganske rosa, typisk solsengbok. Slepp å bry dei små grå noko særleg.
No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden-viss det ikkje er fleire fotballkampar, då.

lørdag, juni 11, 2016

Dagbok 2016: 11.juni

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 17 grader C og vi har hatt enda ein nydelig dag. Det eg er litt redd for er at vi brukar opp heile finevêrskvoten før ferien tek til.
Sola skein frå klar himmel først på dagen, så vi gjorde by-runden kort i dag. Eg var inn på biblio og fekk meg to nye bøker, så no er eg berga for ei stund.
Nils var innom apoteket og kjøpte diverse styrkedrikkar som han skal supplere med når han ikkje greier å ete nok. Eg handla på Coop og fekk brukt dei fleste lappane mine.
Nils var sliten då vi kom heim, så vi kunne ikkje begynne på hagearbeidet, eg gjekk rundt og pusla litt og rippa eine boka m.m. mens han kvilte.
Seinare klipte vi bio i skråninga, det var i grunnen eg som klipte det meste. Eg synest det er så kjekt at eg klarer det, for det er lite å be folk om hjelp til. Bakken er tørr, så det er lett å kjøre og der er veldig lite gras. Så snart det kjem regn må vi gjødsle så det blir grønt om ikkje anna. Mindaugas kan også klippe plenen, seier han. Det er mange som vil hjelpe, men vi likar best å klare oss sjølv, og eg treng mosjonen! Eg synest sjølv at eg held ganske god orden i hagen.
Hadde meg ei stund på solsenga med lydbok, og somna, som vanleg. Etterpå har eg hatt kraftig tinnitus og litt hovudverk, noko eg sjeldan har.Då eg vakna hadde det skya over. 
Til middag laga eg "Bali kyllinggryte"-med svin i staden for kylling. Nils vil ikkje ha kylling. Han vil ha mat med SMAK på no, trur behandlinga påverkar smaksorgana- kaffi vil han IKKJE ha.
No skal eg rippe bok nr.2 og så blir det TV resten av kvelden.

fredag, juni 10, 2016

Dagbok 2016: 10.juni

Klokka er 19.45, temperaturen er + 16 grader C og det har vore ein fin dag. Den kalde vinden har ikkje vore her i dag, så det har vore sommar, sjølv om det heller ikkje har vore den store varmen.
Som forventa var Nils veldig sløv i dag, særleg på føremiddagen, seinare vart han betre.
Eg vaska først golv, så var eg ute i hagen og jobba ei stund så Nils fekk fred. Eg klipte kantar, vatna etc. Etterpå støvsuga eg teppegolva.
Men eg fekk også høve til å ligge på solsenga ei stund og lese ferdig boka mi. Har halde på med den altfor lenge og var lei heile boka.
Mot kveld var eg ein liten tur ut att og klipte med kantklipparen. Den går på batteri og det må som regel laddast etter 15-20 minutt, så eg må ta kantklippinga i etappar.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag-og godt er det. No blir det vel TV resten av kvelden.
Vil nytte høvet til å ønske alle ei god helg. Dei fleste barnebarna er ferdige med eksamenane sine no, så dei og kan få nyte finevêret.

Bok nr.36 - 2016: Ondskapens kall

Omslag - Ondskapens kall
Ondskapens kall er tredje bok i den kritikerroste serien om privatdetektiv Cormoran Strike og assistenten hans Robin Ellacott.
En mystisk pakke blir levert til Robin Ellacott, som til sin skrekk oppdager at den inneholder benet til en død kvinne. Sjefen hennes, privatdetektiven Cormoran Strike, blir mer foruroliget enn overrasket. Han kan tenke seg i alt fire personer fra fortiden som kan være avsenderen – der alle fire er stand til særdeles grusomme handlinger.
Da politiet setter alt søkelyset på en mistenkt, som Strike blir mer og mer sikker på ikke er gjerningsmannen, bestemmer de seg for å ta saken i egne hender. Strike og Robin begir seg inn i den mørke og forskrudde verdenen de andre tre opererer i. Men det gjør de ikke uten risiko, og snart er de begge i livsfare.
.................................................................................
Note to self: Viss du har tenkt å lese ei krim-lydbok på 14 CD-plater, må du sørge for at du har høve til å lese ganske mykje kvar dag. Du må også sørge for å lage deg ei skikkelig rolleliste.
Denne boka har eg lese over relativt lang tid og nokså ufokusert. Det skal eg ta på mi eiga kappe. Men eg trur dessverre ikkje boka hadde fenga meg så veldig uansett. Eg brukar å seie at eg likar at krimbøker er "fokuserte"-med det meiner eg at alt som ikkje er naudsynt for handlinga og oppklaringa av mysteriet må lukast bort.
Her var det veldig mange digresjonar, og  ikkje alle hadde så mykje der å gjere. For meg vart heile boka eit salig rot-men eg fekk no med meg kven som var mordaren.
Eg tek alle mulege forbehold når eg seier at etter mi meining var dette dårlig.

torsdag, juni 09, 2016

Dagbok 2016: 9.juni

Slik ser det ut no der Mørebil-bygget stod.


Klokka er 19.00, temperaturen er + 13 grader C og det har vore relativt kald vind i dag også. Det har vore nokså grått i dag, men no held sola på å kome fram-slik er det ofte her når det går mot kveld.
Det har vore ein litt spesiell dag i dag, sidan Nils skulle til Åse på behandling. Han skulle møte opp klokka 11.00, så vi måtte ta bussen som går frå Volda klokka 9. Det gjekk heilt greitt, sjølv om vi måtte bytte buss på Moa i dag. Legen var nøgd med framgangen og meiner medisinen virkar som den skal, og det var jo positivt. På behandlingsrommet sit det fleire som får behandling på samme tid, og dei fleste har nokon med seg. Vi får mat og drikke det vi vil ha, og det er rett og slett koseleg der. I dag prata vi med fleire andre av dei som var der, både sjuke og friske. Men vi rakk ikkje bussen som gjekk klokka 13.30. Derfor tok vi ein lokalbuss inn til Moa og gjekk på Dolly Dimple`s og åt pizza, dermed miste vi bussen klokka 14.40 også, så eg tok meg ein snartur gjennom det meste av Moa-senteret, utan å kjøpe noko; likar best å handle der eg er kjent.Det var nokså seint før vi var heime att, men så slapp vi å lage middag. I staden slappa vi heilt av ei lita stund-til telefonen ringde.
Alt i alt har vi hatt ein god dag.

onsdag, juni 08, 2016

Dagbok 2016: 8.juni

Klokka er 18.20, temperaturen er + 13 grader  og sola skin. Nydeleg vêr i dag også, men det har vore kald nordavind, noko som ikkje er så kjekt, verken for folk eller for det som skal vekse og gro.
Den store hendinga i dag var konserten på Volda vidaregåande skule. Den begynte klokka 11.00 så vi var relativt tidleg i sving i dag.
Om Eirik sin prestasjon er det berre ein ting å seie: Den var berre fantastisk. Han hadde eit relativt variert låtval og fekk demonstrert at han kan synge både høgt og lågt. Han er ekstremt god på dei høge tonane. Amanda song andre stemma på ein av songane "Unintended" (Muse)- Amanda si mørke stemme passar utruleg godt saman med Eirik si lyse . Eg likte sjølvsagt aller best den songen dei song i lag, men synest det var utruleg tøft då han slo til med "The Alabama song"-eigentleg ein gammal tysk melodi av Kurt Weill. Spesielt og flott. No har eg skrytt så mykje at de de trur det er myrsnipebestemora som har ordet. Då får eg legge til at han faktisk fekk 6 i karakter. Og det fortente han!
Konserten var på sjølve skulen og eg var litt redd at vi ikkje skulle finne fram, men hyggelege ungdommar viste veg til kantina, og der sat Lars. Litt etter kom Ingeborg. Margrete kom springande i siste liten, ho har eigentleg fri på onsdagane, men så skal ho ha opp ei gruppe i internasjonal engelsk, så ho var på skulen for å briefe dei som skal opp. Amanda var i lag med dei som skulle opptre. Den einaste vi mangla var Erlend, han var på skulen. Eg kjem ikkje over at vi ikkje var på hans konsert i går.
Vi handla litt på heimvegen. Då vi kom heim att åt vi litt og Nils måtte legge seg nedpå . Eg la meg på altanen med lydbok, men etter kvart vart det så kald vind at eg måtte gå inn att.
Nils har dårleg appetitt, og det er litt av ei oppgåve å finne på noko som kan friste. I dag landa vi på gryterett med ris, og det gjekk bra. No skal eg ha meg ein kaffikopp-kaffi er ein av dei tinga som ikkje fristar mannen.
I morgon skal vi til Åse der han skal ha ny behandling. Så blir det vel nokre trasige dagar før det blir betre.
Songane til Eirik finn de sikkert på Facebook og kanskje etter kvart på You Tube.Ikkje veit eg.

tirsdag, juni 07, 2016

Dagbok 2016: 7.juni




Klokka er 19.45, temperaturen er + 12-13 grader C, det er skodde, men opplett.
Det var litt av ein overgang på vêr og temperatur i dag. Før middag var det stilt og ganske mildt. Eg hadde ingen plenar å klippe i dag, med eg hadde eit bed år rense og rydde og litt kantklipping. Så veldig mykje vart det ikkje gjort ute, men eg hadde litt å gjere inne også, så då gjekk føremiddagen.
Etter at vi hadde ete middag, la eg meg på altanen med lydbok og pledd. Somna -og vakna til ganske kald vind.Var snar til å komme meg i hus. Sidan har eg vore inne- og strikka blant anna. Akkurat den stunda vi burde ha vore på FB var vi der ikkje, så klokka var17.30 då vi las at Erlend skulle spele på musikkskulekonsert klokka 17.
Vi plar no møte opp på desse konsertane og det hadde vi nok gjort i dag også. Nils har vore i betre form i dag enn han har vore siste dagane. Håper han er bra i morgon også, for då skal Eirik ha eksamenskonsert. Det er klokka 11.00 på føremiddagen. Konserten tel som munnleg eksamen, sidan han går på musikklinja.

I morgon har dei meldt sol og fint vêr igjen, så eg håper det slår til.




mandag, juni 06, 2016

Dagbok 2016: 6.juni

Klokka er snart 20.30. Temperaturen ute er + 18 grader C, og denne dagen har vore minst like fin og solfylt som dagane før. Eg kom nettopp inn att frå altanen der eg låg ei stund og las lydbok. Det er framleis varmare ute i sola enn inne.
Nils har ikkje vore i form i dag heller, særleg ikkje på føremiddagen. Eg trudde ikkje vi skulle klippe plen i dag, men det skulle vi, dvs. eg. I dag var det plenen rundt huset som skulle stussast, men eg hadde først ein runde med kantklipparen. Batteriet varer berre 15-20 minutt så eg får ikkje klipt så mykje om gongen. Plenklippinga gjekk fint, eg brukte den elektriske klipparen i dag. Eg er så glad for at eg klarer jobben utan å få vondt.
Etter lunsj la eg meg på altanen-eg er den typen som helst vil ha med meg kvar ein solstråle, men etter ei stund måtte eg inn å drikke. Det var mykje varmare i dag enn i går. Nils fortalde at Ingeborg hadde ringt og at ho ville komme innom litt seinare.
Eg slo i hop ei vaffelrøre, og var klar til å steike då ho kom. Det vart vaflar, kaffi og prat, heilt til Ingeborg skulle på fotballkamp og heie på Amanda og laget hennar. Ho hadde også besøkt farfaren.
I dag har Olaug fødselsdag, det blir vel eit oppsamlingsheat med feiringar når det lid på, men det er enda tre til som har fødselsdag i juni, og så kjem Solveig 3.juli. Då blir det pause heilt til november månad.
Eg miste alt innhaldet på "storemaskina" då den døde, og eg har ikkje fått installert printeren enno, så det er smått med bilde frå gamle dagar, slik skikken er når nokon har fødselsdag. Men dei som er på Facebook kan sjå mange bilde av bursdagsbarnet der.
Men no ser eg at maskina har gått gjennom ein prosess, for no aksepterer den fullt ut at eg skriv nynorsk. Så då har egi alle fall lukkast med noko.
Gratulerer med dagen, Olaug !

søndag, juni 05, 2016

Dagbok 2016: 5.juni

Klokka er 19.15, temperaturen + 19 grader C og vi har hatt enda ein nydeleg dag. Vi er ikkje vande med så mange slike dagar i løpet av året, så vi må nyte dei vi får. Det har ikkje vore så veldig varmt, for det har vore litt vind, men akkurat no var det veldig fint og stilt ute. Eg har lege på altanen og lese lydbok, mens Nils har sett /ser fotballkamp. Han er bra i form no, men var skral på føremiddagen, det er slikt ein må rekne med. 
Etter at eg hadde gjort litt husarbeid etter frokost, var eg ute i hagen og rydda litt her og der i all stillheit, ingen maskiner i dag, og heller ikkje så mange ute.
Vi hadde relativt tidleg middag; Nils fekk lyst på Pasta carbonara i dag så då fekk han det.
Det har ikkje hendt så mykje i dag - og det er like greitt. Det skjer ikkje så mykje i boka mi heller og no held eg på med plate nr.6.
På bildet under ser de laurbærheggen vår, det er ei takksam buske som blomstrar to gonger i løpet av sommaren og veks veldig fort. Etter første blomstring har eg tenkt å klippe den ganske mykje tilbake. Kjeglegrana ved sidan av fekk eg med den siste klassen eg hadde på Velle, den har etter kvart fått to toppar. Det er ikkje akkurat spennande bilde eg legg ut, men eg er anten på trappa eller på altanen og då begrensar motiva seg sjølv.



lørdag, juni 04, 2016

Dagbok 2016: 4.juni


Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 18 grader og det har ikkje vore ei sky på himmelen i heile dag. Det har ikkje vore ekstremt varmt, for det er eit lite vindgrel frå nord.
Kva har eg gjort i dag? Ikkje mykje. Heiv utover bed og plen restar av gjødsel og vatna nokre bed-fortrinnsvis for å halde kattane vekke.
Nils har klipt plenen ovafor garasjen-DEN plenen er hans, og den mosjonen vil han ha, seier han.
Eg låg på altanen med lydbok ei stund etter at vi hadde ete lunsj.Eg har til denne tid kome gjennom tre av platene på Robert Galbraith si bok "Ondskapens kall". Eg plar seie at eg likar fokusert krim, men denne er den minst fokusert eg har lese til no. For dei som ikkje er orientert kan eg opplyse at forfattaren er den same som har skrive Harry Potterbøkene. Ho skriv krim under psevdonym. 
Etter kvart vart det ein tur på nærbutikken for å supplere matlageret, det er alltid noko ein treng.
Så laga vi middag, i dag vart det fiskekaker frå frysaren med poteter og grønsaker. Det er slutt på mandelpotetene våre no, men vi fekk kjøpt nydelige Pimpernell hos Starheimsvik då han var med bilen sin på torget. Pimpernell er ikkje alltid like gode, men desse var mjølne og fine.
Hadde med ei stund på altanen etter middag også.
Leigebuarane har tatt i bruk det nye bassenget sitt i dag, det stod på varming sist natt. Såg ut til at det funka fint.
No har eg laga litt kaffi på den nye traktaren som vi skal kose oss med. Trur eg gløymde å ønske alle god helg i går, så då gjer eg det i dag. Det er ikkje så stor skilnad på helg og yrke når ein er pensjonist.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...