onsdag, juni 08, 2016

Dagbok 2016: 8.juni

Klokka er 18.20, temperaturen er + 13 grader  og sola skin. Nydeleg vêr i dag også, men det har vore kald nordavind, noko som ikkje er så kjekt, verken for folk eller for det som skal vekse og gro.
Den store hendinga i dag var konserten på Volda vidaregåande skule. Den begynte klokka 11.00 så vi var relativt tidleg i sving i dag.
Om Eirik sin prestasjon er det berre ein ting å seie: Den var berre fantastisk. Han hadde eit relativt variert låtval og fekk demonstrert at han kan synge både høgt og lågt. Han er ekstremt god på dei høge tonane. Amanda song andre stemma på ein av songane "Unintended" (Muse)- Amanda si mørke stemme passar utruleg godt saman med Eirik si lyse . Eg likte sjølvsagt aller best den songen dei song i lag, men synest det var utruleg tøft då han slo til med "The Alabama song"-eigentleg ein gammal tysk melodi av Kurt Weill. Spesielt og flott. No har eg skrytt så mykje at de de trur det er myrsnipebestemora som har ordet. Då får eg legge til at han faktisk fekk 6 i karakter. Og det fortente han!
Konserten var på sjølve skulen og eg var litt redd at vi ikkje skulle finne fram, men hyggelege ungdommar viste veg til kantina, og der sat Lars. Litt etter kom Ingeborg. Margrete kom springande i siste liten, ho har eigentleg fri på onsdagane, men så skal ho ha opp ei gruppe i internasjonal engelsk, så ho var på skulen for å briefe dei som skal opp. Amanda var i lag med dei som skulle opptre. Den einaste vi mangla var Erlend, han var på skulen. Eg kjem ikkje over at vi ikkje var på hans konsert i går.
Vi handla litt på heimvegen. Då vi kom heim att åt vi litt og Nils måtte legge seg nedpå . Eg la meg på altanen med lydbok, men etter kvart vart det så kald vind at eg måtte gå inn att.
Nils har dårleg appetitt, og det er litt av ei oppgåve å finne på noko som kan friste. I dag landa vi på gryterett med ris, og det gjekk bra. No skal eg ha meg ein kaffikopp-kaffi er ein av dei tinga som ikkje fristar mannen.
I morgon skal vi til Åse der han skal ha ny behandling. Så blir det vel nokre trasige dagar før det blir betre.
Songane til Eirik finn de sikkert på Facebook og kanskje etter kvart på You Tube.Ikkje veit eg.

5 kommentarer:

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Beklager at eg surra litt med namna til Eirik og Erlend i tidl. kommentar. Gratulerer med Eirik, han kjem sikkert til å nå langt innan sang og musikk. Kjekt når syskjena har felles interesse i sang og musikk, det bind dei nok ekstra godt saman.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, gjett om eg surrar med namna: Einar, Eirik, Eivind og Erlend. Ja, barna til Margrete og Lars er ein samansveisa flokk. Eirik påstår at Erlend er flink å synge-vi andre har knapt høyrt han ta ein tone. Men han er ein habil "trommis". Amanda håper på å kome inn på musikklinja til hausten. Ho syng, spelar kornett i korpset og spelar også gitar. Ja. det er ikkje meg dei har det frå, men Margrete var jo flink å spele kyrkjeorgel i si tid. Dessverre slutta ho med det.

Margrete Trovåg sa...

Takk for fine ord om ungane! Det hender at eg angrar på at eg sjølv slutta å spele, men det var eit einsamt instrument, og eg var noko sosial. På den tida måtte ein til Kristiansund for å gå musikklinja, og det var aldri aktuelt. Eg hadde musikk valfag i første klasse på vidaregåande, og det var vel det kjekkaste eg gjorde i heile gymnastida. Etter det vart det lite speling på meg.