Klokka nærmar seg 13.00, temperaturen ute er +4 grader C, det er lettskya og fint vêr.
Lite og ingen ting er blitt gjort så langt i dag. Meininga var at vi skulle på Dagkino og sjå Lincoln, og så ein tur inn til Margrete etterpå. Men då vi såg at filmen skulle vare i 2 1/2 time endra vi planane. Ein rekk ikkje over alt, så då må ein prioritere.
Vi skal ein tur på butikken også.Og filmen kjem til å gå fleire gonger.
Nils har helde til i garasjen mykje av føremiddagen. Han har filetert fisk og male opp, så Solveig skal få noko å lage fiskemat av. Dei skal også inn til Margrete i dag; så det blir stort familietreff - før Ingeborg skal på "jordomseiling " neste månad.
Det er lenge sidan vi har vore den inne no, det blir helst dei som kjem hit, sidan det meste går for seg på vår side av fjorden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar