torsdag, februar 28, 2013

Dagbok 2013: 28.februar

Klokka er 20.30, temperaturen o grader C, og det snøar ute. Ja, det er vel meir det som vi kallar "slaps" som kjem ned frå himmelen, men eg veit ikkje om "slapse" er eit gangbart verb.
I dag har vi hatt fullt program. Var relativt tidlig oppe, så eg vart ferdig med å feste alle trådane på genseren eg strikka ferdi i går, før vi møtte opp på Kulturhuset klokka 12.00 for å lage til for Årsmøte i pensjonistlaget. Så var det ned att klokka 15 for å selje billettar etc. før møtet begynte klokka 16.
Årsmøta er todelte, først underhaldning og orientering, så mat, og etterpå er det årsmøtesaker. Mitt ansvar er å skrive og lese opp årsmeldinga. Noko som ikkje kostar meg så mykje strev.På årsmøta serverer vi karbonadesmørbrød og kake til kaffien.
Elles er eg framleis på opplæringsstadiet som pressefotograf, det er ikkje så enkelt å få gode bilde, reint teknisk. Bildet over er av han som underheldt oss med song og gitarspel i dag. Han heiter Øystein Dahle Egset. No har vi slappa av med 4-stjernes middag. På TV.

onsdag, februar 27, 2013

Dagbok 2013: 27.februar.

Klokka er 21.00, temperaturen ute ca +4 grader C. Først på dagen var det fint, klårt vêr, men så skya det over.
Nils for på sjøen før middag, men vart ikkje så lenge borte. Fisken var ikkje så ivrig å bite og så begynte det i tilleggg å blåse. Men det vart kokt småsei i dag, og så har vi eit par måltid med steikt sei. Kjell var med i dag, så har slapp å fare åleine.
Mens Nils var vekke tok eg like godt å støvsuga og vaska til helga, noko som eg ofte gjer om torsdagane. Men denne veka er det pensjonistmøte på torsdag, så då går det meste av dagen med.
Det er årsmøte, og eg har sagt ja til gjenval, synest det er greitt å vere sekretær, så har eg ei definert oppgåve.
Heile ettermiddagen og kvelden har eg site og strikka, først framfor datamaskina med lydbok, og etterpå framfor TV-en. No har eg strikka ferdig siste erma, og har berre att å feste trådar. Det var kjekt å strikke noko anna enn lestar og huer etc. Har begynt på Per Petterson si bok "Jeg nekter"- forfattaren er ein favoritt.
I morgon må eg prøve å ta nokre bra bilde på møtet. Eg må kanskje øve meg litt på Nils i kveld?
Og så vart det prøvefotografering i sjangeren "Portrett av gemlisar".

tirsdag, februar 26, 2013

Dagbok 2013: 26.februar

Keira Knightley som Anna Karenina
Klokka er no 19.00, temperaturen ute er + 4 grader; det har vore lettskya fint vêr i dag. Ikkje sol, men fint. Så mykje finevêr som vi har hatt denne vinteren kan eg aldri hugse å ha opplevd før, verken sommar eller vinter. Kaldt har det rettnok vore, men lite nedbør. La gå at eg heller ville hatt det fine vêret i sommarhalvåret, men velje får ein likevel ikke.
Eg lever eit luksusliv for tida. I dag har eg ikkje gjort stort anna enn å vaske håret og gå på kino. Vi skifta namn på filmtilbodet frå Pensjonistkino til Dagkino, og no kjem her enda mindre folk enn før. Trur vi var 5-6 menneske der i dag.Men filmen blir køyrt om det så er berre ein person som møter fram. Fordelen er at då får ein fritt velje plassar. I dag sat vi midt på rad 13, og det var perfekt- for meg i alle fall. Fekk med heile bildet utan å snu på hovudet. Det var den nye filmen om "Anna Karenina" vi fekk sjå; eg meiner at eg har sett ei filmatisering av boka ein gong før. Har i alle fall lese boka to gonger. Filmen vart ei ny oppleving, med utradisjonell filming og høve til mange tolkingar. Hovudpersonane hugsa eg frå boka, men bipersonane hugsa eg ikkje så godt. Eg var glad for at eg var budd på overgangen mellom film og "teaterscene"-elles kunne eg kanskje blitt forvirra. Neste dagkino for pensjonistar er 6.mars, då viser dei den norske filmen "Victoria" etter Knut Hamsun sin roman.(Som eg sjølvsagt har lese). Dei to siste åra har vi gått relativt mykje på kino, og ein til vil eg i alle fall ha sagt: "Film er best på kino."
Elles fekk eg melding på mobil i dag om at dei på biblioteket hadde lagt til side ei bok eg var interessert i, nemlig Per Petterson si  "Jeg nekter". Det var biblioteksjefen som hadde sett på FB at eg hadde lyst å lese den. Eg har lese dei fleste av PP sine bøker, best likte eg "Ut å stjæle hester", som eg har lese to gonger. Det å ha tid til å lese bøker er også ein luksus, og det at eg kan lese med øyrene i staden for augene er ein fordel for meg på alle måtar, og så kan eg strikke eller gjere noko anna samtidig. Multitasking er i tida.
Måtte rekke opp litt av strikketøyet mitt i går, elles hadde eg vore nesten ferdig no.
Torsdag er det årsmøte i pensjonistlaget, men i mars inviterer Rotary og Inner Wheel til festmøte, og alle pensjonistar er fri både før, under og etter møtet. Det blir reine ferien.

mandag, februar 25, 2013

Dagbok 2013: 25.februar


Klokka ersnart 16, sola steiker frå skyfri himmel som ho har gjort i heile dag. Temperaturen i skuggen er+ 5grader.(Ingen måler vel temperaturen i sola?)
I dag har vi hatt ein rekardag. Først var Nils nedover åleine og kjøpte stikkontakt hos Clas Ohlson. Så var vi ned på Amfi begge to, og eg kjøpte "brødbok" på sal- eg er litt treig når det gjeld brødbaking, så eg treng noko som motiverer.
Sidan det var altfor fint vêr til å halde seg inne, tok vi ein biltur til Rjåneset, der Nils skulle vaske litt på båten, og eg luska rundt med kamera som vanlig. Nede i krysset her var det stor aktivitet med trefelling, og då vi stoppa og snakka med karane, viste deg seg at det var same gjengen som hadde vore hos Margrete ved juletider. Dei jobba for Tussa. Den eine var ein tidlegare arbeidskamerat til Nils.
Då vi kom tilbake frå Rjåneset, viste det seg at naboen hadde felt den store sypressen sin; om det var same karane som hadde tatt den, veit eg ikkje.Eg likar at det minkar på trea rundt omkring, vi har skogen ganske nær!
Grunnen til at det ikkje vart nokon skikkelig spasertur med oss i dag, var at eg ikkje er heilt god i hofta, treng kviledagar innimellom. Og når eg fotograferer så mykje, er det for å lære meg.Dei to øvste bilda er tatt med det gamle knipsekameraet mitt.
Badestrand i februar!
Den gamle bade- og soleplassen vår, frå før stien vart laga, og mens ferja enno passerte kvar halvtime.

Neste gong vi fer ut dit i finevêr skal vi ha med oss kaffi og kose oss her.
 
 

søndag, februar 24, 2013

Bok nr.9 - 2013: Blodtåke.

Blodtåke
Dette er Thomas Enger si tredje krimbok om journalisten Henning Juul. Eg trur ikkje at eg har lese dei to første, men sikker kan eg aldri vere. Vanlige krimbøker er ikkje noko som festar seg.
Når ein les lydbøker er det viktig at opplesaren er flink, det kan gi ein ekstra dimensjon til boka, og narre oss til å tru at boka er betre enn den i røynda er. Christoffer Staib les godt og har ei behagelig stemme, det skal han ha.
Thomas Enger er utdanna journalist, og han skriv godt, men utan dei heilt store overraskingane når det gjeld språk. Godt handverk, vil eg seie. Eller som eg las ein stad-"han er en god krimsnekker."
Her er mange personar innvolvert i historia, og den eksterne fortellestemma flyttar seg frå den eine til den andre. Men det er inga sak å henge med, for det heile er så ryddig komponert.
Her er meir enn eitt brotsverk, og her er saker som går tilbake i tid, til dei bøkene eg ikkje har lese. Men oppklaringa av det som skjer får vi. Boka er heilt grei, men den tar liksom aldri heilt av. Det blir litt for puslete, litt for "skikkelig" over det heile. Sjølv om eg personlig set pris på at det nesten ikkje finst banning i boka.

Dagbok 2013: 24.februar.

Klokka er 15.30, temperaturen ute er + 3 grader og vêret er framleis nydelig, slik det har vore det meste av vinteren. Det er så ein kan få lyst å legge seg til bruning på altanen, men temperaturen held ikkje til det.
I dag hadde vi tenkt å gå på ein skogsveg som blir kalla Kanalvegen, men dessverre var der vel mykje snø, så vi køyrde ut til PER-MEK, sette bilen ifrå oss og gjekk Hagevegen utover. (Det er gamlevegen til Ålesund). På Setre er det veldig fint på denne tida av året, trur ikkje nokon andre har så mykje sol som dei der ute. Vi trefte mange vi kjende , så det vart mykje prat. Det er som om alle kjem ut av hiet slike dagar. Eg var ikkje god i hofta, så eg trudde ikkje eg hadde klart å gå så langt, men det gikk betre enn forventa. Då vi kom heim og eg vart ståande ute på vegen og prate med diverse naboar, gikk Nils inn og steikte flesk og egg til lunsj. Middag blir det kanskje ut på kvelden.
Nils ser sport på TV, det gjer ikkje eg, så eg skal ha meg ei stund med lydbok. No har eg berre att ei erm, så er genser nr.2 også ferdig. Så får dei seie ifrå dei som ønsker seg noko- for eksempel ein genser, for no er eg i siget.

lørdag, februar 23, 2013

Dagbok 2013: 23.februar

Klokka er snart 17.00, temperaturen er +3 grader på baksida av huset, og det har vore ein strålande dag.
No har  eg vore bra så lenge at det var heilt uventa at eg begynte å verke i hofta i går kveld etter at vi hadde gått tur. Var ikkje særlig mykje betre i dag tidlig, så eg bestemte meg for å ta det rolig i dag, til tross for at det var fristande å gå ut i finevêret. Eg har ikkje verkt så mykje i dag, så det går vel over. Eg har brukt dagen til diverse huslige syslar; bytta på sengene, vaska og hengt ut klede, rydda og styra litt på kjøkkenet etc.
Eg er ikkje den som les altfor mykje i kokebøker og prøver nye rettar, men ein ting synest eg er artig, og det er å prøve og koke suppe på ein spikar. Det gjorde eg i dag. Suppa laga eg etter prinsippet "Man tager hvad man haver". Eg hadde nokre ganske inntørka skalkar av ymse spekepølser som eg skar i små bitar og kokte i lag med 2dl raude linser, ein halv løk, ein heil kvitløk (kinesisk) eit par stilkar selleri, eit par-tre gulrøter, eit par grillpølser, bulliongterningar. Salt og krydder var der nok av i spekepølsene, så smaken ordna seg sjølv.
Nils vart overraska over kor god suppa vart. Eg laga noko liknande ein gong før, då hadde eg noko tørr morrpølse. Vi prøver framleis å gjere kål på lageret vårt av alt mellom himmel og jord. Men i går kjøpte vi inn nakkekotelettar som vi steikte til kvelds og åt med ris oh karrisaus frå glas. Det er litt irriterande at slike glas alltid er så store. Eg tvilar på om vi får i oss all den sausen. Men godt var det.
Nils for til Volda på "Vardebrenning"-det er visst ein protest mot oljeboring i Lofoten eller noko slikt. Eg kunne ha vore med viss eg ville, men valde å vere heime på grunn av at eg gjerne vil bli heilt bra. Eg har strikka litt og høyrt lydbok. Då eg skulle legge bilde inn på laptoppen, nekta den å fungere, så no får vi vel eit problem. Det mest irriterande er at eg har mykje bilde liggande der."Papir" har eg på den stasjonære PC-en, men eg skulle absolutt hatt ein ekstern harddisk og tatt back-up av altsom er viktig. Dei har visstnok på Clas Ohlson til ein rimelig pris. Mitt problem er at eg ikkje er særlig flink med det tekniske.
No skal eg strikke litt til og høyre bok for det brakar laus i TV-en.
PS: Fekk laptoppen til å virke igjen. Eg drog ut ledningen og let den kjøle seg heilt ned.(Den HAR underlag med vifte).

fredag, februar 22, 2013

Dagbok 2013: 22.februar

Klokka slo akkurat seks (18), temperaturen ute ligg på 0 grader , det er klårt og fint, berre lette skyer.
I dag hadde vi ikkje så mykje på programmet, men vi hadde eit ærend på apoteket, så det vart ein liten tur på Amfi, der vi trefte mange vi kjende, som vanlig.
Då vi kom heim, var det altfor fint til å gå i hus, så vi gikk ein tur den vanlige ruta. Eg hadde med meg kamera for å øve meg, men bilda vart nokså ubrukelige, trur det har noko med sola å gjere.Bildet over viser byggeaktivitet i Millionærsvingen. Ein annan stad var det ein mann som saga sund graner til ved etc. så vi fekk ei kjensle av vår etter ein lang og stilleståande vinter.
Heime att vart det ein kaffikopp og ei brødskive, så middag har vi ikkje hatt enno. Eg har slappa av med lydbok på sofaen. No skal eg gjere ferdig noko "kontorarbeid"; det er tid for årsmøte i pensjonistlaget i veka som kjem, og det følgjer litt arbeid med. Så blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden.
I dag fyller barnebarnet Audun 23 år, han held framleis til i Oslo og studerer jus. Han har nylig vore til Cuba på studietur.
Vi gratulerer Audun med dagen og ønsker alle ei god helg.
Audun til høgre.

torsdag, februar 21, 2013

Dagbok 2013: 21.februar


Klokka er 13.15, temperaturen +3 grader C; det er overskya, men opplett.
Eg ha nettopp gjort meg ferdig med "fredagsvasken", som eg oftast tek på torsdag, og måtte kvile meg litt framfor datamskina. Nils driv og styrer med ymse greier ute og i garasjen. Fisk for eksempel. I dag skal vi ha steikt sei til middag.
I går ettermiddag var vi samla hos Margrete og fekk herlig lasagne (heimelaga), salat og foccaiabrød (som Lars hadde laga). Til dessert hadde vi kaker og kaffi.Og karamellpudding, som var Solveig sitt bidrag til "festen". Det kjem vel med å ha eit stort bord, i går var vi 13, men der var plass til fleire.
Solveig, Øystein og Olaug kom frå Hareid, dei var med opp at hit fordi dei skulle ta Einar sin bil med ut att. Solveig hjelpte meg med å rekke opp den genseren som var for lang- nedanfrå. Ho trudde ikkje eg hadde rette tolmodet til det, og det hadde ho vel rett i.
Som de veit har eg skrive mykje på bloggen om Ferdinand Finne-tallerkane eg har kjøpt-i alt ni. Solveig hadde vore inn på butikken og sikra seg to nydelige skåler som høyrer til serviset, og dei hadde ho kjøpt i fødselsdagspresang til meg. Den øvste skåla er større enn den nedste, det kjem ikkje så godt fram på bilda. Den eine kan stå oppi den andre.Det vart til at eg fekk gåva i går-i staden for at vi venta til påske. No kan eg altså dekke med dette fine serviset til 9 personar.
I dag vil vi gratulere Henning på Eid med dagen. Og sjølvsagt også hans majestet kong Harald.( Eg er ikkje heilt sikker på om han les bloggen min.) No skal eg steike fisk.

onsdag, februar 20, 2013

Dagbok 2013: 20.februar

Klokka nærmar seg 13.00, temperaturen ute er +4 grader C, det er lettskya og fint vêr.
Lite og ingen ting er blitt gjort så langt i dag. Meininga var at vi skulle på Dagkino  og sjå Lincoln, og så ein tur inn til Margrete etterpå. Men då vi såg at filmen skulle vare i 2 1/2 time endra vi planane. Ein rekk ikkje over alt, så då må ein prioritere.
Vi skal ein tur på butikken også.Og filmen kjem til å gå fleire gonger.
Nils har helde til i garasjen mykje av føremiddagen. Han har filetert fisk og male opp, så Solveig skal få noko å lage fiskemat av. Dei skal også inn til Margrete i dag; så det blir stort familietreff - før Ingeborg skal på "jordomseiling " neste månad.
Det er lenge sidan vi har vore den inne no, det blir helst dei som kjem hit, sidan det meste går for seg på vår side av fjorden.

tirsdag, februar 19, 2013

Dagbok 2013: 19.februar




Klokka har passert 18.00, og vi er nettopp komne inn frå ein liten tur rundt Storebakken. Temperaturen er no + 1 grad C og vegane er berre, så det er lett å gå.Men sjølvsagt saknar eg sparkeføret. I dag har vi hatt all slags vêr, frå tjukk skodde om morgonen, til sol og blå himmel ei stund midt på dagen, og lettskya og fint no i kveld.
Nils for på sjøen i dag tidleg i 9.30 tida og kom heim med ein del småsei og nokre litt større. Det vart kokt småsei til middag i dag. Eg har styrt litt med å dampe strikketøyet mitt, og strikke litt meir. Så fann eg ut at eg ville ta opp att noko, så det  skal eg strikke om att i løpet av kvelden. Blir litt tung i hovudet av å sitte slik å "naure", så det gjorde godt med ein tur ut. Eg treng ikkje stresse med den strikkinga, det er ingen ting som hastar; men det er slik eg er- alt skal bli ferdig og det i ein fart.
Eg har hatt det nye fotoapparatet med meg på turen i kveld, må prøve ut diverse lysforhold m.m.


mandag, februar 18, 2013

Bok nr. 8 - 2013: Døden kommer til Pemberley

Døden kommer til Pemberley
"Krimdronningen P. D. James er bare 92 år gammel - og må åpenbart ha hygget seg over å skrive denne lille boken. Den er vel nærmere en roman enn en kriminalbok, fordi P.D. James gjør seg slik flid med miljøskildringen.
Hun tar fatt seks år etter at Mr. Darcy og Elizabeth giftet seg, de har to barn. Søsteren Janes familie bor like ved, og det er fryd og forventning i luften kvelden før det tradisjonsrike Lady Anne-ballet. Så kommer et uventet og dramatisk besøk, en mann blir myrdet på Pemberley-eiendommen."
Dette er henta frå nettet, og der har boka fått terningkast 6.

Eg er ikkje medlem av Jane Austens fan-klubb, men eg har då lese eit par bøker, og ikkje minst sett filmar/seriar på TV. Bøkene hennar synest eg rett og slett er kjedelige, men sett ut frå tida dei er skrivne i, les ein dei på ein spesiell måte, og med ei viss interesse.
Jane Austen vart fødd i 1775 og døde i 1817. Boka "Stolthet og fordom" skreiv ho i 1813, så den er 200 år gammal i år.
Og no har altså den 92 år gamle forfattaren P.D  James skrive eit framhald av historia. Noko som eg kallar risikosport. Eg synest boka hennar var ganske kjedelig, men den tok seg opp mot slutten.Og eg trur den er svært lik Jane Austen si bok både i form og innhald. Det nye er "mordet". EG trur at dei som er betre kjende med Austen sine bøker vil finne eksperimentet meir interessant enn eg gjorde. Men at ei 92 år gammal dame vågar seg utpå glattisen på denne måten, må ein berre beundre.
Så får alle fans berre unnskylde at eg ikkje diggar boka.

Dagbok 2013: 18.februar


Klokka er 13.30, temperaturen ute er + 3grader C; det er skodde og regn. Vêret fristar ikkje til uteliv akkurat, med slapsete og isa vegar.
Eg har halde meg inne heile føremiddagen, har vaska og rydda rundt på kjøkkenet, samt tatt nokre skuffer. Det er slutt på den tida alt blei rydda og vaska på ein og same dag. I dag var eg litt uvanlig ivrig, sidan eg hadde ein ferdigstrikka genser liggane, der ørten trådar skulle festast. Men jammen fekk eg gjort det også. Då er det greitt å sitte framfor datamaskina og høyre lydbok.No skal eg strikke eit par ermar, så har eg ein genser til.
Vi har bilen til Einar ståande her, mens han er i Tyrkia, og Nils nytta høvet til å vaske den i dag; men med dei vegane vi har no, er den vel nesten like skiten når dei har køyrt den til Hareid.
Middagen i dag blir rett og slett ein oppvarma rest frå i går. Nokre spør etter oppskrift på erter, kjøt og flesk. Leitte på nettet og fann eit par, men det er eigentlig ein rett der ein tek det ein har i hus, det ein likar  etc.
Vi brukar å bløyte gule erter og fryse i porsjonar, elles må ein hugse å legge ertene i vatn kvelden før. Salt kjøt og flesk legg ein også i vatn på førehand. I går hadde vi pinnekjøt og salta svineribbe. I tillegg skal det vere løk og gulrot i suppa+ skiver av kålrabi og heile poteter. Ein har ingrediensane i etter kvart, først det som skal ha lengst koketid, sjølvsagt. Ved servering legg ein kjøt, flesk, kålrabi og poteter på fat og et det på flate tallerkar. Suppa et ein ved sidan av. Vi tek litt suppe til saus over potetene. I staden for pinnekjøt og flesk, kan ein bruke salta knokar, salta oksekjøt, pølser,; det ein har og det ein likar. Her kan ein prøve seg fram. Det er alltid kjekt å eksperimentere litt. Viss ein vil, kan ein også ha klubb/ ball attåt, då kan ein ev. kutte ut potetene. Bon apetit.

søndag, februar 17, 2013

Dagbok 2013: 17.februar.

Klokka er snart 17.30, ute er det skodde, regn og grått. Temperaturen er + 2   grader C. Vi har vore velsigna med mykje fint vêr i vinter, sjølv om det har vore litt kaldt somme dagar. Vi har hatt mykje sol og lys, så ein får ein liten "dett" når det brått slår om til gråvêr. Får ikkje lyst å gå ut i alle fall. I dag har eg for det meste site og strikka. Nils har svinga opp med erter, kjøt og flesk til middag. Det var vanlig søndagsmiddag den tida han vaks opp på kysten. Den tida dei ikkje hadde fryseboks og knapt nok elektrisk lys. Det året eg budde i Solund hadde vi denne retten kvar søndag, og eg synest framleis det er kjempegodt. han ser sport på TV i ledige stunder og oppdaterer meg om diverse medaljar. Har ei bok på øyret innimellom men har ikkje fått opp interessa enno, så det går treigt.
Bildet tok eg frå altanen nettopp, prøver å teste ut apparatet under alle forhold. Det var såpass mørkt at blitzen gikk av.

lørdag, februar 16, 2013

Dagbok 2013: 16.februar

Klokka nærmar seg 15.30, og Nils han benka seg framfor TV, det er han vel unnt, berre eg slepp å sjå sport på TV. Eg er meir enn fornøgd om eg får vite resultata. Ute er det overskya, opplett og +4 grader C. Snøen smeltar.
I dag var Nils tidlig oppe for å køyre Einar på flyplassen, han skaulle til Tyrkia på "jobb", dvs. at han reiser i lag med fotballaget HØDD. Bilen sette han att her hos oss, for å sleppe å ha den ståande på flyplassen.Nils har planar om å vaske den !
Vi hadde ingen store planar for dagen, og ikkje var det mykje vi trong heller, berre tannkrem og gulrot. Vi gløymde å kjøpe gulrøter.
På Amfi trefte vi mykje kjentfolk som vanlig, blant anna Ruth og Harald.Vi stod lenge og prata med dei. Eg ville sjå inn på glasmagasinet og sjå om der var fleire gode tilbod, og då står der altså 4 tallerkar, same sort som dei eg kjøpte torsdag. Eg trudde det var dei fem siste eg tok då. No hadde dei fylt på, og ein av naboane hadde også kjøpt av dei. Torsdag stod der 329,- kr som førpris, i dag stod det 198,-kr på prislappen, og det var framleis 70% avslag. Men eg er ikkje direkte LUR, så eg gjorde ekspeditrisa merksam på "feilen"-  så dermed fekk eg ikkje tallerkane like billig som naboen. Men no har eg altså 9 stk. og det gir muligheit for å bruke dei når vi har gjester også. Så pytt, pytt! Easy come, easy go!
Så kika vi opp på Fugl Føniks slik vi plar gjere om laurdagane, og i dag var der ledig plass, så vi kjøpte noko som får duge som lunsj. Men ikkje eit einaste menneske vi kjende var der i dag, litt snippe å gå på kafe berre vi to -  i heimbygda. Greitt nok når vi er ute og reiser.
Hadde lyst på litt nye blomster, og i dag avstod eg frå orkide og kjøpte ein Flamingoblomst i staden. Har ein som eg har fått av Margrete og den har stått fint i årevis. Eg må satse på blomster som trivst her i stova vår. No skal eg lese litt i boka eg lånte på tordag, har ikkje kome skikkelig i gang enno - og veit ikkje om den kjem til å fenge heller. Og så har eg strikketøyet mitt. Og TV. Apropos TV. Eg likar godt å sjå Quiz-Dan (mens vi tek opp Idol)- og Dan Børge snakkar både høgt og tydelig, så eg treng ikkje tekst. MEN-  - med det same han skal lese opp spørsmåla, set det på bakgrunnsmusikk ! Kan nokon forstå kvifor? Det er i alle fall eit kjempeproblem for alle som høyrer dårlig. Dessutan er det ikkje kjekt å ha teksten på, sidan det er mykje anna på skjermen som skal lesast. Alle TV-kanalar gjer noko liknande, NRK har vore litt betre, men ikkje no lenger.

fredag, februar 15, 2013

Dagbok 2013: 15.februar

Klokka er snart 16.00. Ute er det lettskya, opplett, men ikkje sol. Temperaturen er + 3 graderC akkurat no. Nils driv og spyler bilen, han har fått vatn i slangen, den har vore frosen det meste av vinteren. Tidlegare i dag fekk eg pussa stuevindua både innvendig og utvendig- og det var i høgste grad nødvendig.Det er berre det at når den låge sola ev.kjem fram, ser det nok ikkje bra ut.
Til jul skulle eg kjøpe eit slips til Nils. No er det ikkje ofte han går med slikt, men eg syntest han burde ha eit som stod til den fine, lilla skjorta han hadde fått av Margrete. Eg gikk i all hemmeligheit inn på butikken der skjorta var kjøpt, for å finne det heilt rette slipset. Skjorta hadde dei ikkje lenger, så eg måtte bruke hukommelsen. Eg veit ikkje kva andre synest, men eg meiner eg trefte blinken. Då han fekk det i gåve, sa han berre noko slikt som at det skulle han ha på seg i neste gravferd. Og slik vart det. Det er sjeldan han pyntar seg så mykje at slipset kjem fram, men i dag var han altså i gravferd til ein tidlegare arbeidskamerat, og DÅ tok han slipset på seg.
Eg har vore heime i dag. Har strikka litt, og så laga eg tidlig middag. I dag laga eg sei i kvit saus. Då lagar eg vanlig kvit saus med litt løk og paprika i, og let relativt små fiskebitar trekke i sausen til dei er kokte. Nils likar godt denne retten, og så er det ei avveksling frå steikt sei.
Eg har problem med å bruke det nye kameraet mitt, så eg må ha eit kurs før neste møte i pensjonistlaget. Eg har ein nabo eg kan kontakte, og så har eg to fotokyndige døtrer.
I dag vil eg ønske alle ei god helg, og god ferie til dei som det skal ha. På FB skreiv eg at eg har vinterferie heile året, det skreiv eg med VILJE- ikkje av vanvare. Sommar er det lenge sidan vi har hatt.

torsdag, februar 14, 2013

Bok nr.7 - 2013: Der hvor roser aldri dør.

Les mer om Der hvor roser aldri dør
Stålesen er ikkje min favorittforfattar, men der er mykje eg likar med bøkene hans om Varg Veum. Det vil seie LYDBØKENE. Opplesaren Lasse Lindtner løfter teksten mange hakk. Han spelar heile persongalleriet med dialektar frå det finaste Bergens-mål til stiledialekt.
Eg likar også forfattaren sine skildringar av personar og miljø, du ser personane og miljøet rundt dei så tydelig for deg.
Språket er også interessant, med mange gode og treffande bilde. Han vrir og vrenger på vanlige seiemåtar så det er ei fryd, som for eksempel når verten for hospitset seier:"Jeg kjenner mine plattenslagere". Men av og til blir det litt "too much".
Sjølve krimgåtene er ikkje alltid like gode, denne boka er kanskje av dei betre.
Når det gjeld Varg Veum, så likar eg ikkje filmane, bøkene berre sånn passe, men lydbøkene kan vere god underhaldning.

Dagbok 2013: 14.februar.

Klokka er 14.30. Temperaturen er + 3 grader C, det er overskya og opphaldsvêr.
I dag var vi nokså tidlig opp, så vi fekk både vaska og støvsuga før vi tok ein tur til Vik. Til vanlig brukar eg å gjere slikt arbeid "sjølv", men i dag fekk Nils lov å støvsuge, for her var i grunnen ikkje så skite.
Vi hadde ærend på biblioteket og mangla litt av kvart også. Vi trefte masse kjekke folk på Amfi i dag, så det vart mykje prat. På glasmagasinet sel dei ut alt med opp til 70% rabatt. Butikken skal bort og Femina skal inn. Då blir det dårlig med tallerkar etc. i Ørsta. Det gule sitronserviset til Ferdinand Finne har eg ønska meg lenge, og eg har angra at eg ikkje kjøpte det til minus 70 % i Kongsberg i fjor. Men no var det kome til den prisen her. Der var berre 5 tallerkar att, men eg likar å ha litt å variere med i kvardagen, ein treng ikkje å ha 12 av alt. Skåler og fat treng eg ikkje, men for dei som har noko før, kan det vere greitt å supplere. Tallerkane kosta 329 kr stk. ordinært.Der var mykje fint på sal, men i dag gjekk det unna. ( Eg skulle trene på nærfotografering med speilrefleks, men så var batteriet tomt, så bildet er tatt med det gamle kameraet).
No har eg steikt svinekotelettar til middag, men dei blir servert på gamle tallerkar i dag.
I dag er det Valentins dag, og også fødselsdagen til ein kjær nabo som gikk bort sist haust. Dresden blei bomba på 5-årsdagen hans. Kona hans var fødd same året, den 6.august. Så kan de finne ut kva som hende på hennar 5-årsdag. 

onsdag, februar 13, 2013

Dagbok 2013: 13.februar

Klokka er snart 17.00. Vi har hatt ein nydelig dag, og no når sola er borte, gikk også temperaturen ned til minus 2 grader C.
Eg har ikkje vore så overvettes aktiv i dag heller. Mykje av føremiddagen gikk med til diverse "kontorarbeid". Sidan vi hadde vore relativt tidlig oppe, laga eg middag tidlig også. I dag hadde vi god, men nokså usunn mat; pannekaker med bacon og blåbærsylte. Eit lite plaster på såret, sidan eg gløymde feitetysdagen i går.
Då pannekakene hadde lagt seg til ro i magen, tok vi oss ein tur ut i sola. Det blei ikkje så lange runda, hadde litt gangsperre etter i går. Men ein liten tur er betre enn ingen tur. Og no er det vel slutt på fineveret for denne gong.
Elles kosar eg meg med lydboka "Der hvor roser aldri dør" og strikketøy.
Neste onsdag er det Dagkino her i Ørsta. Då viser dei filmen "Lincoln" kl.14.00.Alle som har lyst kan kome.

tirsdag, februar 12, 2013

Dagbok 2013: 12.februar

Klokka nærmar seg 15.00 og middagen er snart ferdig. Det er overskya og minus 1 grad C på trappa vår.
Nils trua med at det var siste dagen med godt sparkføre, så vi bestemte oss for ein tur i Nupen før middag. Eg sparka mens han gikk på føtene. Nypen er siste garden  på vegen fram til Vallasetra.
Og kva fann vi då vi kom fram dit? Ein flott sjark langt frå sjø eller vatn. Nils saumfor den nøye og kom til at den var laga av eiketre. Han kunne nok tenkt seg ein slik, ja. Men det er mykje vedlikehald på slike båtar.

Heimvegen gikk forbi huset til ei veninne frå Pensjonistlaget. Ho ropte oss inn og vi fekk både kaffi og ein god prat. Ho er 80 år og sprek som ein fole.Ho fekk sitt 7.oldebarn i går, og hadde bilde av den vesle jenta på iPad-en som ho hadde fått til jul.
Kan ikkje seie anna enn at eg saknar sola. Det vart råkaldt i dag, samanlikna med det å gå tur i solskin. Hadde berre "knipsekamera" med meg i dag. Det har eg i lomma støtt når eg går tur.
No er middagen ferdig.

mandag, februar 11, 2013

Dagbok 2013: 11.februar

Klokka er snart 13.00. Då vi stod opp i dag var det klårt og skikkelig kaldt. Men det varte ikkje lenge før det kom lette skyer frå aust, og no er temperaturen oppe i minus 2 grader på trappa vår. Nede i Vik var det minus 8 grader C.
Nils skulle på legesenteret og ta nokre prøver i dag, og mens han var borte, såg eg "Halvbroren" på data. Faktisk synest eg det er veldig greitt, og lett å konsentrere seg framfor dataskjermen. Grunnen til at eg måtte sjå episoden om att var at tekstinga fall ut i går, og då vart det for meg som å sjå stumfilm - skjøna lite og ingenting. No må eg berre enda ein gong skryte av denne fantastiske serien. Noko av det beste som har vore laga for norsk TV. Eg er særlig imponert over "Frank".
Eg måtte til Vik i dag og skaffe meir garn til strikkeprosjektet mitt. Så tok vi ein tur ut og "såg etter båten" med det same, og eg fekk gå ein liten rask tur på stien. Nils hadde med seg fiskestong og skulle prøve å fiske opp att kleppen som han miste på sjøen sist han fiska, men i dag var det is på hamna. Eg har (nesten) alltid knipsekameraet i lommen og tek litt bilde.
No skal eg lage blomkålsuppe og litt anna til middag. Vaskemaskina gjer jobben med klesvasken, så det er ikkje all verda å gjere for husmora.

søndag, februar 10, 2013

Bok nr.6 - 2013: Ildmannen

                                     Vinnar av Rivertonprisen 2011.

Denne boka vart med heim ved eit mistak. Eg brukar å prøve å unngå denne opplesaren, nemlig.
No har eg likevel lese ferdig boka utan at eg har hatt så stor glede av den. Og etter å ha lese siste plata, sit eg som eit spørsmålteikn- der må vere ei plate til. Eg leitar. men nei, det ER slutt. Ja, eg forstår jo kva som har skjedd, men eg likar best at bøker har ei avslutning.
Eg likte ikkje denne boka, og den passar ikkje så godt som lydbok. Fokus er snart på den eine, så på den andre av personane, noko som er litt forvirrande når ein ikkje har ein skriven tekst å støtte seg til.
Eg ser at boka har fått Rivertonprisen, så det er kanskje meg det er noko i vegen med. Andre har i alle fall likt den betre. 
No skal eg lese siste Varg Veum, ikkje min favoritt, men eg likar i alle fall å høyre på Lasse Linthner.

Dagbok 2013: 10.februar.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er minus tre grader C, og det er lettskya. I dag tidlig var det klårt,men det varte ikkje så lenge før det kom lette skyer på himmelen. Vêret har vore fint, men i dag kom eg meg ikkje ut.
Var litt skrøpelig i hofta frå morgonen av, men er bra no. Har vore relativt mykje på farten i veka som gikk, så det var greitt å halde seg heime i dag. Rydda litt ekstra på kjøkkenet og så steikte eg sei til middag. Same kor ofte vi har steikt sei, så er det like godt kvar gong. Og så er fisken ekstra god før han har vore frosen.
Elles har eg fått eit par telefonar, og så har eg strikka litt mens eg har høyrt på lydbok.
Noko feiring av morsdagen har vi ikkje hatt, men skeia ut med is til ettermiddagskaffien. Det er snart vinterferie på skulane, så då er det planlagt forseinka feiring av både den eine og den andre. No er det alt mørkt ute.

lørdag, februar 09, 2013

Dagbok 2013: 9.februar


Klokka nærmar seg 16.30. Sola skin, som ho har gjort heile dagen. Ute er temperaturen minus 4 grader C. (I sentrum er det minus 9 grader).
I dag reiste vi til Volda på konsert i kyrkja. Det var musikkskule-elevar som var i elden. Margrete, Ingeborg og Amanda måtte fare med det same Amanda var ferdigspelt, for ho skulle vidare på ballettkonkurranse i Ørsta. Vi fire besteforeldra sat att. På heimvegen handla vi litt mat på Spar, det var ikkje mykje vi trong.
Eg var veldig frostig i dag, så etter ein kopp kaffi og ei brødskive tok eg meg ein relativt lang sparktur: Opp Storebakken og ned att Fonnavegen først. Så fekk eg sjå ein mann med hest og slede ikkje så langt framme, så eg prøvde å nå att ekvipasjen. Men då eg var på skothald langa hesten ut, så eg fekk knapt nok med med halen på bildet eg skulle ta. Tok ein tur fram på Tømmerbakkane, mens eg tenkte tilbake på den tida dette var skulevegen vår. Solveig, Rasmus og eg sykla denne vegen til og frå skulen i 2-3 år. (Bilda).
På tilbaketuren fekk eg selskap av ein mann eg kjenner, for øvrig bror til henne eg gjekk tur med ein dag før i veka.No er det like før sola tek kvelden, men dagslyset varer enno ei god stund. Håper alle har det godt og varmt og slepp å fryse.
PS: Margrete og jentene var oppom som snarast etter balletten.

fredag, februar 08, 2013

Dagbok 2013: 8.februar

              Olavsgata ca klokka 14.00. Mørke skyer inn frå vest.

Klokka er no ca 15.00, temperaturen er minus 2 grader og det held på å skye over. Tidlegare i dag var det strålande kaldt. Vi var til Vik ein tur, der var det minus 9 grader, men då vi kom heim var her minus 3. Sola gjer sitt. Slikedagar seg eg bort til Melle der vi budde før og minnest dei iskalde, sollause vintrane i eit gammalt hus. No er vi på solsida, og takk for det!
I dag har det ikkje blitt gjort mykje, berre litt husarbeid og så ein liten handletur. Då vi kom heim monterte Nils opp sparken så eg fekk meg ei runde i nabolaget mens sola var framme. Han har ikkje noko mein etter dukkerten i går, vart ikkje kald eingong.
No vil eg ønske alle ei god helg.
Her ser vi opp til huset vårt (raudt) frå Olavsgata.

torsdag, februar 07, 2013

Dagbok 2013: 7.februar.

Klokka er no 18.30, og temperaturen ute er minus 7 grader C. Det har vore ein utrulig nydelig dag, og sidan eg har vore i nærleiken av heimen heile tida, kan eg melde at vi no har sol heile dagen, frå klokka 9.45 til 16.20. Sola varmar ute, men mest inne.
I dag reiste Nils på sjøen rett etter frokost i lag med fiskekamerat Kjell.
Eg nytta tida han var vekke til å støvsuge og vaske heile leilegheita, så er det gjort til helga. Deretter sette eg meg ned og skreiv referat frå styremøtet i går.
Eg hadde eigentlig tenkt meg på sparktur i dag, men sidan Nils ikkje var heime og kunne montere opp sparken, gjekk eg tur på føtene. Med broddar og fotoappaarat. Hadde ein liten prat med ein fotokyndig nabo før eg gjekk, og fekk gode råd med han.
Eg gjekk som vanlig opp Storebakken og der trefte eg ei dame som eg kjenner litt og vi gjekk i lag vidare. Ho har ein son som gjekk i klasse med Rasmus (Webjørn), det er slik eg kjenner henne. Det var kjekt å ha nokon å gå i lag med, men først etter at vi hadde skilt lag, heldt eg fram å fotografere. Då eg kom heim var Nils tilbake, og eine brodden låg på trappa. Utan å merke det hadde eg gått heile ruta med EIN brodd.
Nils hadde fått fisk, men ikkje så mange store. Dessutan hadde han ramla i sjøen med halve kroppen, Kjell hadde hjelpt han opp i båten att. Men han meiner han skulle ha greidd å berge seg sjølv. Han har alltid redningsvest på seg, og uhellet skjedde attmed brygga. Der var glatt og isete.
No har eg gjort heilt ferdig eine gensererma, og så har eg mønsterborda att på den andre.
Så snart det blir pause i sporten, skal Nils koke småsei, vi har ikkje ete middag enno, nemlig.
Bilda eg tok i dag blei ikkje gode. Dei vart for lyse. Eg får høyre med naboen kva eg gjer feil. Desse to bilda frå Starevegen har vore inn på Picasa og prøvd lykken.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...