Klokka er snart 19.00. Ute er det stupande mørkt, +10 grader og regn. Ikkje direkte julevêr. Det hadde vore greitt nok, om eg ikkje var så trøytt. Eg slit med å få gjort noko, og vil helst berre sove. Har høyrt om andre som har det på samme måten, så det er kanskje noko som "går".
I går kveld vakna eg til live etter kveldsnytt, så det er eit håp.
I dag hadde eg planen klar. Først skulle eg skrive referat, og så skulle vi nedover. Sidan eg ikkje er nokon morgonfugl, var ikkje referatet ferdig før klokka 12, men vi kom oss nedover. Eg får ikkje til å handle julegåver, berre ein ting visste eg at eg skulle ha, og då eg ikkje fann det på første butikken vi var innom, gløymde eg det. Ja, det er ikkje mykje håp!
Men som ein så kjekt seier: Det blir jul uansett! Jadda.
Vi åt restar frå mandag til middag i dag, og så slappa vi av litt, drakk kaffi etc. før eg reinlas manus og fekk sendt tekst og bilde til Møre-Nytt. Det er ikkje alltid det er like lett å vere referent, somme gonger slit eg.
Fekk melding frå Biblioteket om ei ny bok, og var innom i dag og henta den. Må hamstre lesestoff til jul- Boka heiter Barfotdronningen og er skriven av Ildefonso Falcones, han som skreiv Havets katedral. Den er på 21 CD-plater. Så kva seier du, Margrete, vil du ha den, eller skal eg levere den tilbake etter ripping?
No har eg tenkt meg til å feste trådar på eit halvt dusin lestepar, mens eg rippar dei 21-CD-platene og prøver å bli ferdig med "1001 natt"-med Vetle Lid Larsen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar