mandag, februar 28, 2011

Vermelding 28.februar - 2011

Klokka er 13.00. Temperaturen ute er + 6 grader C, og det er strålande sol. Dette fineveret kom litt bardus på meg, elles hadde eg kanskje hatt ein plan. Slik det no vart, starta eg dagen med å lage ein porsjon fiskekaker av hysa som Nils fekk på laurdag. Så vart det ei lita handlerunde, først på Amfi og så til Felleskjøpet på Rystelandet. Sidan eg var på andre sida av fjorden, passa eg på å ta eit bilde av solsida derifrå.Vi bur rett nedanfor "sukkertoppen" midt i bildet.

Bok nr.14 - 2011: Enken

Denne boka fekk eg med meg heim frå biblio heilt rykande fersk. Ikkje har eg lese om boka heller.Av og til slumpar eg bort i bøker som eg ikkje heilt veit å plassere verken i sjanger eller på andre måtar. Desse bøkene er utan unntak amerikanske. Med det same eg begynte å lese, tenkte eg at dette var ein redig "bestseller", og det er ikkje noko positivt frå mi side. Etter ei stund lurte eg på om Amerika hadde få si eiga Margit Sandemo.SÅ begynte eg å lure på om dette ikkje var skikkelig bra.Eg plar seie: Gi meg eventyr, kvardagsrealisme har eg nok av! Og eventyr er det vi får her! I kortheit går forteljinga ut på at ei ung jente har tatt livet av mannen sin og er på rømmen. Ho får hjelp av ymse folk på vegen, eit persongalleri som kunne vore henta frå Dickens. Personane har namn, men blir helst nemnde som t.d.Dvergen, Fjellfanten, Pastoren, Katteflåaren, Tvillingane osv. Dette gjer det ekstra lett å halde styr på folka. Naturen og dyra blir også skildra på ein spesiell måte. Forfattaren brukar mange metaforar, samanlikningar og andre språklige knep. I blant kan det bli vel mykje av det gode, men eg må innrømme at det morar meg. For meg vart boka ein skikkelig pageturner, sjølv om eg ikkje er heilt sikker på at dette er STOR litteratur.
Romanen høver veldig godt som lydbok, den er på 10 CD-ar. Ingrid Vollan (Læraren i Himmelblå) les veldig godt.
Les gjene om boka på nettet.Ser ingen grunn til å skrive om det som andre har skrive mykje betre enn eg kunne ha gjort. Eg legg inn ein link.
http://www.litteraturklubben.no/200/202.asp?ArticleId=18650&p=27417

søndag, februar 27, 2011

Vermelding 27.februar - 2011

Klokka er 14.45. Temperaturen ute er +4 grader C, det er overskya og opphaldsver. Snøen og isen smeltar så smått, men det er mykje som kjem fram når snøen forsvinner. Då den første snøen kom 20 oktober i fjor, stod plommetrea med fullt lauv og ingen ting var rydda i hagen, så eg tippar det ser fælt ut under snøen,ja.
No har vi nettopp ete middag, i dag blei det spaghetti og kjøttsaus. Kjøttsausen laga eg heilt frå botnen av, og den blei veldig god. Eg brukar aldri oppskrift, men tek det eg har tilgjengelig. Blant anna synest eg soltørka tomatar er eit must. I dag opna eg ein ny pakke, og måtte sjølvsagt maule litt. Då viste det seg at tomatane smaka søtt, ikkje salt. Eg hadde ikkje lagt merke til at det stod "Sweet tomatoes" på pakken. Men dei var altså eventyrlig gode, både åleine og i kjøttsausen. Elles hadde eg i:  Sjalottløk, kvitløk, paprika, sopp og tomatpuré. Ja også kjøttdeig naturligvis og diverse krydder.Og så brukar vi sjølvsagt grov spaghetti, litt fornuft må det vere.
Vi er ikkje så strenge på kva som er kvardagsmat og kva vi et på søndagar. Vi kan gjerne ha "søndagsmiddag" midt i veka.
Fjernsynet står på, og Nils ser sport innimellom. Eg les i boka mi, og synest det er greitt nok å få vite kven som tek medaljane.
Kjøpt på Coop.

lørdag, februar 26, 2011

Vermelding 26.februar - 2011

Klokka er no 14.00. Temperaturen ute er + 8 grader, det er opplett og litt vind. Nils og Hassan er på veg ut for å fiske, men viss det blæs der ute, legg dei ikkje utpå. Det er ikkje alltid same veret på Rjåneset som her.Eg saknar sjølvsagt kulden og sparkføret,men det må no ein gong bli vår også.Sidan vi har vore mykje på rek siste veka, bestemte eg meg for å vere heime i dag. Eg er ikkje spesielt glad i å bake, og ikkje flink i kunsten, men i dag bestemte eg meg for å lage VM-bollane som Solveig har på bloggen sin. Laga like godt dobbel porsjon, og hadde i alle ingrediensane. Bollane vart gode, men litt "kleimete". Det kan komme av at vi åt dei for ferske. Elles skulle eg laga dei litt mindre, trur eg, men var oppteken av å få plass på to brett.
Lurer på kvifor eg alltid stressar når eg bakar? Trur det skriv seg frå tida på skulekjøkkenet då vi sette gjærdeig, trilla ut, heva og steikte ----alt i løpet av 2 skuletimar. Ja, vi måtte no ha litt tid til eting også.Elles er vel gjærbakst det ein kan "tene" litt på å lage sjølv. Etter eg hadde baka, vaska eg golv. No skal eg ha meg ei stund med den flunkande nye boka eg lånte i går. Har mistanke om at det er ein såkalla "bestseller"- men eg googlar ikkje bøkene før etter at eg har lese dei. 
Prata litt med bibliotekaren i går, ho hadde vore på kurs og fått informasjon om diverse bøker, også lydbøker. Der vart det sagt at ein god opplesar kan "løfte" ei bok, slik at den fortonar seg som betre enn den eigentlig er. Det er så sant som det er sagt. Mange av bøkene eg les, hadde eg neppe orka å lese på papir.
Sidan eg ikkje sa GOD HELG i går, gjer eg det i dag!

fredag, februar 25, 2011

Vermelding 25.februar - 2011



Klokka er 13.00. Ute er det lettskya, opphaldsver og + 9 grader. Det er også litt vind innimellom, men vind er eigentlig mangelvare her på Vallabøen. Det er ein av grunnane til at vi får ha snøen så lenge.
Alt som heiter sparkeføre er ein saga blott, men det er framleis mykje is alle stader som ikkje har vore salta -for eksempel på parkeringsplassar og tun.Sidan bilen vår har vore ut or bygda, var han ekstra skitten, så Nils spyler den. I dag vart det tur til Vik, på biblio og Amfi. Det var lite med lydbøker akkurat no, men bibliotekaren gjorde klar ei heilt ny bok, så eg fekk den med heim, som første lånar. Fann ei krimbok også forresten.Og så tok eg med meg to gratis videofilmar.Dei gir dei bort no, for det er ikkje så mange som har VHS-spelarar.
På Amfi var ikkje mykje nytt, men vi trengde litt fornying av matlageret, så det blei ærendet der. Trefte to tidlegare kollegaer og fekk ein prat med dei. Den eine er far til hovudrolleinnhavaren i musikalen vi såg i går, så eg nytta høvet å skryte av sonen hans.
Heilt frå den gongen Solveig og Rasmus i sin grønaste ungdom spleisa på 4 Beatles-LP-ar, har eg vore fan. Den tida hadde eg ein fridag for veke då eg vaska og rydda huset til full musikk, så Beatlesmusikken kjenner eg ! Og Margrete blei med i dragsuget, så vi var i alle fall to generasjonar med Beatlestilhengerar på framsyninga i går. Ja, Ingeborg bedyra at ho også likte musikken, så då vart vi tre. Og det at musikken er like fengande etter 40 år og vel så det, seier vel sitt. Men det som var den største opplevinga var dei utrulig flinke ungdommane, som gav nytt innhald til og til dels ny form på dei gamle melodiane. Eg kjem aldri til å gløyme framføringa av Let it be- i gospelversjon- ved kista til soldaten frå Vietnam-krigen. Men det står mange flinke menneske bak også, som kanskje ikkje får SÅ mykje av æra.
Til middag i dag skal vi ha fisk i kvit saus, skal bli godt med skikkelig fiskemiddag igjen, det er nokre dagar sidan sist.

torsdag, februar 24, 2011

Vermelding 24.februar - 2011

Klokka er 12.30. Temperaturen ute har stige til +7 grader C. Det er godt med mildare ver, på ein måte, men no blir det slutt på sparkturane. Vi kreka no oss ei runde i dag også, til tross for sanda og delvis tinte vegar. Sola var framme, men det vart meir og meir skya, litt vind var det også. Bilda i dag er frå Olavsgata, som er ei gate nedanfor  oss.
I kveld skal vi på musikalen Hello /Goodby -noko som vi gler oss til.Passar i grunnen bra at eg akkurat no har begynt å lese om att Lars Saabye Christensen sin Beatles- trilogi: Beatles, Bly og Bisettelsen. Begynte i grunnen på den berre fordi eg var lens for anna lesestoff.

onsdag, februar 23, 2011

Bok nr.13 - 2011: TRAKTATEN.VARSLEREN.


Krim er ein populær sjanger .Derfor er det mange forfatterar som brukar krimsjangeren til å fortelje om, og avsløre, kva som skjer i samfunnet vårt. I denne boka handlar det om olje og gass,oljeboring og vidareforedling -ja, alt som har med produksjon av oljerelaterte produkt å gjere, og om norsk og utanlansk oljepolitikk, om dei store oljeselskapa sine rollar og om staten Norge sin oljepolitikk, og om statsrådar og andre namngitte personar sine rollar i denne politikken. Ja, det er så mykje at eg har problem med å fortelje om det. Det er den eine delen av forteljinga.
Den andre delen handlar om politiet si jakt på "oljeskurkane", og denne delen er lettare å følgje med på. Dei to forteljingane er sjølvsagt innvevde i kvarandre.
Forfattaren har gjort ein grundig jobb, her er det nok snakk om mykje research, og han forklarer alt på ein forståelig måte, så no veit eg mykje om olje og gass som eg ikkje visste før. Spørsmålet er berre om det er særlig interessant for meg, og det er det i grunnen ikkje. Men eg var bestemt på å lese ferdig boka, og på slutten vart det faktisk ganske spennande.
Men den fulle sanninga om korrupsjon, mord og andre brotsverk kom ikkje fram. Om lag halvvegs i boka fekk eg greie på at det kjem to bøker til. Den er altså den første i ein trilogi.
Konklusjonen min er at om ein er interessert i oljepolitikk eller om ein har ei lita Eva Joly i magen, så vil dette vere ei topp bok. Vi andre kan heller finne oss litt lettare lektyre.

Relativt ung, eller...?


No har eg vore på mitt første møte i Ørsta pensjonistlag, og i dag hadde eg den gleda å vere yngstemann om bord. Det seier vel meir om gjennomsnittsalderen på medlemmene  enn om min alder. Nils blei også med, sidan han likevel måtte køyre meg ned. Møtet varte frå kl.16.00-ca kl.19.
Eg blei veldig godt motteken av alle som var der-glade som dei sikkert var for at nokon vil ta på seg å vere sekretær. Vi heldt til på Bakk-Ola (eldresenter) og møtesalen var ganske full. Programmet var nokså greitt: Bjørn Holum var der og orienterte om den nye digitale kinoen, og lodda stemninga for "seniorkino" -ei sak som eg hadde tenkt å ta opp når eg kom i styret.Ein av dei andre pensjonistane spurde om det var mulig å få litt mindre lyd ev.-eit spørsmål som eg hadde på tunga. 
Børre Lødemel, ein lokal trubadur, song og spela både vel og lenge, og pensjonistane song med. Der var spesielle songbøker med "grove ord", som ho sa kjerringa. Serveringa var karbonadar+ bløtkake, og til slutt var vi ein gjeng kjerringar som rydda all oppvasken ut på kjøkkenet og skylte den. Alle mannfolka var vekk-med unntak av Nils som måtte vente på meg. Eg kunne fått reist på to-dagarsmøte 23.-24.mars, men dessverre har eg ein avtale den 23. Ein ting såg eg klårt:Viss dei vil ha nye og yngre medlemmer, må dei nok legge om stilen litt. Eg trefte att folk som eg har kjent, men ikkje sett på lenge, og det var no kjekt.

Vermelding 23.februar - 2011


Klokka er no snart 13.00.Temperaturen er minus 1 grad C. Vi har framleis nydelig ver, men eit tynt skylag har begynt å legge seg over himmelen. Eg ville gå ein liten tur med sparken i dag også, etter at eg hadde støvsuga, og hadde tenkt ut ei løype med vegar som ikkje var strødde. Men det skar seg. Der hadde dei vore med strøbilen og pepra heile vegbreidda, så det vart eit strek i rekninga.Kom oss no gjennom ei lita runde, men kjende at eg i grunnen hadde fått nok for foten og hofta begynte å protestere.
No skal vi ha oss litt mat og om eit par timar må eg begynne å gjere meg klar til årsmøte i pensjonistlaget, då eg truleg blir valt til sekretær.Veit ikkje heilt korleis eg ser på det, mest som ei samfunnsplikt,trur eg. Elles synest eg sjølvsagt eg er altfor ung til å vere i lag, trur medlemsmassen ligg på pluss-minus 90. Men på den andre sida kan det vere greitt å føle seg blant dei yngste for ein gongs skuld.

tirsdag, februar 22, 2011


Klokka er no13.45, temperaturen er minus 2,5 grader, C og veret er like strålande som det har vore. Kanskje er det siste dagen vi har det slik i år? For min del kunne det fine, kalde veret vart ei stund til, slik at eg fekk halde fram med sparkturane. Eg nyt å få vere ute når veret er slik.
I dag har vi ikkje gjort så mykje "fornuftig"- viss ikkje det fornuftigaste ein kan gjere, er å vere ute i sol og frisk luft ?
Først var vi ut i Grepalia og såg til huset som Nils passar, det var der eg tok bildet. Etterpå var vi på fot-og sparktur rundt på heile Vallabøen og trefte folk som vi kjende og som vi ikkje pratar med kvar dag.Blant anna vart eg kjent med mormora i huset nedanfor oss. Ho er frå Kjøllesdalen og kjende tremenningen min som bur der. Vi har ikkje helst på det unge paret som har flytta inn der nede enno, det er liksom om sommaren vi har kontakt med naboane.
I dag er det 21-årsdagen til Audun, den nest eldste av barnebarna.( Hugsar enno kor det styrtregna den dagen han vart fødd!) No studerer han jus i Oslo på andre året. Han har nylig vore på studietur til Sør-Afrika, og i fjor var han til Texas. Det er fint for dei unge å komme seg ut i verda - kanskje får dei augene opp for kor bra vi har det her i landet då?
No må vi vel finne oss noko til middag, det blir vel restar frå i går.
Eg "oppdaterte" datamaskina i går, så no har eg problem med å få til bloggen slik er plar-eg lærer aldri!

Gratulerer med 21-årsdagen, Audun!

Gratulerer så mykje med dagen! I gamle dagar var 21-årsdagen ein viktig dag, vi vart ikkje myndige før. Fekk sendt presangen din i dag, måtte inn på ein annan nettlesar for å nå tak i Nettbanken.
Håper du får ein fin dag!

mandag, februar 21, 2011

Vermelding 21.februar - 2011

Klokka er13.00. Temperaturen er minus 1 grad C og veret er strålande.
Eg har nettopp vore ein tur med sparken min, Rapp, og som så ofte før gikk eg opp Storebakken.Det er den øvste vegen her på Vallabøen, og det er hus berre på nedsida av vegen, på andre sida er skogen.Her har eg tatt eit bilde opp mot Raudehytta. Viss de ser godt etter, ser de at her er nokså fritt for tre i dette området, de kan også sjå lyktestolpar. Den tida det var mykje halvstore ungar i området, vart det nemlig laga ei lita lysløype her, og i nokre år var den flittig i bruk. No er her ikkje mange barn lenger, så den er ikkje mykje brukt.
I dag har eg vaska soverommet,lufta sengklede osv.Må nytte godveret mens vi har det.
Margrete og ungane kjem til middag i dag, men denne gongen er det FAR som er kokk.Eg får ikkje nærme meg grytene når han slår til med sin gamle slager "Erter kjøt og flesk". Det er berre så himla godt, og ingen får så god smak på ertersuppa som han.
I dag kan vi gratulere Hilde Helen og Henning med fødselsdagane. Og sjølvsagt kong Harald den 5., men eg tviler på at han les bloggen min.

søndag, februar 20, 2011

Vermelding 20.februar - 2011

Klokka er no 14.00. Det er 0 grader C ute og strålande ver. Vi har vore ein tur ut på Rjåneset og sett etter båten. Nils har ein spade som han kakka sund isen med,slik at båten får flyte fritt.Mens vi var der, kom det ei lita fiskeskøyte inn til kaia og mykje folk gikk om bord i den.Det var trulig ein gjeng hobbydykkerar som skulle på tur. Rorbuene er tomme no om vinteren, men om sommaren er det fullt av feriegjestar der.


Då vi kom heim gikk vi oss ein lang tur med spark. Dvs. turen var eigentlig ikkje så lang, men vi møtte så mykje kjentfolk som vi ptata med at vi fekk vere lenge ute. No skal vi lage oss lettvint middag av blandaball frå frysaren. Og så skal vi nyte fineveret så lenge det varer.

lørdag, februar 19, 2011

Vermelding 19.februar - 2011

Klokka er no vel halv fire, det er strålande sol og nydelig ver ute. Temperaturen ligg rundt 0 grader.Viss de synest at her er mykje snø, kan eg opplyse at her var mykje meir snø i fjor på denne tid. Det er lett å sjekke på bloggen.
Vi hadde ingen spesielle planar for dagen i dag, men så sende Margrete melding om at Eirik og Amanda skulle delta på ein konsert i Voldakyrkja klokka 12.00- i regi av musikkskulen. Som vanleg stilte vi alle opp, fire born, foreldra og alle fire besteforeldra. Ei heil benkerad og vel så det.
Amanda deltok i ei blåsegruppe, og Eirik spela gitar saman med ein kamerat og gitarlæraren deira, dessutan song han. Han har alltid vore flink å synge, og det er han framleis, sjølv om stemma har forandra seg noko. Det let veldig bra, og i følge farfaren er han kjempeflink å spele gitar. Han er jo tredje generasjons- musikar på farssida.
Etter konserten gikk familiegruppa vår i oppløysing; Lars tok med musikantane i slalåmløypa, Margrete og Minstemann skulle handle og så fare heim att, mens Ingeborg og alle besteforeldra hamna på kaféen Rokken. Vi kjøpte salat og brød- det får gå som middag i dag. Etterpå var vi litt rundt på butikkar før vi for kvar til vårt. Nils og eg var ein snartur innom Amfi-vi gløymde å kjøpe poteter i går.
Bilda eg tok i kyrkja vart ikkje så bra, men legg ut eit par av dei likevel.
Margrete kjem vel med betre bilde på sin blogg, og Ingeborg legg kanskje ut noko på FB.

Times Like These.

fredag, februar 18, 2011

Vermelding 18.februar - 2011

No er klokka snart halv to. Det er overskya og +3 grader C.
Vi har vore ein tur på Amfi og handla, men i dag trefte vi ikkje mange kjende der. På heimvegen svippa vi oppom Øvre Mo, det nyaste bustadområdet i Ørsta og kika litt på arkitekturen der. I nedste delen av området, Mosmarka , er husa nokså einsarta. Men oppe ihøgda finn vi alt frå gammeldagse "sunnmørshus" til nyfunkis. Her er heller ikkje berre einebustader, men også hus med to-og fire leiligheiter. Prøvde å ta nokre bilde, men vanskelig å få med heilskapen. Ein ting er i alle fall sikkert, det er ei flott utsikt der oppe. Håper de får eit lite innblikk av bilda mine.
Dette er dei tradisjonelle husa som det finst mange av både i Mosmarka og på Øvre Mo.
Og her eit meir utradisjonelt.

torsdag, februar 17, 2011

Bok nr.12 - 2011: La de små barn komme til meg.

No har eg akkurat lese ferdig denne krimromanen - tok meg på tak og las resten i kveld, etter som krimbøker alltid er best viss ein ikkje brukar for lang tid. Ja, det høyrest sikkert dumt ut, men det er slik eg føler det.
Eg er eigentlig nokså lei av denne sjangeren, og denne boka har ikkje så mykje attåt dei vanlige ingrediensane, tvert imot er her fullt av klisjéar. Likevel vil eg ikkje slakte boka (slakting er her nok av i boka)-her er ein god del positive ting å trekke fram. Boka høver godt som lydbok, den er ryddig og enkel i oppbygginga, har få personar og ei relativt enkel handling. Alle trådar blir nøsta opp til slutt, med den tradisjonelle psykologiske forklaringa på kvifor forbrytaren er blitt som han er. (Det er sjølvsagt mora si skuld!) Kor vidt ein "kjøper" oppklaringa er ei anna sak, men det finst faktisk mange galne folk i det virkelige livet også. Egner seg ikkje for folk med tendensar til å bli skræmt. Skal eg legge den inn på MP3 for deg Solveig?

Vermelding 17.februar - 2011

Klokka er no 14.45. Ute er det minus 2 grader og lettskya. Sola har ikkje vore så mykje framme i dag.
Nils hadde eit ærend nedover før middag og eg nytta høvet til å støvsuge og rydde. Etterpå gikk vi ein liten tur-eg med spark. Men eg var ikkje heilt blid då vi kom ut Starevegen og skulle inn på Storebakken, for då hadde dei vore der og sanda heile vegen-det kunne klart seg med halva. Men eg fekk med meg sparken ved å gå heilt ute på kanten. Lenger oppe hadde dei sanda berre halve vegbreidda, og sidevegane var fine.
No har vi ete middag, det vart diverse restar i dag, så det var berre å koke litt poteter.No skal eg lese litt i boka mi og slappe av ei stund.
På bildet står Nils og peikar opp i eit tre- om nokon skulle tru noko anna.

onsdag, februar 16, 2011

Klokka er snart 14.00. Temperaturen ute er ca 0 grader C, og det er nydelig ver, sjølv om det ikkje er heilt klårt. Eg har nettopp vore ein tur med sparken opp Storebakken-ned Fonnavegen-ut Olavsgata og inn att Starevegen. På den måten får eg litt motbakke, litt unnabakke og litt flat veg. Var så optimistisk i går at eg strikka litt, det skulle eg sjølvsagt ikkje gjort, fekk ei våkenatt med verk i hofta og foten, men ikkje i skuldra. Forstå det den som kan.Så står det att å sjå korleis turen virkar på kroppen. I dag vaska eg kjøkken og bad før eg gikk ut. Her blir det ikkje vaska etter kalenderen, men etter behov.Steikte ferdig svinekotelettar og sette i steikomnen tidlig i dag, så no ventar vi berre på potetene.
Bildet er tatt frå toppen av Storebakken.

tirsdag, februar 15, 2011

Vermelding 15.februar - 2011

   
Klokka har passert halv to, temperaturen er ca+ 2 grader C. Der er lettskya, og akkurat no held sola på å kome fram. Føremiddagen har gått med til å egne liner (Nils) og tur til Vik. Vi var på Lefdal og på Amfi, men kjøpte nesten ingen ting. MÅTTE berre ein tur ut. Var på sparktur i går kveld og det blir kanskje ein tur i dag også-særlig viss sola blir verande.Som de ser manglar det ikkje på snø og is. No skal vi ete middag, fiskekaker i dag.

mandag, februar 14, 2011

Klokka er vel halv to, og vi har nettopp ete tidlig middag. Det vart fiskesuppe i dag.
I går etter middag skya det over, og heller ikkje i dag er det klårt. Det vart eit strek i rekninga for meg, som hadde satsa på sol heile veka. Sidan det er overskya er det også mildt, heile 4 +grader.
Nils gikk tur med kameratane fram i Nupen i dag, det er lenge sidan sist; eg vaska håret etc. Ikkje heilt i form etter turen i går, men heller ikkje så gale som eg hadde frykta. Vi hadde tenkt oss ein tur til Vik, men så fekk Nils ein telefon osv. så vi fann ut at vi vart heime. Hadde ikkje særlig ærend heller.
I dag er det Valentinsdagen, ein amerikansk skikk som eg ikkje har tenkt å adoptere. Men vi kan gratulere Øyvind på Hardbakke med 31-årsdagen !
Vi får sjå om det blir tur seinare i dag, no skal eg slappe av litt, vakna grytidlig i dag.

Bok nr. 11 - 2011: Nede i himmelen.

Dette er den fjerde boka om barndomskameratane frå blokka på Bøler. Eg har berre lese berre den første av dei, Skyskraperengler.
Tove Nilsen skriv enkelt og godt om dei nære ting. Dei fleste av oss vil vel kjenne oss att i delar av historia, sjølv om dette er 60-talet i ein av drabantbyane i Oslo, og ikkje verken Ørsta eller Eid. Eg ser for meg dei store boligblokkene, som sett utanfrå ser ut som upersonlige "kasser", men er fylt med familiar, der litt av kvart skjer bak attletne dører. I boka får vi innblikk i noko av det som går for seg i dei ulike familiane i blokka, og vi får også møte eit par representantar frå "Beste vestkant". Barndomsvenene er no blitt ungdommar, og taklar livet på ulike måtar.Boka har ein forteljar i førsteperson som heiter Tove, men eg veit ikkje om boka er sjølvbiografisk.Meir treng eg vel ikkje å seie om innhaldet i boka?
Eg synest boka er lettlesen, men ikkje banal. Forfattaren skriv godt, og historiene er truverdige. Eg plar seie at eg ikkje har så mykje til overs for kvardagsrealisme, men denne boka likte eg likevel godt.
Forfattaren plar ofte lese bøkene sine sjølv, men her er det Ingrid Vollan som les. Og ho les godt.

søndag, februar 13, 2011

Vermelding 13.februar - 2011

No er klokka snart halv to. Veret er stålande og sola varmar godt, særlig inne. På baksida av huset, i skuggen, er det minus 4 grader C.
Sidan det er morsdag, kanskje, fekk mor seg ein fin tur i dag. Nils pakka sparken inn i bagasjerommet, og så køyrde vi ut i Ura, der som "Vik Ørsta" (Tidlegare "Ørsta stålindustri") ligg. Så gikk og sparka vi ut til Lianeset der desse to bilda er tekne, det eine opp mot Liadalsnipa, det andre mot fjorden og Raudøya. På vegen utover trefte vi to andre pensjo-par som gikk tur, begge naboar frå Vallabøen.Når eg sparkar og Nils går, held eg same fart som han, minst, og han slepp å bli hefta av meg.

                                                                På veg innover.


Her er vi tilbake ved startpunktet. Her ser vi Ura eller rettare sagt Skorgura. Her renn ei elv , og i gamle dagar mol bøndene kornet sitt i kvernhusa her. Desse kvernhusa er restaurerte, og så vidt eg veit, i full stand. Eg har merkelig nok aldri vore der, til tross for at eg sikkert har hatt tilbodet. Rett over vegen for kvernhusa køyrer ein ned til "Vik Ørsta".
Fint å bu og vere på solsida slike dagar. Trist å sjå bort på hi sida der vegen til Ulsteinvik/Hareid går. Men som Nils seier:"Der er lys i tunnelen."
No skal vi snart ete middag. Det blir vel restar frå i går. Nils baud til at vi kunne ete "ute", men eg vil heller ha det til gode til ein annan dag.

lørdag, februar 12, 2011

Vermelding 12.februar - 2011


Klokka er 19.15. Det har vore ein nydelig dag med sol og blå himmel i dag også. No er temperaturen minus 8 grader ute, men inne er det varmt og godt. Sola varmar opp huset, så vi treng ikkje å fyre før det lid på kveld.
I dag var vi først ein liten tur nedover på biblioteket og Amfi. Ikkje så veldig lenge etter at vi var komne heim att, kom Solveig, Olaug og Håkon. Håkon og Nils fekk seg litt mat og så drog dei på fisketur. Då Margrete og ungane kom, åt vi andre. Menyen i dag var rømmegraut og litt spekemat. Om eg skal seie det sjølv så smakte det godt. Begge jentene hadde med fine blomster og presangar som eg kan glede meg over.
Elles så sat no vi kjerringane og prata om laust og fast, mens "ungane", som ikkje er så små lenger, styrte seg sjølve.
I dag feira vi liksom både morsdag og Feitetysdag. Eg har sjekka kalenderen og funne ut at Feitetysdag er sånn ca 8. mars, så vi var litt tidlig ute. Ja,ja, når ein først har fått idéen er det ikkje lett å snu.
No har eg rydda opp etter selskapet, fått på oppvaskmaskina og vaska opp det som eg ikkje fekk plass til.
No er eg veldig klar for MGP. Haba! Haba!

fredag, februar 11, 2011

Vermelding 11.januar 2011

Klokka er no snart halv eitt. Ute er det strålande ver,sol frå klår himmel og minus 3 grader C.
Vi var tidlig oppe i dag, for Nils skulle til rutinekontroll i Volda klokka 9. Eg har styrt på kjøkkenet det meste av føremiddagen, laga mat til i morgon, vaska og rydda. Nils held til i garasjen som vanlig, der har fileterer sei.Han skal male litt også, så Solveig får til fiskekaker. 
I dag MÅ eg prøve å komme meg ut, kan aldri vite kor lenge fineveret varer.
I dag skal vi ikkje ha vanlig middag, men smake på "gravlaksen" som Nils laga til.Det blir vel brød eller flatbrød og smør til.Ev sennepsaus. I Sverige har vi ete gravlaks med stua poteter og dill til -eg likar betre vanlig potet. Vi får sjå kva vi finn i kjøleskapet og kva vi kjem fram til.
PS: Det vart ein lang tur med spark før vi åt middag.Herlig å vere ute i sola.

torsdag, februar 10, 2011

Vermelding 10.februar - 2011

Klokka er ca kvart på eitt, temperaturen er + 2 grader, og det snør.
I dag har Nils og Hassan vore ute og fiska.Dei fikk mykje sei, så Nils stakk innom ei "veninne" på heimvegen, så ho fekk nokre fiskar.Det blir vel kokt småsei på oss til middag i dag. Ikkje meg imot.
Eg har brukt føremiddagen til å støvsuge og vaske til helga, pluss litt anna småtteri. Blir litt lei av at det skal vere berre innever, ville heller hatt sol og kulde som i fjor vinter.Då kunne eg ha brukt sparken.
I dag kan vi gratulere Margunn på Eid med dagen!

onsdag, februar 09, 2011

Bok nr. 10 - 2011: Kvinnen i plast.


Sidan både Solveig og Margrete har lese, og skrive om, denne boka før, skal eg begrense meg.
Dette er ein veldig typisk kriminalroman utan så veldig mykje anna interessant. Den er berre heilt grei. Eg hadde litt problem med å halde tråden,eller alle trådane rettare sagt, det skal eg ta på mi eiga kappe. Forfattaren skriv godt, det skal han ha.

Vermelding 9.februar - 2011

Klokka er 10.30. Det er sol både ute og inne, men litt disig, elles kunne eg ikkje tatt bilde rett mot sola.Temperaturen er minus 2 grader, så no er det slikt ver som eg likar. Dessverre egnar ikkje vegane seg for sparkstøtting. I dag skal vi i alle fall nedover og handle, i går vart det ikkje, då vart eg heilt sløv etter den tidlege middagen.Håper alle får nyte litt av godveret i dag!
Starevegen             -            Storebakken
Sparkføre i dag! Regn i morgon. Ingen vits i å leite fram sparken.

tirsdag, februar 08, 2011

Vermelding 8.februar - 2011

Klokka er no11.30. Det er opplett no, men det har kome mykje tung,våt snø i natt, så Nils har mykje arbeid med å rydde tunet. Grunnen til at dei enno ikkje har kjøpt ny fresar, er at dei ikkje har fått tak i rette sorten. Temperaturen er +2 grader C.
Eg har drive og pussa vindu i dag igjen, denne gongen på innsida, så no kan sola berre kome ! Elles så puslar eg rundt og gjer alt dette som ingen legg merke til så lenge det blir gjort. Vi skal kanskje nedover ein tur når det lir på dag.
Middag i dag blir restar av svinekjøt frå i går.

mandag, februar 07, 2011

Vermelding 7.februar - 2011

Klokka er no 12.45. Det er+ 2 grader ute og det regnar og haglar. Men sidan det tross alt er mildver, fann eg ut at eg kunne i alle fall VASKE stuevindua utvendig, så får eg heller ta finpussen seinare. Eg spraya med ei blanding av Zalo og vatn og for over med mopp. Så kom Nils heim og rigga opp hageslangen så eg fekk spyle. Han spyla altanplata som var ganske skiten etter at diverse fuglar har ete der-og gjort det som verre er. Til slutt tok eg inn det store dynetrekket som har hange ute i minst ei veke, og var våtare enn nokon gong. No får det ein ny omgang i vaskemaskina-og så blir det trommel!
Legg merke til dei fine vottane Nils har på bildet. Eg strikka dei i fjor vinter av restegarn-det er dobbel finull.Tova har han gjort sjølv-med hand. Det er eigentlig "fiskevottar".
I dag ventar vi Margrete og ungane til middag, det er blitt ein tradisjon at dei er her annankvar måndag.Somme tider kjem Einar også, men no er han i England på studietur. Eg har inntrykk av at han får sett ein del fotballkampar også.Skimtar sola gjennom skyene, kjem ho fram no, har vi sol heile dagen.
Ønsker alle ei god veke!

søndag, februar 06, 2011

Vermelding 6.februar - 2011


Klokka er16.00 .Veret i dag er ikkje mykje å ta bilde av. Det er om lag som i går, berre med litt regn i tillegg. Temperaturen er + 2 grader. Må prøve å få vaska stuevindua før sola kjem fram i slutten av veka, slik dei ser ut no er det ikkje mykje vi ser gjennom dei.
Eg valde å ikkje vere med på restaurant i dag, er plaga med mykje verk i kroppen, særlig om natta, og då er eg ikkje så opplagt om dagen heller. Fuktig og rått ver er ikkje noko for meg.
Dagens lyspunkt er den fine orkidéen som Nils fekk av Hassan.
No har vi sett Gullfiske i reprise sidan vi ikkje såg programmet i går. Dansen var morsom, elles må eg innrømme at eg ikkje har sett meir enn 3-4 av reklamefilmane før. Ser i grunnen lite TV, det er fredagskveldane på NRK1 som er min TV-kveld, elles går det i sport.

Åtte år i Norge.

I dag er det åtte år sidan Hassan kom til Norge, og det feira dei to fiskekameratane med å gi  på tyrkisk restaurant og ete kebab. Hassan er opprinnelig frå Irak, men flykta frå landet og kom til Indonesia.Seinare kom han hit til Ørsta og har no norsk statsborgarskap. Nils vart kjend med Hassan for mange år sidan, då fiska dei begge på terminalkaia. Dei siste par åra har dei fiska i lag frå båten vår. Hassan er alltid blid og hjelpsom og likar seg godt i Ørsta.Vi kan gratulere Hassan med dagen. Han er no ein av våre nye landsmenn.

Bok nr. 9 - 2011: Noen kjenner mitt navn

Frå 1500-1800-talet pågikk det vi kallar trekanthandelen. Britiske skip gikk ut frå Bristol og Liverpool med varer til Vest-Afrika.Varene var slike som våpen, brennevin og tekstilar.I Afrika bytte dei varene mot slavar, som innfødde slavejegerar hadde "fanga" inne i landet og ført ut til kysten under tvang. Slavane blei frakta ombord i skipa til Amerika og selde der, eller rettare- bytta mot varer som melasse til sukkerproduksjonen og rom. Med denne lasta gikk dei tilbake til England. På denne måten hadde skipa last heile tida og handelen vart svært lukrativ for dei som dreiv den.
Denne delen av historia er det forfattaren av Noen kjenner mitt navn har brukt som bakgrunn i forteljinga si. Mange forfatterar har gjort samme vrien i bøkene sine, brukt historiske fakta og sett inn fiktive personar på den historiske bakgrunnen.Men denne forfattaren gjer ikkje same feilen som dei fleste andre, han let ikkje personane bli borte i historia.Det er det som gjer at denne boka stiller i særklasse.
Vi møter først den aldrande Aminata Dialla i London i 1802. Då er ho komen dit for å vitne for abolisjonistane mot slavehandelen, og ho skal også få møte kongen, Charles 3. Ho er nokså skrøpelig i kroppen, men hovudet er like klårt som før. Ho har blitt oppmoda om å skrive ned heile den lange livshistoria si, og det har ho gjort. Det er den historia vi får lese eller høyre.Det er Aminata sjølv som har forteljestemma gjennom heile boka, det gjer at forfattaren held fokus og ikkje rotar seg bort.
Aminata vart fødd i 1745 i ein landsby i Vest-Afrika. Elleve år gammal blir ho fanga av slavejegerar og teken om bord i eit skip med kurs for Sør-Carolina, og slik hamnar ho på den andre sida av Atlanteren. Ho opplever mykje, både godt og vondt, men ho er ei gløgg jente som lærer seg både å lese og skrive, det er kanskje det som bergar henne?
Eg likte denne boka godt. Den er både lærerik, gripande og spennande. Den er lettlesen utan å vere platt, og høver godt som lydbok. Visst er her mange personar involvert, men dei "opptrer" ikkje på samme tid, så det går heilt greitt. Eg synest forfattaren har gjort ein genistrek når han klarer å formidle noko som er såpass vanskelig på ein så enkel måte. Denne boka har fått god kritikk og eg trur dei aller fleste vil like den godt.Det gjorde i alle fall eg. Den er på 14 CD-plater.
Eg vil gi honnør til opplesaren Kirsti Grundvig.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...