tirsdag, desember 31, 2013

Dagbok 2013: 31.desember.

Klokka er ca. 14.00, temperaturen ute + 6 grader og det regnar litt av og til. Det har vore ei grøn og mild jul . Ikkje har vi hatt særlig mykje vind heller-her hos oss. Men eg må innrømme at eg saknar snøen. Det at det er så fuktig i vêret likar eg heller ikkje, for det gjer at eg får vondt både her og der, mest i ryggen. Men stort sett har vi det veldig bra.
Akkurat no er heile huset fylt av lukta frå pinnekjøtet som står til damping. Sidan vi var på Hareid julafta fann vi ut at vi måtte ha juleribbe heime hos oss sjølve også. Nils og eg blir "åleine" her i kveld, etter eige ønske. Vi kosar oss med god mat og TV-program etc. Vi likar godt å ha det fredelig, kanskje fordi vi er blitt ganske gamle?
Vi hadde oss nettpp ein kopp kaffi med diverse attåt, så det blir sikkert sein middag. Det er Nils som styrer på kjøkkenet, men eg må vel i elden når rabbestappa skal lagast.
Føremiddagen har eg brukt til diverse husarbeid og så har eg rippa to bøker, på same tid som eg har strikka på ein lest. Nils gikk ein tur i skogen, då må han gå åleine, for det makta ikkje eg.
No vil eg ønske alle ein fin nyttårskveld og alt godt i det nye året.
Godt nytt år!

mandag, desember 30, 2013

Dagbok - 2013: 30.desember

Klokka  har passert 19.00. Ute har det vore mørkt og vått i heile dag, no er temperaturen litt over +7 grader C.
Nils hadde tenkt seg på sjøen i dag, og eg hadde planlagt aktivitetar i heimen. Men då vi sjekka yr.no hadde dei auka vindstyrken frå 2m/sek. til 7m/sek. og det er for mykje vind til å fare ut i den vesle båten.
Nye planar. Vi har tre ærend, eg skal på biblioteket, Nils treng ny svenskepilk,700gram, som tener som søkke på snøret, og så må eg ha ny dagbok til nyttår.
På biblioteket fann eg papirutgåva av Alice Munro- novellesamlinga, den som Margrete anbefalte + to kriminalromanar, den eine av av Øystein Wiik. Viss de synest namnet hans virkar kjent, så er det rett. Han var operasongar og ofte på TV før i tida. Svenskepilkar av den storleiken er det berre Europris i Volda som har, og vi tok turen. Andre ærend hadde vi ikkje i Volda i dag. Til slutt hamna vi på Amfi, der eg kjøpte same slags dagbok som i fjor. Dei som eg har hatt i alle år før, finst visst ikkje lenger. På Coop forsynte eg meg med ei stor trillevogn, den blir som regel full. I dag fann eg berre tre ting eg hadde bruk for. Følte meg litt teit då eg kom til kassa.
Med det same vi kom heim, ringde Ellen-Marie, og vi hadde ein hyggelig prat, mens Nils koka poteter. Det blei spekepølse og poteter til middag i dag, så no får eg vel i meg litt drikke. Har problem med å få i meg nok væske.
Det vart ein lang middagslur med bok på øyret, for no har eg fått det slik at eg føler at eg kunne sove støtt.........igjen. Var ganske våken nokre dagar.
Her kom eit heilt nissekor på trappa og song til oss, og for ein gongs skuld hadde vi snop i huset som vi kunne gi dei.
No har Nils rømt ut i garasjen for å kjøle seg ned litt. Litt av ein vinter dette. Eg ønsker meg snø, så det kan bli lysare, men så skal eg ikkje ut i gryotta, og ikkje skal eg mòke heller.
Ønsker alle ei god nyttårshelg!

søndag, desember 29, 2013

Dagbok 2013: 29.desember.

Rjåneshamna i dag. Det er skipet vårt som er nærmast.
Klokka er14.30, temperaturen + 4 grader og det er lyst ute, ser sol i skyene. Vi har ete middag ein time for tidlig i dag, og det er mi skuld.Eg såg på klokka i bilen, og gløymde at den framleis viser sommartid. Samma det, middagen er fortært, og det er enno mykje att av dagen. I dag hadde vi steikt kveite. Dei to siste dagane har gått med til å berge restar frå kjøleskapet. No ser vi slutten på det prosjektet, men matalens er vi ikkje.
I dag var vêret såpass at det gikk an å ta ein tur. Nils ville ut og sjå til båten og eg tok meg ein liten fototur. Eg går berre på den asfalterte stigen som er berekna for handikappa og rullestol blant anna.( Fikk ein litt artig kommentar frå ein tidlegare elev på FB då eg skreiv stigen, men sti og stig er faktisk jamstilte på nynorsk, på bokmål heiter det sti.)
Det var kjekt å sjå at den "fiskebrygga" som vart øydelagd av Dagmar no endelig var reparert. Det går an å køyre utpå desse to bryggene med rullestol og sitte der og fiske.Eg gikk ut på den nyreparerte og tok bilde.
Utsikt frå fiskebrygga mot Eiksund, og brua.
Det kom akkurat ei byge med regn og litt vind då vi var der ute, her inne låg fjorden blank som ein spegel. Nils meinte han godt kunne ha vore ute og fiska i dag.
På heimturen var vi ein tur fram på gravplassen og såg til gravene til fleire "gamle" naboar.

lørdag, desember 28, 2013

Dagbok 2013: 28.desember

Kaker i oldemora sine Norgesglas.
Klokka er snart 17.30. Temperaturen ute er + 8 grader; det er framleis mildt, vått og mørkt. Eg lengtar etter lysare dagar!
Eg ser på TV at dei spør vaksne folk om dei er fornøgde med julegåvene sine. Det er heilt kvalmt. Sjølvsagt er vi fornøgde med det vi får! Og dei fleste av oss eldre har alt vi treng frå før, eller kan skaffe oss det. For å gjere det litt lettare for dei som vil kjøpe til oss, skreiv eg ønskeliste.(Eg kunne godt skrive at dei ikkje skulle kjøpe noko, men eg veit at dei gjer det uansett.) Vi fekk alt vi ønska oss og enda mykje meir. Stearinlysa med batteri som Solveig har lagt ut, fekk vi av Margrete-familien, og salmeboka som eg skreiv om, kom frå Hareid. På bildet over ser de gåva frå Olaug på Hareid. Det er kaker ho har laga sjølv. Ho er så flink å bake, og alt er så fint laga. Marengstoppane i glaset til venstre er minst like fine som dei ferdigkjøpte.Norgesglasa er slike som eg har fått av mi mor, og som Solveig har overtatt, så dei skal til Hareid igjen etter at dei er blitt tomme. Det har ikkje blitt ete så mykje "boksemat" enno - vi strevar framleis litt med restar frå kjøleskapet.
I dag var vi ein tur nedover etter at eg hadde vaska håret og moppa over eit par golv.På Amfi trefte vi andre som var ute i same ærend, nemlig å få seg ein tur ut og å treffe kjentfolk.
Såg etter om dei hadde begynt med sal-og det hadde dei. Særlig på Kitchen var der mykje folk. Opp til 70% avslag på dyre varer, det er ikkje verst. Vi kjøpte berre litt melk og havregryn. Men vi prata med mange vi kjenner.Vi er ikkje så flinke å invitere folk, er ikkje selskapsfolk på den måten, men vi er ikkje eremittar.
Sist natt låg eg igjen mykje våken, og høyrde på lydbok. Eg held framleis på med "Barfotdronningen", som er noko langdryg med sine 21 CD-plater. Anten er boka dårlig skriven, eller så er ho dårlig omsett. Eller kva seier de om å bruke uttrykket "kødde med" - i ei fortelling frå ca 1750 ? For eksempel.
Eg har ein mistanke om at det er foreldra mine sin bryllaupsdag i dag, men er ikkje sikker.Dei gifta seg i alle fall i romjula 1938. Går ut frå at Svein veit det.

fredag, desember 27, 2013

Dagbok - 2013: 27.desember

Klokka er 19.30. Temperaturen ute er ca +9 grader C, det har vore opplett og lyst i dag, til ei forandring. Ja, det var til og med lyst då vi stod opp, men det kjem ikkje av at sola har snudd.
Elles har det skjedd veldig lite i dag. Før middag støvsuga eg på stova, men så gikk vi ein tur mens det enno var lyst og fint. Til middag hadde vi restar frå i går, og så las eg ei stund i boka som eg held på med, mens eg strikka på ein lest. Same procedure som før jul. No ropar Nils at kaffien er klar, så det er best eg møter opp.
Når ein legg ifrå seg ting heilt tilfeldig, kan det få fram rare assosiasjonar:

torsdag, desember 26, 2013

Dagbok 2014: 26.desember= 2.juledag.

Klokka er 22.45, temperaturen ute er ca +7 grader C, og vêret er ikkje dramatisk. Ser at det ular og blæs både her og der, men vi merkar lite til det. No har eg rett nok ikkje vore ute for ei dør, men det var no lyst ei lita stund i dag også, så eg fekk sjå ut glaset.
2.juledag er det tradisjon at så mange som mulig av storfamilien er samla her til middag og kaffi. I dag møtte alle opp, dvs.alle som bur på Sunnmøre, Rasmus og dei var her sjølvsagt ikkje.Han ringde forresten før middag og fortalde at der skulle dei ha pinnekjøt i dag, og hadde invitert foreldra til Wenche. Det går bra med foten hans, han verker ikkje, men må vere veldig forsiktig og ikkje kome borti noko.
Menyen her var som vanlig, Stroganoffgryte med ris, poteter og grønsaker. Når eg kokar både ris og poteter er det fordi alle skal få det dei likar best. Til dessert var det riskrem, som eg hadde laga, og karamellpudding som Solveig hadde med.
Då eg ei stund seinare varta opp med kaker og brødmat, var ingen verkelig svoltne. Kanskje kjem det av at det ikkje er snø. Då ungane var små var det vanlig å herje på ute ei stund, særlig populært var det å hoppe frå garasjetaket. Eitt år, då dei var litt eldre, laga dei ein video. Etter ein tur ute vart dei svoltne.
I dag vart det litt skjønnhetspleie. Ingeborg stilte opp med fagkunnskap.
Dei tre eldste gutane var på fotballtrening før dei kom hit, og så hadde dei noko på gang i kveld også. Eg hadde sagt på førehand at dei fekk kome og fare når det passa for dei. Dei hadde Einar sin bil, så dei ordna seg sjølve.
Det er kjekt å samlast og eg let berre rotet stå til vi var att åleine. Då tømde eg oppvaskmaskina, fylte den igjen og vaska opp masse styr og stell for hand. No er maskina ferdig med andre oppvasken, og eg skal tømme den. Huset ser faktisk relativt bra ut. Det er fort gjort å rydde når ein set alle klutar til. Eg gløymde nesten Downton Abbey, så eg miste første fem minutta.
Det er trist å høyre om ulykker på vegane i juletida, og eg er så egoistisk at eg er glad at ingen av mine er ute og fer.Men trist å tenke på dei som blir råka.

onsdag, desember 25, 2013

Tre salmebøker.

Då eg gjekk på barneskulen hadde vi ein lærar dei tre siste åra, som også var klokkar. Og jammen måtte vi lære mange salmevers. Men i motsetnad til dei fleste andre likte eg godt å pugge; når berre det gikk på rim, fall det meg lett å lære utanboks.
Den tida var det nynorsk salmebok som vart brukt hos oss. Det er den vesle, svarte heilt til venstre på bildet. Trur at ein ofte hadde med si eiga salmebok i kyrkja. Seinare fekk vi Norsk salmebok. Eg fekk mitt eksemplar av mamma då den kom ut. I år ønska eg meg den nye salmeboka i julegåve, og fekk den av Solveig m/fam. Ikkje visste eg at den var så stor og tjukk.(Og sikkert dyr også). Har brukt mykje av dagen til å blade i boka, for å sjekke ut kva for nye salmar og songar som er komne med. Her er ein god del av dei gamle, populære "bedehussongane", og mange nye salmar. Det mest spesielle er likevel at dei har teke med salmar på andre språk enn norsk. Her er til dømes mange på samisk.
Då eg pugga salmar på barneskulen, kan eg hugse at det var eitt vers eg streva litt med. Men eg lærte det til slutt, og kan det enno. Og faktisk fann eg salmen i den nye boka!

Det er så godt å vitja
Guds hus og heilagdom på jord,
det er så sælt å sitja
å lyda på Guds gode ord.
Der er det godt å tjelda
for trøytte ferdamann.
Der innved livsens kjelda
gror liv i aude land.
Og der den kjelda surlar,
der byggjer fuglar små,
den arme duva kurlar
og lengtar dit å nå.
 
( Eg skreiv verset ned utan å sjå i boka, men gikk over og retta teiknsettinga. Ein kan meine kva ein vil om dette verset, men les det høgt og høyr på lydane! Og eg synest ikkje det er så uforståelig no som då eg lærte det)


Dagbok 2013: 25.desember = juledag: God jul !

Himmelen over Melshornet midt på dag.
 
Klokka er 19.00, og Nils har sett på TV-en for å høyre/sjå dagsrevyen. Faktisk var TV-en på ei stund før middag også, såg preika blant anna.Men gløymde kongens tale.
Ute er det opplett og +9 grader C, men vind er det smått med. Eg hadde gledd meg på ein aldri så liten storm.
Det vart lite søvn sist natt, hadde vel drukke for mykje kaffi i går, så eg har vore litt trøtt i dag.
Elles er 1.juledag ein heller sløv dag her i huset. Eg brukte ein del av føremiddagen til å lage mat, både til i dag og til i morgon.
 
No høyrer er at sunnmøringane blir åtvara mot å gå ut, men håper det ikkje går ut over familiesamkoma i morgon. For to år sidan var det kritisk, for då miste vi straumen, men vi fekk att lyset, og julegilde vart det.Viss alle kjem, blir vi 13 til bords i morgon.
Det er ikkje noko høgtidelig og flott over selskapet, men det er kjekt at alle får treffast av og til, sidan somme er langt vekke til vanlig.Rasmus og fam. kjem sjølvsagt ikkje denne gongen.
 
Eg har ikkje vore ute i dag, men Nils har no snakka med eit par naboar. Eg har lese litt innimellom, og så er det alltid litt å gjere i huset.
Håper at alle som er innom her, og at ingen blir ramma av ekstremvêr, det er berre LITT vind eg ønsker meg.


Dagbok 2013 : 24 desember= julaftan

Klokka er 1.15 og eigentlig er det ikkje julaftan lenger, men det er den eg skal skrive om. Det har vore overskya og regnbyger heile dagen, og temperaturen er no+ 5 grader. Kan ikkje kalle det kvit jul akkurat, men inne er det koselig om det er mørkt ute.
Vi reiste til Hareid relativt tidlig på dag og var med på gudstenesta som begynte klokka 14.30. Eit litt uvant syn var det å sjå ein ekte borerigg i sjøen utanfor badestranda, så vi måtte bort og ta eit bilde.
Gudstenesta var fin og velregissert. Fin orgelmusikk og fint jentekor.
Presten var det eg vil kalle ei ung jente, men flink var ho. Ho heldt ein relativ kort tale, med velvalde ord.
Men kjære alle norske prestar: Kan dokke ikkje vere så snille å gå opp på preikestolen, slik at vi ser dokke! Då høyrer vi betre også.
Øystein var middagssjef, som vanlig, men hadde vel fått litt hjelp. Maten smakte utrulig godt, og eg la rikelig innpå sidan eg ikkje hadde ete sidan frokost.
Solveig spanderte moltekrem til dessert. Fantastisk!
Pakkeutdelinga tok opp til fleire timar, når 8 personar har kjøpt opp til fleire gaver til kvar av dei andre, blir det ein del. I tillegg kom gåver frå dei andre i storfamilien.
Vi fekk så altfor mykje, men det var berre fine og nyttige ting som vi set pris på.
Vi har hatt ein fin julekveld.Og takkar for det.
Så ønsker eg lesarane mine ei fortsatt god jul!

mandag, desember 23, 2013

Dagbok 2013: 23.desember = Lille lule-laff

Klokka er ca 18.30. Temperaturen ute er + 3 grader, og det har vore litt mindre mørkt og regnfullt enn det var i går. No ventar vi berre på at uvêret som er varsla skal kome. Vi vart samde om at å pusse stoveglasa utvendig er heilt forkastelig, så det er hermed utsett til stormen er over.
Før middag i dag tok eg ei lita rydderunde, før eg vaska håret og shina meg opp så vi kunne fare på butikken.Hadde gått lens for allergitablettar, så eg måtte inn på apoteket, men på Coop var det så fullt at vi gikk ut igjen og handla litt på Spar i staden. Skulle ikkje ha all verda i dag.
No blir det vel mykje TV utover kvelden, sidan det er lillejulafta eller "Lille lulelaff" som Solveig sa då ho var lita - eit namn som har blitt brukt mykje seinare også, her i familien
Middag har vi ikkje laga i dag, men vi finn vel på eit kvart i løpet av kvelden når saltsjuka melder seg.
Sidan eg skreiv så langt julebrev har eg ikkje så mykje meir å tilføye.
God jul! ønsker vi alle dei som er innom her.

søndag, desember 22, 2013

Dagbok 2013: 22.desember

Klokka er 19.00, temperaturen er + 3 grader C. Ute er det overskya, regn og mørkt. Trur ikkje det har vore lyst i dag.
Nils og ein kamerat reiste ut for å fiske sei i dag, det var einaste dagen det skal vere stilt på sjøen på lang tid. Dei var ikkje lenge utpå føe dei hadde fått så mykje sei dei ville ha.
Mens dei var vekke baka eg brød. Eg har kjøpt julebrød eit par gonger, men kan ikkje utstå smaken av kunstig kardemomme som dei brukar på bakeri.
Eg hadde eit beger med meierismør som eg hadde varma litt for mykje i mikroen, skulle berre mjuke det opp. Dette smøret smuldra eg i mjøl og laga julebrød etter mitt eige haud, tunge og feite. Smakte ei skive til kaffien, åt den utan smør og pålegg og godt var det. Laga tre vanlige grovbrød også. Brukar ikkje oppskrift når eg bakar brød, hiv oppi det somer"for hånden" av mjøl etc.
Nils rydda og kasta litt frå frysaren, har ikkje hatt plass til brød før. Men det er no vanlig mat som er best, så brød må ein ha. Av fiskekameraten sin fikk Nils eit glas med sild og eit glas "sei-laks" som han har laga sjølv.
Til middag i dag åt vi fersk småsei, det blir vel nok kjøt og tung mat i dagane framover.
Elles skreiv eg eit langt brev på mail og sende rundt til slekt og venner. I år hadde eg planar om skikkelige julekort -men eg er blitt så vant til å bruke maskina til det meste. Mange synest det er heilt på tryne med slike data-brev, men eg set i grunnen pris på dei eg får sjølv, så kan eg lagre dei og lese dei om att når det høver.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, kvelden kjem så tidlig når det blir tidlig mørkt. I morgon skal vi handle litt og rydde litt i huset. På julaftan kjem vi til å fare tidlig utover til første gudstenesta i Hareidskyrkja. Det høyrer liksom med. Fint med julesongar, kor og musikk for å få "julestemning".

lørdag, desember 21, 2013

Dagbok 2013: 21. desember = Solsnu

Klokka er snart halv sju. Det har vore mørkt det meste av dagen, og det har regna. No er temperaturen + 8 grader C og det er ingen ting som tyder på at vi kan få kvit jul.
I dag har vi hatt ein kjekk og innhaldsrik dag. På føremiddagen var vi til Vik for å handle mat. Først var vi innom Euro-Spar der vi handla ganske mykje. Men noko mangla, så vi måtte ein tur innom REMA 1000 også. Der trefte vi Kari og Kåre G. og vart ståande og prate med dei, ganske lenge. Det er ikkje så ofte vi treffest no lenger.
Måtte ein tur innom Amfi også, prata litt med kjentfolk, men fann ut at vi like gjerne kunne handle på Coop Extra i Furene,for butikken på Amfi var stappfull, og då kunne vi likså godt ete middag i Volda, sidan eg eigentlig måtte ha litt garn på garnbutikken der borte.Følte meg heilt rar i går kveld når eg ikkje hadde noko på hendene.Strikking er vanedannande, merkar eg.
Det blei middag på Landscape i dag, og det var heilt OK. På garnbutikken fann eg det garnet eg skulle ha. Men i vinduet hang ei fin jakke, som eg tenkte eg kunne strikke til Margrete, som genser - i andre fargar. Dama som eig butikken kjenner Margrete, og vi begynte i fellesskap å leite ut høvelige fargar, i staden for dei grå som var på modellen. Avtalen vart at Margrete skulle komme innom og sjå sjølv, så skulle eg komme tilbake etter jul.
Så var det siste stoppestaden- Coop i Furene. Der trefte vi tannlegen "vår" med frue (tidligare kollega) og vart ståande og prate med dei LENGE. Lova å helse til Solveig og Margrete.
Då vi kom heim, var klokka nesten halv fem og så gikk det ei stund før vi hadde fått all maten på plass i kjøleskap og frysarar.
Dei to "hushjelpene" mine hadde vore flinke mens vi var vekke, den eine hadde tatt ein diger oppvask, den andre hadde vaska klede.
Nils har forresten montert opp det 50 cm høge plastjuletreet vårt i dag, så no er det fin stemning her.Vi er fornøgde med så lite,vi. Når ein er pensjonist treng ein ikkje stresse før jul, og vi er til og med invitert til Hareid på julaftan.Men vi måtte slappe av etter strabasane uansett.
Så vil eg ønske barnebarna Audun og Ingeborg velkomne heim til jul. Gler meg til å sjå dokke att.

fredag, desember 20, 2013

Dagbok 2013: 20.desember

Klokka er 18.30, temperaturen ute er +5  grader C og det har vore opplett i heile dag. Men merkelig nok er asfalten våt.
I dag har vi ikkje vore nedover ,men jobba her heime,  eg inne og Nils ute. Eg tok ein litt grundig "fredagsvask" i tillegg til at eg rydda vekk adventpynt og fekk på plass juledukar etc. Skal eg vere heilt ærlig, så var det godt å få vekk den tunge lilla fargen, og erstatte den med friskare fargetonar. Det er vel litt av symbolikken med advent og jul.( Strengt tatt er det no advent enno,då.) Men vi juksar litt.
Nils har rydda opp litt rundt dørene, får vel kalle det hagearbeid.
Etter arbeidstid kom Margrete bortom med gåver, og fekk sine i retur. Byttestasjonen er her hos oss-same procedure as every year. Vi skal vere på Hareid julaftan i år også, det begynner også å bli ein tradisjon. Vi gler oss til det.
Ingeborg kjem til Vigra i kveld, men overnattar i Volda før ho reiser over fjorden i morgon.
Audun hadde sin siste eksamen før jul i dag, og kjem heim i morgon. Vi er komne i den situasjonen no at barnebarna begynner å bli vaksne, reiser vekk og kjem heim. Skal bli kjekt å treffe att dei to langvegsfarande, spesielt, men det er ikkje alle vi ser så ofte.av dei som er i nærleiken heller.
Rasmus er no heime frå sjukehuset, men for dei blir det vel ei litt spesiell jul i år.
No har vi att å handle mat, vi treng ikkje all verda, men kjem vel til å kjøpe inn så vi har mat til fram mot påsketider. Mykje må kjøpast i siste liten. Og noko kjem vel til å bli gløymt. Trur ikkje vi kjem til å svelte.

torsdag, desember 19, 2013

Dagbok 2013: 19.desember

Klokka er 15.30. Temperaturen ute er + 8 grader C, det er nokså skya, men opphaldsvêr.Bildet er tatt ca klokka 15.00, men no mørknar det fort.
I dag har vi stort sett surra rundt. Rydda litt i huset, lagt i hop klede etc. Vi var ein tur nedover på føremiddagen, handla stort sett mat. Henta pakken frå Kongsberg på "Post i butikk".
Til tidlig middag hadde vi spekemat med poteter og potetsalat.
I løpet av ettermiddagen/kvelden ventar vi Solveig og Øystein på snarvisitt. Då får eg sende med dei litt pakkar, så vi får betre plass på roterommet. Margrete kjem ein tur i morgon.
Nils snakkar med Rasmus i telefonen no, så eg trur han er komen heim frå sjukehuset.
Nils kan rapportere at Rasmus har det etter måten bra, og at han skal gå med gips i 3 veker.

onsdag, desember 18, 2013

Dagbok 2013: 18.desember


Klokka har passert 16.00, temperaturen er + 8 grader C, og det har vore ein lettskya, fin dag, med litt vind. Og det mest utrulige av alt: Det har vore LYST.
Eg plar seie at når eg ikkje har lagt planar for dagen, blir det ingen ting med meg, og i dag var eg heilt planlaus. Det vart til at eg berre surra rundt, vaska håret, sette på ei maskin med klede, ringde ei veninne etc. Mens Nils var aktiv, vaska kjøleskåpet i kjellaren og dusjkabinettet på badet, så heile huset luktar klor!
Men først var han ut og drog teinene, og fekk ein diger krabbe og noko som eg ikkje kan avsløre på bloggen. Den eine fangsten var i Strøm-teina. Dette blir middagen i dag. Vi har funne fine rundstykke i frysaren-det var av dei eg bakte til jul i fjor. Vi har begynt å dykke i frysaren i staden for å kjøpe, så lenge det varer.
Då klokka nærma seg 15.00, ville Nils ha ein pause, og eg ville gå tur i finevêret, men så ville han også vere med. Det vart ei runde her på Vallabøen, kjekt å sjå alle julelysa som folk pyntar opp med. Det møkna etter kvart som vi gjekk, og no er det heilt mørkt ute.
Har ikkje høyrt noko frå Rasmus i dag, men fekk bilde på mobilen av den ny-gipsa foten. Den er gipsa heilt frå tærne og opp til kneet, så det er ikkje spøk. Eg har ikkje lært meg å legge bilde frå mobilen inn på data, men det kan hende eg finn ut av det.

Det er ein hann-krabbe. Det er det eg likar best. Håper berre den er full av mat! Klørne er der i alle fall noko i, det er der alltid.

tirsdag, desember 17, 2013

Dagbok 2013: 17.desember

Klokka er 20.00, temperaturen er + 4 grader C, og det har ikkje vore lysare i dag enn på bildet over, som eg tok klokka 12.00.
Då hadde det vore ei haglbyge, så det var litt kvitt på marka. Elles har det regna, og innimellom er det litt vind.
Når vêret er slik som no, kjem eg meg ikkje ut for å gå tur. Skulle sikkert hatt hund! Men vi mosjonerer litt på Amfi nesten kvar dag, og i dag var vi også ein liten tur i gågata.Og alle stader treffer vi andre pensjonistar som er ute og luftar seg litt i styggevêret.
Før middag fekk Nils klipt seg, mens eg steikte ein kakebotn og gjorde litt anna husarbeid før vi for nedover. I dag hugsa vi endelig å kjøpe knekkebrød, det har stått på hugselista i nærmare 14 dagar. Ja, og så vart det kjøpt litt anna mat også. I dag åt vi litt restar til middag, vi må ete unna litt av kriselageret somme tider, ikkje berre fylle på.
Men før vi åt fylte eg bløtkakebotnen og fraus den med fyllet i. Det er veldig lurt, for så kan eg ta den opp av frysaren og ha krem på, så held kaka seg god og kald til den skal etast.
Nils har sett ut krabbeteiner i dag. Tru det eller ei! Han ønsker seg nok ein lekkerbisken til jul.
Etter middag har eg site for det meste og strikka. No har eg berre ein lest igjen før jul, så får vi sjå kva eg gjer med alle garnrestane.
Fekk nettopp melding frå Wenche om at Rasmus hadde vakna av narkosen, operasjonen hadde vart i 4 timar.Men operasjonen var vellykka. Eg får panikk ved tanken. Eg har aldri vore operert og aldri hatt narkose, så eg har vore heldig, så langt.
I dag fyller Hans Petter på Eid 23 år. Eg gløymer aldri den dagen han vart fødd. Svein ringde og fortalde at det var to ting som hadde hendt; Hilde hadde fått ein stor gut, og mamma var innlagd på sjukehuset. Vi reiste bort same kvelden, men mamma vart liggande berre ei natt på sjukehuset, så fekk ho kome heim att.Med Hilde og gut nr.tre gikk det også fint.
No er Nils på gruppemøte i SV, lokalpolitikarane har ikkje teke juleferie enno.Og eg må strikke litt. 

mandag, desember 16, 2013

Bok nr.70 - 2013: Bellman & Black

England, tidlig på 1800-tallet: William Bellman er ti år og fire dager gammel, og en mester med sprettert. En dag skyter han en kornkråke. Episoden er tilsynelatende bare en av mange guttestreker, men skuddet får fatale følger. Kornkråker glemmer nemlig aldri.
Noen år senere: William er en av landsbyens største menn, og har gjort onkelens spinneri til en blomstrende forretning. Han har funnet sitt livs kjærlighet og satt fire vakre barn til verden.
Men plutselig snur hellet. Moren dør, og i begravelsen kjenner William et ubehagelig blikk i nakken. I øyekroken ser han omrisset av en mystisk, svartkledt mann. Like etter rammes landsbyen av en epidemi, og Williams kone og barn blir alvorlig syke. Desperat etter å redde det mest dyrebare han har i livet, satser William alt på et partnerskap med den svartkledte fremmede.
Diane Setterfield trollbandt en hel verden med sin millionselgende debut Den trettende fortellingen. Oppfølgeren Bellman & Black er en underholdende og mørk fabel om én manns kamp for å redde seg selv og det han har kjært. For når vet man egentlig at man har gjort opp for fortidens synder?
....................................................................
Eg hadde ikkje undersøkt kva slags bok dette var før eg begynte å lese. I dette tilfellet var det litt dumt. Med unntak av nokre undelige kråkehistorier til å begynne med, var det ei nokså tradisjonell historie om rikdom, fattigdom og død. Men etter kvart forstod eg at denne teksten kunne lesast på ein heilt annan måte, som ein fabel t.d. Og då vart det interessant! På samme tid som teksten kan lesast som ein tankevekkar om å gripe dagen, er den også full av humor. Det kjem av på korleis ein ser det. Forfattaren skriv godt! Og oversettaren må også ha gjort ein god jobb.
"Den trettende fortellingen" blei ein bestseljar, det trur eg neppe denne blir. Men kven veit?

Dagbok 2013: 16.desember

Klokka er19.00, temperaturen ca +2 grader C og det regnar innimellom. Men temperaturen går litt opp og ned, så somme tider kjem det sludd. Var innom yr.no i dag, og der står det svart på kvitt at det ikkje er sjanse for kvit jul i år, med mindre ein reiser til fjells eller til Troms og Finnmark. Eg synest det er litt trist, men så slepp vi kulde.
I dag var Nils nedover og fikk sendt pakken til Rasmus, og så skulle han klippe seg, men frisøren hans hadde stengt. Dei fleste frisørane har stengt på mandagar, men ho som klipper Nils plar ha ope.
Eg var relativt flittig i dag. Først pussa eg alt av kopar og messing, så pusse eg stuevindua på innsida etc. og pynta eine hjørnet av stua til jul, så no har vi både lilla og raudt. Gjer det noko? Etter ein kaffikopp tok vi ei handlerunde til Vik. Henta ein pakke på posten, handla litt julegåver og litt mat. Då vi kom heim steikte vi sei til middag. Då vi hadde ete, var klokka 17.00 og vi tok ein pause før kaffi.
Nils driv og styrer med noko fiskegreier, han har så mange idear om fiske og fangst..........Eg har betalt nokre rekningar på den velsigna nettbanken!
Fekk langt brev i posten frå utflytta ørstingar i dag. Eg hadde planar om personlige julekort i år, men det blir vel ein mail i siste liten i år også. Liten vits å skrive lange julebrev til folk ein har daglig kontakt med via FB og mail.
Eg tenkjer på Rasmus som skal opererast i morgon. Eg er glad for at dei har Wenche sine foreldre så nært, når vi er så langt borte. Det er ikkje "berre berre" når han far sjølv i stova blir sittande med gipsa fot.
I dag har Roy Morten, yngste guten til Mimi og Rolf fødselsdag. Han vart fødd om bord i legeskyssbåten på veg inn byfjorden i Bergen for 34  år sidan.

søndag, desember 15, 2013

Dagbok 2013: 15.desember.

Så er vi komne til 3.sundag i advent. Klokka har passert 20.00, og kvelden held på å senke seg. Mørkt har det vore lenge. Ikkje mykje julestemning ute, temperaturen er + 10 grader C og det blæs ganske kraftig.
I dag hadde eg to jobbar som skulle gjerest, og vi var ferdige før vi åt middag i 15-tida. I dag varma vi opp att suppa frå i går, så det var greitt. Når ein har stått og skore opp og steikt kjøt på "timesvis" er det godt å sleppe meir matlaging.
Eg er ganske lat når det gjeld juleførebuingar. Når det gjeld mat har eg berre eitt problem- eg er altfor glad i god mat. Derfor er eg ikkje spesielt ivrig når det gjeld baking etc. Nils skal ikkje ha noko søtt, så det begrensar seg eigentlig sjølv. Når det gjeld brød og pålegg får ein kjøpt det meste på butikken. Eg les på FB om folk som bakar og bakar, men prøver å ikkje la meg stresse meg opp.
Det var noko anna i gamle dagar, då hadde dei ikkje så mykje godt gjennom heile året, slik som no.
Når eg gjer noko som eg synest er ganske kjedelig, har eg ei bok på øyret, så i dag har eg fått "lese" ein del. Andre likar å ha på radio eller TV. Ein kan gjere det ein sjølv synest er best.
Eg trudde Rasmus skulle opererast i morgon, men det blir ikkje før på tysdag. Det viktigaste i jula er at ein er friske og har det bra.
No skal eg sjå TV og strikke på enda ein lest. Må ha noko i hendene.

lørdag, desember 14, 2013

Dagbok 2013: 14.desember.

Byggetid.(gammal dias)
Klokka slo nettopp 19.30. Temperaturen ute ligg litt under + 9 grader C, og det er opplett. Elles såg eg månen i kveld, men han blir ikkje full før på tysdag.
Dagen i dag har vore litt spesiell, eg har hatt kjensle av at det er sundag, men det er det altså ikkje. Nils og eg har vore litt uenige om kva dato vi flytta inn i huset her, han sa 13. og eg 14.desember. No har eg sjekka med naboane som flytte inn same dag, og for ein gongs skuld hadde eg rett. Det er i DAG 40 år sidan vi flytta inn i Starevegen 7. Heilt utrulig at vi har budd så lenge i same huset, når eg tenkjer på kor ofte eg flytta tidlig i livet.
I dag sette vi i gang med matlaging rett etter frokost, for at Margrete skulle få seg litt mat før ho skulle på "jobb" på Kulturhuset. I fellesskap laga Nils og eg ei stor panne med ertersuppe, såpass dei fekk med seg ein slank heim att også, og vi har middag i morgon.
Dessutan laga eg to Focaccia-brød når eg først var i gang. Harald hadde ærend til Ørsta, så han kom oppom med Eirik. Margrete hadde ikkje fått tak i han på mobilen, og lurte på om han hadde overnatta i Ålesund, der han var på skuleball i går. Men han hadde kome heim til Volda utpå natta. Utsøvd var han ikkje, så han la seg på sofaen og sov det meste av tida han var. Erlend hadde fått faren sin gamle Smart-telefon, så han hadde litt å styre med. Veldig fredelige typar.
Margrete kom oppom før andre framsyninga som begynte klokka 17.00. Det var ei fin framsyning. No er det berre Amanda av våre som var med, og denne gongen berre i første delen av programmet. Men det er no kjekt å sjå på alle. Det var sikkert ikkje berre eg som kunne tenke meg å vere like sprek som dansarane.
Eg har planen klar for i morgon. Eg skal gjere klar ein jule-middag og så skal vi pakke julegåvene som skal sendast.Eg har ikkje tenkt å bake meir; viss eg vil ha meir kaker, så kjøper eg. Nils og eg kan ikkje ete så mykje av sorten, og får vi besøk, lagar eg som regel til noko anna. Men ein kan lett få litt angst når ein lese om all verdens kaker og lefser på FB. Men eg står imot presset. Ha ei fin helg.(Det gløymde eg å skrive i går.)

Det er med vilje eg ikkje "klipper" vekk den "uferdige" tomta. Vi har faktisk lagt ned ein del arbeid i hagen også. Vi gjorde alt med handemakt.

fredag, desember 13, 2013

Dagbok 2013: 13.desember.

Klokka er no 18.30. Temperaturen ute er +4 grader C og det regnar litt av og til.
I går kveld forkynte Nils at han hadde lyst å fiske i dag, for meldingane var gode.Eg hadde tenkt meg på julegåvehandel, så de var vi ikkje heilt på lik linje. Vi vart samde om at det kunne bli tid til begge deler, og då kunne eg få gjort litt heime også. Nils for ut ein gong mellom 8.00 og 8.30. Eg hadde bestemt meg for å bytte på sengane og gjere "julereint" på soverommet. Det var rein bonus då eg såg det fine vêret ute. Det vart råd å henge ut til lufting både sengetøy og teppe. Då eg var ferdig med soverommet, kom Nils heim, det tek ikkje lange stunda å dra opp så mykje sei at det er nok, den skal både fileterast og etast. Etter ei skive + ein kaffikopp var vi klar for shopping, og i dag gikk det unna. Rett og slett fordi eg hadde ein plan og visste kva eg skulle kjøpe. Det vart ein tur til Volda også for å hamstre litt kjøtt hos Johs Jacobsen.Vi handla litt på Kiwibutikken også, der som Ingeborg jobba før.
No er nesten alle julegåvene i boks, bestilte litt på nettet også.Det blir snakka mykje om at vi kjøper for så og så mykje i julegaver her i landet, men eg vil tru at mange gjer som eg: kjøper fornuftige gåver som kjem til nytte - og litt glede? Det er ikkje vekkasta.Då eg var liten trudde eg dei vaksne skrøna når dei sa at dei ikkje ønska seg noko. No veit eg at det er det sant.
 

torsdag, desember 12, 2013

Dagbok - 2013: 12.desember

Klokka er 21.15. Temperaturen ute er +4 grader, og det kjem ei og anna regnbyge. Litt kjipt at det  ikkje vart noko særlig vind her vi bur, hadde gledd meg til litt "friskt" vêr. Andre stader er det litt friskare enn det som kjekt er.
Straumen var vekke mange stader både i Ørsta og Volda kommunar tidlig på dag, mellom anna var det mørkt på Folkestad ei stund. Heldigvis kom lyset tilbake og det vart skuleavslutning. Vi har vore der nesten kvart år. Det som er så kjekt på ein slik liten skule er at alle elevane får vere med på programmet kvart år. No har vi berre to att på den skulen, men begge var i vinden og begge gjorde det godt. Erlend spela Dovregubben på piano, og song i lag med dei andre. Amanda song duett i lag med ei anna jente, og hadde i tillegg soloparti i "klassekoret". Kvar klasse, eller eigentlig fleire klasseteinn i lag, lagar sitt eige program. Det var veldig bra. Mykje folk var møtt fram, dei støttar nok ekstra opp om skulen sin no, når politikarane truar med å sende ungdomsskuleelevane til Volda.
Rektoren på Folkestad kunne fortelje at ungdomsskuleelevane deira hadde gjort det veldig bra i matte på dei normerte prøvene. Det støttar opp om det eg alltid har sagt: Vil ein ha ein god skule, må ein ha færre elevar i gruppene/klassane.
Ferja går ikkje så ofte om kvelden, så vi vart sittande om bord ei stund før avgang, men det gjorde ingen ting. I dag hadde vi ikkje bilen med over, på det sparte vi 28 kr kvar veg ! Vi har kort, og så er det honnørbillett !
Sist natt vart eg liggane sømnlaus og tenkte på alt eg burde gjere til jul osb. Derfor starta eg dagen med å rydde, vaske og støvsuge i heimen. Då såg eg litt lysare på det. Det er meir stress å tenke på det som skal gjerast enn å GJERE det.
Rasmus skulle eigentlig ha vore operert i dag, men det vart utsett til mandag. Grunnen var at han hadde fått nokre tablettar han skulle ta, men det dei ikkje hadde sagt var at han måtte slutte å ta dei 48 timar før operasjonen.
Nils hadde lyst ut og fiske i morgon, eg vil på julehandel. Men då må vi ha ein plan! Laurdag blir det ballett heile dagen, for Margrete og Amanda. Gutane skal vere her hos oss. Margrete skal ikkje danse, men hjelpe til med kostyma. Det er to fram-syningar, og vi skal på den siste, den som begynner klokka 17.00. Alt skjer i vekene før jul no. Før var det juletrefestar langt ut i januar!
Nils starta våronna i dag. Snøen er nesten heilt vekke, og han hadde utover kompostjorda.Eg ville heller at snøen skulle ha fått lagt i ro ei stund, men i går og i dag før middag var temperaturen oppe i +12 grader C.

onsdag, desember 11, 2013

Bok nr. 69 - 2013: 1001natt

1001 natt av Vetle Lid Larssen (Innbundet)






Forlagets omtale:
Da trønderen Niels Moss og bergenseren Christian Børs seilte ut fra Norge i 1769, ante ingen av dem hva som ventet: et liv som hvite slaver i Afrika. En skjebne de delte med hundretusener av andre europeere. På slavemarkedet i Alger tar historien deres en uventet vending: Niels Moss blir kastet i de beryktede slavefengslene, omgitt av ville dyr og desperate fanger. Christian Børs blir den muslimske herskerens personlige kaffeskjenker, den høyeste stilling noen kristen hoffslave kan få. Men også den farligste. 1001 natt er en dramatisk og storslagen beretning med forbløffende paralleller til idag. På bakgrunn av flere tusen sider med dagbokopptegnelser, brev, notater og upublisert arkivmateriale forteller Vetle Lid Larssen historien om de to nordmennenes kamp for å overleve i en brutal kultur, på et fremmed kontinent. De norske slavene setter sin lit til at myndighetene hjemme i Danmark-Norge vil redde dem. Men hvordan skal styresmaktene i København reagere på den algirske aggresjonen: dialog eller konfrontasjon? Beslutningen blir fatal for de to nordmennene. 240 år senere reiser Vetle Lid Larssen til Algerie på sporet av den overraskende sannheten.
................................
Forfattaren har gjort eit kjempearbeid med å finne fram til denne historia.Forteljinga er interessant, men det er meir dokumentar enn romaan, så vi blir ikkje så godt kjent med personane.
Om eg skulle gi eit godt råd til dei som vil lese boka, må det vere:Les den på papir. Det gjorde ikkje eg.
 

Dagbok 2013: 11.desember.

Klokka er snart 19.00. Ute er det stupande mørkt, +10 grader og regn. Ikkje direkte julevêr. Det hadde vore greitt nok, om eg ikkje var så trøytt. Eg slit med å få gjort noko, og vil helst berre sove. Har høyrt om andre som har det på samme måten, så det er kanskje noko som "går".
I går kveld vakna eg til live etter kveldsnytt, så det er eit håp.
I dag hadde eg planen klar. Først skulle eg skrive referat, og så skulle vi nedover. Sidan eg ikkje er nokon morgonfugl, var ikkje referatet ferdig før klokka 12, men vi kom oss nedover. Eg får ikkje til å handle julegåver, berre ein ting visste eg at eg skulle ha, og då eg ikkje fann det på første butikken vi var innom, gløymde eg det. Ja, det er ikkje mykje håp!
Men som ein så kjekt seier: Det blir jul uansett! Jadda.
Vi åt restar frå mandag til middag i dag, og så slappa vi av litt, drakk kaffi etc. før eg reinlas manus og fekk sendt tekst og bilde til Møre-Nytt. Det er ikkje alltid det er like lett å vere referent, somme gonger slit eg.
Fekk melding frå Biblioteket om ei ny bok, og var innom i dag og henta den. Må hamstre lesestoff til jul- Boka heiter Barfotdronningen og er skriven av Ildefonso Falcones, han som skreiv Havets katedral. Den er på 21 CD-plater. Så kva seier du, Margrete, vil du ha den, eller skal eg levere den tilbake etter ripping?
No har eg tenkt meg til å feste trådar på eit halvt dusin lestepar, mens eg rippar dei 21-CD-platene og prøver å bli ferdig med "1001 natt"-med Vetle Lid Larsen.

tirsdag, desember 10, 2013

Dagbok 2013: 10.desember

Klokka er 19.30. Temperaturen ute er + 8 grader C og det er opplett - akkurat no i alle fall.
Vi er nyss heimkomne frå møte i pensjonistlaget. Det var eit koselig møte med mykje god mat og god prat. Vi hadde ikkje lagt opp til så mykje underhaldning, men trur folk kosa seg med å prate med kvarandre. Vi hadde mellom anna besøk av den nye soknepresten i Ørsta, så eg fekk helst på henne.
Tidlegare i dag, frå 12-13.30 var eg hos frisør, og så skulle vi møte på Bakk-Ola klokka 15.30, sidan Nils skulle hjelpe til med billettsalet. Så det har vore ein relativt "travel" dag i pensjonistheimen.
Å vere på slike møte er "jobb" for meg, sidan eg fungerer både som referent og pressefotograf. Eg kan ikkje slappe av i alle fall. Veldig vanskelig å få gode bilde inne, men dei blir faktisk best utan blitz.
Skrivinga får eg utsette til i morgon, i kveld er eg ikkje opplagt.Vi fekk forresten god og rikelig julemat i dag.
Terje Kjøde og presten. Terje til venstre.

mandag, desember 09, 2013

Dagbok 2013: 9.desember

Klokka er 19.00, temperaturen ute + 5 grader C, og no regnar det. Dessverre fekk vi ikkje beholde det fine vêret vi hadde i går.
I dag har eg ikkje vore ute. Nesten heile føremiddagen heldt eg til på kjøkkenet. Eg laga ein kakebotn, laga middag og vaska nokre skuffer og skap innimellom.
Rasmus ringde, han skal opererast på torsdag førstkomande.
Margrete og Erlend kom klokka 15.30, og då åt vi middag. I dag var det svineribbe og medisterpølser på menyen, ikkje så veldig oppfinnsomt, men det er lett å gripe til det som ligg framme i butikken. I morgon blir det også julemat, dvs. juletallerken i pensjonistlaget.
Eg har eit lite problem for tida, eg er så trøtt. Trur eg kunne sove døgnet rundt. Det er berre om kveldane er er nokonlunde vaken, så det blir ikkje til at eg legg meg tidlig no heller.
No skal eg ta fram strikketøyet igjen, det er enda nokre lestepar att til jul.

søndag, desember 08, 2013

Dagbok 2013 - 8.desember


Klokka er 15.00, temperaturen ute er minus 3 grader C, og det er nydelig vêr. Men då eg nettopp var ute og gikk ein liten tur, såg eg at mørkare skyer var på veg.
I dag hadde eg tenkt å steike krumkaker, og når eg først har bestemt meg, skjer det. Plar lage to porsjonar, ein til Margrete og ein til oss, men i dag laga eg berre ein stor porsjon og delte på to. Det er litt av ei tolmodigheits-prøve for slike som meg å halde på med slikt, men med Vetle Lid Larsen si bok "1001 natt" i øyret gikk det bra.
Etterpå vart det ein liten tur rundt Storebakken med broddar på skorne, noko eg synest er nokså ubehagelig, men betre enn å dette. Det er framleis fint og lyst ute, så eg måtte ta nokre bilde av den nydelige himmelen, då ser det litt mørkare ut enn det eigentlig er.
Vi har ikkje laga middag enno, men i løpet av dagen finn vi vel eitkvart i ein av dei mange overfylte frysarane våre.
I mellomtida skal eg strikke ferdig enda ein lest.

lørdag, desember 07, 2013

Dagbok 2013: 7.desember

Klokka er 19.15. Temperaturen ute er minus 2 grader C. Det har kome ein del snø i dag også. Bildet over er tatt før klokka 11.00 i dag, då Nils var ute og mòka. Han likar best å bruke brettet når snøen er lett og det ikkje er for mykje av den. Det ser nesten ut som om sola skin, det gjorde den ikkje, ikkje her nede hos oss, men det er som eit skin som fargar snøen. Fint var det! Ei lita stund etterpå lava det ned.
Vi hadde gløymt å kjøpe havregryn i går og vi var lens for melk, så det vart ein liten tur på Amfi i dag også. Kjekt å treffe folk og slå av ein prat.
Her er mykje å gå på, konsertar og andre arrangement nesten kvar dag, men vi kjem oss liksom aldri av garde om vi ikkje er "nøydde". Komande tysdag er det julemøte i pensjonistlaget, før møtet skal vi dekke bord og eg skal til frisør, så då blir det full fart.
I morgon har eg tenkt å steike krumkaker, viss det ikkje blir så fint vêr at vi må ut og gå tur. Julegåver har eg ikkje kjøpt enno, må ha ein prat med Margrete på mandag først. Viss eg ikkje veit kva eg skal ha, blir eg berre gåande og vime.
Juleførebuingane mine går for det meste ut på å strikke, og det gjer eg heile kveldane. Så kan eg lese eller sjå TV på samme tid.
Det viktigaste er at alle er nokonlunde friske og har det bra i jula. Alt det andre er mindre så viktig.
Ønsker alle ei fin adventstid!

fredag, desember 06, 2013

Dagbok 2013: 6.desember

Klokka er 23.05, temperaturen ute minus 2 grader C, og akkurat no er det opplett. Sist natt hadde det snødd ein del, men ikkje så mykje at Nils starta fresaren. Han mòka med brettet.
Eg gjorde ikkje anna før middag enn å strikke og vaske håret. Så var vi ein tur nedover; eg hadde tenkt meg ein shoppingdag, men å kjøpe julegåver utan å ha tenkt ut kva ein skal ha, det er heilt håplaust, så det gav eg opp.Vil gjerne ha fleire ønskelister!  Skal skrive ei sjølv også.
Vi hadde svinekotelettar til middag i dag. Billig mat! Rasmus ringde etter middag, han hadde det etter måten bra. Etter planen skal han leggast inn på sjukehuset over helga, og så blir det operasjon igjen. Då kjem han til å få gips på foten, men blir nok sjukmeld ei stund. Det er trasig, men ikkje "livstruande", som det heiter.
I ettermiddag og kveld har eg stort sett strikka og sett TV. Heldigvis datt ikkje TV-en ut, men vi har vore utan data og telefon. Vi kom oss inn att på Internett klokka 22.00. Det er derfor eg er så seint ute med blogg.

torsdag, desember 05, 2013

Bok nr.68 - 2013: Lindeman og Sachs

Vi møter familiene Lindeman og Sachs i 1973, og følger dem frem til 1987; epoken som la grunnlaget for dagens norske næringsliv. Romanen handler først og fremst om to fedres vei mot makten og æren, men også om sønner og døtre, deres konflikter, og om en mor som aldri kan forsone seg med hvem hun er og hvor hun kommer fra. På overbevisende måte tegner Kjell Ola Dahl personer og skjebner som kan forveksles med virkelige aktører i næringslivet.
................................................................................
Om eg ikkje har misforstått er dette første boka i ein trilogi. Bok nr.3 er komen ut.
Tittelen leier tankane til "Garman og Worse", og ikkje utan grunn.
No er ikkje eg særlig inne i dette med aksjar og anna som gjeld økonomi, men faktisk forstår eg det meste i boka. Forfattaren greier å forklare dei økonomiske transaksjonane så enkelt at sjølv mor kan forstå det. Og eg syntest faktisk det var interessant.
Det beste kjem heilt til slutt i boka då Vebjørn Lindeman forklarer sonen samanhengen, eller rettare sagt den manglande samanhengen, mellom børs og moral.
No er eg ikkje så godt inne i finansverda, men eg kjende i alle fall att Kjell Inge Røkke.
Eg kjem nok til å lese dei to andre bøkene også, men no skal eg først lese Vetle Lid Larsen.

Dagbok 2013: 5.desember.

Klokka er 13.30. Temperaturen ute er 0 grader C og det snør. Det er berre små fnugg i lufta, så det er ikkje noko som monnar. Det har ikkje vore naudsynt å mòke i dag. Så langt i alle fall.
Nils har stukke av frå hus og heim eit par timar for å drikke julekaffi på fabrikken, der han jobba før han vart pensjonist. Sidan vi ikkje kunne fare på rek i dag, tok eg like godt "fredagsvasken", slik at eg er klar for shopping i morgon - eventuelt. Skal i alle fall ikkje shoppe på laurdag, det brende vi oss på sist.
I dag skulle eg prøve det nye "vaskesystemet"- og det vart litt av eit styr. Vi måtte både lese og studere, og lettvint var det i alle fall ikkje. Men sjølve moppen var veldig god, og skaftet OK. Det var bøtta med vrimekanismen som var problemet. Konklusjonen blir at eg kjem til å bruke den nye moppen/skaftet når eg skal vaske tak og ev.vegger. Golva kjem eg til å vaske på gamlemåten med borrelåsmoppane. Eg vil ikkje anbefale "systemet".(Men angrar ikkje.)
Elles så stressar eg ikkje med julekakebakst. Det er ingen her som et småkaker uansett, men eg skal lage krumkaker.Vi har ikkje noko særlig selskapeligheit, og når familien kjem er det andre ting som står på menyen.
Før skifta eg bloggbakgrunn etter årstidene, men no finn eg ikkje att alle dei fine bakgrunnane.

onsdag, desember 04, 2013

Dagbok 2013: 4.desember.

Klokka  er 16.30, temperaturen ute er +1 grad C, det haglar, blæs og snøar, vekselvis.Og det er mørkt nesten heile dagen.
Nils var til Volda før middag, eg vaska kjøleskapet og gjorde diverse anna i huset mens han var vekke. Då han kom att tok vi oss ein kaffikopp og ei brødskive før vi reiste til Vik.
Første stopp var Jernia. Sidan vi ikkje fann moppeskaft på JULA, måtte vi prøve lokalt. På Jernia hadde dei heile sett med moppeskaft, bøtte og 3 moppar  til halv pris, dvs vel 200 kr. Det var eit godt tilbod på alle måtar, det var berre det at då vi kom heim mangla moppane. Vi var ned att og då opna dei to andre esker og gav oss to moppar. (Eg trur eigentlig at det var berre ein som følgde med settet.) Men moppane er så spesielle at ein må nesten ha originaltypen, så eg håper dei kan skaffe fleire. Med spesialbøtta kan ein klemme vatnet av moppen. Dette må prøvast før eg kan komme med terningkast.(Eg trur sikkerrt eg kan bruke dei gamle 40 cm-moppane i eit nødstilfelle).
Elles var vi på Amfi der eg kjøpte raude julestjerner, og tre spekepølser av ein selger som hadde fått lov å komme inn. Til vanlig må dei rigge seg til utanfor senteret.Vi er glade i litt saltmat om kvelden, og har alltid litt spekemat på lur.
Elles snakka eg med Rasmus på telefonen i går, og han var ved godt mot. Han må sitte eller ligge med foten høgt slik at hevelsen kan gå ned før han kan bli operert på nytt og få på gips. Enn så lenge er foten stiva av med skinner festa til beinet. Han hadde fått jobba litt også, med laptoppen på fanget.
No skal eg snart steike sei til middag.(Sjekk spøkelset på øvste bildet).

tirsdag, desember 03, 2013

Dagbok 2013: 3.desember.

Klokka er17.20, temperaturen ute er + 1 grad C, og det har vore litt mindre vått i dag. Då vi kom heim etter ein tur til Volda litt før klokka to, var det så lyst at eg fekk tatt bilde frå altanen. Det er sikkert mange som saknar altanbilda mine -.
Men litt annleis vêr betyr også at det ikkje er fullt så mildt lenger, og det kom ei byge i 15- tida som likna på sludd.
Vi var altså ein tur til Volda i dag, det var Nils som skulle på sjukehuset og ta nokre prøvar. Eg nytta høvet og var med for å kjøpe nokre julegåver. Så no er eg i gang.
Etterpå var vi på Coop i Furene, dit kom også Ruth og Harald, så vi fekk ein lang prat på parkeringsplassen.
Mens eg var i Volda fekk eg melding frå biblioteket at Vetle Lid Larsen si bok var komen. Eg stod på ventelista og fekk lånt den som førstemann i Ørsta. Ei anna ny bok hadde dei også lagt av til meg, på vona. Så i dag blir det ripping. Dei veit at dei får att bøkene før det har gått to dagar.
Ein tur på Amfi vart det også. Eg har vore på jakt etter eit "juleraudt" skjerf som skal stå til øyredobbane, men det er visst einaste fargen som ikkje finst i handelen verken i Ø eller Volda. Eg hadde bestemt meg for ei raud rose i staden, og hadde sett meg ut ei på "Glitter"-men akk o ve, i dag var der ingen raude roser heller. Skal på julebord neste tysdag og då må eg vere pynta. Nemlig.
Vi kom heim med ein god del mat i dag også, det er alltid tomt for eit kvart. I dag hadde vi pølser, med poteter og surkål til middag. Ruth skulle servere fiskegrateng i dag. Eirik er så glad i fisk, seier ho, og det er bra.Her har ikkje vore mykje fiskevêr i det siste, men Nils har planar om å sette liner så snart det blir høve til det. Vi har sei i frysaren så fiskelens er vi ikkje.
No skal eg sette meg til å rippe lydbøker, mens eg strikkar. Husarbeid blei det lite av i dag. Kan nesten ikkje bake heller, når her ikkje er frysekapasitet. (Jippiii). Så kan eg sitte og lese på FB om syltaflesk, ribberull og smultringar. Her blir det ikkje noko slikt.
Nils tømde eine kompostbingen i går.
Så vakker var himmelen klokka 14.00.Ein time seinare var det overskya og mørkt.

mandag, desember 02, 2013

Dagbok 2013: 2.desember.

Klokka er snart halv åtte. Ute har det vore mørkt lenge, det regnar og temperaturen er + 5 grader C.
I dag har vi vore litt flittigare enn vanlig. Før middag var det nesten opplett, så då gikk vi ein tur rundt Storebakken. Det er ei stund sidan sist eg gikk der, så no fekk eg sjå at hus nr.2 var kome opp i Millionærsvingen. I kvart av husa er det 4 leilegheiter, altså 8 til saman. Så langt er berre den eine leilegheita teken i bruk. Før stod der ein einebustad på denne tomta.
Vi gikk ned på Kiwi og handla litt med oss heim, nokre pakkar gjær blant anna. Det vart til at eg sette to brøddeigar, og fekk såleis 6 brød til å putte i frysaren. At alle frysarane er fulle frå før får vi vel kalle eit luksusproblem.
Til middag vart det fiskesuppe med mykje fisk i. Og etterpå vart der ein strekk på sofaen mens dei siste brøda stod i omnen.
Elles har eg stroke og hengt opp julegardiner på stova og gjort diverse anna husarbeid.
Nils gjorde ein kjempejobb i dag. Han tømte eine kompostbingen nede i hagen. Molda la han i dungar på plenen. Så no er vona at det anten blir snø som skjuler heile greia, eller at det lettar opp, så vi får rake molda utover.
Har ikkje høyrt meir frå Kongsberg. Som mange har fått med seg  har Rasmus brote foten, og vart lagt inn på sjukehus til operasjon. Det er ikkje så kjekt, men håper dei får lappa han skikkelig i hop att.

søndag, desember 01, 2013

Dagbok 2013: 1.desember = 1.sundag i advent

Klokka ersnart 19.00, temperaturen er +6-7 grader C, det er framleis vått og mørkt heile dagen. Det er derfor eg held meg inne.
I dag baka eg ei rund formkake før middag og så vart det ein porsjon rundstykke frå "Smalhans", boka til Gunda. I dag hadde eg i det nye produktet som skal gi luftigare bakst, men rundstykka vart ikkje luftigare enn vanlig. No kan eg ikkje vite korleis akkurat desse rundstykka hadde blitt utan pulveret,då.
Til middag vart det steikt kveite med remuladesaus, ein rett som Nils likar godt. Sjølv er eg ikkje så begeistra for kveite.
Vi har leita fram litt pynt, men det har ikkje vore fristande å henge ut noko, så lenge det blæs. Adventstaken må stå på kjøkkenbordet, sidan vi ikkje har vinduskarmar på kjøkkenet. Det er ikkje sikkert dei ser den dei som går forbi huset vårt. Stearinlys må vi stort sett avstå frå, for Nils får hoste berre han ser dei.Har lurt litt på å kjøpe elektriske "stearinlys", ein kan få dei både med ledning og batteri.
Skulle slappe av litt etter middag, med bok på øyret;  det enda med at eg sovna. Blir veldig trøtt når det aldri er lyst.
Meininga var at vi skulle på ballettshow i dag, Margrete skulle kjøpe billettar. Det var heilt utselt for 9 dagar sidan, ho fekk ikkje billett til seg sjølv ein gong. Håper dei set opp ekstraframsyning. Med så mange dansarar blir det mange pårørande.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...